Fotballsesongen 2005




Eid II-Gaular 1-2  (0-1)

 

Kvalifiseringskamp om opprykk til 5. divisjon  
Eid Idrettspark, 16. oktober kl. 13.00 


0-1 Sjølvmål (34. min)
0-2 Jon Inge Nilsen (81. min)       
1-2 Jan Otto Bustadmo (90. min)

 

Dommar: Kai Inge Fløde, Stadlandet
Assistendommarar: Arve Halland og Per Olav Erikstad, Jølster 


Håvard Bruvoll og Eid sine nest beste kan sjå langt etter opprykk denne sesongen. Etter tre kvalifiseringskampar, tre tap og 3-16 i målskilnad er dette langt unna den målsettinga Eid sette seg før kvalifiseringskampane tok til. 

Tore Sundal klinkar ballen i krysset midtvegs i fyrste omgang.. 

Jon Håkon Midthjell spelte ein god kamp på midten til Eid i dag.  

Arne Morten Nydal spelte ein god fyrste omgang, men etter at Eid la om til tre i forsvaret blei det tungt for Nydal. I ein periode i andre omgang var Nydal tydeleg svimmel. 

Kristian Eikås kjem åleine mot keeper midt i andre omgang. Skotet frå Eikås blir meisterleg redda av keeper. 

Jan Otto Bustadmo ragar høgast og vinn duellen mot Gaular sin gode keeper. Ballen går i retning mål og ingen av dei tre på streken greier å hindre skåring til Eid.   

Alle sju i Gaular Supporterklubb hadde tatt turen til Eid denne vakre haustdagen. Her er dei i sjuande himmel etter at Jon Inge Nilsen har gitt Gaular 2-0 leiing. 


Etter kampen kunne ein glad Gaularspelar sprette champagnen.  

Trenar Edgar Flo tok på seg keepervottane i dag og spelte ein framifrå kamp.