Eid - Selje
1-4 (1-2)
|
Seriekamp 3.
divisjon avd. 16
Eid Stadion, 28. mai kl. 15.00
Eid:
Aksel Myklebust
Eivind Heggen
Geir Moldestad
Erik Salveson
Stig Torheim
Bjørn Totland
Håvard Bruvoll
Henning Haugen
Stig Aarsheim
Stian Sandal
Anders Midthjell
Innbyttarar:
Bjørnar Strandos
Kay Rune Solheim
Kim Vik
Steffen Sture Olsen |
|
|
|
0-1 Werner Kupen (6. min)
1-1 Bjørn Totland, straffe (20. min)
1-2 Karl Erik Aarsheim (39. min)
1-3 Werner Kupen (63. min)
1-4 Karl Erik Aarsheim (89.
min)
Gule kort:
Jan Runar Trandal, Odd Helge Losnegård, Karl Erik
Aarsheim, alle Selje
Kim Vik, Eid
Dommar: Stian Holm, Svelgen
|
|
|
Werner Kupen har akkurat gitt Selje leiinga 1-0 etter seks
minutt spel.
|
|
|
|
Anders Midthjell fekk tillit frå start i dag. Her er det
Idar Taklo som passar på Midthjell på ein corner.
|
|
|
|
Stig Aarsheim kjem seg fri på høgrekanten uten at det
gjev telljande resultat.
|
|
|
|
Geir Moldestad har blitt sparka ned i feltet og dommar
Stian Holm har ikkje noko anna valg enn å dømme
straffe.
|
|
|
|
Straffa set Bjørn Totland sikkert i mål.
|
|
|
|
Karl Erik "Kalle" Årsheim feirar 2-0
skåringa.
|
|
|
|
Nok ein gong kjem Stig Aarsheim seg fri på kanten. Skotet
går utanfor målet til Odd Helge Losnegård.
|
|
|
|
Erik Salveson er alltid farleg på corner. Dette visste
Selje om og Salveson blei godt påpassa.
|
|
|
|
Eid skapte ein del dødballsituasjonar i andre omgang, men
det blei ikkje dei store sjansane ut av det.
|
|
|
|
Geir Moldestad går overende i straffefeltet midtveis i
andre omgang. Her er Idar Taklo og Stian Holm heilt enige
og spelet blir vinka vidare.
|
|
|
|
Karl Erik Årsheim har sett spikaren i kista for med 4-1
skåringa rett før slutt.
|
|
|
|
I pause underheldt ein del karar i blå og kvite
treningsdressar. Han lengst til venstre leiar ann og dei
andre prøvar og etterlikne han så godt dei kan.
|
|
|
|
Etter kampen såg det som Selje hadde vunne Champions
League.
|
|
|
|
Det var gledeleg mange som hadde tatt turen på Stadion i
dag, og Selje takka for støtta frå sine tilskodarar med
å ta bølgen.
|
|
|
|
Nild Taklo tok mandag over som formann i Fotballgruppa på
Eid. Her er han vel litt for ivrig når han hoppar ut på
bana midt i kampen og skal sjekke lufttrykket i ballen.
.
|
|
|
|
Er det ikkje Rune Venøy som er i samtale med Seljetrenaren? Kanskje gleda Heia seg litt for tidleg
når dei trudde at Rune skulle spele for grøntrøyene
resten av sesongen.
|
|
|
|
Nydal hadde fått seg nye joggesko for dagen og var ikkje
sein å be når nokon vart skada. Skoa skal vere
spesialtilpassa til kroppen til Nydal og graset på Eid
Stadion.
|
|
|
|
Øystein Haugland feira glameldinga om at han skal ta over
kapteinsbindet for Haugen med å unne seg eit
skikkeleg festmåltid.
|
|