Søndag 23. september blir
det avgjort kva to lag som rykker opp frå vår lokale 4.
divisjon. I tillegg blir det spelt "seriefinale"
i kvinnenes 3. divisjon avdeling 2 mellom Bremanger og
Førde.
Vi prøvar oss med ein liten konkurranse i forbindelse med
desse kampane.
Vinnaren kan velge mellom eit gavekort på 250,- på Chatlet Sport,
Pepsi-max gensar eller 10 Flax-lodd.
Frist for innsending av svar er sett til søndag 23.
september kl. 14.30.
NB! Vinnaren er den som svarar rett på flest spørsmål
frå toppen av og ned. Det vil sei at dei som har rett på
spørsmål 1 er med vidare til spørsmål 2 og så vidare.
Har alle dei som er med vidare til neste spørsmål feil
på spørsmålet er det den som er nærmast rett svar på
spørsmålet som stikk av med premien. Går det ikkje
å skille deltakarane er det den som har sendt inn sitt
svar fyrst som stikk av med premien.
Lykke til.
Konkurransen er sponsa av Chatlet Sport, Pepsi-Max og
SFE-Alarm.