Fotballsesongen 2004




TMFK - Høyang  5-1 (4-0)  

 

3. divisjon 
Refvik Stadion, 8. mai kl. 16.00 


1-0 Jan Magne Solibakke (13. min)
2-0 Sten Are Edvardsen (32. min)       
3-0 Erlend Kvalheim (36. min)

4-0 Kristian Andal (41. min)

5-0 Jan Magne Solibakke (47. min)

5-1 Thomas Frichsen (90. min +2)


Dommar: Sven Erik Midthjell, Eid
Assistentdommarar: Stian Aaland, Haugen og Kenneth Fosse Elde, Bremanger


Jan Magne Solibakke har nettopp gitt TMFK leiinga 1-0 etter 13 minutt.
Sten Are Edvardsen har gått frå midtbana uten å møte på ein einaste spelar frå Høyang. Frå omlag 25 meter dunkar han ballen bak ein sjanselaus Stig Roar Hovland i Høyangmålet.

Høyang sin trenar Oddvar Flataker har mykje å jobbe vidare med. Spesielt forsvarsspelet i fyrste omgang likna ikkje grisen. I andre omgang hadde Høyang ein del sjansar, men det vart med trøystemålet til Thomas Frichsen. 

Erlend Kvalheim fekk gleda av å auke TMFK si leiing til 3-0. 

Kristian Andal har dratt seg fri på høgrekanten, men ingen er på rett plass til rett tid framfor Høyangmålet. Andal blei sliten på slutten, og vart bytta ut med Ronnie Refvik Rise. Øyvin Vabø var tilbake etter langtidsskade, og det er ei gladmelding for TMFK trenar Geir Ove Refvik. 

Thomas Frichsen krangla inn trøystemålet til Høyang to minutt på overtid. 

Dommartrioen klarte seg meget bra på Refvik Stadion i dag. Sven Erik Midthjell frå Eid hadde med seg Stian Aaland frå Haugen og Kenneth Fosse Elde frå Bremanger på linjene.