Ver med i Haugenfotball sin tippekonkurranse i forbindelse med
3. divisjonskampen Stryn - Eid.
Kampen blir spelt på Stryn Stadion laurdag 8. september kl.
16.00, og siste frist for å sende inn svar er ein halv
time før kampstart.
Vinnaren av tippekonkurransen stikk av med 5 flax lodd.
Vinnaren er den som svarar rett på flest spørsmål
frå toppen av og ned. Det vil sei at dei som har rett på
spørsmål 1 er med vidare til spørsmål 2 og så vidare.
Har alle dei som er med vidare til neste spørsmål feil
på spørsmålet er det den som er nærmast rett svar på
spørsmålet som stikk av med premien. Går det ikkje
å skille deltakarane er det den som har sendt inn sitt
svar fyrst som stikk av med premien.