Fotballsesongen 2004




Eid - TMFK  6-3 (2-2)  

3. divisjon 
Eid Stadion, 4. juni kl. 19.00 


1-0 Stian Sandal (7. min)
1-1 Sten Are Edvardsen (37. min)       
1-2 Eirik Holvik (32. min)
2-2 Kim Vik (35. min)
3-2 Bjørn Totland (56. min)       
4-2 Sjølvmål, Eirik Holvik (63. min)
4-3 Endre Rutledal (68. min)
5-3 Kim Vik (78. min)       
6-3 Steffen Sture Olsen (84. min)


Stian Sandal har nettopp gitt Eid leiinga 1-0. Per Magne Løken hadde ikkje sin beste dag i TMFK-målet, og lurer her på kor ballen er. Tips: Den ligg bak deg i mål.

Kristian Andal og Bjørn Totland i ein hard duell på midten.   

Dette skjer på stillinga 3-2 til Eid. Her skulle Per Magne Løken hatt frispark i duellen med Lars Endre Myklebust. I staden går ballen via Eirik Holvik (nr. 4) og rett i nota. Her avgjorde kanskje dommaren kampen??

Kim Vik som hadde verdens største sjanse i fyrste omgang legg her på til 5-3. I fyrste omgang går ballen mellom beina til Per Megne Løken. Kim Vik får ballen på omlag ti meter og med ti meter til næraste motstandar. I staden for å gå ballen i mål, skyt han høgt ovar. 

Steffen Sture Olsen vart bytta inn med få minutt igjen av kampen. Det fyrste han gjer er å vinne ein duell på midtbana. Går så på løp og får ei fin gjennombrudspasning. Resten kan du sjå på bilda.