19.12
Tap og siger mot Bremanger |
I Haugen I sin kamp mot Bremanger blei det
ein klar 7-1 siger til Bremanger. Begge kampane i dag gjekk over 2
ganger 25 minutt på grunn av Bremanger skulle nå ferja heim igjen.
Stillinga til pause var 2-1, etter at Haugen sitt mål blei sett inn av
Mikael Myklebust. I andre omgang blei Bremanger for sterke og gav seg
ikkje før stillinga var 7-1.
Haugen II som i det siste har vist seg som det beste av dei to Hagenlaga
skulle i elden mot Bremanger rett etter fyrstelaget sin kamp. Her var
Haugen II det beste laget og vann til slutt 2-0. Her var stillinga 1-0
til pause etter skåring av goalgetter Bjørn Erik Bruvoll. I andre
omgang auka Thomas Starheim leiinga til 2-0, noko som også var
stillinga då dommar Kenneth Fosse Elde bles av kampen.
Også i dag stilte Haugen uten fast
keeper i begge kampane og Thomas Starheim tok sporty oppdraget i Haugen
I sin kamp. I Haugen II sin kamp fekk Haugen sin best betalte spelar,
Jan Roger Solibakke, oppdraget å stoppe målkåte Bremangerspelarar.
Solibakke holdt buret reint og kan ta i mot lønning med godt
samvittighet. Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det blir mange fine
julegåver frå Jan Roger denne jula.
Sjå
heile kampoppsettet med resultat
|
|
18.12
Dobbelkamp mot Bremanger i vinterserien |
Haugen spelar i søndag dobbelkamp mot
Bremanger i Nordfjordhallen. Begge laga til Haugen har møtt sterk
motstand i vinterserien for junior og må finne seg i at dei ligg på
dei to siste plassane på tabellen. Skal ein ha håp om at i alle fall
eit av laga skal gå forbi Bremanger på tabellen, må begge laga vinne
i morgon.
Kl. 15.30 Haugen I-Bremanger
Kl. 17.30 Haugen II-Bremanger
Sjå
heile kampoppsettet med resultat
|
|
11.12
Haugen I-Haugen II 2-6 (1-1, 0-1, 1-4) |
Haugen II trekte det lengste strået og
vann til slutt 6-2 mot Haugen I. Haugen I tok leiinga 1-0 etter 4 minutt
på ein fin skåring av Stian Aaland. Men Haugen II kom tilbake og Stig
Tore Gilleshammer utlikna til 1-1 etter 16. minutt. I andre omgang gjekk
Haugen opp i 2-1 etter at Thomas Starheim sette eit frispark utagbart i
mål. Thomas som berre er 14 år gammal viste i denne kampen at han er
eit av dei største talenta her i fylket. Rett etter skåring tok han
også på seg keeperhanskane og sto i mål resten av kampen. Med fleire
fantastiske redningar gjorde han sitt til at Haugen II vann til slutt
ein komfortabel siger.
Dagens prestasjon sto Bjørn Erik Bruvoll for. Rett før slutt dribla
han samtlige spelarar på motstandarlaget og sette ballen kontrollert i
mål. Ikkje sidan 41-målet til Håvard Bruvoll har det blitt synt så
stor fotballmagi på Stårheim Stadion.
Haugen I og Haugen II spelar søndag 19. desember dobbelkamp mot
Bremanger.
Haugen I-Haugen II
2-6 (1-1, 0-1, 1-4)
1-0 Stian Aaland (4. min)
1-1 Stig Tore Gilleshammer (16. min)
1-2 Thomas Starheim (29. min)
1-3 Bjørnar Øien (41. min)
1-4 Bjørnar Øien (51. min)
1-5 Bjørnar Øien (57. min)
2-5 Bjørn Erik Bruvoll (58. min)
2-6 Cato Magne Humborstad (60. min)
Sjå
heile kampoppsettet med resultat
|
|
09.12
Haugen 1-Haugen 2 går på Stårheim Stadion |
Internkampen mellom Haugen 1 og Haugen 2 i
vinterserien går på Stårheim Stadion laurdag 11. desember kl. 15.30.
Sist laga møtttest blei det uavgjort etter ein jamn og spennande kamp
på grusbana bak Valhall. I det siste har Haugen 2 vist seg som det beste av
dei to laga og må rekne med å stille som favoritt i denne
kampen.
|
|
08.12
Nydal hoppar etter Taklo |
Fjordenes
Tidende kan i dag melde om at Eid har fått på plass dei viktige
personane rundt 4. divisjonslaget.
Som kjent er Geir Moldestad hovudtrenar. Med seg som spelande
hjelpetrenar har han fått med seg Kay Rune Solheim og Arne Morten Nydal
stiller som oppmann. Om Nydal skal vere med å forsterke laget i 4.
divisjon som spelar seier ikkje artikkelen noko om.
Alle veit kor målfarleg Nydal er så det er vel ikkje tvil om at
Moldestad bør satse på Nydal som spelande oppmann. Ein ting som talar
mot dette er at Nydal ikkje alltid er sikker på kva mål han skal putte
ballen i. Seinast i dei to kvalifiseringskampane mot Hyen i haust viste
han kor usikker han er. Han tok like gjerne og skåra eit mål kvar veg
i begge kampane.
Bildet til høgre er henta frå ein treningskamp på Stårheim. Nydal
var plassert på benken men var ikkje sur for det. Og når underteikna
spurde om Nydal kunne stille opp for å ta eit bilete var han ikkje sein
å be.
|

|
|
06.12
Brødrene Tenden til Loen |
LoenIL melder i dag at Steinar og Asbjørn Tenden skal
spele for Loen i 4. divisjon neste år. Brødreparet putta 50 mål i
årets 3. divisjon for Stryn og veit kor buret står. Steinar skal også
vere trenar for Loen neste sesong.
|
|
06.12
Selje-TMFK 4-5 (2-3) |
I ein treningskamp på Selje Stadion
fekk TMFK uventa hard motstand mot det nyopprykka 4.
divisjonslaget til Selje. Selje som neste sesong skal ha eit
samarbeid med Stadlandet stilte med tre tidlegare Stadlandet-spelarar.
Karl Erik Aarsheim, Kai Arne Otnheim og Odd Helge Losnegard, i
tillegg til at også ex Fanaspelar Kenneth Pedersen fekk prøve seg for
heimelaget i denne treningskampen.
|
|
06.12
Vinterserien for jenter sparka i gang denne helga |
Fyrste helga av vinterserien for
jenter vart arrangert i Høyanger denne helga. Kaupanger vann alle dei
tre kampane dei spelte og toppar dermed tabellen før neste
turneringshelg som er i Balestrand fyrste helga i mars.
Resultat:
Høyanger-Kaupanger 1-2
Bremanger-Balestrand 0-2
Høyang-Bremanger 4-0
Kaupanger-Balestrand 7-0
Bremanger-Kaupanger 0-4
Høyang-Balestrand 0-0
|
|
04.12
To nye tap for Haugen i vinterserien |
Haugen 1 fortsatte trenden frå i går kveld og tapte
heile 9-0 mot Skavøypoll i dag. Haugen fekk den verst tenkelege starten
på kampen og Skavøypoll leia 2-0 etter berre 3 minutt spel. Etter
dette roe kampen seg litt og Haugen kom bedre med i kampen. Men
Skavøypoll gjorde som dei ville og gav seg ikkje før dei hadde putta
ni ballar i buret bak Alexander Pavelich.
Skavøypoll-Haugen I 9-0 (2-0, 4-0, 3-0)
1-0 Peter Orry Larsen (1. min)
2-0 Ole Kristian Nygård (3. min)
3-0 Ole Kristian Nygård (21. min)
4-0 Peter Orry Larsen (26. min)
5-0 Ole Kristian Nygård (35. min)
6-0 Peter Orry Larsen (38. min)
7-0 Øystein Weltzien (43. min)
8-0 Kim Andre Gangeskar (54. min)
9-0 Stig Hammersvik (57. min)
Etter at Haugen 1 hadde tapt heile 1-21 mot TMFK fredag kveld bestemte
Haugen 2 seg for at så mykje skulle i alle fall dei ikkje tape mot TMFK.
Haugen var freidige frå starten av og sjokkåpna med å leie 3-0 etter
sju minutt. Men etter dette låg det i korta at TMFK kom til å kome
tilbake i kampen, og til slutt vann TMFK fortent 6-3. Men ros til Haugen
2 som viste at ein kan kome langt med god innsats.
TMFK-Haugen II 6-3 (2-3, 0-1, 3-0)
0-1 Stig Tore Gilleshammer (1. min)
0-2 Jim Tore Humborstad (5. min)
0-3 Bjørnar Øien (7. min)
1-3 Morten Lyng (10. min)
2-3 Thomas Steenslid (12. min)
3-3 Stian Hoddevik (36. min)
4-3 Eirik Føleide (42. min)
5-3 Tarjei Myklebust (45. min)
6-3 Morten Lyng (52. min)
Neste terminfesta kamp for Haugen er dobbelkamp mot Bremanger søndag
19. desember. Viss tilhøve tillet det må ein også prøve å få
avvikla internkampen Haugen I-Haugen II neste helg.
|
|
03.12
Kjempetap mot TMFK |
Haugen 1 tapte i kveld heile 21-1 mot TMFK i
Nordfjordhallen. Haugen sitt trøstemål vart sett inn av Stian Aaland i
andre omgang. TMFK putta tre skåringar i kvar av dei tre omgangane.
Kampane i morgon 4. desember:
kl. 13.00 Skavøypoll-Haugen 1
kl. 14.30 TMFK-Haugen 2
Sjå
heile kampoppsettet med resultat
|
|
01.12
Kampar i vinterserien denne helga |
Etter litt ommøblering av kampoppsettet
blir følgjande kampar spelt denne helga:
Fredag 3. desember kl. 20.00 Haugen 1-TMFK
Laurdag 4. desember kl. 13.00 Skavøypoll-Haugen 1
Laurdag 4. desember kl. 14.30 TMFK-Haugen 2
Sjå
heile kampoppsettet med resultat
|
|
28.11
Førde og Kaupanger vann Innandørs-KM |
Førde og Kaupanger trekte det lengste
strået i årets innandørs-km i fotball. Førde vann herreklassa etter
ein forrykande finale mot Fjøra. Med stillinga 5-5 etter ordinær tid
gjekk kampen til 3 minutt speleforlengense. Ingen makta å skåre og
Førde vann til slutt på straffesparkkonkurranse. Eid stilte med to lag i herreklassa. Eid sitt fyrstelag gjorde det best
men tapte 4-2 i 8-delsfinalen mot vinnarlaget til Førde.
I dameklassa vann Kaupanger 4-1 over Sandane i finalen.
|
|
28.11
Treningstider i Nordfjordhallen |
A-laget er sett opp med følgjande
treningstider i Nordfjordhallen:
laurdag 22.01 kl. 13.30-15.30
laurdag 05.02 kl. 12.00-14.00
laurdag 19.02 kl. 13.30-15.30
laurdag 05.03 kl. 13.30-15.30
laurdag 19.03 kl. 13.30-15.30
|
|
26.11
Geir Moldestad trenar Eid neste sesong |
Fjordabladet melder i laurdagsavisa at
Geir Moldestad skal trene Eid neste år. Moldestad seier til
Fjordabladet at målet er opprykk men at det ikkje er noko krise om Eid
ikkje rykker opp allereie neste sesong.
Eirik Andreasen blir trenar for Haugen neste sesong. Knut Atle Krossøy
og Øystein Haugland skal trene guttelaget.
Juniorlaget til Haugen 2 spelar kamp i Nordfjordhallen fredag 3.
desember kl. 19.30. Motstandar er TMFK som ser ut til å vere det beste
laget av Nordfjordlaga. Laurdag 4. desember kl. 14.30 er det Haugen 1
som skal måle krefter med laget frå Vågsøy.
|
|
19.11
Haugen 2-Skavøypoll 2-4 (1-2, 0-1, 1-1) |
Haugen 2 tapte i kveld 4-2 mot Skavøypoll
i Nordfjordhallen. Etter at Skavøypoll tok leiinga 2-0 tidleg i kampen
reduserte Stig Tore Gilleshammer til 2-1 i fyrste omgang. I andre omgang
blei det med Skavøypoll si eine skåring. Bjørn Erik Bruvoll skapte ny
spenning i kampen med si redusering til 2-3 i tredje omgang. Men
Skavøypoll avgjorde kampen då laget gjekk opp i 4-2 leiing rett
etterpå.
NB! Haugen sin internkamp i morgon laurdag blir utsett på grunn av
snø.
Haugen sine kampar fredag 3. desember ser også ut til å bli flytta.
Nordfjordhallen er opptatt denne kvelden og ny kampdato blir sett opp
seinare.
Sjå
heile kampoppsettet med resultat
|
|
14.11
Bremanger vart for sterke |
Både Haugen I og Haugen II tapte 4-1 mot
Bremanger i Nordfjordhallen i dag. Begge kampane var jamne langt ut i
kampane men Bremanger vart for sterke på slutten og vann fortent mot
begge Haugenlaga. Haugen stilte i dag uten ein einaste keeper og
Bjørnar Øien, Mikael Myklebust og Jan Roger Solibakke stilte sporty
opp som sisteskanse.
Haugen I-Bremanger 1-4 (1-1, 0-2, 0-1)
0-1 Jon Erik Berle (14. min)
1-1 Mikael Myklebust (18. min)
1-2 Marius Mo (36. min)
1-3 Vegard Nygård (38. min)
1-4 Harald Erlandsen (56. min)
Haugen II-Bremanger 1-4 (1-2, 0-0, 0-2)
0-1 Jon Erik Berle (9. min)
1-1 Stig Tore Gilleshammer (17. min)
1-2 Tore Torvanger (20. min)
1-3 Freddy Hauge (56. min)
1-4 Tommy Hauge (60. min)
Neste kamp for Haugen er Haugen II mot Skavøypoll i Nordfjordhallen
fredag 19. november kl. 17.30.
Sjå
heile kampoppsettet med resultat
|
|
13.11
Haugen II-Haugen I 3-3 (0-2, 3-0, 0-1) |
Haugen I og Haugen II spelte i dag
uavgjort 3-3 på grusbana bak Vallhall. Haugen I kom best i
gang med kampen og leia 2-0 til fyrste kvilen etter to mål av Kim
Fagerstrand. I andre periode var det Haugen II som ville mest og vann 2.
periode med 3-0. Stig Tore Gilleshammer, Bjørnar Øien og Jim Tore
Humborstad sette inn måla til Haugen II. I siste periode utlikna Stian
Aaland etter eit inndirekte frispark på femmeteren. 3-3 vart også
sluttresultatet i kampen noko som var rettferdig ut ifrå spel og
sjansar.
Haugen II-Haugen I 3-3 (0-2, 3-0, 0-1)
0-1 Kim Fagerstrand (13. min)
0-2 Kim Fagerstrand (16. min)
1-2 Stig Tore Gilleshammer (32. min)
2-2 Bjørnar Øien (34. min)
3-2 Jim Tore Humborstad (38. min)
3-3 Stian Aaland (46. min)
|
|
12.11
Haugen sine lag er oppsett |
Haugen I og Haugen II stiller med desse spelarane i
vinterserien for junior.
Haugen I: Alexander Pavelich, Hans Thomas
Solheim, Tim Onar Naustdal, Jan Roger Solibakke, Matias Lien Bruland,
Thomas Dalsbø, Mikael Myklebust, Dag Aril Starheim, Øyvind Haraldsen, Stian Aaland og Kim
Fagerstrand.
Haugen II: Vegard Løken, Cato Magne
Humborstad,
Bjørn Erik Bruvoll, Ove Balsnes, Runar Øien, Odd Kjetil Liset,
Bjørnar Øien, Jim Tore Humborstad, Thomas Starheim og Stig Tore
Gilleshammer.
Kampar denne helga:
Laurdag 13. november kl. 15.00 Skavøypoll-TMFK (Nordfjordhallen)
Laurdag 13. november kl. 15.00 Haugen II-Haugen I (Grusbana, Vallhall)
Søndag 14. november kl. 15.30 Haugen I-Bremanger (Nordfjordhallen)
Søndag 14. november kl. 17.30 Haugen II-Bremanger (Nordfjordhallen)
Sist helg vann Skavøypoll 9-4 mot Bremanger etter perioderesultata 4-1,
4-2 og 1-1.
Sjå
heile kampoppsettet
|
|
04.11
Haugen sine kampar i vinterserien |
Dei to juniorlaga til Haugen møtast
innbyrdes i åpningskampen i vinterserien. Laurdag 13. november er det
duka for Haugen I-Haugen II på Stårheim Stadion.
Søndag 14. november spelar Haugen to kampar i Nordfjordhallen. Haugen I
møter Bremanger kl. 15.30, medan Haugen II spelar mot Bremanger kl.
17.30.
Fullstendig kampoppsett blir lagt ut seinare.
|
|
23.10
Haugen nr. 2 og 3 i Sparebank Vest Cup |
Haugen stilte med to lag i Sparebank Vest
Cup i Nordfjordhallen i dag. Etter god innsats vart det 2. plass til
Haugen 1 og 3. plass til Haugen 2. TMFK 2 vann turneringa på bedre
målskilnad enn Haugen 1.
Haugen I-Haugen II 3-1
Haugen II-TMFK II 1-2
Haugen I-TMFK I 3-2
Haugen I-Skavøypoll 3-2
Haugen II-TMFK I 3-2
Haugen II-Skavøypoll 6-0
Haugen I-TMFK II 2-2
|
|
23.10
Haugen stiller to lag i vinterserien |
Haugen har meldt på to 8-arlag i
vinterserien for junior. Dei andre laga som er meldt på i ytre er Eid,
TMFK (8-ar), Skavøypoll (8-ar), og Bremanger (8-ar). Kretsen tek sikte
på å starte opp vinterserien for junior fyrste helga i november.
Oppsettet vil bli klart i løpet av neste veke.
|
|
17.10
Trening på Stårheim Skule |
Det blir trening på Stårheim Skule i dag
søndag kl. 16.00.
|
|
17.10
Sesongavslutning for A-laget |
Fredag kveld var A-laget samla til sesongavslutning på
Klenkarberget. Håvard Bruvoll fekk prisen som årets spelar og Rune
Venøy fekk beviset på at han var mestskårande denne sesongen. Ove
Balsnes og Jim Tore Humborstad vart kåra som dei to mest talentfulle
spelarane denne sesongen.
Sjå bilder frå avslutninga
her.
|
|
14.10
Statistikken er oppdatert |
Statistikken over kampar og
skåringar for A-laget til Haugen er oppdatert. Statistikken
ser du her.
|
|
09.10
Sesongavslutning 2004 sesongen |
Det blir fotballavslutning for seniorlaget
fredag 15. oktober klokka 20.00.
Alle som på ein eller annan måte har vore involvert på A-laget denne
sesongen er velkomen på Klubbhuset på Klenkarberget denne
kvelden.
|
|
25.09
Fakta om 2004 sesongen |
Måljeger 6. divisjon avd.
4
12 mål: Nils Petter Evjen, TMFK 3
11 mål: Morten Lyng, TMFK 3
10 mål: Arne Refsnes, Stadlandet og Jan Azar Karadas, Eid 2
Sjå heile lista over måljegerane.
Årets toppskårar Haugen
6 mål: Rune Venøy
5 mål: Hans Ottar Humborstad og Bjarne Haugland
4 mål: Gustav Orheim, Jim Tore Humborstad og Roger Nygård
Årets Stjernegris
21 : Håvard Bruvoll
18 : Rune Venøy
14 : Gustav Orheim,
9 : Jim Tore Humborstad
5 : Bjarne Haugland,
Trond Kroken, Hans Humborstad, Ove Balsnes
4 : Stian Bjørlo, Øystein
Haugland
3 : Jim Andre Balsnes
2 : Hans Petter Gilleshammer
1 : Geir Ove Åsebø, Torleiv Orheim, Øyvind
Løkling
Årets Råtass
2 gule: Rune Venøy
1 gult: Torleiv Orheim, Hans Ottar Humborstad, Ove Balsnes, Håvard
Bruvoll, Stian Bjørlo
|
|
25.09
Moldestad og Solheim delte sigeren i tabellkonken |
Med berre to feilpoeng vann Bjørn Egil Moldestad og Kay
Rune Solheim tabellkonkurransen for sesongen 2004. I den andre
enden av lista finn vi Bjørn Erik Bruvoll med heile 20 feilpoeng.
Solheim og Moldestad må sende meg fullstendig postadresse på e-post,
slik at eg får sendt fem flaxlodd til kvar av dei.
Sjå lista over sluttresultatet i tabellkonkurransen.
|
|
17.09
Solid 4-0 siger mot Stadlandet |
Haugen avslutta sesongen med stil og vann i kveld 4-0 mot
Stadlandet på Stårheim Stadion. Med alle tre faste keeperane ute av
forskjellige årsaker tok Øyvind Løkling sporty på seg keepervottane
og holdt nullen uten store problem. Haugen tok leiinga etter ti minutt
ved Jim Tore Humborstad etter flott forarbeid av Hans Ottar Humborstad.
Drøye ti minutt etter var det Hans Ottar sin tur å overliste
Stadlandet sin meget gode keeper og Huagen kunne gå til pause på
stillinga 2-0. Kvarteret ut i andre omgang kom det som kan kallast
årets skåring. Håvard Bruvoll skyt frå omlag 40 meter. Ballen går i
ein bue over keeper og rett i nettet heilt oppunder tverrliggaren. Omlag
ti minutt før slutt får Stian Aaland æra av å laga årets siste
skåring, og Haugen vinn 4-0. Best på Haugen i dag Håvard Bruvoll,
Rune Venøy, Gustav Orheim, Hans Ottar Humborstad og sist men ikkje
minst Øyvind Løkling.
Kampfakta og bilder frå kampen.
|
|
17.09
Eid spelar neste år i 4. divisjon |
Med tap i dagens bortekamp mot Sogndal 2
er Eid klar for spel i fjerde divisjon neste sesong. I den andre enden
av tabellen vann Stryn toppkampen mot Fjøra og gjekk dermed forbi
Fjøra på tabellen. Dette passa Førde bra som med siger i bortekampen
mot Skavøypoll i morgon blir avdelingsvinnar i den lokale 3.
divisjon.
|
|
17.09
Nils Petter Evjen leiar måljegeren |
Med fem skåringar i kampen mot Heia
tysdag overtok Nils Petter Evjen leiinga i årets måljeger med 12
skåringar. Morten Lyng ligg på plassen bak med 11 skåringar, medan
Jan Azar Karadas og Arne Refsnes har ti skåringar denne sesongen. Arne
Refsnes har ennå to kampar igjen til å ta heim prisen som årets
måljeger 2004. Stadlandet spelar borte mot Haugen i kveld, medan
Stadlandet har til gode heimekampen mot Heia. Om Heia greier å stille
lag til denne kampen trur underteikna at Arne Refsnes som i fjor blir
mestskårande i 6. divisjon avdeling 4.
På dei 40 kampane som er spelt til no denne sesongen er det laga totalt
245 mål. Dette gjev eit snitt på 6,1 mål pr. kamp.
Sjå heile lista over måljegerane.
|
|
16.09
Guttelaget tapte 3-1 mot Selje |
Guttelaget til Haugen tapte i kveld 3-1
mot Selje på Stårheim Stadion. Olav Andreas Espe laga
trøystemålet til Haugen, etter at stillinga til pause var 2-0.
Lillejentelaget til Haugen har også vore i aksjon i kveld. I
bortekampen mot Eid blei det 3-1 siger til sebratrøyene.
|
|
16.09
Kampen mot Stadlandet går på Stårheim |
På grunn av dårlige baneforhold på
Klenkarberget går årets siste seriekamp på Stårheim Stadion fredag
kl. 18.00. Haugen kan med åttemålssiger i denne kampen kapre
andreplassen i divisjonen frå TMFK 3 bak suverene Eid 2. Blir det siger
med mindre enn åtte mål kjem Haugen på tredje plass. Blir det derimot
tap blir det fjerde plass. Då er det Stadlandet som tek andreplassen
føre TMFK 3. Underteikna reknar med at Stadlandet får eller tar tre
poeng mot Heia. Det er ennå ikkje bestemt om denne kampen skal spelast
eller ikkje. Heia makta ikkje stille lag då kampen var
terminfesta.
Ver med å tipp sluttresultatet i kampen Haugen-Stadlandet, og vinn Haugen krus. Den fyrste som
sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
|
|
11.09
Bli med i Scoringsklubben !! |
Ver med i scoringsklubben og støtt Haugen
Fotball. Alle som blir med betalar kr. 5,- pr. mål Haugen sitt
seniorlag scorar i serien denne sesongen. Av dei som er med blir det
trekt ut 2 gavekort à kr. 1500,- frå Chatlet Sport når sesongen er
over.
Du kan vere med i scoringsklubben ved å sende en e-post til Stig
Høynes.
NB! Det blir trekt ut eit Haugenkrus blant dei som sender inn ein e-post
før 20. september.
|
|
11.09
Arne Refsnes leiar framleis måljegeren |
Med ti mål no denne sesongen leiar Arne Refsnes
framleis
måljegeren i 6. divisjon avdeling 4. Anders Midthjell og Jan Azar
Karadas frå Eid og Morten Lyng frå Tornado Måløy ligg hakk i hæl
med åtte skåringar. Av Haugenspelarane er det Rune Venøy som leiar
med seks skåringar føre Bjarne Haugland som blir ståande med dei fem
skåringane han laga i vårsesongen.
På dei 38 kampane som er spelt til no denne sesongen er det laga totalt
220 mål. Dette gjev eit snitt på nesten 5,8 mål pr. kamp.
Sjå heile lista over måljegerane.
|
|
11.09
Moldestad og Solheim leiar tabellkonken |
Med berre to feilpoeng leiar Bjørn
Egil Moldestad og Kay Rune Solheim tabellkonkurransen når få kampar
gjenstår. I den andre enden av lista finn vi Bjørn Erik Bruvoll med
heile 20 feilpoeng.
Sjå lista over stillinga i tabellkonkurransen
få kampar før slutt.
|
|
11.09
Guttelaget tapte mot Vikane |
Guttelaget tapte 2-1 mot Vikane i Innvik
torsdag. Vikane scora etter 20
minutt etter at spissen blei spelt gjennom og kom åleine mot keeper.
Like
før pause fikk Vikane straffe, som dei sette i mål. Elles var det ein
jamnspelt 1. omgang uten dei heilt store sjansane. Nærast var Thomas
Starheim som skaut i tverrliggaren frå langt hold.
Etter pause vakna Haugen og køyrte fullstendig over Vikane, men klarte
ikkje å få ballen i mål før det var eit kvarter igjen. Jo Inge Skålbones
kopierte Roberto Carlos og dundra ballen i mål på eit frispark frå 25
meter- stang inn. Haugen pressa på for utlikning, men klarte ikkje å
score på sjansane sine. Vikane hadde eit par kontringar, men var elles
mest opptatt av å hale ut tida. Vikane var best før pausen, men blei
til tider rundspelt i andre og poengdeling ville absolutt ikkje vore
ufortent etter spel og sjansar.
|
|
07.09
Eid2-Haugen 2-1 (2-0) |
Haugen tapte i kveld 2-1 mot Eid 2
på Eid Stadion. Etter ein god fyrste halvtime av fyrste omgang tok Eid
over mot slutten og laga to mål rett før kvilen. Jan Azar Karadas
heada inn ein corner og Bjørnar Strandos drilla seg fri på
venstrekanten og sette ballen i nettmaskene via begge målstolpane. I
andre omgang laga Haugen sin bestemann Rune Venøy ny spenning i kampen
då han sette inn ei straffe før ti minutt var spelt. Resten av kampen
bølga spelet fram og tilbake utan at nokon makta å sette ballen i
nettmaskene. Dermed er Eid 2 blitt vinnarar av 6. divisjon avdeling 4
ein serierunde før slutt.
Kampfakta og bilder frå kampen.
Haugen si neste trening blir fredag 10. september kl. 20.00 på
Stårheim Stadion.
Fredag 17. september kl. 18.00 er det duka for årets siste kamp for
Haugen. Då er det Stadlandet som skal bite i graset på Klenkarberget.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. Den fyrste som
sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
|
|
05.09
Haugen-Kjølsdalen 5-8 (2-5) |
Lilleguttlaget til Kjølsdalen vart
for sterke for Haugen i kveld på Klenkarberget. I fyrste omgang starta
Kjølsdalen forrykande og leia 3-0 før Haugen vakna. Trenar Rolf Lefdal
mana spelarane sine til kamp og eit par kjappe reduseringar laga ny
spenning i kampen. Men Kjølsdalen hadde eit gir til å gå på og auka
leiinga til 5-2 før laga tok pause. I andre omgang redusert Haugen til
3-5 etter at Tore Haraldsen hadde sett inn sitt tredje mål for dagen.
Kjølsdalen tok på ny over og kunne til slutt gå av bana med siger
8-5.
A-laget sin kamp mot Eid 2 går på Eid Stadion tysdag 7.
september kl. 18.00.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. Den fyrste som
sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
|
|
31.08
Haugen-Flatraket/Selje II 6-1 |
Haugen vann i kveld 6-1 mot Flatraket/Selje 2 på
Stårheimsgrusen. Som i dei to siste kampane tok Haugen leiinga tidleg i
kampen. I dag tok det berre sju minutt før Haugen leia 2-0. Men også i
dag dabba intensiteten eit par hakk etterkvart som kampen skreid fram og
laga gjekk til pause på stillinga 4-1. Andre omgang starta på verst
mogleg måte for Flatraket/Selje. Ove Borgund vart utvist etter å ha
sparka til Rune Venøy. Det skal også seiast at Rune gjorde alt han
kunne for å provosere Borgund i denne situasjonen og vart belønna med
gult kort av kampens gode dommar Roald Halsør. Ti minutt etter aukar
Jim Tore Humborstad leiinga til 5-1 etter ei genial pasning frå Rune
Venøy. To minutt før slutt fastset Stian Aaland sluttresultatet til
6-1 etter eit fint skot frå kloss hold.
Kampfakta og bilder frå kampen.
Ann Katrin Midthjell hadde tippa 6-1 til Haugen og stikk dermed av med
Haugenkruset. Dette blir overrekt av Haugenspelar Hans Ottar Humborstad
ved eit passande høve.
I den andre kampen i 6. divisjon avdeling 4 i dag vann Eid sine nest beste 6-3
mot dei svarte og kvite frå Moskva.
|
|
29.08
Kampen mot Flatraket/Selje 2 flytta til Stårheim |
På grunn av mykje regn i det siste er
kampen mot Flatraket/Selje flytta til grusbana på Stårheim. Kampen
går tysdag 31. august kl. 19.00.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. Den fyrste som
sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
|
|
27.08
Arne Refsnes leiar måljegeren |
Med åtte mål til no denne sesongen
leiar Arne Refsnes måljegeren i 6. divisjon avdeling 4. Anders
Midthjell frå Eid og Sindre Otnheim frå Stadlandet ligg hakk i hæl
med sju skåringar kvar. Av Haugen sine spelarar har Bjarne Haugland og
Rune Venøy fem skåringar.
På dei 31 kampane som er spelt til no denne sesongen er det laga totalt
176 mål. Dette gjev eit snitt på 5,7 mål pr. kamp.
Sjå heile lista over måljegerane.
|
|
27.08
Guttelaget tapte 6-1 mot Sandane |
Stian Aaland har sendt følgjande referat
frå kampen.
Eit skaderamma guttelag tapte 1-6 mot Sandane i kveld. Sandane fekk
omsider ballen i mål etter ca 15 minutt. Alexander Pavelich sto ein
veldig god kamp og hindra dei raske spissane til heimelaget å score på
fleire kjempesjansar. Haugen tok over spelet etter det første baklengsmålet,
men det vart mykje nesten og mange halvsjansar ut av det. I staden
kontra Sandane inn 2-0 rett før pause. Etter pause blei det 3-0. Så
tar Haugen kommandoen og kjem til fleire gode avslutningar som alle går
like utanfor mål. Ballen vil ikkje inn før Fredrik Sundal får eit
innlegg i feltet, dunkar ballen i krysset på halv volley og reduserer
dermed til 3-1 midt i andre omgang. Men så får Sandane et flaksemål
like etter og seinare et offsidemål før dei fastset sluttresultatet
like før slutt. Om ein ser vekk i frå dei første og siste 10 minutta
var Haugen absolutt på høgde med heimelaget og gjorde ein solid
innsats over heile bana.
|
|
26.08
Haugen-Skavøypoll II 5-1 (3-0) |
Haugen vann i kveld heilt fortent 5-1 mot Skavøypoll 2
på Klenkarberget. Haugen starta kampen klart best og leia 3-0 allereie
før halve fyrste omgang var spelt. Som i kampen mot Heia dabba
innsatsen etter å ha tatt ei klar leiing tidleg i kampen. Roger Nygård
laga dei to fyrste måla, medan Hans Ottar var sist på 3-0 målet.
Starten av andre omgang var meir jamnspela og det gjekk 20 minutt før
Hans Ottar auka leiinga til 4-0, etter ei glimrande pasning frå Jim
Tore Humborstad. Kvarteret før slutt reduserte Asle Eldevik til 4-1,
utan at dette skapte noko panikk i Haugenforsvaret. Fem minutt før
slutt fastsette Thomas Dalsbø sluttresultatet til 5-1 etter eit vakkert
innlegg frå kaptein Øystein Haugland. Thomas Dalsbø hadde i
tippekonkurransen tippa 5-1 til Haugen så Thomas får dermed Haugenkrus
ved eit passande høve.
Kampfakta frå kampen.
Neste kamp er heime på Klenkarberget mot Flatraket/Selje tysdag 31.
august kl. 19.00.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. Den fyrste som
sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
NB! Neste trening for Haugen er søndag kl. 19.30-21.00.
|
|
24.08
Eid II-Skavøypoll II 10-1 (5-0) |
Eid sine nestbeste vann i kveld heile 10-1 mot
Skavøypoll 2 på Eid Stadion. Skavøypoll var i store delar av kampen
totalt underlegne og Eid vann akkurat som dei ville. I starten av andre
omgang såg det ut som Skavøypoll skulle kjempe seg tilbake i kampen
men det blei med trøystemålet frå Marius Frøyen. Steffen Midthjell
var best på Eid medan Roy Gustav Hundskår var klart best på
Skavøypoll sine nest beste.
1-0 Bjørn Berdal, straffe (15. min)
2-0 Øystein Nes (16. min)
3-0 Anders Midthjell (22. min)
4-0 Steffen Midthjell (28. min)
5-0 Anders Midthjell (40. min)
5-1 Marius Frøyen (52. min)
6-1 Anders Midthjell (58. min)
7-1 Arne Morten Nydal (61. min)
8-1 Bjørn Berdal (73. min)
9-1 Bjørn Berdal (79. min)
10-1 Jon Otto Bustadmo (89. min)
NB! Husk Haugen-Skavøypoll 2 torsdag 26. august kl. 19.00. på
Klenkarberget.
|
|
22.08
Heia-Haugen 2-4 (1-3) |
Haugen vann i kveld 4-2 i lokaloppgjæret mot Heia på
Plassen. Haugen starta kampen klart best og Rune Venøy gav Haugen
leiinga 1-0 på ein retur etter 10 minutt av kampen. Knappe halvtimen ut
i fyrste omgang blei Håvard Bruvoll felt inne i 16-meteren og kampens
myndige dommar Rolf Lefdal peikte på straffemerket. Rune Venøy sette
ballen sikkert i mål bak Heiakeeper Roy Lasse Torheim. Fem minutt etter
får Gustav Orheim stå heilt umarkert på femmeteren. Det fine
innlegget frå Øystein Haugland headar Orheim i lengste hjørnet og
Haugen leiar 3-0. Heia gjekk rett i angrep og på retur frå Haugen sitt
forsvar dunkar Stein Ove Stoddern balllen bak ein sjanselaus Vegard
Løken i Haugenburet. Dermed går laga til pause på stilinga 3-1 til
Haugen. Ti minutt etter kvilen brukar Tom Roger Hjelle farten sin og
Gustav Orheim kjem for seint inn i taklinga. Dommar Lefdal peikar på
nytt på straffemerket. Rune Midthjell er så sikker som ein elektrikar
kan vere og reduserar til 3-2. Fem minutt etter punkterer Roger Nygård
kampen. Eit framspel frå Håvard Bruvoll mot ein offsideplassert Roger
Nygård, går forbi keeper og Nygård kan berre trille ballen inn.
Kampfakta frå kampen.
Haugen spelar heimekamp mot Skavøypoll sine nest beste på
Klenkarberget torsdag 26. august kl. 19.00.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. Den fyrste som
sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
|
|
20.08
Sandane vann botnkampen mot Eid |
Sandane trekte det lengste strået i kveldens botnkamp
på Eid Stadion. Kampen var vel ein av dei kjedeligaste underteikna har
sett på Eid Stadion, men det var heile tida nerve i kampen. Ole Andre
Aa sette inn det einaste målet i kampen etter at han kom åleine mot
keeper kvarteret før slutt. Med dette resultatet ligg Eid sist på
tabellen med 9 poeng, medan Sandane ligg nest sist med 12 poeng.
Andre resultat:
Florø-Skavøypoll 3-0
Dale-Fjøra 3-3
Saga-Stryn 2-0
Dermed har både Stryn og Fjøra 37 poeng. Førde spelar borte mot TMFK
i morgon og med siger står også Førde med 37 poeng.
|
|
15.08
Eid 2 vann toppkampen mot Stadlandet |
Andrelaget til Eid vann i dag 4-1
mot Stadlandet på Eid Stadion. Eid tok føringa etter 14 minutt etter
skåring av Stian Sandal. 1-0 var også pauseresultatet i kampen. I
andre skrudde Eid opp tempoet og det var vel aldri tvil om kven som
skulle vinne denne kampen. Trøystemålet til Stadlandet kom på eit
vådeskudd frå 35 meter av Kai Inge Fløde.
Kampfakta og bilder frå kampen.
|
|
13.08
Heiakampen utsett til 22. august |
Også Heia har problem med å stille
lag til fastsett kampdato. Ny dato for bortekampen vert derfor søndag
22. august klokka 19.00. Ettersom Heia ikkje har eiga heimebane vart det
i vår avtalt at kampen skulle gå på Klenkarberget. Heia har no
ombestemt seg og kampen går på grasbana på Plassen. Kanskje flyttar
Heia kampen for å få eit psykologisk overtak på Haugen før
lokaloppgjeret.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. Den fyrste som
sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Skavøypoll sine nest beste får ein ny sjanse til
å surre seg inn på Klenkarberget for å møte det stjernespekka
Haugenlaget. Ettersom Skavøypoll ikkje møtte sist kampen var
terminfesta skulle Haugen ha tre poeng og Skavøypoll ei klekkeleg bot.
Men som det fair-play laget Haugen er får Skavøypoll ein ny sjanse. Ny
kampdato for kampen er torsdag 26. august klokka 19.00.
|
|
11.08 Skavøypoll 2
makta ikkje stille lag |
Skavøypoll sine nest beste greide ikkje
å stille lag i dag og kampen måtte derfor avlysast. Dette er svært
beklageleg for alle som hadde tatt turen for å sjå festfotball i
sommarvarmen. Ein fin tur vart det også for dommaren Øyvind Grindheim
frå Svelgen. Eit par turar med ferja Stårheim-Isane gjev ro og fred
for både kropp og sjel.
Tysdag 17. august kl. 19.00 er det duka for bortekamp mot Heia.
Kamparena er endå ikkje bestemt, så det kjem eg tilbake med info om
seinare.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. Den fyrste som
sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
|
|
10.08
Troppen til kampen mot Skavøypoll 2 |
Følgjande spelarar er med i troppen mot
Skavøypoll 2:
Geir Ove Åsebø, Vegard Løken, Torleiv Orheim, Stian Bjørlo, Gustav
Orheim, Jan Roger Solibakke, Ove Balsnes, Håvard Bruvoll, Øystein
Haugland, Rune Venøy, Øyvind Løkling, Hans Ottar Humborstad, Cato Magne
Humborstad, Jim Tore Humborstad, Hans Petter Gilleshammer, Runar Øien,
Mikael Myklebust og Thomas Dalsbø.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
|
|
10.08
Eid-Stryn 5-2 (2-0) |
Eid vann i kveld heile 5-1 mot
topplaget Stryn på Eid Stadion. Eid var gjennom heile kampen det beste
laget og Eid vann alt i alt ein fortent seier. Jim Rune starta
skåringsballet med ein susar av eit langskot. Frå 20 meter klistra han
ballen i lengste hjørnet bak ein sjanselaus keeper. 2-0 kom på ei
genial gjennombrudspasning frå Kristoffer Aarskog. Eid sin kaptein
Henning Haugen gjorde ingen feil åleine mot keeper. Dermed gjekk laga
til pause på stillinga 2-0. Andre omgang var berre eit minutt gammal
då Kristoffer Aarskog dribla fire-fem mann og sette ballen kontrollert
i mål. Aarskog var også mannen bak 4-0 målet. Denne gang etter eit
kjempeforarbeid av Jon Håkon Midthjell. Omlag ti minutt før slutt
reduserte Kåre Sigve Balsnes til 4-1. Sindre Rise feilrekna eit langt
innlegg og Balsnes brukte handa for å sette ballen i mål. Slik
usportsleg opptreden har du ikkje lært i Haugen Kåre!! Berre
minuttet etter la Kim Vik på til 5-1, etter eit nydeleg gjennomspel
frå Kristoffer Aarskog. På overtid blæs kampens lite stabile dommar,
Øyvind Grindheim, straffe til Stryn. Kåre Sigve vart klønete skubba
over ende av Magnus Sævik utanfor 16-meteren. Asbjørn Tenden fastsette
dermed sluttresultatet til 5-2.
Kampfakta og bilder frå kampen.
Andre resultat:
Førde-Florø 3-1
TMFK-Skavøypoll 5-1
Dale-Høyang 2-1
Dermed har Stryn og Førde 34 poeng medan Fjøra kjem rett bak med 33
poeng. I botnen av tabellen ligg Eid med 8 poeng, Sandane med 9 poeng og
Dale med 12 poeng.
|
|
06.08
Eid tapte 3-0 mot Fjøra |
Eid tapte i kveld 3-0 mot Fjøra på
Eid Stadion. Eid var heilt på høgde med Fjøra gjennom heile kampen,
og alt i alt hadde eit uavgjort resultat gitt eit bra bilde av kampen.
Arild Underdal gav Fjøra leiinga på ei fin heading etter fem minutt. I
andre omgang fekk Eid feilaktig tildømt straffe. Jim Rune Skrede sette
straffa i stolpen og ut. Omlag kvarteret før slutt fekk Fjøra straffe
og Morten Hagen sette ballen i mål via stolpen. Etter dette pressa Eid
utan at overtaket resulterte i skåring. Fem minutt før slutt fastsette
Arild Underdal sluttresultatet til 3-0 og tre poeng til laget frå
Sogn.
Andre resultat:
Sandane-Førde 2-2
Skavøypoll-Dale 2-2
Stryn-Sogndal II 3-2
Med desse resultata klatra Fjøra til andre plass på tabellen, bak
Stryn og tett fulgt av Førde. I den andre enden ligg Eid med fem poeng,
medan Sandane og Dale har åtte og ni poeng.
Tysdag 10. august kl. 18.30. er det duka for storkampen
Eid-Stryn på Eid Stadion.
|
|
04.08
Haugen ute av FA cupen |
Haugen tapte i kveld 2-1 mot
Eikefjord på Klenkarberget. Haugen starta kampen med at Gustav Orheim
bomma på den fyrste handicapstraffa. Den andre sette Rune Venøy
sikkert i mål, og Haugen leia 1-0 når kampen tok til. Haugen la seg
ganske lavt og gav Eikefjord minst mogleg rom på midtbana. Eikefjord
skapte ikkje så mykje i starten og det måtte ein tabbe til for at
Eikefjord skulle få mål. Geir Ove rusa ut på eit gjennomspel men
nådde ikkje ballen. Henning Paulsen skåra sikkert frå litt skrått
hold etter knape halvtimen. Haugen sin største sjanse før kvilen hadde
Hans Petter Gilleshammer, då han heada ballen i tverrliggaren frå
skrått hold.
Rett etter pause fekk Terje Sørbø stå åleine i feltet på ein
corner. Sørbø heada ballen utagbart bak Geir Ove Åsebø i
Haugenmålet og Eikefjord gjekk opp i 2-1 leiing. Etter dette hadde
begge lag fleire sjansar uten at det resulterte i mål.
Kampfakta og bilder frå kampen.
Dermed er Haugen ute av årets Firda-Avis Cup, og vi ynskjer Eikefjord
lykke til vidare. Førde vann 6-1 mot Kaupanger i ein annan kvartfinale
i Firda-Avis Cupen.
|
|
03.08
Troppen til kampen mot Eikefjord |
Følgjande spelarar er med i troppen mot
Eikefjord:
Geir Ove Åsebø, Vegard Løken, Torleiv Orheim, Stian Bjørlo, Gustav
Orheim, Jan Roger Solibakke, Ove Balsnes, Håvard Bruvoll, Øystein
Haugland, Rune Venøy, Jim Andre Balsnes, Reidar Hellesø, Øyvind
Løkling, Hans Ottar Humborstad, Cato Magne Humborstad, Jim Tore
Humborstad, Hans Petter Gilleshammer og Kim Fagerstrand.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
I ein kamp i Haugen si avdeling vann Skavøypoll sitt andre lag 8-0 mot
Heia. Stilling til pause var 3-0.
|
|
01.08
TMFK 3-Haugen 3-5 (0-0) |
Haugen vann i dag 5-3 mot TMFK 3 på
Måløy Stadion. Etter ein mållaus fyrste omgang åpna kampen seg etter
pause. Haugen gjekk i leiinga 1-0 etter berre fire minutt av andre
omgang. Øystein Haugland skaut eit frispark frå 35 meter midt i mål.
Keeper fomla det dårlige skuddet over seg og ballen rulla i mål. Tre
minutt etter vart Cato Magne Humborstad felt i straffefeltet og Haugen
fekk straffe. I denne situasjonen fekk TMFK sin kaptein Kjetil Silden
sjå det raude kortet av Sven Erik Midthjell. Gustav Orheim sette ballen
sikkert i mål. Så dagens lekkerbisken. Hans Petter Gilleshammer
flikkar gjennom Jim Andre Balsnes med utsida som skårar sikkert
åleine med keeper. Etter dette trudde spelarane at sigeren var i boks,
og TMFK tok fullstendig over kampen. Med to fine skåringar av Øyvind
Reed og goalgetter Nils Petter Evjen etter 60 og 63 minutt var det igjen
ny spenning i kampen. Etter dette vart kampen skjemma av mykje klaging
på dommaren. Dette burde vere heilt unødvendig og la oss håpe at dei
det gjeld tenker seg to gongar om neste gong dei tek turen på ei
fotballbane. Heilt på slutten av kampen avgjer Haugen bataljen med to
raske skåringar. Hans Petter headar inn eit innlegg, etter å ha bomma
på straffe. To minutt før slutt kjem Jim Tore Humborstad åleine med
kepper og nettar sikkert. På overtid skårar Sujeevan slik at
sluttresultatet blir 3-5.
Kampfakta og bilder frå kampen.
|
|
31.07
TMFK 3-Haugen går på Måløy Stadion |
Kampen mot TMFK 3 går på Måløy Stadion
søndag 1. august kl. 14.00.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
|
|
28.07
Haugen-Eid 2-7 |
Haugen tapte i kveld 7-2 mot Eid i
ein treningskamp på Klenkarberget. Kristoffer Aarskog blei den store
spelaren med 5 mpl. dei to andre måla til Eid vart sett inn av Bengt
Kongsvoll og Jan Otto Bustadmo. Haugen sine mål blei begge skåra av
Hans Ottar Humborstad.
Guttelaget til Haugen rauk i dag ut av Norway Cup mot Pequeninos i 32
delsfinalen. Kampfakta og resultat frå alle kampane ser du på Eidaportalen.
Søndag spelar Haugen kamp mot TMFK 3 på Refvika kl. 14.00.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
|
|
25.07
Haugen spelar mot frøya i dag |
I dag startar verdas største
fotballturnering, Norway Cup. Haugen spelar i kveld kl. 18. 25 mot
Frøya.
Sluttresultatet i denne kampen og dei andre kampane med lag frå Eid kan
lese om på Eidaportalen.
Fakta frå kampane blir lagt ut så snart det let seg gjere.
Dei andre kampane til Haugen i gruppespelet:
Måndag 26. juli kl. 16.00. Haugen-Søndre Land
Tysdag 27. juli 10.25. Haugen-Risør
|
|
24.07
Treningskamp mot Eid |
Det blir treningskamp mot Eid onsdag
28. august kl. 18.00. Begge lag har spelarar på Norway Cup og det blir
derfor to reduserte lag som skal kjempe om kven som er best i kommuna.
Haugen stiller uten Vegard Løken, Jim Tore Humborstad, Thomas Dalsø,
Mikael Myklebust og Stian Aaland. Eid er endå meir svekka ettersom alle
juniorspelarane deltar på Norway Cup.
Lurer du på korleis det går med dei lokale laga på
Norway Cup?? På Eidaportalen
kan du halde deg oppdatert korleis det går med dei lokale laga til
ein var tid.
|
|
19.07
Fotballfest i Eikefjorden |
Nesten 2000 tilkodarar hadde møtt fram
for å sjå treningskampen mellom Sogndal og Brann. Begge lag brukte
kampen til å teste eventuelle nye spelarar. Steinar Tenden spelte ein
omgang som spiss for Brann, og ein skal ikkje sjå vekk i frå at Tenden
dreg på seg den raude trøya permanent innan kort tid. For Sogndal
viste Atli Danielsen seg fram. Danielsen er landslagspelar for
Færøyane og Sogndal bestemmer seg innan kort tid om dei tilbyr
Danielsen kontrakt. Kjell Petter Opheim fekk prøve seg dei siste
10i minutta som keeper for Sogndal. Opheim som er frå Stryn spelar no
for Oslo Øst.
Kampen enda 2-2, etter at Sogndal leia 1-0
til pause.
Kampfakta og bilder frå kampen.
|
|
17.07
Siger for guttelaget mot Eid |
I ein oppkøyringskamp til Norway
Cup vann guttelaget 2-0 mot Eid torsdag kveld. Etter ein jamnspela kamp
trekte Haugen det lengste strået etter to skåring av Jan Martin
Smørdal. Det fyrste målet kom på eit fint gjennomspel der Jan Martin
Netta sikkert åleine mot keeper. Det andre var eit lompeskot frå 20
meter som Eid sin gode keeper fomla i mål.
|
|
17.07
Fire lokale lag med i Norway Cup |
Eid Kommune har i år med fire lag i
verdas største fotballturnering Norway Cup. Haugen stiller med eit lag
i gutteklassa, medan Eid har med tre lag. Eit i jenteklassa, eit i
gutteklassa og eit i junior herrer.
Haugen sitt guttelag som spelar i klasse B
er komt i pulje med Frøya, Risør og Søndre Land.
Kampane i gruppespelet:
Søndag 25. juli kl. 18.25. Haugen-Frøya
Måndag 26. juli kl. 16.00. Haugen-Søndre Land
Tysdag 27. juli 10.25. Haugen-Risør
|
|
17.07
Eid stiller med tre lag i Norway Cup |
Eid stiller med heile tre lag i årets
Norway Cup. Eidarane har med eit lag i gutteklassa, eit i jentklassa og
eit i junior herrar. Juniorlaget ser ut til å få den lengste veien mot
A-sluttspelet. Motstandarar som Vålerenga, Lyn sitt andrelag og
Nittedal blir noko å bryne seg på for dei unge eidarane.
|
|
12.07
Kampen mot TMFK III går søndag 1. august |
På grunn av at Haugen skal spele
kvartfinale i Firda-avis cupen blir bortekampen mot TMFK spelt søndag
1. august kl. 14.00.
Kvartfinalen i FA-cupen mot Eikefjord går på Klenkarberget onsdag 4.
august kl. 19.00.
|
|
12.07
Tre i tet i tabellkonkurransen |
Rune Venøy, Kay Rune Solheim og Kay Ove
Hafsås leiar tabellkonkurransen etter halvspelt serie. Med berre 8
feilpoeng og med tre lag på rett plass leiar dei med knapp margin føre
Stig Tunheim Aarsheim, Øyvind Haraldsen og Bjørn Egil Moldestad. I
andre enden ligg Bjørn Erik Bruvoll med heile 18 feilpoeng.
Sjå lista over stillinga i tabellkonkurransen
etter halvspelt serie.
|
|
12.07
Årets måljeger |
Fire spelarar står med flest skåringar
etter at sesongen er halvspelt. Bjarne Haugland frå Haugen, Morten Lyng
frå TMFK 3, Arne Refsnes og Sindre Otnheim som begge spelar for
Stadlandet har alle fem nettkjenningar. Til no denne sesongen er det
laga 105 mål på 21 kampar, noko som gjev eit snitt på 5 mål pr.
kamp.
Sjå lista over måljegerane
til no denne sesongen.
|
|
30.06
Haugen møter Eikefjord i FA-cupen |
Haugen møter Eikefjord i kvartfinalen i
Firda-Avis cupen. Kampen går på Klenkarberget onsdag 4. juni eller
torsdag 5. juni. Eikefjord spelar til dagleg i 4. divisjon og Haugen
startar dermed kampen med to handicapstraffer.
Dei andre kvartfinalane:
03.08. Førde-Kaupanger
05.08. Gaular-Syril
11.08. Loen-JÅFK
|
|
30.06
Siger for Heia og tap for Eid |
I går kveld vann Heia 5-2 mot
Flatraket/Selje 2 på Plassen. Laga gjekk til pause på stillinga 1-1.
Måla til Heia vart sett inn av Mohammed Barla 2, Thomas Storøy 2 og
Tom Roger Hjelle.
Eid tapte mot Saga 2-1 på Eid Stadion og ligg med det sist på
tabellen. Saga tok leiinga etter to minutt med Alexander Hjelmeland
Rygg. Like før pause utlikna Stein Inge Åbrekk til 1-1 og det var ny
spenning i kampen. Etter ein veldig jamn andre omgang med store sjansar
til begge lag, laga Stig Arild Øvrebø vinnarmålet til Saga tre minutt
før slutt. Eid sin midtstoppar Geir Moldestad fekk sitt andre gule og
dermed rødt kortmidt i andre omgang. Moldestad skulle vel hatt direkte
rødt kort i den fyrste forseelsen der han som bakerste mann holdt igjen
ein Sagaspelar i klar skåringsposisjon.
Fredag 2. juli spelar Eid skjebnekamp borte mot Florø. Florø ligg nest
sist på tabellen med eit poeng meir enn Eid. Etter denne kampen tek Eid
sommarferie og det hadde vore veldig kjekt om Eid klatra eit par plassar
på tabellen før laga tek sommarfri.
|
|
25.06
Tap mot Stadlandet
|
Haugen tapte i kveld 2-0 mot
Stadlandet på Stadlandet Stadion. Stadlandet åpna i eit forrykande
tempo og skapte ein del gode sjansar tidleg i kampen. Etter elleve
minutt kom Sindre Otnheim åleine mot Geir Ove Åsebø i Haugenmålet.
Otnheim skåra sikkert og Stadlandet gjekk i føringa 1-0. På slutten
av omgangen kom Haugen bedre med i kampen uten at bortelaget makta å
omsetje overtaket i skåringar. I andre omgang bølga spelet fram og
tilbake med store sjansar til begge lag. Heilt utruleg at ingen av laga
greide å skåre fyrste halvtimen av andre omgang. På slutten pressa
Haugen på for å få ei utlinkning, men då skjer det som ofte skjer.
Stadlandet kontra og nyervervelsen Espen Nilsen skåra sikkert åleine
mot keeper. Etter dette blei det ganske høg temperatur i kampen, og
Sverre Leikanger fekk sjå det raude kortet av dommar Roald Halsør frå
Selje. Med dette resultatet er Stadlandet med i kampen om opprykk, berre
eit poeng bak tabellleiar TMFK 3.
Kampfakta og bilder frå kampen.
3. divisjon:
Dale-Eid 2-0
Florø-Fjøra 0-2
Saga-TMFK 6-2
Skavøypoll-Sandane 4-2
Stryn-Høyang 8-2
|
|
24.06
Selje - Svelgen 1 - 1 (0-1) |
Det var lite å glede seg over for publikum da Selje tok imot Svelgen på
st.hansaften. Svelgen la seg svært lavt noe som gjorde det vanskelig
for
hjemmelaget å komme å komme til målsjanser. Selje hadde ballen mest,
men
det var bare bortelaget som klarte å skape noen reelle målsjanser.
Etter 37
minutt fikk Svelgen tildelt frispark like utenfor 16-meteren. Ballen ble
skrudd over muren i tverliggeren, og returen kunne Kjell Åge Bueie
pirke
inn fra halvannen meter. Svelgen gikk dermed til pause med 0-1-ledelse.
Selje brukte mindre enn ett minutt av andre omgang på å utligne da en
selje-spiss satte ballen mellom beina på svelgen-keeperen og i mål.
Dette
var faktisk den eneste målsjansen Selje klarte å skape gjennom hele
kampen.
Svelgen hadde to store muligheter til å avgjøre i andre omgang, men
utrolig
nok fikk hjemmelaget klarert begge sjansene. Nærmest var Svelgen å
vinne
kampen da de hadde 3-4 forsøk på få ballen i mål inne i 5-meteren,
men
Selje klarte å blokkere alle forsøkene. Kampen var preget av at det
ble
spilt høye og lange baller gjennom 90 minutter, og var nok svært
kjedelig
for publikum.
|
|
22.06
Eid II-Flatraket/Selje II 2-1 (1-1) |
Eid sitt andrelag vann i dag
2-1 mot Flatraket/Selje II. Flatraket/Selje tok leiinga ved Stephan
Lexau etter omlag kvarteret av fyrste omgang. I denne perioden hadde Eid
sitt forsvar med Arne Morten Nydal og Ronny Berg i midten store problem
med Håvard Nyheim. Nyheim som spelte spiss på F/S sprang gang på gang
frå Eid sine midtstopparar, og det var berre eit under at ikkje F/S
laga eit par mål i denne perioden.
PÅ slutten av omgangen sette Eid inn Øystein Nes og dette gjorde at
Eid vart mykje farlegare framfor mål. Berre sju minutt brukte Nes før
fyrste ballen låg bak Andre Kupen i F/S målet. Tjue minutt ut i andre
omgang sette same Nes inn det som skulle vise seg å bli vinnarmålet.
Håvard Nyheim viste også omgangen prov på hurtighet. I ein situasjon
måtte Ronny Berg holde Nyheim igjen som sistemann. Her skulle Berg hatt
rødt kort, men dommar Stian Aaland viste berre det gule kortet. Dermed
kunne eid innkassere tre nye poeng, og er dermed eit poeng bak
serieleiar TMFK 3.
Kampfakta og bilder
frå kampen.
TMFK 3 vann 10-1 i heimekampen mot Heia i kveld. Der med
toppar dei tabellen med 14 poeng. Eid 2 har 13, medan Stadlandet har 10
og Haugen 8. Skal ikkje Haugen bli heilt avrista i kampen om opprykk er
det berre seier som er godt nok i bortekampen mot Stadlandet fredag 25.
juni klokka 19.00.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
|
|
21.06
Eid-Sogndal II 1-1 (0-1) |
Eid spelte i kveld 1-1 mot
Sogndal 2 på Eid Stadion. Sogndal tok leiinga fem minutt før pause på
eit skot frå banas beste spelar Geir Andre Bøyum. Kim Vik hadde to
sjansar for Eid før kvilen der han burde laga mål, men Vik vart for
avventande i avslutningane. I andre omgang hadde begge laga sjansar til
å skåre, men det vart med det eine målet til Eid som berga eit poeng
til heimelaget. Åtte minutt før slutt får Bjørn Totland
"pirka" ballen i lengste hjørnet bak ein sjanselaus
keeper.
Kampfakta og bilder
frå kampen.
|
|
20.06
Endring av treningstid |
NB! Det blir trening
tysdag kl. 19.00. MERK TIDA!
Haugen spelar kamp borte mot Stadlandet fredag kl. 20.00.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Treningane i sommar blir kvar tysdag og fredag.
|
|
19.06
Svelgen-Bjørn 2-2 (1-2) |
Det ble aldri den store fotballkampen på
Svelgen Stadion da Svelgen tok
imot Bjørn i 7.serierunde lørdag. Svelgen åpna best og hadde to store
sjanser, men klarte ikke å sette disse i mål. I stedet var det
toppscoreren
i 5.divisjon, Alexander Sandvik, som etter 7 minutt satte inn sitt
12.seriemål etter en corner. Et kvarter senere la Bjørn Hauge på til
2-0
til bortelaget. Kampen var preget av mye lange baller fra begge lag, og
det mange dueller og det ble skapt svært lite foran målene. Svelgens
toppscorer Andre Hatleset gav hjemmelaget nytt håp da han reduserte til
1-2 i kampens 36.minutt.
I andre omgang hardnet taklingene til, og det ble skikkelig
stillingskrig.
Frank Hatleset ble etter 10 minutt lagt ned innenfor 16-meteren og
dommeren hadde ikke annet valg enn å peke på krittmerket. Straffen
satte Terje Nybø i mål. Hver av lagene hadde hver sin store sjanse til
å avgjøre kampen etter dette. Først Svelgen, der Andre Hatleset fra 7
meter satte ballen rett i keeper, og så et kanonskudd av en Bjørn-spiller
som slo i tverliggeren og ned på streken. Sett kampen under et, så var
dette et rettferdig resultat. Svelgen møter nå serieleder og Haugens
FA-cup-motstander Selje i Selje på onsdag.
|
|
18.06
Haugen til kvartfinale i Firda-cupen |
Haugen vann i kveld 2-1 borte mot Selje i
Firda-cupen. Rune Venøy sette inn straffa som Haugen fekk for å
utlikne divisjonsforskjellen. Rett før pause auka Håvard Bruvoll
Haugen si leiing til 2-0 på eit skot frå omlag 20 meter.
I slutten av andre omgang pressa Selje kraftig på for å hente inn
leiinga til Haugen, men det vart med trøystemålet til Runar Nøstdal
eit minutt på overtid. Dermed er Haugen klar for kvartfinalen som
blir spelt fyrste veka i august. Lag som er vidare til no er Førde,
Jotun Årdalstangen, Eikefjord, Syril og Loen. I tillegg trur
underteikna at Florø og Kaupanger går vidare. Det mest nærliggande er
vel at Haugen får heimekamp mot Loen eller Eikefjord. Men kanskje blir
det storfint besøk av Jotun Årdalstangen eller Førde.
Kampfakta og bilder
frå kampen.
I ein kamp i 6. divisjon
spelte Heia og Stadlandet 2-2.
|
|
18.06
Firda-cup borte mot Selje i kveld |
Hagen stiller med
følgjande lag på Selje Stadion i kveld kl. 19.00:
Keeper:
Geir Ove Åsebø
Forsvar: Stian Bjørlo, Gustav Orheim, Ove
Balsnes, Jan Roger Solibakke
Midtbane: Håvard Bruvoll, Trond Kroken, Øystein
Haugland, Rune Venøy, Jim Andre Balsnes
Spiss: Hans Ottar Humborstad
Reservar: Vegard Løken, Torleiv Orheim, Øyvind Løkling, Kim
Tore Gilleshammer, Jim Tore
Humborstad, Runar Øien og Mikael Myklebust
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Har vore en del feil med gjesteboka i det siste, men dette skal no vere
i orden.
|
|
17.06
Heia ute av Firda-cupen |
Heia tapte i går
kveld 12-1 borte mot Eikefjord i andre runde i Firda-cupen. Etter det
raportane seier bomma Heia på begge handicap-straffene, og vart
regelrett to hakk for små mot 4. divisjonslaget.
Andre resultat:
Syril-Vadheim/Høyang II 6-2
Jotun Årdalstangen-Bjørn 10-2
Askvoll/Holmedal-Førde 1-3
Loen-Oppstryn 5-2
Trenarane har tatt ut denne troppen til firda-cup kampen
borte mot Selje fredag 18. juni klokka 19.00.
Geir Ove Åsebø,
Vegard Løken, Mikael Myklebust, Gustav Orheim, Ove
Balsnes, Jan Roger Solibakke, Øyvind Løkling, Håvard Bruvoll, Bjarne
Haugland, Trond Kroken, Rune Venøy, Øystein Haugland, Jim Tore
Humborstad, Kim Tore Gilleshammer, Jim Andre Balsnes, Torleiv Orheim,
Runar Øien og Stian Bjørlo.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Har vore en del feil med gjesteboka i det siste, men dette skal no vere
i orden.
|
|
16.06
Dramatikk på Refvika |
Tornado Måløy vann heile
11-1 mot Florø i kveld, etter å ha leia 5-1 til pause. Det mest
dramatiske var då Florø sin trenar Olsen vart utvist etter å ha
kjefta på dommaren etter at TMFK gjekk opp til 3-1. Resten av kampane i 3. divisjon blir
spelt fyrstkommande fredag, med unntak av kampen Eid-Sogndal 2 som går
måndag 21. juni.
|
|
16.06
Bjarne og Arne leiar måljegeren |
Bjarne Haugland og
Stadlandetspelaren Arne Refsnes leiar måljegeren med kvar sine fem mål.
Tett fulgt av Kai-Arne Otnheim med fire fulltreffarar. På tre mål finn
vi blant andre Trond Kroken og Rune Venøy.
Til no denne sesongen er det laga 78 mål på 16 kampar. Dette gjev eit
snitt på 4,9 mål pr. kamp. I Haugen sine fem kampar har det blitt laga
29 mål, noko som gjev eit snitt på 5,8 mål pr. kamp. Av dei 29 har
Haugen laga 17 mål, noko som gjev eit snitt på 3,4 mål pr. kamp.
Sjå lista over måljegerane
til no denne sesongen.
|
|
15.06
Haugen-Eid II 2-7 (2-3) |
Eit godt besatt Eidlag
vann i kveld 7-2 mot Haugen på Stårheim Stadion. Den fyrste timen var
Haugen heilt på høgde med Eid, og i perioder bedre enn Eid. Den siste
halvtimen av kampen var det berre eit lag på bana, men at Eid vann med
fem mål var vel i meste laget.
Kampfakta og bilder
frå kampen.
I den andre kampen i
Haugen si avdeling vann TMFK sitt tredjelag 3-0 borte mot Skavøypoll
sine nest beste.
|
|
15.06
KAMPEN I DAG GÅR PÅ STÅRHEIM |
På grunn av dårlege baneforhold på
Klenkarberget går dagens lokalderby mot Eid 2 på Stårheim Stadion.
Kampstart er som oppsett kl. 19.00.
Haugen stiller truleg med dette laget:
Keeper:
Vegard Løken
Forsvar: Torleiv Orheim, Gustav Orheim, Ove
Balsnes, Jan Roger Solibakke
Midtbane: Håvard Bruvoll, Trond Kroken, Øystein
Haugland
Angrep: Bjarne Haugland Rune Venøy, Jim Tore
Humborstad
Reservar: Bjørnar Øien, Thomas Dalsbø, Kim Fagerstrand, Hans
Petter Gilleshammer og Stian Aaland.
|
|
14.06
Småguttelaget tapte mot Eid 4-3 |
Småguttelaget spelte i kveld kamp i mot
Eid på plassen. Etter at Eid leia 2-0 kom Haugen sterkt tilbake og
gjekk opp i 3-2 leiing. På slutten av kampen utlikna Eid til 3-3, og
på overtid fekk Eid straffe. Straffa sette Eid sikkert i mål og
jubelen var stor når dommar Frode Nord bles av kampen rett etterpå.
Best på Haugen var Thomas Starheim som drilla rundt med svimle eidarar
fleire gongar.
NB! Det er noko feil med gjesteboka, så alle resultattips på
kampen Haugen-Eid 2 må sendast på e-post.
Er det nokon som har sendt inn tips tidlegare må dei sende dei inn
på nytt. Berre tips som blir sendt på e-post blir telljande.
|
|
13.06
Troppen mot Eid 2 |
Trenarane har tatt ut denne troppen til
heimekampen mot Eid 2.
Vegard Løken, Torleiv Orheim, Gustav Orheim, Ove
Balsnes, Jan Roger Solibakke, Håvard Bruvoll, Bjarne
Haugland, Trond Kroken, Rune Venøy, Øystein Haugland, Jim Tore
Humborstad, Hans Petter Gilleshammer, Bjørnar
Øien, Thomas Dalsbø, Stian Aaland og Kim Fageratrand.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
I ein kamp i 6. divisjon vann i dag
Stadlandet 4-2 heime mot Skavøypoll 2. Dermed toppar Stadlandet
tabellen eit poeng føreHaugen og TMFK 3.
|
|
11.06
Målkalas på Skavøypoll Stadion i kveld |
Skavøypoll
vann i kveld 7-0 mot Eid på kunstraset i polljen. Spenninga før kampen
var om Eid skulle greie å fortsette det gode spelet som dei leverte
sist fredag mot TMFK. Men det gjekk ikkje lenge før ein såg at dette
gjekk rett vest. Etter sju minutt får banas beste spelar Ole Kristian
Nygård gå uhindra frå midtbana. Når han kjem inn på 20 meter hald
klinkar han til og ballen går som ein prosjektil i lengste hjørnet,
bak ein sjanselaus Sindre Rise. Skavøypoll laga nye tre mål før
kvilen og stillinga var 4-0 som alt i alt var eit ok resultat etter spel
og sjansar. I andre omgang var Eid bedre med dei fyrste 20 minutta av
omgangen, men det lukkast ikkje gultrøyene å få ballen i mål. Etter
dette såg det ut som Skavøypoll skjerpa seg igjen og det vart
klasseforskjell på laga igjen. Med tre mål siste kvarteret kunne
Skavøypoll innkassere ein fin 7-0 siger.
Kampfakta og bilder
frå kampen.
Øvrige resultat 3. divisjon:
Dale-Førde 0-6
Florø-Høyang 0-0
Saga-Fjøra
2-4
Stryn-TMFK 3-1
Sogndal 2-Sandane spelar måndag 14. juni.
|
|
10.06
Seier til guttelaget i svært spennande kamp |
Det
blei ein thriller av ein fotballkamp på Innvik Stadion mellom guttelaga
til Vikane og Haugen. Vikane gjekk rett i føringa med ei frisparklompe
fra 40 meter som gjekk rett gjennom feltet og i mål. Stig Tore
Gilleshammer dundra inn utlikninga frå kort hald 10 minutt etter, rett
før Vikane gjekk opp til 2-1. Etterpå får Olav Espe ballen i feltet
og finn ut at han like godt kan lobbe over keeper frå 10 meter. 2-2. Så
fekk Kenneth Aaland ballen i 16 meteren etter ca ein halvtime og
sette ballen bak Vikane keeperen. Haugen var i føringa for første gong
i kampen. Rett før pause får ein Vikane spelar springe frå Haugen
forsvaret frå sin soleklare offsideposisjon og utlikne til 3-3.
Etter
kvilen hevar Haugen seg endå eit hakk og etter eit frispark frå
kampens store spelar Jan Martin Smørdal får Thomas Starheim tak i
returen frå keeper og set ballen i ope mål. Vikane får eit billeg
straffespark og utliknar etter 20 min av 2. omgang. Men Haugen gir seg
ikkje og Kenneth Aaland scorar sitt andre med eit vakkert langskudd frå
20 meter. Haugen klarer å holde unna til tross for mannefall og at
Vikane sende samtlege mann i angrep. Arvid Haugland si heading 3 minutt
på overtid blir redda av keeper og kampen endar 5 4 til Haugen.
Laget:
Alexander Pavelich, Tor Anfinn Lillestøl, Øyvind Haraldsen,
Christopher Pavelich, Raymond Piel, Jo Inge Skålbones, Stig Tore
Gilleshammer, Jan Martin Smørdal, Fredrik Sundal, Kenneth Aaland, Olav
Andreas Espe.
Innbyttarar:
Asbjørn Eldevik, Arvid Haugland, Stian Andre Høynes, Thomas
Starheim, Alf Kåre Dalsbø.
|
|
10.06
Årets måljeger i 6. divisjon 4 |
Bjarne og Trond ligg heilt i teten i
årets måljeger i vår avdeling. Bjarne har til no denne sesongen putta
5 mål, medan Trond har pirka inn tre.
Sjå lista over måljegerane
til no denne sesongen.
Når det gjeld tabellkonkurransen er det like før dei forskjellige sine
tips blir lagt ut. Følg med!
|
|
09.06
Bortekamp mot Selje i Firda-cupen |
Haugen møter Selje på bortebane i
Firda-cupens andre runde. Selje vann fyrste runde 3-2 mot Stadlandet,
etter å ha laga sigersmålet heilt i slutten av kampen. Ettersom Haugen
spelte uavgjort mot Flatraket/Selje 2 skal det vel godt gjerast å vinne
mot fyrstelaget til Selje, men som nokon har sagt før "cup er
cup". Kampen er terminfesta til fredag 18. juni.
Av andre "godbitar" kan vi nemne Eikefjord-Heia, Loen-Oppstryn
og Askv./Holmedal-Førde.
Sjå
heile oppsettet her.
|
|
09.06
Svelgen ute av Firda-cupen |
Har fått fylgjande referat frå
Svelgenkorrespondent Terje Nybø.
Svelgen - Florø 4 - 6 (4 - 4) 1 - 0 etter divisjonsstraffer
Svelgen tok imot 3.divisjonslaget Florø i første runde i Firda-cupen
tirsdag kveld. Svelgen bommet på den første divisjonsstraffa, mens
Terje
Nybø satte den andre. Med utgangspunkt 1-0 blåste dommar Robert
Endestad (Tempo) i gang kampen, og det ble en forrykende åpning. Etter
3 minutt ble Frank Hatleset lagt ned i straffefeltet og Nybø doblet
ledelsen fra krittmerket. 3 minutter senere reduserte Florø til 2-1 på
en corner. Det
skulle ikke ta mer enn et minutt til før Frank Hatleset ble spilt fri
og
satte ballen sikkert i mål alene med keeper. To minutt etter dette var
det
broder Trond som la på til 4-1 alene med keeper. Da viste uret 9
minutt.
Svelgen fortsatte å kjøre over Florø også de neste 10 minuttene, men
fra
det 20. til det 30. minutt scorte Florø 3 mål og brakte balanse i
regnskapet. I resten av omgangen hadde Svelgen et godt grep om kampen,
anført av en meget hardtarbeidende Torbjørn Didriksen.
I 30 minutter av andre omgang var Svelgen det førende laget. Det ble
skapt mye foran Florø-målet, men avslutningene var ikke gode nok. Mot
slutten begynte luften å gå ut av hjemmelaget og Florø tok etterhvert
over. Florø tok ledelsen 5-4 etter 78 minutt da hjemmelagets keeper slo
ballen i eget mål på et Florø-innkast. To minutter før slutt satte
Florø spikeren i kista etter at de fikk tildelt dagens andre billige
straffe. Dermed var cup-eventyret for Svelgen over før det kom
skikkelig i gang.
|
|
08.06
Berre uavgjort mot Flatraket/Selje 2 |
Haugen var rett og slett for puslete
i kveld på Naustteigen Stadion på Flatraket. Etter å ha teke leiing
etter 11 minutt trudde alle at dette skulle bli ein lett siger.
Flatraket/Selje 2 har ikkje tatt poeng til no denne sesongen, og i fjor
blei det ikkje eit einaste poeng heller. Haugen hadde nokre sjansar i
fyrste omgang utan at dette resulterte i skåringar. Flatraket/Selje var
farlege når dei spelte i bakrom på hurtigtoget Ken Olav Kupen. Lenge
såg det ut til at Haugen skulle få med seg alle tre poenga, men tre
minutt før slutt utliknar Øystein Kongsvik, etter ei fin pasning frå
Torgeir Fure.
Kampfakta og bilder
frå kampen.
Ingen tippa rett sluttresultat i denne
kampen.
Eid 2 vann i kveld 3-0 mot Heia etter at stillinga til pause var 0-0.
Måla til Eid vart sett inn av Jim Rune Skrede på straffe, Steffen
Sture Olsen og Jon Håkon Midthjell.
Neste kamp for Haugen er heime mot Eid 2 tysdag 15 juni.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
|
|
08.06
Laget mot Flatraket/Selje 2 |
Haugen stiller truleg med dette laget i
bortekampen mot Flatraket/Selje 2.
Keeper:
Vegard Løken
Forsvar: Hans Petter Gilleshammer, Gustav Orheim, Ove
Balsnes, Jan Roger Solibakke
Midtbane: Håvard Bruvoll, Trond Kroken, Rune Venøy, Øystein Haugland, Jim Tore
Humborstad
Spiss: Bjarne Haugland
Reservar: Kim Tore Gilleshammer, Bjørnar
Øien, Thomas Dalsbø, Øyvind Løkling og Kim Fagerstrand.
Mikael Myklebust har blitt sjuk og spelar derfor ikkje kampen.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Stadlandet sin heimekamp mot Skavøypoll 2 som skulle blitt spelt
søndag 6. juni er utsett til seinare.
I dag er det lokaloppgjer når Eid sine nest beste møter Heia på Eid
Stadion. Eid 2 er vel store favorittar i kampen, men ein veit aldri med
Heia. Heia har til no denne sesongen ikkje makta å lage mål i
seriekampane, og står med 0-7 i målskilnad.
|
|
06.06
Troppen mot Flatraket/Selje 2 |
Trenarane har tatt ut denne troppen til bortekampen mot
Flatraket/Selje 2 tysdag 8. juni klokka 20.00.
Vegard Løken, Mikael Myklebust, Gustav Orheim, Ove
Balsnes, Jan Roger Solibakke, Øyvind Løkling, Håvard Bruvoll, Bjarne
Haugland, Trond Kroken, Rune Venøy, Øystein Haugland, Jim Tore
Humborstad, Kim Tore Gilleshammer, Hans Petter Gilleshammer, Bjørnar
Øien, Thomas Dalsbø og Kim Fageratrand.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
|
|
06.06
Siger for guttelaget mot Bremanger |
Haugen sitt guttelag vann fredag 4-1 mot
Bremanger, etter å ha leia 1-0 til pause. Måla til Haugen vart sett
inn av Kjetil Remme, Thomas Starheim, Øyvind Haraldsen og Olav Andreas
Espe.
|
|
04.06
Eid-TMFK 6-3 (2-2) |
Eid sto i dag for den største oddsbomba til no denne
sesongen. Alle forventa at eit Eidlag utan blant andre Kristoffer
Årskog, Øystein Nes og Eivind Heggen skulle få det veldig tøft mot
TMFK på Eid Stadion i kveld. Dei mest optimistiske snakka om at Eid
kunne greie eit poeng viss dei hadde flaks. Men Eid overraska alle på
stadion, inkludert TMFK som i andre omgang virka veldig tannlause.
Sindre Riise fikk fornya tillit i mål og storspelte, med unntak eit par
utrusingar i reine Bartez stil. På midtbana var Stein Inge Åbrekk
heilt konge. På slutten vart han flytta ned på venstre back. Åbrekk
løyste også dette på ein framifrå måte. Det blir kanskje feil å
trekke fram enkeltspelarar etter ein slik kamp. Heile laget gjorde ein
kjempejobb mot eit av dei antatte topplaga i årets tredjedivisjon. Held
Eid fram med slikt spel og innsats kan det vere håp om at det blir spel
i tredje divisjon også neste sesong for Eid.
Kampfakta og bilder
frå kampen.
Øvrige resultat:
Skavøypoll-Stryn 0-4
Dale-Florø 0-0
Førde-Høyang 3-1
Sandane-Fjøra 1-4
Sogndal 2-Saga er terminfesta til 7. juni.
Haugen sin bortekamp mot Flatraket/Selje går på Naustteigen Stadion
tysdag 8. juni kl. 20.00.
Søndag er det minuputturnering på Klenkarberget. Unge talent frå 6
til 10 skal få utfolde seg på den beste grasbana i kommuna, og her
vert det garantert mykje underhaldande og god fotball.
A-laget trenar søndag kl. 19.30.
|
|
03.06
Heia-Bremanger 3-1 (2-1) |
Også Heia er vidare til andre runde
i Firda-cupen. Heia vann 3-1 mot fjerdedivisjonslaget Bremanger på
grusbana ved Idrettshuset. Kampen starta med at Bjørn Joar Svarstad og
Mohammed Barla sette inn dei to handicapstraffene til Heia. Med 2-0 såg
det ut som Heia la seg langt bak på bana, og satsa på å ri på denne
leiinga resten av kampen. Bremanger pressa til tider hardt på i fyrste
omgang, men det vart med reduseringa til 2-1 som vart sett inn av Ole
Morten Kjærstad etter 35 minutt.
Andre omgang var mykje meir jevnspelt, og begge lag hadde gode sjansar
til å skåre. Omlag ti minutt før slutt ville alle frå Bremanger ha
straffe, men Stian Aaland vinka spelet vidare. Fem minutt før slutt
krangla Tom Roger Hjelle seg gjennom og sette den berømte spikaren i
kista. Med resultatet 3-1 går dermed Heia til neste runde av
Firda-cupen.
Kanskje det er duka for Haugen-Heia??
Av andre resultat frå Firda-cupen kan vi nemne at Dale måtte bite i
graset med 1-2 mot Vadheim/Høyang 2.
Sjå
heile oppsettet med resultat her.
|
|
02.06
Haugen til 2. runde i Firda-cupen |
Haugen vann i kveld overbevisande 2-1 mot Tempo/Florø 2
på Klenkarberget. Trenarane hadde bestemt seg for at dei som ikkje har
fått så mykje speletid til no i sesongen, skulle få prøve seg i
denne kampen. Dette medførte at spelarar som Bjarne Haugland, Rune
Venøy, Gustav Orheim, Torleiv Orheim, Roger Nygård og Geir Ove Åsebø
ikkje var med denne kampen.
Haugen starta kampen med ei handicapstraffe som Ove Balsnes ikkje makta
å sette i nettet. Dermed var laga like langt og kampen kunne blåsast i
gang. Kampen starta med eit kjempepress av Tempo/Florø 2, og det såg
ut som dette skulle bli rein overkøyring. 5 minutt ut i kampen fekk
Jørgen Nygård stå heilt umarkert på tre meter hald, og laga enkelt
0-1. Etter dette kom Haugen meir med i kampen, og etter omlag halvtimen
kom dagens finaste angrep. Thomas Dalsbø vart spelt fint fri på
høgresida. Thomas kom seg til linja, og innlegget stupheada Trond
Kroken i lengste hjørnet. I andre omgang virka det som Tempo/Florø 2
hadde sprunge frå seg. Kvarteret ut i omgangen kom vinnarmålet til
Haugen. Øystein Haugland som nettopp hadde blitt bytta inn drog seg
elegant fri på venstresida. Det presise innlegget sette Thomas Dalsbø
heilt oppe i næraste krysset og Haugen leia 2-1. Ettre dette hadde
Haugen tre -fire store sjansar til å punktere kampen. Stian Aaland
hadde dei to største, men ballen ville ikkje inn bak ein god
Tempo/Florø keeper.
Kampfakta og bilder
frå kampen.
Sjå
heile oppsettet med resultat her.
Jim Tore Humborstad tippa rett sluttresultat av kampen, og får
overlevert eit Haugenkrus på neste trening. Jim Tore spelte ein meget
god fyrsteomgang i dag, og kanskje startar han neste seriekamp.
Haugen spelar bortekamp mot Flatraket/Selje 2 tysdag 8. juni.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka
|
|
02.06
Firda-cupen 1. runde |
Både Høyang og Fjøra er ute av årets
Firda-cup. Fjøra tapte 4-2 mot Bjørn, medan Høyang tapte 3-2 mot
Gaular.
Andre resultat:
Veten/Hardbagg-Loen 1-7
Jølster 2-Førde 4-5
|
|
02.06
Dei utvalgte mot Tempo/Florø2 |
Haugen stiller i dag dette laget mot Tempo/Florø 2 i
Firdacupen. Kampen går på Klenkarberget kl.
19.00.
Keeper: Vegard Løken
Forsvar: Runar Øien, Ove
Balsnes, Jan Roger Solibakke, Matias Lien
Midtbane: KimTore Gilleshammer, Håvard Bruvoll, Trond Kroken,
Jim Tore Gilleshammer
Angrep: Thomas Dalsbø, Bjørnar Øien
Reservar: Geir Ove Åsebø, Dag Aril Starheim, Stian Aaland, Øyvind
Løkling, Hans Petter Gilleshammer, Kim Fagerstrand, Øystein Haugland,
Mikale Myklebust
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka
|
|
01.06
Eid 2 vann enkelt mot Skavøypoll 2 |
Eid vann i kveld enkelt 4-0 mot
Skavøypoll 2 på bortebane. Haugen Fotball sin utskremde reportar
Stian Aaland kunne melde at Eid sine nest beste var overlegne i denne
kampen. Stillinga til pause var 2-0. Måla til Eid vart sett inn av
Anders Midthjell, Kristian Eikås, Bjørn Totland og Jim Rune
Skrede.
|
|
31.05
TMFK 3 overtok tabbeltoppen |
TMFK 3 vann søndag 3-2 mot Stadlandet på Måløy
Stadion. Dermed overtek TMFK tabelltoppen eit poeng før Haugen.
Stadlandet ligg enda eit poeng bak Haugen på tredjeplass.
Flatraket/Selje 2 har problem med å stille lag mot Heia tysdag 1. juni.
Konsekvensen av dette er at kampen blir mest truleg utsatt til seinare.
Ingen har til no tippa resultatet av kampen mot Tempo/Florø 2 på
Klenkarberget onsdag 2. juni kl. 19.00.
Ver med å tipp sluttresultatet på Firdacupkampen, og vinn Haugen krus. Husk
at Haugen startar med ei handicapstraffe.
Tipset legg du inn i gjesteboka
|
|
29.05
Årets måljeger |
Bjarne Haugland leiar framleis måljegeren
med sine 5 nettkjenningar. På plassane bak kjem Morten Lyng, Sindre
Otnheim og Arne Refsnes med tre skåringar kvar. Lyng spelar for TMFK,
medan Otnheim og Refsnes spelar for Stadlandet.
Det er laga 46 mål på dei 9 kampane som
er spelt i årets 6. divisjon avdeling 4. Dette gjev eit snitt på 5,1
mål pr. kamp.
Sjå lista over måljegerane
til no denne sesongen.
|
|
28.05
Dagens runde i 3. divisjon |
Eid spelte i kveld heimekamp mot Førde
på Eid Stadion. Utan Bjørn Totland og Kristoffer Årskog som var ute
med skade, trudde dei fleste at her måtte ein plukke fram kulerama.
Etter tretten minutt låg fyrste ballen i nettet bak ein skada Aksel
Myklebust. Aksel fekk seg ein kraftig smell i ein duell like før, og
headinga frå Benny Rivedal var han sjanselaus på. Då var det duka for
reservekepper Sindre Rise. Etter ei litt famlande åpning spelte Sindre
seg stort opp, og redda mellom anna ei straffe i andre omgang. Det såg
ikkje lysare ut for Eid då Arnt Ivar Naustdal måtte gå ut med skade
rett etter at Aksel hadde gått ut. Men Eid heva seg og var i store
delar av kampen på høgde med Førde. Snaue ti minutt før pause fekk
Endre Navarsete gå rett igjenn om forsvaret til Eid, og sette ballen
lett forbi Sindre Rise. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 2-0
til Førde. I andre omgang blei det med den eine skåringa til Benny
Rivedal kvarteret før slutt. 3-0 til Førde var vel eit helt greit
resultat av kampen utfrå spel og sjansar.
Kampfakta og bilder
frå kampen.
Øvrige resultat:
Florø-Stryn 2-4
Høyang-Sandane 2-1
Saga-Dale 1-1
TMFK-Sogndal II 3-3
Fjøra-Skavøypoll er terminfesta til 29. mai kl. 14.00.
|
|
27.05
Guttelaget til Eid vann 4-3 mot Haugen |
Guttelaget til Haugen skulle i kveld spele
bortekamp mot Eid. Men ettersom Eid sitt guttelag blei nekta å spele
på Eid Stadion, så vart kampen flytta til Klenkarberget. Det var ein
underhaldande kamp dei omlag 60 frammøte fekk sjå i kveldssola.
Allereie etter 1 minutt sette Steffen Midthjell inn 1-0 til heimelaget
Eid. Steffen skrudde eit frispark over muren og rett i nettet. 8 minutt
ut i kampen utlikna Haugen etter at Stig Tore Gilleshammer hadde sprunge
frå Eidaforsvaret. Christian Holmøy la på til 2-0 etter kvarteret på
ein corner. 5 minutt før kvilen var fotrappe Bengt Leite frampå og
auka Eid si leiing til 3-1.
Etter pause var Haugen heilt klart meir med i kampen. Før ti minutt av
andre omgang var spelt var Eid si leiing utlikna. Fyrst etter eit
sjølvmål, og deretter var Stig Tore Gilleshammer frampå med si andre
skåring for dagen. Dermed var stillinga 3-3. Fem minutt etter sto
Fredrik Eikås for dagens prestasjon. Frå fem meter hæla han ballen i
mål og Eid leia 4-3. Dette skulle vise seg også å bli vinnarmålet,
og det var ein glad gjeng frå Eid som tok turen heim.
|
|
27.05
7 poeng på 6 dager for Svelgen |
Har fått følgjande kampreferat frå Terje Nybø:
Svelgen - Tempo/Florø 2 4-0 (1-0)
Svelgen tok i mot Haugens firda-cup motstander, Tempo/Florø 2, i
seriekamp onsdag kveld. Det første kvarteret var preget av mange
dueller på midtbanen. Svelgen klarte litt etter litt å rive til seg et
overtak, og fikk tildelt straffe etter 33 minutt. Svelgen faste og sikre
straffetaker,
Kjell Åge Bueie, gjorde nok en gang jobben fra krittmerket. Til tross
for
sterk motvind klarte hjemmelaget å holde initiativet ut omgangen.
Med sterk medvind i andre omgang tok Svelgen fullstendig over
kommandoen. Det tok bare 6 minutt før Andre Hatleset headet ballen i mål
på en corner, og 3 minutt senere kunne Kjell Åge Bueie sette inn
dagens andre mål med foten etter en ny corner. Svelgen fortsatte å
trykke på fremover og hadde flere skudd på mål. Men det ble ikke
uttelling før Arne Rebni 2 minutt før slutt fastsatte resultatet til
4-0 etter å headet ballen i mål på et innlegg fra høyrekanten. F/T 2
var helt tannløse i andre omgang med unntak av en mulighet 5 minutt før
slutt da de kom alene med keeper.
Dette var Svelgens tredje kamp på 6 dager, noe som har gitt 2 seiere og
1 uavgjort. Etter en svak åpning på sesongen ser laget endelig ut til
å ha satt seg.
Haugens Firda-cup motstander Tempo/Florø 2 bør slett ikke være noen
uoverkommelig oppgave for Haugen på Klenkarberget kommende uke.
|
|
25.05
Haugen-Heia 3-0 |
Haugen vann i kveld 3-0 mot
erkefienden Heia. Fyrste omgang var sjanserik med mange sjansar til
begge laga, men ingen makta å sette ballen i nota. Størst var sjansen
til Øystein Haugland som på blankt mål strompla ballen utanfor. I starten av andre omgang tilreiv Haugen seg eit spelemessig overtak.
Etter omlag ti munutt gjekk Haugen opp i 1-0 leiing etter at Bjarne
Haugland fekk stå heilt åleine i feltet. Ein utspelt Trond Roger Nydal
i Heiamålet kunne berre sjå etter ballen som enda i buret. 5 minutt
etter kom Rune Venøy seg fri på kanten. Innlegget går i ein bue over
keeper og rett i mål. Ein kjempesleiv av midtbanespelaren gjev Haugen
2-0. Etter dette kom Heia mykje bedre med i kampen igjen. Vegard Løken
som kom inn for Geir Ove Åsebø i andre omgang, var både god og heldig
som greidde å halde nullen. Nærast skåring var Mohammed Barla som
heada knallhardt i tverrliggaren omlag kvarteret før slutt. I staden
for skåring til Heia gjekk Haugen opp til 3-0 etter skåring av banas
klart beste spelar Håvard Bruvoll. Etter litt klabb og babb i feltet
sentra Thomas Dalsbø til Håvard som berre kunne breiside ballen i
mål.
|
|
Neste kamp for Haugen blir i
Firdacupen onsdag 2. juni kl. 19.00. på Klenkarberget. Motstandar er 5.
divisjonslaget Tempo/Florø 2, og Haugen startar kampen med ei
handicapstraffe.
Neste seriekamp er tysdag 8. juni mot Flatraket/Selje 2 på Naustteigen
Stadion.
Kampfakta og bilder
frå kampen.
|
|
25.05
Haugen-Heia, Klenkarberget kl. 19.00 |
Haugen stiller i dag med følgjande lag:
Keeper: Geir Ove Åsebø
Forsvar: Mikael Myklebust, Torleiv Orheim, Gustav Orheim, Ove
Balsnes,
Midtbane: Håvard Bruvoll, Trond Kroken, Rune Venøy
Angrep: Bjarne
Haugland, Øystein Haugland, Roger Nygård
Reservar: Vegard Løken, Runar Øien, Jim Tore Humborstad, Kim Tore
Gilleshammer, Hans Petter Gilleshammer, Bjørnar
Øien, Thomas Dalsbø
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka
|
|
24.05
Kampen mot Heia går på Klenkarberget! |
Heimkampen mot Heia i morgon tysdag
25. mai går på Klenkarberget kl. 19.00.
Få har tippa resultatet i denne kampen, så berre send inn eit tips
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Den fyrste som tippar rett sluttresultat stikk av med eit Haugenkrus.
|
|
23.05
Kursendring for Svelgen |
Har fått følgjande kampreferat frå Terje Nybø:
Svelgen-Vik 6-1 (4-1)
Det var et skikkelig tent Svelgen-lag som entret bana søndag
ettermiddag til kampen mot Vik. Det tok ikke mer enn 12 minutter før
kampen i realiteten var avgjort etter at hjemmelaget gikk offensivt ut
og skaffet seg en 4-0-ledelse. Målene ble signert Torbjørn Didriksen
(51 sekunder), Lars Kristiansen (5 min), Andre Hatleset (9 min) og Andre
Gjerde (12 min). Etter dette falt aggresiviteten til hjemmelaget noe og
Vik kom mer med i spillet. Svelgen hadde likevel full kontroll gjennom
hele omgangen, men Vik klarte etter 32 minutt å skaffe seg et trøstemål
etter en kontring. Svelgen klarte også gjennom hele andre omgang å
holde trykket oppe og skapte med jevne mellomrom store målsjanser.
Andre Gjerde kjempet inn sitt andre mål for dagen etter 54 minutt og
Torgeir Vårdal kunne fastsette sluttresultatet til 6-1 ni minutt før
slutt. Det var et meget hardtkjempende Svelgen som aldri ga Vik noen
mulighet til å ta poeng. Bortelaget hadde heller ingen store sjanser de
siste 45 minuttene.
Dagens viktige seier betyr at Svelgen igjen har heng på lagene som
kjemper om den siste opprykksplassen. Allerede onsdag kommer Haugens
firda-cup-motstander Tempo/Florø 2 til Svelgen for å spille neste
seriekamp. Toppscorer i 5.divisjon er Andre Hatleset, Svelgen og Endre Lødemel,
Hornindal med 8 mål hver.
Resultat i dag:
4. divisjon:
Askvoll/Holmedal-Stryn II 4-4
Bremanger-Syril 1-1
TMFK II-Loen 3-3
5. divisjon:
Førde II-Bjørn 3-1
Svelgen-Vik 6-1
2. divisjon kvinner:
Eid-FK Sykkylven 0-4
Volda/Ørsta-Træff 0-2
|
|
22.05
Eid fekk så hatten passa mot Sandane |
Eid kollapa totalt i andre omgang mot
Sandane og tapte til slutt 7-1. I fyrste omgang var Eid på
høgde med Sandane, og det var ingen som kunne sagt noko om gultrøyene
hadde leia til pause. Sandane tok leiinga etter omlag ti minutt spel.
Rune Ommedal får stå upressa på omlag 25 meter. Sandane sin kaptein
er ikkje sein å be, og klinkar ballen i lengste hjørnet. Drøye
halvtimen ut i kampen spelar Kristoffer Årskog glimrande gjennom til
Øystein Nes. Åleine med keeper skårar Øystein sikkert. Etter
utlikninga er Eid farleg frampå fleire gongar, men ballen vil ikkje i
mål. I staden går Sandane opp til 2-1 rett før pause. På eit
frispark frå midtbana, får Roger Kandal stå umarkert på bakerste
stolpe, og kan uhindra heada ballen bak Aksel Myklebust i Eidmålet. I
starten av andre omgang er Eid farleg frampå ved fleire høve, men kjem
ikkje nærmare enn frisparket til Kristoffer Årskog som går i krysset.
10 minutt ut i andre omgang utnyttar Ole Andre Aa ein kjempetabbe i
Eidforsvaret. Åleine med Aksel Myklebust nettar han sikkert. Etter
dette går Eid heilt i oppløysing. Måla berre renn inn, og Alexander
Egge set inn det siste målet to minutt på
overtid.
Kampfakta og bilder
frå kampen.
Andre resultat:
Stryn-Saga 12-0
Fjøra-Dale 3-3
Førde-TMFK 0-2
Skavøypoll-Florø 4-0
|
|
|
22.05
Haugen møter Tempo/Florø 2 i Firda-cupen |
Fyrste runde av Firda-cupen er sett opp og
Haugen møter 5. divisjonslaget Tempo/Florø 2 på heimebane. Kampen er
terminfesta til torsdag 3. juni kl. 19.00.
Av andre kampar kan vi nemne:
Heia-Bremanger
Svelgen-Florø
Stadlandet-Selje
Veten/Hardbagg-Loen
Oppstryn-TMFK
Sjå
heile oppsettet her
|
|
22.05
Nesten full runde i 3. divisjon i dag |
I dag kl. 16.00 blir 6. runde i årets 3.
divisjon blåst i gang.
Eid spelar botnkamp mot Sandane på Idrettsplassen på Sandane. Blir det
ikkje tre poeng i dag ser det veldig mørkt ut for Eid. Eid sine
nettsider kan melde om at Bjørn Totland er ute med skade, og at
reservekeeper Ørjan Solheim er blitt sjuk. Sindre Riise er dermed komt
inn som reservekeeper. Bilder og referat frå kampen Sandane-Ëid blir
lagt ut i kveld.
Kampane i 6. runde:
Førde-TMFK
Skavøypoll-Florø
Fjøra-Dale
Sandane-Eid
Stryn-Saga
24. mai kl. 18.00: Høyang-Sogndal 2
|
|
22.05
Uavgjort for Svelgen i målkalas |
Har fått følgjande kampreferat frå Terje Nybø:
Vadheim/Høyang 2-Svelgen 5-5 (3-2)
Vadheim/Høyang 2 gikk hardt ut og hadde et godt grep om kampen de første
30 minuttene og ledet 3-0 etter 24 minutt. Det var ingenting som tydet på
noe annet enn en klar hjemmeseier, men bortelaget brettet opp ermene og
kjørte fullstendig over V/H 2 de siste 15 minuttene. Andre Hatleset var
to ganger frempå i løpet av 2 minutt, og reduserte til 3-2. Dette gav
bortelaget et mer overkommelig utgangspunkt for andre omgang. Etter 50
minutt var Hatleset igjen frempå, 3-3. V/H2 hadde ikke mange besøk
innenfor 16-meteren i andre omgang, men etter 69 minutt tok hjemmelaget
igjen ledelsen da Morten Eriksen alene med keeper satte inn sitt 3.mål
for dagen. Banens beste Andre Hatleset hadde ikke til hensikt å gi seg
før Svelgen var i ledelsen og la på til 4-4 og 4-5 etter 75. og
81.minutt. Scoringsshow a la Hatleset var da komplett. Men 5 minutt før
slutt fikk V/H2 utlignet til 5-5 på et frispark som ble headet i mål
av Håvard Fimrete.
Det var to dyktig slitne lag som måtte konstatere at kampen endte
uavgjort, noe ingen av lagene var fornøyd med.
Før seriestart tok Svelgen mål av seg til å kjempe i toppen av
5.divisjon. Med fredagens skuffende uavgjort-kamp må Svelgen foreløpig
innfinne seg med å være en middelfarer. Spillemessig var dette likevel
mye bedre enn forrige kamp. Søndag tar Svelgen imot Vik. Alt annet enn
seier da er katastrofe.
|
|
21.05
Troppen mot Heia |
Trenarane har tatt ut denne troppen til
heimekampen mot Heia tysdag 25. mai klokka 19.00.
NB! Kampen blir nesten heilt sikkert spelt på Stårheim Stadion
Keeper: Vegard Løken, Geir Ove Åsebø
Forsvar: Mikael Myklebust, Torleiv Orheim, Gustav Orheim, Ove
Balsnes, Runar Øien
Midtbane/Angrep: Håvard Bruvoll, Bjarne
Haugland, Trond Kroken, Rune Venøy, Øystein Haugland, Roger Nygård, Jim Tore
Humborstad, Kim Tore Gilleshammer, Hans Petter Gilleshammer, Bjørnar
Øien, Thomas Dalsbø
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka
|
|
20.05
Eid-Høyang 1-3 (0-0) |
Eid tapte i ettermiddag 1-3 mot Høyang
på ei veldig våt grasbane på Eid Stadion. Fyrste omgang var noko av
det mest kjedelige underteikna har sett, så den set vi berre ein strek
over. Andre omgang var ikkje meir enn eit minutt gammal då Thomas
Frichsen førte Sognelaget opp i føringa 1-0. Snaue kvarteret ut i
omgangen vart Kristoffer Årskog felt av keeper, og dommaren peika på
straffemerket. Henning Haugen sette straffa sikkert i nettet, og laga
var like langt. Berre tre minutt etter var Høyang nok ein gong i
leiinga. Thomas Frichsen laga sitt andre mål for dagen, og kunne med
litt meir dyktighet laga endå fleire seinare i kampen.
På slutten av kampen ofra Eid alt
framover, og dette resulterte, som det ofte gjer, i mål andre vegen.
Morten Eriksen fekk stå uhindra på 16 meteren, og styrte ballen i
lengste hjørnet for Aksel Myklebust i Eidmålet.
Kampfakta og bilder
frå kampen.
|
|
|
20.05
Stryn fortsatt på toppen |
Dagens resultat i 3.
divisjon
Eid-Høyang 1-3
Dale-Stryn 2-4
Saga-Skavøypoll 0-7
TMFK-Sandane 5-1
Damelaget til Eid fekk med seg berre eit poeng frå bortekampen mot
Hødd/Bergsøy. 1-1 sto det i protokollen etter 90 minutt.
|
|
20.05
Førde på vei mot formen |
Førde vann i går
kveld 5-1 mot Fjøra på Førde Stadion. Etter å ha tapt mot Stryn og
Saga i dei to fyrste kampane, har Førde no vunne tre kampar på rad.
7-2 mot Sandane, 3-0 mot Florø og 5-1 mot Fjøra.
I dag går desse kampane i 3.
divisjon
Eid-Høyang
Dale-Stryn
Saga-Skavøypoll
TMFK-Sandane
Alle er oppsett med kampstart kl. 16.00
Damelaget til Eid spelar i dag borte mot
Hødd/Bersøy. Heimekampen 25. april vann Eid lett 3-1, etter å ha
rundspelt Hødd/Bergsøy i samtlige 90 minutt.
|
|
16.05
Målrikt på Stryn Stadion |
Stryn vann i kveld 8-1 mot Eid på
Stryn Stadion. Eid var lenge med i kampen og spesielt Kristoffer Årskog
var farleg frampå tidleg i kampen. Men Eid laga ikkje mål på sjansane
sine, medan Stryn putta på sine tre fyrste. Etter drøye halvtimen vart
Eivind Heggen utvist etter å ha holdt igjen Asbjørn Tenden som
sistemann. På det påfølgjande frisparket auka Stryn til 4-0, og
kampen var i realiteten over. I andre omgang bytta Stryn ein del
spelarar, men var tross det endå meir overlegne enn det dei var i
fyrste omgang. Stryn laga nye fire mål etter kvilen, og Eid fekk eit
trøystemål laga av Kristoffer Årskog.
Kampfakta og bilder
frå kampen.
Resultat 3. divisjon 16. mai
Stryn-Eid 8-1
Sandane-Saga 0-5
Skavøypoll-TMFK 1-6
Florø-Førde 0-3
Høyang-Dale 2-0
|
|
Stryn og Saga toppar med desse resultata
tabellen i 3. divisjon. Begge laga har 10 poeng, tett fulgt av TMFK med
9 poeng. I den andre enden ligg Eid og Sandane med 1 poeng, og Dale med
0 poeng.
Torsdag 20. mai spelar Eid heime mot Høyang. Dette er ein kamp Eid bør
og må vinne for å halde følgje med dei andre laga i 3. divisjon. Mest
truleg greier Høyang i løpet av sesongen å sanke så mange poeng at
dei vil overleve i divisjonen, medan nedrykk står mellom klubbane Dale,
Eid, Sandane og Florø.
|
|
16.05
Treningar veka som kjem |
Det blir ikkje
trening i dag 16. mai.
I staden for blir det trening tysdag, torsdag og fredag i veka som kjem.
Alle dagar klokka 19.30-21.00.
|
|
16.05
Jotun Årdalstangen nærmar seg toppen |
Jotun vann i går 2-1
mot Skjetten på heimebane. Kampen såg lenge ut til å ende uavgjort,
men med ei skåring av Roy Olsen på overtid berga JÅFK sigeren. Morten
Brandsdal laga det fyrste målet til JÅFK og er med det oppe i 7 mål
på 5 kampar.
Jotun Årdalstangen har for alvor fått opp dampen i 2. divisjon
avdeling 2. Etter tap i dei to fyrste kampane, har no sogneklubben tre
trepoengarar på rad. Med sine 9 poeng ligg JÅFK på tredje plass på
tabellen, to poeng bak tabelleiar Lørenskog. Onsdag 19. mai møter
JÅFK Lørenskog på bortebane, for så å møte Drøbak/Frogn på
heimebane søndag 23. mai.
Les meir om Jotun
Årdalstangen Fotballklubb
Resultat laurdag 15. mai
4. divisjon:
Loen-Jølster 2-1
Stryn2-Bremanger 3-4
5. divisjon:
Selje-Oppstryn 5-0
Vik-Hornindal 4-3
|
|
14.05
Stadlandet vann 4-0 mot Eid2 |
I ein kamp i 6.
divisjon vann Stadlandet 4-0 mot Eid2 i kveld. Med dette resultatet
inntar Stadlandet tabelltoppen, to poeng føre Haugen og TMFK3.
Eid var bra med føre pause i bortekampen mot Stadlandet, og laga gjekk
til kvile på stillinga 0-0. I andre omgang putta Stadlandet 4 gongar,
og Eid måtte reise heim med halen mellom beina og null poeng i
kofferten.
I ein jentekamp i kveld vann Eid 4-1 mot Balestrand. Stillinga til pause
var 3-0.
3. divisjon:
Fjøra-Sogndal II 1-2 (0-1)
4. divisjon:
Førde II-Vadheim/Høyang II 0-3
Haugen spelar neste kamp mot Heia på
Klenkarberget. Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka
|
|
13.05
Haugen tapte etter å ha leia til pause |
Stian Aaland har
sendt følgjande referat frå guttekampen mot TMFK.
Guttelaget tapte torsdag kveld 2-7 mot Tornado Måløy på Måløy
Stadion etter ein merkelig kamp. I første omgang fekk først TMFK
straffe og gjekk opp til 1-0 etter ca eit kvarter. Så var det litt fram
og tilbake heilt til TMFK keeperen misser på eit innlegg. Olav Andreas
Espe får tak i ballen og set ballen i det åpne målet. Like etter blir
Kenneth Aaland felt innanfor 16-meteren og Haugen får straffe. Jan
Martin Smørdal set ballen sikkert i mål og Haugen har snudd kampen.
Haugen ser ut til å ha vakna og har kontroll på kampen til pause.
2. omgang blir ei av
dei største tragediene som nokon gong har funne stad på ei
fotballbane, Tornado Måløy utliknar tidleg og Haugen-laget raknar
fullstendig. Bortelaget skapte ikkje ein einaste målsjanse i heile
andreomgang, medan TMFK puttar totalt 6 gongar etter sidebytte og kunne
scora meir hadde det ikkje stått ein god keeper i Haugen målet.
Laget:
Alexander Pavelich, Tor Anfinn Lillestøl, Øyvind Haraldsen, Odd Kjetil
Liset, Raymond Piel, Kenneth Aaland, Jan Martin Smørdal, Thomas
Starheim, Jo Inge Skålbones, Olav Andreas Espe, Stig Tore Gilleshammer
Innbyttarar:
Arvid Haugland, Truls Unneberg, Fredrik Sundal, Alf Kåre Dalsbø.
|
|
13.05
Bjarne Haugland leiar "Måljegeren" |
Haugen sin spiss, Bjarne Haugland, leiar
måljegeren etter at 5 kampar er spelt. Med sine 4 mål leiar han føre
Morten Lyng og Arne Refsnes som står med tre mål. På grunn av at laga
ikkje har spelt like mange kampar må denne statistikken takast med ei
klype salt.
Har ikkje fått tak i kven som laga målet til Fl/S2 mot TMFK 3. Derfor
står det ukjen i statistikken. Skal rette det så snart eg får tak i
målskåraren.
Det er laga 31 mål på dei 5 kampane som
er spelt i årets 6. divisjon avdeling 4. Dette gjev eit snitt på 6,2
mål pr. kamp. Dette er likt med snittet for sesongen 2003, der det blei
laga 348 mål på 56 kampar.
Sjå lista over måljegerane
til no denne sesongen.
|
|
|
11.05
Haugen leika med Skavøypoll 2 |
Haugen vann i kveld heile 8-1 mot
Skavøypoll 2 på Skavøypoll Stadion. Haugen åpna forrykande og leia
4-0 før kvarteret var spelt. Etter dette kom Skavøypoll meir med i
kampen, og reduserte ved Gunnar Barmen rett før pause. I andre omgang
gjekk Skavøypoll opp i liminga, og Haugen fekk gjere akkurat som dei
ville. Jim Tore Humborstad fastsette sluttresultatat til 8-1 rett
før slutt. Frå 35 meter skaut klinte han
til ballen på halv volley. Ballen blei tatt av vinden og dalte inn i mål
bak ein lettare forvirra Skavøypoll keeper.
Sjå kven som blei dagens stjernegris.
Kampfakta og bilder
frå kampen.
Haugen spelar neste kamp mot Heia
på Klenkarberget. Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen
krus.
Tipset legg du inn i gjesteboka
Småguttelaget vann i går kveld 11-1 mot TMFK2 på Klenkarberget.
Kjetil Remme blei dagens mann med 7 nettkjenningar. Alf Tore Nilsen og
Thomas Starheim putta to kvar.
|
|
|
11.05
Flatraket/Selje 2-Stadlandet 2-6
(0-2) |
Har fått følgjande info frå Arne
Bentsen Refsnes.
Kampfakta:
0-1 Arne Refsnes
0-2 Arne Refsnes
Pause
1-2 Stephan Lexau
1-3 Sindre Otneim
1-4 Arne Refsnes
1-5 Sindre Otneim
2-5 Stephan Lexau
2-6 Stein Erik Hoddevik
Stadlandets stolte søner spela fredag kveld årets første seriekamp
mot Selje/Flatraket. I det høge graset på Flatraket eigde Stadlandet
kampen frå første spark på ballen. Etter omlag 15 min. av kampen
sendte ein god Ole Refsnes ei flott pasning over forsvaret til Arne
Refsnes, som tok med seg ballen og sette den sikkert forbi ein
utrustande keeper. S/F hadde nokon halvsjansar, men desse vart avverga
av ein "outstanding" Lasse Fløde som debuterte i målet frå
start. Stadlandet vart i denne perioda snytt for straffespark etter at
S/F sin keeper reiv ned A. Refsnes, noko som skapte store protestar frå
stadsarane. Like etter går Stadt opp til 2-0 ved A. Refsnes etter
eit innlegg frå S.E Hoddevik.
Etter pause reduserte S/F ein gong før Sindre Otneim putta ballen i ope
mål etter eit fantastisk raid av Karl Erik Årsheim. Ikkje lenge etter
slår Lars Petter Bjørlykke ein lav ball inn frå venstre kanten
som forsvaret til S/F ikkje fekk klarart, og A.Refsnes kunne enkelt
sette ballen under keeper. Stadlandet var no inne i ei. god stim, med
mykje godt spel og store sjansar, men S/F heldt unna heilt til S.
Otneim skrudde eit frispark over muren og i mål. S/f fekk ei
redusering til før S.E Hoddevik fekk æra av å avslutte scoringsballet
etter ei mislykka offsidefelle i S/F-forsvaret.
|
|
09.05
Troppen mot Skavøypoll 2 |
Trenarane har tatt ut denne troppen til
bortekampen mot Skavøypoll 2 tysdag 11. mai klokka 20.00.
Keeper: Vegard Løken, Geir Ove Åsebø
Forsvar: Mikael Myklebust, Torleiv Orheim, Gustav Orheim, Ove
Balsnes, Jan Roger Solibakke, Runar Øien
Midtbane/Angrep: Øyvind Løkling, Håvard Bruvoll, Bjarne
Haugland, Trond Kroken, Rune Venøy, Øystein Haugland, Roger Nygård, Jim Tore Humborstad,
Stian Aaland
|
|
08.05
TMFK-Høyang 5-1 (4-0) |
Tornado Måløy vann 5-1 i ein heller
kjedeleg kamp på Refvika i dag. Høyang var så dårlige i fyrste
omgang at TMFK fekk gjere akkurat som dei ville. Uten press på
ballførar, fekk TMFK-spelarane fritt spelerom nesten heilt inn til
Høyangkeeper Stig Roar Hovland. Dette resulterte i fire baklengs, og
det var kanskje i minste laget. I andre omgang la Jan Magne Solibakke
på til 5-0 etter berre to minutt. Etter dette hadde underteikna store
problem med å halde seg vaken. Ein så kjedeleg fotballomgang har ikkje
underteikna sett sidan Norge var i sine glansdagar. To minutt på
overtid laga Høyang sitt fyrste mål for sesongen. Thomas Frichen fekk
krangla ballen forbi TMFK sin beste spelar Per Magne Løken.
Kampfakta og bilder
frå kampen.
|
|
|
08.05
Dagens fotballresultat
|
2. divisjon:
Eidsvoll Turn-Jotun Årdalstangen 1-3
3. divisjon:
Dale-Skavøypoll 1-2
TMFK-Høyang 5-1
4. divisjon:
Syril-Askvoll/Holmedal 4-1
5. divisjon:
Svelgen-Oppstryn 2-5
Bjørn-Selje 1-2
Tempo/Florø2-Hornindal 1-7
|
|
08.05
Guddal-show i Svelgen
|
Svelgen-Oppstryn 2-5 (1-2)
Firda-tipperne (lokaltips) hadde Svelgen som en av favorittene i rundens
serieomgang, men Oppstryn viste en utrolig effektivitet ved tre blad
Guddal. Etter 5 minutt brøt Oppstryn en tversover-pasning på Svelgens
banehalvdel, og Mons Rune Guddal omsatte muligheten effektivt i mål. 16
minutt senere var Magnus Guddal på ferde å satte inn 0 - 2 til
bortelaget.
Svelgen hadde da hatt flere sjanser uten å omsette disse. Torgeir Vårdal
gav hjemmelaget nytt håp med en utligning, men til tross for at Svelgen
skapte flere sjanser mot slutten av omgangen gikk lagene til pause med
1-2 til Oppstryn.
Andre omgang fortsatte som den første. Svelgen skapte jevnt og trutt
sjanser, mens Oppstryn var meget effektive på sine kontringer. Steinar
Greidung og Lars Guddal scorte hver sine mål og Magnus Guddal gjorde
Guddal-showet komplett med dagens andre mål. Andre Hatleset gav Svelgen
sitt andre trøstemål etter 77 minutt. Skal Svelgen være med å kjempe
i toppen må laget heve seg fremover.
Haugen Fotball takkar "svelgenkorrespondent" Terje Nybø for
kampreferatet.
|
|
08.05
Haugen-Skavøypoll tysdag 11. mai kl. 20.00 |
Kampen mot Skavøypoll 2 blir
avvikla på Skavøypoll Stadion tysdag 11. mai kl. 20.00. Skavøypoll
vann den fyrste kampen mot Heia 4-0, og blir nok ei lei nøtt for eit
inneffektivt Haugenlag. Men kanskje kan dette endre seg, og at ballen
denne gang går stolpe inn i staden for stolpe ut.
No kan du legge inn resultattips i kampen Skavøypoll 2-Haugen 11. mai.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Der kan du også sjå kva dei andre har tippa. Premien til den fyrste
som tippar riktig er selvfølgelig eit Haugenkrus.
Når det vart sett sluttstrek for tabellkonkurransen
fredag ettermiddag hadde underteikna fått inn 16 tabellforslag. Klart
det hadde vore ynskjeleg med litt fleire forslag, men no er det for
seint. Skal legge ut forslaga til kvar enkelt så snart som mogleg.
|
|
08.05
Fotballkampar fredag kveld |
3. divisjon:
Fjøra-Eid 5-2
Førde-Sandane 7-2
4. divisjon:
Stryn 2-Kaupanger 0-2
Eikefjord-TMFK2 9-1
6. divisjon:
Flatraket/Selje 2-Stadlandet 2-6
|
|
06.05
Haugen-Selje 4-2 (3-1) |
Guttelaget til Haugen spelte ein storkamp i kveld, og vann 4-2 mot Selje
på Klenkarberget.
Allereie før underteikna hadde
parkert bilen hadde Stig Tore Gilleshammer laga 1-0 for Haugen. Same
mann var frampå etter 11 minutt
og auka leiinga til 2-0. Fyrste halvtimen var det berre eit lag på
bana, og Jan Martin Smørdal sette inn 3-0 etter drøye 20 minutt. I
slutten av fyrste omgang kom Selje meir med i kampen, og reduserte til
3-1 ved Håvard Nygård. Andre omgang starta med eit stormløp mot
Alexander Pavelich i Haugenmålet. Alexander var som ein levande vegg,
og i staden for mål til Selje var det Øyvind Haralden som auka Haugen
si leiing etter corner. 5 minutt før slutt reduserte Henrik Aaland til
4-2, uten at sigeren til Haugen var trua.
Kampfakta og bilder
frå kampen.
I ein kamp i 3. divisjon vann Saga 2-0 mot Florø på Førde Stadion.
|

|
|
05.05
Småguttelaget tapte 6-4 mot Selje |
Sist måndag tapte småguttelaget
til Haugen 6-4 mot Selje på bortebane. Måla til Haugen vart sett inn
av Thomas Starheim (2) og Kjetil Remme (2).
Småguttelaget spelar sin neste kamp på Klenkarberget måndag 10.
mai.
Les meir om småguttelaget.
|
|
04.05
Uavgjort 3-3 mot TMFK 3 |
Det enda med poengdeling i Haugen sin
fyrste seriekamp for året. Haugen tok leiinga ved Trond Kroken etter
knappe halvtimen. Berre fire minutt etter utlikna TMFK på ei heading av
TMFK sin bestemann Morten Lyng. Haugen var farlege på frispark, og
etter drøye halvtimen var sebratrøyene igjen i leiinga. Eit perfekt
frispark frå Øystein Haugland stupheada Bjarne Haugland elegant i
mål. 2-1 blei også stillinga til pause. I starten av andre omgang fekk
TMFK gjere som dei ville. Det virka som at enkelte trudde at dette
skulle gå av seg sjølv. Dette resulterte i to nye TMFK mål, og etter
kvartert i andre omgang leia bortelaget 3-2. Resten av kampen pressa
Haugen på for å få eit utlikningsmål. Tre minutt på overtid redda
Haugen sin bestemann, Gustav Orheim, eit poeng for Haugen. På ein
corner på bakersta stolpe heada Gustav i bakken og opp i nettaket.
Dette redda litt i ein ellers så svart dag for Haugen.
Kampfakta og bilder
frå kampen.
Sjå også på stjernegrisen.
I den andre kampen i vår avdeling vann Skavøypoll 4-0 mot Heia.
Kay Ove Hafsås prikka inn det rette
resultatet i kampen Haugen-TMFK 3-3. Kay Ove får eit Haugen krus når
høvet passar. Haugen Fotball gratulerer.
No kan du legge inn resultattips i kampen Skavøypoll 2-Haugen 11. mai.
Tipset legg du inn i gjesteboka.
Der kan du også sjå kva dei andre har tippa. Premien til den fyrste
som tippar riktig er selvfølgelig eit Haugenkrus.
|
|
04.05
Troppen mot TMFK3 |
Trenarane har tatt ut denne troppen til
dagens heimekamp mot TMFK3.
Keeper: Vegard Løken, Geir Ove Åsebø
Forsvar: Mikael Myklebust, Torleiv Orheim, Gustav Orheim, Ove
Balsnes, Jan Roger Solibakke
Midtbane/Angrep: Hans Ottar Humborstad, Håvard Bruvoll, Bjarne
Haugland, Trond Kroken, Rune Venøy, Øystein Haugland, Roger Nygård,
Bjørnar Øien, Thomas Dalsbø, Jim Tore Humborstad
Kampstart Klenkarberget 4. mai kl. 19.00.
|
|
02.05
Eid ute av Junior NM |
I cupkampen på Eid Stadion i dag
var det Ålesund som var det klart beste laget. Allereie etter 8 minutt
leia Ålesund 2-0, og kampen var i realiteten avgjort. Etter dette virka
det som Ålesund tok det litt meir med ro, men vann likevel 7-0, etter
at stillinga var 4-0 til pause.
Sjå bilder og
kampfakta
|
|
02.05
Vinn ti flaxlodd |
Blant dei ti fyrste som sende inn forslag til tabellkonkurransen vart
Rune Aabrekk trekt ut som vinnar. Han får dermed tilsendt eit frikort
på Klenkarberget sesongen 2004.
Tysdag 4. mai kl. 18.00 er siste frist for å sende inn ditt forslag til
tabellkonkurransen. Vinnaren av årets konkurranse får tilsendt ti
flaxlodd. Er ein riktig heldig kan dette innbringe ein god slant pengar.
Laga som er i Haugen si avdeling: Eid 2, Flatraket/Selje II, Haugen,
Heia, Skavøypoll II, Stadlandet og TMFK III.Forslaget ditt sender du på e-post
til: s.hoynes@frisurf.no
Reglane
ser du her
I tillegg kan du vere med å tippe resultatet i kampane til Haugen
denne sesongen. Vi tar ein kamp av gangen og startar med å tippe
resultatet i heimekampen mot TMFK 3. Den fyrste som tippar rett svar
får eit Haugenkrus. Tipset ditt legg du inn i gjesteboka.
Der kan du også sjå kva dei andre har tippa.
|


|
|
02.05
Sesongåpning på Klenkarberget tysdag |
A-laget
til Haugen sesongåpnar på Klenkarberget tysdag kl. 19.00. Motstandar
er tredjelaget til Tornado Måløy.
Heia spelar også heimekamp tysdag 4. mai. Heia skal måle krefter med
Skavøypoll sine nest beste.
NB! Det er trening i dag søndag kl. 16.00-17.30.
Husk også fyrste runde i NM junior menn i dag. Eid møter Ålesund på
Eid Stadion kl. 15.00. Bilder og kampfakta kan du sjå her på Haugen
Fotball sine nettsider etter kampen.
|
|
01.05
Svelgen og Hornindal delte poenga |
Terje
Nybø har sendt følgjande referat:
Hornindal - Svelgen 1-1 (1-1)
Det ble aldri noen stor fotballkamp mellom Hornindal og Svelgen i
Hornindal idrettspark lørdag ettermiddag. Hornindal kom best i gang i første
omgang da de etter et kvarter fikk tildelt straffe. Endre Lødemel hadde
ingen problemer med å sette ballen i nota fra krittmerket, og
hjemmelaget tok ledelsen. Etter dette tok Svelgen over spillet, og etter
25 minutter breisidet Kjell Åge Bueie ballen i mål fra 5 meter etter
et frispark.
Svelgen hadde gjennom første omgang flere store sjanser uten at de
klarte å omsette disse i mål. Hornindal var også fremme et par ganger
på noen farlige kontringer i løpet av omgangen.
Andre omgang ble et langt gjesp der Hornindal stod for omgangens to
eneste målsjanser. Svelgen bar tydelig preg av å ha spilt en kamp
tidligere i uka, mens hjemmelaget la opp hele spillet sitt rundt Morten
Taraldset, som fikk en håpløs oppgave mot bortelagets midtbane.
Dagens dommer Einar Eimhjellen fra Sandane må nok forvente å få
varierende tilbakemelding fra sin sensor, som var vitne til at lagene
hadde hver sin omgang. Ut fra spill og sjanser var det greit at poengene
ble delt broderlig mellom lagene.
|
|
30.04
Poengdeling for Eid i Førde |
Eid
spelte i kveld 1-1 mot Saga på Førde Stadion. Til pause leia Saga 1-0,
men på slutten av andre omgang var Eid klart best og Henning Haugen
berga eit poeng for gultrøyene.
Dei andre resultata frå dagens runde:
Stryn-Førde 7-1
Skavøypoll-Høyang 3-0
Florø-Sandane 3-3
Fjøra-TMFK 2-1
Dale-Sogndal, måndag 3. mai
|
|
29.04
NM fotball |
Stryn
møter HamKam i fyrste ordinære runde i NM fotball. Dermed er det duka
for ein godbit av dei sjeldne på Stryn Stadion 5. mai. Fjøra er sett
opp mot Hønefoss på heimebane, medan Sogndal spelar borte mot
Vardal.
I
damenes fyrste runde skal Eid spele borte mot Fortuna 12. mai. Dermed
blir det møte med dei tidlegare lagvenninnene Evy Balsnes og
Maria Hagen.
|
|
29.04
Tap for guttelaget |
Guttelaget
til Haugen tapte i kveld 2-0 mot Jølster på bortebane. Etter
rapportane var Haugen heilt på høgde med Jølster, og spesielt før
kvilen førte sebratrøyene. Men Haugen fekk ikkje mål på sjansane, og
laga gjekk til pause på stillinga 0-0. I andre omgang var Jølster best
og putta to gongar slik at Jølster vann 2-0.
|
|
29.04
Svelgen-Førde II 4-2 (1-1) |
Har
fått følgjande referat frå vår "Svelgenkorrespondent"
Terje Nybø.
En regntung og gjørmete bane innbydde ikke akkurat til finspill på
svelgen
stadion, men begge lagene klarte likevel å produsere mange sjanser
gjennom hele kampen. Svelgen åpnet best da Kjell Åge Bueie scorte
sikkert på straffe etter at Frank Hatleset ble felt innenfor 16-meteren
etter 13 minutt. Førde 2 brukte bare 3 minutter på å utligne til 1-1
ved Harald
Oppedal. Kampen stod og vippet, og begge lag hadde flere store sjanser
gjennom første omgang uten at noen klarte å score. 53 minutt ut i
kampen tok bortelaget ledelsen 1-2 ved Stig Are Hoddevik. 2 minutter
senere putta Bueie dagens andre mål, før Terje Nybø og Andre Hatleset
scorte hvert sitt etter 63 og 75 minutt.
Førde 2 var absolutt på høyde med Svelgen og kunne fort tatt med seg
poeng hjem. Svelgen har fremdeles ikke tapt en eneste hjemmekamp siden
21.juni 2002 hverken i serie, cup eller treningskamp. Og
kunne med dagens seier notere den 16 kampen på rad uten
hjemmetap.
Dagens dommer Jeikishan Jegatheesan fra Florø var både myndig og god i
en kamp som ikke var enkel å dømme. Til tross for dårlig vær tok
mange turen på stadion, og særlig russen laget god og høylytt
stemning. Førstkommende lørdag drar Svelgen til Hornindal for å møte
en av opprykksfavorittene i 5.divisjon. Dette vil gi en pekepinn på om
Svelgen er gode nok til å være med å kjempe om opprykk slik mange har
spådd i diverse aviser/nettsider.
|
|
27.04
Siger til småguttelaget |
Haugen
sitt småguttelag vann i går kveld 6-4 mot TMFK. Fyrste omgang var TMFK
det beste laget, og leia 3-1 til pause. I andre omgang vakna Haugen og
kunne innkassere årets 3 fyrste poeng, etter å ha vunne 6-4. Måla til
Haugen vart sett inn av Kjetil Remme (4), Bjørn Kristen Sørland og
Espen Aaland.
Guttelaget til Haugen startar sesongen med bortekamp mot Jølster
torsdag 29. april.
|
|
27.04
Stryn vidare til 1. runde NM |
Stryn
vann i går 2-0 over Lom på Bismo Stadion. Kampen var andre
kvalifiseringsrunde i NM herrer. Dermed er Stryn klar for fyrste
ordinære runde i den såkalla If-cupen. Denne runden blir avvikla
onsdag 5. mai, og på dette tidspunktet kjem også Sogndal og JÅFK inn
i cupen. Kanskje blir det storkamp på Stryn Stadion i neste runde, med
Sogndal som motstandar?
I
NM junior herrer er det duka for storfint besøk på Eid Stadion søndag 2. mai
kl. 15.00. Eid vann som kjent 1-0 mot Stryn i kvalifiseringa, og i
fyrste ordinære runde er Ålesund motstandar.
Skavøypoll og Sogndal sine nest beste delte poenga i Sognahallen i går
kveld. Skavøypoll leia lenge kampen 1-0 etter skåringa av hauaren
Jonny Hellesø. Men Sogndal kom tilbake, og på overtid berga Rune
Eckhoff eit poeng for sogningane.
|
|
25.04
3-1 Siger til Eidadamene |
Damelaget
til Eid vann i dag 3-1 mot Hødd/Bergsøy. Fyrste omgang var det berre
eit lag på bana, og Eid leia 2-0 til pause. Elisabeth Flo laga fyrste
målet då ho dribla seg fri på høgresida, og skaut ballen i mål via
tverrliggaren. Omlag ti minutt før kvilen sette banas beste spelar,
Trine Kroken Karlsen, inn 2-0 etter ein corner. I andre omgang dabba
kampen betrakteleg, og det var langt mellom høgdepunkta. Eit av
høgdepunkta var då Lisa Skarstein la på til 3-0. Ho drog seg fri på
venstresida, og avslutta elegant til side for ein sjanselaus keeper.
Hødd/Bergsøy si redusering kom direkte etter corner. Ruth Franzen Flø
la ein perfekt corner som skrudde seg inn bak Eid sin unge keeper Linda
Lotsberg.
Sjå bilder og
kampfakta
|

|
|
25.04
Årets sesong |
Haugen
skal i år kåre årets stjernegris. Etter kvar kamp blir dei beste
spelarane belønna med 3, 2 eller 1 stjerne. Dette er noko som Heia og
Eid også skal gjere. Korleis kvar enkelt ligg an kan du sjå på
stjernegrisen. På sportssidene
til Eidaportalen kan du sjå korleis det ligg an i kåringane til
alle tre klubbane.
I tillegg kårar Haugen ein råtass
og ein måljeger.
Haugen sine kampar og resultat ser du her.
Husk
tabellkonkurransen
Forslaget ditt sender du på e-post
til: s.hoynes@frisurf.no
Reglane
ser du her
|

|
|
25.04
Treninga i dag er avlyst! |
Dagens
trening på Klenkarberget er avlyst på grunn av for våt bane.
Neste trening
blir tysdag 27. april kl. 19.30.
|
|
24.04
Ny siger for guttelaget |
Guttelaget
vann i dag treningskampen mot Skavøypoll. Haugen tok leiinga 1-0 ved
Øyvind Haraldsen. Men Skavøypoll kom tilbake i kampen og gjekk opp i
2-1 leiing. Deretter skåra Stig Tore Gilleshammer to og
Christopher
Pavelich
eit mål slik at Haugen leia 4-1. På slutten av kampen reduserte
Skavøypoll til 4-2, noko som også blei sluttresultatet.
|
|
24.04
Treningane er flytta til Klenkarberget |
Graset
er grønt på Klenkarberget og a-laget trenar søndag, tysdag og
fredag.
Tysdag og fredag er det trening 19.30-21.00.
Søndagstreningane er enno ikkje bestemt fast tid for, men i morgon 25.
april er det trening 16.00-17.30.
|
|
23.04
Eid uheldige mot Florø |
Eid
tapte i kveld 2-1 mot Florø på Eid Stadion. Dette var også stillinga
til pause. Florø tok leiinga etter 8 minutt ved Kurt Kurtzals. På det
tidspunktet frykta nok dei fleste at dette kom til å bli mange
baklengsmål for Eid. Men Eid ville det annleis og berre fire minutt
seinare kjempa Arnt Ivar Naustdal til seg ballen på kanten. Innlegget
var glimrande, og Øystein Nes kunne enkelt sette ballen i nettmaskene.
Etter omlag 20 minutt kom avgjerda i kampen. Kurt Kurtzhals blei riven
ned i feltet, og linjedommaren vinka som ein gal på sidelinja. Dagens
dommar Ragnar Åmot, som forøvrig har dømt bedre kampar, peika på
straffemerket. Bengt Solheim Olsen var sikker frå straffemerket og
Florø gjekk opp i leiinga 2-1. I andre omgang var Eid det beste laget.
Overtaket førte til ein del halvsjansar, uten at dette gav skåring for
Eid.
|

|
|
23.04
Seriekampar 3. og 4. divisjon fredag kveld |
3.
divisjon:
Høyang-Fjøra 0-0
Saga-Førde 3-2
TMFK-Dale 5-0
Sandane-Stryn 1-5
4. divisjon:
JÅFK 2-Askvoll/Holmedal 5-0
|
|
22.04
Eidadamene startar serien søndag |
Eid
tek i mot Hødd/Bersøy på Eid Stadion søndag kl. 15.00.
Dei andre kampane i fyrste runde:
FK Sykkylven-HaNo
Sunndal-Brattvåg
Volda/Ørsta-Hessa/Fortuna 2
|
|
22.04
Serieopning 3. divisjon |
I
morgon fredag er det serieopning i 3. divisjon. Eid tar i mot Florø på
Eid Stadion kl. 18.30. Dette er ein kamp Eid bør vinne for å få ei
god opning på ein sesong alle tippar blir vanskeleg for Eid.
Dei andre kampane i den fyrste runden i 3. divisjon:
Høyang-Fjøra
Saga-Førde
Sandane-Stryn
TMFK-Dale
Måndag spelar Sogndal 2-Skavøypoll.
|
|
21.04
Haugen vann mot Eid |
Haugen
sitt guttelag vann i kveld 2-0 etter ein jamn kamp mot Eid. Haugen tok
leiinga etter 34 minutt då Jan Martin Smørdal fekk tak i ballen inne i
16-meteren til Eid og sette den utagbart i mål. I andre omgang slo Stig
Tore Gilleshammer ein perfekt corner etter 54 minutt. Inne i feltet sto
Øyvind Haraldsen, som heada inn 2-0. Det vart ein kamp med mykje
varierande spel, men alt i alt ein grei kamp av Haugen, som spelar
treningskamp mot Skavøypoll førstkomande laurdag kl 1200 ved
Nordfjordhallen.
Haugen sitt lag: Alexander
Pavelich, Raymond Piel, Odd Kjetil Liseth, Christopher Pavelich, Øyvind
Haraldsen, Kenneth Aaland, Jo Inge Skålbones, Jan Martin Smørdal,
Thomas Starheim, Olav Andreas Espe, Stig Tore Gilleshammer
Innbyttarar:
Truls
Unneberg, Pål Anders Rindal, Fredrik Sundal.
KAMPFAKTA
Eid
Haugen 0-2 (0-1)
0-1
(34 min) Jan Martin Smørdal
0-2
(54 min) Øyvind Haraldsen
|

|
|
21.04
Førde, Stryn og Fjøra vidare i cupen |
Førde,
Stryn og Fjøra er vidare til andre kvalifiseringsrunde i NM for menn.
Førde slo TMFK 3-1 på kunstgraset i Førde, etter at stillinga var 1-1
til pause. Fjøra fekk lett match mot Voss i Sognahallen, og vann til
slutt 4-0. Her leia Fjøra 1-0 ved halv tid.
På Stryn Stadion såg det lenge ut til at Stryn skulle leike seg vidare
til neste runde. I fyrste omgang var det berre eit lag på bana, og
Stryn gjekk til pause med 3-0 leiing. I andre omgang kom Skavøypoll
mykje bedre med. Om dette skuldast at Skavøypoll heva seg mange hakk,
eller at Stryn datt nedpå litt skal ikkje underteikna fundere på.
Skavøypoll redusert i alle fall til 3-1, og kampen sto lenge og vippa.
Stryn var "heldigast" og fekk det fyrste målet, og det gjekk
ikkje lenge før ballen igjen låg bak Jøran Riise i Skavøypollmålet.
Når alle trudde at kampen var avgjort reiste Skavøypoll seg igjen og
skapte ny spenning i kampen. Med to reduseringar rett før slutt, og ein
kjempesjanse til å redusere til 5-4 fekk Skavøypoll vist at laget
ikkje blir noko kasteball i årets 3. divisjon.
Stryn spelte til tider fin fotball, og spesielt framover er Stryn gode.
I forsvar avduka Skavøypoll at Stryn hadde store tempoproblem i
midtforsvaret.
Sjå kampfakta frå alle tre kampane og bilder frå Stryn-Skavøypoll.
|
|
21.04
Treningskamp Eid-Haugen |
Guttelaget
spelar onsdag treningskamp mot Eid på grusbana ved Idrettshuset. Ein
tek sikte på å starte kampen 19.00.
|
|
20.04
Kvalikrunde nr. 1 i NM for menn |
Laga
frå Fylket er sett opp i følgjande kampar:
Fjøra-Voss, Sognahallen
Stryn-Skavøypoll, Stryn Stadion Krøllgras
Førde-TMFK, Førde Krøllgras
Alle tre kampane går 20. april kl. 19.00
2. kvalik-runde er terminfesta 28. april.
|
|
19.04
NM for junior menn |
Eid,
Førde, Florø og Sogndal er klare for fyrste ordinære runde.
Kvalifiseringsrunde 1:
Kaupanger - Sogndal 1-3
Stryn - Sandane 6-1
Kvalifiseringsrunde 2:
Eid - Stryn 1-0
Førde - Dale 5-1
Tornado Måløy - Florø 2-7
Jotun Årdalstangen - Sogndal 0-7
Fyrste runde er terminfesta til 2. mai.
Opplysningane er henta frå internettsidene til Sogn
og Fjordane Fotballkrets.
|
|
18.04
Eid spelte uavgjort 1-1 mot Åram |
Eid
spelte i dag uavgjort 1-1 mot Åram i ein treningskamp på bortebane.
Åram leia 1-0 til pause, men i andre omgang sikra Erik Salveson
uavgjort for Eid.
Meir les du på
Eid si internettside
|
|
17.04
Årets tabellkonkurranse |
Også i år
freistar vi å arrangere ein tabellkonkurranse. Antall deltakarar sist
sesong var skuffande, men vi satsar på at fleire sender inn forslag i
år. Konkurransen går ut på å tippe rett tabell i Haugen si avdeling.
Blant dei ti fyrste som sender inn, blir ein trekt ut og får eit
sesongkort på Klenkarberget sesongen 2004. Ynskjer vinnaren det, kan
han få omvisning på Klubbhuset for å sjå den imponerande
premiesamlinga som er der. Denne omvisninga er det sjølvsagt Øystein
Haugland som står for.
Laga som er i Haugen si avdeling: Eid 2, Flatraket/Selje II, Haugen,
Heia, Skavøypoll II, Stadlandet og TMFK III.
Forslaget ditt sender du på e-post
til: s.hoynes@frisurf.no
Reglane
ser du her
|

|
|
17.04
Nok eit tap for Haugen |
Haugen tapte i
dag 3-2 mot Flatraket/Selje 2, etter at stillinga var 2-2 til pause.
Kampen på Selje Stadion var jamnspela, og det var greit nok at
Flatraket/Selje 2 vann kampen. Fl/S tok leiinga etter eit langskot etter
17. minutt av Roger Nygård. Same mann var frampå igjen to minutt
seinare, og det virka som det tente Haugen litt. Etter 22 minutt
reduserte Gustav Orheim etter ein god corner frå kaptein Øystein
Haugland. Like før kvilen var leiinga utlikna, etter at Thomas Dalsbø
(bildet) skåra åleine med keeper etter forarbeid av Håvard Bruvoll.
Andre omgang vart prega av mykje syting frå spelarane, og det var
kampens dommar Espen Kvernevik det gjekk utover. Dette må ein slutte
med om Haugen har tenkt å halde fylgje i toppen denne sesongen. Drøye
kvarteret ut i andre omgang avgjorde Fl/S kampen, etter ei fin skåring
av Øyvind Hovden. Dermed enda det med 3-2 tap mot Flatraket/Selje 2 i
den siste kampen før seriestart.
Kampfakta
|

|
|
17.04
Fotballkampar i dag |
Stryn-Ørsta
5-2
Mål Stryn: Asbjørn Tenden 2, Jon Terje Tjellaug, Tor Erik Nygård og
Kristian Hool Egge
JÅFK 2-Fjøra 3-3 (2-1)
Kvalifisering til 1. runde NM junior
TMFK-Florø 2-7 (0-4)
Preben Gilleshammer er tatt ut i troppen til Jotun som møter
Lillestrøm 2 på Åråsen søndag. Det var ein tydeleg stolt far, Hans
Petter Gilleshammer, som kunne melde dette mellom kraftig spikring
i Kjølsdalen laurdag ettermiddag. Preben er berre 16 år, og ein
av dei mest lovande keeperane i fylket.
|
|
17.04
Haugen stiller med dette laget |
Haugen stiller
med dette laget i kampen mot Flatraket/Selje 2. (4-4-2 formasjon)
Keeper: Geir Ove Åsebø
Forsvar: Torleiv Orheim, Gustav Orheim, Ove Balsnes, Mikael
Myklebust
Midtbane: Bjørnar Øien, Rune Venøy, Håvard Bruvoll, Øystein
Haugland
Spissar: Hans Ottar Humborstad, Thomas Dalsbø
Reservar: Kim Fagerstrand, Kim Tore Gilleshammer, Runar Øien,
Jim Tore Humborstad, Jan Roger Solibakke
Bildet: Kim Tore Gilleshammer ynskjer alle velkommen til ein ny
jubelsesong med Haugen. I dag må Kim Tore finne seg i å starte på
benken. Bildet er henta frå bortekampen mot Stadlandet i fjor, der Kim
Tore laga eit mål og prøvde å lyge på seg eit til. Haugen vann 5-1,
etter å ha leia 2-0 til pause.
|

|
|
16.04
Haugen sine aldersbestemte lag |
Også dei
andre laga i Haugen har starta å bevege seg. Småguttelaget spelte i
går sin fyrste treningskamp for året, og resultatet blei 5-5 mot
Bryggja. Stillinga til pause var 4-2 til Bryggja på Stårheimsgrusen.
Skal på desse sidene legge ut terminlister, og så mykje kampresultat
som det let seg gjere. Her er underteikna avhengig av hjelp frå
leiarane på dei forskjellige laga, slik at resultata kan leggast ut så
fort som mogleg etter kampslutt.
Guttelaget spelar treningskamp borte mot Skavøypoll søndag, og mot Eid
på Stårheimsgrusen måndag kveld.
|

|
|
16.04
Treningskamp mot Flatraket/Selje 2 |
HUSK!
Det blir treningskamp mot
Flatraket/Selje 2 på Selje stadion laurdag 17. april kl. 15.00.
Også til denne treningskampen freistar vi å tippe resultatet på førehand.
Tipsa legg ein inn i gjesteboka,
og den som fyrst tippar rett svar stikk av med eit Haugenkrus.
|
|
14.04
Eid vidare til 1. runde NM junior |
Eid
gjekk vidare til fyrste runde NM junior etter å ha vunne 1-0 mot Stryn
i kveld. Stryn som var store favorittar før kampen, fekk Pål Holko
utvist allereie etter ni minutt av kampen, og dette prega sjølvsagt
kampen. Holko hevna seg på Rune Schanke Eikum, og vart riktig utvist av
kampens dommar Stian Aaland. Fyrste omgang var relativt jamnspela, og
laga gjekk til pause med 0-0. I andre omgang var Eid overlegne, og
drøye kvarteret før slutt fall avgjerda i kampen. Rune Schanke Eikum
dribla seg fri på venstekanten, og innlegget på bakerste stolpe heada
Steffen Sture Olsen i nettet bak ein sjanselaus Strynkeeper. Etter
målet var det nesten berre eit lag på bana, og med litt meir
nøyaktighet framfor målet til Stryn kunne Eid putta ytterlegare to-tre
gongar.
1. runde er terminfesta til 2. mai.
|
|
14.04
Årets tabellkonkurranse |
Også i år
freistar vi å arrangere ein tabellkonkurranse. Antall deltakarar sist
sesong var skuffande, men vi satsar på at fleire sender inn forslag i
år. Konkurransen går ut på å tippe rett tabell i Haugen si avdeling.
Blant dei ti fyrste som sender inn, blir ein trekt ut og får eit
sesongkort på Klenkarberget sesongen 2004. Ynskjer vinnaren det, kan
han få omvisning på Klubbhuset for å sjå den imponerande
premiesamlinga som er der. Denne omvisninga er det sjølvsagt Øystein
Haugland som står for.
Laga som er i Haugen si avdeling: Eid 2, Flatraket/Selje II, Haugen,
Heia, Skavøypoll II, Stadlandet og TMFK III.
Forslaget ditt sender du på e-post
til: s.hoynes@frisurf.no
Reglane
ser du her
|

|
|
12.04
Treningskampar i dag 2. påskedag |
Bergsøy-Eid
3-0 (0-0)
Mål Bergsøy: Anders Vaagen 2, Christoffer D. Nilsen
TMFK-Volda 3-0 (0-0)
Mål TMFK: Per Jarle Mathisen, Jan Magne Solibakke og Endre Rutledal
JÅFK 2-Jølster 2-1 (1-1)
Selje-Loen 1-4
Mål Loen: Steinar Tenden 2, Anton Andre Sande, Asle Nesdal
|
|
11.04
Treningskamp mot Flatraket/Selje 2 |
HUSK!
Det blir treningskamp mot
Flatraket/Selje 2 på Selje stadion laurdag 17. april kl. 15.00.
Også til denne treningskampen freistar vi å tippe resultatet på førehand.
Tipsa legg ein inn i gjesteboka,
og den som fyrst tippar rett svar stikk av med eit Haugenkrus.
NB!
Treninga 2. påskedag er flytta fram til kl. 16.00.
Jonny Hellesø debuterte laurdag for Skavøypoll i 6-0 sigeren mot Loen.
Etter ein mållaus fyrste omgang på Skavøypoll Stadion åpna Jonny
skåringsballett i andre omgang, og Skavøypoll gav seg ikkje før dei
hadde putta 6 ballar bak Kai Bjørn Gjengedal i Loenmålet.
|
|
09.04
Trening måndag 2. påskedag kl. 16.00. |
NB!
Treninga 2. påskedag er flytta fram til kl. 16.00-17.30.
|
|
08.04
Stryn tapte treningskampen mot Volda |
Stryn
tapte i går kveld 4-1 mot Volda i ein treningskamp på Volda Stadion.
Stillinga var 2-1 til pause, etter at Thomas Vik reduserte etter omlag
halvtimen. I andre omgang putta laget frå Sunnmøre to mål til og vann
komfortabelt 4-1.
Opplysningane er henta frå: www.strynenytt.no
|
|
06.04
Solum senka Eid |
Svein Olav
Solum (bildet) vart matchvinnar mot Eid i treningskampen på Skavøypoll
Stadion. Eid virka tafatte i fyrste omgang og, Hornindal leia fortent
til pause. I andre omgang var Eid det beste laget. men kom aldri
nærmare skåring enn eit skot i stolpen og ei redning på streken. Skal
Eid ha forhåpningar om å kapre poeng i 3. divisjon i år må laget
heve seg minst fem hakk.
Hornindal tapte 5-1 mot Loen i helga, og Stryn slo Loen 11-0 tidlegare i
år. Eg veit at fotball ikkje er matematikk, men det kan bli eit
mareritt for Eid å møte Stryn 16. mai.
Neste treningskamp for Eid er 2. påskedag mor Bergsøy i Fosnavågen.
|

|
|
06.04
Treningskamp Eid-Hornindal |
Eid spelar
i dag treningskamp mot Hornindal på Skavøypoll Stadion kl. 18.15. Litt
rart at Eid går så lavt som til 5. divisjon for å finne eit lag dei
skal måle krefter mot i serieoppkøyringa. Hornindal tapte i helga 5-1
mot Loen medan Eid ikkje har spelt sidan 3-1 tapet mot Bergsøy 20.
april.
Referat frå kampen les du her seinare i kveld.
|
|
05.04
Treningskamp mot Flatraket/Selje 2 |
Det blir treningskamp mot
Flatraket/Selje 2 på Selje stadion laurdag 17. april kl. 15.00.
Også til denne treningskampen freistar vi å tippe resultatet på førehand.
Tipsa legg ein inn i gjesteboka,
og den som fyrst tippar rett svar stikk av med eit Haugenkrus.
Treningstider i Påska:
Tysdag 06.04 kl. 19.30-21.00.
Fredag 09.04 kl. 16.00-17.30.
|
|
03.04
Stryn tapte 2-1 mot Førde |
Stryn tapte i dag 2-1 i ein
treningskamp mot Førde på kunstgraset i Førde. Både Kåre Balsnes og
Thor Erik Nygård spelte frå start i denne kampen. Stillinga til pause
var 1-1. Målet til Stryn vart sett inn av Asbjørn Tenden. Endre
Navarsete og Tore Evensen laga måla til Førde.
Kilde: Internettsidene til Stryn og Førde
Jotun Årdalstangen FK-TMFK 1-2 (1-0)
JÅFK: Tore Gjerdalen
TMFK: Eirik Rutledal og Ole B. Eide
JÅFK II-TMFK II 5-0 (1-0)
Kilde: Internettsidene til JÅFK og TMFK
Jølster-Sandane (Sognahallen) 1-5 (1-0)
Jølster: Øyvind Solheim
Sandane: Espen Denk, Ole Andre Aa, Oddgeir Leirgul, Roger Kandal og
Ruben Wie
Kilde: Internettsidene til Sandane
|
|
03.04
Årets tabellkonkurranse |
Også i år
freistar vi å arrangere ein tabellkonkurranse. Antall deltakarar sist
sesong var skuffande, men vi satsar på at fleire sender inn forslag i
år. Konkurransen går ut på å tippe rett tabell i Haugen si avdeling.
Blant dei ti fyrste som sender inn, blir ein trekt ut og får eit
sesongkort på Klenkarberget sesongen 2004. Ynskjer vinnaren det, kan
han få omvisning på Klubbhuset for å sjå den imponerande
premiesamlinga som er der. Denne omvisninga er det sjølvsagt Øystein
Haugland som står for.
Laga som er i Haugen si avdeling: Eid 2, Flatraket/Selje II, Haugen,
Heia, Skavøypoll II, Stadlandet og TMFK III.
Forslaget ditt sender du på e-post
til: s.hoynes@frisurf.no
Reglane
ser du her
|

|
|
02.04 Eid 2-Haugen
4-3 (1-2) |
Haugen
tapte kveldens treningskamp mot Eid 2 på grusen bak Vallhall. Haugen
fekk ei kjempeåpning med mål av Bjarne Haugland allereie etter 14
sekund. Men Eid kom tilbake og utlikna etter 8 minutt ved Jan Azar
Karadas. Etter omlag halvtimen var Bjarne frampå nok ein gong, etter
kjempeforarbeid av Kim Fagerstrand på venstrekanten. 2-1 til Haugen
blei også pauseresultatet, noko som var fortent etter spel og sjansar.
Var Haugen best i fyrste omgang, var Eid det førande laget etter
kvilen. Eid utlikna til 2-2 på eit sjølvmål, etter omlag 5 minutt av
andre omgang. Kvarteret før slutt skåra Øystein Nes, og Eid leia for
fyrste gang i kampen. Men tre minutt seinare ville Gustav Orheim det
annleis, og utlikna til 3-3 etter ein corner frå Øystein Haugland. 4
minutt før slutt var Gustav uheldig og sette ballen i eige nett for
andre gang i kveld, og kampen ebba ut med 4-3 siger til Eid.
Kampfakta |
|
02.04
Laget mot Eid 2 |
Haugen
stiller mest truleg med følgjande lag mot Eid 2 i ein 4-4-2 formasjon.
Keeper: Vegard Løken
Forsvar: Torleiv Orheim, Mikael Myklebust, Ove Balsnes, Gustav Orheim
Midtbane: Hans Ottar Humborstad, Roger Nygård, Øystein Haugland, Rune
Venøy
Spissar: Øyvind Løkling, Bjarne Haugland
Reservar: Kim Fagerstrand, Stian Aaland, Bjørnar Øien, Jim Tore
Humborstad, Thomas Dalsbø |
|
31.03
KAMPEN MOT EID 2 FLYTTA FRAM TIL FREDAG !!! |
Treningskampen
mot Eid 2 blir spelt fredag 2. april kl. 20.00. Kamparena blir som
planlagt grusbana bak Vallhall.
Også til denne treningskampen freistar vi å tippe resultatet på førehand.
Tipsa legg ein inn i gjesteboka,
og den som fyrst tippar rett svar stikk av med eit Haugenkrus.
Siste frist er fredag kl. 19.00.
|
|
30.03
Treningskamp mot Eid 2 |
Haugen
spelar treningskamp mot Eid 2 tysdag 6.
april. Kampen går på grusbana bak Vallhall,
men tidspunkt er ennå ikkje bestemt. Kjem
tilbake med meir informasjon så snart dette
er bestemt.
Kampane mot Eid 2 i fjor var to
svært jamne kampar. På Klenkarberget vart
det tap 2-1, medan det blei uavgjort 3-3 i
haustkampen på Eid Stadion. Tidlegare
Haugenspelar Steffen Sture Olsen (bildet) blir
truleg å finne på motsatt banehalvdel denne
kampen. Så gjenstår det å sjå kven som
dreg det lengste strået, og får eit lite
overtak før lokalderbyet på Klenkarberget
15. juni.
Også til
denne treningskampen freistar vi å tippe
resultatet på førehand. Tipsa legg ein inn i
gjesteboka,
og den som fyrst tippar rett svar stikk av med
eit Haugenkrus.
Ingen tippa rett resultat i treningskampen mot
Skavøypoll 2, så kruset går vidare til
denne kampen.
|

|
|