Fotballsesongen 2007




Sogndalkonkurranse hausten 2007


Vinn signert Sogndaldrakt eller sesongkort på Fosshaugane Campus 2008. 




Ver med i Haugenfotball sin store Sogndalkonkurranse denne hausten.

Konkurransen går ut på å tippe korleis det går med Sogndal i deira sju siste heimekampar i Adeccoligaen denne sesongen. 

Vinnaren kan velge mellom ei signert Sogndaldrakt eller  eit sesongkort for 2008 på familietribuna på Fosshaugane Campus. 

I tillegg blir det trekt ut andre Sogndaleffektar (caps, flagg og lue) blant alle dei som har sendt inn.  

NB! Vinnaren er den som svarar rett på flest spørsmål frå toppen av og ned. Det vil sei at dei som har rett på spørsmål 1 er med vidare til spørsmål 2 og så vidare. 

Har alle dei som er med vidare til neste spørsmål feil på spørsmålet er det den som er nærmast rett svar på spørsmålet som stikk av med premien. 
 
Lykke til.   

Fristen for sende inn svar gjekk ut søndag 19. august kl. 17.00. 
1. Kor mange poeng tek Sogndal på sine sju siste heimekampar denne sesongen? Sogndal skal spele mot LøvHam, Notodden, Sparta Sarpsborg, Mandalskameratene, Skeid, Bodø/Glimt og Haugesund. 



2. Kven av Sogndalspelarane scorar flest mål i løpet av dei siste sju heimekampane? 

3. Kor mange mål lagar Sogndal på dei sju siste heimekampane? 
NB! Sjølvmål blir ikkje rekna med. 

4. Kva vert det offisielle tilskodarantallet på den siste heimekampen mot Haugesund?

- Velg premie