LIVE-OPPDATERING

Selje 2 - Haugen

Selje Idrettspark, tysdag 2. september kl 19:00
6. divisjon avdeling 4

 

Kampfakta frå kampen Selje 2-Haugen blir lagt ut her med ujamne mellomrom.

For å oppdatere sida trykk F5.

93 min, Kampen er slutt. Meir om kampen kjem når underteikna er heime igjen. 

89 min, 0-3 Kai Arne Humborstad

Kai Arne går inn frå sida og åleine mot keeper puttar han sikkert.

87 min, Nokre halvsjansar til begge laga, men det ser no ut til å ebbe ut med 2-0 til Haugen.

80 min, Tabbe i Selje sitt forsvar. Ein spelar bommar på ballen, og ballen går via Tore Ola og like utanfor.

78 min, Mykje spel på midten no.

75 min, Jo Inge dunkar til med venstra frå 16 meter. Ballen snik seg berre centimeter utanfor mål.

72 min, Virkar som Haugen har bra kontroll. Jim Andre hadde ein god sjanse nettopp, men skotet gjekk rett på keeper.

67 min, Øystein slår ei lekker tunnel på ein Seljespelar. Innlegget er perfekt på bakerste stålpe, men Torstein Balsnes får ikkje hovudet på ballen.

63 min, Selje sin gode midtstoppar Runar Nøstdal ligg nede med skade.

58 min, Haugen har eit lite overtak i kampen.

54 min, Selje prøvar eit slot, men Haugen sin keeper Christian Johannesen redda enkelt. Johannesen kom inn i pausen for Roy Lasse Torheim som hadde føling med ei skade.

51 min, 0-2 Kay Rune Solheim
Runar spelar fram Kai Arne som skyt i frå 16 meter. Keeper gir retur og Kay Rune puttar enkelt frå 5 meter.

47 min, Haugen har starta omgangen best

Kl. 19.58 Avspark 2. omgang

45 min, Pause

42 min, Haugen held på å klusse det til for seg sjøl i eige forsvar. Ingen går på ballen og det er nesten at Anders Drabøls Rekdal kjem
åleine mot keeper.

32 min, Henrik Aaland nesten gjennom, men glimrande takling av Runar Øien i siste liten.

30 min, 0-1 Kay Rune Solheim

Øystein spelar gjennom Kay Rune som scorar sikkert åleine mot keeper.

23 min, Øystein Austring kjem til Selje sin fyrste sjanse i kampen, men får ikkje stokka beina riktig på 10 meters hold.

20 min, Steffen inn til Øystein som skyt like over. Virkar som Haugen har fått litt overtak i kampen no.

18 min, Steffen rundt på sida. Inn til Kay Rune som skyt rett på keeper frå omlag 20 meter.

11 min, gedigen sjanse til Haugen. Øystein spelar gjennom Steffen som trillar ballen like utanfor åleine mot keeper.

5. min, Spelet bølgar fram og tilbake, men ingen sjansar til nokon av laga.

Av ein eller annan grunn blei kampen utsett nesten ti minutt.

Kl. 19.08 Avspark

Dommar: Ronny Stian Hopland, Skavøypoll

Haugen stiller med følgjande lag:
Roy Lasse Torheim
Runar Øien
Jo Inge Skålbones
Kjetil Remme
Jan Roger Solibakke

Øystein Haugland
Jim Andre Balsnes
Kim Tore Gilleshammer

Steffen Sture Olsen
Kay Rune Solheim
Stig Tore Gilleshammer

Innbyttarar:
Tore Ola Sundal
Kai Arne Humborstad
Kenneth Aaland
Christian Johannesen
Torstein Balsnes
Eivind Alsaker
Bjørn Erik Henden