LIVE-OPPDATERING

Loen - Haugen

Loen stadion, fredag 12. september kl 18:00
6. divisjon avdeling 4

 

Kampfakta frå kampen Loen-Haugen blir lagt ut her med ujamne mellomrom.

For å oppdatere sida trykk F5.


I ein kamp i 3. divisjon avdeling 16 vann Florø 2-1 heime mot Selje. 

Meir om kampen kjem når underteikna har surra seg heim igjen. 

Haugenfotball.no gratulerer Loen med Opprykk til 5. divisjon. 

90 min, Kampens gode dommar Lars Magne Taraldset blæs av kampen. 

89 min 9-1 Robin Sande
Robin Sande kjem på bakerste og headar corneren frå Andre Rake kontant i nettet. 

85 min, 8-1 Andre Rake. 
Holen stikk gjennom og gir ballen til Rake som scorar frå kort hold. 

83 min, 7-1 Rune Holen. 
Får eit innlegg på straffemerket og scorar sikkert.

80 min, Loen har store sjansar til score, men Roy Lasse Torheim er både heldig og god ved eit par situasjonar. 

78 min, 6-1 Kai Arne Humborstad
Kai Arne Humborstad driblar ein spelar og skyt ballen i mål via keeper. 

66 min, Spelet bølgar fram og tilbake, men Loen som det førande laget. 

57 min, 6-0 Jan Erik Sandbakk
Sandbakk tar ballen på halvspretten heilt ute med cornerflagget. Ballen duppar ned i lengste hjørnet bak ein sjanselaus Roy Lasse Torheim i Haugen sitt mål. 

51 min, I følge Jon Rasmus Sæbø er no kampen avgjort. Publikum har møtt opp mannsterke på Stadion i kveld. I følge Bjørn Erik Bruvoll, har han ikkje sett så mykje folk sidan flakedansen på Kjølsdalssetra 15 juli. 

46. min, 5-0 Sjølvmål Vegard Bruvoll
Vegard Bruvoll er uheldig og set innlegget frå Robin Sande i eige mål. 

PAUSE

Loen har vore det klart beste laget på Loen Stadion, og leiar fortent sjølv om kanskje 4-0 er i meste laget.  

45 min, 4-0 Andre Rake. 
Flott scoring av Andre Rake. Rake dempar ballen på brystet og skyt ballen på volley via stolpen og i mål. 

41 min, 3-0 Andreas Drageset.
Drageset går gjennom på høgrekanten og set ballen lavt i mål. 

32 min, Loen held fram med å presse Haugen tilbake på bana, men Haugen kjem av og til på nokre gode overgangar. 

Andre Rake går ut for å få seg ein tyggis. 

25 min 2-0 Andre Rake
Rake kjem lett gjennom på høgrekanten, og trillar ballen enkelt i mål. 
Fortent leiing til no. Haugen har hatt nokre sjansar, men LOen har hatt klart flest. 

20 min, Stor sjanse til Haugen. Steffen spring frå frå Loen sin høgreback, men skotet frå ti meter går utanfor.  

17 min, Stor sjanse til Loen. Robin Sande avsluttar like utanfor. 

16 min, 1-0 Jan Erik Sandbakk. 

Sandbakk får god tid og skyt ballen i krysset frå 18 meter.

13 min, Framleis 0-0. Steffen var nesten gjennom på venstrekanten men ballen gjekk heilt inn til keeper. 

7 min, Jamnspelt fyrste 7 minutta på Loen Stadion. 

Dommar i kampen er Lars Magne Taraldset, Hornindal.

4 min, Haugen pressar Loen sitt forsvar til å gjere feil, men Kay Rune får ikkje skikkelig treff på skotet. 

Avspark kl. 18.09


Haugen stiller med følgjande lag:
Christian Johannesen

Torstein Balsnes
Kjetil Remme
Vegard Bruvoll
Torleiv Orheim

Jo Inge Skålbones
Øystein Haugland
Kim Tore Gilleshammer

Steffen Sture Olsen
Kay Rune Solheim
Stig Tore Gilleshammer

Innbyttarar:
Kai Arne Humborstad
Eivind Alsaker
Ole Steinar Skrede
Roy Lasse Torheim