Fotballsesongen 2006




Kaupanger-Eid 3-3  (0-2) 

 

Sluttspel Vinterserien junior herrar, Sognahallen, 15. januar kl. 16.00 


Eid
Sindre Rise
Steffen Midthjell
Erik Salveson
Ove Balsnes
Magnus K. Aarre
Stein Inge Aabrekk
Bjørnar Strandos
Anders Midthjell
Kristian Holmøy
Kim Svarstad
Stian Sandal


 

Innbyttarar:
Ole Bjarte Taklo
Kristian Kongsvoll
Jim Tore Humborstad
 



0-1 Bjørnar Strandos (43. min)
0-2 Stian Sandal (44. min)       
1-2 (71. min)

2-2 (73. min)
3-2 (82. min)
3-3 Anders Midthjell (85. min)



 

Frå Haugen Fotball si LIVE-oppdatering

- Kampen er i gang i Sognahallen. 
- Kaupanger er raskt frampå med ein stor sjanse, men Eid får avverga i siste liten.  
- Frispark frå Stein Inge Aabrekk rett utanfor. 
- Kim Svarstad rundt på kanten. Skotet snissar stolpen. 
- Kaupanger åleine mot Rise. Rise reddar glimrande med ei beinparade. 
- Mykje spel på midtbana med Eid som det førande laget.
- Bjørn Erik Bruvoll kan melde at 62 personar har tatt turen til Sognahallen i ettermiddag. 
- Eid er best i Sognahallen men det spelemessige overtaket resulterer ikkje i dei store sjansane. 
0-1 Bjørnar Strandos skyt frå omlag 20 meter. Ballen går inn nesten heilt oppe i krysset. 
0-2 Stian Sandal stikk inn frå sida og skotet går under keeper og i mål. 
- Frispark til Kaupanger frå 17 meter men Rise reddar med ei beinparade. 

Laga går til pause. 

Ein glad Nils Taklo kan melde om at Stian Sandal har spelt ball i hatt med backen til Kaupanger. Eid er også tydeleg klar over at Kaupanger er godt trena. Kaupanger låg under 3-1 mot Sogndal til pause men etter ein kjempegod andre omgang vann Kaupanger til slutt 4-3. Dette har spelarane fått beskjed om og Taklo lovar full innsats i andre omgang.  

- 2. omgang er i gang og Eid pressar stort. Bjørn Erik Bruvoll kan fortelje at Kaupanger er ikkje så gode som det han hadde venta. 
- Jim Tore Humborstad er i oppvarming og kjem truleg snart inn.
- Kjempesjanse for Kaupanger. Åleine mot keeper skyt spelaren i stolpen og ballen trillar ut igjen til Sindre Rise. 
- Skot frå Stein Inge Aabrekk. God redning av Kaupanger sin keeper. 
- Jim Tore Humborstad kjem inn for Kim Svarstad.
1-2 Kaupanger reduserar etter 71 minutt av kampen. Litt rot i Eidforsvaret straffar seg. 
2-2 Kaupanger utliknar til 2-2 etter ein stor tabbe i Eidforsvaret. 
- Kristian Kongsvoll kjem inn for Kristian Holmøy
- Midtbanekrig uten dei heilt store sjansane
3-2 Kaupanger skyt frå 20 meter og ballen fyk inn i krysset.  
3-3 Dramatikk i Sogndal! Etter litt klabb og babb på ein corner utliknar Eid til 3-3. Bruvoll er ikkje sikker men trur det var Anders Midthjell som skåra. 
- Kampen er slutt og det enda med uavgjort 3-3.