28.12 Knarvik og Ødegaard skiftar
klubb
|
|
NRK Sogn og Fjordane melder at både Tommy Knarvik og Alexander
Ødegaard er på veg til ny klubb. Ødegaard som sist sesong
spelte for Rosenborg har signert ei fire-års kontrakt med
Viking.
Tommy Knarvik som vart henta til Sogndal frå
Brann før førre sesong, har ikkje slått heilt til i fruktbygda
og det meldast at han ikkje er med i Sogndal sine framtidsplanar.
Mykje tyder på at Knarvik neste sesong skal spele for
tippeligaklubben Sandefjord.
|
|
27.12 Dale-Volda på Eid Idrettspark
|
Dale sine internettsider melder om at Dale skal
spele ni treningskampar før alvoret brakar laust mot TMFK på
Dingemoen 22. april. Ein av treningskampane er mot Volda på Eid
Idrettspark laurdag 25. mars. Dei andre motstandarane til
Dale i sesongoppkøyringa er: Høyang, Florø, Fjøra, Bergen
Nord, Vadmyra, Radøy/Manger, Sandane og Kaupanger.
Sogndal og Kim Rune Hellesund (bildet) skal møte Hønefoss og
Strømsgodset under opphaldet på La Manga i slutten av
mars.
20. mars: Hønefoss-Sogndal
24. mars: Sogndal-Strømsgodset
|
|
|
|
27.12 Leiar julenøttene med 12 rette
|
Til no er det kome inn 32 svar på dei siste
julenøttene. Det har vist seg at fleire av nøttene er vanskelege,
og den som har flest rette til no har oppnådd 12 rette. Siste
frist for å sende inn svar er sett til 1. januar kl.
16.00.
Fyrstepremie er som sist eit Haugenkrus med ein marsipangris oppi,
medan det også blir trekt ut ein premie blant alle som har sendt
inn svar.
Gå
til julenøttene her.
|
|
|
|
23.12 God Jul og Godt Nytt År
|
Haugen
Fotball
ynskjer alle ei riktig
God Jul
og eit
Godt Nytt
Fotballår.
|
|
|
|
21.12 Årdal FK vitjar Eid
|
Søndag 26. februar vitar Edvin Hestetun (bildet)
og Årdal FK Eid Idrettspark. Fyrstelaget skal spele treningskamp
mot Kristiansund, medan andrelaget skal spele mot Eid. Årdal skal
i år spele i 2. divisjon avdeling 1 mot Tønsberg, Stabæk 2, VIF
2, Åmot, Odd Grenland 2, Tollnes, Ørn Horten, Notodden, Bærum,
Lørenskog, DFI, Sprint/Jeløy og , Sarpsborg. Av treningskampar
er det planlagt kampar mot Høyang, Voss, Kristiansund, Brummundal,
Gjøvik Lyn, Åmot og Åsane.
Dette melder klubben på sine heimesider.
|
|
|
|
21.12 Troppen til Color Line Cup
|
Følgjande spelarar er tekne ut i troppen til
Sogndal som skal spele Color Line Cup i av januar:
Johan Salveson, Sogndal Fotball (bildet)
Kim Andre Navarsete, Sogndal Fotball
Sindre Kjos Wenjum, Sogndal Fotball
Eirik Flugheim, Sogndal Fotball
Per Egil Flo, Sogndal Fotball
Erlend N. Kvalheim, TMFK
Nicolai Øveraas, Førde IL
Gisle Isene, Førde IL
Stig Hårklau, Førde IL
Preben Strypet, Kaupanger IL
Peter Orry Larsen, Skavøypoll IL
Mats Solheim, Stryn TIF
Ulrik Flo, Stryn TIF
Even Hovland, IL Høyang
Preben Gilleshammer, JÅFK
Ørjan Skilbrei, JÅFK
Allan Jørgensen, JÅFK
Terje Andreas Jevnaker, JÅFK
Sogndal møter Ålesund, Fredrikstad og Lyn i den
innleiande runden.
|
|
|
|
19.12 Resultat frå Nattcupen
|
Då er omsider resultata frå Nattcupen 2005 kome
fram til underteikna. Resultat og tabeller, og alle kampane i
sluttspelet er no lagt ut.
På bildet ser vi kapteinen på laget Bana B med
pokalen for klassesiger i gruppe B.
Sjå
bildene og alle resultata frå Nattcupen.
|
|
|
|
18.12 Vanskelege julenøtter
|
Det er til no kome inn 22 svar på dei sist utlagde
julenøttene. Underteikna har fått tilbakemeldingar om at desse
julenøttene var ein del vanskeligare enn dei forrige. Dette viser
også svara som har komt inn. Berre to personar har ti rette eller
meir.
Fyrstepremie er som sist eit Haugenkrus med ein marsipangris oppi,
medan det også blir trekt ut ein premie blant alle som har sendt
inn svar.
Gå
til julenøttene her.
|
|
|
|
18.12 Bildene frå KM-innendørs
|
|
På ein del av bildene frå innandørs KM i Førde har proporsjonane
blitt heilt feil. Dette har resultert i at mange av spelarane har
blitt ein del breiare enn det dei eigentlig er.
Spesielt bilda av Sandane sitt damelag, Preben Gilleshammer og
Stig Nord var heilt feil. Feilen er no retta opp og bilda
kan du sjå her.
|
|
17.12 Nattcupen vart i år arrangert
på dagtid
|
Årets Nattcup blei arrangert i dag i Eid
Idrettshus. Mykje fin fotball blei synt på parketten på Eid, og
etter over seks timar var alle vinnarane kåra.
Arrangøren har ikkje sendt resultata til underteikna endå, men
dei blir lagt ut så snart dei er mottatt.
Marius Hagen og laget "Feelgood" vann G13/14. I tillegg
til Marius var Johannes Myklebust, Martin Fossedal, Karl Olav
Sunde, Magnus Myroldhaug og Arild Rindal med på laget.
Nordfjord Trafikkstasjon var med å støtta Nattcupen. Vinnarane
fekk T-skjorter og refleksfotballar med bodskapet: "Trygg
trafikk og sei i frå når det går for fort".
Sjå bilder frå
Nattcupen.
|
|
|
|
16.12 Eid nekta Thomas speletid for
Skavøypoll
|
Thomas Starheim som skreiv under for Skavøypoll
tidlegare denne veka skulle etter planen debutere for Skavøypoll
i dagens kamp mot Eid. Men slik gjekk det ikkje fordi Eid nekta
Thomas speletid fordi han hadde spelt for Haugen tidlegare i
vinterserien. Kanskje var dette takk for sist fordi Thomas valde
å gå til nettopp Skavøypoll framfor Eid?
Stor dramatikk var det også i kampen. Skavøypoll hadde greidd
seg med uavgjort i kampen, medan Eid måtte vinne for å ta
fyrsteplassen i avdeling Nordfjord. Rett før slutt var stillinga
5-5 og med dette resultatet var det Skavøypoll som hadde
kvalifisert seg til vidare spel om KM-tittelen. Men Eidarane gav
seg ikkje og rett før slutt laga dei vinnarmålet og kampen enda
6-5 til gultrøyene.
Det blir meldt om høg temperatur i
Nordfjordhallen i kveld. Om dette skuldast at Eid var besøk eller
om det var Kvinner på randen som fekk opp temperaturen veit
underteikna ingen ting om.
|
|
|
|
15.12 Det blir ikkje trening fredag
|
Treninga i morgon fredag blir avlyst på grunn av
at det er kamp på Eid Idrettspark. Sandane tek imot botnlaget
Bremanger til den siste kampen i årets vinterserie for
junior.
Neste trening for Haugen blir søndag 18.
desember kl. 20.00.
|
|
14.12 Haugensida passerte i dag 60 000
treff
|
Statistikken viste i kveld at Haugen Fotball sine
nettsider passerte 60000 treff sidan 24 mars 2004.
Statistikken har vist eit stadig aukande besøk
på nettsida og det er spesielt etter at Haugen har spelt kamp at
interessa er størst. No på vinterstid går som oftast
besøkstala drastisk ned men det har ikkje vore tilfelle til no
denne vinteren.
Underteikna håpar at hyppig oppdatering er ei
årsak til at besøkstala ikkje har minka.
Underteikna tek gjerne imot innspel, gode idear og kommentarar,
slik at ein kan gjere sida endå betre for dei som likar
lokalfotball.
|
|
|
|
14.12 Kenneth Fosse Elde skal trene
Bremanger
|
Fjordenes Tidende melder i dag at Kenneth Fosse
Elde tek over som trenar for 5. divisjonslaget Bremanger.
Fosse Elde har denne sesongen vore keeper og
kaptein for Bremanger og skal neste sesong snu den negative
trenden som Bremanger er komne inn i. Bremanger blei nest i 4.
divisjon denne sesongen og måtte i lag med TMFK sitt andrelag ta
den tunge turen ned i 5. divisjon. Her blir det mellom anna møte
med Svelgen og Oppstryn.
Jentejuniorlaget til Bremanger har vunne begge
sine kampar til no i vinterserien. Florø vart banka 7-1 på
bortebane, medan Stryn var knust 5-0 på "heimebane".
Bremangerjentene spelar heimekampane sine på Skavøypoll Stadion. Lise
I. Senneset har laga heile åtte av dei tolv måla til
Bremanger.
Thomas Starheim skreiv i dag under for Skavøypoll. Etter det
underteikna har fått melding om spelar Thomas for Skavøypoll i
seriefinalen mot Eid i vinterserien.
|
|
|
|
14.12 Nye julenøtter er lagt ut
|
Nye julenøtter er no lagt ut og underteikna har
fått nokre tilbakemeldingar om at denne gong er dei eit hakk
vanskelegare enn sist.
Fyrstepremie er som sist eit Haugenkrus med ein marsipangris oppi,
medan det også blir trekt ut ein premie blant alle som har sendt
inn svar.
Gå
til julenøttene her.
|
|
|
|
13.12 Haugen tapte 4-3 mot TMFK
|
Juniorlaget til Haugen tapte 4-3 mot TMFK i
Nordfjordhallen i kveld. Haugen var gode i fyrste og siste
periode, men laber innsats i midtperioden gjorde sitt til at
Haugen tapte denne kampen. Dermed er vinterserien over for Haugen
sin del og ein kan sjå tilbake på tre tap, ein uavgjort og ein
siger.
TMFK-Haugen 4-3 (1-1)(2-0)(1-2)
1-0 Gisle Myhre (4. min)
1-1 Thomas Starheim (5. min)
2-1 Espen Thomsen (23. min)
3-1 Sveinung Frantzen (27. min)
3-2 Jim Tore Humborstad (50. min)
3-3 Thomas Dalsbø (57. min)
4-3 Sjølvmål, Matias Lien (60. min)
NB! Haugen trenar fredag kl. 19.00 på Eid Idrettspark.
|
|
|
|
13.12 Sogning stakk av med
fyrstepremien
|
Haugen sin midtbanestrateg Kim Tore Gilleshammer
sto for den høgtidlege trekninga i Haugen sine fyrste
julennøtter. Gilleshammer er god å ha når ein enten skal ha
sjåfør på bortekampar eller til slike ting som har med
konkurransar å gjere. Det vart Sogningen Kai Henning Slinde
som stakk av med fyrstepremien, medan Jim Tore Humborstad får
andrepremien. Det var ein strålande glad Slinde underteikna var i
kontakt med etter at han fekk vite at han vann. No er det berre å
fylle opp kruset og feire premien i kveld seier Slinde i ein knapp
kommentar.
No kan du prøve deg på nye julenøtter. Underteikna håpar på
like mange svar denne gongen. Sender same person inn fleire
forslag blir det siste teljande.
|
|
|
|
12.12 Sju personar har alle rette på
julenøttene
|
Ørjan Solheim, Linda Nord Venøy, Kai Henning
Slinde, Torleiv Orheim, Jim Tore Humborstad, Stian Aaland og
Haldis Humborstad har alle fjorten rette på
julenøttene.
Desse er dermed med i trekniga om dei to premiane som er utlova.
1. premie er eit Haugenkrus med marsipangris og 2. premie er ei
Sogndalhue.
Trekninga blir føretatt tysdag kveld.
Vidare var det 5 personar som fikk 13 rette, 3
fikk 12 rette, 4 fikk 11 rette, 13 fikk 10 rette, 9 fikk 9
rette, 6 fikk 8 rette, 7 fikk 7 rette, 1 fikk 6 rette, 2 fikk 5
rette, 1 fikk 4 rette medan 1 person greidde berre 2 rette.
Gå
til fasiten her.
|
|
|
|
12.12 Nordea Cup 05
|
Hardbagg IL inviterar til Nordea Cup 06 i
Strynehallen. Turneringa går av stabelen 2. juledag og det blir
tradisjonelt opplegg med dame og herreklasse. Kampane går over 12
minutt og ein stiller med keeper og fire utespelarar. Det kan
også vere lurt å stille med nokre innbyttarar.
Påmeldingsavgift
er kr. 600,- pr. lag
Siste frist for påmelding er 21.
desember.
For påmelding eller for eventuelle spørsmål ta kontakt med Inge
Matias Tvinnereim:
imt@sogndalfotball.no
91 76 60 44
|
|
|
|
12.12 Dei fyrste julenøttene er
avslutta
|
Fristen for å sende inn svar på dei fyrste
julenøttene er gått ut. Underteikna har fått inn 58 svar og
desse blir retta i løpet av kvelden. Namnet på dei som har alle
rette blir lagt ut så snart som mogleg, og premievinnarane blir
trekt i morgon.
|
|
11.12 Haugen sin kamp mot TMFK
|
Haugen sin siste kamp i vinterserien blir spelt i
Nordfjordhallen tysdag 13. desember kl. 19.30.
Ver med og tipp sluttresultatet i juniorkampen Haugen-Sandane.
Den fyrste
som sender inn rett svar vinn eit eksklusivt Haugen-krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Kun tips som er merka med ekte namn er med i
konkurransen.
Husk å sende inn ditt svar på julenøttene. Siste frist for å
sende inn svar på dei fyrste julenøttene er måndag 12. desember
kl. 16.00.
Nye julenøtter blir lagt ut måndag kveld eller tysdag
kveld.
Gå
til julenøttene her.
|
|
|
|
11.12 Rein seriefinale mellom
Skavøypoll og Eid
|
Når ein serierunde gjenstår er det klart at det
blir enten Eid eller Skavøypoll som stikk av med fyrsteplassen i
nordfjordgruppa i vinterserien for junior. Skavøypoll og Eid skal
møtast i Nordfjordhallen denne veka til det som blir ein rein
gruppefinale. Skavøypoll vinn gruppa med uavgjort medan
gultrøyene frå Eid må vinne kampen. Laget som stikk av med
sigeren i gruppa skal på nyåret spele serie mot gruppevinnarane
frå Sunnfjord og Sogn.
Tabell (pr 11.12.05)
1. Skavøypoll 4 25-12 9 poeng
2.
Eid
4 14-8 7 poeng
3. Sandane 4 14-14
6 poeng
4. TMFK
4 13-14 6 poeng
5. Haugen 4 10-13 4 poeng
6. Bremanger 4
5-10 3 poeng
|
|
|
|
11.12 Edvin Øygard senka Haugen
|
Haugen tapte i kveld 5-3 mot Sandane i vinterserien
for junior. Sandane tok tidlig leiing 1-0 etter eit langskot av
Trond Vegard Ripe. Dette såg ut til å tenne Haugen og berre fire
minutt etter hadde Haugen snudd kampen til 2-1, etter skåringar
av Jim Tore Humborstad og Thomas Dalsbø. Etter omlag halvtimen av
fyrste omgang fekk Sandane heilt korrekt straffe av kampens gode
dommar. Øystein Haugland såg at ein Sandanespelar blei skubba
ned i feltet og Edvin Øygard gjorde ingen feil på straffa. Men
berre minuttet etter var Haugen i leiinga igjen. Jonas Rye
Tvendeseter fekk tåa på eit framspel og ballen gjekk rett i
nettet bak ein sjanselaus Sandanekeeper. I andre omgang kom
Sandane sterkt tilbake og Edvin Øygard avgjorde kampen åleine
med sine tre skåringar etter pause. Dermed vann Sandane 5-3,
etter at Haugen leia 3-2 til pause.
|
|
|
|
11.12 Eid gav Sogndal god motstand
|
Eit forsterka juniorlag frå Sogndal hadde i dag
samling på Eid Idrettspark. Med spelarar frå heile fylket trente
laget fyrste ei lita økt, før dei spelte kamp mot A-laget til
Eid.
Eid helg godt følgje med dei kjappe juniorspelarane og Stian
Sandal gav likegodt Eid leiinga 1-0 etter ti minutt av kampen. Fem
minutt etter utlikna Førdespelar Nikolai Øveraas til 1-1. Men
Eid gav seg ikkje og ti minutt før pause gav Kim Vik Eid leiinga
på ny. Rett før kvilen fastsette Stig Hårklau pauseresultatet
til 2-2, etter fint forarbeid av Mats Solheim. I andre omgang såg
vi klare teikn til at midtbana til Eid var slitne og det var ikkje
ufortent at Sogndal til slutt vann 5-2. Måla til Sogndal vart
sett inn av JÅFK-spelar Terje Andre
Jevnaker (2) og Johann Salveson.
|
|
|
|
10.12 Haugen møter TKFK tysdag kl.
19.30
|
Haugen sin siste kamp i vinterserien blir spelt i
Nordfjordhallen tysdag 13. desember kl. 19.30. TMFK har vunne mot
Eid og Sandane, medan det har blitt tap mot Skavøypoll og
Bremanger.
Så spørs det om Haugen blir like sjanselause i Nordfjordhallen
som dei var i kampen mot Skavøypoll.
Toppskårarar Haugen:
2 mål:
Bjørnar Øien
Jim Tore Humborstad
1 mål:
Thomas Starheim
Ove Balsnes
Jonas Rye Tvendeseter
|
|
|
|
10.12 Ny nedtur for Bremanger
|
Nedturane for Bremanger ser ikkje ut til å ta
slutt. Denne gangen var det Skavøypoll som vann heile 11-2 mot
Bremanger i vinterserien for junior. Kampen blei spelt i
Nordfjordhallen og Skavøypoll leia 6-0 allereie etter fyrste
periode. Kampen blei spelt med tre periodar på tjue minutt kvar.
Begge trøystemåla til Bremanger kom i siste periode.
Tabell (pr 10.12.05)
1. Skavøypoll 4 25-12 9 poeng
2.
Eid
4 14-8 7 poeng
3. TMFK
4 13-14 6 poeng
4. Haugen
3 7-8 4 poeng
5. Sandane 3
9-11 3 poeng
6. Bremanger 4
5-10 3 poeng
|
|
|
|
09.12 Juniorkampen blir spelt på Eid
Idrettspark
|
Juniorkampen mot Sandane blir
likevel spelt på Eid Idrettspark. Kamptidspunkt er sett til
søndag 11. desember kl. 16.00.
Same dag startar Sogndal sitt juniorlag
oppkøyring til Color Line Cup, som blir spelt i Ålesund. Spelarar til dette
laget er plukka av dei beste juniorspelarane frå heile fylket og
laget samlast på Eid Idrettspark. Klokka 14.00 spelar det
forsterka Sogndallaget kamp mot A-laget til Eid.
For at bana skal bli klar til samlinga og kampane søndag, blir
det dugnad på Eid Idrettspark laurdag 10. september kl. 10.00.
Nils Taklo oppmodar alle til å møte slik at ein ikkje må avlyse
også denne helga.
|

|
|
08.12 Svar på julenøttene strøymer
inn
|
Neste femti svar på årets julenøtter er komt inn
til underteikna. Av desse er det sju personar som har alle rette.
Av dei som har svart feil er det bildene der ein skal finne rett
ball som har vore problemet. På grunn av at så mange har svart
på julenøttene blir det lagt ut ei nøtt til før jul. Siste
frist for å sende inn svar på julenøttene som ligg ute no er
sett til måndag 12. desember kl. 16.00. Nye julenøtter blir lagt
ut når fristen på dei gamle har gått ut.
Gå
til julenøttene her.
|
|
|
|
08.12 Eid serieopnar borte mot Sogndal
2
|
Eid serieopnar neste sesong i 3. divisjon med
bortekamp mot Sogndal 2 i Sognahallen. Kampen er terminfesta til
måndag 24. april. Laurdag 29. april er det duka for årets fyrste
lokalderby når Skavøypoll tek turen til Eid. Runden som blir
spelt 16. mai er sett opp med mange godbitar. Eid tek turen til
Stryn, Skavøypoll tek imot TMFK, medan Selje spelar heime mot
Sandane. Siste runde blir spelt laurdag 7. oktober. Eid speler
borte mot Førde, medan det er duka for storkamp når Skavøypoll
tek imot Selje på Skavøypoll Stadion.
Sjå
heile oppsettet her.
Haugen Fotball gratulerer Roald Halsør med ny
Prix-butikk i Selje. Butikken blei opna i dag og alle slapp unna
det raude kortet frå Halsør.
|
|
|
|
07.12 Juniorlaget spelar mot Sandane i
Nordfjordhallen
|
Haugen sin utsette kamp mot Sandane i vinterserien
for junior blir spelt i Nordfjordhallen. Kampen skulle eigentleg
spelast fredag 2. desember, men på grunn av snø på Eid
Idrettspark måtte kampen utsettast. Nytt tidspunkt for kampen er
no bestemt, og den blir spelt søndag 11. desember klokka
14.00.
I det fem kampar gjenstår i avdelinga kan alle
laga stikke av med sigeren. Men ettersom Haugen har med to
spelarar som har fått dispensasjon kan Haugen ikkje kvalifisere
seg til finalesluttspelet. Underteikna trur at Eid kjem til å
stikke av med seieren i avdelinga.
|
|
|
|
05.12 Tommy Øren klar for HamKam
|
Sogndal sine nettsider melder i dag at Tommy Øren
er klar for HamKam. Partane ynskjer ikkje å gå ut med
overgangssummen. Tommy som no er 25 år debuterte for Sogndal i
1997 og står bokført med 275 kampar og 83 skåringar.
Tommy som var eit av dei største talenta i
landet blei stygt skada i ein kamp mot Molde for ein del år
sidan. Etter denne skada har liksom ikkje Tommy Øren blitt den
gode gamle igjen. Kanskje vil eit miljøskifte gjere sitt til ei
vidare sportsleg utvikling.
|
|
|
|
04.12 Dugnad på Eid Idrettspark
|
Måndag 5. desember kl. 18.00 er det dugnad på Eid
Idrettspark. Idrettsparken skal ryddast for snø og alle blir
oppfordra til å møte.
Ta med høveleg redskap!
|
|
|
|
04.12 G90-kretslaget slo Florø 6-5
|
Kretslagssamlingane for J90, G90 og G91 som skulle
vore arrangert på Eid denne helga blei avvikla på kunstgraset i
Florø.
G90-kretslaget avslutta samlinga med å spele kamp mot juniorlaget
til Florø. Etter at stillinga til pause var 3-3, vann kretslaget
til slutt 6-5. Thomas Starheim laga eit av måla og hadde to
målgivande i kampen.
Laurdag 3. desember vart det avvikla samling for G91 og J90 på
same staden.
I J90 var Catrin Honningsvåg frå Stadlandet og Karoline Føleide
frå Tornado Måløy FK dei einaste jentene frå Nordfjord som var
tatt ut.
I G91 var Kristian Kongsvoll, Martin Fossedal, Marius Hagen (92)
og Eivind Daniel Røed (92) tatt ut til samlinga.
|
|
|
|
04.12 Julenøtter 2005
|
Dei fleste nettstadar med litt respekt for seg
sjølv har enten adventskalendar eller julenøtter. Underteikna
har brukt søndagen til å lage til nokre oppgåver som eg håpar
at lesarane prøvar å svare på.
Vinnaren får eit Haugenkrus med ein marsipangris oppi. Den som
blir nummer to får ei Sogndalhue i trøystepremie.
Sjå
julenøttene her.
|
|
|
|
03.12 Eid tapte 4-3 mot TMFK
|
Juniorlaget til Eid tapte 4-3 mot TMFK i
Nordfjordhallen i går kveld. TMFK skriv på sine heimesider at
sjølv om TMFK mangla Erlend Kvalheim, Torstein Rutledal og Leif
Arne Iversen leda TMFK 4-0, før Eid reduserte tre gongar på
slutten.
14 åringen Gisle Myhre har fått mykje skryt i
det siste og var nok ein gong best på TMFK.
Med dette resultatet har Eid 7 poeng medan TMFK har komt opp i 6
poeng. Gruppa er superjamn og alle seks laga kan i teorien vinne
gruppa i det fem kampar gjenstår.
|
|
|
|
02.12 Trandal sluttar i Selje
|
Fjordenes Tidende skriv i dagens avis at Jan Runar
Trandal gir seg i Selje. Trandal skal neste sesong prioritere
studier i Bergen, og dette lar seg ikkje kombinere med spel for
Selje. Dermed misser Selje kapteinen sin og det kan bli ein
vanskeleg debutsesong for Selje i 3. divisjon. Trandal skal i
denne perioden spele for Baune i 4. divisjon Hordaland, men
utelukkar ikkje at spel for Selje kan vere mogleg utover
hausten.
Jan Runar Trandal vart kåra til årets beste spelar på
heimebane.
Bildet er henta frå Selje sin overraskande 4-1 seier på Eid
Stadion 28. mai denne sesongen.
|
|
|
|
02.12 Sogndal i ny profil
|
Sogndal stiller frå og med i dag med ny profil.
Den gamle svarte og kvite logoen er bytta ut med ein ny som er
gul, svart og kvit. Om dette har vore ei forandring til det bedre
får kvar enkelt finne ut.
Sjå logoen og les meir om profilendringa på Sogndal
sine nye nettsider.
|
|
|
|
01.12 Haugen sin kamp mot Sandane er
utsett
|
Haugen sin kamp mot Sandane i vinterserien for
junior er utsett. Lagleiar Eirik Andreassen melder om at kampen
blir spelt i løpet av neste veke. Kjem tilbake med kamptidspunkt
så snart det er avklara.
Ver med og tipp sluttresultatet i juniorkampen Haugen-Sandane.
Den fyrste
som sender inn rett svar vinn eit eksklusivt Haugen-krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Kun tips som er merka med ekte namn er med i
konkurransen.
|
|
|
|
01.12 Samlingane på Eid Idrettspark er
flytta
|
SFFK sine samlingar for J90, G90, G91 og G93 som
skulle vore arrangert på Eid Idrettspark denne helga er flytta.
Ettersom bana er full av snø har kretsen beslutta i dag at det
ikkje lar seg gjere å halde samlingane på Eid. Samlinga for G93
som blir arrangert søndag er flytta til Nordfjordhallen, medan
det blir sjekka opp om dei andre samlingane kan flyttast til
Eikefjord eller Florø.
Når det gjeld snøsituasjonen på Eid Idrettspark kunne Knut Atle
Krossøy melde om mykje tung snø på bana i dag. Så derfor er
det berre å håpe på mykje regn og mildare vêr dersom det skal
bli fotball på Eid Idrettspak med det fyrste.
|
|
|
|
01.12 Prøvespelar i USA
|
I januar skal Bjørn Totland og Kristoffer
Aarskog prøvespele for å få kontrakt med eit lag i den
amerikanske serien. Underteikna tok kontakt med Bjørn og lurte
på om han kunne fortelje litt om kva som skjer rundt dette med
prøvespelinga.
Bjørn svarte kjapt følgjande:
Vi skal på et "combine" 5-7 jan. Dette er ei samling
for spelarar rundt om i USA som avsluttar utdanninga si og har
spelt ein sport innanfor college. Så det vil altså være
spelarar fra heile
USA der rekna eg med.
Samlinga vil bestå av diverse "øvelsar" som trenarane
der sett ein karakter
på, trur det er på ein skala fra 1-6. Dei vil sette sammen alt
til ein
portfolie med alle øvelsane, og så lage ei heilhetsvurdering av
kvar enkelt.
Det heile vert avslutta med ein kamp eller to.
Under samlinga vil det være representantar fra alle mls klubbane
her borte og fra divisjonen under, samt eit par klubbar fra andre
land og agentar.
Sidan vi fekk invitasjon til denne combinen tenkte vi at det ikkje
kan skade og være her ein mnd. ekstra og prøve lykken.
Dette er ikkje einaste prøvespelet. Miami FC, ein nystarta klubb,
ser etter
spelarar, og skal også halde tryouts i desember. Har ikkje fått
det bekrefta
enda, men rekna med at vi skal på det og. Det ryktast at det skal
være ein
proffklubb, men eg har mine tvil til nivået. Skadar allikavel
ikkje og reise
og sjå. Ingenting er avgjort om vi reiser på dette enda uansett.
|
|
|
|
30.11 Tore Haraldsen tatt ut til
sonesamling
|
Arild Hagen Bakke har tatt ut Tore Haraldsen
frå Haugen til sonesamlinga for G93 som blir arrangert på Eid
Idrettspark søndag 4. desember. Laget til Nordfjord skal ha
trening, i tillegg til at dei skal spele kampar mot Sunnfjord og
Sogn.
Følgjande spelarar er tatt ut på laget til Nordfjord:
Eirik Johnson,
Eid IL
Tore Haraldsen, Haugen IL
Øystein Aabrekk, Heia IL
Trym Bjørneset, Hornindal IL
Bendik Larsson, Selje IL
Kristian Sandal Gangsø, Skavøypoll IL
Per Arne Teige, Stadlandet IL
Vegard Hopland, Stryn TIF
Torje Breidablikk, Stryn TIF
David Bakkebø, Stryn TIF
Andreas Vereide, Sandane TIL
Jørgen Færestrand, Tornado Måløy FK
Informasjonen er henta frå nettsida til Sogn
og Fjordane Fotballkrets.
|
|
|
|
30.11 Stig Nord blir trenar for Sogndal
|
Eidaren Stig Nord tek over som hovudtrenar etter
Trond Fylling i Sogndal. Dette melder Sogndal på sine nettsider.
Nord har fått ei to årskontrakt med klubben som er flaggskipet
når det gjeld fotball i Sogn og Fjordane. Stig Nord kjem frå
jobben som hovudtrenar for Førde sitt herrelag i 3.
divisjon.
Dermed ser apparatet rundt Sogndal slik ut i sesongen 2006:
Sportsleg leiar: Anders Giske
Hovudtrenar: Stig Nord
Assistenttrenar: Johan Sigurdsson
Fysiske trenarar: Vidar Andersen og Kolbjørn Rydvang
Keeperkoordinator: Kåre Jan Mjelleli
Rekruttering spelarar: Trond Fylling
Spelarutvikling: Torbjørn Glomnes
|
|
|
|
30.11 Haugland held fram som leiar i
Haugen IL
|
Øystein Haugland blei på årsmøtet i Haugen
IL i går gjenvald til leiar i idrettslaget. Haugland har vore
leiar i Haugen IL sidan 2001 og har utført vervet på ein
framifrå måte. Hovedstyret
Leiar: Øystein
Haugland
Nestleiar: Ingebrigt Naustdal
Kasserar: Sissel Hermansen Smørdal
Studiekontakt: Elisabeth Haugland
Sekretær: Nils Helge Løkling
Vara: Hallvard Haugalnd, Rune Haugland
Gruppeleiarar:
Fotball: Ove Jan Haugland
Handball: Hilde Nord Haugland
Langrenn: Bjarne Smørdal
Barneidrett: Sigrun Bjørkeli
Telemark/Snowboard: Geir Lasse Espe
Trim/Friidrett: Asgeir Bakke
Alpin: Gruppa konstituerer seg sjølve
Banenemnd: Hallvard Haugland
Vedlikehaldsnemnd: Knut Løken
|
|
|
|
27.11 Vinterserien for junior runde 4
|
Fredag går dei tre kampane i 4. runde i
vinterserien av stabelen. Både Eid og Haugen har heimekampar på
Eid Idrettspark. Haugen møter Sandane, medan Eid tek imot TMFK. Den
tredje og siste kampen i denne runden er Bremanger-Skavøypoll.
Ver med og tipp sluttresultatet i juniorkampen Haugen-Sandane.
Den fyrste
som sender inn rett svar vinn eit eksklusivt Haugen-krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Kun tips som er merka med ekte namn er med i
konkurransen.
|
|
|
|
27.11 Rolf Skrede skal trene Eid 2
|
Årets Heiatrenar Rolf Skrede skal neste sesong
trene Eid sine nest beste. Heia har under Skrede gått frå å
vere eit botnlag til å bli eit fintspelande topplag i den lokale 6. divisjonen.
Skrede har gjort gull av gråstein av Heiaspelarane og er
uten tvil ein god mann for Eid 2. Skrede har også tidlegare vore
trenar for Eid 2.
På bildet ser vi Skrede med det han har tatt med seg frå Heia.
Ein fluktstol, nokre kjegler og ei Heiadrakt er tatt med som suvenir
frå året med grøntrøyene frå Moskva. Med seg på lasset har
han Eirik Lunde. Lunde har denne sesongen vore ein av få yngre
spelarar på Heia.
Det går rykte om at Heia sitt lag neste sesong har så høg
snittalder at dei får ekstra rabatt når dei skal leige buss på
bortekampane. Om dette er sant veit underteikna ikkje men det kan
sikkert stemme, ettersom det er Eid Eldretun som leiger ut bussen.
|
|
|
|
27.11 Eid vann 4-0 mot Bremanger i
vinterserien
|
Eid sitt juniorlag i vinterserien hadde ingen
problem med å slå eit tafatt Bremangerlag i dagens kamp på Eid
Idrettspark. Eid tok leiinga 1-0 etter sju minutt av fyrste
omgang. Ei takling frå Erik Salveson nådde Anders Midthjell som
fikk to sjansar til å sette ballen bak Mathias Hauge i
Bremangerburet. Resten av omgangen var jamnspela uten dei heilt
store sjansane. I andre omgang viste Eid at dei er farlege på
dødballsituasjonar. Erik Salveson og Kim Svarstad heada inn kvar
sin corner, og til slutt sette innbyttar Karl Erik inn eit
frispark frå omlag sytten meter. I denne omgangen var knapt
Bremanger over midtbana og det var ein kald Sindre Rise som gjekk av
bana etter kampen.
Sjå
kampfakta og bilder frå kampen.
|
|
|
|
27.11 Eid-Bremanger kl. 13.00 på Eid
Idrettspark
|
Eid sin utsette kamp mot Bremanger i vinterserien
for junior skal spelast på Eid Idrettspark i dag kl.
13.00.
Haugen Fotball kjem med kampfakta og bilder frå
kampen rett etter kampslutt.
|
|
26.11 Stryn og Dale vann KM
|
|
Stryn og Dale vann KM-innandørs som blei arrangert
i Førdehuset denne helga. Stryn var det suverent mest målkåte
laget i turneringa og vann til slutt ein knepen 3-2 siger mot
Førde 1 i finalen. I semifinalen slo Stryn ut TMFK med resultatet
5-3. I dameklassa var begge laga til Kaupanger store favorittar og
dei fleste tippa på førehand at det skulle bli ein rein
Kaupangerfinale. Både Kaupanger 1 og Kaupanger 2 tok seg
oppskriftsmessig vidare til semifinalane, men her møtte dei
overmakta mot Sandane og Dale. I finalen var Dale det beste laget
og vann til slutt fortent 2-0.
Sjå alle resultata
og bilder frå KM.
|
|
25.11 Årdal FK skal spela mot lag frå
Austlandet
|
Norges Fotballforbund har imøtekomt Årdal sitt
ynskje om å få spele mot lag frå Austlandet i neste års 2.
divisjon.
2.
divisjon avdeling 1:
Tønsberg
Stabæk
2
VIF
2
Åmot
Odd
Grenland 2
Tollnes
Ørn
Horten
Notodden
Bærum
Lørenskog
DFI
Sprint/Jeløy
Sarpsberg
Årdal
FK
|
|
|
|
25.11 To damelag har trekt seg frå KM
|
Fotballkretsen opplyser i dag at damelaga til
Eid og Dale 2 har trekt seg frå helgas KM-turnering i Førdehuset.
Det blir ikkje forandringar i oppsettet, men kampane med dei to
laga som har trekt seg går sjølvsagt ut.
Sjå
heile oppsettet her.
|
|
|
|
24.11 Siste frist for å tippe
KM-vinnarane nærmar seg
|
Fredag 25. og laurdag 26. november blir innandørs
KM for senior arrangert i Førdehuset. Her på nettsidene skal ein
prøve å tippe kven som stikk av med sigeren i begge
klassene. Husk at det er nokre klubbar
som stiller med fleire lag. Derfor held set ikkje å tippe berre
klubb, ein må også tippe om det er fyrste, andre eller eventuelt
tredje laget til denne klubben som vinn.
I herreklassa stiller desse laga (antall lag i parrantes): Førde(3),
Jølster(2), Gaular(2), AHIL(2), Eid(2), Eikefjord(2),
Bremanger(2), Dale, Anga, Høyang, Florø, Loen, Saga, Stryn,
Kaupanger, TMFK, Vik, JÅFK, Vadheim/Høyang2, og Breimsbygda.
I dameklassa stiller følgjande klubbar med lag: Jølster(2),
Kaupanger(2), Dale(2), Førde(2), Eid og Sandane.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Kun tips som er merka med ekte namn er med i
konkurransen.
Den fyrste som legg inn rett svar får ei Sogndal-topplue i
premie.
Går alt etter planen hiv underteikna seg i Poloen laurdag morgon
for å sjå kampane denne dagen. Blir dette ein realitet kan du
sjå bilder og lese kampfakta frå KM på denne sida. Ettersom
Poloen har toppfart på 40 km/t blir ikkje stoffet frå KM lagt ut
før seint laurdags kveld.
|
|

|
|
24.11 Eid sesongen 2005
|
Fredag 12.
november arrangerte Eid fotballavslutning på hotellet. Ein del
prisar blei utdelt og sermonien blei avslutta med fotballkampen
Norge-Tjekkia.
Årets Spelarar: Erik Salveson og Mariann Sigdestad og
Steffen Sture Olsen (Eid 2)
Årets talent: Stian Sandal og Synne Mårstøl
Toppskårarar: Bjørn Totland, Tonje Nordheim Tangerud og Steffen
Sture Olsen (Eid 2)
Følgjande har spelt kampar for Eid i årets 4. divisjon (antall
kampar i parantes): Stian Sandal (18), Eivind Heggen (18), Stig
Torheim (17), Erik Salveson (17), Henning Haugen (16), Anders
Midthjell (16), Geir Moldestad (15), Kay Rune Solheim (12), Kim
Vik (11), Stig T. Aarsheim (11), Jon Håkon Midthjell (11),
Steffen Sture Olsen (11), Aksel Myklebust (10), Kay Even Risøy
(9), Bjørn Totland (9), Sindre Rise (9), Stein Inge Aabrekk (7),
Håvard Bruvoll (7), Edgar Flo (7), Dagfinn Bjørlo (7), Bjørnar
Strandos (5), Asle Myrold (5), Vidar Hjelle (4), Bjørn Berdal
(3), Kim Svarstad (2), Steffen Midthjell (1), Rune Schanke Eikum
(1), Kristian Holmøy (1), Ole Bjarte Taklo (1) og Trond
Bjørhovde Rindal (1).
Alle som har spelt 9 kampar eller meir kan
titulere seg som kretsmester 4. divisjon 2005.
|
|

|
|
24.11 Vinterserien for junior runde 3
|
Haugen tapte
6-1 mot Skavøypoll i Nordfjordhallen sist fredag. Dei to andre
kampane i denne runden blei utsett av forskjellige grunnar. TMFK
sin kamp mot Sandane blei spelt i Nordfjordhallen tysdag 22.
november. Her vann TMFK 4-2 og tok med dette resultatet sine tre
fyrste poeng i årets vinterserie.
Søndag fyrstkommande tek Eid imot Bremanger på Eid
Idrettspark.
I serierunde 4 som blir spelt 2. desember er det duka for desse
godbitane:
Bremanger-Skavøypoll
Eid-TMFK
Haugen-Sandane
NB! Ettersom det ikkje er serierunde no til
helga er det trening for Haugen på Eid
Idrettspark fredag kl. 19.00.
|
|
|
|
23.11 Sørensen har kontrakt med HamKam
ut juni 2006
|
Norges Fotballforbund har no bekrefta at Peter
Sørensen har kontrakt med HamKam ut juni 2006. Dermed kunne
Sørensen spele kvalifiseringskampen mot Stryn, og Stryn har ut
frå desse opplysningane trekt protesten dei sende til
forbundet.
Stryn spelar derfor også neste sesong i den lokale 3. divisjon.
Med lokale lag som TMFK, Skavøypoll, Selje, Eid, Stryn og Sandane
kan det bli duka for mange lokaloppgjer for dei fotballfrelste i
Nordfjord.
På fotballtinget blei det bestemt at fast kampdag for 3. divisjon
er flytta frå fredag til laurdag. Sogndal II spelar sine kampar
på måndag som vanleg.
Burde ikkje Sogndal II spelt sine kampar på laudag også?
|
|
|
|
19.11 Thomas spelar neste sesong for
Skavøypoll
|
Då er valget tatt og Thomas Starheim spelar neste
år for Skavøypoll. Bestemmelsen blei tatt
i går kveld og blei tatt ut frå ei heilhetsvurdering om at
Skavøypoll har det beste opplegget totalt sett.
Thomas skriv under overgangsskjema i løpet av veka og når Thomas
fyller 16 år blir kontrakta med Skavøypoll skriven under. Dermed
blir den unge Stårheimaren lagkamerat med Peter Orry Larsen og
dei mange andre talenta frå Skavøypoll.
|
|
|
|
19.11 Bjørge Fedje til JÅFK
|
JÅFK melder på sine nettsider at Sogndal-keeper
Bjørge Fedje er klar for JÅFK. Det er i fyrste omgang snakk om
ei 1-års kontrakt med opsjon på forlengelse med eit år. Preben
Gilleshammer får dermed hard konkurranse om plassen i JÅFK-buret.
Gå
til JÅFK sine nettsider her.
Bilder er henta frå treningskampen til Sogndal
mot Brann i Eikefjord sist sommar.
|
|
|
|
18.11 Heia er blitt nekta adgang i
Nordfjordhallen
|
Heia er blitt nekta adgang i Nordfjordhallen. Då
underteikna var i Nordfjordhallen i kveld var det hengt opp to
store skilt og det er ikkje tvil om kven desse skilta er retta
mot.
|
|
|
18.11 Haugen tapte mot Skavøypoll
|
Juniorlaget til Haugen tapte i kveld 6-1 mot
Skavøypoll i Nordfjordhallen. Kampen gjekk over tre periodar på
tjue minutt og det var aldri tvil om at Skavøypoll var det beste
laget i denne kampen. Skavøypoll tok raskt leiinga 3-0 i kampen
etter at Haugen hadde ein svært famlande start på kampen. I dei
to siste periodane kom Haugen meir med men Skavøypoll hadde full
kontroll i samtlege 60 minutt.
Skavøypoll-Haugen 6-1 (3-0) (1-1) (1-0)
1-0 Øystein Weltzien (4. min)
2-0 Kim Andre Gangeskar (10. min)
3-0 Peter Orry Larsen (19. min)
4-0 Alexander Wik (31. min)
4-1 Thomas Starheim (35. min)
5-1 Alexander Wik (39. min)
6-1 Peter Orry Larsen (46. min)
Haugen: Vegard Løken, Jan Roger Solibakke
(kaptein), Ove Balsnes, Runar Øien, Stig Tore Gilleshammer,
Bjørnar Øien Jim Tore Humborstad, Thomas Starheim, Mikael
Myklebust, Tore Sundal, Matias Lien, Odd Kjetil Liset
Dei andre kampane denne runden:
Eid-Bremanger
TMFK-Sandane
Haugen spelar neste kamp i vinterserien heime
mot Sandane fredag 2. desember.
Same dag tek Skavøypoll i mot Bremanger og Eid
spelar heimekamp mot TMFK.
|
|

|
|
18.11 KM innandørs senior i
Førde
|
Oppsettet
til innandørs KM for senior er no klart. 28 herrelag og 10
damelag skal kjempe om titlane i Førdehuset 25. og 26. november.
Alle laga frå Nordfjord skal spele sine kampar laurdag 26.
november.
Herrelaga frå Nordfjord har komt i desse
puljene:
Pulje 4
Florø
Loen
Eikefjord 2
Saga
Pulje 5
Stryn
Kaupanger
Bramanger 2
Eid 2
Pulje 6
TMFK
Eikefjord 1
Vik
Bremanger 1
Pulje 7
JÅFK
Eid 1
Vadheim/Høyang 2
Breimsbygda
Dei to beste frå kvar pulje går vidare. I tillegg går beste nr.
3 i puljene 4-7 vidare.
Damelaga er sett opp i to puljar:
Pulje 1
Sandane
Jølster 2
Førde 2
Dale 2
Kaupanger 1
Pulje 2
Kaupanger 2
Jølster
Eid
Dale 1
Førde 1
Her går dei to beste laga i kvar pulje til semifinale.
Informasjonen er henta frå nettsida til Sogn
og Fjordane Fotballkrets.
|
|


|
|
18.11 Mange samlingar på Eid
Idrettspark
|
Dei to
fyrste helgane i desember er det samlingar på Eid Idrettspark for
nokre av dei beste aldersbestemte spelarane i Sogn og
Fjordane.
G1991 og J1990
Laurdag 3. desember er det kretssamling for gutar født 1991 og
jenter født 1990. Frå Nordfjord er Catrin Honningsvåg frå
Stadlandet og Karoline Føleide frå Tornado
Måløy FK tatt ut i jenter 1990. I gutar 1991 er heile 13 av dei
31 som er tatt ut frå Nordfjord.
Eid: Kristian Kongsvoll, Martin Fossedal, Marius Hagen (92)
Haugen: Eivind Daniel Røed (92)
Selje: Ole Andreas Solheim, Kai Sindre Moldestad
TMFK: Gisle Myhre, Sveinung Franzen, Idar Holm
Sandane: Lasse Erdal, Martin Akse, Joakim Føleide
Stadlandet: Runar Tunheim Aarsheim
G1991 spelar ein internkamp kl. 14.00, medan J1990 skal måle
krefter mot damelaget til Eid.
G1990
Søndag 4. desember er det gutar 1990 sin tur til å vise seg fram
på kunstgraset på Eid. Her er Thomas Starheim einaste spelaren
frå Eid kommune som er funnen verdig ein plass i troppen. I
tillegg er fire spelarar frå Nordfjord med. Desse er: Sondre
Grodås (Hornindal), Alexander Wik (Skavøypoll), Kenneth
Honningsvåg (Stadlandet) og Endre Kupen (Selje).
Kretslaget spelar kamp mot juniorlaget til Eid kl. 14.00.
Toppklubbsamling for herre junior
Søndag 11. desember startar Sogndal sitt juniorlag
oppkøyring til Color Line Cup i Ålesund. Spelarar til dette
laget er plukka av dei beste juniorspelarane frå heile fylket.
Stryn er best representert på laget med fire spelarar. Mats
Solheim, Per Egil Flo, Ulrik Flo og Kristoffer Grodås er alle
plukka ut til denne samlinga. Ellers er det verdt å merke seg at
JÅFK-spelar Preben Gilleshammer skal vere med. Preben har hatt
ein kjempesesong i 3. divisjon og blei kåra til årets spelar for
JÅFK 2. Preben fekk også prøve seg nokre kampar for
andredivisjons laget til JÅFK. Klokka 14.00 spelar laget ein
treningskamp mot A-laget til Eid. Her trur underteikna at
forsvaret til Eid skal bli rimeleg svimle i løpet av
kampen.
Informasjonen er henta frå nettsida til Sogn
og Fjordane Fotballkrets.
|
|
 
|
|
17.11 Juniorkampen mot Skavøypoll går
kl. 19.30
|
Juniorkampen mot Skavøypoll er
utsett ein halv time. Tidspunktet for kampen er dermed fradag 18.
november kl. 19.30. Kampen blir spelt inne i
Nordfjordhallen.
|
|
15.11 Juniorkamp mot Skavøypoll
|
Neste
motstandar for juniorlaget til Haugen er Skavøypoll. Kampen er
terminfesta til Nordfjordhallen fredag 18. november kl.
19.00.
Ver med og tipp sluttresultatet i juniorkampen Skavøypoll- Haugen.
Den fyrste
som sender inn rett svar vinn eit eksklusivt Haugen-krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Kun tips som er merka med ekte namn er med i
konkurransen.
Småguttelaget til Haugen startar
opp treningane i gymsalen på Stårheim måndag 21. november kl.
19.00. I tillegg er det planar om ei treningsøkt på Eid
Idrettspark kvar helg. Småguttelaget tel 24 spelarar og er
samansett av spelarar frå Kjølsdalen, Stårheim og
Haugen.
|
|
|
|
13.11 Vegard Løken skreiv under for
Eid i dag
|
Vegard
Løken skreiv i dag under for Eid. Keeperen frå Stårheim har
spelt nesten alle kampane for Haugen i år og det er ikkje tvil om
at Vegard blir sakna i Haugen. Når det gjeld dei andre som det
har vore snakk om kjem til å forlate Haugen før neste sesong er
enno ikkje noko klart. Thomas Starheim trenar med Skavøypoll og
skal ikkje sjå vekk frå at den talentfulle stårheimaren kjem
til å spele under Vidar Sandal neste sesong.
|
|
|
|
13.11 Geir Ove Åsebø blir
keepertrenar for Eid
|
Geir Ove
Åsebø har takka ja til å bli keepertrenar på Eid. Etter det
Haugen Fotball kjenner til skal Geir Ove vere med på Eid sine
treningar ein gong i veka.
Kanskje stiller også Geir Ove opp som keeper for Sebratrøyene
neste sesong?
Geir Ove har spelt 131 kampar for Haugen og står bokført med 5
skåringar.
|
|
|
|
13.11 Vinterserien for junior damer
|
Ni lag
deltek i årets vinterserie for junior damer. Laga er delt i to
puljer:
Pulje 1: Førde, Høyang, Kaupanger Sogndal og Jølster
Pulje 2: Eid, Bremanger, Stryn og Florø
Sunniva Hagen (bildet) og Eid startar med bortekamp mot Stryn
fredag 18. november. Fredag 9. desember er det heimekamp mot
Florø på Eid Idrettspark.
I begge puljene blir det spelt dobbel serie
Informasjonen er henta frå nettsida til Sogn
og Fjordane Fotballkrets.
|
|
|
|
13.11 Stian Holm årets unge dommar
|
Stian Holm
frå Svelgen vart av dommarsektoren i Sogn og Fjordane
Fotballkrets kåra til årets unge dommar i Sogn og Fjordane. Holm
har ikkje vore dommar på nokon av Haugen sine kampar i år, men
var dommar i Eid sine heimekampar mot Loen og
Selje.
Årets dommar vart Johnny Skjerven frå
Kaupanger.
Informasjonen er henta frå nettsida til Sogn
og Fjordane Fotballkrets.
Bildet er henta frå kampen Eid-Loen. Stian Holm
var i denne kampen veldig frustrert over dei trange
dommardraktene.
|
|
|
|
12.11 Haugen-Bremanger 4-0 (0-0)
|
Haugen vann
i dag heile 4-0 mot Bremanger på Eid Idrettspark. Bremanger vann
sist kamp 3-1 mot TMFK og dei fleste trudde at talenta til
Bremanger skulle vinne over Haugen. Etter ein fyrste omgang uten
skåringar spelte Haugen ein god andre omgang, som forøvrig varte
i 51. minutt.
Med dette resultatet toppar Haugen tabellen på bedre målskilnad
enn Eid etter to spelte kampar.
Haugen-Bremanger 4-0 (0-0)
1-0 Jim Tore Humborstad
2-0 Ove Balsnes
3-0 Jonas Rye Tvendeseter
4-0 Bjørnar Øien
|
|
|
|
12.11 Tappert forsøk av Stryn
|
Med uavgjort
5-5 på heimebane i dag blir det spel i tredjedivisjon for Stryn
også neste sesong. Stryn tapte bortekampen 1-0 mot HamKam 2 på
Hamar og hadde eit godt utgangspunkt før dagens kamp på
heimebane. Kampen starta friskt for Stryn og allereie etter eit
minutt var Kåre Balsnes åleine mot keeper Svein Inge Haagenrud.
Men Balsnes sitt skot gjekk utenfor til stor fortvilelse for dei
mange frammøtte. Rett etter er det HamKam som er farleg frampå
og Truls Hagen gjev HamKam leiinga 1-0. Fyrste omgang er jamnspela
noko som resulterer i eit par gode sjansar til begge lag. Omlag ti
minutt før pause aukar John Anders Rise til 2-0 og dei fleste
innser at berre eit mirakel kan redde opprykk for Stryn. På
overtid i fyrste omgang ordnar Jon Terje Tjellaug litt spenning i
kampen. Endre Lødemel dreg seg fint fri på høgrekanten og det
presise innlegget set Tjellaug hardt i mål bak ein sjanselaus
Haagenrud. I pausa snakkar dei fleste om at med eit tidleg
mål i andre omgang kan kanskje Stryn greie det likevel. Men
Oluwasegun Abiodun brukar berre eit minutt av andre omgang til å
sette den siste spikaren i Strynekista. Han får stå veldig
åleine inne i Stryn sin sekstenmeter og enkelt set han inn 3-1
til HamKam. Etter dette set Jess Thorup inn 4-1 og Kristian Hauge
aukar til 5-1 seks minutt før slutt. Då vakna Mats Solheim og
dei som hadde gått heim kan angre på at dei ikkje blei igjen
heilt til slutt. Fire minutt før slutt headar han inn reduseringa
til 2-5 etter ein glimrande corner frå Per Ole Tenden. To
minutt etter tråklar Solheim seg fri forsvaret til HamKam og kjempar seg forbi keeper.
Solheim har berre å sette ballen i kassa men då dukkar Frank
Hool opp og lurer solheim for 3-5 målet. I siste ordinære
speleminutt er Solheim på ny frampå og 4-5 målet er ei faktum.
To minutt på overtid set Solheim eit fantastisk punktum på ein
god sesong for eit Strynelag som vart tippa eit stykke ned på
tabellen i år. Frå seksten meter dunkar han inn 5-5 og Haagenrud
som har gått frå å vere i storhumør har blitt meir eller
mindre småsur.
Sjå fakta
og bilder frå kampen.
|
|
|
|
12.11 Sandane-Eid 2-5 (2-2)
|
Fredag kveld
tok Sandane imot Eid sitt juniorlag på Eid Idrettspark. Etter ein
jamn fyrsteomgang gjekk laga til pause på 2-2. I andre omgang tok
Eid over mykje av banespelet og det var ikkje ufortent at Eid til
slutt vann 5-2.
Sandane-Eid 2-5 (2-2)
1-0 Sigmund Andenes (12. min)
1-1 Stian Sandal (29. min)
2-1 Trond Vegard Ripe (31. min)
2-2 Karl Erik Aarsheim (37. min)
2-3 Anders Midthjell (69. min)
2-4 Anders Midthjell (79. min)
2-5 Kim Svarstad (87. min)
I "hatkampen" TMFK-SKavøypoll vann bortelaget 6-4.
Dermed står Eid med fire poeng, Sandane og Skavøypoll har tre
poeng, medan TMFK står utan poeng etter to spelte
kampar.
|
|
|
|
09.11 Stryn på vei mot 2.
divisjon
|
Laurdag 12.
november kl. 13.00 er det duka for Stryn sin kvalifiseringskamp
mot HamKam 2. Stryn tapte "berre"
1-0 borte sist helg og med full klaff laurdag blir det 2.
divisjonspel i Stryn neste sesong.
Greier Stryn å rykke opp til 2. divisjon held Bremanger seg i 4.
divisjon og JÅFK 2 held seg i 3. divisjon. Derfor kan ein trygt
seie at heile fylket håpar på seier for Stryn
laurdag.
Haugen Fotball ynskjer Stryn
lykke til i kampen om opprykk.
|
|
|
|
09.11 Haugen-Bremanger laurdag kl.
11.30.
|
Andre runde
i vinterserien for juniorlaget til Haugen er heimekamp mot
Bremanger. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark laurdag 12.
november kl. 11.30.
Andre kampar 2. runde:
Sandane-Eid
TMFK-Skavøypoll
Resultat 1. runde:
Bremanger-TMFK 3-1
Skavøypoll-Sandane 2-5
Eid-Haugen 2-2
Ver med og tipp sluttresultatet i juniorkampen Haugen-Bremanger.
Den fyrste
som sender inn rett svar vinn eit eksklusivt Haugen-krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Kun tips som er merka med ekte namn er med i
konkurransen.
|
|
|
|
05.11 HamKam 2-Stryn 1-0
|
Stryn tapte
"berre" 1-0 mot HamKam sitt andrelag på Hamar i dag, og
med dette resultatet har Stryn store sjansar til å greie opprykk
til 2. divisjon neste sesong. Kenneth
Dokken skårte kampen sitt einaste mål på straffe etter 34. min
av fyrste omgang. I same situasjonen vart Trond Leirgulen skada,
og det er usikkert om Leirgulen blir klar til returkampen.
Returkampen blir spelt på kunstgraset i Stryn laurdag 12.
november.
For fortløpande oppdatering
av kampen les her.
|
|
|
|
05.11 HamKam 2-Stryn i dag kl. 14.00
|
Haugen
sin fotballekspert Kay Ove Hafsås har no meldt sin ankomst på
Briskeby Stadion. Hafsås skal ved hjelp av sin nye mobiltelefon
holde underteikna oppdatert med det som skjer i
kvalifiseringskampen mellom HamKam 2 og Stryn kl. 14.00. HamKam
sine nettsider melder om at HamKam 2 stiller eit meget sterkt lag
og at opprykk til 2. divisjon er ei prioritert oppgåve på Hamar.
HamKam 2 har denne sesongen spelt 22 kampar. Av desse 22 kampane
har laget vunne 19 og spelt 3 uavgjort. Laget har skåra 109 mål
og slept inn 23, noko som gjev 86 plussmål denne sesongen. Stryn
er ikkje mykje dårligare med sine 73 plussmål, men det er ikkje
tvil om at Stryn får det vanskeleg i dagens kamp på Briskeby.
|
|
|
|
04.11 Haugland og Øien trenar Haugen
|
|
Øystein Haugland og Bjørnar Øien skal trene A-laget til
Haugen sesongen 2006. Dermed har Haugen fått på plass eit
trenarteam dei fleste laga kan misunne dei. Dei to trenarane lova
i kveld mykje fin fotball på Klenkarberget neste sesong.
Treningstider:
Søndag kl. 20.00-21.30
Tysdag kl. 19.00-20.30
|
|
04.11 Eid-Haugen 2-2 (0-0)
|
Haugen
sitt juniorlag spelte i dag 2-2 mot Eid på Eid Idrettspark. Etter
ein jamnspela fyrsteomgang uten skåringar tok kampen seg kraftig
opp etter pause. Jim Tore Humborstad gav Haugen leiinga tre minutt
etter kvilen då han utnytta ein tabbe i Eidforsvaret. Fem minutt
etter auka Bjørnar Øien leiinga til 2-0. Øien sette eit
frispark frå 40 meter rett i mål bak ein forfjamsa Sindre Rise.
Men Eid gav seg ikkje og etter hardt press siste halvtimen berga
Eid det eine poenget. Uavgjort var vel alt i alt eit greitt
resultat i denne kampen ut frå spel og sjansar. Men det var ikkje
tvil om at Eid burde vunne denne kampen ettersom dei stilte med
heile åtte spelarar som tidlegare i år har spelt kampar for Eid
sitt lag i 4. divisjon.
Eid-Haugen 2-2 (0-0)
0-1 Jim Tore Humborstad (48. min)
0-2 Bjørnar Øien (54. min)
1-2 Sjølvmål (61. min)
2-2 Kristian Holmøy (77. min)
Haugen: Vegard Løken, Runar Øien, Odd Kjetil Liset,
Matias Lien, Jan Roger Solibakke, Ove Balsnes, Thomas Starheim,
Mikael Myklebust, Stig Tore Gilleshammer, Jim Tore Humborstad,
Jonas Rye Tvendeseter.
Innbyttarar: Thomas Dalsbø, Bjørnar Øien, Kristoffer
Pavelich, Tore Sundal
|
|
|
|
03.11 Live-oppdatering HamKam2-Stryn
|
Haugen
Fotball vil følgje Stryn sin kvalifiseringskamp mot HamKam2
laurdag kl. 14.00 med
live-oppdatering. Med ein så viktig kamp for Stryn er det
ekspertkommentator for Haugen Fotball Kay Ove Hafsås som har
fått det ærefulle oppdraget å ta turen austover. Hafsås har
tidlegare spelt kampar for Stryn, Haugen, Eid og Gneist og har
siste tida tilegna seg fotballkunnskap frå VIP-losjen på Color
Line Stadion. Den tidlegare stårheimaren har spisskompetanse på
slike viktige kampar og underteikna var ikkje i tvil om at det var
Hafsås som skulle få jobben med å referere frå kampen på
Hamar.
Haugen spelar juniorkamp mot Eid
fredag 4. november kl. 19.00 på Eid Idrettspark.
Ver med og tipp sluttresultatet i juniorkampen Eid-Haugen.
Den fyrste
som sender inn rett svar vinn eit eksklusivt Haugen-krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Kun tips som er merka med ekte namn er med i
konkurransen.
|
|
|
|
30.10 God avslutning av Stryn gav 8-1
seier
|
|
Stryn vann i dag 8-1 mot eit forsterka Eidlag på Eid Idrettspark.
Med spelarar frå TMFK, Skavøypoll, Selje og Eid burde det blitt
ein jamn batalje, men på slutten av kampen viste Stryn seg som
det beste laget og måla rann inn.
Kampfakta
Eid/TMFK/Skav/Selje-Stryn 1-8 (1-1)
1-0 Kim Vik (24. min)
1-1 Per Egil Flo (35. min)
1-2 Per Ole Tenden (60. min)
1-3 Kåre Sigve Balsnes (62. min)
1-4 Pål Holko (64. min)
1-5 Jon Terje Tjellaug (66. min)
1-6 Jon Terje Tjellaug (86. min)
1-7 Frank Hool (88. min)
1-8 Ulrik Flo (90. min)
Det forsteka Eidlaget stilte med desse spelarane:
TMFK: Eirik Rutledal, Per Jarle Mathisen, Erlend Kvalheim
Skavøypoll: Ole Gunnar Midtbø, Ole Kristoffer Nore, Kim
Gangeskar, Peter Orry Larsen
Selje: Karl Erik Aarsheim
Eid: Sindre Rise, Håvard Bruvoll, Kim Vik, Asle Myrold,
Henning Haugen, Geir Moldestad, Stein Inge Aabrekk, Steffen Sture
Olsen
|
|
29.10 Stryn finslipar formen på Eid
Idrettspark søndag
|
Då
er det endeleg klart at Stryn skal møte HamKam 2 i
kvalifiseringskampane om opprykk til 2. divisjon. Stryn Fotball
melder på sine nettsider at Stryn startar med bortekamp laurdag
5. november, medan alt skal avgjerast på heimebane laurdag 12.
november.
Som eit ledd i oppkøyringa til
denne kampen møter Stryn eit samansett lag frå Eid, Selje, TMFK
og Skavøypoll på Eid Idrettspark søndag 30. oktober kl. 16.00.
Haugen spelar juniorkamp mot Eid
fredag 4. november kl. 19.00 på Eid Idrettspark.
Ver med og tipp sluttresultatet i juniorkampen Eid-Haugen.
Den fyrste
som sender inn rett svar vinn eit eksklusivt Haugen-krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Kun tips som er merka med ekte namn er med i
konkurransen.
|
|
|
|
29.10 Vellukka fotballavslutning
|
A-laget
avslutta årets sesong med sosialt samvêr på Klenkarberget
fredag kveld. Etter ein del mat og drikke blei det utdelt
prisar til dei som hadde gjort seg fortent til det. Ikkje uventa
stakk Øystein Haugland av med prisen som årets spelar. Ove
Balsnes blei årets unge spelar, medan Jim Tore Humborstad fekk
prisen for mestskårande spelar denne sesongen.
Trenar Eirik Andreassen takka for seg som trenar
for A-laget. Andreassen trenar truleg småguttelaget til Haugen
neste sesong. Kven som skal trene A-laget neste sesong er enno
ikkje avklara, men fotballgruppa har sikkert eit par namn på
blokka.
Sjå bilder frå
avslutningsfesten.
|
|
|
|
27.10 Vinterserien junior 05/06
|
Kampoppsettet
for vinterserien er sett opp og Haugen spelar sine heimekampar på
Eid Idrettspark.
04.11. kl. 19.00
Eid-Haugen
11.11. kl. 20.00 Haugen-Bremanger
18.11. kl. 19.00 Skavøypoll-Haugen
02.12. kl. 19.00 Haugen-Sandane
16.12. kl. 19.00 TMFK-Haugen
Kampane mot Skavøypoll og TMFK blir spelt med 8'ar lag, medan dei
andre kampane blir spelt som vanlig 11'ar fotball.
|
|

|
|
25.10 Fotballavslutning på
Klenkarberget
|
|
Årets fotballavslutning går av stabelen på Klenkarberget fredag
28. oktober kl. 20.00.
Bildet er henta frå fjorårets
fotballavslutning der FjøraFjæra Supporterklubb bidrog med ein
sjølvkomponert supportersang. Dessverre kan
ikkje komponisten huske sangen i etterkant og dermed står Haugen
uten supportersang den dag i dag.
Det blir servering og fotballgruppa har bestemt at det blir
egenandel på kr. 50,- pr. person.
Vel møtt!
|
|
24.10 Vinterserien junior 05/06
|
Nokre
fleire lag er påmeldt til årets vinterserien for junior. Dermed
er lista over lag som er påmeldt slik:
Herre:
Tornado Måløy (8-ar)
Skavøypoll (8-ar)
Haugen (8-ar)
Sogndal
Førde 1
Førde 2
Eid
Jotun Årdalstangen 1
Jotun Årdalstangen 2
Høyang
Kaupanger
Sandane
Bremanger
Jølster
Lærdal
Florø
Damer:
Bremanger
Kaupanger
Høyang
Førde
Sogndal
Florø
Eid
Informasjonen er henta frå nettsida til Sogn
og Fjordane Fotballkrets.
|
|

|
|
23.10 Hans Petter heilt i hundre!
|
Statistikken
over kampar og skåringar for A-laget til Haugen er
oppdatert.
Øystein Haugland og Gustav
Orheim passerte begge 200 spelte kampar for Haugen i løpet av
sesongen, medan Hans Petter Gilleshammer passerte 100
kampar.
Øystein og Gustav ligg med det
på 8. og 9. plass på statistikken over antall spelte kampar for
Haugen. Oddmund Balsnes toppar denne statistikken med 324 spelte
kampar, På plassane bak følgjer Atle Kjøsnes med 310 kampar og
Magne Kjøsnes med 270 kampar.
På statistikken over mestskårande spelarar på Haugen ligg Jim
Andre Balsnes på 10. plass med totalt 39 skåringar. Øystein
Haugland har berre to mål mindre i målprotokollen og ligg med
det på 13. plass.
På denne statistikken leiar Atle
Kjøsnes og Per Gunnar Gilleshammer med 77 skåringar kvar. Hakk i
hæl ligg Oddmund Balsnes med 76 skåringar.
Heile statistikken ser du her.
|
|


|
|
21.10 Enkel seier for Stryn
|
Sjølv
om Stryn mangla sine to beste offensive spelarar, Jon Terje
Tjellaug og Mats Solheim, var Stryn det klart beste laget på Eid
Idrettspark i kveld. Eid hang overraskande bra med i kampen så
lenge kreftene holdt, men i andre omgang hadde Eid lite å by på.
Kåre Sigve Balsnes gav Stryn leiinga 1-0 etter kvarteret av
kampen og avslutta også skåringane då han fastsette
sluttresultatet til 6-1. Eid sitt trøystemål var ei perle av ei
skåring av Jon Håkon Midthjell.
Eid-Stryn 1-6 (0-2)
0-1 Kåre Sigve Balsnes (15. min)
0-2 Per Egil Flo (21. min)
0-3 Per Egil Flo (61. min)
0-4 Per Egil Flo (79. min)
0-5 Aleksander Eikenes (81. min)
1-5 Jon Håkon Midthjell (84. min)
1-6 Kåre Sigve Balsnes (85. min)
Haugenspelarane Vegard Løken, Jim Tore Humborstad og Thomas
Starheim fekk alle prøve seg i denne treningskampen. I tillegg
hadde Eid forsterka laget med Magnus Sævik, som kanskje spelar
for gultrøyene neste sesong.
|
|


|
|
21.10 Ikkje trening i dag
|
Haugen
si trening i dag kl. 19.00 er avlyst på grunn av at Eid skal
spele treningskamp mot Stryn.
Neste trening blir derfor søndag
kl. 19.30.
|
|
|
|
16.10 Gaular kretsmester i 6. divisjon
|
Gaular
vann i dag 2-1 mot Eid II på Eid Idrettspark, og sikra seg med
dette resultatet både opprykk til 5. divisjon og kretsmesterskap
i 6. divisjon. Gaular kom til Eid for å berge eit poeng slik at
opprykket var i boks og dette bar spesielt fyrste omgang preg av.
Gjestane la seg langt bakpå og satsa på kontringar og
dødballar. Ti minutt før pause gav dette resultat og Gaular tok
leiinga 1-0. Ein flikk frå Torbjørn Sygna gjekk via ein
Eidspelar bak ein sjanselaus Edgar Flo i Eidmålet. Tore Sundal
var nærmast skåring for Eid i fyrste omhang då han klikka
ballen krysset frå 16 meters hald, etter ei genial pasning frå
Jon Håkon Midthjell.
I andre omgang var Gaular eit hakk bedre enn Eid og det var heilt
fortent då Jon Inge Nilsen gav Gaular 2-0 ti minutt før slutt.
På overtid vann Eidkaptein Jan Otto Bustadmo ein duell mot Gaular
sin gode keeper og laga med det sitt andre mål på dei to siste
kampane. Med det blei med dette trøstemålet for Eid sine nest
beste, og glade Gaularspelarar kunne feire opprykk og
kretsmesterskap med champagne på midtbana.
Sjå
kampfakta og bilder frå kampen.
|
|
|
|
16.10 Vinterserien junior 05/06
|
Haugen
har i år meldt på eit 8-ar lag i vinterserien for junior
herre.
Følgjande lag er påmeldt pr. 14/10:
Herre:
Haugen (8-ar)
Tornado Måløy (8-ar)
Skavøypoll (8-ar)
Sogndal
Førde 1
Førde 2
Eid
Jotun Årdalstangen 1
Jotun Årdalstangen 2
Høyang
Kaupanger
Sandane
Bremanger
Damer:
1. Bremanger
Informasjonen er henta frå nettsida til Sogn
og Fjordane Fotballkrets.
|
|
|
|
09.10 Tett i kampen om opprykk til 5.
divisjon
|
Gaular
vann 4-3 mot Florø II i dagens kvalifiseringskamp om opprykk til
neste års 5. divisjon. Med dette resultatet har Gaular og Lærdal
fire poeng, medan Florø II er hakk i hæl med sine tre poeng. Eid
ligg sist på tabellen med null poeng. Søndag 16. oktober kl.
13.00. går dei to siste kampane i kvalifiseringa.
Eid møter Gaular på Eid Idrettspark medan Lærdal tek i mot
Florø II.
Ver med og tipp sluttresultatet i
kvalifiseringskampen Eid II-Gaular.
Den fyrste
som sender inn rett svar vinn eit Sogndal-skjerf.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
|
|
|
|
09.10 Treningstider
|
Haugen
held fram med treningar på Eid Idrettspark. A-laget trenar i lag
med guttelaget fredagar kl. 19.00 og søndagar kl. 19.30.
Guttelaget trenar i tillegg på onsdagar kl. 17.00.
Etter litt skriverier i Fjordabladet om at det er så gale at
ungdom heilt ned i 13-14 årsalderen trenar fotball tre gongar i
veka no på haust og vintertid er det viktig å presisere at alle
treningane er frivillige.
|
|
|
|
09.10 Sesongavslutning Heia FK
|
Heia
arrangerte i går sesongavslutning på Expeditionen. Med god mat,
drikke og landskamp pluss utdelinga av årets prisar blei det ei
hyggelig stund for dei frammøtte.
Årets Toppskårar:
Tom Rger Hjelle 16 mål
Årets unge spelar:
Eirik Lunde
Årets spelar:
Bjørn Joar Svarstad
|
|
|
|
09.10 God fyrsteomgang av Kåre Balsnes
|
Stryn
vann i går 4-1 mot Volda i ein treningskamp i Stryn.
Assistentdommar Knut Atle Krossøy kunne fortelje at Stryn var det
klart beste laget før kvilen og leia fortent 2-0 til pause. Kåre
Balsnes var banas beste før kvilen, men i andre omgang fikk han
lite til og blei bytta ut tjue minutt før slutt. Denne
kampen var eit ledd i å halde laget i gang til dei avgjerande
kvalifiseringskampane om opprykk til 2. divisjon. Kven Stryn skal
møte desse kampane er enno ikkje avklara. Maktar HamKam å halde
seg i tippeligaen er HamKam II motstandar, viss ikkje er det
Ringsaker som kan stikke kjeppar i hjula for Stryn sine opprykksplanar.
Stryn har også avtalt treningskamp mot Ålesund II på Color Line
Stadion.
|
|
|
|
08.10 Eid II-Lærdal 2-5 (1-2)
|
Eid
II tapte i dag 5-2 mot Lærdal og er definitivt ute av kampen om
opprykk til neste års 5. divisjon. Eid fekk ein verst tenkeleg
start på kampen og låg under 2-0 før ti minutt var spelt. Like
etter reduserte kaptein Jan Otto Bustadmo til 2-1 på
straffespark. 2-1 blei også pauseresultatet i kampen. I andre
omgang hadde Eid det meste av spelet, men overtaket i banespel
resulterte ikkje i dei heilt store sjansane. Omlag midtvegs i 2.
omgang utlikna Eid til 2-2. Jørn Ove Rindal sette eit frispark
frå omlag 25 meter bak ein sjanselaus Espen Borlaug i
Lærdalburet, og Eid var på ny med i kampen om opprykk. Eid hadde
på slutten eit par store sjansar til å lage målet dei måtte ha
for å vinne kampen, men i staden for kontra Lærdal inn 3-2 og
dette resultert i at Eid sprakk som ein ballong. Lærdal vann til
slutt kampen 5-2.
Sjå
kampfakta og bilder frå kampen.
|
|
|
|
05.10 Eid II-Lærdal laurdag 8. oktober
kl. 14.00.
|
Eid
II sin kvalifiseringskamp mot Lærdal blir spelt på Eid
Idrettspark laurdag 8. oktober kl. 14.00.
Ver med og tipp sluttresultatet i
kvalifiseringskampen Eid II-Lærdal.
Den fyrste
som sender inn rett svar vinn eit Sogndal-skjerf.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Bildet til høgre er henta frå SIL-bui.
|
|
|
|
05.10 Statistikk 2005
|
Navn |
Kampar |
Mål |
Gule
kort |
Ove
Balsnes |
15 |
4 |
1 |
Gustav
Orheim |
15 |
4 |
|
Øystein
Haugland |
15 |
4 |
|
Jim Tore
Humborstad |
14 |
12 |
2 |
Stig
Tore Gilleshammer |
14 |
4 |
|
Hans
Petter Gilleshammer |
14 |
3 |
|
Vegard Løken |
14 |
|
|
Jan
Roger Solibakke |
14 |
|
1 |
Stian Bjørlo |
11 |
|
|
Cato
Magne Humborstad |
10 |
7 |
|
Mikael
Myklebust |
10 |
1 |
|
Hans
Ottar Humborstad |
9 |
8 |
2 |
Bjørnar
Øien |
9 |
3 |
|
Torleiv
Orheim |
9 |
|
|
Reidar
Hellesø |
8 |
7 |
1 |
Jim
Andre Balsnes |
8 |
2 |
|
Runar Øien |
8 |
|
|
Thomas
Dalsbø |
6 |
1 |
|
Stian
Aaland |
5 |
5 |
|
Kim Tore
Gilleshammer |
5 |
1 |
|
Bjørn
Erik Bruvoll |
4 |
2 |
|
Rune
Venøy |
4 |
1 |
|
Odd
Kjetil Liset |
4 |
|
|
Hans
Thomas Solheim |
3 |
4 |
|
Roger
Nygård |
3 |
2 |
|
Ståle
Sandal |
2 |
|
|
Vebjørn
Skrede |
1 |
|
|
Matias
Lien |
1 |
|
|
Kim
Fagerstrand |
1 |
|
|
|
|




|
|
05.10 Øystein årets stjernegris
|
Med 25
stjerner på 15 kampar vann Øystein Haugland årets stjernegris,
fem poeng føre Ove Balsnes. Dette syner at sjølv om ein nærmar
seg førti, kan ein framleis prestere på høg nivå i den lokale
6. divisjon. Med kunstgrasbana på Eid Idrettspark og dei
fantastiske treningstilhøva som er der, er det vel ikkje tvil om
at Øystein tek minst ein sesong til i Haugentrøya.
25 |
Øystein
Haugland |
20 |
Ove Balsnes |
17 |
Gustav Orheim |
12 |
Jim Tore Humborstad |
10 |
Reidar Hellesø |
8 |
Jim Andre Balsnes, Cato Magne Humborstad |
6 |
Bjørnar Øien, Vegard Løken |
4 |
Stig Tore Gilleshammer, Jan Roger Solibakke |
3 |
Rune Venøy, Mikael Myklebust, Torleiv
Orheim |
2 |
Roger Nygård, Hans Ottar Humborstad |
1 |
Hans Thomas Solheim |
|
|
|
|
02.10 Vinn Sogndal-skjerf
|
Ver med og tipp sluttresultatet i
kvalifiseringskampen Eid II-Lærdal.
Den fyrste
som sender inn rett svar vinn eit Sogndal-skjerf.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Bildet til høgre er henta frå SIL-bui.
|
|
|
|
02.10 Flau innsats av Eid II
|
Eit svært
redusert Eid II-lag tapte i dag 9-0 i bortekampen mot Florø II.
Etter at Florø II leia 3-0 til pause hadde Eid II ein god periode
etter pause, men etterkvart som tida gjekk rann måla inn og
Florø gav seg ikkje før dei hadde putta ni ballar i nettet bak
Eid sin keeper. Dermed fekk Eid II ein dårleg start på
kvalifiseringskampane om opprykk til neste års 5. divisjon. Men
det ser ikkje heilsvart ut for Eid II. Med siger i dei to
heimekampane mot Gaular og Lærdal er opprykket sikra, og Eid II
blir med det fyrste laget i Norge som har tapt 9-0 i fyrste
kvalifiseringskamp og likevel sikra opprykk. Edgar Flo kan melde
om slett innsats i dagens kamp og ein meir vekkasta søndag skal
ein leite lenge etter. Kampen mot Lærdal som var terminfesta til
søndag 9. oktober blir truleg flytta til laurdag 8. oktober kl.
14.00. Kampdato for den siste kvalifiseringskampen til Eid II mot
Gaular er sett til Søndag 16. oktober.
Ver med og tipp sluttresultatet i kampen
og vinn eit Haugen krus. Den fyrste
som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
|
|
|
|
01.10 Komplett liste over måljegeren
2005
|
Kampen om
å bli årets måljeger blei akkurat like spennande som den såg
ut til å skulle bli. Før siste runde var det 5-6 spelarar som
kunne stikke av med tittelen "Årets Måjeger". Tom
Roger Hjelle frå Heia var ikkje snauare enn at han laga fire mål
mot Oppstryn siste kampen og vann dermed tittelen åleine. Tom
Roger Hjelle har skåra jamt og trutt heile sesongen og enda til
slutt med 16 skåringar. Tett bak med 15 skåringar følgde Asle
Eldevik frå Skavøypoll II og Marius Svoren frå Flatraket.
Haugen sin toppskårar denne sesongen blei Jim Tore Humborstad med
12 skåringar.
Det er denne sesongen laga 431 skåringar på 68 kampar. Dette
gjev eit snitt på 6,3 skåringar pr. kamp.
Les heile
lista.
|
|
|
|
29.09 Siger for guttelaget mot
Selje/Stadlandet
|
Stian
Aaland har sendt følgjande referat frå guttekampen mot
Selje/Stadlandet måndag kveld:
Guttelaget møtte et litt redusert Selje/Stadlandet på Eid
Idrettspark måndag kveld. Haugen scora 4 kjappe mål i første
omgang, Olav Espe var frampå og sette inn dei to første,
medan Eivind Daniel Røed og Kjetil Remme putta kvart sitt tidleg
i første omgang. I slutten av omgangen scora Jonas Tvendeseter to
fine mål og Haugen gjekk til pause med 6-0 leiing.
Selje/Stadlandet skjerpa seg litt etter sidebytte og reduserte to
gongar før Eivind Daniel Røed kjempa inn sitt andre for dagen.
Thomas Starheim fastsette resultatet til 8-2 med eit fint
langskot.
|
|
|
|
28.09 Haugen trenar fredagar kl. 19.00
|
Sjølv
om Haugen har avslutta sesongen blir det treningar kvar fredag kl.
19.00.
|
|
27.09 Runar Aaning Olsen vann
tabellkonkurransen
|
Runar
Aaning Olsen, Kay Ove Hafsås, Kay Rune Solheim og Magne Elde
hadde alle 14 feilpoeng og to lag på rett plass i årets
tabellkonkurranse. Dermed må ein skille
etter kven av desse fire som har tippa rett lag på fyrsteplass,
andreplass også vidare. Ingen av kvartetten hadde Eid II på
fyrsteplass eller Haugen på andreplass. Runar Aaning hadde tippa
Heia på tredjeplass og med dagens siger mot Oppstryn kom Heia på
tredjeplass og sikra med det Runar Aaning Olsen sigeren.
Premien på ti flaxlodd blir oversendt så snart underteikna får
tilsendt adressa til vinnaren.
Haugen Fotball gratulerer!
Navn |
Poeng |
Rett
plass |
Runar
Aaning Olsen |
14 |
2 |
Kay Ove
Hafsås |
14 |
2 |
Magne
Elde |
14 |
2 |
Kay Rune
Solheim |
14 |
2 |
Jim Tore
Humborstad |
16 |
2 |
Jan
Fuglesteg |
16 |
0 |
Stian
Aaland |
18 |
2 |
Vebjørn
Skrede |
18 |
1 |
John
Henrik Bjørlo |
18 |
1 |
Øyvind
Haraldsen |
18 |
0 |
Stein
Inge Strøm |
20 |
3 |
Rune
Aabrekk |
20 |
2 |
Sujeevan
Mohanarajah |
22 |
2 |
Hildegunn
Balsnes |
22 |
2 |
Hans O.
Humborstad |
22 |
1 |
Bjørn
Egil Moldestad |
22 |
1 |
Rune Venøy |
22 |
0 |
Bjørn
Erik Bruvoll |
22 |
0 |
Øyvind
Løkling |
24 |
1 |
Sindre
Kvalheim |
24 |
0 |
|
|



|
|
27.09 Eid II spelar kvalifisering om
opprykk til 5. divisjon
|
Eid II
spelte i dag uavgjort 3-3 mot Skavøypoll II på Skavøypoll
Stadion. Eid II leia 2-1 til pause etter skåringar av Jørn Ove
Rindal og Kim Svarstad. I andre omgang tok Skavøypoll II over
kampen og kvarteret før slutt leia laget frå vest 3-2. Hadde
dette blitt sluttresultatet i kampen hadde det vore Haugen som
hadde vunne årets 6. divisjon. Men Jørn Ove Rindal ville det
annleis og på frispark laga han sitt andre mål for dagen og
redda med det eit poeng for Eid II. Eid II er med dette resultatet
eit poeng føre Haugen på tabellen og skal dermed spele
kvalifiseringskampar om opprykk til neste års 5. divisjon. Sist
laurdag spelte Gaular og Lærdal 2-2 i den fyrste
kvalifiseringskampen av totalt fire. Søndag 2. oktober spelar Eid
II bortekamp mot Florø II, medan det er duka for heimekampar mot
Gaular og Lærdal 9. og 16. oktober.
|
|
|
|
27.09 Tom Roger vann måljegeren
|
Med fire
skåringar i dagens kamp mot Oppstryn II er det Tom Roger Hjelle
frå Heia som vart årets måljeger i 6. divisjon avdeling 4.
Hjelle låg to mål etter Marius Svoren frå Flatraket før siste
serierunde, men ettersom Svoren berre putta eit mål mot Haugen,
vann Hjelle med sine 16 skåringar på 16 kampar.
Av Haugen sine spelarar var det Jim Tore Humborstad som laga mest
mål denne sesongen. Humborstad hadde sjansen i dag til å laga
endå fleire mål, men Humborstad blei ståande med sine 12
fulltreffarar.
Fullstendig liste over alle målskårarar i årets sesong blir
lagt ut så snart underteikna har fått vite kven som laga måla i
dei forskjellige kampane.
|
|
|
|
27.09 Heia knuste Oppstryn II 13-1
|
I kampen
mellom Heia og Oppstryn II var det i mesteparten av kampen berre
eit lag på bana. Tidlegare Haugenspelar Roger Nygård slo ann
tonen med skåring allereie etter tre minutt av kampen. Etter
dette rullar ballen i mål jamt og trutt heile kampen. To minutt
før slutt fekk Oppstryn II trøystemålet sitt etter at Even
Hjelle Guddal sprang frå Heiaforsvaret og skåra enkelt åleine
mot Finn Haugland i Heiaburet.
1-0 Roger Nygård (3. min)
2-0 Kai Henning Slinde (20. min)
3-0 Tom Roger Hjelle, straffe (22. min)
4-0 Tom Roger Hjelle (29. min)
5-0 Rune Venøy (31. min)
6-0 Tom Roger Hjelle (48. min)
7-0 Tom Roger Hjelle (61. min)
8-0 Roger Nygård (67. min)
9-0 Kai Henning Slinde (74. min)
10-0 Roger Nygård (77. min)
11-0 Rune Venøy (81. min)
12-0 Ronny Berg (83. min)
13-0 Trond Kroken (87. min)
13-1 Even Hjelle Guddal (88. min)
|
|
|
|
27.09 Haugen-Flatraket 6-2 (3-2)
|
Haugen
avslutta sesongen i kveld med 6-2 siger mot Flatraket på Eid Idrettspark.
Haugen starta kampen veldig dårleg og Flatraket leia heilt
fortent 2-0 etter ein halvtime av fyrste omgang. Siste kvarteret
av fyrste omgang heva Haugen seg og etter to skåringar av Cato
Magne Humborstad og eit av Gustav Orheim kunne Haugen gå til
pause med 2-1 leiing. I fyrste halvdel av andre omgang bølga
spelet fram og tilbak uten at nokon av laga skapte dei heilt store
sjansane. Tjue minutt før slutt var Hans Petter Gilleshammer
frampå med venstreslegga. Skotet frå omlag tjuefem meter var
utagbart for Jan Ove Håvik i Flatraketmålet. 5-2 målet var av
den heldige sorten. Skotet/innlegget frå Stig Tore Gilleshammer
gjekk via ein forsvarar og i mål. Sesongen siste skåring var
også ei av dei flottaste denne sesongen. Kaptein og årets
spelar, Øystein Haugland, forserte frå midtbana med mål i
blikket. Etter å ha lurt av eit par spelarar ser Haugland at
keeper står langt ute og følsomt lobbar han ballen over kepper.
På denne måten avslutta Haugland sesongen på ein verdig
måte.
Sjå
kampfakta frå kampen.
|
|
|
|
25.09 Eid avslutta sesongen med stil
|
A-laget til
Eid avslutta i dag sesongen med siger mot Bremanger. Bremanger var
i store delar av kampen på høgde med heimelaget, men siste
kvarteret rakna det og Eid vann til slutt 5-0. Erik Salveson gav
Eid leiinga 1-0 rett før pause. I andre omgang bølga spelet fram
og tilbake med sjansar til begge lag. Men siste kvarteret skjedde
det noko med Bremanger og Eid trilla ball i hatt med eit til tider
ampert Bremangerlag. Enkelte Bremangerspelar brukte alt for mykje
krefter på å klage på dommar Jeikishan Jegatheesan. Det var i
alle fall ikkje dommaren sin feil at Bremanger tapte i dag, sjølv
om Bremanger heilt sikkert kjem til å skulde på det. Henning
Haugen, Anders Midthjell, Stig Torheim og Kim Vik laga måla til
Eid i andre omgang. Dermed er Eid klare vinnarar i 4. divisjon og
kan titulere seg som kretsmester 4. divisjon 2005.
Haugen Fotball gratulerer Eid med opprykket til 3. divisjon.
Sjå
kampfakta og bilder frå kampen.
TMFK II spelte i dag uavgjort heime mot Stryn II
og spelar neste sesong i 5. divisjon. Bremanger og Askvoll/Holedal
er avhengig avhjelp frå Stryn og JÅFK for å redde plassen i
divisjonen.
Underteikna trur at JÅFK rykker ned, og at
HamKam II blir for sterke for Stryn i kampen om opprykk til 2.
divisjon. Dermed rykker Florø, JÅFK II og Dale ned til 4.
divisjon, og TMFK II, Bremanger og Askvoll/Holmedal spelar neste
sesong i 5. divisjon. Blir det som underteikna trur er det to lag
som rykker ned frå 5. divisjon til 6. divisjon. Desse to laga
er Hyen og Vadheim/Høyang II.
|
|


|
|
25.09 Haugen-Flatraket tysdag 27. september
kl. 20.00.
|
Haugen
avsluttar sesongen med heimekamp mot Flatraket på Eid Idrettspark
tysdag 27. september kl. 20.00.
Skal Haugen vinne årets 6. divisjon
må Haugen vinne denne kampen, og Eid II må tape borte mot
Skavøypoll II. Då er det Haugen som får spele
kvalifiseringskampar mot Lærdal, Florø II og Gaular. Fjøra har
vunne 6. divisjon avdeling 1 men har fått innvilga søknaden frå
kretsen om å sleppe å spele kvalifiseringskampar.
Ver med og tipp sluttresultatet i kampen
og vinn eit Haugen krus. Den fyrste
som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
|
|
|
|
25.09 Stryn kretsmester i 3. divisjon
|
Stryn vann
i går 5-0 borte mot Fjøra og ettersom Sogndal II berre greidde
uavgjort 0-0 borte mot Kaupanger, kan Stryn titulere seg som
kretsmester i årets 3. divisjon.
Dei andre resultata:
TMFK-Sandane 10-0
Dale-JÅFK II 6-1
Høyang-Førde 2-3
Skavøypoll-Florø 2-1
Stryn skal dermed spele kvalifiseringskampar om opprykk til 2.
divisjon, medan Dale, JÅFK II og Florø må vente ei stund til
før dei får vite kven som må ta den tunge vegen ned i 4.
divisjon.
Mats Solheim (bildet) som kom til Stryn frå Loen før denne
sesongen laga heile 34 mål denne sesongen.
|
|
|
|
25.09 Heia vann 3-2 borte mot Flatraket
|
Heia vann
3-2 borte mot Flatraket fredag kveld. Heia stilte med få spelarar
denne kampen og fekk på slutten merke at dette virkeleg røynde
på. Heia tok
kommandoen i kampen og leia 3-1 til pause. Dagens høgdepunkt var
2-0 målet til Heia. Trond Kroken drog til frå langt hold og
ballen suste i krysset bak ein sjanselaus Flatraket-keeper. I
andre omgang reduserte Flatraket til 3-2, men etter raportane frå
kampen var sigeren til Heia aldri i fare.
Kampfakta:
Flatraket-Heia 2-3 (1-3)
1-0 Stein Inge Strøm
2-0 Trond Kroken
3-0 Muhamet Barla
3-1 Marius Svoren
3-2 Terje Vederhus
|
|
|
|
25.09 Marius Svoren leiar
Måljegeren
|
Marius
Svoren leiar måljegeren når ein serierunde i årets 6. divisjon gjenstår.
Svoren har laga 14 mål til no denne sesongen og det må ein seie
er ein bra prestasjon. Dette fordi Flatraket ligg nest sist på
tabellen med berre åtte poeng og har totalt laga berre 32
mål.
Rett bak følgjer Asle Eldevik (13), Arne Refsnes
(13), Steffen Sture Olsen (12), Jim Tore Humborstad (12), Tom
Roger Hjelle (12), Tommy Lykkebø (12) og Frank Rogne (9). Eit
artig poeng i måljegeren er at dei åtte på toppen av lista er
frå åtte forskjellige klubbar. Det er berre botnlaget Oppstryn
II som ikkje er representert i toppen, men det er
vel ikkje rart ettersom Oppstryn II har laga like mange skåringar
totalt som det Marius Svoren har laga åleine.
Det er til no laga 399 skåring på 64 kampar, noko som gjev eit snitt på
6,2 skåringar pr.
kamp.
Les heile
lista.
|
|
|
|
22.09 Guttelaget tapte 4-2 mot Eid
|
Haugen sitt
guttelag tapte i kveld 4-2 mot Eid på Eid Idrettspark. Etter ein
tam fyrsteomgang av Haugen, leia Eid 3-0 til pause. Haugen kom
sterkare i andre omgang og etter å ha redusert to gongar blei det
på ny spenning i kampen. Men Eid var alt i alt det beste laget i
kveld og det var fullt fortent då Martin Fossedal sette inn
4-2-målet.
Kampfakta:
Eid-Haugen 4-2 (3-0)
1-0 Magnus K. Aarre (22. min)
2-0 Bengt Leite (30. min)
3-0 Magnus K. Aarre (38. min)
3-1 Thomas Starheim (58. min)
3-2 Simeon Mavropoulos (74. min)
4-2 Martin Fossedal (78. min)
Neste kamp for guttelaget er mot Stadlandet/Selje på Eid
Idrettspark måndag 26. september.
|
|
|
|
21.09 Eid II-Stadlandet/Selje II avlyst
|
Eid II sin
heimekamp mot Stadlandet/Selje II er avlyst på grunn av at
bortelaget ikkje kunne stille lag. Om kampen blir spelt seinare
veit ikkje underteikna i skrivande stund.
Kampen Veten/Hardbagg-TMFK III som skulle
spelast på Ålandsleitet i går blei også avlyst.
I tillegg har Haugen sin heimekamp mot Skavøypoll blitt avlyst
fordi bortelaget ikkje kunne stille lag.
|
|
|
|
18.09 Eid vann 3-0 mot Stryn II
|
Eid sikra i
dag opprykket til 3. divisjon med 3-0 siger over Stryn II. Måla
til Eid vart sett inn av Edgar Flo, Stian Sandal og Kim Vik. Selje
er det andre laget som rykkjer opp til 3. divisjon etter at dei
vann 1-0 over Askvoll/Holmedal i dag. I andre enden av tabellen
vann Bremanger 3-1 heime mot Syril og gjekk dermed forbi TMFK II
på tabellen. Men mykje skal gå Bremanger sin veg om dei skal
halde seg i divisjonen. Underteikna trur at
HamKam II blir for sterke for Stryn i kampen om opprykk til 2.
divisjon, og då rykkjer både Bremanger og TMFK II ned. I tillegg
er det ikkje sikkert at Jotun Årdalstangen bergar plassen i 2.
divisjon og då blir det tre lag som rykkjer ned.
|
|
|
|
18.09 Stryn spelar kvalifiseringskampar
mot HamKam II
|
Med ein
kamp igjen er det klart at det er Stryn som skal spele
kvalifiseringskampar om opprykk til 2. divisjon. Førde tapte noko
overraskande 4-2 heime mot TMFK og er med dette resultatet fire
poeng bak Laget frå innfjorden. Sogndal II kan vinne avdelinga
men ettersom Sogndal spelar i 1. divisjon kan ikkje Sogndal sitt
andrelag rykke opp. Fjøra blir jokeren i
kampen om kven som skal vinne avdelinga. Måndag er det duka for
Sogndal II-Fjøra, medan neste laurdag tek Stryn turen til Sogn og
møter Fjøra.
Jon Terje Tjellaug (bildet) er den spelaren i 3. divisjon som har
flest målgivande pasningar. I tillegg til å ha skåra 16 mål
har Tjellaug vore 23 gongar nest sist på ballen.
Imponerande!!
|
|
|
|
16.09 Haugen vann 4-3 mot Heia
|
Haugen vann
i kveld 4-3 borte mot Heia. Haugen leia 4-0 til pause og i andre
omgang reduserte Heia tre gongar slik at det enda med ein minst
mogleg siger for bortelaget. Ut frå dette skulle ein tru at laga
hadde kvar sin omgang på Eid Idrettspark, men det var ikkje
realiteten. I fyrste omgang bølga spelet fram og tilbake, og
Stein Inge Strøm burde gitt Heia leiinga 1-0, då han heada over
frå kloss hold. Men i staden for leiing til heimelaget rulla
ballen Haugen sin veg og før dommar Kjell Alme blæs av fyrste
omgang hadde Haugen laga fire mål. Cato Magne Humborstad laga
ekte hat-trick på tretten minutt og på overtid fastsette Jim
Tore Humborstad pauseresultatet til 4-0. I andre omgang var det
Heia som hadde marginane med seg og etter tre reduseringar blei
det verkeleg spennande på slutten. Men det blei med dei tre
skåringane til Ole Sunde, Kai Henning Slinde og Muhamet Barlla,
og Haugen drog dermed i land tre viktige poeng.
Stig Tore Gilleshammer tippa rett resultat i resultattipset og
får Haugen-kruset ved eit passande høve.
Sjå
kampfakta og bilder frå kampen.
|
|
|
|
14.09 Eid II på god veg mot
opprykkskampar
|
Eid II vann i
går kveld heile 8-1 borte mot TMFK III og er med dette resultatet
i førarsetet om å sikre seg fyrsteplassen i 6. divisjon avd.
4.
Vinnaren av avdelinga skal møte dei tre andre avdelingsvinnarane
i ein enkel serie med kampdatoar 2., 9. og 16 oktober. Dei to
beste laga spelar neste år i 5. divisjon, og vinnaren kan også
titulere seg som kretsmester. Det er no klart at vinnaren i Haugen
si avdeling skal møte Fjøra 2, Gaular og Florø 2.
Andre resultat i Haugen si avdeling:
Stadlandet/Selje II-Oppstryn 7-1
Skavøypoll II-Flatraket 6-1
|
|
|
|
11.09 Berre teori kan nekte Eid opprykk
|
Med Loen
sitt tap 1-2 borte mot Syril er det berre teoretiske sjansar for
at Loen skal kunne nå igjen Eid på tabellen. Med seks
poeng meir enn Loen og tretten mål bedre målskilnad, kan Eid
feire opprykk til 3. divisjon to serierundar før slutt. Selje
ligg på andreplass i 4.divisjon, eit poeng bak Eid. Eid spelar
borte mot Stryn II neste helg, medan dei avsluttar heime mot
Bremanger om snaue to veker.
I 3. divisjon er det ein jamn kamp mellom Stryn og Førde om kven
som skal få møte Ham-Kam II i kvalifiseringskampar om opprykk
til 2. divisjon. Stryn leiar eit poeng føre Førde når begge
laga har to kampar igjen. Neste helg spelar Stryn heime mot
Skavøypoll og Førde har heimekamp mot TMFK. I siste serierunde
har begge laga bortekamp. Stryn reiser til Sogn og spelar mot
Fjøra, medan Førde skal spele mot Høyang på
sletta.
|
|
|
|
09.09 Haugen-Heia fredag 16. september
kl. 20.15.
|
Haugen sin
bortekamp mot grøntrøyene frå Moskva går av stabelen på Eid
Idrettspark fredag 16. september kl. 20.15.
Ver med og tipp sluttresultatet i kampen
og vinn eit Haugen krus. Den fyrste
som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Ettersom Skavøypoll ikkje kunne
stille lag onsdag, blir alle tipsa på resultat på denne kampen
kansellert. Blir det noko av kampen seinare kan ein sende inn nytt
tips på resultatet.
Bjørnar Øien (bildet) har permisjon frå militæret og skal vere
med i kampen mot Heia. Bjørnar stiller med litt mindre hår enn
det han har på bildet, men fintene har han i behald enno.
|
|
|
|
09.09 Eid vann 2-1 mot Eikefjord
|
Med 2-1
siger mot Eikefjord i kveld er Eid langt på vei mot opprykk til
3. divisjon. Eid kom best i gang i kampen og allereie etter 7
minutt tok Eid leiinga 1-0. Stian Sandal kom fint fri på
venstrekanten og innlegget ekspederte Anders Midthjell sikkert i
nettet bak Øyvind Svardal i Eikefjord-målet. Eid hadde i
periodar store problem med Eikefjord sin raske spiss Torstein
Grytten. Etter kvarteret av fyrste omgang kom Grytten seg fri på
25 meter. Skotet gjekk over Sindre Rise og laga var like langt.
Etter dette hadde begge laga mange sjansar og det var berre uflaks
at ikkje vart fleire mål i fyrste omgang. Andre omgang held fram
med fleire spolerte sjansar til begge lag, men det lukkast for Eid
heilt på slutten. Tre minutt før slutt spelte Jon Håkon
Midthjell glimrande gjennom Kim Vik på høgreflanken. Vik skar
inn mot mål og avslutta sikkert i mål til 2-1 siger til
Eid.
|
|
|
|
08.09 Eid vann 5-4 mot Haugen
|
|
Lilleguttlaget til Haugen tapte i kveld 5-4 mot Eid på Eid
Idrettspark. Haugen var i leiinga 4-3 kvarteret før slutt, men
Eid gav seg ikkje og ville vinne denne kampen. Få minutt før
dommar Steffen Sture Olsen bles av kampen sette Andre Haugland inn
sigersmålet og Eid kunne sleppe jubelen laus. Måla til Haugen
vart sett inn av Vebjørn Nord Haugland (3) og Tore Haraldsen. Eid
sine mål vart laga av Fredrik Fjelldal (2), Tore Heggen (2) og
matchvinnar Andre Haugland.
A-laget til Eid sin heimekamp mot Eikefjord er
flytta fram til fredag 9. september. Kampen blir spelt på Eid
Idrettspark kl. 19.00. Med siger i denne kampen er det berre
teoretiske sjansar som kan ta i frå Eid opprykket til 3.
divisjon.
|
|
08.09 Tettar seg til i toppen
|
Når få
serierundar står att er det tett i toppen i måljegeren. Tommy
Lykkebø, Tom Roger Hjelle, Arne Refsnes og Steffen Sture Olsen
har alle 12 mål denne sesongen. Tett bak med 11 skåringer kjem
Jim Tore Humborstad og Marius Svoren.
Det er til no laga 346 skåring på 57 kampar, noko som gjev eit snitt på
6,1 skåringar pr.
kamp.
Les heile
lista.
|
|
|
|
08.09 Få med deg Sogndal-Stabæk på
søndag
|
Sogndal tek i
mot Stabæk til søndagens kamp på Fosshaugane kl. 15.45.
Fotballbussen Nordfjordsamkøyringa tek også denne søndagen
turen frå Nordfjord til Sogndal. Gjer du? For skarve 300 kr får
du tur/retur + kampbillett! Ta turen og hjelp fylket sitt topplag
til siger!
Avgangstider:
Måløy
12.00
Maurstad
12.20
Eid
13.00
Lote
13.20
Kleivedammen 13.40
Byrkjelo
14.00
------------------------
Stryn
12.55
Loen
13.05
Olden
13.10
Innvik
13.30
Byrkjelo
14.00
Framme i Sogndal kl 15.20
Les meir om Nordfjordsamkøyringa
|
|


|
|
07.09 Kampen mot Skavøypoll II er
avlyst
|
Dagens
heimekamp mot
Skavøypoll er avlyst på grunn av at bortelaget ikkje kunne
stille lag. Huskar ikkje underteikna heilt
feil skjedde også dette i tilsvarande kamp i fjor. Kjem tilbake
med meir informasjon om kva som skjer angåande denne kampen
seinare.
|
|
06.09 Eid II-Veten/Hardbagg 5-1 (4-3)
|
Eid vann
5-1 i toppkampen mot Veten/Hardbagg på Eid Idrettspark i kveld.
Veten/Hardbagg var godt med på notane i starten av kampen og tok
leiinga 1-0 etter 11 minutt. Matias Rand var påpasseleg framme
på ein retur frå keeper og heada ballen hardt i mål. Etter
dette tok Eid meir og meir over og varta opp med mykje fint spel
før pause. Med to skåringar kvar av Kim Svarstad og Kim Vik
gjekk Eid til pause med 4-1 leiing. Andre omgang blei mykje
dårlegare enn fyrste omgang og det blei med Tore Sundal si
skåring omlag tjue minutt etter kvilen.
0-1 Matias Rand (11. min)
1-1 Kim Svarstad (14. min)
2-1 Kim Vik (31. min)
3-1 Kim Svarstad (32. min)
4-1 Kim Vik (43. min)
5-1 Tore Sundal (64. min)
|
|
|
|
05.09 Heldig siger for Heia
|
Med
skåring to minutt på overtid vann Heia 3-2 mot Stadlandet/Selje
II i kveld. Tom Roger Hjelle var ute av startellvaren i kveld og
revansjerte seg kraftig då han kom på bana. Ikkje lenge etter at
Tom Roger blei bytta inn gav han Heia leiinga 1-0. Men ikkje lenge
etter utlikna Karl Erik Årsheim til 1-1. Same mann var frampå
rett etter pause og gav med det laget frå havet leiinga 2-1.
Omlag kvarteret før slutt var Hjelle frampå med nok ei skåring,
og 2-2 såg lenge ut til å bli slutt resultatet. Men dagens mann
på Heia ville det annleis. Etter eit raid på høgrekanten la han
glimrande inn til Muhamet Barlla. Headinga frå Barla redda
bortelaget sin gode keeper Tom Øyvind Solheim, men returen banka
Rune Venøy i mål og sigeren var eit faktum. Rett etter bles
kampens gode dommar Rolf Lefdal av kampen.
|
|
|
|
05.09 Kampen mot Skavøypoll II
|
Kampen mot
Skavøypoll går på Eid Idrettspark onsdag 7. september kl.
17.30.
Ver med og tipp sluttresultatet i kampen
og vinn eit Haugen krus. Den fyrste
som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Tysdag 6. september er det duka for to kampar på Eid Idrettspark.
Fyrst spelar Heia kamp mot Stadlandet/Selje II kl. 18.00. Deretter
er det duka for toppkamp mellom Eid II og Veten/Hardbagg kl.
20.00. Med siger her har Veten/Hardbagg like mange poeng som
Haugen og Eid II, men ein kamp meir spelt.
|
|
|
|
23.08 God kamp av lilleguttlaget
|
Lilleguttlaget
tapte ufortjent 4-7 mot Sandane 1 på Klenkarberget i dag.
Heimelaget spelte seg til klart flest sjansar, men hadde ikkje dei
berømte marginane på si side. Haugen hadde akkurat lag til
kampstart, og henta inn ei forsterkning i siste liten, knøttespelaren
Markus Balsnes Lefdal, som gjorde eit godt innhopp og scora
likegodt to mål i debuten. Tore Haraldsen sette inn dei to andre
måla for Haugen.
|
|
04.09 Guttelaget vann 6-0 mot Bremanger
|
Stian
Aaland har sendt følgjande referat frå guttekampen fredag:
Guttelaget tok i mot Bremanger på Eid Idrettspark fredag.
Allereie etter 5
minutts spel får ein Bremanger spelar rødt kort av kampens gode
dommar Rolf Lefdal, etter eit utrop som ikkje har noko som helst på
ei fotballbane å
gjere. Første store sjansen kjem etter ca 25 minutt, når Haugen
får corner.
Den stangar midtstoppar Thomas Starheim i mål og sender Haugen i
føringa. Så bølgjer spelet litt fram og tilbake, og Bremanger
burde absolutt utlikna. Istadenfor er det Bjørn Kristen Sørland
som set eit innlegg i nettet like
før pause, og Haugen går til pause med 2-0 leiing.
I andre omgang har Haugen i grunnen full kontroll, og produserer
ein del
store sjansar. Men det måtte ein dødball til i denne omgangen
og. Thomas Starheim skrur eit frispark frå 20 meter rundt muren
og opp i krysset.
Seinare spring Kjetil Remme først frå Bremangerforsvaret og set
inn 4-0,
like etter er same mann igjennom og legg inn til Espen Aaland som
dunkar
ballen i nettet frå to meter. Heilt til slutt puttar Bjørn
Kristen Sørland på til 6-0, etter litt fram og tilbake i feltet.
Bremanger fekk ei utvisning i andre omgang og, etter ei svært
stygg takling. Olav Espe fekk gult kort for Haugen. Elles må eg
nevne til slutt at spesielt forsvarsrekka gjorde ein solid jobb
fredag. Ole, Thomas, Christopher og Stian Andre hadde stort sett
full kontroll, noko som lovar godt for resten av sesongen.
|
|

|
|
02.09 Stadlandet/Selje II-Haugen 1-4
(0-1)
|
Haugen vann
i kveld 4-1 mot Stadlandet/Selje II på grusbana på Stadlandet.
Kampen var prega av mykje lange ballar og ikkje så mykje fint
spel. Haugen tok leiinga etter 26. minutt av fyrste omgang etter
ein gedigen keepertabba av Sindre Otnheim. Otnheim skulle klarere
eit tilbakespel, men bomma på ballen og Hans Ottar Humborstad
kunne enkelt trille ballen i det tomme målet. I andre omgang
pressa heimelaget på for utlikning, men i staden for utlikning
auka Jim Tore Humborstad til 2-0. Åtte minutt før slutt laga
Karl Erik "Kalle" Årsheim ny spenning i kampen. Etter
å ha dribla seg fri frå to-tre mann knalla han ballen i mål og
reduserte med det til 2-1. Haugen bytta litt om på laget og dette
fungerte glimrande. I staden for at heimelaget laga nok eit mål
på slutten, kontra Haugen inn både 3-1 og 4-1. 3-1 målet kom
etter eit fint framspel frå Mikael til Jim Andre Balsnes. Balsnes
dribla keeper Otnheim og trilla ballen i mål til stor jubel frå
alle i Haugenleiren. 4-1 var ei kjempeskåring av Kim Tore
Gilleshammer. Ja, du las riktig, det var Kim Tore Gilleshammer som
laga Haugen sitt site mål for dagen. Gilleshammer fekk ballen på
ventrekanten og med sin ekstreme hurtighet runda han alle og sette
ballen elegant i lengste hjørnet. Torleiv Orheim spelte ein god
kamp på venstrebacken og blir belønna med tre stjerne på
"Stjernegrisen".
Sjå
kampfakta og bilder frå kampen.
|
|
|
|
02.09 Gustav Orheim i 200
|
Gustav
Orheim spelte i kveld sin kamp nummer 200 i Haugendrakta. Orheim
debuterte for sebratrøyene som syttenåring i 1993. På desse
tolv åra har Gustav spelt 175 seriekampar og 25 cupkampar. Han
har vel ikkje vore av dei ivrigast i målprotokollen, men fjorten
skåringar skal ein ikkje kimse av. Haugen Fotball ynskjer Gustav
til lukke med dagen, og håpar på nye 200 kampar i Haugendrakta.
|
|
|
|
01.09 Stadlandet/Selje II-Haugen kl.
18.00
|
Haugen sin
kamp mot Stadlandet/Selje II går av stabelen på grusbana på
Stadlandet fredag kl. 18.00. Karl Erik "Kalle" Årsheim
(bildet) var reserve sist Seljekamp og sa i dag at han er klar for
kampen mot Haugen.
Ver med og tipp sluttresultatet i kampen
og vinn eit Haugen krus. Den fyrste
som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Laurdag spelar Eid ein internkamp på Eid Idrettspark.
Haugenspelarane Stig Tore
Gilleshammer, Jim Tore Humborstad, Vegard Løken, Ove Balsnes og
Thomas Starheim har fått tilbod om å vere med i denne
kampen.
|
|
|
Siste Nytt mai-august
2005
Siste Nytt januar-april
2005
Siste Nytt 2004
Siste Nytt 2003
Siste Nytt 2002
Siste Nytt 2001/00
|