Siste nytt

28.12 Knarvik og Ødegaard skiftar klubb


NRK Sogn og Fjordane melder at både Tommy Knarvik og Alexander Ødegaard er på veg til ny klubb. Ødegaard som sist sesong spelte for Rosenborg har signert ei fire-års kontrakt med Viking. 

Tommy Knarvik som vart henta til Sogndal frå Brann før førre sesong, har ikkje slått heilt til i fruktbygda og det meldast at han ikkje er med i Sogndal sine framtidsplanar. Mykje tyder på at Knarvik neste sesong skal spele for tippeligaklubben Sandefjord.


27.12 Dale-Volda på Eid Idrettspark
Dale sine internettsider melder om at Dale skal spele ni treningskampar før alvoret brakar laust mot TMFK på Dingemoen 22. april. Ein av treningskampane er mot Volda på Eid Idrettspark laurdag 25. mars.  Dei andre motstandarane til Dale i sesongoppkøyringa er: Høyang, Florø, Fjøra, Bergen Nord, Vadmyra, Radøy/Manger, Sandane og Kaupanger. 

Sogndal og Kim Rune Hellesund (bildet) skal møte Hønefoss og Strømsgodset under opphaldet på La Manga i slutten av mars. 

20. mars: Hønefoss-Sogndal
24. mars: Sogndal-Strømsgodset 


27.12 Leiar julenøttene med 12 rette
Til no er det kome inn 32 svar på dei siste julenøttene. Det har vist seg at fleire av nøttene er vanskelege, og den som har flest rette til no har oppnådd 12 rette. Siste frist for å sende inn svar er sett til 1. januar kl. 16.00.     

Fyrstepremie er som sist eit Haugenkrus med ein marsipangris oppi, medan det også blir trekt ut ein premie blant alle som har sendt inn svar. 

Gå til julenøttene her. 


23.12 God Jul og Godt Nytt År 

Haugen Fotball 
ynskjer alle ei riktig 
God Jul 
og eit 
Godt Nytt 
Fotballår.  


21.12 Årdal FK vitjar Eid 
Søndag 26. februar vitar Edvin Hestetun (bildet) og Årdal FK Eid Idrettspark. Fyrstelaget skal spele treningskamp mot Kristiansund, medan andrelaget skal spele mot Eid. Årdal skal i år spele i 2. divisjon avdeling 1 mot Tønsberg, Stabæk 2, VIF 2, Åmot, Odd Grenland 2, Tollnes, Ørn Horten, Notodden, Bærum, Lørenskog, DFI, Sprint/Jeløy og , Sarpsborg. Av treningskampar er det planlagt kampar mot Høyang, Voss, Kristiansund, Brummundal, Gjøvik Lyn, Åmot og Åsane. 

Dette melder klubben på sine heimesider.   


21.12 Troppen til Color Line Cup
Følgjande spelarar er tekne ut i troppen til Sogndal som skal spele Color Line Cup i av januar: 
Johan Salveson, Sogndal Fotball (bildet)
Kim Andre Navarsete, Sogndal Fotball
Sindre Kjos Wenjum, Sogndal Fotball
Eirik Flugheim, Sogndal Fotball
Per Egil Flo, Sogndal Fotball
Erlend N. Kvalheim, TMFK
Nicolai Øveraas, Førde IL
Gisle Isene, Førde IL
Stig Hårklau, Førde IL
Preben Strypet, Kaupanger IL
Peter Orry Larsen, Skavøypoll IL
Mats Solheim, Stryn TIF
Ulrik Flo, Stryn TIF
Even Hovland, IL Høyang
Preben Gilleshammer, JÅFK
Ørjan Skilbrei, JÅFK
Allan Jørgensen, JÅFK   
Terje Andreas Jevnaker, JÅFK


Sogndal møter Ålesund, Fredrikstad og Lyn i den innleiande runden. 


19.12 Resultat frå Nattcupen
Då er omsider resultata frå Nattcupen 2005 kome fram til underteikna. Resultat og tabeller, og alle kampane i sluttspelet er no lagt ut. 

På bildet ser vi kapteinen på laget Bana B med pokalen for klassesiger i gruppe B. 

Sjå bildene og alle resultata frå Nattcupen.


18.12 Vanskelege julenøtter
Det er til no kome inn 22 svar på dei sist utlagde julenøttene. Underteikna har fått tilbakemeldingar om at desse julenøttene var ein del vanskeligare enn dei forrige. Dette viser også svara som har komt inn. Berre to personar har ti rette eller meir. 

Fyrstepremie er som sist eit Haugenkrus med ein marsipangris oppi, medan det også blir trekt ut ein premie blant alle som har sendt inn svar. 

Gå til julenøttene her. 


18.12 Bildene frå KM-innendørs


På ein del av bildene frå innandørs KM i Førde har proporsjonane blitt heilt feil. Dette har resultert i at mange av spelarane har blitt ein del breiare enn det dei eigentlig er. 

Spesielt bilda av Sandane sitt damelag, Preben Gilleshammer og Stig Nord var heilt feil. Feilen er no retta opp og bilda kan du sjå her.

17.12 Nattcupen vart i år arrangert på dagtid
Årets Nattcup blei arrangert i dag i Eid Idrettshus. Mykje fin fotball blei synt på parketten på Eid, og etter over seks timar var alle vinnarane kåra. 

Arrangøren har ikkje sendt resultata til underteikna endå, men dei blir lagt ut så snart dei er mottatt. 

Marius Hagen og laget "Feelgood" vann G13/14. I tillegg til Marius var Johannes Myklebust, Martin Fossedal, Karl Olav Sunde, Magnus Myroldhaug og Arild Rindal med på laget. 

Nordfjord Trafikkstasjon var med å støtta Nattcupen. Vinnarane fekk T-skjorter og refleksfotballar med bodskapet: "Trygg trafikk og sei i frå når det går for fort".  

Sjå bilder frå Nattcupen.


16.12 Eid nekta Thomas speletid for Skavøypoll
Thomas Starheim som skreiv under for Skavøypoll tidlegare denne veka skulle etter planen debutere for Skavøypoll i dagens kamp mot Eid. Men slik gjekk det ikkje fordi Eid nekta Thomas speletid fordi han hadde spelt for Haugen tidlegare i vinterserien. Kanskje var dette takk for sist fordi Thomas valde å gå til nettopp Skavøypoll framfor Eid?

Stor dramatikk var det også i kampen. Skavøypoll hadde greidd seg med uavgjort i  kampen, medan Eid måtte vinne for å ta fyrsteplassen i avdeling Nordfjord. Rett før slutt var stillinga 5-5 og med dette resultatet var det Skavøypoll som hadde kvalifisert seg til vidare spel om KM-tittelen. Men Eidarane gav seg ikkje og rett før slutt laga dei vinnarmålet og kampen enda 6-5 til gultrøyene. 

Det blir meldt om høg temperatur i Nordfjordhallen i kveld. Om dette skuldast at Eid var besøk eller om det var Kvinner på randen som fekk opp temperaturen veit underteikna ingen ting om.


15.12 Det blir ikkje trening fredag
Treninga i morgon fredag blir avlyst på grunn av at det er kamp på Eid Idrettspark. Sandane tek imot botnlaget Bremanger til den siste kampen i årets vinterserie for junior. 

Neste trening for Haugen blir søndag 18. desember kl. 20.00.


14.12 Haugensida passerte i dag 60 000 treff 
Statistikken viste i kveld at Haugen Fotball sine nettsider passerte 60000 treff sidan 24 mars 2004. 

Statistikken har vist eit stadig aukande besøk på nettsida og det er spesielt etter at Haugen har spelt kamp at interessa er størst. No på vinterstid går som oftast besøkstala drastisk ned men det har ikkje vore tilfelle til no denne vinteren. 

Underteikna håpar at hyppig oppdatering er ei årsak til at besøkstala ikkje har minka. 

Underteikna tek gjerne imot innspel, gode idear og kommentarar, slik at ein kan gjere sida endå betre for dei som likar lokalfotball. 




14.12 Kenneth Fosse Elde skal trene Bremanger
Fjordenes Tidende melder i dag at Kenneth Fosse Elde tek over som trenar for 5. divisjonslaget Bremanger. 

Fosse Elde har denne sesongen vore keeper og kaptein for Bremanger og skal neste sesong snu den negative trenden som Bremanger er komne inn i. Bremanger blei nest i 4. divisjon denne sesongen og måtte i lag med TMFK sitt andrelag ta den tunge turen ned i 5. divisjon. Her blir det mellom anna møte med Svelgen og Oppstryn. 

Jentejuniorlaget til Bremanger har vunne begge sine kampar til no i vinterserien. Florø vart banka 7-1 på bortebane, medan Stryn var knust 5-0 på "heimebane". Bremangerjentene spelar heimekampane sine på Skavøypoll Stadion. Lise I. Senneset har laga heile åtte av dei tolv måla til Bremanger.  

Thomas Starheim skreiv i dag under for Skavøypoll. Etter det underteikna har fått melding om spelar Thomas for Skavøypoll i seriefinalen mot Eid i vinterserien. 



14.12 Nye julenøtter er lagt ut
Nye julenøtter er no lagt ut og underteikna har fått nokre tilbakemeldingar om at denne gong er dei eit hakk vanskelegare enn sist. 

Fyrstepremie er som sist eit Haugenkrus med ein marsipangris oppi, medan det også blir trekt ut ein premie blant alle som har sendt inn svar. 

Gå til julenøttene her. 


13.12 Haugen tapte 4-3 mot TMFK
Juniorlaget til Haugen tapte 4-3 mot TMFK i Nordfjordhallen i kveld. Haugen var gode i fyrste og siste periode, men laber innsats i midtperioden gjorde sitt til at Haugen tapte denne kampen. Dermed er vinterserien over for Haugen sin del og ein kan sjå tilbake på tre tap, ein uavgjort og ein siger. 

TMFK-Haugen 4-3 (1-1)(2-0)(1-2)
1-0 Gisle Myhre (4. min)
1-1 Thomas Starheim (5. min)
2-1 Espen Thomsen  (23. min)
3-1 Sveinung Frantzen (27. min)
3-2 Jim Tore Humborstad (50. min)
3-3 Thomas Dalsbø (57. min)
4-3 Sjølvmål, Matias Lien (60. min) 

NB! Haugen trenar fredag kl. 19.00 på Eid Idrettspark.


13.12 Sogning stakk av med fyrstepremien
Haugen sin midtbanestrateg Kim Tore Gilleshammer sto for den høgtidlege trekninga  i Haugen sine fyrste julennøtter. Gilleshammer er god å ha når ein enten skal ha sjåfør på bortekampar eller til slike ting som har med konkurransar å gjere.  Det vart Sogningen Kai Henning Slinde som stakk av med fyrstepremien, medan Jim Tore Humborstad får andrepremien. Det var ein strålande glad Slinde underteikna var i kontakt med etter at han fekk vite at han vann. No er det berre å fylle opp kruset og feire premien i kveld seier Slinde i ein knapp kommentar. 

No kan du prøve deg på nye julenøtter. Underteikna håpar på like mange svar denne gongen. Sender same person inn fleire forslag blir det siste teljande. 


12.12 Sju personar har alle rette på julenøttene
Ørjan Solheim, Linda Nord Venøy, Kai Henning Slinde, Torleiv Orheim, Jim Tore Humborstad, Stian Aaland og Haldis Humborstad har alle fjorten rette på julenøttene.  
Desse er dermed med i trekniga om dei to premiane som er utlova. 1. premie er eit Haugenkrus med marsipangris og 2. premie er ei Sogndalhue. 

Trekninga blir føretatt tysdag kveld. 

Vidare var det 5 personar som fikk 13 rette, 3 fikk 12 rette, 4 fikk 11 rette,  13 fikk 10 rette, 9 fikk 9 rette, 6 fikk 8 rette, 7 fikk 7 rette, 1 fikk 6 rette, 2 fikk 5 rette, 1 fikk 4 rette medan 1 person greidde berre 2 rette. 

Gå til fasiten her.


12.12 Nordea Cup 05
Hardbagg IL inviterar til Nordea Cup 06 i Strynehallen. Turneringa går av stabelen 2. juledag og det blir tradisjonelt opplegg med dame og herreklasse. Kampane går over 12 minutt og ein stiller med keeper og fire utespelarar. Det kan også vere lurt å stille med nokre innbyttarar.

Påmeldingsavgift er kr. 600,- pr. lag

Siste frist for påmelding er 21. desember. 

For påmelding eller for eventuelle spørsmål ta kontakt med Inge Matias Tvinnereim:
imt@sogndalfotball.no
 
91 76 60 44


12.12 Dei fyrste julenøttene er avslutta
Fristen for å sende inn svar på dei fyrste julenøttene er gått ut. Underteikna har fått inn 58 svar og desse blir retta i løpet av kvelden. Namnet på dei som har alle rette blir lagt ut så snart som mogleg, og premievinnarane blir trekt i morgon.

11.12 Haugen sin kamp mot TMFK
Haugen sin siste kamp i vinterserien blir spelt i Nordfjordhallen tysdag 13. desember kl. 19.30. 

Ver med og tipp sluttresultatet i juniorkampen Haugen-Sandane. Den fyrste som sender inn rett svar vinn eit eksklusivt Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  

Husk å sende inn ditt svar på julenøttene. Siste frist for å sende inn svar på dei fyrste julenøttene er måndag 12. desember kl. 16.00. 

Nye julenøtter blir lagt ut måndag kveld eller tysdag kveld. 

Gå til julenøttene her. 



11.12 Rein seriefinale mellom Skavøypoll og Eid
Når ein serierunde gjenstår er det klart at det blir enten Eid eller Skavøypoll som stikk av med fyrsteplassen i nordfjordgruppa i vinterserien for junior. Skavøypoll og Eid skal møtast i Nordfjordhallen denne veka til det som blir ein rein gruppefinale. Skavøypoll vinn gruppa med uavgjort medan gultrøyene frå Eid må vinne kampen. Laget som stikk av med sigeren i gruppa skal på nyåret spele serie mot gruppevinnarane frå Sunnfjord og Sogn. 

Tabell (pr 11.12.05)
1. Skavøypoll   4   25-12   9 poeng
2. Eid              4   14-8     7 poeng
3. Sandane      4   14-14    6 poeng
4. TMFK           4   13-14   6 poeng
5. Haugen        4  10-13    4 poeng
6. Bremanger   4   5-10    3 poeng


11.12 Edvin Øygard senka Haugen 
Haugen tapte i kveld 5-3 mot Sandane i vinterserien for junior. Sandane tok tidlig leiing 1-0 etter eit langskot av Trond Vegard Ripe. Dette såg ut til å tenne Haugen og berre fire minutt etter hadde Haugen snudd kampen til 2-1, etter skåringar av Jim Tore Humborstad og Thomas Dalsbø. Etter omlag halvtimen av fyrste omgang fekk Sandane heilt korrekt straffe av kampens gode dommar. Øystein Haugland såg at ein Sandanespelar blei skubba ned i feltet og Edvin Øygard gjorde ingen feil på straffa. Men berre minuttet etter var Haugen i leiinga igjen. Jonas Rye Tvendeseter fekk tåa på eit framspel og ballen gjekk rett i nettet bak ein sjanselaus Sandanekeeper. I andre omgang kom Sandane sterkt tilbake og Edvin Øygard avgjorde kampen åleine med sine tre skåringar etter pause. Dermed vann Sandane 5-3, etter at Haugen leia 3-2 til pause. 


11.12 Eid gav Sogndal god motstand
Eit forsterka juniorlag frå Sogndal hadde i dag samling på Eid Idrettspark. Med spelarar frå heile fylket trente laget fyrste ei lita økt, før dei spelte kamp mot A-laget til Eid. 

Eid helg godt følgje med dei kjappe juniorspelarane og Stian Sandal gav likegodt Eid leiinga 1-0 etter ti minutt av kampen. Fem minutt etter utlikna Førdespelar Nikolai Øveraas til 1-1. Men Eid gav seg ikkje og ti minutt før pause gav Kim Vik Eid leiinga på ny. Rett før kvilen fastsette Stig Hårklau pauseresultatet til 2-2, etter fint forarbeid av Mats Solheim. I andre omgang såg vi klare teikn til at midtbana til Eid var slitne og det var ikkje ufortent at Sogndal til slutt vann 5-2. Måla til Sogndal vart sett inn av JÅFK-spelar Terje Andre Jevnaker (2) og Johann Salveson.    


10.12 Haugen møter TKFK tysdag kl. 19.30
Haugen sin siste kamp i vinterserien blir spelt i Nordfjordhallen tysdag 13. desember kl. 19.30. TMFK har vunne mot Eid og Sandane, medan det har blitt tap mot Skavøypoll og Bremanger. 

Så spørs det om Haugen blir like sjanselause i Nordfjordhallen som dei var i kampen mot Skavøypoll. 

Toppskårarar Haugen: 
2 mål: 
Bjørnar Øien 
Jim Tore Humborstad

1 mål: 
Thomas Starheim 
Ove Balsnes 
Jonas Rye Tvendeseter 


10.12 Ny nedtur for Bremanger
Nedturane for Bremanger ser ikkje ut til å ta slutt. Denne gangen var det Skavøypoll som vann heile 11-2 mot Bremanger i vinterserien for junior. Kampen blei spelt i Nordfjordhallen og Skavøypoll leia 6-0 allereie etter fyrste periode. Kampen blei spelt med tre periodar på tjue minutt kvar. Begge trøystemåla til Bremanger kom i siste periode. 

Tabell (pr 10.12.05)
1. Skavøypoll   4   25-12   9 poeng
2. Eid              4   14-8     7 poeng
3. TMFK           4   13-14   6 poeng
4. Haugen        3    7-8     4 poeng
5. Sandane      3    9-11    3 poeng
6. Bremanger    4   5-10    3 poeng


09.12 Juniorkampen blir spelt på Eid Idrettspark

Juniorkampen mot Sandane blir likevel spelt på Eid Idrettspark. Kamptidspunkt er sett til søndag 11. desember kl. 16.00. 

Same dag startar Sogndal sitt juniorlag oppkøyring til Color Line Cup, som blir spelt i Ålesund. Spelarar til dette laget er plukka av dei beste juniorspelarane frå heile fylket og laget samlast på Eid Idrettspark. Klokka 14.00 spelar det forsterka Sogndallaget kamp mot A-laget til Eid. 

For at bana skal bli klar til samlinga og kampane søndag, blir det dugnad på Eid Idrettspark laurdag 10. september kl. 10.00. Nils Taklo oppmodar alle til å møte slik at ein ikkje må avlyse også denne helga. 



08.12 Svar på julenøttene strøymer inn 
Neste femti svar på årets julenøtter er komt inn til underteikna. Av desse er det sju personar som har alle rette. Av dei som har svart feil er det bildene der ein skal finne rett ball som har vore problemet. På grunn av at så mange har svart på julenøttene blir det lagt ut ei nøtt til før jul. Siste frist for å sende inn svar på julenøttene som ligg ute no er sett til måndag 12. desember kl. 16.00. Nye julenøtter blir lagt ut når fristen på dei gamle har gått ut. 

Gå til julenøttene her. 


08.12 Eid serieopnar borte mot Sogndal 2
Eid serieopnar neste sesong i 3. divisjon med bortekamp mot Sogndal 2 i Sognahallen. Kampen er terminfesta til måndag 24. april. Laurdag 29. april er det duka for årets fyrste lokalderby når Skavøypoll tek turen til Eid. Runden som blir spelt 16. mai er sett opp med mange godbitar. Eid tek turen til Stryn, Skavøypoll tek imot TMFK, medan Selje spelar heime mot Sandane. Siste runde blir spelt laurdag 7. oktober. Eid speler borte mot Førde, medan det er duka for storkamp når Skavøypoll tek imot Selje på Skavøypoll Stadion. 

Sjå heile oppsettet her.

Haugen Fotball gratulerer Roald Halsør med ny Prix-butikk i Selje. Butikken blei opna i dag og alle slapp unna det raude kortet frå Halsør.   


07.12 Juniorlaget spelar mot Sandane i Nordfjordhallen
Haugen sin utsette kamp mot Sandane i vinterserien for junior blir spelt i Nordfjordhallen. Kampen skulle eigentleg spelast fredag 2. desember, men på grunn av snø på Eid Idrettspark måtte kampen utsettast. Nytt tidspunkt for kampen er no bestemt, og den blir spelt søndag 11. desember klokka 14.00. 

I det fem kampar gjenstår i avdelinga kan alle laga stikke av med sigeren. Men ettersom Haugen har med to spelarar som har fått dispensasjon kan Haugen ikkje kvalifisere seg til finalesluttspelet. Underteikna trur at Eid kjem til å stikke av med seieren i avdelinga.  


05.12 Tommy Øren klar for HamKam
Sogndal sine nettsider melder i dag at Tommy Øren er klar for HamKam. Partane ynskjer ikkje å gå ut med overgangssummen. Tommy som no er 25 år debuterte for Sogndal i 1997 og står bokført med 275 kampar og 83 skåringar. 

Tommy som var eit av dei største talenta i landet blei stygt skada i ein kamp mot Molde for ein del år sidan. Etter denne skada har liksom ikkje Tommy Øren blitt den gode gamle igjen. Kanskje vil eit miljøskifte gjere sitt til ei vidare sportsleg utvikling. 


04.12 Dugnad på Eid Idrettspark
Måndag 5. desember kl. 18.00 er det dugnad på Eid Idrettspark. Idrettsparken skal ryddast for snø og alle blir oppfordra til å møte. 

Ta med høveleg redskap! 


04.12 G90-kretslaget slo Florø 6-5
Kretslagssamlingane for J90, G90 og G91 som skulle vore arrangert på Eid denne helga blei avvikla på kunstgraset i Florø. 

G90-kretslaget avslutta samlinga med å spele kamp mot juniorlaget til Florø. Etter at stillinga til pause var 3-3, vann kretslaget til slutt 6-5. Thomas Starheim laga eit av måla og hadde to målgivande i kampen.  

Laurdag 3. desember vart det avvikla samling for G91 og J90 på same staden. 
I J90 var Catrin Honningsvåg frå Stadlandet og Karoline Føleide frå Tornado Måløy FK dei einaste jentene frå Nordfjord som var tatt ut.  
I G91 var Kristian Kongsvoll, Martin Fossedal, Marius Hagen (92) og Eivind Daniel Røed (92) tatt ut til samlinga. 


04.12 Julenøtter 2005
Dei fleste nettstadar med litt respekt for seg sjølv har enten adventskalendar eller julenøtter. Underteikna har brukt søndagen til å lage til nokre oppgåver som eg håpar at lesarane prøvar å svare på. 
Vinnaren får eit Haugenkrus med ein marsipangris oppi. Den som blir nummer to får ei Sogndalhue i trøystepremie. 

Sjå julenøttene her.   


03.12 Eid tapte 4-3 mot TMFK
Juniorlaget til Eid tapte 4-3 mot TMFK i Nordfjordhallen i går kveld. TMFK skriv på sine heimesider at sjølv om TMFK mangla Erlend Kvalheim, Torstein Rutledal og Leif Arne Iversen leda TMFK 4-0, før Eid reduserte tre gongar på slutten. 

14 åringen Gisle Myhre har fått mykje skryt i det siste og var nok ein gong best på TMFK. 

Med dette resultatet har Eid 7 poeng medan TMFK har komt opp i 6 poeng. Gruppa er superjamn og alle seks laga kan i teorien vinne gruppa i det fem kampar gjenstår.  


02.12 Trandal sluttar i Selje 
Fjordenes Tidende skriv i dagens avis at Jan Runar Trandal gir seg i Selje. Trandal skal neste sesong prioritere studier i Bergen, og dette lar seg ikkje kombinere med spel for Selje. Dermed misser Selje kapteinen sin og det kan bli ein vanskeleg debutsesong for Selje i 3. divisjon. Trandal skal i denne perioden spele for Baune i 4. divisjon Hordaland, men utelukkar ikkje at spel for Selje kan vere mogleg utover hausten. 

Jan Runar Trandal vart kåra til årets beste spelar på heimebane.    

Bildet er henta frå Selje sin overraskande 4-1 seier på Eid Stadion 28. mai denne sesongen. 


02.12 Sogndal i ny profil
Sogndal stiller frå og med i dag med ny profil. Den gamle svarte og kvite logoen er bytta ut med ein ny som er gul, svart og kvit. Om dette har vore ei forandring til det bedre får kvar enkelt finne ut. 

Sjå logoen og les meir om profilendringa på Sogndal sine nye nettsider. 


01.12 Haugen sin kamp mot Sandane er utsett
Haugen sin kamp mot Sandane i vinterserien for junior er utsett. Lagleiar Eirik Andreassen melder om at kampen blir spelt i løpet av neste veke. Kjem tilbake med kamptidspunkt så snart det er avklara. 

Ver med og tipp sluttresultatet i juniorkampen Haugen-Sandane.

Den fyrste som sender inn rett svar vinn eit eksklusivt Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  


01.12 Samlingane på Eid Idrettspark er flytta
SFFK sine samlingar for J90, G90, G91 og G93 som skulle vore arrangert på Eid Idrettspark denne helga er flytta. Ettersom bana er full av snø har kretsen beslutta i dag at det ikkje lar seg gjere å halde samlingane på Eid. Samlinga for G93 som blir arrangert søndag er flytta til Nordfjordhallen, medan det blir sjekka opp om dei andre samlingane kan flyttast til Eikefjord eller Florø. 

Når det gjeld snøsituasjonen på Eid Idrettspark kunne Knut Atle Krossøy melde om mykje tung snø på bana i dag. Så derfor er det berre å håpe på mykje regn og mildare vêr dersom det skal bli fotball på Eid Idrettspak med det fyrste. 


01.12 Prøvespelar i USA 

I januar skal Bjørn Totland og Kristoffer Aarskog prøvespele for å få kontrakt med eit lag i den amerikanske serien. Underteikna tok kontakt med Bjørn og lurte på om han kunne fortelje litt om kva som skjer rundt dette med prøvespelinga.

Bjørn svarte kjapt følgjande:
Vi skal på et "combine" 5-7 jan. Dette er ei samling for spelarar rundt om i USA som avsluttar utdanninga si og har
spelt ein sport innanfor college. Så det vil altså være spelarar fra heile
USA der rekna eg med.

Samlinga vil bestå av diverse "øvelsar" som trenarane der sett ein karakter
på, trur det er på ein skala fra 1-6. Dei vil sette sammen alt til ein
portfolie med alle øvelsane, og så lage ei heilhetsvurdering av kvar enkelt.
Det heile vert avslutta med ein kamp eller to.

Under samlinga vil det være representantar fra alle mls klubbane her borte og fra divisjonen under, samt eit par klubbar fra andre land og agentar.
Sidan vi fekk invitasjon til denne combinen tenkte vi at det ikkje kan skade og være her ein mnd. ekstra og prøve lykken.

Dette er ikkje einaste prøvespelet. Miami FC, ein nystarta klubb, ser etter
spelarar, og skal også halde tryouts i desember. Har ikkje fått det bekrefta
enda, men rekna med at vi skal på det og. Det ryktast at det skal være ein
proffklubb, men eg har mine tvil til nivået. Skadar allikavel ikkje og reise
og sjå. Ingenting er avgjort om vi reiser på dette enda uansett.



30.11 Tore Haraldsen tatt ut til sonesamling

Arild Hagen Bakke har tatt ut Tore Haraldsen frå Haugen til sonesamlinga for G93 som blir arrangert på Eid Idrettspark søndag 4. desember. Laget til Nordfjord skal ha trening, i tillegg til at dei skal spele kampar mot Sunnfjord og Sogn. 

Følgjande spelarar er tatt ut på laget til Nordfjord: 
Eirik Johnson, Eid IL
Tore Haraldsen, Haugen IL
Øystein Aabrekk, Heia IL
Trym Bjørneset, Hornindal IL
Bendik Larsson, Selje IL
Kristian Sandal Gangsø, Skavøypoll IL
Per Arne Teige, Stadlandet IL
Vegard Hopland, Stryn TIF
Torje Breidablikk, Stryn TIF
David Bakkebø, Stryn TIF
Andreas Vereide, Sandane TIL
Jørgen Færestrand, Tornado Måløy FK

Informasjonen er henta frå nettsida til Sogn og Fjordane Fotballkrets.  



30.11 Stig Nord blir trenar for Sogndal

Eidaren Stig Nord tek over som hovudtrenar etter Trond Fylling i Sogndal. Dette melder Sogndal på sine nettsider. Nord har fått ei to årskontrakt med klubben som er flaggskipet når det gjeld fotball i Sogn og Fjordane. Stig Nord kjem frå jobben som hovudtrenar for Førde sitt herrelag i 3. divisjon. 

Dermed ser apparatet rundt Sogndal slik ut i sesongen 2006: 

Sportsleg leiar: Anders Giske
Hovudtrenar: Stig Nord
Assistenttrenar: Johan Sigurdsson
Fysiske trenarar: Vidar Andersen og Kolbjørn Rydvang
Keeperkoordinator: Kåre Jan Mjelleli
Rekruttering spelarar: Trond Fylling
Spelarutvikling: Torbjørn Glomnes


30.11 Haugland held fram som leiar i Haugen IL

Øystein Haugland blei på årsmøtet i Haugen IL i går gjenvald til leiar i idrettslaget. Haugland har vore leiar i Haugen IL sidan 2001 og har utført vervet på ein framifrå måte. 

Hovedstyret
Leiar: Øystein Haugland
Nestleiar: Ingebrigt Naustdal
Kasserar: Sissel Hermansen Smørdal
Studiekontakt: Elisabeth Haugland
Sekretær: Nils Helge Løkling
Vara: Hallvard Haugalnd, Rune Haugland

Gruppeleiarar: 
Fotball: Ove Jan Haugland
Handball: Hilde Nord Haugland
Langrenn: Bjarne Smørdal
Barneidrett: Sigrun Bjørkeli
Telemark/Snowboard: Geir Lasse Espe
Trim/Friidrett: Asgeir Bakke
Alpin: Gruppa konstituerer seg sjølve 
Banenemnd: Hallvard Haugland
Vedlikehaldsnemnd: Knut Løken 



27.11 Vinterserien for junior runde 4

Fredag går dei tre kampane i 4. runde i vinterserien av stabelen. Både Eid og Haugen har heimekampar på Eid Idrettspark. Haugen møter Sandane, medan Eid tek imot TMFK. Den tredje og siste kampen i denne runden er Bremanger-Skavøypoll. 

Ver med og tipp sluttresultatet i juniorkampen Haugen-Sandane.

Den fyrste som sender inn rett svar vinn eit eksklusivt Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  


27.11 Rolf Skrede skal trene Eid 2

Årets Heiatrenar Rolf Skrede skal neste sesong trene Eid sine nest beste. Heia har under Skrede gått frå å vere eit botnlag  til å bli eit fintspelande topplag i den lokale 6. divisjonen.  Skrede har gjort gull av gråstein av Heiaspelarane og er uten tvil ein god mann for Eid 2. Skrede har også tidlegare vore trenar for Eid 2. 

På bildet ser vi Skrede med det han har tatt med seg frå Heia. Ein fluktstol, nokre kjegler og ei Heiadrakt er tatt med som suvenir frå året med grøntrøyene frå Moskva. Med seg på lasset har han Eirik Lunde. Lunde har denne sesongen vore ein av få yngre spelarar på Heia. 
Det går rykte om at Heia sitt lag neste sesong har så høg snittalder at dei får ekstra rabatt når dei skal leige buss på bortekampane. Om dette er sant veit underteikna ikkje men det kan sikkert stemme, ettersom det er Eid Eldretun som leiger ut bussen.
 


27.11 Eid vann 4-0 mot Bremanger i vinterserien

Eid sitt juniorlag i vinterserien hadde ingen problem med å slå eit tafatt Bremangerlag i dagens kamp på Eid Idrettspark. Eid tok leiinga 1-0 etter sju minutt av fyrste omgang. Ei takling frå Erik Salveson nådde Anders Midthjell som fikk to sjansar til å sette ballen bak Mathias Hauge i Bremangerburet. Resten av omgangen var jamnspela uten dei heilt store sjansane. I andre omgang viste Eid at dei er farlege på dødballsituasjonar. Erik Salveson og Kim Svarstad heada inn kvar sin corner, og til slutt sette innbyttar Karl Erik inn eit frispark frå omlag sytten meter. I denne omgangen var knapt Bremanger over midtbana og det var ein kald Sindre Rise som gjekk av bana etter kampen. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen. 


27.11 Eid-Bremanger kl. 13.00 på Eid Idrettspark
Eid sin utsette kamp mot Bremanger i vinterserien for junior skal spelast på Eid Idrettspark i dag kl. 13.00.  

Haugen Fotball kjem med kampfakta og bilder frå kampen rett etter kampslutt. 


26.11 Stryn og Dale vann KM


Stryn og Dale vann KM-innandørs som blei arrangert i Førdehuset denne helga. Stryn var det suverent mest målkåte laget i turneringa og vann til slutt ein knepen 3-2 siger mot Førde 1 i finalen. I semifinalen slo Stryn ut TMFK med resultatet 5-3. I dameklassa var begge laga til Kaupanger store favorittar og dei fleste tippa på førehand at det skulle bli ein rein Kaupangerfinale. Både Kaupanger 1 og Kaupanger 2 tok seg oppskriftsmessig vidare til semifinalane, men her møtte dei overmakta mot Sandane og Dale. I finalen var Dale det beste laget og vann til slutt fortent 2-0.     

Sjå alle resultata og bilder frå KM.


25.11 Årdal FK skal spela mot lag frå Austlandet

Norges Fotballforbund har imøtekomt Årdal sitt ynskje om å få spele mot lag frå Austlandet i neste års 2. divisjon. 

 

2. divisjon avdeling 1: 
Tønsberg

Stabæk 2

VIF 2

Åmot

Odd Grenland 2

Tollnes          

Ørn Horten

Notodden

Bærum          

Lørenskog

DFI

Sprint/Jeløy

Sarpsberg

Årdal FK


25.11 To damelag har trekt seg frå KM

Fotballkretsen opplyser i dag at damelaga til Eid og Dale 2 har trekt seg frå helgas KM-turnering i Førdehuset. Det blir ikkje forandringar i oppsettet, men kampane med dei to laga som har trekt seg går sjølvsagt ut. 

Sjå heile oppsettet her. 


24.11 Siste frist for å tippe KM-vinnarane nærmar seg
Fredag 25. og laurdag 26. november blir innandørs KM for senior arrangert i Førdehuset. Her på nettsidene skal ein prøve å tippe kven som stikk av med sigeren i begge klassene.  Husk at det er nokre klubbar som stiller med fleire lag. Derfor held set ikkje å tippe berre klubb, ein må også tippe om det er fyrste, andre eller eventuelt tredje laget til denne klubben som vinn.

I herreklassa stiller desse laga (antall lag i parrantes): Førde(3), Jølster(2), Gaular(2), AHIL(2), Eid(2), Eikefjord(2), Bremanger(2), Dale, Anga, Høyang, Florø, Loen, Saga, Stryn, Kaupanger, TMFK, Vik, JÅFK, Vadheim/Høyang2, og Breimsbygda.

I dameklassa stiller følgjande klubbar med lag: Jølster(2), Kaupanger(2), Dale(2), Førde(2), Eid og Sandane.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  

Den fyrste som legg inn rett svar får ei Sogndal-topplue i premie. 

Går alt etter planen hiv underteikna seg i Poloen laurdag morgon for å sjå kampane denne dagen. Blir dette ein realitet kan du sjå bilder og lese kampfakta frå KM på denne sida. Ettersom Poloen har toppfart på 40 km/t blir ikkje stoffet frå KM lagt ut før seint laurdags kveld.  




24.11 Eid sesongen 2005
Fredag 12. november arrangerte Eid fotballavslutning på hotellet. Ein del prisar blei utdelt og sermonien blei avslutta med fotballkampen Norge-Tjekkia. 

Årets Spelarar: Erik Salveson og Mariann Sigdestad og Steffen Sture Olsen (Eid 2)

Årets talent: Stian Sandal og Synne Mårstøl

Toppskårarar: Bjørn Totland, Tonje Nordheim Tangerud og Steffen Sture Olsen (Eid 2)

Følgjande har spelt kampar for Eid i årets 4. divisjon (antall kampar i parantes): Stian Sandal (18), Eivind Heggen (18), Stig Torheim (17), Erik Salveson (17), Henning Haugen (16), Anders Midthjell (16), Geir Moldestad (15), Kay Rune Solheim (12), Kim Vik (11), Stig T. Aarsheim (11), Jon Håkon Midthjell (11), Steffen Sture Olsen (11), Aksel Myklebust (10), Kay Even Risøy (9), Bjørn Totland (9), Sindre Rise (9), Stein Inge Aabrekk (7), Håvard Bruvoll (7), Edgar Flo (7), Dagfinn Bjørlo (7), Bjørnar Strandos (5), Asle Myrold (5), Vidar Hjelle (4), Bjørn Berdal (3), Kim Svarstad (2), Steffen Midthjell (1), Rune Schanke Eikum (1), Kristian Holmøy (1), Ole Bjarte Taklo (1) og Trond Bjørhovde Rindal (1). 

Alle som har spelt 9 kampar eller meir kan titulere seg som kretsmester 4. divisjon 2005. 


 


24.11 Vinterserien for junior runde 3
Haugen tapte 6-1 mot Skavøypoll i Nordfjordhallen sist fredag. Dei to andre kampane i denne runden blei utsett av forskjellige grunnar. TMFK sin kamp mot Sandane blei spelt i Nordfjordhallen tysdag 22. november. Her vann TMFK 4-2 og tok med dette resultatet sine tre fyrste poeng i årets vinterserie. 
Søndag fyrstkommande tek Eid imot Bremanger på Eid Idrettspark. 

I serierunde 4 som blir spelt 2. desember er det duka for desse godbitane: 
Bremanger-Skavøypoll
Eid-TMFK
Haugen-Sandane  

NB! Ettersom det ikkje er serierunde no til helga er det trening for Haugen på Eid Idrettspark fredag kl. 19.00.   


23.11 Sørensen har kontrakt med HamKam ut juni 2006
Norges Fotballforbund har no bekrefta at Peter Sørensen har kontrakt med HamKam ut juni 2006. Dermed kunne Sørensen spele kvalifiseringskampen mot Stryn, og Stryn har ut frå desse opplysningane trekt protesten dei sende til forbundet. 

Stryn spelar derfor også neste sesong i den lokale 3. divisjon. Med lokale lag som TMFK, Skavøypoll, Selje, Eid, Stryn og Sandane kan det bli duka for mange lokaloppgjer for dei fotballfrelste i Nordfjord. 

På fotballtinget blei det bestemt at fast kampdag for 3. divisjon er flytta frå fredag til laurdag. Sogndal II spelar sine kampar på måndag som vanleg. 

Burde ikkje Sogndal II spelt sine kampar på laudag også? 


19.11 Thomas spelar neste sesong for Skavøypoll

Då er valget tatt og Thomas Starheim spelar neste år for Skavøypoll.
Bestemmelsen blei tatt i går kveld og blei tatt ut frå ei heilhetsvurdering om at Skavøypoll har det beste opplegget totalt sett. 

Thomas skriv under overgangsskjema i løpet av veka og når Thomas fyller 16 år blir kontrakta med Skavøypoll skriven under.
Dermed blir den unge Stårheimaren lagkamerat med Peter Orry Larsen og dei mange andre talenta frå Skavøypoll.

 


19.11 Bjørge Fedje til JÅFK
JÅFK melder på sine nettsider at Sogndal-keeper Bjørge Fedje er klar for JÅFK. Det er i fyrste omgang snakk om ei 1-års kontrakt med opsjon på forlengelse med eit år. Preben Gilleshammer får dermed hard konkurranse om plassen i JÅFK-buret. 
  
Gå til JÅFK sine nettsider her.

Bilder er henta frå treningskampen til Sogndal mot Brann i Eikefjord sist sommar.  


18.11 Heia er blitt nekta adgang i Nordfjordhallen

Heia er blitt nekta adgang i Nordfjordhallen. Då underteikna var i Nordfjordhallen i kveld var det hengt opp to store skilt og det er ikkje tvil om kven desse skilta er retta mot. 


18.11 Haugen tapte mot Skavøypoll

Juniorlaget til Haugen tapte i kveld 6-1 mot Skavøypoll i Nordfjordhallen. Kampen gjekk over tre periodar på tjue minutt og det var aldri tvil om at Skavøypoll var det beste laget i denne kampen. Skavøypoll tok raskt leiinga 3-0 i kampen etter at Haugen hadde ein svært famlande start på kampen. I dei to siste periodane kom Haugen meir med men Skavøypoll hadde full kontroll i samtlege 60 minutt. 

Skavøypoll-Haugen 6-1 (3-0) (1-1) (1-0)
1-0 Øystein Weltzien (4. min)
2-0 Kim Andre Gangeskar (10. min)
3-0 Peter Orry Larsen (19. min)
4-0 Alexander Wik (31. min)
4-1 Thomas Starheim (35. min)
5-1 Alexander Wik (39. min)
6-1 Peter Orry Larsen (46. min)

Haugen: Vegard Løken, Jan Roger Solibakke (kaptein), Ove Balsnes, Runar Øien, Stig Tore Gilleshammer, Bjørnar Øien Jim Tore Humborstad, Thomas Starheim, Mikael Myklebust, Tore Sundal, Matias Lien, Odd Kjetil Liset   

Dei andre kampane denne runden: 
Eid-Bremanger 
TMFK-Sandane

Haugen spelar neste kamp i vinterserien heime mot Sandane fredag 2. desember.

Same dag tek Skavøypoll i mot Bremanger og Eid spelar heimekamp mot TMFK.



18.11 KM innandørs senior i Førde 
Oppsettet til innandørs KM for senior er no klart. 28 herrelag og 10 damelag skal kjempe om titlane i Førdehuset 25. og 26. november. Alle laga frå Nordfjord skal spele sine kampar laurdag 26. november.  

Herrelaga frå Nordfjord har komt i desse puljene: 
Pulje 4 
Florø
Loen
Eikefjord 2
Saga

Pulje 5
Stryn 
Kaupanger
Bramanger 2
Eid 2

Pulje 6
TMFK
Eikefjord 1
Vik
Bremanger 1

Pulje 7
JÅFK 
Eid 1
Vadheim/Høyang 2
Breimsbygda

Dei to beste frå kvar pulje går vidare. I tillegg går beste nr. 3 i puljene 4-7 vidare.  

Damelaga er sett opp i to puljar: 
Pulje 1
Sandane
Jølster 2
Førde 2
Dale 2
Kaupanger 1

Pulje 2
Kaupanger 2
Jølster
Eid 
Dale 1
Førde 1

Her går dei to beste laga i kvar pulje til semifinale. 

Informasjonen er henta frå nettsida til Sogn og Fjordane Fotballkrets.  





18.11 Mange samlingar på Eid Idrettspark
Dei to fyrste helgane i desember er det samlingar på Eid Idrettspark for nokre av dei beste aldersbestemte spelarane i Sogn og Fjordane. 

G1991 og J1990
Laurdag 3. desember er det kretssamling for gutar født 1991 og jenter født 1990. Frå Nordfjord er Catrin Honningsvåg frå Stadlandet og
Karoline Føleide frå Tornado Måløy FK tatt ut i jenter 1990. I gutar 1991 er heile 13 av dei 31 som er tatt ut frå Nordfjord. 
Eid: Kristian Kongsvoll, Martin Fossedal, Marius Hagen (92)
Haugen: Eivind Daniel Røed (92)
Selje: Ole Andreas Solheim, Kai Sindre Moldestad
TMFK: Gisle Myhre, Sveinung Franzen, Idar Holm
Sandane: Lasse Erdal, Martin Akse, Joakim Føleide
Stadlandet: Runar Tunheim Aarsheim 

G1991 spelar ein internkamp kl. 14.00, medan J1990 skal måle krefter mot damelaget til Eid. 

G1990
Søndag 4. desember er det gutar 1990 sin tur til å vise seg fram på kunstgraset på Eid. Her er Thomas Starheim einaste spelaren frå Eid kommune som er funnen verdig ein plass i troppen. I tillegg er fire spelarar frå Nordfjord med. Desse er: Sondre Grodås (Hornindal), Alexander Wik (Skavøypoll), Kenneth Honningsvåg (Stadlandet) og Endre Kupen (Selje).  
Kretslaget spelar kamp mot juniorlaget til Eid kl. 14.00.

Toppklubbsamling for herre junior
Søndag 11. desember startar Sogndal sitt juniorlag oppkøyring til Color Line Cup i Ålesund. Spelarar til dette laget er plukka av dei beste juniorspelarane frå heile fylket. Stryn er best representert på laget med fire spelarar. Mats Solheim, Per Egil Flo, Ulrik Flo og Kristoffer Grodås er alle plukka ut til denne samlinga. Ellers er det verdt å merke seg at JÅFK-spelar Preben Gilleshammer skal vere med. Preben har hatt ein kjempesesong i 3. divisjon og blei kåra til årets spelar for JÅFK 2. Preben fekk også prøve seg nokre kampar for andredivisjons laget til JÅFK. Klokka 14.00 spelar laget ein treningskamp mot A-laget til Eid. Her trur underteikna at forsvaret til Eid skal bli rimeleg svimle i løpet av kampen.    

Informasjonen er henta frå nettsida til Sogn og Fjordane Fotballkrets.  


17.11 Juniorkampen mot Skavøypoll går kl. 19.30

Juniorkampen mot Skavøypoll er utsett ein halv time. Tidspunktet for kampen er dermed fradag 18. november kl. 19.30. Kampen blir spelt inne i Nordfjordhallen. 


15.11 Juniorkamp mot Skavøypoll
Neste motstandar for juniorlaget til Haugen er Skavøypoll. Kampen er terminfesta til Nordfjordhallen fredag 18. november kl. 19.00. 

Ver med og tipp sluttresultatet i juniorkampen Skavøypoll- Haugen.

Den fyrste som sender inn rett svar vinn eit eksklusivt Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  

Småguttelaget til Haugen startar opp treningane i gymsalen på Stårheim måndag 21. november kl. 19.00. I tillegg er det planar om ei treningsøkt på Eid Idrettspark kvar helg. Småguttelaget tel 24 spelarar og er samansett av spelarar frå Kjølsdalen, Stårheim og Haugen.   


13.11 Vegard Løken skreiv under for Eid i dag
Vegard Løken skreiv i dag under for Eid. Keeperen frå Stårheim har spelt nesten alle kampane for Haugen i år og det er ikkje tvil om at Vegard blir sakna i Haugen. Når det gjeld dei andre som det har vore snakk om kjem til å forlate Haugen før neste sesong er enno ikkje noko klart. Thomas Starheim trenar med Skavøypoll og skal ikkje sjå vekk frå at den talentfulle stårheimaren kjem til å spele under Vidar Sandal neste sesong.  


13.11 Geir Ove Åsebø blir keepertrenar for Eid
Geir Ove Åsebø har takka ja til å bli keepertrenar på Eid. Etter det Haugen Fotball kjenner til skal Geir Ove vere med på Eid sine treningar ein gong i veka. 

Kanskje stiller også Geir Ove opp som keeper for Sebratrøyene neste sesong?

Geir Ove har spelt 131 kampar for Haugen og står bokført med 5 skåringar. 


13.11 Vinterserien for junior damer
Ni lag deltek i årets vinterserie for junior damer. Laga er delt i to puljer: 

Pulje 1: Førde, Høyang, Kaupanger Sogndal og Jølster 

Pulje 2: Eid, Bremanger, Stryn og Florø 

Sunniva Hagen (bildet) og Eid startar med bortekamp mot Stryn fredag 18. november. Fredag 9. desember er det heimekamp mot Florø på Eid Idrettspark. 

I begge puljene blir det spelt dobbel serie

Informasjonen er henta frå nettsida til Sogn og Fjordane Fotballkrets. 


13.11 Stian Holm årets unge dommar
Stian Holm frå Svelgen vart av dommarsektoren i Sogn og Fjordane Fotballkrets kåra til årets unge dommar i Sogn og Fjordane. Holm har ikkje vore dommar på nokon av Haugen sine kampar i år, men var dommar i Eid sine heimekampar mot Loen og Selje.    

Årets dommar vart Johnny Skjerven frå Kaupanger. 

Informasjonen er henta frå nettsida til Sogn og Fjordane Fotballkrets.

Bildet er henta frå kampen Eid-Loen. Stian Holm var i denne kampen veldig frustrert over dei trange dommardraktene.   


12.11 Haugen-Bremanger 4-0 (0-0)
Haugen vann i dag heile 4-0 mot Bremanger på Eid Idrettspark. Bremanger vann sist kamp 3-1 mot TMFK og dei fleste trudde at talenta til Bremanger skulle vinne over Haugen. Etter ein fyrste omgang uten skåringar spelte Haugen ein god andre omgang, som forøvrig varte i 51. minutt. 
Med dette resultatet toppar Haugen tabellen på bedre målskilnad enn Eid etter to spelte kampar.

Haugen-Bremanger 4-0 (0-0)
1-0 Jim Tore Humborstad 
2-0 Ove Balsnes
3-0 Jonas Rye Tvendeseter 
4-0 Bjørnar Øien 


12.11 Tappert forsøk av Stryn
Med uavgjort 5-5 på heimebane i dag blir det spel i tredjedivisjon for Stryn også neste sesong. Stryn tapte bortekampen 1-0 mot HamKam 2 på Hamar og hadde eit godt utgangspunkt før dagens kamp på heimebane. Kampen starta friskt for Stryn og allereie etter eit minutt var Kåre Balsnes åleine mot keeper Svein Inge Haagenrud. Men Balsnes sitt skot gjekk utenfor til stor fortvilelse for dei mange frammøtte. Rett etter er det HamKam som er farleg frampå og Truls Hagen gjev HamKam leiinga 1-0. Fyrste omgang er jamnspela noko som resulterer i eit par  gode sjansar til begge lag. Omlag ti minutt før pause aukar John Anders Rise til 2-0 og dei fleste innser at berre eit mirakel kan redde opprykk for Stryn. På overtid i fyrste omgang ordnar Jon Terje Tjellaug litt spenning i kampen. Endre Lødemel dreg seg fint fri på høgrekanten og det presise innlegget set Tjellaug hardt i mål bak ein sjanselaus Haagenrud. I pausa snakkar dei fleste om at med eit tidleg mål i andre omgang kan kanskje Stryn greie det likevel. Men Oluwasegun Abiodun brukar berre eit minutt av andre omgang til å sette den siste spikaren i Strynekista. Han får stå veldig åleine inne i Stryn sin sekstenmeter og enkelt set han inn 3-1 til HamKam. Etter dette set Jess Thorup inn 4-1 og Kristian Hauge aukar til 5-1 seks minutt før slutt. Då vakna Mats Solheim og dei som hadde gått heim kan angre på at dei ikkje blei igjen heilt til slutt. Fire minutt før slutt headar han inn reduseringa til 2-5 etter ein glimrande corner frå Per Ole Tenden. To minutt etter tråklar Solheim seg fri forsvaret til HamKam og kjempar seg forbi keeper. Solheim har berre å sette ballen i kassa men då dukkar Frank Hool opp og lurer solheim for 3-5 målet. I siste ordinære speleminutt er Solheim på ny frampå og 4-5 målet er ei faktum. To minutt på overtid set Solheim eit fantastisk punktum på ein god sesong for eit Strynelag som vart tippa eit stykke ned på tabellen i år. Frå seksten meter dunkar han inn 5-5 og Haagenrud som har gått frå å vere i storhumør har blitt meir eller mindre småsur.   

Sjå fakta og bilder frå kampen.


12.11 Sandane-Eid 2-5 (2-2)
Fredag kveld tok Sandane imot Eid sitt juniorlag på Eid Idrettspark. Etter ein jamn fyrsteomgang gjekk laga til pause på 2-2. I andre omgang tok Eid over mykje av banespelet og det var ikkje ufortent at Eid til slutt vann 5-2.

Sandane-Eid 2-5 (2-2)
1-0 Sigmund Andenes (12. min)
1-1 Stian Sandal (29. min)
2-1 Trond Vegard Ripe (31. min)
2-2 Karl Erik Aarsheim (37. min)
2-3 Anders Midthjell (69. min)
2-4 Anders Midthjell (79. min)
2-5 Kim Svarstad (87. min)  

I "hatkampen" TMFK-SKavøypoll vann bortelaget 6-4. Dermed står Eid med fire poeng, Sandane og Skavøypoll har tre poeng, medan TMFK står utan poeng etter to spelte kampar.  


09.11 Stryn på vei mot 2. divisjon 
Laurdag 12. november kl. 13.00 er det duka for Stryn sin kvalifiseringskamp mot HamKam 2. Stryn tapte "berre" 1-0 borte sist helg og med full klaff laurdag  blir det 2. divisjonspel i Stryn neste sesong. 

Greier Stryn å rykke opp til 2. divisjon held Bremanger seg i 4. divisjon og JÅFK 2 held seg i 3. divisjon. Derfor kan ein trygt seie at heile fylket håpar på seier for Stryn laurdag.  

Haugen Fotball ynskjer Stryn lykke til i kampen om opprykk. 



09.11 Haugen-Bremanger laurdag kl. 11.30. 
Andre runde i vinterserien for juniorlaget til Haugen er heimekamp mot Bremanger. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark laurdag 12. november kl. 11.30. 

Andre kampar 2. runde:
Sandane-Eid
TMFK-Skavøypoll

Resultat 1. runde:
Bremanger-TMFK 3-1
Skavøypoll-Sandane 2-5
Eid-Haugen 2-2 

Ver med og tipp sluttresultatet i juniorkampen Haugen-Bremanger.

Den fyrste som sender inn rett svar vinn eit eksklusivt Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  



05.11 HamKam 2-Stryn 1-0
Stryn tapte "berre" 1-0 mot HamKam sitt andrelag på Hamar i dag, og med dette resultatet har Stryn store sjansar til å greie opprykk til 2. divisjon neste sesong. Kenneth Dokken skårte kampen sitt einaste mål på straffe etter 34. min av fyrste omgang. I same situasjonen vart Trond Leirgulen skada, og det er usikkert om Leirgulen blir klar til returkampen. Returkampen blir spelt på kunstgraset i Stryn laurdag 12. november.      
 
For fortløpande oppdatering av kampen les her. 



05.11 HamKam 2-Stryn i dag kl. 14.00
Haugen sin fotballekspert Kay Ove Hafsås har no meldt sin ankomst på Briskeby Stadion. Hafsås skal ved hjelp av sin nye mobiltelefon holde underteikna oppdatert med det som skjer i kvalifiseringskampen mellom HamKam 2 og Stryn kl. 14.00. HamKam sine nettsider melder om at HamKam 2 stiller eit meget sterkt lag og at opprykk til 2. divisjon er ei prioritert oppgåve på Hamar. HamKam 2 har denne sesongen spelt 22 kampar. Av desse 22 kampane har laget vunne 19 og spelt 3 uavgjort. Laget har skåra 109 mål og slept inn 23, noko som gjev 86 plussmål denne sesongen. Stryn er ikkje mykje dårligare med sine 73 plussmål, men det er ikkje tvil om at Stryn får det vanskeleg i dagens kamp på Briskeby. 



04.11 Haugland og Øien trenar Haugen



Øystein Haugland og Bjørnar Øien skal trene A-laget til Haugen sesongen 2006. Dermed har Haugen fått på plass eit trenarteam dei fleste laga kan misunne dei. Dei to trenarane lova i kveld mykje fin fotball på Klenkarberget neste sesong. 

Treningstider: 
Søndag kl. 20.00-21.30
Tysdag kl. 19.00-20.30 

04.11 Eid-Haugen 2-2 (0-0)
Haugen sitt juniorlag spelte i dag 2-2 mot Eid på Eid Idrettspark. Etter ein jamnspela fyrsteomgang uten skåringar tok kampen seg kraftig opp etter pause. Jim Tore Humborstad gav Haugen leiinga tre minutt etter kvilen då han utnytta ein tabbe i Eidforsvaret. Fem minutt etter auka Bjørnar Øien leiinga til 2-0. Øien sette eit frispark frå 40 meter rett i mål bak ein forfjamsa Sindre Rise. Men Eid gav seg ikkje og etter hardt press siste halvtimen berga Eid det eine poenget. Uavgjort var vel alt i alt eit greitt resultat i denne kampen ut frå spel og sjansar. Men det var ikkje tvil om at Eid burde vunne denne kampen ettersom dei stilte med heile åtte spelarar som tidlegare i år har spelt kampar for Eid sitt lag i 4. divisjon. 

Eid-Haugen 2-2 (0-0)
0-1 Jim Tore Humborstad (48. min)
0-2 Bjørnar Øien (54. min)
1-2 Sjølvmål (61. min)
2-2 Kristian Holmøy (77. min)

Haugen: Vegard Løken, Runar Øien, Odd Kjetil Liset, Matias Lien, Jan Roger Solibakke, Ove Balsnes, Thomas Starheim, Mikael Myklebust, Stig Tore Gilleshammer, Jim Tore Humborstad, Jonas Rye Tvendeseter. 
Innbyttarar: Thomas Dalsbø, Bjørnar Øien, Kristoffer Pavelich, Tore Sundal   



03.11 Live-oppdatering HamKam2-Stryn
Haugen Fotball vil følgje Stryn sin kvalifiseringskamp mot HamKam2 laurdag kl. 14.00 med live-oppdatering. Med ein så viktig kamp for Stryn er det ekspertkommentator for Haugen Fotball Kay Ove Hafsås som har fått det ærefulle oppdraget å ta turen austover. Hafsås har tidlegare spelt kampar for Stryn, Haugen, Eid og Gneist og har siste tida tilegna seg fotballkunnskap frå VIP-losjen på Color Line Stadion. Den tidlegare stårheimaren har spisskompetanse på slike viktige kampar og underteikna var ikkje i tvil om at det var Hafsås som skulle få jobben med å referere frå kampen på Hamar.  

Haugen spelar juniorkamp mot Eid fredag 4. november kl. 19.00 på Eid Idrettspark. 

Ver med og tipp sluttresultatet i juniorkampen Eid-Haugen.

Den fyrste som sender inn rett svar vinn eit eksklusivt Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  



30.10 God avslutning av Stryn gav 8-1 seier 


Stryn vann i dag 8-1 mot eit forsterka Eidlag på Eid Idrettspark. Med spelarar frå TMFK, Skavøypoll, Selje og Eid burde det blitt ein jamn batalje, men på slutten av kampen viste Stryn seg som det beste laget og måla rann inn. 

Kampfakta
Eid/TMFK/Skav/Selje-Stryn 1-8 (1-1)
1-0 Kim Vik (24. min)
1-1 Per Egil Flo (35. min)
1-2 Per Ole Tenden (60. min)
1-3 Kåre Sigve Balsnes (62. min)
1-4 Pål Holko (64. min)
1-5 Jon Terje Tjellaug (66. min)
1-6 Jon Terje Tjellaug (86. min)
1-7 Frank Hool (88. min)
1-8 Ulrik Flo (90. min)

Det forsteka Eidlaget stilte med desse spelarane:
TMFK: Eirik Rutledal, Per Jarle Mathisen, Erlend Kvalheim
Skavøypoll: Ole Gunnar Midtbø, Ole Kristoffer Nore, Kim Gangeskar, Peter Orry Larsen
Selje: Karl Erik Aarsheim
Eid: Sindre Rise, Håvard Bruvoll, Kim Vik, Asle Myrold, Henning Haugen, Geir Moldestad, Stein Inge Aabrekk, Steffen Sture Olsen  

29.10 Stryn finslipar formen på Eid Idrettspark søndag
Då er det endeleg klart at Stryn skal møte HamKam 2 i kvalifiseringskampane om opprykk til 2. divisjon. Stryn Fotball melder på sine nettsider at Stryn startar med bortekamp laurdag 5. november, medan alt skal avgjerast på heimebane laurdag 12. november. 

Som eit ledd i oppkøyringa til denne kampen møter Stryn eit samansett lag frå Eid, Selje, TMFK og Skavøypoll på Eid Idrettspark søndag 30. oktober kl. 16.00.

Haugen spelar juniorkamp mot Eid fredag 4. november kl. 19.00 på Eid Idrettspark. 

Ver med og tipp sluttresultatet i juniorkampen Eid-Haugen.

Den fyrste som sender inn rett svar vinn eit eksklusivt Haugen-krus.

Tipset legg du inn i gjesteboka. Kun tips som er merka med ekte namn er med i konkurransen.  



29.10 Vellukka fotballavslutning
A-laget avslutta årets sesong med sosialt samvêr på Klenkarberget fredag kveld.  Etter ein del mat og drikke blei det utdelt prisar til dei som hadde gjort seg fortent til det. Ikkje uventa stakk Øystein Haugland av med prisen som årets spelar. Ove Balsnes blei årets unge spelar, medan Jim Tore Humborstad fekk prisen for mestskårande spelar denne sesongen. 

Trenar Eirik Andreassen takka for seg som trenar for A-laget. Andreassen trenar truleg småguttelaget til Haugen neste sesong. Kven som skal trene A-laget neste sesong er enno ikkje avklara, men fotballgruppa har sikkert eit par namn på blokka. 

Sjå bilder frå avslutningsfesten.  



27.10 Vinterserien junior 05/06
Kampoppsettet for vinterserien er sett opp og Haugen spelar sine heimekampar på Eid Idrettspark. 

04.11. kl. 19.00 Eid-Haugen 
11.11. kl. 20.00 Haugen-Bremanger 
18.11. kl. 19.00 Skavøypoll-Haugen 
02.12. kl. 19.00 Haugen-Sandane
16.12. kl. 19.00 TMFK-Haugen

Kampane mot Skavøypoll og TMFK blir spelt med 8'ar lag, medan dei andre kampane blir spelt som vanlig 11'ar fotball. 



25.10 Fotballavslutning på Klenkarberget


Årets fotballavslutning går av stabelen på Klenkarberget fredag 28. oktober kl. 20.00.
Bildet er henta frå fjorårets fotballavslutning der FjøraFjæra Supporterklubb bidrog med ein sjølvkomponert supportersang. Dessverre kan ikkje komponisten huske sangen i etterkant og dermed står Haugen uten supportersang den dag i dag. 

Det blir servering og fotballgruppa har bestemt at det blir egenandel på kr. 50,- pr. person.
 

Vel møtt!


24.10 Vinterserien junior 05/06
Nokre fleire lag er påmeldt til årets vinterserien for junior. Dermed er lista over lag som er påmeldt slik: 

Herre:
Tornado Måløy (8-ar)
Skavøypoll (8-ar)
Haugen (8-ar)
Sogndal
Førde 1
Førde 2
Eid
Jotun Årdalstangen 1
Jotun Årdalstangen 2
Høyang
Kaupanger
Sandane
Bremanger
Jølster
Lærdal
Florø

Damer:
Bremanger
Kaupanger
Høyang
Førde
Sogndal
Florø
Eid

Informasjonen er henta frå nettsida til Sogn og Fjordane Fotballkrets.




23.10 Hans Petter heilt i hundre!
Statistikken over kampar og skåringar for A-laget til Haugen er oppdatert. 

Øystein Haugland og Gustav Orheim passerte begge 200 spelte kampar for Haugen i løpet av sesongen, medan Hans Petter Gilleshammer passerte 100 kampar. 

Øystein og Gustav ligg med det på 8. og 9. plass på statistikken over antall spelte kampar for Haugen. Oddmund Balsnes toppar denne statistikken med 324 spelte kampar, På plassane bak følgjer Atle Kjøsnes med 310 kampar og Magne Kjøsnes med 270 kampar. 

På statistikken over mestskårande spelarar på Haugen ligg Jim Andre Balsnes på 10. plass med totalt 39 skåringar. Øystein Haugland har berre to mål mindre i målprotokollen og ligg med det på 13. plass. 

På denne statistikken leiar Atle Kjøsnes og Per Gunnar Gilleshammer med 77 skåringar kvar. Hakk i hæl ligg Oddmund Balsnes med 76 skåringar.  

Heile statistikken ser du her.
 





21.10 Enkel seier for Stryn
Sjølv om Stryn mangla sine to beste offensive spelarar, Jon Terje Tjellaug og Mats Solheim, var Stryn det klart beste laget på Eid Idrettspark i kveld. Eid hang overraskande bra med i kampen så lenge kreftene holdt, men i andre omgang hadde Eid lite å by på. Kåre Sigve Balsnes gav Stryn leiinga 1-0 etter kvarteret av kampen og avslutta også skåringane då han fastsette sluttresultatet til 6-1. Eid sitt trøystemål var ei perle av ei skåring av Jon Håkon Midthjell. 

Eid-Stryn 1-6 (0-2)
0-1 Kåre Sigve Balsnes (15. min)
0-2 Per Egil Flo (21. min)
0-3 Per Egil Flo (61. min)
0-4 Per Egil Flo (79. min) 
0-5 Aleksander Eikenes (81. min)
1-5 Jon Håkon Midthjell (84. min)
1-6 Kåre Sigve Balsnes (85. min)

Haugenspelarane Vegard Løken, Jim Tore Humborstad og Thomas Starheim fekk alle prøve seg i denne treningskampen. I tillegg hadde Eid forsterka laget med Magnus Sævik, som kanskje spelar for gultrøyene neste sesong. 




21.10 Ikkje trening i dag
Haugen si trening i dag kl. 19.00 er avlyst på grunn av at Eid skal spele treningskamp mot Stryn. 

Neste trening blir derfor søndag kl. 19.30.


16.10 Gaular kretsmester i 6. divisjon
Gaular vann i dag 2-1 mot Eid II på Eid Idrettspark, og sikra seg med dette resultatet både opprykk til 5. divisjon og kretsmesterskap i 6. divisjon. Gaular kom til Eid for å berge eit poeng slik at opprykket var i boks og dette bar spesielt fyrste omgang preg av. Gjestane la seg langt bakpå og satsa på kontringar og dødballar. Ti minutt før pause gav dette resultat og Gaular tok leiinga 1-0. Ein flikk frå Torbjørn Sygna gjekk via ein Eidspelar bak ein sjanselaus Edgar Flo i Eidmålet. Tore Sundal var nærmast skåring for Eid i fyrste omhang då han klikka ballen krysset frå 16 meters hald, etter ei genial pasning frå Jon Håkon Midthjell. 
I andre omgang var Gaular eit hakk bedre enn Eid og det var heilt fortent då Jon Inge Nilsen gav Gaular 2-0 ti minutt før slutt. På overtid vann Eidkaptein Jan Otto Bustadmo ein duell mot Gaular sin gode keeper og laga med det sitt andre mål på dei to siste kampane. Med det blei med dette trøstemålet for Eid sine nest beste, og glade Gaularspelarar kunne feire opprykk og kretsmesterskap med champagne på midtbana.


Sjå kampfakta og bilder frå kampen.



16.10 Vinterserien junior 05/06
Haugen har i år meldt på eit 8-ar lag i vinterserien for junior herre. 
Følgjande lag er påmeldt pr. 14/10:

Herre:
Haugen (8-ar)
Tornado Måløy (8-ar)
Skavøypoll (8-ar)
Sogndal
Førde 1
Førde 2
Eid
Jotun Årdalstangen 1
Jotun Årdalstangen 2
Høyang
Kaupanger
Sandane
Bremanger

Damer:
1. Bremanger

Informasjonen er henta frå nettsida til Sogn og Fjordane Fotballkrets.


09.10 Tett i kampen om opprykk til 5. divisjon
Gaular vann 4-3 mot Florø II i dagens kvalifiseringskamp om opprykk til neste års 5. divisjon. Med dette resultatet har Gaular og Lærdal fire poeng, medan Florø II er hakk i hæl med sine tre poeng. Eid ligg sist på tabellen med null poeng. Søndag 16. oktober kl. 13.00. går dei to siste kampane i kvalifiseringa. 
Eid møter Gaular på Eid Idrettspark medan Lærdal tek i mot Florø II. 

Ver med og tipp sluttresultatet i kvalifiseringskampen Eid II-Gaular. 

Den fyrste som sender inn rett svar vinn eit Sogndal-skjerf.

Tipset legg du inn i gjesteboka


09.10 Treningstider
Haugen held fram med treningar på Eid Idrettspark. A-laget trenar i lag med guttelaget fredagar kl. 19.00 og søndagar kl. 19.30. Guttelaget trenar i tillegg på onsdagar kl. 17.00. 

Etter litt skriverier i Fjordabladet om at det er så gale at ungdom heilt ned i 13-14 årsalderen trenar fotball tre gongar i veka no på haust og vintertid er det viktig å presisere at alle treningane er frivillige.  


09.10 Sesongavslutning Heia FK
Heia arrangerte i går sesongavslutning på Expeditionen. Med god mat, drikke og landskamp pluss utdelinga av årets prisar blei det ei hyggelig stund for dei frammøtte. 

Årets Toppskårar: 
Tom Rger Hjelle 16 mål

Årets unge spelar: 
Eirik Lunde

Årets spelar:
Bjørn Joar Svarstad 


09.10 God fyrsteomgang av Kåre Balsnes
Stryn vann i går 4-1 mot Volda i ein treningskamp i Stryn. Assistentdommar Knut Atle Krossøy kunne fortelje at Stryn var det klart beste laget før kvilen og leia fortent 2-0 til pause. Kåre Balsnes var banas beste før kvilen, men i andre omgang fikk han lite til og blei bytta ut  tjue minutt før slutt. Denne kampen var eit ledd i å halde laget i gang til dei avgjerande kvalifiseringskampane om opprykk til 2. divisjon. Kven Stryn skal møte desse kampane er enno ikkje avklara. Maktar HamKam å halde seg i tippeligaen er HamKam II motstandar, viss ikkje er det Ringsaker som kan stikke kjeppar i hjula for Stryn sine opprykksplanar. Stryn har også avtalt treningskamp mot Ålesund II på Color Line Stadion. 


08.10 Eid II-Lærdal 2-5 (1-2)
Eid II tapte i dag 5-2 mot Lærdal og er definitivt ute av kampen om opprykk til neste års 5. divisjon. Eid fekk ein verst tenkeleg start på kampen og låg under 2-0 før ti minutt var spelt. Like etter reduserte kaptein Jan Otto Bustadmo til 2-1 på straffespark. 2-1 blei også pauseresultatet i kampen. I andre omgang hadde Eid det meste av spelet, men overtaket i banespel resulterte ikkje i dei heilt store sjansane. Omlag midtvegs i 2. omgang utlikna Eid til 2-2. Jørn Ove Rindal sette eit frispark frå omlag 25 meter bak ein sjanselaus Espen Borlaug i Lærdalburet, og Eid var på ny med i kampen om opprykk. Eid hadde på slutten eit par store sjansar til å lage målet dei måtte ha for å vinne kampen, men i staden for kontra Lærdal inn 3-2 og dette resultert i at Eid sprakk som ein ballong. Lærdal vann til slutt kampen 5-2. 
Sjå kampfakta og bilder frå kampen. 


05.10 Eid II-Lærdal laurdag 8. oktober kl. 14.00.
Eid II sin kvalifiseringskamp mot Lærdal blir spelt på Eid Idrettspark laurdag 8. oktober kl. 14.00. 

Ver med og tipp sluttresultatet i kvalifiseringskampen Eid II-Lærdal. 

Den fyrste som sender inn rett svar vinn eit Sogndal-skjerf.

Tipset legg du inn i gjesteboka.

Bildet til høgre er henta frå SIL-bui.


05.10 Statistikk 2005
Navn Kampar Mål Gule kort
Ove Balsnes 15 4 1
Gustav Orheim 15 4  
Øystein Haugland 15 4  
Jim Tore Humborstad 14 12 2
Stig Tore Gilleshammer 14 4  
Hans Petter Gilleshammer 14 3  
Vegard Løken 14    
Jan Roger Solibakke 14   1
Stian Bjørlo 11    
Cato Magne Humborstad 10 7  
Mikael Myklebust 10 1  
Hans Ottar Humborstad 9 8 2
Bjørnar Øien 9 3  
Torleiv Orheim 9    
Reidar Hellesø 8 7 1
Jim Andre Balsnes 8 2  
Runar Øien 8    
Thomas Dalsbø 6 1  
Stian Aaland 5 5  
Kim Tore Gilleshammer 5 1  
Bjørn Erik Bruvoll 4 2  
Rune Venøy 4 1  
Odd Kjetil Liset 4    
Hans Thomas Solheim 3 4  
Roger Nygård 3 2  
Ståle Sandal 2    
Vebjørn Skrede 1    
Matias Lien 1    
Kim Fagerstrand 1    







05.10 Øystein årets stjernegris
Med 25 stjerner på 15 kampar vann Øystein Haugland årets stjernegris, fem poeng føre Ove Balsnes. Dette syner at sjølv om ein nærmar seg førti, kan ein framleis prestere på høg nivå i den lokale 6. divisjon. Med kunstgrasbana på Eid Idrettspark og dei fantastiske treningstilhøva som er der, er det vel ikkje tvil om at Øystein tek minst ein sesong til i Haugentrøya. 

25 Øystein Haugland
20 Ove Balsnes
17 Gustav Orheim
12 Jim Tore Humborstad
10 Reidar Hellesø
8 Jim Andre Balsnes, Cato Magne Humborstad
6 Bjørnar Øien, Vegard Løken
4 Stig Tore Gilleshammer, Jan Roger Solibakke
3 Rune Venøy, Mikael Myklebust, Torleiv Orheim
2 Roger Nygård, Hans Ottar Humborstad
1 Hans Thomas Solheim


02.10 Vinn Sogndal-skjerf
Ver med og tipp sluttresultatet i kvalifiseringskampen Eid II-Lærdal. 

Den fyrste som sender inn rett svar vinn eit Sogndal-skjerf.

Tipset legg du inn i gjesteboka.

Bildet til høgre er henta frå SIL-bui.


02.10 Flau innsats av Eid II
Eit svært redusert Eid II-lag tapte i dag 9-0 i bortekampen mot Florø II. Etter at Florø II leia 3-0 til pause hadde Eid II ein god periode etter pause, men etterkvart som tida gjekk rann måla inn og Florø gav seg ikkje før dei hadde putta ni ballar i nettet bak Eid sin keeper. Dermed fekk Eid II ein dårleg start på kvalifiseringskampane om opprykk til neste års 5. divisjon. Men det ser ikkje heilsvart ut for Eid II. Med siger i dei to heimekampane mot Gaular og Lærdal er opprykket sikra, og Eid II blir med det fyrste laget i Norge som har tapt 9-0 i fyrste  kvalifiseringskamp og likevel sikra opprykk. Edgar Flo kan melde om slett innsats i dagens kamp og ein meir vekkasta søndag skal ein leite lenge etter. Kampen mot Lærdal som var terminfesta til søndag 9. oktober blir truleg flytta til laurdag 8. oktober kl. 14.00. Kampdato for den siste kvalifiseringskampen til Eid II mot Gaular er sett til Søndag 16. oktober. 

Ver med og tipp sluttresultatet i kampen  og vinn eit Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 

Tipset legg du inn i gjesteboka.


01.10 Komplett liste over måljegeren 2005
Kampen om å bli årets måljeger blei akkurat like spennande som den såg ut til å skulle bli. Før siste runde var det 5-6 spelarar som kunne stikke av med tittelen "Årets Måjeger". Tom Roger Hjelle frå Heia var ikkje snauare enn at han laga fire mål mot Oppstryn siste kampen og vann dermed tittelen åleine. Tom Roger Hjelle har skåra jamt og trutt heile sesongen og enda til slutt med 16 skåringar. Tett bak med 15 skåringar følgde Asle Eldevik frå Skavøypoll II og Marius Svoren frå Flatraket.
Haugen sin toppskårar denne sesongen blei Jim Tore Humborstad med 12 skåringar. 

Det er denne sesongen laga 431 skåringar på 68 kampar. Dette gjev eit snitt på 6,3 skåringar pr. kamp. 

Les heile lista. 


29.09 Siger for guttelaget mot Selje/Stadlandet
Stian Aaland har sendt følgjande referat frå guttekampen mot Selje/Stadlandet måndag kveld: 
Guttelaget møtte et litt redusert Selje/Stadlandet på Eid Idrettspark måndag kveld. Haugen scora 4 kjappe mål i første omgang, Olav Espe var frampå og sette inn dei to første,  medan Eivind Daniel Røed og Kjetil Remme putta kvart sitt tidleg i første omgang. I slutten av omgangen scora Jonas Tvendeseter to fine mål og Haugen gjekk til pause med 6-0 leiing. Selje/Stadlandet skjerpa seg litt etter sidebytte og reduserte to gongar før Eivind Daniel Røed kjempa inn sitt andre for dagen. Thomas Starheim fastsette resultatet til 8-2 med eit fint langskot.


28.09 Haugen trenar fredagar kl. 19.00
Sjølv om Haugen har avslutta sesongen blir det treningar kvar fredag kl. 19.00. 

27.09 Runar Aaning Olsen vann tabellkonkurransen
Runar Aaning Olsen, Kay Ove Hafsås, Kay Rune Solheim og Magne Elde hadde alle 14 feilpoeng og to lag på rett plass i årets tabellkonkurranse. Dermed må ein skille etter kven av desse fire som har tippa rett lag på fyrsteplass, andreplass også vidare. Ingen av kvartetten hadde Eid II på fyrsteplass eller Haugen på andreplass. Runar Aaning hadde tippa Heia på tredjeplass og med dagens siger mot Oppstryn kom Heia på tredjeplass og sikra med det Runar Aaning Olsen sigeren. 

Premien på ti flaxlodd blir oversendt så snart underteikna får tilsendt adressa til vinnaren.   

Haugen Fotball gratulerer!  

Navn Poeng Rett plass
Runar Aaning Olsen 14 2
Kay Ove Hafsås 14 2
Magne Elde 14 2
Kay Rune Solheim 14 2
Jim Tore Humborstad 16 2
Jan Fuglesteg 16 0
Stian Aaland 18 2
Vebjørn Skrede 18 1
John Henrik Bjørlo 18 1
Øyvind Haraldsen 18 0
Stein Inge Strøm 20 3
Rune Aabrekk 20 2
Sujeevan Mohanarajah 22 2
Hildegunn Balsnes 22 2
Hans O. Humborstad 22 1
Bjørn Egil Moldestad 22 1
Rune Venøy 22 0
Bjørn Erik Bruvoll 22 0
Øyvind Løkling 24 1
Sindre Kvalheim 24 0





27.09 Eid II spelar kvalifisering om opprykk til 5. divisjon
Eid II spelte i dag uavgjort 3-3 mot Skavøypoll II på Skavøypoll Stadion. Eid II leia 2-1 til pause etter skåringar av Jørn Ove Rindal og Kim Svarstad. I andre omgang tok Skavøypoll II over kampen og kvarteret før slutt leia laget frå vest 3-2. Hadde dette blitt sluttresultatet i kampen hadde det vore Haugen som hadde vunne årets 6. divisjon. Men Jørn Ove Rindal ville det annleis og på frispark laga han sitt andre mål for dagen og redda med det eit poeng for Eid II. Eid II er med dette resultatet eit poeng føre Haugen på tabellen og skal dermed spele kvalifiseringskampar om opprykk til neste års 5. divisjon. Sist laurdag spelte Gaular og Lærdal 2-2 i den fyrste kvalifiseringskampen av totalt fire. Søndag 2. oktober spelar Eid II bortekamp mot Florø II, medan det er duka for heimekampar mot Gaular og Lærdal 9. og 16. oktober. 


27.09 Tom Roger vann måljegeren
Med fire skåringar i dagens kamp mot Oppstryn II er det Tom Roger Hjelle frå Heia som vart årets måljeger i 6. divisjon avdeling 4. Hjelle låg to mål etter Marius Svoren frå Flatraket før siste serierunde, men ettersom Svoren berre putta eit mål mot Haugen, vann Hjelle med sine 16 skåringar på 16 kampar. 

Av Haugen sine spelarar var det Jim Tore Humborstad som laga mest mål denne sesongen. Humborstad hadde sjansen i dag til å laga endå fleire mål, men Humborstad blei ståande med sine 12 fulltreffarar. 

Fullstendig liste over alle målskårarar i årets sesong blir lagt ut så snart underteikna har fått vite kven som laga måla i dei forskjellige kampane. 

 


27.09 Heia knuste Oppstryn II 13-1
I kampen mellom Heia og Oppstryn II var det i mesteparten av kampen berre eit lag på bana. Tidlegare Haugenspelar Roger Nygård slo ann tonen med skåring allereie etter tre minutt av kampen. Etter dette rullar ballen i mål jamt og trutt heile kampen. To minutt før slutt fekk Oppstryn II trøystemålet sitt etter at Even Hjelle Guddal sprang frå Heiaforsvaret og skåra enkelt åleine mot Finn Haugland i Heiaburet. 

1-0 Roger Nygård (3. min)
2-0 Kai Henning Slinde (20. min)
3-0 Tom Roger Hjelle, straffe (22. min)
4-0 Tom Roger Hjelle (29. min)
5-0 Rune Venøy (31. min)
6-0 Tom Roger Hjelle (48. min)
7-0 Tom Roger Hjelle (61. min)
8-0 Roger Nygård (67. min)
9-0 Kai Henning Slinde (74. min)
10-0 Roger Nygård (77. min)
11-0 Rune Venøy (81. min)
12-0 Ronny Berg (83. min)
13-0 Trond Kroken (87. min)
13-1 Even Hjelle Guddal (88. min)


27.09 Haugen-Flatraket 6-2 (3-2)
Haugen avslutta sesongen i kveld med 6-2 siger mot Flatraket på Eid Idrettspark. Haugen starta kampen veldig dårleg og Flatraket leia heilt fortent 2-0 etter ein halvtime av fyrste omgang. Siste kvarteret av fyrste omgang heva Haugen seg og etter to skåringar av Cato Magne Humborstad og eit av Gustav Orheim kunne Haugen gå til pause med 2-1 leiing. I fyrste halvdel av andre omgang bølga spelet fram og tilbak uten at nokon av laga skapte dei heilt store sjansane. Tjue minutt før slutt var Hans Petter Gilleshammer frampå med venstreslegga. Skotet frå omlag tjuefem meter var utagbart for Jan Ove Håvik i Flatraketmålet. 5-2 målet var av den heldige sorten. Skotet/innlegget frå Stig Tore Gilleshammer gjekk via ein forsvarar og i mål. Sesongen siste skåring var også ei av dei flottaste denne sesongen. Kaptein og årets spelar, Øystein Haugland, forserte frå midtbana med mål i blikket. Etter å ha lurt av eit par spelarar ser Haugland at keeper står langt ute og følsomt lobbar han ballen over kepper. På denne måten avslutta Haugland sesongen på ein verdig måte. 

Sjå kampfakta frå kampen. 


25.09 Eid avslutta sesongen med stil
A-laget til Eid avslutta i dag sesongen med siger mot Bremanger. Bremanger var i store delar av kampen på høgde med heimelaget, men siste kvarteret rakna det og Eid vann til slutt 5-0. Erik Salveson gav Eid leiinga 1-0 rett før pause. I andre omgang bølga spelet fram og tilbake med sjansar til begge lag. Men siste kvarteret skjedde det noko med Bremanger og Eid trilla ball i hatt med eit til tider ampert Bremangerlag. Enkelte Bremangerspelar brukte alt for mykje krefter på å klage på dommar Jeikishan Jegatheesan. Det var i alle fall ikkje dommaren sin feil at Bremanger tapte i dag, sjølv om Bremanger heilt sikkert kjem til å skulde på det. Henning Haugen, Anders Midthjell, Stig Torheim og Kim Vik laga måla til Eid i andre omgang. Dermed er Eid klare vinnarar i 4. divisjon og kan titulere seg som kretsmester 4. divisjon 2005. 

Haugen Fotball gratulerer Eid med opprykket til 3. divisjon. 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen. 

TMFK II spelte i dag uavgjort heime mot Stryn II og spelar neste sesong i 5. divisjon. Bremanger og Askvoll/Holedal er avhengig avhjelp frå Stryn og JÅFK for å redde plassen i divisjonen. 

Underteikna trur at JÅFK rykker ned, og at HamKam II blir for sterke for Stryn i kampen om opprykk til 2. divisjon. Dermed rykker Florø, JÅFK II og Dale ned til 4. divisjon, og TMFK II, Bremanger og Askvoll/Holmedal spelar neste sesong i 5. divisjon. Blir det som underteikna trur er det to lag som rykker ned frå 5. divisjon til 6. divisjon. Desse to laga er  Hyen og Vadheim/Høyang II. 





25.09 Haugen-Flatraket tysdag 27. september kl. 20.00. 
Haugen avsluttar sesongen med heimekamp mot Flatraket på Eid Idrettspark tysdag 27. september kl. 20.00. 

Skal Haugen vinne årets 6. divisjon må Haugen vinne denne kampen, og Eid II må tape borte mot Skavøypoll II. Då er det Haugen som får spele kvalifiseringskampar mot Lærdal, Florø II og Gaular. Fjøra har vunne 6. divisjon avdeling 1 men har fått innvilga søknaden frå kretsen om å sleppe å spele kvalifiseringskampar. 

Ver med og tipp sluttresultatet i kampen  og vinn eit Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 

Tipset legg du inn i gjesteboka.


25.09 Stryn kretsmester i 3. divisjon
Stryn vann i går 5-0 borte mot Fjøra og ettersom Sogndal II berre greidde uavgjort 0-0 borte mot Kaupanger, kan Stryn titulere seg som kretsmester i årets 3. divisjon. 

Dei andre resultata: 
TMFK-Sandane 10-0 
Dale-JÅFK II 6-1 
Høyang-Førde 2-3
Skavøypoll-Florø 2-1 

Stryn skal dermed spele kvalifiseringskampar om opprykk til 2. divisjon, medan Dale, JÅFK II og Florø må vente ei stund til før dei får vite kven som må ta den tunge vegen ned i 4. divisjon. 

Mats Solheim (bildet) som kom til Stryn frå Loen før denne sesongen laga heile 34 mål denne sesongen.  


25.09 Heia vann 3-2 borte mot Flatraket
Heia vann 3-2 borte mot Flatraket fredag kveld. Heia stilte med få spelarar denne kampen og fekk på slutten merke at dette virkeleg røynde på. Heia tok kommandoen i kampen og leia 3-1 til pause. Dagens høgdepunkt var 2-0 målet til Heia. Trond Kroken drog til frå langt hold og ballen suste i krysset bak ein sjanselaus Flatraket-keeper. I andre omgang reduserte Flatraket til 3-2, men etter raportane frå kampen var sigeren til Heia aldri i fare. 

Kampfakta:
Flatraket-Heia 2-3 (1-3)
1-0 Stein Inge Strøm
2-0 Trond Kroken
3-0 Muhamet Barla
3-1 Marius Svoren
3-2 Terje Vederhus


25.09 Marius Svoren leiar Måljegeren 
Marius Svoren leiar måljegeren når ein serierunde i årets 6. divisjon gjenstår. Svoren har laga 14 mål til no denne sesongen og det må ein seie er ein bra prestasjon. Dette fordi Flatraket ligg nest sist på tabellen med berre åtte poeng og har totalt laga berre 32 mål. 
Rett bak følgjer Asle Eldevik (13), Arne Refsnes (13), Steffen Sture Olsen (12), Jim Tore Humborstad (12), Tom Roger Hjelle (12), Tommy Lykkebø (12) og Frank Rogne (9). Eit artig poeng i måljegeren er at dei åtte på toppen av lista er frå åtte forskjellige klubbar. Det er berre botnlaget Oppstryn II som ikkje er representert i toppen, men det er vel ikkje rart ettersom Oppstryn II har laga like mange skåringar totalt som det Marius Svoren har laga åleine. 

Det er til no laga 399 skåring på 64 kampar, noko som gjev eit snitt på 6,2 skåringar pr. kamp.  

Les heile lista. 


22.09 Guttelaget tapte 4-2 mot Eid
Haugen sitt guttelag tapte i kveld 4-2 mot Eid på Eid Idrettspark. Etter ein tam fyrsteomgang av Haugen, leia Eid 3-0 til pause. Haugen kom sterkare i andre omgang og etter å ha redusert to gongar blei det på ny spenning i kampen. Men Eid var alt i alt det beste laget i kveld og det var fullt fortent då Martin Fossedal sette inn 4-2-målet.

Kampfakta:
Eid-Haugen 4-2 (3-0)
1-0 Magnus K. Aarre (22. min) 
2-0 Bengt Leite (30. min)
3-0 Magnus K. Aarre (38. min)
3-1 Thomas Starheim (58. min)
3-2 Simeon Mavropoulos (74. min)
4-2 Martin Fossedal (78. min)

Neste kamp for guttelaget er mot Stadlandet/Selje på Eid Idrettspark måndag 26. september.


21.09 Eid II-Stadlandet/Selje II avlyst
Eid II sin heimekamp mot Stadlandet/Selje II er avlyst på grunn av at bortelaget ikkje kunne stille lag. Om kampen blir spelt seinare veit ikkje underteikna i skrivande stund. 

Kampen Veten/Hardbagg-TMFK III som skulle spelast på Ålandsleitet i går blei også avlyst. 

I tillegg har Haugen sin heimekamp mot Skavøypoll blitt avlyst fordi bortelaget ikkje kunne stille lag. 


18.09 Eid vann 3-0 mot Stryn II
Eid sikra i dag opprykket til 3. divisjon med 3-0 siger over Stryn II. Måla til Eid vart sett inn av Edgar Flo, Stian Sandal og Kim Vik. Selje er det andre laget som rykkjer opp til 3. divisjon etter at dei vann 1-0 over Askvoll/Holmedal i dag. I andre enden av tabellen vann Bremanger 3-1 heime mot Syril og gjekk dermed forbi TMFK II på tabellen. Men mykje skal gå Bremanger sin veg om dei skal halde seg i divisjonen. Underteikna trur at HamKam II blir for sterke for Stryn i kampen om opprykk til 2. divisjon, og då rykkjer både Bremanger og TMFK II ned. I tillegg er det ikkje sikkert at Jotun Årdalstangen bergar plassen i 2. divisjon og då blir det tre lag som rykkjer ned. 


18.09 Stryn spelar kvalifiseringskampar mot HamKam II
Med ein kamp igjen er det klart at det er Stryn som skal spele kvalifiseringskampar om opprykk til 2. divisjon. Førde tapte noko overraskande 4-2 heime mot TMFK og er med dette resultatet fire poeng bak Laget frå innfjorden. Sogndal II kan vinne avdelinga men ettersom Sogndal spelar i 1. divisjon kan ikkje Sogndal sitt andrelag rykke opp. Fjøra blir jokeren i kampen om kven som skal vinne avdelinga. Måndag er det duka for Sogndal II-Fjøra, medan neste laurdag tek Stryn turen til Sogn og møter Fjøra.   

Jon Terje Tjellaug (bildet) er den spelaren i 3. divisjon som har flest målgivande pasningar. I tillegg til å ha skåra 16 mål har Tjellaug vore 23 gongar nest sist på ballen. Imponerande!! 



16.09 Haugen vann 4-3 mot Heia
Haugen vann i kveld 4-3 borte mot Heia. Haugen leia 4-0 til pause og i andre omgang reduserte Heia tre gongar slik at det enda med ein minst mogleg siger for bortelaget. Ut frå dette skulle ein tru at laga hadde kvar sin omgang på Eid Idrettspark, men det var ikkje realiteten. I fyrste omgang bølga spelet fram og tilbake, og Stein Inge Strøm burde gitt Heia leiinga 1-0, då han heada over frå kloss hold. Men i staden for leiing til heimelaget rulla ballen Haugen sin veg og før dommar Kjell Alme blæs av fyrste omgang hadde Haugen laga fire mål. Cato Magne Humborstad laga ekte hat-trick på tretten minutt og på overtid fastsette Jim Tore Humborstad pauseresultatet til 4-0. I andre omgang var det Heia som hadde marginane med seg og etter tre reduseringar blei det verkeleg spennande på slutten. Men det blei med dei tre skåringane til Ole Sunde, Kai Henning Slinde og Muhamet Barlla, og Haugen drog dermed i land tre viktige poeng.

Stig Tore Gilleshammer tippa rett resultat i resultattipset og får Haugen-kruset ved eit passande høve.

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.  
  



14.09 Eid II på god veg mot opprykkskampar
Eid II vann i går kveld heile 8-1 borte mot TMFK III og er med dette resultatet i førarsetet om å sikre seg fyrsteplassen i 6. divisjon avd. 4. 

Vinnaren av avdelinga skal møte dei tre andre avdelingsvinnarane i ein enkel serie med kampdatoar 2., 9. og 16 oktober. Dei to beste laga spelar neste år i 5. divisjon, og vinnaren kan også titulere seg som kretsmester. Det er no klart at vinnaren i Haugen si avdeling skal møte Fjøra 2, Gaular og Florø 2. 


Andre resultat i Haugen si avdeling: 
Stadlandet/Selje II-Oppstryn 7-1
Skavøypoll II-Flatraket 6-1
  


11.09 Berre teori kan nekte Eid opprykk
Med Loen sitt tap 1-2 borte mot Syril er det berre teoretiske sjansar for at Loen skal kunne nå igjen Eid på tabellen.  Med seks poeng meir enn Loen og tretten mål bedre målskilnad, kan Eid feire opprykk til 3. divisjon to serierundar før slutt. Selje ligg på andreplass i 4.divisjon, eit poeng bak Eid. Eid spelar borte mot Stryn II neste helg, medan dei avsluttar heime mot Bremanger om snaue to veker.  

I 3. divisjon er det ein jamn kamp mellom Stryn og Førde om kven som skal få møte Ham-Kam II i kvalifiseringskampar om opprykk til 2. divisjon. Stryn leiar eit poeng føre Førde når begge laga har to kampar igjen. Neste helg spelar Stryn heime mot Skavøypoll og Førde har heimekamp mot TMFK. I siste serierunde har begge laga bortekamp. Stryn reiser til Sogn og spelar mot Fjøra, medan Førde skal spele mot Høyang på sletta.  


09.09 Haugen-Heia fredag 16. september kl. 20.15. 
Haugen sin bortekamp mot grøntrøyene frå Moskva går av stabelen på Eid Idrettspark fredag 16. september kl. 20.15. 

Ver med og tipp sluttresultatet i kampen  og vinn eit Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 

Tipset legg du inn i gjesteboka

Ettersom Skavøypoll ikkje kunne stille lag onsdag, blir alle tipsa på resultat på denne kampen kansellert. Blir det noko av kampen seinare kan ein sende inn nytt tips på resultatet. 

Bjørnar Øien (bildet) har permisjon frå militæret og skal vere med i kampen mot Heia. Bjørnar stiller med litt mindre hår enn det han har på bildet, men fintene har han i behald enno. 


09.09 Eid vann 2-1 mot Eikefjord
Med 2-1 siger mot Eikefjord i kveld er Eid langt på vei mot opprykk til 3. divisjon. Eid kom best i gang i kampen og allereie etter 7 minutt tok Eid leiinga 1-0. Stian Sandal kom fint fri på venstrekanten og innlegget ekspederte Anders Midthjell sikkert i nettet bak Øyvind Svardal i Eikefjord-målet. Eid hadde i periodar store problem med Eikefjord sin raske spiss Torstein Grytten. Etter kvarteret av fyrste omgang kom Grytten seg fri på 25 meter. Skotet gjekk over Sindre Rise og laga var like langt. Etter dette hadde begge laga mange sjansar og det var berre uflaks at ikkje vart fleire mål i fyrste omgang. Andre omgang held fram med fleire spolerte sjansar til begge lag, men det lukkast for Eid heilt på slutten. Tre minutt før slutt spelte Jon Håkon Midthjell glimrande gjennom Kim Vik på høgreflanken. Vik skar inn mot mål og avslutta sikkert i mål til 2-1 siger til Eid. 


08.09 Eid vann 5-4 mot Haugen


Lilleguttlaget til Haugen tapte i kveld 5-4 mot Eid på Eid Idrettspark. Haugen var i leiinga 4-3 kvarteret før slutt, men Eid gav seg ikkje og ville vinne denne kampen. Få minutt før dommar Steffen Sture Olsen bles av kampen sette Andre Haugland inn sigersmålet og Eid kunne sleppe jubelen laus. Måla til Haugen vart sett inn av Vebjørn Nord Haugland (3) og Tore Haraldsen. Eid sine mål vart laga av Fredrik Fjelldal (2), Tore Heggen (2) og matchvinnar Andre Haugland.  

A-laget til Eid sin heimekamp mot Eikefjord er flytta fram til fredag 9. september. Kampen blir spelt på Eid Idrettspark kl. 19.00. Med siger i denne kampen er det berre teoretiske sjansar som kan ta i frå Eid opprykket til 3. divisjon. 


08.09 Tettar seg til i toppen
Når få serierundar står att er det tett i toppen i måljegeren. Tommy Lykkebø, Tom Roger Hjelle, Arne Refsnes og Steffen Sture Olsen har alle 12 mål denne sesongen. Tett bak med 11 skåringer kjem Jim Tore Humborstad og Marius Svoren. 

Det er til no laga 346 skåring på 57 kampar, noko som gjev eit snitt på 6,1 skåringar pr. kamp.  

Les heile lista. 


08.09 Få med deg Sogndal-Stabæk på søndag 

Sogndal tek i mot Stabæk til søndagens kamp på Fosshaugane kl. 15.45. Fotballbussen Nordfjordsamkøyringa tek også denne søndagen turen frå Nordfjord til Sogndal. Gjer du? For skarve 300 kr får du tur/retur + kampbillett! Ta turen og hjelp fylket sitt topplag til siger!

Avgangstider:
Måløy               12.00
Maurstad          12.20
Eid                   13.00
Lote                 13.20
Kleivedammen   13.40
Byrkjelo            14.00
------------------------
Stryn                12.55
Loen                 13.05
Olden               13.10
Innvik                13.30
Byrkjelo            14.00

Framme i Sogndal kl 15.20

Les meir om Nordfjordsamkøyringa



07.09 Kampen mot Skavøypoll II er avlyst
Dagens heimekamp mot Skavøypoll er avlyst på grunn av at bortelaget ikkje kunne stille lag. Huskar ikkje underteikna heilt feil skjedde også dette i tilsvarande kamp i fjor. Kjem tilbake med meir informasjon om kva som skjer angåande denne kampen seinare.

06.09 Eid II-Veten/Hardbagg 5-1 (4-3)
Eid vann 5-1 i toppkampen mot Veten/Hardbagg på Eid Idrettspark i kveld. Veten/Hardbagg var godt med på notane i starten av kampen og tok leiinga 1-0 etter 11 minutt. Matias Rand var påpasseleg framme på ein retur frå keeper og heada ballen hardt i mål. Etter dette tok Eid meir og meir over og varta opp med mykje fint spel før pause. Med to skåringar kvar av Kim Svarstad og Kim Vik gjekk Eid til pause med 4-1 leiing. Andre omgang blei mykje dårlegare enn fyrste omgang og det blei med Tore Sundal si skåring omlag tjue minutt etter kvilen. 

0-1 Matias Rand (11. min)
1-1 Kim Svarstad (14. min)
2-1 Kim Vik (31. min)
3-1 Kim Svarstad (32. min)
4-1 Kim Vik (43. min)
5-1 Tore Sundal (64. min)


05.09 Heldig siger for Heia
Med skåring to minutt på overtid vann Heia 3-2 mot Stadlandet/Selje II i kveld. Tom Roger Hjelle var ute av startellvaren i kveld og revansjerte seg kraftig då han kom på bana. Ikkje lenge etter at Tom Roger blei bytta inn gav han Heia leiinga 1-0. Men ikkje lenge etter utlikna Karl Erik Årsheim til 1-1. Same mann var frampå rett etter pause og gav med det laget frå havet leiinga 2-1. Omlag kvarteret før slutt var Hjelle frampå med nok ei skåring, og 2-2 såg lenge ut til å bli slutt resultatet. Men dagens mann på Heia ville det annleis. Etter eit raid på høgrekanten la han glimrande inn til Muhamet Barlla. Headinga frå Barla redda bortelaget sin gode keeper Tom Øyvind Solheim, men returen banka Rune Venøy i mål og sigeren var eit faktum. Rett etter bles kampens gode dommar Rolf Lefdal av kampen. 


05.09 Kampen mot Skavøypoll II
Kampen mot Skavøypoll går på Eid Idrettspark onsdag 7. september kl. 17.30. 

Ver med og tipp sluttresultatet i kampen  og vinn eit Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 

Tipset legg du inn i gjesteboka
 

Tysdag 6. september er det duka for to kampar på Eid Idrettspark. Fyrst spelar Heia kamp mot Stadlandet/Selje II kl. 18.00. Deretter er det duka for toppkamp mellom Eid II og Veten/Hardbagg kl. 20.00. Med siger her har Veten/Hardbagg like mange poeng som Haugen og Eid II, men ein kamp meir spelt. 


23.08 God kamp av lilleguttlaget
Lilleguttlaget tapte ufortjent 4-7 mot Sandane 1 på Klenkarberget i dag.
Heimelaget spelte seg til klart flest sjansar, men hadde ikkje dei berømte marginane på si side. Haugen hadde akkurat lag til kampstart, og henta inn ei forsterkning i siste liten, knøttespelaren Markus Balsnes Lefdal, som gjorde eit godt innhopp og scora likegodt to mål i debuten. Tore Haraldsen sette inn dei to andre måla for Haugen.

04.09 Guttelaget vann 6-0 mot Bremanger
Stian Aaland har sendt følgjande referat frå guttekampen fredag: 
Guttelaget tok i mot Bremanger på Eid Idrettspark fredag. Allereie etter 5
minutts spel får ein Bremanger spelar rødt kort av kampens gode dommar Rolf Lefdal, etter eit utrop som ikkje har noko som helst på ei fotballbane å
gjere. Første store sjansen kjem etter ca 25 minutt, når Haugen får corner.
Den stangar midtstoppar Thomas Starheim i mål og sender Haugen i føringa. Så bølgjer spelet litt fram og tilbake, og Bremanger burde absolutt utlikna. Istadenfor er det Bjørn Kristen Sørland som set eit innlegg i nettet like
før pause, og Haugen går til pause med 2-0 leiing.
I andre omgang har Haugen i grunnen full kontroll, og produserer ein del
store sjansar. Men det måtte ein dødball til i denne omgangen og. Thomas Starheim skrur eit frispark frå 20 meter rundt muren og opp i krysset.
Seinare spring Kjetil Remme først frå Bremangerforsvaret og set inn 4-0,
like etter er same mann igjennom og legg inn til Espen Aaland som dunkar
ballen i nettet frå to meter. Heilt til slutt puttar Bjørn Kristen Sørland på til 6-0, etter litt fram og tilbake i feltet.

Bremanger fekk ei utvisning i andre omgang og, etter ei svært stygg takling. Olav Espe fekk gult kort for Haugen. Elles må eg nevne til slutt at spesielt forsvarsrekka gjorde ein solid jobb fredag. Ole, Thomas, Christopher og Stian Andre hadde stort sett full kontroll, noko som lovar godt for resten av sesongen. 



02.09 Stadlandet/Selje II-Haugen 1-4 (0-1)
Haugen vann i kveld 4-1 mot Stadlandet/Selje II på grusbana på Stadlandet. Kampen var prega av mykje lange ballar og ikkje så mykje fint spel. Haugen tok leiinga etter 26. minutt av fyrste omgang etter ein gedigen keepertabba av Sindre Otnheim. Otnheim skulle klarere eit tilbakespel, men bomma på ballen og Hans Ottar Humborstad kunne enkelt trille ballen i det tomme målet. I andre omgang pressa heimelaget på for utlikning, men i staden for utlikning auka Jim Tore Humborstad til 2-0. Åtte minutt før slutt laga Karl Erik "Kalle" Årsheim ny spenning i kampen. Etter å ha dribla seg fri frå to-tre mann knalla han ballen i mål og reduserte med det til 2-1. Haugen bytta litt om på laget og dette fungerte glimrande. I staden for at heimelaget laga nok eit mål på slutten, kontra Haugen inn både 3-1 og 4-1. 3-1 målet kom etter eit fint framspel frå Mikael til Jim Andre Balsnes. Balsnes dribla keeper Otnheim og trilla ballen i mål til stor jubel frå alle i Haugenleiren. 4-1 var ei kjempeskåring av Kim Tore Gilleshammer. Ja, du las riktig, det var Kim Tore Gilleshammer som laga Haugen sitt site mål for dagen. Gilleshammer fekk ballen på ventrekanten og med sin ekstreme hurtighet runda han alle og sette ballen elegant i lengste hjørnet. Torleiv Orheim spelte ein god kamp på venstrebacken og blir belønna med tre stjerne på "Stjernegrisen". 

Sjå kampfakta og bilder frå kampen.



02.09 Gustav Orheim i 200
Gustav Orheim spelte i kveld sin kamp nummer 200 i Haugendrakta. Orheim debuterte for sebratrøyene som syttenåring i 1993. På desse tolv åra har Gustav spelt 175 seriekampar og 25 cupkampar. Han har vel ikkje vore av dei ivrigast i målprotokollen, men fjorten skåringar skal ein ikkje kimse av. Haugen Fotball ynskjer Gustav til lukke med dagen, og håpar på nye 200 kampar i Haugendrakta.   


01.09 Stadlandet/Selje II-Haugen kl. 18.00
Haugen sin kamp mot Stadlandet/Selje II går av stabelen på grusbana på Stadlandet fredag kl. 18.00. Karl Erik "Kalle" Årsheim (bildet) var reserve sist Seljekamp og sa i dag at han er klar for kampen mot Haugen. 

Ver med og tipp sluttresultatet i kampen  og vinn eit Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 

Tipset legg du inn i gjesteboka
  

Laurdag spelar Eid ein internkamp på Eid Idrettspark. Haugenspelarane Stig Tore Gilleshammer, Jim Tore Humborstad, Vegard Løken, Ove Balsnes og Thomas Starheim har fått tilbod om å vere med i denne kampen. 

 

Siste Nytt mai-august 2005
Siste Nytt januar-april 2005
Siste Nytt 2004

Siste Nytt 2003
Siste Nytt 2002
Siste Nytt 2001/00

 

 

 





Haugen I.L. Fotballgruppa  -  Web-redaktør: Stig Høynes