Fotballsesongen 2005




FOTBALLBUSSEN NORDFJORDSAMKØYRINGA 

Den nye ordninga med fotballbuss frå Nordfjord bringar deg enkelt og rimeleg til Fosshaugane.

 

For skarve 300 kr får ein plass på sittetribuna og bussbillett t/r til Fosshaugane. Sogndal Fotball håpar ordninga med tida blir eit attraktiv tilbod for Nordfjordingar.

   



- Vi har eit langsiktig mål om 4500 tilskodarar pr. kamp frå 2008. Skal vi greie dette må vi sette i gang ulike tiltak. Vi er eit lite fylke med lange avstandar. Difor kan vi ikkje berre sitje på gjerdet å forvente at publikum skal kome. Vi må legge forholda best mogleg til rette for publikum. Med ny stadion neste år, ulike publikumstiltak og gode prestasjonar på bana håpar vi på meir folk framover.

- I og med at vi har eit heilt fotballag frå Nordfjord var det naturleg å prøve ut dette busskonseptet der. Vi har 6 spelarar og 5 personar i ulike administrative roller frå Nordfjord. Totalt sett har vi 16 spelarar i A-stallen frå fylket, så vi har god samvittigheit når vi kallar oss fylkeslaget. Og skal vi vere eit fylkeslag framover må vi legge til rette for det også til publikum. Vi håpar Nordfjordingar vil nytte seg av dette tilbodet, og vere med å bidra til at Sogndal igjen vert å sjå i Tippeligaen, avsluttar ein engasjert arrangements- og publikumssjef i Sogndal Fotball Inge Matias Tvinnereim  

 

 

 

Rutetider:

 

Måløy 14:30

Maurstad 14:50

Eid: 15:30

Lote: 15:50

Kleivedammen: 16:10 NB!

Byrkjelo:16:30

-----

Stryn 15:30

Loen  15:40

Olden 15:45

Innvik 16:05

Byrkjelo 16:35

 

Framme Sogndal 17:50