|
Oppvarming til Haugenfotball.no
sin julekalender
|
Ver med i Haugenfotball.no sin julekalender
2009.
I år som tidlegare år blir det julekalendar her på
haugenfotball.no. Kvar dag frå 1. desember og fram til julafta blir det lagt ut ei nøtt som lesarane kan bryne seg på.
Frå 1. desember til 18. desember blir det daglig trekt ut ein vinnar som stikk av med tre
flax-lodd.
Frå 19. desember til og med 23. desember blir det kvar
dag trekt ut ein vinnar som får eit gavekort på kr. 300,- hos Chatlet Sport.
På julafta vil vinnaren stikke av med eit gavekort på kr.
500,- hos Chatlet Sport.
Gavekort på kr. 250,- hos Chatlet Sport blir det også til den personen som svarar rett på flest spørsmål i løpet av
julekalendaren. Er det fleire som har like mange rette blir det loddtrekning om kven som får
dette gavekortet.
I tillegg blir det trekt ut ein Haugenfotball.no kalendar for
2010, til tre av dei som har sendt inn svar i løpet av konkurransen. Til fleire dagar du sender inn svar til større sjanse har du til å vinne ein
av desse kalendarane.
Denne kalendaren blir laga i berre tre eksemplar og bør vere ganske
ettertrakta.
Vi prøvar oss med ei oppvarmingsoppgåve medan vi ventar
på at kalendaren skal vise 1. desember.
Av dei som svarar rett på denne oppgåve blir det trekt
ut ein vinnar som får eit Haugenkrus med ein marsipangris
opp i.
Siste frist for å sende inn svar på denne oppgåva er
sett til måndag 30. november kl. 23:59.
Lykke til.
Fristen for å delta på denne konkurransen er ute.
|
|
|
|
| |
© Copyright Haugen Fotball
2009
| | |
|