Fotballsesongen 2005




Loen - Eikefjord  3-1 (2-1)  

 

4. divisjon 
Loen Stadion, 23. april kl. 15.00 


0-1 Per Tore Magnussen (8. min)
1-1 Kim Tore Loen (38. min)       
2-1 Lars Ove Rake (43. min)

3-1 Anton Andre Sande (55. min)


Eikefjordtrenar Tore Agledal hadde sekken på seg for å ta tre poeng med seg frå Loen Stadion i dag. Men det blei null poeng for ein av opprykksfavorittane i dag.

Andreas Drageset har fått seg ein smell der han helst ikkje skulle hatt noko smell. Drageset var raskt beina igjen og spelte ein god fyrsteomgang på midtbana.

Frank W. Bødal var den klart beste spelaren i fyrste omgang. Med fart og teknikk skapte han farlege sjansar på venstrekanten.

Asbjørn Tenden var farleg frampå etter 35 sekund i serieopninga. Men åleine mot keeper redda keeperen til Eikefjord meisterleg. Underteikna trur at Tenden kjem til å laga mange mål i 4. divisjon denne sesongen.  

Frank W. Bødal får sjå det gule kortet etter å ha protestert mot dommaren. 

På dei neste bilda ser vi korleis Lars Ove Rake aukar Loen si leiing til 2-1.


Andreas Drageset har lavt tyngdepunkt i denne situasjonen. Erik Ove Sunndal kan berre sjå langt etter å ta frå Drageset ballen.