Nokre utdrag frå boka med historiar frå fotballen i
Nordfjord:
1974
– protest frå Bryggja mot ”inhabil dommar”:
Etter ein
6. divisjonskamp på Refvik Stadion 31.8. mellom Bryggja
og Svelgen la Bryggja ned protest på at både Svelgen og
ein dommar frå STIF kom for seint til kampen. Denne
dommaren kom inn som forfallsdommar då den oppsette
dommaren melde forfall. Bryggja hevda kampen var avtalt
kl. 17.00, medan Svelgen og dommaren hevda kampen var
avtalt i 17–17.30-tida. I rapporten til Fotballkrinsen
gav Bryggja opp at Svelgen kom til bana kl. 17.27, medan
Svelgen og dommaren hevda dei kom ca. kl. 17.10. Bryggja
mistenkte Svelgen og dommaren for å ha synkronisert
tidspunktet dei kom på, då dei kom i same bil. I følgje
Bryggja måtte Svelgen ha køyrt på den då frykteleg
smale og kronglete vegen mellom Stårheim ferjekai og
Refvik på under ein time, (Måløybrua vart opna for
trafikk i desember 1973), og dette var komplett umogeleg.
I følgje Bryggja starta kampen kl. 17.40, medan dommaren
meinte kampen starta presis kl. 17.20. Svelgen vann kampen
3–0. I brev frå Fotballkrinsen 8.10. vart det skrive at
det var ein vanskeleg protest å handsame, då dommaren
var medlem av den eine klubben og det var påstand mot påstand,
men sidan det i følgje dommaren ikkje vart levert inn
protest før kampen starta, vart protesten avvist. Bryggja
på si side hevda dei gav beskjed til dommaren om at dei
ville levere protest både før og etter kampen. Det må
gjerast oppmerksom på at desse opplysningane utelukkande
var bygd på Bryggja sine rapportar til Fotballkrinsen.
Slike protestar var ikkje uvanlege på denne tida,
spesielt når dommaren ikkje var nøytral.
1977:
Vedr den første jentefotballen i fylket:
Første
gong jente- eller damefotball vart omtala på krinstinget
til Sogn og Fjordane Fotballkrins var i 1976, då Sverre
Heggen frå Eid IL inviterte til jente- og dameturnering på
Nordfjordeid sommaren 1977. Svelgen var med heilt i frå
starten på jentefotballen i fylket. Etter at 14-åringen
Hilde Jenssen og den eitt år eldre Lillian Skarstein
hadde masa på styret i Fotballgruppa ei stund, fekk dei
endeleg trenar. Ragnfred Ommedal tok på seg denne oppgåva
og vart nok sjokkert på første treninga, då ein del av
jentene møtte opp til trening i tresko og ville trene i
desse. Ein del av jentene var og svært motvillige til å
nikke ballen, då dette gjekk ut over frisyren. Det var
bra oppmøte på treningane, og Svelgen melde på eit lag
til den omtala jenteturneringa på Nordfjordeid, som vart
arrangert søndag 3. juli. Til denne turneringa måtte
jentene, då dei fleste av dei ikkje hadde skaffa seg
fotballsko, låne dette av brødre og kjærestar som
motvillig lånte vekk fotballskoa sine. Desse skoa vart så
fylt opp med opp til fleire par med sokkar for at jentene
skulle få det rette tilslaget på ballen. I innleiande
kamp tapte STIF 0–4 mot Tornado. I jumbofinalen gjekk
det ikkje betre, då det her vart 0–5 tap mot Eid. I følgje
Fjordabladet var STIF knapt nok over midtbana i denne
kampen. Det var Stryn som vann turneringa. Svelgen deltok
ikkje i den fyrste jenteserien, som vart arrangert av
Fotballkrinsen dette året, der det deltok 4 lag.
1977
– toppkamp mot Måløy med stor dramatikk
For første
gong i historia spelte ikkje Svelgen sitt senior A-lag i
Fotballkrinsen sin lågaste divisjon. Laget, som vart
trena av Ragnfred Ommedal, hadde faktisk som målsetjing
å rykke opp endå ein divisjon. Svelgen spelte ein
fantastisk vårsesong og hadde teke heile 17 av 18
mogelege poeng på 9 kampar, og leia med 4 poeng ned til Måløy,
som ein hadde slege 3–2 på bortebane. Målscorarar her
var Terje Førde, Roger Føleide og Geir Atle Nilsen. På
haustsesongen gjekk det litt tyngre, og laget tapte to
jamne kampar som dei burde avgjort til sin fordel. F.o.m.
tapet borte mot Loen 22.5.1976 til Svelgen tapte ein
seriekamp igjen, 13.8.1977 mot Hornindal, spelte STIF 19
seriekampar og 2 kvalifiseringskampar på rad utan å
tape. Av desse vart det 19 sigrar og 2 uavgjort. I 4.
siste serierunda var det klart for toppkamp på Svelgen
Stadion mot Måløy. Svelgen leia då 5. divisjon eit
poeng føre Måløy. Før kampen gjekk formannen i
Fotballgruppa i Måløy IL ut i Fjordenes Tidende og
oppmoda måløyværingane om å ta turen til Svelgen å støtte
Måløy i denne skjebnekampen som han kalla den, og han
uttalte og at dette var ein flott sjanse for dei som ville
gjere seg kjent på det raskt ekspanderande
industrisamfunnet i Svelgen. I det ufyselege vêret denne
laurdagen kom det to fulle bussar frå Måløy, pluss ei
mengde med privatbilar. I tillegg gjekk folk i Svelgen
mann av huse for å støtte heimelaget, så det var nok
ein plass mellom 400 og 500 tilskodarar på Stadion denne
laurdagen. Dette var det høgste tilskodartalet på ein
fotballkamp i Svelgen der STIF deltok på 1900-talet. 5.
minutt ut i kampen scora Måløy på straffe utan sjanse
for dagens bestemann på Svelgen, keeper Tor Olav Halse.
Halse var elles svært god til å redde straffer. Svelgen
utlikna ved Roger Føleide på eit langskot etter 30
minutt, og dette stod seg ut omgangen. Det vart ein hard
kamp på den blaute og etter kvart gjørmete bana, og
dette påverka nok gemyttane hos tilskodarane. Ein del av
dei tilreisande måløyværingane hadde teke til seg for
mykje av ”sterkt drikke” og lagde kvalme. Etterkvart
utvikla dette seg til slåsskampar der vaktene, deriblant
formannen i Fotballgruppa Odd Grindheim, måtte gripe inn
og stoppe slåssinga. Ein måtte og sette opp sperringar
ved hjelp av vakter og tau under kampen, då det var svært
vanskeleg å halde tilbake tilskodarane. 2. omgang vart
jamn med eit lite overtak til Måløy, som avgjorde kampen
15. min før slutt. Dermed overtok Måløy leiinga på
tabellen. Etter denne kampen vart det sett opp permanente
tau rundt løpebana då ein frykta at desse tumultane
kunne skje igjen. Desse vart fjerna etter nokre år då
det viste seg at dette var ein eingongsforeteelse. (sesongen
enda med opprykk for både STIF og Måløy)
Frå og
med denne sesongen vart det spela kampar både for A-laget
og B-laget same dagen mot same motstandarklubb. A-kampen
gjekk først, medan B-kampen gjekk rett etterpå. Det var
lovleg å nytte to spelarar som hadde starta kampen for
A-laget på B-laget, pluss dei to innbyttarane som det var
lovleg å sette inn på denne tida. Det var difor heilt
vanleg at enkelte spelarar spelte fotballkampar i 4 x 45
minuttar med 15 minuttar pause mellom ”omgangane”.
Dette var litt av ei styrkeprøve.
Slutten
av 70-talet: Reise på smale vegar forbi eit illeluktande
Måløy:
I desse åra
reiste ofte opptil tre aldersbestemte lag frå Svelgen
samla med buss til bortekampar på Refvika mot både Måløy
og Tornado. For å få dette til, fekk elevane på Svelgen
skule fri litt før, slik at ein rakk ei tidlegare ferje.
Så måtte lilleputtane som skulle spele først, skifte i
bussen og nærmast varme opp i bussen slik at dei var klar
til å begynne med det same ein kom til Refvika, ofte
bilsjuke og kvalme. Det hende rett som det var at bussen måtte
stoppe for å la dei sjuke spy, men det var ikkje tid til
noko lengre pause så ein fekk ta seg igjen. Det var svært
smale vegar mellom Stårheim og Refvika, så det vart
mykje svinging, bråbremsing og rygging. Og var ein litt
bilsjuk når ein kom til Måløybrua, og den velkjende
”sildeoljelukta” slo imot ein og reiv i nasa, gjekk
det ofte gale. Kampane gjekk så etter kvarandre i tur og
orden. Laget som spelte siste kampen fekk ikkje dusje, for
ein skulle prøve å nå siste ferja. Av og til rakk ein
ferja, av og til hadde ein bestilt ekstraferje når ein
innsåg at det var umogeleg å nå ferja, og nokre gongar
måtte ein nærmast true ferjemannskapet til å gå ein
ekstratur for å få dei trøytte og svoltne
fotballspelarane over fjorden. Og vart det ventetid på
ferjekaia på hausten, betydde dette dårleg eplehaust for
eplebøndene ved ferjekaia på Stårheim….
1980
– Frå spel i gamle 5. divisjon til europacup i løpet
av eit år:
Årets
spelar på A-laget i 1979, Roger Føleide, melde før
denne sesongen overgang til Haugar i 2. divisjon (nest høgste
divisjon). Denne overgangen kom i stand etter at Føleide
hausten 1979 var i militæret på Madla ved Stavanger. Her
var han i lag med ein av spelarane på Haugar og vart med
denne spelaren heim og trena med Haugesunds-laget ei helg.
Etter dette fekk Føleide tilbod om å spele for Haugar.
20-åringen gjekk rett inn på midtbana på laget, som året
før hadde tapt knapt for Viking i Cupfinalen på Ullevål.
Han scora alt etter 18 minutt i laget sin første
seriekamp borte mot Hødd. Han vart med det den første
svelgaren som hadde spela i landet sin nest høgste
divisjon. Føleide spelte dei fleste seriekampane frå
start for Haugar som vart nummer 2 i 2. divisjon, og etter
å ha slege Mjøndalen i kvalifiseringskampar for opprykk
til 1. divisjon (Eliteserien), vart dei og klare for
opprykk. Men sesongen var ikkje over for Føleide og
Haugar med dette. Ettersom Viking, som hadde slege Haugar
i Cupfinalen året før, også vann 1. divisjon, var
Haugar kvalifisert for spel i Europacupen for cupvinnarar.
Frå å vere ein god 5. divisjonsspelar hausten 1979 var Føleide
klar for Europacupspel hausten 1980. Motstandar i 1.
rundekampen var leiarlaget i den sveitsiske serien, Sion.
Etter å ha spelt 1–1 i bortekampen, vann Haugar 2–0
heime og var med det klar for 2. runde i Europacupen.
Ettersom NRK sende eit utdrag frå kampen, fekk ein i
Svelgen for første gong sjå ein av sine eigne spelarar på
TV. Trekninga for 2. runde gav det walisiske laget Newport
med John Aldridge (seinare storscorar i Liverpool) i
spissen. Heime i Haugesund enda første kampen 0–0,
medan bortekampen enda med eit soleklart 0–6 tap. Dermed
var ein fantastisk sesong over for Føleide sin del.
Fotballgruppa fekk 5000 kr av Haugar ved overgangen, og
seinare 5000 kr etter at Føleide hadde spela 6
obligatoriske A-kampar. At Føleide vart så god at han
fekk spele på toppnivå i Norge var ikkje tilfeldig. Han
spelte mykje fotball i oppveksten både på
”Brakkhaugen” der han vaks opp, og på skuleplassen og
fotballbana. Han spelte i lag med kameratane, men som
regel vart desse leie før Føleide, så han heldt fram
med å skyte på mål til langt på kveld. Også seinare når
han kom på A-laget, stod han ofte igjen etter
fellestreningane og trena teknikk og skot.
1981
– det første møtet med Jostein Flo:
Første
seriekampen for A-laget gjekk heime mot Stryn, og her
heldt Svelgen Kjell Rune Flo & co til 2–2. Her vann
Svelgen sin midtstoppar Asbjørn Svarstad dei fleste
hovudduellane mot den 16 år gamle og
gutelandslagsaktuelle spissen Jostein Flo. Det at mange av
STIF-gutane kombinerte volleyball- og fotballspeling
gjorde at dei var gode i hovudduellar pga. god
”timing” på opphoppet. Seinare vart Jostein Flo kjend
for sitt gode hovudspel i norsk eliteserie, i utanlandske
klubbar, og på det norske landslaget mellom anna i VM
1994 og 1998. Etter halvspela sesong låg Svelgen på 2.
plass på tabellen, eitt poeng bak Jølster. I den siste
kampen før ferien spelte Svelgen borte mot Stryn, og alt
etter 2 minutt låg Svelgen under. Scoringa kom på ei
heading av Jostein Flo etter eit langt innkast. Etter å
ha lege under 0–2, snudde Svelgen kampen og gjekk opp
til 3–2 etter mål av Arild Førde, Terje Førde og Asbjørn
Svarstad. På slutten køyrde Stryn opp midtstopparen
Kjell Rune Flo som spiss. Han var nære ved å utlikne då
han gjekk høgt over Svelgen sin gode keeper Knut Sande,
men heldigvis gjekk headinga over målet. I Firdaposten
skreiv ein at Jostein Flo var Stryn sin bestemann, og at
han var eit angrep åleine.
1984
– ei eldsjel fall om på fotballbana og døydde få
timar seinare:
Det mest
tragiske i STIF si historie på 1900-talet hende dette året:
Ragnfred Ommedal fall om i ein Old Boys-fotballkamp i
Stryn torsdag 6. september og døydde nokre timar seinare
på sjukehuset på Nordfjordeid. Følgjande vart skrive i
Fotballgruppa si årsmelding: ”Det
var eit sjokk og eit tap for oss alle. Vår medfølelse går
til familien og ein takk for det arbeid han nedla for
fotballen i Svelgen”. Ommedal var høgt respektert
for sitt arbeid i Fotballgruppa, Hovudstyret i STIF og i
Sogn og Fjordane Fotballkrins. Han hadde ei svært sjeldan
ståpåvilje og var ei fantastisk verdifull eldsjel for
idrettslaget og ikkje minst for Fotballgruppa. Helga etter
Ommedal døydde, avlyste STIF seniorfotballkampen. Helga
deretter var det eit minutt stille på alle seriekampane i
Sogn og Fjordane Fotballkrins. Han vart og minna med eit
minutt stille på krinstinget til Sogn og Fjordane
Fotballkrins og på årsmøtet i STIF. På sistnemnde årsmøte
vart det halde minnetale ved formann Cirotzki. Ommedal var
formann i Hovudstyret i STIF i åra 1975–1977. I
Fotballgruppa hadde han vore formann i eitt år, trenar
for 16 av STIF sine lag, oppmann for opptil 5 lag på ein
sesong i fleire år og dommar i 10 år. Han gjorde bl.a.
ein fantastisk innsats i samband med bygginga av
treningsbana til STIF på Rise. Ommedal vart berre 34 år
gamal.
1988
– ein svelgar vart utteken på A-landslaget i fotball /
tabben til Bjarte Flem:
Måndag 18. juli tok den nytilsette landslagssjefen
Ingvar Stadheim ut sin første landslagsstropp til kampen
mot Brasil onsdag 27. juli, og over NRK Radio og TV vart
den opplest slik: Jørn
Andersen – Eintract Frankfurt, Carsten Bachke – Moss,
Sverre Brandhaug – Rosenborg, Rune Bratseth – Werder
Bremen, Arild Førde
– Sogndal, Jan Åge Fjørtoft – Lillestrøm,
Anders Giske – Nürnberg, Gunnar Halle – Lillestrøm,
Terje Kojedal – Valenciennes, Karl Petter Løken –
Rosenborg, Kjetil Osvold – Djurgården, Ola By Rise –
Rosenborg, Erik Soler – AGF Århus, Tom Sundby –
Herakles, Gøran Sørloth – Rosenborg og Erik Thorstvedt
– IFK Gøteborg. Med uttaket av Arild Førde hadde
Svelgen også fått ein spelar på det norske
A-landslaget. Men det var ikkje berre i Svelgen uttaket
skapte glede og omtale, for dette var nemleg andre gongen (Korrigering:
rett skal vere tredje) i historia at ein
fotballspelar frå Sogn og Fjordane vart teken ut til ein
senior A-landslagstropp. Landslagssjef Stadheim fekk mange
spørsmål om Arild Førde på pressekonferansen etter
uttaket, og gav han følgjande karakteristikk: ”Han
er temposterk, god med ball, flink til å variere
pasningane og god med begge beina”, og la til at Førde
var tiltenkt ein backplass sjølv om han spelte
midtstoppar på Sogndal. Førde sjølv, som var heime hos
foreldra i Svelgen når den gledelege meldinga kom,
uttalte blant anna til pressa at han var både stolt, kry
og gledeleg overraska. Han fortalde vidare om oppveksten i
Svelgen der han lærte å spele fotball, og at han også
hadde hatt nytte av volleyballspelinga der han mellom anna
vart norgesmeister med gutelaget i heimbygda. Å bli teken
ut på dette landslaget var ein stor prestasjon sjølv om
Førde ikkje fekk kome inn på bana framfor dei 23 000
tilskodarane på Ullevål som var i ekstase etter at Norge
greidde å spele uavgjort 1–1 mot Brasil. Førde vart
også teken ut i den neste landslagstroppen til kampen mot
Bulgaria på Ullevål 9. august. Då var han endå nærare
å kome innpå då han lenge dreiv å varma opp, men
Stadheim valde diverre å sette inn på andre
landslagsstjerner. At Førde vart teken ut på landslaget
var ikkje tilfeldig, for han hadde spelt glimrande på vårsesongen
i sin første sesong i Eliteserien (då kalla 1.
divisjon). På dei 11 seriekampane som vart spela før
landslagsuttaket, var han 4 gongar på ”Ukens lag” i
VG og 3 gongar i Dagbladet. Han gjorde også ein god
haustsesong og var totalt denne sesongen 6 gongar på
”Ukens lag” i VG og 4 gongar i Dagbladet. Ved
sesongslutt enda Sogndal på 6. plass på tabellen, som
var laget si beste plassering i øverste divisjon ved
inngangen til år 2000. Førde kom og på ”Årets lag”
i VG som midtstoppar, og det var ein stor prestasjon då
ein på denne tida hadde ein overflod av gode spelarar på
denne plassen i Norge. Faktisk så var Førde heilt oppe på
4. plass på VG-lista blant enkeltspelarane i Eliteserien
med ein snittkarakter på 5,5 poeng. Årets spelar vart
Thor Andre Olsen, Molde, føre Sverre Brandhaug, Rosenborg
og Ulrich Møller, Molde. Førde vart føre sesongen 1987
omskulert frå midtbanespelar, som han hadde vore i 3
sesongar for Sogndal, til midtstoppar av Sogndal-trenar
Ola Ljungberg. Denne sesongen deltok Førde i ein
Tippekamp på NRK, der Tromsø og Sogndal møttest til
eliteseriekamp på Alfheim Stadion i Tromsø. Dette var
stort sett ein kjedeleg kamp heilt til ein spesiell
episode oppstod. 72 minutt ut i kampen leia Tromsø 1–0,
og Sogndal hadde ikkje vore i nærleiken av å score mål.
Dette skulle Tromsø sin keeper Bjarte Flem etterkvart få
ordna på ”eiga hand”. Han skulle kaste ballen ut til
ein medspelar, då han ombestemde seg og prøvde å halde
tilbake ballen, med det resultat at ballen trilla i eige mål.
Dette målet har vorte vist på TV mange gongar kvart år
sidan. Kampen enda til slutt 1–1. Det høyrer med til
historia at Sogndal sin kaptein Knut Christiansen tok
kontakt med dommaren og lurte på om han ikkje kunne
annullere scoringa.
Denne
sesongen spelte også vår andre lokale fotballhelt, Roger
Føleide, i Eliteserien. Han hadde no reist tilbake til
Haugesund, etter to år i Stavanger hos Viking, og spelte
no for Djerv 1919. 5. juni til 7. serierunde møtte for første
gong to svelgarar kvarandre til innbyrdes kamp i
Eliteserien. Kampen vart spelt i Haugesund, og Sogndal,
med Arild Førde på laget, trakk det lengste strået då
dei vann 2–1. I den kampen spelte begge svært godt, og
begge kom på ”Ukens lag” i Dagbladet. Føleide scora
også eit eliteseriemål denne sesongen. Det var i kampen
Bryne–Djerv 1919, der Bryne vann 5–2, at Føleide
scora på eit skot frå 20 meter. Dei to eliteseriemåla
som Føleide scora i si karriere var dei einaste ein
spelar frå Svelgen og STIF scora i Eliteserien for menn på
1900-talet. Dette var Føleide sin 3. sesong i øverste
divisjon, og for 3. gong var han med på å rykke ned frå
Eliteserien.
1997
– pangdebut i eliteserien:
Marit
Renate Midthjell vart den første frå STIF som spelte i
Eliteserien for damer. Ho spelte også denne sesongen for
Bjørnar, og i den første Eliteseriekampen til nyopprykka
Bjørnar mot Setskog/Høland var ho innbyttar. Bjørnar låg
under 0–1 då Midthjell vart bytta inn 25 minutt før
slutt. Etter 4 minutt på bana utlikna ho til 1–1, før
Setskog/Høland 5 minutt etterpå scora 2–1 målet.
Dette såg ut til å bli sluttresultatet då Midthjell på
overtid sørga for utlikning, og kampen enda 2–2. Etter
kampen vart Midthjell, i følgje ei lokalavis i Arna i
Bergen, omkransa journalistar frå både aviser og
lokal-TV som ville vite kven denne ukjente dama var. Også
autografjegarane ville ha sitt. Dette var litt av ein
eliteseriedebut for 20-åringen frå Ålfoten, som hadde
spelt for Svelgen sidan ho var 6 år gamal til ho var 16
år gamal, bortsett frå ein sesong på lilleputtlaget til
Ålfoten. Midthjell spelte dei fleste kampane frå start
for Bjørnar dette året og scora også eit eliteseriemål
til i ein kamp mot Bøler. 3 mål i ein eliteseriesesong
var rekord for ein spelar frå STIF på 1900-talet. Etter
ein god haustsesong enda Bjørnar på 6. plass i
Eliteserien.
Desse
utdraga er henta frå boka om Svelgen Turn- og
Idrettsforening som vart utgjeve i 2003.
|