Fotballsesongen 2007




Haugenfotball.no sine julenøtter 2007


Ver med i Haugenfotball.no sine julenøtter 2007. 

Vinnaren får eit sesongkort på familietribuna på Fosshaugane Campus 2008. 

Underteikna har laga til sju spørsmål og eit ekstraspørsmål. Er det fleire som svarar rett på alle sju oppgåvene, er det den som tippar nermast på ekstraspørsmålet som stikk av med sesongkortet på Fosshaugane Campus. 

Julenøttene er sponsa av Sogndal Fotball.

Lykke til.   
Julenøtt 1
Personen til høgre skal neste sesong trene Fjøra i lag med Asle Hillestad. Kva heiter personen til høgre.   

Rett svar: Jan Rune Årøy

Julenøtt 2
Personen til høgre på bildet er Aalesund sin tidlegare trenar Per Joar Hansen, men kven er personen til venstre på bildet?  

Rett svar: Robert Endestad

Julenøtt 3
På bildet ser vi to rutinerte fotballspelarar frå Nordfjord. Spelaren til høgre er Øystein Haugland, men kven er spelaren til venstre?    

Rett svar: Roger Hamre

Julenøtt 4
I finalen i vinterserien junior damer 2006 spelte Bremanger mot Kaupanger. Kva blei resultatet i kampen? 

Rett svar: Kaupanger vann 5-1

Julenøtt 5
På bildet ser vi Jostein Flo og ordføraren i Stryn. Kva heiter ordføraren i Stryn?  

Rett svar: Nils Petter Støyva

Julenøtt 6
I sommar var Jon-Terje Tjellaug kaptein på eit lag beståande av dei beste spelarane frå vår lokale 3. divisjon. Laget tapte 5-1 mot Brann på grasbana i Eikefjorden, men kva var pauseresultatet i kampen?

Rett svar: Brann leda 4-1 til pause

Julenøtt 7
På bildet ser vi Tomas Vik og Eirik Rutledal. Kva Realityserie har Tomas Vik vore med i denne sesongen?  

Rett svar: 71 grader Nord

Ekstraspørsmål:
Nettsida Haugenfotball.no hadde i fjor 400 502 treff. Kor mange treff trur du haugenfotball.no får i 2007?