Siste nytt

28.06 Tine Fotballskule 2006 

Dagleg leiar i Eid, Ørjan Solheim, melder følgjande: 

Det er fortsatt mogleg å melde seg på Tine Fotballskule. Påmeldingane kjem sigande inn og vi har no passert 140 påmeldte deltakarar. Minner om at vi har eit tak på 200 deltakarar, slik at skal ein vere sikra plass må ein nytte høvet og melde seg på raskast mogleg.

Tine Fotballskule vert arrangert 16., 17. og 18. august. Aldersgrupper vert 8-14 år. Prisar er kr 450,- for ein person, kr 750,- for to søsken og kr 1.000,- for tre søsken. Frist for å melde seg på er satt til 10. juli. 

Påmeldingsadressa er: eidtinefotballskule@hotmail.com

Vi kjem til å dele inn i eigne jentegrupper og ha eigen keeperskule.

HUGS å skrive fødselsdato, adresse, telefonnummer og foresatte i e-posten ved påmelding.



28.06 Fedje seier opp kontrakta med Årdal

www.porten.no skriv i dag at Årdal sin fyrstekeeper, Bjørge Fedje, seier opp kontrakta med klubben med umiddelbar verknad. 

Dette betyr at enten Preben Gilleshammer eller Per Aspevik står laurdagens bortekamp mot Drøbak/Frogn. 

Årdal har hatt ein dårleg start på sesongen, og ligg fjerde sist i 2. divisjon avdeling 1 i det to serierundar av vårsesongen gjenstår. Årdal avsluttar vårsesongen med heimekamp mot Odd Grenland  sitt andrelag laurdag 8. juli. Odd Grenland 2 er eit av dei laga som ligg bak Årdal på tabellen.

Les meir om denne saka på porten.no 



26.06 Heggestad og Flugheim klar for Årdal 

Årdal sine nettsider melder at Kurt Heggestad og Terje Flugheim er klar for spel for Årdal 1 juli. 

Årdal treng forsterkingar for å sikre plassen i 2. divisjon, og Heggestad og Flugheim kjem heilt sikkert til å bli viktige spelarar for Årdal i haustsesongen. 

Les meir på Årdal si nettside.


Bildet: Terje Flugheim i kampen mot Eid. Ein kamp Eid tapte 7-4 mot Sogndal 2, etter å ha leia 3-0 halvtimen ut i kampen. 

Sjå bilder og fakta frå denne kampen.  



25.06 Haugen på ein flott 2. plass i Grodås Cup


Haugen sitt småjentelag kom denne helga på ein flott 2. plass i Grodås Cup. Etter å ha vunne fem av seks kampar blei Haugen kun slått av Åheim, som vann fem kampar og spelte ein kamp uavgjort. 

Sjå kampfakta frå Haugen sine kampar i Grodås Cup. 

25.06 Prikka inn rett resultat for andre gong på rad

Stian Aaland har greidd det mesterstykke det er å prikke inn rett sluttresultat i to Haugenkampar på rad. 
I kampen mot Heia var riktignok ikkje Stian den fyrste som la inn rett sluttresultat, og måtte nøye seg med ein trøstepremie. 

I resultatkonkurransen i kampen mot Veten/Hardbagg la Stian inn følgjande innlegg i gjesteboka: 

No må det bli poeng!

Trur Haugen endelig tar poeng på fredag. Vinne 4-3 etter en dramatisk kamp på grusen inne i fjorden!

Stian Aaland får dermed overlevert eit eksklusivt Haugen ved neste høve. 

Roy Lasse Torheim som tippa rett resultat i kampen Haugen-Heia skal også få Haugen-krus ved neste høve. 


Stian Aaland, Haugen


25.06 Resultat kampar i dag 25. juni

Årdal tapte i ettermiddag 4-3 heime mot Ørn Horten. Dermed har Årdal begge beina i botnstriden i 2. divisjon avdeling 1. 

Bremanger greidde berre 3-3 heime mot Kaupanger 2. Kaupanger 2 kom til Bremanger med berre ti spelarar men holdt likevel Bremanger til uavgjort. 
Les meir om denne kampen på
Bremanger sine nettsider. 

2.div Menn avd 1
Årdal-Ørn-Horten 3-4

4. div Menn
Førde 2-Loen 3-0

5. div Menn
Oppstryn-Florø 2  1-2 
Tornado Måløy 2-Vik 2-3 
Bremanger-Kaupanger 2  3-3


Ole Gunnar Hunderi laga Årdal sitt tredje mål i dag på straffe. 


25.06 Treningstider i veka som kjem + Grodås Cup

A-laget trenar tysdag og fredag denne veka. Tysdag trenar ein på Eid Idrettspark, medan ein på fredag tek sikte på å trene på Klenkarberget viss baneforholda tillet det. 

No i disse VM-tider må ein legge opp treningane etter kampprogrammet, og ein tek sikte på å starte treningane kl. 19.00. 

I Grodås Cup held Haugen sine småjenter fram med å imponere. Til no i dag har det blitt siger 1-0 mot Stryn og siger 3-2 mot Hornindal. 

Kl. 16.00 spelar Haugen sin siste kamp i turneringa mot Breimsbygda. 


25.06 Kampar i dag søndag 25. juni

Dei fleste laga har tatt sommarferie, men nokre få kampar går av stabelen i dag. 

2.div Menn avd 1

16:00 Årdal - Ørn-Horten 

4. div Menn
15:00 Førde 2 - Loen 

5. div Menn
15:00 Bremanger - Kaupanger 2 
15:00 Tornado Måløy 2 - Vik 
15:00 Oppstryn - Florø 2 

Bildet: Andreas Drageset, Loen 


24.06 Grodås Cup

Haugen sitt småjentelag har vunne to og tapt ein kamp i dag i Grodås Cup. 

Det blei 1-0 siger mot Sunnylven og Bjørn, medan det blei 1-0 tap mot Åheim. Malin Bjørhovde og Oda Espe har laga måla til Haugen.   

Søndag spelar Haugen tre kampar:  
Kl. 11.30 Haugen-Stryn
Kl. 14.30 Haugen-Hornindal
Kl. 16.00 Haugen-Breimsbygda

Kjem tilbake med resultat og kanskje nokre bilder frå Haugen sin innsats i Grodås Cup i morgon kveld. 

Bildet: Malin Bjørhovde, Haugen


24.06 Eid klarte uavgjort 2-2 mot Førde

Eid spelte i ettermiddag uavgjort 2-2 mot Førde på Eid Stadion. Førde var store favorittar til å vinne denne kampen og det starta bra for bortelaget. Gisle Isene gav Førde leiinga drøye ti minutt ut i kampen. Førde sin høgrekant Alexander Hjelmeland Rygg slo eit glimrande innlegg som Gisle Isene heada i mål via tverrliggaren. Etter skåringa gjekk mesteparten av spelet føre seg på midtbana, og ingen av laga spelte seg fram til dei heilt store sjansane. 

Den største sjansen til Eid kom på eit frispark frå Stian Sandal. Men Ole Henrik Gulliksen i Førde sitt mål varta opp med ei kjemperedning på Sandal sitt velplasserte skot. Like etter aukar Førde leiinga til 2-0 på sin tredje sjanse i kampen. Gisle Isene legg eit perfekt innlegg til Terje Sørbø, som vinn duellen med Petter Hammer, og headar ballen bak Sindre Rise i Eid sitt mål.  
2-0 til Førde var også pauseresultatet i kampen, etter ein omgang der Førde var utruleg effektive framfor Eid sitt mål. 

Omlag kvarteret etter kvilen reduserte Håvard Bruvoll til 2-1, og kampen som såg ut til å vere avgjort til pause fekk plutseleg ny spenning. Eid fekk blod på tann og i periodar såg det ut som det var heimelaget som kjempa i tabelltoppen. Førde virka trege og i staden for å la ballen gå hurtig gjekk det for seint med bortelaget. Førde hadde likevel to gedigne sjansar til å auke leiinga til 3-1, men det ville seg liksom ikkje for bortelaget etter kvilen. Den største sjansen hadde Steinar Tenden som skaut i stolpen frå kloss hold. Alexander Hjelmeland Rygg hadde også ein stor sjanse, men skotet frå Rygg blei redda på streken. 

Kvarteret før slutt fekk Eid frispark frå omlag 35 meter. Stian Sandal slår ei blanding av innlegg og skot i retning Førde sitt mål. Ballen går heilt inn til Ole Henrik Gulliksen som på ein merkeleg måte misser ballen i mål, til stor jubel frå dei nesten hundre tilskodarane på Eid Stadion. 

Rett før slutt gjer Gulliksen det bra igjen for tabben på utlikninga til 2-2. Erik Salveson får gå opp heilt upressa på fire meters hald, og på ein mirakuløs måte reddar Gulliksen den harde headinga frå Salveson. 

Dermed ebba kampen ut med uavgjort 2-2, og Førde miste dermed to poeng i kampen mot Stryn om tabelltoppen. 


Sjå fakta og bilder frå Eid-Førde. 


Gisle Isene blir gratulert av Benny Rivedal etter å ha gitt Førde 1-0. 


Terje Sørbø gav Førde 2-0. 


Edgar Flo, Stian Sandal og Kåre Balsnes etter at Stian Sandal sitt frispark frå 35 meter går i mål. 


24.06 Resultat kampar laurdag 24. juni

TMFK vann i dag 3-2 borte mot Kaupanger, etter at Øystein Hagen sette inn sigersmålet to minutt på overtid. 

I kampen Selje-Skavøypoll holdt John Martin Gil fram med å skåre mål for Skavøypoll. Med tre mål sist kamp mot Fjøra og to i dag er angriparen oppe i sju skåringar så langt denne sesongen. 

I toppkampen mellom Stryn og Sogndal 2 vann heimelaget 3-0, og tek dermed ferie på toppen av tabellen. 

Sandane tapte også i dag, og ligg i andre enden av tabellen med null poeng på 11 kampar.   

Kaupanger-TMFK 2-3 (1-1)

0-1 Øystein Hagen (15. min)
1-1 Andreas Bjelde (21. min)
2-1 Preben Strypet (55. min)
2-2 Birger Silden (61. min)
2-3 Øystein Hagen (92. min)

Sandane-Høyang 2-4 (0-1)
0-1 Robin Frichsen (24. min)
1-1 Ruben Wie (47. min)
1-2 Kristian Ingi Nesse (48. min)
1-3 Kristian Ingi Nesse (51. min)
2-3 Trond Vegard Ripe (82. min)
2-4 Even Hovland, straffe (85. min)

Selje-Skavøypoll 2-3 (0-2)
0-1 John Martin Gil (5. min)
0-2 John Martin Gil (36. min)
0-3 Peter Orry Larsen (46. min)
1-3 Kai Arne Otnheim (64. min)
2-3 Anders Eltvik (87. min)

Stryn-Sogndal 2  3-0 (1-0)
1-0 Ulrik Flo (30. min)
2-0 Asbjørn Tenden (51. min)
3-0 Pål Holko, straffe (68. min)

Kampfakta er henta frå Firda.no

Eid-Førde - sjå eiga sak



Øystein Hagen, TMFK


John Martin Gil og Peter Orry Larsen, Skavøypoll


24.06 Oddskonkurransen

Ettersom at Fjøra og Dale tjuvstarta serierunden i 3. divisjon torsdag, blir både runde 11  og 12 i oddskonurransen arrangert fyrste serierunden til hausten. 

Yngve Tolaas og Kristoffer Aarskog er kvalifisert til finalen i oddskonkurransen, etter å ha vunne dei to semifinalane til no. Det skal vere totalt fem deltakarar i finalen i  oddskonkurransen, som blir arrangert dei to siste serierundane i den lokale 3. divisjon. 


Vinnaren i oddskonkurransen får ein konto på kr. 3000,- hos NordicBet.com. 

Oddskonkurransen blir arrangert i samarbeid med NordicBet.com.

NordicBet.com har følgjande odds på kampane i 3. divisjon i dag (kl. 11.45) 
16:00 Stryn-Sogndal 2 1.60 5.00 3.20 
16:00 Selje-Skavøypoll 2.45 4.90 1.90 
16:00 Eid-Førde 4.80 5.25 1.35 
16:00 Sandane-Høyang 3.65 5.00 1.50 
16:00 Kaupanger-TMFK 2.15 4.80 2.15 



Frode Nøstdal, Selje


24.06 Grodås Cup

Småjentelaget til Haugen deltek denne helga i Grodås Cup i Hornindal. 

I den fyrste kampen mot Sunnylven vann jentene frå Haugen 1-0 etter skåring av Malin Bjørhovde. 

Haugen spelar to kampar til i dag. 
Kl. 15.30 Haugen-Åheim
Kl. 18.00 Haugen IL Bjørn

Meir informasjon om Grodås Cup kan du lese på www.grodascup.no  




24.06 Kampar i dag laurdag 24. juni

Den 11. serierunden i lokale 3. divisjon blir spelt i dag. Fjøra og Dale tjuvstarta denne serierunden på torsdag, i ein kamp Dale vann 2-0 på Sogndal Stadion. 

Sandane har i dag sin store sjanse til å ta årets fyrste seriepoeng. Sandane møter eit Høyanglag som stiller uten sine tre beste spelarar. Edin Agovic og Thomas Frichsen fekk rødt kort sist helg, medan Morten Kåre Eriksen må sone for tre gule kort. Når ein i tillegg legg til at Sandane har hatt ei stigning i formen i det siste, kan det vere duka Sandanesiger på Idrettsplassen i ettermiddag. 

I Selje ligg alt til rette for ein jamn og spennande kamp. Skavøypoll har rota det til for seg sjølv i det siste, og etter ei god opning på sesongen er no Skavøypoll med i nedrykksstriden. Selje ligg tre poeng bak Skavøypoll på tabellen, og med siger i dag ser det ut til at tre lag blir ståande med ti poeng i det laga tek sommarferie. 

Eid møter Førde på heimebane og kan klatre opp på 13 poeng med siger i denne kampen. Bortelaget er store favorittar i denne kampen etter å ha nedsabla Stryn 8-3 sist serierunde. Men Eid kan overraske på heimebane og underteikna har tru på ein jamn kamp på Eid Stadion i ettermiddag. 

På Stryn Stadion er det toppkamp mellom Stryn og Sogndal 2. Sogndal har heile troppen i Nordfjord denne helga, og det blir spennande å sjå kva lag Sogndal 2 stiller. Sogndal har fått mykje kritikk i det siste for måten dei brukar spelarar på 2. laget. Kritikken går på at Sogndal 2 stiller så veldig forskjellig lag i dei forskjellige serierundane. Derfor har det blitt mange "rare" resultat i dei kampane Sogndal 2 har spelt. Sogndal 2 vann f.eks 3-1 borte mot Førde, for så å tape 5-0 mot Fjøra på Sogndal Stadion.
Med siger i denne kampen toppar Stryn heilt sikkert serien i det serien er halvspelt. 

I den siste kampen i dag møter Kaupanger TMFK på Kaupanger Stadion. TMFK har tapt berre ein kamp denne sesongen, men etter at fem kampar har enda uavgjort ligg TMFK på 6. plass på tabellen. Kaupanger har vore variable på heimebane denne sesongen og har mellom anna tapt både mot Eid og Skavøypoll. Sist serierunde spelte Kaupanger uavgjort 1-1 borte mot Dale. 

3. div Menn avd 16
16:00 Selje - Skavøypoll 
16:00 Sandane - Høyang 
16:00 Kaupanger - Tornado Måløy 
16:00 Stryn - Sogndal 2 
16:00 Eid - Førde 

Bilder og fakta frå Eid-Førde kan du sjå her på Haugenfotball etter kampslutt.  




Må sone mot Sandane1: Edin Agovic  




Må sone mot Sandane2: Thomas Frichsen  




Må sone mot Sandane3: Morten Kåre Eriksen 


23.06 Haugen vann 4-3 i botnkampen mot V/H

Haugen vann til slutt 4-3 mot Veten/Hardbagg i ein fartsfull og god kamp på Ålandsleitet. Haugen spelte i periodar glimrande fotball på den smale og korte grusbana. 

Cato Magne Humborstad gav Haugen leiinga kvarteret ut i kampen. Nordfjords Maradona drog av to spelarar på midtbana og sende av gårde ei  krempasning til Cato Magne. Den lynkjappe spissen frå Kjølsdalen lot seg ikkje be to gongar og dunka ballen i mål bak ein sjanselaus Edvard Tvinnereim. Berre minuttet etter fekk Tore Ola Sundal stå heilt umarkert på fem meters hald. Sundal sette ballen til side for keeper og Haugen fekk dermed ei kjempeopning på botnoppgjeret mot Veten/Hardbagg. 

Fem minutt etter var det Kenneth Berstad sin tur å vise seg fram for publikum på Ålandsleitet. Frå seksten meter fekk Berstad kjempetreff og ballen gjekk i mål heilt ned i hjørnet for keeper Tvinnereim.
- Synd det ikkje var fleire damer på tribuna i dag, seier ein glad Berstad etter kjempetreffet. 

Etter omlag halvtimen var Haugen nære på å auka leiinga til 4-0. Cato Magne Humborstad treff tverrliggaren frå kloss hold, men ein forsvarar får avverga den påfølgande returen. 

Tre minutt før pause hadde V/H sin farlegaste sjanse før kvilen. Haugen sin keeper, Øystein Haugland, tok turen langt utom 16-meteren for å stoppe ein angripar. Dommar Einar Eimhjellen frå Sandane trur at Haugland brukte handa for å stoppe ballen og dømmer frispark til heimelaget. Øystein blir skada i situasjonen og får det gule kortet av dommaren. Frisparket frå Bernt Veddegjerde traff ein umarkert Anders Vonheim som heada inn reduseringa til 3-1. 

Andre omgang starta på verst tenkeleg måte for Haugen. Etter berre seks minutt av omgangen reduserte Jan Ivar Vik til 3-2, og dei fleste frykta at sigeren i botnoppgjeret skulle glippe for Haugen. Men etter ein lang periode midtvegs i omgangen der V/H hadde spelet og dei fleste sjansane fekk Haugen igjen taket på kampen. 

Hans Thomas Solheim hadde dagens største sjanse kvarteret før slutt. Frå ein meters hald greide Solheim på ein mirakuløs måte å skyte ballen over mål. Men Solheim gav seg ikkje og åtte minutt før full tid fekk han revansj. Etter eit heilt utruleg forarbeid av Kenneth Berstad, dunka Solheim ballen i mål frå omlag ti meter. Haugen var i leiinga 4-2 og dei fleste Hauarane var sikre på tre poeng. Men heimelaget gav seg ikkje og fire minutt før ordinær tid var ute laga Jan Ivar Vik sitt andre mål for dagen og reduserte med det til 4-3. Heimelaget pressa på for utlikninga, og sjølv om dommaren la til heile seks minutt, greide ikkje Veten/Hardbagg å overliste Tore Sundal som vokta Haugen sitt mål etter kvilen.   

Dermed vann Haugen sin fyrste siger denne sesongen, og sigeren blir feira med grilling i Kjølsdalen. 

Sjå fakta og bilder frå kampen.  



Einar Eimhjellen, 
Sandane


Jan Ivar Vik, Veten/Hardbagg


Bjørn Erik Bruvoll, 
Haugen


23.06 Sogndal vann 3-1 mot Hødd

Sogndal vann i ettermiddag 3-1 mot divisjonskollega Hødd i ein treningskamp på Eid Stadion.

Sogndal tok leiinga i kampen på straffespark fire minutt før pause. Kim Rune Hellesund blei felt innanfor Hødd sin 16-meter, og tok sjølv straffesparket. 1-0 var også pauseresultatet etter ein tam fyrsteomgang på Eid Stadion. 

I andre omgang var Sogndal langt bedre enn Hødd og vann til slutt fortent 3-1. Spesielt innbyttar Mathias Eikenes var frisk, og var ein konstant trussel mot Hødd sitt forsvar. Fem minutt etter kvilen auka Eikenes Sogndal si leiing til 2-0 etter ei genial gjennombruddspasning frå Anders Stadheim. Åleine mot Kim Deinoff var Sandensaren sikkerheten sjølv og netta sikkert. 

Tre minutt etter reduserte Hødd til 2-1 på ein dødballsituasjon. Fredrik Klock fekk gå opp heilt uforstyrra og heada ballen bak ein sjanselaus Terje Skjeldestad. 

Etter drøye kvarteret av andre omgang avgjorde Sogndal kampen. Etter eit fint forarbeid av Mathias Eikenes, fekk Kim Rune Hellesund ballen heilt umarkert på 5-6 meter hald. Sogndalsspissen gjorde det han er komen til klubben for å gjere, og fastsette med det sluttresultatet til  3-1. Etter denne skåringa dovna kampen litt vekk og sjølv om Sogndal hadde overtaket klarte dei ikkje lage fleire mål. 

Sjå fakta og bilder frå kampen.  

Bilde 1: Henrik Furebotn, Sogndal
Bilde 2: Mathias Eikenes, Sogndal og Fredrik Klock, Hødd





23.06 Resultat kampar i dag fredag 23. juni

Gutar 15/16 1 div vår
Florø 1 - Tornado Måløy 1 6-1

4. div Menn
Florø - Syril 6-1 
Eikefjord-Jølster 0-1

5. div Menn
Gaular-Bjørn 3-1

6. div Menn avd 2
Hyllestad - Atløy 4-1

6. div Menn avd 3
Vikane/Olden - Breimsbygda 7-4

6.div Menn avd 4
Veten/Hardbagg - Haugen 3-4

Treningskamp
15:00 Sogndal-Hødd 3-1

Underteikna var tilstades på Sogndal -Hødd og Veten/Hardbagg-Haugen. Bilder og fakta frå desse to kampane blir lagt ut fortløpande.  



Kim Rune Hellesund laga to av Sogndal sine tre mål i 3-1 sigeren over Hødd. 


23.06 Kampar i dag fredag 23. juni

Gutar 15/16 1 div vår
17:45 Florø 1 - Tornado Måløy 1 

4. div Menn
19:00 Eikefjord - Jølster 
19:00 Florø - Syril 

5. div Menn
18:30 Gaular - Bjørn 

6. div Menn avd 2
19:00 Hyllestad - Atløy 

6. div Menn avd 3
19:00 Vikane/Olden - Breimsbygda 

6.div Menn avd 4
18:00 Veten/Hardbagg - Haugen 

4. div kvinner 7'ar
19:00 Svelgen - Florø 

Treningskamp
15:00 Sogndal-Hødd (Eid Stadion)


Lasse Orheim Pedersen og Florø tek imot Syril i dagens kamp på Florø Stadion. 


22.06 Troppen mot Veten/Hardbagg

Haugen stiller med denne troppen til bortekampen mot Veten/Hardbagg 23. juni kl. 18.00.

Odd Kjetil Liseth
Jan Roger Solibakke
Kenneth Berstad
Bengt Leite
Stig Tore Gilleshammer
Cato Magne Humborstad
Kim Tore Gilleshammer
Tore Sundal
Bjørn Erik Bruvoll
Torleiv Orheim
Bjørnar Øien
Runar Øien
Mikael Myklebust
Øystein Haugland 
Hans Thomas Solheim 

Med forbehold om eventuelle feil. 

Følgjande personar skal køyre: Kenneth Berstad, Cato Magne Humborstad, Mikael Myklebust og underteikna. 

Det blir avreise frå Eid Stadion fredag 23. juni kl. 16.45. 

Bilde 1: Mikael Myklebust

Bilde 2: Stig Tore Gilleshammer

Bilde 3: Torleiv Orheim.




22.06 Troppane til treningskampen Sogndal-Hødd 

Fredag 23. juni kl. 15.00 spelar Sogndal og Hødd treningskamp på Eid Stadion. 

Dagleg leiar i Eid, Ørjan Solheim, har vore i kontakt med Sogndal og Hødd og fått  tilsendt dei to troppane laga stiller med. 

HØDD:
Øystein Vik Myklebust
Frederik Garshol
Fredrik Klock
Johnny Nerbø 
Erik Sandal 
Helge Edinsen
Andrè Nevstad
Steffen Oksnes Elde
Kim Deinoff
Mads Værnes
Anders Vaagen 
Jan Egil Tryggestad
Joachim Magnussen
Andreas Kurseth
Bjørn Totland
Oddbjørn Lie
Oddmund Vaagsholm
Finn Erik Stavseng

SOGNDAL:
Terje Skjeldestad
Daniel Kvåle
Christian Brink
Marco Reda
Kjetil Holvik
Per E Flo
Torgeir Hoås
Rune Bolseth
Joel Cedergren
Anders Stadheim
Henrik Furebotn
Alexander Breidvik
Mathias Eikenes
Kim R Hellesund
Håvard Flo
Terje Flugheim
Kurt Heggestad
Sindre K Wenjum


Bjørn Totland, Hødd


Anders Stadheim, Sogndal


22.06 Resultat kampar i kveld 

Dale vann i kveld 2-0 borte mot Fjøra i ein kamp i den lokale 3. divisjon. Begge måla til Dale vart sett inn av Rune Espeland, omlag midtvegs ut i fyrste omgang. 

Guttelaget til Eid i 1. divisjon rundspelte i kveld Høyang. Eid spelte ein meget god kamp og vann til slutt 13-0. Heimelaget gjekk til pause på stillinga 7-0. 

I ein kamp i 6. divisjon avdeling 1 vann Aurland Lærdal sitt andrelag 4-2 heime mot Hafslo. 

Bildet: Kristian Kongsvoll, Eid


22.06 Tre frå fylket med på G17-landslaget 

Even Hovland, Peter Orry Larsen og Per Egil Flo er alle tekne ut i troppen til  G17-lanslaget som skal delta på  4-nasjonersturnering i Falkenberg i Sverige 17.-23. juli. 

Norge skal møte Sverige, Serbia/Montenegro og Hviterussland i løpet av turneringa. 

Heile troppen: 
Alexander Vangen, Bodø/Glimt 

Andreas Aakre, Bodø/Glimt 

Lars Ramstad, Rosenborg BK 

Thomas Valø, Rosenborg BK

Kim Andre Madsen, FC Lyn 

Marius L. Enger, Odd Grenland 

Per Egil Flo, Sogndal IL 

Mohammed Fellah, Vålerenga Fotball

Tore Kannelønning, Stord IL 

Peter Orry Larsen, Skavøypoll IL

Bernhard Nyheim, Bryne FK 

Fredrik Gulsvik, Odd Grenland

Even Hovland, Høyang 

Jo Sondre Aas, Rosenborg

Thomas Kind Bendiksen, Harstad 

Ola W. Kamara, Frigg-Oslo

Andreas Andersen, Vard Haugesund 

Martin Elvestad, Fredrikstad FK

Kampprogram:
18.07 kl. 19.00 Sverige – Norge 

20.07 kl. 16.30 Serbia/Mont.-Norge 

22.07 kl. 13.00 Norge-Hviterussland

Saka er henta frå Fotball.no




22.06 Køyring til kampen Veten/Hardbagg-Haugen 

Følgjande personar skal køyre: Kenneth Berstad, Cato Magne Humborstad, Mikael Myklebust og underteikna. 

Det blir avreise frå Eid Stadion fredag 23. juni kl. 16.45. 

Er kanskje litt mykje med fire bilar, men ettersom det er usikkert kor mange damer Berstad skal ha med seg på turen, må ein vere sikker på at alle spelarane får plass. 

Eventuelle spørsmål kan rettast til underteikna. 

Bildet: Kenneth Berstad blei skada i kampen mot Eid og det såg lenge ut til at Berstad var ute heile vårsesongen. 


21.06 To ganger Kim leiar Måljegeren

Kim Nedreberg Silden og Kim Svarstad leiar Måljegeren med 8 mål, etter at dei fleste laga har spelt seks kampar. Kim Svarstad ligg hakket foran, ettersom han laga heile fem mål i ein kamp, medan Kim Nedreberg Silden "berre" laga fire mål i den kampen han skåra mest.  

Haugen har berre laga fire mål denne sesongen, og fire forskjellige spelarar har teikna seg på skåringslista.

8 mål: 
Kim Svarstad, Eid 2 
Kim Nedreberg Silden, Skavøypoll 2 

7 mål: 
John Marius Granheim, Skavøypoll 2 

6 mål: 
Jan Azar Karadas, Eid 2 
Marius Svoren, Flatraket 

5 mål: 
Roger Hamre, Selje2/Stadlandet 

4 mål: 
Jim Tore Humborstad, Eid 2
Steffen Sture Olsen, Eid 2 
Håvard Nyheim, Flatraket 
Tom Roger Hjelle, Heia 
Asle Eldevik, Skavøypoll 2 

Cato Magne Humborstad, Stig Tore Gilleshammer, Tore Sundal og Øystein Haugland har laga måla til Haugen. 

Sjå heile lista her.  

Bilde 1: Kim Svarstad,  Eid 2

Bilde 2: Tom Roger Hjelle, Heia



21.06 Sogndal møter Hødd på Eid Stadion

Fredag 23. juni er det duka for treningskamp mellom Sogndal og Hødd på Eid Stadion.

Dermed blir det ein duell mellom Eidarane Bjørn Totland og Stig Nord. Begge har hatt ein tøff start på sesongen i 1. divisjon. 

Totland og Hødd ligg klart sist  på tabellen, med berre tre poeng på 11 kampar, og noko må skje om Hødd skal vere eit 1. divisjonslag også neste år.  

Sogndal og Stig Nord har heng på kvalifiseringsplassen til tippeligaen, når omlag 1/3 av sesongen er ferdigspelt. Men med to uavgjort mot to av botnlaga i dei to siste rundane, har Sogndal vist ei dalande formkurve før laga tok sommarpause. 

Kampstart for Sogndal-Hødd er sett til kl. 15.00.



Stig Nord, 
trenar Sogndal


21.06 Kampen mot Veten/Hardbagg

Kampen mot Veten/Hardbagg blir spelt på Ålandsleitet fredag 23. juni kl. 18.00. 

Ver med i konkurransen om eit Haugenkrus. Den fyrste som sender inn rett svar på sluttresultatet i kampen Veten/Hardbagg-Haugen vinn eit Haugen-krus. 

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen. I gjesteboka kan du også sjå kva andre har tippa tidlegare. 

Bildet: Hans Thomas Solheim er med i troppen mot Veten/Hardbagg. Den råsterke spissen frå Hauane kjem til å bli ein viktig spelar i botnoppgjeret på Ålandsleitet. 


20.06 Heia frå 0-2 til 4-2 for andre gong på fire dagar

Heia fekk ein dårleg start på dagens kamp mot Flatraket. Allereie etter ni minutt gav Martin Nygård bortelaget leiinga 1-0. Etter drøye halvtimen får Flatraket sin keeper, Jan Ove Håvik, det raude kortet av dommar Anders Ytterland frå TMFK. I eit forsøk på å ta ballen med seg innom 16-meteren blir  Håvik for sein, og må ta ballen med handa for å hindre Trond Kroken skåring. Reglane er klare og Flatraket må fullføre siste timen med ti mann. Men i staden for å legge seg i forsvar satsa Flatraket framover, og etter ei genial pasning frå Stephan Lexau kjem  Marius Svoren heilt åleine mot keeper Roy Lasse Torheim. Svoren gjer ingen feil og bortelaget er i leiinga 2-0. 

Etter kvilen får vi sjå eit kvarter med festfotball frå Heia. Ballen går fort frå mann til mann og Flatraket sine ti spelarar blir for det meste springande i mellom. Fem minutt ut i omgangen reduserar Roger Nygård til 2-1 etter flott forarbeid av innbyttar Øystein Nes. Berre minuttet etter ordnar Tom Roger Hjelle balanse i rekneskapet. Eit innlegg frå Trond Kroken når ein umarkert Hjelle som skårar enkelt frå tre meter.  

Få minutt etter får Heia frispark frå omlag 45 meter. Alle ventar eit innlegg men Magnus Eikås dreg til og får stjernetreff. Ballen går rett i krysset bak ein forfjamsa Michal Nygård i Flatraket sitt mål. Heia gir ser ikkje og rett etter er det Trond Kroken sin tur å lage mål.  
Tom Roger Hjelle spring frå det som er av Flatraketforsvarar og trillar ballen til Trond Kroken. Kroken brukar den tid han treng og lurer enkelt Rune Nyheim i Flatraket sitt mål. Etter denne skåringa dovna kampen betraktelig, og ebba til slutt ut med 4-2 til heimelaget. Dermed har Heia snudd 0-2 til 4-2 for andre gong på fire dagar, og er med dette resultatet a poeng med Flatraket på tabellen. 

Skavøypoll 2 vann mot Eid 2   
I ein annan kamp i 6. divisjon avdeling  4 laga Skavøypoll 2 alle seks måla og vann til slutt 5-1 mot Eid 2. 
Thomas Starheim gav Eid leiinga på eit fantastisk sjølvmål før pause. 0-1 var også pauseresultatet i kampen. Etter kvilen laga Skavøypoll fem mål og heimelaget vann til slutt 5-1. Kim Nedreberg Silden (2), Johnny Blålid, Morten Lyng og Rune Oksholen laga måla til Skavøypoll. Dermed toppar Skavøypoll tabellen med full pott i det laga tek sommarferie. 

Bilde 1: Jan Ove Håvik, Flatraket
Bilde 2: Per Martin Håvik, Heia
Bilde 3: Michal Nygård, Flatraket




19.06 Toppkamp i 6. divisjon avdelig 4

Tysdag 20. juni spelar Eid 2 seriekamp borte mot Skavøypoll 2. Skavøypoll er ubesigra denne sesongen og står bokført med 5 sigrar og 28-4 i målskilnad. Eid 2 tapte fyrste kampen mot Selje2/Stadlandet, men etter det har det blitt fire strake for Rolf Morten Skrede sine gutar frå Nordfjordeid. 

I ein annan kamp i 6. divisjon avdeling 4 tek grøntrøyene frå Moskva imot Flatraket. Heia knuste Flatraket i ein treningskamp tidlegare i år, og må finne seg i å vere store favorittar i denne kampen. 

6. div Men avd 1
18:30 Sogndal 3 - Veitastrond 
18:30 Aurland/Lærdal 2 - Hafslo 

6. div Menn avd 3
19:00 Svelgen - Florø 3 
19:00 Hyen - Sandane 2 
19:00 Jølster 2 - Eikefjord 2 

6.div Menn avd 4
18:30 Skavøypoll 2 - Eid 2 
19:00 Heia - Flatraket 

Smågutar 13/14 7'ar avd 3

19:00 Bryggja - Eid 2 

J 13/14 avd 6

18:00 Bremanger - Haugen 
18:00 Heia - Svelgen 
20:30 Skavøypoll - Tornado Måløy

Bilde 1: Rolf Morten Skrede, trenar Eid2
Bilde 2: Ole Sunde, trenar Heia



19.06 Småguttelaget til Haugen vann 1. divisjon avd. 2

Med siger i dagens bortekamp mot Eid ville Haugen vere vinnarar av 1. divisjon avdeling 2, uansett resultat i dei andre kampane. 

Eid fekk ei god opning av kampen og når 20 minutt av kampen var spelt leia heimelaget 2-0. Men Haugen under leiing av Tor Hafsås gav seg ikkje. Med skåringar av Christoffer Hafsås og Marius Hagen gjekk laga til pause på stillinga 2-2.  

I andre omgang gav Christoffer Hafsås Haugen leiinga 3-2, og like etter auka Toni Lotsberg til 4-2. Men Eid kom tilbake og med ei perleskåring frå langt hold var det igjen spenning i kampen. Like før slutt var ein Haugenspelar uheldig å sette ballen i eige mål og kampen enda uavgjort 4-4. 

Med dette resultatet og siger til Florø borte mot TMFK ville det vore Florø som stakk av med avdelingssigeren i 1. divisjon. Men TMFK vann til slutt 5-4 i ein thriller av ein fotballkamp, og Haugen vart med det vinnarar i 1. divisjon avdeling 2.

Haugen sitt 7'arlag i smågutteklassa vann i dag 13-5 heime mot Hornindal. Haugen leia 8-0 til pause.   

Bilde 1: Tor Hafsås
Bilde 2: Jim Rune Hoddevik



19.06 Seljecup 2006

Årets Seljecup gjekk av stabelen denne helga. Til tross for at veret ikkje har vore det beste, skapte ikkje dette noko problem for gjennomføringa av turneringa. 

Tom Øyvind Solheim som har sendt litt informasjon om turneringa og nokre bilder kan melde om ny scoringsrekord. Det er blitt laga heile 2010 mål på 260 kampar, noko som blir 7,7 mål i snitt pr. kamp. 

Sjå bilder frå turneringa. 

Sjå resultat frå turneringa.

Les meir om Seljecup på nettsida til Selje.   



19.06 Gruppene til Norway Cup er klare

Haugen sitt småguttelag skal spele mot Lyn, Kurland og Dambars i gruppespelet i årets Norway Cup. Haugen får vanskeleg motstand, men trenar, Eirik Andreassen, håpar at laget skal greie å spele seg fram til ein plass i enten A- eller B-sluttspelet. 

Underteikna har snusa fram motstandarane til nokre av dei andre lokale laga i Norway Cup.

Bremanger sine smågutar skal spele mot Vålerenga 3, Øystre Slidre/Rogne og Gneist 2. 

Sandane sitt lag i same klasse skal spele mot Spo/Hed/Kve/Hva, Øygard 2 og Honningsvåg. Kva Spo/Hed/Kve/Hva står for må no fuglane vete. 

Totalt stiller det 172 lag i denne klassa. 

I gutteklassa stiller Eid og Selje/Stadlandet med lag i årets turnering. Eid er komt i same pulje som Røros, Heming og Vardø, medan Selje/Stadlandet skal spele mot Klemetsrud, Nord og AaFK sitt fyrstelag. 

I gutteklassa stiller det 248 lag. 

I jenteklassa har underteikna spora opp to lokale lag. Bremanger og Sandane er to av dei 128 laga som skal kjempe om trofeet i denne klassa. 

Sandane er komt i gruppe med Ås. Kolstad og Rustad, medan Bremanger skal spele mot Ridabu/Ottestad, Alvdal og Holum. 

Årets Norway Cup går av stabelen 30. juli til 5. august.   






18.06 Småguttekampen mot Eid er flytta til Idrettsparken

Haugen sin småguttekamp mot Eid måndag er flytta frå Eid Stadion til Eid Idrettspark. Kampen blir spelt kl. 19.00 og spelarane møter som avtalt kl. 18.15 i klubbhuset på Eid Stadion. 

Haugen sitt 7'ar lag i smågutteklassa skal også i elden måndag. Dette laget skal spele heimekamp mot Hornindal på Klenkarberget. Også denne kampen har kampstart kl. 19.00.  


18.06 Kampen mot Veten/Hardbagg

Kampen mot Veten/Hardbagg blir spelt på Ålandsleitet fredag 23. juni kl. 18.00. 

Kampen var tidlegare oppsett med kampstart kl. 19.00, men Nordfjords Maradona ba om at kampen skulle bli framskunda ein time. Dette på grunn av at Jonsokarrangementet i Randabygda tek til kl. 20.00. Dermed får Nordfjords Maradona med seg både kampen og grillinga .  
 
Ver med i konkurransen om eit Haugenkrus. Den fyrste som sender inn rett svar på sluttresultatet i kampen Veten/Hardbagg-Haugen vinn eit Haugen-krus. 

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen. I gjesteboka kan du også sjå kva andre har tippa tidlegare. 


18.06 Miniputturnering på Klenkarberget

Kjølsdalen Idrettslag arrangerte i ettermiddag miniputturnering på Klenkarberget. 

Regnet holdt seg vekke mesteparten av tida og både små og store hadde fire trivelege timar på grasmatta på Hauane.  

Underteikna var så heldig å få vere tilstades på turneringa, og eit lite utvalg av bildene som blei knipsa kan du sjå her.    


18.06 Resultat kampar i dag søndag 18. juni

4. div Menn
Syril - Førde 2  3-4 
Årdal 2 - Eikefjord 2-2 
Loen - Hornindal 2-2 
Askv./Holmedal - Florø 1-7

5. div Menn
Kaupanger 2 - Tornado Måløy 2  2-2  Vik - Oppstryn 7-0 
Bjørn - Bremanger 4-2 
Florø 2 - Lærdal 1-2

6. div Menn avd 2
Anga-Atløy 2-4

3. div kvinner
Hornindal - Kaupanger 2  1-3

Bildet: Ann Kristin Grodås og Hornindal tapte i dag 3-1 mot Kaupanger 2.  


18.06 Kampar i dag søndag 18. juni

Det blir i dag spelt full runde i den lokale 4. og 5. divisjon. I tillegg blir det spelt ein kamp i 6. divisjon og ein damekamp i 3. divisjon. 

4. div Menn
15:00 Askv./Holmedal - Florø 
15:00 Loen - Hornindal 
15:00 Syril - Førde 2 
15:00 Årdal 2 - Eikefjord 

5. div Menn
15:00 Florø 2 - Lærdal 
15:00 Kaupanger 2 - Tornado Måløy 2 
15:00 Vik - Oppstryn 
15:00 Bjørn - Bremanger 

6. div Menn avd 2
14:00 Anga - Atløy 

3. div kvinner
14:00 Hornindal - Kaupanger 2 


Hornindal skal ut i ein vanskeleg bortekamp mot Loen i dag.


17.06 TMFK skuffa stort på heimebane 

Tornado Måløy skuffa stort i heimekampen mot Sandane i ettermiddag. Sandane var faktisk nærmast skåring før kvilen. Trond Vegard Ripe holdt på å få ein stor sjanse etter at Per Magne Løken fomla med eit tilbakespel. Men Løken ordna opp i siste liten, og laga gjekk til pause på stillinga 0-0. Nokon av dei 72 tilskodarane var så misfornøgd med det TMFK presterte før kvilen at dei snakka om at dei skulle ha igjen pengane dei hadde betalt for inngangsbilletten. 

I starten på andre omgang virka det som at TMFK sine spelarar hadde fått skikkeleg kjeft i pausen. Laget heva seg og dette førte til at TMFK var det førande laget i andre omgang. Fem minutt ut i omgangen fekk TMFK ei skåring feilaktig annullert. Eirik Holvik vann ein duell mot Sandane sin keeper, Jørgen Veien, og heada ballen i mål. Men Ragnar Åmot frå Jølster hadde sett noko ureglementert og annullerte målet til store protestar frå heimelaget. 

Ti minutt etter fekk TMFK tildelt straffe etter at Henrik Hauge gjekk for hardt i ryggen på Tore Rylandsholm. Keeper Per Mange Løken tok straffa og dunka ballen i mål via tverrliggaren til stor lettelse for dei frammøtte heimesupporterane. Kvarteret før slutt fastsette Tore Rylandsholm sluttresultatet til 2-0. På eit skot frå Øivin Vabø gjekk returen frå keeper rett ut til Tore Rylandsholm. Rylandsholm netta sikkert og kampen var avgjort. Heilt på slutten hadde Sandane eit par store sjansar til å redusere. Den største av dei hadde Ruben Wie. Etter å ha vunne ein duell med Per Magne Løken hadde Wie berre å trille ballen i det tomme målet. Men på ein merkeleg måte traff ikkje Wie ballen og Sandane måtte nok ein gang denne sesongen gå mållause av bana. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.



Henrik Hauge, Sandane og Eirik Rutledal, TMFK.  


Tore Rylandsholm jublar etter å ha fastsett sluttresultatet til 2-0. 


17.06 Vegard Ruud senka Skavøypoll på slutten 

Innbyttar Vegard Ruud blei dagens helt for bortelaget på Skavøypoll Stadion. Det såg lenge ut til at Skavøypoll skulle hale i land sin fyrste siger på lang tid, men innbyttar Ruud ville det annleis. Med to skåringar på dei siste fire minutta vann til slutt Fjøra 4-3. 

11 minutt ut i kampen gav Kyrre Sataøen Fjøra leiinga etter innlegg frå Magnus Breilid. På overtid i fyrste omgang fekk Skavøypoll tildelt eit heilt korrekt straffespark. Fritjof Skår blei skubba i ryggen av Ole Morten Kvam og dommar Rolf Kåre Almenning frå Florø peika på straffemerket. Straffa sette John Martin Gil sikkert i mål bak ein sjanselaus Bjarte Hovland. 

Andre omgang starta med press frå heimelaget. Skavøypoll var best i det meste og spelte seg fram til ein del sjansar. Knappe ti minutt ut i omgangen blei John Martin Gil spelt gjennom av Ole Kristoffer Nore. John Martin Gil gjorde ingen feil og Skavøypoll var i leiinga 2-1. Då bytta Fjøra sine trenarar Jan Rune Årøy og Knut Johan Almås inn Vegard Ruud, noko som som skulle vise seg å vere ein genistrek. 

Etter 63 minutt fekk vi sjå ei glimrande kontring av heimelaget. Fjøra fekk ikkje avslutta angrepet og Peter Orry Larsen fekk sette stor fart framover med ballen. Etter å ha forsert over 50 meter med ballen trilla han ballen gjennom til John Martin Gil. For tredje gong i kampen vann Gil duellen med Fjøra sin keeper og Skavøypoll leia 3-1. Då var det høg stemning på Skavøypoll Stadion og alle dei 57 tilskodarane hadde tru på tre poeng til heimelaget. 

Men Fjøra gav seg ikkje og berre to minutt etter fekk Fjøra frispark rett utanfor Skavøypoll sin 16-meter. Jarle Flugheim var ikkje sein og be og klinka ballen i mål i keeperhjørnet. Etter dette roa kampen seg litt og det såg ut til at Skavøypoll skulle dra sigeren i land. Fire minutt før slutt var Ruud frampå for fyrste gong i kampen. På halv volley dunka Ruud ballen i mål frå ti meter og laga var igjen like langt. To minutt før full tid fekk Ruud igjen stå heilt åleine innanfor Skavøypoll sin 16 meter. Yngve Furnes i Skavøypoll sitt mål var sjanselaus på avslutninga frå Ruud som gjekk i lengste hjørnet. Innbyttaren hadde med sine to mål i ettermiddag sendt Fjøra til himmels.

Sjå fakta og bilder frå kampen. 


John Martin Gil blir gratulert av Peter Orry Larsen, etter at Skavøypoll har gått opp i 3-1 leiing. 


Knut Johan Almås og Jan Rune Årøy.


Vegard Ruud


17.06 Den lokale 3. divisjonsrunden  

Fem kampar i den lokale 3. divisjon blei spelt i ettermiddag. I toppkampen Førde-Stryn var Førde etter rapportane det klart beste laget og vann til slutt heile 8-3.  

På Dingemoen blei det 1-1 og poengdeling mellom Dale og Kaupanger. Stian Neset laga sitt femte mål for sesongen, og står dermed bokført med fem skåringar og fem målgivande pasningar på fem kampar. 

I Høyanger vann Høyang 4-0 mot Eid. Eid fekk ein verst tenkeleg start på kampen etter at Høyang laga tre mål i løpet av fyrste halvtimen. Resultatet 3-0 blei ståande heilt til kampen var på overtid. Då fastsette banas beste spelar, Even Hovland, sluttresultatet til 4-0. Høyang måtte avslutte kampen med ni mann etter at Edin Agovic og Thomas Frichsen fekk sjå det raude kortet av dommar Stian Holm. 

På Skavøypoll Stadion fekk Fjøra med seg alle tre poenga etter at Skavøypoll leia 3-2 fire minutt før slutt. (Sjå eiga sak) 

TMFK skuffa stort på heimebane mot botnlaget Sandane. TMFK vann til slutt 2-0 etter skåringar av Per Magne Løken og Tore Rylandsholm. (Sjå eiga sak)

I går vann Sogndal sitt andrelag 3-1 mot Selje på heimebane. 

Stryn toppar til tross for tap i dag tabellen med sine 23 poeng. Førde har 22, Sogndal 2 har 21 og Fjøra følgjer hakk i hæl med 19 poeng. I botnen av tabellen ligg Skavøypoll og Eid med ti poeng, Selje med sju poeng og sist ligg Sandane uten poeng, etter at ti seriekampar er spelt. 


Thomas Frichsen, Høyang


Per Magne Løken


17.06 Damelaget til Kaupanger vann 6-3 

Damelaget til Kaupanger vann i dag 6-3 mot Vard Haugesund på heimebane. 

Dermed overtok Kaupanger tabelltoppen igjen på bedre målskilnad enn Sola, men med ein kamp meir spelt. 

Måla til Kaupanger i dag vart sett inn av Tea Berteig (2), Åse Neraas, Eirin Haukøy, Andrea Opseth og Kine Kvalsvik. 

Onsdag 21. juni avsluttar Kaupanger vårsesongen med bortekamp mot Voss. 

Bildet: Kine Kvalsvik fastsette sluttresultatet i kampen til 6-3 to minutt før slutt. 


17.06 Årdal vann 1-0 heime mot Tønsberg

Årdal vann i ettermiddag 1-0 heime mot Tønsberg på Jotun Stadion. Sigersmålet blei sett inn av Arild Underdal knappe tjue minutt før slutt. Årdal klatra med dette til sikker plass på tabellen, i det tre av dei sju kampane i tiande runde i 2. divisjon avdeling 4 er spelt. 

Neste kamp for Årdal er heime mot Ørn-Horten søndag 25. juni. Ørn-Horten ligg nest sist på tabellen med sine sju poeng på ti spelte kampar. 

Bildet: Matchvinnar Arild Underdal under ein treningskamp mot Volda sist vinter. 



17.06 Azar Karadas på vei til Brann

Azar Karadas blir mest truleg klar for Brann i løpet av kort tid. 
 
Brann.no melder at Brann og Benfica har blitt enige overgangsbeløpet, og at Brann snarast vil forhandle med Azar om dei personlige betingelsane. 

Dagleg leiar i Brann, Bjørn Dahl, seier til Brann.no at dei håpar å få klar Azar til neste seriekamp. 

Neste seriekamp for Brann er borte mot HamKam 2. juli. 

Les meir på Brann.no

Bildet: Azar trente i ferien med Eid sitt A-lag på Eid Stadion. 


17.06 Kampar i dag laurdag 17. juni 

Dei fem resterande kampane i 10. runde i den lokale 3. divisjon blir spelt i dag. Storkampen denne runden er uten tvil kampen Førde-Stryn. Med siger til Stryn i denne kampen er nordfjordingane heile sju poeng før Førde og mykje skal skje om Førde skal hente inn igjen det forspranget. Vinn Førde er det heilt jamnt i toppen på tabellen. Stryn vil leie framleis, men no med berre eit poeng meir enn Førde og to meir enn Sogndal 2. 
   
3. div Menn avd 16
14:00 Skavøypoll - Fjøra 
16:00 Førde - Stryn 
16:00 Tornado Måløy - Sandane 
16:00 Høyang - Eid 
16:00 Dale - Kaupanger 

Går alt etter planen kan du sjå bilder og fakta frå kampane Skavøypoll-Fjøra og TMFK-Sandane i morgon kveld. 

I 2. divisjon avdeling 1 skal Årdal prøve å reise kjerringa etter 0-9 tapet borte mot Lørenskog sist serierunde. Tønsberg er motstandar på Jotun Stadion og kampen blir sparka i gang klokka 16.00. 

I kvinnenes 2. divisjon avdeling 4 spelar Kaupanger heimekamp mot Vard Haugesund kl. 13.00. Kaupanger tapte sist helg 4-1 i toppkampen mot Sola, men denne helga ventar det lettare motstand. Vard Haugesund står bokført med berre fire poeng etter sju kampar og bør vere ei overkommeleg oppgåve for Kaupanger.  

Bilde 1: Eirik Holvik blir gratulert etter å ha heada inn 3-3 på overtid mot Høyang på Refvik Stadion tidlegare denne sesongen. Sjå bilder og fakta frå denne kampen.  

Bilde 2: Christian Holko, Stryn.  





16.06 Resultat kampar fredag 16. juni

Sogndal 2 vann i kveld 3-1 mot Selje på heimebane. Frode Nøstdal gav bortelaget leiinga 1-0 på straffe etter fem minutt av kampen. Men Sogndal 2 kom sterkt tilbake på slutten av andre omgang og etter skåringar av Jostein Mo, Karl Magnus Mangerud og Oddbjørn Skartun vann heimelaget til slutt 3-1. 


I 3. divisjon kvinner blei det i kveld spelt full serierunde. Etter å ha vunne dei tre fyrste seriekampane denne sesongen, har Eid tapt fire på rad og i kveld venta Høyang på bortebane. Men Eid greide ikkje å snu trenden og måtte reise heim med sitt femte strake tap og 2-3 i bagasjen. 

I dei to andre kampane som blei spelt i kvinnenes 3. divisjon vann Jølster 3-1 borte mot Balestrand, medan Sandane vann heile 5-0 heime mot Sogndal. 

I 6. divisjon avdeling 3 vann Jølster sitt andrelag 5-2 borte mot Breimsbygda. 


Hilde Kornberg laga to av Jølster sine tre mål borte mot Balestrand. 


16.06 Haugen tapte 4-2 mot Heia

Haugen tapte i kveld 4-2 mot Heia i botnkampen på Klenkarberget. 

Haugen starta kampen klart best i kveld og Stig Tore Gilleshammer gav Haugen leiinga etter berre ni minutt av fyrste omgang. Like etter var kampens beste spelar, Trond Kroken, nære på å utlikne for bortelaget. Kroken kom høgast på eit frispark, men headinga traff tverliggaren bak Ørjan Solheim i Haugen sitt mål. 

Like før halvtimen var spelt var Haugen nok ein gong dødleg effektive framfor Heia sitt mål. Matias Lien braut eit Heiaangrep og slo ei glimrande langpasning til lynkjappe Stig Tore Gilleshammer. Gilleshammer forserte lett forbi Heia sitt forsvar, og serverte ballen på sølvfat til Cato Magne Humborstad. Humborstad nytta sjansen godt og sette ballen i mål bak ein sjanselaus Heiakaptein, Roy Lasse Torheim. 

Omlag fem minutt etter hadde Haugen nok ein gong flaksen på si side. Tom Roger Hjelle fyrte av gårde eit skot frå hjørnet av 16-meteren. Skotet hadde retning i det lengste hjørnet, men der sto Odd Kjetil Liseth og redda meisterleg på streken. Heia gav seg ikkje og like etter hadde Øystein Nes ein gedigen sjanse til å redusere Haugen si leiing. Etter eit frispark frå Trond Kroken blir Nes ståande heilt åleine på blankt mål. Men Nes greier på ein merkeleg måte å skyte utanfor Haugen sitt mål. 

Fem minutt før kvilen tek Kroken saka i eigne hender. Etter å ha fått eit frispark for hands på omlag tjuefem meters hald, stussar han ikkje og skyt ballen rett i mål. 2-1 til Haugen var også pauseresultatet i kampen. 

Øystein Nes debuterte i kveld for Heia, og den tidlegare lynvingen på Eid viste ved nokre høve at farten ennå er i behold. Knappe kvarteret ut i andre omgang var Nes sist på ballen då Heia utlikna til 2-2, etter eit flott forarbeid av Muhamet Barlla. 

Kvarteret før slutt gjer Heiatrenar, Ole Sunde, dagens genistrek. I staden for å bytte inn fjorårets Toppskårar, Tom Roger Hjelle, tek Sunde og byttar inn mindre meritterte Rolf Hagen. Hagen har stor fart og laga livet surt for Haugen på slutten av kampen. Ni minutt før slutt er Hagen på rett plass til rett tid og set inn 3-2 til Haugen bak ein sjanselaus Ørjan Solheim. Etter dette gikk lufta heilt ut av heimelaget og rett før slutt skårar Hagen igjen og fastset sluttresultatet til 4-2. 


I resultatkonkurransen var det to som tippa rett sluttresultat i kampen. Heiakaptein, Roy Lasse Torheim, la inn rett resultat fyrst og får dermed eit Haugenkrus.  

Stian Aaland hadde også tippa rett resultat,  men ettersom han la inn sitt tips etter Roy Lasse Torheim må han nøye seg med ein trøystepremie. Premien er at han får vere assistentdommar i treningskampen Sogndal-Hødd på Eid Stadion neste fredag. 

Sjå fakta og bilder frå kampen.  




Rolf Hagen, Heia




Odd Kjetil Liseth, Haugen



Ronny Stian Hopland, Skavøypoll


16.06 Oddskonkurransen runde 10

Jonny Frislid rauk på to av sine fire kampar sist runde, og blir ståande med null i odds. 

Rundens deltakar er Kay Ove Hafsås.  

Skavøypoll-Fjøra  B Odds: 1,80
Dale-Kaupanger  H Odds: 1,70
Førde-Stryn  U Odds: 4,70
Sogndal2-Selje H Odds: 1,25

Totalodds: 17,98

Reglar for Oddskonkurransen:
I kvar runde skal ein utvalgt eller kvalifisert deltakar tippe minst to og maks fire kampar frå den lokale 3. divisjon.

Konkurransen skal gå over 22 rundar, der dei to siste rundane er ein rein finale mellom fem finalistar. 

Dei tjue fyrste rundane blir delt inn i fem "semifinalar". Deltakarane i runde 1-4 konkurrerar om den fyrste finaleplassen. Den av dei fire deltakarane som får inn kupongen med høgast totalodds går til finalen. 

Slik blir det også i runde 5-8, 9-12, 13-16 og 17-20. På den måten får ein fem finalistar som skal konkurrere om å oppnå høgast odds samanlagt i dei to finalerundane. 

Vinnaren av Oddskonkurransen får ein konto på kr. 3000,- hos NordicBet.com. 

Yngve Tolaas og Kristoffer Aarskog har kvalifisert seg til finalen, etter å ha vunne kvar sin semifinale. Finalen blir avvikla i 21. og 22. runde i den lokale 3. divisjon.   




Kay Ove Hafsås 


16.06 Kampar i dag fredag 16. juni

3. div Menn avd 16
19:00 Sogndal 2 - Selje 

6.div Menn avd 4
19:00 Haugen - Heia 

6. div Menn avd 3
19:00 Breimsbygda - Jølster 2 

3. div kvinner
19:00 Høyang - Eid 
19:00 Balestrand - Jølster 
19:00 Sandane - Sogndal 

Bildet: Bjørn Erik Bruvoll er ikkje med i troppen til kveldens kamp mot Heia. 


15.06 Tipp sluttresultatet i kampen mot Heia


Øystein Haugland har i dag slått Klenkarberget og alt ligg til rette for ein kanonkamp i morgon på Klenkarberget. Heia som gjekk ut før sesongen og snakka om å vinne serien, har skuffa stort i sesonginnleiinga. Grøntrøyene frå Moskva står bokført med ein siger på sine fire spelte kampar. Ståle Sandal har meldt avbud som dommar i kampen, og Ronny Stian Hopland har fått oppdraget.  

NB! Haugen-Heia har kampstart kl. 19.00

Ver med i konkurransen om eit Haugenkrus. Den fyrste som sender inn rett svar på sluttresultatet i kampen Haugen-Heia vinn eit Haugen-krus. 

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen. I gjesteboka kan du også sjå kva andre har tippa tidlegare. 
Trond Kroken, Heia

15.06 To lilleguttkampar på Klenkarberget

Både Haugen 1 og Haugen 2 i G11 spelte i dag heimekamp på Klenkarberget. Haugen 1 møtte Selje, medan Haugen 2 spelte mot Tornado Måløy 2. 

Dei mange frammøtte fekk sjå to fartfulle og underhaldande kampar. Dei fire laga skuffa ikkje og banka inn heile 43 skåringar. 

Haugen sine lilleguttlag tek no sommarferie frå seriekampar. Neste serierunde er torsdag 17. august.

Sjå bilder frå dei to kampane. 


15.06 SeljeCup 2006 

Denne helga arrangerar Selje Idrettslag årets SeljeCup for aldersfastlagde klasser. 

Arrangementet blir i år arrangert for 12. gang og har etter kvart blitt ein av dei største fotballcupane som blir arrangert i fylket. I år som i fjor er cupen fullbooka og totalt deltek 138 lag med nesten 1200 spelarar frå 30 klubbar. 

Det blir spelt kampar frå fredag ettermiddag til søndag ettermiddag og Seljecup legg som vanleg opp til eit rikhaldig program også utanom kampane. 

Alt om SeljeCupen kan du lese på Selje sine nettsider.  


14.06 Grotle ikkje med til åpent nordisk mesterskap

Norges Fotballforbund ved J17 landslagstrener Jan Roar Saltvik har tatt ut følgjande J17 tropp til åpent nordisk mesterskap i Kokkola, Finland i perioden 29.06–09.07:

Marthe Kvaale, Liungen
Ingrid Thorbjørnsen, Medkila
Gunhild Herregården, Asker
Maren Mjelde, Arna-Bjørnar
Marita S. Lund, Skogstrand
Anne Grete Storli, Egge
Caroline Walde, Arna-Bjørnar
Julie Adserø, Byafossen
Katrine Andresen, Bamble
Marita Eide, Trondheims-Ørn
Ida Elise Enget, Team Strømmen
Hege Hansen, Klepp
Ingvild Landvik Isaksen, Kolbotn
Eline Johansen, Fløya
Mari Solstad, Kolbotn
Nina R. Stiles, Trondheims-Ørn
June Tårnes, Fløya
Ingri Moe Wold, Gjøvik 

Saka er henta frå kvinnefotball.no



Ann Katrin Grotle er ikkje teken ut i J17 troppen som skal forsvare Norge si ære under åpent nordisk mesterskap i Finland.


14.06 Haugen/Eid tapte 2-1 mot serieleiaren

Guttelaget til Haugen/Eid tapte i kveld 2-1 heime mot Stadlandet/Selje 2. 
Øystein Austring gav bortelaget leiinga åleine mot keeper,  17 minutt ut i fyrste omgang.   0-1 var også pauseresultatet i kampen. 

Sju minutt ut i andre omgang laga Alf Kåre Dalbø balanse i rekneskapet. Etter å ha ført ballen 15-20 meter skaut han ballen rett i mål frå 20 meter. 
Midtvegs ut i andre omgang laga Øystein Austring sitt andre mål for dagen og avgjorde med det kampen. 
Haugen/Eid spelte ein god kamp i dag, men serieleiaren frå havgapet blei for sterk.  

Haugen/Eid-Stadlandet/Selje 2  1-2
0-1 Øystein Austring (17. min)
1-1 Alf Kåre Dalsbø (47. min)
1-2 Øystein Austring (61. min)

Gule kort: Vidar Hagen og Marius Kongsvold, Selje 
Alf Kåre Dalsbø, Haugen
 
Dommar Rolf Lefdal, Haugen




Anders Rekdal og Øystein Austring, Stadlandet/Selje 2


14.06 Haugen 2 vann 7-6 borte mot Eid 2

Haugen sitt 7'ar lag i smågutteklassa vann i ettermiddag 7-6 borte mot Eid 2. Kampen som blei spelt på Eid Idrettspark var ein fartsfull batalje der begge laga bidrog til å lage ein god kamp. Vebjørn Nord Haugland blei matchvinnar i kampen då han sette inn sigersmålet rett før slutt, etter eit glimrande forarbeid av Dan Jøran Hafsås.    

Eid 2-Haugen 2  6-7 (3-4)
0-1 Dan Jøran Hafsås
0-2 Sjølvmål
0-3 Martin Leite Gilleshammer
1-3 Trygve Leite
2-3 Olav Monsson
2-4 Martin Leite Gilleshammer
3-4 Trygve Leite 
4-4 Trygve Leite 
5-4 Erlend Nord
5-5 Vebjørn Nord Haugland
6-5 Trygve Leite 
6-6 Dan Jøran Hafsås 
6-7 Vebjørn Nord Haugland

Dommar: Eirik Hauge, Eid




Matchvinnar Vebjørn Nord Haugland, Haugen


14.06 Lilleguttane avsluttar vårsesongen torsdag

Haugen sine lilleguttlag avsluttar vårsesongen med kampar torsdag 15. juni. 

I G11 spelar Haugen 1 mot Selje, medan Haugen 2 spelar mot TMFK. Begge desse kampane blir spelt på Klenkarberget kl. 18.00. 

I G12 spelar Haugen sitt lag borte mot TMFK kl. 18.00. 

Kampar i dag
Haugen 2 i smågutteklassa møter i dag Eid 2 på bortebane kl. 17.30. 

Haugen/Eid 2 i gutteklassa spelar kl. 19.00 kamp mot Stadlandet/Selje 2. Haugen/Eid 2 ligg på 6. plass på tabellen, medan Stadlandet/Selje 2 toppar tabellen. 

NB! A-laget si trening er utsett til kl. 20.30. 



13.06 Sosialt samvær på Expeditionen etter kampen

Det blir sosialt samvær på Expeditionen etter kampen mot Heia fredag 16. juni. Det er Heia som har tatt initiativ til dette og alle som ynskjer det kan ta turen. 

Kampen Haugen-Heia blir spelt på Klenkarberget kl. 19.00.  

NB! Haugen trenar onsdag kl. 20.00 på Klenkarberget. 

Ver med i konkurransen om eit Haugenkrus.
Den fyrste som sender inn rett svar på sluttresultatet i kampen Haugen-Heia vinn eit Haugen-krus. 

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen. I gjesteboka kan du også sjå kva andre har tippa tidlegare. 




Expeditionen


13.06 Haugen vann 3-0 mot Svelgen 

Haugen sitt småjentelag vann i kveld 3-0 heime mot Svelgen på Klenkarberget. Dommar Øystein Haugland kan berette frå kampen at måla til Haugen vart sett inn av Mette Bakke (2) og Malin Bjørhovde. Alle tre måla kom før pause. 

Haugen sitt småjentelag spelar sin sist kamp i vårsesongen tysdag 20. juni. Då er Bremanger motstandar på bortebane. Haugen ligg på ein glimrande andreplass på tabellen, berre slått av Skavøypoll. Skavøypoll har vore heilt suverene til no i sesongen og vann i kveld 15-0 heime mot Bremanger. 

Kaupanger ute av cupen 
Damelaget til Kaupanger tapte i kveld    5-0 i 2. rundekampen mot Arna-Bjørnar. 

Tidlegare Kaupanger-spelar Elise Thorsnes laga tre mål mot sine gamle lagvenninner. Stine Andreassen og Maren Mjelde laga dei to andre måla til bortelaget. 




Elise Thornes, Arna Bjørnar 
Foto: Yngve Tolaas


13.06 Eid 2 knuste Veten/Hardbagg heile 12-0 

Eid 2 vann i kveld heile 12-0 heime mot Veten/Hardbagg på Eid Stadion. V/H spelte fyrste halvtimen med berre ti mann og tapte berre denne halvtimen 1-0. Men utover i kampen kom klasseforskjellen på laga bedre fram og Eid vann til slutt med 12 mål. Laga gjekk til pause på stillinga 4-0. 

Sjå fakta og bilder frå kampen.

I den andre kampen i 6. divisjon avdeling 4 som blei spelt i kveld, vann Skavøypoll sitt andrelag 7-1 borte mot Selje2/Stadlandet. 

Bildet: Kim Svarstad, Eid


13.06 Sogndal møter Stabæk i cupen

Sogndal skal møte Stabæk i 3. runde i årets NM. 

NFF har sett opp 3. runde slik : 
Follo - Molde
FC Lyn Oslo - Pors Grenland
Stabæk - Sogndal
Ham-Kam - Moss
Hønefoss - Vålerenga
Kongsvinger - Fredrikstad
Rosenborg - Raufoss
Brann - Levanger
Sandefjord - Skeid
Mandalskam. - Odd Grenland
Bryne - Strømsgodset
Viking - Manglerud Star
FK Haugesund - IK Start
LøvHam - Aalesund
Bodø/Glimt - Tromsø
Harstad - Lillestrøm

Kampdato er sett til onsdag 5. juli.




Rune Bolseth, Sogndal


13.06 Kampoppsett miniputturnering 18. juni

Søndag 18. juni arrangerar Kjølsdalen Idrettslag miniputturnering på Klenkarberget. 

Oppsettet er no klart og du kan sjå det ved å klikke her. 

Dei to turneringane som blir arrangert etter sommarferien blir arrangert 27. august og 17. september. Heia arrangerar turneringa 27. august, medan Haugen står som arrangør av årets siste turnering for miniputtane. 

Søndag 28. mai arrangerte Eid Idrettslag miniputturnering på Eid Stadion. 
Nokre bilder frå denne turneringa kan du sjå her.   


12.06 Tipp sluttresultatet i kampen mot Heia

Fredag 16. juni kl. er det på ny duka for lokalderby mot grøntrøyene frå Moskva. Underteikna har i kveld gøymt seg i buskene ved Hærmuseet for å spionere på treninga til Heia, og kan bekrefte at Heia virkar til å ha storformen inne. Men Haugen kjem ikkje til å gje seg uten kamp, og alle fotballinteresserte bør få med seg denne godbiten. Kampen blir spelt på Klenkarberget kl. 19.00. 

Ver med i konkurransen om eit Haugenkrus.
Den fyrste som sender inn rett svar på sluttresultatet i kampen Haugen-Heia vinn eit Haugen-krus. 

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen. I gjesteboka kan du også sjå kva andre har tippa tidlegare. 



Trond Kroken, Heia


12.06 Kampar tysdag 13. juni


6. div Menn avd 1

19:00 Hafslo - Sogndal 3 
19:00 Veitastrond - Balestrand 

6. div Menn avd 2
18:00 Anga - Hyllestad 

6. div Menn avd 3
18:30 Eikefjord 2 - Svelgen 
19:00 Sandane 2 - Vikane/Olden 
19:00 Florø 3 - Hyen 

6.div Menn avd 4
18:30 Eid 2 - Veten/Hardbagg 
19:00 Selje 2/Stadlandet - Skavøypoll 2 

J 13/14 avd 6
18:00 Tornado Måløy - Heia 
18:00 Skavøypoll - Bremanger 
18:00 Haugen - Svelgen 

NM Kvinner
19:00 Kaupanger - Arna - Bjørnar 


Steffen Sture Olsen, Eid


12.06 Småguttelaget vann 4-1 mot Stryn

Haugen sitt småguttelag i 1. divisjon vann i kveld 4-1 heime mot Stryn. 

Christoffer Hafsås laga alle fire måla til Haugen i ein kamp der pauseresultatet var 0-0. Haugen toppar med dette tabellen i det ein kamp gjenstår. 
Haugen spelar siste vårkampen borte mot Eid måndag 19. juni.  

Fjøra vann i kveld  heile 5-0 heime mot mot Sogndal 2 på Sogndal Stadion. Heimelaget leia 3-0 til pause. 

I ein kamp i 5. divisjon spelte Vadheim/Høyang 2 og Bjørn uavgjort 1-1. 

Bildet: Christoffer Hafsås, Haugen


12.06 Eid arrangerar Tine Fotballskule

Eid sine nettsider melder følgjande: 

Tine Fotballskule vert arrangert 16., 17. og 18. august. Aldersgrupper vert 8-14 år. Prisar er kr 450,- for ein person, kr 750,- for to søsken og kr 1.000,- for tre søsken. Frist for å melde seg på er satt til 10. juli.

Påmeldingsadressa er: eidtinefotballskule@hotmail.com

Vi kjem til å dele inn i eigne jentegrupper og ha eigen keeperskule.


11.06 Haugen spelar toppkamp mot Stryn

Haugen sitt småguttelag i 1. divisjon spelar måndag 12. juni toppkamp mot Stryn. Kampen blir spelt på Klenkarberget kl. 19.00. Siste kampen til småguttelaget i vårsesongen er borte mot Eid måndag 19. juni. 
  
Andre kampar måndag 12. juni:

Smågutar 13/14 1 div vår avd 2
19:00 Skavøypoll - Tornado Måløy 
19:00 Haugen - Stryn 1 

3. div Menn avd 16
19:00 Fjøra - Sogndal 2 

5. div Menn
19:00 Vadheim/Høyang 2 - Bjørn 

Bildet: Christoffer Hafsås, Haugen


11.06 Hornindal tapte 1-0 mot Syril

Hornindal tapte i ettermiddag 1-0 mot Syril på Hornindal Stadion. Jon Espen Joranger laga kampens einaste mål tretten minutt ut i fyrste omgang. Syril mangla mange spelarar til denne kampen og prøvde forgjeves å få utsett kampen. Men sjølv om Syril kom med berre 11 spelarar, tok dei noko overraskande med seg alle tre poenga tilbake til Sogn. 

Sjå nokre bilder frå kampen.

3. div Menn avd 16
Stryn-Høyang 6-5

4. div Menn
Eikefjord-Loen 12-1 
Førde 2-Askv./Holmedal 3-1 
Hornindal-Syril 0-1 
Årdal 2-Jølster 2-1

5. div Menn
Oppstryn-Kaupanger 2 1-3




Matchvinnar Jon Espen Joranger


11.06 Dramatikk i Stryn 

Stryn vann i ettermiddag 6-5 mot Høyang på Stryn Stadion. Høyang som har tapt med kalassiffer dei siste gongane dei har møtt Stryn på bortebane, hadde tydlegvis bestemt seg for at i dag skulle dei snu trenden. 

Morten Kåre Eriksen gav bortelaget leiinga både 1-0 og 2-0 før halvtimen var spelt. Stryn hadde det meste av banespelet i kampen, men Høyang var farlige nesten kvar gong dei gjekk i angrep. Omlag ti minutt før kvilen reduserte Per Ole Tenden til 2-1 på straffe. 2-1 var også pauseresultatet i kampen. 

Andre omgang blei eit festfyrverkeri av ein omgang. Kvarteret ut i omgangen utlikna Ulrik Flo til 2-2, og dei fleste rekna med at heimelaget kom til å køyre over Høyang  på slutten av kampen, som dei har gjort fleire gongar før. Men Høyang var virkeleg på hugget i denne kampen og berre to minutt etter gav Robin Frichsen Høyang leiinga 3-2. Frå hjørnet av 16-meteren skaut han ballen i nota, heilt ned i lengste hjørnet for keeper Kristoffer Grodås. 

Omlag tjue minutt før slutt utlikna Trond Leirgulen til 3-3 på ein corner. Rett etter fekk Stryn påny straffe frå kampens dommar Tommy Skjerven. Nok ein gong var Per Ole Tenden sikker frå 11-meteren, og Stryn var i leiinga for fyrste gong i kampen. Tretten minutt før slutt var Kristoffer Grodås uheldig og miste ballen etter eit langt overlegg. Banas beste spelar , Morten Kåre Eriksen, var sjølvsagt på rett plass og trilla enkelt inn utklikninga til 4-4. Like etter bytta Stryn inn sin toppskårar Mats Solheim. Solheim brukte berre eit minutt på bana før han dunka inn 5-4 til Stryn. Då trudde i alle fall dei 130 frammøtte på Stryn Stadion at alle tre poenga blei igjen i Nordfjordbygda. 

Men nok ein gong surra Stryn det til for seg sjølv. Seks minutt før full tid måtte Endre Lødemel felle ein angripar i klar skåringsposisjon og Tommy Skjerven hadde ikkje noko valg. Lødemel fikk det raude kortet og måtte ta ein tidleg dusj. Frisparket etter utvisninga sette Edin Agovic rett i mål uten sjanse for Kristoffer Grodås. Tre minutt på overtid fall avgjerda i kampen. Asbjørn Tenden kom seg fint fri på høgrekanten og innlegget kunne John Terje Tjellaug sette enkelt i mål til stor lettelse for alle som holdt med Stryn i kampen. 

Sjå fakta og bilder frå kampen.  

Laurdag 17. juni er det duka for toppkamp mellom Førde og Stryn på Førde Stadion. 


Morten Kåre Eriksen


Tommy SKjerven gir gult kort til Edin Agovic


Rune Myklebust og Edin Agovic


11.06 Kampar i dag søndag 11. juni 

Smågutar 13/14 1 div vår avd 2
17:00 Florø 1-Eid 1 

3. div Menn avd 16

16:00 Stryn-Høyang 

4. div Menn
15:00 Eikefjord-Loen 
15:00 Hornindal-Syril 
15:00 Årdal 2-Jølster 
15:00 Førde 2-Askv./Holmedal 

5. div Menn
15:00 Oppstryn-Kaupanger 2 

Bildet: Rune Myklebust, Stryn.


10.06 Runde 9 i den lokale 3. divisjon 

Dale-Skavøypoll 6-1 (3-0)
1-0 Stian Neset (13. min)
2-0 Ole Petter Mundal (22. min)
3-0 Are Gunnar Korsvoll (45. min)
3-1 John Martin Gil, straffe (50. min)
4-1 Asgeir Steindal (54. min)
5-1 Kennet Vik (83. min)
6-1 Oddgeir Lammetun (85. min)

Sandane-Kaupanger 1-2 (1-1)
1-0 Ole Andre Aa (22. min)
1-1 Andreas Bjelde (34. min)
1-2 Jon Arve Hatlevoll (94. min)

Selje-Førde 2-4 (0-1)
0-1 Steinar Tenden (32. min)
1-1 Frode Nøstdal, straffe (49. min)
1-2 Henrik Hagen (56. min)
2-2 Roger Hamre (89. min)
2-3 Pål Arve Myklebust (90. min)
2-4 Nicolai Øveraas (92. min)

Kampfakta er henta Firda.no 

Eid-TMFK (sjå eiga sak)

Søndag 11/6 kl. 16.00 Stryn-Høyang
Måndag 12/6 kl. 19.00 Fjøra-Sogndal 2

Fakta og bilder frå kampen Stryn-Høyang kan du sjå her på haugenfotball.no i morgon kveld. 

Kaupanger tapte toppkampen.
Kaupanger tapte i dag 4-1 mot Sola i toppkampen for damer i 2. divisjon. Neste seriekamp for Kaupanger er heime mot Vard Haugesund laurdag 17.  juni. Men fyrste ventar Arna-Bjørnar og Elise Thorsnes i 2. runde i cupen tysdag 13. juni.   


Kennet Vik, Dale


Andrea Opseth, Kaupanger


10.06 Lise Igland Senneset med ti mål i ein kamp

Lise Igland Senneset sto i dag for ein prestasjon ein sjeldan ser maken til. I jentekampen mellom Bremanger og Syril laga likegodt Lise alle ti måla til heimelaget. 

Bremanger sitt jentelag har vunne alle åtte kampane sine i vårsesongen og står bokført med ein målskilnad på 39-4. 

Les meir på Bremanger sine nettsider. 

Ann Katrin Grotle debuterte i dag på det norske J17-landslaget. Norge tapte 1-0 etter at Nederland skåra kampens einaste mål ti minutt etter kvilen. 
Grotle spelte frå start i kampen , men blei bytta ut eit stykke etter kvilen. 

Les meir på fotball.no    


10.06 Årdal fekk så hatten passa

Årdal var totalt sjanselause i bortekampen borte mot Lørenskog i dag. Preben Gilleshammer (bildet) fekk sin seridebut for året og måtte plukke heile ni ballar ut av eige mål. Med 9-0 i sekken er Årdal heilt ned i sumpa i 2. divisjon avdeling 4. 

Neste kamp for Årdal er heime mot Tønsberg laurdag 17. juni. 

Lørenskog-Årdal 9-0 (5-0)
1-0 Petter Larsen (7 min)
2-0 Andreas Moen (17. min)
3-0 Kim Holmen (23. min)
4-0 Gunnar Nordbø (38. min)
5-0 Petter Larsen (44. min)
6-0 Ardian Gashi (66. min) 
7-0 Anders Eng (77. min)
8-0 Ardian Gashi (82. min)
9-0 Jørgen Risnes (85. min)

Kampfakta er henta frå Årdal si nettside. 


10.06 Eid burde vunne mot TMFK

Etter ein nølande start i dag var Eid det klart beste laget utover i kampen. Men etter vannvittig dårleg utnytting av sjansane blei det "berre" 1-1 mot TMFK i ettermiddag. 

Eirik Rutledal gav TMFK leiinga etter 27. minutt. Rutledal fekk stå umarkert på bakerste stolpe på ein corner frå Sten Are Edvardsen, og heada ballen enkelt i mål. Heilt på slutten av omgangen var Eid to gongar åleine mot keeper, men verken Stian Sandal eller Edgar Flo makta å overliste Per Magne Løken. 

Kvarteret ut i andre omgang utlikna Eid til 1-1 på eit frispark frå midtbana. Geir Moldestad la eit langt og presist frispark i retning banas beste spelar, Erik Salveson. Salveson var suveren i lufta og stanga ballen i mål bak ein sjanselaus Per Magne Løken. 

Etter dette hadde Eid mange store sjansar og TMFK var heldige som fekk med seg eit poeng heim igjen i dag. 

Sjå fakta og bilder frå kampen. 

Resultat 3. div Menn avd 16
Selje-Førde 2-4 
Sandane-Kaupanger 1  2 
Dale-Skavøypoll 6-1 
Eid-Tornado Måløy 1-1




Dommar Rolf Kåre Almenning, Håvard Kroken Karlsen og Eirik Rutledal.  


10.06 Sogndal møter Hødd på Eid Stadion

Dagleg leiar i Eid, Ørjan Solheim, seier at i går blei det bekrefta at Sogndal møter Hødd til treningskamp på Eid Stadion fredag 23. juni. 

Dermed blir det ein duell mellom Eidarane Bjørn Totland og Stig Nord. Begge har hatt ein tøff start på sesongen i 1. divisjon. 

Totland og Hødd ligg klart sist  på tabellen, med berre tre poeng på 11 kampar, og noko må skje om Hødd skal vere eit 1. divisjonslag også neste år.  

Sogndal og Stig Nord har heng på kvalifiseringsplassen til tippeligaen, når omlag 1/3 av sesongen er ferdigspelt. Men med to uavgjort mot to av botnlaga i dei to siste rundane, har Sogndal vist ei dalande formkurve før sommarpausen. 

Kampstart for Sogndal-Hødd er sett til kl. 15.00.



Stig Nord, 
trenar Sogndal


10.06 Kampar i dag laurdag 10. juni

Fire kampar i den lokale 3. divisjon blir spelt i ettermiddag. 

NB!
Selje sin kamp mot Førde er framskunda ein time frå kl. 16.00 til kl. 15.00. 

3. div Menn avd 16
15:00 Selje - Førde 
16:00 Eid - Tornado Måløy 
16:00 Sandane - Kaupanger 
16:00 Dale - Skavøypoll 

Dei to andre kampane i tredje divisjon blir spelt slik: 
Søndag 11. juni kl. 16.00 
Stryn-Høyang
Måndag 12. juni kl. 19.00
Fjøra-Sogndal 2

Kaupanger toppar 2. divisjon  
I 2. divisjon kvinner avdeling 4 er det duka for toppkamp i dag. Kaupanger leiar tabellen på bedre målskilnad enn dagens motstandar Sola. Begge står bokført med 16 poeng, to føre Sandviken 2, etter at seks serierundar er spelt. Kampen Kaupanger-Sola blir spelt på Kaupanger Stadion kl. 13.00. 




Anya Bruhaug og Hilde Katrine Hovland, Kaupanger


10.06 Ann Katrin Grotle spelar frå start

Ann Katrin Grotle frå Bremanger er plukka ut i startoppstillinga til J17-landslaget sin bortekamp mot Nederland i ettermiddag. Kampen blir spelt  på “Ter Specke” Sportpark i Lisse kl. 16.00. 

Norge stiller med følgjande lag:
Helene Hæg
Ada T. Lysvik
Hedda V. Lassen 
Marita S. Lund 
Anne Grete Storli 
Katrine Andresen 
Mari R. Stavne 
Heidi Mogstad 
Julie Adserø 
Ann Katrin Grotle 
Linn Aarland

Saka er henta frå Fotball.no



Ann Katrin Grotle, Bremanger


09.06 Resultat kampar i kveld

Ein del kampar i dei lavare divisjonane er blitt spelt i kveld. Damelaget til Eid tapte heile 6-0 heime mot Førde, medan Bremanger sitt herrelag vann 1-0 i  lokalderbyet mot TMFK 2.

5. div Menn
Lærdal - Vik 1 - 1 
Tornado Måløy 2 - Bremanger 0 - 1

6. div Menn avd 2
Atløy - Førde 3  1 - 6

6. div Menn avd 3
Breimsbygda - Sandane 2  2 - 3

6.div Menn avd 4
Flatraket - Haugen 4 - 0

3. div kvinner
Eid - Førde 0 - 6 
Jølster - Høyang 6 - 1 
Sogndal - Balestrand 3 - 0



Tonje Nordheim Tangerud, Eid


09.06 Haugen tapte 4-0 mot Flatraket

Haugen tapte i kveld 4-0 borte mot Flatraket på Naustteigen Stadion. Laga gjekk til pause på stillinga 0-0 etter ein jamnspelt og sjanserik fyrsteomgang. Flatraket hadde dei største sjansane før kvilen, men greidde ikkje å overliste Ørjan Solheim i Haugen sitt mål. 

I andre omgang virka det som at heimelaget var hakket kvassare enn Haugen. Flatraket vann dei fleste duellane og etter 20 minutt av andre omgang kom Flatraket sitt fyrste mål. 
Banas klart beste spelar, Roger Nygård, kom høgast på eit frispark frå Johannes Solheim. Headinga frå Nygård var godt plassert og Ørjan Solheim i Haugen sitt mål var sjanselaus på skåringa. Etter dette bølga spelet fram og tilbake og med litt tur kunne Haugen utlikna etter ein tabbe i Flatraket sitt forsvar. Men Flatraket virka til å ha full kontroll, og bakerst var Rune Nyheim sikkerheten sjølv. Etter kampen strålte Nyheim om kapp med sola og var svært nøgd med å ha holdt nullen i kveld.

På slutten satsa Haugen alt framover og då rann måla inn bakover. Tre minutt før full tid var Roger Nygård igjen på rett plass i feltet. Nygård traff klokkereint på ein corner frå Håvard Nyheim, og heada ballen rett i krysset. Minuttet etter gjekk Martin Rasmussen på eit godt løp, og frå omlag 16 meter klinka han ballen i det lengst hjørnet for keeper. På overtid fastsette Håvard Nyheim sluttresultatet til 4-0. Nyheim kom fyrst i ein duell med Ørjan Solheim utanfor 16-meteren, og kunne enkelt trille inn 4-0 til heimelaget. 

Best på Haugen i dag var midtstoppar Matias Lien. 

Sjå fakta og bilder frå kampen. 


Stephan Lexau, Flatraket og Kim Tore Gilleshammer, Haugen 


Rune Nyheim, Flatraket


09.06 Kampar i dag 9. juni

Haugen spelar i dag for sin fyrste siger for sesongen. Etter å ha tapt alle tre kampane til no denne sesongen, skal Flatraket få køyrt seg på Naustteigen Stadion i kveld. Bilder og fakta frå kampen ser du her på haugenfotball.no så snart underteikna har surra seg heim igjen frå kampen.  

5. div Menn
19:00 Lærdal - Vik 
19:00 Tornado Måløy 2 - Bremanger 

6. div Men avd 1
18:00 Balestrand - Hafslo 

6. div Menn avd 2
19:30 Atløy - Førde 3 

6. div Menn avd 3
19:00 Breimsbygda - Sandane 2

6.div Menn avd 4
19:00 Flatraket - Haugen 

3. div kvinner
19:00 Sogndal - Balestrand 
19:00 Jølster - Høyang 
19:00 Eid - Førde 



Runar Øien spelte ein god kamp i bortekampen mot Selje2/Stadlandet som enda med tap 3-1. Sjå bilder og fakta frå denne kampen.


09.06 Oddskonkurransen runde 9

Rundens deltakar er Jonny Frislid. Frislid har vist stor kunnskap i Fjordabladet si lokaltipping, der han skrapa seg fram til 100 kroner på et av lodda han fikk som gevinst.

Selje-Førde  B Odds: 1,30
Eid-TMFK  B Odds: 2,15
Stryn-Høyang  H Odds: 1,20
Fjøra-SIL 2  B Odds: 1,75

Totalodds: 5,87

Reglar for Oddskonkurransen:
I kvar runde skal ein utvalgt eller kvalifisert deltakar tippe minst to og maks fire kampar frå den lokale 3. divisjon.

Konkurransen skal gå over 22 rundar, der dei to siste rundane er ein rein finale mellom fem finalistar. 

Dei tjue fyrste rundane blir delt inn i fem "semifinalar". Deltakarane i runde 1-4 konkurrerar om den fyrste finaleplassen. Den av dei fire deltakarane som får inn kupongen med høgast totalodds går til finalen. 

Slik blir det også i runde 5-8, 9-12, 13-16 og 17-20. På den måten får ein fem finalistar som skal konkurrere om å oppnå høgast odds samanlagt i dei to finalerundane. 

Vinnaren av Oddskonkurransen får ein konto på kr. 3000,- hos NordicBet.com. 

Yngve Tolaas og Kristoffer Aarskog har kvalifisert seg til finalen, etter å ha vunne kvar sin semifinale. Finalen blir avvikla i 21. og 22. runde i den lokale 3. divisjon.   



Jonny Frislid

Foto: Yngve Tolaas, Fjordabladet




Yngve Tolaas 


08.06 Resultat kampar i dag 

Lilleguttlaget til Haugen 2 i G11 vann i ettermiddag 4-1 mot Eid 1 på Plassen. Haugen spelte ein god kamp og underteikna var spesielt imponert over det flotte samspelet til Haugen. 
I ein annan kamp på Plassen i G11 vann Eid 2 komfortabelt 6-2 mot Sandane. 

Haugen 1 sitt lag i G11 tapte i kveld 5-4 borte mot Skavøypoll. Haugen leia kampen 1-0, 2-1, 3-2 og 4-3, men på slutten av kampen var Skavøypoll best og vann til slutt med eitt mål.  

Eid sitt guttelag tapte i kveld 6-2 heime mot Førde 1. Førde 1 og Sogndal 1 er dei to klart beste laga i 1. divisjon, med laget frå Sunnfjord eitt poeng føre Sogndal 1 på tabellen. 
Måla til Førde 1 vart sett inn av: Vincent Aardalsbakke (3), Jan Inge Dvergsdal, Ivan Dvergsdal og Ruben Holsæter. 

På Eid stadion trena Eid sitt 3. divisjonslag i kveld. Azar Karadas var på gjestevisitt og sjøv om ikkje Azar gav alt i duellane, trur eg kanskje han  kunne spelt seg til ein plass i startoppstillinga til Eid.

Bilder frå ein innholdsrik Eidatur.




Åge Solheim, Haugen


08.06 Eit lite utvalg av kampar i dag torsdag 8. juni

Alle tre lilleguttlaga til Haugen skal i aksjon i dag. 

G11 avd 7
18:00 Selje - Bryggja 
18:00 Skavøypoll - Haugen 1 

G11 avd 8
18:00 Eid 1 - Haugen 2 
18:00 Eid 2 - Sandane 
18:00 Tornado Måløy 2 - Stryn 

G12 avd 6
18:00 Haugen - Selje 
18:00 Tornado Måløy - Leirgulen 
18:00 Bremanger - Skavøypoll 

Gutar 15/16 1 div vår
19:00 Florø 1 - Sogndal 1 
19:00 Høyang - Tornado Måløy 1 
19:00 Eid - Førde 1 

NM Menn - 2. runde 
18:00 Sogndal - Årdal  




Kai Arne Humborstad, Eid


07.06 Køyreliste til bortekampen mot Flatraket

Underteikna har sett opp køyreliste for kampen Flatraket-Haugen fredag 9. juni. Ein må vere på Flatraket seinast kl. 18.15. Eventuelle spørsmål rettast til sjåfør (den som står med feit skrift) eller underteikna.  

Stig: Runar, Torleiv, Hans Thomas og Mikael. 

Hans Petter: Matias, Odd Kjetil og Kim Tore.

Bjørn Erik: Tore, Stig Tore og Bengt (Kenneth??). 

Øystein: Ørjan

Cato Magne er i byen og køyrer sjølv. 



Kenneth Berstad og Kim Tore Gilleshammer 


07.06 Tipp sluttresultatet i kampen mot Flatraket

Fredag 9. juni kl. 19.00 spelar Haugen bortekamp mot Flatraket. 

Haugen har skuffa til no denne sesongen og står med tre strake tap, medan Flatraket har overraska og står bokført med to sigrar og to tap. 

Ver med i konkurransen om eit Haugenkrus.
Den fyrste som sender inn rett svar på sluttresultatet i kampen Flatraket-Haugen vinn eit Haugen-krus. 

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen. I gjesteboka kan du også sjå kva andre har tippa tidlegare. 



Øystein Haugland, 
Haugen


07.06 Thorsnes med i troppen til VM-kvallik mot Hellas

Bjarne Berntsen har teke ut Elise Thorsnes i troppen til VM-kvalifiseringskampen mot Hellas på heimebane. Kampen blir spelt på Halden stadion tysdag 20. juni. 

Heile troppen: 
Ingrid Hjelmseth. Trondheims-Ørn 
Bente Nordby, Djurgården/Älvsjö 
Marit F. Christensen, Røa 
Gunhild B. Følstad, Trondheims-Ørn 
Madeleine Giske, Arna-Bjørnar 
Ragnhild Gulbrandsen, Asker 
Isabell Herlovsen, Kolbotn 
Camilla H. Huse, Kolbotn 
Maritha Kaufmann, Team Strømmen 
Leni Larsen Kaurin, Asker 
Lise Klaveness, Umeå IK 
Marie Knutsen, Røa 
Unni Lehn, Trondheims-Ørn 
Siri Nordby, Røa 
Trine Rønning, Kolbotn 
Ane Stangeland, Kolbotn 
Ingvild Stensland, Kolbotn 
Elise Thorsnes, Arna-Bjørnar 

Saka er henta frå fotball.no




Elise Thornes, Arna Bjørnar 
Foto: Yngve Tolaas


07.06 Sogndal møter Årdal på heimebane i Cupen

Torsdag 8. juni møter Sogndal Årdal FK på heimebane i 2. runde i NM herrer. 
Sogndal og Årdal er dei einaste to laga som er igjen i cupen frå fylket. 
Kampen blir spelt på Fosshaugane Camus kl. 18.00

To kampar blir spelt i kveld, medan resten av kampane er terminfesta til torsdag ettermiddag. 

7/6 18:00 Aalesund-Ranheim
7/6 18:00 Lørenskog-Lillestrøm
8/6 18:00 Lisleby-FC Lyn Oslo
8/6 18:00 Sprint/Jeløy-Fredrikstad
8/6 18:00 Moss-Kjelsås
8/6 18:00 Manglerud Star – Fana
8/6 18:00 Korsvoll-Odd Grenland
8/6 18:00 Skeid-Notodden
8/6 18:00 Bærum-Sandefjord
8/6 18:00 Eidsvold Turn-Kongsvinger
8/6 18:00 Raufoss-Groruddalen
8/6 18:00 FF Lillehammer-Vålerenga
8/6 18:00 Gjøvik/Lyn-HamKam
8/6 18:00 Strømsgodset-FK Tønsberg
8/6 18:00 Pors Grenland-Drøbak/Frogn
8/6 18:00 Flekkerøy-Viking
8/6 18:00 Ålgård_Mandalskameratene
8/6 18:00 Klepp-Bryne
8/6 18:00 Kopervik-Start
8/6 18:00 Fyllingen-Hønefoss BK
8/6 18:00 Askøy-FK Haugesund
8/6 18:00 Voss-Brann
8/6 18:00 Sogndal-Årdal
8/6 18:00 KIL/Hemne-Molde
8/6 18:00 Byåsen-LøvHam
8/6 18:00 Kolstad-Stabæk
8/6 18:00 Strindheim-Follo
8/6 18:00 Levanger-Hødd
8/6 18:00 Steinkjer-Rosenborg
8/6 18:00 Bodø/Glimt-Skarp
8/6 18:00 Tromsdalen-Harstad
8/6 18:00 Hammerfest-Tromsø

Henta frå fotball.no


Rune Førde, Årdal


Håvard Flo, Sogndal


06.06 Sogndal 2 vann 4-1 heime mot Høyang

I den lokale 3. divisjon vann i kveld Sogndal sine nest beste 4-1 heime mot Høyang. 

Kristian Ingi Nesse gav bortelaget leiinga 1-0 etter berre to minutt av kampen. Men heimelaget hadde full kontroll i kampen og etter to skåringar av Frode Savrdal og eit mål av Mathias Eikenes  gjekk heimelaget til pause med 3-1 leiing. 

Omlag 20 minutt før slutt laga Mathias Eikenes sitt andre mål for dagen og fastsette med det sluttresultatet til 4-1. 
Sogndal 2 klatra med dette resultatet forbi Førde og opp på ein andreplass på tabellen. Berre to poeng bak Stryn på tabelltoppen. 

Bildet: Mathias Eikenes, Sogndal


06.06 Haugen/Eid tapte 5-2 borte mot TMFK 2

Stian Aaland har sendt følgjande referat frå guttelaget til Haugen/Eid sin bortekamp mot TMFK 2:

Kampen starta greitt for bortelaget. Etter 4 minutt av kampen skyt Bjørn Erik Lote Henden i stolpen etter ein god corner frå Marius Hagen. Så er det ein litt tam periode og etter 12 minutt tek TMFK leiinga. Heimelaget styrer i grunnen det meste i første omgang, sjølv om Haugen/Eid tidvis glimtar til med bra spel. Begge lag har sjansar til å score, men det er Tornado Måløy som klarer å få ballen mellom stengene. Dei legg på til 2-0 etter 28 minutt, før Haugen kjem meir inn i kampen og skaper tre store 
sjansar mot slutten av omgangen. Men avslutningane går utanfor eller rett 
på keeper, og heimelaget held tomålsleiinga til pause.

På dei ti første minutta etter pausen scorar heimelaget på to cornerar og 
aukar leiinga til 4-0. Dette vekker endelig Haugen/Eid, som dominerer dei 
siste 25 minutta av kampen. Dei spelar seg til fleire store sjansar, men klarer ikkje å redusere før Eivind Daniel Røed går på eit kanonraid, spelar vegg med Kjetil Remme og kjem åleine mot keeper. Han set ballen sikkert til side for keeper og i mål. Det står no 4-1 etter 64 minutts spel. Fem minutt etter vert Espen Aaland spelt glimrande igjennom. 
Heimelaget ropar på offside, men kampens gode dommar let heilt korrekt 
spelet gå. Espen rundar keeper og set ballen i det tomme målet. Etter 
dette pressar Haugen/Eid på for endå ei redusering, men i staden er det 
TMFK 2 som scorar kampens siste mål på overtid. Like etter bles dommar 
Anders Ytterland av kampen, som altså endar 5-2.

Sjanse- og spelemessig var Haugen fullt på høgde med heimelaget i store 
delar av kampen, og det hadde vel faktisk ikkje vore heilt ufortent om dei 
hadde vunne kampen. Resultatet lyg vel litt, men det er framleis måla som tel i fotball, og effektiviteten til heimelaget vart avgjerande i kveld.



Espen Aaland



Kjetil Remme 


06.06 Eid 2 vann 3-1 borte mot Heia

Eid 2 vann i kveld 3-1 borte mot Heia på Eid Idrettspark. Heia var med på notane heile kampen, og det hadde ikkje vore noko å sei på om heimelaget hadde fått med seg eit poeng frå lokalderbyet. 

Fyrste omgang var relativt jamnspelt og begge laga hadde sine store sjansar til å lage mål. Nærmast for Heia var Stein Inge Strøm då dunka eit frispark frå 20 meter rett i stolpen. Rett etter sleppte Heia sitt forsvar ballen gjennom til Jim Tore Humborstad, som plutseleg stod heilt  åleine mot keeper. Men Roy Lasse Torheim kom glimrande ut og fekk avverga. Roy Lasse Torheim var uten tvil Heia sin beste spelar i kveld. Fleire gongar varta han opp med flotte reaksjonsredningar, og held på den måten Heia inne i kampen. Fem minutt før pause fekk Eid 2 eit noko tilfeldig mål. Eit skot frå Jim Andre Balsnes gjekk via Rune Venøy og i ein fin bue over Torheim i Heiamålet.    
1-0 var også pauseresultatet i kampen. 

Kvarteret ut i andre omgang auka Oddbjørn Melheim Eid 2 si leiing til 2-0. Torheim hadde eit par kjemperedningar i dette angrepet men på den tredje sjansen kunne ikkje Torheim redde Melheim sitt skot. Etter dette virka det som at Eid 2 prøvde å sikre sigeren med å legge seg litt lavare. Men Heia var aggressive og kvarteret før slutt fekk dei lønn for strevet. Kenneth Vedvik brukte sin enorme fart på høgresida, og avslutta sikkert nede til høgre for Ole Bjarte Taklo i Eid sitt mål. På stillinga 2-1 var det igjen spenning i kampen og Heia pressa på for utlikning. Men i staden for skåring til heimelaget fastsette Jim Tore Humborstad sluttresultatet til 3-1 tre minutt før slutt.  

I den andre kampen som blei spelt i 6. divisjon i dag, vann Selje2/Stadlandet 4-2 borte mot Veten/Hardbagg.  

Bilde 1: Jan Otto Bustadmo lurer Muhamet Barlla trill rundt. 

Bilde 2: Måljegeren 6. divisjon 2006, Tom Roger Hjelle, kom ikkje på skåringslista i kveld. 

Bilde 3: Dommar Rolf Lefdal viser det gule kortet til Stein Inge Strøm. 

Sjå fakta og bilder frå kampen.




06.06 Ann Katrin Grotle likevel med på J17-landslaget

Bremanger sine nettsider skriv at på grunn av nokre forfall er Ann Katrin Grotle henta inn i J17 landslagstroppen, som skal spele landskamp mot Nederland.

Kampen Nederland-Norge blir spelt på “Ter Specke” Sportpark i Lisse laurdag 10. juni kl. 16.00. 

Les meir om saka på Bremanger sine nettsider. 

I går vann Bremanger sitt jentelag 3-1 mot Førde på heimebane. Bremanger står dermed bokført med seks strake sigrar i 1. divisjon, og er på god veg mot eit forventa kretsmesterskap. På dei seks kampane har Bremanger skåra 26 mål og sleppt inn berre eitt. 

Bildet: Ann Kartin Grotle i fint driv under jentekampen mot Eid 4. mai. Sjå kampfakta og bilder frå denne kampen. 


06.06 Gisle Myhre med i landslagsgruppa G91

Gisle Myhre frå TMFK er blant dei 16 spelarane som er med i landslagsgruppa for spelarar født 1991. G91 har samling i Porsgrunn 26.-30. juni. 

Stefan Johansen, B/G
Christian Nordgaard, Strindheim 
Gisle Myhre, Tornado Måløy FK 
Vegard Karlsen, Brann 
Martin Vestbø, GrannKam/Vindafjord 
Arild Østbø, Viking FK 
Thomas Lia, MK
Jarle Belaska, FK Ørn 
Anders B. Fegri, Jevnaker IF 
Bardh Shala, Vålerenga Fotball 
Torstein Andersen Aase, Nordstrand IF
Joakim Eyde, Nesodden
Alexander Themte, Stabæk 
Aleksander Bachke, Moss FK
Abdissalam Ibrahim, Fjellhamar
Vegard E. Hedenstad, Elverum 

Saka er henta frå NFF sine nettsider. 



Gisle Myhre, TMFK


06.06 Eivind Daniel teken ut på Statoils Fotballakademi

Eivind Daniel Røed er teken ut til å vere med på Statoils Fotballakademi, som blir arrangert i Kristiansund 24.-30. juni.

NFF sine nettsider skriv følgjande: 
"For fjerde gang arrangeres Statoils Fotballakademi i Kristiansund, og hovedlæremesteren til 25 gutter og 25 jenter er ingen ringere enn Ole Gunnar Solskjær. Foruten om Manchester United-spilleren, stiller spillerutviklere i kretsene, samt gjestetrenere som Åge Hareide og Bjarne Berntsen."

Utenom Eivind Daniel er også Siri Ann Skagen frå Bjørn og Vilde Thorbjørnsen frå Høyang tekne ut til å vere med på Statoils Fotballakademi.

Saka er henta frå NFF sine nettsider.

Bildet: Eivind Daniel Røed under ei kretslagssamling på Eid Idrettspark sist vinter. 


06.06 Kampar i dag 6. juni

Grøntrøyene frå Moskva spelar i dag heimekamp mot Eid 2 kl. 19.00 på Eid Idrettspark. Laget som vart spådd som ein av dei store favorittane til å vinne 6. divisjon har skuffa stort til no, og står kun bokført med ein siger på tre kampar. 

Gutar 15/16 2 div avd 4 vår
19:00 Tornado Måløy 2-Haugen/Eid 

3. div Menn avd 16
18:30 Sogndal 2-Høyang 

6.div Menn avd 4
19:00 Heia-Eid 2 
19:00 Veten/Hardbagg-Selje 2/Stadlandet 

J 13/14 avd 6
18:00 Svelgen-Skavøypoll 
18:00 Bremanger-Tornado Måløy 
18:00 Heia-Haugen 



Thomas Frichsen, Høyang


05.06 Sogndal surra seg vekk mot Manglerud Star

Sogndal greidde berre 2-2 heime mot Manglerud Star i kveld. Sogndal leia 2-1 til kampen var på overtid, men gjestane berga uavgjort og eit poeng på straffe. 
Ahyee Aye Elvis var nok ein gong Sogndal sin beste spelar. 

Hødd og Bjørn Totland tapte 1-0 borte mot Løv Ham, og ligg med dette resultatet sist i Adeccoligaen. Totland spelte frå start, men blei bytta ut med Torgeir Rusten sju minutt før slutt. 

Haugesund-Kongsvinger: 1-1
Løv Ham-Hødd : 1-0
Moss-Follo: 1-2
Pors Grenland-Bodø/Glimt : 1-2
Sogndal-Manglerud Star: 2-2
Sparta Sarpsborg-Hønefoss BK: 1-0
Tromsdalen-Bryne: 1-1
Aalesund-Strømsgodset: 3-1


Ahyee Aye Elvis, Sogndal


05.06 Småguttelaget til Haugen vann 7-2 mot Skavøypoll

Haugen sitt småguttelag vann i kveld 7-2 heime mot Skavøypoll. Fyrste omgangen til Haugen var noko av det beste underteikna har sett av eit småguttelag. Haugen spelte glimrande fotball og valsa i periodar over bortelaget. Toni Lotsberg gav Haugen leiinga 1-0 etter 7 minutt, etter eit fint forarbeidd av Marius Hagen. Toni var også sist på ballen på 2-0 skåringa, men denne gongen var det Dan Jøran Hafsås som var arkitekten bak målet. Etter omlag tjue minutt heada Christoffer Hafsås inn 3-0 på ein corner frå Marius Hagen. Få minutt etter var det Hagen sin tur til å laga mål. Inne i 16-meteren venda han vekk ein forsvarar og sette ballen utagbart i mål bak Skavøypollkeeper Einar Dag Barmen.
Ti minutt før kvilen gjekk Haugen opp i 5-0 leiing. Dan Jøran Hafsås var på rett plass i feltet og styrte eit hardt innlegg/skot frå Christoffer Hafsås rett i mål, til stor jubel frå dei 50 tilskodarane.
Etter dette dabba Haugen litt og bortelaget kom meir med i kampen. To minutt før pause reduserte Nikolai Heggdal til 5-1, etter ein retur frå Haugen sin gode keeper Jim Rune Hoddevik. 

Andre omgang var mykje meir jamnspela enn det fyrste omgang var. Skavøypoll var meir med på notane, og spesielt 12 år gamle Henning Gangsøy imponerte med glimrande teknikk på venstrekanten. På slutten av kampen auka Haugen til 6-1 og 7-1, etter skåringar av Dan Jøran Hafsås og Christoffer Hafsås. Skavøypollspelar  Arild Sandal fekk æra av å fastsette sluttresultatet til 7-2 drøye fem minutt før slutt. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.


Henning Gangsøy, Skavøypoll


Toni Lotsberg, Haugen


05.06 Kristoffer er andre finalist i oddskonkurransen

Rune Haugland tippa likegodt feil på alle tre kampane i sitt forsøk i å kome til finalen i Oddskonkurransen. Dermed er det Kristoffer Aarskog som er kvalifisert til finalen med sin totalodds på 10,49 i sjuande runde. 

Rundens deltagar, Rune Haugland, hadde sendt inn desse tipsa. 

TMFK-Stryn B Odds: 1,55
Førde-Fjøra U Odds: 4,80
Kaupanger-Eid H Odds: 1,45
Totalodds: 10,79

Kjem tilbake med runde ni når helga nermar seg.


05.06 Kampar i dag 2. pinsedag

Haugen sitt småguttelag i 1. divisjon spelar i kveld seriekamp mot Skavøypoll på Klenkarberget. Haugen ligg på andre plass på tabellen, to poeng bak serieleiaren Stryn 1. Med siger til Haugen og Stryn 1 i dag er det duka for ein rein seriefinale mellom Haugen og Stryn 1 i siste serierunde. Haugen-Stryn 1 blir spelt på Klenkarberget måndag 12. juni. Men fyrst må Skavøypoll slåast i kveld og flest mogleg bør ta turen til Klenkarberget kl. 19.00 for å støtte heimelaget.

Smågutar 13/14 1 div vår avd 2
19:00 Stryn 1-Florø 1 
19:00 Haugen-Skavøypoll 
19:00 Eid 1-Tornado Måløy 

Adeccoligaen
Sogndal spelar i kveld kl. 19.00 heimekamp mot Manglerud Star på Fosshaugane Campus. Med siger i denne kampen er Sogndal fortsatt med i kampen om opprykk til Tippeligaen. Manglerud Star som er mest kjent som eit ishockeylag, har berre Follo og Hødd bak seg på tabellen og bør vere lett match for Sogndal. 

11. Serierunde
Haugesund-Kongsvinger
Løv Ham-Hødd 
Moss-Follo
Pors Grenland-Bodø/Glimt 
Sogndal-Manglerud Star 
Sparta Sarpsborg-Hønefoss BK
Tromsdalen-Bryne

I går vann Aalesund 3-1 mot Strømsgodset på Color Line Stadion. 


Anders Lillestøl, Haugen


Marco Reda, Sogndal


04.06 Azar dukka opp på Haugentrening

Haugen sine lilleguttlag fekk i dag celebert besøk på trening. Azar Karadas er heime på ferie og tok sporty ein tur på Klenkarberget, til stor glede for Haugen sine unge håpefulle. 

Sjå nokre bilder frå treninga.

Vidare kampoppsett for Haugen sine lilleguttlag:

G11 
Torsdag 8. juni kl. 18.00
Skavøypoll-Haugen 1
Eid 1-Haugen 2

Torsdag 15. juni kl. 18.00
Haugen 1-Selje
Haugen 2-TMFK 2

G12
Torsdag 8. juni kl. 18.00 
Haugen- Selje

Torsdag 15. juni kl. 18.00 
TMFK-Haugen


04.06 Tettar seg til i toppen

Det tettar seg til i toppen i 3. divisjon kvinner. I dag spelte Kaupanger 2 og Førde uavgjort 5-5, og innhar med dette resultatet dei to fyrste plassane på tabellen. Førde leiar eit poeng føre Kaupanger, som igjen har eit poeng meir enn Jølster, som ligg på tredje plass. 

Neste runde 3. div kvinner:
Onsdag 7. juni

19:00 Hornindal - Kaupanger 2 

Fredag 9. juni
19:00 Sogndal - Balestrand 
19:00 Jølster - Høyang 
19:00 Eid - Førde 

Bildet: Renate Buene og Elisabeth Flo, Kaupanger.


04.06 Besøkstala på Haugenfotball.no aukar kraftig

Frå å vere ei side med nokre få treff for dag har Haugenfotball.no blitt ei side med nesten tusen treff for dag. Tidlegare hadde sida berre nyheter frå Haugen sine lag, medan no prøvar underteikna i tillegg å få med seg litt meir av det som skjer i lokalfotballen i Sogn og Fjordane. I mai sette Haugenfotball rekord med nesten 23 000 besøkande. 

Antall treff: 
Januar 6 938
Februar: 10 316
Mars 17 296
April: 18 769
Mai: 22 797

Er nokon interessert i å sette sin logo på Haugenfotball.no er det berre å ta kontakt. 


04.06 Kenneth Berstad ute resten av vårsesongen

Haugen sin midtbanespelar Kenneth Berstad er ute med skade resten av vårsesongen. Berstad fekk seg ein smell i kneet under heimekampen mot Eid 2 forrige fredag. I eit forsøk på å stoppe ei klarering frå Eid sin keeper hoppa Berstad opp og fekk ballen i hovudet. Med en del rotasjon i kroppen landa Berstad feil og skada kneet. 

På bildet ser vi Øystein Haugland og Jim Andre Balsnes bere Kenneth Berstad av bana. 

Kenneth Berstad står bokført med sju kampar og eit mål for Haugen før denne sesongen. 


04.06 Kay Ove Hafsås avgjorde mot Hovdebygda

Tidlegare Haugenspelar og Haugen Fotball sin korrespondent på Sunnmøre, Kay Ove Hafsås, var onsdag sentral i Skarbøvik 2 sin 2-1 siger borte mot Hovdebygda. 

Bror til Kay Ove, Ronny Hafsås, fortel at den finslepne midtbaneeleganten frå Hafsåsneset spelte spiss i kampen og var involvert i begge måla. På det eine målet blei Kay Ove felt innanfor 16-meteren og SIF 2 fekk straffe, medan på mål nummer to var Kay Ove nest sist på ballen med ei genial pasning. 

Fredag fekk Hafsås 11 minutt som innbyttar for fyrstelaget i 4-1 sigeren borte mot Rollon. Hafsås kom på bana for Tom Erik Olsbø. 

Bildet: Kay Ove Hafsås fotografert etter ein kamp i Eidtrøya. 


04.06 Toppkamp i kvinnenes 3. divisjon

I dag spelar serieleiar Førde toppkamp  borte mot tabelltoar Kaupanger 2. Førde er ubesigra og står bokført med 13 poeng på fem kampar, medan Kaupanger har 12 poeng på seks kampar. Kampen blir spelt på Kvednhushaugen kl. 14.00.  

I ein annan kamp i samme divisjon i går vann Sandane 2-0 mot Hornindal. 
Kampen mellom Sogndal og Høyang blei av ein eller grunn utsett til seinare. 

Sandane-Hornindal 2-0 (2-0)
1-0 Linda Kleppe (26. min)
2-0 Britt Kristin Mjellem (44. min)

Les om denne kampen på STIL sine nettsider. 

Bildet: Hilde Cecilie Haukereid, Kaupanger


03.06 Miniputturnering sist søndag

Søndag 28. mai arrangerte Eid miniputturnering på Eid Stadion. 

Arrangøren var heldige med været og både små og store fekk ein fin dag på Stadion. 

Underteikna har plukka fram nokre bilder frå turneringa. 
Bildene kan du sjå her. 
  


03.06 Kampar i 4. og 5. divisjon

Det har i dag blitt spelt ein del kampar i den lokale 4. og 5. divisjon. 

I 4. divisjon toppar no Florø etter at dei vann 4-1 borte mot Jølster, medan. Eikefjord ligg hakk i hæl etter sin 3-0 siger borte mot Syril. 
I toppkampen mellom Loen og Årdal 2 leia Loen 2-0, men bortelaget kom sterkt tilbake og vann til slutt 3-2. 

4. div Menn
Syril-Eikefjord 0-3 
Askv./Holmedal-Hornindal 2-1 
Jølster-Florø 1-4
Loen-Årdal 2  2-3

I 5. divisjon vann  TMFK 2 1-0 borte mot Bjørn og klatra med det vekk ifrå sisteplassen på tabellen. 
Vik toppar denne divisjonen med full pott 18 poeng, etter at seks serierundar er spelt. 

5. div Menn
Kaupanger 2-Lærdal 2-2 
Bremanger-Oppstryn 5-1 
Bjørn-Tornado Måløy 2  0-1



Olav Eikenes, Loen


03.06 Årdal og Eid tapte sine kampar

Årdal FK tapte i går kveld 4-3 mot Vålerenga 2 på Jotun Stadion. Edvin Hestetun, Allan Jørgensen og Terje Andreas Jevnaker laga måla til heimelaget. 

Les meir på Årdal sine nettsider.

Damelaget til Eid tapte 5-1 borte mot Jølster. Dermed ligg Eid framleis på fjerde plass på tabellen. Med siger borte mot Jølster i går hadde Eid vore med heilt i toppen på tabellen. 

Nestekamp for Eid er heime mot Førde fredag 9. juni. 

Bildet: May Brith Haaland, Eid.


02.06 Stryn greidde "berre" 2-2 borte mot TMFK

Stryn  var klar favoritt i kveldens bortekamp mot TMFK. Kampen skulle gå på Måløy Stadion og underteikna troppa opp i siste liten, etter å ha fått med seg siste delen av småjentekampen Skavøypoll-Haugen. Men etter å ha køyrt fem minutt i motbakke og Poloen såg fram til å ta seg ein pust i bakken, såg eg til min store fortvilelse at det stod skrive på ein plakat at kampen var flytta til Refvik Stadion. Mildt sagt litt forbanna over at det ikkje var sett opp plakat litt lenger ned i bakkane heiv eg meg i bilen med retning for Refvik Stadion.   

På Refvik Stadion bles det friskt og det var ikkje tvil om at vinden kom til å sette sitt preg på kampen. Fem minutt forsinka heiv eg opp bildøra og fikk akkurat med meg at Per Ole Tenden hadde gitt Stryn leiinga 1-0 på straffe. 
Drøye fem minutt etter var TMFK sitt stortalent, Sveinung Frantzen, frampå og lagde sitt fjerde mål for sesongen. 15- åringen har fått ein kjempestart på sesongen og ingen hadde vel tippa at Frantzen skulle vere toppskårar fot TMFK etter åtte serierundar. 

Øivin Vabø gav TMFK leiinga 2-1 etter omlag 17 minutt av fyrste omgang, til stor jubel for dei 100 tilskodarane. Men heimepublikum var ikkje lenge i paradis, for halvvegs ut i omgangen var Erlend Nygård Kvalheim uheldig å heade ballen i eige mål. Dermed var laga like langt og det blei ikkje noko av den envegskøyringa mange hadde spådd før kampstart. 

Etter kvilen sette Stryn inn Mats Solheim som var plassert på benken i dag på grunn av ein smell han fekk i sist seriekamp. Solheim fekk ikkje utretta så mykje i dag og det blei med ein halvsjanse på slutten av kampen. Kvarteret før slutt fekk TMFK sin angripar, Øystein Hagen, sitt andre gule kort i kampen og måtte forlate bana. Dette såg ut til å tende heimelaget og rett etter hadde Leif Arne Iversen den største sjansen i andre omgang. Men åleine mot keeper blei han for nølande og Grodås redda meisterleg.

Dermed ebba kampen ut med 2-2 og poengdeling. 

Sjå fakta og bilder frå kampen. 




Flagget vaia godt i vinden i kveld.



Tommy Skjerven delte ut ein heil bunke med gule kort pluss eit rødt i kveld. 


02.06 Skavøypoll vann toppkampen mot Haugen

Haugen sitt småjentelag spelte i dag toppkamp mot Skavøypoll på Skavøypoll Stadion. Både Haugen og Bremanger har vunne alle sine kampar til no denne sesongen, og det var stor spenning kven av dei to laga som ville trekke det lengste strået. Skavøypoll tok tidleg føringa i kampen og det blei ikkje den toppkampen alle hadde venta. Til det var Skavøypoll for suverene, og heimelaget  vann til slutt heile 10-0. Resultatet til pause var 5-0. Anette Karlsen var kampens store spelar med fem skåringar. 

Skavøypoll: 
Bianca Johansen 
Ida Marie Halnes
Anett Nygård
Anette Karlsen 
Ine Garshol
Marita Kråkenes
Lene Gangeskar
Silje B. Eide

Haugen:  
Maria Dalsbø
Veronika Stokke
Hanne Haraldsen
Mette Bakke 
Oda Espe
Mariel Starheim
Ann Kristin Hjelmeland
Nina Erviksæter 
Helene Zacariassen 
Malin Bjørhovde
Hilde Mykland
Solveig B. Rindal 

Bilde 1: Anette Karlsen, Skavøypoll
Bilde 2: Veronika Stokke, Haugen og Lene Gangeskar, Skavøypoll



02.06 Eid vann overraskande 2-1 borte mot Kaupanger

8. runde i den lokale 3. divisjon blei spelt i kveld med eit par overraskande resultat. Eid sto for den største overraskelsen då dei vann 2-1 borte mot Kaupanger, medan Stryn "berre" greidde 2-2 borte mot TMFK.

Jim Andre Balsnes kan berette frå kampen Kaupanger-Eid at bortelaget vann ein fortent siger, og at Edgar Flo (bildet) og Kåre Sigve Balsnes laga måla til Eid. 

3 divisjon avdeling 16, Runde 8:
Kaupanger-Eid 1-2 (1-1)
Førde-Fjøra 2-1 (1-0)
Høyang-Selje 5-0 (0-0) 
Sandane-Dale 1-5 (0-4)
Sogndal 2-Skavøypoll 4-0 (2-0)
TMFK-Stryn 2-2 (2-2) Sjå eiga sak som kjem snart.


02.06 Kampar fredag 2. juni

Tek med eit knippe av kampane som blir spelt i fylket i dag. 

2.div Menn avd 1
20:00 Årdal - Vålerenga 2 

3. div Menn avd 16
19:00 Kaupanger - Eid 
19:00 Tornado Måløy - Stryn 
19:00 Høyang - Selje 
19:00 Sogndal 2 - Skavøypoll 
19:00 Sandane - Dale 
19:00 Førde - Fjøra 

3. div kvinner
19:00 Jølster - Eid 

Kampfakta og bilder frå enten Sandane-Dale eller TMFK-Stryn kan du sjå her på Haugenfotball.no i kveld. 

Bildet: Hilde Kornberg laga begge måla då Jølster slo Eid 2-1 i ein treningskamp på Eid Idrettspark 7. april. Sjå fakta og bilder frå denne kampen. 


01.06 Haugen vann begge kampane i G11

Både Haugen 1 og Haugen 2 vann sine kampar i dag i klasse G11. Haugen 1 vann 5-1 borte mot Bremanger, medan Haugen 2 vann heile 17-2 heime mot Stryn. 

Bremanger - Haugen 1  1-5 ( 1-3)
Magnus Leite Gilleshammer
Tor-Helge Gilleshammer
Elias Lund Johansen
Åge Solheim
Andreas Leite
Eirik Rimmereid
Isak Flo Bødal
Runar Bjørhovde Heggedal
Jan Olav Humborstad
Sebastian Stadheim Width

Guttelaget tapte mot Skavøypoll
Guttelaget til Haugen/Eid tapte i kveld 5-0 heime mot Skavøypoll. Alexander Wik gav bortelaget leiinga 1-0 på eit frispark omlag halvvegs ut i fyrste omgang. Same mann auka leiinga til 2-0 kort tid ut i andre omgang. Deretter teikna Nagnus Nore seg på skåringslita med to skåringar, før ei avklaring gjekk i ein Haugenspelar og rett i mål. 

Haugen/Eid-Skavøypoll 0-5 (0-1) 
0-1 Alexander Wik (19. min)
0-2 Alexander Wik (47. min)
0-3 Magnus Nore (51. min)
0-4 Magnus Nore (71. min)
0-5 Sjølvmål (74. min) 




Magnus Nore, 
Skavøypoll


01.06 Ståle greidde dommartesten med god margin

Alle dommarane som skal dømme fotball må før serien tek til ta den såkalla "Coopertesten". Den går ut på at en skal springe lengst mogleg på tolv minutt. 

Kravet til dommarane er avhengig av kva divisjon du skal dømme i, og blir strengare til høgare opp i divisjonssystemet ein kjem. 

Nokon av dommarane har på ein eller måte ikkje fått godkjent/gjennomført testen før sesongen, og underteikna var så heldig å få vere tilstades under ein slik test i kveld. 

Tidlegare Haugenkeeper, Ståle Sandal,  var ein av deltakarane på testen. Sandal gjekk hardt ut og det var ikkje tvil om at Sandal, som dømmer for Breimsbygda, kom til å greie kravet.

På bildet ser vi Ståle Sandal i lett jogg etter at han hadde fullført testen. Som vi ser hadde Sandal mykje krefter igjen og kunne sikkert tatt ein test til med det samme. 

Laurdag 3. juni er Ståle Sandal dommar i kampen Loen-Årdal 2 på Loen Stadion. 



Ståle Sandal


01.06 Oddskonkurransen runde 8

Rundens deltagar: Rune Haugland

TMFK-Stryn B Odds: 1,55
Førde-Fjøra U Odds: 4,80
Kaupanger-Eid H Odds: 1,45
Totalodds: 10,79

Reglar for Oddskonkurransen:
I kvar runde skal ein utvalgt eller kvalifisert deltakar tippe minst to og maks fire kampar frå den lokale 3. divisjon.

Konkurransen skal gå over 22 rundar, der dei to siste rundane er ein rein finale mellom fem finalistar. 

Dei tjue fyrste rundane blir delt inn i fem "semifinalar". Deltakarane i runde 1-4 konkurrerar om den fyrste finaleplassen. Den av dei fire deltakarane som får inn kupongen med høgast totalodds går til finalen. 

Slik blir det også i runde 5-8, 9-12, 13-16 og 17-20. På den måten får ein fem finalistar som skal konkurrere om å oppnå høgast odds samanlagt i dei to finalerundane. 

Vinnaren av Oddskonkurransen får ein konto på kr. 3000,- hos NordicBet.com.   




Rune Haugland


01.06 Kampar torsdag 1. juni

Haugen sine 3 lilleguttlag og guttelaget til Haugen/Eid skal i aksjon i dag.

G11 avd 7
18:00 Tornado Måløy 1 - Selje 
18:00 Bremanger - Haugen 1 
18:00 Bryggja - Skavøypoll 

G11 avd 8
18:00 Eid 1 - Eid 2 
18:00 Haugen 2 - Stryn 
18:00 Sandane - Tornado Måløy 2 

G12 avd 6
18:00 Leirgulen - Haugen 
18:00 Selje - Bremanger 
18:00 Skavøypoll - Tornado Måløy 

Gutar 15/16 2 div avd 4 vår
19:00 Haugen/Eid - Skavøypoll 
19:00 Svelgen - Stadlandet/Selje 2 


Eivind Daniel Røed, Haugen


31.05 Resultat frå dagens kampar

Tek med eit lite knippe resultat frå kampar som har blitt spelt i kveld. 

4. div Menn
Årdal 2 - Syril 2-1

5. div Menn
Vik - Gaular 4-0 
Florø 2 - Vadheim/Høyang 2  7-1

6. div Men avd 1
Aurland/Lærdal 2 - Balestrand 2-3

Smågutar 13/14 7'ar avd 3
Eid 2 - Hornindal 7-6


31.05 Damelaget til Eid slo Sandane 1-0

May Brith Haaland blei matchvinnar då Eid vann 1-0 mot  Sandane på Eid Stadion i kveld. Haaland laga kampens einaste mål etter eit glimrande angrep av Eidadamene etter 13. minutt av fyrste omgang. 

Etter ein relativ jamnspelt fyrste omgong tok Sandane over etter kvilen, og Eid blei pressa bakover på bana. Men Eid kjempa godt og bakerst sto keeper Karoline Midthjell ein god kamp. 
Sandane hadde mesteparten av banespelet, men skapte ikkje mange store sjansar. Nærmast skåring var Sandane då dei fekk tildelt straffe av dommar Helge Hafsås, omlag midtvegs ut i omgangen. Men Midthjell gjorde ei praktredning og Eid tok dermed sin tredje siger for sesongen. 

Eid passerte med dette resultatet Sandane på tabellen, og ligg på ein fin fjerde plass.   

Neste kamp for Eid er borte mot Jølster på Skei Stadion fredag 2. juni kl. 19.00. 
Jølster ligg på tredje plass i kvinnenes 3. divisjon med like mange poeng som Eid.

Bilde 1: Karoline Midthjell, Eid

Bilde 2: May Brith Haaland, Eid 


31.05 Jan Azar Karadas toppar måljegeren 

Eid 2 sin gode spiss, Jan Azar, Karadas toppar måljegeren etter at 4. runden i 6. divisjon avdeling 4 er ferdigspelt. 
Med sine fem skåringar i kampen mot Flatraket er Karadas oppe i 6 skåringar totalt, og ligg eit mål føre Marius Svoren, som måtte gå mållaus av bana på Eid idrettspark i går kveld.  

På dei neste plassane ligg Steffen Sture Olsen, Roger Hamre og Asle Eldevik. 

Heia har til no laga ti mål denne sesongen og har greidd det mesterstykke å ha ni forskjellige målskårarar. 

Haugen har laga berre to mål på dei tre fyrste kampane, men kjenner vi Sebratrøyene rett vil dette bedre seg utover sesongen. Øystein Haugland og Tore Sundal har skåra for Haugen. 

Sjå heile lista her.  



Jan Azar Karadas, Eid 2


30.05 Eidadamene møter Sandane

Damelaget til Eid spelar i morgon, onsdag, den utsatte heimekampen mot Sandane. Kampen er terminfesta til kl. 20.00 på Eid Idrettspark. 

Tek med eit lite knippe av kampar som blir spelt i morgon ondag 31. mai. 

Smågutar 13/14 7'ar avd 3
19:00 Eid 2 - Hornindal 

Gutar 15/16 2 div avd 4 vår
19:00 Selje/Stadlandet 1 - Sandane 

4. div Menn
19:00 Årdal 2 - Syril 

5. div Menn
19:00 Vik - Gaular 
19:00 Florø 2 - Vadheim/Høyang 2 

J 15/16 1 div vår
19:00 Førde 1 - Bremanger 

3. div kvinner
20:00 Eid - Sandane 



Mariann Sigdestad, Eid


30.05 Siger til Eid 2og Tap for Heia

Eid 2vann i kveld heile 11-0 mot Flatraket på Eid Idrettspark. Eid spelte ein forrykande fyrste omgang og leia 8-0 då laga tok ein pust i bakken. 

Eid 2-Flatraket 11-0 (8-0)
1-0 Steffen Sture Olsen (2. min)
2-0 Steffen Midthjell (8. min)
3-0 Jim Andre Balsnes (12. min)
4-0 Jan Azar Karadas (25. min)
5-0 Jan Azar Karadas (28. min)
6-0 Jan Azar Karadas (32. min)
7-0 Jan Azar Karadas (41. min)
8-0 Jan Azar Karadas (42. min)
9-0 Kim Svarstad (49. min)
10-0 Steffen Sture Olsen (86. min)
11-0 Steffen Sture Olsen (89. min)

Grøntrøyene frå Moskva tapte i kveld 5-3 borte mot Selje2/Stadlandet. Heimelagt leia 2-0 til pause og rett etter kvilen auka Roger Hamre til 3-0 på straffe. Litt etter reduserte Tom Roger Hjelle til 3-1, før heimelaget på ny skåra og auka leiinga til 4-1. Heia gav seg ikkje og etter skåringar av Kenneth Vedvik og Stian Sølvberg var Heia på ny med i kampen om dei tre poenga. Men "superveteranen" Roger Hamre ville det annleis og med si tredje skåring for dagen fastsette han sluttresultatet til 5-3. Tommy Silden og Thomas Jørgensen laga dei to andre måla til Selje2/Stadlandet.   

I den siste kampen i 6. divisjon avdeling 4 som blei spelt i dag vann Skavøypoll 2 heile 7-1 heime mot Veten/Hardbagg.


Jan Azar Karadas, Eid


29.05 Full runde i 6. divisjon avdeling 4

Tysdag 30. mai blir det spelt full runde i 6. divisjon avdeling 4. 

6.div Menn avd 4
18:30 Skavøypoll 2 - Veten/Hardbagg 
18:30 Eid 2 - Flatraket 
19:00 Selje 2/Stadlandet - Heia 

I tillegg er det terminfesta to lokale kampar i småjenteklassa. 

J 13/14 avd 6
18:00 Heia - Skavøypoll 
18:00 Haugen - Tornado Måløy 


Vegard Løken, Eid


29.05 Eikenes laga to mål då Sogndal vann 4-0 mot Dale

Sogndal 2 vann komfortabelt 4-0 borte mot Dale i kveld. Glopparen Mathias Eikenes laga dei to fyrste måla i kampen, medan Henrik Furebotn og Constant Djakpa laga dei to andre. 

I kvalifiseringa til Oddskonkurransen var Rune Haugland den mest treffsikre og er med det kvalifisert til å vere deltakar i 8. runde. Underteikna tek kontakt når helga nærmar seg.  

Begge småguttelaga til Haugen har vore i aksjon i kveld. Haugen 1 tapte 7-1 borte mot TMFK, medan sjuarlaget til Haugen 2 tapte 14-7 heime mot Bryggja. 

Siste frist for å prøve seg på ferdighetsmerke blir laurdag 10. juni kl. 13.00 på Klenkarberget. 


29.05 Ikkje plass til Ann Katrin Grotle på J17-landslaget

Ann Katrin Grotle frå Bremanger kom ikkje med i J17-landslagstroppen som skal spele bortekamp mot Nederland laurdag 10. juni. 

På landslagssamlinga med J15/16 i helga blei Grotle testa ut som midtstoppar, fordi ho var aktuell som midtstoppar i J17-landslaget sin kamp mot Nederland. 

Grotle imponerte på samlinga og får heilt sikkert sjansen til å spele for det norske landslagert ved eit seinare høve. 


Andrea Hafsås med røter frå Stårheim er ei av dei 18 jentene som er med i troppen til kampen mot Nederland. Hafsås spelar til dagleg for Fortuna/Ålesund, i lag med Evy Balsnes. 


29.05 Kaupanger møter Arna-Bjørnar i 2. runde

NFF har sett opp andre runde i NM for kvinner. 

Kaupanger som er det einaste gjenverande lokale laget, er sett opp med heimekamp mot Arna-Bjørnar. 

Kampen er terminfesta til tysdag 13. juni. 

28.05 Skuffande av Sogndal og Hødd

Både Sogndal og Hødd skuffa stort i kveld i 10. runde i Adeccoligaen. 

Hødd tapte 3-0 mot Sparta Sarpsborg, medan Sogndal greidde berre 0-0 borte mot Follo. 

Bjørn Totland (bildet) fekk tillit frå start i kveld, men blei bytta ut rett etter kvilen.

Underteikna har vore i kontakt med dei to duellantane i kvalifiseringa til Oddskonkurransen, og begge har komt med sitt tips om resultatet i kampen Dale-Sogndal 2. Begge tippar at det blir siger til bortelaget. Kenneth Fosse Elde tippar 2-3, medan Rune Haugland trur det blir litt meir målfattig og tippar 0-2.


28.05 Kenneth Fosse Elde og Rune Haugland enda likt 

Både Rune Haugland og Kenneth Fosse Elde enda med ni feil i kvalifiseringskonkurransen til Oddskonkurransen. 

Resultat frå kampane i dag:
4. div Menn

Loen-Jølster 1-0

5. div Menn
Lærdal-Bremanger 0-1 
Bjørn-Florø 2 5-2

3. div kvinner

Sandane-Høyang 3-2


Rune Haugland sitt tips: 
Loen-Jølster 2-0
Lærdal-Bremanger 1-1
Bjørn-Florø 2  2-1
Sandane-Høyang 2-0

Kenneth Fosse Elde sitt tips:
Loen-Jølster 2-2
Lærdal-Bremanger 0-2
Bjørn-Florø 2  2-3
Sandane-Høyang 4-2

I staden for å trekke kven av dei to som blir kvalifisert til å vere med i 8. runde i Oddskonkurransen, får dei prøve seg på ei ny nøtt. 

Dei to skal prøve å tippe resultatet i 3. divisjonskampen Dale-Sogndal 2 som blir spelt på Dingemoen måndag 29. mai kl. 19.00. Feil blir rekna på same måten som det blei gjort i dag. Blir det likt denne gongen også får vi prøve oss på ein ny kamp tysdag. 



Rune Haugland



Kenneth Fosse Elde


28.05 Elise Thorsnes har funne skåringsformen

Elise Thorsnes held fram med å skåre i toppserien for damer. I gårsdagens heimekamp mot Røa laga Thorsnes likegodt alle tre måla til heimelaget. Dermed har Thorsnes laga sju av Arna-Bjørnar sine ni mål på dei to siste kampane, og står bokført med totalt åtte skåringar til no denne sesongen.  Arna-Bjørnar og Trondheims Ørn toppar begge tabellen med ti poeng på fire kampar, men Arna-Bjørnar har bedre målskilnad enn trønderane.   

Arna-Bjørnar-Røa 3-2 (3-1)

1-0 Elise Thorsnes (3. min)
1-1 Guro Knutsen (18. min)
2-1 Elise Thorsnes (33. min)
3-1 Elise Thorsnes (43. min)
3-2 Karin Bredland (52. min)

Kampfakta er henta frå Arna-Bjørnar sine nettsider. 

Sprint/Jeløy-Årdal FK 2-2 (1-2)
1-0 Henning Johannessen (13. min)
1-1 Ole Gunnar Hunderi (32. min) 
1-2 Arild Underdal (36. min) 
2-2 Thomas Meier (90. min) 

Kampfakta er henta frå Årdal FK si direkteoverføring frå kampen. 

I ein annan kamp som blei spelt i går vann TMFK sitt andrelag noko overraskande 3-2 borte mot Oppstryn på Lund Stadion. Begge laga ligg nederst på 5. divisjonstabellen med sine tre poeng. Vik toppar tabellen med full pott 15 poeng, etter at fem serierundar er spelt.


Elise Thorsnes, Arna-Bjørnar
Foto: Yngve Tolaas 



Arild Underdal, Årdal


28.05 Deltakar til 8. runde i Oddskonkurransen

Ingen tippa rett resultat i kampen Haugen-Eid 2. Dermed må underteikna finne på ein ny konkurranse for å få ein deltakar til oddskonkurransen runde 8. 

Prøvar med ein konkurranse der deltakarane skal tippe rett sluttresultat i fire kampar som blir spelt søndag 28. mai. 

Ditt forslag sender du på e-post til underteikna. s.hoynes@frisurf.no 

4. div Menn
15:00 Loen - Jølster 

5. div Menn
15:00 Lærdal - Bremanger 
15:00 Bjørn - Florø 2 

3. div kvinner
15:00 Sandane - Høyang 

Den som har minst antall mål feil på dei fire kampane er kvalifisert til 8. runde i oddskonkurransen. Står to eller fleire likt blir det loddtrekning. 

Dvs har ein tippa 3-2 på Loen-Jølster og det blir 7-1 får ein fem mål feil. Fire mål feil på Loen og eit mål feil på Jølster. 

Siste frist for å sende inn er sett til i dag kl. 14.00

NB! Kristoffer prikka inn sine tips i runde 7, og leiar med det andre semifinale. 

Fjøra-Høyang H Odds: 3,10
Eid-Sandane H Odds: 2,05
Skavøypoll-Førde B Odds: 1,65
Totalodds: 10,49

Siste deltakar i andre semifinale er deltakaren som kvalifiserar seg til å vere med i 8. runde.  



Lars Ove Rake, Loen


 Kristoffer Aarskog


27.05 Stryn og Førde vann sine kampar

Dei to antatte topplaga før sesongen tok til, vann i dag sine kampar. Stryn vann  6-0 mot Kaupanger på Stryn Stadion, medan Førde imponerte borte mot Skavøypoll og vann 5-1. 

Stryn-Kaupanger 6-0 (4-0)
1-0 Mats Solheim (4. min)
2-0 Per Ole Tenden (15. min)
3-0 Trond Leirgulen (18. min)
4-0 Mats Solheim (29. min)
5-0 Jon Terje Tjellaug (71. min)
6-0 Asbjørn Tenden (89. min)

Raude kort: Ole Einar Rebni, Kaupanger (9. min) og Pål Holko, Stryn (50. min)

Skavøypoll-Førde 1-5 (0-3)
0-1 Gaute Sørensen Schei (14. min)
0-2 Gaute Sørensen Schei (33. min)
0-3 Benny Rivedal (36. min)
0-4 Nicolai Øveraas (61. min)
0-5 Benny Rivedal (67. min)
1-5 Stian Åmelfot (85. min)

Kampfakta er henta Firda.no  

Med desse resultata toppar Stryn tabellen med Førde på andreplass. Stryn har heile seks poeng meir enn  Førde, og Stryn har i tillegg ein uslåleg målskilnad med 30 plussmål på sju kampar.  


Jon Terje Tjellaug


 Gaute Sørensen Schei


27.05 Dramatikk til siste sekund mellom Selje og TMFK

Det var dramatikk til siste slutt i kampen mellom Selje og TMFK på Selje Idrettspark. Sjeldan har underteikna sett ein så spennande andre omgang som det dei 290 frammøtte var vitne til på kunstgraset i Selje i kveld. 

Fyrste omgang starta med eit lite overtak til heimelaget, og nærmast skåring var Karl Erik Aarsheim då han sette eit frispark på innsida av stolpen, etter ti minutt av kampen. TMFK tok leiinga 1-0 etter ein halvtimes spel. Innlegget frå Tore Rylandsholm sette Leif Arne Iversen bak Selje sin gode keeper Odd Helge Losnegård. 1-0 var også pauseresultatet, etter ein fyrste omgang der TMFK var det førande laget siste halvtimen av omgangen. 

Andre omgang var slik ein andre omgang skal vere. Spelet bølga fram og tilbake og det var mange sjansar og situasjonar innanfor begge 16-meterane. Etter ti minutt av andre omgang utlikna Selje til 1-1 ved Karl Erik Aarsheim. Aarsheim avanserte framover og frå cirka 25 meter dunka han ballen i mål ned til høgre for ein sjanselaus Per Mange Løken. Omlag halvvegs ut i omgangen ropte heimepublikumet og alle Seljespelarane på straffe. Erlend Kvalheim stoppa ballen med handa, men kampens dommar Ragnar Åmot berre vinka spelet vidare. Fem minutt etter hadde ikkje Åmot noko valg. Trond Hamre dribla seg elegant fri inne i 16-meteren, og rett før han skulle skyte blei han felt bakfrå. Kai Arne Otnheim sette straffa nede til venstre for Per Magne Løken, men 35 åringen frå Hauane redda meisterleg. Etter dette bølga spelet fram og tilbake med eit lite overtak til heimelaget. Selje virka friske i dag og det hadde ikkje vore noko å sei på om alle tre poenga hadde blitt verande igjen i bygda. 
På overtid skjer episoden som dei fleste snakka om etter kampen. Tore Rylandsholm går etter assistendommar, Kjell Alme, sitt syn litt for hardt til i duellen med Seljekeeper Odd Helge Losnegård. Alme er raskt oppe med flagget men det ser ikkje Ragnar Åmot og spelet går vidare. Eirik Rutledal spelar ballen ut igjen til Leif Arne Iversen som skårar sikkert. Men så ser Åmot at assistentdommaren er oppe med flagget og annulerar skåringa til store protestar frå bortelaget. 
Om annuleringa er riktig eller ikkje skal ikkje underteikna spekulere i, men uavgjort gjev vel alt i alt eit riktig bilde av kampen. 

Heimelaget sin midtstoppar Espen Nøstdal blei av underteikna kåra til "Firdastjerna", i sterk konkurranse med TMFK-spelar Erlend Kvalheim. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.



Gisle Myre, TMFK  og Kristoffer Hove, Selje


Eirik Rutledal og Tore Rylandsholm kjeftar på assistentdommar Kjell Alme 


Tore Rylandsholm, TMFK og Gaute Otnes, Selje


27.05 Eid vann 1-0 mot Sandane

Eid vann i ettermiddag 1-0 mot Sandane i botnoppgjæret på Eid Stadion. Anders Midthjell laga eid sitt mål etter seks minutt av kampen. 
Etter dette virka det som at kampen sovna inn, og det einaste som varma dei 155 tilskodarane i dag var tre poeng. 

Kampen var prega av to lag som ville meir enn det laga hadde ferdighet til, og det skal mykje til om ikkje nettopp Eid og Sandane kjem på dei to av dei tre siste plassane på tabellen etter denne sesongen. Selje og Dale er også med nede i botnstriden men det virkar som om desse to laga har litt meir å gå på enn det Eid og Sandane har. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.  


Anders Midthjell blir gratulert av Edgar Flo og Kåre Sigve Balsnes etter 1-0 målet.


27.05 Førdedamene toppar 3. divisjon

Til tross for "berre" uavgjort 1-1 mot Sandane i går kveld toppar Førde 3. divisjon kvinner. 
Sandane tok leiinga i kampen rett før pause, medan Førde utlikna drøye ti minutt etter kvilen. 

Les meir om kampen Førde-Sandane på Førde sine nettsider.

I den andre kampen som blei spelt i går i kvinnenes 3. divisjon vann Jølster 2-0 borte mot Sogndal.  

Kampen mellom Hornindal og Balestrand blei utsett. 

Søndag 28. mai spelar damelaget til Sandane heimekamp mot Høyang på Idrettsplassen, meran den utsette damekampen mellom Eid og Sandane blir spelt på Eid Stadion onsdag 31. mai. 

Andre resultat frå kampar spelt fredag 26. mai:

4. div Menn
Eikefjord-Askv./Holmedal 5-0

6. div Menn avd 2
Saga-Atløy 3-0

J 15/16 7'ar avd 1 vår
Vik-Sogndal 2  4-3

Bilde 1: Ann Kristin Grodås, Hornindal

Bilde 2: Kristine Dahl og Hilde Larsen, Eid



27.05 Kampar som blir spelt i dag 

Det blir spelt fire kampar i dag i den lokale 3. divisjon. 
På Eid Stadion er det duka for eit skikkelig botnoppgjær når Eid møter Sandane. Serieleiaren Stryn tek imot Kaupanger, medan på Skavøypoll Stadion skal heimelaget prøve å ta tre poeng imot Førde. 
Den siste kampen i dag blir spelt på Selje Idrettspark. På grunn av konfirmasjon blir kampen Selje-TMFK spelt så seint som kl. 19.00.

I 5. divisjon blir det spelt ein kamp i dag. Her tek Oppstryn imot TMFK på Lund Stadion kl. 15.00. 

3. div Menn avd 16
16:00 Stryn - Kaupanger 
16:00 Eid - Sandane 
16:00 Skavøypoll - Førde 
19:00 Selje - Tornado Måløy 

5. div Menn
15:00 Oppstryn - Tornado Måløy 2 

Går alt etter planen blir det bilder og fakta frå Eid-Sandane og Selje-TMFK her på haugenfotball.no seint i kveld.  




Kjetil Myklebust, Sandane


27.05 Ver med å ta ferdighetsmerke+oddskonkurransen

I dag har alle mellom 13 og 16 år sjansen til å prøve å ta Ferdighetsmerke. 

Stad: Klenkarberget kl. 16.00.

Meir om øvelsane kan du sjå på oppslagstavla utanfor garderobene i klubbhuset. 
 

Ingen tippa rett
Ingen tippa rett resultat i kampen Haugen-Eid 2. Dermed må underteikna finne på ein ny konkurranse for å få ein deltakar til oddskonkurransen runde 8. 

Prøvar med ein konkurranse der deltakarane skal tippe rett sluttresultat i fire kampar som blir spelt søndag. 
Ditt forslag sender du på e-post til underteikna. s.hoynes@frisurf.no 

4. div Menn
15:00 Loen - Jølster 

5. div Menn
15:00 Lærdal - Bremanger 
15:00 Bjørn - Florø 2 

3. div kvinner
15:00 Sandane - Høyang 

Den som har minst antall mål feil på dei fire kampane er kvalifisert til 8. runde i oddskonkurransen. Står to eller fleire likt blir det loddtrekning. 

Dvs har ein tippa 3-2 på Loen-Jølster og det blir 7-1 får ein fem mål feil. Fire mål feil på Loen og eit mål feil på Jølster. 

Siste frist for å sende inn er sett til søndag kl. 14.00


Andreas Drageset, Loen 


Eirik Holvik har berga eit poeng mot Høyang på Refvik Stadion 29. april.  


26.05 Fjøra vann 2-0 heime mot Høyang

Til tross for sine store skadeproblem vann Fjøra i kveld 2-0 mot Høyang i Sognahallen. 

Ole Petter Hatlevoll gav Fjøra leiinga etter at 23. minutt var spelt, og det var også pausereultatet i kampen. 
Rett før slutt fastsette Vegard Ruud sluttresultatet til 2-0. 

Fjøra klatra med det til andre plass på tabellen, tre poeng bak Stryn, men Fjøra har ein kamp meir spelt enn Stryn. 

Bildet: Thomas Frichsen, Høyang 


26.05 Haugen/Eid tapte 6-0 mot Selje/Stadlandet 1

Haugen/Eid sitt guttelag tapte i kveld heile 6-0 borte mot Selje/Stadlandet 1. 

Heimelaget var det beste laget i dag og gjekk til pause på stillinga 4-0. Det ville seg liksom ikkje for Haugen/Eid i dag og sjølv med tre gongar åleine mot keeper ville ballen ikkje i mål. 

- Vi har trent på gras den siste månaden og det virka som at gutane ikkje var heilt dus med underlaget i dag. I tillegg skulle laget vore disponert på ein annan måte, men det er lett å sei i etterkant, seier Haugen/Eid sin trenar Knut Atle Krossøy (bildet) etter kampen. 

Neste kamp for guttelaget til Haugen/Eid er heime mot Skavøypoll torsdag 1. juni


26.05 Haugen tapte 2-0 mot Eid 2

Haugen tapte i kveld 2-0 mot Eid 2 på Klenkarberget. På papiret skulle Eid vere klart overlegne i denne kampen, men Haugen beit bra frå seg og kunne med litt hell fått med seg eit poeng i kveld. 

Etter ein rotete fyrste omgang med få sjansar  til begge lag, gjekk laga til pause på stilinga 0-0. 

Andre omgang var så vidt komt i gang før Eid fekk frispark frå hjørnet av 16-meteren. Frisparkspesialisten Jørn Ove Rindal skrudde ballen i lengste hjørnet for Geir Ove Åsebø, og Eid var med det i føringa 1-0 etter 48. minutt av kampen. Knappe ti minutt etter aukar Eid leiinga til 2-0. Øystein Haugland avklarar ballen rett til Eid sin kaptein Steffen Sture Olsen. Olsen dempar ballen og skyt ballen i mål frå omlag 25 meter. Dei tjue fyrste minutta av andre omgang spelte Rolf Morten Skrede sine disiplar meget god fotball. Men etter dette datt Eid bakpå og Haugen tok meir og meir over føringa i kampen. Med litt meir dyktighet og flaks i avslutningane kunne Haugen berga eit poeng, men alt i alt var det fortent at Eid 2 tok med seg alle poenga i kampen. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.

Bilde 1: Øystein Haugland og Ståle Sandal. 

Bilde 2: Erik Salveson raga høgast i duellane mot Haugen. 



26.05 Oddskonkurransen runde 7

Rundens deltagar: Kristoffer Aarskog

Fjøra-Høyang H Odds: 3,10
Eid-Sandane H Odds: 2,05
Skavøypoll-Førde B Odds: 1,65
Totalodds: 10,49

Reglar for Oddskonkurransen:
I kvar runde skal ein utvalgt eller kvalifisert deltakar tippe minst to og maks fire kampar frå den lokale 3. divisjon.

Konkurransen skal gå over 22 rundar, der dei to siste rundane er ein rein finale mellom fem finalistar. 

Dei tjue fyrste rundane blir delt inn i fem "semifinalar". Deltakarane i runde 1-4 konkurrerar om den fyrste finaleplassen. Den av dei fire deltakarane som får inn kupongen med høgast totalodds går til finalen. 

Slik blir det også i runde 5-8, 9-12, 13-16 og 17-20. På den måten får ein fem finalistar som skal konkurrere om å oppnå høgast odds samanlagt i dei to finalerundane. 

Vinnaren av Oddskonkurransen får ein konto på kr. 3000,- hos NordicBet.com.   




Kristoffer Aarskog


26.05 Dagens kampar 

Haugen spelar i dag det viktige lokaloppgjæret mot Eid 2. Kampen blir spelt på Klenkarberget kl. 19.00, og publikum bør ta turen for å sjå denne kampen. Underteikna kan love mange skåringar og mykje dramatikk. 
Fjorårets Haugenkeeper, Ståle Sandal, skal dømme kampen, og dermed er den biten i dei beste hender. 

Haugen/Eid sitt guttelag spelar i kveld bortekamp mot Selje/Stadlandet 1. Begge laga står bokført med 2 sigrar og eit tap, etter å ha spelt tre kampar til no denne sesongen. 

Komplett liste over kampar i dag:
Gutar 15/16 2 div avd 4 vår
19:00 Sandane - Svelgen 
19:00 Selje/Stadlandet 1 - Haugen/Eid 

3. div Menn avd 16
18:30 Fjøra - Høyang 

4. div Menn
19:00 Eikefjord - Askv./Holmedal 

6. div Menn avd 2
18:00 Saga - Atløy 

6.div Menn avd 4
19:00 Haugen - Eid 2 

J 15/16 7'ar avd 1 vår
19:00 Vik - Sogndal 2 

3. div kvinner
19:00 Hornindal - Balestrand 
19:00 Sogndal - Jølster 
20:30 Førde - Sandane 


Kim Tore gilleshammer og Rikard Rekdal


Stig Tore Gilleshammer


25.05 Tipp sluttresultatet i Haugen-Eid 2

Botnoppgjeret mellom Haugen og Eid 2 blir spelt på Klenkarberget fredag 26. mai kl. 19.00. Begge laga står bokført med null poeng før denne kampen, og begge laga vil sikkert gjere alt for å bryte nullen i poengprotokollen. 

Ver med i konkurransen om eit Haugenkrus og deltakelse i Haugenfotball sin store oddskonkurranse.

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet i kampen Haugen- Eid 2 vinn eit Haugen-krus. Vinnaren får i tillegg til kruset delta i 8. runde i Haugen sin store Oddskonkurranse. 

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen. I gjesteboka kan du også sjå kva andre har tippa tidlegare. 



Arne Morten Nydal får det raude kortet av dommar Ronny Stian Hopland i fjorårets toppkamp mellom Haugen og Eid 2. 


25.05 Elvis ordna eit poeng for Sogndal

Ahyee Aye Elvis laga Sogndal sitt mål i  1-1 kampen mot Hønefoss i kveld. 
Hønefoss tok leiinga etter 28 minutt då Kamal Saaliti heada ein corner i mål frå skrå vinkel. Knappe ti minutt etter utlikna Ahyee Aye Elvis med ei lekker skåring. På heil volley dunkar Elvis ballen i krysset og laga var like langt. 

1-1 blei også sluttresultatet i kampen, og Sogndal er med det åtte poeng bak Aalesund og sju poeng bak Strømsgodset. Aalesund vann i kveld 5-0 mot Follo, medan Strømsgodset vann 2-0 borte mot Pors. 

I den andre enden av tabellen ligg Hødd, som i kveld tapte 4-1 mot Moss på bortebane. Bjørn Totland blei bytta inn drøye 20 minutt før slutt, på stillinga 2-1 til heimelaget. 


9. serierunde Adeccoligaen
Haugesund-Bodø/Glimt 1-1
Kongsvinger-Bryne 1-1
Moss-Hødd  4-1
Pors Grenland-Strømsgodset 0-2
Sogndal-Hønefoss 1-1
Sparta Sarpsborg-Løv Ham 2-2
Tromsdalen-Manglerud Star 6-2
Aalesund-Follo 5-0




Ahyee Aye Elvis, Sogndal


25.05 Marius Svoren leiar måljegeren

Marus Svoren leiar måljegeren ettar at åtte kampar er spelt i 6. divisjon avdeling 4. 

Svoren laga eit mål i kampen mot Veten/Hardbagg, og mot Selje2/Stadlandet var han ikkje verre på det enn at han putta heile fire ballar bak motstandaren sin keeper. 

5 mål: 
Marius Svoren, Flatraket 
3 mål: 
Håvard Nyheim, Flatraket 
Kim Nedreberg Silden,  Skavøypoll 2
2 mål: 
Kim Svarstad, Eid 2 
Tom Roger Hjelle, Heia 
Ole Refsnes, Selje2/Stadlandet 
John Marius Granheim, Skavøypoll 2
Thomas Starheim,  Skavøypoll 2

Sjå heile lista over Måljegeren.



Marius Svoren, Flatraket


25.05 Sandane rauk ut av junior-NM

Sandane sitt juniorlaget tapte i dag 1-0 mot Aalesund i 2. runde i junior-NM. Finn Alvestad laga det einaste målet i kampen ti minutt ut i kampen.

Dermed er Sandane ute av cupen og kan konsentrere seg om serien. Dei fleste av juniorspelarane er også faste på Sandane sitt 3. divisjonslag, som slit heilt i botnen på tabellen. 

Laurdag spelar Sandane det som ein må kunne kalle ein skjebnekamp mot Eid. Med tap i denne kampen blir det ei luke opp til Eid og laga før på tabellen som kan bli vanskeleg å tette.

Kampen Eid-Sandane blir spelt på Eid Stadion laurdag 27. mai kl. 16.00.

Bildet: Ruben Wie, Sandane


25.05 Keepertreningane blir på måndagane 

Ørjan Solheim melder på Eid Fotball sine nettsider at:

Det vert keepertreningar mandagar framover, og vi startar opp komande mandag 29. mai kl. 1830-2000 på Plassen. Forrige trening var vi ti keeperar, sjå eiga sak på Eid si nettside. 

Håpar at flest mogleg kan møte, og vi tar gjerne imot keeperar frå Haugen, Heia, Stårheim og Kjølsdalen óg.

Bildet: Ørjan Solheim, dagleg leiar i Eid og keeper på Haugen.


25.05 Sandane spelar mot Aafk på Color Line Stadion

Sandane sitt juniorlag spelar i dag mot Aalesund i 2. runde i junior-NM. Kampen blir spelt på Color Line Stadion kl. 13.15. 

Sandane sitt juniorlag som nesten er identisk med det laget Sandane stiller i 3. divisjon har imponert så langt i cupen. Etter å ha kvalifisert seg som einaste lag frå fylket, vann Sandane 4-1 mot Voss i fyrste runde på Idrettsplassen. I dag ventar nok ein langt tøffare kamp for Sandane. Aafk har eit meget bra juniorlag og stiller som store favorittar til å gå vidare til 3. runde. 

Andre "lokale" kampar i 2. runde:
Nordhordland-Vadmyra
Fana-Stord Sunnhordland
Follese-Fyllingen
Brattvåg-Hødd  


Trond Vegard Ripe og Kjetil Myklebust


25.05 Sogndal møter Hønefoss på Fosshaugane Campus 

Det blir i dag spelt full runde i Adeccoligaen. Sogndal er etter 3-1 sigeren borte mot Hødd i sist serierunde for alvor med i toppen av Adeccoligaen. Dagens motstandar Hønefoss vann 3-0 mot Aalesund på Hønefoss Stadion sist søndag, og er med det einaste laget som har vunne mot Aafk til no denne sesongen. Sogndal Fotball sine nettsider melder at Sogndal stiller med ein bortimot skadefri tropp til kampen mot Hønefoss. 

Adeccoligaen 25. mai
kl. 1800 Haugesund-Bodø/Glimt 
kl. 1800 Kongsvinger-Bryne
kl. 1800 Moss-Hødd
kl. 1800 Pors Grenland-Strømsgodset
kl. 1800 Sogndal-Hønefoss BK
kl. 1800 Sparta Sarpsborg-Løv Ham
kl. 1800 Tromsdalen-Manglerud Star
kl. 1800 Aalesunds FK-Follo


Mathias Eikenes, Sogndal


24.05 Femte strake tapet for Førde 2 

Førde sitt andrelag tapte i kveld sin femte strake kamp på rad. I dag var det Florø som blei for sterke for Førde sitt andrelag på Førde Stadion. Florø vann til slutt 3-0, etter at stillinga var 2-0 til pause. 

4. div Menn
Førde 2-Florø 0-3

5. div Menn
Vadheim/Høyang 2-Vik 1-2

6. div Menn avd 2
Atløy-Dale 2  3-4

J 15/16 1 div vår
Bremanger-Eid 10-0
Sogndal 1-Førde 1  1-0

3. div kvinner
Eid-Kaupanger 2  1-7


Lasse Orheim Pedersen var i kveld med på å vinne 3-0 mot Førde 2.


24.05 Damelaget til Eid sprakk etter kvilen

Damelaget til Eid tapte i kveld heile 7-1 mot Kaupanger 2 på Eid Stadion. Etter at Eid var heilt på høgde med bortelaget før pause, var Kaupanger klart bedre enn Eid etter kvilen. 

Kristin Slettedahl gav Kaupanger leiinga etter 13 minutt av fyrste omgang, etter at Eid hadde starta kampen best på ei fin grasmatte på Eid Stadion. Ti minutt før pause skapte May Brith Haaland balanse i rekneskapet, etter å ha ekspedert eit innlegg frå Synne Mårstøl i mål. 1-1 var pauseresultatet i kampen etter ein jamnspelt fyrsteomgang. 

I andre omgang virka Eid tamme og Kaupanger var til tider klart bedre enn heimelaget. Heile seks ballar måtte keeper Karoline Hildenes plukke ut av eige mål etter pause, uten at Eid greide å lage mål i det heile. 

Kaupangerspelar og tidlegare Eidspelar Elisabeth Flo var tilbake på gamle trakter i kveld, og var ikkje verre på  det enn at ho fastsette sluttresultatet til 7-1 tre minutt før slutt. 

Sjå fakta og bilder frå kampen. 

Eid sitt damelag spelar onsdag 31. mai den utsette heimekampen mot Sandane. 




Renate Buene og Elisabeth Flo, etter at Flo har fastsett sluttresultatet til 7-1.


24.05 Damelaget til Eid møter Kaupanger 2

Damelaget til Eid møter i dag Kaupanger 2 på Eid Stadion kl. 19.00. 

I tillegg blir det  spelt ein del andre kampar i fylket i dag, og under ser du eit lite utvalg. 

4. div Menn
19:00 Førde 2 - Florø 

5. div Menn
19:00 Vadheim/Høyang 2 - Vik 

J 13/14 11'ar avd 2
18:00 Eid 2 - Stryn 

J 15/16 1 div vår
19:00 Sogndal 1 - Førde 1 
19:00 Bremanger - Eid 

3. div kvinner
19:00 Eid - Kaupanger 2 

NB! Med forbehold om eventuelle feil og endringar. 





23.05 Småguttelaget til Haugen vann 7-2 mot Hornindal

Haugen sitt 7'ar-lag i småguttelklassa vann i kveld 7-2 borte mot Hornindal. 
Mestskårande for Haugen var Vebjørn Nord Haugland med fire skåringar. 

Haugen står dermed bokført med to sigrar og eit tap på sine tre kampar til no denne sesongen 

Neste kamp for Haugen er heime mot topplaget Bryggja måndag 29. mai. 

Bildet: Vebjørn Nord Haugland


23.05 Skavøypoll 2 vann 4-1 mot Heia

Skavøypoll 2 vann 4-1 mot Heia i "toppkampen" i 6. divisjon avd. 4.
Kampen som blei spelt på Eid Idrettspark i kveld var ein jamn batalje med mange sjansar til begge lag.

I fyrste omgang var Heia det førande laget den fyrste halvtimen, men uten at dei greide å overliste Kenneth Rakkenes i Skavøypoll sitt mål. Etter omlag halvtimen av fyrste omgang gav 16 år gamle Alexander Wik Skavøypoll leiinga etter glimrande forarbeid av Jan Arild Solibakke. Berre fem minutt etter auka Stian Åmelfot bortelaget si leiing til 2-0. Åmelfot fekk gå upressa inn på Heia sin banehalvdel, og frå omlag 20 meter skaut han ballen ned i høgre hjørnet for ein sjanselaus Roy Lasse Torheim i Heia sitt mål. Torheim spelte forøvrig ein god kamp og kan ikkje lastast for noko av måla til bortelaget. 
Rett før pause reduserte Heia til 1-2 og Heia var igjen fullt med i kampen. Innbyttar Kenneth Vedvik brukte sin enorme fart på høgresida, og innlegget ekspederte nok ein innbyttar Roger Nygård sikkert i mål. 

I andre omgang bølga kampen fram og tilbake med eit ørlite overtak til heimelaget. Men sjølv om heimelaget spelte og spelte greide dei ikkje å overliste ein strålande opplagt Kennet Rakkenes etter kvilen. I staden for skåringar til heimelaget utnytta Arve Silden ein gedigen tabbe i Heia sitt forsvar etter 67 minutt. Ei tversoverpasning frå Ole Sunde treff Arve Silden som elegant lobbar bortelaget i leiinga 3-1. Silden gjer det som ein skal gjere i slike situasjonar. Tar i mot hyllesten og berre går og set seg på benken. Omlag ti minutt før slutt får vi sjå dagens finaste skåring. Ein knallhard corner frå Stian Åmelfot treff Thomas Starheim som knallhardt headar ballen rett i krysset. Slike skåringar har vi ikkje sett sidan Jan Martin Starheim spelte for Stårheim seint på 80-tallet. Med dette resultatet toppar Skavøypoll 2 tabellen med full pott ni poeng på tre kampar, medan Heia står med begge beina i botnstriden. 

Heia-Skavøypoll 2  1-4 (1-2)
0-1 Alexander Wik (32. min)
0-2 Stian Åmelfot (38. min)
1-2 Roger Nygård (45. min)
1-3 Arve Silden (67. min)
1-4 Thomas Starheim (81. min)

Heia: 
Roy Lasse Torheim
Ole Sunde
Jan Arve Holmøyvik
Per Martin Haavik
Rune Venøy 
Stein Inge Strøm
Vidar Hjelle
Trond Kroken
Ingvar Torheim
Stian Sølvberg
Tom Roger Hjelle

Innbyttarar:
Roger Nygård
Kenneth Vedvik 
Stein Ove Stoddern  
Magnus Eikås
Muhamet Barlla

Skavøypoll 2:
Kenneth Rakkenes
Alexander Wik
Asle Eldevik
Rune Oksholen
Preben Torvanger
John Marius Granheim
Thomas Starheim
Johnny Blålid
Jan Arild Solibakke
Arve Silden
Stian Åmelfot

Innbyttarar:
Ørjan Solvang
Amund Gotteberg
 
I ein annan kamp i 6. divisjon avdeling 4 vann Flatraket 5-1 mot Selje2/Stadlandet på heimebane. Marius Svoren laga fire av måla til heimelaget, i tillegg til at bortelaget sette ein ball i eige mål. 


Stian Åmelfot og Alexander Wik

Roy Lasse Torheim

Stein Inge Strøm og Preben Torvanger
Jan Arve Holmøyvik

Arve Silden


23.05 Sogndal 2 vann 3-1 borte mot Førde

Sogndal 2 vann i går kveld 3-1 borte mot Førde. 

Førde -Sogndal 2   1-3 (1-1)
0-1 Frode Svardal (12. min)
1-1 Benny Rivedal 34. min)
1-2 Barry Kader (59. min)
1-3 Frode Svardal (68. min)

Kampfakta er henta frå Firda.no

7. serierunde 3. divisjon avd. 16:
Fredag 26. mai
18:30 Fjøra - Høyang 

Laurdag 27. mai
16:00 Stryn - Kaupanger 
16:00 Eid - Sandane 
16:00 Skavøypoll - Førde 
19:00 Selje - Tornado Måløy 

Måndag 29. mai
19:00 Dale - Sogndal 2 



Barry Kader, Sogndal


23.05 Duka for toppkamp på Eid Idrettspark

I kveld er det duka for toppkamp i 6. divisjon avdeling 4, når Heia tek i mot Skavøypoll 2 på Eid Idrettspark kl. 19.00.

Både Heia og Skavøypoll 2 er ubesigra til no denne sesongen, og det kan bli ein sjåverdig  kamp for dei som tek turen. 

Seriefavorittane frå Moskva, som i dag spelar i kvite drakter, vann fyrste seriekampen 6-2 mot Veten/Hardbagg. Skavøypoll 2 har spelt to kampar til no denne sesongen, og står bokført med siger både mot Haugen og Flatraket. 

Bildet: Heiatrenar Ole Sunde spelar mest truleg midtstoppar i dag i lag med tidlegare Haugenspelar Rune Venøy. 


22.05 Haugen vann 3-1 mot Florø

Haugen sitt småguttelag i 1. divisjon vann i kveld 3-1 mot Florø på Klenkarberget. 

Haugen tok leiinga etter 13 minutt av kampen. Ein Haugenspelar blei felt like utanfor 16-meteren, og kampens gode dommar bles heilt korrekt frispark til heimelaget. Frisparket dunka Christoffer Hafsås i lengste hjørnet bak ein sjanselaus Kristian Sundal i Florø sitt mål. Rett før kvilen auka Dan Jøran Hafsås Haugen si leiing til 2-0. Åleine mot Sundal holdt Hafsås hovudet kaldt og netta sikkert. 
Alt i alt ei fortent 2-0 leiing til Haugen i det laga gjekk til pause, sjølv om Florø var det førande laget før Haugen laga sitt fyrste mål i kampen.

Andre omgang var berre fire minutt gammal då Christoffer Hafsås påny var frampå med skotfoten. Sundal strekte seg i full lengde heilt forgjeves, og Haugen var langt på veg mot tre nye poeng. To minutt før dommar Rolf Lefdal bles av kampen fekk Florø sitt trøystemål. I ein duell med Haugen sin gode keeper, Jim Rune Hoddevik, kom Eirik Hovland fyrst på ballen og skåra sikkert. 

Med dette resultatet har Haugen 12 poeng på seks kampar og er med heilt i toppen i si 1. divisjonsavdeling. 

Haugen-Florø 3-1 (2-0)
1-0 Christoffer Hafsås (13. min)
2-0 Dan Jøran Hafsås (35. min)
3-0 Christoffer Hafsås (39. min)
3-1 Eirik Hovland (68. min)

Haugen: 
Jim Rune Hoddevik
Martin Leite Gilleshammer
Christoffer Hafsås 
Ole Martin Hoddevik
Dan Jøran Hafsås
Anders Lillestøl
Andreas Solheim
Kristoffer Starheimsæter
Toni Lotsberg
Jostein Ladehaug
Bjørn Tore Furnes
Øyvind Strarheimsæter
Håkon Dalsbø
Joakim Haugland
Tore Haraldsen
Stian Remme

Florø: 
Kristian Sundal 
Henning Hopen
Henrik Steinset
Kristian Stokke
Andreas Auen
Henrik Bortheim
Kyrre Nilsen
Martin S. Olsen
Henrik Agledal
Sigve Kvelestad
Keven Karlsen
Eirik Hovland

Haugen sitt 7'ar lag i smågutteklassa spelar i morgon 23. mai kamp mot Hornindal. Kampen blir spelt på bortebane klokka 19.00. 

Bilde 1: Jim Rune Hoddevik spelte ein god kamp i Haugen sitt mål i kveld. 

Bilde 2: Eirik Hovland laga Florø sitt mål to minutt før slutt.

Bilde 3: Toni Lotsberg i full fart forbi ein Florøspelar. 

Bilde 4: Dommar Rolf Lefdal latar som han ikkje ser eit av kampens mange feilkast. 












21.05 Trening til Ferdighetsmerke

Torsdag 25. mai klokka 14.00 er alle spelarar frå 13-16 år velkomne til å vere med å trene på øvelsane til Ferdighetsmerke. 

Økta vil bli gjennomført på Klenkarberget viss tilhøve tillet det, og vil vare eit par timar. 

Ein tek sikte på at spelarane skal få prøve seg på å ta merke allereie laurdag 27. mai. 

Meir om øvelsane kan du sjå på oppslagstavla utanfor garderobene i klubbhuset. 

Måndag 22. mai er det full runde i Haugen si avdeling i smågutar 1. divisjon.  

Smågutar 13/14 1 div vår avd 2
19:00 Stryn 1-Tornado Måløy 
19:00 Haugen-Florø 1 
19:00 Skavøypoll-Eid 1 


Dan Jøran Hafsås, Haugen


21.05 Tipp sluttresultatet i Haugen-Eid 2

Botnoppgjeret mellom Haugen og Eid 2 blir spelt på Klenkarberget fredag 26. mai kl. 19.00. Begge laga står bokført med null poeng før denne kampen, og begge laga vil sikkert gjere alt for å bryte nullen i poengprotokollen. 

Ver med i konkurransen om eit Haugenkrus og deltakelse i Haugenfotball sin store oddskonkurranse.

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet i kampen Haugen- Eid 2 vinn eit Haugen-krus. Vinnaren får i tillegg til kruset delta i 8. runde i Haugen sin store Oddskonkurranse. 

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen. I gjesteboka kan du også sjå kva andre har tippa tidlegare. 

NB! Haugen sitt A-lag trenar på Klenkarberget tysdag 23. mai kl. 20.00.



Reidar Hellesø i bortekampen mot Eid 2 sist sesong. Ein kamp Haugen tapte 4-0. 
Sjå bilder og fakta frå kampen. 


21.05 Resultat frå dagens kampar

Sogndal vann i ettermiddagag 3-1 borte mot Hødd på Høddvoll. Norfjordeid sin store sønn Bjørn Totland (sitat: Torstein Kvam, Pvest.no nettradio) blei bytta inn på stillinga 2-1 til Sogndal 12 minutt før slutt. 

Adeccoligaen: 
Hødd-Sogndal 1-3 (0-2)

0-1 Ahyee Aye Elvis (20. min)
0-2 Torgeir Hoås (43. min)
1-2 Finn Erik Stavseng (61. min)
1-3 Sjølvmål, Sindre Eid (82. min)

4. div Menn
Syril-Loen 1-2 
Askv./Holmedal-Årdal 2  1-1 
Jølster-Førde 2   3-0

5. div Menn
Tornado Måløy 2-Lærdal 1-3 
Bjørn-Oppstryn 4-1 
Vik-Florø 2  3-1 
Bremanger-Gaular 1-1

Kvinner 2.div avd 04
Kaupanger-Solid/Stord/Trott 10-1


Bremanger sin spelande keeper, Kenneth Fosse Elde, spelte sin kamp nummer 150 for Bremanger i dag. 


21.05 Hødd-Sogndal på Høddvoll

Hødd og Bjørn Totland møter i kveld Sogndal heime på Høddvol. Dette er ein kamp begge laga må vinne. Sogndal for å henge med i toppen i Adeccoligaen, medan Hødd må prøve å kome seg vekk frå botnen av tabellen. 

Det blir også spelt kampar i den lokale 4. og 5. divisjon i tillegg til ein kamp i kvinnenes 2. divisjon avd. 4.
 
4. div Menn
15:00 Askv./Holmedal-Årdal 2 
15:00 Syril-Loen 
15:00 Jølster-Førde 2 

5. div Menn
15:00 Tornado Måløy 2-Lærdal 
15:00 Bremanger-Gaular 
15:00 Bjørn-Oppstryn 
15:00 Vik-Florø 2 

Kvinner 2.div avd 04
13:00 Kaupanger-Solid/Stord/Trott 



Bjørn Totland, Hødd


20.05 "Mål-Mats" involvert i ni mål mot Sandane 

Mats Solheim var involvert i alle ni fyrste måla til Stryn i dagens siger mot Sandane. Då fann Dagmund Evebø ut at ydmykelsen mot Sandane var total og han bytta likegodt ut  "Mål-Mats". 
Men det er ikkje berre Solheim som kan putte for Stryn og bortelaget vann til slutt 11-0. 

På Refvik Stadion vann heimelaget heile 6-0 mot Fjøra. 15-åringen Sveinung Frantzen held fram med å imponere, og laga i dag to mål for heimelaget. 

Morten Kåre Eriksen laga begge måla då Høyang vann 2-0 mot Skavøypoll på heimebane. 

I kampen mellom Kaupanger og Selje kom alle måla før kvilen. Heimelaget vann 4-0 framfor 130 tilskodarar på Kaupanger Stadion. 

Sandane-Stryn 0-11 (0-5)
0-1 Jon Terje Tjellaug (15. min)
0-2 Mats Solheim (22. min) 
0-3 Mats Solheim (27. min) 
0-4 Mats Solheim (28. min) 
0-5 Mats Solheim (42. min) 
0-6 Mats Solheim (46. min) 
0-7 Pål Holko (58. min) 
0-8 Ulrik Flo (66. min)
0-9 Jon Terje Tjellaug (70. min)
0-10 Asbjørn Tenden (76. min) 
0-11 Jan Erik Sandbakk (86. min) 

TMFK-Fjøra 6-0 (3-0)
1-0 Eirik Holvik (17. min)
2-0 Sveinung Frantzen (18. min)
3-0 Sveinung Frantzen (29. min)
4-0 Øivin Vabø (56. min)
5-0 Walter Høivik jr. (57. min)
6-0 Sten Are Edvardsen (59. min)

Høyang-Skavøypoll 2-0 (1-0)
1-0 Morten Kåre Eriksen (24. min)
2-0 Morten Kåre Eriksen (93. min)


Kaupanger-Selje 4-0 (4-0)
1-0 Geir Håkon Rygg (19. min)
2-0 Ole Einar Rebni (31. min)
3-0 Preben Strypet (36. min)
4-0 Kenneth Teigen, straffe (45. min)

Kampfakta er henta frå Firda.no, etter avtale med Firda. 




Mats Solheim, Stryn




Sveinung Frantzen, TMFK


20.05 Eid blei rundspelt av Dale på Eid Stadion

Eid tapte i kveld heilt fortent 3-1 heime mot Dale på Eid Stadion. Laget frå Sunnfjord, som sto med berre eit poeng etter fem kampar, rundspelte til tider heimelaget og Eid var heldige som ikkje tapte med ti mål i dag. Dale tok leiinga etter tolv minutt då Stian Neset på ein merkeleg måte fekk heada ballen i mål frå skrått hold. Sju minutt etter auka Dale til 2-0 på eit langskot frå Dale sin høgreback Frank Vik. Dette målet burde ikkje blitt godkjent. Tidlegare i angrepet blei eit skot stoppa av ein Dalespelar som sto i klar offsideposisjon. Ballen spratt frå Dalespelaren ut til Frank Vik som sette ballen rett i mål bak ein sjanselaus Sindre Rise. Til tross for nokre gedigne sjansar til bortelaget blei 2-0 til Dale ståande til pause. 

Rett etter kvilen aukar Idar Haugen Rochlenge Dale si leiing til 3-0. Rochlenge spelte ein god kamp på Dale si midtbane og blei av underteikna kåra til banas beste spelar. Berre to-tre minutt etter laga Dale sjølv spenning i kampen. Stian Sandal utnytta ein gedigen tabbe i Dale sitt forsvar, og heimelaget øyna ein liten sjanse til poeng i kampen. Men Dale var det klart beste laget og produserte sjansar på løpande band. Utruleg inneffektive Dalespelarar gjorde at sluttresultatet i kampen blei "berre" 3-1 til bortelaget. 

Dale sin spelande trenar sa i ein kommentar etter kampen at han aldri hadde vore med på at eit lag hadde skapt så mange sjansar i ein kamp. 
 
Sjå kampfakta og bilder frå kampen.


Kennet Vik prøvar å runde Sindre Rise.


Geir Harald Langeland


20.05 Siger og tap for Haugen

Haugen 2 vann torsdag 12-4 mot Sandane på Klenkarberget i ein kamp i G11. 

Haugen sitt lag i G12 var også i elden på Klenkarberget torsdag. Etter å ha vunne 9-6 borte mot Selje og tapt 6-4 mot TMFK, blei det denne gang eit knepent 6-5 tap mot Skavøypoll. 

20.05 Resultat i dagens kampar

2.div Menn avd 1
Årdal - Tollnes 2 - 0

3. div Menn avd 16
Kaupanger - Selje 4 - 0 
Sandane - Stryn 0 - 11 
Høyang - Skavøypoll 2 - 0 
Eid - Dale 1 - 3 
Tornado Måløy - Fjøra 6 - 0

Meir om kampane kjem snart. 


20.05 Kampar denne helga

I dag blir fem av dei seks kampane i 6. runde i den lokale 3. divisjon spelt. Eid tek i mot Dale på Eid Stadion, og fakta og bilder frå Eid sin siger mot Dale kan du sjå her i ettermiddag. 

Laurdag 20. mai:
2.div Menn avd 1
13:00 Årdal - Tollnes 

3. div Menn avd 16
16:00 Sandane - Stryn 
16:00 Kaupanger - Selje 
16:00 Tornado Måløy - Fjøra 
16:00 Høyang - Skavøypoll 
16:00 Eid - Dale 

Søndag 21. mai:
4. div Menn
15:00 Askv./Holmedal - Årdal 2 
15:00 Syril - Loen 
15:00 Jølster - Førde 2 

5. div Menn
15:00 Tornado Måløy 2 - Lærdal 
15:00 Bremanger - Gaular 
15:00 Bjørn - Oppstryn 
15:00 Vik - Florø 2 

Kvinner 2.div avd 04
13:00 Kaupanger - Solid/Stord/Trott 

Måndag 22. mai: 
3. div Menn avd 16
19:00 Førde - Sogndal 2 

Bilde 1: Øystein Hagen, TMFK

Bilde 2: Bjørnar Strandos, Eid og Henrik Furebotn, Sogndal



19.05 Eid tapte 1-0 mot Sogndal

Damelaget til Eid tapte i kveld 1-0 borte mot Sogndal. Målet til Sogndal kom då tidlegare Førde, Florø, Øygarden og Gaularspelar Merete Kapstad skrudde ein corner rett i mål. 

Hornindal sitt damelag tok i kveld sin fyrste siger denne sesongen. "Honndalstausene" sette inn heile seks mål og vann til slutt 6-3 borte mot Høyang. 

I den siste kampen i dag vann Førde 1-0 borte mot Balestrand. Rebekka Vaim Hellebø blei matchvinnar med si skåring omlag ti minutt før kvilen. 

Førde toppar 3. divisjon med full pott og 12 poeng etter fire spelte kampar. 


Malin Englund, Eid


19.05 Per Magne Løken 35 år

Tidlegare Haugenkeeper Per Magne Løken fyller i dag 35 år. Haugenfotball vil gratulere Per Magne så masse med dagen. 

Underteikna har høyrt rykte om at dagen blir feira med å holde buret reint i TMFK sin kamp mot Fjøra i morgon.

Haugenfotball gratulerar også Asle Myrold med 32-års dagen i dag. 

Dei to tidlegare Haugenspelarane står bokført med til sammen 162 kampar og 27 skåringar for Haugen.

Bildet:
Per Magne Løken, TMFK


19.05 Hornindal imponerte stort mot Florø

Hornindal imponerte stort i kveld og vann til slutt 3-2 mot seriefavorittene Florø på bortebane. Florø tok leiinga 2-0 før tjue minutt var spelt, og det var til tider høg temperatur i kampen. Omlag kvarteret før pause reduserte Marius Grodås til 2-1 på straffespark. 

I pausa bestemte Hornindal seg for å virkelig trakke til og ti minutt etter kvilen var det balanse i rekneskapen. Marius Grodås fann Svein Olav Solum på frispark, og Solum heada ballen elegant i mål til 2-2. Ti minutt før slutt fastsette Morten Taraldset sluttresultatet til 3-2. Åleine mot Florø sin sisteskanse sette Taraldset ballen mellom beina på keeper og i mål.  

Dermed har Hornindal stått for den størte sensasjonen i divisjonssystemet til no denne sesongen.  




Luftens Baron, Svein Olav Solum, Hornindal


19.05 Botnoppgjer Haugen-Eid 2

Botnoppgjeret mellom Haugen og Eid 2 blir spelt på Klenkarberget fredag 26. mai kl. 19.00. Begge laga står bokført med null poeng før denne kampen, og begge laga vil sikkert gjere alt for å bryte nullen i poengprotokollen. 


Ver med i konkurransen om eit Haugenkrus og deltakelse i Haugenfotball sin store oddskonkurranse.

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet i kampen Haugen- Eid 2 vinn eit Haugen-krus. Vinnaren får i tillegg til kruset delta i 8. runde i Haugen sin store Oddskonkurranse. 

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen. I gjesteboka kan du også sjå kva andre har tippa tidlegare. 

Begge bilda er henta frå sist Haugen møtte Eid 2 på Klenkarberget. Då var begge laga med i toppen på tabellen og kampen vart rekna som toppkampen. 
På bildet øverst får Arne Morten Nydal det raude kortet av dommar Ronny Stian Hopland. Øystein Haugland spelte sin kamp nummer 200 for Haugen og fekk utdelt ein blomsterkvast i pausen. 

Haugen vann denne kampen 3-1, og la oss håpe at det blir sluttresultatet i år også. 

Sjå kampfakta og bilder frå fjorårets toppkamp i 6. divisjon avdeling 4.  

NB! Haugen sitt A-lag trenar på Klenkarberget tysdag 23. mai kl. 20.00.



19.05 Oddskonkurransen runde 5 og 6

Ettersom 5. serierunde i den lokale 3. divisjon var delt opp på tre forskjellige kampdagar, droppa vi oddskonkurranse den serierunden. Dermed blir både runde 5 og 6 i Haugenfotball sin oddskonkurranse avvikla denne helga. 

Dei to deltakane er Tom W. Navarsete og Arild Heggen. 

Tom W. Navarsete:
Eid-Dale  U  4,70
Førde-SIL 2  H 1,75
Kaupanger-Selje H 1,30
Sandane(2.00)-Stryn B 1,55
Totalodds: 16,57

Arild Heggen:
Eid-Dale H  1,70
Høyang-Skavøypoll U 4,60
Sandane(2.00)-Stryn B 1,55
Totalodds: 12,12

Reglar for Oddskonkurransen:
I kvar runde skal ein utvalgt eller kvalifisert deltakar tippe minst to og maks fire kampar frå den lokale 3. divisjon.

Konkurransen skal gå over 22 rundar, der dei to siste rundane er ein rein finale mellom fem finalistar. 

Dei tjue fyrste rundane blir delt inn i fem "semifinalar". Deltakarane i runde 1-4 konkurrerar om den fyrste finaleplassen. Den av dei fire deltakarane som får inn kupongen med høgast totalodds går til finalen. 

Slik blir det også i runde 5-8, 9-12, 13-16 og 17-20. På den måten får ein fem finalistar som skal konkurrere om å oppnå høgast odds samanlagt i dei to finalerundane. 

Vinnaren av Oddskonkurransen får ein konto på kr. 3000,- hos NordicBet.com.   



Tom W. Navarsete
Foto: Jan Fuglesteg, www.fjora.no



Arild Heggen


19.05 Ta med idrettslaget på Sogndalkamp

Ta med nye og gamle lagkameratar til Foshaugane Campus og styrk lagånda medan de saman heiar Sogndal fram til viktige poeng. Kun kr. 50 pr stk.

Når de er 12 personar eller fleire som representerar eit idrettslag og bestiller billettar samla, gir vi dykk ein unik idrettspris - kun 50 kr pr billett på vår nye kortside - Linestribunen! 

Les meir på Sogndal Fotball sine nettsider.

Bildet: Rune Bolseth, Sogndal


18.05 Haugen sitt A-lag trenar på Klenkarberget



Haugen sitt A-lag trenar på Klenkarberget fredag 19. mai klokka 19.00. 

Fredag 26. mai er det duka for botnoppgjer mot Eid 2 på Klenkarberget. Begge laga står bokført med 0 poeng og kun Veten/Hardagg er bak dei to laga på tabellen. 

Tysdag 23. mai blir dei to andre kampane i 3. runde i 6. divisjon avdeling 4 spelt. Heia spelar heime mot topplaget Skavøypoll 2, medan Flatraket tek i mot Selje2/Stadlandet på Naustteigen Stadion.  

17.05 To kampar på Klenkarberget torsdag 18. mai

To av Haugen sine lilleguttlag spelar heimekamp torsdag 18. mai. Begge kampane blir spelt på Klenkarberget kl. 18.00. 

Haugen 2 sitt lag i G11 møter Sandane i kampen som blei utsett torsdag 11. mai. 

Haugen sitt lag i G12 har hatt ein bra start på sesongen, og i morgon er det duka for kamp mot Skavøypoll. 


17.05 Sonelagsturnering på Byrkjelo 3. juni

SFFK melder i dag at sonelaga til G-1992 og J-1991/92 skal spela kampar mot kvarandre på Byrkjelo laurdag 3. juni.

Frå Haugen er Toni Lotsberg, Christoffer Hafsås, Eivind Daniel Røed og Jim Rune Hoddevik tekne ut på laget til Nordfjord. 

Nordfjord G-92:
Arild Grønnevik Sandal, Skavøypoll IL
Espen Sandal, Skavøypoll IL
Joachim Refvik, Selje IL 
Espen Frøyen, Bremanger IL
Martin Flåten, Tornado Måløy FK
Glenn Kvernevik, Tornado Måløy FK
Jonny Solhaug, Tornado Måløy FK
Mads Wie, Sandane TIL 
Mathias Jensen, Sandane TIL
Simon Andre Gimmestad, Sandane TIL
Trygve Leite, Eid IL
Marius Hagen, Eid IL
Sondre Kullsveen, Eid IL
Øystein Aabrekk, Eid IL (93)
Eivind Daniel Røed, Haugen IL
Toni Lotsberg, Haugen IL
Christoffer Hafsås, Haugen IL
Jim Rune Hoddevik, Haugen IL

Nordfjord J-91/92
Gry Nagel, Bremanger IL
Amanda Nesbakk, Bremanger IL 
Hege Nygård, Bremanger IL 
Siri Haugland, Bremanger IL 
Amanda Hjelmeseth, Sandane TIL
Kristina H. Reed, Sandane TIL
Kamilla Bolseth, Sandane TIL
Elise Øygard, Sandane TIL (92)
Marte H. Hansen, Sandane TIL
Isabell Aarvik, Tornado Måløy FK (92) 
Stine Jepsen, Eid IL 
Vendel Liseth, Eid IL
Susanne Vatnehol, Selje IL 
Janette Kupen, Selje IL 
Sonja Riksfjord, Selje IL
Rakel T. Blålid, Tornado Måløy FK 
Hanna Tenden, Stryn T & IL 
Elise Lunde, Stryn T & IL 

Program:
2 x 25 min kampar – 10 min pause

1000–1100 Kamp J Sogn–Sunnfjord
1130–1230 Kamp J Nordfjord–Sogn
1300-1400 Kamp J Sunnfjord–Nordfjord
1415–1515 Kamp G Sogn–Sunnfjord
1545–1645 Kamp G Nordfjord–Sogn
1715–1815 Kamp G Sunnfjord–Nordfjord

Saka er henta frå SFFK sine nettsider. Alt om saka kan du lese på SFFK sine nettsider.




Christoffer Hafsås, 
Haugen




Glenn Kvernevik, 
TMFK


17.05 Sandane møter Aafk i 2. runde i junior-NM

NFF har sett opp andre runde i Junior-NM. Sandane som er einaste laget frå Sogn og Fjordane som er med vidare har fått ein vanskeleg motstandar. Sandane skal spele mot Aalesund, og kampen blir spelt på Colorline Stadion. 

"Lokale" kampar i 2. runde: 
Nordhordland-Vadmyra
Fana-Stord Sunnhordland
Follese-Fyllingen
Brattvåg-Hødd
Aalesund-Sandane

Kampdato for 2. runde er sett til søndag 28. mai. 

Bildet: Sandane sin spiss, Ruben Wie, i treningskampen mot TMFK tidligare i vår. 


17.05 Keepertrening for alle frå 11-16 år

Ørjan Solheim melder at:
Det vert keepertrening fredag 19. mai kl. 1800-1930 på Plassen. Dette gjelder for aldersbestemte keeperar frå 11-16 år. Alle keeperar frå Eid kommune er hjarteleg velkomne, inkludert Eid, Haugen, Heia, Stårheim og Kjølsdalen. 

Keepertrenar vert i utgangspunktet underteikna, Ørjan Solheim, men om vi vert mange keeperar må vi kanskje hente inn ein ekstra keepertrenar.

Kva fast dag keepertreningane vert framover, blir teke opp på den første treninga på fredag. Håpar at så mange som mogleg stiller.

mvh Ørjan Solheim


Ørjan Solheim, Haugen


17.05 GRATULERER MED DAGEN  

Haugen Fotball vil 
ynskje alle ein fin Nasjonaldag.


16.05 Resultat 3. divisjon avd 16.  

Dale-Førde 1-2 (1-1)
0-1 Henrik Hagen (3. min)
1-1 Are Gunnar Korsvoll (27. min)
1-2 Stig Hårklau (80. min)

Skavøypoll-TMFK 2-2 (2-2)
0-1 Eirik Holvik (2. min)
0-2 Eirik Holvik (6. min)
1-2 Ole Kristian Nygård (14. min)
2-2 Peter Orry Larsen (18. min)

Selje-Sandane 3-1 (2-0)
1-0 Sjølvmål, Bjørnar Landsverk (28. min)
2-0 Kristoffer Hove (32. min)
3-0 Kenneth Pedersen (65. min)
3-1 Sigmund Andenes (89. min)

Kampfakta er henta frå Firda.no

Stryn-Eid 5-0 (1-0)
1-0 Mats Solheim (12. min) 
2-0 Jon Terje Tjellaug (67. min)
3-0 Asbjørn Tenden (74. min) 
4-0 Asbjørn Tenden (79. min) 
5-0 Asbjørn Tenden (88. min) 


Kenneth Pedersen, Selje laga Selje sitt tredje mål i kveld. 


16.05 Stryn vann 5-0 mot Eid 

Stryn vann i kveld 5-0 mot Eid på Stryn Stadion. Stryn leia 1-0 til pause etter at heimelaget hadde hatt eit lite overtak på gjestane før kvilen. I dei fyrste tjue minutta av andre omgang var Eid fullt på høgde med heimelaget, men det lukkast ikkje for bortelaget i å overliste Kristoffer Grodås i Stryn sitt mål. Siste 25 minutta av kampen tok Stryn heilt over og måla rann inn bak Eidkeeper Sindre Rise. Asbjørn Tenden blei dagens mann på Stryn Stadion. Etter at Tenden spelte ein god fyrsteomgang, laga han likegodt dei tre siste måla til Stryn, i løpet av det siste kvarteret av kampen. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.


Asbjørn Tenden, Stryn


16.05 Kampane dagen før Nasjonaldagen

Sogndal spelar i kveld kamp mot Løv-Ham på Fosshaugane Campus. 

I tillegg blir det spelt fire kampar i den lokale 3. divisjon. 
Underteikna tek turen til Stryn og bilder frå kampen Stryn-Eid kan du sjå her på Haugenfotball.no seinare i kveld. 

Adeccoligaen
18:00 Sogndal - Løv Ham 

3. div Menn avd 16
18:00 Dale - Førde 
19:00 Selje - Sandane 
19:00 Stryn - Eid 
19:00 Skavøypoll - Tornado Måløy 


Tidlegare Strynspelar Kåre Sigve Balsnes spelar i kveld mot gamle lagkameratar. 


15.05 Kaupanger tukta topplaget Fjøra

Kaupanger vann i kveld 4-2 borte mot Fjøra på Fosshaugane Campus.  

Fjøra-Kaupanger 2-4 (0-2)
0-1 Frode Kvam (24. min)
0-2 Preben Strypet (38. min) 
1-2 Vegard Ruud (55. min) 
2-2  Morten Hagen (56. min)
2-3 Ole Einar Rebni (61. min) 
2-4 Frode Kvam  (71. min)

Kampfakta er henta frå Fjøra si nettside. 
Kaupanger klatra med dette resultatet til ein 7. plass på tabellen, medan Fjøra ikkje nytta sjansen til å stikke i frå Stryn på tabelltoppen. 




15.05 Trening til Ferdighetsmerke

Laurdag 20. mai klokka 14.00 er alle spelarar frå 13-16 år velkomne til å vere med å trene på øvelsane til Ferdighetsmerke. 

Økta vil bli gjennomført på Klenkarberget viss tilhøve tillet det, og vil vare eit par timar. 

Ein tek sikte på at spelarane skal få prøve seg på å ta merke allereie laurdag 27. mai. 

Meir om øvelsane kan du sjå på oppslagstavla utanfor garderobene i klubbhuset. 


Haugen vann mot Eid
Haugen 2 sitt småguttelag vann i dag 7-2 borte mot Eid 2 i 7'ar fotball. Haugen leia 2-0 eit stykke ut i fyrste omgang, men Eid kom tilbake og stillinga til pause var 2-2. I andre omgang var Haugen eit hakk bedre enn Eid og vann til slutt 7-2. Stian Remme (3), Vebjørn Nord Haugland (2) og Dan Jøran Hafsås (2) laga måla til Haugen. 



Tore Haraldsen, Haugen


15.05 Holvik "går linja" i Champions League

Det Europeiske Fotballforbundet (UEFA) har oppnevnt denne norsk dommerkvartetten til å dømme finalen i Champions League mellom Arsenal og Barcelona på Stade de France i Paris onsdag 17. mai med kampstart klokken 20.45:


Hoveddommer: Terje Hauge, Olsvik IL
Asst. dommer: Steinar Holvik, Sandane TIL
Asst. dommer: Ole Hermann Borgan, Vestfossen IL Fotball
4. dommer: Tom Henning Øvrebø, Nordstrand IL

Saka er saks frå Fotball.no



Steinar Holvik, Sandane


15.05 Team Bremanger

Laurdag blei den tredje "Team Bremanger" samlinga arrangert i Bremanger. Etter å hatt samlingar i Florø og Måløy var det no duka for å ha samlinga på "heimebane". 

Spelarutviklar Jan Tore Jåstad i fotballkretsen var til stades og hadde berre lovord å seie om jentene og samlinga:

"Det er utruleg kjekt å vere her saman med dykk ! TEAM Bremanger er eit glimrande tiltak, og eg håpar dykk er med på dette framover. Her er ei fantastisk stemning og atmosfære på samlinga. Dåkke er utruleg flinke til å "skru av og på brytaren", dykk er fokuserte og jobbar hardt når dykk er ute på bana, og dykk klarar å koble av og skape ei flott stemning utan om treningane. Det gjer meg ingenting å stå opp kl.05.00, og ta turen ut i frå Sogn når det er slik. Eg kjem gjerne igjen ved eit seinare høve !"

Sitatet er henta frå Bremanger sine nettsider. På Bremanger sine sider kan du lese alt om samlinga. 



Jan Tore Jåstad. SFFK


14.05 Årdal tapte 3-1 borte mot Åmot

Årdal tapte i dag 3-1 borte mot Åmot i 2. divisjon avdeling 1. Laga gjekk til pause på stillinga 0-0. Årdal sitt mål vart sett inn av Terje Andreas Jevnaker to minutt på overtid. Årdal ligg med dette resultatet på 11. plass, heile 10 poeng bak Bærum og Stabæk 2 som toppar tabellen etter fem serierundar. 

Andre resultat i dag:
5. div Menn
Florø 2-Kaupanger 2   2- 1

6. div Menn avd 2
Dale 2-Førde 3   3- 5

6. div Menn avd 3
Svelgen-Breimsbygda 1-1

Spelarstallen 2006
Underteikna har omsider oppdatert spelarstallen. Det manglar ein del bilder, og kanskje også nokre spelarar.

Sjå spelarstallen 2006.




Ole Gunnar Hunderi, 
Årdal


14.05 Yngve Tolaas fyrste finalist i oddskonkurransen

Ettersom ingen av dei fire fyrste deltakarane i oddskonkurransen greide å prikke inn sin kupong, måtte det loddtrekning for å kåre den fyrste finalisten. 

Øystein Haugland, Bjørn Totland, Arne Morten Nydal og Yngve Tolaas blei alle samla på Eid Idrettspark og tidlegare Haugenspelar Tor Hafsås fekk det ærefulle oppdraget med å trekke ut vinnaren. 

Frå ein caps som var sponsa av Tussa trekte Hafsås opp lappen med navnet på vinnaren. Det var stor spenning blant deltakarane då Hafsås avslørte at Yngve Tolaas blir den fyrste finalisten i Haugenfotball sin oddskonkurranse. 

Sjå bilder frå trekninga.



14.05 Kampar dei kommande dagane

Det er ein dårleg dag for dei som er glad i fotball i dag. Berre tre kampar har underteikna snusa fram. 

Kampar søndag 14. mai:
5. div Menn
16:00 Florø 2 - Kaupanger 2 

6. div Menn avd 2
14:00 Dale 2 - Førde 3 

6. div Menn avd 3
14:00 Svelgen - Breimsbygda 

Måndag 15. mai tjuvastartar Fjøra og Kaupanger "16. mairunden i 3. divisjon". 
Kampen mellom Sogndal 2og Høyanger blir spelt tysdag 6. juni. Haugen sitt sjuarlag i smågutteserien spelar bortekamp mot Eid 2 måndag.  

Kampar måndag 15. mai:
3. div Menn avd 16
18:30 Fjøra - Kaupanger 

3. div kvinner
19:00 Sandane - Kaupanger 2 
19:00 Hornindal - Jølster 

Haugen sitt sjuarlag i smågutteserien 
Smågutar 13/14 7'ar avd 3
19:00 Eid 2 - Haugen 2 
19:00 Bryggja - Hornindal   

Kampar tysdag 16. mai:
Adeccoligaen
18:00 Sogndal - Løv Ham 
18:00 Aalesund - Hødd 

3. div Menn avd 16
18:00 Dale - Førde 
19:00 Selje - Sandane 
19:00 Stryn - Eid 
19:00 Skavøypoll - Tornado Måløy 


Steinar Tenden, Førde


Steffen Midthjell, Eid


13.05 Seier for Sogndal og uavgjort for Hødd

Sogndal vann i dag 3-2 borte mot Sparta Sarpsborg, og ligg med det på 5. plass på tabellen i Adeccoligaen. Sogndal opna kampen forrykande og leia 2-0 etter to mål av Håvard Flo før 15 minutt var spelt. I andre omgang reduserte og utlikna Sparta til 2-1 og 2-2, og det såg ut til å gå mot uavgjort. Men etter 87 minutt set Ole Hjelmhaug inn 3-2 på eit skot frå omlag 40-45 meter. Denne burde Rino Hansen i Sparta Sarpsborg sitt mål hatt kontroll på. 

Hødd rota vekk to poeng i sluttminutta mot Tromsdalen. Bjørn Totland (bildet) gav Hødd leiinga 1-0 knappe tjue minutt etter kvilen. Men Tromsdalen gav seg ikkje og like før slutt utlikna Lars Nymo Trulsen til 1-1, føre eit skuffa heimepublikum på Høddvoll. Med dette resultatet innehar Hødd nestsisteplassen i Adeccoligaen med sine tre poeng. 


13.05 Henning Haugen sine disiplar senka Haugen

Henning Haugen sine spelarar på Eid sitt småguttelag vann i dag 4-3 mot Haugen på Klenkarberget. 

Haugen starta best og allereie etter to minutt blei Christoffer Hafsås lagt ned innanfor 16-meteren. Kampens gode dommar Rune Haugland hadde ikkje noko valg og peika på straffemerket.
Eivind Daniel Røed sette straffa i stolpen og Haugen fekk ikkje den pangopninga dei hadde drøymt om. 
I staden for ei tidleg Haugeleiinga var det i staden Eid som tok leiinga 1-0 etter 8 minutt av fysrte omgang.  
Sondre Nordnes utnytta ein liten feil i Haugen sitt forsvar og sette ballen bak ein sjanselaus Jim Rune Hoddevik.  Like etter dobla Sondre Kullsveen Eid si leiing til 2-0, og det såg ut til at Eid skulle få lett spel mot Haugen i dag. Men Haugen gav seg ikkje og etter 17 minutt reduserte Christoffer Hafsås til 2-1. Dette gav Haugen blod på tann og berre to minutt etter utlikna Toni Lotsberg til 2-2. Haugen hadde nokre store sjansar til før pause men Eid sin glimrande keeper Øyvind Sole Sundal varta opp med eit par kanonredningar slik at pauseresultatet i kampen blei 2-2. 

Fem minutt ut i andre omgang var Eid på ny i leiinga. Trygve Leite dunka til fra langt hold og ballen gjekk i ein fin bue over Jim Rune Hoddevik. Knappe ti minutt etter ordna Anders Lillestøl balanse i rekneskapet, då han skaut ballen i mål frå omlag ti meter. 3-3 såg lenge ut til å bli sluttresultatet i kampen, men Øystein Aabrekk ville det annleis. Aabrekk dribla seg fri og frå kort hold sette han enkelt inn seiersmålet. 

Rett etter bles dommar Rune Haugland av kampen og nå har det verkeleg tetta seg til i toppen på 1. divisjonstabellen.

Haugen-Eid 3-4 (2-2) 2*35 minutt
0-1 Sondre Nordnes (8. min)
0-2 Sondre Kullsveen (10. min)
1-2 Christoffer Hafsås (17. min)
2-2 Toni Lotsberg (19. min)
2-3 Trygve Leite ( 40. min)
3-3 Anders Lillestøl (49. min)
3-4 Øystein Aabrekk (70. min)

Sjå nokre bilder frå kampen. 

Bilde 1: Eirik Johnson og Rune Haugland

Bilde 2: Tore Haraldsen

Bilde 3: Øyvind Sole Sundal





13.05 Bengt Leite klar for Haugen

Etter å ha tapt dei to fyrste kampane i serien måtte noko gjerast. Formann i fotballgruppa Ove Jan Haugland opna velvillig lommeboka, og ein kvalitetsspelar blei kjøpt. 

Valgt fall på midtbanespelaren Bengt Leite. Den 16 år gamle midtbanespelaren frå Kjølsdalen har dei siste sesongane aksla den gule og svarte eiddrakta. 

Leite debuterar truleg i Haugen sin neste kamp, som er heime mot Eid 2 fredag 26. mai. 


13.05 Resultat i dagens kampar i 4. og 5. divisjon

Det har vore spelt tilnærma full runde i den lokale 4. og 5. divisjon i dag.

4. div Menn
Syril-Jølster 1-1 
Hornindal-Førde 2  4-2 
Loen-Askv./Holmedal 4-1 
Eikefjord-Florø 1-2

I 4. divisjon toppar dei to antatt beste laga i det dei fleste laga i divisjonen har spelt tre kampar. Florø toppar med sju poeng, eit poeng føre Eikefjord. Nederst på tabellen ligg Førde sitt andrelag, som står bokført med tre tap på sine tre fyrste kampar. 

5. div Menn
Gaular-Tornado Måløy 2  5-2 
Vik-Bjørn 8-1 
Vadheim/Høyang 2-Bremanger 2-4
Lærdal-Oppstryn 5-0

Her toppar Vik med full pott etter tre serierundar, medan TMFK2 og Bjørn er utan poeng i den andre enden av tabellen.





Tommy Hauge, 
Bremanger


13.05 Hornindal tok tre viktige poeng mot Førde 2

Haugen sin "korrespondent" i Honndalen, Edvin Haugen, har sendt følgjande informasjon frå Hornindal sin kamp mot Førde 2:
Etter 2 tafatte kampar reiste HIL seg med 3 poeng mot Førde2 i dag. Frank Hool laga 2 mål, mens Ole Christian Nygård og Terje Haugen Øye laga
eit kvar. Alt i alt ein fortjent siger. HIL hadde nok totalt sett mest sjansar og
burde scora månge fleire mål, mens Førde hadde eit par store sjansar på
slutten. 

Viktig siger for oss!!!

Neste kamp er 19 mai mot borte mot Florø. Då vert vi ytterlegare forsterka
når Erlend Nordnes og Sindre Fannemel kjem heim på perm.


Frank Hool, Hornindal


13.05 Kampar laurdag 13. mai og trening A-laget  

Haugen sitt småguttelag i 1. divisjon spelar i dag seriekamp mot Eid 1 på Klekarberget kl. 15.00. 

I tillegg til småguttekampen er det runde i både den lokale 4. og 5. divisjon.

Smågutar 13/14 1 div vår avd 2
15:00 Haugen - Eid 1 

4. div Menn
15:00 Eikefjord-Florø 
15:00 Loen-Askv./Holmedal 
15:00 Syril-Jølster 
15:00 Hornindal-Førde 2 

5. div Menn
15:00 Vadheim/Høyang 2-Bremanger 
15:00 Gaular-Tornado Måløy 2 
15:00 Lærdal-Oppstryn 
15:00 Vik-Bjørn 

NB! Haugen sitt A-lag trenar måndag 15. mai klokka 20.00 på Klenkarberget.  Fredag 19. mai trenar Haugen klokka 19.00. Kjem tilbake med informasjon om denne treninga blir på Eid Idrettspark eller på Klenkarberget.  




Svein O. Solum, 
Hornindal


12.05 Stryn og Fjøra toppar 3. divisjon

Etter at fire serierundar er spelt er det Stryn og Fjøra som toppar den lokale 3. divisjon med sine 10 poeng. Stryn vann 6-2 mot Dale på Stryn Stadion, medan Fjøra vann 3-0 mot Sandane etter tre skåringar før pause. 

Skavøypoll vann noko overraskande 2-0 borte mot Kaupanger. Med dette resultatet er Skavøypoll oppe i ni poeng og er hakk i hæl med topplaga Stryn og Fjøra. 

I botnen av tabellen ligg Dale og Sandane. Dale har eit poeng etter at dei spelte uavgjort mot Høyang sist serierunde, medan Sandane står bokført med fire tap på fire kampar. 

Eid-Selje 2-0 
Kaupanger-Skavøypoll 0-2 
Stryn-Dale 6-2 
Høyang-Førde 2-1 
Sandane-Fjøra 0-3 
Tornado Måløy-Sogndal 2  3-0

Kampfakta frå kampane kan du lese på Firda.no



Ulrik Flo, Stryn


12.05 Eid vann 2-0 mot Selje 

Eid vann i kveld 2-0 mot Selje på Eid Idrettspark. Eid var det klart beste laget sett kampen under eitt , og med litt meir flaks/dugleik framfor mål kunne Eid vunne med endå fleire mål. 

Eid tok leiinga i kampen allereie etter to minutt av fyrste omgang. Eit innlegg blei stussa vidare av Stian Sandal til ein umarkert Håvard Bruvoll som enkelt kunne putte ballen i mål. Ti minutt etter avr Karl Erik Aarsheim millimeter frå å skape balanse i rekneskapet. Etter ein del rot og tull i Eid sitt forsvar klinar Aarsheim til frå omlag tjue meter. Ballen går på innsida av stolpen og trillar på streken. Her hadde Eid flaks! 

Kvarteret etter at Håvard Bruvoll hadde gitt Eid 1-0 var same mann nære på å doble leiinga til 2-0. Etter å ha fått ballen på 30 meter vippa Bruvoll ballen over ein motstandar og dunka til på halvspretten. Ballen fekk ein fin bue og small i tverrliggaren bak Odd Helge Losnegård. Losnegård var Selje sin klart beste spelar i kveld, og held Losnegård med å storspele slik han gjorde i kveld og i heimekampen mot Stryn, blir han nok fast fyrstekeeper på Selje denne sesongen. 

Etter 21 minutt av fyrste omgang aukar Eid til 2-0. Håvard Bruvoll spelar gjennom Kristian Holmøy som trillar ballen forbi keeper. Ein forsvarar når ballen, men Holmøy får krangla ballen vidare mot målstreken. Etter litt om og men signaliserer assistentdommaren at ballen er over streken. 
Rett etter spelar Anders Midthjell fri Stian Sandal som skyt i stolpen bak ein utmanøvrert Losnegård. 

Andre omgang starta med eit lite overtak til heimelaget. Petter Hammer avslutta like utanfor etter åtte minutt. To minutt etter hadde spelande trenar Geir Moldestad ein gedigen sjanse til å auke leiinga til 3-0. Men åleine mot keeper Losnegård blei avslutninga litt for dårleg og Losnegård redda meisterleg. Selje hadde også sine sjansar etter pause, men Eid var mykje nærmare 3-0 enn det Selje var redusering i kveld. Tjue minutt ut i andre omgang hadde Magnus Sævik Eid sin største sjanse etter kvilen. Frå fem meter heada Sævik knallhardt mot mål. Berre eit tigersprang frå Losnegård hindre Eid skåring i denne situasjonen. 

På slutten av kampen la Eid seg meir bakpå og det resulterte i at Selje fekk meir av banespelet. Men dei heilt store sjansane uteblei og kampen ebba ut med 2-0 til heimelaget. 
Med dette resultatet har både Eid og Selje 3 poeng kvar og ligg på 9. og 10. plass føre Dale og Sandane. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.
 
Bilde 1: Odd Helge Losnegård, Selje

Bilde 2: Anders Midthjell og Håvard Bruvoll feirar 1-0-målet 

Bilde 3: Håvard Kroken Karlsen i munnhoggeri med Kenneth Pedersen

Bilde 4: Speaker Arild Heggen og Arsenalsupporter Øyvind Totland





12.05 Haugen-Eid laurdag kl. 15.00

Småguttelaget til Haugen som spelar i 1. divisjon skal laurdag 13. mai møte Eid. Kampen blir spelt på Klenkarberget klokka 15.00. 

Damelaget til Eid sin kamp mot Sandane er utsett på grunn av at Sandane ikkje kunne stille lag. 

12.05 Sogndal møter Årdal i andre runde

NFF har sett opp andre runde i cupen, og Sogndal er sett opp med heimekamp mot Årdal. Kampen blir spelt på Fosshaugane Campus torsdag 8. juni. 

Andre "lokale" kampar: 
Fyllingen-Hønefoss BK
Askøy-FK Haugesund
Voss-Brann
Sogndal-Årdal
Aalesund-Ranheim
KIL/Hemne-Molde
Byåsen-LøvHam
Levanger-Hødd 

Informasjonen er henta frå Fotball.no

Bildet: Brann og Mons Ivar Mjelde møter Voss, og bør ta seg lett vidare til tredje runde. 


12.05 Ann Katrin Grotle teken ut på landslagssamling

16 år gamle Ann Katrin Grotle frå Bremanger er teken ut i J15/J16 landslagstroppen. Troppen skal ha treningssamling på Toppidrettssenteret i Oslo 25.-28. mai. 

J15/J16 er eit nyoppretta landslag som er komt som et resultat etter at FIFA har oppretta VM for J17. Fyrste VM for J17 blir arrangert i 2008.  J15/J16 skal ha to treningsamlingar og skal spele ein kamp mot Sverige i løpet av 2006, slik at laget skal vere best mogleg forberedt til kvalifiseringsturneringane som startar i løpet av 2007. 

Heile Uttaket:
Helene Hægg, Donn
Ingrid Torbjørnsen, Medkila
Marlene Christoffersen, Teie
Hedda V. Lassen, Skogstrand
Kine B. Rissa, Åsane
Anne M. Stentvedt, Skedsmo
Silje Urke Andersen, Hødd
Julie Adserø, Byafossen
Karoline Falkhytten, Træff
Ann Katrin Grotle, Bremanger
Marie S. Halvorsen, TUIL
Marianne Hansen, Alta
Annelin Osland, Klepp
Mari Solstad, Kolbotn
Marie Thomassen, Grand/Bodø
Kamilla Wehrmann, Bossmo/Ytteren
Ingrid M. Wold, Gjøvik
Kristina Woldmo, Trond
Ingvild Østberg, Gjøvik
Linn Årland, Gneist

Trenarapparatet:
Hovedtrener: Lena Tyriberget 
Asst. trener: Roar Wold 
Keepertrener: Roar Johansen

Program:
Torsdag 25/5, kl. 14.30: Trening, NIH kunstgress

Fredag 26/5, kl. 09.30: Trening, 

Fredag 26/5, kl. 15.00: Trening, NIH kunstgress

Lørdag 27/5, kl. 09.30: Trening, NIH kunstgress

Lørdag 27/5, kl. 15.00: Trening, NIH kunstgress

Søndag 28/5, kl. 10.30: Internkamp, NIH kunstgress

Informasjonen er saksa frå  Fotball.no




11.05 Tap og siger for Haugen på Klenkarberget

Haugen sitt lag i G12 tapte i kveld 6-4 mot Tornado Måløy. Haugen leia 3-2 til pause men i andre omgang var TMFK farlegast framfor kassa og kunne triumfere med 6-4 siger over Haugen. 

Haugen 1 sitt lag i G11 vann i kveld heile 21-2 mot Tornado Måløy 1 i ein annan kamp på Klenkarberget.  

Haugen 2 sitt lag i G11 skulle også spelt heimekamp i kveld. Men på grunn av at bana var opptatt med andre kampar blir kampen mot Sandane spelt på Klenkarberget torsdag 18. mai kl. 18.00. 



11.05 Guttelaget til Haugen/Eid2 vann 4-2 mot Sandane

Guttelaget til Haugen/Eid 2 vann i kveld 4-2 mot Sandane på Klenkarberget. Andre Rafshol gav heimelaget leiinga etter 22 minutt av fyrste omgang. Kjetil Remme drog seg fint fri på venstrekanten og innlegget kunne Rafshol enkelt putte i mål bak ein sjanselaus Jon Haraldsvik i Sandane sitt mål. Stillinga 1-0 var også pauseresultat i kampen.

Etter to minutt av andre omgang utlikna Sandane til 1-1. Runar Myrold sette ballen bak Haugen sin nye keeper Christian Johannesen. Halvvegs ut i andre omgang var innbyttar Simeon Pavelich raskt framme på ein retur frå keeper og sette ballen i det tomme målet. Kvarteret etter får same mann krangla ballen i mål etter eit innlegg frå Kjetil Remme. Dermed var Haugen i leiinga 3-1, og kampen var vel i realiteten avgjort. Men Haugen gav seg ikkje og tre minutt før slutt sprang Magnus Aarskog gjennom Sandane sitt forsvar, og auka Haugen si leiing til 4-1. På overtid fastsette Joakim Føleide sluttresultatet til 4-2.  

Haugen/Eid 2-Sandane 4-2 (1-0)
1-0 Andre Rafshol (22. min)
1-1 Runar Myrold (42. min)
2-1 Simeon Pavelich (57. min)
3-1 Simeon Pavelich (72. min)
4-1 Magnus Aarskog (77. min)
4-2 Joakim Føleide (80. min)

Haugen/Eid 2: 
Christian Johannesen
Eivind Daniel Røed
Bjørn Kristen Sørland
Espen Aaland
Kjetil Remme
Alf Kåre Dalsbø
Bjørn Erik Lote Henden
Simeon Pavelich
Alf Tore Nilsen
Stian Melheim
Andre Rafshol
Erling Tykkhelle Kayser
Ole Nordnes
Magnus Aarskog 

Sandane:
Jon E. Haraldsvik
Bjørn P. B. Hysing
Jens Gule
Martin Slagstad
Anders Ommedal
Lasse Erdal
Martin Akse
Svein Arne Fure
Eirik Kaale
Joakim Føleide
Andreas Morken
Arild Strømmen
Runar Myrold
Arne M. H. Ask
Håvard Søreide  

Neste kamp for guttelaget til Haugen/Eid 2 er borte mot Selje/Stadlandet 1 fredag 26. mai. Selje/Stadlandet har vunne begge sine to kampar til no denne sesongen. Fyrste kampen blei det 9-0 siger borte mot TMFK 2, medan i kamp nummer to vann Selje/Stadlandet 1 heile 12-0 mot Stadlandet/Selje 2. 

Bilde 1: Espen Aaland, Haugen og Andreas Morken, Sandane.

Bilde 2: Keeper Jon Haraldsvik blir gratulert av Jens Gule etter ei fantomredning på eit skot frå Simeon Pavelich. 

Bilde 3: Kjetil Remme, Haugen og Jens Gule, Sandane. I bakgrunnen ser vi Andre Rafshol, Haugen.

Bilde 4: Simeon Pavelich, haugen.

Bilde 5: Joakim Føleide, Sandane og Bjørn Kristen Sørland, Haugen.

I ein annan kamp i kveld tapte Eid sitt guttelag i fyrstedivisjon 2-0 mot Sogndal.  






11.05 Haugen trenar på Eid Idrettspark 

NB! Haugen sitt A-lag trenar fredag 12. mai kl. 20.45 på Eid Idrettspark. 

Rett før treninga til Haugen har både Eid og Selje sagt ja til å spele ein oppvarmingskamp, før Haugen si trening tek til. Denne kampen har kampstart kl. 19.00. 

Det blir spelt full runde i den lokale 3. divisjon fredag 12. mai: 
19:00 Eid - Selje 
19:00 Sandane - Fjøra 
19:00 Kaupanger - Skavøypoll 
19:00 Tornado Måløy - Sogndal 2 
19:00 Stryn - Dale 
19:00 Høyang - Førde  


Håvard K. Karlsen, Eid


11.05 Fjerde runde i ODDSKONKURRANSEN

Yngve Tolaas er deltakar i fjerde runde i Oddskonkurransen. 

Tolaas som til dagleg jobbar som journalist i Fjordabladet har sett opp følgjande kupong: 
Kaupanger-Skavøypoll H 1,75
Stryn-Dale H (0.00-2.00) H 1,60
Totalodds: 2,80 

Denne runden er er den siste i "fyrste semifinale". Alle dei tre deltakarane i dei tre fyrste rundane står bokført med 0 i odds, og får Tolaas inn sin kupong er han sikra plass i finalen. Ryk Tolaas på ein eller begge kampane blir det loddtrekning mellom Øystein Haugland, Bjørn Totland, Arne Morten Nydal og Yngve Tolaas om den fyrste finaleplasse.

Reglar for Oddskonkurransen:
I kvar runde skal ein utvalgt eller kvalifisert deltakar tippe minst to og maks fire kampar frå den lokale 3. divisjon.

Konkurransen skal gå over 22 rundar, der dei to siste rundane er ein rein finale mellom fem finalistar. 

Dei tjue fyrste rundane blir delt inn i fem "semifinalar". Deltakarane i runde 1-4 konkurrerar om den fyrste finaleplassen. Den av dei fire deltakarane som får inn kupongen med høgast totalodds går til finalen. 

Slik blir det også i runde 5-8, 9-12, 13-16 og 17-20. På den måten får ein fem finalistar som skal konkurrere om å oppnå høgast odds samanlagt i dei to finalerundane. 

Vinnaren av Oddskonkurransen får ein konto på kr. 3000,- hos NordicBet.com.   

Det blir også mulighet for lesarane av Haugenfotball.no til å kvalifisere seg til å vere med i Oddskonkurransen. Neste sjanse for å kvalifisere seg er til runde åtte. Kjem tilbake med kvalifiseringsoppgåve når tida nermar seg.






10.05 Heia favoritt til å bli beste laget frå kommuna

Oddsselskapet NordicBet.com har Grøntrøyene frå Moskva som favoritt til å bli beste laget frå kommuna i den lokale 6. divisjonsavdelinga. 

Interntabell Heia, Haugen, Eid 2 2006
Heia 2.10 
Eid 2 2.40 
Haugen 3.90 

I tillegg har Nordic.Bet.com odds på internkampane mellom Heia, Haugen og Eid 2:
Haugen - Eid 2 2.25 4.25 2.05 
Haugen - Heia 2.40 4.15 1.95 
Heia - Eid 2 2.10 4.05 2.25 
Eid 2 - Haugen 1.75 4.20 2.80 
Eid 2 - Heia 2.00 4.00 2.40 
Heia - Haugen 1.85 4.15 2.60 

Det har i kveld blitt spelt to kampar i 5. divisjon: 
Vik-Kaupanger 2  4-2
Tornado Måløy 2-Vadheim/Høyang 2  2-5



Kim Svarstad, Eid


10.05 Yngve Tolaas deltek i 4. runde i Oddskonkurransen

Mange hadde tippa kva fire lag som gjekk vidare frå følgjande kampar:
Årdal-Stryn
Førde-Sogndal
Sykkylven-Hødd
Skarbøvik-Aalesund

Av dei som hadde tippa alle fire laga riktig er det Yngve Tolaas som får vere med i 4. runde i Oddskonkurransen. Tolaas hadde til og med førespegla at Årdal-Stryn skulle gå til ekstraomgangar. 

Kjem tilbake med Yngve Tolaas sitt oddstips når helgas serierunde nærmar seg.  


10.05 Dramatisk cupkamp i Årdal og Sogndal vidare

Fem minutt før slutt leia Stryn komfortabelt 3-0 mot Årdal og dei fleste trudde at Stryn var vidare til 2. runde i cupen. Men Årdal gav seg ikkje og med ein sterk sluttspurt berga Årdal ekstraomgangar i den høgdramatiske kampen på Jotun Stadion. Stryn tok på ny leiinga i fyrste ekstraomgang, men på nytt kom Årdal tilbake og kampen måtte avgjerdast på straffesparkkonkurranse. 
Her bomma Per Ole Tenden og Trond Leirgulen for Stryn, medan Morten Brandsdal bomma for heimelaget. Dermed er Årdal klare for andre runde. 

I kampen Førde-Sogndal vann Sogndal 4-0. Kim Rune Hellesund (3) og Håvard Flo laga måla til Sogndal. 


10.05 Elise Thorsnes frårøva mål i debuten 

Elise Thorsnes debuterte i kveld på A-landslaget i kampen mot Serbia & Montenegro. Thorsnes blei bytta inn rett etter pause i en kamp Norge vann 3-0. Thorsnes var farleg frampå ved fleire høve og ein gong sette Thorsnes ballen i mål. Men assistentdommaren vinka for offside sjølv om Thorsnes heilt klart var onside i det ballen blei spelt. 

Men etter den gode innsatsen i kveld får heilt sikkert Elise Thorsnes ein ny sjanse til å skåra på A-landslaget. 

A-landslagstrenar Bjarne Berntsen har sagt følgjande om Thorsnes til fotball.no:
- Elise Thorsnes har veldig gode egenskaper i feltet, er tøff i dueller, har gode innlegg fra sidene og bruker fysikk bra i feltet. Dessuten er hun rask. En veldig spennende spisstype, og vi synes det var en passende anledning for at hun skulle få sitt første møte med A-laget.
 


Foto: Yngve Tolaas


10.05 Fjerde runde i Oddskonkurransen

Fredag går fjerde runde i Haugenfotball sin Oddskonkurranse av stabelen. Ingen tippa rett resultat på resultatkonkurransen i kampen Selje2/Stadlandet-Haugen og underteikna står dermed utan deltakar i fjerde runde. 

I morgon blir dei fleste kampane  i fyrste runde i NM spelt. Underteikna har plukka ut fire kampar, og ein av dei som tippar kva fire lag som går vidare til 2. runde får vere med i 4. runde i Oddskonkurransen. Er det fleire som har like mange rette blir det loddtrekning. 


Årdal-Stryn
Førde-Sogndal
Sykkylven-Hødd
Skarbøvik-Aalesund

Svaret sender du på e-post
innan i dag kl. 18.00.  

Ingen av dei tre deltakarane som har vore med i dei tre fyrste rundane har prikka inn sine kupongar. Dermed får den som kvalifiserer seg til å vere med i denne runden, nesten fri vei til finalen.  



Arne Morten Nydal


09.05 Heia og Skavøypoll 2 vann sine kampar

Heia vann i kveld 6-2 mot Veten/Hardbagg på Eid Idrettspark. Heia var det klart beste laget i kampen, og rapportane frå kampen seier at Veten/Hardbagg sine to trøystemål kom på to halvsjansar. 

Stein Inge Strøm gav Heia leiinga 1-0, før Tom Roger Hjelle auka til både 2-0 og 3-0. Fem minutt før pause reduserte Veten/Hardbagg til 3-1, som også var pauseresultatet i kampen. 

I andre omgang auka Muhamet Barlla til 4-1. Barlla som i dag var reserve kom inn like før pause for ein strekkskada Roger Nygård. Veten/Hardbagg reduserte på nytt, men Heia si leiing var aldri i realiteten truga. 5-2 til Heia kom på straffe av kaptein Rune Venøy, før Stein Ove Stoddern fastsette sluttresultatet til 6-2 fire minutt før slutt. 

I den siste kampen i andre runde i 6. divisjon avdeling 4 vann Skavøypoll 2 heile 5-0 mot Flatraket.  



Muhamet Barlla, Heia


09.05 Haugen tapte 3-1 mot Selje2/Stadlandet

Haugen tapte i kveld 3-1 borte mot Selje2/Stadlandet. Selje2/Stadlandet tok føringa i kampen etter berre eit minutt av kampen. Kenneth Pedersen blei spelt glimrande gjennom Haugen sitt forsvar, og Pedersen avslutta sikkert bak ein sjanselaus Ørjan Solheim. Omlag midtvegs i omgangen var Kenneth Pedersen frampå igjen og ein uheldig Matias Lien beina ballen i eige mål.
Like før pause fekk Haugen sin einaste sjanse før kvilen. Tore Sundal kom åleine mot Selje2/Stadlandet sin gode keeper Tom Øyvind Solheim. Avslutninga gjekk rett på Tom Øyvind Solheim som fomla ballen ut igjen til Tore Sundal. Men Sundal greide heller ikkje å overliste Tom Øyvind Solheim på returen og laga gjekk til pause på stillinga 2-0 til heimelaget. 

I pausen bestemte Haugen seg for å prøve å spele litt meir ball på midtbana. Øystein Haugland blei flytta inn sentralt på midtbana og fyrste 20 minutta av andre omgang var Haugen det klart beste laget. To minutt etter pause reduserte Tore Sundal til 2-1, og Haugen var på ny med i kampen. Omlag ti minutt etter skulle Haugen hatt straffespark. Torleiv Orheim blei klart felt av Selje2/Stadlandet sin keeper i andre omgang Lasse Fløde. Men dommar Ronny Stian Hopland frå Skavøypoll fekk ikkje med seg situasjonen og lot spelet gå vidare. 

Etter dette tok Selje2/Stadlandet meir og meir over kampen igjen, og omlag halvvegs i andre omgang sette Selje2/Stadlandet spikaren i Haugenkista. Ein corner frå Bjørn Erik Drabløs enda på hovudet til Øystein Haugland som heada ballen i i eige mål. Torleiv Orheim prøvde febrilsk å ta ballen med hendene, men vart for sein og slapp med det unna det raude kortet.

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.

Haugen sine treningar er no flytta til Klengkarberget. Fysrste trening er onsdag 10. mai kl. 20.00. Vidare treningsdagar skal diskuterast på denne treninga, og ein håpar at flest mogleg kan møte.  

Bilde 1: Kim Tore Gilleshammer, Haugen og Rikard Rekdal, Selje2/Stadlandet

Bilde 2: Runar Øien, Haugen

Bilde 3: Lasse Fløde rusar ut og feller Haugenspelar Torleiv Orheim 




09.05 Troppen mot Selje2/Stadlandet

Haugen stiller med følgjande tropp til kveldens kamp mot Selje2/Stadlandet:
Ørjan Solhiem
Øystein Haugland
Kim Fagerstrand
Stian Aaland
Bjørnar Øien
Runar Øien
Torleiv Orheim
Kim Tore Gillehammer
Kenneth Berstad
Stig Tore Gilleshammer
Matias Lien
Jan Roger Solibakke
Tore Sundal

Kampen blir spelt på Selje Idrettspark og har avspark kl. 19.00. Dommar i dagens kamp er Ronny Stian Hopland frå Skavøypoll. 

Bildet: Kim Tore Gillehammer får ikkje spele på favorittbana si denne sesongen, ettersom Selje2/Stadlandet ikkje spelar kampane sine på Stadlandet Stadion. 


09.05 Full runde i 6. divisjon avdeling 4

Seks av dei sju laga i 6. divisjon avdeling 4 skal i aksjon i dag. Haugen spelar bortekamp mot Selje2/Stadlandet, som noko overraskande vann 4-3 borte mot Eid 2 forrige serierunde. Serieleiar Flatraket spelar borte mot Skavøypoll 2, medan Heia seriedebuterar heime mot Veten/Hardbagg. 

6.div Menn avd 4
18:30 Skavøypoll 2 - Flatraket 
19:00 Heia - Veten/Hardbagg 
19:00 Selje 2/Stadlandet - Haugen 


Ver med og tipp sluttresultatet i kampen Selje2/Stadlandet-Haugen
.

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet vinn eit Haugen-krus. Vinnaren får i tillegg til kruset delta i 4. runde i Haugen sin store Oddskonkurranse. 

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen. I gjesteboka kan du også sjå kva andre har tippa tidlegare. 

Bilde 1: Tom Roger Hjelle, Heia

Bilde 2: Stein Inge Strøm, Heia og Rune Nyheim, Flatraket



08.05 Sogndal 2 tapte 2-0 heime mot Kaupanger 

Sogndal sine nest beste tapte i kveld 2-0 mot Kaupanger i Sognahallen. 

Sogndal som har vunne begge sine fyrste kampar blei i dag hakket for små mot Kaupanger. Etter ein mållaus fyrsteomgang, sikra Preben Strypet og Roger Vedvik sigeren med kvar si skåring etter pause.    

Neste runde i 3. divisjon blir spelt fredag 12. mai: 
19:00 Eid - Selje 
19:00 Sandane - Fjøra 
19:00 Kaupanger - Skavøypoll 
19:00 Tornado Måløy - Sogndal 2 
19:00 Stryn - Dale 
19:00 Høyang - Førde  

Bildet: Hallgeir Sandal, Sogndal 2



08.05 Haugen fekk så hatten passa mot Stryn

Haugen sitt småguttelag tapte i kveld heile 7-2 mot Stryn på bortebane, etter at stillinga til pause var 1-0 til heimelaget. Haugen var før denne kampen ubesigra på dei tre fyrste kampane i serien, og dei fleste trudde at tre nye poeng kunne settast inn på kontoen i kveld. 

Men etter ein jamn fyrsteomgang tok Stryn over mykje av spelet i andre omgang, og vann til slutt med fem mål. 
Begge måla til Haugen vart sett inn av Christoffer Hafsås. 

Neste kamp for småguttelaget er heimkampen mot Eid måndag 15. mai. 

Bildet: Christoffer Hafsås, Haugen


08.05 Siste kamp i 3. runde i den lokale 3. divisjon

Lokaloppgjer i Sognahallen
Sogndal 2 tek i kveld i mot Kaupanger i Sognahallen klokka 19.00. Sogndal 2 har vunne begge sine kampar til no denne sesongen, medan Kaupanger står bokført med eit tap og ein uavgjort. 

Haugen møter Stryn
Haugen sitt småguttelag spelar i kveld bortekamp mot Stryn 1. Haugen har vunne alle sine tre kampar til no denne sesongen og toppar tabellen fem poeng føre Eid og Styn.

Smågutar 13/14 1 div vår avd 2
19:00 Stryn 1 - Haugen 
19:00 Tornado Måløy - Skavøypoll 
19:00 Eid 1 - Florø 1 

Bildet: Dan Jøran Hafsås, Haugen


07.05 Bremanger vann 3-0 heime mot Florø 2 

Bremanger vann i dag 3-0 heime mot Florø 2. Bremanger leia kampen 2-0 til pause og Ørjan Senneset, Kenneth Fosse Elde og Tore Torvanger laga måla til heimelaget. 
Les meir om kampen på Bremanger sine nettsider. 

Andre resultat i dag: 
4. div Menn
Førde 2-Eikefjord 0-3

5. div Menn
Bremanger-Florø 2  3-0 
Lærdal-Bjørn 5-2

Kvinner 2.div avd 04
Kaupanger-Sandviken 2   2 - 2

3. div kvinner
Sogndal-Hornindal 2-2 




Kenneth Fosse Elde, 
trenar Bremanger


07.05 Kampen mot Selje2/Stadlandet

Haugen spelar tysdag 9. mai bortekamp  mot Selje2/Stadlandet. Kampen blir spelt på Selje Idrettspark kl. 19.00. 

Ver med og tipp sluttresultatet i kampen Selje2/Stadlandet-Haugen.

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet vinn eit Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen. I gjesteboka kan du også sjå kva andre har tippa tidlegare. 

Bildet: Enorm jubel etter at Selje2/Stadlandet vann noko overraskande 4-3 mot Eid 2 sist tysdag. 



07.05 Kampar i dag 

Det er ikkje så mange kampar som blir spelt i dag. I fjerdedivisjon er det duka for prestisjeoppgjær når Førde 2 tek i mot Eikefjord på krøllgraset i Førde. 

I 5. divisjon skal Bremanger prøve å ta sin fyrste trepoengar, etter at dei tapte 1-0 mot Vik sist helg, og Lærdal spelar heime mot Bjørn. 

4. div Menn
15:00 Førde 2 - Eikefjord 

5. div Menn
15:00 Bremanger - Florø 2 
15:00 Lærdal - Bjørn 

Kvinner 2.div avd 04
13:00 Kaupanger - Sandviken 2 

3. div kvinner
15:00 Sogndal - Hornindal 

Bildet: Ragnar Åmot fyller 50 år i dag og underteina nyttar høvet til å gratulere Ragnar med dagen. 


06.05 Seglem dømmer Førde-Sogndal

NFF har sett opp fyrste runde i NM for herrar, og følgjande dommarar skal i aksjon. 

Inge Seglem frå Årdalstangen er sett opp som dommar i kampen Førde-Sogndal. Seglem får med seg Ole Jacob Endestad og Per Olav Erikstad på linjene.

I kampen Årdal-Stryn er Jonny Skjerven pipeblåsar, og Sven Erik Midthjell og Stian Holm stiller som assistendommarar. 

Både kampen i Førde og kampen i Årdal har kampstart onsdag 10. mai kl. 18.00. 

Bildet: Inge Seglem, Årdalstangen


06.05 Tredje strake  på heimebane for Sogndal 

Sogndal vann i kveld 1-0 mot Moss på Fosshaugane Campus. 

Etter ein mållaus fyrste omgang, laga Sogndal vinnarmålet omlag tjue minutt ut i andre omgang. Ein corner frå Anders Stadheim blei heada i mål av Håvard Flo (bildet). Dermed tok Sogndal sin tredje strake siger på heimebane denne sesongen. 

Sogndal klarte med dette resultatet til fjerde plass på tabelllen, men har ein kamp meir spelt enn dei andre laga i divisjonen. 

Neste kamp for Sogndal er borte mot Sparta Sarpsborg laurdag 13. mai. Sparta Sarpsborg spelar i morgon bortekamp mot Aalesund, og får det nok tøft mot serieleiaren. 



06.05 Førde vann 3-0 over TMFK 

Førde vann i ettermiddag 3-0 mot TMFK på Førde Stadion. 

Førde tok leiinga omlag ti minutt før pause etter skåring av Sander Solvik. 1-1 sto seg seg til pause i ein kamp der Førde stilte med sju juniorar i startoppstillinga. I andre omgang bytta Førde inn Stig Hårklau og Sigurd Nedberge, og begge takka for tilliten med å skåre kvart sitt mål.

Dermed overtok Førde leiinga i 3. divisjon med bedre målskilnad enn Fjøra og Stryn. Alle tre laga har sju poeng og er eit poeng føre Sogndal 2, som spelar heime mot Kaupanger måndag. 


06.05 Skavøypoll vann på ein dårleg dag

Skavøypoll vann i ettermiddag 2-0 over Sandane på Skavøypoll Stadion. Skavøypoll var det klart beste laget den fyrste halvtimen og med skåringar av Peter Orry Larsen og John Martin Gil var Skavøypoll i leiinga 2-0. På dette tidspunktet i kampen trudde underteikna at Skavøypoll kom til å køyre over Sandane resten av kampen. Men slik gjekk det ikkje og det meste av spelet før pause føregjekk på midtbana. 

Andre omgang starta med eit spelemessig overtak til Sandane, men det blei aldri skikkeleg farleg framfor målet til Yngve Furnes. 

På slutten av andre omgang tok Skavøypoll over det meste av banespelet igjen. Peter Orry Larsen var nærmast skåring, etter å han kom åleine mot Sandanekeeper Daniel Hilde.  Skotet frå Larsen blei glimrande redda av Hilde som kom inn for Jørgen Veien etter pause. Thomas Starheim fekk sin debut for heimelaget etter at han kom inn for Stian Ferstad to minutt før kampens gode dommar Inge Seglem frå Årdalstangen bles av kampen. 

Alt i alt ein grei siger til Skavøypoll, men heimelaget må heve skal dei greie å plukke med seg poeng frå bortekampen mot Kaupanger neste fredag.
Underteikna har sett ein del kampar i årets lokale 3. divisjon, og kan ikkje sjå korleis Sandane skal greie å halde seg i divisjonen. I både kampen mot Sogndal 2 og i dagens kamp mot Skavøypoll er laget ok defensivt, men framover på bana blir det alt for puslete. Neste kamp for Sandane er heime mot Fjøra fredag 12. mai. 

3. div Menn avd 16 fredag 12. mai
19:00 Eid - Selje 
19:00 Sandane - Fjøra 
19:00 Kaupanger - Skavøypoll 
19:00 Tornado Måløy - Sogndal 2 
19:00 Stryn - Dale 
19:00 Høyang - Førde     

Sjeldan har underteikna kjeda seg så mykje så han gjorde etter kvilen i dag. Litt av tida gjekk med til å sjå på fjelltoppane som i dag var bada av sol. Det går rykte om at Kåre Bakke har blitt ei skikkeleg fjellgeit her i ytre, og han skal vist ha vore på samtlege fjelltoppar i Vågsøy i løpet ein dag.   

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.

Bilde 1: Roger Strømmen og Ole Kristian Någård, Skavøypoll

Bilde 2: Espen Erdal, Sandane og Johnny Hellesø, Skavøypoll

Bilde 3: Trond Vegard Ripe og Kjetil Myklebust, Sandane

Bilde 4: Stian Ferstad, Skavøypoll





06.05 Kampar i dag laurdag 6. mai

Sogndal tek i dag i mot Moss på Fosshaugane Campus. Sogndal har to sigrar og to tap til no denne sesongen, medan Moss står bokført med tre poeng som dei tok i 4-0 sigeren heime mor Pors i andre serierunde. 

I 2. divisjon skal Årdal prøve å sikre seg tre poeng mot Bærum. Denne kampen blir spelt på Bærum Stadion klokka 14.00.  

I den lokale tredje divisjon blir det spelt to kampar i ettermiddag. Skavøypoll spelar heime mot Sandane og Førde tek i mot Tornado Måløy på Førde Stadion. 
Underteikna tek turen i "Polljen" og bilder og fakta frå Skavøypoll-Sandane kan du sjå her på haugenfotball.no i kveld. 

Adeccoligaen
18:00 Sogndal - Moss 

2.div Menn avd 1
14:00 Årdal - Bærum 

3. div Menn avd 16
16:00 Skavøypoll - Sandane 
16:00 Førde - Tornado Måløy 



Peter Orry Larsen, Skavøypoll


06.05 Haugen/Eid vann mot Svelgen

Haugen/Eid sitt guttelag vann i går ettermiddag 4-0 mot Svelgen på Klenkarberget. 

Eivind Daniel Røed, Kjetil Remme, Magnus Aarskog og Bjørn Erik Lote Henden laga måla til Haugen. 

Det var ikkje noko stor fotballkamp av Haugen/Eid og ein håpar at laget hevar seg til neste seriekamp.  

Neste kamp for guttelaget er heime mot Sandane torsdag 11. mai kl. 19.30 på Klenkarberget.  



05.05 Eid tapte mot Fjøra og uavgjort på Dingemoen

Dei fleste trudde at Eid skulle få bakoversveis mot Fjøra i Sognahallen i kveld. Men Eid imponerte stort og burde teke med seg alle tre poenga heim frå fruktbygda i Sogn. 

Fjøra tok leiinga etter omlag halvtimen av fyrste omgang, men berre minuttet etter ordna Edgar Flo balanse i rekneskapet. 1-1 var også pauseresultatet i kampen. Kvarteret ut i andre omgang gav Anders Midthjell Eid leiinga 2-1 og gultrøyene hadde tre poeng i lomma. Men slik gjekk det ikkje. Omlag ti minutt før slutt utlikna Frode Kvåle til 2-2, og på overtid laga same mann 3-2 til Fjøra på ei tvilsom straffe. 

Fredag 12. mai er det duka for eit skikkelge lokalderby når Selje kjem på besøk på Eid Stadion. 

Fjøra-Eid 3-2 (1-1)
1-0 Morten Hagen (28. min)
1-1 Edgar Flo (29. min)
1-2 Anders Midthjell (59. min)
2-2 Daniel Kvåle (78. min)
3-2 Daniel Kvåle, straffe (90. min)


Dale-Høyang 2-2 (0-0)
0-1 Edin Agovic (61. min)
0-2 Robin Frichsen (66. min)
1-2 Gaute Lundeland (70. min)
2-2 Geir Harald Langeland (85. min)

Kampfakta er henta frå Firda.no




05.05 Stryn vann 3-2 borte mot Selje

Stryn vann i kveld 3-2 borte mot Selje i ein jamn og dramatisk kamp på Selje Stadion. 

Heimelaget tok føringa 1-0 i kampen etter 15 minutt av kampen. Karl Erik "Kalle" Aarsheim spelte glimrande gjennom Trond Hamre som åleine mot Kai Bjørn Gjengedal skåra sikkert. Like etter fekk vi sjå kampens store prestasjon. Peter Bergesen missa med eit tilbakespel og Asbjørn Tenden kom åleine mot Seljekeeper Odd Helge Losnegård. Losnegård redda meisterleg, og på dei påfølgande returane varta Losnegård opp med den eine kanonredninga etter den andre. Weltklasse var Stryn sin keeper Kai Bjørn Gjengedal sin kommentar om Losnegård sine redningar i denne situasjonen. 

Minuttet før pause sette Christian Holko  fart på og Peter Bergesen såg ikkje andre muligheter enn å felle Holko. Mats Solheim gjorde seg klar til å ta straffa og var ikkje verre på det enn at han tok seg tid til å helse på publikum før han skulle sette ballen i mål. Losnegård var sjanselaus på skotet og laga gjekk til pause på stillinga 1-1. 

Kvarteret ut i andre omgang går Stryn opp i leiinga 2-1. Asbjørn Tenden slår eit presist innlegg som Mats Solheim headar enkelt bak ein sjanselaus Odd Helge Losnegård. 

Omlag ti minutt etter 2-1 skåringa blei Christian Holko på nytt felt innanfor 16- meteren. På ny var det Peter Bergesen som var måtte ty til tjuvtriks og sparka ned Christian Holko. Mats Solheim var også denne gangen sikker på straffa og Stryn såg ut til å trygge sigeren.  

Då trudde dei fleste at Selje kom til å gje opp, men Selje gav seg ikkje og laga ny spenning i kampen sju minutt før slutt. Innbyttar Arne Refsnes blei holdt inne i Stryn sitt felt og assistendommar Kaj Inge Fløde frå Stadlandet braut inn og dømde straffe. Selje sin kaptein, Kai Arne Otnheim, sette straffa sikkert i mål og reduserte med det til 2-3. Men etter skåringa hadde Stryn full kontroll og Stryn var vel nærmare 4-2 enn Selje var utlikning.  

Kampen fekk ein lei slutt då Stryn sin tremålsskårar Mats Solheim blei skada. Underteikna håpar det går bra med Solheim og ynskjer han god bedring. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen. 







05.05 Kampar i dag fredag 5. mai 

Guttelaget til Haugen spelar i dag seriekamp mot Svelgen. Kampen blir spelt på Klenkarberget kl. 17.15. 

Ein god del kampar i den lokale seniorfotballen er terminfesta til i dag. 
Underteikna tek turen til Selje og skal kike på Selje-Stryn. Bilder og fakta frå kampen kan du lese her på haugenfotball.no i kveld. 

Oversikt over kampar i dag: 
3. div Menn avd 16
18:30 Dale - Høyang 
19:00 Selje - Stryn 
19:30 Fjøra - Eid 

4. div Menn
18:00 Hornindal - Jølster 
19:00 Syril - Askv./Holmedal 

5. div Menn
19:00 Oppstryn - Gaular 

6. div Menn avd 3
19:00 Breimsbygda - Hyen 

3. div kvinner
19:00 Jølster - Førde 
19:00 Balestrand - Sandane 

4. div kvinner 7'ar
18:00 Kaupanger - Vik 
19:00 Tambarskjelvar - Svelgen 
19:00 Florø - Dale 



05.05 Tredje runde i ODDSKONKURRANSEN

Arne Morten Nydal er deltakar i tredje runde i Oddskonkurransen. 

Nydal har sett opp følgjande kupong: 
Skavøypoll-Sandane H 1,40
Fjøra-Eid H (2.00-0.00) H 1,80
Totalodds: 2,52 

Nydal har stor tru på Skavøypoll på heimebane mot Sandane, og at Eid skal tape med tre mål eller meir mot Fjøra. På grunn av skadesituasjonen som er i Eid tippar Nydal mot sine eigne, men håpar sjølvsagt han tek feil.   

I kvar runde skal ein utvalgt eller kvalifisert deltakar tippe minst to og maks fire kampar frå den lokale 3. divisjon.

Konkurransen skal gå over 22 rundar, der dei to siste rundane er ein rein finale mellom fem finalistar. 

Dei tjue fyrste rundane blir delt inn i fem "semifinalar". Deltakarane i runde 1-4 konkurrerar om den fyrste finaleplassen. Den av dei fire deltakarane som får inn kupongen med høgast totalodds går til finalen. 

Slik blir det også i runde 5-8, 9-12, 13-16 og 17-20. På den måten får ein fem finalistar som skal konkurrere om å oppnå høgast odds samanlagt i dei to finalerundane. 

Vinnaren av Oddskonkurransen får ein konto på kr. 3000,- hos NordicBet.com.   

Det blir også mulighet for lesarane av Haugenfotball.no til å kvalifisere seg til å vere med i Oddskonkurransen. Fyrste sjanse for å kvalifisere seg er til runde fire. Kjem tilbake med kvalifiseringsoppgåve når tida nermar seg.

I andre runde tippa Bjørn Totland:
Skavøypoll-Eid H 1,60
Kaupanger-Førde B 1,35
Selje-Dale H 2,30
Totalodds: 4,97 

Skavøypoll-Eid og Selje-Dale gjekk inn men på grunn av at Kaupanger og Førde spelte 1-1, blir Totland ståande med 0 i odds på sin kupong i andre runde. 

I fyrste runde bomma Øystein Haugland likegodt på alle tre kampane han tippa på.  






04.05 Bremanger tok fyrste steget mot KM-tittelen

Bremanger, som av dei fleste blir rekna som  favorittar til å stikka av med KM-tittelen i jenteklassa, vann i kveld 6-0 borte mot Eid. 

Bremanger viste i kveld berre periodevis kva dei er gode for og skal Bremanger kunne heve trofeet til hausten må dei heve seg eit par hakk frå det dei viste i kveld. 

Eid som i går kveld tapte 2-0 mot Sogndal spelte sin andre kamp på to dagar, og det merka nok Eidajentene,  som berre periodevis var med på notane. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen. 

Bildet: Mona Nigardsøy, Bremanger


04.05 Haugen sitt lag i G12 vann borte mot Bryggja

Trenar for Haugen sitt lag i G12, Hans Petter Gilleshammer, har sendt følgjande informasjon om dagens bortekamp mot Bryggja:

Bryggja-Haugen 2-24 (0-9)

Følgande spelte : 
Magnus Leite Gilleshammer
Jan-Olav Humborstad
Runar Bjørhovde Heggedal
Sebastian Stadheim Width
Tor-Helge Gilleshammer
Elias Lund Johansen 
Åge Solheim 
Jørn Smørdal Botn
Andreas Leite
Fredrik Starheim
Isak Flo Bødal
Eirik Rimmereid

Kjempeflott innsats mot eit Bryggja lag som heilt sikkert kjem mykje sterkare tilbake i returoppgjeret til hausten.

Neste trening søndag 7.mai kl 18.30 på Klenkarberget.
Neste kamp torsdag 11.mai kl 18.00 på Klenkarberget mot Tornado/Måløy.




Tor-Helge Gilleshammer, Haugen


04.05 Helgas 3. divisjonsrunde + diverse saker 

Tredje runde i 3. divisjon avdeling 16 går av stabelen denne helga. Tre kampar blir spelt allereie fredag, medan to går laurdag og Sogndal 2 sin kamp går som vanleg måndag. 

Fredag 5. mai
18:30 Dale - Høyang 
19:00 Selje - Stryn 
19:30 Fjøra - Eid 

Laurdag 6. mai
16:00 Skavøypoll - Sandane 
16:00 Førde - Tornado Måløy 

Måndag 8. mai
19:00 Sogndal 2 - Kaupanger 


I dag spelar Haugen sitt 7'ar lag i  smågutteklassa kamp mot Bryggja. Kampen blir spelt på Klenkarberget kl. 19.00. 

Haugen 1 som spelar i G11 spelar bortekamp mot Bryggja i dag, medan Haugen 2 i samme klasse skal spele bortekamp mot Eid 2. Denne kampen går på plassen kl. 18.00. 

Haugen sitt lag i G12 skal spele bortekamp mot Selje. 

Guttelaget til Haugen/Eid sin kamp mot Svelgen er utsett til fredag, og blir spelt på Klenkarberget kl. 17.15. 

NB! Haugen sitt A-lag trenar fredag kl. 19.00 på Eid Idrettspark. 

Bilde 1: Kenneth Remme, Haugen


Bilde 2: Jens C. Jensen, trenar  småguttelaget til Bryggja




03.05 Sandane vidare i junior-NM

Sandane sitt juniorlag vann i kveld fyrste runde mot Voss i junior-NM. 

Sandane som einaste lag i frå fylket som er med vidare i cupen tok i kveld i mot Voss på Idrettsplassen. Ruben Wie gav heimelaget leiinga tidleg i fyrste omgang, og 1-0 såg lenge ut til å bli sluttresultatet i kampen. Men rett før full tid får Voss "krangla" inn utlikninga til 1-1, og kampen går vidare til ekstraomgongar. Ingen av laga maktar å putte i ekstraomggongane og kampen må avgjerdast på straffesparkkonkurranse. Her skåra Sandane på sine fire fyrste straffer, medan Voss bomma på sine to fyrste og Sandane er vidare til 2. runde. 

2. runde er terminfesta til søndag 28. mai.  

Bildet: Ruben Wie, Sandane


03.05 Haugen tapte 5-1 mot Skavøypoll 2 

Haugen tapte i kveld 5-1 mot Skavøypoll 2 på Skavøypoll Stadion. Haugen var godt med i kampen før pause, men i andre omgang blei Haugen i periodar overspelt av Skavøypoll 2. 

Skavøypoll tok leiinga ti minutt før pause etter at eit skot frå Kim Nedreberg Silden gjekk via ein Haugenspelar og bak ein sjanselaus Tore Sundal i Haugenmålet. Andre omgang starta på verst mogleg måte for Haugen. Før kvarteret var spelt hadde Skavøypoll laga tre mål og kampen var i realiteten avgjort. Etter dette kom Haugen litt meir med i kampen og dette resulterte i nokre halvsjansar for heimelget som i dag spelte på bortebane. Omlag fem minutt før slutt dribla Kim Fagerstrand seg fri på hjørnet av 16-meteren. Ein Skavøypollforsvarar taklar på både ballen og beina til Fagerstrand, og dommar Rolf Lefdal peikar på straffemerket. Øystein Haugland set straffa sikkert i mål og 1-4 reduseringa er eit faktum. På overtid går Tore Holvik rett gjennom Haugen sitt forsvar og skårar sikkert bak Bjørnar Øien, som har tatt på seg keepervottane etter kvilen. 
  

Sjå kampfakta og bilder frå kampen. 


Mikael Myklebust, Haugen


02.05 Sensasjon i fyrste serierunde

Selje 2/Stadlandet vann i kveld sensasjonelt 4-3 borte mot Eid 2 på Eid Idrettspark. Selje 2/Stadlandet tok leiinga allereie etter 8 minutt på eit frispark frå omlag 22 meter. Arne Refsnes skrur ballen rundt muren og rett i mål. Denne skåringa burde ein så ambisiøs keeper som Ole Bjarte Taklo ha avverga. Få minutt etter laga Kim Svarstad balanse i rekneskapet. Frå nærmare 40 meter dunkar han ballen i mål bak ein sjanselaus Odd Helge Losnegård. Kvarteret før pause er Ole Refsnes på rett plass på eit hjørnespark og headar Selje 2/Stadlandet i føringa 2-1. Rett før pause får vi sjå dagens prestasjon. Jan Azar Karadas dempar ballen med seg elegant på brystet og frå omlag 16 meter dunkar han ballen heilt opp i krysset. 2-2 var også pauseresultatet i kampen.  

I andre omgang er Eid heilt klart det førande laget og etter tre minutt av omgangen lagar Kim Svarstad sitt andre mål for dagen. 3-2 til heimelaget held seg til omlag kvarteret gjenstår. Då blir Arne Refsnes felt inn i straffefeltet, men dommar Eimhjellen frå Sandane dømmer glimrande fordel og Tommy  Silden rullar enkelt ballen i mål. 3-3 står seg ei stund til tross for at Eid har eit par kjempesjansar til å gå i føringa igjen. I staden er Selje 2/Stadlandet "frekke nok" til å putte nok ein ball bak Ole Bjarte Taklo. 4-3 til Selje 2/Stadlandet blir også sluttresultatet, og Ole Refsnes blir dermed matchvinnar med 4-3 målet ni minutt før slutt. 

Eid 2-Selje 2/Stadlandet 3-4 (2-2)
0-1 Arne Refsnes (8. min)
1-1 Kim Svarstad (11. min)
1-2 Ole Refsnes (33. min)
2-2 Jan Azar Karadas (39. min)
3-2 Kim Svarstad (48. min)
3-3 Tommy Silden (73. min)
3-4 Ole Refsnes (81. min)

Gult kort: Ole Refsnes, Selje 2/Stadlandet

Eid 2: 
Ole Bjarte Taklo, Terje, Arne Morten Nydal, Jørn Ove Rindal, Eirik Lunde,
Stian Bjørlo, Steffen Sture Olsen, Kim Svarstad, Magnus K. Aarre, Jan Azar Karadas og Oddbjørn Melheim.

Innbyttarar: 
Steffen Midthjell, Jon Kåre Storevik og Fredrik Eikås. 

Selje 2/Stadlandet: 
Odd Helge Losnegård, Daniel Silden, Rikard Rekdal, Arnstein Barmen, Ole Refsnes, Henrik Aaland, Henrik Aarsheim, Svein Kåre Aarsheim, Arne Refsnes, Atle Riksfjord og Ruben Riksfjord. 

Innbyttarar: 
Tommy Silden, Bjørn Erik Drabløs, Jørn Tore Sande, Kjell Rune Lillesalt, Hans Joakim Liland og Lasse Fløde. 

Flatraket vann 5-0 heime
I ein annan kamp i fyrste runde 6. divisjon avdeling 4 vann Flatraket 5-0 mot Veten/Hardbagg på Naustteigen Stadion. Flatraket leia 4-0 til pause. Håvard Nyheim (3), Martin Nygård og Marius Svoren laga måla til heimelaget.  





02.05 Seriestart 6. divisjon avdeling 4

I dag er ventetida over for dei som har venta på seriestart i den lokale 6. divisjon. Eid 2 skal i elden mot Selje2/Stadlandet på Eid Idrettspark kl. 19.00, og alt anna enn storsiger til heimelgat vil vere ein stor sensasjon. 

Underteikna tek sikte på å vere tilstades på målkalaset og bilder av suksesstrenar Rolf Skrede (bildet) og dei andre involverte i oppgjæret kan du sjå på haugenfotball.no i kveld. 

Ein kamp til i denne avdelinga går av stabelen i kveld. Flatraket tek imot Veten/Hardbagg på Naustteigen Stadion.

Den siste kampen i fyrste runde er Haugen sin kamp mot Skavøypoll. (Sjå eiga sak)



02.05 Kampen mot Skavøypoll 2 er utsett til kl. 19.00.

Haugen spelar onsdag 3. mai sin fyrste seriekamp for sesongen. Kampen blir spelt på Skavøypoll Stadion kl. 19.00, og Skavøypoll sine nest beste er motstandarar. 

Ver med og tipp sluttresultatet i kampen Skavøypoll 2-Haugen.

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet vinn eit Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen. I gjesteboka kan du også sjå kva andre har tippa tidlegare. 

Bildet: Tidlegare Haugenspelar Thomas Starheim blir truleg å finne på motsatt banehalvdel når Haugen møter Skavøypoll 2.   



01.05 Sogndal 2 vann 2-1 mot Sandane

Sogndal sitt andrelag vann i kveld fullt fortent 2-1 mot Sandane på Idrettsplassen på Sandane. Sjølv om Sogndal langt i frå imponerte dei omlag hundre tilskodarane, var dei hakket bedre enn heimelaget i det meste. 
Per Egil Flo gav Sogndal leiinga 1-0 omlag midtvegs i fyrste omgang. Frisparket frå 35-40 meter gjekk i ein fin bue over Jørgen Veien og rett i mål. Om det var vinden som lurte Veien eller han rett og slett sto for langt ute skal ikkje underteikna spekulere i. Sandane kom  ikkje nærmare skåring før pause enn Kjetil Myklebust sitt skot som Daniel Kvåle redda enkelt. 1-0 var også pauseresultatet i kampen. 

Ti minutt ut i andre omgang fekk endeleg heimepublikum noko å glede seg over. Kjetil Myklebust avanserte tjue-tretti meter og frå omlag 16- meteren skyt han ballen heilt nede i venstre hjørnet. Keeper Daniel Kvåle er i full strekk, men skitnar til shortsen sin heilt unødig. 1-1 på dette tidspunktet i kampen er noko flatterande ut i frå spel og sjansar. Sogndal har heilt klart vore det førande laget og burde leia med to-tre mål. 

Etter dette set Sogndal inn Jostein Mo, og startar med å slå mykje langt. Ei av dei påfølgjande Mopasningane resulterer i eit hjørnespark. Hjørnesparket frå Kurt Heggestad treff rett på hovudet til Jostein Mo, som headar ballen i mål via bakken og tverrliggaren. Etter dette kontrollerar Sogndal kampen med unntak av ei farleg kontring til Sandane rett før full tid. 

Dermed står Sandane bokført med to strake tap og null poeng. Neste kamp for Sandane er borte mot Skavøypoll laurdag 6. mai, medan Sogndal 2 møter Kaupanger heime måndag 8. mai. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.



Kjetil Myklebust, Sandane



Jostein Mo, Sogndal og Henrik Hauge, Sandane 


30.04 Kim Rune Hellesund matchvinnar for Sogndal

Sogndal vann i kveld 2-1 mot Haugensund på Fosshaugane Campus. 

Haugesund tok leiinga 1-0 etter 11 minutt av fyrste omgang. 0-1 var også pauseresultatet i kampen. I starten av andre omgang laga Rune Bolseth og Kim Rune Hellesund kvart sitt mål og ordna med det 2-1 siger til heimelaget. 

Hødd og Bjørn Totland spelte i kveld  uavgjort 0-0 mot Kongsvinger på Høddvoll. Totland spelte frå start, men blei skifta ut kvarteret før slutt. 

I morgon blir siste kampen i andre runde i den lokale 3. divisjon avvikla. Sandane tek i mot Sogndal 2 på Idrettsplassen kl. 17.00. Underteikna er truleg på plass og bilder fakta kan du sjå her på Haugenfotball.no etter kampen. 


30.04 Kampar i den lokale 4. og 5. divisjon

Den lokale 4. og 5. divisjon har denne helga hatt serieopning. I 4. divisjon tjuvstarta Loen og Florø fredag, i ein kamp der Florø vann 3-1 på Loen Stadion.

4. divisjon
Årdal 2-Førde 2 4-1 
Eikefjord-Hornindal 5-1 
Jølster-Askv./Holmedal 1-4

5. divisjon
Florø 2-Tornado Måløy 2  6-0 
Gaular-Lærdal 2-1 
Vadheim/Høyang 2-Oppstryn 7-3 
Vik-Bremanger 1-0 

Den siste kampen i fyrste runde i 5. divisjon mellom Bjørn og Kaupanger 2 blir spelt tysdag 2. mai.  

Bildet: Kenneth Fosse Elde og Bremanger fekk ein vanskeleg start på sesongen, med 1-0 tap borte mot Vik. 


30.04 Siste frist for TABELLKONKURRANSEN 6. DIVISJON 


NB!!! Siste frist for å sende inn forslag til tabellkonkurransen for 6. divisjon går ut måndag 1. mai klokka 23.00. 

Underteikna fått inn 89 svar til no. 
 
Reglar for tabellkonkurransen og innsendingsskjema finn du her.

Haugen sin kamp mot Leirgulen i G12 som skulle blitt spelt torsdag blei utsett.  Kampen blir i staden spelt i dag på Eid Idrettspark klokka 18.00. 


30.04 Sogndal møter Haugesund i kveld kl. 18.00

Sogndal fotball sine nettsider skriv at Barry Kader kan få sin debut i Adeccoligaen i dag. Ivorianaren skal ha vist lovande takter på trening denne veka og Stig Nord seier til Sogndal Fotball sine nettsider at det er godt mulig at Barry debuterar mot Haugesund.

Fjerde runde i Adeccoligaen: 
Follo-Bryne
Hødd-Kongsvinger
Hønefoss-Bodø/Glimt 
Løv Ham-Pors Grenland
Manglerud Star-Strømsgodset
Moss- AaFK 
Sogndal-Haugesund
Sparta Sarpsborg-Tromsdalen  

Alle kampane blir spelt i dag klokka 18.00. 


Barry Kader, Sogndal


30.04 Årdal FK vann 3-1 mot Sarpsborg

Årdal FK tok i går sin fyrste trepoengar for sesongen. På bortebane vann Årdal 3-1 mot Sarpsborg som etter tre kampar står bokført utan poeng. 

Sarpsborg-Årdal FK 1-3 (1-1)
0-1 Geir Erik Røysi (10. min)
1-1 Fredrik Henriksen (41. min)
1-2 Roy Olsen (61. min)
1-3 Morten Brandsdal (76. min)

Kampfakta er henta frå Årdal sine nettsider.

I neste serierunde tek Årdal i mot Bærum. Denne kampen blir spelt på Jotun Stadion laurdag 6. mai kl. 14.00. 
Bærum står bokført med sju poeng etter tre serierundar. 


Ole Gunnar Hunderi, Årdal


29.04 Haugen tapte treningskampen mot Tjørvåg

Haugen tapte i dag 6-1 mot sunnmørslaget Tjørvåg i ein treningskamp på Eid Idrettspark. 
Haugen var spelemessig på høgde med Tjørvåg i fyrste omgang, men etter kvilen var 6. divisjonslaget frå Sunnmøre eit hakk bedre enn heimelaget. 

Simon Tekeste (3), Curt Åge Hauge (2) og Jarl Åge Vågsholm laga måla til Tjørvåg, medan Cato Magne Humborstad sette inn Haugen sitt trøystemål rett før pause. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen. 

Haugen sitt A-lag serieopnar onsdag 3. mai. Skavøypoll er motstandar og kampen blir spelt på Skavøypoill Stadion kl. 18.30. 

Ver med og tipp sluttresultatet i kampen Skavøypoll-Haugen.

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet vinn eit Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen. I gjesteboka kan du også sjå kva andre har tippa tidlegare. 


Cato Magne Humborstad må berast av bana


Simon Tekeste, Tjørvåg


29.04 Uavgjort 3-3 mellom TMFK og Høyang

TMFK spelte i dag uavgjort 3-3 mot Høyang på Refvik Stadion. Høyang tok i løpet av den fyrste halvtimen ei 2-0 leiing og det såg ut til at laget frå Sogn hadde full kontroll. Øystein Hagen ville det annleis og på ein corner frå Rune Henden var Hagen høgast og fekk heada ballen inn bak Erling Fykse. 2-1 til Høyang var også pause resultatet i kampen.  

Omlag kvarteret ut i andre omgang var Hagen igjen på rett plass, og etter fint forarbeid av Øivin Vabø, kunne Hagen enkelt sette inn 2-2. Halvvegs ut i omgangen fekk Høyang straffe til kraftige protestar frå TMFK-spelarane. Dommar Sven Erik Midthjell frå Eid var ikkje i tvil etter at Thomas Frichsen skal ha blitt felt av Eirik Rutledal. Straffa sette Even Hovland sikkert i mål, og Høyang var igjen i leiinga i kampen. TMFK pressa på i slutten av kampen og eit minutt på overtid fekk TMFK lønn for strevet. Walter Høivik jr. drog seg fint fri på venstrekanten, og det presise innlegget heada Eirik Holvik rett i nettet bak ein sjanselaus Erling Fykse. 

TMFK-Høyang 3-3 (1-2)
0-1 Thomas Frichsen (14. min)
0-2 Morten Kåre Eriksen (28. min)
1-2 Øystein Hagen (32. min)
2-2 Øystein Hagen (58. min)
2-3 Even Hovland, straffe (68. min)
3-3 Eirik Holvik (90 + 1 min)

Sjå fakta og bilder frå TMFK-Høyang
.

Bilde 1: Eirik Holvik har eit minutt på overtid berga eit minutt for TMFK. 

Bilde 2: Knut Atle Krossøy med eminent flaggbruk på Refvik Stadion i dag. 



29.04 Dagens runde i 3. divisjon 

I tillegg til kampen TMFK-Høyang har det blitt spelt tre kampar i den lokale 3. divisjon i ettermiddag. 

Selje-Dale 3-2 (2-0)
1-0 Karl Erik Aarsheim (15. min)
2-0 Karl Erik Aarsheim (25. min)
2-1 Idar Haugen Rochlenge (66. min)
3-1 Anders Eltvik (79. min)
3-2 Sjølvmål, Tom Ø. Solheim (88. min)

Skavøypoll-Eid 3-0 (1-0)
1-0 Børge Yndestad (20. min)
2-0 Ole Kristian Nygård (57. min)
3-0 Børge Yndestad (59. min)

Kaupanger-Førde 1-1 (1-1)
0-1 Gaute Sørensen Schei (8. min)
1-1 Preben Strypet (22. min)

Kampfakta er henta frå Firda.no

Bildet: Karl Erik Aarsheim, Selje


28.04 Eidadamene vann 4-2 mot Balestrand

Eid sitt damelag vann i kveld 4-2 borte mot Balestrand. Ti minutt før slutt var stillinga i kampen 2-2, men etter skåringar av Malin Englund og Tonje Norheim Tangerud heilt på slutten av kampen, tok Eid sin andre strake siger. 

I ein annan kamp i damenes 3. divisjon vann Førde 2-0 mot Sogndal på heimebane. 

Førde-Sogndal 2-0 (2-0)
1-0 Kari Klopstad (5. min)
2-0 Mariann Iversen (10. min)

Opplysningane om Førde-Sogndal er henta frå Førde si nettside
.


Malin Englund, Eid


28.04 Mats Solheim berga eit poeng for Stryn

Stryn greidde berre 3-3 heime mot Fjøra i dagens kamp i den lokale 3. divisjon.

Stryn tok oppskriftsmessig leiinga 1-0 i kampen etter fem minutt, og dei fleste rekna vel med at Stryn nok ein gong skulle køyre over ein motstandar på heimebane. Men slik gjekk det ikkje og Fjøra tok likegodt leiinga 2-1, noko som også var pauseresultatet i kampen. Tjue minutt ut i andre omgang utlikna Mats Solheim til 2-2 og dette såg lenge ut til å bli sluttresultatet i kampen. Eit minutt på overtid sette Frode Kvåle inn 3-2 til Fjøra, til ellevill jubel blant dei som heia på "Fjøra. Men Stryn gav seg ikkje og eit minutt etter Fjøra sitt mål var storskårar Mats Solheim på rett plass til rett tid og berga eit poeng for ein Stryn.

Stryn-Fjøra 3-3 (1-2)
1-0 Asbjørn Tenden (5. min)
1-1 Ole Petter Hatlevoll (14. min)
1-2 Vegard Ruud (25. min)
2-2 Mats Solheim (65. min)
2-3 Frode Kvåle (90 + 1 min)
3-3 Mats Solheim (90 + 2 min)

Kampfakta er henta frå Firda.no

I neste runde reiser Stryn ut mot havet og møter Selje på Selje Stadion laurdag 6. mai. Dette er ein kamp som Stryn skal vinne dersom dei har ambisjonar om å vinne årets 3. divisjon. 
Fjøra møter på Eid i Sognahallen fredag 5. mai kl. 19.00. 

Dei resterande kampane i runde 2:

Laurdag 29. april
Kl. 15.00 Selje-Dale 
Kl. 16.00 Tornado Måløy-Høyang 
Kl. 16.00 Skavøypoll-Eid 
Kl. 16.00 Kaupanger-Førde 

Måndag 1. mai
Kl. 19.00 Sandane-Sogndal 2




Dagmund Evebø, 
trenar Stryn



Mats Solheim, Stryn 


28.04 Andre runde i ODDSKONKURRANSEN

Bjørn Totland er deltakar i andre runde i Oddskonkurransen. 

Totland har tippa på følgjande kampar: 
Skavøypoll-Eid H 1,60
Kaupanger-Førde B 1,35
Selje-Dale H 2,30
Totalodds: 4,97 


I kvar runde skal ein utvalgt eller kvalifisert deltakar tippe minst to og maks fire kampar frå den lokale 3. divisjon.

Konkurransen skal gå over 22 rundar, der dei to siste rundane er ein rein finale mellom fem finalistar. 

Dei tjue fyrste rundane blir delt inn i fem "semifinalar". Deltakarane i runde 1-4 konkurrerar om den fyrste finaleplassen. Den av dei fire deltakarane som får inn kupongen med høgast totalodds går til finalen. 

Slik blir det også i runde 5-8, 9-12, 13-16 og 17-20. På den måten får ein fem finalistar som skal konkurrere om å oppnå høgast odds samanlagt i dei to finalerundane. 

Vinnaren av Oddskonkurransen får ein konto på kr. 3000,- hos NordicBet.com.   

Det blir også mulighet for lesarane av Haugenfotball.no til å kvalifisere seg til å vere med i Oddskonkurransen. Fyrste sjanse for å kvalifisere seg er til runde fire. Kjem tilbake med kvalifiseringsoppgåve når tida nermar seg.






27.04 Guttelaget tapte 3-1 mot Hornindal/Stryn 

Stian Aaland har sendt følgjande referat frå kampen:
Guttelaget spelte borte mot Hornindal/Stryn i dag. Allereie etter 4 minutt blir Kjetil Remme spelt igjennom av Alf Tore Nilsen, og set ballen kontant bak Hornindal-keeperen. Haugen styrer kampen, og skapar fleire store sjansar dei 20 første minutta av kampen, men klarer ikkje å overliste ein god Hornindal-keeper. Etter 24 minutt kjem Glenn Ove Rand åleine mot keeper og utliknar for Hornindal/Stryn. 2 minutt etter får Eivind Grodås ballen på midtbana. Han går igjennom store delar av Haugenforsvaret og skyt frå 16 meteren. Ballen går i mål og Hornindal/Stryn tek leiinga. Hornindal/Stryn har teke over kommandoen i kampen no, og eitt 
minutt før pause tek same Grodås nok eit raid og dunkar ballen i mål frå 
skrått hold. 3-1 står seg til sidebytte.

Etter pausen vert det mykje fram og tilbake første halvtimen, mykje kriging 
og svært lite sjansar. Haugen/Eid kjem meir og meir inn i kampen og siste 
15-20 minutta er det eit voldsomt press frå bortelaget. Etter 37 minutt skal 
Magnus Aarskog avslutte frå 3 meter, men blir hekta av ein motspelar. Den 
elles gode dommaren vinkar han opp att og snyt Haugen/Eid for ei tilsynelatande soleklar straffe. Like etter headar Eivind Daniel Røed i stolpen etter ein corner, flaksen er heller ikkje på bortelaget si side. I kampens nest siste minutt kjem Kjetil Remme seg rundt på kanten og legg inn til Alf Tore Nilsen som vakkert headar ballen i mål. Målet blir annullert, 
sidan dommaren meiner ballen har vore over dødlinja. Ei avgjerd som i beste 
fall er svært tvilsom.

Kampen endar 3-1 til heimelaget, eit resultat som ikkje speglar spel og 
sjansar i kampen. Haugen/Eid spelte godt i delar av kampen, hadde klart 
flest sjansar, og burde scora fleire mål. Men det er det laget som scorar 
flest mål som vinn fotballkampar, og det var det effektiviteten til 
heimelaget som sørga for i dag. Haugen/Eid viste til tider positive takter, 
som dei må prøve ta med seg mot Svelgen på Klenkarberget neste torsdag.

Haugen stilte med: Christian Johannesen, Dan Jøran Hafsås, Erling T. Kayser, Eivind Daniel Røed, Kristian Vårdal, Bjørn Kristen Sørland, Alf Kåre Dalsbø, Alf Tore Nilsen, Andre Rafshol, Kjetil Remme, Espen Aaland, Magnus Aarskog, Stian Melheim, Bjørn Erik Lote Henden, Ole Nordnes.

 



Eivind Daniel Røed

 

Espen Aaland


27.04 God kamp av Heia mot Flatraket 

Heia vann i kveld 8-1 i ein treningskamp mot Flatraket på Eid Idrettspark. Heia var i store delar av kampen det klart beste laget og resultatet var heilt greit ut frå spel og sjansar. 

Heia-Flatraket 8-1 (4-1)
1-0 Muhamet Barlla (4. min)
2-0 Tom Roger Hjelle (22. min)
3-0 Muhamet Barlla (32. min)  
4-0 Muhamet Barlla (44. min)
4-1 Martin Nygård (45. min)
5-1 Sjølvmål, Herold Kråkenes (56. min)
6-1 Roger Nygård (57. min)
7-1 Roger Nygård (59. min)
8-1 Sjølvmål, Espen Kvernevik (63. min)   

Sjå fakta og bilder frå kampen.


27.04 G12 sin kamp utsett og Treningskamp mot Tjørvåg

Haugen sin kamp mot Leirgulen i G12 som skulle blitt spelt i dag er flytta til fyrstkommande søndag ettermiddag. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark klokka 18.00. 

Haugen sitt A-lag spelar laurdag 29. april treningskamp mot sunnmørslaget Tjørvåg. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark klokka 13.00. 

Ver med og tipp sluttresultatet i Haugen-Tjørvåg på Eid Idrettspark laurdag 29. april kl. 13.00.

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet vinn eit Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen. I gjesteboka kan du også sjå kva andre har tippa tidlegare. 



Ørjan Solheim, Haugen


27.04 Guttelaget til Haugen/Eid 2 serieopnar i dag

Guttelaget til Haugen/Eid 2 serieopnar i kveld borte mot Hornindal/Stryn. 

Haugen sitt lag i G12 sparkar også sesongen i gang i kveld. Fyrste kamp for Haugen er heime mot Leirgulen. 

Heia spelar i kveld treningskamp mot Flatraket på Eid Idrettspark kl. 19.00. Bilder og fakta frå denne bataljen kan du sjå her seinare i kveld.  

Ein del lokale kampar som går i dag:
Gutar 15/16 2 div avd 4 vår
19:00 Hornindal/Stryn - Haugen/Eid 
19:00 Stadlandet/Selje 2 - Sandane 
19:00 Svelgen - Skavøypoll 

G12 avd 6
18:00 Haugen - Leirgulen 
18:00 Bremanger - Selje 
18:00 Tornado Måløy - Skavøypoll 

G12 avd 7
18:00 Veten - Hornindal 1 
18:00 Eid 1 - Breimsbygda 
18:00 Eid 2 - Hyen 

G12 avd 8
18:00 Hornindal 2 - Olden 
18:00 Oppstryn - Vikane 
18:00 Sandane 2 - Stryn 

Bilde 1: Tore Haraldsen, Haugen

Bilde 2: Tom Roger Hjelle, Heia



26.04 Øystein Haugland dreit seg ut i fyrste runde

Fyrste runde i Haugenfotball.no sin oddskonkurranse starta opp sist helg, med Øystein Haugland som deltakar.  

Øystein sitt tips i fyrste runde: 
Dale-TMFK H 2,75
Høyang-Kaupanger B 2,85
Eid-Sogndal 2 H 4,90 
Total Odds 38,40 

Øystein greide det mesterstykke å bomme på alle tre kampane, og berre eit mirakel kan gje Øystein plass i finalen. 

I morgon eller fredag blir tipsa til deltakar nummer to lagt ut.  

Tek med litt om avviklinga av oddskonkurransen:
I kvar runde skal ein utvalgt eller kvalifisert deltakar tippe minst to og maks fire kampar frå den lokale 3. divisjon.

Konkurransen skal gå over 22 rundar, der dei to siste rundane er ein rein finale mellom fem finalistar. 

Dei tjue fyrste rundane blir delt inn i fem "semifinalar". Deltakarane i runde 1-4 konkurrerar om den fyrste finaleplassen. Den av dei fire deltakarane som får inn kupongen med høgast totalodds går til finalen. 

Slik blir det også i runde 5-8, 9-12, 13-16 og 17-20. På den måten får ein fem finalistar som skal konkurrere om å oppnå høgast odds samanlagt i dei to finalerundane. 

Vinnaren av Oddskonkurransen får ein konto på kr. 3000,- hos NordicBet.com.   

Det blir også mulighet for lesarane av Haugenfotball.no til å kvalifisere seg til å vere med i Oddskonkurransen. Fyrste sjanse for å kvalifisere seg er til runde fire. Kjem tilbake med kvalifiseringsoppgåve når tida nermar seg. 






26.04 Fire lag med i fyrste runde NM herrer

Førde vann i kveld 2-1 mot Kaupanger i Sognahallen, og er med det klare for fyrste ordinære runde i NM. 

Skavøypoll tapte sin kamp i andre  kvalifiseringsrunde med 2-1 mot  Sykkylven, og kan sjå langt etter vidare spel i årets cup. 

Dermed har Sogn og Fjordane med fire lag i fyrste runde. Stryn og Førde har gjennom kvalifiseringsrundar spelt seg fram til plass, medan Årdal og Sogndal går rett inn i fyrste runde.   

Fyrste runde er terminfesta til 10. og 11. mai. 
  


25.04 Stryn vidare i cupen, og Eid 2 vann mot Oppstryn 2

Stryn vann i kveld 6-0 mot Ørsta i 2. kvalifiseringsrunde til NM herrer. Dermed er Stryn klar for fyrste ordinære runde, og seier heilt sikkert ikkje nei takk til at eit "storlag" kjem til Stryn. Kampane i fyrste runde er terminfesta til 10. eller  11. mai.  

Resultat frå dei andre kampane i  dei to  kvalifiseringsrundane kan du sjå her.

Eid 2 vann i kveld 4-1 mot Oppstryn på ein treningskamp på EId Idrettspark. Oppstryn tok leiinga i kampen etter omlag ti minutt av fyrste omgang. Ti minutt før pause laga Steffen Sture Olsen 1-1, noko som også blei pauseresultatet i kampen. I andre omgang var Eid det beste laget og Jan Otto Bustadon var frampå og sette inn både 2-1 og 3-1 til gultrøyene. Omlag tjue minutt før slutt fastsette Jim Tore Humborstad sluttresultatet til 4-1 på eit skot frå omlag 20 meter. 

Eid 2-Oppstryn 4-1 (1-1)
0-1 (11. min)
1-1 Steffen Sture Olsen (36. min)
2-1 Jan Otto Bustadmo (57. min)
3-1 Jan Otto Bustadmo (59. min)
4-1 Jim Tore Humborstad (71. min)

Torsdag spelar Heia treningskamp mot Flatraket på Eid Idrettsparkl kl. 19.00. Flatraket er av dei fleste tippa på siste plass i 6. divisjon. Sist veke vann Flatraket noko overraskande 6-5 mot Skavøypoll i ein treningskamp, og kanskje vinn dei også mot Grøntrøyene frå Moskva. 

I tabellkonkurransen for 6. divisjon avd 4. har underteikna fått inn 84 svar til no. Her er fristen sett til måndag 1. mai kl. 23.00. 

Vinnaren i kvar av dei to tabellkonkurransane vinn kvar sin Pepsi Max gensar og kvart sitt gåvekort pålydande 250,- på Chatlet Sport. 

Reglar for tabellkonkurransen og innsendingsskjema finn du her.
  


Mats Solheim, Stryn


Jim Tore Humborstad, Eid 


25.04 Haugen sitt småjentelag møter Heia

Haugen sitt småjentelag spelar i dag seriekamp mot Heia. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark kl. 16.45. 

Stryn spelar i kveld mot Ørsta i 2. kvalifiseringsrunde til NM. Kampen har kampstart kl. 18.30. 

Eid sitt andrelag møter Oppstryn til treningskamp på Eid Idrettspark kl. 19.00. Jentelaget til Eid skal spele heimekamp mot Bremanger. Også denne er sett opp på Eid Idrettspark kl. 19.00, så kva som skjer i dette tilfelle blir interessant å sjå. 

Andre kampar i dag: 
Gutar 15/16 2 div avd 4 vår
19:00 TMFK 2-Selje/Stadlandet 1 

J 13/14 avd 2
18:00 Kaupanger-Sogndal 3 
18:00 Syril 2-Hafslo 2 

J 13/14 avd 3
18:00 Gaular-Dale 
18:00 Viksdalen-Askvoll og Holmedal 

J 13/14 avd 4
18:00 Tambarskjelvar-Førde 3 
18:00 Jølster 2-Eikefjord 
18:00 Florø 2-Jølster 1 

J 13/14 avd 5
18:00 Hornindal-Hyen 
18:00 Loen-Sandane 2 
18:00 Sandane 1-Breimsbygda 

J 13/14 avd 6
18:00 Tornado Måløy-Bremanger 
18:00 Skavøypoll-Svelgen 

J 15/16 1 div vår
19:00 Sogndal 1-Syril 
19:00 Eid-Bremanger 

J 15/16 2 div avd 2 vår
19:00 Førde 2-Førde 3 






Christian Holko, Stryn


24.04 Eid-Sogndal 2  4-7 (3-2)

Sogndal 2 blei eit nummer for store for Eid i kveldens 3. divisjonskamp på Eid Idrettspark. Etter at Eid blei regelrett overkøyrt i dei siste 60 minutta av kampen, kunne Sogndal sine nest beste innkassere tre poeng og 7-4 siger. 

Eid fekk ein pangstart på kampen etter tretten minutt av fyrste omgang. Eit langt framspel enda på hovudet til Kjetil Sønnesyn, som var så uheldig å stusse ballen i eige mål. Ti minutt etter slår Geir Moldestad eit presist frispark i retning Asle Myrold. Daniel Kvåle kjem ut men Myrold ragar høgast og Eid er i leiinga 2-0 til stor jubel frå dei 150 tilskodarane. Berre  tre minutt seinare stussar Anders "Hulsker" Midthjell gjennom Stian Sandal. Sandal tek ballen på halvspretten og lobbar elegant inn 3-0 til Eid. Publikum trur knapt sine egne auge.

Men så var det slutt, og då meinar eg slutt. Sogndal rulla over Eid, og spesielt Henrik Furebotn og Kurt Heggestad viste lovande takter. Fem minutt før pause reduserte Terje Flugheim til 1-2 etter flott forarbeidd av Kurt Heggestad. Rett før kvilen tok Heggestad spaden i eiga hand og sette eit frispark rett i mål bak ein sjanselaus Sindre Rise. 2-1 blei også pauseresultatet i kampen. 

I andre omgang fekk vi verkeleg sjå kor fort det kan gå i svingane. Henrik Furebotn var etter underteikna si meining banas beste spelar, og ved fleire høve viste Furebotn eminent fart og teknikk. Ti minutt ut i omgangen utlikna Kurt Heggestad til 3-3, og dei fleste frammøtte skjønte kva som var i ferd med å skje. Like etter gav Henrik Furebotn Sogndal 2 leiinga 4-3 og kampen var i realiteten avgjort. Kvarteret før slutt var auka Kurt Heggestad leiinga til 5-3, etter nok eit herleg raid av Henrik Furebotn. Tretten minutt før slutt fekk innbyttar Hallgeir Sandal kjempa inn 6-3 og dei meste optimistiske Eidapatriotane skjønte at der gjekk toget. 

Omlag fem minutt etter fekk vi sjå kva Stian Sandal kan utrette på frispark. Frå omlag 20 meter skrudde Sandal ballen i mål, og speaker Arild Heggen gjekk så langt at han lova Sandal ein god karrakter i eit eller anna fag som underteikna ikkje fekk med seg. 

På overtid tok dagens store spelar Henrik Furebotn eit raid frå midtbana, og avslutta med å dunke ballen i mål via stolpen. Eit verdig punktum for ein underhaldande kamp på Eid Idrettspark. 

Sjå fakta og bilder frå kampen. 





Bjørnar Strandos, Eid og Henrik Furebotn, Sogndal 2





Terje Flugheim, Sogndal 2


24.04 Eid møter Sogndal 2 på Eid Idrettspark

Eid serieopnar i dag mot Sogndal 2 på Eid Idrettspark kl. 19.00. Eid slit med mykje sjukdom i troppen og det blir eit svekka Eidlag som tek i mot Sogndal sine nest beste på krøllgraset i kveld. 

Årdal FK sitt lag i 2. divisjon spelar heimekamp mot Stabæk 2 på kunstgraset i Årdal kl. 17.00.  

Ellers blir det spelt ein god del kampar i smågutteserien i dag:
Smågutar 13/14 1 div vår avd 1
19:00 Dale - Førde 1 
19:00 Tempo - Høyang 
19:00 Årdalstangen - Sogndal 1 

Smågutar 13/14 1 div vår avd 2
19:00 Skavøypoll - Florø 1 
19:00 Stryn 1 - Eid 1 

Smågutar 13/14 2 div avd 1 vår
19:00 Balestrand - Sogndal 2 
19:00 Bjørn - Hafslo 

Smågutar 13/14 2 div avd 2 vår
19:00 Kaupanger - Aurland 
19:00 Lærdal - Syril 

Smågutar 13/14 2 div avd 4 vår
19:00 Førde 2 - Svelgen 

Smågutar 13/14 2 div avd 5 vår
17:30 Førde 5 - Jølster 
20:30 Førde 4 - Førde 6 

Smågutar 13/14 2 div avd 6 vår
19:00 Vikane - Veten 
19:00 Loen/Olden - Sandane 1 


Steffen Sture Olsen, Eid 


Arild Underdal, ÅrdalFK


23.04 Bjørn Totland skåra i Nordlandshallen

Bjørn Totland laga Hødd sitt mål i dagens 5-1 tap mot Bodø/Glimt i Nordlandshallen. På stillinga 2-0 rett etter pause kom Totland åleine mot keeper Ole Arvid Langnes, og på elegant viss runda han Langnes og trilla ballen i det tomme målet. Men Hødd kom ikkje nærmare siger og tapte til slutt 5-1 mot ein av dei store opprykksfavorittane i Adeccoligaen. 

Sogndal tapte 2-0 mot Aalesund på Color Line Stadion, og ligg med dette resultatet heilt nede på 12. plass med sine tre poeng. Aalesund toppar Adeccoligaen med sine ni poeng, og er einaste laget som står med fullt hus etter tre serierundar.

I neste runde som blir spelt søndag 30. april tek Sogndal i mot Haugesund, Hødd spelar heime mot Kongsvinger, medan Aalesund spelar borte mot Moss.   


Bjørn Totland, Hødd


23.04 Lilleguttkampar på Eid Idrettspark

Dei to lilleguttlaga til Haugen i G11 spelte i kveld treningskampar mot Eid.

Det var høg innsats i kampen og det såg ut til at alle hadde ein triveleg halvannan time på Idrettsparken. 

Gledeleg mange foreldre hadde teke turen for å sjå på sine unge håpefulle.  
 


23.04 Haugen vann 9-3 mot TMFK

Haugen sitt småguttelag vann i ettermiddag 9-3 mot TMFK på EId Idrettspark. I fyrste omgang var det berre eit lag på bana, men etter kvilen var bortelaget nesten på høgde med Haugen. 

Neste kamp for Haugen er borte mot Skavøypoll 1. mai. Samme dag spelar TMFK heime mot Eid    

Haugen-TMFK 9-3 (5-0)
1-0 Eivind Daniel Røed (7. min)
2-0 Dan Jøran Hafsås, straffe (12. min)
3-0 Toni Lotsberg (19. min)
4-0 Eivind Daniel Røed (25. min)
5-0 Dan Jøran Hafsås (33. min)
5-1 Kristoffer Steenslid, straffe (42. min)
6-1 Christoffer Hafsås (55. min)
7-1 Toni Lotsberg (57. min)
7-2 Kristoffer Steenslid (58. min)
8-2 Christoffer Hafsås (59. min)
8-3 Glenn Kvernevik (61. min)
9-3 Toni Lotsberg (65. min)

Haugen: 

Jim Rune Hoddevik
Dan Jøran Hafsås
Christoffer Hafsås 
Martin Lillestøl
Joakim Haugland
Martin Leite Gilleshammer
Andre Solheim 
Ole Martin Hoddevik
Toni Lotsberg
Håkon Dalsbø
Eivind Daniel Røed

Innbyttarar:
Øyvind Starheimsæter
Bjørn Tore Furnes
Thomas Lefdal
Kristoffer Starheimsæter
Anders Lillestøl

TMFK: 
Johannes Kvernevik
Marius Oksholen
Håvard Refvik
Vegard Myhre
Tommy Larsen
Isabell Aarvik
Martin Flåten
Kristoffer Steenslid
Håkon Selstad
Glenn Kvernevik
Martin Refvik

Innbyttarar: 
Martin Hagen
Jørgen Færestrand

Bilde 1: Bjørn Tore Furnes, Haugen og Isabell Aarvik, TMFK

Bilde 2: Dan Jøran Hafsås, Haugen

Bilde 3: Glenn Kvernevik, TMFK 




23.04 Både Eid 2 og Heia testar formen neste veke

Tysdag 25. april spelar Eid 2 treningskamp mot Oppstryn. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark kl. 19.00, og dommar i kampen er Knut Atle Krossøy.

21. mars vann Oppstryn 3-1 i mot Eid 2  i ein treningskamp og det er nok eit revansjesugent Eidalag vi får sjå på kunstgraset tysdag kveld. Men det blir ikkje enkelt for Oppstryn har formen inne og vann torsdag 6-3 mot Loen.   

Torsdag 27. april spelar Heia årets fyrste treningskamp. Flatraket er motstandar og kampen blir spelt på Eid Idrettspark kl. 19.00. 

Bildet: Suksesstrenar Rolf Morten Skrede skal prøve å få andrelaget til Eid opp i 5. divisjon. 


23.04 Tredje runde i Adeccoligaen 

I dag møter Sogndal Aalesund på bortebane i den 3. runden i årets Adeccoliga. Aafk toppar tabellen i lag med Bryne etter å ha vunne begge dei to fyrste kampane. Aafk vann 2-1 over Tromsdalen borte, medan det blei 2-1 siger mot Haugesund heime på Color Line Stadion. 

Sogndal  er på 7. plass på tabellen etter tap 3-1 borte mot Pors Grenland og 3-0 siger heime mot Tromsdalen sist helg. 

Alle kampane i 3. runde: Bodø/Glimt-Hødd 
Bryne-Hønefoss 
Haugesund-Manglerud Star
Kongsvinger-Løv Ham
Pors Grenland-Sparta Sarpsborg 
Strømsgodset-Follo
Tromsdalen-Moss
Aalesund-Sogndal

Alle kampane har kampstart kl. 18.00. 


Anders Stadheim, Sogndal


22.04 Haugen inntek Eid Idrettspark søndag ettermiddag

Søndag 23. april kl. 16.00 spelar Haugen sitt småguttelag årets fyrste heimekamp. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark og motstandar er Tornado Måløy. 

I fyrste runde vann Haugen 5-3 borte mot Florø, medan Tornado Måløy tapte 5-2 på heimebane mot Stryn.

Søndag 23. april kl. 18.00 spelar Haugen sine to lilleguttlag treningskamp mot Eid sine to lilleguttlag. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark og Hans Petter Gilleshammer oppmoder alle om å møte opp og sjå på dei kommande stjernespelarane frå kommuna. 

Bildet: Hans Petter er nøye på tida, så ver på plass i rett tid.


22.04 Kampfakta 1. runde 3. divisjon

Fjøra-Selje 4-1 (0-0)
1-0 Ronny Einan (58. min)
2-0 Ole Morten Kvam (79. min)
3-0 Ole Petter Hatlevoll (81. min)
4-0 Ole Petter Hatlevoll (85. min)
4-1 Trond Hamre (90. min)

Høyang-Kaupanger 4-0 (2-0)
1-0 Robin Frichsen (20. min)
2-0 Morten Kåre Eriksen (32. min)
3-0 Thomas Frichsen (57. min)
4-0 Morten Kåre Eriksen (88. min)  

Dale-TMFK 0-1 (0-0)

0-1 Øivin Vabø (75. min)

Kampfakta frå desse kampane er henta frå Firda.no


Skavøypoll-Stryn 1-4

1-0 Peter Orry Larsen (14. min)
1-1 Jon Terje Tjellaug (33. min)
1-2 Christian Holko (39. min)
1-3 Per Ole Tenden, straffer (75. min) 
1-4 Ulrik Flo (78. min) 

Sjå alle fakta og bilder frå Skavøypoll-Stryn. 

Bilde 1: Ulrik Flo blir gratulert av Christian Holko, medan Chris Silden gestikulerar med armane. 

Bilde 2: Rune Myklebust, Stryn





22.04 Resultat dagens 3. divisjonsrunde

Fire kampar i den lokale 3. divisjon har blitt avvikla i dag. TMFK imponerte med ein sterk 1-0 siger borte mot Dale. Verdt å merke seg er at i denne kampen fekk 15-åringen Sveinung Frantzen (bildet) sin debut i 3. divisjon. 

Kl. 14.00 Fjøra-Selje 4-1
Kl. 16.00 Høyang-Kaupanger 4-0   
Kl. 16.00 Skavøypoll-Stryn 1-4
Kl. 16.00 Dale-TMFK 0-1

Kjem tilbake med kampfakta frå kampane pluss bilder frå Skavøypoll-Stryn seinare. 

Måndag 24. april spelar Eid mot Sogndal 2.


22.04 Dagens 3. divisjonsrunde

Fire kampar blir spelt i dag i den lokale tredjedivisjon. 

Fjøra spelar heime mot Selje i Sognahallen kl. 14.00. 
Denne kampen kan du følgje på Fjøra si Live-oppdatering. 

Kaupanger reiser til Høyanger og spelar mot Høyang kl. 16.00

Dale spelar heime mot TMFK kl. 16.00 og på Skavøypoll Stadion spelar Skavøypoll og Stryn kl. 16.00. 

Underteikna tek turen ut mot havet og bilder og fakta frå Skavøypoll-Stryn kan du sjå her på haugenfotball.no i kveld.

Bildet: Peter Orry Larsen, Skavøypoll


22.04 Ørjan Solheim klar for Haugen

Ørjan Solheim har skrive under og er klar for sebratrøyene. Haugen har hatt eit keeperproblem etter at Vegard Løken gjekk til Eid før denne sesongen, men no har Haugen ein fullgod erstattar på plass mellom stengene. 

Ørjan Solheim har tidlegare spelt 57 kampar for Haugen og laga eit mål. 
Solheim har også tidlegare vakta målet til Eid. Han spelte 11 kampar i 4. divisjon i 2003, og Eid sin kamp mot Stryn i 3. divisjon 2004. 

NB! Haugen sin kamp i fyrste serierunde er flytta frå tysdag 2. mai til onsdag 3. mai. På grunn av problem med å få bane til å spele kampen på har underteikna vore i kontakt med Skavøypoll, og blitt einige med dei om at kampen blir spelt på Skavøypol Stadion onsdag 3. mai kl. 18.30. Fyrste haustkampen blir som eit resultat av dette spelt på Klenkarberget. 


Ørjan Solheim, Haugen


21.04 Førde vann enkelt 3-1 mot Sandane

Førde vann i kveld enkelt 3-1 mot Sandane i årets fyrste seriekamp i den lokale 3. divisjon. Førde tok leiinga med to skåringar før kvilen i ein fyrste omgang som var totalt dominert av heimelaget. I andre omgang reduserte Trond Vegard Ripe til 1-2, men Førde sin siger var i realiteten aldri i fare. Ti minutt før slutt fastsette Stian Nedberge sluttresultatet til 3-1.

Førde-Sandane 3-1 (2-0)
1-0 Pål Arve Myklebust (35. min)
2-0 Steinar Tenden (39. min)
2-1 Trond Vegard Ripe (57. min)
3-1 Stian Nedberge (81. min)

Fakta er henta frå Firda.no. 
På firda.no kan du også lese meir om kampen.   

Resten av 1. runde i 3. divisjon avd. 16: 
Laurdag 22. april 
Kl. 14.00 Fjøra-Selje 
Kl. 16.00 Høyang-Kaupanger 
Kl. 16.00 Skavøypoll-Stryn 
Kl. 16.00 Dale-TMFK 

Måndag 24. april
Kl. 19.00 Eid-Sogndal 2




Steinar Tenden, Førde


21.04 Eid snudde kampen mot Hornindal

Eid fekk ein verst tenkeleg start i serieopninga mot Hornindal på Eid Idrettspark. Ann Kristin Grodås utnytta eit stilleståande Eidaforsvar to gongar før kvarteret var spelt og laget frå kommunesenteret ved Europas djupaste innsjø fekk ein flying start med 2-0 leiing. I tillegg hadde Hornindal eit par store sjansar som blei redda meisterleg av Eid sin gode keeper Anna Karete Bjørlo. Det såg verkeleg mørkt ut for Eid og underteikna hadde gitt opp å få rett på heimesigeren han hadde tippa i Lokaltipset i Fjordabladet. Men Eid kom meir og meir med i kampen og etter halvtimen var Eid sin storskårar Tonje Norheim Tangerud frampå og reduserte til 2-1. 2-1 var også pauseresultatet i kampen. 

Andre omgang starta forrykande frå Eid si side, og i løpet av dei sju fyrste minutta av omgangen laga Eid tre mål og avgjorde i realiteten kampen. Tonje Norheim Tangerud laga dei to fyrste i omgangen, medan Sunniva Hagen fastsette sluttresultatet i kampen til 4-2.

Dermed har Eid fått ein god start på sesongen, der dei fleste har tippa Eid omlag midt på tabellen. 

Sjå fakta og nokre bilder frå kampen.


Andre resultat i 3. divisjon damer:
Jølster-Sandane 3-1
Sogndal-Kaupanger 2  0-5
Høyang-Balestrand UTSETT


Ann Kristin Grodås
 

Tonje Norheim Tangerud


21.04 God deltaking i tabellkonkurransen 

Forslaga til tabellkonkurransen for 3. divisjon har ramla inn sakte men sikkert, og totalt har omlag 75 personar sendt inn forslag. 

Underteikna skal sjå gjennom forslaga og litt statistikk blir lagt ut seinare.

I tabellkonkurransen for 6. divisjon avd 4. har underteikna fått inn 80 svar til no. Her er fristen sett til måndag 1. mai kl. 23.00. 

Vinnaren i kvar av dei to tabellkonkurransane vinn kvar sin Pepsi Max gensar og kvart sitt gåvekort pålydande 250,- på Chatlet Sport. 
 
Reglar for tabellkonkurransen og innsendingsskjema finn du her.

Underteikna vil i dag vere tilstades på serieopninga i 3. divisjon damer mellom Eid og Hornindal. Kampen blir spelt på på Eid Idrettspark kl. 18.30. Bilder og fakta frå denne kampen kan du sjå her på haugenfotball.no etter kampen.




Kristine Dahl og Hilde Larsen, Eid


21.04 Siste frist for TABELLKONKURRANSEN 3. DIVISJON 

NB!!! I dag kl. 17.00 er siste frist for å sende inn forslag til tabellkonkurransen for 3. divisjon.

Underteikna fått inn 63 svar til no. 
 
Reglar for tabellkonkurransen og innsendingsskjema finn du her.

Kampar i dag: 
3. div Menn avd 16
19:00 Førde - Sandane 

3. div kvinner
18:30 Eid - Hornindal 
19:00 Sogndal - Kaupanger 2 
19:00 Jølster - Sandane 
19:00 Høyang - Balestrand 


20.04 Fyrste runde i ODDSKONKURRANSEN

Fyrste runde i Haugenfotball.no sin oddskonkurranse startar opp denne helga med Øystein Haugland som deltakar.  

I kvar runde skal ein utvalgt eller kvalifisert deltakar tippe minst to og maks fire kampar frå den lokale 3. divisjon.

Konkurransen skal gå over 22 rundar, der dei to siste rundane er ein rein finale mellom fem finalistar. 

Dei tjue fyrste rundane blir delt inn i fem "semifinalar". Deltakarane i runde 1-4 konkurrerar om den fyrste finaleplassen. Den av dei fire deltakarane som får inn kupongen med høgast totalodds går til finalen. 

Slik blir det også i runde 5-8, 9-12, 13-16 og 17-20. På den måten får ein fem finalistar som skal konkurrere om å oppnå høgast odds samanlagt i dei to finalerundane. 

Vinnaren av Oddskonkurransen får ein konto på kr. 3000,- hos NordicBet.com.   

Øystein Haugland sitt tips i fyrste runde: 
Dale-TMFK H 2,75
Høyang-Kaupanger B 2,85
Eid-Sogndal 2 H 4,90 
Total Odds 38,40 

Det blir også mulighet for lesarane av Haugenfotball.no til å kvalifisere seg til å vere med i Oddskonkurransen. Fyrste sjanse for å kvalifisere seg er til runde fire. Kjem tilbake med kvalifiseringsoppgåve når tida nermar seg. 

Konkurransen er arrangert i samarbeidd med NordicBet.com.



20.04 Eid vann 3-1 mot TMFK

Eid sitt guttelag i 1. divisjon vann i kveld 3-1 mot TMFK på Eid Idrettspark. 

Eid tok leiinga 1-0 omlag midtvegs i fyrste omgang etter at Magnus Myroldhaug stussa eit innlegg frå Kristian Kongsvoll vakkert i mål. 1-0 blei også pauseresultatet i kampen, og det syns underteikna var heilt greit ut i frå spel og sjansar. 

Etter 23 minutt av andre omgang laga TMFK sin midtbanespelar Gisle Myhre ny spenning i kampen. Etter å ha gjort alt sjølv avslutta Myhre med eit velplassert skot bak ein sjanselaus Per Inge Myklebust Tunold. Rett etter hadde TMFK ein kjempesjanse til å gå opp i leiinga 2-1, men Sveinung Frantzen surra i avslutningsøyeblikket og ein forsvarar fekk i siste liten sendt ballen ut til hjørnespark. 

Omlag ti minutt før slutt gav Mons Gillesdal Eid leiinga i kampen 2-1. På eit frispark rett utanfor 16-meteren skrudde Gillesdal ballen i lengste hjørnet bak ein sjanselaus Steffen Kvernevik i TMFK sitt mål. Minuttet før slutt fastsette Karl Olav Sunde sluttresultatet til 3-1 på eit kjempeskot frå omlag 20 meter. 

Eid-TMFK 3-1 (1-0)
1-0 Magnus Myroldhaug (18. min)
1-1 Gisle Myhre (63. min)
2-1 Mons Gillesdal 68. min)
3-1 Karl Olav Sunde (79. min)

Eid: Per Inge Myklebust Tunold, Espen Vadøy, Mons Gillesdal, Jonas Rye Tvendeseter, Johannes Myklebust, Kristian B. Kongsvoll, Torbjørn Myklebust, Martin Fossedal, Hans Egil Øyen, Arild Rindal og Magnus Myroldhaug. 

Innbyttarar: Marius Hagen, Karl Olav Sunde, Aleksander Sørland, Lasse Ødegård og Kai Arne Humborstad.

TMFK: Steffen Kvernevik, Oddbjørn Holmøy, Idar Holm, Marius S. Refvik, Simen Lyng, Thomas Myre, Eirik Søraa, Gisle Myhre, Joachim Fortun, Sondre Jensen og Sveinung Frantzen. 

Innbyttarar: Martin Flåten, Anders Myklebust, Magnus Christensen og Kristoffer Djuvik.  




20.04 Frank Hool klar for Hornindal

Haugenfotball sin korrespondent i Honndalen Edvin Haugen kan i dag fortelje at Frank Hool er klar for Hornindal. 

Hool har dei siste åra vore fast superreserve for Stryn og har teikna seg på skåringslista ved fleire høve. No får fårhåpentlegvis Hool spele frå start og vil bli eit trussel for samtlege keeperar i 4. divisjon. 

Edvin med det flotte etternavnet Haugen kan og fortelje at HIL sin unge keeper Sondre Grodås kjem til å debutere i serieopninga borte mot Eikefjord søndag 30. april. Sondre er berre femten år men har ved fleire høve vist at han held godt nivå. Så mottoet må vere: er ein god nok er ein gammal nok. 

Edvin Haugen melder også at Hornindal har ein bortimot skadefri stall og ser fram til serieopninga mot Eikefjord søndag 30. april. 

Hornindal spelar fyrste heimekamp fredag 5. mai mot Jølster. 

På bildene ser vi Frank Hool øverst og på bildet under ser vi Hornindal sin unge keeper Sondre Grodås og sogndalspelar Ivar Løvik. 

Det siste bildet er tatt under ei kretslagsamling i februar på Eid Idrettspark for spelarar født 1990. 



20.04 Haugen sitt småguttelag



Knut Hans Røed har sendt dette bildet av Haugen sitt småguttelag som vann 5-3 borte mot Florø i går kveld. (Klikk på bildet for å sjå det i større format)

Bak frå venstre: Toni Lotsberg, Håkon Dalsbø, Bjørn Tore Furnes, Dan Jøran Hafsås, Eivind Daniel Røed, Anders Lillestøl, Thomas Lefdal, Christoffer Hafsås og Ole Kristian Hanebrekke. Framme frå venstre: Jostein Ladehaug, Martin Lillestøl, Joakim Haugland, Kristoffer Starheimsæter, Jim Rune Hoddevik, Martin Leite Gilleshammer, Andre Solheim og Ole Martin Hoddevik. 

20.04 Haugen si trening fredag er utsett til 20.15

NB! På grunn av damelaget til Eid sin seriekamp mot Hornindal på Eid Idrettspark fredag 21. april trenar Haugen kl. 20.15-21.45. 

Damekampen Eid-Hornindal har kampstart kl. 18.30. 

Då er det endeleg avklara at Stryn skal møte Ørsta i 2. kvalifiseringsrunde til NM. SFFK skriv på sine nettsider at NFF har endra Stryn sin motstandar i går ettermiddag. Stryn har hatt eit godt tak på Ørsta i dei to treningskampane dei har spelt mot kvarandre i denne sesongen. Stryn har vunne desse 5-1 og heile 8-0, men det er ikkje sikkert det går like greit denne kampen. 

Stryn sine nettsider skriv at kampen blir spelt enten tysdag 25. april eller onsdag 26. april. 


Tonje N. Tangerud, Eid


20.04 Forvirring i kampopsettet til 2. kvalifiseringsrunde 

Oppsettet til 2. kvalifiseringsrunde i NM herrar er klart og SFFK skriv at laga frå Fjordfylket skal ut i følgjande kampar: 

Stryn-Spjelkavik
Skavøypoll-Sykkylven
Kaupanger-Førde

På NFF sine sider står det at Stryn skal møte Ørsta på heimebane. Kva som er rett veit underteikna ikkje, men reknar med at det blir ei avklaring på det i løpet av dagen. 

Andre kvalifiseringsrunde blir uansett  spelt seinast onsdag 26. april. Sogndal og Årdal kjem rett inn i fyrste runde som er terminfesta til 10. og 11. mai. 

Bildet: Mats Solheim jublar etter å ha sett inn sitt fyrste av i alt fem mål mot Høyang i fyrste kvalifiseringsrunde. 


20.04 Guttelaget til Eid serieopnar i dag  

Eid sitt guttelag som spelar i fyrstedivisjon serieopnar i dag mot TMFK 1. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark kl. 19.00. Går alt etter planen tek underteikna ein tur på denne kampen. 

Kampar som blir spelt i dag: 
Gutar 15/16 1 div vår

19:00 Førde 1 - Florø 1 
19:00 Sogndal 1 - Høyang 
19:00 Eid - Tornado Måløy 1 

Gutar 15/16 2 div avd 1 vår
19:00 Syril - Årdalstangen 
19:00 Vik - Aurland 
19:00 Bjørn - Sogndal 2 
19:00 Kaupanger - Jotun 
19:00 Hafslo - Lærdal 

Gutar 15/16 2 div avd 2 vår
19:00 Gaular - Dale 
19:00 Askvoll og Holmedal - Førde 3 

Gutar 15/16 2 div avd 3 vår
17:30 Førde 2 - Førde 5 
19:00 Florø 2 - Eikefjord 



Kristian Kongsvoll i ein kretslagskamp mot Eid i vinter.


19.04 TABELLKONKURRANSAR 3. og 6. DIVISJON 2006 

NB!!! Siste frist for å sende inn forslag til tabellkonkurransane er like rundt hjørnet. 

I tabellkonkurransen for 3. divisjon har underteikna fått inn 59 svar til no. 
NB! Siste frist for å sende inn forslag for tabellen i 3. divisjon er endra til fredag 21. april kl. 17.00. 

I tabellkonkurransen for 6. divisjon avd 4. har underteikna fått inn 78 svar til no. Her er fristen sett til måndag 1. mai kl. 23.00. 

Vinnaren i kvar av dei to tabellkonkurransane vinn kvar sin Pepsi Max gensar og kvart sitt gåvekort pålydande 250,- på Chatlet Sport. 

Reglar for tabellkonkurransen og innsendingsskjema finn du her.



19.04 Eid 1 vann 11-0 mot Skavøypoll

Småguttelaget til Eid 1 vann 11-0 mot Skavøypoll på Eid Idrettspark i kveld. Yngve Tolaas, som har informert underteikna om denne kampen, seier at Eid 1 var det klart beste laget og med unntak av nokre cornerar var ikkje Skavøypoll veldig farlige framfor Eid 1 sitt mål. 

Eid 1-Skavøypoll 11-0 (7-0)
1-0 Sondre Nordnes
2-0 Marius Hagen, straffe
3-0 Marius Hagen
4-0 Sondre Nordnes
5-0 Trygve Leite
6-0 Trygve Leite
7-0 Marius Hagen
8-0 Marius Hagen
9-0 Kim Inge Myhre
10-0 Kim Inge Myhre
11-0 Kim Inge Myhre

Måndag 24. april spelar Eid 1 borte mot Stryn 1, medan Skavøypoll tek i mot Florø.   

Måndag 15. mai er det duka for lokalderby mellom Haugen og Eid i 1. divisjon for smågutar. 



19.04 Haugen vann mot Florø på bortebane

Haugen sitt småguttelag vann i kveld noko overraskande 5-3 borte mot Florø. Trenar Eirik Andreassen fortel at Florø var det klart beste laget spelemessig, men at Haugen jobba og sleit og fekk lønn for strevet. Eit uavgjort resultat hadde vore det mest rettferdige seier Andreassen på telefon rett etter kampslutt. 

Florø-Haugen 3-5 (2-3)
0-1 Christoffer Hafsås (2. min)
1-1 (8. min)
2-1 (15. min)
2-2 Toni Lotsberg (24. min)
2-3 Christoffer Hafsås (33. min)
3-3 (40. min)
3-4 Dan Jøran Hafsås, straffe (55. min)
3-5 Christoffer Hafsås (64. min)

Haugen sitt småguttelag spelar neste kamp heime mot TMFK på Eid Idrettspark søndag 23. april kl. 16.00. 

Haugen sitt småguttelag har trening på Eid Idrettspark laurdag 22. april kl. 12.00-13.30. 



Christoffer Hafsås, Haugen


19.04 Førde-Sandane flytta til fredag kveld

Nettsidene til Førde melder at Førde sin heimekamp mot Sandane er flytta frå laurdag ettermiddag til fredag kveld. 
Grasbana i Førde er enno ikkje klar til bruk og ettersom krøllgrasbana er  opptatt både laurdag og søndag må kampen spelast fredag kveld. 

Kampane i 3. divisjon fyrste runde: 
Fredag 21. april 

Kl. 19.00 Førde-Sandane

Laurdag 22. april
Kl. 14.00 Fjøra-Selje 
Kl. 16.00 Høyang-Kaupanger 
Kl. 16.00 Skavøypoll-Stryn 
Kl. 16.00 Dale-TMFK
 
Måndag 24. april 
Kl. 19.00 Eid-Sogndal 2 

Bildet: Sven Erik Midthjell skal vere pipeblåsar i kampen Fjøra-Selje i Sognahallen.




19.04 NordicBet.com satsar på lokal fotball

Også i år er det mulig å satse nokre kroner på lokal fotball hos NordicBet.com. 

Laurdag 22.04
16:00 Skavøypoll-Stryn 7.75 5.50 1.20 
16:00 Dale-TMFK 2.75 4.25 1.85 
16:00 Høyang-Kaupanger 1.85 4.00 2.85 

Måndag 24.04.
19:00 Eid - Sogndal 2 4.90 4.50 1.40 

I tillegg kan du satse på antall mål i kampane og kor mange poeng dei enkelte laga i årets 3. divisjon får, pluss mykje meir. 

Haugenfotball.no sin oddskonkurranse startar opp til denne helga. Kjem tilbake med meir informasjon når helga nærmar seg. Det går rykte om at Øystein Haugland er fyrste deltakar i konkurransen og at vinnaren får ein konto på kr. 3000,- hos NordicBet.com.   



Bildet: Edgar Flo tek også i mot tips dersom du har gode tips om noko NordicBet.com bør sette odds på. 


19.04 Kampoppsett 2. kvalifiseringsrunde NM herrer

Oppsettet til 2. kvalifiseringsrunde i NM herrar er klart og laga frå Fjordfylket skal ut i følgjande kampar: 

Stryn-Spjelkavik
Skavøypoll-Sykkylven
Kaupanger-Førde

Dermed får både Stryn og Skavøypoll heimekamp også i andre kvalifiseringsrunde. Stryn sin motstandar Spjelkavik imponerte i fyrste runde då dei vann 4-1 mot Hareid, og vil nok gi Stryn bedre motstand enn det Høyang gjorde sist mandag.

Andre kvalifiseringsrunde blir spelt seinast onsdag 26. april. Sogndal og Årdal kjem rett inn i fyrste runde som er terminfesta til 10. og 11. mai. 


Bildet: Jon Terje Tjellaug, Stryn skårar mot Høyang i fyrste kvalifiseringsrunde. 


19.04 SONEKLUBBSAMLING PÅ EID IDRETTSPARK

TMFK arrangerar soneklubbsamling på Eid Idrettspark laurdag 22. april kl. 10.30-12.00. 

Tek ikkje underteikna heilt feil er dette den samlinga som skulle gått av stabelen 5. april, men måtte avlysast  på grunn av fare for snø. I så tilfelle er denne samlinga for gutar og jenter i Nordfjord født 91/92. 


19.04 Småguttelaget serieopnar i dag  

Haugen sitt småguttelag serieopnar i dag borte mot Florø. Haugen spelar i 1. divisjon avdeling 2 og skal i løpet av vårsesongen møte TMFK, Stryn 1, Eid 1, Skavøypoll og Florø.  

Småguttelaget vil med dette takke alle som gav flasker til gårsdagens flaskeinnsamling. Dei fleste gav med raus hand og det set alle spelarane på laget pris på. 

Kampar som blir spelt i dag: 
Smågutar 13/14 1 div vår avd 1
19:00 Førde 1 - Tempo 
19:00 Sogndal 1 - Dale 
19:00 Høyang - Årdalstangen 

Smågutar 13/14 1 div vår avd 2
19:00 Tornado Måløy - Stryn 1 
19:00 Florø 1 - Haugen 
19:00 Eid 1 - Skavøypoll 

Bildet Christoffer Hafsås, Haugen


18.04 TABELLKONKURRANSAR 3. og 6. DIVISJON 2006 

Det nærmar seg seriestart og siste frist for å sende inn forslag til tabellkonkurransane er også like rundt hjørnet. 

I tabellkonkurransen for 3. divisjon har underteikna fått inn 55 svar til no. 
NB! Siste frist for å sende inn forslag for tabellen i 3. divisjon er endra til fredag 21. april kl. 17.00. 

I tabellkonkurransen for 6. divisjon avd 4. har underteikna fått inn 76 svar til no. Her er fristen sett til måndag 1. mai kl. 23.00. 

Vinnaren i kvar av dei to tabellkonkurransane vinn kvar sin Pepsi Max gensar og kvart sitt gåvekort pålydande 250,- på Chatlet Sport. 

Reglar for tabellkonkurransen og innsendingsskjema finn du her.



18.04 Heia-Flatraket AVLYST

Det blir ikkje noko av treningskampen torsdag 20. april mellom Heia og Flatraket. 

Har fått meldingar om at Eid sitt guttelag serieopnar mot TMFK på Eid Idrettspark torsdag 20. april kl. 19.00. 

Heia tek kanskje  sikte på å få til ein treningskamp i helga. 

Heia som i fjor overraska med ein sterk tredjeplass i 6. divisjon har denne sesongen ambisjonar om å klatre endå høgare på tabellen. 

Tidlegare Eid2-trenar Ole Sunde har tatt over trenarjobben etter suksesstrenar Rolf Morten Skrede. Skrede har gått motsatt vei og trenar denne sesongen Eid 2. 

Heia serieopnar heime mot Veten/Hardbagg tysdag 9. mai, medan Eid 2 skal i ilden mot Selje2/Stadlandet på heimebane tysdag 2. mai.  



Trond Kroken, Heia og Jan Ove Håvik, Flatraket. 


18.04 Flaskeinnsamling 

Småguttelaget til Haugen har flaskeinnsamling i dag 18. april.  

Inntektene av flaskeinnsamlinga skal gå til småguttelaget sin deltakelse i årets Norway Cup. 

Spelarane på laget skal gå rundt på Stårheim, Hauane og i Hennebygda, og Haugen Fotball håpar at alle tek godt i mot dei unge håpefulle. 

Småguttelaget serieopnar borte mot Florø onsdag 19. april. Fyrste heimekamp er mot TMFK på Eid Idrettspark søndag 23. april kl. 16.00.  


17.04 TABELLKONKURRANSAR 3. og 6. DIVISJON 2006 

Det nærmar seg seriestart og siste frist for å sende inn forslag til tabellkonkurransane er også like rundt hjørnet. 

I tabellkonkurransen for 3. divisjon har underteikna fått inn 49 svar til no.

I tabellkonkurransen for 6. divisjon avd 4. har underteikna fått inn 72 svar til no. 

Vinnaren i kvar av dei to tabellkonkurransane vinn kvar sin Pepsi Max gensar og kvart sitt gåvekort pålydande 250,- på Chatlet Sport. 

Reglar for tabellkonkurransen og innsendingsskjema finn du her.



17.04 Sogndal vann 3-0 mot Tromsdalen

Sogndal reiste kjerringa etter det å ha tapt 3-1 mot Pors Grenland sist helg. I kveld vann Sogndal 3-0 mot Tromsdalen og avanserte med det frå siste til sjuande plass på tabellen. 

Sogndal-Tromsdalen 3-0 (2-0)
1-0 Kim Rune Hellesund (16. min)
2-0 Alexander Breidvik (35. min)
3-0 Anders Stadheim (72. min)

Søndag 23. april reiser Sogndal til Ålesund der dei møter Aafk på Color Line Stadion. 

Aalesund vann i kveld 2-1 mot Haugesund etter å ha snudd kampen med to skåringar av Joakim Austnes og Tor Hogne Aarøy siste ti minutta. 

Hødd tapte 2-0 mot Bryne på heimebane etter to skåringar i andre omgang av Bryne sin spiss Paul Oyuga. Neste kamp for Hødd er 23. april borte mot Bodø/Glimt. 



Kim Rune Hellesund, Sogndal


17.04 Stryn knuste Høyang 10-2

Stryn vann i dag heile 10-2 mot Høyang i fyrste kvalifiseringsrunde til NM herrer. 
Stryn var i store delar av kampen så mykje bedre enn Høyang at det til tider var spel mot eit mål. Berre i ein periode midtvegs i fyrste omgang var Høyang på høgde med heimelaget. Mats Solheim laga fem mål i kampen, der dei tre siste var eit ekte hat-trick i løpet av fem minutt.

Stryn-Høyang 10-2 (3-1)
1-0 Ulrik Flo (3. min)
1-1 Alexander P. Øren (28. min)
2-1 Mats Solheim (34. min)
3-1 Trond Leirgulen (44. min)
4-1 Jan Erik Sandbakk (52. min)
5-1 Mats Solheim (57. min)
6-1 Jon Terje Tjellaug (60. min)
6-2 Edin Agovic (62. min)
7-2 Jan Erik Sandbakk (67. min)
8-2 Mats Solheim (73. min)
9-2 Mats Solheim (76. min)
10-2 Mats Solheim (78. min)   

Sjå fakta og bilder frå kampen.  

Førde-TMFK 2-0 (2-0)
1-0 Steinar Tenden (23. min)
2-0 Steinar Tenden (38. min)

Førde er også vidare til neste kvalifiseringsrunde etter 2-0 over TMFK på heimebane. Begge skåringane til Førde var headingar frå Steinar Tenden. 
Les meir om denne kampen på Førde sine nettsider. 

Fjøra-Kaupanger 3-3 (3-0) 8-7 e. str. 
1-0 Tore Gjerdalen (13. min)
2-0 Johnny Gunnufsen (17. min)
3-0 Frode Kvåle (20. min)
3-1 Preben Strypet (47. min)
3-2 Preben Strypet (66. min)
3-3 Jørn Skjeldestad, straffe (75. min)

I Sognahallen måtte det straffesparkkonkurranse til for å skille Fjøra og Kaupanger. Fjøra tok leiinga 3-0 tidleg i kampen, men Kaupanger kom tilbake og med tre skåringar i andre omgang var laga like langt. Ingen av laga makta å skåre i ekstraomgangane og bataljen måtte gå til straffesparkkonkurranse. Kaupanger var sikrast frå straffemerket og sikra med det vidare avansement i NM. 
Les meir om denne kampen på Fjøra sine nettsider. 

Skavøypoll-Sandane 2-0 (0-0)

På Skavøypoll Stadion vann heimelaget  2-0 mot Sandane. Etter ein mållaus fyrste omgang laga Skavøypoll to mål etter pause. 
Les meir om denne kampen på Sandane sine nettsider. 

Andre kvalifiseringsrunde blir spelt onsdag 26. april. Sogndal og Årdal kjem rett inn i fyrste runde som er terminfesta til 10. og 11. mai. 



Mats Solheim, Stryn



Steinar Tenden, Førde



Vidar Sandal, Skavøypoll


17.04 Dale vann og Loen kunne ikkje stille lag i dag heller 

Dale vann i dag 6-2 mot Askvoll/Holmedal i ein treningskamp på Dingemoen. 

Dale- Askvoll/Holmedal 6-2 (1-0)
1-0 Idar Haugen Rochlenge (29. min)
2-0 Ole Petter Mundal (47. min)
2-1 Frank Ask (49. min)
3-1 Vegard Skår (59. min)
4-1 Eirik Systaddal (74. min)
4-2 Jim Skarstein (82. min)
5-2 Hugo Fretland (84. min)
6-2 Roger Solheim (86. min)

Informasjonen er henta frå Dale sine nettsider.

Selje sin treningskamp mot Loen blei avlyst også i dag. Laga skulle møtast onsdag 12. april, men då kunne ikkje Loen stille lag og ny kampdato vart sett til i dag 17. april. Men ikkje i dag heller kunne Loen stille lag og dermed blei det ikkje noko av kampen.   



Lars Ove Rake, Loen


17.04 Serieopnar mot ein av opprykksfavorittane 

Årdal FK serieopnar i dag på bortebane mot Notodden. Notodden som har tidlegare Sogndaltrenar Jan Halvor Halvorsen som trenar satsar på å vere med i kampen om opprykk denne sesongen. Klubben har henta inn ein del spelarar både med erfaring frå tippeligaen og 1. divisjon, så det er ikkje tvil om at Årdal får ein vanskeleg kamp i dag på kunstgraset på Tinfoss. 

Dale testar formen i dag mot Askvoll/Holmedal. Kampen blir spelt på Dingemoen og har starttidspunkt kl. 12.45. 

Bildet: Arild Underdal, Årdal i treningskampen mot Volda tidlegare i vinter. 
Sjå bilder og fakta frå denne kampen.
  


17.04 Fyrste kvalifiseringsrunde til NM herrer 

Fyrste kvalifiseringsrunde til NM herrer blir spelt  i dag med følgjande kampar: 
Kl. 15.00 Stryn - Høyang
Kl. 15.00 Fjøra - Kaupanger
Kl. 15.00 Førde - Tornado Måløy
Kl. 15.00 Skavøypoll - Sandane

Andre kvalifiseringsrunde blir spelt onsdag 26. april. Sogndal og Årdal kjem rett inn i fyrste runde som er terminfesta til 10. og 11. mai.

Underteikna resier truleg til Stryn for å få med seg Stryn-Høyang. Bilder og fakta frå denne bataljen kan du sjå her på haugenfotball.no. 

Nettsida til Stryn melder at Stryn stiller med følgjande tropp til kampen: 
Kai Bjørn Gjengedal
Pål Erik Ytreeide
Alexander Eikenes
Per Ole Tenden
Endre Lødemel
Trond Leirgulen
Jon Terje Tjellaug
Geir Hool Egge
Frode Hool Egge
Anton Andre Sande
Jan Erik Sandbakk
Christian Holko
Mats Solheim
Rune Myklebust
Ole Matias Nygård
Ulrik Flo

Stryn må greie seg uten Kristoffer Grodås, Asbjørn Tenden og Pål Holko. Kristoffer og Asbjørn er enno ikkje speleklare for Stryn, medan Pål må sone for eit raudt kort han fekk i ein treningskamp tidlegare i vinter. 

 
Per Ole Tenden, Stryn


Anton Andre Sande, Stryn


16.04 TABELLKONKURRANSAR 3. og 6. DIVISJON 2006 

Det nærmar seg seriestart og siste frist for å sende inn forslag til tabellkonkurransane er også like rundt hjørnet. 

I tabellkonkurransen for 3. divisjon har underteikna fått inn 46 svar til no.

I tabellkonkurransen for 6. divisjon avd 4. har underteikna fått inn 72 svar til no. 

Vinnaren i kvar av dei to tabellkonkurransane vinn kvar sin Pepsi Max gensar og kvart sitt gåvekort pålydande 250,- på Chatlet Sport. 

Reglar for tabellkonkurransen og innsendingsskjema finn du her.



16.04 Rasar nedover på lista

NM i fotballquiz er i gang og vil vare fram  til og med 30. november 2006. 

Haugen var ei stund i går heilt oppe på 2. plass i Eliteserien men no ser det ut til at vi rasar nedover på lista. 

Eliteserien 16. april kl. 23.23:
1 Valestrand/Hjellvik FK 351 
2 Strømsgodset IF 289 
3 Trio IL 258 
4 Trondheims-Ørn SK 218 
5 Haugen IL 196 
6 Ham-Kam Fotball 187 

Ved å klikke på bildet øverst på sida deltek du i quizen for Haugen. 

Les meir om fotballquizen her.  

Bildet: Hans Thomas Solheim oppfordrar alle Haugenfans å delta på fotballquizen.  


16.04 Adeccoligaen, 2. serierunde 

Sogndal fekk ein vanskeleg start på årets Adeccoliga. Med 3-1 tap og to spelarar utvist borte mot Pors Grenland ligg Sogndal heilt sist på tabellen etter at ein serierunde er avvikla. I morgon, måndag, får dei sjansen til å reise kjerringa når Tromsdalen vitjar Fosshaugane Campus. Tromsdalen tapte 2-1 heime mot Aalesund i fyrste serierunde.  

I følge nettsida til Sogndal har trenar Stig Nord tatt ut denne troppen: 
Terje Skjeldestad
Daniel Kvåle
Christian Brink
Ole Hjelmhaug
Terje Flugheim
Kjetil Holvik
Constant Djakpa
Elvis
Barry Kader
Anders Stadheim
Rune Bolseth
Henrik Furebotn
Per Egil Flo
Alexander Breidvik
Kim Rune Hellesund
Håvard Flo
Mathias Eikenes
Kurt Heggestad

Både Hødd og Aalesund spelar heimekamp denne serierunden. Hødd tek imot Bryne på Høddvoll, medan Aalesund skal spele mot Haugesund på Color Line Stadion. Begge imponerte sist søndag med sterke bortekampar, og sjansen for heimesiger for begge laga denne serierunden er til stades. Hødd imponerte borte mot Strømsgodset på Marienlyst og kunne etter litt flaks ta med seg eit poeng heim i kofferten. Aalesund tok med seg alle tre poenga etter å ha vunne 2-1 borte mot Tromsdalen. 

Dei andre kampane i 2. runde: 
Follo-Manglerud Star
Hønefoss-Strømsgodset
Løv Ham-Bodø/Glimt
Moss-Pors Grenland
Sparta Sarpsborg-Kongsvinger

Alle kampane har kampstart måndag 17. april kl. 18.00. 




Anders Stadheim, Sogndal



Bjørn Totland, Hødd og Daniel Berg Hestad, Molde


16.04 Den lokale seriestarten nærmar seg 

Haugen stiller denne sesongen med sju lag i dei aldersfastlagde klassene. I  tillegg har Haugen eit seniorlaget for herrar som spelar i 6. divisjon avdeling 4. 

Seniorlaget serieopnar mot Skavøypoll sitt andrelag på heimebane tysdag 2. mai. 

Hagen stiller denne sesongen guttelag i samarbeid med Eid. Haugen/Eid som laget heiter seriopnar mot Hornindal/Stryn torsdag 27. april på Hornindal Idrettspark. 

I smågutteklassa stiller Haugen denne sesongen med to lag. Fyrstelaget spelar i fyrstedivisjon, og fyrste kamp er borte mot Florø allereie onsdag 19. april. Andrelaget er eit 7'arlag og dette laget skal spele kampar Eid 2, Hornindal og Bryggja. 

I samarbeid med Kjølsdalen og Stårheim stiller haugen heile tre lag i lilleguttklassa. Eit lag i klasse G12 og to lag i G11. 

Laget i G12 spelar i avdeling 6 mot TMFK, Skavøypoll, Bremanger, Selje og Leirgulen. Fyrste seriekamp er heime mot Leirgulen torsdag 27. april. 

Haugen 1 spelar i G11 avdeling 7 og møter Selje, Bremanger, Bryggja, TMFK 1 og Skavøypoll. Bryggja er fyrste motstandar på bortebane torsdag 4. mai. 

Haugen 2 spelar i G11 avdeling 8 mot TMFK 2 Eid 1, Sandane, Eid 2 og Stryn.
Fyrste seriekamp for dette laget er borte mot Eid 2 torsdag 4. mai. 

Også i år stiller Haugen med lag i småjenteklassa. TMFK, Skavøypoll, Bremanger, Svelgen og Heia er motstandarane til småjentelaget denne sesongen. Fyrste seriekamp er heime mot Heia tysdag 25. mai. 

Her på nettsidene skal vi prøve å få med seg mest mogleg av det som skjer i kampane i dei aldersfastlagde klassene. For å få dette til er ein avhengig av at dei som styrer med desse laga melder frå til underteikna om små og store hendingar. 




15.04 Haugen på 3. plass i eliteserien i NM i fotballquiz

NM i fotballquiz er i gang og vil vare fram  til og med 30. november 2006. 

Haugen har starta godt og ligg i skrivande stund på tredje plass i Eliteserien.

Eliteserien (15. april kl. 19.24) 
1 Ham-Kam Fotball 138 
2 Strømsgodset IF 107 
3 Haugen IL 102 
4 Trio IL 90 
5 Trondheims-Ørn SK 88 
6 Valestrand/Hjellvik FK 81 
7 Molde FK 57 
8 Aalesund FK 51 
9 Dale IL - Sogn og Fjordane 41 
10 Madla IL 40 

Ved å klikke på bildet øverst på sida deltek du i quizen for Haugen. 

Les meir om fotballquizen her.


 Petter Hammer, Eid taklar ein Hovdebygdaspelar 


15.04 Bremanger med sterk generalprøve mot TMFK2

Bremanger vann i dag ein sterk 4-1 siger borte mot TMFK2. Treningskampen blei spelt på grusbana på Skaredammen og er truleg den siste testen før seriestarten 30. april for begge dei to laga. 

Bremanger serieopnar borte mot Vik, medan TMFK 2 tek turen til Florø og spelar mot klubben sitt andrelag. 

TMFK 2-Bremanger 1-4 (0-1) 
0-1 Ole Morten Kjærstad (2. min)
1-1 Walter Høivik jr. straffe (58.min)
1-2 Vegard Nygård (75. min)
1-3 Harald Erlandsen (78. min)
1-4 Ole Morten Kjærstad (87. min)

Informasjonene er henta frå Bremanger si nettside. Der kan du også lese meir om kampen. 



15.04 NM i fotballquiz for klubbar

NM i fotballquiz er i gang og vil vare fram  til og med 30. november 2006. 

Kvar dag kjem det tre nye spørsmål som er henta frå norsk og internasjonal fotball. På kvart spørsmål får du tre svaralternativ og spørsmåla må besvarast innan 45 sekund. 

I skrivande stund er Haugen på ein 5. plass i konkurransen. (kl. 01.22) 

Ved å klikke på bildet øverst på sida deltek du i quizen for Haugen. 

Les meir om fotballquizen her.


 Vegard Løken


14.04 Treningskamp for guttelaget 

Stian Aaland har sendt følgjande referat frå guttelaget sin treningskamp i dag:
Guttelaget spelte mot småguttelaget til Eid i pøsregnet på Eid Idrettspark
langfredag. Haugen vann 13-0 etter 8 mål av Kjetil Remme, 2 av Stian
Melheim, 2 av Simon Pavelich og eit av Eivind Daniel Røed. Eid hang godt med
før pausen, men vart fullstendig overkøyrt i andre omgang. Haugen leda 4-0 ved sidebytte.

NB! Haugen sitt A-lag trenar søndag kl. 19.30-21.00. 



14.04 TABELLKONKURRANSAR 3. og 6. DIVISJON 2006 

Forslaga til tabellkonkurransane i 3. og 6. divisjon ramlar inn. 

I tabellkonkurransen for 3. divisjon har underteikna fått inn 41 svar til no.

I tabellkonkurransen for 6. divisjon avd 4. har underteikna fått inn 71 svar til no. 

Vinnaren i kvar av dei to tabellkonkurransane vinn kvar sin Pepsi Max gensar og kvart sitt gåvekort pålydande 250,- på Chatlet Sport. 

Reglar for tabellkonkurransen og innsendingsskjema finn du her.

Kay Rune Solheim tippa rett resultat i kampen Eid2-Haugen og får eit Haugen-krus ved eit passande høve. 



14.04 Treningskampar

I følge gjesteboka til Stryn-fotball.com vann Stryn heile 8-0 mot Ørsta i ein treningskamp i går ettermiddag. 

Måla til Stryn vart sett inn av: Asbjørn Tenden (3), Jon Terhe Tjellaug (2), Per Ole Tenden, Trond Leirgulen og Mats Solheim. 

Sandane sitt andrelag vann 5-1 mot Breimsbygda på grusbana på Sandane i går ettermiddag. Stillinga til pause var 2-0. 

Les meir om kampen på nettsida til Sandane. 

Onsdag vann Askvoll/Holmedal 6-0 mot Atløy i "best i kommunen kampen" som blei spelt på Atløy. Stillinga til pause var 
1-0 og måla til Askvoll/Holmedal i kampen vart sett inn av Jim Skarstein (3), Steve Din (2) og Frank Ask. 


Jon Terje Tjellaug, Stryn


13.04 NM i fotballquiz for klubbar

Etter å fått nokre henvendelsar om ikkje Haugen skulle vere med i NM i fotballquiz, tok eg i dag å melde på Haugen. 

Konkurransen vil vare frå 15. april til og med 30. november 2006. 

Kvar dag kjem det tre nye spørsmål som er henta frå norsk og internasjonal fotball. På kvart spørsmål får du tre svaralternativ og spørsmåla må besvarast innan 45 sekund. 

Ved å klikke på bildet øverst på sida deltek du i quizen for Haugen. 

Fram til 15. april kan du prøve deg på nokre "oppvarmingsspørsmål". 

Les meir om fotballquizen her.


 Trond Bjørhovde Rindal


12.04 Treningskampane i kveld 

Selje vann i kveld 10-0 mot Selje2/Stadlandet. For Selje skåra Trond Hamre (3), Anders Eltvik (2). Kenneth Pedersen (2), Karl Erik Aarsheim, Kristoffer Hove og Frode Nøstdal. Stillinga til pause var 7-0. 

På Refvik Stadion spelte TMFK uavgjort 3-3 mot Hareid. Stillinga til pause var 2-1 til heimelaget. Øystein Hagen (2) og Øyvin Vabø laga måla til Tornado Måløy, medan Even Hansrud, Svein-Inge Nesset og Kim-Tore Husøy teikna seg på skåringslista for bortelaget.  

Sandane tapte i kveld 4-1 mot Dale. Dale fekk ei kanonopning og leia 2-0 allereie etter fire minutt av kampen. Til pause var stillinga 3-0. Etter kvilen laga begge laga kvart sitt mål slik at sluttresultatet blei 4-1. Trond Vegard Ripe laga målet til Sandane. 



Trond Vegard Ripe, Sandane og Kai Arne Otnheim, Selje


12.04 Kampar i påska

Kampen som skulle spelast i kveld mellom Selje og Loen er utsett til 17. april kl. 15.00. Grunnen skal vere at Loen ikkje greier å stille lag, og Selje spelar i staden ein kamp mot Selje2/Stadlandet i kveld kl 18.00 

Andre kampar i dag: 

Kl. 17.30 Dale-Sandane
Kl.  --.--  TMFK-Hareid

Torsdag 13. april: 
Kl. 16.00 Sandane 2-Breimsbygda
Kl. 16.00 Ørsta-Stryn 

Måndag 17. april 
Fyrste kvalifiseringsrunde til NM herrer: 
Kl. 15.00 Stryn-Høyang 
Kl. 15.00 Fjøra-Kaupanger 
Kl. 15.00 Førde-TMFK
Kl. 15.00 Skavøypoll-Sandane 

Treningskamp:
Kl. 15.00 Selje-Loen


Werner Kupen og Kristoffer Hove, Selje 


11.04 Haugen tapte knepent 4-3 mot Eid 2

Haugen reiste kjerringa frå sist treningskamp og var heilt på høgde med Eid 2 i dagens treningskamp. Etter kvarteret av fyrste omgang fekk vi sjå dagens prestasjon i kampen. Torleiv Orheim gjekk på eit kjemperaid frå midt på egen banehalvdel. Etter å ha gått med ballen i femti meter sentra han kontrollert ut til Stig Tore Gilleshammer som gjekk til dødlinja og la ut igjen 45 grader. Der kom Orheim igjen og dunka ballen i tverliggaren og ned. På returen dukka Kenneth Berstad opp og heada ballen bak ein sjanselaus Vegard Løken.

Omlag ti minutt etter utnytta Jan Azar Karadas ein misforståelse i Haugen sitt forsvar og laga var like langt. Rett før halvtimen var spelt sende Mikael Myklebust av gårde eit langskot frå 25 meter. Skotet hadde fin retning og ettersom det gjekk via ein Eidforsvarar var Vegard Løken nok ein gong sjanselaus. 2-1 til Haugen var også pauseresultatet etter at Haugen hadde imponert i forhold til det dei viste i sist kamp mot Breimsbygda.  

Kvarteret ut i andre omgang auka Tore Sundal Haugen si leiing til 3-1. Nordfjords Maradona drog seg forbi tre mann på midten og la ei silkepasning til Tore Sundal som netta sikkert. Etter dette pressa Eid på og Haugen kom seg ikkje heilt opp i presset. Tjue minutt før slutt laga Olav Andreas Espe ny spenning i kampen då han reduserte til 2-3. Eit skot/innlegg frå skrått hold gjekk under Haugen sin innleigde keeper Per Inge T. Myklebust. Omlag fem minutt før slutt utlikna Jørn Ove Rindal til 3-3 på eit frispark frå 40-45 meter!!!. Då virka det som at lufta gjekk ut av Haugen og det var vel ikkje direkte ufortent då Jon Håkon Midthjell fastsette sluttresultatet til 4-3 to minutt før slutt. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen. 



Tore Sundal, Haugen


Arne Morten Nydal, Eid og Kim Tore Gilleshammer, Haugen


11.04 Eid tapte 3-1 mot Volda og siger til Bremanger 

Eid tapte i kveld 3-1 mot Volda i ein treningskamp på kunstgraset i Volda.

Volda tok raskt føringa 1-0 etter skåring Anders Heggen. Etter omlag kvarteret av fyrste omgang utlikna Anders Midthjell til 1-1 på ein lekker lobb. Like før kvilen gav Tore Sørheim Volda leiinga 2-1 på straffe. I andre omgang var Volda det beste laget og Knut Arve Nærø fastsette sluttresultatet til 3-1 omlag fem minutt etter kvilen. 

Les meir om kampen på nettsidene til Volda. 

Bremanger tok i kveld sin fyrste siger for sesongen. På Skavøypoll Stadion blei Skavøypoll sitt andrelag slått 2-1, etter at laga gjekk til pause på stillinga 1-1. Tor Kristian Fosse og David Nygård laga måla til Bremanger.

Les meir om kampen på nettsidene til Bremanger. 

Haugen sin utskremde i Honndalen Edin HAUGEN melder at Hornindal tapte i kveld 3-1 mot Sunnylven. Kampen blei spelt på grusbana på Hellesylt og målskårar for Hornindal var Terje HAUGEN Øye.   




Anders Midthjell, Eid


11.04 Kay Ove Hafsås sine tankar om seriestarten 

Våren bankar på vinterdøra. Påska nærmar seg faretruande, og det gjere også generalprøvene for dei lokale fotballaga. Særskilt knyttar det seg spaning til oppgjeret Haugen - Eid 2, der styrkjeforholdet mellom hobbyfotballens aristokratar verkeleg skal testast. Eid 2 synes som ein soleklar seriefavoritt i 6. divisjon i år. Haugen verkar å være litt svakare enn i 2005, etter å ha latt ein del spelarar gå til storlaget innnerst i fjorden, Eid. Øystein Haugland ser derimot til å gå nok ein storsesong i møte, etter å ha fått vore skadefri gjennom vinteren. Øystein sin venstrefot vil være svært avgjerande for antallet 3 poengarar for sebratrøyene også i år. Øystein sine banancornerar er verdt inngangsprisen aleine, i alle fall dei gongane han treffe. Det største tapet for Haugen vil være at Jim Andre Balsnes tilsynelatande har bestemt seg for å spele for Eid kommande sesong. Per tidspunkt er ballkunstnaren diverre skada, men rykta tyder på at Balsnesen har gjort mykje riktig i sesongoppkøyringa. Han har trent jamt og trutt, og vore nøye på væskeinntaket. Heilt klart eit steg i rett retning, og han vonar godt føre haustsesongen. På hauane ser det ut til at Bjørnar Øien lovar godt som potensielt stort trenaremne, og om Haugen får sving på en-touch spelet kan det bli moro på Klenkarberget også denne sesongen, til tross for ein langt tynnare spelarstall. I tillegg ser det ut til at nordfjords Maradona, Kim Tore Gilleshammer, kan få ein stor sesong. I følgje mine kontaktar har han vist ting på trening som få gjer han etter. Om det skyldest at han har trent mykje åleine seie mine kilder ingenting om. Eg gledar meg. Når det gjeld storlaget innerst i fjorden så konkurrerar dei endelig på samme nivå som sine motstandarar. Krøllgraset er avgjerande for Eid som eit stabilt tredjedivisjonslag, og om det skulle bli nedrykk i år går det ikkje an å skylde på treningsforholda. Ikkje på trenarane heller for den saks skyld, då det virkar som trenarteamet har gjort mykje riktig i sesongoppkøyringa. Eg stiller likevel spørsmålsteikn ved spelarstallen. Denne virkar noko tynn, og å holde nøkkelspelarane i fyrsteellvaren skadefri vil være avgjerande for fornya kontrakt. I tillegg ser eg at godeste Håvard Karslen gjere comeback, nokon få kilo tyngre og sikkert litt tregare. Om det styrkjar laget er eg vel litt usikkert på, men fyren hatar å tape så han vil nok ha positiv innflytelse på treningsintensiteten. Redd for at Karlsen kan få ein del kort i år noko som kan medføre ein del kampar på sidelinja. Ei utfordring for Eid bli å plukke poeng mot laga dei i utgangspunktet forventa å ha rundt seg på tabellen. Forrige periode i 3. divisjon tapte ein poeng mot antatt svakare/jamngode lag, medan ein kunne overraske mot topplaga. Dersom ein plukkar 6 poeng mot Selje, Dale, Sandane er kontrakta på det nærmaste sikra allereie. Eid har også fått eit par nyttige tilvekstar i Sævik og eldste mann Balsnes. Sævik er ein bauta i forsvar, og vil rydde unna ein del. Og med Salveson tilbake som makker blir dette solid. Backane er svært habile på ein god dag, men varierar litt mykje i prestasjonane. Keepersituasjonen verkar å være i svakaste laget for 3. divisjon. Midtbana er så som så, og har kanskje litt lite rutine i divisjonen. Pågangsmotet og innsatsviljen derimot står ikkje tilbake for nokon. På topp ein litt falmande gammal helt og ein framtidig mann. Den falmande, Myrold, er strålande om han engasjerar seg og unngår dei hyppige strekkproblema. Balsnes får med seg ballen i dei utruligste situasjonar og kan være eksepsjonell, men har til gjengjeld fått en del gratis ved å spelt på eit godt lag tidlegare. No kjem han til ein klubb der han er blant dei betre og bør soleis ta ein del ansvar sjølv. Om Balsnesen taklar den situasjonen gjenstår og sjå, men samla sett virkar spissparet som den sterkaste lagdelen. Utforrdringa blir å få ballen flest mogleg gangar opp til dei. Laget er fortsatt ungt og eg satsar på at mister Moldestad endrar litt på mentaliteten i forhold til forrige gang Eid var oppe. Hugsar spesielt kampen mot polljen borte, då ein snakka om kor gode polljen var heile vegen ut til havgapet. Då behøve ein nesten ikkje reise ut, gi dei tre poeng på førehand og spar reiseutgiftene. Ein har allereie tapt kampen på Smart. Fotball er 11 mot 11, dei andre 11 kan gjerne være mykje betre fotballspelarar, men det betyr ikkje at ein er sjanselause. Norge slo tross alt Brasil, men Rekdal var aldri betre enn Rivaldo, Bjørnebye var aldri betre enn Carlos. Til slutt er det vel bare å ynskje lykke til og håpe på det beste, at snøven forsvinn og at graset blir grønt også i år.

Fotballhelsing frå Ålebyen.


Kay Ove Hafsås


Jim Andre Balsnes


Kim Tore Gilleshammer


Øystein Haugland


Geir Moldestad, Eid og Asle Nesdal, Loen. 


11.04 TABELLKONKURRANSAR 3. og 6. DIVISJON 2006 

Forslaga til tabellkonkurransane i 3. og 6. divisjon ramlar inn. 

I tabellkonkurransen for 3. divisjon har underteikna fått inn 27 svar til no.

Følgjande lag er med: Dale, Eid, Fjøra, Førde, Høyang, Kaupanger, Sandane, Selje, Skavøypoll, Sogndal2, Stryn og Tornado Måløy. 

I tabellkonkurransen for 6. divisjon avd 4. har underteikna fått inn 63 svar til no. 

Følgjande lag er med i denne avdelinga: Eid 2, Flatraket, Haugen, Heia, Selje 2/Stadlandet, Skavøypoll 2 og Veten/Hardbagg.

Vinnaren i kvar av dei to tabellkonkurransane vinn kvar sin Pepsi Max gensar og kvart sitt gåvekort pålydande 250,- på Chatlet Sport. 

Reglar for tabellkonkurransen og innsendingsskjema finn du her.



11.04 Eid2-Haugen og Volda-Eid 

I dag spelar begge laga til Eid treningskamp. Eid 2 møter sebratrøyene frå Haugen kl. 19.00 på Eid Idrettspark, medan Eid møter Volda på krøllgraset i Volda kl. 19.00. 

Tysdag 11. april kl. 19.00 spelar Haugen treningskamp mot Eid 2. 

Ver med og tipp sluttresultatet i Haugen-Eid 2 på Eid Idrettspark tysdag 11. februar kl. 19.00. 

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet vinn eit Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen. I gjesteboka kan du også sjå kva andre har tippa tidlegare. 


10.04 Florø held fram med å imponere 

Førde sitt andrelag tapte i kveld 4-1 mot Florø i ein treningskamp på bortebane. 

Florø leia kampen 2-0 til pause. 

Målet til Førde 2 vart sett inn av Gisle Isene. 

Les meir om kampen på Førde sine nettsider. 
  


10.04 Uttekne spelarar til kampar mot Hordaland 

SFFK skal spele to kretslagskampar mot Hordaland FK i Aurland 1. mai.

Gutar født 90/91:
Karl Edvin Lysne, Lærdal IL (91)
Ole Jørgen Eide, Førde IL Fotball (91)
Fredrik Solheim, Førde IL Fotball (91)
Jan Inge Dvergsdal, Førde IL Fotball
Ivan Dvergsdal, Førde IL Fotball
Kenneth Honningsvåg, Selje IL
Kyrre Mats Myren, Sogndal IL Fotball
Jon Eirik Lerum, Sogndal IL Fotball (91)
Thomas Strømmen, Florø SK
Lasse Orheim Pedersen, Florø SK
Eirik Milde, IL Høyang
Kristian Opseth, Kaupanger IL
Terje Thorsnes, Kaupanger IL
Gisle Myhre, TMFK (91)
Sveinung Franzen, TMFK (91)
Kristian Kongsvoll, Eid IL (91)

Jenter født 90/91:
Stine Sortevik, Svelgen TIF
Vilde Thorbjørnsen, IL Høyang (91)
Stine Hovland, IL Høyang (91)
Marianne Steinsøy, IL Høyang (91)
Gry N. Grønli, IL Høyang
Anya Bruhaug, Kaupanger IL
Hilde Katrine Hovland, Kaupanger IL
Anne Guro Horstad, Førde Fotball IL
Eli-Anne Dvergsdal, Førde IL Fotball (91)
Mari U Nedberge, Førde IL Fotball (91)
Kamilla Bolseth, Sandane TIL (91)
Siri-Ann Skagen, IL Bjørn (91)
Lise Igland Senneset, Bremanger IL
Ann-Katrin Grotle, Bremanger IL
Mona Nigardsøy, Bremanger IL
Catrin Honningsvåg, Stadlandet IL
Hege Wahlquist, Jotun IL (92)

Kampane: 
Kl. 1100 Jenter SFFK-Hordaland FK 
Kl. 1300 Gutar SFFK-Hordaland

Saka er saksa frå nettsidene til SFFK.


Kristian Kongsvoll, Eid


Anya Bruhaug og Hilde Katrine Hovland, begge Kaupanger


10.04 Treningskampar 

Resultat treningskampar denne helga: Voss-Kaupanger 1-0 (1-0)
Hareid-Skavøypoll 4-1 (3-0)
Damer Førde-Sandane 5-0 (2-0)  

Måndag 10. april:
Florø-Førde 2

Tysdag 11. april: 

Kl. 19.00 Volda-Eid
Kl. 19.00 Eid2-Haugen

Onsdag 12. april: 
Kl. 17.30 Dale-Sandane
TMFK-Hareid
Selje-Loen

Torsdag 13. april: 
Kl. 16.00 Sandane 2-Breimsbygda
Ørsta-Stryn 


Odd Kjetil Tonning, Loen


09.04 God andreomgang av Årdal FK 

Årdal FK vann i ettermiddag 3-1 heime mot Gjøvik/Lyn på krøllgrasbana i Årdal. 

Bortelaget tok leiinga i fyrste omgang, men etter tre skåringar etter pause vann Årdal ein grei 3-1 siger. Ole Gunnar Hunderi, Arild Underdal og Morten Brandsdal laga måla til heimelaget. 

Preben Gilleshammer vokte målet til heimelaget.    

Bildet: Rune Førde var nest sist på alle skåringane til Årdal FK i dag. 

Les alt om kampen på Årdal FK sine nettside.

09.04 Bjørn og Hødd heldige mot Strømsgodset 

Hødd var heldige i kveld som greidde uavgjort 1-1 borte mot Strømsgodset. 

Ut frå rapportane var Strømsgodset det klart beste laget, men Hødd forsvarte seg godt og satsa på kontringar. 

Etter kvarteret av andre omgang sette Eirik Hoseth eit innlegg frå Finn Erik Stavseng enkelt i mål og Hødd var i leiinga 1-0. Men berre fem minutt etter utlikna Strømsgodset ved Mattias Andersson. 

På slutten pressa "Godset" på for å sigersmålet, men Hødd kunne tatt med seg alle tre poenga etter ei kanon av Stavseng i tverrliggaren rett før slutt. 

Bildet: Bjørn Totland, Hødd i  treningskampen mot Molde. 

09.04 Dårleg serieopning for Sogndal borte mot Pors  

Sogndal tapte i kveld 3-1 bort mot Pors Grenland. Sogndal tok leiinga rett før halvtimen etter skåring av Rune Bolseth, men resten av kampen var Pors det førande laget. Bedre blei det ikkje då Sogndal måtte avslutte kampen med berre ni spelarar etter at Marco Reda og Børre Steenslid fekk sjå det raude kortet av dommaren.  

Neste kamp for Sogndal er heime mot Tromsdalen på Fosshaugane 2. påskedag. 

Pors Grenland-Sogndal 3-1 (2-1)
0-1 Rune Bolseth (28. min)
1-1 Christer Fjellstad (38. min)
1-2 Josue Mayard (42. min)
1-3 Christer Fjellstad (53. min)

Raude kort: Børre Steenslid og Marco Reda 


Sogndal:

Terje Skjeldestad
Ole Hjelmhaug
Constant Djakpa
Marco Reda
Børre Steenslid
Henrik Furebotn
Per Egil Flo
Ahyee Aye Elvis
Rune Bolseth
Anders Stadheim
Kim Rune Hellesund

Innbyttarar: 

Alexander Breidvik
Christian Brink
Kurt Heggestad




09.04 Husk treninga i dag kl. 16.30 og kampen tysdag  

NB! Haugen si treningstid i dag er flytta til 16.30-18.00. 

Tysdag 11. april kl. 19.00 spelar Haugen treningskamp mot Eid 2. 

Ver med og tipp sluttresultatet i Haugen-Eid 2 på Eid Idrettspark tysdag 11. februar kl. 19.00. 

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet vinn eit Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen. I gjesteboka kan du også sjå kva andre har tippa tidlegare. 



Arne Morten Nydal, Eid får rødt kort av Ronny S. Hopland


08.04 TABELLKONKURRANSAR 3. og 6. DIVISJON 2006 

Haugenfotball startar også opp ein tabellkonkurranse for den lokale 3. divisjon. 

Følgjande lag er med: Dale, Eid, Fjøra, Førde, Høyang, Kaupanger, Sandane, Selje, Skavøypoll, Sogndal2, Stryn og Tornado Måløy. 

I tabellkonkurransen for 6. divisjon avd 4. har underteikna fått inn 57 svar til no. 

Følgjande lag er med i denne avdelinga: Eid 2, Flatraket, Haugen, Heia, Selje 2/Stadlandet, Skavøypoll 2 og Veten/Hardbagg.

Vinnaren i kvar av dei to tabellkonkurransane vinn kvar sin Pepsi Max gensar og kvart sitt gåvekort pålydande 250,- på Chatlet Sport. 

Reglar for tabellkonkurransen og innsendingsskjema finn du her.



08.04 Overbevisande siger for Dale

Dale vann i dag 3-0 borte mot Radøy/Manger. 

Radøy/Manger-Dale 0-3 (0-1)
0-1 Vegard Skår (29. min)
0-2 Idar Haugen Rochlenge (65. min)
0-3 Kennet Vik, straffe (75. min)

Informasjonen er henta frå nettsida til Dale.     


08.04 Uavgjort ganger 2 for Kaupanger mot Voss

Damelaget til Kaupanger har spelt to treningskampar mot Voss denne helga. 

Fredagens kamp enda 1-1 etter at også pauseresultatet var 1-1. Kine Kvalsvik (bildet) laga målet til Kaupanger. 

Også i dag blei det uavgjort i kampen mellom dei to damelaga. Voss tok føringa 1-0 men Kaupanger snudde kampen og leia 2-1 etter skåringar av Maria Hagen og Kine Kvalsvik. Voss gav seg ikkje og Marita Salbu fastsette sluttresultatet til 2-2. 

Informasjonen er henta frå nettsida til Voss.    

Bildet: Kine Kvalsvik i finalen i vinterserien for damer junior mot Bremanger. 


08.04 Eikefjord vann turnering på heimebane

Guttelaget til Eikefjord vann i dag si eiga turnering på heimebane. 
 
Semifinalar:
Eikefjord-Jølster 7-2
Florø2-Askvoll/Holmedal 3-3 (10-9 e.str) 

Bronsefinale: 
Askvoll/Holmedal-Jølster 1-5

Finale: 
Eikefjord-Florø2 6-1

Les meir om turneringa på Eikefjord si nettside. 



08.04 Selje tapte 4-1 mot Rollon

Selje tapte i dag 4-1 mot Rollon i ein treningskamp på Selje Idrettspark. 

Seljekeeper Tom Øyvind Solheim melder at Selje var uheldige denne kampen og resultatet var ganske flatterande. 

Selje tok leiinga i fyrste omgang etter skåring av Kenneth Pedersen, men Rollon laga to mål like etter og 2-1 var også pauseresultatet. 

Selje:
Tom-Øyvind Solheim
Kristoffer Hove
Peter Bergesen
Ole Refsnes 
Gaute Otnes
Trond Hamre 
Kenneth Honningsvåg 
Kai Arne Otnheim
Frode Nøstdal 
Karl Erik Aarsheim
Kenneth Pedersen

Innbyttarar:
Odd Helge Losnegaard
Endre Kupen
Idar Taklo
Arne Refsnes

Les alt om kampen på Selje sine nettsider.

Onsdag spelar Selje kamp mot Loen på Selje Idrettspark. 

I ein annan kamp i dag tapte TMFK 3-1 mot Bergsøy på Skavøypoll Stadion. 

Dommar Rune Haugland som hadde med seg Muhamet Barlla og Knut Atle Krossøy på linjene melder om ein god kamp. 
Stillinga til pause var 0-0. 

Les meir på nettsida til TMFK.  


Kenneth Pedersen, Selje 


Anders Midthjell, Eid og Eirik Holvik, TMFK.


08.04 Dommartalent frå Sogn og Fjordane i Danmark

Talentgruppa for dommarar i Sogn og Fjordane er i skrivande stund i Danmark.
I løpet av opphaldet skal utøvarane dømme ein del kampar og få ei god oppladning til seriestarten. 

Desse dommarane er med :
Stian Aaland, Haugen
Stian Holm, Svelgen 
Sven Erik Midthjell, Eid
Thor Kristian Sortevik, Svelgen
Marius Slinde, Syril
Kristian Brandsøy, Tempo

I tillegg er Terje Blomseth, Geir Arne Kvam og Robert Endestad med som rettleiarar. 

Stian Aaland kan fortellje at dei reiste torsdag 6. april og kjem heim att onsdag 12. april. 

Bildet:
Stian Aaland, Haugen




08.04 TABELLKONKURRANSAR 3. og 6. DIVISJON 2006 

Haugenfotball startar også opp ein tabellkonkurranse for den lokale 3. divisjon. 

Følgjande lag er med: Dale, Eid, Fjøra, Førde, Høyang, Kaupanger, Sandane, Selje, Skavøypoll, Sogndal2, Stryn og Tornado Måløy. 

I tabellkonkurransen for 6. divisjon avd 4. har underteikna fått inn 57 svar til no. 

Følgjande lag er med i denne avdelinga: Eid 2, Flatraket, Haugen, Heia, Selje 2/Stadlandet, Skavøypoll 2 og Veten/Hardbagg.

Vinnaren i kvar av dei to tabellkonkurransane vinn kvar sin Pepsi Max gensar og kvart sitt gåvekort pålydande 250,- på Chatlet Sport. 

Reglar for tabellkonkurransen og innsendingsskjema finn du her.



08.04 Ver med og hold orden på Eid Idrettspark 



Torsdag var det dugnad på Eid Idrettspark for å rydda på og rundt kunstgrasbana. Det var godt oppmøte frå alle klubbane og dei som møtte fram gjorde ein god jobb. Underteikna syns det var virkeleg kjekt å kome på kamp i går ettermiddag, fordi det var så ryddig og fint på og rundt bana. Derfor håpar alle at brukarane av Eid Idrettspark er med på å holde orden slik at anlegget til ei kvar tid ser bra ut. 

08.04 Treningskampar 

Også denne helga blir godt brukt til ein del treningskampar. I tillegg serieopnar Sogndal borte mot Pors Grenland søndag. 

Ta gjerne kontakt om du veit nokon om nokre kampar som ikkje står på lista under. 

Laurdag 8. april

Kl. 12.30 Voss-Kaupanger (Damer) 
Kl. 13.00 Radøy/Manger-Dale
Kl. 16.00 Selje Rollo
Kl. 16.00 TMFK-Bergsøy
Kl. 17.00 Voss-Kaupanger 

Søndag 9. april
Kl. 13.00 Årdal-Gjøvik/Lyn
Kl. 18.00 Pors Grenland-Sogndal

Tysdag 11. april
Kl. 19.00 Volda-Eid
Kl. 19.00 Eid2-Haugen




Øystein Hagen, TMFK


08.04 Treningskampar fredag kveld 

Årdal-Åsane 0-0

Selje2/Stadlandet-Rollon2  1-2 (1-0)
Mål Selje2/Stadl.: Anders Eltvik (38. min)
Eid del fyrstelagsspelarar deltok på på sine respektive lag. 
 

Tidlegare i veka vann Loen 4-3 mot Oppstryn i ein treningskamp i Stryn. 
Tidlegare Strynespelar Marius Flo har skrive under for Loen og laga likegodt alle fire måla til Loen.  
 




07.04 Eid tapte 2-1 mot Jølster 

Damelaget til Eid tapte i kveld 2-1 mot Jølster i ein treningskamp på Eid Idrettspark. I fyrste omgang var Jølster det klart beste laget og spesielt Jølster sin lynraske spiss Hilde Kornberg skapte store problem for Eid sitt forsvar. Etter omlag kvarteret av kampen kom Kornberg åleine mot Eid sin keeper Karoline Midthjell og avslutta sikkert i mål. Rett før pause var Hilde Kornberg frampå igjen og på ny overlista ho Karoline Midthjell. Omlag midt i omgangen hadde Jølster nok ein ball i nettet, men dette målet blei heilt riktig annulert for offside av kampens dommar Muhamet Barlla. Barlla dømte forøvrig sin fyrste kamp i kveld, og etter det underteikna kunne sjå klarte han seg svært godt. 

I andre omgang var Eid minst like dominerande som det Jølster var før kvilen. Jølster vart pressa langt tilbake på bana, men var farlege på hurtige kontringar. Omgangen såg lenge ut til å ende mållaus, men to minutt før slutt laga Sunniva Hagen ny spenning i kampen. Eid pressa på for å få eit uvagjort resultat i kampen, men kom ikkje nærmare enn ein halvsjanse. 

Jølster sin trenar Vidar Halland var godt fornøgd med ein god fyrsteomgang, men i andre omgang datt vi nedpå sa Halland i ein kommentar etter kampen.

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.




Hilde Kornberg, Jølster


07.04 Kamp Eid-Jølster og treningstider Haugen

Eid sitt damelag spelar i dag treningskamp mot Jølster. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark klokka 17.30. 

NB! Haugen si treningstid søndag er flytta til 16.30-18.00. 

Husk også dagens trening kl. 19.00. 

Tysdag 11. april kl. 19.00 spelar Haugen treningskamp mot Eid 2. 

Ver med og tipp sluttresultatet i Haugen-Eid 2 på Eid Idrettspark tysdag 11. februar kl. 19.00. 

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet vinn eit Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen. I gjesteboka kan du også sjå kva andre har tippa tidlegare. 



Hans Petter Gilleshammer, Haugen


06.04 Sandane møter Voss i Junior NM

NFF har sett opp 1. runde NM-junior for menn.

Frå Sogn og Fjordane er det kun eit lag som får delta og etter kvalifisering er dette laget Sandane. 

Sandane møter Voss på heimebane og kampdato er sett til søndag 7. mai, men laga kan bli einige om å spele kampen før.  

Tek med oppsettet for nokre lag som kan vere av interesse:

Fyllingen - Åsane Fotball
Brann - Vadmyra
Åsane Gutter - Follese
Trott - Fana
Øygard - Nordhordland
Os - Stord Sunnhordland
Odda - Haugesund
Bergsøy - Aalesund
Hødd - Træff
Brattvåg - Molde

Heile oppsettet kan du lese på NFF sine nettsider.  



Ruben Wie, Sandane


05.04 Fjøra vann 4-1 mot Østsiden 

Fjøra vann i går 4-1 mot Østsiden under treningsopphaldet klubben har på Malaga. 

Fjøra-Østsiden 4-1 (2-1)
1-0 Ole Petter Hatlevoll (6. min)
2-0 Frode Kvåle, straffe (20. min)
2-1 Bardyhl Tahiri  (34. min)
3-1 Vegard Ruud (78. min)
4-1 Vegard Ruud (86. min)

Les alt om Fjøra sin kamp mot Østsiden, og treningsopphaldet på Malaga, på Fjøra sine nettsider.

Les om kampen på Østsiden sine nettsider.





05.04 Stryn må trekke laget sitt i 4. divisjon 

SFFK melder at Stryn 2 må trekke laget frå årets 4. divisjon. Klubben oppgjev liten spelarstall som grunn til å trekke andrelaget sitt.  

4. divisjon går dermed med berre ni lag, noko som medførerer at det kun blir 16 kampar for dei andre laga. 

Les alt om saka på SFFK sine nettsider. 

Loen spelar treningskamp mot Oppstryn i kveld kl. 19.00 på krøllgraset i Stryn. 





04.04 Fyrste kvalifiseringsrunde til NM   

1. kvalifiseringsrunde til NM er sett opp med følgjande dommarar. Kampane blir spelt måndag 17. april. 

Stryn-Høyang 
Dommar: Rune Haugland
Assistentdommar: Ståle Sandal
Assistentdommar: Stian Aaland

Fjøra-Kaupanger 
Dommar: Per Oddvar Lien 
Assistentdommar: Andrea Stølen
Assistentdommar: Marius Slinde

Førde-TMFK
Dommar. Olav Strømsøy
Assistentdommar: Jegatheesan Jeiki
Assistentdommar: Ole J. Endestad

Skavøypoll-Sandane 
Dommar: Øyvind Grindheim
Assistentdommar: Per O. Erikstad
Assistentdommar: Kai Inge Fløde

Andre kvalifiseringsrunde til blir spelt onsdag 26. april. 

Saka er saksa frå SFFK sine nettsider. 




Steinar Tenden, Førde. 

Bildet er tatt i Stryn sin cupkamp mot Skavøypoll i 2004 sesongen.


04.04 TABELLKONKURRANSE 6. DIVISJON 2006 

Haugenfotball.no arrangerar for fjerde året på rad tabellkonkurranse i den divisjonen som Haugen spelar i. 

Haugen spelar i år i 6. divisjon avdeling 4. Følgjande lag er med i denne avdelinga: Eid 2, Flatraket, Haugen, Heia, Selje 2/Stadlandet, Skavøypoll 2 og Veten/Hardbagg.

Vinnaren i Tabellkonkurransen vinn ein Pepsi Max gensar og eit gavekort pålydande 250,- på Chatlet Sport. 

Det er komt inn 50 forslag. (kl 21.23)


Reglar for tabellkonkurransen og innsendingsskjema finn du her.



04.04 Flaskeinnsamling og treningar småguttelaget 

Småguttelaget til Haugen skal ha flaskeinnsamling tysdag 18. april. Inntektene av flaskeinnsamlinga skal gå til småguttelaget sin deltakelse i årets Norway Cup. Spelarane på laget skal gå rundt på Stårheim, Hauane og i Hennebygda, og Haugen Fotball håpar at alle tek godt i mot dei unge håpefulle. 

Småguttelaget har tinga følgjande treningstider på Eid Idrettspark fram mot seriestart. 
Laurdag 8. april kl. 09.30-11.00. 
Måndag 10. april  kl. 10.00-11.30.
Onsdag 12. april  kl. 10.00-11.30.
Søndag 16. april  kl. 10.00-11.30.

Småguttelaget serieopnar borte mot Florø onsdag 19. april. Fyrste heimekamp er mot TMFK på Eid Idrettspark søndag 23. april kl. 16.00.  


04.04 Treningskamp mot Eid 2

A-laget til Haugen skal spele treningskamp mot Eid 2 tysdag 11. april. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark klokka 19.00. 

Eid 2 har spelt to treningskampar til no denne sesongen. Fyrst blei det tap 7-0 mot Loen og deretter 3-1 tap mot Oppstryn. 

Haugen har også testa formen og det enda med 6-1 tap mot Breimsbygda. 

Laurdag 8. april spelar TMFK treningskamp mot Bergsøy, medan Hareid er motstandar onsdag 12. april. Begge kampane blir spelt på gras på Refvika. 


03.04 AVLYST SONETRENING

Sonetreninga onsdag 5. april for jenter og gutar i Nordfjord født 91/92 er avlyst. 

TMFK står som arrangør av treningane og Kåre Bakke melder at treninga fyrstkommande onsdag er avlyst på grunn av fare for snø. 

Det blir ny samling etter påske. 

Guttelaget til Haugen/Eid2 tapte i kveld 10-0 mot Eid i ein treningskamp på Eid Idrettspark. Stillinga til pause var 5-0.   

Damelaget til Eid sin treningskamp mot Sandane blei avlyst fordi Sandane ikkje kunne stille lag. Eid spelar i staden  treningskamp mot Jølster på Eid Idrettspark fredag 7. april.     



Marius Hagen, Eid


03.04 Treningskampar denne helga

Laurdag 1. april
Florø-Sandane 3-3
Eikefjord-Eid 3-0 
Førde-Florø 1-1
Eid-Selje 1-0
Kaupager 2-Sunnylven 1-7
Førde-Sandane 2-0
TMFK-Volda 1-3
Stryn-Spjelkavik 3-4
Eikefjord-Selje 3-0
Brumunddal-Årdal 2-1  
Nordre Land-Hornindal 4-0
Kaupanger2-Hornindal (damer) 2-2

Søndag 2. april
5–6. Plass : Sandane-Selje 3-2
3–4. Plass: Florø-Eid 6-3
Finale: Førde-Eikefjord 6-3
Bremanger-Kaupanger (Damer jr.) 1-5
Sogndal- Bodø/Glimt 4-1
Jølster-Hornindal 1-1
Sogndal-Hornindal (damer) 3-1
Årdal 2-Nordre Land  

Måndag 3. april
Kl. 19.00 Eid-Sandane (damer)
 Avlyst 




Mariann Sigdestad, Eid


03.04 Kåre Balsnes utlånt frå Stryn til Eid

Stryn Fotball melder at klubbane Stryn og Eid har blitt enige om at Kåre Balsnes blir lånt ut til Eid frå Stryn. 

Avtala gjeld i fyrste omgang for vårsesongen, og etter halvgjort sesong vil status bli gjort opp. 

Underteikna takkar Kåre for arbeidet han har gjort med å tellje tilskodarar. I dei kampane han har måtte stå på sidelinja til no denne sesongen har Kåre vore fast tilskodartelljar for haugenfotball.no.  


    


02.04 SAMMENBRUDD FOR HAUGENFOTBALL.NO

Underteikna beklager at det har blitt dårleg med oppdateringar i dag. Fyrst så tok SFE straumen og når den omsider kom tilbake streika datamaskina. 

Har vore på bygda og fått tak på ei ny maskin men det tar ei stund før alt er oppe å gå som tidlegare. 

Tabellkonkurransen går som planlagt men dei som har sendt inn forslag etter kl. 21.30 laurdag 1. april og før kl. 15.56 2. april må sende sitt forslag på nytt.  

02.04 Overbevisande av Sogndal 

Sogndal vann i kveld 4-1 mot divisjonskollega Bodø/Glimt på potetåkeren på Fosshaugane. 

Haugen sin utsende Stian Aaland reiste rett frå dommargjerninga i kampen Bremanger-Kauanger til Fosshaugane. Aaland var imponert over Sogndal og spesielt før pause rundspelte Sogndal gjestane frå Bodø. 

Sogndal leia 3-1 til pause etter to skåringar av Kim Rune Hellesund og eit sjølvmål der Hellesund var nest sist på ballen. Målet til Bødø/Glimt blei sett inn av tidlegare Moldespelar Stig Arild Råket. 

Andre omgang blei meir kjedeleg og det blei med Kurt Heggestad sitt 4-1 mål. 


Etter kampen såg bana meir ut som ein potetåker melder Stian Aaland. 


02.04 Plasseringskampar Eikefjord Cup 

5–6. Plass: Sandane-Selje 3-2
3–4. Plass: Florø-Eid 6 - 3
Finale: Førde-Eikefjord 6 - 3

Eid tok dermed 4. plassen i turneringa. I dagens kamp skåra Jim Tore Humborstad, Asle Myrold og Stian Sandal. 

02.04 Kaupanger vann finalen mot Bremanger 

Kaupanger vann til slutt 5-1 mot Bremanger i finalen i vinterserien for damer junior. 

Kaupanger starta kampen forrykande og Bremanger blei det fyrste kvarteret pressa langt tilbake på bana. Men Bremanger kom seg etterkvart og var i periodar fullt på høgde med Kaupanger. 
Andrea Opseth gav Kaupanger leiinga 1-0 etter eit lekkert frispark omlag 20 minutt ut i fyrste omgang. Omlag kvarteret seinare var Ann Katrin Grotle uheldig å heade ein corner rett i eige mål og Kaupanger opp i 2-0 leiing. Berre to minutt etter takla Kine Kvalsvik inn 3-0 og berre dei mest optimistiske Bremangersupporterane hadde tru på at dette kunne gå Bremanger sin vei. 

Få minutt ut i andre omgang gav Ane Naustdal Bremanger nytt håp då ho reduserte til 3-1. Men Kaupanger var hakket bedre enn Bremanger i dag og med hurtigtoget Kine Kvalsvik på høgrekanten ordna ho to nye skåringar til Kaupanger. 4-1 ordna ho sjølv, medan på 5-1 skåringa blei ho felt og Stian Aaland dømde straffe. Kaupanger sin keeper Linda Stokke fekk æra å fastsette sluttresultatet til 5-1. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen. 

Bilder: Andrea Opseth hevar pokalen etter sigeren.  

Keeper Linda Stokke har skåra på straffe og blir gratulert av Aina Røyrvik og Kine Kvalsvik



02.04 Treningskampar i dag 

Kl. 11.00 5.-6. plass Sandane-Selje (EC)
Kl. 13.00 Bronsefinale Florø-Eid (EC)
Kl. 13.00 Bremanger-Kaupanger (FVJD)
Kl. 14.00 Årdal 2-Nordre Land 
Kl. 15.00 Finale Førde-Eikefjord (EC)
Kl. 18.30 Sogndal- Bodø/Glimt
Kl.  --.--  Syril-Hornindal
Kl.  --.--  Sogndal-Hornindal (damer)

(ET) = Eikefjord Cup
(FVJD) = Finale vinterserien junior damer, Eid Idrettspark

Underteikna kjem til å vere tilstades på finalen i vinterserien for damer junior på Eid Idrettspark kl. 13.00. Meir om kampen kan du sjå her på haugenfotball.no rett etter kampslutt.  

Ver med og tipp sluttresultatet i finalen i vinterserien for damer junior. Kampen er mellom Bremanger og Kaupanger og blir spelt på Eid Idrettspark kl. 13.00. 

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet vinn eit Haugen-krus.

NB! Tipset gjeld etter ordinær tid. 


Tipset l
egg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen. I gjesteboka kan du også sjå kva andre har tippa tidlegare.    

NordicBet.com har odds på plasseringskampane i Eikefjord Cup:
11:00 Sandane - Selje 2.50 4.25 1.95
13:00 Florø - Eid 2.30 4.20 2.10
15:00 Eikefjord - Førde 3.40 4.35 1.60

11:00 Sandane - Selje 
(Under/Over: 4.50) 2.20 1.60
13:00 Florø - Eid 
(Under/Over: 4.50) 2.10 1.65
15:00 Eikefjord - Førde 
(Under/Over: 4.50) 1.80 1.90

Florø - Eid (Asle "Cacao" Myrold Special)
02-04-2006 13:00 To score 1.60
02-04-2006 13:00 Not to score 2.20



Lise I. Senneset, 
Bremanger



Kim Rune Hellesund, 
Sogndal


01.04 Treningskampar i dag 

Underteikna har surfa litt på nettet og funne desse kampfakta frå treningskampar som er spelt i dag. 

Stryn-Spjelkavik 3-4 (2-3)
0-1 Jonas Kipperberg (13. min)
0-2 Jonas Kipperberg (21. min)
0-3 Kai Birger Myrold (34. min) 
1-3 Asbjørn Tenden (43. min)
2-3 Per Ole Tenden, straffe (45. min)
3-3 Mats Solheim (47. min)
3-4 Mark Aure (79. min)

Les alt om kampen på Stryn Fotball sine nettsider.

Brumunddal-Årdal 2-1 (1-1)
0-1 (43. min)
1-1 Almir Buhic (45. min)
2-1 Lars K Bjørke (72. min)

Les om kampen på Brumunddal sine nettsider.

TMFK-Volda 3-1 (1-0)
Sjå eiga sak lenger ned på sida. 

Andre treningskampar spelt i dag:
Kaupager 2-Sunnylven
Skavøypoll-Hødd 2
Nordre Land-Hornindal
Kaupanger2-Hornindal (damer)



Asbjørn Tenden, Stryn


01.04 Arrangørklubben møter Førde i finalen 

Arrangørklubben Eikefjord møter Førde i søndagens finale i Eikefjord Cup. 
Eid kom på andre plass i si avdeling og skal spele mot Florø i bronsefinalen. Selje og Sandane enda sist i sine avdelingar og møtest i kampen om å unngå sisteplassen i cupen. 

Dagens kampar i Eikefjord Cup:
Kl. 10.00 Florø-Sandane  3-3
Kl. 11.15 Eikefjord-Eid  3-0
Kl. 12.30 Førde-Florø 1-1
Kl. 13.45 Eid-Selje 1-0
Kl. 15.00 Førde-Sandane 2-0 
Kl. 16.15 Eikefjord-Selje 3-0

Søndag 2. april
Kl. 11.00 Jumbofinale Sandane-Selje
Kl. 13.00 Bronsefinale Florø-Eid
Kl. 15.00 Finale Førde-Eikefjord



01.04 TMFK-Volda 3-1 (1-0)

TMFK vann 3-1 mot Volda i ettermiddag i ein treningskamp på Eid Idrettspark. 

Volda var det beste laget i fyrste omgang men noko flaterande leia TMFK 1-0 til pause. Målet kom etter 27. minutt då Walter Høivik jr. sette eit innlegg kontrollert i mål bak ein sjanselaus Voldakeeper Tore Sørheim. Volda hadde i fyrste omgang fleire store sjansar, men kom ikkje nærmare enn då Kim Bjørge skaut utanfor frå fire-fem meter.  

I andre omgang tok TMFK leiinga 2-0 etter 28 minutt av omgangen. Ein TMFK-spelar sto i klar offsideposisjon, men spelet gjekk vidare, og i situasjonen etter dømde dommar Ståle Sandal straffe. Straffa sette Per Magne Løken sikkert i mål. Berre fire minutt etter auka Erlend Kvalheim leiinga til 3-0 på eit skot frå omlag 25 meter. Minuttet etter fekk Volda endeleg ballen i mål etter utallige forsøk. Knut Arve Nerø reduserte til 3-1 noko som også blei sluttresultatet i kampen. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen. 



Tore Rylansholm, TMFK vinn ein duell mot Christian Malmo, Volda.


01.04 Eid tapte 3-0 mot Eikefjord og vann 1-0 mot Selje

Eid tapte 3-0 mot Eikefjord i sin fyrste kamp i Eikefjord Cup. Nils Taklo seier i ein kommentar at det var ein fortent siger til Eikefjord, i ein heller dårleg kamp. Stillinga til pause var 1-0. 

I den andre kampen til Eid blei det siger 1-0 mot Selje. Målet til Eid kom rett før kvilen etter at Asle Myrold liggande overlista Selje sin keeper. Med desse resultata spelar Eid søndag enten kamp om 5. plassen eller Bronsefinale. Kjem tilbake med kven som møtest i plasseringskampane søndag seinare i kveld.  

Dagens kampar i Eikefjord Cup:
Kl. 10.00 Florø-Sandane  3-3
Kl. 11.15 Eikefjord-Eid  3-0
Kl. 12.30 Førde-Florø 1-1
Kl. 13.45 Eid-Selje 1-0
Kl. 15.00 Førde-Sandane 2-0 
Kl. 16.15 Eikefjord-Selje 3-0

Underteikna kjem til å vere tilstades på kampen TMFK-Volda på Eid Idrettspark kl. 16.00. Meir om kampen kan du sjå her på haugenfotball.no rett etter kampslutt.  



Erik Ove Sundal, Eikefjord


01.04 Treningskampar Selje/Stadlandet-TMFK

I går kveld spelte guttelaga til Selje/Stadlandet treningskampar mot TMFK sine to guttelag. 

I den fyrste kampen mellom dei to "andrelaga" vann Stadlandet/selje 2-1, etter at TMFK leia 1-0 til pause. Magnus Christensen laga målet til TMFK. 

Kampen mellom "fyrstelaga" til Selje/Stadlandet og TMFK enda til slutt 6-6. Selje/Stadlandet leia 5-0 til pause men TMFK kom knallhardt tilbake etter kvilen og redda til slutt uavgjort. 

Endre Kupen (bildet) laga likegodt alle seks måla til Selje/Stadlandet. Sveinung Frantzen (4) og Gisle Myhre (2) teikna seg på skåringslista for TMFK. 

Informasjonen er henta frå TMFK sine nettsider.   



01.04 Kampar i dag 1. april

I tillegg til dei kampane underteikna lista opp tidlegare i veka skal Skavøypoll spele mot Hødd sitt andrelag. Kampen blir spelt på Skavøypoll Stadion klokka 14.00. Stryn sin kamp mot Spjelkavik er framflytta frå kl. 16.00 til kl. 15.30. 

Eikefjord Cup er i gang og den fyrste kampen Florø-Sandane enda 3-3.   

Laurdag 1. april

Kl. 10.00 Florø-Sandane (ET) 3-3
Kl. 11.15 Eikefjord-Eid (ET) 3-0
Kl. 12.30 Førde-Florø (ET) 1-1
Kl. 13.45 Eid-Selje (ET)
Kl. 14.00 Kaupager 2-Sunnylven
Kl. 15.00 Førde-Sandane (ET)
Kl. 16.00 TMFK-Volda (Eid Idrettspark)
Kl. 16.00 Stryn-Spjelkavik
Kl. 16.15 Eikefjord-Selje (ET)
Kl. 16.30 Brumunddal-Årdal  
Kl.  --.--  Nordre Land-Hornindal
Kl.  --.--  Kaupanger2-Hornindal (damer)

Bildet: Tidlegare Strynespelar Steinar Tenden i kamp mot Eid. I bakgrunnen skimtar vi Henning Haugen og Frank Hool. 


Siste Nytt januar-mars 2006
Siste Nytt september-desember 2005
Siste Nytt mai-august 2005

Siste Nytt januar-april 2005
Siste Nytt 2004

Siste Nytt 2003
Siste Nytt 2002
Siste Nytt 2001/00

 

 

 



 





Haugen I.L. Fotballgruppa  -  Web-redaktør: Stig Høynes