Fotballsesongen 2004




Eid-Stadlandet  4-1 (1-0)  

 

6. divisjon avdeling 4
Eid Stadion, 15. august kl. 15.00 


1-0 Stian Sandal (14. min)
2-0 Jan Azar Karadas (53. min)   
2-1 Kai Inge Fløde (64. min)

3-1 Anders Midthjell (69. min)
4-1 Steffen Sture Olsen (81. min)


Stian Sandal gav Eid leiinga etter knappe kvarteret av fyrste omgang.

Rolf Skrede manar gutane til dyst i pausen. Ein frisk vind gjorde sitt til at ikkje varmen vart for sjenerande.

Kai Inge Fløde kan trygt glise etter vådeskuddet som gjekk i ein boge over Eid sin keeper. Fløde skapte med denne skåringa ny spenning i kampen. 

Arne Refsnes vart bytta inn ei stund etter pause. Refsnes si forklaring på at han var for sein var at han sto fast i trafikken. Du må huske det Arne at ikkje alle stadar har berre ein bil slik som på Stadlandet.

Sindre Otnheim går stygt til i duellen mot Ole Sunde. Sindre Otnheim var sint fordi han ikkje fekk frispark i ein duell mot Stig Åke Torheim rett før. 

Rett etter den stygge taklinga kastar Otnheim ballen etter Stig Åke Torheim. Dommaren står rett ved situasjonen men gjev ikkje kort til Otnheim.

Dommar Eivind Skjerven i diskusjon med Sindre og Kai-Arne Otnheim. Skjerven brute mykje tid på å forklare forskjellige ting og hadde ein merkeleg fløytebruk.