Fotballsesongen 2005




Bremanger - Haugen  2-1 (1-1)  

 

Treningskamp 
Skavøypoll Stadion, 15. april kl. 19.00 


Haugen:
Ståle Sandal
Stian Bjørlo
Ove Balsnes
Gustav Orheim
Vebjørn Skrede
Rune Venøy

Vegard Bruvoll

Bjørnar Øien
Hans Ottar Humborstad
Jim Tore Humborstad
Roger Nygård

 

Innbyttarar:
Øystein Haugland, Thomas Dalsbø, Cato Magne Humborstad, Jan Roger Solibakke, Runar Øien, Stian Aaland og Vegard Løken

 

0-1 Hans Ottar Humborstad (13. min)
1-1 Egil Melvær (29. min)       
2-1 Ole Morten Kjærstad (81. min)


Dommar: Rolf Lefdal, Haugen 


Jim Tore Humborstad kjem her eit lite sekund for seint til å nå gjennomspelet frå bror Hans Ottar Humborstad. Jim Tore måtte dessverre gå ut med lyskestrekk etter berre kvarteret av fyrste omgang.

Hans Ottar Humborstad i fint driv forbi eit par Bremangerspelarar. 

Eit stilleståande Bremangerforsvar er vekk som dugg for sola og Hans Ottar har berre keeper Kenneth Fosse Elde igjen før han kan sleppe jubelen laus. 

Fosse Elde går til venstre og Hans Ottar set ballen sikkert i mål.

Cato Magne Humborstad er like ved å auke Haugen si leiing til 2-0.
Skuddet går forbi keeper Fosse Elde, men det går også like til side for målet.
Roger Nygård hadde mange harde duellar mot Tommy Hauge i midtforsvaret til Bremanger. I starten vann Roger alle duellane, men etter kvart som kreftene tok slutt vann Hauge mesteparten av duellane.  

Dommar Rolf Lefdal dømde ein kjempekamp og i pausa leia han ei felles uttøyingsøkt for alle spelarane.

I andre omgang var Lefdal nok ein gong frampå når Bjørnar Øien måtte tøyast litt.