Ver med i Haugenfotball sin
tippekonkurranse i forbindelse med sluttspelet i
bylagsserien og treningskampen Hødd-Stryn.
Laurdag og søndag blir sluttspelet i bylagsserien avvikla
i Sunnmørshallen. Frå Sogn og Fjordane stiller Team TMFK
i gutteklassa, medan Team Kaupanger skal forsvare fylket i
jenteklassa.
Søndag 14. januar spelar Stryn sin fyrste kamp i
vinterserien på Sunnmøre. Hødd er motstandar på Herd
Kunstgress kl. 14.00.
Underteikna tek sikte på å få med seg alle desse
kampane på Sunnmøre denne helga, og bilder og fakta kan
du sjå her på Haugenfotball.no.
Vinnaren av konkurransen får ein Pepsi-Max gensar.
Er det fleire som har like mange rette blir det retting av
kupongen frå toppen og ned. Greier ein ikkje å
skilje deltakarane på denne måten heller blir det
loddtrekning.
Lykke til.
Fristen er ute og vinnar blir offentliggjort etter at alle
kupongane er retta.