Fotballsesongen 2005




Haugen - Stadlandet/Selje II  19-2 (10-1) 

 

Seriekamp 6. divisjon avd. 4 
Eid Idrettspark, 2. juni kl. 20.00 


Haugen:
Vegard Løken
Runar Øien

Hans Petter Gilleshammer
Ove Balsnes
Gustav Orheim
Mikael Myklebust
Bjørnar Øien
Øystein Haugland
Jim Tore Humborstad
Hans Ottar Humborstad
Stig Tore Gilleshammer

 

Innbyttarar:
Hans Thomas Solheim
Bjørn Erik Bruvoll
Stian Aaland
Thomas Dalsbø
Odd Kjetil Liset 



1-0 Hans Ottar Humborstad (3. min)
2-0 Stig Tore Gilleshammer (5. min)       
2-1 Henrik Aarsheim (6. min)

3-1 Bjørnar Øien (9. min)
4-1 Jim Tore Humborstad (15. min)
5-1 Hans Ottar Humborstad (17. min)
6-1 Hans Ottar Humborstad (20. min)
7-1 Bjørnar Øien (31. min)
8-1 Gustav Orheim (33. min)       
9-1 Jim Tore Humborstad (39. min)
10-1 Hans Ottar Humborstad (45. min)
11-1 Stig Tore Gilleshammer (51. min)

12-1 Hans Thomas Solheim (63. min)
12-2 Arne Refsnes (69. min)
13-2 Bjørn Erik Bruvoll (70. min)
14-2 Hans Thomas Solheim (73. min)
15-2 Stian Aaland (76. min)
16-2 Hans Thomas Solheim (82. min)
17-2 Hans Thomas Solheim (84. min)
18-2 Stian Aaland (86. min)
19-2 Bjørn Erik Bruvoll (88. min)

 

Gult kort: Henrik Aarsheim, Stadlandet/Selje II 

Dommar: Kåre Bakke, TMFK

 


Vegard Løken undrar seg på kor skal no dette gå.  

Bjørnar helsar på Kåre Bakke og Arne Refsnes. 

Hans Ottar Humborstad set standarden med si 1-0 skåring etter berre tre minutt.

Hans Ottar legg flott tilbake til Bjørnar som dunkar inn 7-1 til Haugen.

Jim Tore spelte i Weltklasse i fyrste omgang men måtte dessverre gå ut med skade i pausa.  

Her aukar Jim Tore leiinga til 9-1. Dette var Jim Tore sitt femte mål denne sesongen.  

Ove Balsnes hadde ein roleg dag på jobben i dag.

Kaptein Bjørnar Øien førte laget sitt fram til klubbrekord 19-2

For dagen spelande trenar Øystein Haugland løyste oppgåva på ein framifrå måte. Han gav dei unge spelarane tillit i kveld og han visste kva han gjorde.

Vegard Løken fekk føling i fyrste omgang og nytta pause til å hive innpå litt heimebaka brød. 

Kåre Bakke dømde ein meget god kamp på Eid Idrettspark i kveld. Bakke syns midtsirkelen var litt stor på den nye bana på Eid , men her har han faktisk bevega seg utanfor midtsirkelen.  

Kampens beste spelar, Stig Tore Gilleshammer, skapte kaos i Stadlandet/Selje sitt forsvar gjennom stort sett heile kampen.  

Stian Aaland skulle vore heime og lest til eksamen, men laga likegodt to mål på Eid Idrettspark. 

Runar Øien fekk tillit frå start på venstrebacken i dag og spelte ein god kamp.  

Hans Thomas Solheim viste at med litt meir trening blir han ein av divisjonenes beste spissar. I dag putta han fire mål på 45 minutt.  

Bjørn Erik "Goalgetteren" Bruvoll kom inn etter kvilen og kvitterte med to fine skåringar.