|
Color Line Cup
2008, torsdag 17. januar
|
Kristian Opseth blei den store helten med fire
scoringar då Sogndal vann 4-2 mot Brann i Color Line Cup. Sogndal
tok leiinga 1-0 etter 17 minutt. Kristian Opseth stakk gjennom eit
stilleståande Brannforsvar, og sette ballen sikkert i mål. Knappe
fem minutt før pause er Gøran Wigum for hard mot ein Brannspelar
og dommaren peika på straffemerket. Straffa sette Mathias Møvik
sikkert bak Karl Edvin Lysne i Sogndalmålet. Det blei med desse to
scoringane i 1. omgang og laga gjekk til pause på stillinga 1-1.
Sogndal starta omgangen klart best, men Brann kom bedre med
etterkvart.
Etter pause fekk endelig Florøspelar John Felipe Holmgren sleppe
til på Sogndal si midtbane. Etter underteikna si mening er Holmgren
den klart beste midtbanespelaren Sogndal har i troppen, men heller
ikkje i dag var Holmgren i Sogndal sin fyrste-ellevar. Før minuttet
av andre omgang var spelt slo Holmgren ballen gjennom på ein-touch
til Oddbjørn Skartun på høgrekanten. Skartun gjekk til linja og
la tilbake til måltjuven Kristian Fardal som plasserte ballen i
nettet bak Brannkeeper Jørgen Mohus. Knappe tjue minutt før slutt
auka Opseth Sogndal si leiing til 3-1. Opseth stakk frå
Brannforsvaret etter ei flott pasning frå Oddbjørn Skartun, og
chippa ballen elegant over keeper. To minutt etter var det Per Egil
Flo som sto for forarbeidet til Opseth si fjerde scoring for dagen.
Flo som blei flytta frå back og fram på kanten like før slo eit
perfekt legg til Opseth på bakerste stolpe. Opseth møtte ballen
slik ein måltjuv gjer og auka Sogndal si leiing til 4-1. Eit minutt
på overtid fastsette Preben Borgen sluttresultatet til 4-2, etter
ein markeringssvikt i Sogndal sitt forsvar.
Sogndal-Brann 4-2 (1-1)
1-0 Kristian Opseth (17. min)
1-1 Mathias Møvik, straffe (41. min)
2-1 Kristian Opseth (46. min)
3-1 Kristian Opseth (72. min)
4-1 Kristian Opseth (74. min)
4-2 Preben Borgen (90. min+1)
Sogndal:
Karl Edvin Lysne
Per Egil Flo
Øystein Lerum
Thomas Starheim
Even Hovland
Gøran Wigum (John Felipe Holmgren 46. min)
Gisle Myhre
Bernt Norevik (Thomas Ness 70. min)
Sveinung Frantzen (Jon Eirik Myhre 46. min)
Oddbjørn Skartun (Alexander P. Øren 76. min)
Kristian Opseth
Sogndal står bokført med seks poeng på to kampar, og leiar dermed
Pulje A etter at Lyn "berre" greidde 1-1 mot Molde i
ettermiddag. Laurdag spelar Sogndal den siste kampen i gruppespelet
mot Lyn, og då trur underteikna at Glomnes sine menn får sitt
fyrste tap i turneringa.
Slik tippar underteikna at cupen endar:
1. Midtjylland
2. Lyn
3. Rosenborg
4. Sogndal
5. Vålerenga
6. Molde
7. Ålesund
8. Brann
Resultat torsdag 17. januar:
Lyn Oslo - Molde 1-1 (0-1)
Midtjylland - Rosenborg 2-1 (1-1)
Sogndal - Brann 4-2 (1-1)
Vålerenga - Aalesund 6-3 (4-0)
Midtjylland vann 2-1 mot Rosenborg, i det ein må
kalle den moralske finalen i årets Color Line Cup. Midtjylland og
Rosenborg er dei klart beste laga i turneringa og det var stor
spenning før kampen mellom dei to laga i ettermiddag. Midtjylland
tok leiinga på straffespark tidleg i fyrste omgang. Rett før pause
utlikna RBK til 1-1, også dette målet kom på straffespark. Knappe
kvarteret før slutt sette Sekou Jabateh Oliseh inn vinnarmålet,
då han lynkjapt sprang frå RBK-forsvaret og trilla ballen mellom
beina på Rosenborg sin keeper.
Tabell Pulje A:
1. Sogndal 2 2 0 0 9-6 6
2. Lyn 2 1 1 0 3-1 4
3. Molde 2 0 1 1 5-6 1
4. Brann 2 0 0 2 2-6 0
Tabell Pulje B:
Midtjylland 2 2 0 0 7-2 6
Rosenborg 2 1 0 1 4-2 3
Vålerenga 2 1 0 1 6-6 3
Ålesund 2 0 0 2 4-11 0
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
| | |