Fotballsesongen 2005




Haugen - Eid 4-3 (2-0) 

 

Treningskamp Klenkarberget, 28. juli kl. 18.00 


Haugen:
Vegard Løken
Jan Roger Solibakke
Ove Balsnes
Gustav Orheim
Stian Bjørlo
Ronny Hafsås
Øystein Haugland
Trond Bjørhovde Rindal
Jim Andre Balsnes
Jim Tore Humborstad
Bengt Kongsvoll

 

Innbyttarar:
Runar Øien
Thomas Starheim
Thomas Dalsbø
Jan Martin Smørdal
Torleiv Orheim
 

Eid:
Ole Bjarte Taklo
Steffen Midthjell
Dagfinn Bjørlo
Erik Salveson
Geir Moldestad
Jon Håkon Midthjell
Bjørn Totland
Kay Rune Solheim
Bjørnar Strandos
Stian Sandal
Anders Midthjell

 

Innbyttarar:
Håvard Bruvoll
Eivind Heggen
Vidar Hjelle
Jon Magne Øyra
Kay Henning Myklebust
Arne Morten Nydal



1-0 Bengt Kongsvoll (26. min)
2-0 Jim Tore Humborstad (35. min)       
2-1 Kay Rune Solheim (59. min)

2-2 Geir Moldestad (73. min)
3-2 Jan Martin Smørdal (77. min)
4-2 Trond Bjørhovde Rindal (82. min)
4-3 Vidar Hjelle (84. min)



Dommar: Knut Atle Krossøy, Haugen

 


Kampens myndige dommar Knut Atle Krossøy kom bra frå oppgåva på Klenkarberget i kveld. Spesielt bra var tolkinga av regelen om at er det tvil om at ein angriper er i offside skal det ikkje dømmast offside. Krossøy var i tvil  i alle offsidesituasjonane og blæs dermed ikkje ein einaste offside i løpet av kampen. 

Gustav var tidleg frampå og prøvde seg denne kampen. Her blir headinga for dårleg og Ole Bjarte Taklo kan redde enkelt. Litt seinare klinkar Gustav ballen i tverrliggaren frå fire meters hald. 

Jim Tore Humborstad kan enkelt auke leiinga til 2-0.

Bjørn Totland vart for liten på midtbana til Eid i dag. Her blir han jaga av Jim Andre Balsnes som spelte ein bra kamp i spann med Trond Bjørhovde Rindal og Øystein Haugland på Haugen si midtbane. 

Thomas Starheim rundlurer her Dagfinn Bjørlo og Jon Håkon Midthjell.  

Jan Roger Solibakke fekk tillit på høgrebacken mot Eid. Solibakke har vist stor  framgang i backspelet men har ein del å hente når han skal vere konstruktiv med ball.   

Her tenkjer sikkert Geir Moldestad at Trond Bjørhovde Rindal hadde blitt ei god erstatning for Bjørn Totland som snart reiser tilbake til USA. 

Trond viste at han også kunne vere på rett plass til rett tid framfor kassa. Her han nettopp auka Haugen si leiinga til 4-2. Øystein Haugland var raskt frampå for å gratulere og kanskje tilby han kontrakt?

Det vart ein tung dag for Eid sin spelande trenar Geir Moldestad. At Haugen skulle vinne mot Eid var vel det ein kan kalle ei oddsbombe. 

Svømmekongen Sander Smørdal var ikkje sein med å gratulere tidlegare lagkameratar med ein god kamp.