Fotballsesongen 2005




Eid-Bremanger 5-0  (1-0)

 

Seriekamp 4. divisjon  
Eid Idrettspark, 25. september kl. 15.00 




1-0 Erik Salveson (41. min)
2-0 Henning Haugen (76. min)       
3-0 Anders Midthjell (77. min)

4-0 Stig Torheim, straffe (81. min)
5-0 Kim Vik (90. min)

 

Gule kort: 
Stein Inge Aabrekk og Geir Moldestad, Eid
Tre gule til Bremanger

 

Dommar: Jeikishan Jegatheesan, Florø


Midtstoppar Tommy Hauge var flytta fram på topp i dag og med litt hell kunne han putta både eit og to mål i fyrste omgang. 

Sindre Rise hadde ein god dag på jobben i dag. I delar av andre omgang var han heilt arbeidsledig men var på pletten når han måtte. 

Henning Haugen har akkurat auka leiinga til 2-0. Her blir han gratulert av Jon Håkon Midthjell, Bjørnar Strandos, Kim Vik og Erik Salveson.   

Anders Midthjell set ballen sikkert mellom beina til Kenneth Fosse Elde. 3-0-målet til Midthjell kom etter eit glimrande forarbeid av Stian Sandal på venstrekanten. 

Kim Vik blir for sein på innlegget til Jon Håkon Midthjell. Vik blir tydleg holdt igjen av ein Bremangerforsvarar og ingen kunne vel sagt noko om Eid hadde fått straffe i denne situasjonen. 

Stig Torheim får æra av å sette inn 4-0 til Eid på straffe ti minutt før slutt. 

Jon Håkon Midthjell kom inn som reserve for Eid i andre omgang. 

Stian Sandal var periodevis god på Eid sin venstrekant.  

Ein del av Bremangerspelarane var mest opptatt med å kjefte på dommar Jeikishan Jegatheesan frå Florø.