NYTT 2004

19.12 Tap og siger mot Bremanger
I Haugen I sin kamp mot Bremanger blei det ein klar 7-1 siger til Bremanger. Begge kampane i dag gjekk over 2 ganger 25 minutt på grunn av Bremanger skulle nå ferja heim igjen. Stillinga til pause var 2-1, etter at Haugen sitt mål blei sett inn av Mikael Myklebust. I andre omgang blei Bremanger for sterke og gav seg ikkje før stillinga var 7-1. 

Haugen II som i det siste har vist seg som det beste av dei to Hagenlaga skulle i elden mot Bremanger rett etter fyrstelaget sin kamp. Her var Haugen II det beste laget og vann til slutt 2-0. Her var stillinga 1-0 til pause etter skåring av goalgetter Bjørn Erik Bruvoll. I andre omgang auka Thomas Starheim leiinga til 2-0, noko som også var stillinga då dommar Kenneth Fosse Elde bles av kampen.

Også i dag stilte Haugen uten fast keeper i begge kampane og Thomas Starheim tok sporty oppdraget i Haugen I sin kamp. I Haugen II sin kamp fekk Haugen sin best betalte spelar, Jan Roger Solibakke, oppdraget å stoppe målkåte Bremangerspelarar. Solibakke holdt buret reint og kan ta i mot lønning med godt samvittighet. Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det blir mange fine julegåver frå Jan Roger denne jula. 

Sjå heile kampoppsettet med resultat  


18.12 Dobbelkamp mot Bremanger i vinterserien
Haugen spelar i søndag dobbelkamp mot Bremanger i Nordfjordhallen. Begge laga til Haugen har møtt sterk motstand i vinterserien for junior og må finne seg i at dei ligg på dei to siste plassane på tabellen. Skal ein ha håp om at i alle fall eit av laga skal gå forbi Bremanger på tabellen, må begge laga vinne i morgon. 

Kl. 15.30 Haugen I-Bremanger
Kl. 17.30 Haugen II-Bremanger

Sjå heile kampoppsettet med resultat  

11.12 Haugen I-Haugen II  2-6 (1-1, 0-1, 1-4)
Haugen II trekte det lengste strået og vann til slutt 6-2 mot Haugen I. Haugen I tok leiinga 1-0 etter 4 minutt på ein fin skåring av Stian Aaland. Men Haugen II kom tilbake og Stig Tore Gilleshammer utlikna til 1-1 etter 16. minutt. I andre omgang gjekk Haugen opp i 2-1 etter at Thomas Starheim sette eit frispark utagbart i mål. Thomas som berre er 14 år gammal viste i denne kampen at han er eit av dei største talenta her i fylket. Rett etter skåring tok han også på seg keeperhanskane og sto i mål resten av kampen. Med fleire fantastiske redningar gjorde han sitt til at Haugen II vann til slutt ein komfortabel siger. 

Dagens prestasjon sto Bjørn Erik Bruvoll for. Rett før slutt dribla han samtlige spelarar på motstandarlaget og sette ballen kontrollert i mål. Ikkje sidan 41-målet til Håvard Bruvoll har det blitt synt så stor fotballmagi på Stårheim Stadion. 

Haugen I og Haugen II spelar søndag 19. desember dobbelkamp mot Bremanger.  

Haugen I-Haugen II  2-6 (1-1, 0-1, 1-4)
1-0 Stian Aaland (4. min)
1-1 Stig Tore Gilleshammer (16. min)
1-2 Thomas Starheim (29. min)
1-3 Bjørnar Øien (41. min)
1-4 Bjørnar Øien (51. min)
1-5 Bjørnar Øien (57. min)
2-5 Bjørn Erik Bruvoll (58. min)
2-6 Cato Magne Humborstad (60. min)


Sjå heile kampoppsettet med resultat  

09.12 Haugen 1-Haugen 2 går på Stårheim Stadion
Internkampen mellom Haugen 1 og Haugen 2 i vinterserien går på Stårheim Stadion laurdag 11. desember kl. 15.30. Sist laga møtttest blei det uavgjort etter ein jamn og spennande kamp på grusbana bak Valhall. I det siste har Haugen 2 vist seg som det beste av dei to laga og må rekne med å stille som favoritt i denne kampen.  

08.12 Nydal hoppar etter Taklo

Fjordenes Tidende kan i dag melde om at Eid har fått på plass dei viktige personane rundt 4. divisjonslaget. 

Som kjent er Geir Moldestad hovudtrenar. Med seg som spelande hjelpetrenar har han fått med seg Kay Rune Solheim og Arne Morten Nydal stiller som oppmann. Om Nydal skal vere med å forsterke laget i 4. divisjon som spelar seier ikkje artikkelen noko om. 

Alle veit kor målfarleg Nydal er så det er vel ikkje tvil om at Moldestad bør satse på Nydal som spelande oppmann. Ein ting som talar mot dette er at Nydal ikkje alltid er sikker på kva mål han skal putte ballen i. Seinast i dei to kvalifiseringskampane mot Hyen i haust viste han kor usikker han er. Han tok like gjerne og skåra eit mål kvar veg i begge kampane. 

Bildet til høgre er henta frå ein treningskamp på Stårheim. Nydal var plassert på benken men var ikkje sur for det. Og når underteikna spurde om Nydal kunne stille opp for å ta eit bilete var han ikkje sein å be.


06.12 Brødrene Tenden til Loen
LoenIL melder i dag at Steinar og Asbjørn Tenden skal spele for Loen i 4. divisjon neste år. Brødreparet putta 50 mål i årets 3. divisjon for Stryn og veit kor buret står. Steinar skal også vere trenar for Loen neste sesong.  

06.12 Selje-TMFK 4-5 (2-3)
I ein treningskamp på Selje Stadion fekk TMFK uventa hard motstand mot det nyopprykka 4. divisjonslaget  til Selje. Selje som neste sesong skal ha eit samarbeid med Stadlandet stilte med tre tidlegare Stadlandet-spelarar. Karl Erik Aarsheim, Kai Arne Otnheim og Odd Helge Losnegard,  i tillegg til at også ex Fanaspelar Kenneth Pedersen fekk prøve seg for heimelaget i denne treningskampen. 

06.12 Vinterserien for jenter sparka i gang denne helga
Fyrste helga av vinterserien for jenter vart arrangert i Høyanger denne helga. Kaupanger vann alle dei tre kampane dei spelte og toppar dermed tabellen før neste turneringshelg som er i Balestrand fyrste helga i mars. 

Resultat:
Høyanger-Kaupanger 1-2
Bremanger-Balestrand 0-2
Høyang-Bremanger 4-0
Kaupanger-Balestrand 7-0
Bremanger-Kaupanger 0-4
Høyang-Balestrand 0-0 

04.12 To nye tap for Haugen i vinterserien
Haugen 1 fortsatte trenden frå i går kveld og tapte heile 9-0 mot Skavøypoll i dag. Haugen fekk den verst tenkelege starten på kampen og Skavøypoll leia 2-0 etter berre 3 minutt spel. Etter dette roe kampen seg litt og Haugen kom bedre med i kampen. Men Skavøypoll gjorde som dei ville og gav seg ikkje før dei hadde putta ni ballar i buret bak Alexander Pavelich.

Skavøypoll-Haugen I  9-0 (2-0, 4-0, 3-0)
1-0 Peter Orry Larsen (1. min)
2-0 Ole Kristian Nygård (3. min)
3-0 Ole Kristian Nygård (21. min)
4-0 Peter Orry Larsen (26. min)
5-0 Ole Kristian Nygård (35. min)
6-0 Peter Orry Larsen (38. min)
7-0 Øystein Weltzien (43. min)
8-0 Kim Andre Gangeskar (54. min)
9-0 Stig Hammersvik (57. min)

Etter at Haugen 1 hadde tapt heile 1-21 mot TMFK fredag kveld bestemte Haugen 2 seg for at så mykje skulle i alle fall dei ikkje tape mot TMFK. Haugen var freidige frå starten av og sjokkåpna med å leie 3-0 etter sju minutt. Men etter dette låg det i korta at TMFK kom til å kome tilbake i kampen, og til slutt vann TMFK fortent 6-3. Men ros til Haugen 2 som viste at ein kan kome langt med god innsats. 

TMFK-Haugen II  6-3 (2-3, 0-1, 3-0)
0-1 Stig Tore Gilleshammer (1. min)
0-2 Jim Tore Humborstad (5. min)
0-3 Bjørnar Øien (7. min)
1-3 Morten Lyng (10. min)
2-3 Thomas Steenslid (12. min)
3-3 Stian Hoddevik (36. min)
4-3 Eirik Føleide (42. min)
5-3 Tarjei Myklebust (45. min)
6-3 Morten Lyng (52. min)

Neste terminfesta kamp for Haugen er dobbelkamp mot Bremanger søndag 19. desember. Viss tilhøve tillet det må ein også prøve å få avvikla internkampen Haugen I-Haugen II neste helg. 

03.12 Kjempetap mot TMFK
Haugen 1 tapte i kveld heile 21-1 mot TMFK i Nordfjordhallen. Haugen sitt trøstemål vart sett inn av Stian Aaland i andre omgang. TMFK putta tre skåringar i kvar av dei tre omgangane. 

Kampane i morgon 4. desember:
kl. 13.00 Skavøypoll-Haugen 1
kl. 14.30 TMFK-Haugen 2 
 
Sjå heile kampoppsettet med resultat

01.12 Kampar i vinterserien denne helga
Etter litt ommøblering av kampoppsettet blir følgjande kampar spelt denne helga:

Fredag 3. desember kl. 20.00 Haugen 1-TMFK
Laurdag 4. desember kl. 13.00 Skavøypoll-Haugen 1
Laurdag 4. desember kl. 14.30 TMFK-Haugen 2 

Sjå heile kampoppsettet med resultat

28.11 Førde og Kaupanger vann Innandørs-KM 
Førde og Kaupanger trekte det lengste strået i årets innandørs-km i fotball. Førde vann herreklassa etter ein forrykande finale mot Fjøra. Med stillinga 5-5 etter ordinær tid gjekk kampen til 3 minutt speleforlengense. Ingen makta å skåre og Førde vann til slutt på straffesparkkonkurranse. Eid stilte med to lag i herreklassa. Eid sitt fyrstelag gjorde det best men tapte 4-2 i 8-delsfinalen mot vinnarlaget til Førde. 

I dameklassa vann Kaupanger 4-1 over Sandane i finalen. 

28.11 Treningstider i Nordfjordhallen
A-laget er sett opp med følgjande treningstider i Nordfjordhallen:

laurdag 22.01 kl. 13.30-15.30
laurdag 05.02 kl. 12.00-14.00
laurdag 19.02 kl. 13.30-15.30
laurdag 05.03 kl. 13.30-15.30
laurdag 19.03 kl. 13.30-15.30

26.11 Geir Moldestad trenar Eid neste sesong
Fjordabladet melder i laurdagsavisa at Geir Moldestad skal trene Eid neste år. Moldestad seier til Fjordabladet at målet er opprykk men at det ikkje er noko krise om Eid ikkje rykker opp allereie neste sesong. 

Eirik Andreasen blir trenar for Haugen neste sesong. Knut Atle Krossøy og Øystein Haugland skal trene guttelaget. 

Juniorlaget til Haugen 2 spelar kamp i Nordfjordhallen fredag 3. desember kl. 19.30. Motstandar er TMFK som ser ut til å vere det beste laget av Nordfjordlaga. Laurdag 4. desember kl. 14.30 er det Haugen 1 som skal måle krefter med laget frå Vågsøy.  

19.11 Haugen 2-Skavøypoll 2-4 (1-2, 0-1, 1-1)
Haugen 2 tapte i kveld 4-2 mot Skavøypoll i Nordfjordhallen. Etter at Skavøypoll tok leiinga 2-0 tidleg i kampen reduserte Stig Tore Gilleshammer til 2-1 i fyrste omgang. I andre omgang blei det med Skavøypoll si eine skåring. Bjørn Erik Bruvoll skapte ny spenning i kampen med si redusering til 2-3 i tredje omgang. Men Skavøypoll avgjorde kampen då laget gjekk opp i 4-2 leiing rett etterpå. 

NB! Haugen sin internkamp i morgon laurdag blir utsett på grunn av snø. 

Haugen sine kampar fredag 3. desember ser også ut til å bli flytta. Nordfjordhallen er opptatt denne kvelden og ny kampdato blir sett opp seinare.

Sjå heile kampoppsettet med resultat

14.11 Bremanger vart for sterke
Både Haugen I og Haugen II tapte 4-1 mot Bremanger i Nordfjordhallen i dag. Begge kampane var jamne langt ut i kampane men Bremanger vart for sterke på slutten og vann fortent mot begge Haugenlaga. Haugen stilte i dag uten ein einaste keeper og Bjørnar Øien, Mikael Myklebust og Jan Roger Solibakke stilte sporty opp som sisteskanse. 

Haugen I-Bremanger  1-4 (1-1, 0-2, 0-1)
0-1 Jon Erik Berle (14. min)
1-1 Mikael Myklebust (18. min)
1-2 Marius Mo (36. min)
1-3 Vegard Nygård (38. min)
1-4 Harald Erlandsen (56. min)

Haugen II-Bremanger  1-4 (1-2, 0-0, 0-2)

0-1 Jon Erik Berle (9. min)
1-1 Stig Tore Gilleshammer (17. min)
1-2 Tore Torvanger (20. min)
1-3 Freddy Hauge (56. min)
1-4 Tommy Hauge (60. min)

Neste kamp for Haugen er Haugen II mot Skavøypoll i Nordfjordhallen fredag 19. november kl. 17.30. 

Sjå heile kampoppsettet med resultat

13.11 Haugen II-Haugen I 3-3 (0-2, 3-0, 0-1)
Haugen I og Haugen II spelte i dag uavgjort 3-3 på grusbana bak Vallhall.  Haugen I kom best  i gang med kampen og leia 2-0 til fyrste kvilen etter to mål av Kim Fagerstrand. I andre periode var det Haugen II som ville mest og vann 2. periode med 3-0. Stig Tore Gilleshammer, Bjørnar Øien og Jim Tore Humborstad sette inn måla til Haugen II. I siste periode utlikna Stian Aaland etter eit inndirekte frispark på femmeteren. 3-3 vart også sluttresultatet i kampen noko som var rettferdig ut ifrå spel og sjansar. 

Haugen II-Haugen I 3-3 (0-2, 3-0, 0-1)
0-1 Kim Fagerstrand (13. min)
0-2 Kim Fagerstrand (16. min)
1-2 Stig Tore Gilleshammer (32. min)
2-2 Bjørnar Øien (34. min)
3-2 Jim Tore Humborstad (38. min)
3-3 Stian Aaland (46. min)

12.11 Haugen sine lag er oppsett
Haugen I og Haugen II stiller med desse spelarane i vinterserien for junior. 

Haugen I: Alexander Pavelich, Hans Thomas Solheim, Tim Onar Naustdal, Jan Roger Solibakke, Matias Lien Bruland, Thomas Dalsbø, Mikael Myklebust, Dag Aril Starheim, Øyvind Haraldsen, Stian Aaland og Kim Fagerstrand.

Haugen II: Vegard Løken, Cato Magne Humborstad, Bjørn Erik Bruvoll, Ove Balsnes, Runar Øien, Odd Kjetil Liset, Bjørnar Øien, Jim Tore Humborstad, Thomas Starheim og Stig Tore Gilleshammer.

Kampar denne helga:
Laurdag 13. november kl. 15.00 Skavøypoll-TMFK (Nordfjordhallen)
Laurdag 13. november kl. 15.00 Haugen II-Haugen I (Grusbana, Vallhall)
Søndag 14. november kl. 15.30 Haugen I-Bremanger (Nordfjordhallen)
Søndag 14. november kl. 17.30 Haugen II-Bremanger (Nordfjordhallen)

Sist helg vann Skavøypoll 9-4 mot Bremanger etter perioderesultata 4-1, 4-2 og 1-1.

Sjå heile kampoppsettet


04.11 Haugen sine kampar i vinterserien
Dei to juniorlaga til Haugen møtast innbyrdes i åpningskampen i vinterserien. Laurdag 13. november er det duka for Haugen I-Haugen II på Stårheim Stadion. 
Søndag 14. november spelar Haugen to kampar i Nordfjordhallen. Haugen I møter Bremanger kl. 15.30, medan Haugen II spelar mot Bremanger kl. 17.30. 

Fullstendig kampoppsett blir lagt ut seinare. 

23.10 Haugen nr. 2 og 3 i Sparebank Vest Cup
Haugen stilte med to lag i Sparebank Vest Cup i Nordfjordhallen i dag. Etter god innsats vart det 2. plass til Haugen 1 og 3. plass til Haugen 2. TMFK 2 vann turneringa på bedre målskilnad enn Haugen 1.

Haugen I-Haugen II 3-1
Haugen II-TMFK II 1-2
Haugen I-TMFK I 3-2
Haugen I-Skavøypoll 3-2
Haugen II-TMFK I 3-2
Haugen II-Skavøypoll 6-0
Haugen I-TMFK II 2-2 

23.10 Haugen stiller to lag i vinterserien
Haugen har meldt på to 8-arlag i vinterserien for junior. Dei andre laga som er meldt på i ytre er Eid, TMFK (8-ar), Skavøypoll (8-ar), og Bremanger (8-ar). Kretsen tek sikte på å starte opp vinterserien for junior fyrste helga i november. Oppsettet vil bli klart i løpet av neste veke.  

17.10 Trening  på Stårheim Skule
Det blir trening på Stårheim Skule i dag søndag kl. 16.00. 

17.10 Sesongavslutning for A-laget
Fredag kveld var A-laget samla til sesongavslutning på Klenkarberget. Håvard Bruvoll fekk prisen som årets spelar og Rune Venøy fekk beviset på at han var mestskårande denne sesongen. Ove Balsnes og Jim Tore Humborstad vart kåra som dei to mest talentfulle spelarane denne sesongen. 
Sjå bilder frå avslutninga her.   

14.10 Statistikken er oppdatert
Statistikken over kampar og skåringar for A-laget til Haugen er oppdatert. Statistikken ser du her. 

09.10 Sesongavslutning 2004 sesongen
Det blir fotballavslutning for seniorlaget fredag 15. oktober klokka 20.00. 
Alle som på ein eller annan måte har vore involvert på A-laget denne sesongen er velkomen på Klubbhuset på Klenkarberget denne kvelden. 

25.09 Fakta om 2004 sesongen
Måljeger 6. divisjon avd. 4 
12 mål: Nils Petter Evjen, TMFK 3
11 mål: Morten Lyng, TMFK 3
10 mål: Arne Refsnes, Stadlandet og Jan Azar Karadas, Eid 2

Sjå heile lista over måljegerane.

Årets toppskårar Haugen
6 mål: Rune Venøy
5 mål: Hans Ottar Humborstad og Bjarne Haugland
4 mål: Gustav Orheim, Jim Tore Humborstad og Roger Nygård

Årets Stjernegris
21 : Håvard Bruvoll
18 : Rune Venøy
14 : Gustav Orheim, 
9 : Jim Tore Humborstad
5 :  Bjarne Haugland, Trond Kroken, Hans Humborstad, Ove Balsnes
4 : Stian Bjørlo, Øystein Haugland
3 : Jim Andre Balsnes
2 : Hans Petter Gilleshammer
1 : Geir Ove Åsebø, Torleiv Orheim, Øyvind Løkling

Årets Råtass
2 gule: Rune Venøy
1 gult: Torleiv Orheim, Hans Ottar Humborstad, Ove Balsnes, Håvard Bruvoll, Stian Bjørlo 

25.09 Moldestad og Solheim delte sigeren i tabellkonken
Med berre to feilpoeng vann Bjørn Egil Moldestad og Kay Rune Solheim tabellkonkurransen for sesongen 2004. I den andre enden av lista finn vi Bjørn Erik Bruvoll med heile 20 feilpoeng.
Solheim og Moldestad må sende meg fullstendig postadresse på e-post, slik at eg får sendt fem flaxlodd til kvar av dei.   

Sjå lista over sluttresultatet i tabellkonkurransen.

17.09 Solid 4-0 siger mot Stadlandet
Haugen avslutta sesongen med stil og vann i kveld 4-0 mot Stadlandet på Stårheim Stadion. Med alle tre faste keeperane ute av forskjellige årsaker tok Øyvind Løkling sporty på seg keepervottane og holdt nullen uten store problem. Haugen tok leiinga etter ti minutt ved Jim Tore Humborstad etter flott forarbeid av Hans Ottar Humborstad. Drøye ti minutt etter var det Hans Ottar sin tur å overliste Stadlandet sin meget gode keeper og Huagen kunne gå til pause på stillinga 2-0. Kvarteret ut i andre omgang kom det som kan kallast årets skåring. Håvard Bruvoll skyt frå omlag 40 meter. Ballen går i ein bue over keeper og rett i nettet heilt oppunder tverrliggaren. Omlag ti minutt før slutt får Stian Aaland æra av å laga årets siste skåring, og Haugen vinn 4-0. Best på Haugen i dag Håvard Bruvoll, Rune Venøy, Gustav Orheim, Hans Ottar Humborstad og sist men ikkje minst Øyvind Løkling.
Kampfakta og bilder frå kampen.

17.09 Eid spelar neste år i 4. divisjon
Med tap i dagens bortekamp mot Sogndal 2 er Eid klar for spel i fjerde divisjon neste sesong. I den andre enden av tabellen vann Stryn toppkampen mot Fjøra og gjekk dermed forbi Fjøra på tabellen. Dette passa Førde bra som med siger i bortekampen mot Skavøypoll i morgon blir avdelingsvinnar i den lokale 3. divisjon. 

17.09 Nils Petter Evjen leiar måljegeren
Med fem skåringar i kampen mot Heia tysdag overtok Nils Petter Evjen leiinga i årets måljeger med 12 skåringar. Morten Lyng ligg på plassen bak med 11 skåringar, medan Jan Azar Karadas og Arne Refsnes har ti skåringar denne sesongen. Arne Refsnes har ennå to kampar igjen til å ta heim prisen som årets måljeger 2004. Stadlandet spelar borte mot Haugen i kveld, medan Stadlandet har til gode heimekampen mot Heia. Om Heia greier å stille lag til denne kampen trur underteikna at Arne Refsnes som i fjor blir mestskårande i 6. divisjon avdeling 4.

På dei 40 kampane som er spelt til no denne sesongen er det laga totalt 245 mål. Dette gjev eit snitt på 6,1 mål pr. kamp. 

Sjå heile lista over måljegerane.

16.09 Guttelaget tapte 3-1 mot Selje
Guttelaget til Haugen tapte i kveld 3-1 mot Selje på Stårheim Stadion. Olav  Andreas Espe laga trøystemålet til Haugen, etter at stillinga til pause var 2-0. 

Lillejentelaget til Haugen har også vore i aksjon i kveld. I bortekampen mot Eid blei det 3-1 siger til sebratrøyene. 

16.09 Kampen mot Stadlandet går på Stårheim
På grunn av dårlige baneforhold på Klenkarberget går årets siste seriekamp på Stårheim Stadion fredag kl. 18.00. Haugen kan med åttemålssiger i denne kampen kapre andreplassen i divisjonen frå TMFK 3 bak suverene Eid 2. Blir det siger med mindre enn åtte mål kjem Haugen på tredje plass. Blir det derimot tap blir det fjerde plass. Då er det Stadlandet som tek andreplassen føre TMFK 3. Underteikna reknar med at Stadlandet får eller tar tre poeng mot Heia. Det er ennå ikkje bestemt om denne kampen skal spelast eller ikkje. Heia makta ikkje stille lag då kampen var terminfesta. 

Ver med å tipp sluttresultatet i kampen Haugen-Stadlandet, og vinn Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.

11.09 Bli med i Scoringsklubben !!
Ver med i scoringsklubben og støtt Haugen Fotball. Alle som blir med betalar kr. 5,- pr. mål Haugen sitt seniorlag scorar i serien denne sesongen. Av dei som er med blir det trekt ut 2 gavekort à kr. 1500,- frå Chatlet Sport når sesongen er over. 

Du kan vere med i scoringsklubben ved å sende en e-post til Stig Høynes.

NB! Det blir trekt ut eit Haugenkrus blant dei som sender inn ein e-post før 20. september. 

11.09 Arne Refsnes leiar framleis måljegeren
Med ti mål no denne sesongen leiar Arne Refsnes framleis måljegeren i 6. divisjon avdeling 4. Anders Midthjell og Jan Azar Karadas frå Eid og Morten Lyng frå Tornado Måløy ligg hakk i hæl med åtte skåringar. Av Haugenspelarane er det Rune Venøy som leiar med seks skåringar føre Bjarne Haugland som blir ståande med dei fem skåringane han laga i vårsesongen. 

På dei 38 kampane som er spelt til no denne sesongen er det laga totalt 220 mål. Dette gjev eit snitt på nesten 5,8 mål pr. kamp. 

Sjå heile lista over måljegerane.

11.09 Moldestad og Solheim leiar tabellkonken
Med berre to feilpoeng leiar Bjørn Egil Moldestad og Kay Rune Solheim tabellkonkurransen når få kampar gjenstår. I den andre enden av lista finn vi Bjørn Erik Bruvoll med heile 20 feilpoeng.

Sjå lista over stillinga i tabellkonkurransen få kampar før slutt.

11.09 Guttelaget tapte mot Vikane
Guttelaget tapte 2-1 mot Vikane i Innvik torsdag. Vikane scora etter 20
minutt etter at spissen blei spelt gjennom og kom åleine mot keeper. Like
før pause fikk Vikane straffe, som dei sette i mål. Elles var det ein
jamnspelt 1. omgang uten dei heilt store sjansane. Nærast var Thomas
Starheim som skaut i tverrliggaren frå langt hold.
Etter pause vakna Haugen og køyrte fullstendig over Vikane, men klarte ikkje å få ballen i mål før det var eit kvarter igjen. Jo Inge Skålbones kopierte Roberto Carlos og dundra ballen i mål på eit frispark frå 25 meter- stang inn. Haugen pressa på for utlikning, men klarte ikkje å score på sjansane sine. Vikane hadde eit par kontringar, men var elles mest opptatt av å hale ut tida. Vikane var best før pausen, men blei til tider rundspelt i andre og poengdeling ville absolutt ikkje vore ufortent etter spel og sjansar.

07.09 Eid2-Haugen 2-1 (2-0)
Haugen tapte i kveld 2-1 mot Eid 2 på Eid Stadion. Etter ein god fyrste halvtime av fyrste omgang tok Eid over mot slutten og laga to mål rett før kvilen. Jan Azar Karadas heada inn ein corner og Bjørnar Strandos drilla seg fri på venstrekanten og sette ballen i nettmaskene via begge målstolpane. I andre omgang laga Haugen sin bestemann Rune Venøy ny spenning i kampen då han sette inn ei straffe før ti minutt var spelt. Resten av kampen bølga spelet fram og tilbake utan at nokon makta å sette ballen i nettmaskene. Dermed er Eid 2 blitt vinnarar av 6. divisjon avdeling 4 ein serierunde før slutt. 
Kampfakta og bilder frå kampen.

Haugen si neste trening blir fredag 10. september kl. 20.00 på Stårheim Stadion.
Fredag 17. september kl. 18.00 er det duka for årets siste kamp for Haugen. Då er det Stadlandet som skal bite i graset på Klenkarberget.

Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.

05.09 Haugen-Kjølsdalen 5-8 (2-5)
Lilleguttlaget til Kjølsdalen vart for sterke for Haugen i kveld på Klenkarberget. I fyrste omgang starta Kjølsdalen forrykande og leia 3-0 før Haugen vakna. Trenar Rolf Lefdal mana spelarane sine til kamp og eit par kjappe reduseringar laga ny spenning i kampen. Men Kjølsdalen hadde eit gir til å gå på og auka leiinga til 5-2 før laga tok pause. I andre omgang redusert Haugen til 3-5 etter at Tore Haraldsen hadde sett inn sitt tredje mål for dagen. Kjølsdalen tok på ny over og kunne til slutt gå av bana med siger 8-5. 

A-laget sin kamp mot Eid 2 går på Eid Stadion tysdag 7. september kl. 18.00. 

Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.

31.08 Haugen-Flatraket/Selje II 6-1
Haugen vann i kveld 6-1 mot Flatraket/Selje 2 på Stårheimsgrusen. Som i dei to siste kampane tok Haugen leiinga tidleg i kampen. I dag tok det berre sju minutt før Haugen leia 2-0. Men også i dag dabba intensiteten eit par hakk etterkvart som kampen skreid fram og laga gjekk til pause på stillinga 4-1. Andre omgang starta på verst mogleg måte for Flatraket/Selje. Ove Borgund vart utvist etter å ha sparka til Rune Venøy. Det skal også seiast at Rune gjorde alt han kunne for å provosere Borgund i denne situasjonen og vart belønna med gult kort av kampens gode dommar Roald Halsør. Ti minutt etter aukar Jim Tore Humborstad leiinga til 5-1 etter ei genial pasning frå Rune Venøy. To minutt før slutt fastset Stian Aaland sluttresultatet til 6-1 etter eit fint skot frå kloss hold. 
Kampfakta og bilder frå kampen.

Ann Katrin Midthjell hadde tippa 6-1 til Haugen og stikk dermed av med Haugenkruset. Dette blir overrekt av Haugenspelar Hans Ottar Humborstad ved eit passande høve. 

I den andre kampen i 6. divisjon avdeling 4 i dag vann Eid sine nest beste 6-3 mot dei svarte og kvite frå Moskva.

29.08 Kampen mot Flatraket/Selje 2 flytta til Stårheim
På grunn av mykje regn i det siste er kampen mot Flatraket/Selje flytta til grusbana på Stårheim. Kampen går tysdag 31. august kl. 19.00.  

Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.

27.08 Arne Refsnes leiar måljegeren
Med åtte mål til no denne sesongen leiar Arne Refsnes måljegeren i 6. divisjon avdeling 4. Anders Midthjell frå Eid og Sindre Otnheim frå Stadlandet ligg hakk i hæl med sju skåringar kvar. Av Haugen sine spelarar har Bjarne Haugland og Rune Venøy fem skåringar. 

På dei 31 kampane som er spelt til no denne sesongen er det laga totalt 176 mål. Dette gjev eit snitt på 5,7 mål pr. kamp. 

Sjå heile lista over måljegerane.

27.08 Guttelaget tapte 6-1 mot Sandane
Stian Aaland har sendt følgjande referat frå kampen.
Eit skaderamma guttelag tapte 1-6 mot Sandane i kveld. Sandane fekk omsider ballen i mål etter ca 15 minutt. Alexander Pavelich sto ein veldig god kamp og hindra dei raske spissane til heimelaget å score på fleire kjempesjansar. Haugen tok over spelet etter det første baklengsmålet, men det vart mykje nesten og mange halvsjansar ut av det. I staden kontra Sandane inn 2-0 rett før pause. Etter pause blei det 3-0. Så tar Haugen kommandoen og kjem til fleire gode avslutningar som alle går like utanfor mål. Ballen vil ikkje inn før Fredrik Sundal får eit innlegg i feltet, dunkar ballen i krysset på halv volley og reduserer dermed til 3-1 midt i andre omgang. Men så får Sandane et flaksemål like etter og seinare et offsidemål før dei fastset sluttresultatet like før slutt. Om ein ser vekk i frå dei første og siste 10 minutta var Haugen absolutt på høgde med heimelaget og gjorde ein solid innsats over heile bana.

26.08 Haugen-Skavøypoll II 5-1 (3-0)
Haugen vann i kveld heilt fortent 5-1 mot Skavøypoll 2 på Klenkarberget. Haugen starta kampen klart best og leia 3-0 allereie før halve fyrste omgang var spelt. Som i kampen mot Heia dabba innsatsen etter å ha tatt ei klar leiing tidleg i kampen. Roger Nygård laga dei to fyrste måla, medan Hans Ottar var sist på 3-0 målet. Starten av andre omgang var meir jamnspela og det gjekk 20 minutt før Hans Ottar auka leiinga til 4-0, etter ei glimrande pasning frå Jim Tore Humborstad. Kvarteret før slutt reduserte Asle Eldevik til 4-1, utan at dette skapte noko panikk i Haugenforsvaret. Fem minutt før slutt fastsette Thomas Dalsbø sluttresultatet til 5-1 etter eit vakkert innlegg frå kaptein Øystein Haugland. Thomas Dalsbø hadde i tippekonkurransen tippa 5-1 til Haugen så Thomas får dermed Haugenkrus ved eit passande høve. 

Kampfakta frå kampen.

Neste kamp er heime på Klenkarberget mot Flatraket/Selje tysdag 31. august kl. 19.00.  
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.

NB! Neste trening for Haugen er søndag kl. 19.30-21.00. 

24.08 Eid II-Skavøypoll II 10-1 (5-0)
Eid sine nestbeste vann i kveld heile 10-1 mot Skavøypoll 2 på Eid Stadion. Skavøypoll var i store delar av kampen totalt underlegne og Eid vann akkurat som dei ville. I starten av andre omgang såg det ut som Skavøypoll skulle kjempe seg tilbake i kampen men det blei med trøystemålet frå Marius Frøyen. Steffen Midthjell var best på Eid medan Roy Gustav Hundskår var klart best på Skavøypoll sine nest beste. 

1-0 Bjørn Berdal, straffe (15. min)
2-0 Øystein Nes (16. min)
3-0 Anders Midthjell (22. min)
4-0 Steffen Midthjell (28. min)
5-0 Anders Midthjell (40. min)
5-1 Marius Frøyen (52. min)
6-1 Anders Midthjell (58. min)
7-1 Arne Morten Nydal (61. min)
8-1 Bjørn Berdal (73. min)
9-1 Bjørn Berdal (79. min)
10-1 Jon Otto Bustadmo (89. min)

NB! Husk Haugen-Skavøypoll 2 torsdag 26. august kl. 19.00. på Klenkarberget. 

22.08 Heia-Haugen 2-4 (1-3)
Haugen vann i kveld 4-2 i lokaloppgjæret mot Heia på Plassen. Haugen starta kampen klart best og Rune Venøy gav Haugen leiinga 1-0 på ein retur etter 10 minutt av kampen. Knappe halvtimen ut i fyrste omgang blei Håvard Bruvoll felt inne i 16-meteren og kampens myndige dommar Rolf Lefdal peikte på straffemerket. Rune Venøy sette ballen sikkert i mål bak Heiakeeper Roy Lasse Torheim. Fem minutt etter får Gustav Orheim stå heilt umarkert på femmeteren. Det fine innlegget frå Øystein Haugland headar Orheim i lengste hjørnet og Haugen leiar 3-0. Heia gjekk rett i angrep og på retur frå Haugen sitt forsvar dunkar Stein Ove Stoddern balllen bak ein sjanselaus Vegard Løken i Haugenburet. Dermed går laga til pause på stilinga 3-1 til Haugen. Ti minutt etter kvilen brukar Tom Roger Hjelle farten sin og Gustav Orheim kjem for seint inn i taklinga. Dommar Lefdal peikar på nytt på straffemerket. Rune Midthjell er så sikker som ein elektrikar kan vere og reduserar til 3-2. Fem minutt etter punkterer Roger Nygård kampen. Eit framspel frå Håvard Bruvoll mot ein offsideplassert Roger Nygård, går forbi keeper og Nygård kan berre trille ballen inn. 
Kampfakta frå kampen.

Haugen spelar heimekamp mot Skavøypoll sine nest beste på Klenkarberget torsdag 26. august kl. 19.00.

Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.

20.08 Sandane vann botnkampen mot Eid
Sandane trekte det lengste strået i kveldens botnkamp på Eid Stadion. Kampen var vel ein av dei kjedeligaste underteikna har sett på Eid Stadion, men det var heile tida nerve i kampen. Ole Andre Aa sette inn det einaste målet i kampen etter at han kom åleine mot keeper kvarteret før slutt. Med dette resultatet ligg Eid sist på tabellen med 9 poeng, medan Sandane ligg nest sist med 12 poeng. 

Andre resultat: 
Florø-Skavøypoll 3-0
Dale-Fjøra 3-3
Saga-Stryn 2-0

Dermed har både Stryn og Fjøra 37 poeng. Førde spelar borte mot TMFK i morgon og med siger står også Førde med 37 poeng. 

15.08 Eid 2 vann toppkampen mot Stadlandet
Andrelaget til Eid vann i dag 4-1 mot Stadlandet på Eid Stadion. Eid tok føringa etter 14 minutt etter skåring av Stian Sandal. 1-0 var også pauseresultatet i kampen. I andre skrudde Eid opp tempoet og det var vel aldri tvil om kven som skulle vinne denne kampen. Trøystemålet til Stadlandet kom på eit vådeskudd frå 35 meter av Kai Inge Fløde.
Kampfakta og bilder frå kampen.

13.08 Heiakampen utsett til 22. august
Også Heia har problem med å stille lag til fastsett kampdato. Ny dato for bortekampen vert derfor søndag 22. august klokka 19.00. Ettersom Heia ikkje har eiga heimebane vart det i vår avtalt at kampen skulle gå på Klenkarberget. Heia har no ombestemt seg og kampen går på grasbana på Plassen. Kanskje flyttar Heia kampen for å få eit psykologisk overtak på Haugen før lokaloppgjeret. 

Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.

Skavøypoll sine nest beste
får ein ny sjanse til å surre seg inn på Klenkarberget for å møte det stjernespekka Haugenlaget. Ettersom Skavøypoll ikkje møtte sist kampen var terminfesta skulle Haugen ha tre poeng og Skavøypoll ei klekkeleg bot. Men som det fair-play laget Haugen er får Skavøypoll ein ny sjanse. Ny kampdato for kampen er torsdag 26. august klokka 19.00. 

11.08 Skavøypoll 2 makta ikkje stille lag
Skavøypoll sine nest beste greide ikkje å stille lag i dag og kampen måtte derfor avlysast. Dette er svært beklageleg for alle som hadde tatt turen for å sjå festfotball i sommarvarmen. Ein fin tur vart det også for dommaren Øyvind Grindheim frå Svelgen. Eit par turar med ferja Stårheim-Isane gjev ro og fred for både kropp og sjel. 

Tysdag 17. august kl. 19.00 er det duka for bortekamp mot Heia. Kamparena er endå ikkje bestemt, så det kjem eg tilbake med info om seinare.  
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. Den fyrste som sender inn rett svar vinn det eksklusive Haugenkruset. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.

10.08 Troppen til kampen mot Skavøypoll 2
Følgjande spelarar er med i troppen mot Skavøypoll 2:
Geir Ove Åsebø, Vegard Løken, Torleiv Orheim, Stian Bjørlo, Gustav Orheim, Jan Roger Solibakke, Ove Balsnes, Håvard Bruvoll, Øystein Haugland, Rune Venøy, Øyvind Løkling, Hans Ottar Humborstad, Cato Magne Humborstad, Jim Tore Humborstad, Hans Petter Gilleshammer, Runar Øien, Mikael Myklebust og Thomas Dalsbø. 

Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.

10.08 Eid-Stryn 5-2 (2-0)
Eid vann i kveld heile 5-1 mot topplaget Stryn på Eid Stadion. Eid var gjennom heile kampen det beste laget og Eid vann alt i alt ein fortent seier. Jim Rune starta skåringsballet med ein susar av eit langskot. Frå 20 meter klistra han ballen i lengste hjørnet bak ein sjanselaus keeper. 2-0 kom på ei genial gjennombrudspasning frå Kristoffer Aarskog. Eid sin kaptein Henning Haugen gjorde ingen feil åleine mot keeper. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 2-0. Andre omgang var berre eit minutt gammal då Kristoffer Aarskog dribla fire-fem mann og sette ballen kontrollert i mål. Aarskog var også mannen bak 4-0 målet. Denne gang etter eit kjempeforarbeid av Jon Håkon Midthjell. Omlag ti minutt før slutt reduserte Kåre Sigve Balsnes til 4-1. Sindre Rise feilrekna eit langt innlegg og Balsnes brukte handa for å sette ballen i mål. Slik usportsleg opptreden har du ikkje lært i Haugen Kåre!!  Berre minuttet etter la Kim Vik på til 5-1, etter eit nydeleg gjennomspel frå Kristoffer Aarskog. På overtid blæs kampens lite stabile dommar, Øyvind Grindheim, straffe til Stryn. Kåre Sigve vart klønete skubba over ende av Magnus Sævik utanfor 16-meteren. Asbjørn Tenden fastsette dermed sluttresultatet til 5-2. 
Kampfakta og bilder frå kampen.

Andre resultat: 
Førde-Florø 3-1
TMFK-Skavøypoll 5-1
Dale-Høyang 2-1

Dermed har Stryn og Førde 34 poeng medan Fjøra kjem rett bak med 33 poeng. I botnen av tabellen ligg Eid med 8 poeng, Sandane med 9 poeng og Dale med 12 poeng. 

06.08 Eid tapte 3-0 mot Fjøra
Eid tapte i kveld 3-0 mot Fjøra på Eid Stadion. Eid var heilt på høgde med Fjøra gjennom heile kampen, og alt i alt hadde eit uavgjort resultat gitt eit bra bilde av kampen. Arild Underdal gav Fjøra leiinga på ei fin heading etter fem minutt. I andre omgang fekk Eid feilaktig tildømt straffe. Jim Rune Skrede sette straffa i stolpen og ut. Omlag kvarteret før slutt fekk Fjøra straffe og Morten Hagen sette ballen i mål via stolpen. Etter dette pressa Eid utan at overtaket resulterte i skåring. Fem minutt før slutt fastsette Arild Underdal sluttresultatet til 3-0 og tre poeng til laget frå Sogn. 

Andre resultat: 
Sandane-Førde 2-2
Skavøypoll-Dale 2-2
Stryn-Sogndal II 3-2

Med desse resultata klatra Fjøra til andre plass på tabellen, bak Stryn og tett fulgt av Førde. I den andre enden ligg Eid med fem poeng, medan Sandane og Dale har åtte og ni poeng. 

Tysdag 10. august kl. 18.30. er det duka for storkampen Eid-Stryn på Eid Stadion.  

04.08 Haugen ute av FA cupen
Haugen tapte i kveld 2-1 mot Eikefjord på Klenkarberget. Haugen starta kampen med at Gustav Orheim bomma på den fyrste handicapstraffa. Den andre sette Rune Venøy sikkert i mål, og Haugen leia 1-0 når kampen tok til. Haugen la seg ganske lavt og gav Eikefjord minst mogleg rom på midtbana. Eikefjord skapte ikkje så mykje i starten og det måtte ein tabbe til for at Eikefjord skulle få mål. Geir Ove rusa ut på eit gjennomspel men nådde ikkje ballen. Henning Paulsen skåra sikkert frå litt skrått hold etter knape halvtimen. Haugen sin største sjanse før kvilen hadde Hans Petter Gilleshammer, då han heada ballen i tverrliggaren frå skrått hold. 
Rett etter pause fekk Terje Sørbø stå åleine i feltet på ein corner. Sørbø heada ballen utagbart bak Geir Ove Åsebø i Haugenmålet og Eikefjord gjekk opp i 2-1 leiing. Etter dette hadde begge lag fleire sjansar uten at det resulterte i mål.  
Kampfakta og bilder frå kampen.

Dermed er Haugen ute av årets Firda-Avis Cup, og vi ynskjer Eikefjord lykke til vidare. Førde vann 6-1 mot Kaupanger i ein annan kvartfinale i Firda-Avis Cupen. 

03.08 Troppen til kampen mot Eikefjord
Følgjande spelarar er med i troppen mot Eikefjord:
Geir Ove Åsebø, Vegard Løken, Torleiv Orheim, Stian Bjørlo, Gustav Orheim, Jan Roger Solibakke, Ove Balsnes, Håvard Bruvoll, Øystein Haugland, Rune Venøy, Jim Andre Balsnes, Reidar Hellesø, Øyvind Løkling, Hans Ottar Humborstad, Cato Magne Humborstad, Jim Tore Humborstad, Hans Petter Gilleshammer og Kim Fagerstrand. 

Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.

I ein kamp i Haugen si avdeling vann Skavøypoll sitt andre lag 8-0 mot Heia. Stilling til pause var 3-0.

01.08 TMFK 3-Haugen 3-5 (0-0)
Haugen vann i dag 5-3 mot TMFK 3 på Måløy Stadion. Etter ein mållaus fyrste omgang åpna kampen seg etter pause. Haugen gjekk i leiinga 1-0 etter berre fire minutt av andre omgang. Øystein Haugland skaut eit frispark frå 35 meter midt i mål. Keeper fomla det dårlige skuddet over seg og ballen rulla i mål. Tre minutt etter vart Cato Magne Humborstad felt i straffefeltet og Haugen fekk straffe. I denne situasjonen fekk TMFK sin kaptein Kjetil Silden sjå det raude kortet av Sven Erik Midthjell. Gustav Orheim sette ballen sikkert i mål. Så dagens lekkerbisken. Hans Petter Gilleshammer flikkar gjennom Jim Andre Balsnes med utsida  som skårar sikkert åleine med keeper. Etter dette trudde spelarane at sigeren var i boks, og TMFK tok fullstendig over kampen. Med to fine skåringar av Øyvind Reed og goalgetter Nils Petter Evjen etter 60 og 63 minutt var det igjen ny spenning i kampen. Etter dette vart kampen skjemma av mykje klaging på dommaren. Dette burde vere heilt unødvendig og la oss håpe at dei det gjeld tenker seg to gongar om neste gong dei tek turen på ei fotballbane. Heilt på slutten av kampen avgjer Haugen bataljen med to raske skåringar. Hans Petter headar inn eit innlegg, etter å ha bomma på straffe. To minutt før slutt kjem Jim Tore Humborstad åleine med kepper og nettar sikkert. På overtid skårar Sujeevan slik at sluttresultatet blir 3-5. 
Kampfakta og bilder frå kampen.

31.07 TMFK 3-Haugen går på Måløy Stadion
Kampen mot TMFK 3 går på Måløy Stadion søndag 1. august kl. 14.00. 

Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.

28.07 Haugen-Eid 2-7
Haugen tapte i kveld 7-2  mot Eid i ein treningskamp på Klenkarberget. Kristoffer Aarskog blei den store spelaren med 5 mpl. dei to andre måla til Eid vart sett inn av Bengt Kongsvoll og Jan Otto Bustadmo. Haugen sine mål blei begge skåra av Hans Ottar Humborstad.

Guttelaget til Haugen rauk i dag ut av Norway Cup mot Pequeninos i 32 delsfinalen. Kampfakta og resultat frå alle kampane ser du på Eidaportalen.

Søndag spelar Haugen kamp mot TMFK 3 på Refvika kl. 14.00.
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.

25.07 Haugen spelar mot frøya i dag
I dag startar verdas største fotballturnering, Norway Cup. Haugen spelar i kveld kl. 18. 25 mot Frøya. 
Sluttresultatet i denne kampen og dei andre kampane med lag frå Eid kan lese om på Eidaportalen. Fakta frå kampane blir lagt ut så snart det let seg gjere.
 

Dei andre kampane til Haugen i gruppespelet:

Måndag 26. juli kl. 16.00. Haugen-Søndre Land
Tysdag 27. juli 10.25. Haugen-Risør 

24.07 Treningskamp mot Eid
Det blir treningskamp mot Eid onsdag 28. august kl. 18.00. Begge lag har spelarar på Norway Cup og det blir derfor to reduserte lag som skal kjempe om kven som er best i kommuna. Haugen stiller uten Vegard Løken, Jim Tore Humborstad, Thomas Dalsø, Mikael Myklebust og Stian Aaland. Eid er endå meir svekka ettersom alle juniorspelarane deltar på Norway Cup. 

Lurer du på korleis det går med dei lokale laga på Norway Cup?? På Eidaportalen kan du halde deg oppdatert korleis det går med dei lokale laga til ein var tid. 

19.07 Fotballfest i Eikefjorden
Nesten 2000 tilkodarar hadde møtt fram for å sjå treningskampen mellom Sogndal og Brann. Begge lag brukte kampen til å teste eventuelle nye spelarar. Steinar Tenden spelte ein omgang som spiss for Brann, og ein skal ikkje sjå vekk i frå at Tenden dreg på seg den raude trøya permanent innan kort tid. For Sogndal viste Atli Danielsen seg fram. Danielsen er landslagspelar for Færøyane og Sogndal bestemmer seg innan kort tid om dei tilbyr Danielsen kontrakt.  Kjell Petter Opheim fekk prøve seg dei siste 10i minutta som keeper for Sogndal. Opheim som er frå Stryn spelar no for Oslo Øst.  
Kampen enda 2-2, etter at Sogndal leia 1-0 til pause.  
Kampfakta og bilder frå kampen.

17.07 Siger for guttelaget mot Eid
I ein oppkøyringskamp til Norway Cup vann guttelaget 2-0 mot Eid torsdag kveld. Etter ein jamnspela kamp trekte Haugen det lengste strået etter to skåring av Jan Martin Smørdal. Det fyrste målet kom på eit fint gjennomspel der Jan Martin Netta sikkert åleine mot keeper. Det andre var eit lompeskot frå 20 meter som Eid sin gode keeper fomla i mål.  

17.07 Fire lokale lag med i Norway Cup
Eid Kommune har i år med fire lag i verdas største fotballturnering Norway Cup. Haugen stiller med eit lag i gutteklassa, medan Eid har med tre lag. Eit i jenteklassa, eit i gutteklassa og eit i junior herrer. 
Haugen sitt guttelag som spelar i klasse B er komt i pulje med Frøya, Risør og Søndre Land. 

Kampane i gruppespelet:
Søndag 25. juli kl. 18.25. Haugen-Frøya
Måndag 26. juli kl. 16.00. Haugen-Søndre Land
Tysdag 27. juli 10.25. Haugen-Risør 

17.07 Eid stiller med tre lag i Norway Cup
Eid stiller med heile tre lag i årets Norway Cup. Eidarane har med eit lag i gutteklassa, eit i jentklassa og eit i junior herrar. Juniorlaget ser ut til å få den lengste veien mot A-sluttspelet. Motstandarar som Vålerenga, Lyn sitt andrelag og Nittedal blir noko å bryne seg på for dei unge eidarane. 

12.07 Kampen mot TMFK III går søndag 1. august
På grunn av at Haugen skal spele kvartfinale i Firda-avis cupen blir bortekampen mot TMFK spelt søndag 1. august kl. 14.00. 

Kvartfinalen i FA-cupen mot Eikefjord går på Klenkarberget onsdag 4. august kl. 19.00. 

12.07 Tre i tet i tabellkonkurransen
Rune Venøy, Kay Rune Solheim og Kay Ove Hafsås leiar tabellkonkurransen etter halvspelt serie. Med berre 8 feilpoeng og med tre lag på rett plass leiar dei med knapp margin føre Stig Tunheim Aarsheim, Øyvind Haraldsen og Bjørn Egil Moldestad. I andre enden ligg Bjørn Erik Bruvoll med heile 18 feilpoeng.

Sjå lista over stillinga i tabellkonkurransen etter halvspelt serie.

12.07 Årets måljeger
Fire spelarar står med flest skåringar etter at sesongen er halvspelt. Bjarne Haugland frå Haugen, Morten Lyng frå TMFK 3, Arne Refsnes og Sindre Otnheim som begge spelar for Stadlandet har alle fem nettkjenningar. Til no denne sesongen er det laga 105 mål på 21 kampar, noko som gjev eit snitt på 5 mål pr. kamp. 

Sjå lista over måljegerane til no denne sesongen.

30.06 Haugen møter Eikefjord i FA-cupen
Haugen møter Eikefjord i kvartfinalen i Firda-Avis cupen. Kampen går på Klenkarberget onsdag 4. juni eller torsdag 5. juni. Eikefjord spelar til dagleg i 4. divisjon og Haugen startar dermed kampen med to handicapstraffer.

Dei andre kvartfinalane: 
03.08. Førde-Kaupanger
05.08. Gaular-Syril
11.08. Loen-JÅFK

30.06 Siger for Heia og tap for Eid
I går kveld vann Heia 5-2 mot Flatraket/Selje 2 på Plassen. Laga gjekk til pause på stillinga 1-1. Måla til Heia vart sett inn av Mohammed Barla 2, Thomas Storøy 2 og Tom Roger Hjelle.

Eid tapte mot Saga 2-1 på Eid Stadion og ligg med det sist på tabellen. Saga tok leiinga etter to minutt med Alexander Hjelmeland Rygg. Like før pause utlikna Stein Inge Åbrekk til 1-1 og det var ny spenning i kampen. Etter ein veldig jamn andre omgang med store sjansar til begge lag, laga Stig Arild Øvrebø vinnarmålet til Saga tre minutt før slutt. Eid sin midtstoppar Geir Moldestad fekk sitt andre gule og dermed rødt kortmidt i andre omgang. Moldestad skulle vel hatt direkte rødt kort i den fyrste forseelsen der han som bakerste mann holdt igjen ein Sagaspelar i klar skåringsposisjon. 
Fredag 2. juli spelar Eid skjebnekamp borte mot Florø. Florø ligg nest sist på tabellen med eit poeng meir enn Eid. Etter denne kampen tek Eid sommarferie og det hadde vore veldig kjekt om Eid klatra eit par plassar på tabellen før laga tek sommarfri. 

25.06 Tap mot Stadlandet
Haugen tapte i kveld 2-0 mot Stadlandet på Stadlandet Stadion. Stadlandet åpna i eit forrykande tempo og skapte ein del gode sjansar tidleg i kampen. Etter elleve minutt kom Sindre Otnheim åleine mot Geir Ove Åsebø i Haugenmålet. Otnheim skåra sikkert og Stadlandet gjekk i føringa 1-0. På slutten av omgangen kom Haugen bedre med i kampen uten at bortelaget makta å omsetje overtaket i skåringar. I andre omgang bølga spelet fram og tilbake med store sjansar til begge lag. Heilt utruleg at ingen av laga greide å skåre fyrste halvtimen av andre omgang. På slutten pressa Haugen på for å få ei utlinkning, men då skjer det som ofte skjer. Stadlandet kontra og nyervervelsen Espen Nilsen skåra sikkert åleine mot keeper. Etter dette blei det ganske høg temperatur i kampen, og Sverre Leikanger fekk sjå det raude kortet av dommar Roald Halsør frå Selje. Med dette resultatet er Stadlandet med i kampen om opprykk, berre eit poeng bak tabellleiar TMFK 3. 

Kampfakta og bilder frå kampen.

3. divisjon:
Dale-Eid 2-0
Florø-Fjøra 0-2
Saga-TMFK 6-2
Skavøypoll-Sandane 4-2
Stryn-Høyang 8-2

24.06 Selje - Svelgen 1 - 1  (0-1)
Det var lite å glede seg over for publikum da Selje tok imot Svelgen på st.hansaften. Svelgen la seg svært lavt noe som gjorde det vanskelig for hjemmelaget å komme å komme til målsjanser. Selje hadde ballen mest, men det var bare bortelaget som klarte å skape noen reelle målsjanser. Etter 37
minutt fikk Svelgen tildelt frispark like utenfor 16-meteren. Ballen ble skrudd over muren i tverliggeren, og returen kunne Kjell Åge Bueie pirke inn fra halvannen meter. Svelgen gikk dermed til pause med 0-1-ledelse. 
Selje brukte mindre enn ett minutt av andre omgang på å utligne da en selje-spiss satte ballen mellom beina på svelgen-keeperen og i mål. Dette var faktisk den eneste målsjansen Selje klarte å skape gjennom hele kampen.
Svelgen hadde to store muligheter til å avgjøre i andre omgang, men utrolig nok fikk hjemmelaget klarert begge sjansene. Nærmest var Svelgen å vinne kampen da de hadde 3-4 forsøk på få ballen i mål inne i 5-meteren, men Selje klarte å blokkere alle forsøkene. Kampen var preget av at det ble spilt høye og lange baller gjennom 90 minutter, og var nok svært kjedelig
for publikum. 

22.06 Eid II-Flatraket/Selje II 2-1 (1-1)

Eid sitt andrelag vann i dag 2-1 mot Flatraket/Selje II. Flatraket/Selje tok leiinga ved Stephan Lexau etter omlag kvarteret av fyrste omgang. I denne perioden hadde Eid sitt forsvar med Arne Morten Nydal og Ronny Berg i midten store problem med Håvard Nyheim. Nyheim som spelte spiss på F/S sprang gang på gang frå Eid sine midtstopparar, og det var berre eit under at ikkje F/S laga eit par mål i denne perioden. 
PÅ slutten av omgangen sette Eid inn Øystein Nes og dette gjorde at Eid vart mykje farlegare framfor mål. Berre sju minutt brukte Nes før fyrste ballen låg bak Andre Kupen i F/S målet. Tjue minutt ut i andre omgang sette same Nes inn det som skulle vise seg å bli vinnarmålet. Håvard Nyheim viste også omgangen prov på hurtighet. I ein situasjon måtte Ronny Berg holde Nyheim igjen som sistemann. Her skulle Berg hatt rødt kort, men dommar Stian Aaland viste berre det gule kortet. Dermed kunne eid innkassere tre nye poeng, og er dermed eit poeng bak serieleiar TMFK 3. 

Kampfakta og bilder frå kampen.

TMFK 3 vann 10-1 i heimekampen mot Heia i kveld. Der med toppar dei tabellen med 14 poeng. Eid 2 har 13, medan Stadlandet har 10 og Haugen 8. Skal ikkje Haugen bli heilt avrista i kampen om opprykk er det berre seier som er godt nok i bortekampen mot Stadlandet fredag 25. juni klokka 19.00.  
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.


21.06 Eid-Sogndal II 1-1 (0-1)

Eid spelte i kveld 1-1 mot Sogndal 2 på Eid Stadion. Sogndal tok leiinga fem minutt før pause på eit skot frå banas beste spelar Geir Andre Bøyum. Kim Vik hadde to sjansar for Eid før kvilen der han burde laga mål, men Vik vart for avventande i avslutningane. I andre omgang hadde begge laga sjansar til å skåre, men det vart med det eine målet til Eid som berga eit poeng til heimelaget. Åtte minutt før slutt får Bjørn Totland  "pirka" ballen i lengste hjørnet bak ein sjanselaus keeper. 

Kampfakta og bilder frå kampen.


20.06 Endring av treningstid

NB! Det blir trening tysdag kl. 19.00. MERK TIDA!

Haugen spelar kamp borte mot Stadlandet fredag kl. 20.00. 
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.

Treningane i sommar blir kvar tysdag og fredag.


19.06 Svelgen-Bjørn  2-2 (1-2)

Det ble aldri den store fotballkampen på Svelgen Stadion da Svelgen tok imot Bjørn i 7.serierunde lørdag. Svelgen åpna best og hadde to store sjanser, men klarte ikke å sette disse i mål. I stedet var det toppscoreren i 5.divisjon, Alexander Sandvik, som etter 7 minutt satte inn sitt 12.seriemål etter en corner. Et kvarter senere la Bjørn Hauge på til 2-0 til bortelaget. Kampen var preget av mye lange baller fra begge lag, og det mange dueller og det ble skapt svært lite foran målene. Svelgens toppscorer Andre Hatleset gav hjemmelaget nytt håp da han reduserte til 1-2 i kampens 36.minutt.
I andre omgang hardnet taklingene til, og det ble skikkelig stillingskrig.
Frank Hatleset ble etter 10 minutt lagt ned innenfor 16-meteren og dommeren hadde ikke annet valg enn å peke på krittmerket. Straffen satte Terje Nybø i mål. Hver av lagene hadde hver sin store sjanse til å avgjøre kampen etter dette. Først Svelgen, der Andre Hatleset fra 7 meter satte ballen rett i keeper, og så et kanonskudd av en Bjørn-spiller som slo i tverliggeren og ned på streken. Sett kampen under et, så var dette et rettferdig resultat. Svelgen møter nå serieleder og Haugens
FA-cup-motstander Selje i Selje på onsdag.


18.06 Haugen til kvartfinale i Firda-cupen

Haugen vann i kveld 2-1 borte mot Selje i Firda-cupen. Rune Venøy sette inn straffa som Haugen fekk for å utlikne divisjonsforskjellen. Rett før pause auka Håvard Bruvoll Haugen si leiing til 2-0 på eit skot frå omlag 20 meter. I slutten av andre omgang pressa Selje kraftig på for å hente inn leiinga til Haugen, men det vart med trøystemålet til Runar Nøstdal eit minutt på overtid. Dermed er Haugen klar for kvartfinalen som blir spelt fyrste veka i august. Lag som er vidare til no er Førde, Jotun Årdalstangen, Eikefjord, Syril og Loen. I tillegg trur underteikna at Florø og Kaupanger går vidare. Det mest nærliggande er vel at Haugen får heimekamp mot Loen eller Eikefjord. Men kanskje blir det storfint besøk av Jotun Årdalstangen eller Førde. 
 
Kampfakta og bilder frå kampen.

I ein kamp i 6. divisjon spelte Heia og Stadlandet 2-2. 


18.06 Firda-cup borte mot Selje i kveld

Hagen stiller med følgjande lag på Selje Stadion i kveld kl. 19.00: 
 
Keeper: Geir Ove Åsebø
Forsvar: Stian Bjørlo, Gustav Orheim, Ove Balsnes, Jan Roger Solibakke
Midtbane: Håvard Bruvoll, Trond Kroken,  Øystein Haugland, Rune Venøy, Jim Andre Balsnes
Spiss: Hans Ottar Humborstad

Reservar: Vegard Løken, Torleiv Orheim, Øyvind Løkling, Kim Tore Gilleshammer, Jim Tore Humborstad, Runar Øien og Mikael Myklebust 

Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.  Har vore en del feil med gjesteboka i det siste, men dette skal no vere i orden.


17.06 Heia ute av Firda-cupen

Heia tapte i går kveld 12-1 borte mot Eikefjord i andre runde i Firda-cupen. Etter det raportane seier bomma Heia på begge handicap-straffene, og vart regelrett to hakk for små mot 4. divisjonslaget. 
Andre resultat:
Syril-Vadheim/Høyang II 6-2
Jotun Årdalstangen-Bjørn 10-2
Askvoll/Holmedal-Førde 1-3
Loen-Oppstryn 5-2

Trenarane har tatt ut denne troppen til firda-cup kampen borte mot Selje fredag 18. juni klokka 19.00. 

Geir Ove Åsebø, Vegard Løken, Mikael Myklebust, Gustav Orheim, Ove Balsnes, Jan Roger Solibakke, Øyvind Løkling, Håvard Bruvoll, Bjarne Haugland, Trond Kroken, Rune Venøy, Øystein Haugland, Jim Tore Humborstad, Kim Tore Gilleshammer, Jim Andre Balsnes, Torleiv Orheim, Runar Øien og Stian Bjørlo. 

Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.  Har vore en del feil med gjesteboka i det siste, men dette skal no vere i orden.


16.06 Dramatikk på Refvika

Tornado Måløy vann heile 11-1 mot Florø i kveld, etter å ha leia 5-1 til pause. Det mest dramatiske var då Florø sin trenar Olsen vart utvist etter å ha kjefta på dommaren etter at TMFK gjekk opp til 3-1. Resten av kampane i 3. divisjon blir spelt fyrstkommande fredag, med unntak av kampen Eid-Sogndal 2 som går måndag 21. juni. 


16.06 Bjarne og Arne leiar måljegeren

Bjarne Haugland og Stadlandetspelaren Arne Refsnes leiar måljegeren med kvar sine fem mål. Tett fulgt av Kai-Arne Otnheim med fire fulltreffarar. På tre mål finn vi blant andre Trond Kroken og Rune Venøy. 
Til no denne sesongen er det laga 78 mål på 16 kampar. Dette gjev eit snitt på 4,9 mål pr. kamp. I Haugen sine fem kampar har det blitt laga 29 mål, noko som gjev eit snitt på 5,8 mål pr. kamp. Av dei 29 har Haugen laga 17 mål, noko som gjev eit snitt på 3,4 mål pr. kamp. 

Sjå lista over måljegerane til no denne sesongen.


15.06 Haugen-Eid II 2-7 (2-3)

Eit godt besatt Eidlag vann i kveld 7-2 mot Haugen på Stårheim Stadion. Den fyrste timen var Haugen heilt på høgde med Eid, og i perioder bedre enn Eid. Den siste halvtimen av kampen var det berre eit lag på bana, men at Eid vann med fem mål var vel i meste laget. 

Kampfakta og bilder frå kampen.

I den andre kampen i Haugen si avdeling vann TMFK sitt tredjelag 3-0 borte mot Skavøypoll sine nest beste.


15.06 KAMPEN I DAG GÅR PÅ STÅRHEIM

På grunn av dårlege baneforhold på Klenkarberget går dagens lokalderby mot Eid 2 på Stårheim Stadion. Kampstart er som oppsett kl. 19.00.

Haugen stiller truleg med dette laget: 
Keeper: Vegard Løken
Forsvar: Torleiv Orheim, Gustav Orheim, Ove Balsnes, Jan Roger Solibakke
Midtbane: Håvard Bruvoll, Trond Kroken,  Øystein Haugland 
Angrep: Bjarne Haugland Rune Venøy, Jim Tore Humborstad

Reservar: Bjørnar Øien, Thomas Dalsbø, Kim Fagerstrand, Hans Petter Gilleshammer og Stian Aaland. 


14.06 Småguttelaget tapte mot Eid 4-3

Småguttelaget spelte i kveld kamp i mot Eid på plassen. Etter at Eid leia 2-0 kom Haugen sterkt tilbake og gjekk opp i 3-2 leiing. På slutten av kampen utlikna Eid til 3-3, og på overtid fekk Eid straffe. Straffa sette Eid sikkert i mål og jubelen var stor når dommar Frode Nord bles av kampen rett etterpå. Best på Haugen var Thomas Starheim som drilla rundt med svimle eidarar fleire gongar.  

NB!  Det er noko feil med gjesteboka, så alle resultattips på kampen Haugen-Eid 2 må sendast på e-post.

Er det nokon som har sendt inn tips tidlegare må dei sende dei inn på nytt. Berre tips som blir sendt på e-post blir telljande. 


13.06 Troppen mot Eid 2
Trenarane har tatt ut denne troppen til heimekampen mot Eid 2.

Vegard Løken, Torleiv Orheim, Gustav Orheim, Ove Balsnes, Jan Roger Solibakke, Håvard Bruvoll, Bjarne Haugland, Trond Kroken, Rune Venøy, Øystein Haugland, Jim Tore Humborstad, Hans Petter Gilleshammer, Bjørnar Øien, Thomas Dalsbø, Stian Aaland og Kim Fageratrand. 

Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.

I ein kamp i 6. divisjon vann i dag Stadlandet 4-2 heime mot Skavøypoll 2. Dermed toppar Stadlandet tabellen eit poeng føreHaugen og TMFK 3.


11.06 Målkalas på Skavøypoll Stadion i kveld

Skavøypoll vann i kveld 7-0 mot Eid på kunstraset i polljen. Spenninga før kampen var om Eid skulle greie å fortsette det gode spelet som dei leverte sist fredag mot TMFK. Men det gjekk ikkje lenge før ein såg at dette gjekk rett vest. Etter sju minutt får banas beste spelar Ole Kristian Nygård gå uhindra frå midtbana. Når han kjem inn på 20 meter hald klinkar han til og ballen går som ein prosjektil i lengste hjørnet, bak ein sjanselaus Sindre Rise. Skavøypoll laga nye tre mål før kvilen og stillinga var 4-0 som alt i alt var eit ok resultat etter spel og sjansar. I andre omgang var Eid bedre med dei fyrste 20 minutta av omgangen, men det lukkast ikkje gultrøyene å få ballen i mål. Etter dette såg det ut som Skavøypoll skjerpa seg igjen og det vart klasseforskjell på laga igjen. Med tre mål siste kvarteret kunne Skavøypoll innkassere ein fin 7-0 siger. 

Kampfakta og bilder frå kampen.

Øvrige resultat 3. divisjon:
Dale-Førde 0-6
Florø-Høyang 0-0

Saga-Fjøra 2-4
Stryn-TMFK 3-1
Sogndal 2-Sandane spelar måndag 14. juni. 


10.06 Seier til guttelaget i svært spennande kamp

Det blei ein thriller av ein fotballkamp på Innvik Stadion mellom guttelaga til Vikane og Haugen. Vikane gjekk rett i føringa med ei frisparklompe fra 40 meter som gjekk rett gjennom feltet og i mål. Stig Tore Gilleshammer dundra inn utlikninga frå kort hald 10 minutt etter, rett før Vikane gjekk opp til 2-1. Etterpå får Olav Espe ballen i feltet og finn ut at han like godt kan lobbe over keeper frå 10 meter. 2-2. Så fekk Kenneth Aaland ballen i 16 – meteren etter ca ein halvtime og sette ballen bak Vikane keeperen. Haugen var i føringa for første gong i kampen. Rett før pause får ein Vikane spelar springe frå Haugen forsvaret frå sin soleklare offsideposisjon og utlikne til 3-3.

Etter kvilen hevar Haugen seg endå eit hakk og etter eit frispark frå kampens store spelar Jan Martin Smørdal får Thomas Starheim tak i returen frå keeper og set ballen i ope mål. Vikane får eit billeg straffespark og utliknar etter 20 min av 2. omgang. Men Haugen gir seg ikkje og Kenneth Aaland scorar sitt andre med eit vakkert langskudd frå 20 meter. Haugen klarer å holde unna til tross for mannefall og at Vikane sende samtlege mann i angrep. Arvid Haugland si heading 3 minutt på overtid blir redda av keeper og kampen endar 5 – 4 til Haugen.

 

Laget: Alexander Pavelich, Tor Anfinn Lillestøl, Øyvind Haraldsen, Christopher Pavelich, Raymond Piel, Jo Inge Skålbones, Stig Tore Gilleshammer, Jan Martin Smørdal, Fredrik Sundal, Kenneth Aaland, Olav Andreas Espe.

Innbyttarar: Asbjørn Eldevik, Arvid Haugland, Stian Andre Høynes, Thomas Starheim, Alf Kåre Dalsbø.   

 

10.06 Årets måljeger i 6. divisjon 4
Bjarne og Trond ligg heilt i teten i årets måljeger i vår avdeling. Bjarne har til no denne sesongen putta 5 mål, medan Trond har pirka inn tre. 

Sjå lista over måljegerane til no denne sesongen.

Når det gjeld tabellkonkurransen er det like før dei forskjellige sine tips blir lagt ut. Følg med!

09.06 Bortekamp mot Selje i Firda-cupen
Haugen møter Selje på bortebane i Firda-cupens andre runde. Selje vann fyrste runde 3-2 mot Stadlandet, etter å ha laga sigersmålet heilt i slutten av kampen. Ettersom Haugen spelte uavgjort mot Flatraket/Selje 2 skal det vel godt gjerast å vinne mot fyrstelaget til Selje, men som nokon har sagt før "cup er cup". Kampen er terminfesta til fredag 18. juni. 

Av andre "godbitar" kan vi nemne Eikefjord-Heia, Loen-Oppstryn og Askv./Holmedal-Førde.

Sjå heile oppsettet her.

09.06 Svelgen ute av Firda-cupen
Har fått fylgjande referat frå Svelgenkorrespondent Terje Nybø.

Svelgen - Florø 4 - 6  (4 - 4)  1 - 0 etter divisjonsstraffer
Svelgen tok imot 3.divisjonslaget Florø i første runde i Firda-cupen
tirsdag kveld. Svelgen bommet på den første divisjonsstraffa, mens Terje Nybø satte den andre. Med utgangspunkt 1-0 blåste dommar Robert Endestad (Tempo) i gang kampen, og det ble en forrykende åpning. Etter 3 minutt ble Frank Hatleset lagt ned i straffefeltet og Nybø doblet ledelsen fra krittmerket. 3 minutter senere reduserte Florø til 2-1 på en corner. Det skulle ikke ta mer enn et minutt til før Frank Hatleset ble spilt fri og satte ballen sikkert i mål alene med keeper. To minutt etter dette var det broder Trond som la på til 4-1 alene med keeper. Da viste uret 9 minutt. Svelgen fortsatte å kjøre over Florø også de neste 10 minuttene, men fra det 20. til det 30. minutt scorte Florø 3 mål og brakte balanse i regnskapet. I resten av omgangen hadde Svelgen et godt grep om kampen, anført av en meget hardtarbeidende Torbjørn Didriksen. I 30 minutter av andre omgang var Svelgen det førende laget. Det ble skapt mye foran Florø-målet, men avslutningene var ikke gode nok. Mot slutten begynte luften å gå ut av hjemmelaget og Florø tok etterhvert over. Florø tok ledelsen 5-4 etter 78 minutt da hjemmelagets keeper slo ballen i eget mål på et Florø-innkast. To minutter før slutt satte Florø spikeren i kista etter at de fikk tildelt dagens andre billige straffe. Dermed var cup-eventyret for Svelgen over før det kom skikkelig i gang.

08.06 Berre uavgjort mot Flatraket/Selje 2
Haugen var rett og slett for puslete i kveld på Naustteigen Stadion på Flatraket. Etter å ha teke leiing etter 11 minutt trudde alle at dette skulle bli ein lett siger. Flatraket/Selje 2 har ikkje tatt poeng til no denne sesongen, og i fjor blei det ikkje eit einaste poeng heller. Haugen hadde nokre sjansar i fyrste omgang utan at dette resulterte i skåringar. Flatraket/Selje var farlege når dei spelte i bakrom på hurtigtoget Ken Olav Kupen. Lenge såg det ut til at Haugen skulle få med seg alle tre poenga, men tre minutt før slutt utliknar Øystein Kongsvik, etter ei fin pasning frå Torgeir Fure. 

Kampfakta og bilder frå kampen.

Ingen tippa rett sluttresultat i denne kampen. 

Eid 2 vann i kveld 3-0 mot Heia etter at stillinga til pause var 0-0. Måla til Eid vart sett inn av Jim Rune Skrede på straffe, Steffen Sture Olsen og Jon Håkon Midthjell. 

Neste kamp for Haugen er heime mot Eid 2 tysdag 15 juni.  

Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.


08.06 Laget mot Flatraket/Selje 2
Haugen stiller truleg med dette laget i bortekampen mot Flatraket/Selje 2. 

Keeper: Vegard Løken
Forsvar: Hans Petter Gilleshammer, Gustav Orheim, Ove Balsnes, Jan Roger Solibakke
Midtbane: Håvard Bruvoll, Trond Kroken, Rune Venøy, Øystein Haugland, Jim Tore Humborstad
Spiss: Bjarne Haugland 

Reservar: Kim Tore Gilleshammer, Bjørnar Øien, Thomas Dalsbø, Øyvind Løkling og Kim Fagerstrand. 

Mikael Myklebust har blitt sjuk og spelar derfor ikkje kampen. 

Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.

Stadlandet sin heimekamp mot Skavøypoll 2 som skulle blitt spelt søndag 6. juni er utsett til seinare. 

I dag er det lokaloppgjer når Eid sine nest beste møter Heia på Eid Stadion. Eid 2 er vel store favorittar i kampen, men ein veit aldri med Heia. Heia har til no denne sesongen ikkje makta å lage mål i seriekampane, og står med 0-7 i målskilnad.

06.06 Troppen mot Flatraket/Selje 2
Trenarane har tatt ut denne troppen til bortekampen mot Flatraket/Selje 2 tysdag 8. juni klokka 20.00. 

Vegard Løken, Mikael Myklebust, Gustav Orheim, Ove Balsnes, Jan Roger Solibakke, Øyvind Løkling, Håvard Bruvoll, Bjarne Haugland, Trond Kroken, Rune Venøy, Øystein Haugland, Jim Tore Humborstad, Kim Tore Gilleshammer, Hans Petter Gilleshammer, Bjørnar Øien, Thomas Dalsbø og Kim Fageratrand. 

Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. 
Tipset legg du inn i gjesteboka.

06.06 Siger for guttelaget mot Bremanger
Haugen sitt guttelag vann fredag 4-1 mot Bremanger, etter å ha leia 1-0 til pause. Måla til Haugen vart sett inn av Kjetil Remme, Thomas Starheim, Øyvind Haraldsen og Olav Andreas Espe.  

04.06 Eid-TMFK 6-3 (2-2)
Eid sto i dag for den største oddsbomba til no denne sesongen. Alle forventa at eit Eidlag utan blant andre Kristoffer Årskog, Øystein Nes og Eivind Heggen skulle få det veldig tøft mot TMFK på Eid Stadion i kveld. Dei mest optimistiske snakka om at Eid kunne greie eit poeng viss dei hadde flaks. Men Eid overraska alle på stadion, inkludert TMFK som i andre omgang virka veldig tannlause. Sindre Riise fikk fornya tillit i mål og storspelte, med unntak eit par utrusingar i reine Bartez stil. På midtbana var Stein Inge Åbrekk heilt konge. På slutten vart han flytta ned på venstre back. Åbrekk løyste også dette på ein framifrå måte. Det blir kanskje feil å trekke fram enkeltspelarar etter ein slik kamp. Heile laget gjorde ein kjempejobb mot eit av dei antatte topplaga i årets tredjedivisjon. Held Eid fram med slikt spel og innsats kan det vere håp om at det blir spel i tredje divisjon også neste sesong for Eid.

Kampfakta og bilder frå kampen.

Øvrige resultat:
Skavøypoll-Stryn 0-4
Dale-Florø 0-0
Førde-Høyang 3-1
Sandane-Fjøra 1-4
Sogndal 2-Saga er terminfesta til 7. juni. 

Haugen sin bortekamp mot Flatraket/Selje går på Naustteigen Stadion tysdag 8. juni kl. 20.00. 

Søndag er det minuputturnering på Klenkarberget. Unge talent frå 6 til 10 skal få utfolde seg på den beste grasbana i kommuna, og her vert det garantert mykje underhaldande og god fotball.

A-laget trenar søndag kl. 19.30. 

03.06 Heia-Bremanger 3-1 (2-1)
Også Heia er vidare til andre runde i Firda-cupen. Heia vann 3-1 mot fjerdedivisjonslaget Bremanger på grusbana ved Idrettshuset. Kampen starta med at Bjørn Joar Svarstad og Mohammed Barla sette inn dei to handicapstraffene til Heia. Med 2-0 såg det ut som Heia la seg langt bak på bana, og satsa på å ri på denne leiinga resten av kampen. Bremanger pressa til tider hardt på i fyrste omgang, men det vart med reduseringa til 2-1 som vart sett inn av Ole Morten Kjærstad etter 35 minutt. 
Andre omgang var mykje meir jevnspelt, og begge lag hadde gode sjansar til å skåre. Omlag ti minutt før slutt ville alle frå Bremanger ha straffe, men Stian Aaland vinka spelet vidare. Fem minutt før slutt krangla Tom Roger Hjelle seg gjennom og sette den berømte spikaren i kista. Med resultatet 3-1 går dermed Heia til neste runde av Firda-cupen. 
Kanskje det er duka for Haugen-Heia??

Av andre resultat frå Firda-cupen kan vi nemne at Dale måtte bite i graset med 1-2 mot Vadheim/Høyang 2.

Sjå heile oppsettet med resultat her.

02.06 Haugen til 2. runde i Firda-cupen
Haugen vann i kveld overbevisande 2-1 mot Tempo/Florø 2 på Klenkarberget. Trenarane hadde bestemt seg for at dei som ikkje har fått så mykje speletid til no i sesongen, skulle få prøve seg i denne kampen. Dette medførte at spelarar som Bjarne Haugland, Rune Venøy, Gustav Orheim, Torleiv Orheim, Roger Nygård og Geir Ove Åsebø ikkje var med denne kampen. 
Haugen starta kampen med ei handicapstraffe som Ove Balsnes ikkje makta å sette i nettet. Dermed var laga like langt og kampen kunne blåsast i gang. Kampen starta med eit kjempepress av Tempo/Florø 2, og det såg ut som dette skulle bli rein overkøyring. 5 minutt ut i kampen fekk Jørgen Nygård stå heilt umarkert på tre meter hald, og laga enkelt 0-1. Etter dette kom Haugen meir med i kampen, og etter omlag halvtimen kom dagens finaste angrep. Thomas Dalsbø vart spelt fint fri på høgresida. Thomas kom seg til linja, og innlegget stupheada Trond Kroken i lengste hjørnet. I andre omgang virka det som Tempo/Florø 2 hadde sprunge frå seg. Kvarteret ut i omgangen kom vinnarmålet til Haugen. Øystein Haugland som nettopp hadde blitt bytta inn drog seg elegant fri på venstresida. Det presise innlegget sette Thomas Dalsbø heilt oppe i næraste krysset og Haugen leia 2-1. Ettre dette hadde Haugen tre -fire store sjansar til å punktere kampen. Stian Aaland hadde dei to største, men ballen ville ikkje inn bak ein god Tempo/Florø keeper. 

Kampfakta og bilder frå kampen.

Sjå heile oppsettet med resultat her.


Jim Tore Humborstad tippa rett sluttresultat av kampen, og får overlevert eit Haugenkrus på neste trening. Jim Tore spelte ein meget god fyrsteomgang i dag, og kanskje startar han neste seriekamp. 

Haugen spelar bortekamp mot Flatraket/Selje 2 tysdag 8. juni. 
Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. 
Tipset legg du inn i gjesteboka


02.06 Firda-cupen 1. runde
Både Høyang og Fjøra er ute av årets Firda-cup. Fjøra tapte 4-2 mot Bjørn, medan Høyang tapte 3-2 mot Gaular. 

Andre resultat:
Veten/Hardbagg-Loen 1-7
Jølster 2-Førde 4-5

02.06 Dei utvalgte mot Tempo/Florø2
Haugen stiller i dag dette laget mot Tempo/Florø 2 i Firdacupen. Kampen går på Klenkarberget kl. 19.00. 

Keeper:  Vegard Løken
Forsvar: Runar Øien, Ove Balsnes, Jan Roger Solibakke, Matias Lien 
Midtbane: KimTore Gilleshammer, Håvard Bruvoll, Trond Kroken, Jim Tore Gilleshammer
Angrep:
Thomas Dalsbø, Bjørnar Øien

Reservar: Geir Ove Åsebø, Dag Aril Starheim, Stian Aaland, Øyvind Løkling, Hans Petter Gilleshammer, Kim Fagerstrand, Øystein Haugland, Mikale Myklebust

Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. 
Tipset legg du inn i gjesteboka

01.06 Eid 2 vann enkelt mot Skavøypoll 2
Eid vann i kveld enkelt 4-0 mot Skavøypoll 2 på bortebane. Haugen Fotball sin utskremde reportar Stian Aaland kunne melde at Eid sine nest beste var overlegne i denne kampen. Stillinga til pause var 2-0. Måla til Eid vart sett inn av Anders Midthjell, Kristian Eikås, Bjørn Totland og Jim Rune Skrede. 

31.05 TMFK 3 overtok tabbeltoppen
TMFK 3 vann søndag 3-2 mot Stadlandet på Måløy Stadion. Dermed overtek TMFK tabelltoppen eit poeng før Haugen. Stadlandet ligg enda eit poeng bak Haugen på tredjeplass. 

Flatraket/Selje 2 har problem med å stille lag mot Heia tysdag 1. juni. Konsekvensen av dette er at kampen blir mest truleg utsatt til seinare. 

Ingen har til no tippa resultatet av kampen mot Tempo/Florø 2 på Klenkarberget onsdag 2. juni kl. 19.00.
Ver med å tipp sluttresultatet på Firdacupkampen, og vinn Haugen krus. Husk at Haugen startar med ei handicapstraffe. 
Tipset legg du inn i gjesteboka

29.05 Årets måljeger
Bjarne Haugland leiar framleis måljegeren med sine 5 nettkjenningar. På plassane bak kjem Morten Lyng, Sindre Otnheim og Arne Refsnes med tre skåringar kvar. Lyng spelar for TMFK, medan Otnheim og Refsnes spelar for Stadlandet.

Det er laga 46 mål på dei 9 kampane som er spelt i årets 6. divisjon avdeling 4. Dette gjev eit snitt på 5,1 mål pr. kamp. 

Sjå lista over måljegerane til no denne sesongen.

28.05 Dagens runde i 3. divisjon
Eid spelte i kveld heimekamp mot Førde på Eid Stadion. Utan Bjørn Totland og Kristoffer Årskog som var ute med skade, trudde dei fleste at her måtte ein plukke fram kulerama. Etter tretten minutt låg fyrste ballen i nettet bak ein skada Aksel Myklebust. Aksel fekk seg ein kraftig smell i ein duell like før, og headinga frå Benny Rivedal var han sjanselaus på. Då var det duka for reservekepper Sindre Rise. Etter ei litt famlande åpning spelte Sindre seg stort opp, og redda mellom anna ei straffe i andre omgang. Det såg ikkje lysare ut for Eid då Arnt Ivar Naustdal måtte gå ut med skade rett etter at Aksel hadde gått ut. Men Eid heva seg og var i store delar av kampen på høgde med Førde. Snaue ti minutt før pause fekk Endre Navarsete gå rett igjenn om forsvaret til Eid, og sette ballen lett forbi Sindre Rise. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 2-0 til Førde. I andre omgang blei det med den eine skåringa til Benny Rivedal kvarteret før slutt. 3-0 til Førde var vel eit helt greit resultat av kampen utfrå spel og sjansar. 
Kampfakta og bilder frå kampen.

Øvrige resultat:
Florø-Stryn 2-4
Høyang-Sandane 2-1
Saga-Dale 1-1
TMFK-Sogndal II 3-3
Fjøra-Skavøypoll er terminfesta til 29. mai kl. 14.00. 

27.05 Guttelaget til Eid vann 4-3 mot Haugen
Guttelaget til Haugen skulle i kveld spele bortekamp mot Eid. Men ettersom Eid sitt guttelag blei nekta å spele på Eid Stadion, så vart kampen flytta til Klenkarberget. Det var ein underhaldande kamp dei omlag 60 frammøte fekk sjå i kveldssola. Allereie etter 1 minutt sette Steffen Midthjell inn 1-0 til heimelaget Eid. Steffen skrudde eit frispark over muren og rett i nettet. 8 minutt ut i kampen utlikna Haugen etter at Stig Tore Gilleshammer hadde sprunge frå Eidaforsvaret. Christian Holmøy la på til 2-0 etter kvarteret på ein corner. 5 minutt før kvilen var fotrappe Bengt Leite frampå og auka Eid si leiing til 3-1.

Etter pause var Haugen heilt klart meir med i kampen. Før ti minutt av andre omgang var spelt var Eid si leiing utlikna. Fyrst etter eit sjølvmål, og deretter var Stig Tore Gilleshammer frampå med si andre skåring for dagen. Dermed var stillinga 3-3. Fem minutt etter sto Fredrik Eikås for dagens prestasjon. Frå fem meter hæla han ballen i mål og Eid leia 4-3. Dette skulle vise seg også å bli vinnarmålet, og det var ein glad gjeng frå Eid som tok turen heim. 

27.05 7 poeng på 6 dager for Svelgen
Har fått følgjande kampreferat frå Terje Nybø: 

Svelgen - Tempo/Florø 2  4-0 (1-0)
Svelgen tok i mot Haugens firda-cup motstander, Tempo/Florø 2, i seriekamp onsdag kveld. Det første kvarteret var preget av mange dueller på midtbanen. Svelgen klarte litt etter litt å rive til seg et overtak, og fikk tildelt straffe etter 33 minutt. Svelgen faste og sikre straffetaker,
Kjell Åge Bueie, gjorde nok en gang jobben fra krittmerket. Til tross for
sterk motvind klarte hjemmelaget å holde initiativet ut omgangen.
Med sterk medvind i andre omgang tok Svelgen fullstendig over kommandoen. Det tok bare 6 minutt før Andre Hatleset headet ballen i mål på en corner, og 3 minutt senere kunne Kjell Åge Bueie sette inn dagens andre mål med foten etter en ny corner. Svelgen fortsatte å trykke på fremover og hadde flere skudd på mål. Men det ble ikke uttelling før Arne Rebni 2 minutt før slutt fastsatte resultatet til 4-0 etter å headet ballen i mål på et innlegg fra høyrekanten. F/T 2 var helt tannløse i andre omgang med unntak av en mulighet 5 minutt før slutt da de kom alene med keeper. 
Dette var Svelgens tredje kamp på 6 dager, noe som har gitt 2 seiere og 1 uavgjort. Etter en svak åpning på sesongen ser laget endelig ut til å ha satt seg. 
Haugens Firda-cup motstander Tempo/Florø 2 bør slett ikke være noen
uoverkommelig oppgave for Haugen på Klenkarberget kommende uke.

25.05 Haugen-Heia 3-0 
Haugen vann i kveld 3-0 mot erkefienden Heia. Fyrste omgang var sjanserik med mange sjansar til begge laga, men ingen makta å sette ballen i nota. Størst var sjansen til Øystein Haugland som på blankt mål strompla ballen utanfor. I starten av andre omgang tilreiv Haugen seg eit spelemessig overtak. Etter omlag ti munutt gjekk Haugen opp i 1-0 leiing etter at Bjarne Haugland fekk stå heilt åleine i feltet. Ein utspelt Trond Roger Nydal i Heiamålet kunne berre sjå etter ballen som enda i buret. 5 minutt etter kom Rune Venøy seg fri på kanten. Innlegget går i ein bue over keeper og rett i mål. Ein kjempesleiv av midtbanespelaren gjev Haugen 2-0. Etter dette kom Heia mykje bedre med i kampen igjen. Vegard Løken som kom inn for Geir Ove Åsebø i andre omgang, var både god og heldig som greidde å halde nullen. Nærast skåring var Mohammed Barla som heada knallhardt i tverrliggaren omlag kvarteret før slutt. I staden for skåring til Heia gjekk Haugen opp til 3-0 etter skåring av banas klart beste spelar Håvard Bruvoll. Etter litt klabb og babb i feltet sentra Thomas Dalsbø til Håvard som berre kunne breiside ballen i mål. 
Neste kamp for Haugen blir i Firdacupen onsdag 2. juni kl. 19.00. på Klenkarberget. Motstandar er 5. divisjonslaget Tempo/Florø 2, og Haugen startar kampen med ei handicapstraffe. 
Neste seriekamp er tysdag 8. juni mot Flatraket/Selje 2 på Naustteigen Stadion. 

Kampfakta og bilder frå kampen.

25.05 Haugen-Heia, Klenkarberget kl. 19.00
Haugen stiller i dag med følgjande lag:

Keeper:  Geir Ove Åsebø 
Forsvar: Mikael Myklebust, Torleiv Orheim, Gustav Orheim, Ove Balsnes, 
Midtbane: Håvard Bruvoll, Trond Kroken, Rune Venøy
Angrep:
Bjarne Haugland,  Øystein Haugland, Roger Nygård 

Reservar: Vegard Løken, Runar Øien, Jim Tore Humborstad, Kim Tore Gilleshammer, Hans Petter Gilleshammer, Bjørnar Øien, Thomas Dalsbø

Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. 
Tipset legg du inn i gjesteboka

24.05 Kampen mot Heia går på Klenkarberget!
Heimkampen mot Heia i morgon tysdag 25. mai går på Klenkarberget kl. 19.00. 

Få har tippa resultatet i denne kampen, så berre send inn eit tips 
Tipset legg du inn i gjesteboka. Den fyrste som tippar rett sluttresultat stikk av med eit Haugenkrus. 

23.05 Kursendring for Svelgen
Har fått følgjande kampreferat frå Terje Nybø: 

Svelgen-Vik  6-1 (4-1)
Det var et skikkelig tent Svelgen-lag som entret bana søndag ettermiddag til kampen mot Vik. Det tok ikke mer enn 12 minutter før kampen i realiteten var avgjort etter at hjemmelaget gikk offensivt ut og skaffet seg en 4-0-ledelse. Målene ble signert Torbjørn Didriksen (51 sekunder), Lars Kristiansen (5 min), Andre Hatleset (9 min) og Andre Gjerde (12 min). Etter dette falt aggresiviteten til hjemmelaget noe og Vik kom mer med i spillet. Svelgen hadde likevel full kontroll gjennom hele omgangen, men Vik klarte etter 32 minutt å skaffe seg et trøstemål etter en kontring. Svelgen klarte også gjennom hele andre omgang å holde trykket oppe og skapte med jevne mellomrom store målsjanser. Andre Gjerde kjempet inn sitt andre mål for dagen etter 54 minutt og Torgeir Vårdal kunne fastsette sluttresultatet til 6-1 ni minutt før slutt. Det var et meget hardtkjempende Svelgen som aldri ga Vik noen mulighet til å ta poeng. Bortelaget hadde heller ingen store sjanser de siste 45 minuttene. 
Dagens viktige seier betyr at Svelgen igjen har heng på lagene som kjemper om den siste opprykksplassen. Allerede onsdag kommer Haugens firda-cup-motstander Tempo/Florø 2 til Svelgen for å spille neste seriekamp. Toppscorer i 5.divisjon er Andre Hatleset, Svelgen og Endre Lødemel, Hornindal med 8 mål hver.

Resultat i dag:
4. divisjon:
Askvoll/Holmedal-Stryn II 4-4
Bremanger-Syril 1-1
TMFK II-Loen 3-3 

5. divisjon:
Førde II-Bjørn 3-1
Svelgen-Vik 6-1

2. divisjon kvinner:
Eid-FK Sykkylven 0-4
Volda/Ørsta-Træff 0-2

22.05 Eid fekk så hatten passa mot Sandane
Eid kollapa totalt i andre omgang mot Sandane og tapte til slutt 7-1. I fyrste omgang var Eid på høgde med Sandane, og det var ingen som kunne sagt noko om gultrøyene hadde leia til pause. Sandane tok leiinga etter omlag ti minutt spel. Rune Ommedal får stå upressa på omlag 25 meter. Sandane sin kaptein er ikkje sein å be, og klinkar ballen i lengste hjørnet. Drøye halvtimen ut i kampen spelar Kristoffer Årskog glimrande gjennom til Øystein Nes. Åleine med keeper skårar Øystein sikkert. Etter utlikninga er Eid farleg frampå fleire gongar, men ballen vil ikkje i mål. I staden går Sandane opp til 2-1 rett før pause. På eit frispark frå midtbana, får Roger Kandal stå umarkert på bakerste stolpe, og kan uhindra heada ballen bak Aksel Myklebust i Eidmålet. I starten av andre omgang er Eid farleg frampå ved fleire høve, men kjem ikkje nærmare enn frisparket til Kristoffer Årskog som går i krysset. 10 minutt ut i andre omgang utnyttar Ole Andre Aa ein kjempetabbe i Eidforsvaret. Åleine med Aksel Myklebust nettar han sikkert. Etter dette går Eid heilt i oppløysing. Måla berre renn inn, og Alexander Egge set inn det siste målet to minutt på overtid.    

Kampfakta og bilder frå kampen.

Andre resultat:
Stryn-Saga 12-0
Fjøra-Dale 3-3
Førde-TMFK 0-2
Skavøypoll-Florø 4-0

22.05 Haugen møter Tempo/Florø 2 i Firda-cupen
Fyrste runde av Firda-cupen er sett opp og Haugen møter 5. divisjonslaget Tempo/Florø 2 på heimebane. Kampen er terminfesta til torsdag 3. juni kl. 19.00. 
Av andre kampar kan vi nemne:
Heia-Bremanger 
Svelgen-Florø
Stadlandet-Selje
Veten/Hardbagg-Loen
Oppstryn-TMFK

Sjå heile oppsettet her

22.05 Nesten full runde i 3. divisjon i dag
I dag kl. 16.00 blir 6. runde i årets 3. divisjon blåst i gang. 
Eid spelar botnkamp mot Sandane på Idrettsplassen på Sandane. Blir det ikkje tre poeng i dag ser det veldig mørkt ut for Eid. Eid sine nettsider kan melde om at Bjørn Totland er ute med skade, og at reservekeeper Ørjan Solheim er blitt sjuk. Sindre Riise er dermed komt inn som reservekeeper. Bilder og referat frå kampen Sandane-Ëid blir lagt ut i kveld. 

Kampane i 6. runde:
Førde-TMFK
Skavøypoll-Florø
Fjøra-Dale
Sandane-Eid
Stryn-Saga

24. mai kl. 18.00: Høyang-Sogndal 2 

22.05 Uavgjort for Svelgen i målkalas
Har fått følgjande kampreferat frå Terje Nybø: 

Vadheim/Høyang 2-Svelgen 5-5 (3-2)
Vadheim/Høyang 2 gikk hardt ut og hadde et godt grep om kampen de første 30 minuttene og ledet 3-0 etter 24 minutt. Det var ingenting som tydet på noe annet enn en klar hjemmeseier, men bortelaget brettet opp ermene og kjørte fullstendig over V/H 2 de siste 15 minuttene. Andre Hatleset var to ganger frempå i løpet av 2 minutt, og reduserte til 3-2. Dette gav bortelaget et mer overkommelig utgangspunkt for andre omgang. Etter 50 minutt var Hatleset igjen frempå, 3-3. V/H2 hadde ikke mange besøk innenfor 16-meteren i andre omgang, men etter 69 minutt tok hjemmelaget igjen ledelsen da Morten Eriksen alene med keeper satte inn sitt 3.mål for dagen. Banens beste Andre Hatleset hadde ikke til hensikt å gi seg før Svelgen var i ledelsen og la på til 4-4 og 4-5 etter 75. og 81.minutt. Scoringsshow a la Hatleset var da komplett. Men 5 minutt før slutt fikk V/H2 utlignet til 5-5 på et frispark som ble headet i mål av Håvard Fimrete. 
Det var to dyktig slitne lag som måtte konstatere at kampen endte
uavgjort, noe ingen av lagene var fornøyd med.
Før seriestart tok Svelgen mål av seg til å kjempe i toppen av 5.divisjon. Med fredagens skuffende uavgjort-kamp må Svelgen foreløpig innfinne seg med å være en middelfarer. Spillemessig var dette likevel mye bedre enn forrige kamp. Søndag tar Svelgen imot Vik. Alt annet enn seier da er katastrofe.

21.05 Troppen mot Heia
Trenarane har tatt ut denne troppen til heimekampen mot Heia tysdag 25. mai klokka 19.00. 
NB! Kampen blir nesten heilt sikkert spelt på Stårheim Stadion

Keeper: Vegard Løken, Geir Ove Åsebø 
Forsvar: Mikael Myklebust, Torleiv Orheim, Gustav Orheim, Ove Balsnes, Runar Øien
Midtbane/Angrep: Håvard Bruvoll, Bjarne Haugland, Trond Kroken, Rune Venøy, Øystein Haugland, Roger Nygård, Jim Tore Humborstad, Kim Tore Gilleshammer, Hans Petter Gilleshammer, Bjørnar Øien, Thomas Dalsbø

Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. 
Tipset legg du inn i gjesteboka

20.05 Eid-Høyang 1-3 (0-0)
Eid tapte i ettermiddag 1-3 mot Høyang på ei veldig våt grasbane på Eid Stadion. Fyrste omgang var noko av det mest kjedelige underteikna har sett, så den set vi berre ein strek over. Andre omgang var ikkje meir enn eit minutt gammal då Thomas Frichsen førte Sognelaget opp i føringa 1-0. Snaue kvarteret ut i omgangen vart Kristoffer Årskog felt av keeper, og dommaren peika på straffemerket. Henning Haugen sette straffa sikkert i nettet, og laga var like langt. Berre tre minutt etter var Høyang nok ein gong i leiinga. Thomas Frichsen laga sitt andre mål for dagen, og kunne med litt meir dyktighet laga endå fleire seinare i kampen.
På slutten av kampen ofra Eid alt framover, og dette resulterte, som det ofte gjer, i mål andre vegen. Morten Eriksen fekk stå uhindra på 16 meteren, og styrte ballen i lengste hjørnet for Aksel Myklebust i Eidmålet. 

Kampfakta og bilder frå kampen.

20.05 Stryn fortsatt på toppen

Dagens resultat i 3. divisjon
Eid-Høyang 1-3
Dale-Stryn 2-4
Saga-Skavøypoll 0-7
TMFK-Sandane 5-1

Damelaget til Eid fekk med seg berre eit poeng frå bortekampen mot Hødd/Bergsøy. 1-1 sto det i protokollen etter 90 minutt.


20.05 Førde på vei mot formen

Førde vann i går kveld 5-1 mot Fjøra på Førde Stadion. Etter å ha tapt mot Stryn og Saga i dei to fyrste kampane, har Førde no vunne tre kampar på rad. 7-2 mot Sandane, 3-0 mot Florø og 5-1 mot Fjøra. 

I dag går desse kampane i 3. divisjon 

Eid-Høyang
Dale-Stryn
Saga-Skavøypoll
TMFK-Sandane

Alle er oppsett med kampstart kl. 16.00


Damelaget til Eid spelar i dag borte mot Hødd/Bersøy. Heimekampen 25. april vann Eid lett 3-1, etter å ha rundspelt Hødd/Bergsøy i samtlige 90 minutt.  


16.05 Målrikt på Stryn Stadion
Stryn vann i kveld 8-1 mot Eid på Stryn Stadion. Eid var lenge med i kampen og spesielt Kristoffer Årskog var farleg frampå tidleg i kampen. Men Eid laga ikkje mål på sjansane sine, medan Stryn putta på sine tre fyrste. Etter drøye halvtimen vart Eivind Heggen utvist etter å ha holdt igjen Asbjørn Tenden som sistemann. På det påfølgjande frisparket auka Stryn til 4-0, og kampen var i realiteten over. I andre omgang bytta Stryn ein del spelarar, men var tross det endå meir overlegne enn det dei var i fyrste omgang. Stryn laga nye fire mål etter kvilen, og Eid fekk eit trøystemål laga av Kristoffer Årskog. 

Kampfakta og bilder frå kampen.
   

Resultat 3. divisjon 16. mai
Stryn-Eid 8-1
Sandane-Saga 0-5
Skavøypoll-TMFK 1-6
Florø-Førde 0-3
Høyang-Dale 2-0

Stryn og Saga toppar med desse resultata tabellen i 3. divisjon. Begge laga har 10 poeng, tett fulgt av TMFK med 9 poeng. I den andre enden ligg Eid og Sandane med 1 poeng, og Dale med 0 poeng.

Torsdag 20. mai spelar Eid heime mot Høyang. Dette er ein kamp Eid bør og må vinne for å halde følgje med dei andre laga i 3. divisjon. Mest truleg greier Høyang i løpet av sesongen å sanke så mange poeng at dei vil overleve i divisjonen, medan nedrykk står mellom klubbane Dale, Eid, Sandane og Florø. 

16.05 Treningar veka som kjem

Det blir ikkje trening i dag 16. mai. 
I staden for blir det trening tysdag, torsdag og fredag i veka som kjem. Alle dagar klokka 19.30-21.00. 


16.05 Jotun Årdalstangen nærmar seg toppen

Jotun vann i går 2-1 mot Skjetten på heimebane. Kampen såg lenge ut til å ende uavgjort, men med ei skåring av Roy Olsen på overtid berga JÅFK sigeren. Morten Brandsdal laga det fyrste målet til JÅFK og er med det oppe i 7 mål på 5 kampar.

Jotun Årdalstangen har for alvor fått opp dampen i 2. divisjon avdeling 2. Etter tap i dei to fyrste kampane, har no sogneklubben tre trepoengarar på rad. Med sine 9 poeng ligg JÅFK på tredje plass på tabellen, to poeng bak tabelleiar Lørenskog. Onsdag 19. mai møter JÅFK Lørenskog på bortebane, for så å møte Drøbak/Frogn på heimebane søndag 23. mai.

Les meir om Jotun Årdalstangen Fotballklubb 

Resultat laurdag 15. mai
4. divisjon:
Loen-Jølster 2-1
Stryn2-Bremanger 3-4

5. divisjon:
Selje-Oppstryn 5-0
Vik-Hornindal 4-3


14.05 Stadlandet vann 4-0 mot Eid2

I ein kamp i 6. divisjon vann Stadlandet 4-0 mot Eid2 i kveld. Med dette resultatet inntar Stadlandet tabelltoppen, to poeng føre Haugen og TMFK3. 
Eid var bra med føre pause i bortekampen mot Stadlandet, og laga gjekk til kvile på stillinga 0-0. I andre omgang putta Stadlandet 4 gongar, og Eid måtte reise heim med halen mellom beina og null poeng i kofferten. 

I ein jentekamp i kveld vann Eid 4-1 mot Balestrand. Stillinga til pause var 3-0. 

3. divisjon: 
Fjøra-Sogndal II 1-2 (0-1)

4. divisjon: 
Førde II-Vadheim/Høyang II 0-3

Haugen spelar neste kamp mot Heia på Klenkarberget. Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. 
Tipset legg du inn i gjesteboka


13.05 Haugen tapte etter å ha leia til pause

Stian Aaland har sendt følgjande referat frå guttekampen mot TMFK.

Guttelaget tapte torsdag kveld 2-7 mot Tornado Måløy på Måløy Stadion etter ein merkelig kamp. I første omgang fekk først TMFK straffe og gjekk opp til 1-0 etter ca eit kvarter. Så var det litt fram og tilbake heilt til TMFK keeperen misser på eit innlegg. Olav Andreas Espe får tak i ballen og set ballen i det åpne målet. Like etter blir Kenneth Aaland felt innanfor 16-meteren og Haugen får straffe. Jan Martin Smørdal set ballen sikkert i mål og Haugen har snudd kampen. Haugen ser ut til å ha vakna og har kontroll på kampen til pause.

2. omgang blir ei av dei største tragediene som nokon gong har funne stad på ei fotballbane, Tornado Måløy utliknar tidleg og Haugen-laget raknar fullstendig. Bortelaget skapte ikkje ein einaste målsjanse i heile andreomgang, medan TMFK puttar totalt 6 gongar etter sidebytte og kunne scora meir hadde det ikkje stått ein god keeper i Haugen målet.

Laget: Alexander Pavelich, Tor Anfinn Lillestøl, Øyvind Haraldsen, Odd Kjetil Liset, Raymond Piel, Kenneth Aaland, Jan Martin Smørdal, Thomas Starheim, Jo Inge Skålbones, Olav Andreas Espe, Stig Tore Gilleshammer

Innbyttarar: Arvid Haugland, Truls Unneberg, Fredrik Sundal, Alf Kåre Dalsbø.


13.05 Bjarne Haugland leiar "Måljegeren"
Haugen sin spiss, Bjarne Haugland, leiar måljegeren etter at 5 kampar er spelt. Med sine 4 mål leiar han føre Morten Lyng og Arne Refsnes som står med tre mål. På grunn av at laga ikkje har spelt like mange kampar må denne statistikken takast med ei klype salt. 

Har ikkje fått tak i kven som laga målet til Fl/S2 mot TMFK 3. Derfor står det ukjen i statistikken. Skal rette det så snart eg får tak i målskåraren.


Det er laga 31 mål på dei 5 kampane som er spelt i årets 6. divisjon avdeling 4. Dette gjev eit snitt på 6,2 mål pr. kamp. Dette er likt med snittet for sesongen 2003, der det blei laga 348 mål på 56 kampar. 

Sjå lista over måljegerane til no denne sesongen.


11.05 Haugen leika med Skavøypoll 2
Haugen vann i kveld heile 8-1 mot Skavøypoll 2 på Skavøypoll Stadion. Haugen åpna forrykande og leia 4-0 før kvarteret var spelt. Etter dette kom Skavøypoll meir med i kampen, og reduserte ved Gunnar Barmen rett før pause. I andre omgang gjekk Skavøypoll opp i liminga, og Haugen fekk gjere akkurat som dei ville.  Jim Tore Humborstad fastsette sluttresultatat til 8-1 rett før slutt. Frå 35 meter skaut klinte han til ballen på halv volley. Ballen blei tatt av vinden og dalte inn i mål bak ein lettare forvirra Skavøypoll keeper.


Sjå kven som blei dagens stjernegris.


Kampfakta og bilder frå kampen.  

Haugen spelar neste kamp mot Heia på Klenkarberget. Ver med å tipp sluttresultatet, og vinn Haugen krus. 
Tipset legg du inn i gjesteboka


Småguttelaget vann i går kveld 11-1 mot TMFK2 på Klenkarberget. 
Kjetil Remme blei dagens mann med 7 nettkjenningar. Alf Tore Nilsen og Thomas Starheim putta to kvar. 


11.05 Flatraket/Selje 2-Stadlandet 2-6 (0-2)
Har fått følgjande info frå Arne Bentsen Refsnes.

Kampfakta:
0-1 Arne Refsnes
0-2 Arne Refsnes
Pause
1-2 Stephan Lexau
1-3 Sindre Otneim
1-4 Arne Refsnes
1-5 Sindre Otneim
2-5 Stephan Lexau
2-6 Stein Erik Hoddevik

Stadlandets stolte søner spela fredag kveld årets første seriekamp
mot Selje/Flatraket. I det høge graset på Flatraket eigde Stadlandet kampen frå første spark på ballen. Etter omlag 15 min. av kampen sendte ein god Ole Refsnes ei flott pasning over forsvaret til Arne Refsnes, som tok med seg ballen og sette den sikkert forbi ein utrustande keeper. S/F hadde nokon halvsjansar, men desse vart avverga av ein "outstanding" Lasse Fløde som debuterte i målet frå start. Stadlandet vart i denne perioda snytt for straffespark etter at S/F sin keeper reiv ned A. Refsnes, noko som skapte store protestar frå stadsarane. Like etter går Stadt opp til 2-0 ved A. Refsnes etter  eit innlegg frå S.E Hoddevik.
Etter pause reduserte S/F ein gong før Sindre Otneim putta ballen i ope mål etter eit fantastisk raid av Karl Erik Årsheim. Ikkje lenge etter slår  Lars Petter Bjørlykke ein lav ball inn frå venstre kanten som forsvaret til S/F ikkje fekk klarart, og A.Refsnes kunne enkelt sette ballen under keeper. Stadlandet var no inne i ei. god stim, med mykje godt spel og store sjansar, men S/F  heldt unna heilt til S. Otneim skrudde eit frispark over muren og i mål. S/f  fekk ei redusering til før S.E Hoddevik fekk æra av å avslutte scoringsballet etter ei mislykka offsidefelle i S/F-forsvaret.

09.05 Troppen mot Skavøypoll 2
Trenarane har tatt ut denne troppen til bortekampen mot Skavøypoll 2 tysdag 11. mai klokka 20.00. 

Keeper: Vegard Løken, Geir Ove Åsebø 
Forsvar: Mikael Myklebust, Torleiv Orheim, Gustav Orheim, Ove Balsnes, Jan Roger Solibakke, Runar Øien
Midtbane/Angrep: Øyvind Løkling, Håvard Bruvoll, Bjarne Haugland, Trond Kroken, Rune Venøy, Øystein Haugland, Roger Nygård, Jim Tore Humborstad, Stian Aaland

08.05 TMFK-Høyang 5-1 (4-0)
Tornado Måløy vann 5-1 i ein heller kjedeleg kamp på Refvika i dag. Høyang var så dårlige i fyrste omgang at TMFK fekk gjere akkurat som dei ville. Uten press på ballførar, fekk TMFK-spelarane fritt spelerom nesten heilt inn til Høyangkeeper Stig Roar Hovland. Dette resulterte i fire baklengs, og det var kanskje i minste laget. I andre omgang la Jan Magne Solibakke på til 5-0 etter berre to minutt. Etter dette hadde underteikna store problem med å halde seg vaken. Ein så kjedeleg fotballomgang har ikkje underteikna sett sidan Norge var i sine glansdagar. To minutt på overtid laga Høyang sitt fyrste mål for sesongen. Thomas Frichen fekk krangla ballen forbi TMFK sin beste spelar Per Magne Løken.

Kampfakta og bilder frå kampen.  


08.05 Dagens fotballresultat
2. divisjon:
Eidsvoll Turn-Jotun Årdalstangen 1-3 

3. divisjon:
 
Dale-Skavøypoll 1-2
TMFK-Høyang 5-1

4. divisjon:
Syril-Askvoll/Holmedal 4-1

5. divisjon: 
Svelgen-Oppstryn 2-5
Bjørn-Selje 1-2
Tempo/Florø2-Hornindal 1-7

08.05 Guddal-show i Svelgen
Svelgen-Oppstryn 2-5 (1-2)
Firda-tipperne (lokaltips) hadde Svelgen som en av favorittene i rundens
serieomgang, men Oppstryn viste en utrolig effektivitet ved tre blad
Guddal. Etter 5 minutt brøt Oppstryn en tversover-pasning på Svelgens
banehalvdel, og Mons Rune Guddal omsatte muligheten effektivt i mål. 16
minutt senere var Magnus Guddal på ferde å satte inn 0 - 2 til bortelaget.
Svelgen hadde da hatt flere sjanser uten å omsette disse. Torgeir Vårdal
gav hjemmelaget nytt håp med en utligning, men til tross for at Svelgen
skapte flere sjanser mot slutten av omgangen gikk lagene til pause med 1-2 til Oppstryn.
Andre omgang fortsatte som den første. Svelgen skapte jevnt og trutt
sjanser, mens Oppstryn var meget effektive på sine kontringer. Steinar
Greidung og Lars Guddal scorte hver sine mål og Magnus Guddal gjorde
Guddal-showet komplett med dagens andre mål. Andre Hatleset gav Svelgen sitt andre trøstemål etter 77 minutt. Skal Svelgen være med å kjempe i toppen må laget heve seg fremover.

Haugen Fotball takkar "svelgenkorrespondent" Terje Nybø for kampreferatet. 

08.05 Haugen-Skavøypoll tysdag 11. mai kl. 20.00
Kampen mot Skavøypoll 2 blir avvikla på Skavøypoll Stadion tysdag 11. mai kl. 20.00. Skavøypoll vann den fyrste kampen mot Heia 4-0, og blir nok ei lei nøtt for eit inneffektivt Haugenlag. Men kanskje kan dette endre seg, og at ballen denne gang går stolpe inn i staden for stolpe ut. 

No kan du legge inn resultattips i kampen Skavøypoll 2-Haugen 11. mai. Tipset legg du inn i gjesteboka. Der kan du også sjå kva dei andre har tippa. Premien til den fyrste som tippar riktig er selvfølgelig eit Haugenkrus.

Når det vart sett sluttstrek for tabellkonkurransen fredag ettermiddag hadde underteikna fått inn 16 tabellforslag. Klart det hadde vore ynskjeleg med litt fleire forslag, men no er det for seint. Skal legge ut forslaga til kvar enkelt så snart som mogleg. 

08.05 Fotballkampar fredag kveld
3. divisjon: 
Fjøra-Eid 5-2 
Førde-Sandane 7-2

4. divisjon:
Stryn 2-Kaupanger 0-2
Eikefjord-TMFK2 9-1

6. divisjon:
Flatraket/Selje 2-Stadlandet 2-6 

06.05 Haugen-Selje 4-2 (3-1)
Guttelaget til Haugen spelte ein storkamp i kveld, og vann 4-2 mot Selje på Klenkarberget. 
Allereie før underteikna hadde parkert bilen hadde Stig Tore Gilleshammer laga 1-0 for Haugen. Same mann var frampå etter 11 minutt og auka leiinga til 2-0. Fyrste halvtimen var det berre eit lag på bana, og Jan Martin Smørdal sette inn 3-0 etter drøye 20 minutt. I slutten av fyrste omgang kom Selje meir med i kampen, og reduserte til 3-1 ved Håvard Nygård. Andre omgang starta med eit stormløp mot Alexander Pavelich i Haugenmålet. Alexander var som ein levande vegg, og i staden for mål til Selje var det Øyvind Haralden som auka Haugen si leiing etter corner. 5 minutt før slutt reduserte Henrik Aaland til 4-2, uten at sigeren til Haugen var trua. 
Kampfakta og bilder frå kampen.

I ein kamp i 3. divisjon vann Saga 2-0 mot Florø på Førde Stadion.



05.05 Småguttelaget tapte 6-4 mot Selje
Sist måndag tapte småguttelaget til Haugen 6-4 mot Selje på bortebane. Måla til Haugen vart sett inn av Thomas Starheim (2) og Kjetil Remme (2). 

Småguttelaget spelar sin neste kamp på Klenkarberget måndag 10. mai. 


Les meir om småguttelaget.

04.05 Uavgjort 3-3 mot TMFK 3
Det enda med poengdeling i Haugen sin fyrste seriekamp for året. Haugen tok leiinga ved Trond Kroken etter knappe halvtimen. Berre fire minutt etter utlikna TMFK på ei heading av TMFK sin bestemann Morten Lyng. Haugen var farlege på frispark, og etter drøye halvtimen var sebratrøyene igjen i leiinga. Eit perfekt frispark frå Øystein Haugland stupheada Bjarne Haugland elegant i mål. 2-1 blei også stillinga til pause. I starten av andre omgang fekk TMFK gjere som dei ville. Det virka som at enkelte trudde at dette skulle gå av seg sjølv. Dette resulterte i to nye TMFK mål, og etter kvartert i andre omgang leia bortelaget 3-2. Resten av kampen pressa Haugen på for å få eit utlikningsmål. Tre minutt på overtid redda Haugen sin bestemann, Gustav Orheim, eit poeng for Haugen. På ein corner på bakersta stolpe heada Gustav i bakken og opp i nettaket. Dette redda litt i ein ellers så svart dag for Haugen. 
Kampfakta og bilder frå kampen.

Sjå også på stjernegrisen.

I den andre kampen i vår avdeling vann Skavøypoll 4-0 mot Heia.

Kay Ove Hafsås prikka inn det rette resultatet i kampen Haugen-TMFK 3-3. Kay Ove får eit Haugen krus når høvet passar. Haugen Fotball gratulerer. 

No kan du legge inn resultattips i kampen Skavøypoll 2-Haugen 11. mai. Tipset legg du inn i gjesteboka. Der kan du også sjå kva dei andre har tippa. Premien til den fyrste som tippar riktig er selvfølgelig eit Haugenkrus.

04.05 Troppen mot TMFK3
Trenarane har tatt ut denne troppen til dagens heimekamp mot TMFK3. 

Keeper: Vegard Løken, Geir Ove Åsebø 
Forsvar: Mikael Myklebust, Torleiv Orheim, Gustav Orheim, Ove Balsnes, Jan Roger Solibakke
Midtbane/Angrep: Hans Ottar Humborstad, Håvard Bruvoll, Bjarne Haugland, Trond Kroken, Rune Venøy, Øystein Haugland, Roger Nygård, Bjørnar Øien, Thomas Dalsbø, Jim Tore Humborstad

Kampstart Klenkarberget 4. mai kl. 19.00. 

02.05 Eid ute av Junior NM 
I cupkampen på Eid Stadion i dag var det Ålesund som var det klart beste laget. Allereie etter 8 minutt leia Ålesund 2-0, og kampen var i realiteten avgjort. Etter dette virka det som Ålesund tok det litt meir med ro, men vann likevel 7-0, etter at stillinga var 4-0 til pause. 
Sjå bilder og kampfakta 

02.05 Vinn ti flaxlodd
Blant dei ti fyrste som sende inn forslag til tabellkonkurransen vart Rune Aabrekk trekt ut som vinnar. Han får dermed tilsendt eit frikort på Klenkarberget sesongen 2004. 
  
Tysdag 4. mai kl. 18.00 er siste frist for å sende inn ditt forslag til tabellkonkurransen. Vinnaren av årets konkurranse får tilsendt ti flaxlodd. Er ein riktig heldig kan dette innbringe ein god slant pengar.

Laga som er i Haugen si avdeling: Eid 2, Flatraket/Selje II, Haugen, Heia, Skavøypoll II, Stadlandet og TMFK III.

Forslaget ditt sender du på e-post til: s.hoynes@frisurf.no   

Reglane ser du her 

I tillegg kan du vere med å tippe resultatet i kampane til Haugen denne sesongen. Vi tar ein kamp av gangen og startar med å tippe resultatet i heimekampen mot TMFK 3. Den fyrste som tippar rett svar får eit Haugenkrus. Tipset ditt legg du inn i gjesteboka. Der kan du også sjå kva dei andre har tippa.



02.05 Sesongåpning på Klenkarberget tysdag

A-laget til Haugen sesongåpnar på Klenkarberget tysdag kl. 19.00. Motstandar er tredjelaget til Tornado Måløy. 

Heia spelar også heimekamp tysdag 4. mai. Heia skal måle krefter med Skavøypoll sine nest beste. 

NB! Det er trening i dag søndag kl. 16.00-17.30. 

Husk også fyrste runde i NM junior menn i dag. Eid møter Ålesund på Eid Stadion kl. 15.00. Bilder og kampfakta kan du sjå her på Haugen Fotball sine nettsider etter kampen. 


01.05 Svelgen og Hornindal delte poenga 

Terje Nybø har sendt følgjande referat:
Hornindal - Svelgen 1-1 (1-1)
Det ble aldri noen stor fotballkamp mellom Hornindal og Svelgen i Hornindal idrettspark lørdag ettermiddag. Hornindal kom best i gang i første omgang da de etter et kvarter fikk tildelt straffe. Endre Lødemel hadde ingen problemer med å sette ballen i nota fra krittmerket, og hjemmelaget tok ledelsen. Etter dette tok Svelgen over spillet, og etter 25 minutter breisidet Kjell Åge Bueie ballen i mål fra 5 meter etter et frispark. 
Svelgen hadde gjennom første omgang flere store sjanser uten at de klarte å omsette disse i mål. Hornindal var også fremme et par ganger på noen farlige kontringer i løpet av omgangen.
Andre omgang ble et langt gjesp der Hornindal stod for omgangens to eneste målsjanser. Svelgen bar tydelig preg av å ha spilt en kamp tidligere i uka, mens hjemmelaget la opp hele spillet sitt rundt Morten Taraldset, som fikk en håpløs oppgave mot bortelagets midtbane. 
Dagens dommer Einar Eimhjellen fra Sandane må nok forvente å få varierende tilbakemelding fra sin sensor, som var vitne til at lagene hadde hver sin omgang. Ut fra spill og sjanser var det greit at poengene ble delt broderlig mellom lagene.


30.04 Poengdeling for Eid i Førde

Eid spelte i kveld 1-1 mot Saga på Førde Stadion. Til pause leia Saga 1-0, men på slutten av andre omgang var Eid klart best og Henning Haugen berga eit poeng for gultrøyene.

Dei andre resultata frå dagens runde:
Stryn-Førde 7-1
Skavøypoll-Høyang 3-0 
Florø-Sandane 3-3
Fjøra-TMFK 2-1
Dale-Sogndal, måndag 3. mai


29.04 NM fotball

Stryn møter HamKam i fyrste ordinære runde i NM fotball. Dermed er det duka for ein godbit av dei sjeldne på Stryn Stadion 5. mai. Fjøra er sett opp mot Hønefoss på heimebane, medan Sogndal spelar borte mot Vardal. 

I damenes fyrste runde skal Eid spele borte mot Fortuna 12. mai. Dermed blir det møte med dei tidlegare lagvenninnene  Evy Balsnes og Maria Hagen. 


29.04 Tap for guttelaget

Guttelaget til Haugen tapte i kveld 2-0 mot Jølster på bortebane. Etter rapportane var Haugen heilt på høgde med Jølster, og spesielt før kvilen førte sebratrøyene. Men Haugen fekk ikkje mål på sjansane, og laga gjekk til pause på stillinga 0-0. I andre omgang var Jølster best og putta to gongar slik at Jølster vann 2-0.


29.04 Svelgen-Førde II 4-2  (1-1)

Har fått følgjande referat frå vår "Svelgenkorrespondent" Terje Nybø.
En regntung og gjørmete bane innbydde ikke akkurat til finspill på svelgen
stadion, men begge lagene klarte likevel å produsere mange sjanser gjennom hele kampen. Svelgen åpnet best da Kjell Åge Bueie scorte sikkert på straffe etter at Frank Hatleset ble felt innenfor 16-meteren etter 13 minutt. Førde 2 brukte bare 3 minutter på å utligne til 1-1 ved Harald
Oppedal. Kampen stod og vippet, og begge lag hadde flere store sjanser
gjennom første omgang uten at noen klarte å score. 53 minutt ut i kampen tok bortelaget ledelsen 1-2 ved Stig Are Hoddevik. 2 minutter senere putta Bueie dagens andre mål, før Terje Nybø og Andre Hatleset scorte hvert sitt etter 63 og 75 minutt. 
Førde 2 var absolutt på høyde med Svelgen og kunne fort tatt med seg poeng hjem. Svelgen har fremdeles ikke tapt en eneste hjemmekamp siden 21.juni 2002 hverken i serie, cup eller treningskamp. Og
kunne med dagens seier notere den 16 kampen på rad uten hjemmetap. 

Dagens dommer Jeikishan Jegatheesan fra Florø var både myndig og god i en kamp som ikke var enkel å dømme. Til tross for dårlig vær tok mange turen på stadion, og særlig russen laget god og høylytt stemning. Førstkommende lørdag drar Svelgen til Hornindal for å møte en av opprykksfavorittene i 5.divisjon. Dette vil gi en pekepinn på om Svelgen er gode nok til å være med å kjempe om opprykk slik mange har spådd i diverse aviser/nettsider.


27.04 Siger til småguttelaget

Haugen sitt småguttelag vann i går kveld 6-4 mot TMFK. Fyrste omgang var TMFK det beste laget, og leia 3-1 til pause. I andre omgang vakna Haugen og kunne innkassere årets 3 fyrste poeng, etter å ha vunne 6-4. Måla til Haugen vart sett inn av Kjetil Remme (4), Bjørn Kristen Sørland og Espen Aaland.

Guttelaget til Haugen startar sesongen med bortekamp mot Jølster torsdag 29. april.  


27.04 Stryn vidare til 1. runde NM 

Stryn vann i går 2-0 over Lom på Bismo Stadion. Kampen var andre kvalifiseringsrunde i NM herrer. Dermed er Stryn klar for fyrste ordinære runde i den såkalla If-cupen. Denne runden blir avvikla onsdag 5. mai, og på dette tidspunktet kjem også Sogndal og JÅFK inn i cupen. Kanskje blir det storkamp på Stryn Stadion i neste runde, med Sogndal som motstandar? 

I NM junior herrer er det duka for storfint besøk på Eid Stadion søndag 2. mai kl. 15.00. Eid vann som kjent 1-0 mot Stryn i kvalifiseringa, og i fyrste ordinære runde er Ålesund motstandar. 

Skavøypoll og Sogndal sine nest beste delte poenga i Sognahallen i går kveld. Skavøypoll leia lenge kampen 1-0 etter skåringa av hauaren Jonny Hellesø. Men Sogndal kom tilbake, og på overtid berga Rune Eckhoff eit poeng for sogningane.  


25.04 3-1 Siger til Eidadamene 

Damelaget til Eid vann i dag 3-1 mot Hødd/Bergsøy. Fyrste omgang var det berre eit lag på bana, og Eid leia 2-0 til pause. Elisabeth Flo laga fyrste målet då ho dribla seg fri på høgresida, og skaut ballen i mål via tverrliggaren. Omlag ti minutt før kvilen sette banas beste spelar, Trine Kroken Karlsen, inn 2-0 etter ein corner. I andre omgang dabba kampen betrakteleg, og det var langt mellom høgdepunkta. Eit av høgdepunkta var då Lisa Skarstein la på til 3-0. Ho drog seg fri på venstresida, og avslutta elegant til side for ein sjanselaus keeper. Hødd/Bergsøy si redusering kom direkte etter corner. Ruth Franzen Flø la ein perfekt corner som skrudde seg inn bak Eid sin unge keeper Linda Lotsberg. 

Sjå bilder og kampfakta


25.04 Årets sesong 

Haugen skal i år kåre årets stjernegris. Etter kvar kamp blir dei beste spelarane belønna med 3, 2 eller 1 stjerne. Dette er noko som Heia og Eid også skal gjere. Korleis kvar enkelt ligg an kan du sjå på stjernegrisen. På sportssidene til Eidaportalen kan du sjå korleis det ligg an i kåringane til alle tre klubbane. 

I tillegg kårar Haugen ein råtass og ein måljeger

Haugen sine kampar og resultat ser du her.
 

Husk tabellkonkurransen

Forslaget ditt sender du på e-post til: s.hoynes@frisurf.no   

Reglane ser du her 


25.04 Treninga i dag er avlyst!
Dagens trening på Klenkarberget er avlyst på grunn av for våt bane. 
Neste trening blir tysdag 27. april kl. 19.30. 

24.04 Ny siger for guttelaget
Guttelaget vann i dag treningskampen mot Skavøypoll. Haugen tok leiinga 1-0 ved Øyvind Haraldsen. Men Skavøypoll kom tilbake i kampen og gjekk opp i 2-1 leiing. Deretter skåra Stig Tore Gilleshammer to og Christopher Pavelich eit mål slik at Haugen leia 4-1. På slutten av kampen reduserte Skavøypoll til 4-2, noko som også blei sluttresultatet. 

24.04 Treningane er flytta til Klenkarberget
Graset er grønt på Klenkarberget og a-laget trenar søndag, tysdag og fredag. 

Tysdag og fredag er det trening 19.30-21.00.
Søndagstreningane er enno ikkje bestemt fast tid for, men i morgon 25. april er det trening 16.00-17.30. 

23.04 Eid uheldige mot Florø

Eid tapte i kveld 2-1 mot Florø på Eid Stadion. Dette var også stillinga til pause. Florø tok leiinga etter 8 minutt ved Kurt Kurtzals. På det tidspunktet frykta nok dei fleste at dette kom til å bli mange baklengsmål for Eid. Men Eid ville det annleis og berre fire minutt seinare kjempa Arnt Ivar Naustdal til seg ballen på kanten. Innlegget var glimrande, og Øystein Nes kunne enkelt sette ballen i nettmaskene. Etter omlag 20 minutt kom avgjerda i kampen. Kurt Kurtzhals blei riven ned i feltet, og linjedommaren vinka som ein gal på sidelinja. Dagens dommar Ragnar Åmot, som forøvrig har dømt bedre kampar, peika på straffemerket. Bengt Solheim Olsen var sikker frå straffemerket og Florø gjekk opp i leiinga 2-1. I andre omgang var Eid det beste laget. Overtaket førte til ein del halvsjansar, uten at dette gav skåring for Eid.


23.04 Seriekampar 3. og 4. divisjon fredag kveld
3. divisjon:
Høyang-Fjøra 0-0
Saga-Førde 3-2
TMFK-Dale 5-0
Sandane-Stryn 1-5

4. divisjon:
JÅFK 2-Askvoll/Holmedal 5-0

22.04 Eidadamene startar serien søndag
Eid tek i mot Hødd/Bersøy på Eid Stadion søndag kl. 15.00. 
Dei andre kampane i fyrste runde:
FK Sykkylven-HaNo
Sunndal-Brattvåg
Volda/Ørsta-Hessa/Fortuna 2

22.04 Serieopning 3. divisjon
I morgon fredag er det serieopning i 3. divisjon. Eid tar i mot Florø på Eid Stadion kl. 18.30. Dette er ein kamp Eid bør vinne for å få ei god opning på ein sesong alle tippar blir vanskeleg for Eid. 
Dei andre kampane i den fyrste runden i 3. divisjon:
Høyang-Fjøra
Saga-Førde
Sandane-Stryn
TMFK-Dale
Måndag spelar Sogndal 2-Skavøypoll.

21.04 Haugen vann mot Eid

Haugen sitt guttelag vann i kveld 2-0 etter ein jamn kamp mot Eid. Haugen tok leiinga etter 34 minutt då Jan Martin Smørdal fekk tak i ballen inne i 16-meteren til Eid og sette den utagbart i mål. I andre omgang slo Stig Tore Gilleshammer ein perfekt corner etter 54 minutt. Inne i feltet sto Øyvind Haraldsen, som heada inn 2-0. Det vart ein kamp med mykje varierande spel, men alt i alt ein grei kamp av Haugen, som spelar treningskamp mot Skavøypoll førstkomande laurdag kl 1200 ved Nordfjordhallen.

Haugen sitt lag: Alexander Pavelich, Raymond Piel, Odd Kjetil Liseth, Christopher Pavelich, Øyvind Haraldsen, Kenneth Aaland, Jo Inge Skålbones, Jan Martin Smørdal, Thomas Starheim, Olav Andreas Espe, Stig Tore Gilleshammer

Innbyttarar: Truls Unneberg, Pål Anders Rindal, Fredrik Sundal.

 

KAMPFAKTA

Eid – Haugen 0-2 (0-1)

0-1  (34 min) Jan Martin Smørdal

0-2  (54 min) Øyvind Haraldsen


21.04 Førde, Stryn og Fjøra vidare i cupen
Førde, Stryn og Fjøra er vidare til andre kvalifiseringsrunde i NM for menn. Førde slo TMFK 3-1 på kunstgraset i Førde, etter at stillinga var 1-1 til pause. Fjøra fekk lett match mot Voss i Sognahallen, og vann til slutt 4-0. Her leia Fjøra 1-0 ved halv tid. 

På Stryn Stadion såg det lenge ut til at Stryn skulle leike seg vidare til neste runde. I fyrste omgang var det berre eit lag på bana, og Stryn gjekk til pause med 3-0 leiing. I andre omgang kom Skavøypoll mykje bedre med. Om dette skuldast at Skavøypoll heva seg mange hakk, eller at Stryn datt nedpå litt skal ikkje underteikna fundere på. Skavøypoll redusert i alle fall til 3-1, og kampen sto lenge og vippa. Stryn var "heldigast" og fekk det fyrste målet, og det gjekk ikkje lenge før ballen igjen låg bak Jøran Riise i Skavøypollmålet. Når alle trudde at kampen var avgjort reiste Skavøypoll seg igjen og skapte ny spenning i kampen. Med to reduseringar rett før slutt, og ein kjempesjanse til å redusere til 5-4 fekk Skavøypoll vist at laget ikkje blir noko kasteball i årets 3. divisjon.
Stryn spelte til tider fin fotball, og spesielt framover er Stryn gode. I forsvar avduka Skavøypoll at Stryn hadde store tempoproblem i midtforsvaret.  

Sjå kampfakta frå alle tre kampane og bilder frå Stryn-Skavøypoll. 

21.04 Treningskamp Eid-Haugen
Guttelaget spelar onsdag treningskamp mot Eid på grusbana ved Idrettshuset. Ein tek sikte på å starte kampen 19.00. 

20.04 Kvalikrunde nr. 1 i NM for menn
Laga frå Fylket er sett opp i følgjande kampar:
Fjøra-Voss, Sognahallen 
Stryn-Skavøypoll, Stryn Stadion Krøllgras 
Førde-TMFK, Førde Krøllgras 
Alle tre kampane går 20. april kl. 19.00

2. kvalik-runde er terminfesta 28. april. 

19.04 NM for junior menn
Eid, Førde, Florø og Sogndal er klare for fyrste ordinære runde. 

Kvalifiseringsrunde 1:
Kaupanger - Sogndal 1-3
Stryn - Sandane 6-1

Kvalifiseringsrunde 2:
Eid - Stryn 1-0
Førde - Dale 5-1
Tornado Måløy - Florø 2-7
Jotun Årdalstangen - Sogndal 0-7

Fyrste runde er terminfesta til 2. mai.

Opplysningane er henta frå internettsidene til Sogn og Fjordane Fotballkrets.

18.04 Eid spelte uavgjort 1-1 mot Åram
Eid spelte i dag uavgjort 1-1 mot Åram i ein treningskamp på bortebane. Åram leia 1-0 til pause, men i andre omgang sikra Erik Salveson uavgjort for Eid. 

Meir les du på Eid si internettside

17.04 Årets tabellkonkurranse
Også i år freistar vi å arrangere ein tabellkonkurranse. Antall deltakarar sist sesong var skuffande, men vi satsar på at fleire sender inn forslag i år. Konkurransen går ut på å tippe rett tabell i Haugen si avdeling. 

Blant dei ti fyrste som sender inn, blir ein trekt ut og får eit sesongkort på Klenkarberget sesongen 2004. Ynskjer vinnaren det, kan han få omvisning på Klubbhuset for å sjå den imponerande premiesamlinga som er der. Denne omvisninga er det sjølvsagt Øystein Haugland som står for.  

Laga som er i Haugen si avdeling: Eid 2, Flatraket/Selje II, Haugen, Heia, Skavøypoll II, Stadlandet og TMFK III.

Forslaget ditt sender du på e-post til: s.hoynes@frisurf.no   

Reglane ser du her 


17.04 Nok eit tap for Haugen
Haugen tapte i dag 3-2 mot Flatraket/Selje 2, etter at stillinga var 2-2 til pause. Kampen på Selje Stadion var jamnspela, og det var greit nok at Flatraket/Selje 2 vann kampen. Fl/S tok leiinga etter eit langskot etter 17. minutt av Roger Nygård. Same mann var frampå igjen to minutt seinare, og det virka som det tente Haugen litt. Etter 22 minutt reduserte Gustav Orheim etter ein god corner frå kaptein Øystein Haugland. Like før kvilen var leiinga utlikna, etter at Thomas Dalsbø (bildet) skåra åleine med keeper etter forarbeid av Håvard Bruvoll. Andre omgang vart prega av mykje syting frå spelarane, og det var kampens dommar Espen Kvernevik det gjekk utover. Dette må ein slutte med om Haugen har tenkt å halde fylgje i toppen denne sesongen. Drøye kvarteret ut i andre omgang avgjorde Fl/S kampen, etter ei fin skåring av Øyvind Hovden. Dermed enda det med 3-2 tap mot Flatraket/Selje 2 i den siste kampen før seriestart. 

Kampfakta


17.04 Fotballkampar i dag
Stryn-Ørsta 5-2
Mål Stryn: Asbjørn Tenden 2, Jon Terje Tjellaug, Tor Erik Nygård og Kristian Hool Egge

JÅFK 2-Fjøra 3-3 (2-1)

Kvalifisering til 1. runde NM junior
TMFK-Florø 2-7 (0-4)

Preben Gilleshammer er tatt ut i troppen til Jotun som møter Lillestrøm 2 på Åråsen søndag. Det var ein tydeleg stolt far, Hans Petter Gilleshammer,  som kunne melde dette mellom kraftig spikring i Kjølsdalen laurdag ettermiddag. Preben er berre 16 år, og ein av dei mest lovande keeperane i fylket. 

17.04 Haugen stiller med dette laget
Haugen stiller med dette laget i kampen mot Flatraket/Selje 2. (4-4-2 formasjon)
Keeper: Geir Ove Åsebø
Forsvar: Torleiv Orheim, Gustav Orheim, Ove Balsnes, Mikael Myklebust
Midtbane: Bjørnar Øien, Rune Venøy, Håvard Bruvoll, Øystein Haugland
Spissar: Hans Ottar Humborstad, Thomas Dalsbø

Reservar: Kim Fagerstrand, Kim Tore Gilleshammer, Runar Øien, Jim Tore Humborstad, Jan Roger Solibakke


Bildet: Kim Tore Gilleshammer ynskjer alle velkommen til ein ny jubelsesong med Haugen. I dag må Kim Tore finne seg i å starte på benken. Bildet er henta frå bortekampen mot Stadlandet i fjor, der Kim Tore laga eit mål og prøvde å lyge på seg eit til. Haugen vann 5-1, etter å ha leia 2-0 til pause. 


16.04 Haugen sine aldersbestemte lag
Også dei andre laga i Haugen har starta å bevege seg. Småguttelaget spelte i går sin fyrste treningskamp for året, og resultatet blei 5-5 mot Bryggja. Stillinga til pause var 4-2 til Bryggja på Stårheimsgrusen. Skal på desse sidene legge ut terminlister, og så mykje kampresultat som det let seg gjere. Her er underteikna avhengig av hjelp frå leiarane på dei forskjellige laga, slik at resultata kan leggast ut så fort som mogleg etter kampslutt.

Guttelaget spelar treningskamp borte mot Skavøypoll søndag, og mot Eid på Stårheimsgrusen måndag kveld.   


16.04 Treningskamp mot Flatraket/Selje 2
HUSK! Det blir treningskamp mot Flatraket/Selje 2 på Selje stadion laurdag 17. april kl. 15.00. 

Også til denne treningskampen freistar vi å tippe resultatet på førehand. Tipsa legg ein inn i gjesteboka, og den som fyrst tippar rett svar stikk av med eit Haugenkrus. 

14.04 Eid vidare til 1. runde NM junior
Eid gjekk vidare til fyrste runde NM junior etter å ha vunne 1-0 mot Stryn i kveld. Stryn som var store favorittar før kampen, fekk Pål Holko utvist allereie etter ni minutt av kampen, og dette prega sjølvsagt kampen. Holko hevna seg på Rune Schanke Eikum, og vart riktig utvist av kampens dommar Stian Aaland. Fyrste omgang var relativt jamnspela, og laga gjekk til pause med 0-0. I andre omgang var Eid overlegne, og drøye kvarteret før slutt fall avgjerda i kampen. Rune Schanke Eikum dribla seg fri på venstekanten, og innlegget på bakerste stolpe heada Steffen Sture Olsen i nettet bak ein sjanselaus Strynkeeper. Etter målet var det nesten berre eit lag på bana, og med litt meir nøyaktighet framfor målet til Stryn kunne Eid putta ytterlegare to-tre gongar. 

1. runde er terminfesta til 2. mai. 

14.04 Årets tabellkonkurranse
Også i år freistar vi å arrangere ein tabellkonkurranse. Antall deltakarar sist sesong var skuffande, men vi satsar på at fleire sender inn forslag i år. Konkurransen går ut på å tippe rett tabell i Haugen si avdeling. 

Blant dei ti fyrste som sender inn, blir ein trekt ut og får eit sesongkort på Klenkarberget sesongen 2004. Ynskjer vinnaren det, kan han få omvisning på Klubbhuset for å sjå den imponerande premiesamlinga som er der. Denne omvisninga er det sjølvsagt Øystein Haugland som står for.  

Laga som er i Haugen si avdeling: Eid 2, Flatraket/Selje II, Haugen, Heia, Skavøypoll II, Stadlandet og TMFK III.

Forslaget ditt sender du på e-post til: s.hoynes@frisurf.no   

Reglane ser du her 


12.04 Treningskampar i dag 2. påskedag
Bergsøy-Eid 3-0 (0-0)
Mål Bergsøy: Anders Vaagen 2, Christoffer D. Nilsen

TMFK-Volda 3-0 (0-0)
Mål TMFK: Per Jarle Mathisen, Jan Magne Solibakke og Endre Rutledal

JÅFK 2-Jølster 2-1 (1-1)

Selje-Loen 1-4 
Mål Loen: Steinar Tenden 2, Anton Andre Sande, Asle Nesdal


11.04 Treningskamp mot Flatraket/Selje 2
HUSK! Det blir treningskamp mot Flatraket/Selje 2 på Selje stadion laurdag 17. april kl. 15.00. 

Også til denne treningskampen freistar vi å tippe resultatet på førehand. Tipsa legg ein inn i gjesteboka, og den som fyrst tippar rett svar stikk av med eit Haugenkrus. 

NB! Treninga 2. påskedag er flytta fram til kl. 16.00. 

Jonny Hellesø debuterte laurdag for Skavøypoll i 6-0 sigeren mot Loen. Etter ein mållaus fyrste omgang på Skavøypoll Stadion åpna Jonny skåringsballett i andre omgang, og Skavøypoll gav seg ikkje før dei hadde putta 6 ballar bak Kai Bjørn Gjengedal i Loenmålet. 

09.04 Trening måndag 2. påskedag kl. 16.00. 
NB! Treninga 2. påskedag er flytta fram til kl. 16.00-17.30. 

08.04 Stryn tapte treningskampen mot Volda
Stryn tapte i går kveld 4-1 mot Volda i ein treningskamp på Volda Stadion. Stillinga var 2-1 til pause, etter at Thomas Vik reduserte etter omlag halvtimen. I andre omgang putta laget frå Sunnmøre to mål til og vann komfortabelt 4-1.
Opplysningane er henta frå: www.strynenytt.no

06.04 Solum senka Eid
Svein Olav Solum (bildet) vart matchvinnar mot Eid i treningskampen på Skavøypoll Stadion. Eid virka tafatte i fyrste omgang og, Hornindal leia fortent til pause. I andre omgang var Eid det beste laget. men kom aldri nærmare skåring enn eit skot i stolpen og ei redning på streken. Skal Eid ha forhåpningar om å kapre poeng i 3. divisjon i år må laget heve seg minst fem hakk. 

Hornindal tapte 5-1 mot Loen i helga, og Stryn slo Loen 11-0 tidlegare i år. Eg veit at fotball ikkje er matematikk, men det kan bli eit mareritt for Eid å møte Stryn 16. mai. 

Neste treningskamp for Eid er 2. påskedag mor Bergsøy i Fosnavågen. 


06.04 Treningskamp Eid-Hornindal

Eid spelar i dag treningskamp mot Hornindal på Skavøypoll Stadion kl. 18.15. Litt rart at Eid går så lavt som til 5. divisjon for å finne eit lag dei skal måle krefter mot i serieoppkøyringa. Hornindal tapte i helga 5-1 mot Loen medan Eid ikkje har spelt sidan 3-1 tapet mot Bergsøy 20. april.

Referat frå kampen les du her seinare i kveld. 


05.04 Treningskamp mot Flatraket/Selje 2

Det blir treningskamp mot Flatraket/Selje 2 på Selje stadion laurdag 17. april kl. 15.00. 

Også til denne treningskampen freistar vi å tippe resultatet på førehand. Tipsa legg ein inn i gjesteboka, og den som fyrst tippar rett svar stikk av med eit Haugenkrus. 

Treningstider i Påska:
Tysdag 06.04 kl. 19.30-21.00.
Fredag 09.04 kl. 16.00-17.30.


03.04 Stryn tapte 2-1 mot Førde

Stryn tapte i dag 2-1 i ein treningskamp mot Førde på kunstgraset i Førde. Både Kåre Balsnes og Thor Erik Nygård spelte frå start i denne kampen. Stillinga til pause var 1-1. Målet til Stryn vart sett inn av Asbjørn Tenden. Endre Navarsete og Tore Evensen laga måla til Førde.  

Kilde: Internettsidene til Stryn og Førde 

Jotun Årdalstangen FK-TMFK 1-2 (1-0)
JÅFK: Tore Gjerdalen
TMFK: Eirik Rutledal og Ole B. Eide

JÅFK II-TMFK II 5-0 (1-0)
Kilde: Internettsidene til JÅFK og TMFK 

Jølster-Sandane (Sognahallen) 1-5 (1-0)
Jølster: Øyvind Solheim
Sandane: Espen Denk, Ole Andre Aa, Oddgeir Leirgul, Roger Kandal og Ruben Wie 
Kilde: Internettsidene til Sandane


03.04 Årets tabellkonkurranse
Også i år freistar vi å arrangere ein tabellkonkurranse. Antall deltakarar sist sesong var skuffande, men vi satsar på at fleire sender inn forslag i år. Konkurransen går ut på å tippe rett tabell i Haugen si avdeling. 

Blant dei ti fyrste som sender inn, blir ein trekt ut og får eit sesongkort på Klenkarberget sesongen 2004. Ynskjer vinnaren det, kan han få omvisning på Klubbhuset for å sjå den imponerande premiesamlinga som er der. Denne omvisninga er det sjølvsagt Øystein Haugland som står for.  

Laga som er i Haugen si avdeling: Eid 2, Flatraket/Selje II, Haugen, Heia, Skavøypoll II, Stadlandet og TMFK III.

Forslaget ditt sender du på e-post til: s.hoynes@frisurf.no   

Reglane ser du her 


02.04 Eid 2-Haugen 4-3 (1-2)
Haugen tapte kveldens treningskamp mot Eid 2 på grusen bak Vallhall. Haugen fekk ei kjempeåpning med mål av Bjarne Haugland allereie etter 14 sekund. Men Eid kom tilbake og utlikna etter 8 minutt ved Jan Azar Karadas. Etter omlag halvtimen var Bjarne frampå nok ein gong, etter kjempeforarbeid av Kim Fagerstrand på venstrekanten. 2-1 til Haugen blei også pauseresultatet, noko som var fortent etter spel og sjansar. Var Haugen best i fyrste omgang, var Eid det førande laget etter kvilen. Eid utlikna til 2-2 på eit sjølvmål, etter omlag 5 minutt av andre omgang. Kvarteret før slutt skåra Øystein Nes, og Eid leia for fyrste gang i kampen. Men tre minutt seinare ville Gustav Orheim det annleis, og utlikna til 3-3 etter ein corner frå Øystein Haugland. 4 minutt før slutt var Gustav uheldig og sette ballen i eige nett for andre gang i kveld, og kampen ebba ut med 4-3 siger til Eid. 

Kampfakta

02.04 Laget mot Eid 2
Haugen stiller mest truleg med følgjande lag mot Eid 2 i ein 4-4-2 formasjon. 

Keeper: Vegard Løken

Forsvar: Torleiv Orheim, Mikael Myklebust, Ove Balsnes, Gustav Orheim

Midtbane: Hans Ottar Humborstad, Roger Nygård, Øystein Haugland, Rune Venøy

Spissar: Øyvind Løkling, Bjarne Haugland   

Reservar: Kim Fagerstrand, Stian Aaland, Bjørnar Øien, Jim Tore Humborstad, Thomas Dalsbø 

31.03 KAMPEN MOT EID 2 FLYTTA FRAM TIL FREDAG !!!
Treningskampen mot Eid 2 blir spelt fredag 2. april kl. 20.00. Kamparena blir som planlagt grusbana bak Vallhall. 

Også til denne treningskampen freistar vi å tippe resultatet på førehand. Tipsa legg ein inn i gjesteboka, og den som fyrst tippar rett svar stikk av med eit Haugenkrus. 

Siste frist er fredag kl. 19.00.  

30.03 Treningskamp mot Eid 2
Haugen spelar treningskamp mot Eid 2  tysdag 6. april. Kampen går på grusbana bak Vallhall, men tidspunkt er ennå ikkje bestemt. Kjem tilbake med meir informasjon så snart dette er bestemt. 

Kampane mot Eid 2 i fjor var to svært jamne kampar. På Klenkarberget vart det tap 2-1, medan det blei uavgjort 3-3 i haustkampen på Eid Stadion. Tidlegare Haugenspelar Steffen Sture Olsen (bildet) blir truleg å finne på motsatt banehalvdel denne kampen. Så gjenstår det å sjå kven som dreg det lengste strået, og får eit lite overtak før lokalderbyet på Klenkarberget 15. juni.  

Også til denne treningskampen freistar vi å tippe resultatet på førehand. Tipsa legg ein inn i gjesteboka, og den som fyrst tippar rett svar stikk av med eit Haugenkrus. 

Ingen tippa rett resultat i treningskampen mot Skavøypoll 2, så kruset går vidare til denne kampen. 


27.03 Skavøypoll 2-Haugen 5-2 (0-2)

Haugen tapte i dag 5-2 mot Skavøypoll 2. Haugen spelte ein meget god fyrste omgang og gjekk til pause med leiing 2-0, etter skåringar av Bjarne Haugland og Øystein Haugland. I andre omgang tok Skavøypoll med Erik Sandal i spissen over kampen og vann til slutt 5-2. Haugen reiste med heile 19 spelarar ut til Skavøypoll og dette prega kampen i andre omgang. Etter at Haugen hadde gjort 8 bytter i andre omgang var det ikkje mykje system i det som skjedde på bana. Dagens haugenspelar var Øyvind Løkling (bildet under) som sporty tok på seg keepervottane ettersom ingen av Haugen sine tre keeperar kunne møte i dag. 

Kampfakta
 
OBS! Nye treningstider.
Måndag og fredag 19.30.-21.00.



26.03 Eid møter Sandane i NM herrer junior
Ettersom Sogn og Fjordane berre har fire plassar i årets NM herrer junior og åtte lag er påmeldt, blir det spelt ein kvalifiseringsrunde 14. april.

Sandane - Eid
Førde - Dale
Tornado Måløy - Florø
Kaupanger - Jotun Årdalstangen

Fyrste ordinære runde går 2. mai. 

Opplysningane er henta frå internettsidene til Sogn og Fjordane Fotballkrets. 

26.03 Skavøypoll 2-Haugen
I morgon laurdag er det duka for treningskamp mot Skavøypoll 2. Etter tap 4-2 mot Stadlandet sist fredag er det ein revansjelysten gjeng som tek turen ut mot havet. Kampen går på Skavøypoll Stadion kl. 12.00.  

Også til kampen mot Skavøypoll 2 freistar vi å tippe resultatet på førehand. Tipsa legg ein inn i gjesteboka, og den som fyrst tippar rett resultat stikk av med eit Haugenkrus. 

22.03 Årets tabellkonkurranse
Også i år freistar vi å arrangere ein tabellkonkurranse. Antall deltakarar sist sesong var skuffande, men vi satsar på at fleire sender inn forslag i år. Konkurransen går ut på å tippe rett tabell i Haugen si avdeling. 

Blant dei ti fyrste som sender inn, blir ein trekt ut og får eit sesongkort på Klenkarberget sesongen 2004. Ynskjer vinnaren det, kan han få omvisning på Klubbhuset for å sjå den imponerande premiesamlinga som er der. Denne omvisninga er det sjølvsagt Øystein Haugland som står for.  

Laga som er i Haugen si avdeling: Eid 2, Flatraket/Selje II, Haugen, Heia, Skavøypoll II, Stadlandet og TMFK III.

Forslaget ditt sender du på e-post til: s.hoynes@frisurf.no   

Reglane ser du her 


21.03 Treningskamp laurdag 27. mars
Haugen spelar laurdag 27. mars treningskamp mot Skavøypoll 2. Kampen går på Skavøypoll Stadion kl. 12.00. Etter tapet mot Stadlandet fredag er det ein revansjelysten gjeng som tek turen ut til forstaden til storbyen Måløy. Så gjenstår det å sjå om sebratrøyene maktar å reise kjerringa denne gongen. 

Også til denne kampen freistar vi å tippe resultatet på førehand. Tipsa legg ein inn i gjesteboka, og den som fyrst tippar rett svar stikk av med eit Haugenkrus. 

Treningar
Det blir trening på Stårheim Stadion kvar måndag kl. 20.00-21.30, og fredag kl. 19.30-21.00. 

20.03 Per Jarle Mathisen senka Florø
Per Jarle Mathisen  laga fire mål og hadde ei målgivande i kampen mot Florø. Når ein veit at Per Jarle spelte berre spelte fyrste omgang av kampen på Skavøypoll Stadion, er dette ein prestasjon det står respekt av. Tornado Måløy var aldri trua i denne kampen, sjølv om Florø kom bedre med etter kvilen. TMFK vann til slutt 6-1, etter 5-0 til pause.  

TMFK-Florø
Skavøypoll Stadion kl. 15.00
1-0 Per Jarle Mathisen (8)
2-0 Per Jarle Mathisen (35)
3-0 Per Jarle Mathisen (36)
4-0 Per Jarle Mathisen (41)
5-0 Eirik Rutledal (43)
6-0 Eirik Rutledal (60)
6-1 David Nygaard, straffe (79)


20.03 Bergsøy for sterke for Eid
Eid tapte i dag 3-1 mot sunnmørslaget Bergsøy. I fyrste omgang var Bergsøy klart best og leia 3-0 til pause. I andre omgang kom Eid litt bedre med i kampen og omlag ti minutt før slutt reduserte Anders Midthjell til 3-1. Dette vart også sluttresultatet i kampen. 

Eid-Bergsøy
Skavøypoll Stadion kl. 13.00
0-1 Karl Bjarte Vike (10)
0-2 Anders Vaagen (25)
0-3 Sjølvmål (31)
1-3 Anders Midthjell (79)

TMFK II-Åram/Vanylven 3-0 (2-0)
Stryn-Loen 11-0 (5-0)
Fjøra-Kaupanger 2-3 (1-1)


19.03 Stadlandet-Haugen 4-2 (3-1)
Haugen tapte i kveld 4-2 mot Stadlandet på Selje Stadion. Ein målkåt Sindre Otnheim var frampå allereie etter to minutt, og Stadlandet fekk ein best mogleg start på kampen. Etter 18 minutt var same mann frampå og auka til 2-0, etter svakt forsvarsspel av Haugen. Like etter reduserte Mikael Myklebust til 1-2, etter eit langskot frå 30 meter. Dette såg også ut til å bli pauseresultatet, men Sindre Otnheim ville det annleis og auka leiinga til 3-1 rett før kvilen. Andre omgang starta på verst tenkeleg måte for Haugen, og eit frispark frå 40 meter gjekk rett i mål. Vanskeleg å sei men det såg ut som Lars Petter Bjørlykke prøvde seg på eit innlegg. På slutten av kampen tok Haugen litt over, og Jim Tore Humborstad reduserte til 4-2 rett før kampens gode dommar Per Kenneth Hoddevik bles av kampen.  Alt i alt ein velfortent siger til Stadlandet. Vi gratulerer.  

Kampfakta

Arne Refsnes makta ikkje å lage mål i kveld, men prikka inn rett resultat av tippekonkurransen. Arne får dermed eit Haugenkrus neste gong laga møtast til dyst. 


16.03 Tidenes lag
Har fått følgjande innlegg i gjesteboka frå Asgeir:

Tidenes lag
Ei kvar heimeside med respekt for seg sjølv bør ha ei skikkeleg kåring, eg utfordrar dermed alle til å kome med ei liste over tidenes haugen-lag, med reservebenk. Her kan det sjølvsagt vere fristande å ta snarvegen innom adels-kalenderen og snekre saman ei matematisk rettferdig liste, men det er feigt. På ei liste som denne er einaste kriteriet at dei har vore innom Haugen-drakta. Spelarar av typen uforløyst potensiale, storsjarmørar og kjendisar er dermed og aktuelle her, publikumstekke er viktig. Fartstid i Haugen drakta behøvast ikkje å takast noko særleg hensyn til, derimot kan det vere på sin plass med ei skikkelig grunngjeving i tilfelle namnet ikkje forsvarar plassen i seg sjølv. Spelarane sine prestasjonar både med og uten Haugen-drakt er dermed med i utforminga av iallefall mitt "tidenes lag", men ein tar sjølvsagt utgangspunkt i at dei er skadefrie og i toppform. Beskyldningar om manglande etikk, moral og ikkje minst historieløyse høyrer med i debatten, men kan og prelle av som vatn på gåsa. Ei særleg utfordring går til Kay Ove, som er en racer på slikt, Bjarne og Jim som representantar for dei aktive, og Øyvind som representant for ymse forståsegpåarar, "sværskjetar" og generelt meiningsberettiga. Vonar at dette er mogleg å få til, mi liste kjem ved eit seinare høve.

16.03 Tipp og vinn Haugenkrus
Treningskampen mot Stadlandet nærmar seg og vi har fått inn ein del tips på resultatet. Dei fleste tippar siger til Haugen, men brødrene Refsnes på Stadlandet har lova Haugen god motstand og tippar siger til Stadlandet. Arne Refsnes (bildet) trur Stadlandet vinn 4-2, medan bror Ole er endå meir optimist og tippar 5-2 til gultrøyene.

For å sjå kva dei andre har tippa kan du sjå i gjesteboka. 

Siste frist for å tippe er fredag 19. mars kl. 16.00. 

Tipp resultatet og vinn eit krus. 
Den fyrste som tippar rett resultat i treningskampen mot Stadlandet får eit eksklusivt Haugenkrus.

Tipset ditt legg du inn i gjesteboka
 


13.03 Kjempeinnsats av guttelaget i Toyota-cup
Guttelaget imponerte i går kveld i Nordfjordhallen. Spesielt dei to småguttespelarane Thomas Starheim og Alf Kåre Dalsbø var med på å heve laget mange hakk. Når ein også veit at guttelaget har tre-fire skiløparar som ikkje var med ser dette lovande ut. 

Gruppespel: 
Bremanger 2-Haugen 0-4
Skavøypoll-Haugen 3-2
TMFK 2-Haugen 1-3

Semifinale: TMFK 1-Haugen 5-2
Bronsefinale: Skavøypoll-Haugen 4-4  11-10 etter straffespark

11.03 Kvalifiseringsrunde 1 til NM i Fotball
1. kvalifiseringsrunde til NM i fotball er sett opp med følgjande kampar. Kampane blir avvikla 21. april og fyrstnemnde lag spelar heimekamp.

Fjøra-Voss 
F
ørde-Tornado Måløy
Stryn-Skavøypoll
Langevåg-Skarbøvik
Spjelkavik-FK Sykkylven
Brattvåg-Hareid


2. runde går 28. april


11.03 Forslag til terminliste 2004
Med unntak av Svelgen som skal spele i 5. divisjon, er Haugen sine motstandarar dei samme som i fjor. Heia, Stadlandet, Eid 2, Skavøypoll 2, Flatraket/Selje 2 og TMFK 3 er laga som skal prøve å stoppe Haugen i år. 

Tysdag 04.05 Haugen- TMFK 3
Tysdag 11.05 Skavøypoll 2-Haugen
Tysdag 25.05 Haugen-Heia
Tysdag 08.06 Flatraket/Selje 2-Haugen
Tysdag 15.06 Haugen-Eid 2
Tysdag 22.06 Stadlandet-Haugen

Tysdag 03.08 TMFK 3-Haugen
Onsdag 11.08 Haugen-Skavøypoll 2
Tysdag 17.08 Heia-Haugen  
Tysdag 31.08 Haugen-Flatraket/Selje2 Tysdag 07.09 Eid 2-Haugen 
Fredag 17.09 Haugen-Stadlandet


11.03 Firda-cup
30 lag er til no påmeldt til årets Firda-cup. Ingen av dei lokale laga frå Nordfjord har meldt seg på. Dermed er det vel ingen som merkar seg ut som favorittmotstandar for sebratrøyene. 

3. divisjon: Førde, Fjøra, Høyang, Saga og Dale

4. divisjon: Askvoll Holmedal, Bremanger, Syril, Tornado Måløy 2, Eikefjord, Loen, Kaupanger og Jotun Årdalstangen 2

5. divisjon: Selje, Bjørn, Oppstryn, Svelgen og Vadheim/Høyang 2

6. divisjon: Heia, Haugen, Hyen, Sogndal 3, Gaular, Hyllestad, Jølster 2, 
Norane, Anga, Stadlandet, Veitastrond og Veten/Hardbagg

Kjem tilbake med oppsettet så fort det er klart. 


10.03 Komplett stall
Haugen har no så mange spelarar at det ikkje er aktuelt å ta med fleire. Det er fleire som har vore i kontakt for å få vere med, men ein gong må ein seie stopp. Haugen har i år mange unge spelarar, og med alle dei erfarne spelarane frå før kjem Haugen til å stille eit bra lag i år.  

Spelarstall  (Håpar at ikkje nokon spelarar er gløymde)

08.03 Toyota Cup
Haugen stiller med eit guttelag i Toyota Cup i Nordfjordhallen fredag. Haugen spelar i pulje med Bremanger 2, Skavøypoll og TMFK 2. 

18.00 Bremanger 2-Haugen
18.20 Skavøypoll-Haugen
19.20 TMFK 2-Haugen
Ein eventuell finale går klokka 20.40. 

Eid stiller med to småguttelag og tre lilleguttlag. Heia har verkeleg slege på stortromma og stiller med eit småguttelag, to lilleguttlag, eit knøttelag, eit koslag, eit miniknøttlag og eit miniputtlag.   


08.03 Skavøypoll vann KM på heimebane
Junior herrelaget til Skavøypoll vann søndag KM i innandørsfotball i Nordfjordhallen.  I junior damer kom Eid på fjerde plass etter å ha tapt 3-0 mot Kaupanger i bronsefinalen. I finalen vann Førde 4-0 over Dale. 

Dei andre KM vinnarane ser du på internettsidene til Sogn og Fjordane Fotballkrets.

07.03 Mange nye fjes på Haugen
Haugen stiller denne sesongen med mange nye spelarar. Omlag ti spelarar kjem opp frå guttelaget, og Rune Venøy er på vei til Haugen. Venøy har tidlegare spelt på Selje og var i fjor innom Eid ein kort periode. Rune er midtbanespelar og vil bli ei klar forsterkning for sebratrøyene denne sesongen
Haugen startar sesongen med heimekamp mot TMFK III 4. mai og avsluttar med heimekamp mot Stadlandet fredag 17. september. Kjem tilbake med fullstendig oppsett seinare.

To av dei nye spelarane (Thomas Dalsbø og Mikael Myklebust) skulle i kveld ta ferja Lote-Anda. Vi håpar dei er bedre å spele fotball enn dei er til å lese ferjeruta.   



07.03 Treningskamp mot Stadlandet
Årets fyrste treningskamp ute blir mot Stadlandet på kunstgraset i Selje. Kampen er planlagt fredag 19. mars kl. 19.00. 

Tipp resultatet og vinn eit krus. 
Den fyrste som tippar rett resultat i treningskampen mot Stadlandet får eit eksklusivt Haugenkrus.

Tipset ditt legg du inn i gjesteboka
 

07.03 Treningskampar
Stryn-Sørumsand 8-0 (4-0) 
Jotun Stadion, krøllgras

1-0 Jon Terje Tjellaug (10)
2-0 Pål Holko (27)
3-0 Trond Leirgulen (31)
4-0 Frank Hool (32)
5-0 Jon-Terje Tjellaug (52)
6-0 Jon-Terje Tjellaug (64)
7-0 Per-Ole Tenden (66)
8-0 Kristian Hool Egge (83)

Kilde: Strynenett.no

Fjøra-HamKam II 2-0 (1-0)
Jotun Stadion, krøllgras
1-0 Arild Underdal (43)
2-0 Rolf Vidar Hansen (85)

Kilde: Fjøra 

Jotun Årdalstangen FK-Sørumsand 6-1 (5-1)
1-0 Roger Kleiva (20)
2-0 Ole Gunnar Hunderi (22)
3-0 Morten Brandsdal (24)
4-0 Morten Brandsdal (32)
4-1 (35)
5-1 Tore Gjerdalen (37)
6-1 Henrik Furebotn

Kilde Jotun Årdalstangen FK

TMFK-Bergsøy 3-4 (1-4) 


26.02 Skavøypoll II-Flatraket/Selje II 9-8
Skavøypoll sine nest beste vann onsdag kveld 9-8 i ein treningskamp i Nordfjordhallen. Haugen har planlagt ein treningskamp mot Skavøypoll II med det fyrste, men på grunn av snø er denne utsatt på ubestemt tid. Haugen skal møte både Skavøypoll II i serien, så denne treningskampen vil gje ein peikepinn på kor Haugen ligg i løypa før seriestart. Kjem tilbake med meir informasjon så snart underteikna veit meir.

25.02 Årets puljeoppsett
Haugen sitt A-lag skal i år møte nesten samme motstandarane som i fjor, med unntak av Svelgen, som tok steget opp i 5. divisjon. Dermed blir det kampar mot Stadlandet, TMFK III, Flatraket/Selje II, Skavøypoll II, Eid II og Heia.

Guttelaget spelar vårsesongen i pulje med Stryn/Hornindal (7-ar), Jølster, Sandane, Vikane og Eid. Laget skal spele dobbel serie, og det blir dermed 10 kampar i vårsesongen for Haugen. 

Smågutane spelar i avdeling 7. Her blir det dobbel serie mot Stadlandet, Skavøypoll, TMFK I, Selje og Eid I. 

Småjentelaget til Haugen er sett opp i pulje med Bremanger I, Bremanger II, Bremanger III, Selje, Svelgen og TMFK.
NB! For småjentelaget kan det bli endringar i puljeoppsettet.  

Puljeoppsetta for dei andre laga kjem vi tilbake med så snart fotballkretsen har dei klare. 

21.02 TMFK vann enkelt mot Eid
Det var klasseforskjell på Eid og TMFK på Skavøypoll Stadion i dag. Eid kom best i gang og tok leiinga ved Jørn Ove Rindal allereie før minuttet var spelt. Men TMFK kom raskt tilbake og til pause leia TMFK 3-1. I andre omgang kom klasseforskjellen betre fram og det var vel berre eit spørsmål om kor sigeren skulle bli. Underteikna syns at Stian Sandal og Jørn Ove Rindal var dei to beste på Eid
Christian Ekanger (bildet) frå Åsane spelte dei 60 første minutta for Eid på høgreback. Ekanger viste at han er ein spelar som kan heve eit kvart lag i 3. divisjon, så gjenstår det berre å sjå kva lag han bestemmer seg for å spele for.   

0-1 Jørn Ove Rindal (1. min)
1-1 Eirik Rutledal (17. min)
2-1 Øystein Hagen (22. min)
3-1 Øystein Hagen (27. min)
4-1 Sten Are Edvardsen (62. min)
4-2 Lars Endre Myklebust, str. (65. min)
5-2 Eirik Rutledal (72. min)
6-2 Øystein Hagen (80. min)
7-2 Ronnie Refvik Riise (84. min)
8-2 Eirik Rutledal (90. min) 

21.02 Stryn og Skavøypoll spelte uavgjort 3-3
Skavøypoll og Stryn synte i dag at begge laga kjem til å hevde seg på den øvre halvdelen i årets 3. divisjon. Med høgt tempo og mykje fint spel skal mange få problem mot desse to laga. Skavøypoll kom best i gang etter ein fantastisk prestasjon av Erik Sandal (bildet). Frå 25 meter hald vippa han ballen opp og klinte den utagbart i buret bak keeperen til Stryn. Etter dette tok Stryn over og hadde tre-fire gedigne sjansar til å utlikne, men ballen ville ikkje i mål. Etter omlag halvspelt fyrste omgang fekk Stryn corner, og Trond Leirgulen utlikna etter mykje klabb og babb framfor mål. Etter at Stryn dominerte fyrste omgang kom Skavøypoll sterk i andre omgang. Omlag etter eit kvarter gjekk Skavøypoll opp til 2-1 på eit heldig frisparkmål av Fritjof Skaar. Kvarteret etterpå var det Per Ole Tenden som utlikna til 2-2 på ein nesten identisk frispark. Rett etterpå laga Tor Erik Nygård 3-2, som også såg ut til å bli vinnarmålet for Stryn. Men John Martin Giil ville det annleis, og nesten 4 minutt på overtid makta han å overliste Grodås i strynemålet. Temperaturen steig ettertrakteleg på slutten av kampen. Skavøypoll meinte at Stryn spelte grisete, og Trenar Vidar Sandal (bildet) hissa seg verkeleg opp. 

1-0 Erik Sandal (2. min)
1-1 Trond Leirgulen (22. min)
2-1 Fritjov Skaar (52. min)
2-2 Per Ole Tenden 67. min)
3-2 Tor Erik Nygård 71. min)
3-3 John Martin Giil (90. min)



20.02 Kampar på Skavøypoll Stadion
Laurdag 21. februar er det duka for to godbitar for fotballinteresserte på Skavøypoll Stadion. Klokka 13.00 skal Eid møte TMFK, medan klokka 15.00 brakar Skavøypoll i hop med Stryn. Etter det underteikna kjenner til er det fyrste treningskampen for Eid og TMFK denne sesongen, medan Stryn og Skavøypoll har vore i elden ein gong kvar. Skavøypoll tapte 2-0 mot andredivisjonslaget Jotun, og Stryn tapte 5-4 mot Fjøra. Begge kampane blei spelt i Sognahallen 25. januar.

19.02 Eid møter TMFK i treningskamp
Eid spelar laurdag årets fyrste treningskamp. TMFK er motstandar på kunstgraset i Skavøypoll kl. 13.00.

Opplysningane er henta frå Eidaportalen 

16.02 Trening i Nordfjordhallen
Det blir trening i Nordfjordhallen tysdag 17. februar kl. 19.30-21.00. 

13.02 Eid Fotball med nye nettsider
Fikk i dag eit tips om at Eid Fotball har fått seg nye nettsider. 

11.02 TMFK II-Haugen 4-5 (1-1) (2-0) (1-4)
Haugen vann  i kveld 5-4 mot Tornado Måløy II. Etter å ha starta litt famlande i kampen, blei Haugen bedre og bedre utover i kampen. Siste periode var Haugen det klart beste laget og vann til slutt 5-4. Best på Haugen var Ove Balsnes og guttekeeper Alexander Pavelich. På TMFK utmerka Tor Kåre Myhre seg som den klart beste. 

Kampfakta

11.02 Junior VM i Stryn
Underteikna tok sist veke turen til Stryn for å sjå korleis Ronny Hafsås greide seg i konkurranse med verdas beste skiløparar. Har lagt ut ein del bilde frå Junior VM.
Junior VM i Stryn

10.02 Treningskamp mot TMFK II
Haugen spelar onsdag 11. februar treningskamp mot TMFK II. Kampen blir avvikla i Nordfjordhallen kl. 19.30. Også denne gongen tek ein sikte på å fullføre 3*20 minutt. 

08.02 Loen vann vinterserien for junior
Loen sitt juniorlag gjekk sigrande ut av vinterserien. I sluttspelet som blei arrangert i Førde denne helga vann Loen 5-0 mot Dale i semifinalen og 2-1 mot Sogndal i finalen. Sogndal besigra Førde 4-3 etter golden goal i den andre semifinalen.

07.02 Endring sluttspel vinterserien junior !!
Sluttspelet i vinterserien for junior er redusert til berre fire lag. 

Laurdag
13.30 semifinale Loen   - Dale
15.30 semifinale Sogndal  - Førde 1
Søndag:
15.00 Finale  Vinnar   - Vinnar

Opplysningane er henta frå internettsidene til Sogn og Fjordane Fotballkrets.

06.02 Sluttspel vinterserien junior
Laurdag og søndag blir sluttspelet i vinterserien for junior arrangert på Førde stadion. 

Puljene er trekte slik:
1: Indre Sogn, Førde 1 og Florø
2. Sogndal, Dale 1 og Loen

Kampoppsett:
Laurdag 7. februar
11.00. Førde 1 - Florø
12.30. Loen - Dale 1
14.00. Florø - Indre SOgn
15.30. Sogndal - Loen
17.00. Indre SOgn - Førde 1
18.30. Dale 1 - Sogndal

Søndag 8. februar
13.00. Bronsefinale (Nr. 2 i pulje 1 og 2)
15.00. Finale (Dei to puljevinnarane)

04.02 KM Nordfjordhallen 6. og 7. mars
No er alle laga som skal vere med i KM innandørs i Nordfjordhallen klare. 

Dei lokale kvalifiseringane blei arrangert i Dale, Høyanger, Balestrand, Svelgen og Eid. 

Laurdag 6. mars:

Småjenter: Førde 1, Atløy, Høyang 2, Florø, Kaupanger 1, Balestrand, Bremanger og Breimsbygda.

Smågutar: Førde 1, Førde 2, Kyrkjebø/Vadheim, Sogndal 1, Høyang 4, Kaupanger 1, Florø 4, Florø 2, Selje og Eid 1.

Søndag 7. mars:

Gutar:
Førde 1, Jølster 1, ÅTIL, Høyang 3, Florø 1, Florø 3, Stryn 1 og TMFK 1. 

Jenter: Førde 1, Tambarskjelvar 2, Jølster, Høyang, Balestrand, Syril, Florø og Sandane 1. 

Junior herer: AHIL 1, Dale 1, Kaupanger, JÅFK, Skavøypoll, Bremanger 1, Loen og Sandane. 

Junior damer: Alle som er påmeldt.

Opplysningane er henta frå internettsidene til Sogn og Fjordane Fotballkrets.

På bildet oppe til høgre ser vi Rune S. Eikum i kamp mot ein TMFK-spelar. Verken Eid eller TMFK sine juniorar greide å kvalifisere seg til sluttspelet. 

På bildet til høgre: Den talentfulle Pål Holko frå Stryn. Holko vart dessverre for Stryn utvist i semifinalen mot Sandane. Holko er kanskje ein av dei mest lovande spelarane i fylket, og ein spelar Stryn får mykje glede av i sesongen som kjem. 




01.02 KM Kvalifisering i Eid Idrettshus
34 lag var med på KM innandørs kvalifisering i Eid Idrettshus laurdag og søndag. Laurdag var det småjenteklassa og smågutteklassa som var i ilden. I småjenteklassa var det Bremanger som vann finalen mot Breimsbygda 4-1. I smågutteklassa tapte arrangørlaget Eid 1-0 mot Selje. 
Søndag var det guttelaga og junior herrer som sto for underhaldninga. I gutteklassa var vann Stryn heile 8-0 i finalen mot TMFK 1. Stryn viste seg her som eit meget godt lag, og laga heile 39 mål på dei fem kampane dei spelte. Begge finalelaga går vidare til KM i Nordfjordhallen. I junior herrer var det mange gode lag. Stryn med tidlegare Haugenspelar Kåre Balsnes (bildet) var lenge eit av favorittlaga. Men i semifinalen blei Sandane for sterke og vann 4-1. I den andre semifinalen vann Loen 3-2 mot TMFK, og dermed er Sandane og Loen klar for KM. 

29.01 Terje Gilleshammer på vei til TMFK
Terje Gilleshammer er på vei til TMFK. Terje som bor og jobbar i Måløy har sagt seg interessert i å skifte klubb til Tornado Måløy. Terje som var tiltenkt ein plass som midtstoppar kan bli vanskelig å erstatte, men Haugen har mange unge lovande spelarar så det blir nok ei god løysing uansett. 

Kåre Balsnes som var på utlån til Stryn sist sesong, ser ut til å bli Strynspelar også denne sesongen. 

Haugen Fotball vil gratulere Jim Andre Balsnes med 25-års dagen i dag.  

28.01 Treningskamp mot TMFK 2
Haugen tapte i kveld 4-5 mot andrelaget til Tornado Måløy. Kampen blei avvikla i Nordfjordhallen og det blei spelt 3*20 minutt. TMFK starta kampen best og leia 2-0 etter fyrste omgang. Andre omgang blei mållaus, medan Haugen vann tredje omgang 4-3. Dermed enda kampen 5-4 til TMFK II, noko som var eit greit resultat ut frå spel og sjansar. Banas beste var Tor Kåre Myhre frå TMFK, medan Bjarne Haugland jamt over var best på Haugen.

0-1 Ronnie Haug (15. min)
0-2 Tor Kåre Myhre (18. min)
0-3 Tor Kåre Myhre (42. min)
1-3 Thomas Dalsbø (43. min)
1-4 Tor Kåre Myhre (47. min)
2-4 Bjarne Haugland (54. min)
3-4 Øystein Haugland (56. min)
3-5 Kenneth Nilsen (57. min)
4-5 Thomas Dalsbø (58. min)

Kampfakta

Onsdag 11. februar er det duka for nok ein kamp mot TMFK II i Nordfjordhallen. Då skal dei som ikkje var med i kveld få sjansen til å vise seg fram.

25.01 Treningskampar i Sognahallen
Jotun-Skavøypoll 2-0 (0-0)
1-0 Christian Stedje (67. min)
2-0 Morten Brandsdal (78. min)
Opplysningane er henta frå Jotun-fotball

Fjøra-Stryn 5-4 (4-1)
1-0 Rolf Vidar Hansen (15. min) straffe
1-1 Rune Førde (16. min)
2-1 Arild Underdal (29. min)
3-1 Terje Flugheim (30. min)
4-1 Arild Underdal (34. min) 
5-1 Arild Underdal (52. min)
5-2 Jon Terje Tjellaug (54. min)
5-2 Jon Terje Tjellaug (74. min)
5-4 Christian Hool (79. min)
Rødt kort: Morten Hagen (57. min)
Opplysningane er henta frå Fjøra FK

25.01 Treningskamp mot TMFK II
Onsdag kl. 1930 spelar Haugen treningskamp mot TMFK II. Kampen blir avvikla i Nordfjorhallen, og ein tek sikte på å gjennomføre 3*20 minutt. Dette er den fyrste av to kampar mot TMFK i Nordfjordhallen. Den andre er planlagt onsdag 11. februar. Ettersom Haugen har for mange spelarar til at alle kan vere med begge kampane, prøvar ein å dele troppen slik at ein får ein balanse mellom rutinerte og unge spelarar til begge kampane. 

25.01 Henta frå avisene
Firda:
Følgjande jenter frå Eid er tatt ut til dagens juniorsamling i Nordfjordhallen. Trine Karlsen, Elisabeth Flo, Karoline Hildenes, Kristine Vartdal, Karina Trollebø og Maria Hagen. Spelarar frå hele fylket er med på denne samlinga. 

Fjordenes Tidende:
Treningskampar TMFK:
Selje (Borte) 14.02.
Eid (Heime) 21.02.
Selje (H) 28.02.
Bergsøy (H) 06.03.
Åram (H) 20.03.
Ørsta (B) 27.03.
Jotun Årdalstangen og Radøy/Manger (Årdal) 03.04.-04.04.
Volda (H) 12.04.
Bergsøy (B) 17.04.
+ 1. kvalifiseringsrunde til NM

Treningskampar Eid:
TMFK (B) 21.02.
Saga (B) 06.03. 
Bergsøy (Skavøypoll Stadion) 20.03.
Sykkylven (Skavøypoll Stadion) 03.04. 
Bergsøy 12.04.
Åram (Eidså)

14.01 Eid tapte mot Loen
Juniorlaget gjekk tysdag kveld på eit 2-1 tap mot Loen. Kampen som gjekk på kunstgraset i Polljen, var den siste for Eid i årets vinterserie. Loen som består av nesten berre spelarar frå Stryn vann pulja, og skal spele mot dei andre puljevinnarane i sluttspelet. Eid kom best i gong i kampen og før pause gav Steffen Sture Olsen Eid leiinga 1-0. I andre omgang var Loen det beste laget og vann til slutt 2-1. 

I pulja i ytre var det Skavøypoll som trekte det lengste strået. TMFK hadde like mange poeng, men hadde dårligare målskilnad. 

09.01 Treningskampar mot TMFK 2
Onsdag 28. januar og onsdag 11. februar skal Haugen møte TMFK 2 i Nordfjordhallen. Ettersom Haugen har ein stor spelarstall tek ein sikte på å stille med halve troppen til den eine økta, og resten av gjengen til den andre kampen. Kven som skal vere med på dei forskjellige treningane kjem vi tilbake med seinare. 

09.01 Haugland og Andreassen trenar Haugen
Øystein Haugland og Eirik Andreassen skal trene Haugen denne sesongen. Andreassen trena i fjor guttelaget i samarbeid med Stian Aaland. Aaland og Andreassen skal også i år trene guttelaget. Haugen skal i år også ha småguttelag. Her skal Torleiv Orheim, Dag Aril Starheim og Vegard Løken dele på ansvaret. I tillegg skal Haugen ha småjentelag, lillejentelag, lilleguttlag og miniputtlag.  

06.01 Aaland trekt ut som vinnar
Av dei som har sendt inn rett svar på konkurransen var det Stian Aaland som vart trekt ut som vinnar, og får overlevert eit Haugenkrus ved eit passande høve. 
Rett svar:
1. Det blei laga 348 mål totalt i 6. divisjon denne sesongen?  (Haugen si avdeling)
2. I bortekampen mot Heia vann Haugen 2-0
3. Haugen fekk fire gule kort Haugen denne sesongen?

 

Siste Nytt 2004
Siste Nytt 2003
Siste Nytt 2002
Siste Nytt 2001/00

 

 

 






Haugen I.L. Fotballgruppa  -  Web-redaktør: Stig Høynes