JANUAR-APRIL 2005

30.04 TMFK II-Haugen 2-11 (1-2)
Stian Aaland har sendt følgjande referat frå guttekampen mot TMFK II: Guttelaget knuste Tornado Måløy 2 sitt 7ar-lag 11-2 på Skaredammen fredag. Haugen svidde minst 20 målsjansar, så resultatet kunne faktisk vore enda verre. Elles var 1.omg ikkje så mykje å skryte av, men laget vakna etter pausen, sette eit par sjansar og så rann måla inn bak TMFK keeperen. Elles ikkje så mykje å skrive om, anna enn Thomas Starheim si litt merkelige tolkning av dette med "fair-play"; i det han skal vere grei og skyte ut ballen midt på bana (pga at ein TMFKar fikk litt grus i augene) sleivar han voldsomt og ballen går i ein fin boge over keeper og i mål. Etterpå gir han "ordre" til lagkameratane om å sleppe inn et mål, for å bøte på skaden.

KAMPFAKTA
0-1 ( 4) Jonas Rye Tvendeseter
1-1 (19)
1-2 (31) Kenneth Aaland
PAUSE
1-3 (49) Jonas
1-4 (52) Kjetil Remme
1-5 (53) Thomas Starheim
1-6 (55) Thomas
1-7 (59) Jonas
2-7 (62)
2-8 (62) Olav Andreas Espe
2-9 (73) Thomas (fair play???)
2-10 (74) Jonas
2-11 (79) Kenneth

Gult kort: Øyvind Haraldsen

30.04 Eid-TMFK II 2-0 (0-0)
Eid vann i dag 2-0 mot andrelaget til Tornado Måløy på Eid Stadion. Fyrste omgang enda mållaus og var dørgande kjedeleg for dei omlag hundre som møtte fram. Andre omgang vart eit hakk bedre men skal Eid vere med å kjempe i toppen av 4. divisjon denne sesongen må dei prestere på eit langt høgare nivå enn dei gjorde i dag. Omlag fem minutt etter pause laga Erik Salveson 1-0 etter ein corner. Då trudde vel dei fleste at Eid skulle køyre over det unge TMFK-laget men slik blei det ikkje. TMFK anført av en god Walter Høivik jr. var farleg frampå eit par gongar men kom ikkje nærmare enn eit skot i tverrliggaren. Tjue minutt ut i andre omgang fekk Kjetil Silden i TMFK-forsvaret sjå det raude kortet, uten at det gjorde at Eid tok meir over av den grunn. Tre minutt før slutt avgjorde Kim Vik kampen då han sette inn 2-0 etter fint forarbeid av Anders Midthjell. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.



30.04 Resultat frå kampane spelt i dag
2. divisjon: 
Jotun Årdalstangen-Fyllingen 1-0 (0-0)

3. divisjon:
TMFK-Florø 1-1 (0-0)
Fjøra- Skavøypoll 5-0 (2-0)

4. divisjon:
Eid-TMFK II 2-0 (0-0)
Bremanger-Askvoll/Holmedal 0-1
Selje-Syril 1-1
Stryn II-Loen 2-1 (0-0)

5. dvisjon: 
Hyen-Svelgen 1-2
Oppstryn-Kaupanger II 2-4

Damer 3. divisjon:

Sandane-Eid 5-3
Hornindal-Jølster 3-3

30.04 Troppen mot Eid II
Eirik Andreassen har tatt ut følgjande spelarar til bortekampen mot Eid II på Eid Stadion tysdag 2. mai.

Ståle Sandal, Stian Bjørlo, Vebjørn Skrede, Ove Balsnes, Gustav Orheim, Øystein Haugland, Rune Venøy, Bjørnar Øien, Hans Ottar Humborstad, Jim Tore Humborstad, Reidar Hellesø, Roger Nygård, Cato Humborstad, Stig Tore Gilleshammer, Vegard Løken, Jan Roger Solibakke og Hans Petter Gilleshammer. 

Ver med å tipp sluttresultatet i seriekampen Eid II-Haugen og vinn eit Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 

Tipset legg du inn i gjesteboka.



29.04 Kalassiger for guttelaget
Guttelaget vann i kveld 11-2 borte mot TMFK II i kveld. Stian Aaland sender referat frå kampen i morgon. 

4. divisjon:
Eikefjord-Førde II 4-2

5. dvisjon: 
Jølster-Vik 3-3

29.04 To kampar i 3. divisjon i kveld
Stryn vann overbevisande 4-0 borte mot Høyang i kveld. Dette er eit meget sterkt resultat ettersom vi veit at Høyang tidlegare i veka slo Førde ut av cupen. Måla til Stryn vart sett inn av Mats Solheim (2), Jon Terje Tjellaug og Ulrik Flo. I den andre kampen vann Kaupanger 1-0 mot Dale i Sognahallen. Målet til Kaupanger blei sett inn av Frode Kvam ti minutt ut i kampen. Eit minutt på overtid fekk Dalespelar Kennet Vik sjå det raude kortet av dommar Rune Haugland.    
I kampen Høyang-Stryn var det Sven Erik Midthjell frå Eid som var pipeblåsar. 

Kampfakta er henta frå Firda.no


29.04 Reidar Hellesø leiar Måljegeren
Reidar Hellesø er med sine tre mål i fyrste serierunde toppskårar i 6. divisjon avdeling 4. Bjørnar Øien (bildet) laga i kampen mot Oppstryn II sitt fyrste mål for Haugen og det blir heilt sikkert ikkje det siste. 

Sjå heile lista.

Neste serierunde: 

Tysdag 3. mai
Eid II-Haugen
Oppstryn II-Flatraket
TMFK III-Skavøypoll II

Fredag 6. mai
Veten/Hardbagg-Heia


28.04 Kjempekamp av lilleguttane
Lilleguttlaget til Haugen vann i kveld 6-5 mot Sandane 1 på Klenkarberget. Haugen var det førande laget i starten av kampen og leia 2-0 etter to mål av Vebjørn Nord Haugland. Men Sandane kom tilbake og gjekk opp i ei 3-2 leiing omlag fem minutt før pause. Haugenlaget gav seg ikkje og Vebjørn var frampå igjen og utlikna til 3-3 rett før laga gjekk til pause. I andre omgang tok Haugen meir over og spelte tidvis glimrande fotball. Vebjørn laga eit mål til og Tore Haraldsen tegna seg på skåringslista to gongar og Haugen drog i land årets fyrste siger. 

Med på Haugen sitt lag var: Joakim Hauge, Tore Haraldsen, Bjørn Are Leivdal, Kenneth Remme, Peter Smørdal, Øyvind Halnes, Kenneth Fagerstrand, Jon Simen Myrstad, Vebjørn Nord Haugland, Vebjørn Espe, Jonas Lien og Jon Albert Solheim. 

Fleire bilder frå kampen.


27.04 Stryn vidare etter straffer
Stryn gjekk vidare til fyrste runde i cupen. Stryn tok leiinga etter skåring av Jon Terje Tjellaug omlag eit kvarter ut i andre omgang. Berre kvarteret seinare utlikna Sykkylven til 1-1. Det blei ikkje fleire mål i ordinær tid eller i dei to ekstraomgangane. Stryn vann den påfølgjande straffesparkkonkurransen.  Kåre Sigve Balsnes spelte frå start i denne kampen, men blei bytta ut med Alexander Eikenes eit stykke ut i andre omgang.

Andre resultat:
Førde-Høyang 2-4
Florø-Radøy/Manger 1-2


27.04 Nydal frå Kaupanger til himmels på tre timar
Arne Morten ante lite at han skulle bli Eid sin store helt då eg snakka med han tysdag klokka 17.30. Då eg ringde han kunne han fortelje at han var i Kaupanger og kanskje nådde heim så han fekk sjå litt av kampen mot Heia. Det var derfor med stor undring eg høyrde at Nydal hadde avgjort for Eid etter at Heia hadde kampen i si hule hand. Det viste seg at Nydal hadde køyrt med varmeapparatet på full guffe frå Skei og var passeleg varm då han ankom Eid eit stykke ut i kampen.   

Det blei derfor ein travel dag for Nydal i dag. På arbeidd var alle samla i kantina for å hylle Nydal som gårsdagens store helt. Arbeidsgivaren spanderte is og alle kosa seg. I Fjordabladet torsdag blir Nydal hylla over to heile sider og det er ikkje tvil om at mange syns det var kjekt at nettopp Nydal avgjorde for Eid.   


27.04 Kay Ove Hafsås leiar tabellkonkurransen
Etter at en serierunde er ferdigspelt har Kay Ove inntatt fyrsteplassen på tabellkonkurransen. Med berre åtte feilpoeng og heile fem lag på rett plass leiar Hafsås eit hav føre Magne Elde og Stian Aaland. I den andre enden ligg Hans Ottar Humborstad med 30 feilpoeng.

Som tidlegare lova skulle det trekkast ut eit frikort på Klenkarberget sesongen 2005. Sindre Kvalheim takka nei til frikortet og underteikna har trekt ut Øyvind Løkling som ny vinnar. 

26.04 Dusinet fullt mot Oppstryn II
Haugen vann i kveld 12-0 mot Oppstryn II på Lund Stadion. Stort sett  gjennom heile kampen var det berre eit lag på bana. I starten av kampen yppa Oppstryn seg litt utan at dei kom nærmare enn eit skot i tverrliggaren. Haugen gjekk til pause med 5-0 leiing. 

I menyen til høgre kan du sjå korleis det ligg ann i Stjernegrisen, Råtassen og Måljegeren.


Sjå kampfakta og bilder frå kampen.

I ein annan kamp i same avdeling vann Eid II 4-3 mot Heia på Plassen. Det går rykte om ein jamn og spennande kamp der Arne Morten Nydal avgjorde med to kjappe skåringar på slutten. 

Dei andre resultata i avdelinga:
Skavøypoll II-Veten/Hardbagg 2-4
Stadlandet/Selje II-TMFK III 2-5  


26.04 Laget mot Oppstryn II
Haugen stiller med dette laget i seriekampen mot Oppstryn II på Lund Stadion i dag kl. 19.30:

Keeper: Vegard Løken

Forsvar:
Jan Roger Solibakke, Ove Balsnes, Gustav Orheim og Stian Bjørlo

Midtbane:
Bjørnar Øien, Rune Venøy og Øystein Haugland

Angrep:
Jim Tore Humborstad, Hans Ottar Humborstad og Roger Nygård

Ver med å tipp sluttresultatet i kampen og vinn eit Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 

Siste frist er sett til 19.00. 

Tipset legg du inn i gjesteboka.

Husk også tabellkonkurransen. 
 

25.04 Sogndal II-Høyang 3-0 (1-0)
Sogndal II vann i kveld 3-0 mot Høyang på Sogndal Stadion. 
Stian Rørvik var så uheldig å laga sjølvmål, medan dei to andre måla til Sogndal II vart sett inn av Mathias Eikenes. 


3. runde:
Høyang-Stryn (fredag)
Kaupanger-Dale (fredag)
Fjøra-Skavøypoll (laurdag)
TMFK-Florø (laurdag)
Førde-Sogndal II (måndag)
JÅFK II-Sandane (måndag)

24.04 Resultat søndag
JÅFK II-Skavøypoll 1-2 (0-1)
Bremanger-TMFK II 3-1 (0-0)
Sogndal-Sandefjord 0-2 (0-1)

24.04 Ta turen til Sogndal i dag 
Sogndal spelar i dag heimekamp mot Sandefjord klokka 18.00. Med den nye ordninga med fotballbuss frå Nordfjord kan du enkelt og billeg ta turen til Sogndal for å sjå fylket sitt beste fotballag. For skarve 300 kr får ein plass på sittetribuna og bussbillett tur/retur Fosshaugane.  

Rutetider:
Måløy 14:30
Maurstad 14:50
Eid: 15:30
Lote: 15:50
Kleivedammen: 16:10 NB!
Byrkjelo:16:30

-----

Stryn 15:30
Loen  15:40
Olden 15:45
Innvik 16:05
Byrkjelo 16:35

Framme Sogndal 17:50

Les meir om Nordfjordsamkøyringa



24.04 Siste frist for tabellkonken går snart ut
Siste frist for å komme med forslag til tabellkonkurransen er sett til tysdag 26. april kl. 18.30.nærmar seg.   

Underteikna har til no fått inn seksten tips til tabellkonken. Vinnaren av tabellkonkurransen får ti flaxlodd.

Følgjande har sendt inn forslag: Kay Ove Hafsås, Bjørn Erik Bruvoll, Stian Aaland, Sindre Kvalheim, Magne Elde, Stein Inge Strøm, Rune Venøy, Øyvind Haraldsen, Bjørn Egil Moldestad, Kay Rune Solheim, Vebjørn Skrede, Rune Aabrekk, Jan Fuglesteg, Hildegunn Balsnes, Øyvind Løkling og Hans Ottar Humborstad. 

Reglane ser du her 

Forslaget ditt sender du på e-post til: s.hoynes@frisurf.no   


Ver med å tipp sluttresultatet i seriekampen Oppstryn II-Haugen og vinn eit Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 

Tipset legg du inn i gjesteboka.



23.04 Stryn banka TMFK
Stryn vann i dag 4-1 heime mot eit tafatt TMFK-lag. Det var heilt klart Stryn som ville mest denne kampen og kunne til slutt innkassere 3 poeng på kunstgraset i Stryn. 

Stryn-TMFK 4-1 (3-1)
1-0 Per Ole Tenden (17. min)
2-0 Per Ole Tenden (24. min)
2-1 Øystein Hagen (28. min)
3-1 Mats Solheim (37. min)
4-1 Mats Solheim (89. min)

Bilder frå kampen.

I den andre kampen som blei spelt i 3. divisjon i dag, vann Førde 7-1 borte mot Sandane. 


23.04 Loen vann 3-1 mot Eikefjord
Loen vann i dag 3-1 mot Eikefjord på Loen Stadion. Eikefjord som er ein av opprykksfavorittane i 4. divisjon skuffa underteikna i den omgangen eg var til stades. Eikefjord tok leiinga 1-0 etter eit mål av Per Tore Magnussen. Loen kjempa seg tilbake i kampen og var klart betre enn Eikefjord før kvilen. Med eit mål av Kim Tore Loen og eit av Lars Ove Rake rett før pause kunne Loen gå i garderoben med 2-1 leiing. I andre omgang fastsette Anton Andre Sande sluttresultatet til 3-1. 

Bilder frå fyrste omgang. 

Askvoll/Holmedal-Stryn II 7-0
Førde II-Selje 5-0  
Syril-Eid 1-1



23.04 Eid fikk med seg eit poeng frå Sogn
Eid makta berre 1-1 borte mot Syril i dag. Arne Morten Nydal kunne fortelje at Eid spelte ein bra kamp men det blei med det eine poenget. Målet til Eid var ein kjempeprestasjon av Kim Vik. Han gjorde alt rett og etter å ha runda keeper kom målsniken Stian Sandal og trilla ballen i mål. 

23.04 Troppen mot Oppstryn II
Eirik Andreassen har tatt ut følgjande spelarar til kampen mot Oppstryn II på Lund Stadion tysdag 26. april klokka 19.30.
Ståle Sandal, Stig Tore Gilleshammer, Hans P Gilleshammer, Thomas Dalsbø, Ove Balsnes, Gustav Orheim, Øystein Haugland, Vebjørn Skrede, Stian Bjørlo, Rune Venøy, Reidar Hellesø, Roger Nygård, Hans Ottar Humborstad, Jim Tore Humborstad, Vegard Løken, Bjørnar Øien og Jan Roger Solibakke.  

Ver med å tipp sluttresultatet i seriekampen Oppstryn II-Haugen og vinn eit Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 

Tipset legg du inn i gjesteboka.

Siste frist for tabellkonkurransen nærmar seg. Alle forslag til tabell må vere komt inn før tysdag 26. april kl. 18.30.

Reglane ser du her 

Forslaget ditt sender du på e-post til: s.hoynes@frisurf.no   



22.04 To kampar i 3. divisjon i kveld
To kampar vart spelt i kveld i 3. divisjon avd. 16. Fjøra vann 2-0 mot Dale på bortebane, medan Kaupanger vann 2-1 borte mot Florø. Fjøra sine mål vart sett inn av Arild Underdal og Vegard Ruud. 
Les meir om Fjørakampen på nettsidene til Fjøra.

I morgon laurdag tek Stryn i mot TMFK på Stryn Stadion kl. 16.00. Underteikna tek turen inn i fjorden og bilder frå kampen kan du sjå her på Haugen Fotball i morgon kveld. Ettersom 4. divisjonskampen Loen-Eikefjord blir avvikla på Loen Stadion klokka 15.00 blir det også bilder frå fyrste omgang av denne kampen.

Dei andre kampane som blir spelt i morgon: 
Sandane-Førde (3. divisjon)
Syril-Eid (4. divisjon)
Førde II-Selje
Askvoll/Holmedal-Stryn II  



21.04 På tide å sjå Sogndal "Live"
Søndag spelar Sogndal heimekamp mot Sandefjord på Fosshaugane. Med den nye ordninga med fotballbuss frå Nordfjord kan du enkelt og billeg ta turen til Sogndal for å sjå fylket sitt beste fotballag. Med seks spelarar frå Nordfjord på laget er det for Nordfjordingar aktuelt som aldri før å ta turen til Fosshaugane. For skarve 300 kr får ein plass på sittetribuna og bussbillett tur/retur Fosshaugane.  
Rutetider:
Måløy 14:30
Maurstad 14:50
Eid: 15:30
Lote: 15:50
Kleivedammen: 16:10 NB!
Byrkjelo:16:30

-----

Stryn 15:30
Loen  15:40
Olden 15:45
Innvik 16:05
Byrkjelo 16:35

Framme Sogndal 17:50

Les meir om Nordfjordsamkøyringa



21.04 Andre kvalifiseringsrunde i NM 

Andre kvalifiseringsrunde i NM er sett opp med følgjande kampar der lag frå fylket er innvolvert:
Florø
-Radøy/Manger

Førde-Høyang

Hareid-Skarbøvik

Stryn-FK Sykkylven

Kampane skal vere avvikla seinast onsdag 27. april.


20.04 Stryn, Førde, Florø og Høyang vidare i cupen
Stryn sto for dagens bragd då dei valsa over TMFK 4-0 på Refvik Stadion i kveld. Mange trudde at TMFK kom til å vinne lett over eit Strynlag som har mista mange spelarar frå fjorårssesongen, men karane innja fjorden overraska både seg sjølv og andre og eit nytt cupeventyr kan vere i gang.

Dei andre resultata:
Sandane-Florø 3-4 (3-1)
Skavøypoll-Førde 0-3 (0-1)
Høyang-Fjøra 4-1 e.e.o.  

Les meir på Firda.no


19.04 Haugen spelar borte mot Oppstryn II
Haugen sin fyrste seriekamp er flytta frå Klenkarberget til Lund Stadion. Dette betyr at Haugen tek den "lange" turen til Oppstryn tysdag 26. april. Kampen blir spelt på grasbana i Oppstryn kl. 19.30. 

Ver med å tipp sluttresultatet i seriekampen Oppstryn II-Haugen og vinn eit Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 

Tipset legg du inn i gjesteboka.


Siste frist for å komme med forslag til tabellkonkurransen nærmar seg.   

Underteikna har til no fått inn fjorten tips til tabellkonken. Vinnaren av tabellkonkurransen får ti flaxlodd.

Reglane ser du her 

Forslaget ditt sender du på e-post til: s.hoynes@frisurf.no   



18.04 Sten Are berga tre poeng fire minutt på overtid
I dagens kamp på Refvik Stadion mellom TMFK og Sogndal sine nest beste var stillinga 2-2 til langt på overtid. Då dunka Sten Are Edvardsen ballen i mål frå 25 meter og berga tre viktige poeng for TMFK.

Les meir på TMFK sine nettsider

I den andre kampen som blei spelt i dag vann Førde 2-0 mot JÅFK II.

17.04 God start for Jotun Årdalstangen
Jotun Årdalstangen fekk ein god start på årets 2. divisjon med 2-0 siger over Hovding. Ivan Øy (bildet) som har lagt opp var tilbake på bana for å hjelpe eit skadeskutt Jotun Årdalstangen i serieopninga. 

Mål:
1-0 Ole Gunnar Hunderi (37. min)
2-0 Tore Gjerdalen (72. min)

Jotun Årdalstangen spelar laurdag 23. april borte mot Egersund.

Kilde: Jotun Årdalstangen FK

Andre resultat i 2. divisjon avd. 3:
Flekkerøy-Fyllingen 1-0
Stord/Moster-Klepp 1-1
Ålgård-Egersund 1-1

Kommande kampar
Søndag 17/4: Haugesund-Åsane
Måndag 18/4: Sandnes Ulf-Brann II
Tysdag 19/4: Viking II-Fana 


16.04 Overraskande siger til Dale
3. divisjon Sogn og Fjordane har denne helga starta opp med eit par overraskande resultat. Det mest overraskande var nok at Dale tok tre poeng mot Skavøypoll. Stryn fekk med seg berre eit poeng frå Kaupanger og får det tøft også neste helg når TMFK kjem på besøk til Stryn

Resultat:
Fjøra-Florø 4-0
Høyang-Sandane 6-1
Skavøypoll-Dale 1-3
Kaupanger-Stryn 2-2 

Måndag er det duka for:
Førde-JÅFK II
TMFK-Sogndal II

16.04 Eid tapte mot Åram/Vankam
Eid tapte i dag 4-3 i ein treningskamp mot Åram/Vankam. Referent Arne Morten Nydal seier at dette var ein forferdeleg kamp der Eid var bra berre dei tjue fyrste minutta i kvar omgang. Eid pressa hardt på i starten av kampen men makta ikkje å få mål på sjansane. Heilt på slutten av fyrste omgang tok i staden Åram/Vankam ei to målsleiing, etter to mål som Nydal karakteriserer som dritmål. Andre omgang starta som fyrste og Eid spelte bra i tjue minutt og laga tre mål. Men Åram/Vankam kom tilbake og utlikna til 3-3, og fem minutt før slutt sette dei inn 4-3, noko som også skulle vise seg å vere vinnarmålet. Måla til Eid vart sett inn av Geir Moldestad (2) og Stian Sandal. 


15.04 Bremanger-Haugen 2-1 (1-1)
Haugen tapte i kveld 2-1 mot Bremanger i treningskampen på Skavøypoll Stadion. Haugen tok overraskande leiinga i kampen etter knappe kvarteret. Hans Ottar Humborstad fekk ballen frå Stian Bjørlo, dribla eit par mann, og åleine mot keeper sette han ballen sikkert i mål. 
Etter omlag halvtimen av fyrste omgang utlikna Egil Melvær etter eit fantastisk forarbeid av Kristoffer Erlandsen. Haugen var i fyrste omgang eit lite hakk betre enn Bremanger og burde etter spel og sjanser laga i alle fall eit mål til før pause. I andre omgang tok Bremanger over ein del av banespelet og ti minutt før slutt laga Ole Morten Kjærstad det som skulle vise seg å bli vinnarmålet.
Underteikna syns at Haugen spelte ein god kamp mot 4. divisjonslaget frå vest.

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.    


15.04 Laget mot Bremanger
Haugen stiller med dette laget i treningskampen mot Bremanger på Skavøypoll Stadion i dag kl. 19.00:

Keeper: Ståle Sandal

Forsvar:
Ove Balsnes, Gustav Orheim, Vebjørn Skrede og Stian Bjørlo

Midtbane:
Bjørnar Øien, Rune Venøy og Vegard Bruvoll

Angrep:
Jim Tore Humborstad, Hans Ottar Humborstad og Roger Nygård

Ver med å tipp sluttresultatet i treningskampen Bremanger-Haugen og vinn eit Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 

Siste frist er sett til 18.30. 

Tipset legg du inn i gjesteboka.
 

14.04 Sogndal, Førde og Høyang til 1. runde
Etter at kvalifiseringa er ferdigspelt er Sogndal, Førde og Høyang klar for 1. runde i junior-NM. 

TMFK-Førde 1-6
Dale-Høyang 1-8


Fotballforbundet har sett opp desse kampane i fyrste runde:
Førde-Hødd
Høyang-Sogndal 

Kampane er terminfesta til 1. mai, men kan spelast før. 

13.04 Troppen mot Bremanger
Haugen stiller med følgjande spelarar til treningskampen mot Bremanger på Skavøypoll Stadion fredag kl. 19.00:
Ståle Sandal, Ove Balsnes, Vebjørn Skrede, Arnt Ivar Naustdal, Gustav Orheim, Bjørnar Øien, Runar Øien, Jan Roger Solibakken, Roger Nygård, Øystein Haugland, Rune Venøy, Hans Ottar Humborstad, Jim Tore Humborstad, Cato Magne Humborstad, Stian Bjørlo, Stian Aaland og Vegard Løken (Geir Ove Åsebø)

Ver med å tipp sluttresultatet i treningskampen Bremanger-Haugen og vinn eit Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 

Tipset legg du inn i gjesteboka.


12.04 Uavgjort mot Bremanger
Haugen sitt guttelag har vore i aksjon i Polljen i dag. Mannen ein alltid kan stole på, Stian Aaland, har sendt følgjande referat.

Guttelaget spelte i kveld treningskamp mot Bremanger. Haugen hadde overtaket gjennom heile kampen, og brende ei straffe tidlig i 1. omgang. Elles var det slurvete pasningsspel og eit solid Bremanger-forsvar som stoppa det meste som kunne blitt målsjansar og laga gjekk mållause til pause.

Bremanger fekk eit nokså heldig mål 10 minutt ut i 2 omgang, på det som omtrent var einaste målsjansen dei hadde heile kampen. Jonas Rye Tvendeseter scora sitt første mål for Haugen og utlikna til 1-1, midtvegs i 2 omgang. Etter det pressa Haugen på for endå ei scoring. Kjetil Remme kom nærmast med ei heading i stolpen, og ein god Bremanger-keeper stoppa resten av avslutningane så det endte 1-1 i Polljen.

11.04 Sindre Kvalheim vann sesongkortet
Sindre Kvalheim vart den heldige vinnaren av eit sesongkort på Klenkarberget 2005. Vinnaren blei trekt ut av dei ti fyrste som har sendt inn forslag til tabellkonken 2005. 
Kvalheim får sesongkortet tilsendt i posten.

Underteikna har til no fått inn tretten tips til tabellkonken. Vinnaren av tabellkonkurransen får ti flaxlodd.

Reglane ser du her 

Forslaget ditt sender du på e-post til: s.hoynes@frisurf.no   

Fredag kveld er det duka for treningskamp mot 4. divisjonslaget Bremanger på Skavøypoll Stadion. 

Ver med å tipp sluttresultatet i treningskampen Bremanger-Haugen og vinn eit Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 

Tipset legg du inn i gjesteboka.



09.04 TMFK-Spjelkavik 3-2 (1-1)
TMFK vann i dag 3-2 mot Spjelkavik i ein treningskamp på Refvik Stadion. Stillinga til pause var 1-1. Måla til TMFK vart sett inn av Øyvind Vabø, Ronny Jørgensen og Eirik Rutledal. 

09.04 Eikefjordturneringa
4. divisjonslaga Eikefjord, Askvoll/Holmedal, Bremanger og Førde II deltar denne helga i Eikefjordturneringa. I den fyrste semifinalen spelte Førde II og Askvoll/Holmedal uavgjort 1-1. Askvoll/Holmedal var sikrast i den på påfølgjande straffesparkkonkurransen og sikra seg med finaleplass i turneringa. I den andre kampen blei Bremanger knust heile 5-0 av heimelaget og må ta til takke med bronsefinale i morgon. 

Dermed blir finale slik:
Kl 13.00 Bronsefinale:Førde II-Bremanger
Kl 15.00 Finale: Eikefjord-Askvoll/Holmedal

09.04 Sogndal fekk walkover i NM junior
Fyrste kvalifiseringsrunde til NM junior er no ferdigspelt med desse resultata:
Eid-TMFK 1-2
Florø-Førde 2-4
Dale-AHIL 4-3
Høyang-Kaupanger 4-2
Sogndal-JÅFK 6-3

Kampane til andre runde er trekt og skal spelast tysdag 12. april kl. 18.00. 
TMFK-Førde 
Dale-Høyang


Vinnarane av desse kampane pluss Sogndal som fekk walkover er klare til fyrste ordinære runde. 
 


08.04 Surt og utriveleg på Stårheim
Haugen vann i kveld 4-3 mot Heia i ein treningskamp på Stårheim Stadion. Med snø og vind gjennom heile kampen blei det ein kald fornøyelse for dei tjue tilskodarane som prioriterte fotball framfor Idol. 

Haugen tok som venta føringa i kampen og i løpet av fyrste omgang skåra Haugen tre mål og gjekk til pause på stillinga 3-0. Måla til Haugen vart sett inn av Jim Tore Humborstad og Roger Nygård (2). I andre omgang auka Reidar Hellesø leiinga til 4-0 og alle trudde at Haugen skulle vinne ein enkel siger. Etter dette bytta Haugen ut nesten samtlege spelarar og Heia tok fullstendig over kampen. Mohammed Barla overlista ein god Ståle Sandal tre gongar i løpet av siste kvarteret og skapte for alvor spenning i kampen på slutten. På overtid var Stein Inge Strøm åleine med keeper, men Sandal redda og kampen ebba ut med 4-3 siger til sebratrøyene. 

Dommar Rune Haugland delte ut gule kort til Stein Inge Strøm og Bjørn Joar Svarstad.

Vebjørn Skrede feira 21-års dagen sin med å spele ein god kamp som midtstoppar for Haugen.    

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.


08.04 Svært god treningskamp av guttelaget
Stian Aaland har sendt følgjande referat:
Guttelaget slo Selje/Stadlandet 6-3 torsdag kveld. Selje scora først, Thomas Starheim utlikna seinare på eit skot frå 20 meter, før Olav Espe putta inn 2-1 etter ein god Haugen-periode. Stillinga til pause vart 2-2 etter at Selje/Stadlandet utlikna like før sidebytte.
Etter pausen kom Selje i føringa etter ein svak start av bortelaget. Haugen løfta seg derimot kraftig utover i omgangen og Kenneth Aaland sette inn 2 mål, før Olav Espe rundlurte Selje-forsvaret og scora sitt andre for dagen. 
Like før slutt styrte Øyvind Haraldsen inn et frispark og fastsette
sluttresultatet til 6-3.

08.04 Laget mot Heia
Haugen stiller med dette laget i treningskampen mot Heia på Stårheim Stadion i dag kl. 19.00:

Keeper: Ståle Sandal

Forsvar:
Ove Balsnes, Gustav Orheim, Vebjørn Skrede og Stian Bjørlo

Midtbane:
Bjørnar Øien, Rune Venøy og Jim Rune Skrede

Angrep:
Jim Tore Humborstad, Hans Ottar Humborstad og Roger Nygård

Ver med å tipp sluttresultatet i treningskampen Haugen-Heia og vinn eit Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 

Siste frist er sett til 18.30. 

Tipset legg du inn i gjesteboka.
 

06.04 Eid ute av Junior-NM
Eid sitt juniorlag tapte i kveld 2-1 mot TMFK i fyrste kvalifiseringsrunde til Junior-NM. Eid var det førande laget etter ein jamnspelt fyrste omgang og laga gjekk til pause på stillinga 1-0. Anders Midthjell laga målet til Eid etter omlag 10 minutt. I andre omgang tok TMFK meir og meir over og ti minutt ut i omgangen avgjorde TMFK kampen med to kjappe skåringar. Begge skåringane til TMFK vart sett inn av Leif Arne Iversen. 

Dommar Rune Haugland delte ut gule kort til Morten Lyng og Jørn Ove Rindal. 


06.04 Guttelaget nærmar seg seriestart
Guttelaget til Haugen er i full gang med oppkøyringa til sesongen. På treninga i kveld på Stårheim Stadion kunne trenar Knut Atle Krossøy fortelje at laget har ein stall på 18-19 spelarar. 

Guttelaget skal spele to treningskampar den neste veka. I morgon torsdag 7. april er det kamp mot Selje/Stadlandet på Selje Stadion. Tysdag 12. april er Bremanger motstandar på Skavøypoll Stadion. 

Haugen skal i år spele i pulje med: Skavøypoll, Bremanger, Selje/Stadlandet og TMFK II. TMFK II stiller med eit 7ar lag.

Serieopninga er borte mot TMFK II fredag 29. april.


05.04 Eid-TMFK på Stårheim Stadion
Juniorkampen Eid-TMFK i fyrste kvalifiseringsrunde i i NM blir spelt på Stårheim Stadion onsdag 6. april kl. 18.00.

05.04 Trond tilbake i trening neste veke
Eirik Andreassen kan melde at Trond Kroken er tilbake i trening neste veke. Det har ei stund gått rykter om at Trond skulle briljere på midtbana til Heia denne sesongen men det er ikkje sant. 

03.04 Troppen mot Heia 8. april 
Haugen spelar fredag 8. april kl. 19.00 treningskamp mot Heia på Stårheim Stadion. Eirik Andreassen har tatt ut denne troppen:

Ståle Sandal, Vegard Løken, Ove Balsnes, Gustav Orheim, Vebjørn Skrede, Stian Bjørlo, Rune Venøy, Jim Rune Skrede, Bjørnar Øien, Hans Ottar Humborstad, Roger Nygård, Hans Petter Gilleshammer, Øystein Haugland, Reidar Hellesø, Stian Aaland, Bjørn Erik Bruvoll, Stig Tore Gilleshammer, Thomas Dalsbø, Jim Tore Humborstad og Mikael Myklebust.

Ver med å tipp sluttresultatet i treningskampen Haugen-Heia og vinn eit Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 

Tipset legg du inn i gjesteboka.




03.04 Ole Sunde skal trene Eid II 
Ole Sunde skal denne sesongen trene Eid II. Heia har lenge sagt at den fotrappe kantspelaren skal spele på deira lag denne sesongen. Dette kan Heia sjå langt etter, ettersom dette ikkje kan kombinerast. 

03.04 Uavgjort og tap for Eid 
Damelaget til Eid har denne helga vore med i ein vårcup på Haramsøya.  Ettersom Molde trekte laget sitt frå cupen spelte Eid to kampar laurdag. I fyrste kampen spelte Eid 2-2 mot Brattvåg etter skåringar av Silje Leite og Mariann Sigdestad på straffe. Berre ein time etter var det duka for kamp mot HaNo. Her blei motstanden for sterk og Eidadamene tapte 3-0. Trenar Magne Jonny Krumsvik vil spesielt rose dei unge spelarane denne helga. Eid er godt i gang med eit generasjonsskifte og kanskje er det bra at Eid skal spele i den lokale 3. divisjon denne sesongen. Laurdag 30. april er det serieopning borte mot Sandane, men før det er det treningskamp borte mot Volda søndag 10. april. 


03.04 Ny siger til Eid 
I dagens treningskamp mot ei blanding av Fagernes sitt fyrste og andrelag vann Eid komfortabelt 3-1. 

Nydal kan melde om ein dårleg fyrste omgang av Eid. Sjølv fekk Nydal spele siste kvarteret på høgrebacken og kan love at formen skal bli bedre når sesongen nærmar seg. 

Måla til Eid vart sett inn av Stian Sandal (2) og Erik Salveson. 


02.04 Eid vann i Årdal 
Eid vann i kveld 3-2 mot Jotun II i ein treningskamp i Årdal.  

Oppmann Arne Morten Nydal kunne fortelje at Eid møtte eit ungt lag som gav gultrøyene god motstand. Måla til Eid vart sett inn av Stig Aarsheim, Stian Sandal og Jan Azar Karadas. Stillinga til pause var 1-0 til Eid. 

I morgon søndag skal Eid måle krefter mot Fagernes. Kampen skal spelast på kunstgraset i Årdal klokka 14.00.


02.04 Resultat treningskampar 
Skavøypoll tapte i dag 2-1 mot Hareid på Skavøypoll Stadion. Skavøypoll leia 1-0 til pause etter skåring av John Martin Gil. 
Skavøypoll spelar sin fyrste seriekamp heime mot Dale laurdag 16. april.

I ein treningskamp på krøllgraset i Årdal vann Fjøra 3-0 mot Sandane. Etter at stillinga til pause var 0-0 laga Einar Dons Brath, Jim Are Hansen og Ronny Hamre måla til Fjøra i andre omgang. 


Fjøra tek i mot Florø i fyrste serierunde fredag 16. april, medan Sandane tek turen til Sogn og spelar mot Høyang.

Dei andre kampane i fyrste serierunde:
Kaupanger-Stryn
Førde-JÅFK II
TMFK-Sogndal II


02.04 Treningskampar 
Treningskampen mot Bremanger fredag 15. april blir spelt på Skavøypoll Stadion klokka 19.00. 

Når det gjeld treningskampen mot Heia fredag 8. april er det enno ikkje bestemt kamparena eller klokkeslett. 

Tim Onar Naustdal tek ei pause frå fotballen ei stund. Naustdal blei kåra til årets talent og årets spelar sesongen 2001. Oppmann Bjørn Erik Bruvoll kan melde at den lynraske forsvarspelaren vil satse på yrkeskarriere framfor fotball dei neste to åra.  


02.04 Tap og siger for krinslaget til Sogn og Fjordane 
Guttekrinslaget til Sogn og Fjordane i årsklassa født 1990 har denne helga spelt kampar mot Hordaland og Rogaland i Vestlandshallen. Thomas Starheim frå Haugen og Kristian Kongsvoll frå Eid har vore med på laget. Fredag vann Sogn og Fjordane 2-1 over Hordaland medan det enda med tap 4-0 mot Rogaland i dag.

Jentelaget til Sogn og Fjordane tapte fredag 5-0 mot Rogaland og i dag blei det eit knepent tap 1-0 mot Rogaland. Sunniva Hagen frå Eid var einast lokale utøvar på dette laget.

30.03 Resultattips Haugen-Heia 
Haugen skal spele treningskamp mot Heia fredag 8. april. Kampen blir spelt på Skavøypoll Stadion og denne gong får vi håpa at ikkje Heia feigar ut.

Ver med å tipp sluttresultatet i treningskampen Haugen-Heia og vinn eit Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 

Tipset legg du inn i gjesteboka.


Underteikna har til no fått inn åtte tips til tabellkonken. Dermed er det enno sjanse til å bli blant dei ti fyrste som sender inn og dermed bli med i trekninga om et sesongkort på Klenkarberget sesongen 2005.

Forslaget ditt sender du på e-post til: s.hoynes@frisurf.no   

Vinnaren av tabellkonkurransen får ti flaxlodd.

Reglane ser du her 


30.03 Kvalifisering Junior herrer 2005
Eid sitt juniorlag har fått heimekamp mot TMFK i fyrste kvalifiseringsrunde til junior NM. Kampen er beramma til onsdag 6. april kl. 18.00. 

Dei andre kampane: 
Florø-Førde
Dale-AHIL  
Høyang-Kaupanger 
Sogndal-JÅFK 

Ettersom Sogn og Fjordane har fått med tre lag i fyrste ordinære runde skal fire av dei fem vinnarane ut i nok ein kvalifiseringsrunde. Eit lag av dei fem vinnarane i fyrste kvalifiseringsrunde blir trekt ut og får Walkover i andre kvalifiseringsrunde.


28.03 Årets miniputturneringar
Også i år skal spelarane under ti år spele turneringar med 5-ar fotball. I avdeling Nordfjord 3 stiller følgjande lag: Haugen, Eid, Kjølsdalen, Stårheim og Heia.

Turneringane skal arrangerast slik:
22.05. Haugen
12.02. Eid 
21.08. Kjølsdalen
11.09. Stårheim

Lilleguttlaget til Haugen skal i år måle krefter mot Stårheim, Eid, Sandane I, Sandane II og Svelgen. Laget serieopnar heime mot Sandane torsdag 28. april. I kolonna til høgre kan du sjå kampoppsettet.


28.03 TMFK-Sogndal 2-5 (1-2)
TMFK tapte i dag treningskampen mot Sogndal på Refvika. TMFK held godt følgje med Sogndal i 50 minutt, men resten av kampen viste Sogndal kven som er det beste laget. 

0-1 17 Anders Stadheim
0-2 26 Håvard Flo
1-2 27 Per Jarle Mathisen
2-2 53 Eirik Rutledal
2-3 58 Steinar Tenden
2-4 65 Rune Bolset
2-5 68 Steinar Tenden

Kilde: Fjordenes Tidende

I ein treningskamp i nabofylket i nord vann Molde 2-0 mot Ålesund. Molde gjekk til pause på stillinga 1-0 etter at Christian Steen hadde sett ballen i eige mål. I andre omgang auka Magnus Kihlberg leiinga til 2-0, noko som også blei sluttresultatet. 

Kilde: Sunnmørsposten   


28.03 TMFK-Sogndal på Refvika
TMFK tar i mot Sogndal og Kim Rune Hellesund (bildet) til treningskamp på Refvika i dag klokka 15.00. 

Sogndal spelar i dag sin nest siste treningskamp før serien tek til. Søndag 3. april er Løv-Ham motstandar i generalprøven på Fosshaugane. Sogndal spelar opningskampen i årets fyrstedivisjon mot Kongsvinger på Fosshaugane søndag 10. april. 

TMFK melder på sine nettsider at dei stiller med eit toppa mannskap til kampen mot Sogndal. TMFK serieopnar heime på Refvika mot Sogndal II måndag 18. april. Deretter ventar bortekampen mot Stryn laurdag 23. april. TMFK har alltid hatt trøbbel med å vinne over Stryn, men i år trur underteikna at Stryn vert for lette mot laget frå havgapet.   


27.03 Oppdatert terminliste
Årets terminliste skal no vere klar. Så får vi håpe at det ikkje blir enda fleire endringar. Haugen serieopnar heime mot Oppstryn II tysdag 26. april. Sist Haugen møtte Oppstryn II var i sesongen 2000. I bortekampen sigra Haugen 7-1 etter å ha reist til Lund Stadion med berre ti mann. I heimekampen vart det også ein klar siger med 9-0. I denne kampen laga Frode Taklo (5), Øystein Haugland, Asle Nesbø, Erling Bjørn Totland og Ronny Berg måla til Haugen. Serien blir avslutta med heimekamp mot Flatraket tysdag 27. september.

Sjå heile terminlista her.


25.03 Tabellkonkurransen
Også i år freistar vi å arrangere ein tabellkonkurranse. Antall deltakarar dei siste sesongane har vore skuffande, men vi satsar på at fleire sender inn forslag i år. Konkurransen går ut på å tippe rett tabell i Haugen si avdeling. 

Blant dei ti fyrste som sender inn, blir ein trekt ut og får eit sesongkort på Klenkarberget sesongen 2005.

Vinnaren av tabellkonkurransen får ti flaxlodd.

Laga som er i Haugen si avdeling: Eid 2, Flatraket, Stadlandet/Selje II, Haugen, Heia, Skavøypoll II, TMFK III, Oppstryn II og Veten/Hardbagg.

Forslaget ditt sender du på e-post til: s.hoynes@frisurf.no   

Reglane ser du her 


23.03 Skavøypoll-Eid 2-2 (0-2)
Eid spelte i kveld uavgjort 2-2 mot Skavøypoll på Skavøypoll Stadion. Etter ein sjansefattig fyrsteomgang gjekk Eid i leiinga etter omlag halvtimen. Anders Midthjell flikka i mål eit innlegg frå Stian Sandal. Fem minutt etter auka Geir Moldestad leiinga til 2-0, då han var på rett plass etter ein retur frå keeper. 2-0 var også pauseresultatet etter ein bra omgang av Eid. I andre omgang gjekk det berre to minutt før reduseringa til 2-1 kom. Peter Orry Larsen fekk stå heilt åleine på 7-8 meter og han sette ballen enkelt bak ein god Aksel Myklebust. Kvarteret før slutt fastsette Ole Gunnar Midtbø (bildet) sluttresultatet til 2-2. Alt i alt ein bra kamp av Eid, men underteikna trur at er ikkje Skavøypoll bedre enn det dei viste i dag får dei store problem i årets 3. divisjon. Magnus Sævik var solid i midtforsvaret og Johnny Hellesø og Ole Gunnar Midtbø synte av og til at dei kan bli farlege på kantane. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen





22.03 Skavøypoll-Eid
Eid møter i morgon, onsdag 23. mars, Skavøypoll til treningskamp på Skavøypoll Stadion. Kampen tek til klokka 18.00 og kanskje kan du lese referat og sjå bilder frå kampen her på Haugen Fotball.  

22.03 Endring i terminlista
Ein observant lesar har underretta underteikna at det er endringar i terminlista til 6. divisjon avd. 4. 

Oppstryn 2 er komt med i tillegg til dei 8 laga som var med sist krinsen sette opp terminlista.   

Haugen skal dermed serieopne heime mot Oppstryn 2 allereie tysdag 26. april. Ettersom det er ei god stund til det blir snøfritt på Klenkarberget er det mykje truleg at kampen går på Stårheim Stadion. 

Dette får også konsekvensar for tabellkonkurransen. Vi tek no utgangspunkt i at det blir ni lag i avdelinga og dette medfører at det blir endå vanskeligare å prikke inn alle lag på rett plassering.

Forslaget ditt sender du på e-post til: s.hoynes@frisurf.no   

Reglane ser du her  





21.03 TMFK III vann 6-1 mot Flatraket
Tredjelaget til TMFK vann i kveld 6-1 over Flatraket i ein treningskamp på Selje Stadion. Stillinga til pause var 4-1.

21.03 Tabellkonkurransen
Også i år freistar vi å arrangere ein tabellkonkurranse. Antall deltakarar dei siste sesongane har vore skuffande, men vi satsar på at fleire sender inn forslag i år. Konkurransen går ut på å tippe rett tabell i Haugen si avdeling. 

Blant dei ti fyrste som sender inn, blir ein trekt ut og får eit sesongkort på Klenkarberget sesongen 2005.

Vinnaren av tabellkonkurransen får ti flaxlodd.

Laga som er i Haugen si avdeling: Eid 2, Flatraket, Stadlandet/Selje II, Haugen, Heia, Skavøypoll II, TMFK III og Veten/Hardbagg.

Forslaget ditt sender du på e-post til: s.hoynes@frisurf.no   

Reglane ser du her 


20.03 Treningskampar 
TMFK II-Bremanger 2-1 (1-0)
Follese-Skavøypoll 3-1
Lyngbø-Skavøypoll 2-5
Sandane-Florø 3-1
Førde-Sandane 7-0  
Førde-Høyang 3-0
Loen-Eid 2-2
Askvoll/Holmedal-Gaular 5-1
Stryn-Bergsøy 6-2

Resultata er henta frå diverse heimesider og gjestebøker.


19.03 Snipp, Snapp, Snute for Firda Avis Cup
Firda.no melder i dag at det ikkje blir arrangert Firda Avis Cup i år. Interessa for cupen har minka dei siste åra og arrangøren har slite med å få dei beste laga til å delta.

Haugen kom både i fjor til kvartfinalen i Firda Avis Cup. Der vart det tap 2-1 mot Eikefjord. 

19.03 Treningskamp mot Bremanger
Haugen har avtalt treningskamp mot Bremanger. Kampen mot fjerdedivisjonslaget blir spelt på Skavøypoll Stadion fredag 15. april.

Sjef for FjøraFjæra Supporterklubb og oppmann  for Haugen, Bjørn Erik Bruvoll, ser lyst på at Haugen skal spele mot ein antatt bedre motstandar. Bruvoll har stor tru på at Haugen kan bite godt frå seg  og oppnå eit godt resultat mot Bremanger. 

Haugen har i dag hatt trening i Nordfjordhallen og spesielt betryggande er det at Ståle Sandal storspelte mellom stengene. Bruvoll vil også nemne at Kenneth Berstad er tilbake etter eit år i garden. Kven huskar ikkje Berstad i debuten for Haugen der han snudde kampen mot Stadlandet ved å utlikne til 3-3 kvarteret før slutt. Haugen vann til slutt 4-3. 


19.03 Thomas teken ut til Regionsturnering i Bergen

Thomas Starheim vart som venta utteken til Sogn og Fjordane sitt G90 lag som skal spele to kampar i Vestlandshallen 1. og 2. april. 

I tillegg til Thomas er følgjande spelarar frå Nordfjord med i troppen:
Kennet Honningsvåg, Stadlandet IL  
Sveinung Frantzen, Tornado Måløy FK 
Kristian Kongsvoll, Eid IL

Jon Georg Rutledal og Arild Bakke Hagen er trenarar for laget. 

Jenter 89-90 deltar også på turneringa. Her er Sunniva Hagen frå Eid einaste jente frå Nordfjord som er tatt ut til. 

Fredag 1. april
1930: Hordaland J89 – SFFK J89
2130: Hordaland G90 – SFFK G90
 
Laurdag 2. april
1500: SFFK J89 – Rogaland J89
1630: SFFK G90 – Rogaland G90


19.03 Fyrste kvalifiseringsrunde NM fotball

NFF har sett opp følgjande kampar i fyrste kvalifiseringsrunde NM fotball:
Høyang - Fjøra
Sandane - Florø
Skavøypoll - Førde
Tornado Måløy - Stryn

Sykkylven - Volda
Hareid - Langevåg
Skarbøvik - Spjelkavik
Valder - Bergsøy
Sunndal - Surnadal
Gossen - Dahle
Kristiansund - Averøykameratene

Kampane er terminfesta til onsdag 20. april. Andre kvalifiseringsrunde blir spelt onsdag 27. april. 

Treninggskampar fredag kveld:
Fjøra-Stranda 0-1 (0-0)
JÅFK-Steinkjer 3-5 (1-2)

Eid sin kamp mot Sandane onsdag vart avlyst på grunn av dårlige forhold på Skavøypoll Stadion.  


17.03 Heia trekte seg
Treningskampen mot Heia fredag kveld på Skavøypoll Stadion er avlyst. Heia tok kontakt i kveld og kunne fortelje at dei ikkje kunne stille lag. Kanskje blei redselen for å få skikkeleg bank av Haugen sine stjerner for stor? 

Fredag 8. april blir det gjort eit nytt forsøk på å få til ein kamp mot Heia.  

Det blir trening i Nordfjordhallen laurdag kl. 13.30-15.30.


15.03 Drakter
Øystein Haugland ber alle om å sjekke om dei har drakter liggande heime. Drakt nummer 10 er sporlaust vekke og alle veit at får ikkje Rune Venøy drakt nummer 10 blir han ikkje med. Det hadde vore synd om den nye kapteinen ikkje blir med denne sesongen så alle må gjere sitt ytterste får å finne drakta. 

Øystein Haugland kunne også melde at dei nye reservedraktene til Haugen skulle vere klare i dag. Draktene er oransje og er sponsa av Peppino's og Chatlet Sport. 

På bildet under syner Øyvind Løkling på fotballavslutninga i fjor stolt fram bilda av dei forskjellige draktene frå gamalt av.  


13.03 Thomas Starheim på cupsamling
Thomas Starheim og kretslaget til Sogn og Fjordane for gutar født 1990 har denne helga vore på cupsamling i Volda. Sogn og Fjordane spelte to kampar mot Sunnmøre og vann begge. Laurdag vart det 4-0 siger medan det søndag blei ein knapp 3-2 siger. Thomas spelte begge kampane og søndag laga han det eine av måla til Sogn og Fjordane. 

Helga etter påske er det duka for Regionsturnering i Vestlandshallen. Her møter Sogn og Fjordane kretslaga til Rogaland og Hordaland. Mykje tyder på at Thomas blir utteken til denne turneringa. Denne turneringa fungerer også som vidare uttak til talentleiren/landslagssamlinga som blir arrangert i Porsgrunn siste veka i juni. 

Bildet er frå Haugen sin 4-2 siger mot Selje 6. mai 2004. 


13.03 Treningskampar denne helga
Volda-Stryn 2-2 (1-0)
Mål Stryn: Per Ole Tenden og Jon Terje Tjellaug

JÅFK-Lillehammer 0-4 (0-2)

Start-Sogndal 3-0 (3-0)

Fjøra-Askøy 0-2 (0-1)

Fyllingen-Førde 3-0 (1-0)

Djerv-Dale 1-0

Hetlevik-Askvoll/Holmedal 1-4 (0-3)
Mål AH: Leif Helge Rivedal, Espen Ask, Jan Kjøsnes og Frank Ask

Kjøkelvik-Askvoll/Holmedal 3-1 (0-1)


12.03 Ny siger for TMFK
TMFK melder på sine nettsider at det blei ein 7-4 siger i dag mot Bergsøy. TMFK leia 2-0 til pause og i andre omgang rann måla inn begge vegar. 

12.03 Stian Bjørlo i trening igjen
Det går rykte om at Stian Bjørlo er tilbake i trening igjen. 

Det var lenge sagt at Stian skulle slå følgje med Håvard Bruvoll til erkefienden Eid, men kanskje spelar den solide backen heimekampane sine på Klenkarberget også denne sesongen.

Bildet er henta frå kampen mot Stadlandet i fjor haust. Haugen vann 4-0 etter å ha leia 2-0 til pause. 


12.03 Nye i troppen mot Heia
Reidar Hellesø har skada seg og er ikkje aktuell i troppen mot Heia. Bjørn Erik Bruvoll og Hans Thomas Solheim er henta inn i troppen i staden for Reidar. 

12.03 Terminlister 2005
Dei fleste terminlistene for sesongen 2005 er no klare. I menyen til høgre på hovudsida kan du klikke deg inn for å sjå på dei forskjellige terminlistene. 

11.03 Troppen mot Heia
Trenar Eirik Andreassen hat tatt ut følgjande spelarar til treningskampen mot Heia fredag 18. mars. 

Ståle, Geir Ove, Gustav, Jan Roger, Odd Kjetil, Ove, Bjørnar, Rune, Jim Rune, Reidar, Roger, Hans Ottar, Jim Tore, Mikael, Thomas Dalsbø, Stig Tore. Vebjørn, Hans Petter, Runar og Øystein.

Ver med å tipp sluttresultatet og vinn eit Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 

Tipset legg du inn i gjesteboka.

Fjøra vann i kveld 4-1 mot Radøy/Manger i ein treningskamp i Sognahallen i kveld. 


10.03 Haugen serieopnar heime mot Veten/Hardbagg
Då er serieoppsettet klart og Haugen skal starte med heimekamp mot Veten/Hardbagg fredag 6. mai.
Serien blir avslutta med heimekamp mot Flatraket tysdag 20. september. Fyrsteinntrykket av oppsettet er at det ser heilt greitt ut. Bortekampen mot Veten/Hardbagg på Ålandsleite har lenge sett ut til å vere den store baugen. Men no ser det ut til at den kanskje blir litt enklare. Kampen er oppsett 12. august og tar ikkje underteikna heilt feil er dette midt i slåtten. Det er vel ikkje å stikke under ei hes at når ein har drive med slåttearbeid heile dagen er det ikkje mykje futt i beina når kvelden kjem.    

Fredag 6. mai Haugen-Veten/Hardbagg
Tysdag 10. mai TMFK III-Haugen 
Fredag 27. mai Haugen-Stadl./Selje II
Tysdag 31. mai Skavøypoll II-Haugen
Fredag 10. juni Haugen-Heia
Tysdag 14. juni Haugen-Eid II
Fredag 24. juni Flatraket-Haugen
Fredag 12. august Veten/Hardb.-Haugen
Onsdag 17. august Haugen-TMFK III
Fredag 26. august Stadl./Selje II-Haugen
Tysdag 30. august Haugen-Skavøypoll II
Tysdag 6. september Heia-Haugen
Tysdag 13. september Eid II-Haugen 

Tysdag 20. september Haugen-Flatraket


09.03 TMFK vann lett mot Selje
TMFK sine nettsider melder at TMFK vann 8-2 mot Selje i kveld. Etter rapportane spelte TMFK ein god fyrste omgang og gjekk til pause på stillinga 7-0. 

I andre omgang kom Selje bedre med i kampen og vann omgangen 2-1. 

Ronny Jørgensen vart mestskårande med fem mål, medan Rune Solvang putta to og Per Jarle Mathisen laga eitt mål. 

Kristoffer Hove laga begge måla til Selje. 

Bildet av Per Jarle Mathisen er tatt då han senka Florø åleine i treningskampen i fjor. TMFK vann 6-1 etter at Per Jarle laga 4 mål og hadde ei målgivande i fyrste omgang. På stillinga 5-0 til pause var Per Jarle fornøgd og gjekk i dusjen.


08.03 Stryn-Eid 3-1 (1-1)
Stryn vann i kveld 3-1 mot Eid på kunstgraset i Stryn. Eid tok leiinga tidleg i kampen men Stryn utlikna ved Frank Hool slik at stillinga til pause var 1-1. I andre omgang var Kåre Balsnes frampå og gav Stryn leiinga 2-1. Ti minutt før slutt fastsette Frank Hool sluttresultatet til 3-1. Det var ein litt betutta Kåre Balsnes underteikna var i kontakt med etter kampen. Han meinte at Stryn spelte langt i frå noko god kamp men at Eid gav dei bra motstand. Spesielt Geir Moldestad var farleg frampå fleire gongar men var altfor lite flink i dei avgjerande situasjonane. 

Bildet av Kåre Balsnes er henta frå Haugen sin bortekamp mot Jotun II 5. mai 2002. 


08.03 Haugen har unge spelarar også
Underteikna har fått kritikk i gjesteboka for å ha gløymt dei unge spelarane på Haugen. Men underteikna har på langt nær gløymt desse spelarane. 

Haugen kan i år stille med eit slagkraftig lag sjølv om ein berre skal bruke spelarar på 20 år og yngre. 

Keeper: Alexander Pavelich og Vegard Løken

Forsvar: Torleiv Orheim, Ove Balsnes, Jan Roger Solibakke, Odd Kjetil Liset, Runar Øien og Tim Onar Naustdal

Midtbane/Angrep:
Bjørnar Øien, Vegard Bruvoll, Jim Tore Humborstad, Stig Tore Gilleshammer, Kim Fagerstrand, Stian Aaland, Vebjørn Skrede, Reidar Hellesø, Mikael Myklebust, Thomas Dalsbø, Matias Lien, Dag-Aril Starheim, Cato Magne Humborstad, Hans Thomas Solheim og Bjørn Erik Bruvoll.


07.03 Årets fyrste kamp mot erkerivalen Heia
Fredag 18. mars kl. 20.00 er det duka for treningskamp mot Heia i flomlys på Skavøypoll Stadion. 

Det går rykte om at Heia har forsterka laget sitt med nokre nye stjerner og det kan bli ein rysar av ein kamp på kunstgraset i polljen. 

Ver med å tipp sluttresultatet i treningskampen Haugen-Heia, og vinn eit Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 

Tipset legg du inn i gjesteboka.


07.03 Arnt Ivar trenar med Haugen
Arnt Ivar Naustdal skal vere med på treninga i Nordfjordhallen laurdag 19. mars. Dermed ser det ut til at Haugen kan stille med nok ein glimrande midtbanespelar denne sesongen. 

Arnt Ivar spelte i fjor nokre få kampar for Eid. Sesongen 2003 var han ei viktig brikke Haugen si midtbane. Naustdal har spelt 15 kampar for Haugen og laga 3 mål. 

Kva med ei sentral midtbane med Jim Rune, Arnt Ivar og Rune? Hurtige Jim Tore kunne spelt venste kant, men ein manglar ein med stor fart på høgrekanten. For eit par sesongar sidan var dei ein kar med stor fart på høgresida, men det virkar som han har lagt skoa på hylla. 


07.03 Treningar i Nordfjordhallen 
Haugen skal ha trening i Nordfjordhallen søndag 13. mars og og laurdag 19. mars. Søndag 13. mars er treninga kl. 15.00-17.00, medan laurdag 19. mars kan spelarane boltre seg på grasmatta frå kl. 13.30 til 15.30. 

Fyrstkommande søndag blir det også keeper på treninga i Nordfjordhallen. HSH-89 trenar Ståle Sandal, som tidlegare har vokta buret til Breimsbygda, skal få prøve seg mellom stengene på Haugentreninga. Ståle Sandal skal også prøve å stoppe målkåte Heiaspelarar i når laga møtest til treningskamp fredag 18. mars.


06.03 Loen vann KM innandørs
Loen sitt lag i junior herrer vann KM-innandørs i Strynehallen i dag. Etter å ha vunne 5-3 mot Eid i semifinalen blei det 7-4 siger mot Stryn i finalen. Stryn kom seg til finalen etter å ha vunne 3-2 mot JÅFK i semifinalen. Eid kom på ein hederleg fjerdeplass etter å ha vunne alle tre kampane innleiande men Loen og JÅFK blei for sterke i finalane

Finale:
Loen-Stryn 7-4

Bronsfinale:

Eid-JÅFK 1-3

Semifinalar:
Eid-Loen 3-5
JÅFK-Stryn 2-3

Innleiande:
Førde-Eid 1-5
Tornado Måløy-Jotun Årdalstangen 4-4 

Jotun Årdalstangen-Eid 1-5
Tornado Måløy-Førde 1-2

Eid-Tornado Måløy 3-2
Førde-Jotun Årdalstangen 1-3

06.03 Innandørs KM
Eid sitt lag i junior herrer har komt i ei tøff gruppe i dagens KM som blir arrangert i Stryn. Med lag som JÅFK, Førde og TMFK på den andre banehalvdelen blir det langt frå nokre lette kampar for gultrøyene frå Eid. Hans Petter Gilleshammer er på plass i Stryn og skal informere underteikna om korleis det går med kampane i dag. 

Etterkvart som resultata tikkar inn blir dei lagt ut fortløpande.       

06.03 Junior-NM 
Følgjande lag har meldt seg på til Junior-NM:

Dale, Tornado Måløy, Sogndal, Jotun Årdalstangen, Kaupanger, Høyang, Førde og Eid. 

I fjor vann Eid kvalifiseringa til fyrste runde mot Stryn, men fikk skikkeleg bank i fyrste runde då Ålesund vitja Eid Stadion. Ålesund vann til slutt kampen 7-0.

01.03 Saga trekkjer laget sitt 
Saga trekkjer laget sitt frå spel i årets serie. Dette medfører at Dale tek over plassen til Saga i 3. divisjon. 

Dette medfører også at TMFK 2 spelar i 4. divisjon denne sesongen. 

Kva som skjer med 5. divisjon er endå ikkje klart. Kanskje får Eid 2 tilbud om å spele i 5. divisjon, viss Eid  kan stille to lag denne sesongen.

Stryn slit også med å stille to lag denne sesongen. Er dette kanskje starten på slutten med at klubbane stiller med to lag?

TMFK vann heile 11-1 mot Tertnes i ein treningskamp søndag. Jan Magne Solibakke vart TMFK sin mestskårande med fire mål.

I ein treningskamp fredag vann Selje 5-0 mot Flatraket.


27.02 Treningskampar laurdag 
Fleire lag frå Sogn og Fjordane har vore i aksjon i treningskampar i går. 

Lyngbø-TMFK 1-3 (0-2)
0-1 Øystein Hagen (30. min)
0-2 Ronny Jørgensen (35. min)
0-3 Tore Rylandsholm (83. min)
1-3 (90. min)

Fjøra-Kaupanger 2-0 (2-0)

1-0 Johnny Gunnufsen (4. min)
2-0 Ronny Einan (34. min)

JÅFK-Voss 2-2 (1-1)

1-0 Roy Olsen (15. min)
1-1 (30. min)
1-2 (52. min)
2-2 Tim Teigen (79 min)

AHIL-Jølster 2-2 (0-1)

Mål AHIL: Leif Helge Rivedal og Runar Endestad

Sogndal-Ullensaker Kisa 0-0 (fredag)


25.02 Trening i gymsalen på Stårheim
Det blir trening i kveld kl. 21.00 i gymsalen på Stårheim Skule. 

23.02 Ny dato Stryn-Eid
Treningskampen Stryn-Eid som skulle spelast denne helga er utsett. Arne Morten Nydal kan melde om at Stryn manglar ein del spelarar som er på skuletur og ny kampdato ser ut til å bli tysdag 8. mars. 

Då laga spelte treningskamp 14. februar vann Stryn 6-1. Eid sitt trøytemål vart sett inn av Anders Midthjell. 

På grunn av mangel på arkivfoto av Arne Morten Nydal er det bilde av Anders Midthjell på denne artikkelen. 

Underteikna ber Nydal ta kontakt for å avtale ein fotosession, slik at ein situasjon med manglande bilde ikkje skjer igjen. 


23.02 Kampen mot Polljen er avlyst
Den planlagte treningskampen mot Skavøypoll II 5. mars er avlyst. Skavøypoll II kan ikkje stille lag til denne kampen og Haugen må nøye seg med trening i Nordfjordhallen i staden for kamp. 

20.02 Loen senka av sine egne
Frank Hool (bildet) vart matchvinnar i treningskampen mellom Stryn og Loen søndag ettermiddag. Frank Hool og Mats Solheim som sist haust var Loenspelarar  har nettopp bestemt at dei skal spele for Stryn denne sesongen. 

Stryn-Sandane 4-3 (2-1)
0-1 Joacim Sande (3. min)
1-1 Jon Terje Tjellaug (28 min)
2-1 Mats Solheim (35 min)
2-2 Anton Andre Sande (72 min)
2-3 Anton Andre Sande (82 min)
3-3 Mats Solheim (88 min)
4-3 Frank Hool (90 min)

Kilde:www.loenil.com


20.02 TMFK vart for små mot JÅFK
I fyrste kampen i sluttspelet i vinterserien for junior tapte TMFK 6-1 mot Jotun Årdalstangen. TMFK tok leiinga etter berre tre minutt av kampen, men JÅFK kom sterkt tilbake og sette 6 ballar bak TMFK sin keeper. 
TMFK måtte spele siste del av kampen med ti mann etter at keeper vart utvist etter å ha felt ein angripar som sistemann. 

Preben Gilleshammer spelte heile kampen som keeper på JÅFK.

0-1 (3. min) 
1-1 Brede Stedje Ylvisåker (25. min)
2-1 Henrik Furebotn (57. min)
3-1 Tim Teigen (65. min)
4-1 Tim Teigen, str.(74. min)
5-1 Lasse Hestetun (80. min)
6-1 Henrik Furebotn (88. min)

Kilde:Jotun Årdalstangen FK

20.02 Storsiger til Selje over Sandane
Selje vann laurdag ettermiddag 9-3 over Sandane på Kunstgraset i Selje.

Selje leia heile 6-0 etter ein halvtime og resten av kampen bar nok preg av dette. 

Selje-Sandane 9-3 (6-2)
1-0 Trond Hamre (7. min)
2-0 Andres Eltvik (9. min)
3-0 Håvard Nyheim (18. min)
4-0 Kristoffer Hove (25. min)
5-0 Trond Hamre (29. min)
6-0 Trond Hamre (30. min)
6-1 Ole Tarjei Kroken (37. min)
6-2 Ole Tarjei Kroken (42. min)
6-3 Kjetil Myklebust (50. min)
7-3 Roger Nygård (56. min)
8-3 Karl Erik Aarsheim (61. min)
9-3 Ken Olav Kupen (85. min)

Kilde:Fjt.no


17.02 Ronny spelar for TMFK
Fjt.no melder at Ronny Jørgensen har skrive under ei ettårskontrakt med TMFK. Ronny har vore i Hødd i tre sesongar,  men har ikkje fått fornya kontrakta si  med Ulsteinvik-klubben.

Bildet er henta frå Haugen sin kamp mot TMFK III på Refvikja 22. juni 2001. Ronny hadde vore ute med skade og spelte seg i form igjen med å vere med på TMFK II sin kamp mot Haugen. 

Jørgensen var eit heilt angrep åleine i denne kampen og laga fem eller seks mål. Haugen tapte til slutt 9-4 etter skåringar av Trond Kroken (2), Bjarne Haugland og skifantomet Ronny Hafsås. 

Bjarne Haugland spelte sin kamp nr. 100 for Haugen og markerte det ved å gje Haugen leiinga 1-0 etter berre tre minutt spel.


15.02 Arne Morten Nydal svikta
Haugen Fotball sin faste Eidreferent, Arne Morten Nydal, skal informere underteikna om kor tid Eid sitt lag skal i elden. Men Stryn-Eid gjekk av stabelen på kunstgraset i Stryn uten at underteikna vart varsla. Men underteikna er ikkje sur  for det går rykte om at Nydal har tatt turen til Molde for å speide på nye spelarar og kanskje ikkje var informert han heller. 

Enden på visa var i alle fall at Eid tapte 6-1, etter at Stryn leia 2-0 til pause. Måla til Stryn vart sett inn av Kåre Balsnes (2), Mats Solheim, Alexander Eikenes, Frode Hool Egge og Ulrik Flo. 
Kven som laga Eid sitt trøystemål er ikkje klart men kanskje sender Nydal ei melding om kven det var ?

Laurdag 26. februar er det duka for nok ein kamp mellom Stryn og Eid. Kampen blir spelt på kunstgraset i Stryn kl. 15.00.


14.02 Seriekamp på Ålandsleite!
Eirik Andreassen kan melde at Haugen skal denne sesongen spele mot Veten/Hardbagg. Dette blir etter det underteikna erfarer fyrste gong sebratrøyene skal møte krigarane frå Veten/Hardbagg.

Dei andre laga i avdelinga er TMFK 3, Skavøypoll 2, Flatraket, Heia, Eid og Stadlandet/Selje 2. 

11.02 Stryn-Eid er avlyst
Stryn Fotball melder at dagens treningskamp mot Eid er avlyst på grunn av mykje snø. 

09.02 Haugen-Flatraket 19-7 (5-3, 6-0, 8-4)
Haugen vann i kveld heile 19-7 mot divisjonskollega Flatraket i ein treningskamp i Nordfjordhallen. Det blei spelt 3 omgangar på til saman 75 minutt. Haugen var heile kampen det beste laget men det viste seg at ein skal ikkje slappe mykje av før måla renn inn bakover. 

Haugen sine mål vart sett inn av Rune Venøy (5), Cato Magne Humborstad (4), Reidar Hellesø (3), Stig Tore Gilleshammer (2), Gustav Orheim (2), Jim Rune Skrede, Bjørnar Øien og Jim Tore Humborstad. 

Ingen tippa rett sluttresultat i denne kampen. Dermed går Haugen-kruset vidare til neste konkurranse. 

NB! Eid sin treningskamp mot Stryn er flytta fram frå laurdag 12. til fredag 11. februar kl. 18.30. Kampen blir spelt på kunstgraset i Stryn.  


08.02 KM innandørs aldersbestemt
Følgjande lag er kvalifisert til KM innandørs som blir arrangert i Strynehallen helga 5. og 6. mars.

Småjenter:
Sandane, Skavøypoll, Selje, Førde 3, Førde 4, Atløy, Dale, Høyang 2, Sogndal 1 og Kaupanger 1.
Smågutar:
TMFK, Selje, Florø 1, Florø 2, Førde 1, Førde 2, Høyang 1, Balestrand 2 og Vik.
Jenter: 
Bremanger, TMFK, Jølster, Atløy, Tambarskjelvar, Askvoll/Holmedal, Kaupanger 1, Kaupanger 2 og Balestrand 2. 
Gutar:
Florø, Skavøypoll, TMFK, Selje/Stadlandet, Førde 1, Førde 2, Askvoll/Holmedal 1, Høyang 1, Sogndal 1 og Kaupanger 1.
Junior herre:
Loen, Eid, TMFK, Stryn, Førde, Askvoll/Holmedal, Høyang og JÅFK 1.
Følgjande lag er påmeldt i junior damer:
Syril, TMFK, Førde, Kaupanger, Sandane, Dale 1, Dale 2, Lærdal og Høyang.


06.02 Siger og uavgjort for Sogndal
Sogndal har denne helga spelt treningskampar mot Kongsvinger og Hødd. Fredag blei det uavgjort 1-1 mot Kongsvinger. Kongsvinger leia denne kampen 1-0 til pause etter skåring av Tor Vidar Leikvin. Utlikningsmålet til Sogndal i andre omgang vart sett inn av Tommy Øren. 
I dag var det Hødd som var motstandarar for Sogndal og det enda med 4-2 siger til laget frå fruktbygda. Her leia Sogndal 3-1 til pause. Målskårarar for Sogndal var Rune Bolseth (bildet), Kim Rune Hellesund, Anders Stadheim og Joel Cedergren. 

I kampen mellom Kongsvinger og Hødd, laurdag, vann Kongsvinger komfortabelt 5-1.


06.02 Troppen mot Flatraket
Følgjande spelarar er tatt ut til kampen mot Flatraket i Nordfjordhallen onsdag 9. februar kl. 21.00:
Øyvind Løkling, Vegard Bruvoll, Øystein Haugland, Bjørnar Øien, Jim Rune Skrede, Vebjørn Skrede, Rune Venøy, Odd Kjetil Liset, Jim Tore Humborstad, Ove Balsnes, Reidar Hellesø, Roger Nygård, Gustav Orheim og Stig Tore Gilleshammer. 
Det blir avreise frå Klenkarberget kl. 19.45. 

Ver med og tipp sluttresultatet i kampen. 
Den fyrste som tippar rett sluttresultat vinn eit Haugen-krus. 

 Tipset legg du inn i gjesteboka. 

Bildet: Ove Borgund får sjå det raude kortet av dommar Roald Halsør i fjorårets kamp mot Flatraket/Selje 2. 


04.02 Sluttspelet i vinterserien junior
Jotun Årdalstangen, Florø 1 og TMFK er klare for sluttspelet i vinterserien for junior. Vinnaren av KM-tittelen skal kårast ved at laga spelar enkel serie.

Jotun Årdalstangen - Tornado Måløy 
(20. februar kl. 14.00)

Florø 1 - Jotun Årdalstangen

Tornado Måløy - Florø 1


04.02 Eid stiller med fem lag i KM-kvalik innandørs
Haugen har ikkje med eit einaste lag når kvalifiseringa til innandørs KM går av stabelen denne helga i Nordfjordhallen. Eid stiller derimot med fem lag. Dei har meldt på eit smågutelag, eit jentelag, to guttelag og eit lag i junior herrer.

Laurdag er det småjente- og smågutelaga som skal i aksjon. I småjenteklassa er det 9 lag påmeldt og 3 går vidare til KM sluttspelet. I småguteklassa er nålauget endå mindre når berre 4 av 24 lag går vidare til spel om den gjeve KM-tittelen.

Søndag er det guttelaga, jentelaga og junior herrer som skal prøve å kvalifisere seg. Her er det kanskje litt enklare å kvalifisere seg. 3 av totalt 8 jentelag, 4 av 16 guttelag og 4 av 7 junior herrelag går vidare.


03.02 Vinn Haugen-krus
Ver med i konkurransen om eit Haugen-krus. Som tidlegare er oppgåva å fyrst tippe rett sluttresultat i ein Haugenkamp. Denne gang er det sluttresultatet i treningskampen mot Flatraket som skal tippast. Kampen går i Nordfjordhallen onsdag 9. februar og skal spelast over 4 periodar på 20 minutt kvar. 

Tipset legg du inn i gjesteboka.    


03.02 Treningskampar mot Stryn
Eid prøvar seg nok ein gong med treningskamp mot eit 3. divisjonslag. Denne gangen er det Stryn som blir motstandar for Eid og det er avtalt ein dobbelkamp. Fredag 12. februar blir den fyrste spelt, medan den andre går av stabelen fredag 25. eller laurdag 26. februar. det ser ut til at begge blir spelt på kunstgraset i Stryn. 

Stryn spelte i går 5-5 i ein treningskamp borte mot Skavøypoll. Stillinga til pause var 3-0 til Stryn. Målskårarar var i følge Stryn Fotball si nettside Mats Solheim (2), Per Ole Tenden, Kåre Balsnes og Pål Trøsken.  


03.02 Innlevering av draktsett
Alle som drakter frå vinterserien må levere desse inn snarast. Ettersom det snart er treningskamp mot Flatraket kan det vere greit å få ein oversikt over draktene. 

Draktene skal leverast til Øystein Haugland.

01.02 Treningskamp mot Skavøypoll 
Haugen har avtalt treningskamp mot Skavøypoll II søndag 6. mars. Kampen skal spelast på Skavøypoll Stadion. 

30.01 Stryn vann lett mot Hovdebygda
Stryn var i aksjon i treningskamp mot Hovdebygda i går ettermiddag. På kunstgraset i Volda var det i fyrste omgang berre eit lag på bana og Stryn leia 5-0 til pause. I andre omgang dabba Stryn litt av og sluttresultatet blei 7-1. 

Kåre Balsnes (bildet) var tilbake etter å ha vore skada store delar av fjorårssesongen og markerte seg med ei skåring. Dei andre måla til Stryn vart sett inn av Jon Terje Tjellaug (2), Mats Solheim (2), Pål Holko og Ulrik Flo.   


30.01 Treningskampar laurdag
Det var ikkje berre TMFK og Eid som var i aksjon på Skaredammen i går ettermiddag. Eit tilnærma TMFK 2 spelte uavgjort 0-0 mot sunnmørslaget Åram. 

I Sognahallen har laget Hovding frå Hordaland hatt treningshelg denne helga og laurdag testa dei formen mot Sogndal. Sogndal var det klart beste laget og vann til slutt 4-0 etter at stillinga til pause var 1-0. Måla til Sogndal vart sett inn av Anders Stadheim, Tommy Øren (bildet), Kurt Heggestad og Alexander Breidvik.

Førde, som er ein av favorittane til å vinne årets 3. divisjon, vann overbevisande 9-0 mot Dale. Benny Rivedal vart kampens store spelar med fem mål. Are Flataker Viken, Alexander Hjelmeland Rygg, Andsers Norevik og Nicolai Øveraas laga dei andre måla i kampen. 


29.01 Eid tapte 7-0 mot TMFK
Eid tapte i ettermiddag 7-0 mot TMFK i ein treningskamp på Skaredammen. Eid hadde ein alle tiders sjanse til å ta leiinga i kampen på straffe, men straffa frå Henning Haugen blei redda av Per Magne Løken i TMFK-målet. Stillinga til pause var 3-0. Jan Magne Solibakke (bildet) kom ikkje på skåringslista i dag. TMFK sine mål vart sett inn av Øystein Hagen (4), Endre Rutledal, Eirik Rutledal og Rune Solvang. 

Neste helg stiller Eid med to juniorlag i Nordfjordhallen i kvalifiseringa til KM-innandørs.  

Deretter blir det truleg ein treningskamp mot Stryn seinare i februar.  


29.01 Treningskamp mot Flatraket i Nordfjordhallen
Haugen skal spele treningskamp mot Flatraket i Nordfjordhallen. Kampen blir spelt onsdag 9. februar klokka 21.00 og kampen blir avvikla med 4 omgangar på tjue minutt. 

28.01 Treningskampar mot Heia
Haugen har avtalt to treningskampar mot Heia. Kampane skal spelast fredag 18. mars og fredag 8. april. Kor kampane blir avvikla er enno ikkje bestemt, men mykje tyder på at det blir enten på Stårheim Stadion eller på Skavøypoll Stadion. Haugen sin kaptein, Rune Venøy, ser fram til kampane og seier at det blir spennande å sjå kor gode vi er i forhold til Heia. Det blir også spennande å sjå kven Heia stiller med. Det går rykte om at trenar, Rolf Skrede, har henta inn nokre nye spelarar til Heia denne sesongen.

Sist Haugen møtte Heia vann Haugen 4-2 på grasbana på plassen.  

Haugen Fotball kjem tilbake med meir informasjon om fleire treningskampar seinare.


23.01 JÅFK klar for finalespelet i vinterserien
Jotun Årdalstangen med Preben Gilleshammer på laget er klar for finalespelet i vinterserien for Junior. Sjølv med tap 1-2 mot Høyang i den siste kampen skal JÅFK forsvare Sogn si ære i finalespelet. Høyang er ubesigra i denne avdelinga men etter å ha benytta ein spelar som er for gammal er ikkje Høyang  kvalifisert til finalespelet.

23.01 Skavøypoll leika med Eid
Skavøypoll leika med Eid i treningskampen i Nordfjorhallen i går. Etter at Eid var rundspelt i 4*25 minutt vann Skavøypoll heile 15-2. Eid sine mål vart sett inn av Steffen Sture Olsen og Stian Sandal. Jøran Rise i Skavøypoll-målet storspelte og var ein av banas beste. Oppmann på Eid, Arne Morten Nydal, sa i ein kommentar etter kampen at sigeren var heilt grei. Skavøypoll hadde store fordelar med at kampen gjekk inne i Nordfjordhallen og hadde kampen blitt spelt ute skulle vi gitt Skavøypoll litt bedre motstand. 

Laurdag 29. januar er det duka for ny treningskamp for Eid. Då er det TMFK og Per Jarle Mathisen (bildet) som er motstandar og kampen skal gå på Skavøypoll Stadion. Kjem tilbake med tidspunkt seinare.   


21.01 Sven Erik og Stian plukka ut i talentgruppe
Sven Erik Midthjell (bildet) og Stian Aaland er begge plukka ut i ei talentgruppe oppnemnt av fotballkrinsen. 
Dei tre andre som skal vere med i gruppa er Stian Holm frå Svelgen, Jonny Skjerven frå Kaupanger og Joakim Knapstad frå Eiklefjord. 

Torstein Kvam, Terje Blomseth og Robert Endestad skal i samarbeidd med Steinar Holvik og Tommy Skjerven vere sentrale i arbeidet rundt dommartalenta.

Dommarane skal få god kamptrening og spesielt gjennomgangen av kampane skal bli grundigare. 

Sven Erik Midthjell skal i år vere assistentdommar i 1. divisjon.  Med god innsats der kan vi snart få sjå ein dommar frå Eid Kommune i Tippeligaen. 

Kilde: www.firda.no


21.01 Berre eit lag påmeldt i 7. divisjon
Når fristen for påmelding av seniorlag er ute er det kun Atløy som har meldt på lag i 7. divisjon. Planen var at det skulle spelast 7'ar fotball i denne divisjonen. 

I 6. divisjon er følgjande  24 lag påmeldt: 
Anga, Askvoll/Holmedal 2, Balestrand, Breimsbygda, Dale 2, Eid 2, Fjøra 2, Flatraket, Gaular, Hafslo, Haugen, Heia, Hyllestad, Jølster 2, Lærdal, Sandane 2, Skavøypoll 2, Sogndal 3, Stadlandet/Selje 2, Syril 2, Tambarskjelvar, Tornado Måløy 3, Veitastrond og Veten/Harbagg.

3. divisjon kvinner:
Anga, Eid, Hornindal, Jølster, Kaupanger 2, Sandane, Sogndal, Stryn og Tornado Måløy. 

4. divisjon kvinner:
Dale, Lærdal, Svelgen og Syril


21.01 Blått lys for Eidkampen
Det brenn eit blått lys for morgendagens treningskamp mellom Skavøypoll og Eid. Etter at kong vinter har sett sitt preg på Nordfjord er det lite truleg at kampen kan avviklast på Skavøypoll Stadion. Oppmann for Eid, Arne Morten Nydal, seier at alternativet  truleg blir ei kamp inne i Nordfjordhallen kl. 11.30.

20.01 TMFK suverene i vinterserien
TMFK sitt juniorlag vann i går kveld heile 10-1 mot Skavøypoll og vann med det vinterserien avdeling Nordfjord med full pott 24 poeng. Dermed er TMFK kvalifisert til KM-sluttspelet mot vinnarlaget frå Sunnfjord og Sogn.

18.01 Treningar denne veka
Med omlag tjue mann på trening i kveld blei det trangt i gymsalen på Stårheim. Når ein også mangla ein del spelarar i kveld lover dette bra for årets sesong. Vegard Bruvoll er tilbake etter det stygge beinbrotet som han fekk for 17 månader sidan og vil heilt sikkert forsterke laget. På trening var også Jim Rune Skrede og Vebjørn Skrede. Jim Rune spelte i fjor for Eid, medan Vebjørn har hatt ei pause frå fotballen. 

Laurdag er det trening i Nordfjordhallen kl. 13.30-15.30. Dermed går fredagstreninga ut, men søndagstreninga i gymsalen går av stabelen som vanleg. 

Haugen skal også ha treningar i Nordfjordhallen laurdagane: 
12. februar, 19. februar, 5. mars og 19. mars. Tidspunktet for desse laurdagane er 13.30-15.30 og ikkje 14.00-16.00 som underteikna har skrive tidlegare.  

Guttelaget er også i full gang med oppkøyring til årets sesong. Onsdag og fredag trenar laget ute på Stårheim Stadion kl. 18.00-19.30. Søndag er det innetrening i gymsalen på Stårheim skule. Også søndag er treningstida 18.00-19.30. 

Guttelaget skal også ha treningar i Nordfjordhallen. Fyrstkommande søndag skal laget vere i hallen frå kl. 15.00-17.00.
 


18.01 Bjørnar putta mest i vinterserien
Bjørnar Øien vart med sine 7 mål mestskårande Haugenspelaren i vinterserien. 

7 mål: 
Bjørnar Øien
5 mål: 
Stig Tore Gilleshammer
4 mål: 
Bjørn Erik Bruvoll, Jim Tore Humborstad
3 mål: 
Kim Fagerstrand, Stian Aaland
2 mål: 
Thomas Starheim, Mikael Myklebust, 
1 mål: 
Cato Magne Humborstad, Hans Thomas Solheim  
 

Bjørn Erik Bruvoll har også kåra Bjørnar til Haugen sin beste spelar i løpet av turneringa. 


18.01 Treningskamp Skavøypoll- Eid
Laurdag 22. januar er det duka for Eid sin fyrste treningskamp under Geir Moldestad si leiing. Skavøypoll er motstandar på Skavøypoll Stadion klokka 14.00.

Bilder og referat frå kampen kan du sjå her.

18.01 Hyen Fotball sine nettsider
Underteikna sat i dag og surfa på nettet då eg kom over Hyen Fotball sine nettsider. Det heile var ganske tilfeldig. Eg kikka litt på diverse rockeband på P3 sine nettsider då eg kom over bandet Wolfram. Ved å ta en nøyare kikk på sidene deira fekk eg vite at bandet har sitt utspring frå Hyen og som seg hør og bør var det ein link til bygda Hyen sine nettsider. På toppen på lokale favorittar fann eg bygdas stolthet Hyen Fotball. 

Hyen skal i år måle krefter i 5. divisjon mot lag som Svelgen, Oppstryn, Hornindal og Bjørn. 

Haugen Fotball ynskjer Hyen lukke til med 2005-sesongen.


Ta gjerne ein kikk på sidene til Hyen Fotball. 


15.01 Haugen 1 fekk så hatten passa
Haugen 1 tapte i kveld 10-0 mot TMFK  i Nordfjordhallen. Dermed er vinterserien over og dei to laga til Haugen enda på dei to nederste plassane på tabellen. TMFK vann avdelinga og er kvalifisert til KM-sluttspelet. 

Sjå heile kampoppsettet med resultat
  

12.01 NB! Juniorkampen blir spelt laurdag
Haugen 1 sin kamp mot TMFK i vinterserien blir spelt laurdag 15. januar kl. 19.15. 

Dermed går utetreninga fredag på Stårheim som planlagt kl. 19.30-21.00. 

Søndag er det innetrening på Stårheim Skule kl. 16.00-18.00. 


11.01 Bjørn Erik Bruvoll ny oppmann for A-laget
Goalgetter Bjørn Erik Bruvoll har tatt på seg vervet som oppmann for A-laget. Haugen sin nye kaptein Rune Venøy sparka regelrett fjorårets oppmann på grunn av hans manglande saftblandarkunnskapar. Om Bruvoll kan å blande saft veit underteikna ikkje noko om, men det seiast at han blandar i alle fall ikkje for tynt. 

Fredag spelar Haugen den siste kampen i vinterserien. Haugen 1 skal prøve å revansjere 21-1 tapet mot TMFK. 

På grunn av denne kampen blir utetreninga for A-laget fredag mest truleg avlyst. Kjem tilbake med meir info om dette seinare.  


10.01 Stig Årsheim spelar for Sogndal
Eid sin midtbanespelar Stig Årsheim er teken ut til å representere Sogndal under Color Line Cup. Cupen som er ein cup for juniorar har med gode lag som Rosenborg, Åsane, Lyn, Molde, Strindheim og Ålesund. I tillegg stiller Norge sitt G17-landslag. 

I gruppespelet blir Molde, Lyn og Strindheim motstandarar for Sogndal. 

Sogndal har til denne cupen plukka på øverste hylle av juniorar i fylket og bør kunne stille eit slagkraftig lag. I fjor enda Sogndal på 3. plass etter å ha vunne mot Molde i bronsfinalen. 


09.01 Jim Rune interessert i å spele for Haugen
Jim Rune Skrede har sagt seg interessert i å vere med å trene med Haugen. Skrede er ein sentral midtbanespelar og vil vere ein god makker til Rune Venøy på midtbana til Haugen. Går alt etter planen blir dei to kapteinane på bildet under lagkameratar denne sesongen. 


09.01 Skavøypoll vart for sterke
Haugen tapte begge kampane i dag mot Skavøypoll i vinterserien. Haugen II var fyrst i elden og tapte 6-3, medan Haugen I tapte heile 13-3. Ole Kristian Nygård (bildet) blei dagens mann med 12 skåringar. Haugen stilte også denne helga utan keeper og Bjørnar Øien og Jan Roger Solibakke fikk nok å henge fingrane i. 

Skavøypoll-Haugen 2  6-3 (2-0, 2-2, 2-1)

1-0 Ole Kristian Nygård (5. min)
2-0 Ole Kristian Nygård (9. min)
3-0 Ole Kristian Nygård (22. min)
4-0 Ole Kristian Nygård (25. min)
4-1 Jim Tore Humborstad (26. min)
4-2 Bjørnar Øien (36. min)
5-2 Stian Åmelfot (43. min)
5-3 Bjørnar Øien (44. min)
6-3 Peter Orry Larsen (54. min)

Haugen 1-Skavøypoll 3-13 (1-4, 1-5, 1-4)
0-1 Peter Orry Larsen (8. min)
0-2 Ole Kristian Nygård (11. min)
0-3 Ole Kristian Nygård (12. min)
1-3 Jim Tore Humborstad (16. min)
1-4 Ole Kristian Nygård (19. min)
1-5 Rune Torvanger (25. min)
1-6 Rune Torvanger (28. min)
2-6 Hans Thomas Solheim (32. min)
2-7 Ole Kristian Nygård (35. min)
2-8 Ole Kristian Nygård (36. min)
2-9 Stig Hammersvik (38. min)
2-10 Ole Kristian Nygård (44. min)
2-11 Ole Kristian Nygård (45. min)
3-11 Kim Fagerstrand (48. min)

3-12 Håvard Tennebø (57. min)
3-13 Ole Kristian Nygård (58. min)


08.01 Haugen II-TMFK 1-7 (0-1, 1-4, 0-2)
Haugen II tapte i dag 7-1 mot TMFK i vinterserien for junior. Haugen sitt trøystemål vart sett inn av goalgetteren Bjørn Erik Bruvoll. Etter å ha komt seg fri på venstrekanten klinte han ballen i lengste hjørnet. Ein mann med dei store prestasjonane den Bruvollkaren. Så gjenstår det å sjå om feiringa i kveld går utover prestasjonane i morgon. 

Søndag 9. januar kl. 14.30 Skavøypoll-Haugen II
Søndag 9. januar kl. 15.45. Haugen I-Skavøypoll

Sjå heile kampoppsettet med resultat  

I den andre kampen i dag vann TMFK 12-1 mot Bremanger. 

07.01 Eid i gang med sesongoppkøyringa
Eid starta denne veka oppkøyringa mot 2005-sesongen med trening på grusbana bak Valhall. Oppmann Nydal var veldig optimistisk då Haugen Fotball var i kontakt med han i ettermiddag. Grustreningane bak Valhall har gått etter planen og i kveld og i morgon blir det treningar på kunstgrasbana i Skavøypollen. 

Også neste helg tek Nydal med seg disiplane sine vestover. Då ventar Skavøypoll på den andre banehalvdelen til årets fyrste treningskamp. Nydal har tru på at Eid skal kunne gje Skavøypoll god motstand, men Eid skulle gjerme hatt ein ny spiss og ein ny midtstoppar innrømmer Nydal. 

Enten 29. eller 30. januar får TMFK sjansen til å revansjere 6-3 tapet frå seriekampen på Eid Stadion i fjor. Kjenner underteikna TMFK rett får nok Eid så hatten passar denne treningskampen. Også denne kampen blir spelt på Skavøypoll Stadion. 

Haugen Fotball kjem tilbake med kamptidspunkt for desse kampane seinare. 


05.01 Vinterserien for junior 
Haugen spelar denne helga tre kampar i Nordfjordhallen. 

Laurdag 8. januar kl. 13.00 Haugen II-TMFK
Søndag 9. januar kl. 14.30 Skavøypoll-Haugen II
Søndag 9. januar kl. 15.45. Haugen I-Skavøypoll

Sjå heile kampoppsettet med resultat  

05.01 Treningstider 
Fredag 7. januar tek Haugen til med utetreningar på Stårheim Stadion. 
Tidspunktet for utetreningane er fredagar kl. 19.30-21.00. 

I tillegg blir det trening inne i gymsalen på Stårheim Skule.
Tysdag kl. 19.30-21.00.
Søndag kl. 16.00-18.00.

Haugen skal også ha treningar i Nordfjordhallen. Her skal ein samlast fem laurdagar kl. 14.00-16.00. Datoane for desse laurdagane er: 
22. januar, 12. februar, 19. februar, 5. mars og 19. mars.

Guttelaget tek over treningstida inne onsdagane 20.30-22.00. Viss tilhøva tilseier det trenar guttelaget ute onsdagane kl. 18.00-19.30.

05.01 Rune Venøy kaptein denne sesongen
Fjorårets toppskårar Rune Venøy skal denne sesongen vere kaptein for sebratrøyene. Rune overtek dermed kapteinsbindet frå Øystein Haugland som han har hatt dette nesten ein mannsalder. 

Håvard Bruvoll og Stian Bjørlo har begge meldt frå om at dei tek sikte på å spele for erkefienden Eid i år. Dermed ser det ut til at Haugen kjem til å stille med eit ungt lag med nokre få rutinerte spelarar. 

Opp frå guttelaget kjem Odd Kjetil Liset og Stig Tore Gilleshammer. Desse har begge vist i juniorkampane i vinter at dei kan vere med å kjempe om ein plass på fyrstelaget.   

03.01 Spelarmøte for A-laget!
Husk spelarmøtet på Klenkarberget tysdag 4. januar kl. 20.00. 

 

Siste Nytt 2004
Siste Nytt 2003
Siste Nytt 2002
Siste Nytt 2001/00

 

 

 



 


Haugen I.L. Fotballgruppa  -  Web-redaktør: Stig Høynes