Fotballsesongen 2005




Fotballavslutning Klenkarberget 28.10.


Mikael Myklebust og Jim Andre Balsnes hiv i seg av pizzaen som var bestilt ved høvet.  

Trenar Eirik Andreassen takka for eit fint år og kunngjorde at han neste sesong truleg skal trene småguttelaget til Haugen. 

Årets beste keeper var litt seint ute i kveld, men det var ein glad Vegard Løken som oppdaga at det var meir pizza igjen.

Ein tydeleg stolt Øystein Haugland kan heve trofeet som årets spelar. Det var liten tvil om at Øystein fortente denne utmerkelsen. 

Ove Balsnes vart kåra til årets unge spelar.  

Jim Tore Humborstad laga 12 mål denne sesongen og blei med det mestskårande på Haugen.   

Øystein Haugland sette trofeet sitt på ei frå før velfylt pokalhylle. Den største pokalen midt i bildet fikk Haugland då han vart kåra til beste rørleggar i Nordfjord 2003.