NYTT 2001/2000

28.10.01 AVSLUTNING 2001
Laurdag kveld vart det halde avslutningsfest for A-laget på Klenkarberget. Tim Onar Naustdal fekk med seg både prisen som Årets talent og den gjevaste prisen som Årets spelar. Årets Toppscorar var Erling Bjørn Totland med 10 mål. I tillegg fekk trenar Ronny Berg blomster for god innsats. På avslutningsfesten vart ein enige om at neste år skal Haugen satse på meir på trenande spelarar, en på ein spelande trenar. Trenar neste år vert årets guttetrenar Knut Atle Krossøy. Bjarne Haugland og Kay Rune Solheim fekk tildelt fat for å ha runda 100 A-kampar for Haugen i løpet av sesongen.  
Laurdag kveld vart det halde avslutningsfest for A-laget på Klenkarberget. Tim Onar Naustdal fekk med seg både prisen som Årets talent og den gjevaste prisen som Årets spelar. Årets Toppscorar var Erling Bjørn Totland med 10 mål. I tillegg fekk trenar Ronny Berg blomster for god innsats. På avslutningsfesten vart ein enige om at neste år skal Haugen satse på meir på trenande spelarar, en på ein spelande trenar. Trenar neste år vert årets guttetrenar Knut Atle Krossøy. Bjarne Haugland og Kay Rune Solheim fekk tildelt fat for å ha runda 100 A-kampar for Haugen i løpet av sesongen.  

21.10.01 EID KLARTE SEG
Tornado vann 4-3 borte mot Nest-Sotra og berga med det plassen i andre divisjon. Dette førte også til at Eid også neste år spelar i tredje divisjon. Det er snakka om at kanskje Jølster ikkje takkar ja til å rykke opp i tredje divisjon, kanskje kan dette føre til at Haugen får spele i femte divisjon neste år også. Dette blir ikkje avgjort før fristen for påmelding går ut. Denne fristen er 15. januar. Haugen har neste år ein 10-12 spelarar som går ut av guttelaget, og får dermed ein fast stamme som ein kan bygge vidare på enten det blir i femte eller i sjette divisjon.

12.10.01 INNETRENING
Det blir trening inne i gymsalen på Stårheim Skule kvar fredag kl. 18.30.

06.10.01 NEDRYKK !
Det vart for vanskelig for Stryn å vinne borte mot Elverum laurdag ettermiddag. Etter 4-3 siger heime, vart Elverum for sterke og vann heile 4-0. Dette betyr at Haugen rykker ned, og spelar dermed i 6. divisjon neste år. I ein kamp i 2. divisjon vann Tornado heile 5-1 mot Vidar. Dette var viktig for Eid som er avhengig av at Tornado held seg i divisjonen, for at Eid ikkje skal rykke ned i 4. divisjon.

23.09.01 Haugen-TornadoII 6-4 (5-2)
Haugen avslutta sesongen med stil og banka Tornado sine nest beste med 6-4 på Klenkarberget søndag. Tornado tok tidleg føringa i kampen 1-0, og då trudde dei fleste at det kom til å gå den veien høna sparkar. Men det tok ikkje meir en to minutt før Dag Jensen var frampå og utlikna , etter ein vidunderlig corner frå Øystein Haugland. Dødballsituasjonar skulle vise seg å bli eit farleg våpen for Haugen denne fyrste omgangen, i tillegg til fantastisk flankespel av guttespelar Kåre Balsnes. Han briljerte på kanten til han blei bytta ut etter knappe timen. Til pause var stillinga 5-2. I andre omgang fortsette Haugen der dei slapp før kvilen og gjekk opp til 6-2. Etter dette tok Tornado over kampen og reduserte to gangar heilt på slutten av kampen. Måla til Haugen vart sett inn av: Trond Kroken 2, Dag Jensen, Bjarne Haugland, Kåre Balsnes og Steffen Sture Olsen

Haugen enda med dette på 8. plass på tabellen og kan kanskje få nok ein sjanse til å få spele femtedivisjonsfotball neste år. Skal dette bli ein realitet må Stryn kvalifisere seg til 2. divisjon, samtidig som berre eit lag frå Sogn og Fjordane kan rykke ned frå 2. divisjon. Det er lov å håpe !  

MÅNADENS NØTT
Haugen laga til sammen 47 mål i 2001 sesongen. Den som tippa nærmast dette var Øyvind Løkling, som tippa 48. Han får dermed eit av dei eksklusive Haugenkrusa.

16.09.01 Norane-Haugen 2-1
Det vart tap i botnoppgjeret mot Norane på grusbana på Ylvisåker søndag ettermiddag. Etter 0-0 til pause, gjekk Norane opp til 2-0 etter omlag 25 minutt i andre omgang. Rett etter reduserte Frode Taklo slik at det vart spenning i kampen  igjen, men Haugen kom ikkje nærmare en eit skot i stolpen rett etter reduseringa.
Det vart tap i botnoppgjeret mot Norane på grusbana på Ylvisåker søndag ettermiddag. Etter 0-0 til pause, gjekk Norane opp til 2-0 etter omlag 25 minutt i andre omgang. Rett etter reduserte Frode Taklo slik at det vart spenning i kampen  igjen, men Haugen kom ikkje nærmare en eit skot i stolpen rett etter reduseringa.

08.09.01 Haugen-Vadheim 4-4 (2-2)
Det vart uavgjort 4-4 i botnoppgjeret mot Vadheim laurdag. Med dette resultatet er Haugen nest sist på tabellen og må vinne bortekampen mot Norane neste helg. Haugen sine mål vart sett inn av Øystein Haugland, Steffen Sture Olsen, Gustav Orheim og Frank Naustdal.

Haugen-Vadheim
Kampen blir spelt  i dag laurdag 8. september klokka 14.00 på Klenkarberget.

07.09.01 Haugen-Vadheim
Kampen blir spelt laurdag 8. september klokka 14.00. Kor kampen blir spelt blir bestemt laurdag morgon. Mest sansynleg går kampen på Stårheim Stadion.

02.09.01 Haugen - Sogndal III 3-4 (1-3)
Det vart nok eit tap for Haugen i kampen mot Sogndal III på Stårheim Stadion søndag ettermiddag. Dette var ein kamp som Haugen burde vinne for å forbedre plasseringa si, og ha eit håp om å kunne halde plassen i divisjonen. Det heile starta slik som mange andre kampar denne sesongen. Laget skulle starte med høgt press og prøve å få ei tidleg scoring.  Men dette resulterte i litt lite folk bak og Sogndal kunne ganske uforstyrra laga 1-0 etter 3 minutt. Haugen var til tross for ganske laber innsats det førande laget og skapte mange sjansar som resulterte i fleire stangskudd og nokre redningar på streken. I staden for utlikning til 1-1 vart det i staden Sogndal som gjekk opp til 2-0 etter 19 minutt. Etter 27. minutt fekk endeleg Haugen uttelling. Steffen sende avgårde eit innlegg/skudd frå skrått hold, ballen gjekk i ein bue over keeper og i mål, via stolpen. Etter dette skjedde det som ofte skjer. Haugen pressa, og Sogndal fekk eit lettkjøpt kontringsmål og kunne gå til pause med leiing 3-1.  I andre omgang heva Haugen seg litt, og reduserte ganske kjapt til 2-3 ved Kay Rune Solheim. Spelet bølga fram og tilbake med store sjansar til begge laga. Sogndal utnytta dette best og auka leiinga til 4-2 etter 53 minutt. Kvarteret før slutt var Hans Petter frampå på ein corner og tende håpet om Haugen-poeng. Men kampen ebba ut med 3-4, sjølv om begge laga hadde fleire store sjansar til å lage mål.

19.08.01 Haugen - Florø II 6-2 (1-1)
Haugen kunne søndag ettermiddag gå av bana etter nok ein siger i 5. divisjon. Allereie etter ett minutt ga Øystein Haugland Haugen leiinga etter at han smelte inn ballen med høgrefoten frå 2-3 meter.  Rett før pause utlikna Florø, og rett etter pause gjekk dei opp i 2-1 leiing. Men den siste halvtimen diska Haugen opp med festspel, og det var berre eit spørsmål om kor stor sigeren skulle bli. Måla til Haugen vart sett inn av Erling Bjørn Totland, Øystein Haugland, Steffen Sture Olsen, Kay Rune Solheim og Ronny Berg.   

MÅNADENS NØTT
Siste frist for å levere inn forslag til månadens nøtt er no gått ut.  Vinnaren (eller den som kjem nærmast) får eit eksklusivt Haugen-krus.

18.08.01 Haugen - Florø II
Heimekampen vert spelt på Stårheim Stadion søndag 19. august klokka 15.00.  Møt fram !!!

12.08.01 Hafslo - Haugen 1-3 (0-2)
Haugen kunne notere seg for sesongens tredje siger i 5. divisjon. I bortekampen mot Hafslo kunne hauarane gå av bana med 3-1 siger. Måla til Haugen vart sett inn av Erling Bjørn Totland, Bjarne Haugland og Jim Andre Balsnes.  

Sognefjord Lerum Cup 10.-12. august.
Guttelaget var i år med på Sognefjord Lerum Cup. Etter to sigrar og ein uavgjort kvalifiserte laget seg til kvartfinale, som vinnar av si pulje. Her møtte Haugen guttelaget til Askvoll/Holmedal. Etter ein dårleg fyrste omgang låg Haugen under med 4-0. I andre omgang heva laget seg og reduserte to gongar, men det holdt ikkje til vidare avansement. Helga vart avslutta med ein feiande fin fotballkamp på Fosshaugane der Sogndal slo Brann 4-3.

MÅNADENS NØTT
Månadens nøtt denne gong er å tippe kor mange mål Haugen lagar denne sesongen. På grunn av at nesten ingen har sendt inn tips forlengar vi fristen til 18. august.   Vinnaren (eller den som kjem nærmast) får eit eksklusivt Haugen-krus.

05.08.01 Haugen - Jotun II 1-3 (0-0)
Det vart nok eit tap for Haugen i årets 5. divisjon. Etter å ha halde følge med Jotun II til eit stykke ut i 2. omgang, rakna det og Jotun II laga tre mål på fire minutt. Etter dette tok Haugen over igjen men makta ikkje å redusere meir en ein gong. Målet til Haugen vart sett inn av innbyttar Erling Bjørn Totland.

HUSK !
Kampen mot Jotun II går i dag søndag på Klenkarberget klokka 15.00.

FIRDA AVIS-CUP
Stryn, Fjøra, Saga og Førde II er klare for semifinalar i Firda Avis-Cup. Dermed er Heia ute etter at dei tapte heile 17-3 for Stryn. Trekninga for semifinalane er enno ikkje klare, kjem tilbake til det så fort det er klart. Saga og Førde II ligg best an til å få heimekamp i semifinalane.

29.07.01 5-1 TAP MOT SYRIL
Haustsesongen starta med tap mot Syril søndag ettermiddag. Til pause var stillinga 1-1, men nok ein gong vart Haugen for dårlege andre omgang. Best på Haugen var keeper Ørjan Solheim. Målet til Haugen vart sett inn av Trond Kroken etter klabb og babb foran mål.

25.07.01 KAY RUNE SOLHEIM
Tidligare Eid-spelar Kay Rune Solheim har skrive under for Haugen, og er truleg klar til bortekampen mot Syril søndag klokka 15.00. Kay Rune har prøvd seg i 3. divisjon nokre sesongar for Eid, uten at han har greidd å spele seg til ein fast plass på laget. Tidlegare har han spelt 99 kampar for Haugen. Kanskje blir det 100-kamparsjubileum på søndag.  

13.07.01 LENGE SIDAN SIST
Det er lenge sidan denne sida vart oppdatert, og det skal det no bli bedring på. A-laget startar haustsesongen med bortekamp mot Syril 29. juli. Lilleguttlaget har ferie fram til 23. august. Då er det bortekamp mot Oppstryn på Lund Stadion. Småguttelaget (Stårheim) og Guttelaget får nye kampoppsett til hausten, og etter det underteikna veit er ikkje desse klar endå.

Sognefjord Lerum Cup 10.-12. august.
Guttelaget skal i år vere med på Sognefjord Lerum Cup. Dette er ei turnering for gutte/jentelag, juniorgutar og juniorjenter. 
Haugen skal i innleiande gruppespel møte: Øystre Slidre, Aurland og Frøya.

MÅNADENS NØTT
Månadens nøtt denne gong er å tippe kor mange mål Haugen lagar denne sesongen. For at alle skal få litt tid på seg set vi fristen til 11. august, dagen før bortekampen mot Hafslo. Som eit lite tips så laga Haugen 20 mål i vårsesongen, og kjem til å laga nokre mål i haustsesongen og.  Vinnaren (eller den som kjem nærmast) får eit eksklusivt Haugen-krus.

FIRDA AVIS-CUP

Heia skal 1. august spele mot Stryn i kvartfinalen i Firda-avis Cup. Sjølv om Heia startar med tre straffer er det lite truleg at denne kampen vert noko anna en rein overkøyring. Men Haugen ynskjer likevel Heia lykke til.
Tips: 8-3

23.06.01 MÅNADENS NØTT
Månadens nøtt er no avslutta. Vinnar av eit eksklusivt Haugen-krus vart Oddmund Balsnes.

Ny nøtt kjem snart

RESULTAT
2. divisjon:
Tornado-Åsane 1-1
Førde-Nord 2-1
3. divisjon:
Askvoll/Holmedal-Jotun 0-11
Dale-Sandane 3-2
Høyang-Eikefjord 3-0
Kaupanger-Eid 1-1
Saga-Sogndal II 3-1
4. divisjon:
Selje-ÅTIL/Lærdal
Skavøypoll-Oppstryn 3-2
Stryn II-Måløy 7-3
5. divisjon:
Norane-Vadheim 2-1

22.06.01 TORNADO II-HAUGEN 9-4 (7-3)
Det vart ein målrik kamp då Haugen fekk bakoversveis mot eit godt Tornado II lag. Haugen tok raskt leiinga 1-0 etter mål av 100 kampars jubilanten Bjarne Haugland. Etter dette tok Tornado over og laga 7 mål på rad. Haugen makta å redusere to gongar og fastsetje pauseresultatet til 7-3, etter mål av Ronny Hafsås og Trond Kroken. I andre omgang blei det litt lenger mellom scoringane. Tornado auka fyrst til 8-3, deretter reduserte Trond Kroken til 8-4 på straffe. Heilt på slutten fastsette Tornado sluttresultatet til 9-4.
Haugen la seg relativt lavt i denne kampen i eit 4-5-1 system, og la opp spelet etter motstandaren. Spesielt var laget redde for Tornado sin storscorar Ronny Jørgensen. Men dette viste seg å vere eit dårleg trekk. Måla rann inn, og med seks baklengs på dei fyrste 26 minutta gjekk Haugen over til eit meir vandt 4-4-2 system. Dette viste seg å fungere mykje bedre og Haugen var i store periodar på høgde med Tornado sine nestbeste. 

GUTTELAGET
Haugen har denne veka spelt to kampar. Måndags kveld blei det storsiger 10-1 mot Loen. Onsdag var det Hornindal som var motstandar på Klenkarberget. Etter ein god fyrste omgang kunne Haugen gå til pause med 6-1 leiing. I andre omgang stokka spelet seg litt, men Haugen vann likevel 10-3. Guttelaget tek no ei lita pause før oppkøyringa til haustsesongen tek til.

FIRDA AVIS-CUP
Resultat 2. runde:
Saga-Hyllestad 5-5 (2-4) 10-9 etter straffespark
Eikefjord-Bremanger 1-2 (1-2)
Heia-Jølster 6-5 (3-3  
Sogndal III-Fjøra (26. juni)
Vik-Bjørn (27. juni)
Dale-Gaular (27. juni)
Førde II-Syril (27. juni)
Skavøypoll-Stryn (27. juni)

17.06.01 HAUGEN-NORANE 4-1 (1-0)  
Haugen tok sin andre siger på rad då laget slo Norane 4-1 på Klenkarberget. Med denne sigeren klatra Haugen to plassar på tabellen og ligg dermed på 8. plass. Pauseresultatet var 1-0, etter ein fin corner frå Øystein som Erling Bjørn styrte kontant i mål med pannebrasken. Andre omgang starta med eit massivt press frå Haugen uten at dette resulterte i scoringar. I det 64. minutt sprang Bjarne frå forsvaret til Norane og venta elegant ut keeper og trilla ballen i det tomme målet. 3-0 målet var en elegant lobb frå toppscorar Erling Bjørn. På et framspel løfta han ballen fint over keeper og rett i mål. Norane reduserte på eit sjaldan flott langskot. Frå cirka 30-35 meter får ein spelar kjempetreff, og Ørjan er sjanselaus.  På slutten av kampen fastset Frank sluttresultatet til 4-1, etter et vakkert forarbeid av Ronny Hafsås. Alt i alt ein fortjent siger til Haugen.

NESTE KAMP
Neste seriekamp er borte mot formlaget Tornado II. Kampen er beramma til fredag 22. juni.

GUTTELAGET
Dei utsatte kampane til guttelaget skal spelast på Klenkarberget måndag og onsdag. Måndag er det Loen som er motstandar, og onsdag Hornindal.

15.06.01 HAUGEN-NORANE
Kampen mot Norane blir spelt på Klenkarberget søndag klokka 15.00. Haugen stiller med følgande 11. Ørjan (keeper), Hans Petter, Øystein (backer), Terje, Ronny (midtforsvar), Kim Tore (defensiv), Trond (offensiv), Jim, Erling Bjørn (flankane) Steffen og Bjarne (angrep).  
Resultat fredag:
Sogndal III-Tornado II 2-9
Vadheim-Hafslo 1-1
Heia-Flatraket 1-0

GUTTELAGET
Dei utsatte kampane til guttelaget skal spelast på Klenkarberget måndag og torsdag. Måndag er det Loen som er motstandar, og torsdag Hornindal.

FIRDA AVIS-CUP
2. runde er sett opp slik:
Saga-Hyllestad (19. juni)
Eikefjord-Bremanger (20. juni)
Heia-Jølster (20. juni)
Sogndal III-Fjøra (26. juni)
Vik-Bjørn (27. juni)
Dale-Gaular (27. juni)
Førde II-Syril (27. juni)
Skavøypoll-Stryn (27. juni)

12.06.01 FIRDA AVIS-CUP
Haugen er ute av av Firda Avis-cup etter tap 2-1 mot Heia. Haugen starta kampen med eit ganske reservespekka lag  og Heia drog til slutt det lengst strået. Begge måla til Heia var på straffe ved Kenneth Vedvik. Haugen sitt mål var eit frispark frå dagens kaptein Ronny Hafsås som Eirik Hafsås styrte i mål.

Andre resultat:
Bjørn-Norane 2-1
Aurland-Sogndal III 2-5
Dermed er desse laga vidare til neste runde:
Dale, Jølster, Skavøypoll, Bremanger, Eikefjord, Saga, Vik, Gaular, Fjøra, Hyllestad, Førde II, Syril, Stryn, Bjørn, Sogndal III, og Heia.

10.06.01 FIRDA AVIS-CUP
Loen–Stryn 0-5 (0-4)
Askvoll/Holmedal–Førde II 1-4 (0-1)

Haugen–Heia blir spelt tysdag 12. juni, truleg på Stårheim Stadion.

08.06.01 SIGER MOT VADHEIM ! ! ! ! ! ! ! ! !
Haugen tok sin fyrste siger for sesongen, i bortekampen mot Vadheim fredag kveld. Det var ein letta og glad Øystein Haugland underteikna var i kontakt med på telefon etter kampen. Sluttresultatet blei 1-3 etter at stillinga ved pause var 1-0. Vadheim utlikna et stykke ut i andre omgang, men Haugen makta å komme tilbake med to nye skoringar og dermed årets fyrste trepoengar. Måla til Haugen vart sett inn av Bjarne Haugland (2) og Jim Andre Balsnes

MÅNADENS NØTT
Månadens nøtt er no avslutta. Vinnar av eit eksklusivt Haugen-krus blir trekt snart.

FIRDA AVIS-CUP
Fyrste runde av Firda Avis-cup er spelt med følgande resultat:
Balestrand–Vik 2-8 (2-1)
Hafslo–Fjøra 1-7 (1-4)
Syril–Kaupanger 6-4 (6-2)
Jølster–Tempo 6-1 (1-1)
Anga–Dale 1-6 (1-4)
Vassenden–Saga 3-4 (2-3)
Gaular–Høyang 3-2 (3-1)
Florø II–Eikefjord 2-3 (2-1)
Hyllestad–Vadheim 4-2 (3-1)
Svelgen–Skavøypoll 2-2 (2-2) 3-5 etter straffespark
Bremanger–Måløy 3-1 (0-0)

Askvoll/Holmedal–Førde II
Aurland–Sogndal III
Bjørn–Norane
Loen–Stryn
Haugen–Heia Kampen går tysdag 12. juni

02.06.01 TAP FOR GUTTELAGET
Guttelaget tapte 5-2 mot serieleiar Sandane. Kampen blei spelt på Stårheim Stadion torsdag kveld. Neste kamp for guttelaget er mot Hornindal 7. juni.

01.06.01 TAP I SOGNAHALLEN
Det vart nok eit tap for Haugen fredag kveld. Sogndal III var det førande laget i fyrste omgang, og leia heile 6-0 til pause. I andre omgang var Haugen meir på høgde og vann denne omgangen 2-1. Sluttresultatet vart med dette 7-2 og målscorarar for Haugen var Bjarne Haugland og Ronny Berg. Kjem tilbake med kampfakta seinare.

Andre resultat fredag.
Sandane-Saga 3-0
Eikefjord-Eid 3-1 (Mål Eid:Hans Ottar Humborstad 90. min)
Fjøra-Høyang 4-4
Loen-Selje 4-2
Oppstryn-Stryn II 2-3
Florø II-Tornado II 0-6
Jotun II-Vadheim 5-2
Hornindal-Flatraket 2-2

29.05.01 3 POENG MOT SOGNDAL III
På fredag er det duka for årets fyrste trepoengar. Haugen har fått tilbake Jim og Bjarne frå skulegang, og Frode frå skade. Stadig fleire kjem tilbake frå skulegang så laget blir gradvis bedre, og det skal motstandarane få merke. Kampen i Firda-cupen mot Heia blir sannsynligvis flytta til tysdag 12. juni. Kampen var beramma til 5.-7. juni, men Heia spelar mot Eid II 5. juni og Haugen mot Vadheim 8. juni så ei flytting av kampen var det ideele. Kjem tilbake med nærmare informasjon om dette seinare.   

27.05.01 NESTEN SIGER MOT SERIELEIAREN
Haugen-Bremanger 1-3 (1-1)
Haugen sjef Øystein Haugland kunne fortelle at Haugen hadde så mange sjansar at det burde blitt 3 poeng i dag. Spesielt i fyrste omgang rundspelte Haugen serieleiaren frå havgapet, men det var Bremanger som tok leiinga i åpningsminuttet. Å få eit mål imot allereie i fyste minuttet har nesten blitt ein tradisjon. Erling Bjørn Totland skapte balanse i rekneskapet rett før pause og fastsette pauseresultatet til 1-1. I andre omgang laga Bremanger to mål, uten at Haugen fekk utteljing. Bremanger er dermed det einaste herrelaget i Sogn og Fjordane som ikkje har avgitt poeng.  

NESTE KAMP
Neste kamp blir borte mot Sogndal III fredag 1. juni. Går alt som planlagt blir kampen spelt på Hafslo klokka 20.00.

Andre resultat søndag:
2. divisjon
Tornado-Nord 0-6
4. divisjon
Skavøypoll-Loen 5-0
Vik-Oppstryn 0-1

26.05.01 TAP FOR EID
Underteikna var vitne til at eit særs opplagt Jotunlag leika med Eid på krøllgraset i Øvre Årdal laurdag ettermiddag. Resultatet vart 5-0 til Jotun, etter at stillinga til pause var 2-0. Eid kan takke keeper Jøran Riise for at det ikkje vart tosifra. Eid vart heile kampen pressa bak på bana, og var eigentleg sjanselause frå start til slutt. Frank Almenning og Bjørn Halvard Grinde debuterte for Eid, og viste i periodar at dei kan bli nyttige spelarar for Eid i framtida. Måla til Jotun vart laga av Donn Håre 2, Ole Gunnar Hunderi, Roger Kleiva og Morten Brandsdal.

Andre resultat:
3. divisjon
Sogndal II-Eikefjord 5-0
Saga-Stryn 1-0
Askv./Holmedal-Sandane 4-2
Høyang-Dale 2-1
4. divisjon
Førde II-Stryn II 2-2
ÅTIL/Lærdal-Måløy 6-2
5. divisjon
Vadheim-Sogndal III 4-0
Norane-Florø II 0-2
Syril-Jotun II 1-6
Tornado II-Hafslo 2-1
6. divisjon
Stadlandet-Hornindal 7-1

FIRDA AVIS-CUP
Fyrste runde av Firda Avis-cup er sett opp med følgande kampar:
Kampane skal bli spela 5.-7. juni. 
(heimelag er nemnt først):
Balestrand–Vik
Hafslo–Fjøra
Syril–Kaupanger
Aurland–Sogndal III
Bjørn–Norane
Jølster–Tempo
Anga–Dale
Vassenden–Saga
Gaular–Høyang
Florø II–Eikefjord
Hyllestad–Vadheim
Askvoll/Holmedal–Førde II
Loen–Stryn
Haugen–Heia
Svelgen–Skavøypoll
Bremanger–Måløy

25.05.01 SIGER FOR LILLEGUTTANE
Haugen spelte ein god kamp og vant 7-5 mot Hornindal på bortebane måndag. Neste kamp for lilleguttane er heime mot Heia torsdag 31. mai.

24.05.01 FLORØ II-HAUGEN 2-0 (0-0)
Det vart nok eit tap for Haugen, i bortekampen mot Florø sine nestbeste. Også denne kampen holdt Haugen godt følge til det var kort tid igjen av kampen. Men to kjappe scoringar seint i andre omgang sette ein stoppar for Haugen sitt fyrste poeng for sesongen.

NESTE KAMP
Neste kamp for Haugen blir heimekamp mot serieleiaren Bremanger. Bremanger står med full pott etter fire rundar og 12-6 i målskilnad. Kampen blir spelt søndag 27. mai klokka 13.00, mest sannsynleg på grusbana bak idrettshuset.   

FJØRA-SAGA 2-2 (1-2)
Som oppvarming til Champions League finalen onsdag kveld tok underteikna seg ein tur i Sognahallen for å få med seg 3. divisjonskampen mellom Fjøra og Saga. Fjøra var før kampen ubesigra og alle trudde dette skulle bli lett match mot Førdelaget Saga. Men Saga var ei positiv overrasking, og var heilt klart det førande laget i kampen. I andre omgang hadde Saga mange sjansar til å trygge sigeren men ballen ville ikkje i mål. Det må også nemnast at Fjøra sitt utlikningsmål var eit sjølvmål.  Så det var faktisk heilt ufortent at det eine poenget blei igjen i fruktbygda i Sogn.

23.04.01 GUTTELAGET
Det var Bjørnar B. Øien, Steffen Sture Olsen og Joakim Haus Brekke som laga måla i bortekampen mot Loen.

22.05.01 TAP FOR GUTTELAGET
Guttelaget tapte 4-3 i bortekampen mot Loen måndag kveld. Med dette resultatet er nok toget gått for 1. divisjonspel til hausten. Neste kamp er heime mot topplaget Sandane torsdag 31. mai. 

SIGER FOR SMÅGUTANE
Smågutane til Stårheim fekk sin fyrste siger i heimekampen mot Tornado på Stårheim Stadion måndag kveld. Resultatet vart til slutt 5-4, etter at Stårheim leia 3-1 til pause. Neste kamp er borte mot Eid II 11. juni.

21.05.01 NESTE KAMP
Haugen skal onsdag 23. mai spele bortekamp mot Florø II. Florø II ligg 3. sist på tabellen og er eit lag Haugen må slå. Kampen deretter er mot serieleiaren Bremanger.

20.05.01 EID UTE AV JUNIOR-NM
Etter 2-0 mot Hødd på Høddvoll er Eid ute av Jnior-NM.

18.05.01 TRENING PÅ KLENKARBERGET
Det blir viss tilhøva tillet det trening på Klenkarberget tysdag kl. 19.30.   

16.05.01 SIGER FOR HEIA
Heia tok årets fyrste siger, i bortekampen mot Hornindal tysdag kveld. Resultatet blei etter full tid 5-3. Neste kamp er heime mot Eid II 5. juni. Eid II sin neste kamp er heime mot Stadlandet 29. mai.  

FJØRA-SOGNDAL II 5-2
Fjøra tok tysdag kveld skalpen til Sogndal II, og står med full pott etter fire kampar. Sogndal II var det førande laget i fyrste omgang, men etter pause var det berre eit lag på bana. Banas beste var Ole Erik Grinde i midtforsvaret til Fjøra. Best på Sogndal II var midtbaneeleganten Sivert Øveraas.  

12.05.01 TAP IGJEN
Det vart nok eit tap for A-laget. Etter å ha ført kampen fram til pause viste det seg at Hafslo var det laget som ville mest i andre omgang. Sluttresultatet vart 3-5 etter at det var 2-2 til pause.

KAMPFAKTA GUTTELAGET
Måla i bortekampen mot Hornindal vart laga av: Steffen Sture Olsen 6, Eirik Hafsås 2, Bjørnar Øien og Aksel Myklebust.

HAUGEN-HAFSLO
Kampen blir spelt på Eid Stadion laurdag 12. mai kl. 13.45.

FOTBALLRESULTAT
Det blei 1-3 tap for Heia mot Stadlandet fredag kveld. Stillinga til pause var 1-0 til Heia etter skoring av Bjørn Joar Svarstad.
Saga - Kaupanger 3-1
Skavøypoll - Stryn II 3-1
ÅTIL/LÆRDAL - Jølster 1-2
Norane - Jotun II 1-2
Sogndal III - Florø II 0-0

11.05.01 STORSIGER MOT HORNINDAL
Guttelaget reiste kjerringa frå sist kamp og slo Hornindal 10-0 torsdag kveld. Haugen har starta sesongen med ein siger og eit tap, og er enno med å kjempe om billett til 1. divisjonsspel til hausten. Medan Hornindal har fått ein litt meir krøkkete start på sesongen med 0-24 i sekken på to kampar. Kjem tilbake med fakta frå kampen seinare.  

MÅNADENS NØTT
Etter at ganske få leverte rett svar på månadens nøtt forrige månad, har ganske mange levert riktig svar denne månaden. Men det er enno tid til at fleire kan svare. Kva premien blir denne månaden er enno ikkje bestemt.

10.05.01 GILLESHAMMER STÅR OVER
Kim Tore Gilleshammer som fekk sin debut for Haugen sist helg står over heimekampen mot Hafslo laurdag. Den offisielle grunnen er at han skal jobbe med ei skuleoppgåve, men frå sikre kilde har underteikna fått nyss om at det er andre grunnar som ligg bak. Kim Tore vart sist laurdag sett på Studenthuset meieriet med ei dame på fanget. Rykta skal ha det til at denne dama er invitert til middag med nogo attåt, på hybelen til Kim Tore neste laurdag.   

FIRDA AVIS-CUP
Haugen er i år som i fjor påmeldt i Firda avis-cup. I år er det 32 lag som er påmeldt, og fyrste runde blir spelt 6.-8. juni.
Følgjende lag skal delta i årets Firda Avis-cup: Aurland, Vik, Bjørn, Norane, Fjøra, Kaupanger, Syril, Sogndal III, Hafslo, Balestrand, Høyang, Vadheim, Hyllestad, Dale, Gaular, Askvoll/Holmedal, Eikefjord, Florø II, Tempo, Svelgen, Bremanger, Førde II, Anga, Saga, Vassenden, Jølster, Loen, Stryn, Haugen, Heia, Måløy og Skavøypoll.

FØRDE, STRYN OG SOGNDAL VIDARE
Førde, Stryn og Sogndal er vidare til 2. runde i NM. Førde slo Florø etter to mål av Bjørn Egil Holmøyvik. Sogndal slo ut Sør Aurdal 3-0 etter nettkjenningar av Tommy Øren, Alexander Ødegård og Kurt Heggestad. Tysdag kveld vann Stryn 2-0 over Tornado.

09.05.01 HØDD-EID
2. runde i NM for junior er sett opp og Eid skal møte Hødd på Høddvoll. Kampen skal spelast Søndag 20. mai.

STRYN VIDARE I NM
Stryn gjekk tysdag kveld vidare i NM etter 3-2 siger over Tornado. Måla til Stryn var laga av Morten Taraldset, Jon Terje Tjellaug og Steinar Tenden. Begge måla til Tornado var ved Vidar Eikrem 

TAP FOR EID II
Eid tapte tysdag kveld 3-2 mot Flatraket på heimebane. Flatraket er dermed ubesigra og toppar avdelinga med 6 poeng. Eid II har tre poeng og Heia null poeng med ein kamp mindre spelt. Heia skal fredag spele mot Stadlandet på heimebane.

08.05.01 STÅRHEIM-EID
Småguttelaget til Stårheim tapte måndag kveld 3-1 mot Eid. Kampen vart spelt på Stårheim Stadion, og målscorar var Jan Martin Smørdal.

STORTAP IGJEN
Det blei nok eit stortap denne helga. Etter 0-0 ved pause vart det igjen for tøft på slutten, og denne gang blei det 1-5 tap. Målet til Haugen vart laga av Hans Petter Gilleshammer.

UAVGJORT FOR LILLEGUTTANE
Lilleguttane spelte 8-8 i heimekampen mot Oppstryn torsdag kveld. Stillinga til pause var 6-1 til Oppstryn. På grunn av at Klenkarberget enno ikkje er klar til bruk gjekk kampen på Stårheim Stadion.

04.05.01 MÅNADENS NØTT

TAP FOR GUTTELAGET
Det blei 8-3 tap for guttelaget i bortekampen mot Sandane. Det var ein skuffa  Øystein Haugland underteikna var i konrtakt med fredag morgon. Han kunne fortelle at Haugen fekk utvist ein spelar allereie etter ti minutt, og dette prega kampen. Dommaren Kjell Alme hadde vel ikkje sin beste dag på fotballbana, uten at det skal vere noko forklaring på tapet. Stillinga til pause var 5-2 til Sandane. Alle tre måla til Haugen vart sett inn av Steffen Sture Olsen.   

03.05.01 MÅNADENS NØTT
Sidan underteikna no er i Sogn, tok eg turen til Supporterklubben til Sogndal for å få trekt månadens vinnar. Eg trefte på ein av Saftkokaradn, som enno var litt i svime etter den sensasjonelle 1-0 sigeren over Stabæk i går kveld. Etter litt om og men sa han seg villig til å trekke månadens vinnar. Med litt skjelving på handa trekte han ut Inge Asbjørn Haugen som månadens vinnar for april. Han får dermed tilsendt eit frikort på Klenkarberget, sesongen 2001.    

SMÅGUTTELAG
Haugen har i år småguttelag i lag med Stårheim og Kjølsdalen. Laget heiter Stårheim og har allereie sesongstarta. Laget tapte borte mot Selje sist måndag. Laget har også spelt ein treningskamp mot Eid. Der viste unggutane mykje fint spel og vant klart. Trenarar for laget er Bjarne Smørdal og Tore Hellesø. Neste kamp er heimekamp mot Eid I 7. mai. 

02.05.01 SERIESTART
Torsdag denne veka er det seriestart for lilleguttlaget og guttelaget. Lilleguttlaget skal spele heimekamp mot Oppstryn, og guttelaget bortekamp mot Sandane.  

BORTEKAMP MOT JOTUN II
Bortekampen mot Jotun II skal spelast i Årdal laurdag kl. 14.00.
  
01.05.01 MÅNADENS NØTT
Månadens nøtt for april er no avslutta, og dei riktige svara var:
Børre Smørdal, Kjartan Naustdal og Morten Smørdal. Opplysning om kven som vann og neste Månadens nøtt kjem snart.

30.04.01 HAUGEN-EID 2-2 (1-2)
I ein treningskamp for guttelaget på Stårheim Stadion måndag kveld vart det uavgjort 2-2 mot Eid. Måla til Haugen vart sett inn av Freddy Håvik og Steffen Sture Olsen.

SOGNDAL III-JOTUN II 2-5

NM 1. RUNDE
Jotun-Brann, Sør-Aurdal-Sogndal, Førde-Florø og  Stryn-Tornado

29.04.01 TRENINGSKAMP GUTTELAGET
Haugen-Eid på Stårheim Stadion måndag 30. mars kl. 18.00.

TRENING
OBS! Neste trening blir tysdag 1. mai kl. 19.00 på plassen.

SVART DAG FOR HAUGEN
Haugen-Syril 2-10 (0-2)
Det vart ein dårleg sesongstart for Haugen. Etter å ha hatt iniativet i store delar av fyrste omgang, var det likevel Syril som kunne gå til pause med ei 2-0 leiing. Andre omgang starta som fyrste slutta med eit klart overtak til heimelaget. Men sjansane vart rota vekk og Syril tok meir og meir over kampen. Syril skora jamt og trutt heile omgangen, og gjekk ikkje av bana før dei hadde oppnådd tosifra antall mål. Haugen sine trøystemål var to headingar ved Steffen Sture Olsen og Erling Bjørn Totland.

FOTBALLRESULTAT DENNE HELGA
2. divisjon:
Tornado-Fana 2-2
Førde-Åsane 0-1
LøvHam-Florø 1-0
3. divisjon:
Jotun-Stryn 4-2 
Eid-Høyang 3-2 (Ole Gunnar (str.) Øystein Nes 2)
Askvoll/Holmedal-Saga 1-1
Sandane-Fjøra 1-2
Eikefjord-Dale 3-4
Sogndal II-Kaupanger 3-5
4. divisjon:
Skavøypoll-Selje 3-0
Oppstryn-Loen 2-7
Måløy-Jølster 0-2
Vik-Stryn II 1-2
ÅTIL/Lærdal-Førde II 4-0
5. divisjon:
Bremnger-Hafslo 2-1
Haugen-Syril 2-10 (0-2)
Vadheim-Florø II 2-2
Norane-Tornado II 4-1
6. divisjon:
Flatraket-Heia 3-1

28.04.01 HAUGEN-SYRIL
Husk kampen på Stårheim Stadion søndag kl. 15.00.

FOTBALLRESULTAT (FREDAG OG LAURDAG)
Sogndal II-Kaupanger 3-5
Flatraket-Heia 3-1
Eid-Høyang 3-2 (Ole Gunnar (str.) Øystein Nes 2)
Jotun-Stryn 4-2 
Tornado-Fana 2-2
Førde-Åsane 0-1
LøvHam-Florø 1-0
Askvoll/Holmedal-Saga 1-1
Sandane-Fjøra 1-2
Eikefjord-Dale 3-4
Oppstryn-Loen 2-7
Vadheim-Florø II 2-2

26.04.01 JOTUN OG STRYN VIDARE I NM
Jotun og Stryn går vidare til 1. ordinære runde i NM. Jotun slo Dale 2-1 på kunstgrasbana i Hyllestad. Måla til Jotun vart sett inn av Morten Borlaug (78. min) og Morten Brandsdal (89. min), medan Dale sitt reduseringsmål var signert Frank Vik (90. min)
Stryn slo lett Sandane 5-1, etter å ha leia 2-0 til pause.
1-0  Steinar Tenden (12. min)
2-0  Rasmus Endre Bø (22. min)
3-0  Karl Ludvig Daae (52. min)
3-1  Terje Allmenning (55. min)
4-1  Karl Ludvig Daae (60. min)
5-1  Tor Erik Nygård  (78. min)

25.04.01 EID II-HORNINDAL
Eid sine nestbeste slo i går Hornindal 9-1 på bortebane. Eid II skal i år spele mot Heia, Flatraket, Stadlendet og Hornindal. Neste kamp i denne avdelinga er fredag, då Heia skal møte Flatraket på bortebane. Neste gang Eid II skal i elden igjen er mot Flatraket på heimebane 8 mai. Underteikna tippar tabellen ved sesongslutt ser slik ut:
1. Eid II, 2. Heia, 3. Flatraket, 4. Stadlandet, 5. Hornindal

24.04.01
Eid sine unge lovande juniorspelarar skal møte eit meget godt Askv./Holmedal lag i 1. runde i junior-NM. Eid har fått heimekamp, og kampen er beramma til søndag 6. mai.

20.04.01 2. KVAL. RUNDE NM
Neste runde i NM er sett opp, og laga frå Sogn og Fjordane er sett opp slik.
Dale-Jotun
Stryn-Sandane
Kampane går fyrstkommande onsdag 25. april.

19.04.01 1. KVAL. RUNDE NM
Stryn, Jotun, Sandane og Dale går vidare til andre kvalifiseringsrunde i NM.

Eid-Stryn 0-5 (0-1)
0-1 Steinar Tenden
0-2 Jon T. Tjellaug
0-3 Trond Leirgulen
0-4 Jon T. Tjellaug
0-5 Frank Hool

Sandane-Fjøra 2-1 (0-1)
0-1 Morten Hagen
1-1 Rune Ommedal
2-1 Øyvind Sægrov

Saga-Jotun 0-3 (0-1)
0-1 Morten Brandsdal
0-2 Ole Gunnar Hunderi
0-3 Ole Gunnar Hunderi

Nordhordland-Dale 0-0 (0-0) 3-4 etter straffespark

17.04.01 1. KVAL. RUNDE NM
Eid tar i mot Stryn på Stårheim Stadion onsdag 18. april klokka 18.30. Dei andre laga frå fylket er innvolvert i følgande kampar:
Nordhordland-Dale
Saga-Jotun  
Sandane-Fjøra
Underteikna trur desse laga går vidare: Stryn, Nordhordland, Jotun og Fjøra

15.04.01 TRENING
Treninga fredag vart avlyst då det berre møtte opp fire personar. Neste trening er tysdag på Stårheim Stadion. 
Tidspunktet vert klokka 19.00. på grunn av Champions League.
MØT OPP!

MÅNADENS NØTT
Det er enno berre nokre få personar som har svart på månadens nøtt for april. Også denne månaden gjeld det å kjenne igjen tre tidlegare haugenspelarar, og premien er eit frikort på Klenkarberget 2001.

HJERNETRIM
Har laga til ein liten uhøgtidelig hjernetrim som dåkke kan prøve på.
Til no er det berre ein person som har klart alle spørsmåla.

11.04.01 HAUGEN - LOEN 0-5  (0-1)
Det vart eit nytt stort tap i treningskampen mot Loen på stårheimsgrusen onsdag kveld. Haugen var med i kampen i fyrste omgang, men i andre omgang blei Loen rett og slett for sterke. 

10.04.01 EID KLAR FOR NESTE RUNDE
Juniorlaget til Eid er klar for neste runde i junior NM. Etter 5-3 siger mot Stryn fredag, slo dei måndag kveld Florø 3-0 på stårheimsgrusen. Eid var hakket bedre enn Florø, og banas beste Øystein Nes laga alle tre måla til Eid. Eid avslutta kampen med ni mann, då Kay Henning Myklebust fekk sjå det raude kortet, og ein godt kjempande Håvard Bruvoll vart skada. Stillinga til Pause var 2-0. 

GILLESHAMMER KLAR
Tidlegare Åheimspelar Kim Tore Gilleshammer er klar for Haugen. Etter 2 minutt forhandling måndag kveld skreiv "Gilles" under. Om han tilfører laget noko er det litt tidleg å svare på, men det er i alle fall sikkert at det blir litt meir "tyngde" i laget. 

08.04.01 TRENINGSKAMPAR SØNDAG
Sogndal - Volda 5-0 (1-0)
Saga - Florø II 7-1 (2-1)
Førde II - Eikefjord 3-0
Askvoll/Holmedal - Tempo 5-2

07.04.01 TRENINGSKAMPAR FREDAG/LAURDAG
Fjøra - Stranda 4-2 (3-1)
VRF - Eid 5-2 (5-0) Ole Gunnar Midtbø 2
Sandane -Åram 3-1
Tornado - Treff 4-3 (1-1)
Gaular - Vassenden 4-4
Eikefjord Cup:
Florø - Førde II 1-0
Florø - Askv./Holmedal 4-1
Saga - Tempo 0-0
Eikefjord - Saga 0-1
Eikefjord - Tempo 6-2

06.04.01 HAUGEN-LOEN
Haugen skal onsdag 11. april kl. 18.00. spele treningskamp mot Loen på Stårheim Stadion. Mange studentar er heime på påskeferie så Haugen kjem til å stille med et slagkraftig lag, og vil sikkert revansjere 2-9 tapet frå sist laga møtte kvarandre.

NESTE TRENING
NB! Neste trening er flytta frå tysdag 10. april til MÅNDAG 9. APRIL KL. 19.30.

04.04.01 MÅNADENS NØTT
Vinnaren av månadens nøtt er no klar. Etter ei høgtidelig trekking av Sogndalspelar Sivert Øveraas, assistert av Vassendenspelar Roy Svalheim, vart det klart at Kay Rune Solheim er vinnaren. Tore Hellesø vart fyrst trekt ut, men han hadde feil svar.
Kay Rune får eit frikort på Klenkarberget sesongen 2001.
Rett svar var:
Jon Balsnes, Atle Kjøsnes og Reidar Balsnes.

Månadens nøtt for april er snart klar.

01.04.01 EID - SELJE 2-2 (1-0)
Eid starta best og Selje avslutta best i treningskampen på stårheimsgrusen søndag ettermiddag. Hans Ottar Humborstad ga Eid leiinga på et fint langskudd i ein fyrsteomgang der Eid var best. Bjørn Helge Haugen auka leiinga til 2-0 rett etter pause, og etter det var det Selje som gradvis tok over kampen. Ein god Rune Venøy på Selje laga begge måla til Selje, og med litt meir flaks kunne Selje putta eit eller to mål til.

RESULTAT TRENINGSKAMPAR
Jotun - Askøy  8-2 (Morten Bransdal 7 mål)
Fjøra - Stryn 2-5 (1-0) Steinar Tenden 4 mål

28.03.01 GUTTEKAMPEN AVLYST
Kampen mot Skavøypoll måndag vart av ein eller annan grunn avlyst. Dette fekk underteikna bekrefta av ein syklande Kåre Balsnes måndag kveld.

26.03.01 SISTE FRIST NÆRMAR SEG
Skal du vere med på månadens nøtt må du hive deg rundt og sende inn eit svar. Siste frist for å sende inn er laurdag 31. mars, og vinnaren får eit frikort på Klenkarberget 2001. Underteikna kan garantere mange mål denne sesongen, men det spørs kva vei dei kjem. Har til no fått inn kanske mange svar, men forbausande mange er feil.

25.03.01 TRENING
Det har vore dårleg oppmøte på treningane i det siste, og dette fører til dårleg utbytte for dei få som møter opp.
Treningane er på Stårheim Stadion tysdag og fredag klokka 19.30-21.00.

TRENINGSKAMPAR LAURDAG/SØNDAG
Sogndal II - Førde 3-2 (0-2)
Skavøypoll - Eid 0-2
Florø - Eid 4-1 (1-1)
Jotun II - Jølster 3-4
Jotun - Lillehammer 2-2

22.03.01 STRYN TAPTE 2-0 MOT SOGNDAL
I ein treningskamp på krøllgraset i Stryn vart Sogndal for sterke og slo Stryn 2-0. Sogndal spelte utan Tommy Øren, Julian Johnson og Kurt Mørekøre, medan Stryn mangla Tore Hellesø, Jon Terje Tjellaug, Odd Rune Flo og langtidsskadde Geir Inge Rake melder Frank Fotballbørs. Begge måla til Sogndal kom før kvilen og var signert Kristian Ystaas og Alexander Ødegård.

21.03.01 SKAVØYPOLL - HAUGEN
Guttelaget skal måndag 26. mars spele treningskamp mot 1. divisjonslaget Skavøypoll. Kampen blir spelt på grusbana i polljen kl. 17.45.

20.03.01 NYE LINKAR
Eg har lagt inn linkar til nokre aviser og fotballag. Er det nokon som har tips om andre linkar eg bør legge inn,  send desse på e-post.

STRYN - SOGNDAL
Stryn skal møte Sogndal på krøllgraset i Stryn torsdag 22. mars klokka 17.00. Sogndal skal etter det rapportane seier stille med sitt sterkaste mannskap.

18.03.01 LOEN - HAUGEN 9-2 (1-4)
Haugen tapte treningskampen mot Loen 2-9 på krøllgraset i Stryn søndag. Stillinga til pause var 4-1 til Loen. Måla til Haugen vart laga av Reidar Hellesø og Øystein Haugland. Det er planlagt ny kamp mot Loen 2. påskedag.

17.03.01 LOEN - HAUGEN
Søndag 17. mars kl. 12.00 spelar Haugen sin fyrste treningskamp for sesongen. Loen er motstandar på krøllgrasbana i Stryn.  

TRENINGSKAMPAR LAURDAG
Stryn-Ørsta 1-0 (Tore Hellesø 75. min.)
Stryn II-Lom 6-1
Hødd-Tornado 8-2
Skarbøvik-Tornado 2-3
Tornado II-Bjørn West 1-4
Tornado II-Aurland 2-8
Jotun-Florø 5-2
Åsane-Førde 8-1 (8-1 Kristoffer Årskog 84. min)

HANDBALLKAMP
Sogndal - HSH89  29-21  (13-6)
HSH var tamme i fyrste omgang, og det var heilt greit at Sogndal leia  13-6 ved pause. I andre omgang var HSH heilt på høgde og i periodar bedre en Sogndal. Ti minutt før slutt hadde HSH redusert leiinga til Sogndal til 4 mål, men det rakna litt på slutten igjen. Best på HSH var Hildegunn Balsnes.

GUTTELAGET
Guttelaget skal i vårsesongen spele dobbel serie mot desse laga: Loen Hornindal og Sandane.
Fyrste kampen er borte mot Sandane torsdag 3. mai.

LILLEGUTTLAGET
Lilleguttlaget skal i år møte desse laga: Oppstryn, Stryn, Veten, Hornindal, Heia og Eid.
Fyrste kampen er heime mot Oppstryn torsdag 3. mai.

16.03.01 LENGE SIDAN SIST
Det har beklageligvis, på grunn av eksamen, blitt dårleg med oppdatering på sida. Eksamensperioden nærmar seg slutten og det skal forbedre seg.

LILLEGUTT
Lilleguttane skal denne sesongen spele mot desse laga: Eid, Heia, Hornindal, Oppstryn og Stryn

1. KVAL RUNDE NM
Oppsettet er klart og laga frå Sogn og Fjordane skal spele følgjande kampar. Eid-Stryn, Saga-Jotun og Sandane-Fjøra
Kampane blir spela 18. april.
Underteikna trur at Stryn, Jotun og Fjøra går vidare. 

MÅNADENS NØTT
Det har til no vore gledeleg mange som har sendt inn svar på månadens nøtt. Dei fleste er riktige, men også nokre har svart feil. 

04.03.01 DOPINGRYKTER

Kay Ove Hafsås går no ut med det han har høyrt om dopingrykter i Haugen. Vi i webredaksjonen har fått mange tilbakemeldingar frå fotballmiljøet, og alle seier at dette hadde dei ikkje trudd. 

NY DESIGN  
Har nok ein gong prøvd å legge om til ny design på sida. Håpar at eg er meir heldig denne gongen. Er det noko som ikkje virkar, manglar  eller kunne vore gjort bedre send meg ein E-post.

03.03.01
Bjarne Haugland vart trekt ut som vinnar og han får dermed eit frikort på Klenkarberget 2001.

01.03.01 MÅNADENS NØTT
Månadens nøtt for Februar er avslutta og følgjande personar har sendt inn riktig svar: Tore Hellesø, Kay Ove Hafsås, Kay Rune Solheim, Bjarne Haugland, Asle Nesbø, Øyvind Løkling, Jim Andre Balsnes og Hans Petter Gilleshammer.
Vinnaren blir trekt av Øystein på treninga fredag.
Rett svar var : Øystein Haugland, Hans Petter Gilleshammer og Vidar Haugland.

Månadens nøtt for Mars er no lagt ut

28.02.01 OBS SISTE FRIST!
Det er i dag siste frist for å vere med på denne månadens nøtt.

NY DESIGN
Det skar seg litt med omlegging til ny design, så eg går derfor litt tilbake til den gamle.

23.02.01 MÅNADENS NØTT
Har ikkje fått inn så mange riktige svar på månadens nøtt. Så det virkar som det var litt vanskeleg. Fristen for å levere er sett til onsdag 28. februar, og premien til vinnaren er eit frikort på Klenkarberget sesongen 2001. For å hjelpe litt kan ein sei at alle tre spelarane som er avbilda, spelte på Haugen forrige sesong.

GUTTELAGET
Forslag til serieoppsett for guttelaget i vårsesongen er sett opp.
Gutt: 2. div avd.3  Haugen, Tornado, Hornindal, Loen, Måløy, Sandane 1, Sandane 2, Selje og Stadl/Åheim. (enkel serie på våren)

21.02.01 NY DESIGN
Heimesida til Haugen kjem til å få ny design.
Forhåpentligvis til det bedre?

18.02.01 UTETRENING !
Det vert utetrening tysdag 20. februar på Stårheim Stadion kl. 19.00.  

14.02.01 INGEN KRISE I EID
Eivind Heggen går ut og avkreftar at Eid skal trekke laget sitt frå 3. divisjon. (Kilde: Sofie.no)

13.02.01 KUNSTNARNAMN
Alle spelarar drøymer vel om å få sitt eige kunstnarnamn. I følge Sofie.no har Asle Myrold fått seg eit. Ein kan vel trygt sei at han var heldigare med å finne nettmaskene, en å finne seg eit kunstnarnamn.

10.02.01 EIDAFOTBALLEN I KRISE
Eid slit med dårleg oppmøte på trening, og det kan i verste fall føre til at Eid må trekke laget sitt frå 3. divisjon. (Kilde: Sofie.no)

INNETRENING
På grunn av dårlege treningsforhold ute, blir det fortsatt innetreningar ei stund til framover.
Tysdag 20.00
Fredag 18.30

06.02.01 KM STRYN  3. OG 4. MARS
Følgande lag er kvalifisert til innandørs KM i Stryn. 

05.02.01 TILBAKEBLIKK
Redaksjonen har no fått samla inn ein del "gamle" kampreferat frå midt på 70-tallet og framover. Vi skal no med jamne mellomrom presentere desse på nettet. Det fyrste referatet er frå kampen mot Hafslo/Bjørn, som vart spelt på Klingenberg 4. mai 1975.

KM-KVALIFISERING
Guttelaget til Haugen greidde ikkje å kvalifisere seg til innandørs KM i Stryn. I gutteklassa var det Eid og Skavøypoll som skal representere Nordfjord.

02.02.01 INFORMASJON TIL SPELARANE
Øystein Haugland vil informere om forskjellige ting om sesongen 2001.

TERMINLISTE 5. DIVISJON
Sogn og Fjordane Fotballkrets har no sendt ut forslag til speleplan for årets sesong.

01.02.01 MÅNADENS NØTT
Har fått tilbakemelding om at kanskje månadens nøtt var litt vanskeleg. Derfor kjem eg med ei ekstra opplysning. Alle var med på Haugen forrige sesong.

30.01.01 GUTTELAGET
Guttelaget hadde treningshelg 27. og 28. januar. I gymsalen på Stårheim førebudde dei seg til kvalifiseringa til innandørs KM som skal vere på Eid fyrstkommande søndag.

26.01.01 INNETRENING
På grunn av is og dårleg bane ute, vart det bestemt at det blir innetrening ut veke 5.   Då tek ein sikte på å flytte treningane ut dersom det er råd. Så fram til då kjem treningane til å vere i gymsalen på Stårheim Skule.
Tysdag kl. 20.00
Fredag kl. 18.30.

20.01.01 KRISTOFFER PUTTA
Tidlegare haugenspelar Krioffer Årskog fekk i dag sin debut på Åsane.   Kristoffer spela fyrste omgang og fekk gleda av å nette det eine målet for Åsane. Sogndal kom sterkt tilbake i slutten av andre omgang og vann 3-2 etter to seine mål av Kurt Mørkøre. Stillinga ved pause var 2-1 til Åsane

EID TAPTE KLART
Sogndal II - Eid  7-1  (4-0)
Eid vart "banka" av eit hurtig og raskt Sogndalslag i Sognahallen laurdag kveld. Eid vart godt med tidleg i kampen og det var ikkje rettferdig at Sogndal gjekk til pause med ein 4-0 leiing. I andre omgang gjekk piffen ut av dei to laga og det virka som dei berre venta på at dommaren skulle blåse av.

STRYN - SANDANE 4-1  (2-0)
I ein annan kamp i fylkesbankserien i Sognahallen laurdag kveld, slo Stryn laget frå Gloppen 4-1. Ved pause var stillinga 2-0. Desse to laga vert motstandarar for Eid 24. og 25. februar.

REDUSERT MANNSKAP
Det blir venteleg eit redusert Sogndal II mannskap Eid kjem til å møte i Sognehallen i dag kl. 18.00. Sogndal sine beste spelar turnering i Vestlandshallen. Juniorane spelar turnering i Molde så då seier det seg sjølv at andrelagskampen mot Eid blir ein del nedprioritert. 

ANGA VIL IKKJE MØTE HAUGEN
Anga takkar ikkje ja til tilbodet om å spele i 5. divisjon. Dette medfører at Haugen mest sannsynleg må ta den lange turen til Årdal for å møte Jotun II. Jotun II har enno ikkje gitt svar til fotballkretsen om dei tek i mot plassen. Kva som skjer viss dei også takkar nei veit underteikna ikkje.

18.01.01 EID MØTER SOGNDAL II
I fyste runde i Fylkesbankserien skal Eid møte Sogndal II. Kampen går i Sognahallen laurdag 20. januar kl. 18.00. Underteikna skal vere på plass, og referat frå kampen les du her.

18.01.01 SAGA 2
Saga to har trekt laget sitt og etter det vi har fått opplyst frå fotballkretsen er det Anga som får tilbod om å spele i årets 5. divisjon. Takkar Anga nei til dette er det Jotun 2 som får tilbodet, og i så tilfelle fører dette til endå ei sognereise. Så vi håpar at Anga takkar ja til å ta plassen.

08.11.00
Sogndal II blir verande i 3. divisjon.
Sogndal to tapte 3-2 mot Rogalandslaget Nord, på krøllgraset i Årdal onsdag. Dette betyr at Måløy må ta den tunge vegen ned i 5. divisjon, og Haugen får to vansklege kampar neste sesong. Så det er berre for spelarane og brette opp armane og sjå fram mot neste sesong.

Obs! Trening kvar fredag kl.18.30. i gymsalen på Stårheim Skule. 


05.11.00
Det ser ut som at det blir storkamp mellom Haugen og Måløy på Klenkarberget neste sesong. Måløy ligg veldig dårleg an til å halde plassen sin i 4. divisjon. Dei er avhengig av at Sogndal II vinn puljespelet mot Os og Nord, og på den måten rykkjer opp. Viss ikkje spelar Sogndal II i 3. divisjon og Måløy må ta den tunge vegen ned i 5. divisjon.
Sogndal II tapte den fyrst kampen mot Os i bergen 1-0 og må derfor vinne stort mot Nord på krøllgrasbana i Årdal på onsdag. Haugen sin nettansvarleg vil personleg vere tilstades på denne kampen og heie på Nord, slik at vi får eit skikkeleg "lokalderby" mot Måløy neste år. Sogndal har fått eit opprykk i år, så det får holde for fruktbøndene innst i Sognefjorden.

27.10.00
Øyvind's corner er oddatert.

24.10.00
Då er sesongen over og ein kan byrje å sjå fram mot neste sesong. Treningane er flytta inndørs til idrettshallen på Stårheim Skule. Planen er at det skal trenast kvar fredag klokka 18.30. og av og til på tysdagane. Problemet er at tysdagane kolliderer treninga med Champions League og dette resulterer i at færre ser på fotballsendingane på tv, så då sløyfer vi som regel treninga. Ellers så vart Eid sitt guttelag KM meistrar i gutteklassa. Etter det redaksjonen har grunn til å tru, blir Haugen sitt guttelag forsterka med både spelar(ar) og kanskje trenar frå dette laget.

14.10.00
Haugen - Saga II  3 - 8  (1 - 1)
Det vart aldri spennande på Klenkarberget laurdag ettermiddag. Haugen måtte ta igjen fire mål frå bortekampen sist søndag, og dette viste seg å vere heilt umulig. Etter ein jamnspela fyrsteomgang gav Haugen rett å slett opp på slutten av andre. Haugen sine mål vart laga av Frode Taklo (Str), Trond Kroken og Dag Jensen.
Dag Jensen var best på eit tamt haugenlag.

08.10.00
I den fyrste kampen om krestsmesterakpet var det  Saga II som var best. Haugen gjekk til pause med 2-1 leiing, men i andre omgang vart Saga II for sterke og kunne gå av bana med 6-2 siger. Måla til Haugen vart laga av Øystein Haugland og Ronny Berg.

Returkampen på Klenkarberget blir spelt laurdag 14. oktober.

03.10.00
I kampen om krestsmesterakpet er det Saga II som blir motstandar. Fyrste kampen blir borte 8. oktober, og heimekampen laurdag 14. oktober.

22.09.00
Det blir ikkje noko kvalifiseringskamp mot Hyen, fordi dei trekte laget sitt. Så den neste oppgåva for Haugen blir kamp om kretsmesterskapet. Kampen blir mot vinneren av dobbelkampen Jotun II og Saga II. Dato for denne kampen kjem vi tilbake til ved eit seinare høve.

19.09.00
Haugen er klare for kvalifiseringskamp for opprykk mot Hyen, etter 9-0 siger over Oppstryn II i ein underhaldande kamp på Klenkarberget i kveld. Måla til Haugen vart laga av Frode Taklo (5), Øystein Haugland, Asle Nesbø, Erling Bjørn Totland og Ronny Berg. Resultatet ved pause var 5-0.

Flatraket - Hornindal 9-2
Heia - Eid II 1-8

15.09.00
Haugen spelte i dag bortekamp mot Hornindal. Hornindal hodt lenge nullen og ikkje før det var spelt 75 minutt fekk Haugen hol på byllen. Sluttresultatatet vart til slutt 3-0 til Haugen. Måla til Haugen vart laga av Asle Nesbø (2) og Frode Taklo.
Frode Taklo var for anledninga keeper dei fyrste 80 minutta, deretter tok altmoglegmann Øystein Haugland over og begge to leverte ein prikkfri kamp som sisteskanse.
I den andre kampen i dag vann Heia 4-3 mot Oppstryn II borte.

10.09.00
Haugen slo Flatraket 7-1 i dag ettermiddag. Stillinga ved pause var 3-1 etter at Flatraket hadde tatt leiinga 1-0 tidleg i fyrste omgang. Måla til Haugen vart skora av Erling Bjørn Totland (3), Jim Andre Balsnes (3) og Ronny Berg.

Fredag er det bortekamp mot Hornindal og dette er ein kamp Haugen bør og må vinne.

09.09.00
Både Eid II og Heia har synt at dei skal vere med å kjempe om fyrsteplassen i avdelinga. Eid II slo Flatraket 5-0 borte, og Heia utklassa Hornindal 12-1 heime fredag. Med dette er Eid II i leiinga med 23 poeng, Haugen på andre plass med 22 (ein kamp mindre), Heia har 20 og Flatraket 18. Så kampen i morgon blir veldig avgjerande både for Haugen og Flatraket. Haugen bør vinne for å få eit overtak på dei andre laga, og Flatraket må vinne for å ha ein teoretisk sjanse for å vinne serien. I kampen mellom Hornindal  og Svelgen II som var terminfesta til 1. september kunne ikkje Svelgen II stille lag, så Hornindal får tre poeng og det blir 0-0 i målskilnad.
NB! Kampen Haugen - Flatraket går på Klenkarberget søndag 10. september klokka 15.00. Frode Taklo må stå over på grunn av tre gule.

03.09.00
Etter at det såg ut som at Haugen skulle vinne 6. divisjon avdeling 4 lett, har det no for alvor spissa seg til. Heia slo Flatraket sist kamp og er dermed heilt opp i ryggen på Flatraket. Eid II har vist ei stigande formkurve, og kan kanskje greie å nå målet sitt som er opprykk. Mykje kan vere avgjort etter kampane denne veka. Tysdag møtest Flatraket og Eid II på Flatraket, og Søndag tek Haugen i mot Flatraket på Klenkarberget.  I siste runde 19. september møtest Heia og Eid II, kanskje blir dette kampen som avgjer kven av dei fire laga i tet, som får spele kamp mot vinnaren av avdeling 3 om opprykk til 5. divisjon.  I skrivande stund er det Hyen som leiar den avdelinga med 25 poeng, 4 poeng før Sandane 2.

Gjenståande kampar:
Haugen: Flatraket (H), Hornindal (B)og Oppstryn II (H)
Eid: Flatraket (B), Svelgen II (H) og Heia (B)
Flatraket: Eid II (H), Haugen (B) og Hornindal (H)
Heia: Hornindal (H), Oppstryn II (B) og Eid II (H)

Eg trur tabellen blir slik:
Haugen 31 poeng
Eid II 27 poeng
Heia 24 poeng
Flatraket 21 poeng

25.08.00
Det vart eit stygt 3 - 2 tap mot Heia. Etter slett innsats over heile fjøla kunne Heia slå seg på kassa og tru at dei er det beste laget. Måla til Haugen vart laga av Stig Høynes og Asle Nesbø. Heia sine mål vart signert Tom Roger Hjelle (2), og Ingvar Torheim. 

18.08.00
Hornindal - Oppstryn II   0 - 1

16.08.00
Kampen Eid - Flatraket som skulle spelast 15.08 blei utsatt. Ny dato vert klar seinare.

13.08.00
Haugen vann 12-0 mot eit svakt svelgenlag.  Stillinga til pause var 6-0. I andre omgang brende Haugen tosifra antall 100% sjansar og Haugen var nærmare 25-0 enn Svelgen var 12-1. Målscorarar for Haugen var: Bjarne Haugland (2), Ronny Berg (2) Øystein Haugland (2), Frode Taklo (2), Terje Gilleshammer (2), Asle Nesbø og Sigmund Bjørhovde.

08.08.00
Heia spelte uavgjort 2-2 borte mot Svelgen II. I den andre kampen vann Flatraket 5-1 borte mot Oppstryn II. 

08.08.00
Siste frist for tippekonkurransen er gått ut. 

01.08.00
Haugen rauk i kveld ut av Firda-cupen etter ein underhaldande kamp. Haugen sette inn tre av dei fire divisjonsstraffene og kunne derfor starte kampen med 3-0. Ved pause hadde Fjøra teke igjen dei tre måla, og laga gjekk til pause med 3-3. I andre omgang gjekk Haugen opp til 5-3 leiing, men to kjappe mål rett før slutt gjorde at kampen skulle avgjerast på straffesparkkonkurranse. Der blei Fjøra for sterke og går dermed vidare til Semifinalen i Firda-cupen.

28.07.00
Haugen og Eid II spela fredag kveld 4-4, etter at pauseresultatet var 3-2 leiing til Haugen. Måla til Haugen vart laga av Hans Petter Gilleshammer, Svein Ove Espe, Sigmund Bjørhovde og Ronny Berg. Måla til Eid II: Johnny Hellesø, Arne Morten Nydal, Hans Ottar Humborstad og Arild Haavik.

27.07.00
Resultat 1/8 delsfinale Firda Cup
Saga - Florø   3-4  (1-2)
Norane - Sogndal II 1-7 (1-1)
Kvartfinalane blir då slik:
Haugen - Fjøra
Bremanger - Førde
Førde II - Sogndal II
Askv./Holmedal - Florø

27.07.00
Geir Ove Åsebø er tilbake i trening og i "god" form.
Etter det vi i redaksjonen har fått vite skal han vakte buret mot Eid II.

27.07.00
Kampen mot fjøra blir spela på Klenkarberget tysdag  1. august klokka 19.00

26.07.00
Seriekampen borte mot Eid II vert spela fredag 28.07. på Klenkarberget klokka 19.30.
Den opprinelege datoen for denne kampen var 08.08.

25.07.00
Haugen har fått seg gjestebok. Her kan dei som er innom sida legge igjen ei lita helsing eller ein  beskjed. 

25.07.00
Seriekampen borte mot Eid II vert truleg flytta fram til fredag 28.07. Den opprinelege datoen for denne kampen var 08.08. Kampen blir spela på Klenkarberget.

20.07.00
Oppsettet for kvartfinalane i Firda cupen er oppsett.
Haugen - Fjøra
Bremanger - Førde
Førde II - Norane/Sogndal II
Askv./Holmedal - Saga/Florø

Haugen - Fjøra vert spelt tysdag 1. august på Klenkarberget.

Siste Nytt 2004
Siste Nytt 2003
Siste Nytt 2002
Siste Nytt 2001/00

 




Haugen I.L. Fotballgruppa  -  Web-redaktør: Stig Høynes