Siste nytt

31.03 Oddskonkurranse på Haugenfotball.no

Underteikna har den siste tida vore i samtalar med Nordicbet.com om ein oddskonkurranse her på Haugenfotball.no. 

Planen er at ein deltakar kvar veke skal prøve å oppnå høgast mogleg odds på lokale kampar. Dei av deltakarane som har oppnådd beste odds gjennom sesongen blir kvalifisert til dei avsluttande finalane. 

Vinnaren stikk av med ein konto på 3000,- hos Nordicbet.com. 

Nordicbet.com satsar mykje på lokale kampar denne sesongen. Denne helga har dei mellom anna sett odds på dei innleiande kampane i Eikefjord-Cupen. 

Laurdag 1. april
10:00 Florø - Sandane 1.60 4.15 3.55
11:15 Eikefjord - Eid 2.25 4.00 2.20
12:30 Førde - Florø 1.30 4.50 6.30
13:45 Eid - Selje 1.85 4.10 2.75
15:00 Førde - Sandane 
H(0.00 - 2.00) 1.75 5.10 2.65
16:15 Eikefjord - Selje 1.95 4.15 2.50





Edgar Flo, Eid


31.03 UngNo Cup i Sognahallen søndag 2. april

Sparebanken Sogn og Fjordane inviterar søndag 2. april til UngNo Cup i Sognahallen for smågutelag og småjentelag.

Gutar 

Gruppe 1  
Hornindal   
Jølster 
Sogndal 1 
Syril 
Vikane1 

Gruppe 2
Bjørn
Brekke
Vikane 2
Skavøypoll
Sogndal 2

Jenter 

Gruppe 3 
Høyang 1 
Jølster 
Kaupanger 
Tambarskjelvar
Syril 

Gruppe 4
Atløy
Eikefjord
Sogndal 
Høyang 2
Stryn T&IL

Bane 1 Gutar
1300 Hornindal-Vikane 1
1310 Sogndal 1-Jølster
1320 Syril-Hornindal
1330 Sogndal 2-Skavøypoll
1340 Vikane 1-Sogndal 1
1350 Jølster-Syril
1400 Vikane 2-Sogndal 2
1410 Skavøypoll-Brekke
1420 Vikane 1-Syril
1430 Jølster-Hornindal
1440 Vikane 2-Skavøypoll
1450 Brekke-Sogndal 2
1500 Vikane 1-Jølster
1510 Bjørn-Vikane 2
1520 BRONSEFINALE GUTAR
1530 FINALE GUTAR

PROGRAM:
Frå 11:00 Registrering i resepsjonen 
etter kvart som laga kjem.
12:30 Felles oppvarming
13:00-16:00 UngNo Cup 
Diverse aktivitetar og konkurransar 
i hallen (t.d. radarmåling og straffe-
sparkkonkurranse)
13:30-14:00 Sogndal-spelarane kjem innom for autografskriving
16:00 Høgtidleg premieutdeling 
16:30-17:30 Gratis matøkt for spelarar og leiarar (Open kiosk i Sognehallen heile dagen)
18:30 Treningskamp på Fosshaugane
Sogndal Fotball – Bodø/Glimt

Bane 3 Jenter
1300 Høyang 1-Kaupanger
1310 Syril-Tambarskjelvar
1320 Eikefjord-Sogndal
1330 Jølster-Høyang 1
1340 Kaupanger-Syril
1350 Høyang 2-Eikefjord
1400 Sogndal-Atløy IL
1410 Høyang 1-Syril
1420 Kaupanger-Jølster 
1430 Høyang 2-Atløy IL
1440 Sogndal-Stryn T&IL
1450 Syril-Jølster 
1500 Kaupanger-Tambarsk.
1510 Høyang 2-Sogndal
1520 BRONSEFINALE JENTER 
1530 FINALE JENTER

Bane 2 Gutar og Jenter

1300 G Skavøypoll-Bjørn
1310 J Stryn T&IL-Høyang 2
1320 G Brekke-Vikane 2
1330 J Atløy IL-Stryn T&IL
1340 G Bjørn-Brekke
1350 J Tambarskj.-Jølster 
1400 G Hornindal-Sogndal 1
1410 J Stryn T&IL-Eikefjord
1420 G Bjørn-Sogndal 2
1430 J Tambarskj.-Høyang 1
1440 G Sogndal 1-Syril
1450 J Eikefjord-Atløy IL

Informasjonen er henta frå nettsidene til SFFK.

31.03 Steinar Holvik får ikkje dømme i fotball-VM

Det var lenge bankers at Steinar Holvik frå Sandane skulle vere med å dømme under fotball-VM i Tyskland. 

Holvik som er assistentdommar i teamet til dommar Terje Hauge har den seinare tida dømt mange "storkampar" i Europa.  Derfor trudde dei fleste Terje Hauge skulle bli ein av dei tolv dommarane som skulle dømme i VM.   

Men slik gjekk det ikkje og skal Holvik til VM i Tyskland må det bli som tilskodar. 

Bildet: Steinar Holvik i diskusjon med Førdespelar Tore Evensen i kampen mellom Eid og Førde i 2004-sesongen. 
Sjå bilder og kampfakta frå denne kampen. 


30.03 TABELLKONKURRANSE 6. DIVISJON 2006 

Innsende forslag til tabellkonkurransen passerte 30 onsdag ettermiddag og dermed var det tid for å trekke ut to heldige vinnarar som skulle få kvart sitt Haugen-krus. 

Arne Morten Nydal var ikkje sein å be då underteikna lurte på om han kunne trekke den fyrste vinnaren. Nydal trekte nummer sju opp av hatten og Kåre Bakke blei den fyrste vinnaren.

Når den andre vinnaren skulle trekkast var det naturleg at ein tok kontakt med ein som hadde peiling på dette med trekking. Etter å ha prøvd å få tak i ein tannlege ei stund blei det med ei reserveløysning. Dermed var son til tidlegare toppdommar og noverande tannlege John Myklebust eit klart val. John Ingvald Myklebust trekte nummer 26 og vinnaren vart ein som svikta Haugen sist sesong. Spelaren stakk med halen mellom beina og gjekk til "grøntrøyene frå Moskva". Rune Venøy får det andre kruset. 


Ver med på Haugen fotball sin tabellkonkurranse 2006. 

Haugenfotball.no arrangerar for fjerde året på rad tabellk
onkurranse i den divisjonen som Haugen spelar i. 

Haugen spelar i år i 6. divisjon avdeling 4. Følgjande lag er med i denne avdelinga: Eid 2, Flatraket, Haugen, Heia, Selje 2/Stadlandet, Skavøypoll 2 og Veten/Hardbagg.

Vinnaren i Tabellkonkurransen vinn ein Pepsi Max gensar og eit gavekort pålydande 250,- på Chatlet Sport. 

Reglar for tabellkonkurransen og innsendingsskjema finn du her.

Til no (kl. 21.27) har 36 personar sendt inn sine forslag.

Bilda til høgre: Kåre Bakke fotografert utanfor midtsirkelen under Haugen sin kamp mot Selje/stadlandet sist sesong. 

Rune Venøy med prisen som årets måljeger på Haugen sesongen 2004. 
Venøy laga seks mål i serien. Fire mål var på straffespark, og to mål var flaksemål mot Heia.  





30.03 Kampar denne helga

Også denne helga blir godt brukt til ein del treningskampar. I tillegg går Eikefjordturneringa og finalen i vinterserien for damer av stabelen. 

Laurdag 1. april

Kl. 10.00 Florø-Sandane (ET)
Kl. 11.15 Eikefjord-Eid (ET)
Kl. 12.30 Førde-Florø (ET)
Kl. 13.45 Eid-Selje (ET)
Kl. 14.00 Kaupager 2-Sunnylven
Kl. 15.00 Førde-Sandane (ET)
Kl. 16.00 TMFK-Volda (Eid Idrettspark)
Kl. 16.00 Stryn-Spjelkavik
Kl. 16.15 Eikefjord-Selje (ET)
Kl. 16.30 Brumunddal-Årdal  
Kl.  --.--  Nordre Land-Hornindal
Kl.  --.--  Kaupanger2-Hornindal (damer)

Søndag 2. april
Kl. 11.00 Kamp om 5. plass (ET)
Kl. 13.00 Bremanger-Kaupanger (FVJD)
Kl. 13.00 Bronsefinale (ET)
Kl. 14.00 Årdal 2-Nordre Land 
Kl. 15.00 Finale (ET)
Kl. 18.30 Sogndal- Bodø/Glimt
Kl.  --.--  Syril-Hornindal
Kl.  --.--  Sogndal-Hornindal (damer)

Måndag 3. april
Kl. 19.00 Eid-Sandane (damer) 

(ET) = Eikefjordturneringa

(FVJD) = Finale vinterserien junior damer, Eid Idrettspark

Dette er dei kampane underteikna har "snusa fram". Ta gjerne kontakt om du veit om andre kampar denne helga.

Ver med og tipp sluttresultatet i finalen i vinterserien for damer junior. Kampen er mellom Bremanger og Kaupanger og blir spelt på Eid Idrettspark søndag 2. april kl. 13.00. 

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet vinn eit Haugen-krus.

NB! Tipset gjeld etter ordinær tid. 


Tipset l
egg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.    

På bilda til høgre ser vi Førde sin trenar Lars Ove Nistad. 
Idar Taklo, Selje og Anders Midthjell, Eid
Ann Katrin Grotle, Bremanger hevar pokalen etter at Bremanger vann junior damer i innandørs KM 5. mars. Til venstre for Grotle ser vi Amanda Nesbakk.    







30.03 Eikefjord med nye nettsider

Fotballgruppa til Eikefjord har lansert si nye nettside. Her kan ein lese om alt som skjer i fotballmiljøet i Eikefjord, og i desse dagar er det Eikefjordturneringa som er hovedsak på nettsida. 

www.eikefjord-fotball.no 

Eikefjord er lagt inn på sida over linkar. Sida med linkar skal omarbeidast og er det nokon som har forslag til linkar som bør vere med på denne sida er det berre å sende ein e-post.  


30.03 Damelaget til Florø i 3. divisjon har trekt seg

Sogn og Fjordane Fotballkrets melder på sine nettsider at damelaget til Florø trekkjer seg frå årets 3. divisjon. 

Dermed består 3. divisjon for damer av følgjande lag: Balestrand, Eid, Førde, Hornindal, Høyang, Jølster, Kaupanger 2, Sandane og Sogndal. 

I fyrste serierunde som blir spelt 21. april blir følgjande kampar spelt: 
Eid-Hornindal
Høyang-Balestrand
Jølster-Sandane
Sogndal-Kaupanger 2

På bildet ser vi Tonje Norheim Tangerud i fjorårets heimekamp mot Hornindal. Eid fekk lett spel denne kampen og vann til slutt heile 7-0.

Sjå bilder og kampfakta frå kampen.


29.03 Loen vann mot Hornindal

Loen vann i kveld 3-1 mot Hornindal på kunstgraset i Stryn.  

Andreas Drageset (bildet) laga to av måla til Loen, medan Olav Eikenes laga det tredje. 


Les meir på Loen sine nettsider.

I ein treningskamp på kunstgraset i Eikefjorden vann Førde sitt tredjelag 6-1 mot Eikefjorde sitt andrelag. Stillinga til pause var 2-0 til Førde 3. 

I den siste kampen i det innleiande seriespelet i vinterserien for junior damer vann Jølster 3-2 borte mot Førde. Laga gjekk til pause på stillinga 1-1. 

Alt om Eikefjord2-Førde3 og Førde Jølster kan du lese på Førde sine nettsider. 


29.03 Eid tapte mot Volda

Damelaget til Eid tapte i kveld 14-0 mot Volda i ein treningskamp på Eid Idrettspark. Volda viste frå start til slutt denne kampen at dei var eit mykje bedre lag enn det Eid var i kveld. I periodar i fyrste omgang beit Eid bra i frå seg, men etterkvart som kreftene tok slutt tok Volda fullstendig over. Likevel var trenar Børge Strandos veldig positiv etter kampen og rosa jentene for god innsats.     

Eid sitt damelag har planlagt kamp mot Sandane på Eid Idrettspark fyrstkomande måndag. Trenar Børge Strandos lovar at Sandane skal få mykje bedre motstand enn det Eid kunne yte imot Volda i kveld.  

Eid-Volda 0-14 (0-5)
0-1 Bente Velle (7. min)
0-2 Marit Lyngroth (25. min)
0-3 Lene Hovde (34. min)
0-4 Nina Paulsen (36. min)
0-5 Lone Brautaset (43. min)
0-6 Marit Lyngroth (49. min)
0-7 Anette Hovland (50. min)
0-8 Nina Paulsen (63. min)
0-9 Lone Brautaset (66. min)
0-10 Marit Lyngroth (67. min)
0-11 Lone Brautaset (72. min)
0-12 Lene Hovde (77. min)
0-13 Lone Brautaset (84. min)
0-14 Bente Velle (87. min)


Eid:
Karoline Midthjell, Marta Myklebust, Synne Mårstøl, Linn Therese Sundal, Ida Rand, Astrid Fauske, Tonje Norheim Tangerud, Ane K. Aarre, Sunniva Hagen, Randi Helen Aabrekk, Lisa Skarstein

Innbyttarar: Britt Margunn  Torheim, Marius Hagen, Beatrice Cooper, Sol Andrea Taklo


Volda:
Karoline Saur, Siv Heggen, Anja Nautvik, Hege Heggen, Anette Hovland, Lene Hovde, Marit Lyngroth, Nina Paulsen, Lone Brautaset, Irene Humborstad, Bente Velle  

Innbyttarar: Kristine Dale, Chenoor Safari, Lisa Marie Hildre


Bildene frå toppen og ned: 

Sol Andrea Taklo, Eid
Lone Brautaset, Volda
Eid sin trenar Børge Strandos i diskusjon med Bjørn Hagen. 




29.03 Turneringar for miniputt 2006

Arrangørar og datoar for miniputt-turneringane for Eid kommune 2006 er no klare:

28. mai, Eid
18. juni, Kjølsdalen
27. august, Heia
17. september, Haugen

Klubbane er i utgangspunktet oppsett med følgjande antal lag: 
Eid: 6 gutelag og 4 jentelag
Kjølsdalen: 1 gutelag og 1 jentelag
Heia: 3 gutelag og 4 jentelag
Haugen: 2 gutelag og 2 jentelag
Stårheim: 2 gutelag og 2 jentelag

Kilde SFFK



29.03 TABELLKONKURRANSE 6. DIVISJON 2006 

Haugenfotball.no arrangerar for fjerde året på rad tabellkonkurranse i den divisjonen som Haugen spelar i. 

Haugen spelar i år i 6. divisjon avdeling 4. Følgjande lag er med i denne avdelinga: Eid 2, Flatraket, Haugen, Heia, Selje 2/Stadlandet, Skavøypoll 2 og Veten/Hardbagg.

Vinnaren i Tabellkonkurransen vinn ein Pepsi Max gensar og eit gavekort pålydande 250,- på Chatlet Sport. 

I tillegg trekker underteikna ut to personar blant dei 30 fyrste som sender inn sitt forslag. Desse to vinn kvar sitt Haugen-krus.   

Har fått inn 27 forslag. (kl. 17.38)

Reglar for tabellkonkurransen og innsendingsskjema finn du her.



29.03 Hornindal møter Loen i kveld

Underteikna har fått følgjande informasjon frå Haugen fotball sin korrespondent i Honndalen, Edvin Haugen. Edvin Haugen har fått denne jobben på grunn av sitt velklingande etternamn. 

I kveld spelar Hornindal treningskamp mot Loen på kunstgraset i Stryn kl. 19.00. 

Til helga skal både dame- og herrelaget til Hornindal på treningssamling i Årdal. 

Damelaget møter Kaupanger 2 på laurdag og Sogndal på søndag, medan herrelaget skal måle krefter mot Nordre Land laurdag og Syril søndag. 

Bildet: Svein Olav Solum, Hornindal


29.03 Eikefjordturneringa

Helga 1. og 2. april går Eikefjordturneringa av stabelen. I år deltek Eid, Selje, Eikefjord, Førde, Florø og Sandane.

Eid spelar i pulje mot Selje og Eikefjord, medan Førde Florø og Sandane er sett opp i den andre pulja. 

Kampoppsett laurdag 1. april:
Kl. 10.00 Florø-Sandane
Kl. 11.15 Eikefjord-Eid
Kl. 12.30 Førde-Florø
Kl. 13.45 Eid-Selje
Kl. 15.00 Førde-Sandane
Kl. 16.15 Eikefjord-Selje

Kampoppsett søndag 2. april:
Kl. 11.00 Kamp om 5. plass
Kl. 13.00 Bronsefinale
Kl. 15.00 Finale

I dei innleiande kampane laurdag er kampane på 2*30 minutt, medan finalane søndag går over 2*45 minutt. 



28.03 AHIL 2 trekker laget sitt

Førde sine nettsider melder at Askvoll/Holmedal trekker andrelaget sitt. Det betyr at 6. divisjon avdeling 2 består av: Dale 2, Førde 3, Anga, Atløy, Saga og Hyllestad. Laga skal spele trippel serie, noko som blir 15 kampar på kvart lag. 

Førde 3 spelar treningskamp borte mot Eikefjord i kveld klokka 19.00.  

Søndag tapte Haugen sin divisjonskollega Selje2/Stadlandet 5-0 heime mot Bergsøy2. 


Ole Refsnes, Selje2/Stadlandet


28.03 Eidadamene testar formen

Eid sitt damelag skal denne veka og i helga teste formen, omlag ein månad før serien tek til. 

Onsdag 29. mars spelar damelaget treningskamp mot Volda. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark klokka 19.00. 

Lisa Skarstein (bildet) seier i ein kommentar til Haugen Fotball at ho trur det blir ein tøff kamp mot laget som denne sesongen spelar i 2. divisjon.   

Søndag 2. april er divisjonskollega Sandane motstandar på Eid Idrettspark. Denne kampen blir spelt klokka 15.30. 

NB! Søndag 2. april spelar Bremanger finale mot Kaupanger i vinterserien for junior damer. Kampstart er klokka 13.00.
 


27.03 Målfest på Dingemoen

Kveldens treningskamp mellom Dale og Fjøra på Dingemoen blei reine målkalaset og enda til slutt 5-5. 

Dale-Fjøra 5-5 (3-1)
1-0 Roger Solheim (2. min)
2-0 Eirik Systaddal (6. min)
3-0 Hugo Fretland (18. min)
3-1 Magnus Breilid (37. min)
3-2 Tore Gjerdalen (62. min)
3-3 Johnny Gunnufsen (63. min)
3-4 Johnny Gunnufsen (64. min)
4-4 Stian Neset (69. min)
5-4 Vegard Skår (72. min)
5-5 Frode Kvåle (79. min)

Kampfakta er henta frå Fjøra si live-overføring. 


27.03 TABELLKONKURRANSE 6. DIVISJON 2006 

Haugenfotball.no arrangerar for fjerde året på rad tabellkonkurranse i den disvisjonen som Haugen spelar i. 

Haugen spelar i år i 6. divisjon avdeling 4. Følgjande lag er med i denne avdelinga: Eid 2, Flatraket, Haugen, Heia, Selje 2/Stadlandet, Skavøypoll 2 og Veten/Hardbagg.

Vinnaren i Tabellkonkurransen vinn ein Pepsi Max gensar og eit gavekort pålydande 250,- på Chatlet Sport. 

I tillegg trekker underteikna ut to personar blant dei 30 fyrste som sender inn sitt forslag. Desse to vinn kvar sitt Haugen-krus.   

Reglar for tabellkonkurransen og innsendingsskjema finn du her.



27.03 Dale-Fjøra direkte på Fjøra sine nettsider 

I kveld klokka 19.00 spelar Dale og Fjøra treningskamp på Dingemoen.
Fjøra sine nettsider tek sikte på ei Live-overføring frå kampen.


Gå til Fjøra si live-overføring. 

Kampar Eid Idrettspark 
Oddvar Os har sendt underteikna informasjon om følgjande kampar på Eid Idrettspark denne helga: 

Laurdag 1. april 
Kl. 16.00 TMFK-Volda 

Søndag 2. april
Kl. 13.00 Bremanger-Kaupanger (Finale, vinterserien junior damer)
Kl. 15.30 Eid-Sandane (damer)


Øystein Hagen, TMFK


27.03 Svært vellukka Team Bremanger samling 

Laurdag arrangerte Bremanger den andre Team Bremanger samlinga for unge lovande jentespelarar. 

Frå Eid kommune deltok Ida Rand og Sunniva Hagen . 

Neste samling tek Bremanger sikte på å ha på heimebane i byrjinga av mai. 

På bildet ser vi Ann Katrin Grotle frå Bremanger i juniorkampen mot Eid. 

Alt om samlinga kan du lese på Bremanger si nettside. 

Søndag 2. april spelar Grotle og juniordamelaget til Bremanger finale mot Kaupanger i vinterserien. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark klokka 13.00.


26.03 Sandane vidare til fyrste runde i NM junior

Sandane vann noko overraskande 2-1 borte mot Årdal i finalen i kvalifiseringa til fyrste runde i NM junior. Ruben Wie (bildet) laga begge måla til Sandane. 

Dermed er Sandane kvalifisert til fyrste ordinære runde som er terminfesta til søndag 7. mai.

Øvrige treningskampar i dag: 

Førde2-Florø 1-2 (1-2)

0-1 Sigurd Hjorthol (23. min)
1-1 Harald Oppedal, straffe (33. min)
1-2 Sigurd Hjorthol (43. min)
Les meir om kampen på Førde sine nettsider.

Sykkylven-Stryn 0-2 
I gjesteboka til Stryn blir det meldt at Mats Solheim putta begge måla til Stryn.

Måndag 27. mars spelar Fjøra kamp mot Dale på Dingemoen kl. 19.00.


26.03 Eid tapte 6-2 mot Voss

Eid tapte i dag 6-2 mot Voss på Eid Idrettspark. Eid var i periodar på høgde med 3. divisjonslaget frå Hordaland, men i andre periodar vart dei direkte rundspelte. 

I fyrste omgang var Eid svake fyrste halvtimen og etter skåringar av Stig Arne Brunborg, Olav Skjeldal og Stig Edvin Aksnes var Voss i føringa 3-0 etter 21 minutt. Etter dette heva Eid seg og var i denne perioden heilt på høgde med 3. divisjonslaget frå Hordaland. 

Kåre Sigve Balsnes som hadde fått løyve med Stryn å spele denne kampen, viste glimt av kvifor Eid har så lyst til at han skal spele for dei denne sesongen. Omlag kvarteret før pause måtte Voss ty til ulovlege midlar for å stoppe Balsnes og dommar Rune Haugland måtte peike på straffemerket. Straffa sette Stian Sandal sikkert i mål og stillinga 3-1 holdt seg til pause. 

I fyrste omgang hadde Eid store problem med Voss sin store sterke spiss Dan Børge Høvik. Høvik blei bytta ut i pausen og Stig Edvin Aksnes blei sett fram som spiss. Problema blei ikkje noko mindre ettersom Aksnes er ein klok spelar med gode løp i bakrommet. Eid sitt midtforsvar har ikkje enorm hurtighet og Aksnes utnytta dette og teikna seg på skåringslista to gongar etter kvilen. 

Edgar Flo fekk også vist litt god gammal klasse då han reduserte til 2-4. Etter ei god pasning frå Jim Tore Humborstad forserte Flo forbi ein forsvarar og sette ballen sikkert i mål. Det femte målet til Voss i kampen blei sett inn av Olav Skjeldal på straffe.    

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.


Edgar Flo


Dan Børge Høvik 
og Olav Skjeldal


26.03 Terje Djuvik senka Bremanger

TMFK 2 og Bremanger spelte i dag føremiddag treningskamp på Eid Idrettspark. Fyrste omgang var prega av mykje spel på midtbana og veldig få sjansar. Det virka som at Bremanger hadde litt meir plan over spelet sitt og skulle nokon av laga lede til pause måtte det vere Bremanger. 

I andre omgang tok TMFK2 meir og meir over og annført av kampens beste spelar Gisle Myhre hadde TMFK dei største sjansane. Det såg lenge ut til at kampen skulle ende mållaus men Terje Djuvik ville det annleis. Berre to minutt etter at Djuvik vart bytta inn var han på rett plass til rett tid. Dermed enda kampen 1-0 mellom dei to laga som kom desidert sist i fjorårets 4. divisjon. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen. 


Terje Djuvik


26.03 Opphaldet på La Manga er over for Hødd

Bjørn Totland har kome med følgjande rapport etter oppholdet på La Manga:  Då er La Manga over for denne gong. Det vart i sum ei veldig god veke for oss, med gode treningar, gode kampar og veldig kjekt sosialt. Vi har blitt ein meir sammensveisa gjeng.

Kampen mot Hønefoss var bra!!! Vi åpna forrykande, som mot Pors, og skulle
tidleg ha leda klart. Men så, heldigvis, skjer noko som vi kan lære av. To
tullemål!!! Fyrst mistar vi ballen unødvendig på 30 meter, og Hønefoss straffar oss brutalt med å gå rett på mål, og etter god redning av Kim Deinoff set
dei ballen i mål på returen. Andre målet kjem på corner der dei på bakerste stolpe får stå umarkert og heade i mål. Forferdelig markering.

Etter 2 tullemål fortsett vi med godt spel og på slutten av omgangen scorar
vi to kjappe mål ved Anders Vågen og Andre Nevstad (Eirik Hoseth). I pausen
er vi nøgde og skal ut og vinne kampen. Det vert ein jevnspelt 2. omgang
med gode sjansar til begge lag. Hønefoss scorar sigermålet på ein sleiv av eit innlegg som får ein forferdelig skru og går i mål på bakerste stolpe.

Etter dette pressar vi på for utlikining, og Andre Nevstad kjem aleine med
keeper 2 minutt før slutt, men keeper reddar meisterlig. Alt i alt nok ein god
kamp av oss der vi føler at vi er spelemessig best. Er bra at slike
"tullemål" kjem no slik at vi kan lære av dei. I Hødd har vi no tru på ein
kjempesesong der vi skal kjempe om kvart eit poeng og havne på øvre halvdel.

La Manga har vore ein kjempetur for oss og vi ønsker alle frå Nordfjord
velkomen til Høddvoll til første heimekampen mot Bryne 17. april. Første serierunde har vi Godset borte 9. april. 

Vel Møtt ! 





26.03 Dagens treningskampar

Underteikna har snusa opp desse treningskampane søndag 26. mars. 
Kl. 11.00 Bremanger-TMFK 2
Kl. 11.30 Lind./Grei-Kaupanger (damer)
Kl. 12.00 Sykkylven-Stryn
Kl. 13.00 Eid-Voss
Kl. 15.00 Førde 2-Florø

Finale kvalifisering NM junior
Kl. 14.00 Årdal FK-Sandane

Ver med og tipp sluttresultatet i kampen Eid-Voss.

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet vinn eit Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  
 

Bildet: Tommy Hauge, Bremanger


25.03 Treningskampar laurdag

Skavøypoll vann 3-2 mot Folllese i ein treningskamp i Bergen i dag. 

Follese-Skavøypoll 2-3
1-0 Per Einar Persen
1-1 Stian Ferstad
1-2 John Martin Giil
2-2 Karim Laram 
2-3 Ole Gunnar Midtbø

Stig Hermann Hagen melder om ein spelemessig bra kamp, og at Skavøypoll har hatt ei fin sportsleg og sosial helg. 

Selje-Bergsøy 2-4 (0-4)
Selje tapte 4-2 mot Bergsøy i ein treningskamp på kunstgraset i Selje i dag. Bergsøy leia 4-0 til pause, men Kai Arne Otneim og Karl Erik Aarsheim pynta på stillinga i andre omgang slik at sluttresultatet blei 4-2. 

Florø 2-Bremanger 3-0 (2-0)
I ein treningskamp på Kunstgraset i Florø tapte Bremanger 3-0 mot Florø 2. 
Stillinga til pause var 2-0. 
Les meir om kampen på Bremanger sine nettsider.

Volda-Førde 1-2 (1-0)
Førde vann ein sterk 2-1 siger borte mot Volda, etter å ha lege under 1-0 til pause. Alexander Hjelmeland Rygg og Tore Evensen laga måla til Førde, medan Knut Arve Nærø skåra for heimelaget. 
Les meir om kampen på Førde sine nettsider.
  

Årdal FK-Skarbøvik 1-5 (1-1)
Årdal tapte 5-1 mot Skarbøvik i ein treningskamp på kunstgraset i Øvre Årdal. Målet til Årdal kom på ein retur på eit straffespark. Straffa til Øystein Vetti ville ikkje i mål og Arild Underdal var påpasseleg framme på returen.  
Les meir om kampen på Årdal FK sine nettsider.

Kaupanger-Hetlevik 3-0 (1-0)

Vålerenga-Kaupanger 4-3 (2-2) Damer


Ole Gunnar Midtbø, Skavøypoll


Frode Nøstdal, Selje


25.03 TMFK fornøgd tross tap

Trenar for TMFK Geir Ove Refvik var i kveld fornøgd til tross for at TMFK tapte 3-2 mot Voss i ein treningskamp på Eid Idrettspark. Etter at TMFK spelte ein dårleg kamp mot Sandane sist helg frykta underteikna at Voss med Arne Førde som trenar kom til køyre over TMFK. Voss har tidlegare denne sesongen spelt glimrande treningskampar med gode resultat både mot Sogndal og Årdal FK.

Voss var i starten av kampen det førande laget og berre storspel av Per Magne Løken i TMFK sitt mål hindra at Voss ikkje avgjorde kampen før pause. Omlag midtvegs i omgangen fekk Voss tildelt straffe og denne sette Stig Edvin sikkert i mål og Voss var i leiinga 1-0. Berre tre minutt etter måtte dommar Stian Holm på nytt peike på straffemerket. Denne gongen var det Olav Skjeldal som fekk sjansen frå straffemerket, og Skjeldal skåra sikkert. Skjeldal var ikkje verre på det at berre to minutt etter heada han inn 3-0 etter eit glimrande angrep av Voss. Så virka det som om Voss var fornøgd med kampen og TMFK tok meir og meir over. Øystein Hagen var tilbake på topp for TMFK i kveld, og rett før pause sprang Hagen frå forsvaret til Voss og reduserte til 1-3. Det blei og også pauseresultatet i kampen. 

I andre omgang held TMFK fram med å presse Voss langt tilbake på bana. Dette resulterte i ein del sjansar til TMFK, men Voss var ved fleire høve farlege på kontringar. Nettopp på ei slik kontring skjedde noko av det mest dramatiske i andre omgang. Håkon Seim fall lett i feltet og dommar Stian Holm frå Svelgen gav Seim gult kort, og ettersom han hadde eit gult kort frå fyrste omgang måtte han forlate bana. Etter dette satsa TMFK endå hardare framover på bana og etter 71 minutt fekk dei lønn for strevet. Erlend Kvalheim dribla seg lekkert fri inne i feltet og pasninga ut i feltet hamra Eirik Holvik bak ein sjanselaus Voss-keeper Thomas Solberg. Solberg hadde i andre omgang fleire glimrande redningar og dette gjorde sitt til at TMFK ikkje fekk fleire skåringar i kveld. Dermed enda kampen 3-2 til Voss, og det såg ut til at både Arne Førde og Geir Ove Refvik var nøgd med kampen på ei glimrande bane på Eid.   
 
Sjå kampfakta og bilder frå kampen.


Håkon Seim


Øystein Hagen


Arne Førde


25.03 Eid greidde berre 2-2 mot Hovdebygda

Eid greidde i ettermiddag berre 2-2 mot 4. divisjonslaget Hovdebygda i ein treningskamp på Eid Idrettspark. Eid tok leiinga 1-0 etter drøye halvtimen, etter skåring av Kim Svarstad. 1-0 var også pauseresultatet i kampen etter ein relativt jamnspela fyrste omgang. I andre omgang tok Hovdebygda leiinga 2-1 etter to skåringar på dødballsituasjonar. Stian Nedrelid og Eivind Steinsvik fekk ved begge anledningane stå temmeleg umarkert på tre-fire meter. Omlag kvarteret ut i andre omgang fekk vi sjå det som var kampens prestasjon. Geir Moldestad tok nokre overstegsfintar ein sjeldan ser på eit slik nivå, og avslutninga fauk inn bak ein sjanselaus Kristoffer Nilsen i Hovdebyda sitt mål.
 
Sjå kampfakta og bilder frå kampen.



25.03 Hafslo vann 3-0 mot "storebror" Bjørn

Hafslo vann i går kveld 3-0 mot Bjørn på grusbana på Ylvesåker.

Hafslo-Bjørn 3-0 (0-0)
1-0 Torstein Fardal (46. min)
2-0 Erik Skorpen (60. min)
3-0 Arve Bø (75. min)

Informasjonen er henta frå nettsida til Hafslo. Der kan du også lese referat frå kampen. 



25.03 Treningskampar på Eid Idrettspark i dag

TMFK og Eid skal begge i aksjon i treningskampar på Eid Idrettspark i ettermiddag. Klokka 16.00 spelar Eid mot Hovdebygda, medan TMFK skal måle krefter mot Voss kl. 18.00. 

Går alt etter planen blir det bilder og kampfakta frå begge desse kampane i kveld ein gong. 

På Nordicbet.com er det mulig å satse pengar på treningskampen Eid-Hovdebygda. 

Edgar Flo har lagt inn følgjande informasjon på gjesteboka: 
Eid - Hovdebygda 1.55 4.50 3.55
(Under/Over: 4.50) 2.30 1.55
(Under/Over Hovdeb.: 1.50) 2.20 1.60
(Under/Over Eid: 2.50) 2.10 1.65

For dei som ikkje er heilt inne i speleforma under/over, så betyr det at vi f.eks gjer 2,10 i odds på at Eid scora max 2 mål, mens vi gjer 1,65 i odds på at Eid scora minst 3 mål.

Bildet: TMFK trenar Geir Ove Refvik.



24.03 Treningskampar i kveld

To treningskampar med lag frå den lokale 3. divisjon har blitt avvikla i kveld. 

I Sognahallen vann Kaupanger 4-1 mot Sogndal 2. Kaupanger.no melder at måla til Kaupanger blei laga av Frode Kvam (3) og Rasmus Haukedal. 

Skavøypoll er i Bergen denne helga og i kveld spelte dei kamp mot Gneist. Skavøypoll var det beste laget i kampen men tapte til slutt 3-2. 

Stig Hermann Hagen har sendt følgjande kampfakta. 

Gneist-Skavøypoll 3-2 (1-0)
1-0 (20. min)
1-1 Øystein Weltzien (48. min)
1-2 Kim Andre Gangeskar (55. min)
2-2 (65. min)
3-2 (75. min)

Bildet: Peter Orry Larsen, Skavøypoll


24.03 Både Sogndal og Hødd tapte på La Manga

Både Sogndal og Hødd tapte sine kampar i dag på La Manga. 

Hødd tapte 3-2 mot Hønefoss etter at stillinga til pause var 2-2. Bjørn Totland spelte 2. omgang for laget frå Ulsteinvik. 

Går alt etter planen kjem Bjørn Totland med ein rapport frå La Manga. 

Les alt om kampen på Hødd sine nettsider. 

Sogndal tapte 1-0 mot Strømsgodset etter at stillinga var 0-0 til pause. Omlag 20 minutt før slutt heada midstoppar Glenn Andersen inn kampens einaste mål. 

Les meir på Sogndal sine nettsider. 
Les meir på Godset sine sider.  

Neste kamp for Sogndal er søndag 2. april kl. 18.30 mot Bodø Glimt på Fosshaugane Campus. 



Bilde: Andrè Nevstad 


24.03 Vestkyst Cup

Florø Sportsklubb arrangerar denne helga turnering for guttelag. 

Pulje 1: Spjelkavik, Øygard og Florø.
Pulje 2: Førde, Arna-Bjørnar og Emblem. 

Laurdag 25. mars
Kl. 10.00 Florø-Spjelkavik 
Kl. 11.15 Førde–Emblem 
Kl. 12.30 Spjelkavik–Øygard
Kl. 13.45 Førde–Arna-Bjørnar
Kl. 15.00 Florø–Øygard 
Kl. 16.15 Arna-Bjørnar-Emblem 

Sluttspel søndag 26. mars
Kl. 11.00 Nr. 3 i pulje 1-Nr. 3 i pulje 2
Kl. 12.30 Nr. 2 i pulje 1-Nr. 2 i pulje 2
Kl. 14.00 Nr. 1 i pulje 1-Nr. 1 i pulje 2

Bildet: Lasse Orheim Pedersen, Florø og Norge G16.


24.03 Treningskampar denne helga

Fredag 24. mars
Kl. 18.00 Sogndal 2-Kaupanger
Kl.  --.--  Gneist-Skavøypoll

Laurdag 25. mars
Kl. 10.30 Florø 2-Bremanger 
Kl. 11.30 Vålerenga-Kaupanger (damer) Kl. 14.30 Volda-Førde
Kl. 16.00 Eid-Hovdebygda
Kl. 18.00 TMFK-Voss
Kl. 18.00 Kaupanger-Hetlevik
Kl.  --.--  Selje-Bergsøy
Kl.  --.--  Follese-Skavøypoll 
Kl.  --.--  Varegg-Dale AVLYST

Søndag 26. mars
Kl. 11.00 Bremanger-TMFK 2
Kl. 11.30 Lind./Grei-Kaupanger (damer)
Kl. 12.00 Sykkylven-Stryn
Kl. 13.00 Eid-Voss
Kl. 15.00 Førde 2-Florø

Måndag 27. mars
Kl. 18.45 Dale-Fjøra

Dette er dei treningskampane underteikna har "snusa fram". Ta gjerne kontakt om du veit om andre kampar denne helga.

Ver med og tipp sluttresultatet i kampen Eid-Voss.

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet vinn eit Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  
 

På bilda til høgre ser vi Førdespelar Steinar Tenden og Stryn sin trenar Dagmund Evebø. 





23.03 Ole Sunde skal trene Heia denne sesongen

Då er det endeleg avklara at Ole Sunde skal trene Heia denne sesongen. 

Ole Sunde var i fjor trenar for Eid sitt andrelag i vårsesongen. I haustsesongen drog han på seg den kvite Heiadrakta og var ein av dei beste spelarane på Heia dei kampane han spelte.

Sunde har i tillegg til Heia spelarerfaring frå Eid og dei fleste klubbane i Vågsøy. 
Underteikna huskar Sunde som den spelaren som "nesten aldri var ned i bakken" når han sprang. 

Heia opnar denne sesongen med to heimekampar. Tysdag 9. mai spelar Heia heime mot Veten/Hardbagg, medan Skavøypoll er motstandar på Eid Idrettspark tysdag 23. mai.  


23.03 Treningskampar på Eid Idrettspark denne helga

Det store snøfallet dei siste dagane har sett ein liten dempar på antall treningskampar denne helga. 

På Eid Idrettspark er det fantastiske forhold og dei fotballinteresserte kan få med seg nokre kampar denne helga.  

Laurdag 25. mars
Kl. 16.00 Eid-Hovdebygda
Kl. 18.00 TMFK-Voss

Søndag 26. mars
Kl. 13.00 Eid-Voss

Dale var oppsett med kamp mot Volda laurdag kl. 14.00, men Dale sine nettsider melder at denne kampen er avlyst. Dale møter i staden Varegg på kunstgrasbana på Ostereidet like utanfor Knarvik.
    

Ver med og tipp sluttresultatet i kampen Eid-Voss.

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet vinn eit Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  
 

Bildet øverst: Nils Taklo, formann i fotballgruppa i Eid. 
Bildet nederst: Arne Morten Nydal, oppmann for A-laget til Eid.   




23.03 Tine Fotballskule

Eid er eit av tolv lag som har meldt seg som arrangør av Tine Fotballskule.

Dei andre laga er: 
IL Høyang
Hornindal IL
Førde IL
Balestrand IL
Breimsbygda IL
Sogndal IL
Selje IL
Syril IL
Aurland IL
Gaular IL
Jølster IL

Saka er saksa frå SFFK sine nettsider.   


23.03 Høyang vann 4-1 over Fjøra

Høyang vann i går kveld 4-1 over Fjøra i ein treningskamp på Sletta krøllgras. 

Høyang-Fjøra 4-1 (2-1)

1-0 Thomas Frichsen (11. min)
1-1 Vegard Ruud (18. min)
2-1 Even Hovland (35. min)
3-1 Tor Gunnar Feten (73. min)
4-1 Eirik Øvstedal (83. min)

Les alt om kampen på Fjøra sine nettsider. 

På bildet ser vi Even Hovland under innandørs-KM i Nordfjordhallen tidlegare i vinter. 

Treningskampen Anga-Jølster 2 som skulle spelast i kveld er utsett til torsdag 6. april. 


23.03 Sandane må reise til Øvre Årdal

SFFK melder i dag at finalen i kvalifiseringa til fyrste runde i NM junior blir spelt i Øvre Årdal. 

Finalen mellom Årdal FK og Sandane blir spelt søndag klokka 14.00. 


Vinnaren av finalen er kvalifisert til fyrste ordinere runde. Fyrste runde er terminfesta til søndag 7. mai.   


22.03 Sandane møter Årdal FK i finalen

Sandane trekte i kveld det lengste strået i semifinalen i kvalifiseringa til fyrste runde i NM junior. 

Eid tok føringa i kampen allereie etter to minutt. Åleine mot Sandane sin keeper Jørgen Veien skåra Kristian Holmøy sikkert. Etter dette rulla Eid over Sandane og berre uflaks gjorde at Eid ikkje laga meir enn eit mål fyrste kvarteret. Sandane tok deretter meir og meir over kampen, og det var heilt fortent då Ruben Wie utlikna til 1-1 etter 24 minutt. Rett etter hadde Sandane ein dobbelsjanse til gå opp i leiinga. Fyrste forsøket blei redda på streken medan skotet til Edvin Øygard like etter strauk stolpen. 

I andre omgang var Sandane det førande laget og spesielt spelemessig var Sandane klart betre enn Eid. Sandane prøvde å gjere noko konstruktivt når dei hadde ballen, medan Eid slo langt gang på gang. Tre minutt ut i andre omgang gav Edvin Øygard Sandane leiinga 2-1, og dette såg også lenge ut til å bli sluttresultatet i kampen. Men Eid gav seg ikkje og to minutt før full tid lada Anders Midthjell skotbeinet frå omlag 20 meter. Skotet gjekk omtrent midt i mål og på ein eller merkeleg måte overlista det Jørgen Veien i Sandanemålet. Dermed var laga like langt og måtte ut i to gongar fem minutt ekstraomgongar. Ingen av laga skåra i ekstraomgangane og kampen måtte avgjerast på straffespark.

I kvartfinalen var keeper Sindre Rise den store helten med tre strafferedningar. I dag blei Rise bytta ut i pausen og det angra kanskje Eid på då dei såg at det blei straffesparkkonkurranse. 

Det starta bra for Eid då Ole Bjarte Taklo redda straffa frå Kjetil Myklebust. Det blei med den eine bommen for Sandane, men ettersom Eid bomma på to straffer blei det Sandane som møter Årdal FK i finalen. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen. 

Finalen Årdal FK-Sandane er terminfesta til søndag 26. mars. Kampen skal spelast på nøytral bane og då ligg det vel i korta at kampen blir spelt i Sognahallen. 

Bildet øverst: Johannes Myklebust, Eid og Ruben Wie, Sandane. 
Bildet midterst: Edvin Øygard, Sandane.
Bildet nederst: Kim Svarstad, Eid. 




22.03 Vinnaren av Eid-Sandane skal møte Årdal FK

Eid møter i kveld Sandane i semifinalen i kvalifiseringa til fyrste runde i NM junior. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark klokka 19.00.  Dommar i kampen er Anders Ytterland, og med seg på linjene har han Ståle Sandal og Jim Steenslid.

I den andre semifinalen vann Årdal 3-2 over Førde, etter at Førde leia 2-0 tidleg i kampen. Kampen blei spelt i Sognahallen i dag kokka 15.00. 

Les meir om kampen på Førde sine nettsider.

Vinnaren av Eid-Sandane møter dermed Årdal i finalen om den einaste plassen Sogn og Fjordane har til fyrste runde i NM junior. Finalen er terminfesta til søndag 26. mars. 


22.03 Bjørn Totland rapporterar frå La Manga

Bjørn Totland kom i dag tidleg med følgjande rapport frå La Manga: 
Her nede går det stort sett i trening og restitusjon. Vi har så langt hatt 2
økter søndag, ei økt mandag + kamp, 2 økter tysdag. Så kroppande våre
kjenner hardkjøret. Blir litt ekstra stive og støle av å komme på gras og. I
dag skal vi ha ei trening no om morgonen, så skal vi ha en fridag etter det.
Ser ut som om det blir ein strålande dag i dag, så då blir det nok slikkink
av sol. Humøret i troppen er kjempebra. Vi kosar oss alle her nede. Har hatt
eit par uheldige tilfeller av diare/matforgiftning, der 2 spelarar enda
ikkje har kome seg igang. Alt i alt er det heilt topp her. Vi er i rute
sportslig og sosialt.

Når det gjeld kampen mot Pors så spelte vi en meget god 1.omgang i medvind.
Burde nok leda meir ved pause. Pors skapte nesten ingenting og fekk eit mål
på svakt forsvarsspel. I 2.omgang var det Pors som kjørte oss i medvind. Dei
fekk først ei straffe som ga 3-2, så i det 90 minutt glapp keepern vår ein
corner på streken som gav 3-3. Alt i alt talte trenarane våre
sjansestatistikken til 11-6 fordel Hødd, så vi skulle nok ha vunne den
kampen. Men vi viser igjen at vi ikkje blir noko kasteball i divisjonen.

Bjørn




21.03 Oppstryn vann 3-1 mot Eid 2

Oppstryn vann i kveld 3-1 mot Eid 2 på ei glimrande kunstgrasbane på Eid Idrettspark. Sjølv om snøen har lava ned dei to siste døgna var bana heilt fantastisk. 

Oppstryn tok leiinga i kampen etter omlag fem minutt, etter ei skåring av Even Guddal. Ti minutt før pause utlikna Jan Azar Karadas slik at pauseresultatet blei 1-1. I andre omgang bytta Eid 2 ut nesten heile laget og dette bar kampen preg av. Omlag halvvegs ut i andre omgang var Jon Kåre Storevik så uheldig å sette ballen i eige mål og Oppstryn gjekk opp i 2-1 leiing. Kvarteret før slutt fastsette Lars Guddal sluttresultatet til 3-1. 

Eid 2-Oppstryn 1-3 (1-1)
0-1 Even Guddal (6. min)
1-1 Jan Azar Karadas (34. min)
1-2 Sjølvmål, Jon K. Storevik (65. min)
1-3 Lars Guddal (77. min)

Eid 2: 
Vegard Løken
Fredrik Eikås
Arne Morten Nydal
Eirik Lunde
Jørn Ove Rindal
Stian Bjørlo
Bengt Leite
Terje 
Magnus K. Aarre
Kim Svarstad
Jan Azar Karadas

Innbyttarar:
Ole Bjarte Taklo
Jon Kåre Storevik
Jan Olav Aarsheim
Henrik Aarsheim
Jan Arne Hatlelid
Olav Espe
Oddbjørn Melheim
Eirik Hauge

Eid 2 har dermed tapt begge sine to treningskampar til no. Tap 0-7 mot Loen og 1-3 mot Oppstryn var vel ikkje det Eid hadde drøymt om då dei henta suksesstrenar Rolf Skrede til klubben.  Skrede trena i fjor "Grøntrøyene frå Moskva" til ein oppsiktsvekkande sterk tredje plass i 6. divisjon avdeling 4.  

På bilda ser vi dei perfekte forholda som var på Eid Idrettspark i kveld. På bildet i midten ser vi Olav Espe, medan på bildet lengst nede ser vi alltid like blide Vegard Løken. 







21.03 Sonelagsturnering for spelarar født 1993

13 spelarar frå Eid Kommune er tekne ut til sonelagsturneringa for spelarar født 1993. Soneturneringa blir arrangert av SFFK og går av stabelen i Florø 1. april. 

Gutar født 1993:
Eirik Johnson, Eid IL
Tore Heggen, Eid IL
Øystein Aabrekk, Heia FK
Sondre Nordnes Sørland, Heia FK
Tore Haraldsen, Haugen IL
Kenneth Remme, Haugen IL

Jenter født 1993:
Kristina Årskog, Eid IL
Nina Rognes, Eid IL
Synnøve Søvik Myklebust, Eid IL
Marte Rønnestad, Eid IL
Lise Bakke, Haugen IL
Veronica Stokke, Haugen IL
Maria Dalsbø, Haugen IL

Kampar:
1100 J93 Sunnfjord-Nordfjord
1200 G93 Sunnfjord-Nordfjord
1300 J93 Sogn-Nordfjord
1430 G93 Sogn-Nordfjord
1530 J93 Sunnfjord–Sogn
1630 G93 Sunnfjord-Sogn

Heile uttaket kan du sjå på SFFK sine nettsider. 

Bildet øverst: Tore Haraldsen

Bildet nederst: Kennet Remme



21.03 Haugen stiller to småguttelag 

Trenar for Haugen si smågutteavdeling Eirik Andreassen melder i dag at Haugen denne sesongen stiller to småguttelag. I tillegg til laget som skal spele i 1. divisjon, er det no også meldt på eit 7'ar lag. 

Laget som skal spele i 1. divisjon serieopnar borte mot Florø onsdag 19. april. 

På bildet ser vi Anders Lillestøl. Bildet er tatt under Haugen sin kamp mot Bryggja sist laurdag.  


21.03 Semifinalar i kvalifiseringa til NM junior 

Onsdag 22. mars går begge semifinalane i kvalifiseringa til fyrste runde i NM junior av stabelen. 

I den fyrste semifinalen møtest Førde og Årdal FK i Sognahallen klokka 15.00. 
Hovuddommar i denne kampen er Stian Holm (bildet) frå Svelgen. Assistentdommarar er Tor Kristian Sortevik frå Svelgen og Marius Slinde frå Syril. 

I den andre semifinalen møter heimelaget Eid naboen Sandane. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark klokka 19.00. Dommar i denne kampen er Anders Ytterland, og han har med seg Ståle Sandal og Jim Steenslid på linjene. 


Fakta er henta frå nettsidene til SFFK.   


21.03 Treningskampar 

I kveld, spelar Eid sitt andrelag treningskamp mot Oppstryn. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark kl. 19.00. 

I morgon, onsdag, spelar Høyang treningskamp heime på Sletta krøllgras mot Fjøra kl. 18.45.  

Bremanger skal denne helga ha treningssamling. I samband med denne samlinga skal 5. divisjonslaget spele to kampar. Laurdag møter Bremanger Florø sitt andrelag, medan søndag er det duka for kamp mot TMFK sine nest beste. 

Kjem tilbake med liste over fleire treningskampar seinare i veka.


21.03 Hødd spelte 3-3 mot Pors 

Bjørn Totland spelte frå start då Hødd spelte uavgjort 3-3 på La Manga i går. Hødd var beste laget i medvinden før kvilen og leia 3-1 då laga gjekk til pause. Erik Sandal sette inn Hødd sitt andre mål i kampen på eit frispark frå 40 meter. Bjørn Totland som blir kalla Bjørn "Totti" Totland i kampreferatet på Hødd sine nettsider blei bytta ut etter 67 minutt på stillinga 3-2. Rett før slutt utlikna Pors til 3-3, etter ein tabbe av Høddkeeper Øystein Myklebust. 

Les referatet frå kampen på Hødd sine nettsider.

Neste kamp for Hødd er mot Hønefoss fredag 24. mars kl. 16.00. 


På bildet ser vi Bjørn Totland i kamp mot Daniel Berg Hestad og Molde sist onsdag. Sjå kampfakta og bilder frå kampen Hødd-Molde.   


21.03 Terje Skjeldestad ny kaptein for Sogndal

Trenar Stig Nord i Sogndal har peika ut Sogndal sin keeper Terje Skjeldestad som ny kaptein for laget. 

Sogndal spelte i går 0-0 mot Hønefoss på La Manga. 

Neste kamp for Sogndal på La Manga er mot Strømsgodset fredag 24. mars kl. 12.00. 

NB! Keeperen på bildet er ikkje Terje Skjeldestad . 


21.03 Hauar blir dagleg leiar i Eid

Hauaren Ørjan Solheim tek over stillinga som dagleg leiar i Eid etter Bjørn Totland. 

Ørjan Solheim har tidlegare vore keeper for Haugen og Eid, og har spelt 57 kampar og laga eit mål for Haugen i perioden 1996-2002. 

Eid sitt andrelag spelar tysdag 21. mars treningskamp mot Oppstryn kl. 19.00 på Eid Idrettspark. 

21.03 Manglande oppdatering

Underteikna beklagar den manglande oppdateringa måndag 20. mars. 

På grunn av ein feil på  ADSL-linja frå Telenor var det umogleg å gjennomføre oppdateringar.  


19.03 Stortap mot Breimsbygda

Haugen tapte heile 6-1 mot Breimsbygda i kveldens treningskamp på Eid Idrettspark. Breimsbygda som har vore på treningsamling i Nordfjordhallen denne helga klaga over tunge bein før kampen, men det såg vi lite til i fyrste omgang. Breimsbygda trilla i periodar ball i hatt med eit tamt Haugenlag og gjekk til pause med leiing 5-0. 
I andre omgang var Haugen eit hakk kvassare enn Breimsbygda men det blei med resultatet 1-1 i andre omgang. Cato Magne Humborstad sette inn Haugen sitt mål kvarteret før slutt og fastsette med det sluttresultatet til 6-1. Banas beste var dommar Ståle Sandal. 

Ingen tippa rett resultat i kampen og premien går over til neste resultatkonkurranse. 

Haugen-Breimsbygda 1-6 (0-5)
0-1 Jens Jakob Bergheim (8. min)
0-2 Jens Jakob Bergheim (10. min)
0-3 Raymond Niiranen (24. min)
0-4 Ole Martin Egge (26. min)
0-5 Raymond Niiranen (37. min)
0-6 Leif Øystein Felde (57. min)
1-6 Cato Magne Humborstad (74. min)

Haugen: Vegard Løken, Torleiv Orheim, Runar Øien, Kim Tore Gilleshammer, Matias Lien, Øystein Haugland, Bjørnar Øien, Mikael Myklebust, Kenneth Berstad, Tore Sundal, Cato Magne Humborstad

Innbyttarar: Stig Tore Gilleshammer, Jan Roger Solibakke, Alf Kåre Dalsbø, Stian Aaland

Breimsbygda: Stian Hjelle, Odd Stian Reed, Bjørnar Sandal, Leif Øystein Felde, Daniel Stokke, Kent Øystein Hjelle, Audun Skogen, Nils Thomas Støyva, Christian Egge, Jens Jakob Bergheim, Raymond Niiranen

Innbyttarar: Ole Martin Egge, Lars Bogstad, Geir Vie

NB! Haugen trenar igjen fredag klokka 19.00. Det er viktig at flest mogleg møter på treningane slik at ein kan få til litt meir kvalitet på treningane. 

Haugen serieopnar heime mot Skavøypoll sitt andrelag tysdag 2. mai. 




19.03 Haugen vann 12-1 mot Stryn

Småguttelaget til Haugen vann i kveld 12-1 mot Stryn. Stillinga til pause var 7-1. Haugen tok føringa 1-0 allereie etter 30 sekund av kampen og var det førande laget heile kampen.

19.03 Årets fyrste siger til TMFK

TMFK vann i dag 3-2 mot Sandane på Eid Idrettspark. Aleksander Egge gav Sandane leiinga etter fjorten minutt av kampen. Men TMFK kom sterkt tilbake og laga tre mål før pause og TMFK leia 3-1 etter ein tam fyrsteomgang. Øyvind Vabø, Eirik Holvik og Erlend Kvalheim teikna seg på skåringslista. 

Andre omgang starta med at Sandane fekk ei skåring annullert for offside. Vidare i omgangen hadde begge lag sjansar utan at dei blei dei heilt store sjansane. Rett før slutt laga Sandane ny spenning i kampen då Sigmund Andenes reduserte til 3-2. Men Sandane kom ikkje til fleire sjansar og kampen enda 3-2 til TMFK.


Sjå kampfakta og bilder frå kampen. 

Bildet: Ruben Wie teikna seg seg ikkje på skåringslista i dag, men var nest sist på ballen då Sigmund Andenes reduserte til 3-2 rett før slutt. 


19.03 Treningskampar  i dag 

Det er ikkje så mange treningskampar i dag som det var i går. Underteikna har "snusa opp" tre kampar. På Eid idrettspark skal TMFK møte Sandane kl. 13.00. Sandane har tapt 5-1 mot Florø og 5-2 mot Selje, medan TMFK har tapt alle sine fire treningskampar til no. 

Klokka 18.30 spelar Haugen sin fyrste treningskamp for sesongen. Motstandar på Eid Idrettspark er Breimsbygda, som denne helga har hatt treningssamling i Nordfjordhallen. 

Ver med og tipp sluttresultatet i kampen Haugen-Breimsbygda.

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet vinn eit Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  
 

I tillegg spelar
Haugen sitt småguttelag kamp mot Stryn kl. 18.00 i Stryn.



Eirik Rutledal og TMFK har hatt ein tung start på sesongen. 


18.03 Resultat treningskampar i dag 

Kaupanger-Vang 7-2
Førde-Radøy 4-1 (2-0)
Skavøypoll-Bergsøy 5-2 (2-1)
Eid2-Loen 0-7 (0-4)
Eikefjord-Førde II 2-1 (1-1)

I tillegg har småguttelaget til Haugen vunne 18-0 mot Bryggja.

Treningskampar Søndag 19. mars
Kl. 13.00 Sandane-TMFK
Kl. 18.30 Haugen-Breimsbygda
Begge kampane blir spelt på Eid Idrettspark. 

Haugen sitt småguttelag spelar kamp borte i Stryn mot Stryn borte.


18.03 Skavøypoll vann 5-2 mot Bergsøy

Stig Hermann hagen har sendt følgjande informasjon om Skavøypoll sin kamp mot Bergsøy: 

Det var ikke en spillemessig god kamp på Skavøypoll stadion. Kampen sett 
under ett var det en fortjent seier. Skavøypoll skapte mange sjanser, så 
resultatet kunne fort vært større.

Skavøypoll-Bergsøy 5-2 (2-1)
1-0 Peter Orry Larsen (2. min)
1-1 Preben Hestad (14. min)
2-1 Kim Andre Gangeskar (43. min)
3-1 John Martin Giil (53. min)
3-2 Kjetil Paulsen (65. min)
4-2 Øystein Weltzien (85. min)
5-2 Magnus Nore (88. min)

Skavøypoll:
Bjørn Inge Svarstad, Trond Sandal, Stian Ferstad, Chris Silden, Ole Kristian Nygård, Ole Gunnar Midtbø, Peter Orry Larsen, Kim Andre Gangeskar, Preben Torvanger, John Martin Giil, Børge Yndestad

Innbyttarar:
Kim Silden 70. min
Magnus Nore 86. min
Håvard Tennebø 80. min
Øystein Weltzien 45. min
Yngve Furnes 60. min



18.03 G91-laget til Sogn og Fjordane imponerte i Bergen

Denne helga har kretslaga til Sogn og Fjordane i klassane J91, G90 og G91 spelt kampar mot Hordaland og Rogaland. 

Jan Tore Jåstad i SFFK seier at han er spesielt imponert over laget til Sogn og Fjordane i G91-klassa. Laget vann begge sine kampar utan å sleppe inn mål og har ei herleg innstilling. Gisle Myhre utmerka seg på laget og midtbanespelaren frå TMFK er eit talent vi garantert får høyre mykje om i framtida. Eivind Daniel Røed frå Haugen som er 92 modell spelte midtstoppar i begge kampane for G91-laget. 

Jentelaget til SFFK fekk ein skikkeleg smell fredag mot Hordaland fredag, men i dag heva dei seg og spelte uavgjort 2-2 mot Rogaland. 

G90-laget tapte begge sine kampar. 

Fredag 17. mars:

G90 SFFK-Hordaland 0-2
G91 SFFK-Hordaland 2-0 
Mål SFFK: Sveinung Franzen, TMFK og Fredrik Solheim, Førde.  
J91 SFFK-Hordaland 0-7

Laurdag 18. mars:
G90 SFFK-Rogaland 2-5
Mål SFFK: Lasse Orheim Pedersen, Florø og Terje Thorsnes, Kaupanger.  
G91 SFFK-Rogaland 1-0 
Mål SFFK: Gisle Myhre
J91 SFFK-Rogaland 2-2
Mål SFFK: Siri Ann Skagen (2), Bjørn



18.03 Loen vann 7-0 mot Eid 2

Loen vann i ettermiddag 7-0 mot andrelaget til Eid på Eid Idrettspark. Berre i periodar var Eid 2 på høgde med 4. divisjonslaget til Loen. 

Loen tok leiinga i kampen allereie etter fire minutt, etter skåring av Egil Hogrenning. Deretter laga Loen tre mål til før pause og laga gjekk til pause på stillinga 4-0. Fyrste halvtimen av andre omgang var Eid 2 bedre med i kampen og holdt nullen. Men på slutten rakna det litt igjen og åtte minutt før slutt fastsette Olav Eikenes sluttresultatet til 7-0. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen. 


18.03 Haugen vann 18-0 mot Bryggja 

Småguttelaget til Haugen vann i dag 18-0 mot Bryggja i ein treningskamp på Eid Idrettspark. Kampen blei spelt på lita bane med åtte spelarar på kvart lag, og gjekk over 3 omgongar på 25 minutt. 

Som resultatet viser var Haugen det klart beste laget i kampen og sigeren kunne vore mykje større. Før Christoffer Hafsås laga Haugen sitt fyrste mål i kampen hadde Haugen brent 8-10 store sjansar. Kampens finaste mål sette Kennet Remme inn rett før slutt. Åleine mot keeper triksa han tre-fire gongar før han heada ballen i ein bue over keeper.  

Haugen-Bryggja 18-0 (5-0)(5-0)(8-0)
Desse var med: (Mål i parantes)
Jim Rune Hoddevik, Jostein Ladehaug, Harald N. Ryland(1), Anders Lillestøl, Martin Lillestøl, Ole Kristian Hanebrekke, Bjørn Tore Furnes, Stian Remme, Ole Martin Hoddevik, Kennet Remme(1), Thomas Lefdal, Joakim Haugland, Christoffer Hafsås(8), Dan Jøran Hafsås(6), Toni Lotsberg(1), Andre Solheim(1), Kristoffer Starheimsæter og Erlend Haugland.

I morgon spelar Haugen sitt småguttelag kamp mot Stryn på kunstgraset i Stryn.  



18.03 Treningskampar i dag 

Underteikna er truleg tilstades på to kamar denne laurdagen. Dei to kampane er småguttelaget til Haugen sin kamp mot Jens C. Jensen sine lovande spelarar frå Bryggja kl. 13.30. Deretter skal Eid møte Loen klokka 16.00. Begge kampane blir spelt på Eid Idrettspark. 
Verdt å merke seg er at begge trenarane til Eid er i Bergen denne helga, og laget blir leia frå benken av Rolf Skrede. 

Kl. 12.00 Kaupanger-Vang
Kl. 13.30 Haugen-Bryggja (smågutar)
Kl. 14.00 Førde-Radøy
Kl. 14.00 Skavøypoll-Bergsøy 
Kl. 16.00 Eid-Loen
Kl. 16.00 Eikefjord-Førde 2

Dale var oppsett med kamp mot Vadmyra men denne blir ikkje spelt og Dale prøvar å finne ein ny motstandar. 

Følgjande kampar er avlyst/utsette av forskjellige årsaker:
Hareid-TMFK  
Veitastrond-Øystre Slidre
Ørsta-Selje
Florø-Askvoll/Holmedal  



17.03 Elise Thorsnes kunne avgjort kampen

J19-landslaget spelte i dag uavgjort 0-0 mot Tyskland i Norge sin siste kamp i seksnasjonersturneringen på La Manga. 

Elise Thorsnes som spelte heile kampen hadde kampens største sjanse då ho kom åleine mot keeper omlag midtvegs i fyrste omgang. Avslutninga frå Thorsnes blei for upresis og kampen enda utan skåringar.

13. mars Norge-Italia 3-0 
15. mars Norge-Danmark 1-1  
17. mars Norge-Tyskland 0-0
 
Les alt om Norge-Tyskland på fotball.no.



17.03 Stryn tapte mot Volda og Kåre spelte 2. omgang

Stryn tapte i kveld 3-1 i treningskampen borte mot Volda, etter at stillinga til pause var 2-0. 

Kåre Balsnes som spelte andre omgang for å få kamptrening, seier i ein kommentar at det var skikkeleg urettferdig at Volda vann denne kampen. Stryn produserte mange sjansar og burde laga fleire mål enn Mats Solheim sitt eine trøystemål. 

Omlag midtvegs i andre omgang fekk Christian Holko sjå det raude kortet av kampens dommar Magne Krumsvik. Holko fekk det raude kortet for å ha kalla ein motspelar for ein K--.  

Gå til Stryn sine sider for meir informasjon om kampen.

Dale spelte uavgjort 2-2 i treningskampen mot Bergen Nord i Bergen.



17.03 Breimsbygda skal ha treningssamling i Vågsøy 

Breimsbygda skal denne helga ha treningssamling i Vågsøy. Laget skal trene i Nordfjordhallen både laurdag og søndag. I tillegg skal laget ha ein del aktivitetar slik at helga kan gje utbytte både sportsleg og sosialt. 

Briemsbygda avsluttar treningssamlinga med å spele treningskamp mot Haugen på Eid Idrettspark søndag kl. 18.30.


Ver med og tipp sluttresultatet i kampen Haugen-Breimsbygda.

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet vinn eit Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  
 


17.03 Mjelde ute etter Ulrik Flo og Mats Solheim

Bergens Tidende skriv i dag at Ulrik Flo og Mats Solheim er i Brann og Mons Ivar Mjelde sitt søkelys. Dermed kan det bli ein kamp mellom Sogndal og Brann for å sikre seg dei to lovande spelarane som no spelar for Stryn. Mjelde seier til BT at det absolutt er interessant å invitere dei to spelarane til å vere med å trene med Brann. 

Dette med å invitere spelarar til å vere  med å trene med klubben for å bli kjend med dei er også blitt meir og meir vanleg nedover i divisjonane. Det går rykte om ein del spelarar frå Haugen var invitert til å vere med å trene med Heia i går kveld. Etter det underteikna har fått spora opp takka fire spelarar ja til invitasjonen. Så får vi berre håpa at dei ikkje blei altfor godt kjende med kvarandre.   
    


17.03 Ein del endringar i treningskampane denne helga

Har fått tips om ein del endringar og nokre nye kampar denne helga. 

Her er den oppdaterte lista: 

Fredag 17. mars
Kl. 19.00 Volda-Stryn 3-1
Kl. 19.00 Bergen Nord-Dale 2-2
Kl.  --.--  Høyang-Radøy 

Laurdag 18. mars
Kl. 12.00 Kaupanger-Vang
Kl. 12.00 Veitastrond-Øystre Sl. AVLYST
Kl. 13.00 Ørsta-Selje
AVLYST
Kl. 14.00 Førde-Radøy
Kl. 14.00 Skavøypoll-Bergsøy 
Kl. 16.00 Eid-Loen, Eid IP
Kl. 15.00 Florø-Askvoll/Holmed.AVLYST 
Kl. 15.00 Vadmyra-Dale
Kl. 16.00 Eikefjord-Førde 2
Kl.  --.--  Hareid-TMFK  AVLYST 

Søndag 19. mars
Kl. 13.00 Sandane-TMFK, Eid IP
Kl. 18.30 Haugen-Breimsbygda, Eid IP

Måndag 20. mars
Kl. 12.00 Hønefoss-Sogndal (La manga)
Kl. 18.00 Pors G.-Hødd (La Manga)

I tillegg spelar Haugen sitt småguttelag to treningskampar denne helga. Laurdag 18. mars spelar smågutane mot Bryggja på Eid Idrettspark kl. 17.00, medan søndag 19. mars er det bortekamp mot Stryn kl. 18.00.

Ver med og tipp sluttresultatet i kampen Haugen-Breimsbygda.

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet vinn eit Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  
 




17.03 Team Bremanger laurdag 25. mars

Laurdag 25. mars arrangerar Bremanger samlinga Team Bremanger. Team Bremanger er ei samling med unge lovande jentespelarar frå ytre delen av fylket. 

Følgjande jenter er innkalla:
- Sonja Riksfjord 91 Selje
- Susanne Vatnehol 91 Selje
- Janette Kupen 91 Selje
- Karoline Føleide 90 TMFK
- Rakel Blålid 91 TMFK
- Trine Kvalheim 90 TMFK
- Lene Gangeskar 92 Skavøypoll
- Bianca Johansen 91 Skavøypoll
- Anette Karlsen 92 Skavøypoll
- Stine Sortevik 90 Svelgen
- Elise Eikeland 90 Svelgen
- Rikka Sande 91 Svelgen
- Cathrin Honningsvåg 90 Stadlandet
- Helle Løken 91 FSK
- Ida Ellingssund 91 FSK
- May Helen Midtbø 90 FSK
- Ida Rand 90 Eid 
- Sunniva Hagen 89 Eid

Program:
Kl. 10.30 Oppmøte
Kl. 11.00-13.00 Trening 
Kl. 13.00-14.00 Pause/Lunsj
Kl. 14.00-14.30 Teoriøkt.
Kl. 15.00-17.00 Kamp BIL jenter mot samansett lag av dei innkalla spelarane.
Kl. 17.00 Oppsummering/avslutning.

Denne samlinga er den andre i rekka av samlingar av typen Team Bremanger. 
Fyrste Team Bremanger blei arrangert i Florø 4. februar. 

Les meir om den fyrste samlinga på Bremanger sine heimesider.



16.03 Årdal klar for semifinale i kvalifiseringsspelet

Årdal vann i kveld 3-1 mot Sogndal i kvartfinalen i kvalifiseringskampane til fyrste runde i NM junior. 

Årdal FK-Sogndal 3-1 (2-0)
1-0 Brede Stedje Ylvisåker (30. min)
2-0 Gøran Moheim (42. min)
2-1 (46. min)
3-1 Mads Asperheim (76. min)

Semifinalane blir dermed: 
Årdal FK-Førde
Sandane-Eid 

Semifinalane må spelast seinast onsdag 22. mars. Kun vinnaren av finalen går til fyrste runde.

Kampfakta er henta frå Årdal sine nettsider.




16.03 Endringar i treningskampane denne helga

Det er blitt ein del endringar angåande helgas treningskampar. Kampen  Ørsta-Selje er avlyst på grunn av sjukdom. 

Loen skulle spele kamp mot Hornindal på Eid Idrettspark laurdag kl. 13.00. Dette er endra og Loen møter i staden Eid kl. 16.00 på Eid Idrettspark. 

Dette medfører også at Haugen sin småguttekamp mot Bryggja blir flytta. Denne kampen blir spelt på Eid Idrettspark laurdag kl. 13.30 i staden for kl. 17.00. 

Odd Kjetil Tonning får sjansen til å stoppe målkåte eidarar laurdag ettermiddag. 


16.03 Har stor tru Erik Sandal og Bjørn Totland

På Hødd sitt diskusjonsforum blir både Bjørn Totland og Erik Sandal rosa opp i skyene. Dei fleste supporterane har tru på ein god sesong for Hødd og er heilt sikre på at Totland og Sandal vil bidra med å heve laget. Sveisen til Totland er også eit tema som blir debattert. Ein innsendar seier at faren til ein annan Høddspelar er frisør og kan sikkert sponse Totland med ein frisørtime. 

Gå til Hødd sine nettsider. 

Erik Sandal har den siste tida vore skada i ei tå og var ikkje på bana i gårsdagens kamp mot Molde.

Fredag reiser Hødd til La Manga på treningsleir. Sogndal er også på La Manga og kampoppsettet er slik:

Mandag 20. mars 
Kl. 12.00 Hønefoss-Sogndal
Kl. 16.00 Strømsgodset-Kongsvinger
Kl. 18.00 Pors Grenland-Hødd

Fredag 24. mars
Kl. 12.00 Sogndal-Strømsgodset
Kl. 16.00 Hødd - Hønefoss
Kl. 18.00 Kongsvinger - Pors Grenland

Kampoppsettet er henta frå Norges Fotballforbund sine nettsider. 

Her kan du også sjå komplett oppsett over alle kampar som blir spelt på La Manga i 2006.



16.03 Treningskampar denne helga

Seriestarten nærmar seg og mange lag skal ut i treningskampar denne helga. 
Dale tek turen til Bergen og skal prøve seg mot 3. divisjonslaga Bergen-Nord og Vadmyra. 


Fredag 17. mars
Kl. 19.00 Volda-Stryn
Kl. 19.00 Bergen Nord-Dale

Laurdag 18. mars
Kl. 12.00 Veitastrond-Øystre Slidre 
Kl. 13.00 Ørsta-Selje AVLYST
Kl. 15.00 Eid-Loen, Eid IP
Kl. 15.00 Florø-Askvoll/Holmedal  
Kl. 15.00 Vadmyra-Dale
Kl.  --.--  Hareid-TMFK

Søndag 19. mars
Kl. 13.00 Sandane-TMFK, Eid IP
Kl. 18.30 Haugen-Breimsbygda, Eid IP

Måndag 20. mars
Kl. 12.00 Hønefoss-Sogndal (La manga)

I tillegg spelar Haugen sitt småguttelag to treningskampar denne helga. Laurdag 18. mars spelar smågutane mot Bryggja på Eid Idrettspark kl. 17.00, medan søndag 19. mars er det bortekamp mot Stryn kl. 18.00.

Dette er dei treningskampane underteikna har "snusa fram". Ta gjerne kontakt om du veit om andre kampar denne helga.

Ver med og tipp sluttresultatet i kampen Haugen-Breimsbygda.

Den fyrste som sender inn rett svar på  sluttresultatet vinn eit Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  
 



16.03 Førde tok revansje for tapet i KM innandørs 

Førde sitt juniorlag tok i går kveld revansje mot Høyang etter det knepne tapet i KM-finalen innandørs. Dermed er Førde klar for semifinalen i kvalifiseringsspelet til NM junior. I semifinalen ventar vinnaren av kampen Årdal-Sogndal. I den andre semifinalen møtest Sandane og Eid.  

Førde-Høyang 4-3 (3-2)
0-1 Vegard Gjermundstad (33. min)
1-1 Stig W. Hårklau (34. min)

2-1 Stig W. Hårklau (38. min)
2-2 Alexander P. Øren (40. min)

3-2 Gisle Isene (41. min)
4-2 Gaute Sørensen Schei (60. min)
4-3 Vegard Gjermundstad (68. min)

Kampfakta er henta frå Førde sine nettsider. Der kan du også lese alt om kampen.

Førde sin kamp mot Jølster i vinterserien for damer junior er utsett/avlyst. Jølster makta ikkje stille lag i går kveld og mest truleg blir det tre poeng til Førde.



16.03 Fyrste kvalifiseringsrunde NM herrer  

Fyrste kvalifiseringsrunde til NM herrer er sett opp med følgjande kampar: 
Stryn - Høyang
Fjøra - Kaupanger
Førde - Tornado Måløy
Skavøypoll - Sandane
Siste kampdag for fyrste kvalifiseringsrunde er sett til søndag 17. april.

Andre kvalifiseringsrunde blir spelt onsdag 26. april. Sogndal og Årdal kjem rett inn i fyrste runde som er terminfesta til 10. og 11. mai.


15.03 "Endeleg flankespel på Vollen igjen"

Bjørn Totlland spelte heile kampen då Hødd spelte 1-1 mot Molde på kunstgraset i Ulsteinvik. I fyrste omgang spelte Bjørn høgrekant og fekk ved fleire høve vist fram sine eminente kvalitetar. Rett før kvilen hadde Bjørn Hødd sin beste sjanse før pause. Berre ei feberredning av Molde sin keeper Knut Dørum Lillebakk gjorde at laga gjekk til pause på stillinga 0-0. I andre omgang blei Bjørn flytta inn sentralt på midtbana då Andre Nevstad måtte gå ut med ei legghøne. Bjørn var også her sentral og kom ikkje i skuggen av sin meir kjende motspelar Daniel Berg Hestad. 

I diskusjonsforumet til Hødd kan ein lese følgjande:
"Alle nye spelarane virker til å ha noko å tilføre. Spesielt Totland i første omgang bar preg av endelig å få sjå flankespel på vollen igjen. Har vell ikkje hatt det sidå lisje rosing sprang att og fram i sine gode sesonga på 80-tallet."
  
Hødd tok leiinga 1-0 etter 58 minutt på eit vakkert frispark av Finn Erik Stavseng. Rett etter burde kampens dommar sendt Stian Ohr i dusjen. Etter litt tumultar med Eirik Hoseth rende Ohr Hoseth i senk og ein pysete dommar tok opp det gule kortet til begge to. 
Etter 64. minutt utlikna Molde til 1-1 etter eit fint angrep. Madiou Konate fekk stå heilt åleine på 7-8 meters hald og heada eit presist innlegg i mål bak Kim Deinoff. Tre minutt før slutt fekk Molde sin gode spiss Rob Friend sjå det raude kortet. Etter litt tumultar med Eirik Hoset hevna Friend seg og dommaren hadde ikkje noko valg.

Hødd-Molde 1-1 (0-0)
1-0 Finn Erik Stavseng (58. min)
1-1 Madiou Konate (64. min)

Gule kort: Stian Ohr, Molde og Eirik Hoseth, Hødd
Rødt  kort: Rob Friend, Molde

Molde stilte med desse spelarane: 
Knut Dørum Lillebakk, Trond Strande, Matej Mavric, Øyvind Gjerde, Thomas Mork, Øyvind Gram, John Andreas Husøy, Daniel Berg Hestad, Stian Ohr, Rob Friend, Tarmo Kink. 

Innbyttarar:
Lars Ivar Moldskred, Toni Kallio, Erlend Ormbostad, Papa Pate Diouf, Madiou Konate. 

Hødd stilte med dette laget: 
Kim Deinoff, Johnny Nerbø, Fredrik Klock, Sindre Eid, Jan Egil Tryggestad, Bjørn Totland, Andre Nevstad, Steffen Elde, Helge Edinsen, Finn Erik Stavseng, Eirik Hoseth.

Innbyttarar: Øystein Myklebust, Anders Vaagen, Øyvind Halkjelsvik, Levi Muren, Ole Melchior, Mads Værnes, Joachim Magnussen.

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.





15.03 Treningskamp Hødd-Molde

Hødd spelar i dag kl. 16.00 treningskamp mot Molde på kunstgraset i Ulsteinvik. 

Går alt etter planen er Bjørn Totland på bana frå start. Truleg får ein også sjå Erik Sandal i aksjon. 
 
Underteikna vil vere tilstades på kampen og bilder og fakta frå kampen kan du sjå her på haugenfotball.no i kveld. 

I dagens Fjordenes Tidende kan ein lese at Kristoffer Aarskog blir Fyllingenspelar. Aarskog skriv truleg under ei to-årskontrakt og blir dermed lagkamerat med Thor Erik Nygård. 

I ein annan artikkel i same avisa står det at Stryn kun er interessert i byttehandel med Eid. Det vil sei at Stryn ikkje vil sleppe Kåre Balsnes til Eid utan å få ein spelar tilbake.  




14.03 Eid vidare etter straffesparkkonkurranse

Eid sitt juniorlag vann i kveld mot TMFK i kvartfinalen i kvalifiseringsspelet til fyrste runde i NM junior. Det svært unge laget frå TMFK tok like godt leiinga i kampen 1-0 etter 25 minutt. Sindre Rise var uheldig då han skulle prøve å holde eit innlegg, og Torstein Rutledal var raskt frampå og unytta situasjonen. Berre fire minutt etter retta Sindre opp igjen "tabben" sin. Etter eit tilbakespel slo Sindre ei glimrande gjennombruddspasning til Stian Sandal som fekk stå heilt åleine mot keeper Kaptein Sandal gjorde ingen feil og laga var like langt. Omlag ti minutt før pause gav Anders Midthjell Eid leiinga 2-1, noko som også blei pauseresultatet. 

I andre omgang skjedde det som mange frysande personar på Eid Idrettspark frykta. TMFK utlikna til 2-2 ved Leif Arne Iversen i det 82. minutt, og kampen gjekk til ekstraomgangar. Kampens gode dommar Øyvind Grindheim frå Svelgen prøve å "prute" på tida i ekstraomgangane slik at han skulle nå ferja. Dette fekk han ikkje gjennomslag for og laga spelte to gongar fem minutt.

Ingen av laga makta å finne nettmaskene i ekstraomgangane og det var klart for straffesparkkonkurranse. 

Dette hadde tydelegvis ikkje TMFK trena på og traff berre på ei av dei fire straffene dei tok. Eid putta like godt på alle tre straffene dei tok.  

Dermed er Eid vidare til semifinalen i kvalifiseringsspelet til fyrste runde i NM junior. Berre laget som vinn finalen går vidare til fyrste ordinære runde. 

I semifinalen skal Eid møte Sandane. Kampen er terminfesta til onsdag 22. mars. Kjenner underteikna Eid sin eminente oppmann, Ruth Svarstad, rett tikkar det inn ein e-post eller ei melding når kamptidspunktet er avklara.     


Sjå kampfakta og bilder frå kampen.






HUSK TMFK-EID I DAG KL. 19.00

Eid sin kvalifiseringskamp mot TMFK i NM junior blir spelt i kveld på Eid Idrettspark kl. 19.00. 

Ver med og tipp sluttresultatet og fyrste målskårar i kampen TMFK-Eid.

Den fyrste som sender inn rett svar på både sluttresultatet og fyrste målskårar vinn ein Pepsi Max gensar. Viss ingen har rett svar på begge delar går premien vidare til neste konkurranse.  

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.    



14.03 Selje sitt opplegg fram mot seriestart

Selje har til no denne sesongen spelt tre treningskampar. Det har enda med to sigrar og ein uavgjort. Sandane og Loen blei begge slått 5-2, medan bruduljen mot sunnmørslaget Herd på Color Line Stadion enda 2-2.   

John-Helge Andersen har sendt Selje sitt vidare opplegg fram mot seriestart.  

Inkludert Eikefjordturneringa skal Selje spele sju kampar før serieopninga mot Fjøra på bortebane 22. april. 

18. mars kl. 13.00 Ørsta-Selje 
25. mars kl. 15.00 Selje-Bergsøy
1. og 2. april Eikefjordturneringa
Kamp mot Eid og Eikefjord pluss plasseringskamp
8. april kl. 15.00 Selje-Rollon
15. april Selje-Hornindal 

I tillegg til treningar og kampar har Selje også fått tid til eit lite dansekurs. På bildet ser vi Peter Bergesen øver seg på nokre dansetrinn.  


14.03 Eid deltek i Eikefjordturneringa 1. og 2. april

Helga 1. og 2. april går Eikefjordturneringa av stabelen. I år deltek Eid, Selje, Eikefjord, Førde, Florø og Sandane.

Eid spelar i pulje mot Selje og Eikefjord, medan Førde Florø og Sandane er sett opp i den andre pulja. 

Kampoppsett laurdag 1. april:
Kl. 10.00 Florø-Sandane
Kl. 11.15 Eikefjord-Eid
Kl. 12.30 Førde-Florø
Kl. 13.45 Eid-Selje
Kl. 15.00 Førde-Sandane
Kl. 16.15 Eikefjord-Selje

Kampoppsett søndag 2. april:
Kl. 11.00 Kamp om 5. plass
Kl. 13.00 Bronsefinale
Kl. 15.00 Finale

I dei innleiande kampane laurdag er kampane på 2*30 minutt, medan finalane søndag går over 2*45 minutt. 


14.03 Elise Thorsnes punkterte J19 kampen mot Italia

Elise Thorsnes laga Norge sitt tredje mål i 3-0 sigeren over Italia i 6-nasjonarsturneringa på La Manga. 

Resultat frå dei andre kampane: 
Frankrike - Sverige 3-1
Danmark - Tyskland 1-0

Dei andre kampane til Norge:
15. mars kl. 1800 Danmark - Norge
17. mars kl. 1600 Tyskland - Norge

Les om Norge sin kamp mot Italia på fotball.no  



14.03 Børre Steenslid blir i Sogndal

Det er stor stemning i Sogndal i dag etter at Børre Steenslid har forlenga kontrakta si med klubben ut 2008-sesongen. 

Steenslid som er kaptein på U21- landslaget har den siste tida blitt linka til andre klubbar. Viking har vel vore den klubben det har blitt snakka om mest, men Steenslid vel altså Sogndal dei neste tre sesongane.

Etter at Børre Steenslid kom til Sogndal i 2004 har han spelt 57 kampar og laga 3 mål. 

Les kva Sogndal Fotball skriv om saka.  
  


13.03 Mats Solheim blir Sogndalspelar

Sogn Avis melder at Mats Solheim blir Sogndalspelar. 

Storskåraren frå Stryn var suveren toppskårar i 3. divisjon sist sesong, og kan på sikt bli ein viktig spelar for Sogndal. 

Etter det Sogn Avis skriv blir Solheim tidlegast Sogndalspelar til sommaren. 

Solheim vart verkeleg lagt merke til då han laga tre mål i opprykkskampen mot HamKam 2 på Stryn Stadion sist sesong. 

Sjå bilder og kampfakta frå denne kampen. 


13.03 Treningskampar mot Bryggja og Stryn

Haugen sitt småguttelag spelar denne helga to treningskampar. 

Laurdag 18. mars er Bryggja motstandar på Eid Idrettspark kl. 17.00. Haugen stiller uten Eivind Daniel Røed som er på kretslagsturnering i Bergen. Haugen sine spelarar skal møte på Idrettsparken kl. 16.30. 

Søndag 19. mars kl. 18.00 er det  treningskamp mot Stryn på bortebane. 
Det blir avreise frå Klenkarberget kl. 16.30. 

På bildet ser vi tidlegare Bremanger- trenar Jens C. Jensen under Haugen sin treningskamp mot Bremanger sist sesong. Denne sesongen er Jensen trenar for småguttelaget til Bryggja. 


13.03 Sonetrening for spelarar frå Nordfjord 

Soneklubben Tornado Måløy FK arrangerer denne våren tre sonetreningar i Nordfjord for spelarar fødd i 1991/92. 

Fyrste treninga går av stabelen på Skavøypoll Stadion onsdag 15. mars kl. 18.00-20.00.

Dei neste treningane er fastsett til 5. og 19. april. 

J-1991/92

Gry Nagel, Bremanger IL

Amanda Nesbakk, Bremanger IL

Hege Nygård, Bremanger IL

Siri Haugland, Bremanger IL

Amanda Hjelmeseth, Sandane TIL

Kristina H. Reed, Sandane TIL

Kamilla Bolseth, Sandane TIL
Elise Øygard, Sandane TIL (92)

Marte H. Hansen, Sandane TIL
Stine Jepsen, Eid IL

Vendel Liseth, Eid IL

Beate Hove, Selje IL

Susanne Vatnehol, Selje IL
Janette Kupen, Selje IL
Sonja Riksfjord Selje IL

Rakel T. Blålid, Tornado Måløy FK

Lena Agledal Norddal, Hyen IL

Heidi Mjellem, Hyen IL (92)

Olin Sande Holme, Hyen IL (92)

Lene Gangeskar, Skavøypoll IL (92)

 

G-1991/92

Kristian Kogsvoll, Eid IL

Johannes Myklebust, Eid IL

Martin Fossedal, Eid IL

Marius Hagen, Eid IL (92)

Eivind Daniel Røed, Haugen IL (92)

Jonas Rye Tvendeseter, Haugen IL

Ole Andreas Solheim, Selje IL

Kai Sindre Moldestad, Selje IL

Andreas Kvernevik, Selje IL

Lars Nygård, Skavøypoll IL

Stig Jonny Hestenes, Skavøypoll IL

Runar Tunheim Aarsheim, Stadtlandet IL

Ole Andreas Årvik, Stadtlandet IL

Espen Sandviknes, Stadtlandet IL

Gisle Myhre, Tornado Måløy FK

Sveinung Frantzen, TMFK

Marius Refvik, TMFK                        

Idar Holm, TMFK

Lasse Erdal, Sandane TIL

Martin Akse, Sandane TIL

Joakim Føleide, Sandane TIL  

Saka er saksa frå SFFK sine nettsider. 




13.03 Florø-Jølster 3-0 og to kampar i Førde onsdag

I ein treningskamp i Florø søndag vann Florø 3-0 mot divisjonskollega Jølster. 
Sigurd Hjorthol, Tom Rene Ørnehaug og Kristian Furnes laga måla til Florø. 

Onsdag 15. mars kl. 17.00 spelar Førde kvartfinale i kvalifiseringa til 1. runde i NM-junior. Motstandar er Høyang og dermed får Førde sjansen til å revansjere 5-4 tapet frå finalen i KM-innandørs forrige helg.  

Kl. 19.00 blir Førde sin siste kamp i vinterserien for junior damer spelt mot Jølster. Kaupanger har allereie vunne avdelinga og skal spele finale mot Bremanger søndag 2. april. 


13.03 Antall avdelingar i 3. divisjon blir ikkje halvert

Eidsvoll IF sitt serieforslag falt med 130 mot 69 stemmer. Framlegget ville medført interkretsseriar og ein reduksjon av talet på 3. div. avdelingar frå 24 til 12. Fordelane med framlegget ville vore auka kvalitet på gjenverande lag. Bakdelen ville vore auka kostnadar, meir reisetid og ferre gode treningsmiljø på bygdene. Avgjerande for at SFFK sin kretsleiar stemte mot framlegget var at vi ville komt i avdeling med Indre Østland, noko som ville påført klubbane svært lange reiser.

Til slutt sto berre NFF sitt Endringsframlegg att, og dette vart vedtakk. Konsekvensen av endringane er;
a) Kretsseriane blir opprettholdt, men kvar krets kan avgjere talet på lag (mellom 10-16)
b) Det er fastlagt kvalifisering. SFFK skal møte eit lag frå Buskerud i kampen om opprykk.

Saka er saksa frå SFFK sine nettsider. 


13.03 Kretssamling for spelarar født 1992

Sogn og Fjordane Fotballkrets arrangerar 25.-26. mars kretssamling for spelarar født 1992 i Sognahallen.

Følgjande jenter er innkalla:
Dorthe Gytri, Førde Fotball
Synnøve Melheim, Førde Fotball
Veronica Tefre, Førde Fotball
Bianca Johansen, Skavøypoll IL
Lene Gangeskar, Skavøypoll IL
Silje Iren Vedvik, Kaupanger IL
Malin Melvær Giil, Florø SK  
Camilla Johansen, Florø SK
Elise Øygard, Sandane TIL
Siri K. Byrkjedal, Sandane TIL
Isabell Aarvik, Tornado Måløy FK
Frida Vefring, IL Høyang
Malin Fjæren, IL Høyang
Hege Wahlquist, Jotun IL
Anette Raa, Lærdal IL
Tina Hellebø, Lærdal IL
Silje Torvanger, Sogndal Fotball
Trude Solvoll Navarsete, Sogndal Fotball
Trine Lise Lie, Syril IL
Annie Bratseth, Bremanger IL

Følgjande gutar er innkalla:
Simon Gimmestad, Sandane TIL
Leif Inge Størdal, Årdalstangen IL
Sondre Dalaker, Kaupanger IL
Ørjan Hopen, Sogndal Fotball
Halvor Fretland, Sogndal Fotball
Jonas Sørebø, IL Jotun
Kristoffer Håland Iversen, IL Høyang
Amund Rørvik, IL Høyang
Martin Solheim Olsen, Florø SK
Magne Hjermann, Florø SK
Geir Loneland, Dale IL
Vegard Dyrstad, Dale IL
Jahwad Rohin, Dale IL
Chris Aven, Førde IL Fotball
Eivind Daniel Røed, Haugen IL
Marius Hagen, Eid IL    
Arild Grønnevik Sandal, Skavøypoll IL
Espen Sandal, Skavøypoll IL
Martin Flåten, Tornado Måløy FK 

Sist helgs KM-vinnar i smågutteklassa Dale har fått med tre spelarar på kretssamlinga. Vegard Dyrstad, Jawad Rohin og Geir Loneland var alle med på vinnarlaget. 

Frå Eid kommune er Marius Hagen frå Eid og Eivind Daniel Røed frå Haugen tatt ut til samlinga. 

Saka er henta frå SFFK sine nettsider. 
 


Vegard Dyrstad


Jawad Rohin


Geir Loneland


13.03 Siste runde i Futsal Elite

Sjette og siste runde i Futsal Elite gjekk av stabelen søndag 12. mars. Sogn og Fjordane stilte med to lag og Høyanger Futsal enda på 2. plass, medan Sogn Futsal blei nr. 4. 

Kampar siste runden:
Bjørgvin Futsal-Sogn Futsal 1-1 
Krohnsminde Futsal-Høyanger Futsal 1-3 
Sogn Futsal-Sentrum Futsal 3-0 
Sogn Futsal-Høyanger Futsal 4-2 
Bjørgvin Futsal-Høyanger Futsal 0-5 

Tabellen:
1 Molde Futsal 43 
2 Høyanger Futsal 39 
3 Bergen Futsal 38 
4 Sogn Futsal 37 
5 Sentrum Futsal 24 
6 Møhlenpris Futsal 21 
7 Bergenhus Futsal 21 
8 Bjørgvin Futsal 11 
9 Krohnsminde Futsal 10 
10 Myrdal Futsal 4 


13.03 Seljecup for 12. gong


Helga 16.-18. juni arrangerar Selje Idrettslag Seljecup for 12. gong. 

I fjor deltok heile 138 lag med totalt 1200 spelarar frå 30 forskjellige klubbar. 

Seljecup er for spelarar frå 8-16 år. 

Siste frist for å melde på lag er 25. april. NB! I fjor måtte ein seie nei til lag som ville vere med, så ver tidleg ute. 
Fyrst til mølla. 

For meir informasjon og påmeldingsskjema gå til Selje sine nettsider. 


13.03 Fjerde strake tapet for TMFK

TMFK tapte i går ettermiddag 3-2 mot Åram i ein treningskamp på Skavøypoll Stadion. Dermed har TMFK til no tapt alle sine fire treningskampar denne sesongen. Det starta med tap 8-2 mot Eid og under treningshelga i Bergen blei det tap mot Gneist og Nest-Sotra. 

Også i denne kampen måtte ein dommar frå Haugen vise det raude kortet etter at ein spelar kom med ukvemsord som ikkje passar seg på ei fotballbana. 

Sindre Kvalheim fekk marsjordre rett før pause av dommar Rune Haugland.  


12.03 Bremanger-Kaupanger i finalen

Då er det endeleg avklara at Bremanger skal møte Kaupanger i finalen i vinterserien for damer junior. Jølster hadde ein teoretisk sjanse til å ta fyrsteplassen på tabellen frå Kaupanger, men ettersom Jølster tapte 3-1 mot nettopp Kaupanger blir det Kaupanger som spelar finale. 

I følgje Bremanger sine nettsider blir finalen spelt på Eid Idrettspark søndag 2. april kl. 12.00.


Kaupanger sine nettsider skriv at i dagens 3-1 siger mot Jølster var stillinga 2-0 til pause. Aina Røyrvik, Silje Heggestad og Kristina Edvardsen laga måla til Kaupanger.



12.03 Siste frist for påmelding til Olivincup 2006

Måndag 13. mars går siste frist ut for å melde på lag til Olivin-cup. 

Turneringa blir arrangert i Olivinhallen på Åheim 25. og 26. mars, og er for spelarar frå 8-14 år. 

Les meir på Åheim IL sine nettsider. 



12.03 Haugen sine kampar 2006 

Haugen var oppsett med berre tysdagkampar denne sesongen, men etter å ha snakka med dei andre laga er dei fleste flytta til fredagar. Berre kampane mot Selje 2 og Skavøypoll 2 går på tysdagar. 

Terminlista ser dermed slik ut etter at endringane er utført:

Tysdag 02.05. Haugen-Skavøypoll 2
Tysdag 09.05. Selje 2-Haugen
Fredag 26.05. Haugen-Eid 2
Fredag 09.06. Flatraket-Haugen
Fredag 16.06. Haugen Heia
Fredag 23.06. Veten Haugen
Tysdag 08.08. Skavøypoll 2 Haugen
Tysdag 15.08. Haugen Selje 2
Fredag 25.08. Eid 2 Haugen
Fredag 08.09. Haugen Flatraket
Fredag 15.09. Heia Haugen
Fredag 22.09. Haugen Veten

Komplett terminliste etter at alle lag har registrert sine endringar blir lagt ut så snart den er klar.  

Haugen spelar treningskamp mot Breimsbygda søndag 19. mars. Tidspunkt er enno ikkje fastsett, men det blir truleg på ettermiddagen ein gong slik at spelarane som reiser vekk får vere med på kampen.  



11.03 Treningskampar i dag 

Ei rekke lag frå Sogn og Fjordane har vore involvert i treningskampar i dag. 
 
Sogndal-Årdal 3-0 (0-0)
1-0 Sjølvmål, Bernard Brons (55. min)
2-0 Kim Rune Hellesund (60. min)
3-0 Kim Rune Hellesund (75. min) 

Kampfakta er henta frå Sogndal sine nettsider. 

Hødd-Stryn 8-2 (4-0)
1-0 Finn Erik Stavseng (18. min)
2-0 Eirik Hoset (20. min)
3-0 Finn Erik Stavseng (25. min) 
4-0 Eirik Hoset (35. min)
5-0 Øyvind Halkjelsvik (50. min)
5-1 Ulrik Flo (53. min)
6-1 Andre Nevstad (67. min)
6-2 Trond Leirgulen (85. min)
7-2 Anders Vaagen (85. min)
8-2 Torgeir Rusten (87. min)

Kampfakta er henta frå Sunnmørsposten sine nettsider. 


Eikefjord-Jølster 2-3 (1-2)
Mål Jølster: Kåre Åmot (2) og Daniel Fluge.

Les om kampen på Jølster sine nettsider. 

Førde 2-Askvoll/Holmedal 1-1 (1-0)
1-0 Øystein Halbrend (3. min)
1-1 Sjølvmål (70. min)

Les om kampen på Førder sine nettsider.


Damer, Førde-Kaupanger 0-0 (0-0) 



11.03 Selje vann 5-2 mot Loen

Selje vann 5-2 mot Loen i dagens treningskamp på Eid Idrettspark. Fyrste omgang var jamspelt men merkeleg nok leia Selje 3-0 til pause. Keeper til Loen Odd Kjetil Tonning hadde tatt på seg feil vottar før kvilen, og var ikkje heilt heldig ved dei tre skåringane. Tonning spelte seg opp i andre omgang og på slutten av kampen varta han opp med eit par klasseredningar. I andre omgang var Selje spelemessig det beste laget og etter at Loen hadde redusert to gongar avgjorde Selje kampen med to nye skåringar. 

Selje-Loen 5-2 (3-0)
1-0 Kai Arne Otnheim (21. min) 
2-0 Arne Refsnes (39. min) 
3-0 Karl Erik Aarsheim (42. min) 
3-1 Andre Haugen (52. min) 
3-2 Frank Willie Bødal (56. min) 
4-2 Kenneth Pedersen (67. min) 
5-2 Karl Erik Aarsheim (76. min)

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.


Enkel seier for Skavøypoll 
Skavøypoll fikk i dag lett spel mot 4. divisjonslaget Hovdebygda. Kampen skulle eigentleg spelast på Skavøypoll Stadion men på grunn av forholda blei kampen flytta til Eid Idrettspark. 
Hovdebygda manglar oppmann og det resulterte i at laget mangla det meste av utstyr dei skulle ha med til denne kampen. Ikkje ein gong drakter hadde dei med seg og måtte spele i overtrekksjakkene. 

Skavøypoll var det førande laget i store delar av kampen. Til pause leia Skavøypoll 3-0 etter skåringar av Kim Andre Gangeskar, Fritjof Skaar og Børge Yndestad. I andre omgang rann måla inn fyrste kvarteret. Skavøypoll laga tre og Hovdebygda to, slik at sluttresultatet blei 6-2 til Skavøypoll. Ole Gunnar Midtbø, Børge Yndestad og Stian Åmelfot laga dei tre måla til Skavøypoll etter kvilen, medan Espen Viddal sette inn dei to trøystemåla til Hovdebygda. 

Skavøypoll-Hovdebygda 6-2 (3-0) 
1-0 Kim Andre Gangeskar (38. min)
2-0 Fritjof Skaar (41. min) 
3-0 Børge Yndestad (43. min) 
3-1 Espen Viddal (47. min) 
4-1 Børge Yndestad (49. min) 
5-1 Ole Gunnar Midtbø (52. min) 
5-2 Espen Viddal (56. min)
6-2 Stian Åmelfot (61. min)

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.





11.03 Uavgjort 1-1 mellom Høyang og Sogndal 2 

Høyang og Sogndal 2 spelte uavgjort 1-1 i ein treningskamp på Sletta fredag kveld. Jostein Mo gav Sogdal leiinga rett etter kvilen, medan Robin Frichsen utlikna berre få minutt etter. 

Les meir om kampen på nettsida til Sogndal. 


10.03 Skavøypoll-Hovdebygda på Eid Idrettspark 

Skavøypoll spelar laurdag 11. mars treningskamp mot Hovdebygda på Eid Idrettspark. Skavøypoll håpa i det lengste å spele på kunstgraset i Polljen men på grunn av forholda blei kampen flytta til Eid. Kampen har avspark kl. 14.00. 

Dermed er det to treningskampar på Eid Idrettspark laurdag. Kl. 16.00 er det duka for Loen sin fyrste treningskamp for sesongen. På andre banehalvdelen står det nyopprykka 3. divisjonslaget Selje. 

Ein skal ikkje sjå vekk i frå at det blir bilder og kampfakta frå begge desse kampane her på haugenfotball.no.


10.03 Høyang Futsal kjempar om fyrsteplassen 

Kai Vidar Nygård og Høyang Futsal reiser søndag 12. mars til Bergen og spelar sjette og siste runde i Futsal Elite. Høyang Futsal er med heilt i toppen og kan ende på alt frå fyrste til fjerde plass på tabellen. 

Høyang Futsal stiller med følgjande spelarar:
Torgeir Sørheim, Kjell Rune Sværen, Eirik Ullebø Fimreite, Håvard Ullebø Fimreite, Robin Frichsen, Edin Agovic, Rene Haugen, Morten Kåre Eriksen, Kai Vidar Nygård, Svein Inge Bergset, Thomas Frichsen og Ingebjørn Grønvold. Even Hovland er usikker på grunn av skade. 

Les meir om Høyang Futsal på klubben sine nettsider. 


10.03 Kaupanger vann 2-1 mot Fjøra

Kaupanger vann i kveld noko overraskande 2-1 mot Fjøra i ein treningskamp i Sognahallen. 

Fjøra-Kaupanger 1-2 (1-1)
0-1 Preben Strypet (1. min)
1-1 Frode Kvåle, straffe (19. min)
1-2 Ole Einar Rebni (86. min)

Kampfakta er henta frå Fjøra sine nettsider. 


10.03 Eid møter TMFK i NM junior

Oppsettet til kvalifiseringa i NM junior er klart og Eid skal spele mot TMFK. Kvartfinalane er oppsett torsdag 16. mars, men TMFK-Eid blir truleg spelt før.  Berre vinnaren av finalen er kvalifisert til fyrste runde i NM junior. 

Kvartfinalar:
Kamp 1: Årdal-Sogndal               
Kamp 2: Tornado Måløy-Eid
Kamp 3: Førde-Høyang   
Sandane har walkover i kvartfinalen.            

Semifinalar (heime/borte ikkje klart):
Sandane - Vinnar kamp 2                  
Vinnar kamp 1-Vinnar kamp 3  


Semifinalane
er terminfesta onsdag 22. mars kl. 18.00

Finalen blir spelt søndag 26. mars kl. 14.00



09.03 Stryn knuste Eid 8-1

Stryn vann i kveld heile 8-1 mot Eid på Eid Idrettspark. Eid starta kampen friskt og Stian Sandal gav Eid leiinga etter ti minutt. Rett etter var Asle Myrold frampå og drylte ballen i krysset og ut igjen på bana. Men i staden for nok eit mål til EId kontra Stryn og Jon Terje Tjellaug skar gjennom forsvaret til Eid som ei banan i kaldt vatn. Åleine mot Ole Bjarte Taklo i Eid sitt mål gjorde han ingen feil og laga var like langt. Berre få minutt etter var Jon Terje Tjellaug frampå igjen og laga enkelt 2-1 til Stryn. Då virka det som Eid gav heilt opp med tre skåringar av Asbjørn Tenden, Mats Solheim og Jon Terje Tjellaug gjekk laga til pause på stillinga 5-1 til Stryn. 

Andre omgang starta på verst tenkeleg måte for Eid. Mats Solheim brukte berre fire minutt på å overliste Sindre Rise, som vokta målet til Eid etter pause. Loenspelar Asbjørn Tenden som også skåra sist Stryn spelte treningskamp laga omlag midtvegs i andre omgang sitt andre mål for dagen. Målfesten blei avslutta av Christian Holko. Eit langskot frå omlag 35 meter blei fomla i mål av Sindre Rise og kampen ebba med det ut med stillinga 8-1.

Ein jury kåra Petter Hammer til dagens Eidspelar. Best på Stryn var tremålsskårar Jon Terje Tjellaug.     

Eid-Stryn 1-8 (1-5)
1-0 Stian Sandal (10. min)
1-1 Jon Terje Tjellaug (24. min)
1-2 Jon Terje Tjellaug (26. min)
1-3 Mats Solheim (34. min)
1-4 Asbjørn Tenden (36. min)
1-5 Jon Terje Tjellaug (39. min)
1-6 Mats Solheim (49. min)
1-7 Asbjørn Tenden 69. min)
1-8 Christian Holko (72. min)

Tilskodarar: Kåre Sigve Balsnes talde omlag 30 tilskodarar på Eid Idrettspark i kveld. Trist at Balsnes berre var i aksjon som publikumsteljar i kveld.     

Dommar: Rolf Lefdal, Haugen
Assistentdommarar: Rune Haugland og Stian Aaland, begge Haugen

Eid: Ole Bjarte Taklo, Magnus K. Aarre, Ove Balsnes, Geir Moldestad, Petter Hammer, Kim Vik, Anders Midthjell, Håvard Bruvoll, Stian Sandal, Asle Myrold, Edgar Flo

Innbyttarar: Kristian Holmøy, Steffen Midthjell, Jim Tore Humborstad, Kim Svarstad

Stryn: Kristoffer Grodås, Christian Holko, Ulrik Flo, Per Ole Tenden, Pål Holko, Marius Grodås, Jon Terje Tjellaug, Jan Erik Sandbakk, Frank Holstad, Asbjørn Tenden, Mats Solheim

Innbyttarar: Aleksander Eikenes, Kai Bjørn Gjengedal

Mange hadde tippa rett på at Stian Sandal blei fyrste målskårar i kampen, men ingen tippa rett både sluttresultat i kampen og fyrste målskårar.

Dermed går premien vidare til eit seinare høve.  

Kjem tilbake med ny konkurranse snart.





09.03 Kaupanger eller Jølster skal møte Bremanger

I damer junior sin vinterserie har det lenge vore klart at Bremanger skal spele finale om KM-tittelen. I den andre avdelinga er det spennande mellom Jølster og Kaupanger kven som stikk av med den andre finaleplassen. Kaupanger hadde lenge taket på fyrsteplassen i avdelinga men greidde berre 1-1 mot Førde. Jølster på si side vann 1-0 mot Høyang og har med dette resultatet sjansen til å ta fyrsteplassen frå Kaupanger. Søndag møtest nettopp Jølster og Kaupanger. Med siger til Kaupanger i denne kampen vinn sogningane avdelinga og skal spele finale mot Bremanger. Jølster må vinne denne kampen og i tillegg ein hengekamp mot Førde for at dei skal vere med i kampen om KM-tittelen mot Bremanger.

På bildet ser vi Eli Anne Dvergsdal i ein kretskamp mot Eid. Eli Anne spelte tidlegare for Jølster men har no bytta klubb til Førde. Eli Anne berga spenninga i avdelinga då ho laga Førde sitt mål i 1-1 kampen mot Kaupanger. Dermed gav ho tidlegare lagveninner i Jølster sjansen til å ta igjen Kaupanger på tabellen. 



09.03 Eid sin tropp mot Stryn
Eid sine nettsider melder at Eid stiller med følgjande tropp til dagens treningskamp mot Stryn: Ole Bjarte Taklo, Sindre Riise, Steffen Midthjell, Geir Moldestad, Magnus Sævik, Ove Balsnes, Kim Vik, Håvard Bruvoll, Petter Hammer, Stian Sandal, Kristian Holmøy, Asle Myrold, Magnus Aarre, Bjørnar Strandos, Anders Midthjell, Jim Tore Humborstad, Kim Svarstad og Edgar Flo.

Kampen blir spelt på EId Idrettspark i kveld kl. 19.15.


08.03 Veitastrond spelte 4-4 mot Kaupanger 2 



Veitastrond spelte uavgjort 4-4 mot Kaupanger 2 i ein treningskamp fredag 3. mars. Laget frå Luster låg under 2-1 til pause og 4-1 tjue minutt før slutt, men kom sterkt på slutten og kunne i sluttminutta med litt meir tur vunne kampen. 

Neste kamp for Veitastrond er mot Vestre Slidre laurdag 18. mars. Kampen blir spelt på Jotun Stadion, kunstgras kl. 12.00.  


08.03 Eid søker ny dagleg leiar 

Ettersom Bjørn Totland har takka ja til Hødd må Eid ut på marknaden etter ny dagleg leiar. 

Eid skriv på sine nettsider: 
Bjørn Totland gjev seg i stillinga som dagleg leiar, og Eid IL - Fotball treng difor ein ny person på plass snarast. Stillinga omfattar diverse gjeremål:

  • Samarbeid med sponsorar
  • Kontakt med oppmenn
  • Delegering av oppgåver
  • Organisasjonsbygging generelt

Les alt om stillinga på Eid sine nettsider.



08.03 Treningskampar denne helga

Fredag 10. mars spelar Høyang treningskamp mot Sogndal sitt andrelag. Kampen blir spelt på Sletta kl. 17.30. 
 
Skavøypoll møter Hovdebygda på Eid Idrettspark laurdag 11. mars kl. 14.00. Underteikna fekk melding tidlegare i dag om at Skavøypoll skulle prøve å fjerne 1500 kubikkmeter snø på Skavøypoll Stadion, men Hovdebygda sine nettsider melder at kampen går på Eid. 

Askvoll/Holmedal skal denne helga ha treningssamling. I samband med denne samlinga spelar Askvoll/Holmedal treningskamp mot Førde 2 laurdag 11. mars.  

Torsdag 9. mars

Kl. 19.15 Eid-Stryn 

Fredag 10. mars
Kl. 18.00 Fjøra-Kaupanger

Laurdag 11. mars
Kl. 12.00 Sogndal-Årdal 
Kl. 14.00 Skavøypoll-Hovdebygda
Kl. 16.00 Stryn-Hødd
Kl. 16.00 Selje-Loen, Eid Idrettspark  
Kl.  --.--  Åram-TMFK
Kl.  --.--  Eikefjord-Jølster
Kl.  --.--  Førde 2-Askvoll/Holmedal

Søndag 12. mars
Kl. 15.00 Florø-Jølster

Dette er dei treningskampane underteikna har "snusa fram". Ta gjerne kontakt om du veit om andre kampar denne veka.




08.03 Førde 3 vann 2-0 mot Anga

Nettsidene til Førde skriv at Førde sitt tredjelag vann i går kveld 2-0 mot Anga på kunstgraset i Førde. 

Vegar Bergum og Christoffer Henden laga måla til Førde. 

Les meir om kampen på nettsidene til Førde og nettsidene til Anga. 


På bildet ser vi ein litt betutta Harald Aam. Aam var ein av to trenarar som førte Førde fram til finale i innandørs-KM sist helg. I finalen blei det tap 5-4 mot Høyang og då er det lov å vere litt oppgitt. Aam som også er trenar for Førde 3 gjorde eit aldri så lite comeback da han sette inn seg sjølv på slutten av kampen mot Anga.   




07.03 Florø vann 2-1 mot Høyang

Florø vann laurdag 2-1 mot Høyang på bortebane. Florø som har imponert i dei tidlegare treningskampane til no denne sesongen fekk eit mål i mot seg allereie etter ti minutt. Men laget som skal spele i 4. divisjon denne sesongen kom tilbake og vann til slutt 2-1. Stillinga til pause var 1-1. Måla til Florø vart sett inn av Tom Rene Ørnehaug og Hallvar Hjerman Døhlie. 

kampen vart leia av Ragnar Åmot (bildet) frå Jølster

Fakta er henta frå Firdaposten.

Fredag kveld spelte Høyang treningskamp mot det som skulle vere 3. divisjonslaget til Norheimsund. I gjesteboka som er på Norheimsund sine nettsider står det at det var  Strandebarm sitt lag i 5. divisjonslag som spelte kampen mot Høyang. Om dette er for å bortforklare tapet eller ikkje skal ikkje underteikna legge seg borti men Høyang vann til kampen slutt 11-1.



07.03 Ein får ikkje sett inn ny spelar ved Rødt kort

Rune Pedersen i NFF ber klubbane respektere regelverket når ein spelar får rødt kort i privat/treningskampar. Det har ved fleire høve blitt sett inn ein ny spelar for å erstatte den utviste spelaren, men dette er ikkje lov ifølge regelverket.

Regelen er slik: "Spillere som i kamper gjør seg skyldig i forseelser som gir grunnlag for utvisning med hjemmel i spillereglene § 12, skal vises rødt kort og forlate banen. Det er ikke hjemmel for å la klubbene sette inn en ny spiller, som erstatning for den spiller som er vist ut."

NFF har no bedt  kretsane gjere dette klart for klubbar og dommarar.

Saka er henta frå fotball.no



07.03 Anga spelar årets fyrste treningskamp i kveld

Anga spelar i kveld årets fyrste treningskamp. Førde sitt tredjelag er motstandar på kunstgraset i Førde kl. 20.30 

Tysdag 7. mars

Kl. 20.30 Anga-Førde 3

Torsdag 9. mars
Kl. 19.15 Eid-Stryn 

Fredag 10. mars
Kl. 18.00 Fjøra-Kaupanger

Laurdag 11. mars
Kl. 12.00 Sogndal-Årdal 
Kl. 16.00 Stryn-Hødd
Kl. 16.00 Selje-Loen, Eid Idrettspark  
Kl.  --.--  Åram-TMFK
Kl.  --.--  Eikefjord-Jølster

Søndag 12. mars
Kl. 15.00 Florø-Jølster

Dette er dei treningskampane underteikna har "snusa fram". Ta gjerne kontakt om du veit om andre kampar denne veka.


07.03 Bjørn Totland takkar ja til Hødd

Nettsida til Eid melder at Bjørn Totland kjem til å takke ja til tilbodet han har fått frå Hødd. Dermed har Bjørn spelt sin siste kamp for Eid i denne omgang. 

Ettersom Bjørn Totland også har hatt jobben som dagleg leiar må Eid også ut på marknaden å finne seg ny dagleg leiar. 


Les heile saka på Eid sine nettsider.

Tidlegare Aalesundspelar Eirik Hoseth har skrive under for Hødd. Hoseth har spelt for Aalesund i 1. divisjon og i Tippeligaen og er ein god spiss som også kan brukast på midtbana. 


06.03 Haugen stiller småguttelag i 1. divisjon

Småguttelaget til Haugen spelar denne vårsesongen i 1. divisjon. Det er sett opp to avdelingar i årets 1. divisjon. Haugen spelar i avdeling 2 i lag med Eid, Florø, Tempo, TMFK og Skavøypoll.  

Guttelaget til Haugen har denne sesongen samarbeidd med Eid. Eid stiller i tillegg eit guttelag i 1. divisjon. 

Småjentene til Haugen skal spele 7'ar fotball og skal spele mot TMFK, Heia, Bremanger, Skavøypoll og Svelgen. 

I samarbeidd med Stårheim og Kjølsdalen mønstrar Haugen tre lag i Lillegutt denne sesongen. 

Dermed er det duka for mykje god fotball på Klenkarberget denne sesongen.


06.03 Ei avdeling i damene sin 3. divisjon

I damene sin 3. divisjon blir det berre ei avdeling denne sesongen. Det var i utgangspunktet sett opp to avdelingar, men no er alle ti påmelde laga samla i ei avdeling.  Eid og TNT (Tonje Nordheim Tangerud) skal møte Hornindal, Sandane, Jølster, Førde, Florø, Sogndal Balestrand, Kaupanger 2 og Høyang. 

Dette vil medføre mykje meir reising for alle laga og heile 18 kampar denne sesongen. Av erfaring frå tidlegare år trur underteikna at det blir nok nokre kampar som ikkje blir spelt til hausten på grunn av diverse årsaker. 

I 4. divisjon med 7'ar er det fem lag som skal vere med. Svelgen, Vik, Tambarskjelvar, Dale og Kaupanger skal spele trippel serie. 


06.03 Berre eit lag frå Sogn og Fjordane til NM junior

SFFK melder at berre eit lag har fått plass i fyrste runde i NM junior. NFF har tildelt plassar og verdt å merke seg er det at nabofylka i sør Hordaland og Rogaland har fått med 15 lag kvar til fyrste runde. 

Berre fem lag frå Sogn og Fjordane har meldt si interesse for å vere med å kjempe om plass i fyrste runde. I fjor var det ti lag som slåst om dei tre plassane SFFK hadde i fyrste runde. 

Saka er henta frå SFFK sine nettsider.

Fyrste runde i NM junior blir spelt søndag. 7. mai. Før det må dei laga som er påmeld frå Sogn og Fjordane ut i kvalifisering om den eine plassen SFFK har i fyrste runde. 


06.03 Eid spelar treningskamp mot Stryn torsdag

Lagleiar for Eid, Arne Morten Nydal, kan fortelje at Eid skal spele treningskamp mot Stryn torsdag 9. mars. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark rett etter fjøstid. (ca. 19.15) 

Ver med og tipp sluttresultatet og fyrste målskårar i treningskampen Eid-Stryn.

Den fyrste som sender inn rett svar på både sluttresultatet og fyrste målskårar vinn ein Pepsi Max gensar. Viss ingen har rett svar på begge delar går premien vidare til neste konkurranse.  

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  



06.03 Sterk andreplass til Eid i gutteklassa i KM

Eid sitt guttelag imponerte i innandørs-KM og enda på ein sterk andreplass i gutteklassa.

Eid vann tre av dei fire innleiande kampane, men det blei tap mot Førde sitt tredjelag. Dermed enda Selje og Eid på toppen av tabellen og var med det kvalifisert til semifinalar. Ettersom Eid hadde dårlegare målskilnad enn Selje møtte dei tabellvinnaren frå den andre pulja som var Florø. 

Etter at dei ordinære tolv minutta var over i semifinalen mot Florø var stillinga 1-1 og ein måtte ut i tre minutt  speleforlenging. Etter to minutt skåra Kai Arne Humborstad og Eid var dermed klare for finalen. I den andre semifinalen sleppte Selje inn to tidlege mål men kom tilbake og vann 3-2.

I finalen blei Eid eit hakk for små for eit godtspelande Seljelag. 

Kampfakta: 
Eid-Selje 2-1 

Kai Arne Humborstad 2

Eid-Jotun 4-0 
Jonas Rye Tvendeseter
Kristian Kongsvoll
Johannes Myklebust
Mons Gillesdal

Førde 3-Eid 2-0

Førde 1-Eid 2-3
Mons Gillesdal 
Per Inge Tunold
Martin Fossedal

Semifinale:
Eid-Florø 1-1 (2-1 etter ekstratid)

1-0 Kai Arne Humborstad (3. min)
1-1 Ibrahim Amer (8. min)
2-1 Kai Arne Humborstad (12+2.min)

Finale: 
Selje-Eid 2-0

1-0 Kennet Honningsvåg (3. min)
2-0 Endre Kupen (10. min)

Sjå alle resultata og ein del bilder frå KM søndag.

Sjå alle resultata og ein del bilder frå KM laurdag.





05.03 Høyang, Bremanger og Selje dagens vinnarar i KM

Høyang og Bremanger og Selje stakk av med dagens KM-titlar. Høyang vann junior herrer etter ein veldig spennande finale mot Førde. Etter at Førde var i leiinga 2-1 tidleg i kampen kom Høyang med Even Hovland i spissen sterkt tilbake og vann til slutt 5-4. 

Kampfakta finale junior herrer: 
Høyang-Førde 5-4 

1-0 Even Hovland (1. min)
1-1 Rune Solheim (3. min)
1-2 Daniel Bydal Ness(5. min)
2-2 Vegar Gjermunstad (6. min)
3-2 Eirik Øvstedal (7. min)
4-2 Even Hovland (10. min)
4-3 Vegard Bergum (16. min)
5-3 Eirik Øvstedal (17. min)
5-4 Øystein Halbrend(18. min)

I dei innleiande kampane vann Høyang 6-5 mot Bremanger, 5-1 mot TMFK og Førde vart slått 3-1. I semifinalen blei det 4-2 over Lærdal.

Høyang:
Robert Alrek, Even Hovland, Vegar Gjermundstad, Sjur Gjeraker, Daniel Noreide, Johann B. Ytredal, Tor Gunnar Feten, John Kristian Fredagsvik, Jaran Vefring, Alexander P. Øren og  Eirik Øvstedal. 
Trenarar: Tore Ytredal og Dag Øvstedal 

I junior damer vann Bremanger. Med nesten akkurat det samme laget som vann jenteklassa i går imponerte Bremanger på nytt i dag og ingen makta å stoppe dei tøffe jentene frå Bremanger. I dei innleiande kampane i dag spelte Bremanger uavgjort 3-3 mot Balestrand og vann 4-1 mot Kaupanger sitt andrelag. I semifinalen mot Dale leika Ann Katrin Grotle og dei andre jentene seg og vann til slutt 4-2. 

Finalen mot Kaupanger sitt fyrstelag blei ein skikkeleg rysare. Kampen var jamn heilt til slutt og med 2-1 siger kunne Bremanger heve trofeet for andre gang på to dagar.

Kampfakta finale junior damer: 
Bremanger-Kaupanger I  2-1

1-0 Lise Igland Sennset (4. min)
1-1 Siv Kristine Hovland (7. min)
2-1 Lise Igland Senneset (10. min)

Bremanger:
Siri Haugland,  Ann Katrin Grotle, Mona Nigardsøy, Ane Naustdal, Amanda Nesbakk, Lise Igland Senneset, Gry Nagel, Maria Bratseth og Hege Nygård. 
Trenarar: Magne Elde og Kjell Nigardsøy 

I gutteklassa var det ein rein Nordfjordfinale. Guttelaga til Eid og Selje var i samme avdeling i dei innleiande kampane og etter mykje bra spel spelte begge laga seg fram til finalen. Her var Selje det klart beste laget og vann heilt fortent 2-0. 

Kampfakta finale gutar:: 
Selje-Eid 2-0

1-0 Kennet Honnigsvåg (3. min)
2-0 Endre Kupen (12. min)

I dei innleiande kampane tapte Selje 2-1 mot Eid, medan det blei siger 3-2 mot Førde 3, siger 6-0 mot Førde 1 og 6-1 siger mot Jotun. I semifinalen mot Vik leia Sogningane lenge, men Selje kom sterkt på slutten og vann 3-2.

Selje:
Ole Andreas Solheim, Vidar Hagen, Martin Hove, Øystein Austring, Alexander Hove, Anders Rekdal, Endre Kupen, Andreas Kvernevik, Kennet Honningsvåg og Saron Osmundsvåg.
Trenar: Atle Solheim 
Assistent: Ole Johnny F. Støverstein 

Sjå alle resultata og ein del bilder frå KM.







05.03 Tap for Stryn, Sogndal og Førde II

I gårsdagens treningskampar gjekk det dårleg for laga frå Sogn og Fjordane. 

Sogndal tapte 2-0 mot Løv-Ham i Vestlandshallen. Måla til Løv-Ham vart sett inn av Kristian Vange og Arve Walde. 

I gjesteboka til Stryn kan ein lese at Stryn tapte 4-1 mot Træff på kunstgraset i Molde. Trøystemålet til Stryn stod Jan Erik Sandbakk for. 


Førde sitt andrelag tapte 3-0 mot juniorlaget til Tertnes. Kampen blei spelt på kunstgraset i Florø. 

Det har ikkje lukkast underteikna å spore opp resultata i Høyang sine treningskampar denne helga. 


04.03 Bremanger, Vik og Dale vann KM i Nordfjordhallen

Bremanger, Vik og Dale stakk av med dei største pokalane i dagens KM innandørs i Nordfjordhallen. 

I jenteklassa var Bremanger det klart beste laget. Med 15-1 i målskilnad og fem sigrar av fem mulige var Bremanger så suverene som dei flest venta på førehand. 

Innleiande kampar: 
Bremanger-Atløy 4-0 
Bremanger-Sogndal 1-0
Bremanger-Førde II 3-0 

Semifinale: 
Bremanger-Førde 4-0 

Finale:
Bremanger-Førde II 3-1

Bremanger sine KM-vinnarar: 
Stine Lise Svarstad, Ann Katrin Grotle, Ane Naustdal, Mona Nigardsøy, Anne Marte Røys, Gry Nagel, Maria Bratseth og Lise Igland Senneset. 
Trenarar: Magne Elde og Kjell Nigardsøy. 

I smågutteklassa var det Dale som trekte det lengste strået. 

Dale fekk ein vanskeleg start på turneringa då dei tapte to av dei tre fyrste kampane. Det blei tap 0-3 mot Haugen og 1-4 mot TMFK, medan Førde blei slått 3-1. Med desse resultata var Dale avhengige av at Haugen måtte slå TMFK i siste kampen samstundes som at Dale sjølv vann stort mot Balestrand. Haugen vann 1-0 mot TMFK og Dale knuste Balestrand 11-2 og dermed var Dale klar for semifinale mot Høyang. her var Dale det klart beste laget og vann til slutt 6-3. I finalen mot Skavøypoll vann Dale enkelt 6-1 og kan dermed titulere seg som KM-vinnarar i smågutteklassa.

Dei som var med på laget til Dale: 
Jawad Rohin, Kristian Aase, Geir Loneland, Vegard Dyrstad, Tom Løseth Haugen, Tor Ivar Aase Dale og Espen Øksenberg.
Trenarar: Ståle Haugen og Odd Helge Aase. 

I småjenteklassa fann vi dagens gladaste vinnarar. Vik storspelte og med unntak av 0-0 mot Sogndal vann Vik alle kampane. I dei innleiande kampane blei det siger 4-0 mot Tambarskjelvar, 4-1 mot Atløy, 1-0 mot Skavøypoll medan det blei mållaust i kampen mot Sogndal. I semifinalen mot Syril vann Vik 2-0 og i finalen var det igjen duka for kamp mot Skavøypoll. Skavøypoll som gav Vik god motstand i den innleiande kampen virka trøtte i finalen og Vik fekk lett spel og vann 4-1. 

Vik stilte med dette laget: Mona Stadheim, Jenni Seim, Elisabeth Fosse, Vibeke Midlang, Gry Merete Nummedal, Anna Maria Holmberg, Guro Myrkaskog og Vigdis Hove. 
Trenar: Nils Geir Myrkaskog.  

Sjå alle resultata og bilder frå KM.  








04.03 Fin fjerdeplass til Haugen i KM

Haugen kom i dag på ein fin 4. plass i KM innandørs i Nordfjordhallen. Etter å ha vunne alle fire kampane innleiande blei Skavøypoll for sterke i semifinalen. Skavøypoll vann til slutt 4-3 etter ein rysare av ein kamp. I bronsefinalen blei det berre nesten for Haugen, og Høyang stakk av med bronsen etter 2-1 siger.

Innleiande kampar: 
Haugen-Dale 3-0
Eivind Daniel Røed 2
Ole Kristian Hanebrekke 1 

Haugen-Balestrand 6-2
Eivind Daniel Røed 3
Dan Jøran Hafsås 3

Haugen-Førde 4-0

Eivind Daniel Røed 2
Dan Jøran Hafsås 1
Bjørn Tore Furnes 1

Haugen-TMFK 1-0
Eivind Daniel Røed 1

Semifinale: 
Haugen-Skavøypoll 3-4

Eivind Daniel Røed 3

Bronsefinale: 
Haugen-Høyang 1-2

Eivind Daniel Røed 1

Med på Haugen sitt lag var:
Eivind Daniel Røed, Jim Rune Hoddevik, Ole Kristian Hanebrekke, Dan Jøran Hafsås, Joakim Haugland, Toni Lotsberg, Martin Leite Gilleshammer, Anders Lillestøl, Martin Lillestøl og Bjørn Tore Furnes.  




04.03 KM-innandørs i Nordfjordhallen

I dag går KM-innandørs av stabelen i Nordfjordhallen. Klassane smågutar, småjenter og jenter blir avvikla i dag, medan gutar, junior damer og junior herrer blir spelt søndag. 

Haugen sitt småguttelag har kvalifisert seg til sluttspelet og spelar i dag mot Balestrand, Førde, Dale og TMFK. Dei to beste laga i dei to puljene går til semifinalane. 

Haugen sine kampar: 
Kl. 11.45 Dale-Haugen
Kl. 12.45 Haugen-Balestrand
Kl. 15.15 Førde-Haugen
Kl. 16.45 Haugen-TMFK

Underteikna skal vere tilstades i Nordfjordhallen begge dagar og kjem til å legge ut ein del bilder og info her på nettsidene. 


03.03 Treningskampar denne helga

Fjøra vann i dag 3-1 mot Vang på krøllgraset i Årdal. Måla til Fjøra vart sett inn av Ole Petter Hatlevoll (2) og Vegard Ruud. 

Les meir om kampen på Fjøra sine nettsider. 
 

Resultatet i kampen Høyang-Norheimsund har ikkje underteikna fått snoka fram. 

Laurdag 4. mars

Kl. 13.00 Høyang-Florø
Kl. 13.00 Løv-Ham-Sogndal 
Kl. 16.00 Førde 2-Tertnes, NB i Florø
Kl. 18.00 Træff-Stryn 

Søndag 5. mars
Kl. 15.00 Fana-Førde


03.03 Eid-Ørsta 5-4 (3-0)

Eid vann 5-4 mot Ørsta i kveldens treningskamp på Eid Idrettspark. Til tross for at gradestokken viste mange minusgrader var forholda på kunstgraset på Eid perfekt.

Eid-Ørsta 5-4 (3-0)
1-0 Erik Salveson (2. min)
2-0 Kristian Holmøy (4. min)
3-0 Håvard Bruvoll (32. min)
3-1 Kai Henning Leira (46. min)
4-1 Kim Vik (47. min)
4-2 Inge Lade (49. min)
5-2 Jim Tore Humborstad (71. min)
5-3 Lars Olav Vinjevoll (86. min)
5-4 Kai Henning Leira (88. min)

Rødt kort: Pål Arne Aam, Ørsta
Gult kort: Bjørnar Strandos, Eid

Eid: Ole Bjarte Taklo, Steffen Midthjell, Ove Balsnes, Erik Salveson, Geir Moldestad, Håvard Bruvoll, Anders Midthjell, Petter Hammer, Kim Vik, Kristian Holmøy og Stian Sandal.

Innbyttarar: Bjørnar Strandos, Asle Myrold, Jim Tore Humborstad, Edgar Flo og Kim Svarstad.

Eid fekk ein kjempestart på kampen og etter skåringar av Erik Salveson og Kristian Holmøy var Eid i leiinga 2-0 før fem minutt av kampen var spelt. Det blei ikkje bedre for Ørsta då Pål Arne Aam fekk det raude kortet etter å ha sagt noko som han absolutt ikkje burde ha sagt. 
Etter omlag halvtimen auka Håvard Bruvoll Eid si leiing til 3-0. Håvard fekk stå heilt på 16 meteren og skaut ballen i lengste hjørnet for keeper. 

I starten av andre omgang rann måla inn. Ørsta og Kai Henning Leira utnytta ein tabbe i Eid sitt forsvar og reduseringa til 3-1 var eit faktum.  Minuttet etter var Kim Vik frampå og auka Eid si leiing til 4-1. Men Ørsta gav seg ikkje og reduseringa til 4-2 blei  kreditert Inge Lade. 

Etter dei tre skåringane tok Ørsta over styringa av kampen totalt. I ein periode på omlag tjue minutt skapte Ørsta den eine store sjansen etter den andre. Berre storspel av Ole Bjarte Taklo i Eid sitt mål gjorde at Ørsta ikkje kom på skåringslista i denne perioden. I staden for mål til Ørsta kontra Eid og Asle Myrold fekk ballen på midtbana. Med ei genial pasning frå den tidlegare Ørstaspelaren fekk Jim Tore Humborstad ballen på omlag 25 meter. Jim Tore gjorde det enkelt og lobba ballen elegant i mål. Heilt på slutten laga Lars Olav Vinjevoll og Kai Henning Leira kvart sitt mål for Ørsta slik at sluttresultatet blei 5-4 til heimelaget. 







03.03 Kretslagsturnering i Bergen 17. og 18. mars 

SFFK sine nettsider melder i dag at Sogn og Fjordane Fotballkrets skal stille med heile tre lag i den regionale kretslagsturneringa 17. og 18. mars i Vestlandshallen. I denne turneringa skal laga frå Sogn og Fjordane møte kretslaga til Hordaland og Rogaland. Aldersgruppene som er med på turneringa er Gutar født 1990, Gutar født 1991 og Jenter født 1991. 

Fredag spelar alle laga frå SFFK mot Hordaland, medan Rogaland er motstandar laurdag. 

Fredag 17. mars:
Kl. 17.00 J91 SFFK-Hordaland
kl. 18.45 G91 SFFK-Hordaland
kl. 20.15 90 SFFK-Hordaland

Laurdag 18. mars:
Kl. 11.00 G90 SFFK-Rogaland
Kl. 12.45 G91 SFFK-Rogaland
Kl. 14.15 J91 SFFK-Rogaland

Jenter født  1991:
Gry Nagel, Bremanger IL
Hege Nygård, Bremanger IL
Amanda Røys Nesbakk, Bremanger IL
Vilde Thorbjørnsen, IL Høyang
Stine Hovland, IL Høyang
Marianne Steinsøy, IL Høyang
Frida Vefring, IL Høyang (92)
Siri Ann Skagen, IL Bjørn
Andrea Solbakken, Sogndal Fotball
Hanna Lie Bakken, Sogndal Fotball
Silje Torvanger, Sogndal Fotball (92)
Susann Vatnehol, Selje IL
Kamilla Bolseth, Sandane TIL
Eli Anne Dvergsdal, Førde IL Fotball
Mari Nedberge, Førde IL Fotball
Annelin Frøysland, Førde IL Fotball
Ida Ellingssund, Florø SK
Hege Wahlquist, Jotun IL (92)

Gutar født 1991:
Ole Jørgen Eide, Førde IL Fotball
Fredrik Solheim, Førde IL Fotball
Karl Edvin Lysne, Lærdal IL
Thor Henning Brandsøy, Florø SK
Thyago Fernandes, Florø SK
Vegard Hafstad, Florø SK
Eivind Daniel Røed, Haugen IL (92)
Ole Andreas Solheim, Selje IL
Anders Furseth, Dale IL
Sveinung Franzen, Tornado Måløy FK
Gisle Myhre, Tornado Måløy FK
Jon Eirik Lerum, Sogndal Fotball
Frank Elvagjeng, Sogndal Fotball
Ørjan Hopen, Sogndal Fotball (92)
Kristian Kongsvoll, Eid IL
Marius Hagen, Eid IL (92)
Martin Fossedal, Eid IL
Mats Loftesnes, Høyang IL

Gutar født 1990:
Sondre Grodås, Hornindal IL
Lars Håkon Sollibakke Mo, Lærdal IL
Jan Inge Dvergsdal, Førde IL Fotball
Ivan Dvergsdal, Førde IL Fotball
Vincent Årdalsbakke, Førde IL Fotball
Alexander Wik, Skavøypoll IL
Thomas Starheim, Skavøypoll IL
Eirik Milde, IL Høyang
Vegar Gjermundstad, IL Høyang
Ivar Løvik, Sogndal Fotball
Kyrre Mats Myren, Sogndal Fotball
Jon Eirik Myhre, Sogndal Fotball
Thomas Strømmen, Florø SK
Lasse Orheim Pedersen, Florø SK
Kennet Honningsvåg, Stadlandet IL
Mats Andre Jevnaker, Årdalstangen IL
Terje Thorsnes, Kaupanger IL
Kristian Opseth, Kaupanger IL

Trenarar som er med til Bergen:
J-1991: Terje Fjæren
J-1991: Bjarne Hagen

G-1991: Eivind Heggen
G-1991: Geir Moldestad

G-1990: Vebjørn Johansen
G-1990: Gunnar Naustdal

Keepertrenar: Bernhard Øberg
Spelarutviklar: Jan Tore Jåstad

Saka er henta frå SFFK sine nettsider.  






03.03 Sogndal sin tropp mot Løv-Ham 

Laurdag kl. 13.00 spelar Sogndal kamp mot Løv-Ham i Vestlandshallen. Nettsidene til Sogndal skriv at følgjande 16 spelarar tek turen til Bergen:
Terje Skjeldestad
Daniel Kvåle
Torgeir Hoås
Christian Brink
Terje Flugheim
Marco Reda
Ole Hjelmhaug
Constant Djakpa
Kjetil Holvik
Elvis
Rune Bolseth
Anders Stadheim
Henrik Furebotn
Alexander Breidvik
Kim Rune Hellesund
Sindre Kjos-Wenjum

Les meir på Sogndal sine nettsider. 


03.03 Eid sitt lag mot Ørsta

Dagleg leiar i Eid Bjørn Totland melder at følgjande elleve startar for Eid i dagens kamp mot Ørsta: 
Ole Bjarte Taklo, Steffen Midthjell, Ove Balsnes, Geir Moldestad, Erik Salveson, Anders Midthjell, Håvard Bruvoll, Henning Haugen, Stian Sandal, Kristian Holmøy og Kim Vik. 

NB! Kampen har starttidspunkt kl. 18.30 på Eid Idrettspark. 

Ver med og tipp sluttresultatet i treningskampen Eid-Ørsta.

Den fyrste som sender inn rett svar blir eigar av eit eksklusivt Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  


02.03 Per Egil Flo med målgivande på overtid 

G17-landslaget spelte i kveld uavgjort 1-1 mot Finland på La Manga. Finland tok noko ufortent leiinga fem minutt før slutt, men Norge kom tilbake og berga uavgjort med ei skåring på overtid. Per Egil Flo som har fått god kritikk i turneringa var svært delaktig i utlikninga. Per Egil sitt presise innlegg nådde Sverre Digerud som netta sikkert. 
Dermed har Norge spelt tre uavgjorte kampar og enda med det på tredje plass i gruppa. Gruppa blei vunnen av Belgia. 

Tsjekkia-Norge 1-1
Belgia-Norge 2-2
Finland-Norge 1-1
 
Les meir på Fotball.no


02.03 Haugen trenar etter treningskampen Eid-Ørsta

NB! Haugen si trening fredag 3. mars er utsett til cirka kl. 20.10. 

A-laget og guttelaget si trening fredag kveld er utsett til etter at treningskampen Eid-Ørsta er ferdig. Treningskampen Eid-Ørsta tek til klokka 18.30, og kjenner vi dommar Rolf Lefdal rett blir det ikkje noko særleg tillegg i tid.

Ver med og tipp sluttresultatet i treningskampen Eid-Ørsta.

Den fyrste som sender inn rett svar blir eigar av eit eksklusivt Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  



02.03 Ole Martin Eide kåra til årets spelar på Jølster

Jølster sine nettsider melder at Jølster Fotball sist helg hadde fotballavslutning for 2005 sesongen. Kjølsdølen Ole Martin Eide som har spelt totalt 33 kampar for Jølster blei av lagkameratane kåra til årets spelar på herrelaget. Toppskårar denne sesongen blei Michael Labarca med ti mål. Jølster sitt herrelag kom på andreplass i 5. divisjon berre slått av Hornindal. Denne sesongen skal dermed Jølster måle krefter mot blant andre Årdal 2, Florø, Hornindal, Loen og Eikefjord i 4. divisjon.

Damelaget til Jølster har hatt ein god sesong i 2005. Damelaget spelte i 3. divisjon mot Sandane, Eid, Stryn/Oppstryn og Hornindal. Jølster kom på andre plass i divisjonen, to poeng bak Sandane. Anne Klakegg blei kåra til årets spelar og stakk også av med prisen årets toppskårar. Klakegg sette inn 16 av Jølster sine 26 skåringar. 

Knut Øystein Ripe blei tildelt "Raggens pokal". Denne utmerkinga blir tildelt den spelaren som har hatt størst framgang i løpet av sesongen. 


Les heile saka på Jølster sine nettsider.





Ole Martin Eide

Foto: Jølster Fotball


02.03 Treningskampar denne helga

Fredag 3. mars
Kl. 18.00 Fjøra-Vang, NB! Jotun krøllgras
Kl. 18.30 Eid-Ørsta
Kl. 19.30 Høyang-Norheimsund 

Laurdag 4. mars
Kl. 13.00 Høyang-Florø
Kl. 13.00 Løv-Ham-Sogndal 
Kl.  --.--  Træff-Stryn

Søndag 5. mars
Kl. 15.00 Fana-Førde

Stryn sin kamp mot Molde 2 søndag er avlyst skriver nettsidene til Stryn Fotball. Grunnen skal vere at senioravdelinga til Molde er på La Manga. 

Dette er dei treningskampane underteikna har "snusa fram". Ta gjerne kontakt om du veit om andre kampar denne helga. 



02.03 Eid spelar kamp mot Ørsta på Eid Idrettspark

Eid sin treningskamp mot Ørsta blir spelt på Eid Idrettspark fredag 3. mars kl. 18.30. Kampen skulle spelast på kunstgraset i Ørsta men på grunn av forholda har laga blitt einige om å nytte kunstgraset på Eid. Lagleiar for Eid, Arne Morten Nydal, kan fortelje at etter ein periode utan treningskampar blir det to kampar på ei veke. Torsdag eller fredag i neste veke er det duka for ein ny treningskamp mellom Stryn og Eid. Sist desse laga var i elden mot kvarandre var 3. februar. I den kampen vann Stryn 3-1. Nydal har vore i kontakt med dommar Rolf Lefdal, og Lefdal har sagt seg villig til å dømme både kampen mot Ørsta og kampen mot Stryn. 


01.03 Trenarane på plass i Loen, men spelarane stikk 

Det har lenge gått rykte om at Loen likevel ikkje skulle stille lag i årets 4. divisjon. For ei stund sidan var det mangel på spelarar som var problemet for Loen, men i det siste har mangel på trenarar vore det store problemet. 

Dette har no ordna seg og Loen sine nettsider melder i dag at  Asle Nesdal tek jobben med å vere trenar for Loen. Med seg som hjelpetrenar får han Thomas Baade. 

Les meir om dei nye trenarane.

Kai Bjørn Gjengedal til Stryn
Loen sin keeper dei siste ti åra, Kai Bjørn Gjengedal, har bestemt seg for å spele for Stryn denne sesongen. Dermed har Anton Andre Sande, Jan Erik Sandbakk og Kai Bjørn Gjengedal slutta på Loen til fordel for "storebror" Stryn. Kva som skjer med Asbjørn Tenden er enno ikkje avklara. Tenden spelte for Stryn og laga eit mål då Stryn vann 3-1 mot Ørsta sist laurdag. Loen sine nettsider melder at Gjengedal har spelt 167 kampar og laga 2 mål dei ti åra han har spelt for klubben.          

Les kva Loen sine nettsider skriv om denne saka. 



01.03 Børre Steenslid skåra for U 21

Børre Steenslid laga Norge sitt einaste mål i 3-1 tapet mot England i går kveld. England tok leiinga 1-0 etter skåring av Peter Wittingham i kampen som blei spelt på Madjeski Stadium i Reading. 1-0 var også pauseresultatet i kampen. 

Rett etter kvilen var spelaren frå Vågsøy frampå og utlikna til 1-1 kom på ein dødball. To kjappe skåringar av David Bentley gjorde at England vann kampen 3-1 framfor 12 500 tilskodarar. 

Landslagstrenar Hallvard var spesielt godt fornøgd med Rosenborgspelar Alexander Tettey som debuterte for U21-landslaget denne kampen.         

Les meir om kampen på fotball.no 


28.02 Uavgjort for Peter og Per Egil

Norge sitt G17-landslag spelte i kveld uavgjort 2-2 mot Belgia. Brynespelar Tommy Høiland gav Norge leiinga 1-0 og 2-1 men Belgia kom tilbake og 12 minutt før slutt utlikna Huyghbaert til 2-2. Utlikningsmålet kom etter ein glipp i markeringsspelet på ein corner. Både Peter Orry Larsen og Per Egil Flo spelte heile kampen for Norge.

Neste kamp for Peter og Per Egil er torsdag 2. mars mot Finland. 

Les om kampen på fotball.no 


28.02 Treningskampen Florø-Førde er avlyst  

På grunn av mykje snø i Florø blir det ikkje noko av treningskampen Florø-Førde i kveld. 

KM-sluttspel i Nordfjordhallen. 
Haugen sitt småguttelag spelar KM-sluttspel laurdag 4. mars.
Det blir avreise frå Klenkarberget kl. 09.30. Haugen stiller med desse spelarane: 
Eivind Daniel Røed, Jim Rune Hoddevik, Ole Kristian Hanebrekke, Dan Jøran Hafsås, Joakim Haugland, Toni Lotsberg, Martin Leite Gilleshammer, Anders Lillestøl, Martin Lillestøl og Bjørn Tore Furnes. 


27.02 Sonetrening for spelarar født 1993 blei utsett 

På grunn av vanskelege banetilhøve i Stryn i dag blei sonetreninga for spelarar født 1993 utsett. Dette melder Stryn Fotball på sine nettsider. Vidare skriv Stryn på sine nettsider at Dagmund Evebø vil prøve å få avvikla denne samlinga i god tid før neste samling som er 13. mars. 

TMFK prøvar å bade seg til siger !!!
Det virkar som at TMFK har hatt feil fokus under opphaldet i Bergen denne helga. I staden for å konsentrere seg om å vinne kampane mot Gneist og Nest-Sotra blei all energien brukt til å sette rekord i sklia på Vannkanten. Her knuste Sindre Kvalheim den gamle rekorden, medan Erlend Kvalheim tangerte den tidlegare rekorden. Men TMFK må ikkje tru at det går å bade seg til siger i årets 3. divisjon. 
Les meir om dei imponerande resultata på TMFK sine nettsider.  


27.02 God landskamp av Per Egil Flo

G17-landslaget spelte i går uavgjort 1-1 mot Tsjekkia i ei turnering på La Manga. 

Landslagstrenar Øyvind Nilsen skryt av laginnsatsen til Norge, men skal han trekke fram nokre enkeltspelarar må det bli Mohammed Fellah og Per Egil Flo. Mohammed Fellah var imponerende og Per Egil Flo spillte fornuftig på venstrebacken. Peter Orry Larsen spelte fyrste 70 minutta av kampen.

Les meir om kampen på Fotball.no 

Elise med på J19-landslaget
Elise Thorsnes er tatt ut på J19-landslaget som skal spele turnering på La Mange 11.-18. mars. 
Norge skal møte Italia, Danmark og Tyskland. 


27.02 Sandane tapte 5-1 mot Florø

Det virkar som Sandane får ein tung sesong i årets 3. divisjon. Etter å ha tapt 5-2 mot Selje sist treningskamp, blei det tap 5-1 mot 4. divisjonslaget Florø denne helga. 

I kampen søndag tok Florø leiinga 2-0 før Sandane og Edvin Øygard reduserte til 2-1. Siste ti minutta laga Florø tre mål slik at sluttresultatet blei 5-1 til Florø. 

I morgon spelar Florø treningskamp mot Førde. Kampen blir spelt i Florø klokka 19.00. 

I ein treningskamp laurdag vann Jølster sitt andrelag 4-0 mot Førde 3. Kampens store spelar vart Stian Urheim med to skåringar i kvar omgang.   


26.02 Kretssamling for spelarar født 1992
SFFK arrangerte i dag kretssamling for spelarar født 1992 i Sognahallen. Frå Haugen deltok Mariel Starheim og Eivind Daniel Røed. Gutane spelte kamp mot Sogndal G91 og vann fortent 5-1. Jentene spelte ein internkamp der stillinga til slutt vart 6-0. Begge kampane blei spelt med tre omgangar på 25. minutt kvar. Både Eivind Daniel og Mariel spelte to heile omgangar. 

Heile 36 jenter var tatt ut på denne samlinga, og av desse skal 16-18 vere med vidare til neste samling i slutten av mars. 

Trenarar for jentene er Odd Einar Fimreite og Åse Neraas frå Kaupanger. Trenarar for gutane er Jan Tore Jåstad frå SFFK og Arve Tokvam frå Aurland IL, medan keepertrenar er Bernhard Øberg frå Førde Fotball.



26.02 Asbjørn Tenden skåra for Stryn

Det har lenge gått rykte om at Asbjørn Tenden skal forlate Loen og spele for Stryn denne sesongen. Ettersom Tenden spelte for Stryn i gårsdagens kamp mot Ørsta er det kanskje noko i desse ryktene. 

Stryn vann 3-1 i kampen og måla til Stryn var sett inn av Asbjørn Tenden, Per Ole Tenden og Mats Solheim. 

Neste helg reiser Stryn til Molde og spelar to treningskampar. På andre banehalvdel på kunstgraset i Molde laurdag står Træff, medan Molde 2 er motstandar søndag. 


26.02 Selje spelte uavgjort på Color Line Stadion

I gårsdagens treningskamp mellom Selje og Herd på Color Line Stadion enda det uavgjort 2-2. Selje tok leiinga etter skåring av Werner Kupen etter berre eit minutt av kampen. Herd kom tilbake og leia 2-1 til pause. I andre omgang skåra Kai Arne Otnheim på straffe og fastsette med det sluttresultatet til 2-2. Selje melder på sine nettsider at Selje har hatt ei velluka treningssamling på Sunnmøre denne helga. 

OL-konkurranse
Tidlegare Selje og Skavøypollspelar Øystein Starheim stakk av med premien i Haugen Fotball sin OL-konkurranse. Norge skuffa stort og tok berre to gull i Torino 2006 OL. Ettersom Øystein Starheim var den mest pessimistiske av alle som tippa, vann han med sitt tips som var fire gull. 
Haugen Fotball gratulerer. 


26.02 Årdal FK heldige som greidde 0-0 mot Volda

Årdal FK spelte uavgjort 0-0 mot Volda på Eid Idrettspark i dag. Til tross for at snøen lava ned i natt var det i store delar av kampen glimrande forhold på kunstgraset på Eid. Kampen var prega av dårleg spel og mykje sutring av dei grønkledde, og Årdal var heldige som fikk fullføre kampen med 11 mann. Dommar Sven Erik Midthjell dømde ikkje sin beste kamp i karrieren, men Årdal burde vere så profesjonelle at dei greier å fokusere på det dei kan gjere noko med. Nærmast skåring i kampen var Volda som heada ballen i stolpen rett før pause. 

Kampfakta og bilder frå kampen.


25.02 Totland blir truleg Høddspelar

Bjørn Totland storspelte på kanten for Hødd i dagens treningskamp mot Kristiansund på Color Line Stadion. "Agent" for Bjørn Totland, Arne Morten Nydal, seier at Bjørn var fornøgd med dagens innsats og at Hødd gjerne vil ha Totland i stallen denne sesongen. 
Dermed ser det ut til at Eid må klare seg uten både Bjørn Totland og Kristoffer Aarskog denne sesongen. 

Les meir om kampen til Hødd på smp.no 

Stryn vann 3-1 mot Ørsta i ein treningskamp på kunsgraset i Stryn i dag. Stillinga til pause var 0-0. 

TMFK tapte 2-0 mot Nest-Sotra i den andre treningskampen for TMFK denne helga. Fredag blei det 4-1 tap mot Gneist. 


25.02 Kretssamling for spelarar født 1990

SFFK arrangerte i dag kretssamling for spelarar født 1990 på Eid Idrettspark. Både jentene og gutane gjennomførte ei treningsøkt pluss ein kamp i løpet av dagen. 

Gutane spelte uavgjort mot juniorlaget til Eid, medan jentene målte krefter mot eit samansatt lag av guttespelarar og damelaget til Hornindal. Her var jentekretslaget to-tre hakk kvassare enn Hornindal og vann heilt fortent 4-1. 

Eid-SFFK Gutar 1-1 (1-0)
1-0 Stian Sandal (21. min)
1-1 Vincent Årdalsbakke (43. min) 

Hornindal-SFFK Jenter 1-4 (0-1)
0-1 Lise I. Senneset (2. min)
0-2 May Helen Midtbø (48. min)
0-3 Lise I. Senneset (56. min)
0-4 Lise I. Senneset (59. min)
1-4 Rosmari Heggen (71. min)

Av spelarar frå Eid kommune var Thomas Starheim og  Kai Arne Humborstad med på guttelaget, medan Ida Rand og Sol Andrea Taklo var med på jentekretslaget. 

Lasse Orheim Pedersen debuterte sist månad på det norske landslaget. Den kjappe kantspelaren frå Florø viste også i dag at han held høgt nivå. 

På jentekretslaget var Mona Nigardsøy den spelaren som imponerte underteikna mest. Midtstopparen frå Bremanger var roen sjølv i forsvaret og ved fleire høva var ho arkitekten bak angrepsspelet til jentelaget. 

Sjå bilder frå samlinga. 



25.02 Treningskamp mot Breimsbygda

Haugen har avtalt treningskamp mot Breimsbygda på Eid Idrettspark søndag 19. mars. Kjem tilbake med klokkeslett for kampen når det er spikra.

Øystein Haugland kan fortelje at tidlegare har Eid 2, Bremanger og Skavøypoll !! vore ute etter treningskamp mot sebratrøyene, men Haugland har høfleg takka nei til alle tre klubbane. 

Kai Arne Humborstad er tatt ut til dagens krestsamlinga for spelarar født 1990. I tillegg til Kai Arne er Thomas Starheim, Sol Andre Taklo og Ida Rand tatt frå Eid kommune.    


24.02 Puljane til KM-sluttspelet i Nordfjordhallen

SFFK har sett opp puljane til KM-sluttspelet i Nordfjordhallen 4. og 5. mars. 

Småjenter: 
Pulje 1
Skavøypoll
Sogndal
Tambarskjelvar
Atløy
Vik

Pulje 2
TMFK 
Syril
Askvoll/Holmedal
Førde 
Gaular

Smågutar
Pulje 1
Haugen
Balestrand
Førde
Dale
TMFK

Pulje 2
Sogndal
Skavøypoll
Jølster
Florø
Høyang

Jenter:
Pulje 1
Bremanger 1
Atløy
Førde 2
Sogndal

Pulje 2
Bremanger 2
Førde 1
Florø
Høyang

Gutar:
Pulje 1
Førde 1
Selje
Førde 3
Eid 
Jotun

Pulje 2
TMFK 
Førde 2
Dale 
Vik 
Florø

Junior damer: 
Pulje 1
Syril
Balestrand
Bremanger
Kaupanger 2

Pulje 2
Kaupanger 1
Svelgen
Dale 
Førde 

Junior herrar: 
Pulje 1
Stryn 
Askvoll/Holmedal
Lærdal 
Florø

Pulje 2
Førde
TMFK
Bremanger
Høyang 





24.02 TMFK tapte 4-1 mot Gneist

TMFK tapte i kveld 4-1 mot Gneist i ein treningskamp i Bergen. Eirik Rutledal melder om at Gneist vann fortent men sigeren var kanskje litt i største laget. 

Gneist tok leiinga 1-0 etter ein retur frå keeper etter 15 minutt av kampen. TMFK utlikna til 1-1 etter 55 minutt på eit vakkert frispark av Øyvind Vabø. Midtvegs i andre omgang fekk Gneist to enkle mål på corner og avgjorde i realiteten kampen. Trenar Geir Ove Refvik melder at mange unge spelarar fekk prøve seg i andre omgang og kampen var ei god gjennomkøyring. På overtid fastsette Gneist sluttresultatet til 4-1

I morgon spelar TMFK kamp mot Nest-Sotra. 


23.02 Rekrutteringsdommarkurs i Stryn og Førde 
SFFK arrangerar  rekrutteringsdommarkurs i Stryn og Førde 11. og 12. mars. Det er viktig at klubbane i Nordfjord og Sunnfjord tar dommargjerninga på alvor og stiller med deltakarar på kursa. Påmeldingsfristen er mandag 6/3. 

Saka er saksa frå SFFK.

På bildet ser vi Stian Holm frå Svelgen i kampen Heia-Flatraket 24. juni 2005. 

Heia stilte i nye kvite drakter denne kampen og vann til slutt komfortabelt 5-1. Til venstre på bildet ser vi Trond Kroken som var ein av banas beste spelarar denne kampen. 

Sjå bilder og kampfakta frå denne kampen. 



23.02 SFFK minner om lagleiarmøte/oppmannsmøte 
SFFK minner om lagleiarmøte/ oppmannsmøte i veke 9. Det vert i tradisjon tro arrangert tre møter, eit i Nordfjord, i Sunnfjord og i Sogn. Refererer til tidlegare utsendt skriv. 

Følgande tidpunkt er sett opp:

Nordfjordeid
, på Nordfjord Hotell, mandag 27.2 kl.18.00.
Førde, på Sunnfjord Hotell, onsdag 1.3 kl 18.00.
Sogndal, på Quality Sogndal Hotell, torsdag 2.3 kl 18.00.

På møta går vi gjennom forslag til puljeoppsett frå SFFK, samt gjennomføring av seriane. Vi går i gjennom reglement for sesongen 2006, aktivitetane i regi av SFFK for 2006, samt andre praktiske opplysningar.

Saka er saksa frå SFFK.



23.02 Ikkje kamp for Eid denne helga heller? 
Eid sin treningskamp mot Årdal 2 er avlyst. Årdal FK som denne helga vitjar Eid Idrettspark har ikkje nok spelarar til å stille to lag denne helga.

Fyrstelaget til Årdal spelar mot Volda søndag kl. 13.00. 

Eid har prøvd å få tak i ny motstandar men Arne Morten Nydal tvilar på at det blir kamp for dei gule og svarte denne helga heller. Eid har dermed ikkje spelt treningskamp sidan 3. februar, då dei tapte 3-1 mot Stryn.

Stryn sine nettsider melder at Stryn spelar kamp mot Ørsta på Eid Idrettspark laurdag. Dette stemmer ikkje og Dagmund Evebø kan fortelje at denne kampen blir spelt på kunstgraset i Stryn laurdag kl. 14.00. 

TMFK tar seg ein bergenstur denne helga og skal måle krefter mot Gneist fredag  og Nest-Sotra laurdag.  

Selje reiser på treningsleir til Ålesund denne helga. Der skal dei ha tre treningar på kunstgrasbana til Herd i tillegg til å spele treningskamp mot Herd på Color Line Stadion laurdag kl. 16.00. 

Av andre lokale lag spelar Sandane treningskamp mot Florø. Kampen blir spelt i Florø søndag kl. 13.00 eller kl. 15.00. 

Fjøra-Dale som skulle spelast laurdag kl. 14.00 er avlyst på grunn av skadesituasjonen i Fjøra. 





22.02 Kretssamlingar og sonetreningar
Kretssamling på Eid Idrettspark
Laurdag 25. februar arrangerar SFFK kretssamling på Eid Idrettspark for spelarar født 1990. Tre spelarar frå Eid kommune er tatt ut til samlinga. Desse er Thomas Starheim, Ida Rand og Sol Andrea Taklo. Thomas spelar på Skavøypoll, medan Sol Andre og Ida spelar på Eid. 

Samlinga blir avslutta med at gutane spelar kamp mot Eid 88/89, medan jentene skal måle krefter mot damelaget til Hornindal. 

Les meir her.

Kretssamling i Sognahallen
Søndag 26. februar er det kretssamling i Sognahallen for spelarar født 1992. 


Her er Eid kommune representert med fem spelarar. Veronica Hansen, Rikke Myklebust, og Marius Hagen spelar for Eid, medan Mariell Starheim og Eivind Daniel Røed spelar for Haugen. 

I tillegg til trening spelar gutane kamp mot Sogndal G91, medan jentene spelar ein internkamp.

Les meir her.

 

Sonetrening for spelarar  født 1993
Måndag 27. februar arrangerar Stryn sonetrening for spelarar frå Nordfjord født 1993. 
Følgjande spelarar frå Eid kommune er tatt ut til treningane:
Eirik Johnsen, Eid IL

Tore Heggen, Eid IL

Andre Haugland, Eid IL

Øyvind Strøm, Eid IL

Øystein Aabrekk, Heia FK

Sondre Nordnes Sørland, Heia FK

Ole Martin Hoddevik, Heia FK

Tore Haraldsen, Haugen IL

Kenneth Remme, Haugen IL

Bjørn Are Leirdal, Haugen IL
Kristina Årskog, Eid IL

Nina Rognes, Eid IL

Synnøve Søvik Myklebust, Eid IL

Marte Rønnestad, Eid IL

Ingebjørg Scott Bale, Eid IL

Ingrid Hjelmeland, Eid IL


Vidare aktivitetsplan for denne gruppa:

Samling 1: 27 februar kl 1830 i Stryn.  Både trening og trenarforum ved Dagmund Evebø .


Samling 2: 13 mars kl 1830 i Stryn.  Etter denne samlinga er kvar gruppe nede i 16+2 spelarar


Samling 3:  27. mars kl 1830 i Stryn.


Samling 4:  2. april i Florø – SFFK si sonelagsturnering.


Samling 5:  10. april i Hornindal kl 1830


Samling 6:  24. april i Loen kl 1830

Les meir her.





21.02 Haugen stiller med eit lag på Norway Cup 
Haugen har meldt på eit småguttelag til årets Norway Cup. Norway Cup blir i år arrangert 30. juli-5. august. 

Laurdag 4. mars spelar småguttelaget KM innandørs i Nordfjordhallen. Laget imponerte i kvalifiseringa og etter storspel vann likegodt Haugen smågutteklassa. 


21.02 Berre to lag påmeldt til kvalifiseringa til NM junior 
SFFK skriv i dag på sine nettsider at kun to lag er påmeldt til kvalifiseringa til NM junior. Pr dags dato er det kun Stryn og TMFK som har meldt på lag.  

I fjor var heile ti lag påmeldt til kvalifiseringa om dei tre plassane som Sogn og Fjordane hadde i fyrste runde. 


21.02 Førde spelar treningskamp mot Florø 
Florø blir neste motstandar for Gaute Schei og Førde. Kampen blir spelt i Florø tysdag 28. februar kl. 19.00. 

Førde har spelt tre treningskampar til no denne sesongen. Førde har overbevist med 7-0 siger mot Stryn og 5-3 mot Dale. Årets fyrste treningskamp enda med tap 1-6 mot Sogndal. 

Florø har testa formen i to treningskampar. Mot 5. divisjonslaget Bremanger blei det siger 1-0, medan det blei tap 2-0 mot 3. divisjonslaget Dale.

Underteikna tek gjerne i mot tips om planlagde treningskampar i fylket. 


21.02 John Roar Øien stakk av med Haugenkruset

Petter Tande kom i dag på 6. plass i Kombinert, sprint. Dermed stakk John Roar Øien av med Haugen-kruset for å ha tippa rett plassering. 

På bildet ser vi ein glad John Roar Øien med Haugen-kruset i det Petter Tande blei intervjua etter løpet.   



21.02 Innsende forslag i Petter Tande konkurransen  
Underteikna har fått inn 17 forslag i konkurranse der det om å gjere å tippe Petter Tande si plassering. Der fleire har tippa same plassering er det den som har sendt inn fyrst (utheva) som er med i konkurransen om eit Haugen-krus. 

2. plass: Stian Aaland, Bjørn Egil Moldestad
3. plass: Bjørn Erik Bruvoll, Svein Otto Melheim, Steinar Langedal
4. plass: Ole Gunnar Midtbø, Kay Rune Solheim
5. plass: Runar Øien, Rune Venøy, Ronny Hopland
6. plass: John Roar Øien
7. plass: Eirik Lunde
8. plass: Eirik Tolaas, Vegard Løken, Hanne Kristin Haraldsen, Hildegunn Balsnes
Petter Tande er ikkje med: Tore Haraldsen. 


20.02 Steinar Holvik og Børre Steenslid 
Steinar Holvik frå Sandane er er sett opp som assistentdommar i storkampen Chelsea-Barcelona i Champions League onsdag 22. februar. 

Chelsea og Barcelona møttest også på samme tidspunkt i Champions League sist sesong. Etter to dramatiske kampar gjekk Chelsea vidare med mist mogleg margin. 

Børre Steenslid er med i U-21 troppen som skal møte England på bortebane tysdag 28. februar. Mathias Eikenes som var med sist U-21 spelte landskamp fekk ikkje plass i troppen denne gangen.  


20.02 Høyanger Futsal leiar Futsal Elite Bergen

Fire lag kjempar om sigeren i Futsal Elite Bergen. Høyanger Futsal, Molde Futsal og Sogn Futsal har alle 27 poeng, medan Bergen Futsal er hakk i hæl med sine 25 poeng.  

Kommande søndag spelar Høyanger Futsal kampar mot Myrdal Futsal, Bergen Futsal og Møhlenpris Futsal. Dette er femte runde av i totalt seks rundar denne sesongen. Sjette og siste runde går av stabelen søndag 12. mars. 

Les meir om Høyanger på nettsidene til klubben.  



20.02 Even Hovland Trenar med Sogndal 
"Even er et stort talent og en spiller med klare sportslige mål. Kan spille overalt på banen og er med det en allsidig spiller, en drøm for enhver trener. Landslaget og tippeligaen er målet. Vi er ikke i tvil om at han har forutsetningene for å lykkes. Han er på god vei !"

Slik blir Even Hovland presentert på 
nettsidene til Høyang Fotball. Talentet til Hovland er også blitt lagt merke til i fruktbygda, for denne veka er stortalentet og trenar med Sogndal. 

Hovland utmerka seg som ein av dei beste spelarane då han var med på Sogndal sitt lag som imponerte i Color Line Cup i Ålesund. 



Bilde: Arvid Fimreite


20.02 Azar med i troppen mot Senegal 
Åge Hareide har tatt ut Azar Karadas i troppen til landskampen mot Senegal 1. mars. 

I tillegg til å spele kamp mot laget som kom på fjerdeplass i Afrikamesterskapet, skal også landslaget delta i eit konsept som kombinerar konsert, fotball og humanitært arbeid. 

Les meir på fotball.no


Foto: Tormod Flatebø, Fjordabladet


20.02 Få har tippa på plasseringa til Petter Tande 
Berre 13 personar har sendt inn tips på kva plass Petter Tande kjem på i morgondagens Kombinert, sprint.

Fristen for å sende inn svar er sett til i  kveld kl. 23.00. 

Er det fleire som har tippa rett plassering vinn den som har sendt inn rett svar fyrst.   

Petter Tande var under Junior-VM i Stryn 2004 den store helten og vann tre gull.   

Sjå nokre bilder frå Junior-VM i Stryn.


Gå til konkurransen her. 


19.02 Vellukka kretssamling i Selje 
Denne helga arrangerte Selje IL kretssamling for spelarar født 1991. 

I tillegg til trening fredag og laurdag spelte begge laga kampar mot Sunnmøre FK både laurdag og søndag. 

Frå Eid kommune deltok Eivind Daniel Røed (Haugen), Martin Fossedal (Eid), Kristian Kongsvoll (Eid) og Marius Hagen (Eid). 

Kampar laurdag: 
Jenter, Sunnmøre-SFFK 3-1
1-0 Charlotte Husø 
1-1 Eli Anne Dvergsdal (Førde)
2-1 Nina Witsø 
3-1 Åse Skare

Gutar, Sunnmøre-SFFK 0-0

Kampar søndag: 
Jenter, Sunnmøre-SFFK 3-1
1-0 Susanne Vatnehol (Selje)
2-0 Susanne Vatnehol (Selje)
2-1 Hanne Haahjem
3-1 Susanne Vatnehol (Selje)

Gutar, Sunnmøre-SFFK 4-1
1-0 Fredrik Solheim (Førde)
2-0 Martin Fossedal (Eid)
3-0 Fredrik Solheim (Førde)
4-0 Martin Fossedal (Eid)
4-1 Tibor Samardzic 

Kampfakta er henta frå Selje sine nettsider. 

Les meir om samlinga og kampane på Selje sine nettsider.




19.02 Stryn frå 0-7 til 17-0 på ei veke 
Stryn som tapte 7-0 mot Førde sist helg knuste i dag Hornindal heile 17-0. 

Stryn sine nettsider melder at Stryn herja med Hornindal og det virka som Stryn var nærmare tjue mål enn Hornindal var redusering. Verdt å merke seg er at Dagmund Evebø (bildet) var på plass som midtstoppar på Stryn. Etter det nettsidene til Stryn Fotball skriv er ikkje "Daffy" som dei kallar han prega av alderen. 

Måla til Stryn vart sett inn av: Mats Solheim (4), Jon Terje Tjellaug (3), Ulrik Flo (3), Aleksander Eikenes (3), Anton Andre Sande, Thomas Vik, Marius Flo og Endre Lødemel.

Les meir på Stryn Fotball.


19.02 Trening småguttelaget på Stårheim Stadion 
Trenar for småguttelaget Eirik Andreassen melder at småguttelaget trenar på Stårheim Stadion måndag 20. februar kl. 18.30.   

19.02 Jølster må stenge diskusjonssidene
Nettsida til Jølster Fotball må stenge diskusjonssidene sine på grunn av personhets. Også Tornado Måløy og Førde har tidlegare gått til det skrittet å stenge sine diskusjonssider av same grunn.   

På sidene til Jølster står det: 
Det har vore mange gode diskusjonar på heimesidene våre etter at dette vart opna, men ved enkelte høve har ein del av innlegga hatt karakter av uthenging og hets av enkeltpersonar. Vi hadde ein del tilfelle av dette i fjor haust, og siste tida har nokre innlegg hatt totalt uakseptabelt innhald med omsyn til personomtale.


19.02 Uavgjort og tap for Kaupanger 1 og Kaupanger 2 
Begge laga til Kaupanger var i aksjon i Sognahallen i går ettermiddag. Kaupanger sitt andrelag tapte 3-1 mot Fjellkameratene, medan Kaupanger og Høyang spelte uavgjort 4-4. Kaupanger leia denne kampen 3-2 til pause. 

Målskårarar Høyang: Even Hovland, Sjur Gjeraker, Edin Agovic og Morten Kåre Eriksen. 

Målskårarar Kaupanger:
Frode Kvam (2), Preben Strypet og Ole Einar Rebni.  


19.02 I desse OL tider 
Etter at 46 av 84 øvelsar i OL er gjennomført har Norge tatt 2 gull, 7 sølv og 7 bronse. 
Sjå kven som ligg best til i OL-konken. 

Haugen Fotball prøvar seg med ein ny konkurranse. Konkurransen går ut på å tippe kva plass Petter Tande kjem på i  Kombinert individuell sprint. Petter Tande skal i aksjon tysdag 21. februar.

Petter Tande var under Junior-VM i Stryn 2004 den store helten og vann tre gull.   

Sjå nokre bilder frå Junior-VM i Stryn.


Gå til konkurransen her. 


18.02 Eikefjord vann 3-2 mot Askvoll/Holmedal
Eikefjord vann 3-2 i dagens treningskamp mot Askvoll/Holmedal på kunstgraset i Eikefjorden. I følge Eikefjord.net laga Børge Langedal, Ørjan Eikevoll og Ole Martin Sunnarvik måla til Eikefjord. 

Med dette resultatet har Askvoll/Holmedal tapt begge sine treningskampar til no denne sesongen. 

Den fyrste treningskampen tapte Askvoll/Holmedal heile 8-2 mot 4. divisjonskollega Jølster. Askvoll/Holmedal og Jølster møtest også i serieopninga på Hilvang Stadion 30. april. 

Einar Furset og Håkon Rivedal laga måla til Askvoll/Holmedal. 


18.02 Uavgjort og tap for Årdal FK og Årdal FK 2
Fredag kveld spelte fyrste og andrelaget til Årdal FK treningskampar mot Voss på heimebana. Fyrstelaget spelte uavgjort 1-1 mot Voss sitt fyrstelag. Deretter var det andrelaga til dei to klubbane sin tur. Her var Voss 2 det klart beste laget og vann til slutt 4-0. 

Årdal FK-Voss 1-1 (1-0)
1-0 Ole Gunnar Hunderi (5. min)
1-1 Mads Stedje (55. min)

Årdal FK 2-Voss 2  0-4 (0-3)
0-1 Kim A. Njaastad, straffe (19. min)  0-2 Torstein Brandseth (27. min)
0-3 Nils Vambheim (39. min)
0-4 Ronny Skjelde (66. min)

Kampfakta er henta frå nettsidene til Fotballklubben Voss.


18.02 Førde 2-Jølster 5-0 (2-0)
Sturla Iman (bildet) og Førde sitt andrelag holdt nullen mot Jølster i dagens treningskamp på kunstgraset i Førde. Med to skåringar i fyrste omgang og tre i andre vann Førde 2 til slutt 5-0. 

Både Jølster og Førde 2 skal spele i 4. divisjon denne sesongen og det er ikkje tvil om at Førde 2 kjem til å bite bra frå seg i denne divisjonen. 

Førde 2-Jølster 5-0 (2-0)
1-0 Robert Nystad (2. min)
2-0 Stian Evebø (12. min)
3-0 Stian Evebø (55. min)
4-0 Robert Nystad (80. min)
5-0 Stian Nedberge (90. min)

Kampfakta er henta frå Førde sine nettsider.

Stryn sine nettsider skriv at Stryn spelar treningskamp mot Hornindal søndag 18. februar kl. 16.00. 


18.02 Sogndal vann 2-1 mot Ålesund
Sunnmørsposten skriv på sine nettsider at Sogndal vann 2-1 mot Ålesund. 

Marco Reda gav Sogndal leiinga etter omlag halve fyrste omgang. Kvarteret etter utlikna Trond Fredriksen på straffespark etter at Stian Johnsen vart felt. 

Tjue minutt før slutt sette Alexander Breivik i 2-1 som også blei sluttresultatet i kampen på Color Line Stadion. 

Ålesund-Sogndal 1-2 (1-1)
0-1 Marco Reda (22. min)
1-1 Trond Fredriksen, straffe (37. min)
1-2 Alexander breidvik (71. min)

Opplysningane er henta frå smp.no

18.02 Fjøra tapte 2-0 mot Sogndal 2

I ein treningskamp i Sognahallen i dag tapte Fjøra 2-0 mot Sogndal sine nest beste. 

Med dette resultatet har Fjøra tapt alle tre treningskampane til no denne sesongen. Det starta med 1-8 mot Årdal FK, deretter "berre" 0-1 mot Åsane og i dag blei det altså 0-2 mot Sogndal 2. 

Sogndal 2 har spelt ein kamp før dagens treningskamp. Den kampen enda med tap 1-3 mot Vadmyra sist helg. 

Sogndal-Fjøra 2-0 (2-0)
1-0 Hallgeir Sandal (16. min)
2-0 Hallgeir Sandal (19. min)

Kampfakta er henta frå nettsida til Fjøra. 

På bildet ser vi Johan Salveson under sist Nattcup på Nordfjordeid.


17.02 Sogndal sin tropp mot Ålesund
Sogndal spelar laurdag 18. februar kl. 15.00 treningskamp mot Aalesund på Color Line Stadion. 

Aalesund er av dei fleste tippa som ein av favorittane til å vinne Adeccoligaen denne sesongen. Aalesund har vunne to og tapt ein av dei tre treningskampane som dei har spelt til no denne sesongen. Aafk vann 4-0 mot Hødd og 2-1 mot Molde, medan treningskampen mot Bodø/glimt sist helg i Nordlandshallen enda med tap 4-3.

Stig Nord har tatt ut denne troppen til kampen mot Aafk: Terje Skjeldestad, Daniel Kvåle, Ole Hjelmhaug, Marco Reda, Per Egil Flo, Børre Steenslid, Rune Bolseth, Kjetil Holvik, Anders, Constant Djakpa, Henrik Furebotn, Kim Rune Hellesund, Alexander Breidvik, Christian Brink, Terje Flugheim, Torgeir Hoås og Newton Sterling.

Troppen er henta frå nettsida til Sogndal. 


17.02 Honndalsfotballen 2006
Herrelaget til Hornindal har tysdag 21. februar kl 20.00 spelarmøte for alle spelarane knytta til herrelaget 2006.

På agendaen står målsetting, treningar, treningskampar, disiplin og kva synst spelarane om opplegget so langt i år?

Haugen fotball har skrive veldig lite til no om det som skjer i Honndalsfotballen, men underteikna lovar at dette skal bedre seg. Edvin Haugen har sagt seg villig til å informere fortløpande om kva som skjer opp i Honndalen. 

Husk Haugen Fotball sin nye OL-konkurranse.

Konkurransen går ut på å tippe kva plass Petter Tande kjem på. 

Gå til konkurransen her. 


17.02 Jøran Rise skal spele for Skjetten
Fjordenes Tidende skriv i dagens avis at Jøran Rise skiftar klubb frå Skavøypoll til Skjetten. I tillegg til å spele for Skjetten får også Rise sjansen til å trene med eliteserieklubben Lillestrøm. 

Eidaren har spelt tre sesongar for Skavøypoll. 

Hødd melder på sine nettsider at Bjørn Totland skal trene med klubben. 
Hødd har høyrt mykje bra om Totland og er veldig spente på kva han kan vise. 
Les meir på nettsida til Hødd.  

På bildet ser vi Jøran og Sindre Rise etter Skavøypoll-Eid 2004. Jøran og Skavøypoll holdt nullen og vann 7-0. 
Sjå bilder og kampfakta frå kampen.


17.02 Sonetreningar for gutar og jenter født 1993

Stryn som er soneklubb for Nordfjord arrangerar denne våren sonetreningar for spelarar frå Nordfjord født 1993 og trenarforum for lagstrenarane deira.


Gutar 93

Eirik Johnsen, Eid IL

Tore Heggen, Eid IL

Andre Haugland, Eid IL

Øyvind Strøm, Eid IL

Kristoffer Steenslid, Tornado Måløy FK

Jørgen Færestrand, Tornado Måløy FK

Stian Bøe, Tornado Måløy FK

Kristoffer Gil, Tornado Måløy FK

Vegard Sæten Hopland, Stryn

Johannes Thingnes Bø, Stryn

Jon Olav Risnes, Stryn

David Bakkebø, Stryn

Andre Vatnehagen Flo, Stryn

Torje Ørjasæter Breidablikk, Stryn

Per Arne Teige, Stadlandet IL

Andreas Vereide, Sandane TIL

Jens Kristian Andenes, Sandane TIL

Iver Heen Ask, Sandane TIL

Isak Solheim, Sandane TIL

Anders Holvik, Sandane TIL

Fredrik Henden, Sandane TIL

Øystein Aabrekk, Heia FK

Sondre Nordnes Sørland, Heia FK

Ole Martin Hoddevik, Heia FK

Tore Haraldsen, Haugen IL

Kenneth Remme, Haugen IL

Bjørn Are Leivdal, Haugen IL

Kristian Sandal Gangsø, Skavøypoll IL

Andre Oddvar Høydal, Skavøypoll IL

Asgeir Fivelstad, Vikane IL

Petter Tenden Myklebust, Vikane IL

Anders Solheim, Vikane IL

Trym E. Bjørneseth, Hornindal IL

 

Jenter 93

Maria Kleppe, Breimsbygda IL

Malin Skinlo, Breimsbygda IL

Vivianie Grotle, Bremanger IL

Kristina Årskog, Eid IL

Nina Rognes, Eid IL

Synnøve Søvik Myklebust, Eid IL

Marte Rønnestad, Eid IL

Ingebjørg Scott Bale, Eid IL

Ingrid Hjelmeland, Eid IL

Silje Høystad, Hornindal IL

Ida Pauline Lødøen, Hornindal IL

Lina Rebekka Kobberstad, Hornindal IL

Hanne Kristin Solheim, Hyen IL

Kristiane Rygg, Hyen IL

Kristine Bolseth, Sandane TIL

Celina N. Nordby, Sandane TIL

Vilde Jensen, Sandane TIL

Rebekka Slagstad, Sandane TIL

Aktivitetsplan:
Samling 1: 27 februar kl 1830 i Stryn.  Både trening og trenarforum ved Dagmund Evebø .
Samling 2: 13 mars kl 1830 i Stryn.  Etter denne samlinga er kvar gruppe nede i 16+2 spelarar

Samling 3:  27. mars kl 1830 i Stryn.

Samling 4:  2. april i Florø – SFFK si sonelagsturnering.

Samling 5:  10. april i Hornindal kl 1830

Samling 6:  24. april i Loen kl 1830

Saka er henta frå nettsida til SFFK.













17.02 Avdelingane i årets 6. divisjon 
SFFK har sett opp følgjande avdelingar i årets 6. divisjon:

* Haugen, Heia, Veten, Eid 2, Flatraket, Selje 2 og Skavøypoll 2. 

* Eikefjord 2, Florø 3, Svelgen, Jølster 2, Breimsbygda, Vikane/Olden, Sandane 2 og Hyen.

* Aurland/Lærdal 2, Veitastrond, Hafslo, Sogndal 3 og Balestrand. 

* Hyllestad, Anga, Askvoll/Holmedal 2, Atløy, Dale 2, Førde 3 og Saga.

Dermed stiller det 27 lag i 6. divisjon denne sesongen denne sesongen, mot 30 lag i 2005-sesongen. 

Treningskampar i dag:
Årdal FK-Voss kl. 18.00
Årdal FK II-Voss II kl. 20.00
 


16.02 Førde-Dale 5-3 (2-3) 
Førde vann i kveld 5-3 mot Dale på kunstgraset i Førde. 

Førde-Dale 5-3 (2-3) 
1-0 Nicolai Øveraas (5. min)
1-1 Stian Neset (14. min)
2-1 Stig W. Hårklau, straffe (19. min)
2-2 Are Gunnar Korsvoll (36. min)
2-3 Are Gunnar Korsvoll (39. min)
3-3 Steinar Tenden (56. min)
4-3 Benny Rivedal (65. min)
5-3 Are Flataker Viken (89. min)

Kampfakta er henta frå Førde sine nettsider. 

Les om kampen på Førde sine nettsider.


16.02 I desse OL tider 
I mangel på fotballstoff prøvar vi oss med ein OL-konkurranse. Tysdag 21. februar går Kombinert individuell sprint av stabelen. 

Konkurransen går ut på å tippe kva plass Petter Tande kjem på. 

Petter Tande var under Junior-VM i Stryn 2004 den store helten og vann tre gull.   

Sjå nokre bilder frå Junior-VM i Stryn.


Gå til konkurransen her. 


16.02 Sogndal og Fjøra bytter keeper 
Fjøra og Sogndal er blitt einige om å bytte keeper. Daniel Kvåle går til Sogndal frå Fjøra, medan Bjarte Hovland går motsatt veg. Det virkar som at begge klubbane er godt nøgde med byttet.

Les meir på Fjora.no

Les meir på Sogndalfotball.no 


15.02 Bjørge Fedje vurderar proffliv i England
I følge bt.no sitt fotballmagasin kan Årdal sin sisteskanse vere på veg til proffspel i England. 

Fedje har vore på prøvespel tre dagar med Conference-klubben Cambridge United. Om fjorten dagar skal Fedje tilbake til Cambridge United og står han bra mellom stengene då vil klubben hente han til England. Fedje blir førespegla ei årslønn på omlag 300 000,- 

Les heile saka her. 

Fedje blei henta til Årdal FK frå Sogndal etter 2005 sesongen. I Årdal skulle han erstatte "legenden" Geir Nordnes men reiser han til Årdal må Årdal sjå seg om etter ein ny erstattar. Kanskje er Preben Gilleshammer rett mann for Årdal FK sitt fyrstelag. Gilleshammer er ung og har til tross for sin unge alder mykje erfaring. Gilleshammer blei kåra til beste spelar på andrelaget til JÅFK i fjor. 


15.02 Mats Solheim ikkje med G19 til La Manga
Stryn sin unge lovande spiss Mats Solheim er ikkje tatt ut i troppen til G19 landslaget som reiser til La Manga. 

Norge G19 skal spele  ei internasjonal turnering på La Manga i Spania 25. februar til 4. mars. 

Kampprogram:
Mandag 27/2 kl. 13.00: Finland-Norge
Onsdag 01/3 kl. 18.00: Irland-Norge
Fredag 03/3 kl. 13.00: Skottland-Norge

Henta frå Fotball.no

Mats Soheim har vore skada i det siste og spelte ikkje kampen Stryn-Førde sist laurdag. Neste kamp for Stryn og Solheim er fyrstkommande laurda mot Elnesvågen på Volda Stadion. 


15.02 Treningskampar denne veka
Onsdag 15. februar:
Årdal FK II-Lærdal kl. 18.00

Torsdag 16. februar: 
Førde-Dale kl. 17.30 

Fredag 17. februar 
Årdal FK-Voss kl. 18.00
Årdal FK II-Voss II kl. 20.00

Laurdag 18. februar
Elnesvågen-Stryn kl. ??.??
Fjøra-Sogndal II kl. 12.00
Kaupanger II-Fjellkameratene kl. 14.00
Eikefjord-Askvoll/Holmedal kl. 14.00
Førde II-Jølster kl. 15.00
Ålesund-Sogndal kl. 15.00
Kaupanger-Høyang kl. 16.00


Send gjerne ein e-post til underteikna dersom du veit om andre planlagde treningskampar. 


15.02 Sidene er no flytta til www.haugenfotball.no

Haugen Fotball sine sider er no flytta til www.haugenfotball.no. Underteikna tek gjerne i mot tips viss det er noko på sidene som ikkje fungerar som det skal.    

14.02 Kretssamling på Eid Idrettspark
Laurdag 25. februar arrangerar SFFK kretssamling for spelarar født 1990. 

Gutar: 
Lars Håkon Sollibakke Mo, Lærdal IL
Sondre Grodås, Hornindal IL
Kenneth Honningsvåg, Stadlandet IL
Kyrre Mats Myren, Sogndal Fotball
Ivar Løvik, Sogndal Fotball
Jon Eirik Myhre, Sogndal Fotball
Jan Inge Dvergsdal, Førde Fotball
Ivan Dvergsdal, Førde Fotball
Vincent Årdalsbakke, Førde Fotball
Thomas Strømmen, Florø SK
Lasse Orheim Pedersen, Florø SK
Vegard Gjermundstad, IL Høyang
Eirik Milde, IL Høyang
Alexander Wik, Skavøypoll IL
Kristian Opseth, Kaupanger IL
Mats Andre Jevnaker, Årdalstangen IL
Thomas Starheim, Skavøypoll IL
Erlend Vassbotn, Eikefjord IL

Jenter:
Stine Sortevik, Svelgen TIF
Anya Bruhaug, Kaupanger IL
Hilde Katrine Hovland, Kaupanger IL
Herdis Berge, Syril IL
May Helen Midtbø, Florø SK
Anne Guro Horstad, Førde Fotball IL
Lise Igland Senneset, Bremanger IL
Maria Bratseth, Bremanger IL
Ann Katrin Grotle, Bremanger IL
Mona Nigardsøy, Bremanger IL
Catrin Honningsvåg, Stadlandet IL
Karoline Føleide, Tornado Måløy FK
Ann Kristin Feidje, Balestrand IL
Gry N. Grønli, Høyang IL
Ida Rand, Eid IL
Sol Andrea Taklo, Eid IL
Karianne Nordstrand, Atløy IL
Gunn Wie Ommedal, Hyen IL

Trenarar for G90 er Vebjørn Johansen frå Florø SK og Gunnar Naustdal frå Tempo FK.

Trenarar for J90 er Tor Amundsen frå Førde Fotball og Eli Anne Skartun frå Sogndal Fotball.

Keepertrenar er Morten Berge, Anga FK

Program for dagen:
1000–1200 Trening G90
1200–1400 Trening J90
1400-1500 For trenarar & foreldre: ”Fotball og vidaregåande skule” v/spelarutviklar Jan Tore Jåstad.
1500 Kamp SFFK G90-Eid 88/89
1700 Kamp SFFK J90-Hornindal IL damer 

Saka er henta frå nettsida til SFFK. 




14.02 Kampoppsett 6. divisjon avdeling 3 
Fotballkretsen har sett opp avdelingane i 6. divisjon og i avdeling 3 skal Haugen møte Veten, Flatraket, Skavøypoll 2, Eid 2, Selje 2 og Heia. 

Haugen serieopnar heime mot Skavøypoll 2 tysdag 2. mai og avsluttar sesongen med heimekamp mot Veten tysdag 12. september.   

23. mai er det duka for lokaloppgjer mot 
Eid sine nest beste og 13. juni kjem grøntrøyene frå Moskva på besøk på Klenkarberget.

Sjå heile terminlista her. 

NB! Det blir heilt sikkert ein del endringar i terminlista. 


13.02 Alle laga som skal vere med i KM-sluttspelet
Firda.no har i dag denne oversikta over alle laga som er kvalifisert til KM innandørs, som blir avvikla i Nordfjordhallen 4. og 5. mars. I klassa for junior jenter er alle lag som er påmeldt direkte kvalifisert til sluttspelet. Desse laga er Syril, Førde, Balestrand, Dale, Bremanger og Svelgen.   

Smågutar:
 
Haugen, Skavøypoll, Tornado Måløy, Dale I, Jølster, Florø I, Førde II, Høyang, Balestrand og Sogndal.

Småjenter:
Skavøypoll, Tornado Måløy, Askvoll/Holmedal II, Atløy, Gaular II, Førde, Tambarskjelvar, Vik, Sogndal og Syril.

Gutar:
 
Tornado Måløy, Selje, Eid, Førde III, Dale I, Førde II, Florø I, Førde V, Jotun I og Vik I.

Jenter: 
Bremanger I, Bremanger II, Atløy I, Førde I, Førde II, Florø, Sogndal II og Høyang.

Junior herrar:
 
Stryn, Tornado Måløy, Førde I, Askvoll/Holmedal, Florø, Bremanger, Høyang og Lærdal.

Opplysningane er henta frå Firda.no

På bilda til høgre ser vi Gisle Myhre og Sveinung Franzen. Begge spelar på TMFK og er på kretslaget i G91. 



13.02 Per Egil og Peter med på G17-landslaget
Både Per Egil Flo og Peter Orry Larsen er tatt ut i troppen til G17- landslaget som skal spele turnering på La Manga 25. februar til 4. mars. 

I dei innleiande kampane skal Norge møte Tsjekkia, Belgia og Finland.

Heile troppen: 
Alexander Vangen, Bodø/Glimt
Andreas Aakre, Bodø/Glimt
Thomas Stensholt, Tønsberg FK
Lars Ramstad, Rosenborg
Thomas Valø, Rosenborg
Per Egil Flo, Sogndal
Kim Andre Madsen, FC Lyn Oslo
Jørgen Hansen, Fredrikstad FK
Martin Elvestad, Fredrikstad FK
Peter Orry Larsen, Skavøypoll
Nicklas Bergseth, Odd Grenland
Marius L. Enger, Odd Grenland
Mohammed Fellah, Vålerengen
Tore Kannelønning, Stord
Thomas Seland, Mandalskameratene
Ola W. Kamara, Frigg Oslo
Tommy Høiland, Bryne
Lars Chr. Thorsen, Flekkerøy

Kampprogram: 
Søndag 26/2 kl. 18.00 Tsjekkia-Norge 
Tirsdag 28/2 kl. 18.00 Belgia-Norge 
Torsdag 30/2 kl. 18.00 Finland-Norge 


Saka er henta frå Fotball.no



12.02 Lag som gjekk vidare til KM
Følgjande lag gjekk vidare frå kvalifiseringa til innandørs-KM som blei avvikla i Nordfjordhallen denne helga: 

Smågutar:
 
Haugen, Skavøypoll og TMFK
Småjenter:
 
Skavøypoll og TMFK
Gutar:

TMFK, Selje og Eid
Jenter

Bremanger 1 og Bremanger 2 
Junior herrar:
 
Stryn og TMFK

12.02 Stryn vann juniorklassa
Juniorlaget til Stryn vann kvalifiseringa til KM innandørs. I tillegg til Stryn var Eid, TMFK og Sandane med i juniorklassa. 

Eid hadde ikkje ein heilt god dag og tapte blant anna heile 9-1 mot Stryn. 

Etter innleiande kampar gjekk dei to beste laga til ein finale. Her vann Stryn 3-1 mot TMFK. Begge desse laga er dermed kvalifisert til KM som blir arrangert i Nordfjordhallen 4. og 5. mars. 

Underteikna kjem tilbake med ei liste over alle laga som er kvalifisert så snart kretsen legg ut ein oversikt.  


12.02 Guttelaget til Eid kvalifisert til KM
Guttelaget til Eid kom på tredjeplass i dagens kvalifisering i Nordfjordhallen. 

Eid tapte semifinalen mot TMFK på Golden goal, men i bronsefinalen vart det siger mot Sandane og plassen i KM var dermed sikra. TMFK vann finalen i gutteklassa mot Selje. 

Juniorlaget til Eid har tapt dei to fyrste kampane og må nok sjå langt etter ein plass i KM-sluttspelet.  


12.02 Erik Sandal senka Sogndal
Sogndal tapte i dag 1-0 mot Hødd i ein treningskamp i Sognahallen. 

Hødd sitt mål vart sett inn av tidlegare Skavøypolspelar Erik Sandal rett før slutt. Sandal som kom til Hødd før fjorårets sesong har imponert for laget frå Ulsteinvik og det blir spennande å sjå kva Sandal kan få til denne sesongen. 

Bjørn Totland spelte andre omgang for Sogndal, men var ikkje så bra som han var i kampen mot Kongsvinger sist fredag. Totland hadde ein stor sjanse men avslutninga gjekk rett på keeper. 

Neste kamp for Sogndal er mot Ålesund 18. februar klokka 18.00 på Color Line Stadion.

I ein annan kamp i Sognahallen tapte Sogndal II 3-1 mot Vadmyra.  


12.02 KM-kvalifisering i Nordfjordhallen
Haugen sitt guttelag greidde ikkje å kvalifisere seg til innanørs-KM, som blir avvikla i Nordfjordhallen 4. og 5. mars. 

Haugen starta dagens kvalifisering med å tape 3-0 mot Stadlandet. Deretter heva Haugen seg og vann 6-1 mot Eid sitt andrelag, for så å avslutte med 2-0 tap mot TMFK sitt fyrstelag. 

Trenar Knut Atle Krossøy seier at med unntak av fyrste kampen mot Stadlandet er han godt nøgd med innsatsen til laget.

Følgjande spelarar var med på Haugen sitt lag: Eivind Daniel Røed, Ole Kristian Hanebrekke, Andre Rafshol, Ole Nordnes, Alf Kåre Dalsbø, Kristian Vårdal, Espen Aaland og Dan Jøran Hafsås. 

Guttelaget til Eid II tapte sine tre kampar i innleiinga, medan fyrstelaget til Eid vann sine to fyrste kampar i kvalifiseringa. 


12.02 KM-kvalifisering i Nordfjordhallen
I dag spelar guttelaget til Haugen KM-kvalifisering i Nordfjordhallen. 

I gutteklassa er føgjande lag påmeldt: 
TMFK (3 lag), Sandane (2), Eid (2), Stryn, Skavøypoll, Haugen, Selje og Stadlandet. Av desse 12 laga blir dei tre beste kvalifisert til KM-innandørs 4. og 5. mars i Nordfjordhallen. 

Haugen sine kampar: 
Kl. 10.15 Haugen-Stadlandet
Kl. 10.45 Haugen-Eid 2
Kl. 11.15 TMFK I-Haugen
 

Kl. 13.50 Semifinalar
Kl. 14.20 Bronsefinale
Kl. 15.00 Finale 

Haugen er også representert med to dommarar i Nordfjordhallen i dag. 
Rune Haugland og Stian Aaland skal dømme i lag med Jim Steenslid, Roald Halsør, Kåre Bakke og Kim Refvik


11.02 Fjøra tapte og Årdal vann

I Fjøra sin treningskamp mot Åsane i Vestlandshallen enda det 1-0 til heimelaget. Fjøra skriv på sine nettsider at Åsane pressa heile kampen og det var ein fortent siger til oransjetrøyene. Kaptein Erik Thoresen laga heimelaget sitt mål tre minutt før slutt. 

Les meir på nettsida til Fjøra.

Årdal FK vann 1-0 mot Høyang i ein treningskamp på Jotun Stadion. Målet til Årdal kom på eit langskot frå Bernard Brons etter ein halv time av kampen. 

Les alt om kampen på Årdal FK sine nettsider. 


11.02 Stryn-Førde 0-7 (0-3)
Førde vann enkelt 7-0 mot Stryn i treningskampen på ei glimrande kunstgrasbane på Eid. 

I løpet av ti minutt tidleg i fyrste omgang laga Førde tre mål og avgjorde i realiteten kampen. Stryn som stilte uten Trond Leirgulen, Per Ole Tenden, Mats Solheim, Geir Hool Egge og Frode Hool Egge var uvanleg passive og trenar Dagmund Evebø var skuffa etter kampen. Førde stilte med sju juniorspelarar frå start og endå tre juniorar kom inn etter pause. Så det er ikkje tvil om at det gror godt i Førdefotballen. Trenar Lars Ove Nistad strålte om kapp med sola i delar av kampen men la ikkje skjul på at det endå er lenge til seriestart.

Stryn-Førde 0-7 (0-3)

0-1 Gaute Schei (11. min)
0-2 Stig W. Hårklau (19. min)
0-3 Benny Rivedal (24. min)       
0-4 Christian Nygaard (55. min)
0-5 Benny Rivedal, straffe (59. min)
0-6 Steinar Tenden (65. min)
0-7 Are Flataker Viken (88. min)

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.  


11.02 Småguttelaget vann KM-kvalifiseringa

I dagens KM-kvalifisering til innandørs KM vann Haugen 1 smågutteklassa i Nordfjordhallen. Dermed er Haugen kvalifisert til KM som blir arrangert i Nordfjordhallen 4. og 5. mars. 

Innleiande kampar: 
Haugen 1-Bryggja 4-1
Haugen 1- TMFK 2 5-0
Haugen 1-Stryn 4 8-2
Haugen 1-Srtyn 1 4-0 

Haugen 2-Stryn 3  3-3
Haugen 2-Skavøypoll  0-8
Haugen 2-Selje  0-3
Haugen 2-Bremanger 2  3-1   

Semifinale: 
Haugen 1-TMFK 1  2-1 (golden goal)

Finale: 
Haugen 1-Skavøypoll 4-1


11.02 Stryn-Førde klokka 14.00
Husk Stryn-Førde på Eid Idrettspark i dag klokka 14.00.  

Ver med og tipp sluttresultatet i treningskampen Stryn-Førde.

Den fyrste som sender inn rett svar blir eigar av eit eksklusivt Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  

Bildet er henta frå Stryn-Eid 16. mai 2004. Stryn vann denne kampen 8-1.  

Tidlegare strynespelar Steinar Tenden møter i dag sine gamle lagkameratar. Tenden spelar no for Førde etter ein sesong i Sogndaltrøya. Underteikna trur Tenden puttar to mål i dagens kamp, og at Førde vinn knepent 3-2. 


11.02 Siste frist for OL-konkurransen er ute
I dag klokka 10.00 gjekk siste frist for å sende inn forslag til OL-konkurransen ut. Runar Øien og Cato Magne Humborstad er mest optimistiske med sine tips på at Norge skal ta 16 gull. I andre enden har Øystein Starheim tippa at Norge tek berre fire gull. Det mest vanlege tipset er 12 gull, noko som heile ti personar har tippa. 

Her kan du sjå kva alle har tippa. 


10.02 Bjørn imponerte for Sogndal
Sogndal vann 3-2 mot Kongsvinger i kveldens treningskamp i Sognahallen. Bjørn Totland spelte 2. omgang, medan Kristoffer Aarskog vart sitjande på benken. Bjørn Erik Bruvoll som var Haugen Fotball sin utsende på kampen var imponert av Totland sin innsats. Bjørn som spelte på midtbana var kreativ og hadde eit par farlege avslutningar på mål.  

Måla til Sogndal vart sett inn av: Elvis, Rune Bolseth og Newton Sterling. 

Søndag klokka 12.00 spelar Sogndal kamp mot Hødd i Sognahallen. 

Les meir på Sogndalfotball.no

Fjøra spelar treningskamp mot Åsane i Vestlandshallen laurdag 11. februar kl. 20.00.  


10.02 Alle innsendte svar på "Kva skjer 2006 sesongen"

Underteikna har fått systematisert alle dei innsendte svar i "kva skjer" konkurransen. Totalt 108 personar har sendt inn svar på 50 spørsmål noko som blir 5400 enkeltsvar. Etter nokre timar arbeid er lista klar til å bli lagt ut. 

Sjå dei innsendte svara her. (Du må ha Excel rekneark for å sjå fila)


10.02 Undervarmen på Eid Idrettspark i full drift



Slike forhold blir det lite av på Eid Idrettspark i tida som kjem. 


Undervarmen på kunstgraset blei kobla på i ettermiddag og er no i full drift. Øystein Haugland kan melde at det fungerar fint og forholda på Eid Idrettspark vil bli glimrande i tida som kjem uansett kulde. Sjøvatnet inn har ein temperatur på 9,2 grader og vatnet som har sirkulert gjennom rørnettet har ein temperatur på 4,2 grader. 

Ein oppglødd Øystein Haugland vil også minne om idrettsbasaren til Haugen IL. Basaren blir arrangert i Vårtun i kveld kl. 18.30. Vel møtt.


10.02 Sogndal-Kongsvinger i dag kl. 18.00

Sogndal møter i dag Kongsvinger i Sognahallen klokka 18.00. Dette er den fyrste av to kampar som Sogndal skal spele denne helga. Søndag klokka 12.00 er Hødd motstandar i Sognahallen. 

Sogndal sine nettsider melder at Sogndal truleg stiller med dette laget i dagens kamp: 
Terje Skjeldestad
Torgeir Hoås
Terje Flugheim
Kjetil Holvik
Ole Hjelmhaug
Rune Bolseth
Anders Stadheim
Henrik Furebotn
Mathias Eikenes
Alexander Breidvik
Newton Sterling

Reservar:
Elvis
Børre Steenslid
Christian Brink
Kim Rune Hellesund
Bjørn Totland
Kristoffer Aarskog
Terje Kvam

Les meir på Sogndalfotball.no



10.02 SELJE-TMFK ER AVLYST!!
John-Helge Andersen kan melde at Selje sin treningskamp mot TMFK er avlyst. Kampen skulle spelast på Selje Idrettspark laurdag 11. februar kl. 16.00, men på grunn av baneforholda tok ein i dag avgjerda om å avlyse kampen. 

Kampen Stryn-Førde ser ut til å gå som avtalt. Bana på Eid ser bra ut og kamptidspunkt er laurdag 11. februar kl. 14.00.

Ver med og tipp sluttresultatet i treningskampen Stryn-Førde.

Den fyrste som sender inn rett svar blir eigar av eit eksklusivt Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  


09.02 Bjørn Erik Bruvoll mest positiv
Bjørn Erik Bruvoll er den mest positive i "Kva skjer" konkurransen. På dei 50 spørsmåla har Bruvoll svara ja på heile 35 av dei. I den andre enden finn vi Eirik Tolaas. Han har svara ja på berre 19 av dei 50 spørsmåla.  Tett fulgt av Øyvind Haraldsen, Stein Inge Strøm, Eirik Lunde, Asgeir Årdal og Vebjørn Nord Haugland som alle har svara ja på 21 av spørsmåla. Kva alle har tippa blir lagt ut fredag ettermiddag/kveld. 

Siste frist i vinter-OL konkurransen nærmar seg og skal du sende inn forslag må du kjappe deg. Ver med og tipp kor bra dei norske utøvarane gjer det i Torino. Til no (kl. 22.53) har 66 personar sendt inn sitt forslag. 

Siste frist for å sende inn forslag er laurdag 11. februar kl. 10.00. 

OL-konkurransen finn du her. 


09.02 Anton Andre Sande klar for Stryn
Nettsida til Stryn Fotball skriv i kveld at Loenspelar Anton Andre Sande er klar for Stryn. Sande skal ha signert ei to-års avtale med ein av favorittane til å vinne årets tredje divisjon. 

Loen sine nettsider melder at Anton Andre Sande har spelt 126 kampar og laga 71 mål for Loen. 

Anton Andre Sande spelte høgreback for Stryn i treningskampen mot Eid sist fredag. I ein kommentar til Loen sine nettsider seier Sande at Dagmund Evebø er ein veldig flink trenar og skal han prøve seg for Stryn måtte det bli no. 

Les kva Stryn Fotball skriv om saka. 
Les kva Loen.com skriv om saka. 


09.02 Petter Hammer på veg til Eid
Fjordabladet skriv i dag at Petter Hammer vil skrive under for Eid ein av dei næraste dagane.

Hammer er ein sterk forsvarsspelar som kan forsterke Eid sitt forsvar. Hammer  spelte høgreback for Eid i treningskampen mot Stryn sist fredag, og kom frå debuten i den gule drakta på ein bra måte. 

Petter Hammer var med på Stryn sitt lag som vart kretsmesterar i innandørsfotball, som blei arrangert i Førdehuset i november. 

Sjå bilder og resultat frå KM.


09.02 Selje-TMFK laurdag klokka 16.00
John-Helge Andersen melder at Selje spelar treningskamp mot TMFK laurdag 11. februar kl. 16.00. 

TMFK er nok svært revansjelystne etter å ha tapt 8-2 mot Eid. Etter å ha køyrt over Eid dei fyrste ti minutta av kampen datt TMFK totalt i hop og Eid fekk veldig lett spel resten av kampen. 

Selje derimot vann meget overbevisande 5-2 mot Sandane i sin fyrste kamp for året. 

Ver med og tipp sluttresultatet i treningskampen Selje-TMFK.

Den fyrste som sender inn rett svar blir eigar av eit eksklusivt Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  


09.02 Ver med på Haugen Fotball sin OL-konkurranse 

Siste frist for å sende inn forslag på OL-konkurransen nærmar seg.   Ver med og tipp kor bra dei norske utøvarane gjer det i Torino. Til no har 61 personar sendt inn forslag. 

Siste frist for å sende inn forslag er laurdag 11. februar kl. 10.00. 

OL-konkurransen finn du her.


08.02 Stryn-Førde laurdag klokka 14.00
Stryn og Førde spelar treningskamp på Eid Idrettspark laurdag 11. februar kl. 14.00. Både Stryn og Førde er blant favorittane til å vinne årets 3. divisjon. 

Ver med og tipp sluttresultatet i treningskampen Stryn-Førde.

Den fyrste som sender inn rett svar blir eigar av eit eksklusivt Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  


08.02 Eid spelar ikkje kamp denne helga

Eid skal ikkje spele treningskamp denne helga. 

På grunn av at Førde hadde dobbelbooka denne helga blei Eid ståande utan motstandar. Til trass for iherdige forsøk på å få tak i ein motstandar ordna det seg ikkje.  

Neste kamp for Eid blir derfor mot Årdal sitt andrelag 26. februar. Laurdag 11. mars er Stryn motstandar på Eid Idrettspark, medan fjorten dagar etter står Hovdebygda på den andre banehalvdelen. Seinare i vår skal Eid også delta i turneringa i Eikefjorden. 

I tillegg blir det jobba med å få til ein treningskamp mot Ørsta 3. eller 4. mars.


07.02 Førde møter Stryn i staden for Eid

Den planlagde kampen mellom Eid og Førde som skulle spelast på Eid Idrettspark laurdag blir ikkje noko av. 

På grunn av dobbelbooking frå Førde si side blir Eid nøydd til å prøve å finne seg ein ny motstandar. Arne Morten Nydal kan fortelje at han jobbar med saka og underteikna blir underretta så snart motstandar og tidspunkt er klart. 

Stryn-Førde kan fort bli ein kamp mellom dei to laga som kjem til å kjempe om avdelingssigeren i årets 3. divisjon. 

Kampen Stryn-Førde blir spelt på Eid Idrettspark laurdag 11. februar kl. 14.00.  


07.02 Stryn stiller ikkje damelag denne sesongen

Nettsida til Stryn fotball melder at Stryn ikkje stiller damelag denne sesongen.

I fjor stile Stryn damelag i lag med Oppstryn, og spelarane som vil vere med i år har fått tilbod om å spele på Hornindal sitt damelag. 

På bildet ser vi Stryn/Oppstryn sin kaptein og toppskårar sist sesong Cecilie Hatlenes. 

Sjå bilder og kampfakta frå Eid sin heimekamp mot Stryn/Oppstryn sist sesong. 


07.02 Ver med på Haugen Fotball sin OL-konkurranse 

Vinter-OL nærmar seg og vi prøvar med ein konkurranse i samband med vinterens store høgdepunkt.  Ver med og tipp kor bra dei norske utøvarane gjer det i Torino. Til no (kl. 06.10) har 46 personar sendt inn sitt forslag. 

OL-konkurransen finn du her. 

Siste frist for å sende inn svar på Haugen Fotball sin "Kva skjer i 2006 sesongen?" er no ute. Underteikna har fått inn omlag 110 svar og desse blir lagt ut så snart underteikna har fått systematisert dei. 



06.02 SFFK spelar dobbelkamp mot Sunnmøre FK 

Gutte- og jentekretslaget til Sogn og Fjordane født 1991 skal helga 18. og 19. februar spele kampar mot Sunnmøre FK. Kampane blir spelt i samband med kretssamlinga i Selje. 

Følgjande jenter er tatt ut: 
Gry Nagel, Bremanger IL
Hege Nygård, Bremanger IL
Amanda Nesbakk, Bremanger IL
Vilde Thorbjørnsen, IL Høyang
Karen Marie Eldevik, IL Høyang
Stine Hovland, IL Høyang
Marianne Steinsøy, IL Høyang
Evy Malen Nitter Aasen, Sogndal Fotball
Andrea Solbakken, Sogndal Fotball
Susann Vatnehol, Selje IL
Sonja Riksfjord, Selje IL
Kamilla Bolseth, Sandane TIL
Eli Anne Dvergsdal, Førde IL Fotball
Mari Nedberge, Førde IL Fotball
Annelin Frøysland, Førde IL Fotball
Tea Berteig, Kaupanger IL
Helle Løken, Florø SK
Ida Ellingssund, Florø SK 

Følgjande gutar er tatt ut: 
Ole Jørgen Eide, Førde IL Fotball
Fredrik Solheim, Førde IL Fotball
Karl Edvin Lysne, Lærdal IL
Thor Henning Brandsøy, Florø SK
Thyago Fernandes, Florø SK
Vegard Hafstad, Florø SK
Eivind Daniel Røed, Haugen IL (92)
Kai Sindre Moldestad, Selje IL
Ole Andreas Solheim, Selje IL
Anders Furseth, Dale IL
Sveinung Franzen, Tornado Måløy FK Gisle Myhre, Tornado Måløy FK 
Jon Eirik Lerum, Sogndal Fotball
Frank Elvagjeng, Sogndal Fotball
Ørjan Hopen, Sogndal Fotball (92) Kristian Kongsvoll, Eid IL
Marius Hagen, Eid IL (92)
Mats Loftesnes, Høyang IL

Fyrste kampane blir spelt laurdag 18. februar klokka 17.00 og 19.00, medan dei to andre blir spelt søndag 19. februar klokka 10.00 og 12.00.  

Heile saka kan du lese på nettsidene til SFFK.




06.02 To frå Haugen uttatt til Kretssamling 

Søndag 26. februar arrangerar SFFK kretssamling for spelarar født 1992. 
Frå Haugen er Mariell Starheim og Eivind Daniel Røed invitert til å vere med på samlinga i Sognahallen. 

Frå Eid er Marius Hagen, Veronica Hansen og Rikke Myklebust invitert. 

Program:
1030–1200 Trening G92

1200–1330 Trening J92

1330–1430 Teori for trenarar – ”Mellomfasearbeid” 
1430–1600 Kamp SFFK G92–Sogndal Fotball G91

1600–1730 Internkamp J92

1745–1800 Oppsummering og vegen vidare

1800–1830 Møte kretspersonell.

Heile uttaket og heile saka kan du lese på nettsidene til SFFK.


06.02 Haugen stiller med tre lag i Innandørs-KM 

Haugen var eigentleg påmeldt med eit guttelag og eit småguttelag i helgas innandørs-KM kvalifisering for aldersbestemte lag. Haugen har no meldt på nok eit småguttelag, slik at ein stiller med to lag i smågutteklassen.

Trenar Eirik Andreassen melder at det blir avreise for småguttelaget frå Klenkarberget laurdag 11. februar kl. 08.30. 


06.02 Bjørn og Kristoffer får prøve seg i Sogndal

Nettsida til Sogndal Fotball skriv at Kristoffer Aarskog og Bjørn Totland skal trene med Sogndal sitt A-lag denne veka.

Nettsida beskriv Bjørn som ein spennande midtbanespelar med offansive kvalitetar, medan Kristoffer blir karakterisert som ein fysisk sterk spiss som lagar mykje mål. 

Kanskje får begge to vise seg fram i Sogndal sine treningskampar mot Hødd og Kongsvinger no til helga. 

Les heile saka på Sogndalfotball.no

NB! Eid spelar treningskamp mot Førde på Eid Idrettspark laurdag 11. februar kl. 14.00. 


06.02 Vellukka Team Bremanger samling laurdag 

Totalt 20 spelarar deltok på Team Bremanger samlinga som blei avvikla i på kunstgraset i Florø laurdag. 

I tillegg til Bremanger hadde klubbane Eid, Skavøypoll, TMFK, Svelgen, Stadlandet og Florø spelarar med på samlinga. 

Samlinga bestod av trening, teori og vart avslutta med ein internkamp mellom Bremanger og dei inviterte spelarane. 

Sunniva Hagen var einaste spelar frå Eid kommune som var med på samlinga. 

Les meir om den vellukka samlinga på Bremanger sine nettsider. 


06.02 Dale slo Florø 2-0  

Dale avslutta treningshelga si med kamp mot 4. divisjonslaget Florø. 

Dale sine nettsider melder om at Dale gjekk til pause med ei heldig 1-0 leiing. I andre omgang tok Dale heilt over og vann til slutt fortent 2-0. 

Måla til Dale vart sett inn av Hugo Fretland og Leif Helge Rivedal. 


Les meir om kampen på Dale sine nettsider. 


05.02 Ivan Øy førte Årdal FK II til siger  
Nettsidene til Årdal FK melder at Ivan Øy har teke over ansvaret for Årdal II denne sesongen. Fredag kveld vann Årdal II 1-0 mot Vang på kunstgraset i Årdal. Målet til Årdal vart sett inn av Emil Thune. 

Les meir på Årdal FK sine nettsider.

Søndag 26. februar kjem Årdal FK på besøk på Eid Idrettspark. Fyrstelaget skal møte Volda, medan andrelaget skal møte Eid sitt fyrstelag.  

VINN SIGNERT HAUGENDRAKT 
Siste frist for å sende inn svar på Haugen Fotball sin "Kva skjer i 2006 sesongen?" konkurranse nærmar seg med stormskritt. 

Siste frist er i dag 5. februar kl. 23.00. 

Konkurransen finn du her.


05.02 Sogndal vann eiga turnering 
Sogndal 1 vann gutteturneringa Sognahallen Cup denne helga. I finalen vann Sogndal 4-3 på Golden Goal mot Florø. I bronsefinalen trekte Voss det lengste strået og vann 2-1 Lærdal. 

Fredag: 

Sogndal 2-Lærdal 0-2 
Sogndal 1-Førde 2-0
Voss-TMFK 2-2

Laurdag: 
Florø-Frøya 6-2
Førde-Voss 1-2
TMFK-Sogndal 1 1-5
Florø-Lærdal 3-2 
Sogndal 2-Frøya 0-6 
TMFK-Førde 0-4
Voss-Sogndal 1  2-3

Søndag:
Florø-Sogndal 2  3-0
Frøya-Lærdal 0-4

Finale: 
Sogndal 1-Florø 4-3 (3-3) GG

Bronsefinale:
Voss-Lærdal 2-1


05.02 Selje-Sandane 5-2 (4-2)
Selje vann 5-2 mot Sandane i dagens  treningskamp på Selje Idrettspark. Tore Sunndal frå Kjølsdalen tippa rett resultat i Haugen Fotball sin konkurranse og får eit Haugen-krus i premie. 

Sandane starta best i kampen og etter 14 minutt fekk Ruben Wie stjernetreff frå 25 meter. Ballen gjekk i ein fin bue bak ein sjanselaus Tom Øyvind Solheim som vokta buret til Selje før pause. Berre minuttet etter fekk debutant Peter Bergesen sto heilt umarkert på femmeteren. Midtstopparen sette ballen enkelt i mål og laga var like langt. Etter 

Etter 18 minutt av kampen kom Selje sin kaptein Kai Arne Otnheim høgast på eit langt frispark. Stussen frå Otnheim gjekk over Jørgen Veien i Sandane sitt mål og Selje leia 2-1. To minutt etter utnytta Sandane ein glipp i Selje sitt forsvar. Eit tilbakespel frå ein forsvarar vart plukka opp av keeper og Sandane fekk indirekte frispark frå omlag 10 meter. Ballen vart lagt til side til Bjarte Skaaden som kontrollert sette ballen i mål heilt ute ved stolpen. 

Karl Erik Aarsheim har ved fleire høve vist at han har ein følsam høgrefot. Like etter Sandane si utlikning til 2-2 fekk Selje frispark frå 20 meter. "Kalle" prikka ballen inn nesten heilt oppe i hjørnet til stor jubel frå dei omlag 30 tilskodarane i regnveret. Kvarteret før pause auka Kenneth Pedersen Selje si leiing til 4-2. Frå åtte meter klinka han ballen i mål via tverrliggaren. På slutten av fyrste omgang hadde Sigmund Andenes to kjempesjansar, men klarte ikkje å overliste ein strålande opplagt Tom Øyvind Solheim. 

I andre omgang tok Selje meir og meir over kampen og det er vel ikkje tvil om at Selje på dette tidspunkt er betre trena enn Sandane. Selje hadde det meste av banespelet uten at dei laga så mange av dei heilt store sjansane. Sandane var farleg på nokre kontringar og spesielt innbyttar Edvin Øygard var nære på eit par gongar. Ti minutt før slutt fastsette Karl Erik Aarsheim sluttresultatet til 5-2.    

Av spelarar i dag vart underteikna mest imponert av seljespelarane Frode Nøstdal og Kenneth Pedersen. På Sandane utmerka Bjarte Skaaden seg mest. Ruben Wie og Trond Vegard Ripe var også freske i fyrste omgang. 

Sjå bilder og kampfakta frå kampen.  




05.02 Treningskampar i dag 
Dale skal denne helga ha helgasamling i Florø. Samlinga blir avslutta med kamp mot Florø søndag. 

Søndag spelar Selje treningskamp mot divisjonskollega Sandane. Kampen blir spelt på kunstgrasbana i Selje og har kampstart klokka 13.00. 


Ver med og tipp sluttresultatet i treningskampen Selje-Sandane.

Den fyrste som sender inn rett svar blir eigar av eit eksklusivt Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  

NB! Går alt etter planen hivar underteikna seg i Polo'en og reiser til Selje. Bilder og fakta frå kampen kan du sjå her på Haugen Fotball omlag kl. 16.00.  


05.02 Siste frist for "Kva skjer i 2006 sesongen?"
VINN SIGNERT HAUGENDRAKT 
Siste frist for å sende inn svar på Haugen Fotball sin "Kva skjer i 2006 sesongen?" konkurranse nærmar seg med stormskritt. Til no er det kome inn 108 svar på konkurransen. 

Siste frist er i dag 5. februar kl. 23.00. 

Konkurransen går ut på å spå kva som kjem til å skje i 2006 sesongen. Underteikna har spøta i hop ein del spørsmål og spørsmåla skal besvarast med ja eller nei. Når sesongen er over blir dei innsendte svara retta og den som har flest rette stikk av med ei signert Haugendrakt. Er det fleire med like mange rette vinn den som sendte inn sitt svar fyrst. 

Konkurransen finn du her.


04.02 Sognahallen Cup
Fredag: 
Sogndal 2-Lærdal 0-2 
Sogndal 1-Førde 2-0
Voss-TMFK 2-2

Laurdag: 
Florø-Frøya 6-2
Førde-Voss 1-2
TMFK-Sogndal 1 1-5
Florø-Lærdal 3-2 
Sogndal 2-Frøya 0-6 
TMFK-Førde 0-4
Voss-Sogndal 1  2-3

Søndag:
Kl. 09.00 Florø-Sogndal 2
Kl. 10.30 Frøya-Lærdal

Kl. 14.00 Sogndal 1-Vinnar pulje 2
Kl. 15.30 Voss-Nr. 2 pulje 2


04.02 Brann-Sogndal 1-1 (0-0)
Brann og Sogndal spelt i dag uavgjort 1-1 i Vestlandshallen. Sogndal tok leiinga 1-0 tretten minutt før slutt. Mathias Eikenes kom seg fri på linja og legg tilbake til Henrik Furebotn som nettar sikkert. Dette såg også lenge ut til å bli vinnarmålet i Vestlandsderbyet, men tidlegare Sogndalsspelar Kristian Ystaas berga uavgjort 1-1 med si skåring tre minutt før slutt. 

Kilde: 100% fotball

Neste treningskamp for Sogndal er mot Kongsvinger i Sognahallen fredag 10. februar kl. 18.00. Brann spelar sin neste kamp mot Krylya på La Manga 13. februar.  


04.02 Treningskampar søndag
Dale skal denne helga ha helgasamling i Florø. Samlinga blir avslutta med kamp mot Florø søndag.

Søndag spelar Selje treningskamp mot divisjonskollega Sandane. Kampen blir spelt på kunstgrasbana i Selje og har kampstart klokka 13.00. 


Ver med og tipp sluttresultatet i treningskampen Selje-Sandane.

Den fyrste som sender inn rett svar blir eigar av eit eksklusivt Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  


04.02 Sogndal møter Brann i Vestlandshallen
I dag klokka 15.00 er det duka for Sogndal-Brann i Vestlandshallen. Dette blir Sogndal sin fyrste kamp med god motstand denne sesongen og Stig Nord er nok spent på om Sogndal kan bite frå seg mot storebror på Vestlandet. 

Sogndal har vunne begge treningskampane sine så langt. Bortekampen mot Voss enda med 1-0 siger, medan Førde blei slått 6-1 i Sognahallen onsdag kveld.  

Brann har også spelt to treningskamar. Desse har enda med 1-1 mot FC Luzern på Malaga, og 2-3 tap mot LøvHam i Vestlandshallen sist laurdag. 

Sogndal stiller med følgjande tropp: 
Terje Skjeldestad
Bjarte Hovland
Ole Hjelmhaug
Christian Brink
Torgeir Hoås
Terje Flugheim
Marco Reda
Per Egil Flo
Kjetil Holvik
Terje Kvam
Elvis
Rune Bolseth
Anders Stadheim
Henrik Furebotn
Alexander Breidvik
Mathias Eikenes
Kim Rune Hellesund
Kilde: Sogndal Fotball


Brann stiller med følgjande spelarar: 
Håkon
Opdal
Johan Thorbjørnsen
Kristjan Ørn Sigurdsson
Olafur Ørn Bjarnason
Ragnvald Soma
Erlend Hanstveit
Petter Vaagan Moen
Erik Huseklepp
Emil Rieber-Mohn 
Didrik Thorbjørnsen
Sebatian Eguren 
Helge Haugen 
Dylan Macallister 
Robbie Winters
Kristian Ystaas
Kilde: Brann.no






03.02 Andre kampar i kveld
I vinterserien for junior damer vann Bremanger 5-0 borte mot Stryn i kveld. 
Bremanger er heilt suverene i si gruppe og skal møte vinnaren av den andre gruppa i spel om KM-tittelen. Underteikna trur at Kaupanger stikk av med sigeren i den andre pulja. 

Lise Senneset (bildet) laga tre mål og la begge cornerane som resulterte i dei to andre måla til Bremanger i kveld.  

I Sognahallen Cup har det blitt spelt tre kampar i kveld. 
Sogndal 2-Lærdal 0-2 
Sogndal 1-Førde 2-0
Voss-Tmfk 2-2


03.02 Eid-Stryn 1-3 (0-0)

Stryn vann i kveld 3-1 mot Eid på Eid Idrettspark. Etter ein jamnspela fyrste omgang gjekk laga til pause på stillinga 0-0. Begge laga hadde ein kjempesjanse kvar som dei burde skåra på før kvilen. Kristoffer Aarskog fekk stå heilt åleine på 5-meteren, men headinga gjekk i tverrliggaren. Rett etter kom Stryn tre mot en, men etter mykje fomling rann alt ut i kålen. 

I andre omgang vart det litt meir action og temperatur i kampen. Omlag midtvegs i omgangen gjekk Stryn opp til 1-0. Per Ole Tenden drog seg fint gjennom og sette ballen via Vegard Løken og i tverrliggaren. Returen sette Ulrik Flo enkelt i mål. Fem minutt etter gjorde Jon Terje Tjellaug alt rett og auka til 2-0 på eit vakkert soloraid. 

Så var det Pål Holko sin tur å kome i fokus. Holko mente det var Stryn sitt kast men dommar Rune Haugland dømde mot Holko. Holko svarte med å kalle Haugland for ein ---. (Sensurert , kort ord på tre bokstavar som startar med K og sluttar med K). Haugland hadde ikkje noko valg og Holko fekk sjå det raude kortet. 

Dette tende Eid og etter eit vakkert angrep reduserte Henning Haugen til 1-2. Men i staden for eit stormangrep mot Stryn sitt mål virka det som at Eid var fornøgde. Fem minutt før slutt fekk Stryn straffe etter ei horribel takling frå Erik Salveson. Trond Leirgulen sette straffa i mål og fastsette sluttresultatet til 3-1. 

Eid-Stryn 1-3 (0-0)
0-1 Ulrik Flo (68. min)
0-2 Jon Terje Tjellaug (72. min)
1-2 Henning Haugen (77. min)
1-3 Trond Leirgulen (84. min)

Eid: Vegard Løken, Petter Hammer, Geir Moldestad, Ove Balsnes, Erik Salveson, Bjørn Totland, Håvard Bruvoll, Stein Inge Aabrekk, Kim Vik, Stian Sandal, Krsitoffer Aarskog
Reservar: Henning Haugen, Bjørnar Strandos

Stryn: Kristoffer Grodås, Pål Holko, Thomas Vik, Trond Leirgulen, Anton Andre Sande, Jon Terje Tjellaug, Per Ole Tenden, Ulrik Flo, Marius Grodås, Jan Erik Sandbakk, Christian Holko
Reservar: Aleksander Eikenes, Kristian Brynestad

Strynespelar Petter Hammer prøvde seg i den gule drakta i kveld. Hammer utmerka seg berre i ein situasjon og det var då han "overfall" Christian Holko i ein duell.

Resultattips: 
Ingen tippa rett resultat på resultattipset. Dermed går Haugen-kruset vidare til neste kamp.

Ver med og tipp sluttresultatet i treningskampen Selje-Sandane.
Kampen blir spelt på kunsgraset i Selje søndag 5. februar kl. 13.00

Den fyrste som sender inn rett svar blir eigar av eit eksklusivt Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  





03.02 Loen stiller lag !!!!

Det blei i kveld bestemt at Loen stiller lag denne sesongen.  

Det har den siste tida blitt spekulert i om Loen kunne stille lag denne sesongen. I dag har Loen hatt oppteljing og ein har kome fram til at ein har nok spelarar til å stille lag. 

Det blir jobba med fleire nye spelarar og viss ikkje Veten/Hardbagg stiller lag har nokre sagt seg villige til å spele for Loen denne sesongen. 

Les meir på nettsida til Loen. 


03.02 Husk Eid-Stryn kl. 20.00
Kampen blir spelt på Eid Idrettspark i kveld kl. 20.00.

Ver med og tipp sluttresultatet i treningskampen Eid-Stryn.

Den fyrste som sender inn rett svar blir eigar av eit eksklusivt Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  

NB! På grunn av Eid-Stryn blir Haugen si trening kl. 18.30-20.00. 


03.02 Toppklubbsamling herrar junior i Sognahallen
Sogndal føl opp den gode innsatsen i Color Line Cup og inviterar til toppklubbsamling i Sognahallen tysdag 21. februar. På programmet står trening og kamp mot A-laget til Sogndal. 

Følgjande juniorar frå fylket er invitert:
Johan Salveson, Sogndal Fotball
Sindre Kjos Wenjum, Sogndal Fotball
Eirik Flugheim, Sogndal Fotball
Erlend N. Kvalheim, Tornado Måløy FK
Nicolai Øveraas, Førde IL
Gisle Isene, Førde IL
Stig Hårklau, Førde IL
Sigurd Folkestad, Førde IL
Preben Strypet, Kaupanger IL
Peter Orry Larsen, Skavøypoll IL
Øystein Welzien, Skavøypoll IL
Per Egil Flo, Stryn TIF
Mats Solheim, Stryn TIF
Ulrik Flo, Stryn TIF
Even Hovland, IL Høyang
Preben Gilleshammer, JÅFK
Allan Jørgensen, JÅFK
Terje Andreas Jevnaker, JÅFK
Lasse Orheim Pedersen, Florø SK

Saka er henta frå nettsida til SFFK.


03.02 TMFK sitt guttelag deltek i Sognahallen Cup 
Guttelaget til Tornado Måløy deltek denne helga i Sognehallen Cup. 

Pulje 1: 
Førde
Voss
Tornado Måløy
Sogndal 1

Pulje 2: 
Frøya 
Florø 
Lærdal 
Sogndal 2

Fredag kl. 20.30 TMFK-Voss
Laurdag kl. 12.30 TMFK-Sogndal 1
Laurdag kl. 18.30 TMFK-Førde

Sluttspel søndag: 
kl. 14.00 Nr. 1 pulje 1-Nr. 1 pulje 2
kl. 15.30 Nr. 2 pulje 1-Nr. 2 pulje 2


03.02 Fotballtilbod ved MVS hausten 2006
Underteikna vart tipsa om følgjande sak:

Måløy vidaregåande skule har sidan hausten 2001 hatt eit fotballtilbod med 6 timar trening i veka ved at ein tek allmennfaglig linje på 4 år. Vi har òg lagt til rette for elevar på yrkesfag med ulike løysingar. Dette tilbodet må vi endre på, men for elevar som går på den eksisterande fotballinja, vil MVS halde lovnaden sin og tilby 6 timar trening i veka som ein del av timeplanen.

Nytt tilbod:
For elevar med god dugleik og stor motivasjon som starta på VG1 hausten 2006, vil MVS tilby 4 timar trening på dagtid med utdanna trenar/lærar.

MVS har planar om å tilby fotball som eit eige programfag for elevar som går på VG2 hausten 2007.

Teksten er henta frå Måløy Vidaregåande skule sine nettsider.


02.02 Kay Ove har signert for Skarbøvik
Kay Ove Hafsås har signert B-skjema for Skarbøvik. Dette melder klubben på sine nettsider.

Stårheimaren har tidlegare spelt A-lagsfotball for Haugen, Eid, Stryn og Gneist. Kay Ove har spelt 39 kampar og laga 11 mål for Haugen i perioden 1995-1997. 

Kay Ove melder at debuten for Skarbøvik truleg er eit stykke unna, men at Skarbøvik skal spele treningskamp mot FK Sykkylven på Hessa Kunstgress fredag 3. februar kl. 18.00. Tysdag 7. februar møter SIF Rollon på kunstgrasbana på Aksla.  

Kay Ove har tidlegare vore Haugen Fotball sin ekspertkommentator på lokal fotball. Ettersom Kay Ove no har tatt steget til 3. divisjon på Sunnmøre føler underteikna at han er moden for større oppgåver også her på Haugen Fotball. Hafsås blir dermed utnemnt til Sjefsekspert på region Møre og Romsdal.  


02.02 Oppsettet KM-kvalifisering aldersbestemt
SFFK har sett opp kampoppsettet for KM innandørs kvalifisering for aldersbestemte klasser. 

Kvalifiseringsspela vil bli arrangert laurdag 11. februar og søndag 12. februar i Balestrand, Dale, Florø og i Nordfjordhallen . 

Haugen stiller med to lag i kvalifiseringa i Nordfjordhallen. Småguttelaget skal spele mot TMFK 2, Stryn 1, Stryn 4 og Bryggja laurdag, medan guttelaget spelar søndag mot TMFK, Eid 2 og Stadlandet.  

Heile saka og fullstendig kampoppsett kan du lese på SFFK sine nettsider. 


02.02 Husk Eid-Stryn fredag kl. 20.00
Kampen blir spelt på Eid Idrettspark fredag 3. februar kl. 20.00.

Ver med og tipp sluttresultatet i treningskampen Eid-Stryn.

Den fyrste som sender inn rett svar blir eigar av eit eksklusivt Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  

NB! På grunn av Eid-Stryn blir Haugen si trening kl. 18.30-20.00. 


01.02 Sogndal vann 6-1 mot Førde
Sogndal vann i kveld 6-1 mot Førde i Sognahallen. 

Sogndal-Førde 6-1 (2-0)
1-0 Anders Stadheim (17. min)
2-0 Mathias Eikenes (23. min)
3-0 Alexander Breidvik (49. min)
4-0 Per Egil Flo (51. min)
4-1 Straffe (82. min)
5-1 Sindre Kjos Wenjum (90. min)
6-1 Rune Bolseth (90. min+ 1min)

Kampfakta er henta frå sogndalfotball.no 


01.02 Fjøra rakna totalt etter pause
Fjøra held godt følgje med Årdal FK i fyrste omgang av treningskampen i Årdal. Etter at stillinga var 1-1 til pause rakna det totalt for Fjøra og 2. divisjonslaget til Årdal gav seg ikkje før dei hadde putta åtte ballar bak Fjøramålvakt Morten Nes.

Årdal-Fjøra 8-1 (1-1)
1-0 Ole Gunnar Hunderi (7. min)
1-1 Vegard Ruudi (13. min)
2-1 Arild Underdal (47. min)
3-1 Rune Førde (51. min)
4-1 Arild Underdal (73. min)
5-1 Tim Teigen (80. min)
6-1 Brede Stedje Ylvisåker (86. min)
7-1 Ole Gunnar Hunderi (89. min)
8-1 Roy Olsen (90. min)

Kampfakta er henta frå Fjøra si nettside. 


01.02 Marco Reda klar for Sogndal
Firda.no melder at midtstopparen Marco Reda er klar for Sogndal. 

Reda og Sogndal er einige om ein toårsavtale og Sogndal håpar at Reda er klar til treningskampen mot Brann fyrstkommande laurdag.

Les heile saka på Firda.no. 

Bildet er henta frå treningskampen Sogndal-Brann i Eikefjord 18. juli 2004. Kampen enda uavgjort 2-2 etter skåringar av
Robbie Winters, Raymond Kvisvik, Tommy Øren og Alexander Ødegård. 

Sjå bilder og kampfakta. 


01.02 Eid møter Stryn fredag kl. 20.00
Arne Morten Nydal kunne i dag bekrefte at det er duka for treningskamp mot Stryn. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark fredag 3. februar kl. 20.00.

Ver med og tipp sluttresultatet i treningskampen Eid-Stryn.

Den fyrste som sender inn rett svar blir eigar av eit eksklusivt Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  

NB! På grunn av Eid-Stryn blir Haugen si trening kl. 18.30-20.00. 


01.02 Treningskampar i dag 
Dei fleste laga i fylket har starta med oppkøyringa til sesongen og treningskampane kjem som perler på ei snor. I dag klokka 18.00 møter Årdal FK Fjøra på kunstgrasbana i Årdal. Årdal FK melder på sine nettsider at dei kjem til å stille eit redusert lag der mange skal få prøve seg.  

Kl. 19.00 tek Sogndal i mot Førde i Sognahallen. Sogndal bør vinne mot Førde og vise seg litt fram før dei møter Hødd og Kongsvinger i treningskampar på heimebane neste helg.    

Laurdag er det duka for Selje-Sandane på kunstgraset i Selje. Dette blir ein kamp mellom to av dei laga som truleg kjem til å kjempe i botnen i årets 3. divisjon. 

I tillegg går det rykter om ein treningskamp mellom Eid og Stryn på fredag.   

I ein treningskamp mellom Førde 2 og Førde 3 i går kveld blei det 0-0. Kampen blei spelt på kunstgraset i Førde over 3x20 minutt.


31.01 "Team Bremanger"
Bremanger har den siste tida lagt ned mykje godt arbeid på jentesida. Dette arbeidet skal no vidareførast og fyrstkomande laurdag har Bremanger invitert jentespelarar frå andre klubbar i fylket til samling i Florø. 

Følgjande jenter er invitert: 

- Sonja Riksfjord 91 Selje

- Susanne Vatnehol  91 Selje

- Janette Kupen  91  Selje

- Karoline Føleide  90 TMFK

- Rakel Blålid  91  TMFK

- Trine Kvalheim  91 TMFK

- Lene Gangeskar 92  Skavøypoll 

- Bianca Johansen 91 Skavøypoll

- Anette Karlsen  92  Skavøypoll  

- Stine Sortevik  90  Svelgen  

- Elise Eikeland  90  Svelgen  

- Rikka Sande   91  Svelgen   

- Cathrin Honningsvåg  90 Stadlandet 

- Helle Løken  91  FSK   

- Ida Ellingssund  91 FSK    

- May Helen Midtbø 90 FSK

- Ida Rand   90 Eid 

- Sol Andrea Taklo  90 Eid

- Sunniva Hagen  89 Eid


Program:
Kl.10-12.00 Trening.

Kl.12-12.30 Lunsj.

Kl.12.30-13.30 Teoriøkt.

Kl.14.30-16.30 Kamp. BIL jenter mot samansett lag av dei innkalla spelarane.

Kl.16.30 Oppsummering/avsluttning.


Denne sake er saksa frå nettsida til Bremanger. Les meir om "Team Bremanger" på Bremanger sine nettsider.



31.01 Siste frist for "Kva skjer i 2006 sesongen?"
VINN SIGNERT HAUGENDRAKT 
Siste frist for å sende inn svar på Haugen Fotball sin "Kva skjer i 2006 sesongen?" konkurranse nærmar seg. Til no er det kome inn 102 svar på konkurransen. 

Underteikna har sett siste frist til å sende inn forslag til søndag 5. februar kl. 23.00. 

Konkurransen går ut på å spå kva som kjem til å skje i 2006 sesongen. Underteikna har spøta i hop ein del spørsmål og spørsmåla skal besvarast med ja eller nei. Når sesongen er over blir dei innsendte svara retta og den som har flest rette stikk av med ei signert Haugendrakt. Er det fleire med like mange rette vinn den som sendte inn sitt svar fyrst. 

Konkurransen finn du her.


31.01 Kaupanger IL arrangerar opent trenarforum

SFFK melder på sine nettsider: 
Søndag 5. februar inviterer sonekluben Kaupanger IL alle interesserte trenarar i aldersfastlagd jentefotball til eit opent trenarforum med tittelen "Kva skal til for å bli god?".

Det er trenarduoen på Kaupanger IL sitt A-lag, Bjarne Hagen (bildet) og Odd Einar Fimreite, som er ansvarlege for forumet, og SFFK oppmodar samtlege trenarar til å stilla.  Ei særskild oppmoding går til dei klubbane som har spelarar på sonetreninga som går i Sognahallen samstundes.

Møt opp i auditoriet i Sognahallen søndag 5. februar kl. 1700 for å høyra Hagen&Fimreite sine tankar om dette viktige og spennande temaet.


31.01 Stryn Fotball med ny nettside


Stryn Fotball presenterte i dag sine nye nettsider. Nettsidene har den siste tida vore lite oppdatert, men dette skal ordne seg no når dei nye nettsidene er på plass. 

Gå til Stryn-fotball.com 

31.01 Fredag blir det bestemt om Loen stiller lag

Loen sine nettsider melder at fredag blir den endelege avgjersla tatt om Loen stiller lag denne sesongen. 

Loen skal ha spelarmøte i Strynehallen fredag 3. februar kl. 17.30. Er ikkje interessa blant spelarane større enn det den var før helga blir det nok eit kort møte skriv Bjørn Egil Moldestad på LoenIL.com. 

Vidare står det at Loen har både trenar og oppmann klar på papiret, så det er kun spelarar som manglar. 

Men som alle veit så er det ganske viktig med spelarar på eit fotballag. 


30.01 Rekrutteringsdommarkurs 2006 

SFFK melder på sine nettsider at det er sett opp rekrutteringsdommarkurs på følgjande stadar i fylket. 

18.-19. februar, Sogndal 
11.-12. mars, Førde
11.-12. mars, Stryn


Påmelding og evt spørsmål til:
Per Are Verlo
KA-Klubbutvikling SFFK
perare.verlo@fotball.no
Tlf. 57628706/91143835


30.01 Skavøypoll tapte 2-1 mot Valder 
I søndagens kamp mot Valder tapte Skavøypoll 2-1. Trøystemålet til Skavøypoll vart sett inn av Eivind Lillebø. 

Dermed er Skavøypoll avhengig av hjelp frå Sykkylven for å kunne gå vidare i vinterserien på Sunnmøre. 

Resultata til no i  avdelinga: 
Valder-Langevåg 2-3
Skavøypoll-FK Sykkylven 0-2
Langevåg-Skavøypoll 1-6
Valder-Skavøypoll 2-1 
 
Gjenståande kampar: 
12.02.06 FK Sykkylven-Valder
25.02.06 Langevåg-FK Sykkylven


30.01 Holm kåra til "årets idrettsutøvar i STIF 2005" 
Svelgen.no melder at Stian Holm blei kåra til "årets idrettsutøvar i STIF 2005". 

Svelgen.no skriv følgjande: 
Under fotballfesten i Svelgen TIF laurdag 28/1 vart fotballdommar Stian Holm (20) kåra til den beste idrettsutøvaren i STIF i  2005. Dette er ein heilt ny pris, som Holm var den aller første til å motta. Det er særgruppene i STIF som kan innstille kandidatar til utmerkinga, og det er Hovudstyret som avgjer kven som får utmerkinga. Utmerkinga vil ikkje verte utdelt kvart år om ein ikkje har ein kandidat som har nådd krava i statuttane for tildelinga.

Kven som fekk dei andre prisane og statuettane på fotballfesten til Svelgen kan du lese på Svelgen.no


29.01 Ver med på Haugen Fotball sin OL-konkurranse 


Vinter-OL nærmar seg og vi prøvar med ein konkurranse i samband med vinterens store høgdepunkt.  Ver med og tipp kor bra dei norske utøvarane gjer det i Torino. 

OL-konkurransen finn du her. 

29.01 Førde vann vinterserien 


Førde vann vinterserien etter 3-3 mot Eid i dagens kamp på Eid Idrettspark. Eid måtte vinne kampen ettersom Førde hadde slått Kaupanger 4-1 sist helg. Eid starta friskt og kom til nokre bra sjansar tidleg i fyrste omgang. Men etterkvart tok Førde over ein del av bane spelet og framfor mål var dei drepande effektive. Etter 13 minutt fekk Gaute Schei stå heilt umarkert på fem meter og heada enkelt Førde i leiinga 1-0. Like etter var Førde frampå nok ein gong og auka til 2-0 og då såg det mørkt ut for Eid. På overtid i fyrste omgang fekk Stein Inge Aabrekk draumetreff frå 20 meter. Ballen gjekk i mål via stolpen og det var på nytt spenning i kampen. I starten av andre omgang kom Førdespelar Nikolai Øverås i fokus. Fyrst auka han til 3-1 og fem minutt etter fekk han rødt kort etter å ha sagt noko til dommar Jeikishan Jegatheesan. Dette gav Eid ny giv og ikkje lenge etter reduserte Kristian Holmøy til 2-3. Men fordelen av å vere ein meir på bana vart utlikna då Steffen Midthjell fekk sitt andre gule i kampen. Det såg ut til å tenne Eid og knappe kvarteret før slutt var Kristian Holmøy frampå nok ein gong og laga var like langt. Eid pressa på for å få vinnarmålet men kom ikkje nærmare enn nokre halvsjansar.  

Sjå kampfakta og bilder frå kampen. 

29.01 Finalen i vinterserien junior blir spelt i dag
Den siste kampen i sluttspelet  i vinterserien for herrar junior blir ein rein finale. Eid opna med å spele uavgjort borte mot Kaupanger, og Førde sitt fyrstelag vann 4-1 mot det same laget helga etter. Dermed blir kampen i dag ein rein finale der Eid må vinne for å kunne heve trofeet. 

Kampen blir spelt i dag på Eid Idrettspark klokka 14.00. 

Kampfakta og bilder kan du sjå her på nettsidene rett etter kampslutt.

Stian Sandal har vist god form i det siste og i fyrste omgang mot TMFK var han virkeleg lett på foten på venstrekanten. 


29.01 Vinterserien på Sunnmøre
Skavøypoll vann i går 6-1 mot Langevåg på Herd Kunstgress. Kampen er den andre Skavøypoll spelar i vinterserien på Sunnmøre. Sist helg blei det 2-0 tap mot Sykkylven. I ein annan kamp i Skavøypoll si gruppe vann Langevåg 3-2 mot Valder forrige helg. 

I dag spelar Skavøypoll sin siste kamp i gruppespelet. Denne kampen er mot Valder og blir spelt klokka 16.00. 

Jølster knuste AHIL 8-2 (4-1) 
Nettsida til Jølster melder at Jølster knuste Askvoll/Holmedal 8-2 i ein treningskamp i Førde i går. 
Måla til Jølster vart laga av Daniel Fluge (2), Stian Kvellestad, Stian Urheim, Håvard Slåtten, Michael Labarca og Kåre Åmot. Einar Furset var involvert i begge måla til AHIL.   
Les kva Jølster skriv om kampen.


28.01 Pågåande konkurransar her på Haugen Fotball

VINN SIGNERT HAUGENDRAKT 

Haugen Fotball prøvar på nytt med ein ny konkurranse. Denne gongen er det om å gjere å spå kva som kjem til å skje i 2006 sesongen. Underteikna har spøta i hop ein del spørsmål og spørsmåla skal besvarast med ja eller nei. Når sesongen er over blir dei innsendte svara retta og den som har flest rette stikk av med ei signert Haugendrakt. Er det fleire med like mange rette vinn den som sendte inn sitt svar fyrst. 

Konkurransen finn du her.


NB! Husk å sjekke at du har svart på alle spørsmåla før du trykker send. 


Ver med og tipp sluttresultatet i finalen i vinterserien for junior.

Eid møter Førde 1 på Eid Idrettspark søndag 29. august kl. 14.00. 

Underteikna har fått ny forsyning med Haugen-krus, og den fyrste som sender inn rett svar blir eigar av eit av desse eksklusive krusa.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  



28.01 Kretssamling på Eid Idrettspark
SFFK arrangerte i dag kretssamling for gutar og jenter født 1991. Samlinga blei innleia med treningar for dei to laga og etterpå blei det spelt kampar mot to Eidalag. Gutane spelte mot Eid sitt guttelaget, medan jentene spelte mot Eid sitt damelag. Gutane spelte 3*25 minutt og jentene spelte 2*40 minutt. 

Eid Guttelag-SFFK G91 1-7
0-1 Fredrik Solheim (10. min)
0-2 Frank Elvagjeng (37. min)
0-3 Fredrik Solheim (38. min)
1-3 Johannes Myklebust (49. min)
1-4 Sveinung Franzen (53. min)
1-5 Sveinung Franzen (62. min)
1-6 Jon Erik Lerum (66. min)
1-7 Fredrik Solheim (74. min)

Eivind Daniel Røed og Kristian Kongsvoll spelte begge ein god kamp for SFFK. Gisle Myhre frå TMFK og Fredrik Solheim frå Førde var etter underteikna si meining dei to beste på laget. 

Eid damer-SFFK J91 1-1 (1-0)
1-0 Sunniva Hagen (24. min)
1-1 Helle Løken (72. min)

Eli Anne Dvergsdal frå Jølster storspelte denne kampen og var banas klart beste spelar. 

Sjå bilder frå samlinga. 




28.01 Kretssamling på Eid Idrettspark
I dag arrangerar SFFK kretssamling på Eid Idrettspark for gutar og jenter født 1991. 

Frå Eid Kommune er Kristian Kongsvoll frå Eid og Eivind Daniel Røed frå Haugen tekne ut. Eivind Daniel er den einaste av dei 37 uttekne spelarane som er født i 1992.   

Dei andre frå Nordfjord som er med: 
Kamilla Bolseth, Sandane TIL
Susanne Vatnehol, Selje IL
Sonja Riksfjord, Selje IL
Ole Andreas Solheim, Selje IL 
Kai Sindre Moldestad, Selje IL
Gisle Myhre, Tornado Måløy FK
Sveinung Franzen, Tornado Måløy FK
Lasse Erdal, Sandane TIL
Martin Akse, Sandane TIL


Program:
1000–1200 Trening G91
1200–1400 Trening J91
1400–1500 Jan Tores time:  ”Korleis drive god spelarutvikling i klubb?”
1500–1700 Kamp SFFK G91–Eid G89/90
1700–1900 Kamp SFFK J91-Eid damer S 
1915–2000 Møte kretspersonell 




27.01 Loen må trekke laget?
Nettsida til Loen melder at kanskje Loen må trekke laget sitt frå 4. divisjon. Laget har pr. dags dato berre 14 spelarar og når nokon av desse igjen ikkje kan vere med heile sesongen seier det seg sjølv at det blir vanskeleg å stille lag.  Loen har vore med i seriesystemet sidan 1968 med unntak av 1973. Om Loen stiller lag blir bestemt innan kort tid. 

Nettsida til Bremanger melder at viss ikkje Loen stiller lag er dei klar til å overta plassen.  

Bildet er henta frå fjordårets kamp mellom Loen og Eikefjord. Loen vann til slutt 3-1 etter å ha leia 2-1 til pause. Lars Ove Rake set her inn 2-1 rett før kvilen. 
Sjå dei andre bilda frå kampen.


27.01 Tre nye spelarar til Selje
Fjordenes Tidende skriv i onsdagsavisa at Selje har sikra seg tre nye spelarar. Brørne Ole og Arne Refsnes som dei siste åra spelt for Stadlandet i sjette divisjon har bestemt seg for å satse på spel i tredje divisjon denne sesongen. 
Tidlegare Måløyspelar Peter Bergersen har også sagt ja til å spele for Selje. 

I tillegg kjem midtbanespelaren Frode Nøstdal til å gjere comeback. 

I dagens Fjordenes Tidende står det at TMFK mister mange spelarar før denne sesongen. Blant dei som truleg ikkje skal spele for TMFK denne sesongen/delar av sesongen er: Endre Rutledal, Ronny Jørgensen, Per Jarle Mathisen, Rune Solvang, Jan Magne Solibakke, Walter Høivik jr., Kent Rune Bugjerde, Tor Kåre Myhre og Kristian Andal. I tillegg er Birger Siden og Øystein Hagen usikre.   

Etter det underteikna såg av TMFK i treningskampen mot Eid i går kan det bli ein vanskeleg sesong for TMFK.  



27.01 Steinar Tenden klar for Førde
Sogndal sine nettsider melder i dag at Steinar Tenden er klar for Førde. Tenden skriv truleg under ei to års kontrakt og debuterar sikkert i kampen mot Sogndal 1. februar i Sognahallen. 

Bildet er henta frå kampen Stryn-Skavøypoll i 1. kvalifiseringsrunde til NM 2004. Stryn vann 5-3 og Steinar Tenden laga to av måla til Stryn. 

Sjå dei andre bilda frå kampen.

Dagen er komen !
Tysdag kveld blir undervarmen på Eid Idrettspark slått på. Når undervarmen er i orden skal det vere perfekte forhold på kunstgraset sjølv om kong vinter set inn med skikkeleg kulde. 


26.01 Eid vann 8-2 mot TMFK 
Eid vann 8-2 i kveldens treningskamp på Eid Idrettspark. Kristoffer Aarskog og Kåre Balsnes var strålande på topp for Eid i andre omgang. I fyrste omgang spelte Kristoffer Aarskog for TMFK og laga likegodt 1-0 til TMFK etter fire minutt av kampen. Rett etter auka Tore Rylandsholm til 2-0 etter ein stor tabbe i Eid sitt forsvar. Omlag midtvegs i omgangen reduserte Stian Sandal på ei heading etter eit glimrande legg frå Henning Haugen. Utlikninga til 2-2 kom etter ein corner frå Stian Sandal. Erik Salveson gjekk nesten ein halv meter høgare enn TMFK sitt forsvar og heada ballen kontant i mål. På overtid av fyrste omgang var Kåre Balsnes frampå og fekk lurt inn 3-2 til Eid, som også var pauseresultatet i kampen. Stian Sandal var Eid sin beste før pause.   

I andre omgang skifta Kristoffer Aarskog lag og det er ikkje tvil om at eit spisspar med Kristoffer og Kåre hadde blitt ein slager i årets 3. divisjon. Begge desse spelarane har ekstremkvalitetar på kvar sine områder og det virkar som dei utfyller kvarandre på ein bra måte. Får ein Bjørn Totland sin pasningsfot på midtbana, i tillegg til dei unge lovande talenta som Eid har, kan Eid verkeleg overraske denne sesongen. Kristoffer og Kåre laga likegodt alle Eid sine fem mål i andre omgang og TMFK-kaptein Eirik Rutledal (bildet) var i periodar fortvila over TMFK sin innsats i denne kampen.  

Neste treningskamp for Eid blir mot Førde på Eid Idrettspark 11. februar.
Etter det blir det kamp mot Årdal II 26. februar og mot Stryn 11. mars. Desse to kampane går også på Eid Idrettspark. I tillegg er Eid i kontakt med Hovdebygda og Ørsta  for å få til treningskampar. 
 
Eid-TMFK 8-2 (3-2)
0-1 Kristoffer Aarskog (4. min)
0-2 Tore Rylandsholm (10. min)
1-2 Stian Sandal (26. min)
2-2 Erik Salveson (42. min)
3-2 Kåre Sigve Balsnes (45+1 min)
4-2 Kristoffer Aarskog (67. min)
5-2 Kristoffer Aarskog (71. min)
6-2 Kåre Sigve Balsnes (73. min)
7-2 Kristoffer Aarskog (76. min)
8-2 Kåre Sigve Balsnes (85. min)

Eid stilte med følgjande spelarar: 
Sindre Rise
Peder Felde
Ove Balsnes
Erik Salveson
Geir Moldestad
Anders Midthjell
Henning Haugen
Håvard Bruvoll
Stian Sandal
Kristian Holmøy
Kåre Sigve Balsnes

Reservar: 
Vegard Løken
Kristoffer Aarskog
Stein Inge Aabrekk
Jim A. Balsnes (Har du svikta Haugen?) 
Kim Svarstad
Jørn Ove Rindal
Jim Tore Humborstad

Ørsta-Stryn 1-5 (0-3)
I følge gjesteboka til Stryn Fotball vann Stryn 5-1 borte mot Ørsta. Måla til Stryn vart laga av: Mats Solheim (2), Christian Holko, Marius Flo, Pål Holko.





26.01 Treningskampar i dag 
Stryn møter Ørsta i treningskamp på bortebane i dag. Kampen blir spelt på kunstgrasbana i Ørsta klokka 18.30. 

På Eid Idrettspark tek Eid i mot TMFK. Kampen har starttidspunkt klokka 19.00. 

Kåre Balsnes har den siste tida trena med Eid og viss Stryn tillet det skal han spele for Eid i dag. 

Bilder og kampfakta frå Eid-TMFK kan du sjå på nettsidene i kveld. 

Bildet er henta frå Eid-Stryn i 2004 sesongen. Kampen blei spelt på Eid Stadion 8. august og Eid vann overraskande 5-2.     
  


25.01 Pågåande konkurransar her på Haugen Fotball

VINN SIGNERT HAUGENDRAKT 

Haugen Fotball prøvar på nytt med ein ny konkurranse. Denne gongen er det om å gjere å spå kva som kjem til å skje i 2006 sesongen. Underteikna har spøta i hop ein del spørsmål og spørsmåla skal besvarast med ja eller nei. Når sesongen er over blir dei innsendte svara retta og den som har flest rette stikk av med ei signert Haugendrakt. Er det fleire med like mange rette vinn den som sendte inn sitt svar fyrst. 

Konkurransen finn du her.


NB! Husk å sjekke at du har svart på alle spørsmåla før du trykker send. 


Ver med og tipp sluttresultatet i finalen i vinterserien for junior.

Eid møter Førde 1 på Eid Idrettspark søndag 29. august kl. 14.00. 

Underteikna har fått ny forsyning med Haugen-krus, og den fyrste som sender inn rett svar blir eigar av eit av desse eksklusive krusa.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  



25.01 Tommy Øren laga mål for HamKam 
HamKam vann sist helg 2-0 mot Hønefoss i ein treningskamp på kunstgrasbana på Børstad. Tommy Øren spelte heile kampen for grøntrøyene og fastsette sluttresultatet til 2-0 rett før slutt. 

Sogndal møter Førde i Sognahallen
Sogndal møter Førde i treningskamp i Sognahallen onsdag 1. februar. 
Dette blir fyrste heimekampen til trenar Stig Nord og nettsida til Sogndal lovar gratis inngang og festfotball. 

Vetti skal spele for Årdal
Tidlegare Jølsterspelar og Sogndalspelar Øystein Vetti skal denne sesongen spele for Årdal. Vetti har vore i Sogndal i to sesongar og spelt åtte a-lagskampar. 

Jølster møter Askvoll/Holmedal
Nettsida til Jølster melder at A-laget denne helga skal ha treningssamling. Fredag trenar laget i Sognahallen, medan laurdag morgon vert det trening på Vassenden. Laurdag ettermiddag er det duka for årets fyrste treningskamp. Klokka 16.00 er Askvoll/Holmedal motstandar på kunstgrasbana i Førde. Søndag vert treningshelga avslutta med trening i gymsalen på Skei Skule. 



25.01 Ulrik Flo får sjansen på G18
På grunn av eit forfall får Ulrik Flo sjansen til å vise seg fram på G18-landslaget. G18-landslaget skal ha treningssamling  i Østfoldhallen kommande helg. 

Troppen som er tatt ut: 
Mostafa Abdellaoue, Skeid
Ulrik Flo, Stryn
Jalal El Garbi, Vålerenga
Magnus Garden, FK Ørn Fotball
Ole Marius Gundersen, Mandalskameratene
Anders Haugseth, Odd Grenland
Jan Jenssen, Start
Ruben Jenssen, Tromsø
Thomas Jørgensen, Fredrikstad
Christer Kleiven, Start
Frode Larsen, FC Lyn Oslo
Magnus Lekven, Odd Grenland
Steffen Martinsen, FC Lyn Oslo
Steffen Mathisen, Rosenborg
Fredrik Nilsen, Ull/Kisa
Lars Nygaard, Skjold
Alexander B. Olsen, Fløya
Henrik Ommundsen, Start
Avni Pepa, Start
Mads Reginiussen, Alta
John Anders Rise, Ham-Kam
Glenn Roberts, Vålerenga
Ørjan Røyrane, Norheimsund
Magne Simonsen, FC Lyn Oslo
Håkon Skogseid, Stabæk


Kilde: Fotball.no







24.01 Peter Orry Larsen og Per Egil Flo med på G17
Landslagstrenar Øyvind Nilsen har tatt ut følgjande spelarar til treningssamling for G17på Kongsvinger 10.-12. februar 2006.

Alexander Vangen, Bodø/Glimt
Eirik Halvorsen, Moss FK 
Andreas Aakre, Bodø/Glimt
Andreas Eikum, Moss FK
Glenn A. Pedersen, Bodø/Glimt
Lars Ramstad, Rosenborg BK
Stian P. Johansen, Odd Grenland
Stefan Andersen, Finnsnes IL
Kim Andre Madsen, FC Lyn
Bjørn Lidin Hansen, FC Lyn
Marius L. Enger, Odd Grenland
Per Egil Flo, Sogndal IL
Tore Kannelønning, Stord IL
Peter Orry Larsen, Skavøypoll IL
Tommy Høiland, Bryne FK
Adnam Haidar, Vålerenga Fotball
Martin Elvestad, Fredrikstad FK
Thomas Seland, Mandalskameratene
Mohammed Fellah, Vålerenga Fotball
Thomas Valø, Rosenborg BK
Ole Chr. Rørvik, Ålesund
Lars Chr. Thorsen, Fløy IL
Niklas T. Bergseth, Odd Grenland
Henning Pettersen, Viking
Anders Braastad, Gjøvik Lyn

Kilde: Fotball.no



23.01 Sluttspelfinalen er flytta til søndag
Kampen i sluttspelet for herrer junior mellom Eid og Førde 1 blir spelt søndag 29. januar klokka 14.00 på Eid Idrettspark. Kampdag er endra fordi bana er opptatt laurdag med kretssamling for gutar og jenter født 1991. 

Treningskamp Eid-TMFK
Torsdag 26. januar spelar Eid treningskamp mot TMFK. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark kl. 19.00. 

23.01 Haugen har meldt på to lag i innandørs-KM
Haugen har meldt på eit guttelag og eit småguttelag til kvalifiseringa til innandørs-KM aldersbestemt. Laga i Nordfjord spelar kvalifiseringa i Nordfjordhallen laurdag 11. og søndag 12. februar. Småguttelaget til Haugen skal i aksjon laurdag 11. februar, medan guttelaget spelar søndag 12. februar. 

Sluttspelet i Innandørs-KM blir spelt 4. og 5. mars. 

Ver med og tipp sluttresultatet i finalen i vinterserien for junior.

Eid møter Førde 1 på Eid Idrettspark søndag 29. august kl. 14.00. 

Underteikna har fått ny forsyning med Haugen-krus, og den fyrste som sender inn rett svar blir eigar av eit av desse eksklusive krusa.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  


23.01 Høyang-Dale og Sykkylven-Skavøypoll
Høyang vann 3-2 i ein treningskamp på Sletta søndag ettermiddag. 

Høyang-Dale 3-2 (1-1)
1-0 Thomas Frichsen (3. min)
1-1 Kennet Vik (43. min)
1-2 Vegard Skår (67. min)
2-2 Morten Kåre Eriksen (81. min) 
3-2 Renè Haugen (89. min)

Kilde: Dale sine nettsider

Skavøypoll tapte sin fyrste kamp i vinterserien på Sunnmøre. Skavøypoll spelte mot Sykkylven og kampen enda med 2-0 tap. Begge måla til Sykkylven kom i fyrste omgang. 

Kilde: Fjordenes Tidende 


23.01 Stryn-Sogndal er AVLYST
Sogndal Fotball sine nettsider melder i dag at treningskampen mot Stryn på Eid Idrettspark onsdag er avlyst.

Det passar diverre ikkje for laga å spele kampen denne veka, og då kan vi ikkje gjere anna enn å avlyse, seier Stig Nord til Sogndal si nettside.  

Neste kamp for Sogndal som er endeleg bestemt er storkampen mot Brann i Vestlandshallen 5. februar. 

Resultatkonkurransen på kampen Stryn-Sogndal går ut. 


23.01 Totland vender nasa heimover
Bjørn Totland fekk ikkje kontrakt med Miami FC og kjem derfor heim til Norge.
Bjørn har tidlegare fått beskjed om at klubben kom til å hente spelarar frå Brasil og ettersom det er eit tak på antall utanlandske spelarar blei det ikkje plass til Totland. 

Så gjenstår det å sjå kor Bjørn vel å spele fotball denne sesongen. Stig Nord og Sogndal har sagt at dei vil ha en prat med Totland, og det er vel ikkje noko bombe om fleire klubbar hiv seg inn i kampen om midtbanespelaren. 

Også Eid håpar vel i det lengste at både Bjørn og Kristoffer (Aarskog) kjem til å spele for dei denne sesongen. 

Bildet er henta frå Eid sin 6-3 siger mot TMFK 4. juni 2004. På bildet er Totland i duell med Kristian Andal. 
Sjå kampfakta og nokre få bilder frå kampen. 


22.01 Rosenborg knuste Lyn 4-0 i finalen
Rosenborg vann i dag årets Color Line Cup. Finalen blei ein reprise på fjorårets NM-finale for junior der Rosenborg vann 4-0. 

Firda.no melder at måla til Sogndal i 5-1 sigeren mot Hødd blei sett inn av Stig Hårklau (2), Per Egil Flo (2) og Johan Salveson. Stillinga til pause var 2-0.  

VINN SIGNERT HAUGENDRAKT 
Haugen Fotball prøvar på nytt med ein ny konkurranse. Denne gongen er det om å gjere å spå kva som kjem til å skje i 2006 sesongen. Underteikna har spøta i hop ein del spørsmål og spørsmåla skal besvarast med ja eller nei. Når sesongen er over blir dei innsendte svara retta og den som har flest rette stikk av med ei signert Haugendrakt. Er det fleire med like mange rette vinn den som sendte inn sitt svar fyrst. 

Konkurransen finn du her.


Til no er det komt inn 83 svar på konkurransen. (22. januar kl. 19.45)

NB! Husk å sjekke at du har svart på alle spørsmåla før du trykker send. 






22.01 Kanonkamp av Sogndal
Sogndal avslutta Color Line Cup med å banke Hødd 5-1 i bronsefinalen. Dermed kom Sogndal på tredjeplass og har imponert stort med tre sigrar og eit tap i turneringa. Sogndal starta med å slå arrangørklubben Ålesund 2-0 etter to skåringar av Ulrik Flo. Deretter blei det 1-0 siger mot Fredrikstad. I gruppefinalen mot Lyn tapte Sogndal til slutt 2-0 etter å ha vore heilt på høgde med Lyn gjennom heile kampen. 

Onsdag spelar Stryn og Sogndal treningskamp på Eid Idrettspark. 

Ver med og tipp sluttresultatet i kampen Stryn-Sogndal. 

Underteikna har fått ny forsyning med Haugen-krus, og den fyrste som sender inn rett svar blir eigar av eit av desse eksklusive krusa.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.    




22.01 Eid må vinne på heimebane
Førde vann i går 4-1 mot Kaupanger i sluttspelet i vinterserien for junior herrar. Dermed kan Førde greie seg med uavgjort i bortekampen mot Eid laurdag 28. januar. 

Førde-Kaupanger 4-1 (1-1)
0-1 Kristian Opseth, straffe (30. min)
1-1 Tor Are Dvergsdal (44. min)
2-1 Ole Martin Sunnarvik (70. min)
3-1 Gaute Schei (78. min)
4-1 Gaute Schei, straffe (83. min)

Kilde: Førde sine nettsider

Jim Tore Humborstad og Ove Balsnes var med på Eid sitt lag som møtte Kaupanger i Sognahallen sist helg. I tillegg til desse to spelarane er også Vegard Løken klar for spel for Eid. Kanskje voktar Løken buret til Eid i kampen mot Førde? 


22.01 Aafk-Vålerenga 3-2
Aafk vann 3-2 mot Vålerenga og tok med det femteplassen i si eiga turnering. Etter to kampar utan skåringar losna det skikkeleg for Aafk. Med siger 3-0 over Fredrikstad og 3-2 mot Vålerenga gav Aafk heimepublikum litt valuta for pengane. Kanskje det ikkje er tilfeldig at Aafk ikkje laga mål torsdag og fredag. Desse dagane var det nemleg gratis å kome inn på kampane og sunnmøringane er som kjent veldig gnitne. Så då er det ikkje sikkart at Aafk ville gi noko til publikum når dei ikkje fikk noko for det. Vålerenga tok etter tapet i dag sjetteplassen i turneringa. 




22.01 Molde-Fredrikstad 2-1 
Molde vann i dag føremiddag 2-1 mot Fredrikstad i Color Line Cup. Begge desse laga skuffa stort i dei innleiande kampane og tapte begge tre kampar på rad. Fredrikstad har vore lite målfarlege i turneringa og laga i dag sitt fyrste mål. Molde har vore litt farlege framfor mål, men er også det laget som har slept inn flest mål i dei innleiande kampane.  Molde tok dermed sjuandeplassen i turnering, medan Fredrikstad enda på åttande og sisteplass.




22.01 Rosenborg-Lyn i finalen
Color Line Cup 2006 nærmar seg slutten og etter at alle innleiande kampane er ferdig er det klart at Rosenborg møter Lyn i finalen. Sogndal kom på andre plass i pulja si og skal møte Hødd i kampen om tredje plassen. I kampen om femte plassen er det duka for oppgjer mellom heimelaget Ålesund og Vålerenga. Sist i dei to puljane vart Molde og Fredrikstad og dei spelar kamp om å unngå sisteplassen i turneringa. 


Sluttspel
Søndag 22.01

kl 10.00 Molde - Fredrikstad
kl 12.00 AaFK - Vålerenga
kl 14.00 Sogndal - Hødd
kl 16.00 Rosenborg - Lyn

Bildet: Preben Gilleshammer er einaste keeper i troppen til Sogndal og har spelt ei god turnering til no. 


21.01 Treningskampar fredag og laurdag 
Førde vann fredag kveld 2-0 mot Høyang på krøllgraset i Førde. Begge måla kom etter kvilen og vart sett inn av Tore Evensen og Gaute Schei. 

Ålesund vann 4-0 mot Hødd på Color Line Stadion i dag. Alle måla kom etter pause. 

Kenneth Fosse Elde fekk sin debut som Bremangertrenar i treningskampen borte mot Florø i dag. Florø vann til slutt 1-0 etter ei skåring like før full tid. 


21.01 Sogndal tapte 2-0 mot Lyn 


Sogndal tapte i dag 2-0 mot Lyn i Color Line Cup i Ålesund. Sogndal kom med dette resultatet på andre plass i pulja si, berre slått av dagens motstandar Lyn. Dermed spelar Sogndal bronsefinale i morgon klokka 14.00. Der møter Sogndal enten Rosenborg eller Hødd. 

I dagens kamp tok Lyn leiinga allereie etter fire minutt av fyrste omgang. Resten av fyrste omgang var jamnspela men det blei ikkje fleire mål før kvilen. I andre omgang pressa Sogndal på for utlikning men ballen ville ikkje i mål og rett før slutt auka Lyn leiinga til 2-0. 

På eit godt Sogndallag var Erlend Kvalheim frå TMFK strålande. Kvalheim spelte back i fyrste omgang og i andre omgang blei han flytta fram på flanken. 

På bildet ser vi Erlend Kvalheim og Peter Orry Larsen i fjordårets kamp mellom Skavøypoll og TMFK. Her trekte Peter og Skavøypoll det lengste strået og vann 2-0. 

I dagens fyrste kamp vann Vålerenga 2-1 mot Molde. 


20.01 Børre Steenslid og Mathias Eikenes med på U21 
Børre Steenslid og Mathias Eikenes er begge tatt ut i U21-landslagstroppen. U21-landslaget skal møte Tyrkia 25. januar i Antalya.

Desse er med i troppen: 
Christoffer Dahl, FC Lyn Oslo
Mathias Eikenes, Sogndal
Arnar Førsund, Sandefjord
Alexander Gabrielsen, Viking
Steffen Hagen, Mandalskameratene
Bjørnar Holmvik, Stabæk
Erik Huseklepp, Brann
Tom Høgli, Bodø/Glimt
Kevin Larsen, FC Lyn Oslo
Alexander Mathisen, Vålerenga
Erik Mjelde, Sandefjord
Magnus Myklebust, Lillestrøm
Steffen Nystrøm, Moss
Kristian Flittie Onstad, FC Lyn Oslo
Branimir Poljac, Stabæk
Espen Ruud, Odd Grenland
Jone Samuelsen, Viking
Børre Steenslid, Sogndal
Kjell André Thu, Sandefjord
Arve Walde, Brann

Kilde: www.fotball.no


20.01 Sogndal vann 1-0 i kampen mot Fredrikstad
Sogndal tok sin andre siger på rad i Color Line Cup som blir arrangert i Ålesund. 

Etter ein mållaus fyrste omgang sette Sogndal inn vinnarmålet omlag midtvegs i andre omgang. Mats Solheim kom seg fint fri på kanten og innlegget "knuste" Kaupangerspelar Preben Strypet i mål. Hans Petter Gilleshammer er imponert over Sogndal og spesielt Høyangspelar Even Hovland har utmerka seg i dei to fyrste kampane. 

I kampen Hødd-Molde som hadde kampstart 18.00 vann Hødd 4-1.
Siste kamp i kveld er Ålesund-Lyn med kampstart kl. 20.00. 


Resultat frå tidlegare kampar:  
Molde-Rosenborg 2-3 (torsdag)
Vålerenga-Rosenborg 1-4


Bremanger møter Florø
Fjordenes Tidende skriv at Bremanger skal møte Florø i treningskamp på bortebane laurdag. Det er også planlagt ein treningskamp mot TMFK 2 i slutten av februar.  


19.01 Sogndal vann 2-0 over Ålesund 
Sogndal sitt juniorlag med spelarar frå heile fylket deltek no på Color Line Cup i Ålesund. 

I fyrste kampen vann Sogndal 2-0 mot Ålesund. Strynespelar Ulrik Flo blei den store helten etter at han laga begge måla til Sogndal. Preben Gilleshammer er einaste keeper i troppen og spelte derfor heile kampen i Sogndalmålet. På midtbana spelte Peter Orry Larsen ein god kamp. 

Hans Petter Gilleshammer melder om kraftig vind i Ålesund, men på Color Line Stadion tek tribunene bra av så det går fint å spele fin fotball.   

Resultat frå kampane før i dag: 
Lyn-Fredrikstad 1-0 
Hødd-Vålerenga 1-1


19.01 Førde møter Høyang i treningskamp
Førde sine nettsider melder at Førde skal møte Høyang i ein treningskamp fredag kl. 19.00. Kampen blir spelt på krøllgraset i Førde. 

Juniorlaget til Førde skal møte Kaupanger i den andre kampen i sluttspelet i vinterserien. Eid og Kaupanger spelte uavgjort 3-3 i Sognahallen sist søndag og med tap i denne kampen er Førde ute av kampen om sigeren i vinterserien. Kampen går på krøllgraset i Førde laurdag 21. januar kl. 14.00  

Siste kampen i vinterserien blir spelt mellom Eid og Førde på Eid Idrettspark laurdag 28. januar. 


19.01 Ny dato for Stryn-Sogndal
Kampen Stryn-Sogndal som skulle spelast på Eid Idrettspark laurdag 21. januar er utsett. Ny tid for storkampen på Eid Idrettspark er onsdag 25. januar kl. 17.30. 

Ver med og tipp sluttresultatet i kampen Stryn-Sogndal. 

Underteikna har fått ny forsyning med Haugen-krus, og den fyrste som sender inn rett svar blir eigar av eit av desse eksklusive krusa.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  


18.01 Color Line Cup 2006
Det samansette Sogndalslaget med juniorar frå heile fylket deltek denne helga på Color Line Cup i Ålesund. Hans Petter Gilleshammer er Haugen sin utsendte og han vil kome med nokre rapportar når det høver seg. 

Pulje A Molde, Rosenborg, Hødd og Vålerenga

Pulje B
AaFK, Fredrikstad, FC Lyn Oslo og Sogndal

Innleiande kampar

Torsdag 19.01
kl 14.00 FC Lyn Oslo - Fredrikstad
kl 16.00 Hødd - Vålerenga
kl 18.00 AaFK - Sogndal
kl 20.00 Molde - Rosenborg

Fredag 20.01
kl 14.00 Vålerenga - Rosenborg
kl 16.00 Fredrikstad - Sogndal
kl 18.00 Hødd - Molde
kl 20.00 FC Lyn Oslo - AaFK

Lørdag 21.01
kl 10.00 Molde - Vålerenga
kl 12.00 Sogndal - FC Lyn Oslo
kl 16.00 Rosenborg - Hødd
kl 18.00 AaFK - Fredrikstad


Sluttspel
Søndag 22.01
kl 10.00 Kamp om 7. plass
kl 12.00 Kamp om 5. plass
kl 14.00 Bronsefinale
kl 16.00 Finale






18.01 Selje stiller to lag denne sesongen
I tillegg til laget i 3. divisjon har Selje også meldt på eit lag i 6. divisjon denne sesongen. Selje hadde sist sesong eit lag i 6. divisjon i lag med Stadlandet. Når fristen for å melde på lag i dei lavare divisjonane har gått ut er det 21 lag som har meldt seg på i 6. divisjon. Av dei laga Haugen spelte mot sist sesong, har Skavøypoll 2, Oppstryn 2 og TMFK 3 ikkje meldt på lag denne sesongen.    

Desse laga er påmeldt pr. 16. januar: 
Flatraket, Førde 3, Vikane, Breimsbygda, Dale 2, Heia, Atløy, Hyllestad, Veitastrond, Veten, Sandane, Anga, Svelgen, Jølster 2, Sogndal 3, Haugen,   Eid 2, Eikefjord 2, Florø 2, Hyen og Selje 2. 


På bildet ser vi Øyvind Løkling i FA-cup kampen mot Selje sesongen 2004. Haugen vann 2-1 og gjekk vidare til kvartfinalen. Det vi huskar best frå kampen mot Selje var at reserven Løkling måtte byttast ut igjen med krampe. Kanskje mangla Løkling litt grunntrening?


18.01 Kretssamling på Eid Idrettspark
Laurdag 28. januar arrangerar SFFK kretssamling på Eid Idrettspark for gutar og jenter født 1991. 

Frå Eid Kommune er Kristian Kongsvoll frå Eid og Eivind Daniel Røed frå Haugen tekne ut. Eivind Daniel er den einaste av dei 37 uttekne spelarane som er født i 1992.   

Dei andre frå Nordfjord som er med: 
Kamilla Bolseth, Sandane TIL
Susanne Vatnehol, Selje IL
Sonja Riksfjord, Selje IL
Ole Andreas Solheim, Selje IL 
Kai Sindre Moldestad, Selje IL
Gisle Myhre, Tornado Måløy FK
Sveinung Franzen, Tornado Måløy FK
Lasse Erdal, Sandane TIL
Martin Akse, Sandane TIL


Program:
1000–1200 Trening G91
1200–1400 Trening J91
1400–1500 Jan Tores time:  ”Korleis drive god spelarutvikling i klubb?”
1500–1700 Kamp SFFK G91–Eid G89/90
1700–1900 Kamp SFFK J91-Eid damer S 
1915–2000 Møte kretspersonell 

Kilde: SFFK




18.01 Voss-Sogndal 0-1 
Sogndal vann tysdag ettermiddag 1-0 mot Voss på bortebane. Treningskampen var Stig Nord sin fyrste kamp som trenar for Sogndal. 

Meldingane frå kampen seier at Voss var godt med på notane og kunne med litt flaks fått uavgjort i sluttminutta. Målet til Sogndal vart sett inn av tidlegare Sandanespelar Mathias Eikenes. Eikenes fekk seg ein trøkk i skåringssituasjonen og spelar truleg ikkje kampen mot Stryn på laurdag. 

Kampen Stryn-Sogndal blir spelt på Eid Idrettspark laurdag 21. januar kl. 14.30. 


18.01 Mats Solheim tatt ut til storhallsamling G19
Stryn sin toppskårar Mats Solheim er tatt ut til G19 landslaget si storhallsamling i Kongsvingerhallen 3.-5. februar.  

G19-landslaget har som mål denne sesongen å vinne NFF si eiga turnering på La Manga siste veka i februar. På denne turneringa deltek Irland, Skottland og Finland. I tillegg blir det kampar mot Italia og Portugal seinare dette året. Så gjenstår det å sjå om Mats Solheim kjem med på G-19 landslaget. 

Uttekne til samlinga:
Kim Bentsen, Odd Grenland
Kristian Ree Berge, Eik-Tønsberg
Erik Bråthen, Kvik Halden FK
David Driscoll, Vålerenga Fotball
Rune Ertsås, Steinkjer FK
Truls Hagen, Ham-Kam Fotball
Ole Jørgen Halvorsen, FK Sparta Sarpsb.
Ole Heieren Hansen, FK Sparta Sarpsb. Jørgen Horn, Vålerenga Fotball
Michael Jamtfall, Rosenborg BK
Fabiano Kristiansen, FK Haugesund
Adam K. Larsen, Vålerenga Fotball
Jo Nymo Matland, Tromsø IL
Oddbjørn Lie, Aalesunds FK
Erik Midtgarden, Odd Grenland
Magnus Mikkelsen, IK Start
Nikolai Misje, SK Brann
Hans Norbye, Tromsø IL
Terje Reinertsen, FK Mandalskam.
Henning Rugland, Bryne FK
Mats Solheim, Stryn TIL
Tor Jørgen Spurkeland, SK Brann
Armin Yousefi, Bærum SK
Christian Aas, FC Lyn Oslo

Kilde: www.fotball.no



16.01 Småguttelaget trenar på Eid Idrettspark
Småguttelaget trenar på Eid Idrettspark Søndag 22. januar kl. 10.30-12.00.

16.01 Fjordenes Tidende skriv i dagens avis:  
Ronny Jørgensen har bestemt seg for å spele for Hareid denne sesongen. Jørgensen som var toppskårar for TMFK med 19 skåringar sist sesong skal bygge seg hus og pendling til Vågsøy var ikkje spesielt aktuelt. 

Arild Hagen Bakke skal i lag med Kim Andre Bjørge trene Volda sitt lag i 3. divisjon. Hagen Bakke blir truleg den yngste 3. divisjontrenaren på Sunnmøre gjennom tidene. Hagen Bakke debuterte på Måløy som 16-åring, men fotballkarrieren fekk ein brå stopp etter skader. 

Jentelaget til Eid i vinterserien for junior måtte trekke laget sitt uten å ha spelt ein einaste kamp.     


16.01 Skavøypoll tapte 3-1 mot Hødd
Skavøypoll tapte 3-1 mot Hødd i ein treningskamp fredag kveld. Skavøypoll tok leiinga ti minutt ut i andre omgang etter skåring av John Martin Gil. På slutten skåra Steffen Oksnes Elde, Anders Vaagen og Leiv Sindre Muren og sikra med det sigeren til Hødd.  

Hødd stilte med dette laget: 
Kim Deinoff, Stig Haugland, Sindre Eid, Mads Andrè Værnes, Leiv Sindre Muren, Helge Edinsen, Johnny Nerbø, Erik Sandal, Ole Magnus Melchior, Nils Ottar Sandø, Knut Arve Nærø.

Reservar: Øystein V. Myklebust, Finn Erik Stavseng, Anders Vaagen, Steffen Oksnes Elde.

Skavøypoll skal neste helg møte Langevåg i vinterserien på Sunnmøre.

Kilde: Fjordenes Tidende og Hodd.no


15.01 Eid serieopnar heime mot Sogndal 2
Eid skulle etter oppsettet serieopna borte mot Sogndal 2 måndag 24. april. Lagleiar for Eid Arne Morten Nydal kan fortelje at kampane er bytta om slik at Eid spelar heime i fyrste kampen. Det betyr at Eid serieopnar heime mot Sogndal 2 måndag 24. april på Eid Idrettspark. 

Kampane mot Skavøypoll er også bytta om slik at Eid får bortekamp fyrst. Dermed blir heimekampen spelt same laurdagen som Malakoff Rockfestival blir arrangert. 

Årdal sine nettsider skriv at Årdal vann 4-2 mot Kaupanger i ein treningskamp laurdag. Ole Gunnar Hunderi (2), Rune Førde og Arild Underdal laga måla til Årdal. 


15.01 Uavgjort for Eid i Sognahallen
Eid spelte i dag 3-3 mot Kaupanger i sluttspelet i vinterserien for junior herrar. Eid tok leiinga 2-0 før kvilen etter skåringar av Bjørnar Strandos og Stian Sandal. Eid spelte godt i denne kampen og Nils Taklo syns at Stian Sandal var Eid sin beste. I andre omgang hadde Eid ein litt dårleg periode noko som Kaupanger utnytta godt. Med tre skåringar på ti minutt såg det ut til at Kaupanger skulle stikke av med alle tre poenga i kampen. Men Eid gav seg ikkje og etter ei skåring av Anders Midthjell fem minutt før slutt berga Eid eit poeng. Med dette resultatet møter Kaupanger Førde på bortebane neste laurdag. Den siste kampen i sluttspelet går på Eid Idrettspark laurdag 28. januar. Då kjem Førde på besøk og alt skal avgjerast om kven som stikk av med sigeren i vinterserien 05/06. 

Kampfakta frå Kaupanger-Eid



15.01 Siger og tap for gutane frå Nordfjord

Sonelagsturneringa for gutar født 1992 og jenter født 91-92 gjekk av stabelen i  Sognahallen i dag. Guttelaget til Nordfjord tapte 4-2 mot Sunnfjord etter at stillinga var 2-2 til pause. Eivind Daniel Røed gav Nordfjord leiinga 1-0 etter berre to minutt av kampen. Rett etter blei Eivind Daniel felt i straffefeltet og Marius Hagen sette straffa sikkert i mål. Sunnfjord kom sterkt tilbake og med to skåringar før kvilen gjekk laga til pause med 2-2. I andre omgang var Nordfjord bra med i kampen men Sunnfjord avgjorde siste kvarteret og vann til slutt 4-2. Toni Lotsberg og Eivind Daniel Røed spelte heile kampen, medan Ole Kristian Hanebrekke fekk kvile litt i starten av andre omgang. 

I jentekampen mellom Nordfjord og Sunnfjord tapte Nordfjord 1-0. 
Stine Jepsen og Vendel Liseth frå Eid var med på Nordfjord sitt lag. 

I den andre kampen til Nordfjord vann Nordfjord 3-2 mot Sogn. Nordfjord leia 2-0 til pause etter to skåringar av Mads Wie frå Sandane. I andre omgang auka Nordfjord leiinga til 3-0 før Sogn laga to mål heilt på slutten av kampen. Eivind Daniel Røed og Toni Lotsberg spelte heile kampen i midtforsvaret, medan Ole Kristian Hanebrekke kom inn siste ti minutta av kampen.  

Gutar Sogn-Sunnfjord 4-1
Jenter Sogn-Sunnfjord 1-2
Gutar Nordfjord-Sunnfjord 2-4
Jenter Nordfjord-Sunnfjord 0-1
Gutar Nordfjord-Sogn 3-2
Jenter Nordfjord-Sogn ?-?


15.01 Tøff start for Bremanger og TMFK 2 i 5. divisjon

Oppsettet for årets 5. divisjon er no kome og Bremanger startar borte mot Vik søndag 30. april. TMFK 2 har også fått bortekamp i serieopninga og spelar mot nyopprykka Florø II. Serieoppsettet i 5. divisjon er oppsett med for det meste kampar søndag, men med nokre rundar på laurdag.
Det blir også tøft for Bremanger og TMFK 2 i siste serierunde som blir spelt 24. september. Begge laga reiser til Sogn og Bremanger skal møte Kaupanger 2, medan TMFK 2 spelar mot Vik. 
Dei siste sesongane har det vore tøffe bataljar i lokaloppgjera mellom Bremanger og TMFK II. Det spørs om ikkje underteikna må ta seg ein tur på ein av desse kampane i år. TMFK2- Bremanger blir spelt søndag 11. juni, medan returkampen går søndag 10. september.   
Sjå heile kampoppsettet
 


14.01 Husk LIVE-oppdateringa frå Kaupanger-Eid

Søndag 15. januar kl. 16.00 spelar Eid sitt juniorlag fyrste kamp i sluttspelet i vinterserien. Kampen er mot Kaupanger og blir spelt innandørs i Sognahallen. 

Nettsidene til Haugen Fotball vil ha fortløpande oppdatering, slik at alle fotballinteresserte Eidarar kan følgje med korleis det går med juniorlaget. 

Bjørn Erik Bruvoll er Haugen sin utsendte og vil underrette underteikna på telefon kva som skjer i Sognhallen. 


14.01 Stryn-Sogndal på Eid Idrettspark

Sogndal Fotball sine nettsider melder at Sogndal skal spele treningskamp mot Stryn på Eid Idrettspark. Kampen går av stabelen laurdag 21. januar og blir Sogndal sin fyrste kamp dette året. 

Sogndal har tidlegare spelt 18 kampar mot Stryn og aldri tapt. 16 har enda med siger til Sogningane medan to har enda uavgjort. 

Fjordabladet melder at Eid er i dialog med Sogndal om ein kamp i februar, men her er enno ikkje alt avklara. 

Bildet: Håvard Flo møter moderklubben Stryn på kunstgraset på Eid laurdag 21. januar. 


14.01 Kven veit mest om 2006-sesongen?

Haugen Fotball prøvar på nytt med ein ny konkurranse. Denne gongen er det om å gjere å spå kva som kjem til å skje i 2006 sesongen. Underteikna har spøta i hop ein del spørsmål og spørsmåla skal besvarast med ja eller nei. Når sesongen er over blir dei innsendte svara retta og den som har flest rette stikk av med ei signert Haugendrakt. Er det fleire med like mange rette vinn den som sendte inn sitt svar fyrst. 

Konkurransen finn du her.


Til no er det komt inn 74 svar på konkurransen. (14. januar kl. 19.30)

NB! Husk å sjekke at du har svart på alle spørsmåla før du trykker send. 


14.01 Ove og Jim Tore klar for Eid

Ove Balsnes og Jim Tore Humborstad skreiv sist veke under for naboklubben i aust. Fredag bekrefta kretsen at dei to tidlegare Haugenspelarane er speleklar for Eid. Både Jim Tore og Ove har spelt vinterserie for Haugen denne vinteren og søndag spelar dei truleg for Eid i kampen mot Kaupanger. 

Jim Tore og Ove har vore fast inventar på Haugen sitt A-lag denne sesongen. Ove har spelt 15 kampar og sett inn fire mål, medan Jim Tore har spelt 14 kampar på flanken og laga 12 mål. 

Korleis det går med Kaupanger-Eid kan du lese på denne sida. Bjørn Erik Bruvoll er Haugen sin utsendte reporter og han melder frå om det viktigaste som skjer i Sognahallen. Kampen blir spelt søndag 15. januar kl. 16.00   



13.01 Lærdal får Svelgen sin plass i  5. divisjon


Då Svelgen trekte laget sitt frå årets 5. divisjon blei det ein plass ledig.   SFFK har bestemt at Lærdal skal ta over plassen til Svelgen. Terminlista for 5. divisjon blir sendt ut av kretsen om nokre få dager. 

Kilde:SFFK


13.01 LIVE-oppdatering frå Kaupanger-Eid

Søndag 15. januar kl. 16.00 spelar Eid sitt juniorlag fyrste kamp i sluttspelet i vinterserien. Kampen er mot Kaupanger og blir spelt innandørs i Sognahallen. Kaupanger er eit samarbeidslag mellom Kaupanger, Fjøra og Syril, og i siste kampen vann dei 4-3 mot sjølvaste Sogndal. Fjøra melder på sine heimesider at Kaupanger må unnvere Preben Strypet på grunn av tre gule kort. Bjørn Erik Bruvoll vil vere på plass i Sognahallen søndag og informere om skåringar og andre ting som skjer under kampen. 

NB! Bjørn Erik Bruvoll fyller i dag 21 år. Haugen Fotball gratulerer så mykje med dagen.     


13.01 Magnus Sævik vil spele for Skavøypoll

Fjordenes Tidende skriv i dagens papirutgåva at Magnus Sævik ynskjer å bli værande i Skavøypoll denne sesongen. Magnus som har kontrakt med Eid, var sist sesong på utlån til Skavøypoll og dette har tydelegvis gitt meirsmak. 23-åringen frå Eid kan i verste fall ta eit år pause frå fotballen viss saka ikkje løyser seg på ein måte Magnus blir fornøgd med.

På bildet stoppar Magnus Sævik TMFK sin toppskårar sist sesong. Ronny Jørgensen laga 19 mål og var sju mål føre Øystein Hagen på TMFK si toppskårarliste.  


13.01 Børge Strandos skal trene damelaget til Eid

Fjordabladet skriv at Børge Strandos skal trene damelaget til Eid denne sesongen. 45-åringen frå Førde er busett på Eid og har tidlegare trena lag heilt frå miniputt til seniornivå. 

Vanylvskameratane og Vadheim/Gaular er lag i 4. divisjon som har hatt Strandos som trenar.

Damelaget til Eid har omlag 18-20 spelarar i stallen og treningane startar onsdag 18. januar. 

Kilde: fjordabladet.no  


11.01 Bjørn Totland eit steg nærmare proffkontrakt

Bjørn Totland fortel at han er tatt ut til andre runde når det gjeld uttak til Miami FC. Denne andre runden blir arrangert omlag 20. januar og Totland seier at han veit lite kva som vil skje etter dette. 

Kristoffer Aarskog kom ikkje med vidare til andre runde og reiser heim til Eid torsdag. 
 
Bjørn seier følgjande om sin eventuelle nye klubb: 
Miami FC er ein nystarta klubb som skal
spele i USL 1 her borte. Det blir nest øverste divisjon, og det vil bli
kampar i heile US og i Canada, så det ville jo vore veldig spennande å bli
tatt med.


11.01 Sluttspelet i vinterserien junior herrar

Kaupanger vann søndag kveld 4-3 mot Sogndal og kapra med det den siste plassen i sluttspelet. Dermed er det klart at Eid, Førde og Kaupanger skal kjempe om sigeren i vinterserien junior herrar. 

Sluttspelet blir spelt slik: 
Søndag 15. januar kl. 16.00 møter Eid laget frå Kaupanger i Sognahallen. 

Tapar Eid kampen mot Kaupanger er det duka for heimekamp mot Førde laurdag 21. januar. Vinn Eid mot Kaupanger går heimekampen mot Førde laurdag 28. januar.  

Vinn Kaupanger fyrste kampen er det Kaupanger som skal møte Førde laurdag 21. januar. Tapar Kaupanger mot Eid blir kampen spelt 28. januar. Kampen Førde-Kaupanger blir spelt i Førde. 
Kva som skjer viss det blir uavgjort i kampen Kaupanger-Eid seier nettsidene til SFFK ingenting om. Kampane 21. og 28. januar blir spelt kl. 14.00.  


10.01 Svelgen kan bli motstandar på Klenkarberget
Svelgen.no melder i dag at fotballgruppa i Svelgen har bede fotballkretsen om å få spele i 6. divisjon neste sesong. Svelgen har dei siste to sesongane spelt i 5. divisjon og har hevda seg bra med ein 3. plass og ein 5. plass. No har mangel på spelarar tvinga Svelgen til å starte på nytt igjen i seriesystemet og det kan igjen opne døra for spel på Klenkarberget for Svelgen. 

På slutten av førre årtusen spelte Svelgen seg overraskande heilt opp i 3. divisjon. Men i 2000-sesongen blei motstanden i 3. divisjon for hard og det blei nedrykk igjen til 4. divisjon. Også den gong ba Svelgen om å bli flytta ned i 6. divisjon. Etter to år i 6. divisjonsavdelinga for Sunnfjord spelte Svelgen i "Nordfjordavdelinga" og rykte opp igjen til 5. divisjon. 

Bildet er av Arne Rebni og Rune Midthjell. Bildet er tatt i kampen Heia-Svelgen på Stårheim Stadion 15. august 2003. Svelgen vann 6-3 og tok sin niande strake siger for sesongen.


10.01 Terminliste 4. divisjon
Terminlista for 4. divisjon er no sett opp og opningskampane blir spelt 30. april. Loen som var på hekta til å makte opprykk sist sesong, får besøk av ein av seriefavorittane Florø i fyrste serierunde. Nyopprykka Hornindal er sett opp med bortekamp mot Eikefjord, medan Stryn sine nest beste tek turen til Sogn og skal spele mot Syril.  

Siste serierunde blir spelt 24. september med følgjande kampar: 
Askvoll/Holmedal-Stryn 2
Jølster-Eikefjord
Loen-Førde 2
Syril-Florø
Årdal 2-Hornindal

Sjå heile kampoppsettet


09.01 Sonelagsturnering i Sognahallen
SFFK inviterer til sonelagsturnering i Sogndal søndag 15. januar i Sognahallen for gutar født 92 og jenter født 91-92. 

Tre spelarar frå Haugen i G92er tatt ut til turneringa og laget frå Nordfjord skal spele kampar mot Sunnfjord og Sogn. 
Dei tre spelarane frå Haugen er: Eivind Daniel Røed, Ole Kristian Hanebrekke og Toni Lotsberg. 

Dei andre som er tatt ut på Nordfjord sitt lag er: 
Arild Grønnevik Sandal, Skavøypoll IL
Espen Sandal, Skavøypoll IL
Joachim Refvik, Selje IL  
Aleksander Kvernevik, Selje IL
Espen Frøyen, Bremanger IL
Martin Flåten, Tornado Måløy FK
Glenn Kvernevik, Tornado Måløy FK
Mads Wie, Sandane TIL    
Mathias Jensen, Sandane TIL
Simon Andre Gimmestad, Sandane TIL
Trygve Leite, Eid IL
Marius Hagen, Eid IL
Øystein Aabrekk, Heia FK (93)
Andreas Guddal, Stryn TIF
Sindre Nordang, Stryn TIF

På Nordfjord sitt J91/92 er følgjande spelarar tatt ut: 
Gry Nagel, Bremanger IL
Amanda Nesbakk, Bremanger IL
Hege Nygård, Bremanger IL
Siri Haugland, Bremanger IL
Amanda Hjelmeseth, Sandane TIL
Kristina H. Reed, Sandane TIL
Kamilla Bolseth, Sandane TIL
Elise Øygard, Sandane TIL (92)
Marte H. Hansen, Sandane TIL
Lene Gangeskar, Skavøypoll IL (92)
Stine Jepsen, Eid IL
Vendel Liseth, Eid IL
Beate Hove, Selje IL
Susanne Vatnehol, Selje IL
Janette Kupen, Selje IL
Rakel T. Blålid, Tornado Måløy FK
Hanna Tenden, Stryn TIF
Elise Lunde, Stryn TIF

Program:
2 x 25 min kampar – 10 min pause

1000–1100 gutar Sogn-Sunnfjord
1100–1200 jenter Sogn-Sunnfjord
1200–1300 gutar Nordfjord-Sunnfjord
1300–1400 jenter Nordfjord-Sunnfjord
1400–1500 gutar Nordfjord-Sogn
1500–1600 jenter Nordfjord - Sogn

Kilde: Sogn og Fjordane Fotballkrets




09.01 Treningstider A-laget
Etter ei lang stund med snødekke på Eid Idrettspark ser det no ut til at det er mogleg å trene på kunstgraset igjen. A-laget startar opp igjen med treningar fredagar kl. 19.00. og søndagar kl. 19.30. 

Fyrste trening blir fredag 13. januar. 

Vel møtt!

08.01 Kven veit mest om 2006-sesongen?
Haugen Fotball prøvar på nytt med ein ny konkurranse. Denne gongen er det om å gjere å spå kva som kjem til å skje i 2006 sesongen. Underteikna har spøta i hop ein del spørsmål og spørsmåla skal besvarast med ja eller nei. Når sesongen er over blir dei innsendte svara retta og den som har flest rette stikk av med ei signert Haugendrakt. Er det fleire med like mange rette vinn den som sendte inn sitt svar fyrst. 

Konkurransen finn du her.


Til no er det komt inn 48 svar på konkurransen. (8. januar kl. 13.00)

NB! Husk å sjekke at du har svart på alle spørsmåla før du trykker send. 


08.01 Oppsummering av 2005 sesongen

Underteikna har laga til ei lita oppsummeringa av det som skjedde i 2005 sesongen. Haugen enda på ein andreplass på tabellen, berre slått av Eid sine nest beste. Øystein Haugland blei kåra til årets spelar og runda i heimekampen mot Eid 200 kampar for sebratrøyene. Brødrene Humborstad tok dei tre fyrste plassane på toppskårarlista. Jim Tore laga 12 mål, Hans Ottar 8 mål og Cato Magne sette inn 7 skåringar. Jim Tore og Hans Ottar toppa også lista over råtassane. Begge pådrog seg to gule kort i løpet av sesongen. Haugen fikk berre sju gule kort i løpet av sesongen og må vere eit av norges mest fairspelande lag. 

Gå til 2005 sesongen i tekst og bilder


07.01 KM innandørs aldersbestemt 2006
11. og 12. februar arrangerar SFFK kvalifisering til KM innandørs aldersbestemt.

Laga frå Nordfjord spelar si kvalifisering på kunstgraset i Nordfjordhallen. Dei andre kvalifiseringane går av stabelen i Florø, Dale, og Balestrand. 

På bildet ser vi Espen Aaland som stolt viser fram Haugendrakta. Etter ein ein periode i den gule og svarte eidadrakta tok Aaland til fornuft og vende tilbake til klubben i hans hjerte.  


07.01 Vinterserien for junior og Seljecup
Juniorserien for herrar junior nærmar seg slutten og Eid og Førde 1 er kvalifisert til sluttspelet frå avdelingane Nordfjord og Sunnfjord. I Sogneavdelinga kjempar Kaupanger og Årdal 1 om den siste plassen i sluttspelet. Fotballkretsen tek sikte på å få avvikla sluttspelet i løpet av januar.  

I damenes juniorserie er det ikkje blitt spelt så mange kampar til no, men etterkvart som banene blir spelbare tek ein sikte på å få avvikla kampane. Det som virkar heilt sikkert er at i den eine gruppa er Bremanger klare favorittar. Med siger 7-1 borte mot Florø og 5-0 heime mot Stryn skal det mykje til om ikkje Bremanger spelar finale seinare i vinter. 

16.-18. juni blir Seljecup arrangert for 12. gong. I fjor samla cupen 138 lag og ca. 1200 spelarar frå 30 forskjellige klubbar. 

Invitasjonar vil bli sendt ut i løpet av februar. 


07.01 Benny Rivedal aktuell for Årdal FK
Nettsida til Årdal FK melder at Benny Rivedal er aktuell for klubben. Rivedal skal trene i Årdal ein periode før noko meir blir avklara. 

Rivedal har dei siste sesongane spelt for Førde og var sist sesong toppskårar for klubben. 

Rivedal har også spelt 25 kampar for Sogndal. Dei fleste av desse spelte han  i 1. divisjon i 1999 sesongen. 

Kilde: Årdal FK


07.01 Møte angåande deltaking i årets Norway Cup
Trenar for småguttelaget Eirik Andreassen ber alle foreldre om at dei blir med småguttespelarane på trening måndag 9. januar. 

Treninga er i gymsalen på Stårheim Skule kl. 18.30. 

Sak: NORWAY CUP 


05.01 Haugen kjem med nytt domene

Haugen sine sider vil om kort tid bli flytta til www.haugenfotball.no.  

03.01 Kven veit mest om 2006-sesongen?
Haugen Fotball prøvar på nytt med ein ny konkurranse. Denne gongen er det om å gjere å spå kva som kjem til å skje i 2006 sesongen. Underteikna har spøta i hop ein del spørsmål og spørsmåla skal besvarast med ja eller nei. Når sesongen er over blir dei innsendte svara retta og den som har flest rette stikk av med ei signert Haugendrakt. Er det fleire med like mange rette vinn den som sendte inn sitt svar fyrst. 

Konkurransen finn du her.



01.01 Rune fekk flest rette på den siste julenøtta
Rune Venøy stakk av med fyrstepremien i dei siste julenøttene til Haugen Fotball. Venøy prikka inn tolv rette og var med det åleine på toppen av lista. På elleve rette følgde Stian Aaland, Asgeir Reksnes og Vegard Jansen Hagen. Det er spesielt kjekt at ein av sjefane i TV2-sporten føl så godt med på det som skjer med Haugen Fotball. I den andre enden av lista finn vi Kay Ove Hafsås, Kurt Rauset og Håvard Hagen med tre rette. Det er litt skuffande at Haugen sin ekspertkommentator, Kay Ove Hafsås, kom så langt nede på lista. Men kjenner vi Hafsås rett kjem han sterkare tilbake ved neste høve.  

Underteikna har også trekt ut ein av alle dei som har sendt inn svar. Her var det Ronny Hopland som var den heldige og dommaren frå Skavøypoll får tilsendt eit Haugenkrus. 

Gå til fasiten på julenøttene her. 

Underteikna er no i gong med å laga til ein ny konkurranse. Her skal ein prøve å spå kva som kjem til å skje i 2006 sesongen. Det kjem til å bli spørsmål både frå Haugen og dei andre laga i Sogn og Fjordane. Premien i denne konkurransen blir ei signert Haugendrakt.  Denne konkurransen blir lagt ut så snart den er ferdig.

Småguttelaget til Haugen startar opp igjen med treningar måndag 2. januar kl. 18.30. Eirik Andreassen melder om at treninga blir inne på Stårheim Skule. 





Siste Nytt september-desember 2005
Siste Nytt mai-august 2005

Siste Nytt januar-april 2005
Siste Nytt 2004

Siste Nytt 2003
Siste Nytt 2002
Siste Nytt 2001/00

 

 

 



 





Haugen I.L. Fotballgruppa  -  Web-redaktør: Stig Høynes