Sogndal vann i ettermiddag 5-4 mot Molde i laget sin
fyrste kamp i Color Line Cup i Ålesund. Molde tok leiinga i kampen
etter berre fire minutt, då eit frispark frå over 40 meter gjekk
via keeper Karl Edvin Lysne og opp i nettaket. Knappe ti minutt før
pause auka Molde leiinga til 2-0. Eirik Kampenes skaut fyrst i
stolpen før han sjølv sette returen sikkert i mål. Minuttet etter
reduserte Oddbjørn Skartun til 2-1, då han skar inn frå kanten og
sette ballen nede i nermaste hjørnet. Etter ein jamn omgang gjekk
laga til pause på stillinga 2-1 til Molde.
2. omgang var Sogndal sin frå start til slutt. Med unntak av nokre
store sjansar til Molde var Sogndal klart best og produserte
drøssevis med sjansar. Men som ofte skjer når eit lag pressar så
scorar motstandaren. På ei kontring sprang Eirik Kampenes frå
Sogndal sitt forsvar og sette ballen sikkert forbi Karl Edvin Lysne.
Etter 72 minutt reduserte Sogndal til 3-2. Etter litt fram og
tilbake inne i feltet på ein corner dukka Thomas Starheim opp og
heada ballen i mål. Innbyttar Bernt Norevik hadde fleire store
sjansar til å score etter pause, og minuttet etter Starheim si
scoring lukkast det endelig for Førdespelaren. Norevik kom seg inn
i feltet og avslutninga frå høgrekanten gjekk i stolpen og inn.
Drøye ti minutt før slutt feilrekna Even Hovland i ein duell med
Eirik Kampenes. Kampenes fekk fri bane mot mål og spissen laga sitt
tredje mål for dagen. Heilt på slutten flytta Sogndal fram Even
Hovland og satsa alt på lange framspel. Dette skulle vise seg å
vere ein genistrek av Torbjørn Glomnes og Ole Hjelmhaug. I det 90.
minutt heada Hovland inn 4-4, og minuttet på overtid dunka
Oddbjørn Skartun inn vinnarmålet etter flott forarbeid av Bernt
Norevik.