"Seriefinale" 4. divisjon Haugen-Eid, august 1975
Hardt og dramatisk då Haugen og Eid delte poeng.
Det vart inga avgjerdsle på toppstriden i fjerdedivisjon då Haugen og Eid møttest på Klingenberg Stadion laurdag. Ingen av laga greidde å få ballen i nota, og trass i store sjansar på begge sider, må uavgjort seiast å vere eit rettferdig resultat.
Laga hadde kvar sin omgang. Når vi ser bort frå opningsfasen då «stundens alvor» gav kampen eit svært så rotete preg, vart 1. omgang Eid sin, og gjestene hadde tre-fire store sjansar som ein ringare målvakt
enn Kjell Holmboe ikkje hadde greidd å rydde opp i. Eid greidde i denne perioden å bruke vingane meir enn tilfellet var for Haugen, Heimelaget køyrde for det meste fram i sentrum, og der vart Atle Kjøsnes altfor åleine. Noko gjorde det nok og at venstrevingen Bjørn Eltvik vart skadd og måtte gå ut alt tidleg i omgangen.
Etter pause snudde kampen. Haugen-spelarane gjekk i åtak etter parolen «først på ballen», og dette heldt fleire gonger på å gje resultat. Ein gong redda ein Eida-back på streken etter at keeper var utspela. Haugen kom meir fram på
vingane, og kom gong på gong gjennom eit ikkje alltid like sikkert Eidforsvar.
Men mål vart det altså ikkje og det harde spelet og den etter kvart tunge bana tok på kreftene. Mot slutten av kampen kom Eid til med eit par åtak — serleg hugsar vi eit «Donald»-innlegg som Arne Bjørlo frå kort hald heada utanfor, etter at Rasmus Myklebust hadde bomma. Arve Torheim hadde elles eit par farlege raids på høgresida.
Haugens og banens beste spelar tykte vi var keeper Kjell Holmboe. Sikker på streken og i feltet, og oftast presise utspel. Elles likte vi godt Haugen sine midtstopparar, og elles Ottar Sefland på midtbana. Men under offensiven i 2. omgang kjempa heile laget svært godt.
På Eid sitt lag var nok ein gong Arve Torheim den store spelaren i åtaket, men han fekk nok til sine tider litt liten støtte bakfrå — serleg i 2. omgang. God kritikk også til midtbana i 1. omgang, men spelarane der fall merkeleg fort ut av stilen då Haugen skrudde opp farten etter pause. Då var det midtstopparane Myklebust/Kolset som bar det tyngste børene.
Magne Solheim Olsen, Florø, var pipeblåisar. Han hadde tydeleg bestemt seg for å slå hardt ned på alle tilløp til utgliding. Dette greidde han bra, men kampen vart nok nokså oppstykka, og då bana vart sleip og vanskeleg etter at det tok til å regne, fekk han visse vanskar. Vi meinar m.a. at eit par episodar på slutten hadde kvalifisert til gule kort.
Noko vi reagerte på då Bjørn Eltvik måtte hinke av bana: Lagleiinga såg ikkje ut til å vere merksam på kva som føregjekk. Det tok fleire minutt før «medisinmannen» kom springande til, og endå lenger før laget fekk sendt reserve utpå. I nærmare 10 minutt spela Haugen med 10 mann, og dette kunne lett ha vore avgjerande.
1000 såg Haugen og Eid: 0-0
Eida-oppgjeret Haugen-Eid enda uavgjort 0-0 på Klingenberg stadion laurdag, og dermed held Haugen framleis si knepne leiing i 4. divisjon Sogn og Fjordane. Måløy tapte l-3 i Florø og fall av i kampen om 3. divisjons-kontrakt 1976.
Det var ikkje langt unna 1000 tilskodarar samla kring banen til det viktige topp-oppgjeret, og stor stemning under heile kampen. Eid-tilhengarane var naturleg nok i fleirtal. Det soknar ikkje så mykje folk til Haugen-laget, og det er imponerande gjort av det vesle laget å hevde seg så godt i divisjonen.
Om kampen kan seiast at Haugen hadde dei to største sjansane til å vinne, men alt i alt hadde Eid mest av spelet og dei fleste tilboda. Truleg var Haugen mest nøgd med uavgjort.
På heimelaget spela midstoppar Ottar Sefland, keeper Kjell Holmboe og Olav Smørdal godt, medan Eid hadde sine beste i midstoppar Rasmus Myklebust, Harald Kolseth, Håkon Åbrekk og i angrepet Magnar Heggen". Dommar var Jan Andreas Olsen, Florø, og han hadde ikkje sin beste dag.
4. divisjon:
Haugen-Eid 0-0
Sandane-Høyang 2-1
Florø-Måløy 3-1
Årdalstangen-Hafslo/Bjørn 11-0
Tabell:
Haugen 10 6 3 1 26-6 15
Eid 10 6 3 1 26-10 15
Måløy 10 6 2 2 21-17 14
Årdalstangen 10 3 3 4 23-13 9
Florø 8 4 1 3 15-12 9
Sandane 10 3 3 4 16-23 9
Høyang 9 0 3 6 7-23 3
Hafslo/Bjørn 9 0 2 7 13-26 2
Haugen i framgang, av Geir Brekke,
Fjordabladet 2. juni 1977
Haugen plukkar poeng att, etter to nederlag på rad i 4. divisjon. 2-0 over Flore var ikkje ufortent, i ein sjanserik og underhaldlane kamp, der ingen av laga synte noko storspel. Men for Haugen sin del var det eit godt steg framåt.
Viljen til å vinne var klår. Heile laget skal ha ros for stor innsats gjennom storparten av kampen. Florø spelar kontant og med tett markering. Men så lenge motstandarane er fyrst på ballen hjelper det lite med god oppdekking og stort tempo. Florø sitt lag ligg noko attende reint teknisk, med kapteinen Rune Titlestad som det klåraste unnataket. Han sleit jamnt over store delar av bana, men fekk ikkje lagkameratane med seg godt nok mot Haugen, bortsett frå siste halvdel av l. omgang.
Heimelaget hadde dei fleste og klåraste sjansane. Det er eit godt teikn når hauarane greier å spele seg fram til gode måltilbod, men det motsette må ein seie om mangelen på
scoringar. Båe måla mot Florø kom på, straffespark, ved Atle Kjøsnes. Dei fleste av måla som Haugen har fått i år er såleis etter straffe, og det seier nok litt om kor effektive karane er framfor mål.
Det fyrste målet kom etter, 4 minutt, då Kjøsnes kom seg fri, men vart stengd inne i feltet. Den andre straffen kom l minutt føre full tid, då Rune Haugland hadde løpt frå Florø-forsvaret og lobba ballen elegant over målmannen. Ein forsvarar greidde å redde med nevane, og straffesparken sette Atle Kjøsnes i mål utan vanskar.
Samtlege betre enn før
På det sigrande laget var det denne gongen som nemnt laginnsatsen som gjorde utslaget. Samtlege synte vel betre takter enn før i år, og Ottar Sefland var på nytt ein sikker krumtapp i forsvaret. Atle Kjøsnes jobba mykje og ofte med hell på midtbana. Framme spela Oddmund Balsnes ein god fyrsteomgang, medan Rune Haugland hadde fleire frekke og gode forseringar. God domar var Sverre Heggen, Eid.
Siger 4-3 mot Stryn
Haugen stilte sitt sterkaste lag mot Stryn i ein treningskamp på Hjelle laurdag, og kunne reise heimatt med siger. 4-3 vart det til slutt etter at gjestane hadde scora sigersmålet i det 88. minutt. Men sistemann på ballen denne gongen var nok ein stryning.
Kampen vart aldri stor, og uavgjort hadde vel vore det mest rettferdige.
Vi tykte at Haugen var best i 1. omgang. Dei var snøggare på ballen og skapte fleire farlege situasjonar. Ei 2-1 leiing ved pause var ingenting å seie på. Stryn sitt lag vart for ujamnt og spelet ville ikkje gli.
Etter pause var Stryn best. Laget fekk opp farten og både braut og leverte betre. Ei stund var dei oppe 3-2 leiing.
For å ta scoringane så var det Richard Hawkes som opna. Han snappa ein ball i feltet og i slike situasjonar gjer han sjeldan feil. Men denne gongen var det likevel; nære på. Ballen var nemleg borti begge stengene før den rulla inn. Så var det Atle Kjøsnes sin tur.
Han gjorde ingen feil frå straffe-sparkmerket, etter ei felling i feltet. Haugen overtok nå meir og meir, og då den første halvtimen var passert fekk Ove Naustdal ei fin passning, og ballen sat hardt i hjørnet. Men her smakte det sterkt av offside.
Stryne-forsvaret var i denne perioden svært usikkert, og Haugen kjempa hardt for å rive seg til endå meir av spelet. Til sine tider for
hardt. (Men Stryn har og folk som både nå og då gjer det.)
Etter pause kom altså eit «nytt» strynelag på bana, og dei første 35 minutta var dei best. Utlikninga 'kom etter 12 minuttar då ein Haugen-forsvarar handsa i feltet Eksekutør var Arne Hool.
Stryn hadde nå fleire fine angrep men først etter 28 min. kunne laget gå opp i leiinga. I ei mølje framfor mål fekk Hawkes krangla til seg ballen og dermed var det 3-2.
I det 37. min. kom kampens finaste mål. I ein corner-situasjon sette Atle Kjøsnes pannebrasken til. Keeper hadde ingen sjanse på den velplasserte headinga. 3-3 var eit faktum.
Den siste scoringa er omtale innleiingsvis, og det var altså Haugen som drog det lengste strået denne gongen.
Vi tykkjer likevel ikkje at Stryn skal fortvile så mykje. Også av den grunn at laget denne gongen stilte med 4-5
reservar. På Haugen sitt lag likte vi Atle Kjøsnes best. Han er konstruktiv, hurtig, flink til å
skape farlege sjansar, leverar godt og er ein god skyttar. Bak i det noko ujamne
forsvaret går bestemannsprisen til Ottar Seiland.
I Stryn si løparrekkje var Beinnes og Hawkes dei beste. To løparar som sikkert ville gått inn'på dei fleste laga i fylket Når det gjeld forsvaret er det vansklegare å gje så gode karakterar. Ved høve vart det
for ope, for usikkert. Vi tykte likevel at Knut Sandbakk hadde ein fjn
2. omgang.
Arne Nedreberg styrde fløyta på ein god måte.
Henta frå Fjordingen 1977
Haugen kvitta seg med
”Stryn-komplekset”
— Vann fortent 2-1
Haugen vann ein fortent 2-1 siger på Stryn Stadion. Alle måla
kom i kampens siste kvarter. Einar Løken gav Haugen føringa
i det 76. min. To min. etter utlikna Kjell Rune Flo. Atle Kjøsnes
avgjorde så det heile 8. min før full tid.
Heimelaget opna bra, og hadde ein del gode forsøk.
Etterkvart kom Haugen sterkare — og Oddmund Balsnes burde
ha scora då han var åleine med keeper etter 20 min. spel.
I denne perioden hadde Haugen fleire gode sjansar — dei
fleste på grunn av dårleg markering i Stryn sitt forsvar.
I det 37. min smelte Oddmund Balsnes til frå kanten av
16-meteren, men ballen traff stolpen. Like etter var Stryn
farleg frampå. Terje og Kjell Rune Flo kombinerte fint —
og sistnemde avslutta med eit skot som gjekk like over. På
slutten av første omgang måtte ein av stryneforsvararane
redde på streken. Stryn hadde absolutt mest grunn til å
vere nøgd med 0-0 ved pause.
I andre omgang kom Stryn best i gong. Midtbana kom betre med
— og det meste av spelet føregjekk på Haugen sin
banehalvdel. Både Terje Flo og Reidar Hagen hadde bra forsøk
i denne perioden. Haugen hadde imidlertid mokre farlege
kontringar som lett kunne ha ført til scoringar.
Mange av Stryn sine baklengsmål denne sesongen har kome
etter gavepakkar i forsvaret. Så også då Haugen tok
leiinga etter 76. min spel. Ein av backane bomma på eit
tilbakespel til keeper, og Einar Løken hadde ingen problem
med å score.
Dette målet sette fart i Stryn. Utlikninga let då heller
ikkje vente på seg. Etter ein del klyngespel inn i
straffeområdet, hamna ballen hos Kjell Rune Flo som lobba
overkeeper og i mål. Men gleda vart ikkje langvarig. Berre
fire min. seinare avgjorde Atle Kjøsnes kampen i Haugen sin
favør med eit velplassert skot.
Haugen kom ikkje opp mot sitt beste denne gongen. Løparrekkja
som vanlegvis er laget sin store styrke — fekk ikkje til
kombina-sjonsspelet sitt slik vi veit dei kan. Målfårlege
karar som Per Gunnar Giileshammer og Oddmund Kjøsnes såg
vi då heller lite til. Midt-banesfrategen Atle Kjøsnes var
som vanleg god. Stryn var verkeleg tent på denne kampen —
og i motsetning til tidlegare i år var det lite å utsette
på innsatsen. Reidar Hagen fekk Stryn Supporterklubb sin
innsatspokal. Tor Guddal spelte ein ny god kamp på backen.
Også Kjell Lien gjorde få feil. Keeper Harald Os kan ikkje
lastast for scoringane.
Atle Jon Teigen, Selje dømde.
Ingen storkamp men:
2-0 til Haugen over Hafslo/Bjørn
Den utsette kampen i 4.
divisjon mellom Haugen og Hafslo/Bjørn vart spela søndag, og Haugen tok begge poenga med
2-0 siger. Kampen vart aldri velspela, noko den vanskelege bana må ta ein stor del av
skulda for.
Haugen låg over i første del av kampen, og alt etter eit kvarters spel leia laget 2-0
- begge måla ved Atle KJØSNES. I denne omgangen dominerte Haugen delvis
spelet, og
sogningane fekk lite og inkje til. I andre omgang jamna spelet seg meir ut, men det vart
ikkje fleire scoringar. Kampen sett under eitt, må ein likevel seie at Haugen sin siger
var fortent, sjølv om Hafslo/Bjørn hadde sjansar på slutten som lett kunne gjeve
utteljing. Innsatsen var på topp hos begge laga. Det er vanskeleg å dra fram
einskildspelarar. men tomålscoraren Atle KJØSNES vart naturleg nok "dagens
mann" på den blaute bana.
Fjordabladet tysdag 6. mai 1975