Fotballsesongen 2004




Eid - Førde  0-3 (0-2)  

3. divisjon 
Eid Stadion, 28. mai kl. 18.30 


0-1 Benny Rivedal (13. min)
0-2 Endre Navarsete (37. min)       
0-3 Benny Rivedal (75. min)

Eidaren Stig Nord var tilbake i bygda som trenar for Førde.

Dommar Steinar Holvik har sikkert vore på større stadionar enn Eid Stadion, men det virkar som han tek dommargjerninga like profesjonelt uansett kva kamp han er dommar i. Her i hyggelig samtale med Endre Navarsete og Tore Evensen før kampen.  

Tomålskårar Benny Rivedal og Tore Evensen fekk i periodar mykje plass på Eid Stadion i kveld. Stein Inge Åbrekk i bakgrunnen spelte ein god andre omgang på Eid si midtbane. 

Ein Førdespelar dett relativt lett i straffefeltet til Eid, og dommar Steinar Holvik dømmer straffe.

Sindre Rise sto for dagens prestasjon då han redda den godt plasserte straffa. 

Eivind Heggen og Benny Rivedal i godt humør ved ein corner til Førde. Kva Heggen gliser av er vanskeleg å sei. Kanskje tenkjer han på Eid sitt forsvarsspel i bortekampen mot Sandane? 

Tore Evensen var stadig i klammeri med dommaren. Med gult kort frå før oppførte Evensen seg ganske tåpelig på slutten av kampen. I tillegg til at han ofte krangla med dommaren, tok han ballen med begge hendene inne i feltet til Eid.