Fotballsesongen 2005




Stryn - HamKam 

 

Kvalifiseringskamp til 2. divisjon 
Stryn Stadion, 12. november kl. 13.00 


Stryn: 
Pål Erik Ytreeide
Pål Holko
Geir Hool Egge
Thomas Vik
Trond Leirgulen
Per Ole Tenden
Per Egil Flo
Jon Terje Tjellaug
Endre Lødemel
Kåre Sigve Balsnes
Mats Solheim

Innbyttarar:
Frank Hool
Ulrik Flo


1-0 Truls Hagen (5. min)
2-0 John Anders Rise (34. min)
2-1 Jon Terje Tjellaug (45. min)
3-1 Oluwasegun Abiodun (47. min)
4-1 Jess Thorup (56. min)
5-1 Kristian Hauge 84. min)
5-2 Mats Solheim (86. min)

5-3 Frank Hool (88. min)
5-4 Mats Solheim (90. min)
5-5 Mats Solheim (90. min +2)

 

Dommar: Inge Seglem, Årdalstangen
Assistentdommarar: Sven Erik Midthjell, Eid og Sortevik, Svelgen 


Per Egil Flo i duell med Haagenrud tidleg i kampen. 

Stor jubel i HamKam-leiren etter at John Anders Rise har sett inn 2-0 til laget frå Hamar.

Kenneth Dokken (nr. 10) får sjå det gule kortet etter ei hard takling på Per Ole Tenden. 

Endre Lødemel med eit glimrande forarbeid før Jon Terje Tjellaug set inn reduseringa til 2-1.  

Pål Holko kom som vanleg susande fram i andre omgang. Kanskje kunne Pål tatt litt fleire raid før kvilen? 

Jon Terje Tjellaug blei i forkant av kampen kåra av Firda til den beste spelaren i årets tredjedivisjon. 

Mats Solheim er uten tvil ein spelar vi får høyre mykje om i framtida. 

Her er det belgieren Axel Smeets som er i duell med Mats Solheim. Smeets har denne sesongen spelt 20 kampar for HamKam i tippeligaen og tre cupkampar. Burde han då vore med denne kampen? Er noko riv ruskande gale med regelverket? 

Mats Solheim vinn duellen mot Hai Lam og set inn sit fyrste av tre mål i dag. 

Solheim kranglar seg forbi Peter Sørensen og Svein Inge Haagenrud. Peter Sørensen har vore kaptein på HamKam sitt lag i tippeligaen i år, medan Haagenrud blei kåra til årets spelar i 2004. (Kåring på Hamkam.no) 

Frank Hool snik seg forbi Mats Solheim og "stjel" Stryn sitt 3. mål i kampen. 

Svein Inge Haagenrud var i perlehumør i 85 minutt av denne kampen. Då rann måla inn bak den rutinerte tippeligakeeperen.  

Mange hadde tatt turen til Stryn Stadion i dag. Hadde alle støtta laget slik som denne gjengen på bildet hadde kanskje Stryn spelt i 2. divisjon neste år.