12.10
Fotballfest 2002
Sesongen 2002 blei avslutta med sosialt samver på Expeditionen fredag
kveld. Etter litt god mat og godt drikke vart det delt ut utmerkelsar for
sesongen. Årets toppskorar var Steffen Sture Olsen med 8 mål. Årets
talent og årets spelar Kåre Sigve Balsnes. Den med beste oppmøte på
trening kamp var Øystein Haugland med 109 av 110 mulige. Noko som en må
seie er svært bra. I tillegg fekk Gustav Orheim og Øystein Haugland påskjønning
for 150 spelte kampar for Haugen. Øystein Haugland står utan kontrakt
med Haugen neste sesong, og seier han er klar viss ein annan klubb melder
si interesse. Men det må vere klinkande klart at eg spelar aldri for Skavøypoll
seier Øystein.
NB! Det blir trening i idrettshallen på Stårheim Skule kvar
fredag framover. Viss vi får den treningstida som vi hadde i fjor, blir
det klokka 18.30- 20.00. |
|
12.10
Statistikk
Statistikken er oppdatert etter 2002-sesongen.
Sjå
heile lista |
|
25.09
Tabellkonkurransen 2002
Tor Henning Mardal stakk av med sigeren i Tabellkonkurransen for 2002. Han
hadde 24 feilpoeng, og to lag på rett plass. Med det var han to poeng føre
Jim Andre Balsnes på andre plass, og fire poeng føre Trude Melheim på
tredje plass. I den andre enden av lista kom Ørjan Solheim, Øyvind Løkling
og Nils Tore Heggestad på dei tre siste plassane. Tor Henning får
overlevert premien ved eit passande høve. |
|
22.09
Haugen-Vik 2-3 (1-0)
Det vart tap 3-2 mot Vik i årets siste kamp. Haugen leia 1-0 til
pause etter skoring av Steffen. Andre omgang starta på verst tenkelege måte
med to baklengs før ti minutt var spelt. Men Haugen kom tilbake, og Hans
Ottar kjempa ballen i mål halvegs i andre omgang. Men berre få
minutt etter laga Vidar Tistel sitt tredje mål for dagen, og 3-2 leiinga
held Vik ut kampen. Haugen gratulerer Vik og Syril med opprykk til fjerde
divisjon. |
|
13.09
Nedrykk for Haugen
Med 4-1 tap mot tempo på Florø Stadion er det berre minimale teoretiske
sjansar for at Haugen ikkje rykker ned. Då må både Førde og Tornado
greie seg i 2. divisjon, samtidig som vinnarlaget i 3. divisjon greier å
rykke opp. Men en kan vel stikke fingeren i jorda å innsjå at dette
ikkje er mulig, slik situasjonen er i 2. divisjon. Haugen kom
bak 2-0 allereie etter 14. minutt og dette var stillinga til pause. I
andre omgang la en om frå 4-5-1 til 4-4-2 for å skape meir trøkk
framfor Tempomålet. Ettet 48. minutt slo Øystein ei genial pasning til
Hans Ottar som åleine med keeper netta sikkert. Utover i omgangen blei
Tempo meir og meir overlegne, og Haugen makta ikkje å stå i mot presset
. Med to nye baklengs i 60. og 71. minutt enda kampen med 4-1 til Tempo.
Rett før slutt fekk Øystein sitt andre gule i kampen og måtte rusle av
bana. |
|
06.09
Haugen-Oppstryn 4-7 (2-1)
Det vart heilsprekk i andre omgang, etter at Haugen leia 2-1 over Oppstryn
ved pause. Gustav Orheim laga begge måla til Haugen før pause, og det
var heilt fortent at Haugen leia 2-1 ved pause. Andre omgang starta på
verst tenkeleg måte med Oppstrynmål allereie etter ett minutt. Men
Haugen kom tilbake med 3-2 leiing etter skoring av innbyttar Vegard
Bruvoll. Men berre ett minutt etter trudde Geir Ove Åsebø at det var
offside, og trilla ballen ut for å ta frisparket. Men dommaren hadde
ikkje blåst, og ein Oppstrynspelar lobba ballen i det opne målet. Rett
etter sette Kåre Balsnes ballen kontrollert ballen i mål og Haugen leia
4-3. Etter dette sto kampen og vippa, men på slutten var det total sprekk
og Oppstryn skora heile fire gongar før kampen gode dommar Øyvind
Grindheim bles av kampen. |
|
30.08
Tabellkonkurransen
Tor Henning Mardal leiar framleis Tabellkonkurransen. Men no er det
berre fire poeng ned til Jim Andre Balsnes, som er andremann på lista. I
den andre enden av lista har Øyvind Løkling lurt seg vekk frå
sisteplassen. Nils Tore Heggestad har overtatt den, etter at han låg på
fjerde plass etter sist oppdatering. Øyvind er den som har tippa flest
lag på rett plass. Både Vik, Hafslo og Oppstryn har han prikka inn på
rett plass på tabellen. |
|
30.08
Vadheim-Haugen 1-1 (0-1)
Det blei uavgjort i kampen mot Vadheim på krøllgraset i Høyanger
fredag kveld. Haugen tok leiinga etter dryge halvtimen, men Vadheim
utlikna to minutt på overtid og det vart dermed poengdeling. Haugen sitt
mål vart skora av Stig Høynes.
Neste kamp er heime mot Oppstryn fredag 6. september. Dette er ein kamp
Haugen bør vinne for å ha håp om å redde plassen i 5. divisjon. |
|
25.08
Haugen-Hafslo 0-1 (0-1)
Haugen tapte 0-1 i den meget viktige heimekampen mot Hafslo søndag
ettermiddag. Hafslo tok leiinga midt i fyrste omgang, noko som skulle vise
seg å bli vinnarmålet. Keeper Geir Ove Åsebø fekk sjansen frå
straffemerket, rett før pause, med nytta ikkje sjansen. Fredag er det
bortekamp mot Vadheim. |
|
18.08
Syril-Haugen 8-2 (2-2)
Det blei tap mot serieleiaren Syril søndag ettermiddag. Haugen holdt
Syril til 2-2 ved pause, men i 2. omgang rakna det for Haugen og det enda
til slutt med 8-2 tap. |
|
09.08
Haugen-Selje 3-0 (2-0)
Haugen leverte årsbeste fredag kveld, og Selje måtte reise heim med 0-3
i bagasjen. I fyrste omgang var Haugen det klart beste laget, og kunne gå
til pause med 2-0, etter skoringar av Terje Gilleshammer og Kåre Balsnes.
I andre omgang auka Jim Andre Balsnes til 3-0 etter berre 2 minutt. Resten
av kampen førte Selje, men Haugen forsvarte seg godt, og står etter
denne kampen med tre sigrar på rad.
Neste kamp er borte mot Syril søndag 18. august. |
|
04.08
Haugen-Jotun II 5-1 (3-0)
Det vart 5-1 siger mot botnlaget Jotun II, på Klenkarberget i
ettermiddag. Det var ein voldsom varme, og dette sette sitt preg på
kampen. Stillinga til pause var 3-0 til Haugen, etter eit mål av
Hans Petter og to av Frank Roger. I andre omgang auka Kim Tore og Arnt
Ivar til 5-0, før Jotun fekk eit trøystemål ei lita stund før slutt.
Neste kamp er heime mot Selje på fyrstkommande fredag. |
|
23.07
Steffen utleigd til Eid
Steffen skal forsterke guttelaget til Eid, i årets Norway-Cup. Etter
dette reiser han på ferie til Bergen, og går dermed glipp av kampane mot
Jotun II og Selje. Steffen er toppskorar for Haugen med 6 mål. Ronny Hafsås
har putta tre, medan Frank Roger Naustdal og Ronny Berg har eit kvar. |
|
04.07
Trening i sommar
I sommar blir det trening kvar tysdag og fredag kl. 19.30. I tillegg blir
det trening torsdag 18. og 25. juli, og 1. august kl. 19.30. Haugen skal
med dette skape eit godt treningsgrunnlag til å kunne redde plassen i 5.
divisjon.
Fyrste haustkampen er heime mot Jotun II søndag 4. august.
Bildet er henta frå Øystein si trommeoppvisning etter 9-0 tapet mot Vik. |
|
28.06
Haugen klatrar mot toppen
Det vart 5-2 siger i bortekampen mot Bjørn fredag kveld. Etter ein
glimrande 1. omgang leia Haugen 4-0 til pause. Haugenkaptein Øystein
Haugland syns heile laget gjorde ein kjempekamp, men vil trekke fram
litt ekstra Ronny Hafsås, Bjørnar Øien og Vegard Bruvoll. Bjørnar og
Vegard debuterte for Haugen, medan Ronny spelte sin fyrste kamp for
sesongen.
Måla til Haugen vart sett inn av Ronny Hafsås 3 og Steffen Sture Olsen
2. På grunn av NM
i Hesteskokasting blir fakta lagt ut litt seinare. |
|
25.06
Små endringar i Tabellkonkurransen
Etter 9. runde er det framleis Syrilspelar Tor Henning Mardal
som leiar Tabellkonkurransen. Kåre Sigve Balsnes har rasa frå 2. til 6.
plass, og dette viser vel at tidlegare plassering har vore berre flaks. På
den siste plassen ligg som vanleg Øyvind Løkling. |
|
21.06
Vik-Haugen 9-0 (2-0)
Det blei nok eit tap for eit ungt Haugenlag i kveldens kamp på Vik
Stadion. Med 0-2 i fleisen før ti minutt var spelt, var vel kampen i
realiteten avgjort. Haugen greidde å kjempe seg inn i kampen igjen, og
hadde nokre gode sjansar til å redusere før pause. I 2. omgang laga Vik
tre mål ganske kjapt, og kampen var over for Haugen sin del. |
|
14.06
Haugen-Tempo 1-3 (1-2)
Haugen vart nok ein gong for små i årets femtedivisjon. Tempo tok
leiinga etter 14 minutt på eit langskot frå 20 meter. Rett før pause
utlikna Ronny Berg på straffe, etter ein hands i Tempoforsvaret. På
overtid i fyrste omgang skusslar Haugen vekk ballen, og Tempo går til
pause med 2-1 leiing. I andre omgang pressar Haugen for utlikning, men
dette resulterer i ei kontring som Tempo utnyttar til 3-1. Ronny Stian
Hopland hadde ei stund mykje å halde styr på, men løyste oppgåva bra. |
|
09.06
4-1 tap mot Oppstryn
Det vart nok eit tap for Haugen, i botnkampen mot Oppstryn søndag
ettermiddag. Haugen stilte med sitt sterkaste lag for sesongen, og dette
var ein kamp Haugen burde vinne. Haugen gjekk hardt ut i ein 4-3-3
formasjon, og prøvde å få ei tidleg leiing. Men det var lite vilje i
laget til å vinne duellane, og Oppstryn gjekk til pause med leiing 2-0. I
andre omgang gjekk Oppstryn opp til 4-0, før Frank Roger Naustdal
reduserte til 4-1 ti minutt før slutt. Då hadde det gått 440 minutt
sidan sist Haugen hadde skora. |
|
31.05
Haugen-Vadheim 0-3 (0-2)
Haugen var spelemessig på høgde med Vadheim i kampen på Klenkarberget,
fredag kveld. Men heller ikkje denne kampen fekk Haugen ballen i mål.
360 minutt har gått sidan sist Haugen putta sist, og slikt blir det ikkje
poeng av.
Søndag 9. juni er det botnoppgjer mot
Oppstryn på Lund Stadion. Dette er en kamp Haugen må vinne for å halde
fylgje med dei andre laga i 5. divisjon.
|
|
Jubileum
Haugen hadde to jubilantar i fredagens kamp mot Vadheim. Både Gustav
Orheim og Øystein Haugland spelte sin 150. kamp for Haugen. |
|
29.05
Vegard Bruvoll klar for Haugen
I går kveld skreiv forsvarsspelar Vegard Bruvoll under for Haugen. Vegard
har tidlegare spelt for Eid, og vil bli ei forsterkning i Haugenforsvaret.
Vegard er speleklar til heimekampen mot Tempo fredag 14. juni. |
|
Redningsmannen?
Jim Andre balsnes har avslutta studiane for sommaren, og var på trening i
går kveld. Kanskje kan Jim heve laget slik at det kan bli tre poeng og
masse moro på Klenkarberget fredag. Kampen mot Vadheim går mest truleg
klokka 19.00. Vadheim har starta sesongen fantastisk med fire sigrar og
ein uavgjort. Haugen på heimebane har vore begredeleg. Berre to mål
framover har det blitt, medan heile 18 mål bakover. Kanskje kan dette snu
fredag. |
|
27.05
Tabellkonkurransen
Tabellkonkurransen er oppdatert etter 5. serierunde. Syrilspelar Tor
Henning Mardal leiar fremdeles, med Kåre Sigve Balsnes og Jim Andre
Balsnes på dei neste plassane. I den andre enden av lista ligg
Øyvind Løkling. |
|
Trening
Denne veka er det trening tysdag og torsdag kl. 19.30. Fredag er det kamp
heime mot Vadheim. |
|
26.05
Hafslo-Haugen 5-0 (1-0)
Haugen vart for puslete og tapte 5-0 mot Hafslo søndag ettermiddag.
Haugen var godt med i kampen i fyrste omgang, og kunne putta på eit par
bra sjansar. Fyrste målet til Hafslo var ei "lompe" av eit
frispark som spratt i lengste hjørnet. I andre omgang skora Hafslo nokre
fine mål og kunne gå av bana med ein fortjent siger. Krossøy seier i
ein kommentar at spelarane er for puslete i duellane til å kunne få med
seg poeng i ein slik kamp. Neste kamp er heime mot Vadheim fredag kveld. |
|
21.05
Tabellkonkurransen
Då er tabellkonkurransen oppdatert etter 4. serierunde. Syrilspelar Tor
Henning Mardal har ei klar leiing, føre Sven Erik Midthjell og Jim Andre
Balsnes. I den andre enden av lista ligg Øyvind Løkling klart
sist. |
|
20.05
Haugen-Syril 0-11 (0-5)
Det vart ein sørgeleg kamp for Haugen på Klenkarberget måndag
ettermiddag. Haugen holdt følgje dei fyrste 25. minutta, men etter det
var det einvegskøyring. Allereie etter eit minutt kunne Haugen tatt
leiinga 1-0. Kåre Balsnes vart felt, men Øystein Haugland greidde ikkje
å sette straffa i mål. I pausen måtte Ørjan Solheim gje seg, og det
var duka for Geir Dale i buret. Geir gjorde ein solid kamp, og kan ikkje
skuldast stortapet. |
|
20.05
Haugen-Syril
Kampen blir spela på Klenkarberget kl. 15.00.
Tipp og vinn
Denne gangen er det om å gjere å tippe fyrste målskorar for Haugen, mot
Syril 20. mai. Svaret kan du legge inn på gjesteboka
eller sende ein e-post.
Fyrste som sender inn rett svar får eit Haugen-krus. |
|
16.05
Trening søndag
Treninga søndag blir klokka 19.00. |
|
13.05
Tipp og vinn
Denne gangen er det om å gjere å tippe fyrste målskorar for Haugen, mot
Syril 20. mai. Svaret kan du legge inn på gjesteboka
eller sende ein e-post.
Fyrste som sender inn rett svar får eit Haugen-krus. |
|
08.05
Bittert 1-0 tap mot Selje
Haugen tapte 1-0 mot Selje onsdag kveld. Fyrste omgang var glimrande
defansivt gjenomført og laga kunne gå til pause med 0-0. Med kraftig
motvind i andre omgang blei Haugen pressa tilbake på bana, og Selje
skapte en del halvsjansar. Kvarteret før slutt kunne Haugen berga alle
tre poenga. Kåre Balsnes kom åleine med keeper, men fekk ballen for
langt foran seg. 10 minutt før slutt avgjorde Selje kampen. Idar Taklo
fekk stå upressa på 16 meter, og skaut ballen rett i mål. Klart det var
bittert med 1-0 tap, men alt i alt ein bra gjennomført kamp mot
serieleiaren. |
|
Trening
Det blir trening følgande dagar:
Fredag 10. mai kl. 19.30
Tysdag 14. mai kl. 19.30
Onsdag 15. mai kl. 19.00 Merk tida!
Søndag 19. mai kl. 19.00 |
|
08.05
Kamp mot Selje
Bortekampen mot Selje blir spela kl. 19.00 på Selje Stadion. Selje har
virka solide til no i sesongen, med siger 7-0 over Jotun II og 4-0 borte
mot Oppstryn. Blir det Kåre Balsnes som lagar det fyrste baklengsmålet
til Selje?
Ingen hadde tippa rett resultat i bortekampen mot Jotun II. Ny konkurranse
til kampen 20. mai.
Småguttelaget tapte 5-1 borte mot Tornado måndag kveld. Stillinga til
pause var 4-1, og målskorar for Haugen var Stig Tore Gilleshammer. |
|
05.05
Jotun II - Haugen 0-2 (0-1)
Etter ein god taktisk kamp mot Jotun II, kunne Haugen innkassere sine tre
fyrste poeng for sesongen. Også denne kampen var det Steffen Sture Olsen
som kunne notere seg for nettkjenningar for Haugen. Det fyrste målet kom
etter tre minutt, etter eit langt frispark frå Reidar Hellesø. Etter 89
minutt sette Steffen ein retur frå keeper i mål, og kampen var avgjort.
Neste kamp er borte mot Selje
onsdag 8. mai kl. 19.00.
|
|
04.05
Eid-Jølster 3-1 (1-1)
Det såg lenge ut til at Eid berre skulle få eit poeng i heimekampen mot
Jølster laurdag ettermiddag. Men med ti mann greide ikkje Jølster å
holde tett bak, og Eid putta to mål på overtid. Frode Taklo laga laga
det fyrste målet tidleg i kampen, på eit inndirekte frispark, etter eit
tilbakespel til keeper. Det andre målet var det Bengt Kongsvoll som sto
for etter litt klabb og babb framfor Bolset i Jølstermålet. Tre minutt på
overtid avslutta Frode Taklo kampen med å drible av et par mann, og skyte
ballen hardt i mål. Alt i alt tre velfortente poeng til Eid, i en ikkje
altfor god kamp på Eid Stadion. |
|
02.05
Tap for guttelaget
Haugen sitt guttelag tapte 5-3 mot Bremanger torsdag kveld. Ti minutt før
slutt var stillinga 3-3, og kampen sto og vippa fram og tilbake. Bremanger
hadde den nødvendige turen og fekk to mål heilt på slutten. Alle tre måla
til Haugen vart putta av Freddy Håvik. |
|
30.04
Haugen-Eid 13-0 (7-0)
Småguttelaget spelte nok ein kjempekamp då dei slo Eid 13-0 måndag
kveld. Neste måndag blir nok motstanden tøffare, når dei skal møte
Tornado på bortebane.
Guttelaget startar sesongen med heimekamp
mot Bremanger. Kampen går på Klenkarberget torsdag 2. mai kl. 17.00.
Etter denne kampen skal Stårheim sitt Lillegutt 90 lag møte
Bryggja på Klenkarberget. Dette laget er eit samarbeid mellom Haugen og
Stårheim.
|
|
28.04
Haugen-Bjørn 2-7 (0-3)
Det vart stortap mot Bjørn i seriepremieren. I ein fyrste omgang med
omtrent like mange sjansar til begge lag, greidde ikkje Haugen å
putte på sine tre-fire sjansar og Bjørn kunne gå til pause med 3-0
leiing. I andre omgang blei det litt meir Hawai-fotball og Steffen Sture
Olsen reduserte to gangar på slutten av kampen.
Neste kamp er borte mot Jotun II søndag
5. mai. Kampen er terminfesta til kl. 15.00.
|
|
Konkurransar
Ingen tippa riktig fyrste målskorar sesongen 2002. Fleire hadde tippa Kåre
Sigve Balsnes, men han bomma på åpent mål etter 10 minutt av kampen. Vi
freistar på nytt og denne gongen er det om å gjere å tippe resultatet
av bortekampen mot Jotun II til helga.Fyrste som sender inn rett resultat
får et Haugenkrus. Siste frist er laurdag 24.00.
Siste frist for å sende inn forslag til tabellkonkurransen er no gått
ut.
Forslaga blir lagt ut i løpet av veka. Mange har tippa Bjørn på
sisteplass. Dette kan syne seg å bli langt frå riktig, etter dagens gode
kamp på Klenkarberget. |
|
27.04
Ronny Berg med i troppen
Fjorårets spelande trenar Ronny Berg er med i troppen til kampen mot Bjørn.
Med god kondisjon og glimrande teknikk er Ronny ein spelar som blir
verdifull i årets sesong.
Kanskje skorar han årets fyrste Haugen-mål?
Send inn ditt tips om kven som skorar fyrst, på e-post
og vinn eit Haugenkrus. Kruset går til den fyrste som sender
inn korrekt svar. |
|
26.04
Haugen-Bjørn
Kampen blir spelt på Klenkarberget søndag, og er terminfesta til klokka
15.00. I tabellkonkurransen har vi fått inn altfor få forslag. Fristen
er sett til i morgon kveld kl. 24.00, så ver rask. Hans Petter
Gilleshammer vart trekt ut som vinnar blant dei ti fyrste som sende inn
forslag. Han får overrekt et Haugenkrus på treninga i kveld. Jobbar
med saken, for å få til ein skikkelig premie i tabellkonkurransen.
I tillegg har vi en konkurranse som går ut på å tippe kven som skorar
fyrste målet til Haugen i år. Den fyrste som sender inn korrekt svar på
e-post
får Haugenkrus. |
|
25.04
Haugen-Eid
Småguttelaget skal spele mot Eid på Stårheim Stadion måndag 29. april
kl. 19.00. |
|
22.04
Haugen-Måløy 24-1 (11-0)
Småguttelaget sesongopna med kjempesiger mot bygutta frå vest. Haugen
skulle egentlig spele borte i sesongpremieren, men av ein eller annan
grunn vart kampane bytta om. Haugen viste seg i denne kampen heilt
overlegne, og Måløy måtte ha straffe for å sette ballen i mål. Neste
kamp for småguttelaget er heimekamp mot Eid måndag 29. april. I ein
annan kamp i denne gruppa vann Tornado 10-2 mot Selje/Flatraket 1. |
|
Spelarstall
2002
Har lagt ut ei side med presentasjon av årets spelarstall. Har ikkje fått
tatt foto av alle spelarane, men det kjem snart. Kanskje kjem det også
til nokre nye spelarar ??? |
|
20.04
Loen-Haugen 8-1 (5-1)
Det vart som venta ein ganske tøff kamp mot Loen på grasbana i Innvik.
Allereie etter tre minutt låg fyrste ballen i nettet, og det var vel i
grunnen berre eit spørsmål om kor stor sigeren skulle bli. I slutten av
1. omgang var Haugen litt meir med og Kåre Balsnes reduserte til 3-1.
Steffen S. Olsen tok eit langt innkast som Kåre dempar på hjørnet av
16-meteren. Skuddet går litt via ein Loen-forsvarar og rett i krysset. |
|
19.04
Loen-Haugen
Treningskampen mot Loen er flytta fram til laurdag klokka 14.00. Kampen
blir avvikla på grasbana i Innvik.
Årets fyrste trening på gras vart i dag gjennomført på Klenkarberget.
Bana var ganske bra, men litt humpete. Men kjenner vi Øystein rett er det
ikkje lenge til bana er i tipp topp stand. |
|
16.04
Loen-Haugen
Treningskampen mot Loen blir spelt laurdag 20. april kl. 16.00. Ein håpar
at den blir spelt på gras enten i Innvik eller i Oppstryn.
No må dei som ennå ikkje har sendt inn tipset sitt til
tabellkonkurransen få ut fingeren.
Siste frist er seinast laurdag 27. april. |
|
14.04
Tap mot Hornindal
Det vart 3-2 tap i treningskampen mot Hornindal søndag ettermiddag.
Etter at stillinga var 0-0 ved pause vart det ein åpnare kamp, og ein ti
minuttsperiode midt i omgangen "rann" måla inn. Haugen stilte
med berre elleve mann denne kampen, og utan fast keeper. Hans Thomas
Solheim tok på seg oppdraget og kom frå kampen med godkjent karakter. Måla
til Haugen vart sett inn av Kåre Balsnes og guttespelar Bjørnar Øien. |
|
13.04
Kristoffer debuterte for Tornado
Kristoffer skora to, og hadde ei målgivande pasning i debuten for
Tornado på Refvik i dag. Etter ein god kamp av Tornado gjekk laget av
bana med 3-0 siger over Langevåg. Tornado sesongåpnar borte mot
Jerv neste laurdag. |
|
12.04
Hornindal-Haugen
Treningskampen mot Hornindal går på kunstgrasbana i Stryn søndag 14.
april kl. 15.00. Oppmøte på Klenkarberget klokka 13.15. |
|
10.04
Treningar og kamp
Frå og med denne veka har vi gått ned til å trene to gongar i veka. Ein
kuttar ut torsdagen, og trenar tysdag og fredag klokka 19.30.
Treningskampen mot Hornindal blir etter alt å dømme spelt på kunstgras
i Stryn Søndag. Kjem tilbake med nærmare opplysningar om kampen seinare. |
|
05.04
Skiskyting
Underteikna har også i dag vore på arenaen på tua. I dag vart det
favorittsigrar til Liv Grete Skjeldbreid Poiree og Ole Einar Bjørndalen. |
|
03.04
Skiskyting
Fleire av spelarane på Haugen vart i dag observert på NM i skiskyting på
Tua. Spesielt Cato Magne var veldig engasjert, og fleire gongar måtte
vaktene rive ned kjølsdølen frå ei brakke bak standplass. Men etter ei
stund roa han seg, og fekk reise heim i lag med resten av gjengen. |
|
01.04
Eid-Bremanger 6-1 (3-0)
Eid slo Bremanger 6-1 i ein treningskamp på Stårheim Stadion 2. påskedag.
Øystein Nes laga alle tre måla til Eid i fyrste omgang, og Ole Gunnar
Midtbø dei tre måla i andre omgang. Reduseringa til Bremanger kom på
stillinga 3-0, i ein periode der Bremanger førte kampen. Sjølv om Eid
vann mot Bremanger, må mykje rettast til seriestart, om ein skal ta poeng
mot lag som Stryn, Fjøra og Jotun.
OBS! Haugen har trening i
dag kl. 19.30
|
|
26.03 Haugen-Eid
II 2-5 (0-2)
Det vart tap i treningskampen mot Eid II på Stårheim Stadion. Etter ein
slapp fyrste omgang av Haugen, heva laget seg i andre omgang, og spelte
tidvis god fotball. Måla til Haugen vart sett inn av Unge lovande Jim
Balsnes og Steffen Sture Olsen. Best på Haugen var Tim Onar Naustdal. |
|
Treningar
i påska
Det blir trening langfredag klokka 13.00, og mandag 1. april og tysdag 2.
april kl. 19.30 |
|
Haugen-Eid
II
Treningskampen mot Eid II går på Stårheim Stadion i dag kl. 19.00. Det
blir oppmøte klokka 17.45. |
|
25.03
Toyota-cup
Eid var i helga med på Toyota-cup, som blei arrangert av Skavøypoll på
grusbana ved Nordfjordhallen. Etter tap 6-4 mot Skavøypoll i semifinalen
laurdag, vart det siger 4-2 mot Tornado II søndag. Eid kom dermed på
tredjeplass i turneringa. Eid sine mål mot Skavøypoll vart laga av Øystein
Nes (2), Ole Kristian Midthjell og Ole Martin Eide. Mot Tornado II var det
Øystein Nes (3) og Ole Gunnar Midtbø som var frampå for Eid. I finalen
i turneringa vann Skavøypoll over Hovdebygda etter
straffesparkkonkurranse. |
|
Eikefjord-turneringa
Årets 5. divisjonsmotstander Tempo synte at dei kan bli ei lei nøtt i år.
Dei slo 3. divisjonslaget Jølster 1-0, spelte uavgjort 1-1 mot Eikefjord
og tapte 0-1 mot Førde II i helga. Tempo kom med dette på fjerdeplass i
turneringa, føre Saga og Jølster som begge er tredjedivisjonslag.
Sandane vann turneringa etter 4-2 siger over Eikefjord i finalen. |
|
23.03
Tap mot Oppstryn
Det vart 2-1 tap mot Oppstryn på krøllgraset i Stryn. Etter ein relativt
jamnspela kamp, var det Oppstryn som trekte det lengste strået med ei
skoring på straffe ti minutt før slutt. Målet til Haugen vart sett inn
av Hans Petter Gilleshammer, etter eit langt innkast frå Steffen Sture
Olsen. |
|
21.03
Treningar og kampar
Det blir trening fredag kl.19.30.
Kamp mot Oppstryn på krøllgraset i Stryn laurdag 23. mars kl.12.30.
Avreise frå Klenkarberget 10.45.
Trening mandag 25. mars kl.19.30
Kamp mot Eid II på Stårheim Stadion tysdag 26. mars. |
|
19.03
NYE TRENINGSTIDER !
Husk nye treningstider frå og med i dag 19. mars.
Tysdag, Torsdag og fredag, alle dagar klokka 19.30.
Tabellkonkurransen
Har fått inn ein del forslag til tabellkonkurransen, men håpar på mange
fleire. Bruk linken TabKonk til høgre på sida. |
|
16.03
Uavgjort mot Hornindal
Fyrste treningskampen for sesongen enda uavgjort mot Hornindal. Etter at
stillinga var 1-1 ved pause, enda
kampen 2-2. Ein grei kamp til å vere fyrste treningskampen, var trenar
Krossøy sin kommentar etter kampen. Måla til Haugen vart sett inn av Kåre
Balsnes og fjorårets toppskorar Erling Bjørn Totland. |
|
15.03
Kamp i Stryn, i staden for Volda
Kampen mot Volda2/Austefjorden kan ikkje avviklast i morgon 16. mars på
grunn av snø på bana i Volda. Derfor blir det kamp mot Hornindal, på
kunstgraset i Stryn i staden for. Kampstart er sett til 11.30, og avreise
frå klubbhuset blir kl. 10.00. |
|
1.
kval.runde NM menn
Fyrste kvalifiseringsrunde NM menn er sett opp med følgjande kampar.
Kampane blir spelte onsdag 24. april. Andre kvalifiseringsrunde går av
stabelen onsdag 1. mai, medan fyrste ordinære runde vert avvikla 29. mai.
Sogndal, Førde og Tornado kjem inn i fyrste ordinære runde. |
|
Dale-Høyang
Fjøra-Florø
Jotun-Sandane
Stryn-Saga
|
|
14.03
Trening AVLYST
Treninga fredag 15. mars er avlyst på grunn av dei dårlege forholda på
Stårheim Stadion. Avreise til kampen laurdag 16. mars, er frå
Klenkarberget 12.00, og frå Smart 12.05. |
|
Oppstryn
- Haugen
Treningskampen mot Oppstryn blir spelt laurdag 23. mars klokka 12.30 på
krøllgraset i Stryn. |
|
Nye
treningstider
Frå fredag 15. mars blir det nye treningstider. Treningane blir då:
tysdag, torsdag og fredag kl. 19.30. |
|
11.03
Flause frå fotballforbundet
Saka om fritt antall innbyttarar viser seg å vere feil informasjon frå
forbundet. Sjå vekk frå forrige artikkel om "fritt antall
Innbyttarar". |
|
10.03
Fritt antall innbyttarar
Frå 3. divisjon og nedover blir det lovlig med fritt antall innbyttarar
denne sesongen. Dette blei bestemt på Forbundstinget denne helga. Og
ikkje nok med det, spelarar som er blitt bytta ut kan også bli bytta inn
igjen på bana. Dette blir gjort for å demme opp for fråfallet i
seniorfotballen.
Henta frå www.fotball.no. |
|
10.03 Treningskamp
Kampen mot Austefjord/Volda II blir spelt laurdag 16. mars klokka 14.00, på
kunstgrasbana i Volda. |
|
Erling
Bjørn Totland Fyller i dag 32 år.
Vi gratulerer |
|
10.03
Ny trening i Nordfjordhallen
Ei ny to-timarsøkt blei i dag gjennomført i Nordfjordhallen. Med mykje
terping på taktiske detaljar, gjekk treninga etter ein liknande mal som
tidlegare treningar. Men turen gjekk nesten i dass, då bilen til Øystein
fann ut at det vart litt for tidleg for den å reise klokka 08.45 ein søndagmorgon. |
|
08.03
Nordfjordhallen
Det blir trening i Nordfjordhallen søndag 10. mars kl. 10.00.
Vi har fått inn nokre forslag til tabellkonkurransen, men håpar på
mange fleire. |
|
06.03 Treningskampar
Volda2/Austefjord, Oppstryn, Eid 2, Hornindal og Loen blir motstandarar i
treningskampar før seriestart.
Treningane i Nordfjordhallen sist helg gav meirsmak, og ein tek sikte på
å gjennomføre ei ny "økt" søndag 10. mars.
|
|
16.03
kl. 14.00
Volda2/Austefjord-Haugen
Krøllgras Volda
23.03 kl. 12.30
Oppstryn-Haugen
Krøllgras Stryn
26.03 Haugen-Eid II
Stårheim Stadion
13.04 Hornindal-Haugen
Krøllgras Stryn
20. eller 21.04 Loen-Haugen
Gras Loen ?? |
|
03.03
Tabellkonkurranse
Årets fyrste konkurranse er eit faktum. Set opp det du trur blir
sluttabellen i årets 5. divisjon. Dei som kjem nermast blir premierte med
Haugen effektar.
Blant dei ti fyrste som sender inn blir det trekt ut eit krus, så ver
rask. |
|
02.03
Nordfjordhallen
Haugen gjennomførte laurdag ei to-timars økt i Nordfjordhallen. Treninga
blei brukt til å terpe på formasjonar og andre detaljer. Det var bra
oppmøte, og med nokre leigesoldatar var troppen på 15 mann. Søndag blir
det ei ny økt, med omtrent samme innhald. |
|
02.03
Treningskampar
Eid-Jølster 2-1
Høyang-Jølster 8-0
Jotun-Eid 4-2
Fjøra-Fagernes 0-1 |
|
02.03
Norgesmeister
Ronny vart torsdag norgesmeister på ski i Holmenkollen. I den 15
kilometer lange løypa var han heile 1 minutt og 32 sekund før neste
konkurrent. Så Krossøy kan det det helt med ro, viss han var engstelig
for at Ronny ikkje kjem i form til seriestart. |
|
27.02
Treningssamling
Laurdag 2. og søndag 3. mars blir det treningssamling i
Nordfjorhallen. Begge dagane frå klokka 13.00 til 15.00. |
|
25.02
Pondus
Etter å ha vore i kontakt med personane bak Pondustegneserien, har vi
vore så heldige å få løyve til å legge ut nokre Pondus-striper.
Skal du kjøpe ei bok i år, kan underteikna anbefale denne boka på det
varmaste. |
|
23.02
Endelig terminliste
No er den endelige terminlista for sesongen 2002 sett opp. Det vart nokre
få endringar frå det forslget som vart sendt ut tidlegare denne månaden. |
|
16.02
Treningskamp/Seriekamp
Fyrste treningskampen blir mest truleg 16. eller 17. mars.
Motstandar blir Volda 2/Austefjorden. Ellers er det planar om å høyre
med Bjørn, om det kan vere akktuelt å snu kampane mot dei, slik at ein
spelar bortekampen fyrst. Klenkarberget er lite truleg klar til denne
kampen, så då kan dette vere ein god måte å gjere det på. Dette vil føre
til at Haugen startar med fire bortekampar, Bjørn, Jotun II, Selje og
Hafslo. Kjem tilbake med meir info seinare. |
|
11.02
Treningskampar
Skavøypoll-Selje 9-5
Stryn-Skavøypoll 6-0
Førde-Fjøra 2-0 |
|
10.02
Hard Treningsperiode
Haugen har no letta litt på treningsdosane, og har gått over til å
jobbe med bevegelighet i ledda. |
|
08.02
Forslag til terminliste
No er forslag til terminliste sendt ut til klubbane. Haugen hadde i
samarbeid med Selje, Vik og Syril komt fram til eit oppsett med
dubbelkampar, men dette ville ikkje kretsen ha noko av. Ei dårleg
forklaring med at en hadde fått en skeiv tabell, der ikkje alle laga
hadde like mange kampar, syns kretsen var uholdbart. Sesongen blir
derfor starta opp med heimekamp mot Bjørn 28. april, og avslutta med
heimekamp mot Vik 22. september. |
|
07.02.
Utetrening
Fredagstreninga i idrettshallen på Stårheim er no flytta ut. Så sant
forholda tillet det blir alle treningane på Stårheim Stadion. |
|
Treningar:
Tysdag kl. 20.00
Torsdag kl. 19.00
Fredag kl. 18.30 |
|
05.02
Avslo tilbud frå Eid
Haugen avslo tilbud frå Eid om å spele treningskamp i helga. Haugen er
inne i ein hard treningsperiode, og ein kamp no ville vere meir til skade
en til nytte. Men det hadde kanskje frista meir, om det var eit bedre lag
en Eid som sto på den andre banehalvdelen. |
|
02.02
5. divisjon
Det er no endelig klart at Haugen får plass i 5. divisjon sesongen 2002.
Dette blei klart på eit møte i fotballkretsen torsdag kveld. Dei andre
laga er: Bjørn, Hafslo, Jotun II, Syril, Vik, Vadheim, Tempo, Selje og
Oppstryn. |
|
Gjestebok
Ny gjestebok er oppretta. Denne kan nyttast til eventuelle tips og
diskusjonar. Det blir av og til trekt ut eit Haugen krus til ein av dei
som brukar gjesteboka.
Gjestebok |
|
28.01
Statistikk
Oppdatert statistikk etter 2001 sesongen er no lagt ut. |
|
27.01
Lenge sidan sist
Etter tre månader utan
oppdatering på denne sida er no underteikna tilbake med litt informasjon.
Haugen har sidan nyttår hatt treningar tre gongar i veka. Det er enno
ikkje avklart om det blir spel i 5. eller 6. divisjon denne sesongen. Det
går rykte om at Florø II ikkje stiller lag i år, og då går mest
sannsynleg plassen i 5. divisjon til Haugen. |
Siste Nytt 2004
Siste Nytt 2003
Siste Nytt 2002
Siste Nytt 2001/00
|