Fotballsesongen 2005




Heia - Haugen  3-4 (0-3)  

 

Treningskamp 
Stårheim Stadion, 8. april kl. 19.00 


Haugen:
Ståle Sandal
Stian Bjørlo
Ove Balsnes
Gustav Orheim
Vebjørn Skrede
Rune Venøy

Jim Rune Skrede

Bjørnar Øien
Hans Ottar Humborstad
Jim Tore Humborstad
Roger Nygård

 

Innbyttarar:
Stig Tore Gilleshammer, Øystein Haugland, Thomas Dalsbø, Mikael Myklebust, Bjørn Erik Bruvoll, Reidar Hellesø og Hans Petter Gilleshammer 

 

0-1 Jim Tore Humborstad (16. min)
0-2 Roger Nygård (27. min)       
0-3 Roger Nygård (41. min)

0-4 Reidar Hellesø (66. min)
1-4 Mohammed Barla (78. min)
2-4 Mohammed Barla (81. min)
3-4 Mohammed Barla (88. min)


Gule kort: Stein Inge Strøm og Bjørn Joar Svarstad  

Dommar: Rune Haugland, Haugen 


Heia og John Henrik Bjørlo stilte i dag i nye grøne drakter. Om draktfargen beskriver noko om fotballkunnskapen til karane frå Mogrenda skal ikkje underteikna seie noko om. Hans Petter Gilleshammer og Reidar Hellesø kom inn som innbyttarar i andre omgang.

Roger Nygård spelte ein god fyrste omgang og laga to av måla til Haugen.

Nyervervelsen til Heia Stein Inge Strøm viste positive takter i fyrste omgang, men etterkvart tok kreftene slutt og det virka som ein dempar på humøret. 

Jim Tore Humborstad blir gratulert av Roger Nygård og broder og pasningsleggar Hans Ottar Humborstad.

I periodar lava snøen ned men det sette ikkje noko dempar på intensiteten.
Jim Rune Skrede blir eit bra defensivt anker på midtbana denne sesongen. Med litt meir trening og når underlaget blir grønt og fint kjem Jim Rune til å blomstre som aldri før.