Boka
vart utgjeva i 2003, og forfattar var Frank Ryland. Boka
kostar no 100 kr.
1946
Den provisoriske idrettsbana stod
klar til bruk dette året og vart kalla Øyrabana. Denne låg
inne ved Smelteverket, ovanfor der småbåthamna låg ved
inngangen til år 2000. Denne bana som hadde ein omkrins på
271 meter, hadde to løpebaner, var noko hard og ujamn då
den låg på ein planert slaggtipp og hadde ikkje noko
banedekka av noko slag opp på slaggen. Fram til denne tid
hadde ein drive kasteøvingar og sprunge 60 m på
grusplanen framfor Folkets Hus. Også ”planen” (brukt
som parkeringsplass ved inngangen til år 2000) ved
Bakketunet 1–3 på Villabakken vart brukt til litt
friidrettstrening. Alf Zachariassen budde i desse dagar i
Bakketunet 1, (der barnebarnet Terje Rebni budde ved
inngangen til år 2000) og ein nytta denne ”planen”
til bl.a. å støte kule og hoppe lengde. Løpstreninga
hadde til denne tid foregått langs vegane i Svelgen.
Mykje brukt var Elvavegen frå brua ved Riseelva og inn
mot det blå hybelhuset ved Smelteverket, samt
vegstrekninga ved Hus 8 på Villabakken.
I eit spørjeskjema til Sogn og
Fjordane Idrettskrins datert 11. februar dette året
svarte STIF følgjande på spørsmål om kva for forarbeid
som var gjort på eit evt. nytt idrettsanlegg: ”Det forutsettes at A/S Bremanger Kraftselskab skal begynne å fylle
slagg fra sin rujernsovn på den plass som etter
reguleringsplanen er bestemt til idrettsanlegg.
Henvendelse herom vil bli tilstillet direksjonen”.
Mykje tyder på at det alt her var snakk om å fylle ut Øyravågen,
der Svelgen Stadion låg ved inngangen til år 2000. Dette
var dei første planane om ei idrettsbane på dette området
som ein kjenner til.
1947
Sjølv om ein hadde fått ei
provisorisk idrettsbane, hadde kampen for å få ei
permanent idrettsbane høg prioritet. Difor vart Alf
Zachariassen på generalforsamlinga vald til formann i ein
16 mann stor ”Idrettsplasskomité”. Dette var ei
utviding av 3-mannskomiteen ein valde 26. februar 1931.
Forutan Zachariassen var Aksel Kleiven framleis med, medan
Kaare Kjølberg som kjent hadde reist frå bygda. Dei
andre medlemane var: Samson Sande, Alfred Hestdal, Ragnar
Rylandsholm, Odd Rise, Alf Sande d.y, Rolf Sagebø, Reidar
Hansen, Henrik Frøyen, Lars Løvfald, Lorentz Eikeset,
Einar Sande, Lauritz Midtbø, Peder P. Hallset og Olav
Valberg. På styremøtet 16. april orienterte ”Zachen”
om det framtidige idrettsanlegget i Øyravågen. Denne
idrettsbana var planlagd plassert på delar av eit område
som A/S Bremanger Kraftselskab 22. februar 1917 fekk
eigedomsretten til. Dette var første gong idrettsbana,
som var i bruk ved inngangen til år 2000, vart omtala i
protokollen til STIF.
1948
I brev av 30. april dette året la
bygartnar Aspesæter frå Bergen fram ei skisse til eit
idrettsanlegg i Øyravågen med medfølgjande brev. Dette
materialet sende STIF vidare til Idrettskrinsen 3. mai. I
eit brev til Bremanger heradsstyre (det som seinare vart
kommunestyret) datert 19. desember dette året, skreiv
formannen i Bremanger Idrottsnemnd, Alf Zachariassen følgjande:
”STIF vil freiste
å få skøytt idrettsbanearealet over til seg, for sidan
å overføre den til heradet”.
1956
STIF miste dette året den
midlertidige idrettsbana inne ved verket då Smelteverket
hadde bruk for grunnen til eige bruk. STIF skulle mellom
anna arrangere barnekrinsturnstemne dette året, men dette
måtte flyttast til Florø pga. at bana var i for dårleg
stand. 26. november dette året var Statens Ungdoms- og
idrettskontor (SUI) ved Rolf Hofmo i eit møte i Svelgen
med bl.a. direktør Kjell Nielsen på Smelteverket. Her følgjer
Åge Skåtun sine minne frå dette møtet, nedskrive i
ettertid i samband med denne boka: ”Statens tilskudd til idrettsanlegg, samfunnshus o.l. gikk på denne tid
gjennom SUI. Det var derfor meget viktig å få sjefen sjøl
til Svelgen for at han kunne bli kjent med forholdene i et
innelukket industrisamfunn som Svelgen den gang var. Under
møtet ble det orientert om planer for både idrettsplass,
svømmebasseng og samfunnshus. Hofmo ble også orientert
om plassproblemer som gjorde at det bare kunne bli 360 m løpebaner.
Han var positiv og gav gode råd om underlag for søknad
om tilskudd”. Grunnen til at ein ikkje kunne få
lenger løpebane enn 360 m var vegane på kortsidene av
idrettsbana. Internasjonale og nasjonale krav var at bana
skulle vere 400 m lang.
I 1955 vedtok dei nye eigarane av
Smelteverket eit omfattande program for vidareutbygging av
Smelteverket og Kraftverket. Kraftverk Svelgen 2 (bl.a.
Hjelmevatn) skulle utbyggjast, vidare skulle ein byggje følgjande
nye anlegg: Ovnshall for Ovn 2 (starta opp sommaren 1956)
og Ovn 3, surstoffanlegg, laboratorium, ferrosilisiumverk,
nettfrekvensomn, ny kai, bustadhus m.m. Alt dette betydde
mykje arbeid med utskyting av fabrikktomtar inne på
verket og kraftverkstunnelar. Dette ville igjen gje mykje
overskotsmasse som ein ville fylle ut Øyravågen med. 26.
august sende STIF planar for eit nytt idrettsanlegg til
Statens Ungdoms- og idrettskontor. Det var Åge Skåtun
som laga dei første utkasta til teikning av idrettsbana.
Etterkvart overtok Frank Tangen og i 1960 overtok Knut Øverland
ansvaret. Det var Smelteverket som stod som ansvarleg for
idrettsbana, men STIF hjalp til med mykje dugnadsarbeid.
Dei første planane til denne idrettsbana har ein funne
datert til 1946. Til denne planlagde idrettsbana tildelte
Bremanger kommune kr 12 000 dette året.
1957
I eit brev datert 6. mars 1957 skreiv
Rolf Hofmo i SUI at ein var blitt einige om plassering, størrelsesforhold
og finansiering for følgjande 3 anlegg: Idrettsplassen
skulle koste 90 000 kr og skulle finansierast på følgjande
måte: dugnad kr 25 000, bidrag frå verket kr 25 000,
bidrag frå kommunen kr 10 000 og tippemidlar kr 30 000.
……………………. Ein må her leggje til at dette
var kalkulasjonar og planar som gjekk fleire år fram i
tida. I følgje eit skriv i samband med ei befaring på
desse 3 nemnde anlegga 26. juli dette året, vart det
skrive at arealet som idrettsbana skulle ligge på var
byrja å ta form og det vesentlegaste av utfyllingane var
gjort.
1958
Grovplaneringa av arealet til
idrettsbana i Øyravågen vart gjort ferdig av Bremanger
Smelteverk enten mot slutten av dette året eller i
byrjinga av 1959. I følgje eit kostnadsoverslag over
idrettsplassen, datert 29. januar 1959, hadde BS betalt 5
000 kr for dreneringsrør og 15 000 kr for grovplanering.
1959
Dette året grov ein opp den
grovplanerte idrettsbana, både rundt den og med jamne
mellomrom på tvers, og la ned dreneringsrør. I eit brev
datert 27. oktober frå Bremanger Smelteverk, ved Åge Skåtun
og Kjell Nielsen, til arkitektfirma Chr. Pran & Otto
Torgersen i Oslo skreiv ein at kultlaget på fotballbana
skulle sløyfast og erstattast av eit 3 cm lag av finpukk.
Som banedekke på fotballbana ville ein forsøke med eit
dekke av ein del koksgrus, ein del sand og kvartssubb, og
ein del myrjord. Her følgjer eit utdrag frå brevet: ”Tribune
utgår foreløpig. Med de nedbørsmengder vi har her i
Svelgen, og så lenge vi ikke har noen treningsbane og den
påbegynte idrettsbane skal dekke alle formål, også
folke- og realskolens, våger vi ikke å gå i gang med
gressdekke på fotballbanen. Vi må i stedet forsøke å få
mest mulig grønt omkring banen”.
1960
På generalforsamlinga gav Åge Skåtun
ei kort og fin orientering om idrettsplassen. I
mars–juni var det ein del korrespondanse mellom
Bremanger Smelteverk og Statens Ungdoms- og idrettskontor
(SUI) i samband med kva for dekke ein skulle ha på
fotball- og løpebana. Smelteverket sende inn tre
koksgrusprøver, i ulike storleikar og ei prøve av
kalksteinsubb. SUI tilrådde at ein la ut to ulike prøvefelt
med ulike samansetningar av dei 4 steintypane + litt
sagflis i blanda. Her følgjer eit utdrag frå eit notat
frå banemeister Flesland ved Kronsminde Idrettsplass i
Bergen si synfaring på Svelgen idrettsplass 20.
september, skrive av Knut Øverland: ”Flesland
mente at pukklaget vi har lagt ut er i tjukkeste laget da
det er fare for uttørring. For å motvirke dette og for
å at det skal gå minst mulig av toppdekke materialer,
foreslo han å legge et ganske tynt lag med kvartssubb da
dette holder på fuktigheten. Myrjorda, som vi viste han
prøver av, var det helt OK å bruke i toppdekket, men for
at den skal bli fin å arbeide med, bør den ligge en
stund i frisk luft. Da dekket skulle vert lagt i høst,
foreslo Dalen å benytte ”tørka” på verket og etterpå
sikte jorda. Dermed kunne en kanskje slippe lagringstid på
jorda. Toppdekket skal vere i 10 cm`s tykkelse før det
valses. Flesand mente at dimensjonene på lengdehoppgropa
kan minskes til 6 x 5 m. Høgdehoppgropa på 5 x 3 m er
OK. Kastringene mente han burde vere i betong og at en
plasserte sleggeringen i sydøstre ”hjørne” av halvmånen,
og diskosringen i nordvestre hjørne av halvmånen. Halvmånelist
spydkast bør legges permanent. Feste av lista rundt banen
er OK. Målstolper mener Flesland at vi bør få laget hos
Mjellem i Bergen, da han er spesialist i dette”. I
årsmeldinga som vart skriva i desember månad dette året
skreiv ein følgjande om idrettsbana: ”Smelteverket har hatt noen menn gående praktisk talt hele sommeren,
slik at bana nå er ferdig drenert og grovplanert.
Listingen rundt løpebana og spranggropene er også på
det nærmaste ferdig. Det som står igjen av større
arbeid er legging av dekklaget, men til dette har det vist
seg å vere vanskeleg å skaffe god matjord.
Det har på idrettsbanen vært utført svært lite
dugnadsarbeide dette år, men vi får håpe banen kan bli
ferdig kommende år”. Det vart i 1958 og 1959 utført
mykje dugnadsarbeid av STIF på bana. Bl.a. hugsa Åge Skåtun
ein ivrig Ingvald Ytrehus som bad om å få jobbe ”seg
opp” dugnadstimar fordi han skulle reise i militæret og
då ikkje ville få høve til å delta på
dugnadsarbeidet.
1961
Dette var eit godt år for STIF då
friidrettsdelen på den nye idrettsbana vart teken i bruk.
Ein hadde fått ei 360 m løpebane med spranggroper. Ein håpte
på å få til ei ordning for søndre sving (mot
Naustneset), for elles kunne ein ikkje arrangere større
stemne. Denne svingen fekk ein ikkje ha slik ein planla
pga. at det gjekk ein bergnabb inn i bana og denne fekk
ein ikkje lov å fjerne av grunneigarane. Fram til 1966
eller 1967, var det berre indre bane i denne søndre
svingen. Ein hadde også fått ei sprintbane for 60 og 100
m med 4 løpebaner. Det stod att litt arbeid før
fotballbana kunne takast i bruk. Det aller første stemnet
på denne bana vart arrangert 7. juni, og det var eit
uttakingsstemne for 11–14-åringane i STIF.
1962
For første gong hadde ein fått ei
fotballbane med godkjende mål, og denne bana hadde
koksgrusdekke. Ein kjøpte også inn nye fotballmål. Dei
3 første fotballkampane på den nye bana vart spelte
dette året, og det virka som dette gav meirsmak.
1965
I løpet av året fekk fotballbana på
Svelgen Stadion nytt grusdekke. Dette kosta kr 7826,87. No
vart det lagt ”skikkeleg” grus, og ikkje koksgrus som
hadde vore nytta sidan 1962. Denne koksgrusen var lite
tilfredsstillande og blåste vekk. Etter dette vart det
slutt på alle dei svarte skrubbsåra ein fekk med
koksgrusen.
1966
Etter at idrettsbana vart teken i
bruk i 1961 jobba ein jamt og trutt for ei løysing for
bergnabben som gjekk inn i søndre sving mot Naustneset.
Ved ei sak i Ytre Sunnfjord jordskiftesokn, som strekte
seg over tidsrommet 10. mai–24. august 1966, vart det
ved eit makeskifte gjort mogeleg å sprenge vekk den
omtala bergnabben. Dette vart gjort enten dette året
eller i 1967, og ein fekk då 4 løpebaner rundt heile
bana.
1968
26. november 1968 sende den nyvalde
formannen i STIF, Einar Gjerde, eit brev til Bremanger
Smelteverket. Her følgjer eit utdrag av dette: ”Vi
tillater oss med dette å henvende oss til eieren av
idrettsplassen i Svelgen, Bremanger Smelteverk, for å få
klarlagt visse sider vedrørende fremtidige utbedringer av
plassen. Det som vi i første rekke tenker på i denne
forbindelse er gressdekke på fotballbanen. Stadig flere
gressbaner blir nå tatt i bruk. Og det er et sterkt ønske
blant aktive og ledere om at vi i Svelgen skal kome etter
på dette området. Idrettsplassen her i Svelgen er meget
godt drenert, og er ellers i bra stand, slik at det ikke
skulle by på så store utgifter å få lagt gressdekke på
banen, og å få utført visse andre utbedringer. STIF sin
hensikt med denne henvendelsen er å få tatt et
initiativ, slik at det kan bli klarlagt hvilke muligheter
som foreligger for å få idrettsbanen i den stand som er
ønskelig”. 12. desember 1968 sende ein også brev
til kommunen om same saka.
1970
27. mai sende STIF eit nytt brev til
kommunen i samband med idrettsplassen i Svelgen. Her viste
Gjerde til skrivet ein hadde gjort hausten 1968. I svaret
STIF fekk frå kommunen i 1968, gjekk det fram at saka om
idrettsplassen var avhengig av korleis reguleringsplanen
for Svelgen, som då var venta ferdig i nærmaste framtid,
ville bli. Gjerde skreiv at etter det han hadde hørt
skulle behandling av reguleringsplanen snart opp i
kommunestyret, og han meinte difor at det burde haldast
eit møte mellom kommunen, Smelteverket som eigde
idrettsplassen og STIF, for å diskutere idrettsanlegget i
Svelgen. Gjerde håpa at kommunen ville ordne med eit
slikt møte snarast, då han meinte det var viktig å få
utveksla synspunkt før reguleringsplanen skulle bli
behandla i kommunestyret.
1971
16. juni vart det arrangert eit møte
mellom STIF, Smelteverket og kommunen. Bakgrunnen var at
idrettsbana trengde opprustning og i følgje
reguleringsplanen skulle idrettsbana i Svelgen i framtida
verte plassert på Rise. På dette møtet vart ein einige
om at idrettsplassen skulle utbetrast og setjast i
forsvarleg stand. Dette skulle gjerast ved å leggje
grasdekke på fotballbana og nytt dekke på løpebana.
Dette skulle skje gjennom eit samarbeid mellom
Smelteverket, kommunen og STIF. Omkostningane med nytt
dekke var kalkulert til kr 50 000 + alt manuelt arbeid som
måtte utførast. Men det kom også fram på møtet at ein
Alt om 5–6 år kunne bli nøydd til å ta i bruk
noverande idrettsplass til sentrumsutviding. I brev av 18.
juni bad difor STIF kommunen om å snarast sikre seg
arealet på Rise som var avsett til idrettsanlegg. STIF
foreslo at dette vart gjort samstundes med at ein kjøpte
tomt til ungdomsskulebygg. Ein meinte saka hasta då
anlegget på Rise måtte vere ferdig til noverande anlegg
vart teke i bruk til sentrumsutviding.
I august denne sommaren starta
arbeidet med å omarbeide Svelgen Stadion frå grusbane
til grasbane. Ein stor del av dette arbeidet vart utført
på dugnad av STIF sine medlemar, og i årsmeldinga til
Fotballgruppa takka styret for den gode dugnadsinnsatsen.
I august månad vart det lagt jord på bana. Såing av
bana vart gjort av pensjonisten Ragnvald Sætre, som i
mange år var gartnar på Uteavdelinga på Smelteverket.
Dette var ei så høgtidleg handling for han at han ikkje
kunne utføre ho med hatten på. Til arbeidet på bana
ville Sætre ikkje nytte traktor, så han fekk låne seg
ein hest på Ytrehus. Men han fekk problem då han skulle
føre hesten gjennom den mørke Eikelandstunnelen. Hesten
nekta å gå, og Sætre var inne på tanken på om han
skulle prøve å leie hesten over eller utanfor tunnellen.
Men Sætre fann til slutt ut at han kunne knyte noko
framfor auga på hesten og blende han. Det var også
meininga at løpebana skulle få ei ansiktsløfting, men
dette drog diverre ut.
1972
Denne sommaren vart den nye grasbana
teken i bruk, og i august vart den første seriekampen i
fotball spela på denne. At STIF hadde fått seg eiga
grasbane kunne ein først og fremst takke formann og
eldsjela Einar Gjerde for. Ikkje berre var han den som tok
initiativ til å få lagt gras på bana i 1968, han var
også den fremste pådrivaren undervegs med dugnad og
organisering. Utbetring av løpebana var også blitt utført,
og ein hadde no lagt raudstubbdekke. Dermed hadde STIF fått
ei av dei beste løpebanene i fylket og STIF hadde også
eit av dei flottaste idrettsbaneanlegga i fylket. I følgje
årsmeldinga hadde STIF sine medlemar lagt ned mellom 1500
og 2000 dugnadstimar på bana. På styremøte 23. august
vart det opplyst at økonomien i STIF var stram då det pågåande
arbeidet på idrettsplassen hadde blitt 15 000 kr dyrare
enn kalkulert. Denne hausten tok STIF opp eit lån på kr
10000 i Flora-Bremanger Sparebank for å dekke inn nokon
av desse meirutgiftene. Dette fekk styret fullmakt til på
årsmøtet i desember 1971. Seinare sette STIF sin mangeårige
kasserar, Dagfinn Kleiven, opp eit anleggsrekneskap for
Svelgen Stadion og dette viste at ein hadde utgifter på
kr 79 773. Her følgjer utgiftene ein hadde: Innkjøp av
jord kr 12 516, innkjøp av frø og fullgjødsel A kr 9
825, innkjøp av gjerde kr 845, transport jord med båt/bil
kr 16 986, innkjøp av raudstubb kr 35 700,
lossing/transport i Svelgen kr 1 900 og utkøyring av grus
kr 2 000. På inntektssida fekk ein kr 30 000 i tilskot frå
Bremanger Smelteverk og kr 20 000 frå Bremanger kommune.
1989
2. september sende STIF v/Per Åge
Bueie eit brev til kommunen der det gjekk fram at STIF
hadde planar om å ruste opp Svelgen Stadion. Planen ein
hadde gjekk ut på å legge nytt toppdekke på løpebana,
og om mulig nytte spillvarme til oppvarming av grasbana.
Men for at STIF skulle få midlar frå STUI måtte ein ha
garanti frå kommunen om at idrettsanlegget vill bli
liggjande i sentrum i fleire år framover, og dette håpte
STIF og Bueie på å få.
1990
8. februar sende STIF ved Per Åge
Bueie brev til Fylkeskommunen og ba denne om ei vurdering
av sjansen for at STIF skulle få tildelt tippemidlar for
legging av ei oppvarma kunstgrasbane på eksisterande
grasbane i Svelgen. I brev av 1. mars opplyste
anleggskonsulent Bjarte Solaas at for å få tippemidlar så
måtte anleggseigaren eige grunnen eller ha tinglyst
leigeavtale for minimum 40 år, og skulle ein jobbe vidare
med denne planen så måtte ein få oppfylt eit av desse
kriteria. Men Solaas tykte det var ein svært så
interessant idé, då Sogn og Fjordane ikkje hadde ei
einaste bane med oppvarma kunstgras.
Den store hendinga dette året var
besøket som Rosenborg BK hadde i Svelgen. Dette kom i
stand av den grunn at Elkem, som eigde Smelteverket, var
hovudsponsoren for Rosenborg i desse åra. I samband med
besøket vart det spelt ein treningskamp mellom Rosenborg
og Sogndal i Svelgen laurdag 28. oktober, der heile 1800
tilskodarar var tilstades. Dette var tilskodarrekord på
Svelgen Stadion ved inngangen til år 2000.
1994
Ein var mot slutten av året einige
om at løpebana trengde opprusting. Aller helst ønskte
ein at ein kunne få utvida denne frå 360 m til 400 m, då
ein meinte det ville vere meir motiverande å leggje ned
arbeid og pengar i eit permanent anlegg. Grusdekket var
heilt nedslite, og ein jobba med planar om å leggje nytt
grusdekke på denne. På styremøte 3. februar vart det
opplyst at STIF hadde fått søknaden om tippemidlar til
opprustning av løpebane/grasbane i retur. Dette fordi ein
ikkje hadde bruksrett for området, og fordi ein ikkje
hadde dokumentert finansieringa. Styret vedtok at ein måtte
forhandle med Elkem Bremanger om å få bruksrett over
bana i 40 år. Dei aller siste friidrettsstemna på
Svelgen Stadion før inngangen til år 2000, vart
arrangert dette året. Hovudgrunnen til dette var at bana
var i dårleg stand.
1995
Dette året la STIF press på
kommunen for å få ei avklaring om Svelgen Stadion. Men
det viste seg at denne saka om løpebana drog ut, og det
vart ikkje noko avklaring dette året heller. I årsmøtereferatet
vart det skrive at STIF vurderte å utvide anlegget etter
utarbeidde planteikningar frå 1991, og med oppjusterte
kostnadar ville dette koste om lag 350 000 kr.
Finansieringa skulle løysast ved at følgjande gjekk inn
med 1/3: Kommunen, tippemidlar og STIF. På årsmøtet
vart det vedteke at STIF skulle sende søknad om utføring
av arbeid etter utforma planteikningar, men med atterhald
om at dei ovanforståande midlane ville verte mottekne. I
Fjordenes Tidende si omtale av årsmøtet i desember vart
det skrive at Bremanger kommune hadde stadfesta at
idrettsbana skulle ligge der ho hadde lege sidan tidleg på
60-talet. Avisa skreiv vidare at årsmøtet vedtok at
foreininga måtte kome i gang med dei økonomiske førebuingane,
slik at det praktiske arbeidet med opprustinga kunne ta
til i 1996. Det var og klart at STIF vill satse på å
ruste opp det eksisterande anlegget med 360 m-bane, då
det viste seg at 400 m-rundbane var lågt prioritert på
fylkesplan. Ein ville no gå inn for eit delanlegg for
sprint og tekniske øvingar.
1996
I årsmeldinga skreiv ein følgjande:
”Grunneigar av Svelgen Stadion er Elkem Bremanger Smelteverk. Dette fører
til at STIF får avslag på søknad om tippemidlar til
opprusting. Det vert framleis arbeidd med utforming av
festekontrakt som kan godtakast (for minst 40 år) med
omsyn til søknad om tippemidlar til opprusting. Eit
forslag om legging av asfaltdekke utarbeidd av Kurt
Hessvik vart diskutert på styremøte i oktober. Eigartilhøvet
må avklarast før det eventuelt vert fatta vedtak”.
I følgje STIF si årsmelding var det avsett kr 66 000 på
konto som var øyremerka til opprusting av idrettsbana.
I årsmeldinga skreiv Loftheim bl.a. følgjande: ”Svelgen
Stadion har ikkje vore nokon ”pryd” for Svelgen i år
heller. Det vi no kan håpe på er at kommunen og Elkem
A/S kjem fram til ei avtale som gjer at STIF får søke om
tippemidlar for opprustning i 1997”.
1997
I årsmeldinga etter dette året vart
det opplyst at STIF hadde vorte tildelt kr 140 000 i
tippemidlar for opprusting av Svelgen Stadion. Ein ville
likevel vente med å sette i gang med dette arbeidet til
eigarforholda om grunnen var avklara. I årsmeldinga
skreiv leiar Espen Sortevik at om eigarforholda vart
avklara, så ville ein gå i gang med opprusting våren/sommaren
1998.
1998
Eigedomsforholda på Svelgen Stadion
var ikkje avklara, og ein hadde ikkje kome i gang med
opprusting av løpebana. Her følgjer eit utdrag frå
Fjordenes Tidende sin omtale av årsmøtet mot slutten av
1998: ”Det har
ikkje vore gjort noko med idrettsbana på mange år og den
er slett ikkje noko pryd for augo der den ligg midt i
Svelgen sentrum. Det er mange år sidan saka fyrste gong
var oppe på årsmøtet og det vart gjort vedtak om
opprusting av bana. STIF har fått 140 000 kr i
tippemidlar, Bremanger kommune har avsett 120 000 kr og
STIF har avsett 66 000 kr til formålet. Saka har vore ein
gjengangar på årsmøta. Årsaka er at det er Elkem som
eig grunnen der bana ligg og dei kan seie opp leigeavtalen
med eit halvt års varsel. Så lenge grunnspørsmålet
ikkje er avklara får ein ikkje utløyst tippemidlar og
laget kan heller ikkje gjere store investeringar før ein
har ei festekontrakt på grunnen. Til sommaren vert
tippemidlane trekte tilbake dersom det ikkje kjem fortgang
i saka. Elkem sentralt har til no vist lite interesse og
velvilje til å få avklara denne saka. Årsmøtet meinte
at både Elkem og kommunen har eit ansvar, og oppmodar det
nye styret til å presse på for å få ei avklaring
snarast mogeleg”. Knut Øverland ved Elkem Bremanger
gjorde ein svært god innsats for at STIF skulle få ein
avtale som gjorde at ein kunne få tippemidlar til
idrettsbana. Men då Øverland var på ferie midt på
1990-talet, vart papira til denne saka ved ein feil sendt
til Elkem i Oslo. Etter at Elkem- juristane i Oslo fekk
tak i papira, vart det diverre umogeleg å få ei ordning
slik at ein kunne få tippemidlar.
På initiativ frå Olav Ommedal i
Miljøvarme A/S vart det sett ned ei forprosjektgruppe som
skulle utarbeide planar for ei oppvarma krøllgrasbane på
eksisterande treningsbane ved Svelgen Stadion. Leiar for
denne forprosjektgruppa var Asbjørn Svarstad. Planen var
at bana skulle bli 70 x 110 meter og skulle oppvarmast av
spillvarme frå Elkem Bremanger via varmevassrøyra som
gjekk rett forbi bana. Bana vart kostnadsrekna til 4,8
millionar kroner og i følgje forprosjektgruppa låg det
28 klubbar innanfor ein radius på ein time frå Svelgen.
Bana var tenkt finansiert v.hj.a. eigeninnsats frå STIF,
tippemidlar, omstillingsmidlar frå SND og med støtte frå
Miljøvarme A/S og Bremanger kommune. Men også her måtte
ein vente på at eigedomstilhøva rundt idrettsbana måtte
avklarast.
1999
Dette året søkte STIF om utsetjing
på bruk av dei 140 000 kr ein hadde fått i tippemidlar
til idrettsbana. Denne utsetjinga skuldast nok ein gong at
ein ikkje hadde fått i stand ei avklaring på grunnspørsmålet.
Heilt tilbake til 1948 hadde ein jobba med å få ei løysing
på grunnspørsmålet i samband med idrettsbana i Øyravågen.
I eit brev til Bremanger Heradsstyre (det som seinare vart
Kommunestyret) datert 19. desember 1948, skreiv formannen
i Bremanger Idrottsnemnd, Alf Zachariassen følgjande: ”STIF vil freiste å få skøytt idrettsbanearealet over til seg, for
sidan å overføre den til heradet”. Men diverre
hadde den over 50 år lange kampen vore fånyttes, og STIF
kunne framleis ikkje få tippemidlar eller leggje store
summar i opprustinga av Svelgen Stadion.
Meir info om boka finn du på denne linken:
http://www.svelgen.no/ITNetData/1/53.html
|