Fotballsesongen 2007




Reisbrev Eid J15/16 Hessa Cup 2007 


Reisebrev
Hessa Cup 24.-26. august



Jentelaget til Eid med jenter fødde i 1991 og 1992 var helga 24.-26. august i Ålesund for å delta på årets Hessa Cup. Troppen bestod av 17 spelarar og vi hadde håp om å bite godt i frå oss der oppe. Avreise frå Nordfjordeid var fredag i 12-tida og vi var framme i god tid før første kamp som skulle gå same dag kl. 1745. I denne kampen skulle det vise seg at Guard vart fleire hakk betre enn oss, der dei rulla opp det eine angrepet etter det andre og stoppa ikkje før det stod 6-0. Skal vi ta med oss noko positivt ut av denne kampen må det vere at vi heva oss i andre omgang og slapp då berre inn eitt mål, sjølv om dei naturlegvis var nøgde med å kontrollere i andre omgang.

Seinare same kveld var det duka for kamp nummer to mot Leik frå ”Trondheims-området”. Denne kampen vart langt jamnare enn den første og med litt hell hadde vi satt det første målet som kunne resultert i tre poeng, men marginane var ikkje på vår side og vi tapte til slutt 2-0. Leik skulle også vise seg å bli motstandar i bronsefinalen. Fredagskvelden vart elles brukt til å slappe av med ein runde quiz, der Elise Hjelle og Malin Bjørhovde stakk av med sigeren.

Laurdag stod det tre kampar på programmet, der den første var mot Rena og deretter mot Herd før vi skulle avslutte dagen med vårt andre møte mot Florø på fire dagar. Vi hadde tidlegare i veka vunne 1-0 på heimebane mot Florø i seriesamanheng. Tidleg om morgonen var det altso Rena som var første motstandar og det enda med overkøyring frå vår side. Men som ved eit mirakel ville ikkje ballen i mål bak ein særs heldig Rena-keeper og det enda dermed 0-0. Vi hadde om ikkje anna plukka vårt første poeng og tok med oss det særs viktige poenget vidare.

Etter laurdagens første kamp var det lenge å vente til kamp nummer to og vi reiste difor like godt til Moa for å shoppe og hygge oss der. Jentene kosa seg og vi var heldige som fikk denne sjansen til å kople av frå alt som har med fotball å gjere. Dagens andre kamp gjekk mot Herd og vart usedvanlig spennande, samt rake motsetninga til dagens første kamp. I denne kampen var det vi som forsvarte oss med nebb og klør, men det haldt berre til det stod att to minutt av kampen. Då var Herd framme på ein corner som dei til slutt fikk skutt i mål frå rundt straffemerket. Heilt fortent sjølvsagt, men ufattelig irriterande at målet skulle komme rett før slutt.

Med berre eitt poeng på dei fire første kampane var vi avhengige av siger og tre poeng i den siste kampen mot Florø. Denne vart spelt på ei regntung grasbane, noko kampen spelemessig bar preg av. Dette vart nok ein spennande kamp, men heldigvis med Eid i førarsetet. Vi produserte nok sjansar til å avgjere kampen tidleg, men heller ikkje i denne kampen var marginane spesielt mykje på vår side. Heldigvis holdt forsvaret buret reint og med scoring frå Kady Beate Gassama kunne vi sleppe jubelen laus etter kampslutt (sjå lagbildet).

Med siger over Florø og fire poeng totalt var vi avhengige av at Herd måtte spele uavgjort eller vinne over nettopp Florø. Denne kampen vart ikkje spelt før tidleg søndag morgon, noko som gjorde at vi måtte smøre oss med tolmodighet resten av kvelden og natta. Kvelden brukte vi til ein vel fortent tur innom Peppes Pizza, der eg vil takke betjeninga for god service då vi slapp inn med 21 personar utan å ha reservert på førehand, og dette var i tillegg ein liten time før dei venta eit utdrikkingslag. 

Fem minutt etter kampslutt søndag morgon ringte underteikna resultatservice og etter litt om og men kunne stemma i andre enden informere meg om at Herd hadde knust Florø 8-0! Dette til enorm jubel frå Eidajentene som no kunne forberede seg til semifinale mot Guard. Vi var realistiske nok (kanskje litt pessimistiske) til å skjønne at det neppe vart finale på oss og vi (eg) valte dermed å spare kaptein og forsvarsbauta Stine Nord Jepsen for å unngå at noko skulle skje med ankelen ho var plaga med. Under oppvarminga mista vi visekaptein Albertine Eikås Halkjelsvik med skade, noko som ikkje akkurat gjorde oss meir optimistiske. Vi tapte som nemnt den første kampen mot Guard 6-0 og dette var eit særs godt samspelt lag. Når vi då stod igjen med ”berre” 2-0 tap etter kampen, kunne vi ikkje anna enn å vere meget godt nøgde med det heiderlege resultatet.

Herd vant 2-0 over Leik i den andre semifinalen og dermed stod sistnemnte lag for tur i bronsefinalen. Under oppvarminga slo været seg vrangt og det regna og blåste so mykje at siste del av oppvarminga vart gjort unna i ein usedvanlig stor innbytarboks. Dvs. vi stod mest og prøvde å holde varmen, samt prata litt om dei arbeidsoppgåvene vi måtte fokusere på. Til å begynne med stod vi på ”rett” side av bana og hadde vinden med oss, men etter å ha tapt kampen om å velje side, vart det ein første omgang der hovudmålet vart å reinske unna ballane som vart slått mot målet vårt (ballen snudde faktisk i lufta då vi prøvde å avklare!). Dette gjekk ikkje heilt etter planen og med to baklengsmål og fuglane veit kor mange cornerar imot, so ville det nok bli ein vanskelig andre omgang.

Då denne starta fant vinden ut at nok fikk vere nok og rett som det var vart det plutselig vindstille. Dermed kunne vi ikkje bruke det ”våpenet” og måtte dermed ordne dette på eiga hand. Leik kjempa hardt og haldt unna omgangen ut, sånn at dei til slutt sikra seg tredjeplassen i turneringa i jenteklassa. Gratulerer til Guard, Herd og Leik for sine respektive plasseringar (Guard vant 2-0 i finalen mot Herd).

Alt i alt er vi godt nøgde med turen og vi fikk godt utbytte av turneringa både sosialt og sportsleg. Med oss på turen hadde vi Bjørn Sørland som køyrte bussen og Eva Starheim som overnatta med og haldt styr på jentene. Ønskjer å rette ei stor takk til desse, då det ikkje hadde blitt same suksessen utan dei. Elles må ei stor takk rettast til jentene som oppførte seg eksemplarisk heile turen og mang ein gong fikk fram smilet til underteikna, samt forbipasserande fotgjengarar.. Og til slutt den aller største takka til arrangørane av Hessa Cup for eit flott arrangement og særdeles god service. Denne turneringa kan vi anbefale til andre lag som skal ut på tur neste år.


Mvh
Ørjan Solheim
Trenar Eid J15/16