Denne spalten er lagt litt på
is, men kjenner vi Øyvind riktig kjem han snart tilbake
Hei! (Lenge sidan sist.........)
I fyrste Corner av året
kom eg med spådommar om korleis ting mest truleg ville arte seg i løpet
av sesongen. No når serien er avslutta er det tid for etterpåklokskap,
oppsummering og analyse. Ein rask kikk på tabellen er i seg sjølv
eit godt prov på at Haugen har lykkast. Eit velfortent opprykk samt
solid innsats i Firdacupen er meisterleg. Parallelt med
kvalitetsauken, har vi samstundes klart å nærme oss ein
bohemstatus. Klenkarberget har blitt ein arena der alt kan skje.
Spelarar sprenger fysiske lover, og resultata høyrer ingen stad
heime. Haugen har i år gjeve den tradisjonelle grasrotfotballen eit
ansikt, medan fotballsporten på verdsbasis har selt sjela si for
mammon.
For dagens fotball dreiar seg
svært mykje om kapital. Skyhøge overgangssummar og lønningar er
blitt motivasjonen til klubbar og spelarar. Kommersialiseringa av
fotballen har gjort sporten om til business. Utøvarar, trenarar,
agentar og sportsjournalistar er blitt brikker i eit spel der pengar
styrer kvardagen. Aksjespekulantar, finanstoppar og mafiamedlemmar
tek sakte, men sikkert over kontrollen, og leiar fotballen stadig
lengre vekk ifrå allmugen. Riksdekkjande gratiskanalar som NRK
evnar snart ikkje å kjøpe opp ein einaste kamp.
Midt oppi denne suppa har også
eg, fotballeksperten og Haugen-utsendinga, hamna.
At kunnskap og informasjon
kostar, er ei kjent sak. Og i eit tabloidsamfunn der spekulasjonar
og ryktespreiing er like verdifullt som reine fakta, seier det seg
sjølv at stadig fleire prøvar å livnære seg på å spreie
nyhende. For ein fotballekspert er det naudsynt å kjenne til
sjargongen og framgangsmåtane til slike syklubb-kjelder. Ein
må kunne skjelne mellom godt og dårleg stoff, og vege orda sine
grundig. Like fullt har eksperten eit press på seg til å servere
interessant og fengjande materiale. Kanskje være litt provokativ.
Ivar Hoff karakteriserer Tom Nordli som komplett udugeleg (og feit),
og Are Nakkim kallar Grimseth ein diger juksepave. Trass i dette går
dei likevel lause, og blir populære. I etterkant går dei dessutan
opp eit par lønnstrinn.
Eg har på bakgrunn i dette
innsett at stilen min ikkje er til det beste for portemoneen. Til
dags dato har eg vore på lag med alle. Spydige kommentarar har vore
mangelvare, og ingen har fått passet sitt tilstrekkeleg påskrive.
Eg har samstundes vore i overkant lojal mot arbeidsgivar Høynes.
Med tanke på at han ikkje har fylt opp lønningsposen min ein
einaste gong, er det utruleg at eg held ut. Å skifte arbeidsgivar
er likevel utenkjeleg. Stil og. For å selje meg dyrt til eit anna
forum ville vore illojalt og egoistisk overfor spelarane i
moderklubben. Når eg veit at desse eldsjelene går på lut og kaldt
vatn, har eg ikkje hjarte til å melde overgong og
"prostituere" meg for ein raus, men uetisk arbeidsgivar. Alt
for Haugen, med andre ord.
At Haugen-spelarane ikkje
hevar lønn har si enkle forklaring. Sjølv om innsatsen i alle høgste
grad skulle tilseie at dei fortener ein slant, må ein innsjå at
Haugen per definisjon er ein liten og fattig klubb. Trass i eit nokså
trufast publikum, ei stolt historie og ein solid organisasjon, kan
vi knapt kalle oss noko anna enn ein "bakgårdsklubb". Vi
datt sakte, men sikkert av lasset då kapitalismen for alvor tok tak
i fotballen på 80-talet. Lokale investorar var ikkje dristige nok,
og i dag er steget opp til dei store lengre enn nokon sinne. Ordtøke
som, "kvifor være stor, når lykkeleg som liten" samt
"vi får vår lønn i himmelen" får være trøysta. Mager
som ho er.
Uansett har 2000 sesongen
vore ein flott sesong. På bana, på reiser og på Internett har vi
gjort ein svært god figur, og fått rikeleg med skryt. Vi kan være
stolte av oss sjølv, og kan ta vinterferie med godt samvit. Eg
ynskjer alt godt til dykk der ute, og til Haugen i framtida.
Snakkast!
Helsing Oslo-korrespondent Ø.Løkling!
20. juli 2000
Hata, men
ettertrakta. Slik
kjennes det å være fotballekspert i desse dagar. Folk er luta lei
av bombastiske typar som gjer seg til talsmenn for eit heilt folk.
Typar som gjer seg til dommarar, og avgjer skuldspørsmål og
straffeutmåling utifrå høgst subjektive meiningar. Samstundes er
yrkesgruppa mi i vinden som aldri før. Vi har fått tildelt meir
spalteplass enn nokon gong, og gjort stadig større beslag på prime
time i fjernsynet. Folk hungrar nemleg etter personar som kan
analysere fotballen ned til minste detalj, og som kanskje sit inne
med den magiske sigersformelen.
Fri
meiningsytring veit nordmenn å setje pris på. Rundt omkring i de
tusen hjem, haglar det vilt med kritiske rop og kommentarar når
det spelast fotball på skjermen. Det er i stor grad dette som er årsaka
til det tosidige forholdet til oss ekspertar. Når Nils-Arne, Jan-Åge,
Karl-Petter og eg, dreg ein konklusjon som ikkje samsvarar med
"mannen i godstolen" sine tankar, blir vi straks ynska dit
peparen gror. På den andre sida er vi særs populære i situasjonar
der han får medhald i sine meiningar, og den kranglevorne
"mannen (eller kjerringa) i nabostolen" får ein leksjon i
lov og rett. "A friend in need, is a friend indeed."
I mitt tilfelle
har responsen hovudsakleg vore av positiv karakter; Usakleg, men i høgste
grad positiv. Eg har registrert at ynsket om oppdatering av Øyvind’s
Corner, med stunda har utvikla seg til å bli eit krav. Folk har
trygla om nytt stoff, både på edelt og sjofelt vis. Eg takkar for
engasjementet, og innrømmer hermed at lobbyverksemd gjev resultat.
Sterkast inntrykk gjorde det då Reidar Balsnes, (under goalgetter
Rolf E. Lefdal sitt bryllaup), kunne rapportere at ivrige
Haugen-entusiastar rundt om i dei ulike grendelaga, rett og slett
var sveltefora og underernærte på Løkling sine cornerspark. Slike
tilbakemeldingar om liv og helse, bør og må komme
fram. Eg vil òg nytte høvet til å takke Eid-formann Løvlid for
si tilbakemeldinga via e-post. Han er den einaste som har orka å ta
tastaturet i bruk for å nå meg, og avkreftar dermed elegant at han
ikkje brukar tid på Internett. Den skrøpelege heimesida til Eid IL
må difor skuldast noko anna.
For å halde
vedlike spenninga rundt Corneren, vel eg å avslutte for
denne gong. Eg er straks tilbake med nye tankar, og er open for
impulsar frå grasrota. Ha det godt, vener, og nyt sumaren så
lenge!
(NB! Eg må
rette ein særskild takk til sponsor Ferner Jacobsen i
Stortingsgata, og sjef Øystein Haugland som stod bak forhandlingane
med denne klesgiganten. Det kan koste med Lacoste!)
29. april 2000
Vel overstått påske,
godtfolk, og velkomne inn i sumarhalvåret!
Sidan sist har mang ein fotballentusiast fora meg med informasjon.
Fakta om lumske lag i serien vår har blitt servert. I samband med
at Flatraket nyleg slo Oppstryn heile 5-0, tykkjer eg det er på sin
plass å vise til tidlegare Sogndal 3-spelar Hogne L. Sataøen sine
ord: "Flatraket si heimebane vert frykta denne sesongen. Eg har
sjølv spela ein kamp der (1997), og veit såleis kva eg talar om...
Dette er ein klassisk, men tøff fotballarena; grønt, jamt, teppe.
Godt jordsmonn; fin svart mold. Entusiastisk heimepublikum. Motvind
frå alle kantar. Alltid nedbør og inga speakerteneste. Laget er svært
oppofrande, og vande til dårleg vêr..." Det einaste innspelet
eg har om dette skremmande laget, er at grasmatta høgst truleg er
"flat-raket".
Men frå spøk til løk: Heimesida til Haugen har opna portane til
ei ny verd for sportsinteresserte folk som meg og deg. Via
"Heimesider til andre lag"- linken, kan ein no få tilgang
til informasjon av beste sort. Gamle nyhende som at sosietetsgjengen
Bygdø Ballklubb i 1927 tok rotta på sjølvaste Lillestrøm
Sportsklubb kan være av stor verdi. Tenk berre på kva
"Klanen" i Vålerenga kunne bruke dette til. Nye, hånande
slagord på linje med- "har du traktor, har du ljå: Så hei på
LSK"- kan slå godt an i gatene her på Grünerløkka. Tittelen
min som bondestudent ville eg i så fall ikkje snakka høgt om.
Fotball er som alle veit ein sport for ekte mannfolk. Tacklingsterke
kraftkarar med hår på brystet oppnår respekt og omdømme verda
over. Eg blir sjølv å rekne som en pysete cricketspelar når det
skal delast ut poeng for testosteron og krefter. Spelarar av mitt
format må lære seg å hoppe unna, spele skodespel og halde seg på
lag med dommarstanden for å overleve. Nokon gongar er det likevel
umogleg:
|
Eg vil nytte høvet til å ynskje Haugen all lukke i seriestarten,
og
oppfordrar alle potensielle tilskodarar til å møte opp på kampane
framover.
Ha det godt, folkens!
Helsing Oslo-korrespondent Løkling.
3. april 2000
Velkomne!
Alle medium med respekt for seg sjølv stiller sjølvsagt med ein
fotballekspert. VG har Truls Dæhlie, TV-2 har Svein Mathisen og NRK
har Arne Scheie med på laget. På heimesida til Haugen derimot, er
det eg, Øyvind Løkling, som skal fylle denne rolla. Mange vil nok
hevde at eg blir litt for lett i eit slikt selskap, og manglar
"pondusen" som skal til for å lykkast. Men etter mi
meining står eg ikkje, (sett vekk ifrå den reint kroppslege
tyngda), mykje tilbake for avisa Fjordabladet sine tidlegare
ekspertar. Magne Johnny Krumsvik og Geir Skagen er altså mi store
inspirasjonskjelde.
Like sikkert som at fotballen blir leita fram når graset ikring oss
grønkast, er det at ekspertisen kastar terningar og avgjer kven som
kjem til å rykkje opp og ned. Dette må sjølvsagt eg òg gjere. I
følgje den spinkle heimesida til Eid IL har Eid 2 ambisjonar om å
avansere i
seriesystemet, og får difor terningkast seks for motivasjon.
Hornindal får einar for Kvivsvegen og rykkjer heilt sikkert ned.
Oppstryn og Flatraket er begge svært sparsame med informasjonen, og
eg hemnar dette ved å halde deira terningkast skjult. Haugen vil
utan tvil bli den store profilen denne sesongen, og får toppkast
for profilering. Denne sida er ein klar indikasjon på dette.
Med stunda skal
denne heimesida, forutan aktuelle nyhende, vise til gamle skrøner
og fengjande historikk. Eldre foto skal til dømes visast fram for
allmugen; nokre til skrekk og åtvaring, ( jamfør hippiane under
"gamle bileter"), andre som rein underhaldning. For
fotballen på Hauane har årelange tradisjonar. Bestefedrane mine
fortel ofte om knallharde kampar på Løkja og i Sandbrauta. Morfar
John skildrar stadig 48-laget "til" Lars O. Skjold:
"Oscar Lillestøl var ein framifrå back, Alf Kjøsnes var den
store stabilisatoren og Reidar Lien var artisten over alle". Og
eg trur han så gjerne. Kjenner eg meg rett blir nok backen Gustav
Orheim, spielfûrer Øystein Haugland og goalgetter Jim A. Balsnes
like eineståande i mine historier. Og med rette!
I følgje web-spesialist Stig Høynes skal Haugen ut i treningskamp
mot
sunnmøringar ifrå Tjørvåg til helga (8.April). Dette blir fyrste
test for
laget, og premiere utandørs. Eg ynskjer lukke til. Stå på karar!
Helsing Oslo-korrespondent Ø.Løkling!
|