Fotballsesongen 2004




Stadlandet  - Haugen  2-0 (1-0)  

 

6. divisjon avdeling 4
Stadlandet Stadion, 26. juni kl. 20.00 


Haugen:
Geir Ove Åsebø
Jan Roger Solibakke
Stian Bjørlo
Gustav Orheim
Ove Balsnes
Runar Øien
Rune Venøy
Øystein Haugland
Håvard Bruvoll
Bjørnar Øien
Hans Ottar Humborstad

Innbyttarar:
Torleiv Orheim, Mikael Myklebust, Jim Tore Humborstad, Stian Aaland


Dommar: Roald Halsør, Selje
1-0 Sindre Otnheim (11. min)
2-0 Espen Nilsen (85. min)   

Gule kort: 
Haugen: Hans Ottar Humborstad 
Stadlandet: Ole Refsnes, Lars Petter Bjørlykke

Rødt Kort:

Stadlandet: Sverre Leikanger, 


Dommar Roald Halsør frå Selje fekk i periodar ein tøff kamp å dømme. Rett før slutt måtte han finne fram det raude kortet til Sverre Leikanger frå Stadlandet. Hans Ottar tok ei stygg takling på Leikanger, og leikanger hevna seg med skubbe til Hans Ottar, og Halsør hadde vel ikkje noko valg i denne situasjonen. Hans Ottar fekk det gule kortet for taklinga på Leikanger.

Sindre Otnheim kjem åleine mot keeper og når ballen rett før Geir Ove Åsebø. Kanskje hadde Geir Ove tatt ballen viss han ikkje absolutt skulle krysse beina rett før han skulle ta ballen. 

Geir Ove kan berre sjå langt etter ballen, og Stadlandet leiar fortent 1-0 på dette tidspunktet av kampen. 

Otnheim feirar skåringa med å dra av seg skjorta, men sidan det sikkert ikkje har vore så mykje sol ut med kysten i år, tek vi med eit bilde som er tatt rett før han drog av seg skjorta. 
Øystein Haugland kjem åleine mot keeper etter omlag halvtimen av kampen. Keeper får avverga men greier ikkje  halde ballen som trillar bort til Håvard Bruvoll.
Håvard Bruvoll set ballen i stolpen og ut. Beklager kvaliteten på bilda frå denne kampen. Regnet hølja ned og det var svært dårleg fotolys denne kvelden.