Fotballsesongen 2005




Eid - TMFK II  2-0 (0-0)  

 

Seriekamp 3. divisjon avd. 16
Eid Stadion, 30. april kl. 15.00 

1-0 Erik Salveson (49. min)
2-0 Kim Vik (87. min)       

Gule kort: Bjørnar Strandos og Stein Inge Aabrekk, begge Eid  

Rødt kort: Kjetil Silden, TMFK II 

Dommar: Ståle Sandal, keeper på Haugen !!! 


Stein Inge Aabrekk testar skotfoten tidleg i fyrste omgang. Frå venstre ser vi Einar Lillestøl, Kjetil Siden, Kim Vik og Eirik Føleide. 

Ståle Sandal viste at han er like god som dommar som han er som keeper. Tysdag er Sandal tilbake på Eid Stadion som keeper for Haugen i kampen mot Eid II. 

Kva Aabrekk ropar for her er underteikna ikkje sikker på. Kanskje han gjespar fordi fyrste omgang var så kjedeleg.

Arne Morten Nydal var så skjemd av det Eid presterte i fyrste omgang at han prøvde å stikke av. 

Erik Salveson var farleg på corner i dag. 1-0 målet til Eid heada Erik inn fire minutt etter pause. 

Kjetil Silden blir for sein og drar ned Kim Vik som sistemann. Ståle Sandal tek riktig opp det raude kortet til Kjetil Silden.

Kim Vik sett inn 2-1 etter eit godt forarbeid av Anders Midthjell.

Arne Morten Nydal var på pletten straks nokon vart skada i kampen.