NYTT 2003

13.12  Vinn Haugen-krus !
1. Kor mange mål blei det laga totalt i 6. divisjon denne sesongen?  (Haugen si avdeling)
2. Kva blei resultatet i bortekampen mot Heia denne sesongen?
3. Kor mange gule kort fekk Haugen denne sesongen?

Alle svara kan du finne på Haugen sine internettsider. 

Dei rette svara kan sendast på e-post.


13.12  Ikkje innetrening måndag!
På grunn av at idretshallen på Stårheim ikkje er ledig måndag kveld blir treninga flytta ut. Blir det dårlige forhold ute må treninga dessverre avlysast. 

Tysdag er det trening i Nordfjordhallen kl. 19.30-21.00. 

08.12  Tap for juniorlaget til Eid
Eid sitt juniorlag tapte i kveld 2-1 mot Sandane. Etter at Eid tapte sist kamp i juniorserien, var det kun siger som var godt nok. Sjansane i kampen var ganske jamt fordelt, men Sandane gjekk til pause med 2-0 leiing. I andre omgang var Stian Sandal frampå og reduserte til 2-1 knappe kvarteret før slutt. Eit fint innlegg nådde Stian, som enkelt heada ballen over keeper og i mål. Sjølv om Eid prøvde så godt dei kunne på slutten av kampen, var Sandane nærmare 3-1 enn Eid var utlikning. 

07.12  Vinn Haugen-krus
1. Kor mange mål blei det laga totalt i 6. divisjon denne sesongen?  (Haugen si avdeling)
2. Kva blei resultatet i bortekampen mot Heia denne sesongen?
3. Kor mange gule kort fekk Haugen denne sesongen?

Alle svara kan du finne på Haugen sine internettsider. 

Dei rette svara kan sendast på e-post.


07.12  Hatleset trenar Svelgen
Trond Hatleset skal neste år trene Svelgen i 5. divisjon. I tillegg skal Andre Hatleset og Frank Hatleset dra på seg den grøne trøya igjen. Dette melder Svelgen.no 

Guttelaget med Eirik Andreasen og Stian Aaland som trenarar, er i full gang med treningane. Laget trenar søndagane i idrettshallen på Stårheim Skule. Etter nyttår tek laget til med oppkøyringa til sesongen for alvor. Laget som skal på Norway Cup til sommaren hadde sist måndag flaskeinnsamling, og kunne seie seg godt nøgde med resultatet. Rett etter nyttår tek gutane ein ny runde i Kjølsdalen, på Stårheim og på Hauane. Då er det berre å finne fram tomgodset frå julefeiringa, slik at guttelaget får inn nok pengar til Norway-Cup turen. 

Tysdag 16. desember er det trening i Nordfjordhallen for A-laget. 

29.11  Sogndal og Kaupanger best i KM
Sogndal og Kaupanger vann KM-titlane i innandørsfotball i Førdehuset. I herreklassa vann Sogndal heile 6-1 mot TMFK. I dameklassa blei det rein klubbfinale mellom Kaupanger I og Kaupanger II. Fyrstelaget trekte det lengste strået og vann dermed KM-tittelen. Damelaga til Eid og Jølster blei her slått ut i semifinalen. Kjem tilbake med fleire resultat seinare. 

23.11  Stryn interessert i Ove Balsnes
Etter det underteikna har fått snusen i har Stryn sendt brev om at dei er interessert i Ove Balsnes. Ove Balsnes som er fyrste års senior er bror til Kåre Balsnes, og er kanskje eit endå større talent en det Kåre er. Kåre har denne sesongen vore på utlån til Stryn. 

Både Ove og Kåre er i utgangspunktet Haugenspelarar neste sesong, så vi får sjå kva som skjer vidare med desse talentfulle Balsneskarane.  

23.11  Vegard Løken på Keepersamling
Haugen sin unge keeper Vegard Løken skal fyrste helga i desember på samling. Dei mest talentfulle målvaktene i fylket blir samla i Kaupanger under leiing av Terje Skjeldestad. Frå Eid skal Aksel Myklebust delta. Preben Gilleshammer frå Jotun, som er son av Haugen sin ekselente venstreback, er også ein av dei utvalgte.

Les heile saka på kretsen sine sider 

19.11  Høyang 3 "beste" laget i fylket
Med heile 7,71 mål pr. kamp er Høyang det mest underhaldande laget i fylket. Det som ikkje er så bra at heile 86 av måla er baklengsmål. Men er du glad i mål har du fått valuta for pengane dersom du har fått med deg kampane til Høyang 3 i år. Også laga frå Haugen si avdeling i 6. divisjon hevda seg bra på lista. På 2. plass kom TMFK 3 med 7,07 mål pr. kamp, medan Svelgen, Skavøypoll 2 og Flatraket/Selje 2 delte 3. plassen med 6,93 mål pr. kamp. Haugen kom heilt nede på ein 50. plass av 60 lag. Haugen laga 34 mål og slepte inn 31 mål, noko som blir 4,64 mål pr. kamp. Eid finn vi midt på lista på ein delt 31. plass med 5,28 mål pr. kamp. Flaggskipet i fylket Sogndal ligg på klart siste plass med berre 3,42 mål pr. kamp. 
Heile lista ser du her.

15.11  Ny gjestebok
På grunn av ein del useriøse innlegg i gjesteboka i det siste, har underteikna sett seg nød til å lage til ei ny gjestebok. Gjesteboka skal nyttast til å kome med seriøse innspel, svare på konkurransar og kome med andre ting ein har på hjartet.

11.11  To strake for Eid
Juniorlaget til Eid har vunne to strake kampar på rad i vinterserien. Fredag 31. oktober blei det siger 3-0 borte mot Selje, etter mål av Steffen Sture Olsen (2) og Kim Vik. Sist fredag blei det 5-0 siger heime mot Hornindal. Her var det Jan Azar Karadas (3), Kim Vik og Stian Sandal som laga måla. 

11.11  Treningstider i Nordfjordhallen
Det er bestilt fire treningskveldar i Nordfjordhallen. Det skal vere to før jul og to etter jul. 
Datoane er: Tysdag 18.11.03, tysdag 16.12.03, tysdag 20.01.04 og tysdag 17.02.04. Alle datoane er frå 19.30-21.00. 

Utenom dette trenar Haugen måndag og fredag 19.30-21.00.

26.10  Haugen årets fair-play lag??????
Med berre fire gule kort på årets 14 kampar må Haugen ha prestert noko som må vere bortimot norgesrekord. Ettersom ingen av korta kom for munnbruk heller, må Haugen vere dommarane sitt favorittlag denne sesongen. Spesielt i haustsesongen har Haugen oppført seg eksemplarisk, og har ikkje pådratt seg eit einaste gult kort. 
Kven som har fått dei gule korta, spelt flest kampar, laga flest mål og tabellen ser du her.

15.10  Statistikken oppdatert
Statistikken over kampar og skåringar for A-laget til Haugen er oppdatert. Statistikken ser du her.

15.10  Utetreningar
På grunn av mykje folk på trening blir treningane flytta til Stårheim Stadion. Treningstidene blir måndag kl. 20.00 og fredag kl. 19.30. Er det for lite folk på trening, eller forholda ikkje er gode nok blir treningane flytta gymsalen på Stårheim. 

12.10  Jotun klar for 2. divisjon
Jotun greide i går å kvalifisere seg for spel i andre divisjon neste sesong. Med 1-0 tap mot Brumunddal, vann Jotun 2-1 samanlagt. 
Les om kampen på Jotun si heimeside.

3. divisjon: Opprykk Jotun, Nedrykk Kaupanger. 
4. divisjon: Opprykk Dale og Eid, Nedrykk Vik
5. divisjon: Opprykk Stryn II og Loen, Nedrykk Sogndal III
6. divisjon: Opprykk Bjørn og Svelgen

11.10  Geir Ove Åsebø årets spelar
I går arrangerte Haugen sin årvisse fotballfest på Expeditionen. Etter eit godt måltid samla heile laget seg på hemsen. Her var det myldring om neste års sesong og prisutdelingar. Geir Ove Åsebø fekk prisen som årets spelar. Bjarne Haugland og Trond Kroken vart mestskårande med heile fire mål. Lars Olav Holmøyvik runda 150 siste kampen i år, og fekk plakett for det. I tillegg fekk Øystein Haugland ei påskjønning for alt han har gjort for Haugen i året som har gått. 

04.10  Godt utgangspunkt for Jotun
Jotun har skaffa seg eit bra utgangspunkt før bortekampen mot Brumunddal neste helg. Etter 2-0 heime mot Brumunddal i dag kan Jotun greie opprykk neste helg. Rykkjer Jotun opp i 2. divisjon, beheld Saga og Bremanger sine plassar i henholdsvis 4. og 5. divisjon. Måla til Jotun vart sett inn av Ole Gunnar Hunderi og Roger Kleiva.

04.10  Bjørn-Svelgen 6-0 (2-0)
Har fått fylgjande referat frå Terje Nybø: 
Dette var kampen om KM-tittelen i 6.divisjon. Opprinnelig skulle det
spilles to kamper, en hjemme og en borte. Men etter en lang og slitsom
sesong ble lagene enige om å møtes i Førde på kunstgresset i en ren finale istedenfor. I det første kvarteret hadde Bjørn full kontroll, og Svelgen hadde problemer med å etablere spill på motstanderens banehalvdel. Etterhvert kom Svelgen bedre med i kampen, men det var Bjørn som tok ledelsen etter halvspilt omgang. Svelgen hadde ikke gitt opp, og prøvde seg sporadisk, men Bjørn var et par hakk bedre og satte inn 2-0 etter halvtimen. 
I andre omgang var Svelgen det dominierende laget de første 10
minuttene, men herifra og inn var Bjørn helt overlegne. På stillingen 3-0
innså Svelgen nederlaget, og var mest opptatt av å komme seg hjem til en velfortjent fotball-ferie. Bjørn puttet 4 mål i andre omgang og svidde i tillegg 2 straffer. Det var aldri tvil om at det var Bjørn som ønsket
KM-tittelen mest, og det var til det grader fortjent. Det var et svakt og
umotivert Svelgen-lag som kom til Førde, som ikke klarte å legge så mye i denne kampen. Nå er det bare å se fremover til neste sesong. Ny trenerkabal skal legges, og forsterkninger trengs dersom Svelgen skal kjempe om opprykk også neste år.

Underteikna takkar Terje Nybø for dei referata han har sendt. Kanskje er det fleire lag som kan sende referat frå sine kampar neste år? 

29.09 Fotballfest 2003 
A-laget sin fotballfest blir på Expeditionen fredag 10. oktober kl. 20.30. Her blir det tradisjonell sesongavslutning med utdelingar av prisar, godt drikke og kanskje ein matbit. 

Innlevering av draktsett:
Alle som har drakter må levere inn desse snarast. Draktene kan leverast til Øystein Haugland eller Hallvar Haugland. 

NB! Treningstida måndag er flytta til litt seinare på kvelden, og er kl. 20.00-21.30. 

29.09 Stårheim vann mot Selje
Småguttelaget til Stårheim vann i kveld heile 8-1 mot Selje på Stårheim Stadion. Selje tok tidleg leiinga 1-0, og det såg lenge ut til at det skulle bli ein jamn kamp på grusen i Torvikja. Rett før pause utlikna Stårheim til 1-1, og laga var like langt før andre omgang. I andre omgang var det berre eit lag på bana, og Stårheim gav seg ikkje før leiinga var 8-1. Dette var siste kampen for småguttelaget denne sesongen. Småguttelaget til Stårheim har hatt med spelarar frå Haugen, Stårheim og Kjølsdalen

28.09 Dommaren avgjorde i Sogndal
Dommaren kom i fokus i Sogndal i kveld. Sogndal som ikkje har tapt på Fosshaugane i år, var minst like gode som laget frå hovedstaden. Lyn kom best i gang i kampen, og etter 13 minutt gav Tomasz Sokolowski Lyn leiinga 1-0. Rett før pause laga Rune Bolset ny spenning i kampen, etter mykje fram og tilbake i femmeteren til Lyn. I andre omgang bølga spelet fram og tilbake. Det var her dommar Øyvind Alapnes fra Finnsnes kom i fokus. I identiske forseelsar dømde han frispark til Lyn, noko han ikkje gjorde når det var Sogndal som skulle hatt frispark. På overtid "felte" Christian Kalvenes ein vinglete Jan Derek Sørensen, og dommaren peikte på straffemerket. Jonny Hansen sette straffa sikkert i mål bak Terje Skjeldestad i Sogndalmålet. 

Med dette resultatet klatra Lyn over streken, og har Vålrenga, Bryne og Ålesund bak seg på tabellen. Sogndal ligg på sjette plass med 31 poeng, og mykje skal skje om det blir medaljar til Sogndal. 






28.09 Svelgen klar for 5. divisjon
Har fått følgjande referat frå kampen:

Svelgen-Vikane/Olden 3-2 (2-1)

Som følge av siste ukes enorme nedbørsmengder, skulle det bli en svært tung kamp. Svelgen-spillerne hadde på forhånd bestemt seg for å brette opp ermene, og ville by Vikane/Olden opp til skikkelig duell. Første omgang var preget av svært mange dueller, og ingen av lagene la noe i mellom. De første minuttene var jevnspilte, men V/O var frekke nok til å ta ledelsen. Svelgen forsatte i samme stil, og fikk etterhvert et overtak i kampen. Hjemmelaget hadde flere sjanser, men fikk ikke mål før dommeren pekte på straffemerket, etter en hands innen i målgården. Terje Nybø fikk æren av å utligne fra krittmerket. Utover i omgangen forsatte Svelgen å produsere sjanser, og Andrè Gjerde hadde ingen problemer med å sette ballen i et åpent mål fra 1 meter da sjansen bød seg. 

I andre omgang presset Svelgen fra første spark, og hadde tilsynelatende full kontroll. V/O prøvde seg sporadisk, og kontret inn 2-2 etter at Svelgen hadde mistet ballen langt inne på bortelagets banehalvdel. V/O hadde etter dette to gode skudd på mål, som keeper Torgeir Sørheim virkelig måtte ta frem sitt beste. Heldigvis var Sørheim strålende da det gjaldt som mest, og han fikk slått til corner begge gangene. Svelgen hadde en joker i ermet denne gangen, i Arne Rebni. Han fikk sjansen 15 minutter før slutt, og han lot seg ikke be to ganger. Etter 5 minutt på bana satte han i 3-2, og etter dette sikret hjemmelaget inn seieren. 

Sammenlagt ble resultatet 10-9 i Svelgens favør,
og sunnfjord-laget er dermed klar for neste års 5.divisjon. De to neste
helgene spiller Svelgen mot Bjørn om kretsmesterskapet. Målet for sesongen var opprykk, og det har Svelgen klart.

27.09 Jotun vann toppkampen
Kampen starta med høgt tempo frå begge lag, og Stryn var nærast skåring tidleg i kampen. Spesielt Thor Erik Nygård var frisk, og skapte mykje med farten sin på høgresida. Men det ville seg ikkje for Stryn, og Jotun kom meir og meir med i kampen. Stilling til pause var 0-0. I andre omgang låg det litt i lufta at dette kom Jotun til å greie. Når Stryn pressa var Jotun ekstremt farlege på kontringar, og etter 60 minutt lagar Ole Gunnar Hunderi 1-0. Berre tre minutt seinare var spissmakker Morten Brandsdal frampå, og punkterte i realiteten kampen med si 2-0 skåring. Etter dette flytta Stryn opp Trond Leirgulen som spiss, for å få litt meir styrke i lufta. Med dette skapte Stryn nokre halvsjansar, men Jotun var mykje farlegare på dei kontringa dei fekk. Etter 90 minutt fastsette Kjartan Furubotn sluttresultatet til 3-0. Banas beste var Jotun sin forsvarsstrateg Ivan Øy (bildet). Med stor ro styrte han forsvaret då Stryn pressa som verst i starten på kampen. 

27.09 Kaupanger og Saga ned?
Kaupanger og Saga ligg på dei to nederste plassane etter dagens resultat. Kaupanger rykkjer dermed ned, og må neste år ta turen til Loen, Eikefjord og Askvoll/Holmedal. Sjølv om Saga vann heile 5-0 borte mot Florø enda Saga på den utsette 11. plassen. Maktar ikkje Jotun å rykke opp, blir det nedrykk på Saga også. 

Resultat:
Stryn-Jotun 0-3 (0-0)
Høyang-Førde 2-1 (1-1)
Kaupanger-Skavøypoll 6-2 (2-2)
TMFK-Sogndal III 7-0 (3-0)
Florø-Saga 0-5 (0-3)
Fjøra-Sandane 7-2 (3-2)

27.09 Siger til Eid 
Eid vann 3-1 i går kveld på grusen på Stårheim. Eikefjord som var motstandar i kampen hadde lite å stille opp med mot eit Eidlag som til tider synte bra spel. Måla til Eid vart sett inn av Henning Haugen, Rune Schanke Eikum og Jørn Ove Rindal. 

23.09 Nye treningstider
A-laget til Haugen startar opp igjen med nye treningstider måndag 29. september. Treningane blir i idrettshallen på Stårheim Skule måndag 19.30-21.00 og fredag kl. 18.30-20.00. I tillegg har guttelaget trening søndag kl. 16.00-18.00. 

23.09 Haugen-Åheim/Stadlandet 5-0 (0-0)
Haugen sitt guttelag vann i kveld 5-0 mot Åheim/Stadlandet på Stårheim Stadion. Etter ein jamn fyrste omgang var Haugen det klart beste laget etter kvilen. Stillinga var 0-0 til pause, noko som var greit ut i frå spel og sjansar . Andre omgang starta på best mulig måte for Haugen. Allereie etter eitt minutt sette Jan Martin Smørdal ballen i nota bak ein sjanselaus keeper. Omlag ti minutt seinare var Kim Fagerstrand frampå og auka leiinga til 2-0. Rett etter var Kim farleg frampå igjen, men keeper fekk avverga i fyrste omgang. Då dukka Jan Martin opp som lyn i frå klar himmel og laga 3-0. Dette resultatet sto seg til fem minutt var igjen av kampen. Då laga Stig Tore Gilleshammer to flotte mål, og fastsette resultatet til 5-0. Haugen har no berre ein kamp igjen før gutane kan ta ein velfortent pause. Bremanger er motstandar på Bremanger Stadion. 

22.09 Vikane/Olden-Svelgen 7-7 ( 3-3)
Har fått dette referatet frå kampen:
Søndag tok Vikane/Olden imot Svelgen til første opprykkskamp i 6.divisjon. Og det skulle vise seg å bli litt av en thriller. Kampen bølget frem og tilbake, og sjansene ble etterhvert mange. Det var Vikane/Olden som tok ledelsen etter bare 1 minutts spill. Hjemmelaget var tøffe i duellene og var gode til å flytte folk raskt oppover. Svelgen sleit med å komme skikkelig inn i kampen, og ble for svake i duellspillet. Sakte, men sikker kom Svelgen nærmere, og da Frode Hessvik satte inn 1-1 på en halv-volley fra 10 meter fikk sunnfjord-laget troen tilbake. Men det tok ikke mange minuttene før V/O igjen var i ledelsen. Svelgen kjempa seg tilbake og tok ledelsen etter mål av Terje Nybø og Frode Hessvik. Men hjemmelaget ville ha uavgjort til pause, og klarte det 5 minutt før sidebytte. I andre omgang tok Svelgen kommandoen, puttet tre ganger før hjemmelaget våknet. 

Målene til Svelgen ble kreditert Terje Nybø (straffe), Stian Bøhmer og Torgeir Vårdal. V/O fikk redusert til 4-6, før en V/O-forsvarer satte ballen i eget nett etter god hjelp av Svelgen-spiss Andrè Gjerde. Hjemmelaget produserte sjanser jevnt og trutt, men de siste 15 minuttene var effektiven svært mye høyere enn tidligere, og en 3-måls opphenting var et faktum. Publikum ble ikke snytt for konfekt hverken angår dramatikk eller antall mål ettersom oppgjøret endte 7-7. Skuffende at hele 5 av de 7 målene til hjemmelaget kom på dødballsituasjoner, deriblant 2 på svært billig idømte straffer. Lørdag
ettermiddag går returoppgjøret i Svelgen. Utfallet av kampen mellom to
tilsynelatende jevngode lag er svært usikkert. Med 7-7 i første kamp, er
det eneste som er sikkert, at det ikke blir ekstraomganger..

21.09 Seriefinale i 3. divisjon neste helg
Stryn og Jotun møtest til seriefinale på Stryn Stadion neste laurdag. Jotun greier seg med uavgjort, medan Stryn må vinne kampen. Kaupanger er allereie klar for nedrykk, og spelar neste år i 4. divisjon. Greier ikkje Jotun eller Stryn å rykke opp til 2. divisjon, må endå eit lag ned frå 3. divisjon. Her kjempar Saga og Høyang om å sleppe nest siste plassen. Høyang skal spele heime mot Førde, medan Saga skal til Florø og må vinne. I fjerde divisjon er Eid og Dale klare for opprykk sjølv om begge laga tapte denne helga. I botnen av tabellen er allereie Vik klar for nedrykk. Jølster og Bremanger slåss om å unngå nestsiste plassen som kan ende med nedrykk. Skal Jølster ha håp om dette må dei vinne heime mot ÅTIL/Lærdal i dag. I siste runde spelar Jølster borte mot Vik, medan Bremanger skal spele borte mot TMFK II. I 5. divisjon vann Loen 5-2 borte mot Selje, og sikra med det opprykk til 4. divisjon. Dermed er det berre minimale teoretiske sjansar for at Selje kan ta igjen Stryn II. Nettopp Loen og Stryn II møtest i siste serierunde, og kan ha felles feiring for opprykk.  

I dag spelar Svelgen fyrste kvalifiseringskamp mot Vikane/Olden. Kjenner vi Terje Nybø rett får vi referat frå denne kampen seinare. 

Helgas resultat:
Saga-Fjøra 1-3
Skavøypoll-Stryn 0-4 (Tore Hellesø 3 og Jon Terje Tjellaug)
Sandane-TMFK 4-3
Jotun-Høyang 2-0 (Henrik Furubotn 2)
Førde-Kaupanger 1-2
Syril-Vik 8-1
Eikefjord-Dale 3-1
Bremanger-Eid 3-1
Selje-Loen 2-5
Hafslo-Vadheim/Høyang II 2-2

19.09 Kjempesesong av jentelaget
Jentelaget til Haugen spelte sin siste heimekamp for sesongen tysdag. Jentene vann 3-1 på Stårheim Stadion mot Tornado Måløy. Tysdag 23. september spelar laget årets siste kamp. Selje er motstandar på Selje Stadion. 

Ta ein kikk på laget si internettside

19.09 Delt siger i måljegeren
Arne Refsnes (bildet) og Terje Nybø enda begge med 16 fulltreffarar i årets 6. divison. To rundar før slutt låg Arne 4 mål bak Terje, men med seks mål mot Skavøypoll og eit mål mot Heia enda dei begge på 16 mål. Bak desse kom dei to Eidaspelarane Jan Azar Karadas og Steffen Sture Olsen. Jan Azar laga 14 mål og Steffen 11 mål. Av spelarane frå Heia var det Tom Roger Hjelle som laga flest med ni mål. Årets toppskårar på Haugen vart Bjarne Haugland og Trond Kroken med fire mål. 

Les heile lista

19.09 Trude Melheim Vann tabellkonkurransen
Med berre ti feilpoeng, og med tre lag på rett plass vann Trude Melheim årets tabellkonkurranse. Øyvind Løkling og Kay Rune Solheim som leia føre siste runde måtte begge sjå at einaste dame i konkurransen stakk av med sigeren. Kay Rune kom på andre plass, også han med ti feilpoeng, men med berre eit lag på rett plass. På tredje plass kom Sander Smørdal med 12 feilpoeng, og heile fire lag på rett plass. I den andre enden kom fjorårets vinnar Tor Henning Mardal. 

Les heile lista 

Kay Rune Solheim tippa rett sluttresultat i kampen mot TMFK III og får dermed eit Haugenkrus. 

19.09 Skavøypol II-Svelgen 1-6 (1-3)
Har fått følgjande referat frå Terje Nybø:
Tirsdag tok Svelgen turen opp til Deknepollen for å spille årets siste
ordinære seriekamp. Før kampen fikk Svelgen overrakt en blomsterbukett fra Skavøypoll`s fotballgruppe, som heder for seriemesterskapet. Dette var en flott guest av vertskapet, noe Svelgen-spillerne satte stor pris på. I det første kvartert var det stillingskrig, uten at noen av lagene klarte å skape noe nevneverdig foran mål. Etter 15 minutt scorte Lars Kristiansen med hode fra et frispark på kanten av 16-meteren. Like etter utlignet SIL 2, etter at en SIL 2-spiss fikk stå alene med keeper. Terje Nybø og Andrè Gjerde satt inn hhv 1 - 2 og 1 - 3. Sistenevnt, stupheadet ballen i mål fra 10 meter, etter et innlegg fra kanten. I andre omgang tok Svelgen mer og mer over, og det var ikke utfortjent at bortelaget fikk puttet 3 mål til ved Andrè Hatleset, Terje Nybø og Tom Erik Løvseth. Med dette har Svelgen
vunnet alle 14 kampene i årets 6.divisjon. Fredag eller lørdag skal Svelgen til Innvik for å spille første kvaliseringskamp om opprykk til 5.divisjon mot Vikane/Olden. Svelgen takker alle lagene for velspilt serie, og selv om det har vært hyggelig å møtes igjen til neste år, håper vi at vi kan steget opp i 5.

16.09 Avslutta med siger mot TMFK III
Haugen avslutta sesongen på Stårheim Stadion med 3-1 siger mot TMFK III. Dei fyrste 20 minutta av kampen var det mykje godt spel av Haugen, og det var ikkje ufortent at Haugen leia 1-0 til pause. Håvard Bruvoll kom fint fram på høgresida, og det perfekte innlegget heada Bjarne Haugland knallhardt i nota. Andre omgang starta på verst mogleg måte for heimelaget. Morten Lyng laga 1-1 allereie tre minutt etter kvilen. Etter dette bølga spelet fram og tilbake med halvsjansar til begge lag. Etter omlag halvtimen av andre omgang avgjorde Haugen kampen. Bjarne spelte fri Trond Kroken som åleine med keeper ikkje makta å overliste keeper. På returen var Roger Nygård framme og trilla ballen enkelt i mål. Tre minutt etter fekk Haugen corner. Trond legg ballen inn i feltet, men ein forsvarar får headda ballen ut igjen. Trond tar ballen på direkten og ballen går som ein prosjektil i lengste hjørnet. Etter dette ebbar kampen ut Haugen vinn fortent 3-1. 

I dei andre kampane fekk vi desse reultata:
Flatraket/SeljeII-Eid 1-4
Heia-Stadlandet 1-3
Skavøypoll II-Svelgen 1-6

Dermed endar Haugen på ein tredje plass i årets 6. divisjon avd. 4. 

15.09 TIPP OG VINN
Bli med i konkurransen om å tippe rett sluttresultat i heimekampen mot TMFK III. 

Kampen blir spelt  tysdag 16. september kl. 18.15.

Tipset og navnet ditt skriv du inn i gjesteboka, og den fyrste som sender inn rett svar får eit eksklusivt Haugenkrus. 

Tipset ditt må du skrive inn i gjesteboka seinast 16. september. kl. 16.00. Du kan sjå kva dei andre har tippa i Gjesteboka. 
Nokre har også sendt sine tips på e-post.

14.09 Eid klar for 3. divisjon
Herrelaget til Eid er etter dagens 7-1 siger mot Askvoll/Holmedal klar for spel i 3. divisjon. Til pause leia Eid 4-1, etter skåringar av Frode Taklo, Vidar Hjelle, Kay Ove Hafsås og Magnus Sævik. Askvoll/Holmedal sitt trøystemål kom på straffe med Frank Ask. I andre omgang pressa Askvoll/Holmedal for å kome med i kampen igjen, men det vart med forsøket. Kim Vik auka til 5-1, medan Kay Henning Myklebust auka til 6-1 og fastsette sluttresultatet til 7-1.  
Haugen Fotball gratulerar Eid med opprykk til 3. divisjon. 

Resultat søndag:
Eikefjord-Bremanger 3-1
TMFK II-Jølster 1-2
Førde II-Hornindal 4-0
Tempo-Hafslo 2-2

Kay Rune Solheim leiar Tabellkonkurransen føre siste serierunde.  Kay Rune leiar med minst mogleg margin føre Øyvind Løkling. 
Les heile lista  

13.09 Eid klar for kvalifisering
Damelaget til Eid er klar for kvalifisering til 1. divisjon. I dag vann Eidadamene 5-3 mot Ørsta/Volda på Eid Stadion. 
Herrelaget til Svelgen skal møte enten Vikane/Olden eller Hyen til kamp om opprykk til 5. divisjon. I den andre kvalifiseringskampen møtest Gaular og Bjørn. Vinnarane av desse kampane skal deretter møtast til kamp om kretsmesterskapet. 

Resultat denne helga:
Stadlandet-Skavøypoll II 7-0
Svelgen-Flatraket/Selje II 4-3 (sjå referat lenger ned på sida)
TMFK III-Heia 7-6
Sogndal III-Selje 4-7
Oppstryn-Loen 0-4
Vadheim/Høyang II-Stryn II 1-5
ÅTIL/Lærdal-Syril 1-2
Vik-Dale 0-11
TMFK-Saga 5-1
Stryn-Førde 3-1
Kaupanger-Jotun 0-6
Høyang-Skavøypoll 2-2
Florø-Sandane 2-5 

13.09 Svelgen-Flatraket/Selje II 4-3 (2-0)
Har fått dette referatet frå kampen:
Svelgen startet kampen med høyt press og skapte de første 20 minuttene mange store sjanser. Etter 5 minutter var Svelgen oppskriftsmessig i ledelsen, etter Dagfinn Mundal la inn perfekt på hode til Andrè Gjerde som sikkert satte ballen i mål. 15 minutter senere fikk Dag-Magnus tak i et innlegg og spilte 45-grader ut til en umarkert Terje Nybø, som kunne øke til 2 - 0. Førsteomgangen ble etter dette mer jevnspilt, og begge lag hadde flere muligheter til å score, uten at noen klarte det før dommeren blåste for pause. Andre omgang startet som første sluttet, og bortelaget viste ingen tegn til å være et bunnlag, og nettet like godt to ganger på under 10 minutter før halvtimen var spilt. 5 minutt før slutt var Andrè Gjerde frampå igjen fra 10 meter og ordnet 3 - 2 etter å kommet seg fri inne i feltet. Hjemmelaget var fornøyd, men det var ikke FS2. De gikk respektløst til verks, og utlignet 3 minutter senere. Skulle den lange seiersrekka til hjemmelaget brytes mot bunnlaget FS2? Panikken var i ferd med å bre seg i hjemmelaget. Men unggutten Svein-Arve Steinset tok utfordringen. Og klinte ballen i mål på halv-volley fra 16 meter, 2 minutter på overtid. Dette ble
siste spark på ballen i denne kampen. Tirsdag drar Svelgen til Skavøypoll for å avslutte årets seriespill.

11.09 Haugen-Eid 2-1 (0-0)
Guttelaget til Haugen vann i kveld 2-1 mot naborival Eid. Etter at pauseresultatet var 0-0 fekk publikum sjå ein underhaldande andre omgang. Jan Roger Solibakke gav Haugen leiinga 1-0 omlag midt i omgangen. Dette såg lenge ut til å bli sluttresultatet, men to minutt før slutt utlikna Eid ved Anders Midthjell. Men denne kampen ville ikkje Haugen tape, og rett fra avspark spelte dei seg fint igjennom Eid sitt forsvar. Åleine med keeper sette Jan Martin Smørdal inn vinnarmålet til stor jubel for publikum på Klenkarberget. 

Har hatt litt trøbbel med gjesteboka i det siste. Dei som vil tippe sluttresultatet i heimekampen mot TMFK III kan sende ein e-post. 

09.09 Eid II-Haugen 3-3 (1-3)
Det vart poengdeling på Eid Stadion i kveld. Eid starta kampen best, og Stian Sandal laga 1-0 til Eid etter snaue halvtimen. Men etter dette vart det berre Haugen resten av omgangen. Etter 34 minutt fomla ein Eidspelar ballen i eige mål etter corner. Etter 37 minutt var det duka for årets kanon frå Øystein Haugland. Frisparket frå 16 meter gjekk rett i lengst kryss utan sjanse for Eidkeeper Sindre Rise. Rett før pause er det duka for 3-1 leiing for Haugen. Håvard går av tre-fire spelarar på midtbana, og spelar elegant fri Roger Nygård på kanten. Roger spring rett i  gjennom, og set ballen elegant i krysset på fyrste berøring. Laga går til pause med 3-1 til Haugen. I andre omgang skorta det på kreftene til Haugen og Eid tok meir og meir over sjølv om Haugen var farlige ved ein del anledningar. Etter 74 minutt greide ikkje Haugen å stå i mot lenger, og Arne Morten Nydal reduserte på ein retur frå Haugenkeeper Geir Ove Åsebø. Omlag ti minutt før slutt utlikna Eid til 3-3. Nydal drog seg fri på kanten og innlegget traff Kai Henning Myklebust, som netta enkelt. På slutten bølga det fram og tilbake, og begge laga kunne med litt flaks sett inn vinnarmålet. Men det ebba ut med 3-3 og poengdeling. Med dette resultatet ligg Haugen og Eid likt på tabellen før siste serierunde. Men med mykje bedre målskilnad skal det godt gjerast at Haugen kan ta 2. plassen frå Eid.  

Ingen tippa rett sluttresultat i kampen, så Haugenkruset går over til neste kamp. Send inn ditt forslag til resultat i kampen Haugen-TMFK III. Tipset ditt må du skrive inn i gjesteboka seinast 15. september. Du kan sjå kva dei andre har tippa i Gjesteboka.   

Damelaget til Eid vann i kveld 3-0 borte mot Sykkylven. Dermed kan laget vinne si avdeling med siger heime mot Ørsta/Volda laurdag. Men veien til spel i fyrste divisjon er lang for Eidadamene. Blir det siger i avdelinga ventar Ranheim i kvalifiseringskamp. Blir det siger her er det gruppespel med to andre lag, og berre vinnaren rykkjer opp i 1. divisjon. Men uansett utfall av dei resterande kampane kan vi vere stolte av det Eidadamene har utretta denne sesongen. Det bør bli mykje folk på Stadion laurdag. 

07.09 Nybø og Karadas leiar måljegeren
Svelgenspelar Terje Nybø og Eid II-spelar Jan Azar Karadas (bildet) leiar begge måljegeren med tretten fulltreffarar etter tolv serierundar. Steffen Sture Olsen og Arne Rebni følgjer på plassane bak med ti nettkjenningar så langt. For å finne fyrste Haugenspelar må ein heilt ned til tre mål, som Trond Kroken og Hans Thomas Solheim har. Fem spelarar har putta to gongar, medan ti hauarar har vore frampå ein gong. I kampane mot Heia og Stadlandet fekk Haugen hjelp av motstanderen til å lage mål.     

Les heile lista

Dagens resultat:
Dale-Bremanger 2-0
Syril-TMFK II 4-2
Hafslo-Førde II 2-3
Sogndal III-Loen 3-1

07.09 Stadlandet-Svelgen 3-4 (1-3)
Har fått dette referatet frå kampen: 
Svelgen var allerede vinner av avd 4 i 6.divisjon da de tok til på reisa
til Leikanger, og på papiret skulle det være en grei kamp for serielederen å vinne mot svakt plasserte Stadlandet. De første 15 minuttene hadde bortelaget full kontroll, og gikk oppskriftsmessig opp i 0 - 3, med Andrè Gjerde, Terje Nybø og Torbjørn Didriksen som målscorere. Så begynte hjemmelaget å ta mer tak i kampen og skapte flere farlige sjanser, før de fikk et billig mål halveis i omgangen. Andrè Gjerde satte iskaldt inn mål nummer 2 til 4 - 1 etter at halvtimen var passert. Svelgen var meget effektive foran mål, da de ikke hadde skapt noe særlig mer enn de scoringene de fikk. Andre omgangen ble kjør mot et mål. Hjemmelaget med et stort og svært entusiastisk publikum i ryggen, skapte sjanse på sjanse i andre omgang. Keeper Roy Vegard Sørgulen ble gang på gang satt på prøve,
men viste ved flere anledninger meget høy klasse. To ganger i andre omgang måtte han uforskyldt hente ballen ut fra nota. 3 poeng til Svelgen i denne kampen må regelrett betegnes som et ran. For hjemmelaget var best i det meste, med unntak av det viktigste; å sette ballen i mål. 
Fredag kommer Flatraket/Selje 2 på besøk på Svelgen Stadion. Da bør hjemmelaget vise andre takter enn i går.

05.09 Jølster-Eid 2-4 (1-2)
Eid sikre seg tre poeng i kveld etter 4-2 siger borte mot Jølster. Med dette resultatet er det berre teoretiske sjansar for at Eid ikkje rykkjer opp i 3. divisjon. I kveldens kamp leia Eid 2-1 til pause, etter to mål av Jim Rune Skrede. I andre omganag putta Frode Taklo og Vidar Hjelle, og Eid vann dermed 4-2. 

I 6. divisjon vann Svelgen 4-3 borte mot Stadlandet og tok dermed sin 12. siger på rad.

Andre resultat fredag: 
Førde-Sandane 4-3
Kaupanger-Fjøra 2-2
Askvoll/Holmedal-Eikefjord 2-3
Vik-ÅTIL/Lærdal 0-2
Selje-Vadheim/Høyang II 3-0 

04.09 TIPP OG VINN
Bli med i konkurransen om å tippe rett sluttresultat i bortekampen mot Eid II. 

Kampen blir spelt  tysdag 9. september. 

Tipset og navnet ditt skriv du inn i gjesteboka, og den fyrste som sender inn rett svar får eit eksklusivt Haugenkrus. Viss ikkje nokon har sendt inn rett svar går konkurransen vidare til neste kamp. 

Tipset ditt må du skrive inn i gjesteboka seinast 8. september. Du kan sjå kva dei andre har tippa i Gjesteboka. 
 

Ørjan Solheim og Arne Refsnes kan ta kontakt med underteikna pr. e-post, slik at vi kan bli enige om overlevering av tidlegare vunne premiar. Ørjan vann ein Haugenparaply, medan Arne har vunne eit Haugenkrus.

04.09 Siger til guttelaget
Guttelaget til Haugen vann i kveld heile 5-1 i heimekampen mot Bremanger. Etter ein relativt jamnspela fyrsteomgang var stillinga 1-1, etter skåring av Kim Fagerstrand. Andre omgang åpna friskt og før det var spelt 15 minutt leia Haugen 4-1. 2-1 målet kom på eit sjølvmål frå ein Bremangerspelar, medan Alexander Pavlich laga 3-1 og Ove Balsnes laga 4-1 på straffe. Etter dette dabba kampen og Bremanger var farleg frampå utan at dei makta å sette ballen bak Haugenkeeper Vegard Løken. I staden var det Jan Martin Smørdal som sette inn 5-1 for Haugen, og punkterte med det kampen. 

Torsdag 11. september spelar guttelaget heime mot Eid på Klenkarberget. 

02.09 Haugen-Flatraket/Selje II 3-1 (1-0)
Det vart 3-1 siger til Haugen mot botnlaget Flatraket/Selje II. Etter ein nokså jamnspelt 1. omgang fekk Haugen straffe på overtid då ein F/S-spelar la seg ned med ballen i hendene rett innanfor 16-meteren. Kaptein Gustav Orheim sette straffa sikkert til venstre for ein god F/S-keeper. I andre omgang viste Haugen dei fyrste ti minutta kva laget kan prestere på ein god dag. Debutant Roger Nygård kom inn etter kvilen, og fem minutt etter fekk ha æra å lage 2-0, etter eit fint framspel frå Torleiv Orheim. Endå fem minutt etter kom Lars Olav Holmøyvik åleine med keeper, og på andre sjansen sette han den elegant i nettmaskene. Men så datt kvaliteten betrakteleg og F/S kom meir med i kampen. Kvarteret før slutt fekk Flatraket/Selje eit reduseringsmål ved Ken Olav Kupen, og fastsette med det sluttresultatet til 3-1.

I dei to andre kampane i Haugen si avdeling vann Heia 4-3 over Eid II, medan Skavøypoll II vann 5-2 mot TMFK III. Med desse resultata er Haugen på tredje plass på tabellen med 24 poeng. Eid har også 24 poeng men har mykje bedre målskilnad enn Haugen. TMFK III er no sju poeng bak Haugen, og med to kampar att er Haugen sikra minst 3. plass i årets 6. divisjon avd. 4. 

Jentelaget til Haugen vann i kveld 4-3 mot Eid etter ein kjempespennande kamp på Klenkarberget. 

Eidadamene vann i går kveld 3-2 mot Hessa/Herd/Fortuna II. Med dette held damene stå kurs mot topplassen i avdelinga og vidare spel for opprykk til 1. divisjon. 

31.08 Eid nesten klar for opprykk
Med 3-1 siger mot Syril er Eid nesten klar for opprykk til 3. divisjon. Dale vann borte mot ÅTIL/Lærdal og er klar for opprykk. Ettersom både Eikefjord og Askvoll/Holmedal tapte sine kampar ligg Eid på andre plass ni poeng føre Askvoll/Holmedal og Eikefjord. Det skal mykje tull til frå Eid si side viss ikkje dette skal gå vegen. I dagens kamp mot Syril var det Jim Rune Skrede 2 og Frode Taklo som laga måla til Eid. Syril sitt mål vart sett inn Aslak Benjaminsen. 

Damelaget spelar måndag kveld kl.18.30 heime mot Hessa. Træff spelte laurdag uavgjort 2-2 borte mot HaNo, og søndag vann dei heile 14-0 heime mot Brattvåg. Træff ligg dermed 5 poeng føre Eid, men har to kampar meir spelt. Vinn Eid sine fire siste kampar er det duka for opprykk for Eidadamene. 

29.08 Roger Nygård klar for Haugen
Tidlegare Bremangerspelar Roger Nygård er klar for spel i Haugentrøya. Haugen spelar heimekamp mot Flatraket/Selje 2 tysdag kl. 19.00. På grunn av forskjellige ting blir det ikkje trening søndag, og det blir oppmøte tysdag kl. 18.00. 

I kveld vann Heia 4-1 borte mot Flatraket/Selje, medan TMFK III spelte uavgjort 1-1 heime mot Stadlandet. Dermed klatra Heia til 6. plassen på tabellen, og er berre to poeng bak Skavøypoll II. 
Heia møter Eid II på tysdag, medan Skavøypoll II møter TMFK III.  

28.08 Åheim/Stadlandet-Haugen 5-5 (1-2)
Haugen sitt guttelag spelte i kveld uavgjort 5-5 i bortekampen mot Åheim/Stadlandet. Det var ein skuffa gjeng underteikna var i kontakt med på telefon etter kampen. Etter å ha leia 2-1 til pause og 5-4 på overtid kom Åheim/Stadlandet tilbake og utlikna 5 minutt på overtid. Måla til Haugen vart sett inn av Alexander Pavlich 2, Kim Fagerstrand, Ove Balsnes og Thomas Dalsbø. 

26.08 Svelgen-Haugen 4-0 (2-0)
Det vart 4-0 tap for Svelgen på Svelgen Stadion i kveld. Etter ein svak fyrste omgang av Haugen leia Svelgen 2-0. Andre omgang var bedre frå Haugen si side, og ein del bra spel resulterte i fleire hundreprosentsjansar, utan at Haugen makta å overliste Svelgen sin meget gode keeper. Svelgen putta også to mål i andre omgang, og tok med dette sin 11. strake siger på rad. 

I den andre kampen i Haugen si pulje vann Eid II heile 10-1 mot Skavøypoll II. 

Fredag 29. august spelar Heia borte mot Flatraket/Selje, medan TMFK III tek i mot Stadlandet. 

26.08 Svelgen-Haugen
Dagens kamp mot Svelgen blir spelt i Svelgen klokka 19.00. Kjem med kampfakta så snart som mogleg. 

24.08 TMFK 3-Svelgen 0 - 7 (0 - 4)
Har fått følgjande referat:
TMFK3 lovde å knuse Svelgen i returoppgjøret etter å ha tapt 8 - 1 på
vårparten. Det ble tidlig klart at så ikke ville skje. Svelgen pressa høyt
fra første sekund, og Andrè Gjerde kjempa inn 0 - 1 allerede etter 25
sekund. Frode Hessvik la på til 0 - 2 før 2 minutter var gått. Det ble
aldri noen velspilt fotballkamp i høstværet på Raudeberg. Solide mengder nedbør og en god dose vind, gjorde spilleforholdene vanskelige, selv om bana holdt bra standard tatt værforholdene i betraktning. Terje Nybø og Geir Myklebust økte ledelsen til hhv 0 - 3 og 0 - 4 før pause. Hjemmelaget største sjanse i første omgang kom på en straffe som ble satt 1 meter utenfor. Svelgen hadde god kontroll også i andre omgang, selv om hjemmelaget fikk noen forsøk på mål. Geir Myklebust og Gisle Tolstadløkken scorte hvert sitt i andre omgang, før Terje Nybø satte punktum for kvelden med 0 - 7.
Med fredagens Svelgen-seier ser mulighetene til å vinne avdeling 4 svært gode ut. Neste hinder for Svelgen er hjemmekamp mot Haugen på tirsdag. 

Kampfakta
TMFK3 - Svelgen 0 - 7 (0 - 4)
0 - 1 Andrè Gjerde
0 - 2 Frode Hessvik
0 - 3 Terje Nybø
0 - 4 Geir Myklebust
0 - 5 Geir Myklebust
0 - 6 Gisle Tolstadløkken
0 - 7 Terje Nybø

Tilskuere ca 10

Dommer Helge Hamre - Selje IL

22.08 Heia-Haugen 0-2 (0-1)
Dagens kamp mot Heia på Klenkarberget enda med 2-0 siger til Haugen. Men det som ikkje var så bra var av Vegard Bruvoll knakk beinet rett av. Vi får håpa at alt går bra med Vegard, og at han kan dra på seg Haugentrøya igjen når neste sesong tek til. Etter at kampen vart stoppa i omlag eit kvarter var det Haugen som tok føringa. Bjarne Haugland sende avgårde eit lompeskudd som Heiakeeperen ikkje klarte å stoppe. Haugen pressa Heia høgt og kom til mange store sjansar i denne delen av kampen. Laga gjekk til pause med 1-0 leiing til Haugen. I andre omgang bølga spelet meir fram og tilbake og det hadde ikkje vore ufortent at Heia hadde fått ei utlikning på slutten av kampen. Geir Ove Åsebø redda alt som kom og Haugen kunne slå seg på kassa og juble over tre poeng. På slutten fekk Haugen frispark som Øystein Haugland sette via ein uheldig Heiaspelar, og rett i nettmaskene. Med denne 2-0 skåringa ebba kampen ut. 

I ein annan kamp i Haugen si gruppe vann Svelgen 7-0 borte mot TMFK 3. 

22.08 Haugen-Vikane 2-0
Guttelaget vann i går kveld 2-0 mot Vikane på Klenkarberget. Dermed har Haugen vunne dei to fyrste kampane denne haustsesongen. Neste kamp er borte mot Åheim/Stadlandet torsdag 28. august. 

Husk Heia Haugen på Klenkarberget i kveld kl. 19.00.

I dag spelar også Stadlandet mot Eid 2, og TMFK 3 mot Svelgen. Tippekonkurransen er no avslutta, og åtte tips er komt inn. Sju har tippa siger til Haugen, medan Tom Roger Hjelle har tippa heile 5-0 til Heia.  

18.08 TIPP OG VINN
Bli med i konkurransen om å tippe rett sluttresultat i kampen mot Heia. 

Kampen blir spelt  på Klenkarberget fredag 22. august. 

Tipset og navnet ditt skriv du inn i gjesteboka, og den fyrste som sendte inn rett svar får eit eksklusivt Haugenkrus. Viss ikkje nokon har sendt inn rett svar går konkurransen vidare til neste kamp. 

Tipset ditt må du skrive inn i gjesteboka seinast 21. august.  Du kan sjå kva dei andre har tippa i Gjesteboka. 
 

Resultat: Sogndal II-Skavøypoll 5-2

Underteikna har byrja å få kalde føter når det gjeld denne eventuelle sykkelturen til Svelgen. Men har ein først sagt noko må ein halde det. Eg syklar til bortekampen mot Svelgen, viss Kim Tore Gilleshammer lagar tre mål i kampen mot Heia fyrstkomande fredag. 

17.08 Kjempekamp av Eidadamene 
Eidadamene vann i dag 5-3 mot tabelleiar Træff på Eid Stadion. Kampen starta med at Hrefna Gudmundsdottir gav Eid leiinga 1-0. Men Træff kom tilbake og leia 2-1 då laga gjekk til pause. Andre omgang starta med at Eid pressa, men det var Træff som auka leiinga til 3-1. Men Eidadamene gav seg ikkje og då Maria Hagen sklei inn reduseringa til 2-3 øyna dei neste hundre på tribunene nytt håp. Ikkje lenge etter var Maria frampå igjen og utlikna til 3-3. Då var det verkeleg stemning på Eid Stadion, og berre minuttet etter gav Evy Balsnes Eid leiinga 4-3. Etter dette pressa Træff for å sikre seg ei utlikning, men det vart berre med nokre halvsjansar. Omlag ti minutt før slutt laga Maria Hagen sitt tredje mål for dagen, og sigeren var i boks. Ein kjempekamp av Eidadamene, som no berre ligg eit poeng bak Træff på tabellen. Best på eit godt kjempande Eidlag var Trine Karlsen.

Neste kamp for Eid er borte mot Hødd søndag 24. august. Træff spelar samme dag heime mot botnlaget Brattvåg. Volda/Ørsta ligg på tredje plass på tabellen med 5 poeng mindre en Træff. Volda/Ørsta har to kampar  mindre spelt, så vinn dei begge desse leiar Volda/Ørsta tabellen. 

16.08 Sykle til Svelgen 
Har no fått inn dei fyrste tipsa i tippekonkurranse om sluttresultatet i kampen mot Heia. Nokre av tipsa er vel meir eller mindre realistiske. Ole Gunnar Midtbø har tippa 3-0 til Haugen. Dette tipset er vel ikkje så usannsynleg, men det som er usannsynleg er at han har tippa at Kim Tore Gilleshammer lagar alle tre måla. Greit nok at "Gilles" laga mål borte mot Stadlandet, men lagar Kim Tore tre mål mot Heia skal underteikna sykle til bortekampen mot Svelgen. Sykkelen min har ikkje vore i bruk på tre år, men då får eg pumpe luft i dekka og sykle gjennom Ålfotedalen. Kan "Gilles" lage tre mål????

16.08 Eid-ÅTIL/Lærdal 4-2 (1-0)
Eid vann i dag 4-2 over ÅTIL/Lærdal på Eid Stadion. Eid var best i begge omgangar, men med litt flaks kunne ÅTIL/Lætdal fått med seg eit poeng heim til Sogn. Kay Ove Hafsås (bildet) gav Eid leiinga etter 19 minutt på eit kanonskot. I andre omgang starta Eid bra, og Ole Gunnar Midtbø auka til 2-0 etter tre minutt. Fem minutt etter fekk ÅTIL/Lærdal straffe og Stian Øy laga ny spenning i kampen. Ole Gunnar var frampå igjen omlag halvegs i omgangen og det såg ut til at Eid hadde sikra sigeren. Men ÅTIL/Lærdal reduserte rett etter målet til Eid og nok ein gong øyna Sogningane sjanse til poeng. Kampen vippa fram og tilbake med sjansar til begge lag. På overtid var Ole Gunnar frampå nok ein gong og fastsette sluttresultatet til 4-2. 

Resultat:
Jotun-Sandane 6-0 (fredag)
Høyang-Florø 2-2
Stryn-Fjøra 2-0
TMFK-Kaupanger 2-0
TMFK II-Dale 0-4
Eikefjord-Vik 4-2
Bremanger-Syril 5-3


15.08 Heia-Svelgen 3-6 (2-4)
Svelgen tok sin niande strake siger for sesongen, då dei møtte Heia på Stårheimsgrusen fredag kveld. Heia var godt med i kampen heilt til det sto igjen eit kvarter av kampen. Då auka Arne Rebni (bildet) Svelgen si leiing til 5-3, og kampen var i realiteten avgjort. Måla til Heia vart sett inn av Bjørn Joar Svarstad, John Henrik Bjørlo og eit sjølvmål etter corner. 

I den andre kampen i avdelinga vann Stadlandet 5-2 borte mot Flatraket/Selje 2. Med dette resultatet gjekk Stadlandet forbi Heia på tabellen til ein 6. plass. 

Neste kamp er TMFK III mot Svelgen tysdag 19. august.

Fredag 22. august er det duka for Stadlandet mot Eid II og Heia mot Haugen.


14.08 2-0 siger for guttelaget 
Guttelaget vann i kveld 2-0 borte mot Eid. Etter spel og sjansar var dette eit heilt greit resultat. Ove Balsnes gav Haugen leiinga etter ein corner ti minutt før pause. Ti minutt ut i andre omgang trygga Jan Martin Smørdal sigeren med eit langskot frå omlag 30 meter. Resten av kampen vart ein stillingskrig på midten, utan at nokon av laga fekk dei heilt store sjansane. 

Neste kamp for guttelaget er heime mot Vikane torsdag 21. august.

13.08 TIPP OG VINN
Bli med i konkurransen om å tippe rett sluttresultat i kampen mot Heia. 

Kampen blir spelt  fredag 22. august. 

Tipset og navnet ditt skriv du inn i gjesteboka, og den fyrste som sendte inn rett svar får eit eksklusivt Haugenkrus. Viss ikkje nokon har sendt inn rett svar går konkurransen vidare til neste kamp. 

Tipset ditt må du skrive inn i gjesteboka seinast 21. august.  Du kan sjå kva dei andre har tippa i Gjesteboka. 
 

Resultat: 
Fjøra-Jotn 2-0
Florø-Førde 2-3
Kaupanger-Sogndal 0-4
Saga-Høyang 2-2
Sandane-Stryn 3-7
Skavøypoll-TMFK 3-4

12.08 Skavøypoll II-Haugen 0-2 (0-0)
Haugen vann i kveld 2-0 på den nye kunstgrasbana i Polljen. Etter ein nølande start på det uvandte underlaget, kom Haugen bedre med etter kvilen. Fyrste målet til Haugen kom etter eit fint innlegg frå sida, som Terje Gilleshammer sette elegant i det lengste hjørnet bak ein sjanselaus Jøran Riise. Omlag halvvegs i andre omgang punkterte Jim Andre Balsnes kampen. Åleine med keeper sette han roleg ballen i mål bak ein utrusande keeper. Dette var siste kampen til Jim for denne gongen, men kjenner vi Jim rett, troppar han opp igjen når sjansen byr seg. 
Takk for god innsats Jim! 

I den andre kampen som blei spelt i dag vann Eid II heile 6-1 mot TMFK III. Med dette resultatet gjekk Eid II opp på andre plass på tabellen, medan Haugen ligg på tredje med samme poengsum. 

 


08.08 Stadlandet-Haugen 1-5 (0-2)
Haustsesongen starta i kveld med kalassiger 5-1, mot Stadlandet på grusen på Leikanger. Etter å ha leia 2-0 til pause kom Stadlandet tilbake og skapte ny spenning med ei 2-1 redusering. Men Haugen var det klart beste laget i denne kampen, og auka jamt og trutt til det sto 5-1 då dommaren bles av kampen. Måla til Haugen vart sett inn av: Kim Tore Gilleshammer (bildet), Sjølvmål, Jim Andre Balsnes, Håvard Bruvoll og Bjarne Haugland. Målet til Stadlandet var eit sjølvmål av Haugen. 

Les kampfakta 

I ein annan kamp tapte Heia 2-1 borte mot Skavøypoll II. Med desse resultata ligg Haugen på 4. plass, og Heia på 6. plass. 

I fjerde divisjon vann Eid 5-3 heime mot TMFK II. I ein annan kamp vann Dale 6-4 mot botnlaget Jølster. Dermed har Dale kurs rett mot 3. divisjon, medan Eid må kjempe med Askv./Holmedal og Eikefjord om den andre opprykksplassen.

07.08 Svelgen Eid II 4-1 (3-0)
Har fått følgjande referat frå kampen Svelgen-Eid II.

Svelgen slo Eid 2 i tøff batalje
Det ble en meget tøff kamp mellom serieleder Svelgen og serietoer Eid 2 tirsdag kveld. Kampen var preget av solid kjemping og tøffe taklinger hos begge lag. 3 mann måtte søke kyndig legehjelp, både med hodeskader og beinbrudd. Første kvarteret av kampen var det stillingskrig, og begge lag hadde sjansen til å ta ledelsen. Men det var Svelgen som fikk det første målet etter at dommeren gav hjemmelaget en billig straffe, som Arild Myklebust sikkert ekspederte i mål bak Eida-keeperen. Svelgen fikk også det andre målet før halve omgangen var spilt. Da tok Arne Rebni selv tak, da han i mangel av pasningsalternativer lobbet ballen over keeper fra 40
meter! En scoring som alene var verdt inngangspengene. Frode Hessvik
gjentok bedriften senere i omgang, men da fra 15 meter. Til pause stod det 3 - 0 til Svelgen. I andre omgang fikk Eid 2 en redusering, men Frode Hessvik var igjen på farten og kriget inn sluttresultatet til 4 - 1. Med seieren over Eid 2 økte Svelgen sin ledelse med 2 poeng. Fredag 15. august drar laget fra Sunnfjord over fjorden til Eid for å møte Heia sine utvalgte.

Kampfakta
Svelgen - Eid 2      4 - 1  (3 - 0)
1 - 0 Arild Myklebust
2 - 0 Arne Rebni
3 - 0 Frode Hessvik
3 - 1 Bjørn Berdal 
4 - 1 Frode Hessvik

Tilskuere; ca 50

Dommer; Ole Jakop Endestad, Eikefjord IL

05.08 TIPP OG VINN
Bli med i konkurransen om å tippe rett sluttresultat i kampen mot Stadlandet. 

Kampen blir spelt på Leikanger fredag 8. august. 

Tipset og navnet ditt skriv du inn i gjesteboka, og den fyrste som sendte inn rett svar får ein premie. Underteikna har fått ny forsyning med Haugenkrus, så vinnaren blir eigar av eit slikt. Viss ikkje nokon har sendt inn rett svar går konkurransen vidare til neste kamp. 

Tipset ditt må du skrive inn i gjesteboka seinast 7. august.  Du kan sjå kva dei andre har tippa i Gjesteboka. 
 

Resultat: 
Svelgen-Eid II 4-1
TMFK III-Flatraket/Selje II 2-0

31.07 Skavøypoll II-Flatraket/Selje II 16-2
Skavøypoll sine nest best starta haustsesongen med å knuse Flatraket/Selje II heile 16-2. Med dette resultatet er Skavøypoll II berre to poeng bak Haugen, medan Flatraket/Selje II er sist utan poeng. 

Tysdag 5. august spelar Eid II borte mot Svelgen, og TMFK III tek i mot botnlaget Flatraket/Selje II. 

Fredag 8. august spelar Skavøypoll II heime mot Heia, medan Haugen skal spele borte mot Stadlandet.

Fredag 1. august spelar Eid toppkamp mot Dale på Eid Stadion. Eid spelte treningskamp mot Sandane søndag, og det enda med 1-4 tap. Kay Ove Hafsås laga Eid sitt mål i denne kampen.  

30.07 Nye treningstider for A-laget
Fram mot bortekampen mot Stadlandet 8. august blir treningane flytta litt. Dei nye treningstidene blir:
torsdag 31. juli kl. 19.30
søndag 3. august kl. 20.00
tysdag 5. august kl. 19.30

Bli med i konkurransen om å tippe rett sluttresultat i kampen mot Stadlandet. 

Kampen blir spelt på Leikanger fredag 8. august. 

Tipset og navnet ditt skriv du inn i gjesteboka, og den fyrste som sendte inn rett svar får ein premie. Kanskje kan underteikna få tak i nokre eksklusive Haugenkrus. Viss ikkje nokon har sendt inn rett svar går konkurransen vidare til neste kamp. 

Tipset ditt må du skrive inn i gjesteboka seinast 7. august.  Du kan sjå kva dei andre har tippa i Gjesteboka.  

30.07 Haugen-Steinkjer 1-2 (1-2)
Haugen tapte i kveld 2-1 mot Steinkjer i B-sluttspelet i Norway Cup. Målet til Haugen vart sett inn av Stian Aaland. Dermed er Haugen ute av Norway Cup og kan vende nasen heimover igjen. Men fyrst skal laget slappe av i Oslo, med blant anna ein tur på Tusenfryd.

I A-sluttspelet er det kun fire lag frå Sogn og Fjordane som er med vidare. I klasse C (Smågutte) er Sandane og Florø med vidare. Sandane møter America og Florø møter Nesbyen. Begge kampane blir spela i morgon klokka 13.45. 

I klasse V skal Florø spele kvartfinale i morgon mot Sannidal. 

I klasse U spelar Hyen kvartfinale mot Elnesvågen og omegn i morgon klokka 11.00.


30.07 Haugen-Norborg 2-0 (0-0)
Haugen er klar for 1/16-finalen i B-sluttspelet i Norway Cup. Dagens kamp enda med 2-0 siger mot Norborg. Pauseresultatet var 0-0 utan at laga presterte det heilt store spelet i fyrste omgang. I andre omgang tok Haugen meir over og Stig Tore Gilleshammer gav Haugen leiinga omlag midt i omgangen. 5 minutt før slutt var Jan Martin Smørdal frampå og trygga sigeren. Alt i alt ein fortent siger for sebratrøyene. 

No ventar Steinkjær i 1/16 finalen kl. 19.00.

29.07 Haugen-Brattvåg 1-1 (0-0)
Guttelaget til Haugen gjorde ein kjempeinnsats mot Brattvåg i dag føremiddag. Etter at det sto 0-0 til pause gjekk Brattvåg opp til 1-0. Men Haugen kom sterkt tilbake og utlikna etter eit kjempeskot i vinkelen av Mikael Myklebust. Med uavgjort kom Haugen på tredje plass i pulja, og er klar for B-sluttspel. Haugen var nermast siger i denne kampen, og hadde mellom anna ei brend straffe og eit skot i stolpen. Neste kamp for Haugen blir onsdag morgon kl. 08.00. mot Norborg. Blir det siger ventar Steinkjær i 1/16.finalen kl. 19.00.

Guttelaget til ÅTIL/Lærdal har tre strake sigrar i gruppespelet, og det kan bli spanande å følgje dei vidare. Underteikna trur dette laget når lengst av laga frå fjordafylket.  

28.07 Haugen-Bækkelaget 1-0 (0-0)
Så vart det siger for guttelaget til Haugen i Norway Cup. Haugen kjempa bra heile kampen, og tre minutt før slutt vart Kim Fagerstrand dagens helt. Med denne sigeren har Haugen sjanse til å nå A-sluttspelet. Brattvåg som er tysdagens motstandar har vunne begge sine kampar og har heile 12-3 i målskilnad, så dette blir nok ei lei nøtt. Med tap i morgon kjem Haugen mest sannsynleg til B-sluttspel. 

I den andre kampen i Haugen si gruppe vann Brattvåg 7-2 mot Sunndal. 

Underteikna skreiv i går at Brattvåg vann 1-0 mot Bækkelaget II. Dette er retta i kampfakta hos www.norway-cup.no , og rett resultat skal vere 5-1.  

27.07 Haugen-Sunndal 0-1 (0-0)
Det vart tap 1-0 for guttelaget til Haugen i Norway Cup. John Roar Øien kunne melde om at Haugen hadde dei fleste sjansane i kampen, men det var Sunndal som putta på sin einaste sjanse. Målet til Sunndal kom omlag midt i 2. omgang.  Kampen blei avvikla på ei dårleg kunstgrasbane, som må ta litt av skulda for at det ikkje blei den heilt store kampen. Neste kamp er mot Bækkelaget 2 i morgon klokka 10.25.

I den andre kampen i Haugen si pulje vann Brattvåg over Bækkelaget 1-0.

Andre lag frå Sogn og Fjordane:
Klasse B
Nord-Selje 0-4
Stegaberg-Atløy 0-1
Staal I-ÅTIL/Lærdal II 3-1
ÅTIL/lærdal I-Gneist II 7-0

Klasse C 
Breimsbygda-Viktoria Rietberg 0-1
Sokndal-Sandane 0-7
Sogndal I-Bergsøy 1-0
Åsane Fotball-Kaupanger 6-2
Bergen Nord-Skavøypoll 1-1
Apollo Nordsiden-Sogndal II 0-11
Tornado Måløy-Hjelset Kleive 5-0

Klasse R
Radar-Sogndal 3-0
Vindbjart-Syril 0-2
ÅTIL/Lærdal-Rubbestadneset 0-0

27.07 NORWAY  CUP 2003
Så er den store dagen komen for guttelaget til Haugen. Verdas største fotballturnering blir i dag sparka i gong i Oslo. På grunn av regn blir en del av kampane søndag avvikla på reservebanene. Haugen skal spele mot Sunndal på bane R6 kl. 15.40. Underteikna skal prøve å få oppdatert sida så snart som mogleg etter at kampen er slutt.  

Dei andre kampane for Haugen sitt guttelag er måndag kl. 10.25 mot Bækkelaget 2, og tysdag kl. 10.25 mot Brattvåg.  

07.07 Haustsesongen for guttelaget
Guttelaget skal i haustsesongen spele i  2. divisjon avd. 3 I denne avdelinga deltar følgjande lag:
Bremanger, Eid, Sandane/Breimsbygda, Vikane, Åheim/Stadlandet og Haugen 

Småguttelaget til Stårheim har komt i følgjande avdeling.
2. divisjon avd. 5
Breimsbygda, Skavøypoll, Eid I, Stadlandet, Hornindal, Stårheim, Loen, og Selje

Kjem tilbake med meir info når oppsettet er klart


02.07 Firdacupen
Kvartfinalane i Firdacupen er sett opp med føgjande kampar:
Loen-Høyang
Eikefjord-Førde
Florø-Stadlandet
Jotun-Fjøra

Laga som er nemde fyrst har heimekamp, og kampane skal i utgangspunktet spelast 2. -4. august.


01.07 Håvard Bruvoll til Haugen
Håvard Bruvoll skreiv i dag under for Haugen. Håvard er på utlån frå Eid. Håvard var ein av Eid sine beste spelarar i fjor før han etter vårsesongen reiste i kongens klær. Utlånsavtalen går i fyrste omgang ut 2003. Håvard er ein spelar som fyrst og fremst skal brukast på midtbana. Han er hurtig, les spelet godt og kan putte viss sjansen byr seg. Så det er ikkje tvil om at Haugen blir styrka etter denne overgangen.  

OBS! Nok ein gong er treningstidene flytta.

Treningane blir tysdag og fredag som før. Men tida er kl. 19.30-21.00.

01.07 Tabellkonkurransen
Øyvind Løkling ligg best an til å vinne tabellkonkurransen. Med berre ti feilpoeng og heile fire lag på rett plass toppar han lista etter at alle kampane i vårsesongen er avvikla. Gunnar Balsnes har klatra frå 8. plass til ein sterk 2. plass. Balsnes er berre to poeng bak Løkling, men har berre eit lag rett plassert på tabellen.

Les heile lista 


01.07 Mange mål i Firdacupen
2. runde i Firdacupen har blitt avvikla frå 17. til 30. juni.  Heile 81 mål har blitt skåra på dei 8 kampane, noko som blir over 10 mål i snitt pr. kamp. Den største skrellen var det vel Stadlandet som sto for då dei slo ut storebror TMFK. 
Resultat:
Jotun-Sogndal II 7-2
Høyang-Hyllestad 17-3
Florø-Svelgen 9-1
Førde-Anga 14-2
Saga-Eikefjord 1-3
Fjøra-Veten/hardbagg 7-1
Stadlandet-TMFK 4-2
Kaupanger-Loen 3-5

Dermed er følgjande lag klar for kvartfinalane i årets Firdacup: Jotun, Høyang, Florø, Førde, Eikefjord, Fjøra, Stadlandet og Loen.

Kjem tilbake med oppsettet for kvartfinalane når det er klart.


30.06 Ukens side på Sportsweb
Haugen sine heimesider er kåra til ukens side på Sportsweb. Her er kva Sportsweb skriv om Haugen sine sider:
Haugen IL har fått profesjonell hjelp til sine sider, og det merkes godt. Enkel, men stilig design. Sidene er relativt nye, og det preger nok noen av undersidene: litt lite med informasjon. Når det er sagt, så er de flinke til å legge ut oppdaterte nyheter, -ikke bare fra egen klubb, men også fra distriktet. Det gir klubbens medlemmer en mulighet til å holde seg oppdatert på motstanderne. Flott.

Måndag kl. 22.39 passerte telljaren 1000 treff i juni månad. Dette er rekord for Haugen Fotball, og kanskje er endå fleire innom sidene i månaden som kjem?

Valgt til Ukens side på SportsWEB


29.06 Eid-Brattvåg 8-1 (3-0)
Damelaget til Eid vann heile 8-1 mot Brattvåg på Eid stadion i dag. Med dette resultatet toppar Eid si avdeling i 2. divisjon på bedre målforskjell enn Ørsta/Volda. Træff ligg eit poeng bak, med ein kamp mindre spelt. Kampen dei har til gode er borte mot Sykkylven torsdag 3. juli, så då toppar sikkert Træff tabellen når laga tek sommarferie. 
Kampfakta:
1-0 Evy Balsnes (11)
2-0 Hrefna Gudmundsdottir (20)
3-0 Hrefna Gudmundsdottir (31) 
4-0 Hrefna Gudmundsdottir, straffe (51)
5-0 Lisa SKarstein
6-0 Hrefna Gudmundsdottir (64)
7-0 Rita Hatlenes (65)
7-1 (75)
8-1 Evy Balsnes (78)

Neste kamp for Eidadamene er borte mot HaNo søndag 10. august. Søndag 17. august gjestar topplaget Træff Eid Stadion. 


27.06 Heia-Flatraket/Selje II 4-2 (2-1)
Heia vann  i kveld 4-2 over Flatraket/Selje II (FS) på Eid Stadion. Allereie etter fem minutt tok Heia leiinga. Åleine med keeper sette Tom Roger Hjelle ballen sikkert i mål. I det 25. minutt fekk FS frispark frå omlag 30 meter. Keeper til Heia klarar ikkje å halde skuddet, og på returen skyt Torgeir Fure ballen i mål via tverrliggaren. Omlag kvarteret før pause blir Bjørn Joar Svarstad lagt ned i feltet, og Heia får straffe. Mohammed Barla prøvar å krangle til seg at han skal ta straffesparket, men Alf Tore Tvendeseter får det siste ordet i den saken. Straffa set han elegant til høgre for keeper, og Heia leiar 2-1. Resten av omgangen blir lite velspelt, og laga tek pause på 2-1 til Heia. Andre omgang startar med eit langskudd frå Thomas Storøy. Nesten heilt ute på sidelinja skyt han ballen i ei høg bue mot mål. Ballen dalar ned bak keeper og rett inn i nettmaskene. Etter dette hadde Heia fleire store sjansar utan at nokon av dei resulterte i mål. Etter 68 minutt får Kjell Inge Rundereim stå uforstyrra på femmeteren. Skuddet går via keeper og i mål, og FS er med i kampen igjen. FS pressa på for å få utlikning, men Heia roar det heile av. På overtid headar Ingvar Torheim inn 4-2, etter ein glimrande corner.  

Heia klatra dermed opp på 5. plass på tabellen med sine 8 poeng. 

24.06 Terje Nybø toppar Måljegeren
Terje Nybø frå Svelgen har putta jamt og trutt i det siste, og toppar Måljegeren når alle kampane untatt en i vårsesongen er avvikla. Fredag spelar Heia den utsette kampen heime mot Flatraket/Selje 2. Kampen blir etter det underteikna har høyrt avvikla på Eid Stadion kl. 19.00. Bak Terje Nybø på lista følgjer Jan Azar Karadas og Arne Rebni, begge med åtte mål. Av Haugenspelarane er det Hans Thomas Solheim og Trond Kroken som har vore giftigast framfor buret. Begge har vore frampå tre gongar. 

Les heile lista

24.06 Eid-Hødd 10-0 (5-0)
Damelaget til Eid var totalt overlegne på Stadion i kveld. Maria Hagen starta målkalaset allereie etter 5 minutt. Etter omlag 20 minutt er Kristine Vartdal frampå etter ein corner, og aukar til 2-0. 3-0 er det Maria Hagen som set inn på retur frå eit skot i stolpen. 10 minutt før pause kjem dagens finaste mål. Eid kjem rundt på kanten. Innlegget når Hrefna Gudmundsdottir som hælar ballen vidare til Lisa Skarstein. Lisa set ballen sikkert i lengste hjørnet og Eid leiar 4-0. 5-0 kjem på eit langskot frå Hrefna Gudmundsdottir. Etter 54 minutt lagar Maria Hagen sitt tredje mål for dagen etter ein fin dribleserie. 7-0 kjem etter corner i det 63. minutt. Corneren er glimrande, og Kristine Vartdal nettar sikkert. Så kjem tre raske mål på fire minutt. Hrefna set inn 8-0 etter 72 minutt. Mariann Sigdestad er dama bak 9-0 etter 73 minutt, og 2 minutt seinare fastset Miriam Bruvoll sluttresultatat til 10-0. Underteikna kunne ikkje sjå at Hødd hadde ein einaste sjanse i kampen, og Eid var nermare 15-0 enn det Hødd var redusering. 
Søndag spelar Eid sin siste kamp i vårsesongen. Brattvåg er gjestar på Eid Stadion, og held Eidadamene fram med like bra spel som i kveld blir det ny siger søndag. 
NB! Det er plass til litt fleire tilskodarar på Eid Stadion. 

22.06 Stadlandet-Heia 0-1  (0-1)
Mål: Barla (25min)

Heia: Roy Lasse Torheim, Prediben, Andreas Hovden, Alf Tore Tvendesæter,
Ingvar Torheim, Runar Leivdal(Jan Håvar Henden), Bjørn Joar Svartstad, Olav
Birger Sørland, Thomas Storøy, Tom Roger Hjelle, Barla.

Stjerner: *** Andreas Hovden
               ** Bjørn Joar Svarstad
                 * Barla

Kampreferat

Det var ei ganske roleg åpning på kampen utan dei store sjansane til nokon av laga. Den første store sjansen kom etter ca 25 minutt. Eit frispark frå Alf Tore blei stussa vidare av Tom Roger. Runar sendte ballen vidare til Barla som sette ballen i nettet. Etter dette livna kampen meir til. Heia hadde fleire gode moglegheiter til å auke leiinga. Olav Birger Sørland hadde 2 skuddforsøk som begge var svært nærme. Tom Roger hadde eit frispark i tverrliggaren i denne perioden også. Stadlandet på si side hadde også ein stor sjanse. Det vart spelt ein høg ball inn i feltet. Spretten holdt på å lure keeper Torheim, men han greidde å få tak i ballen på streken. Laga kunne gå til pause med 0-1 til Heia.

I starten av 2. omgong prøvde Stad å komme på Heia litt. Dei spelte høge ballar inn i feltet og håpa på at det skulle skje noko foran mål. Men ein svært so opplagd Andreas Hovden vann det meste i lufta foran Arne Refsnes. 2 omgongen var ikkje like sjanserik som den første. Men eg trur at stadlandet også er enig i at Heia vann fullt fortent. Skal eg framheve noko i dag må det være forsvarsarbeidet. Utan dei 3 faste forsvarsspelarane, Jan Arve, Per Martin og Stein Ove trudde mange at vi skulle få problem, men dei nye som slapp til greip sjansen på ein utmerket måte.Heia har alltid hatt problem med stad, men i dag vart det also full pott for Heia. 

Tom Roger 


20.06 Svelgen-Skavøypoll II  5-0  (3-0)
Har fått følgjande referat frå kampen Svelgen-Skavøypoll. Er det fleire lag som kan tenkje seg å publisere kampreferat frå sine kampar i 6. divisjon, er det berre å ta kontakt. 

Svelgen hadde full kontroll i hele kampen mot Skavøypoll 2. Til tross for
skader på flere nøkkelspillere, ferie, en viss konsert i Oslo og en kamp
mot Florø (tap 9 - 1) i Firda-cupen bare to dager i forveien, spilte
hjemmelaget opp mot årsbeste mot SIL 2. Svelgen produserte mange stor sjanser foran mål, men en våt og tung bane, samt litt  mangel på
konsentrasjon i avgjørende øyeblikk gjorde nok sitt til at seieren ikke ble 2-sifret. Bortelaget spilte seg til 5 100%-sjanser i løpet av kampen.
Keeper Torgeir Sørheim fikk mesterlig ryddet opp alle gangene, og viste et par ganger at han holder et nivå langt over 6.divisjon. 

Målene til Svelgen forløp seg slik; 1 - 0 Torbjørn Didriksen blir spilt fri på venstrekanten. Innlegget hans kommer for langt inn, og gjør en pen bue over keeper og havner i lengste hjørne. 2 - 0 Frode Hessvik setter ballen i mål med hode fra 6-7 meter etter en dødball. 3 - 0 Ballen er i ferd med å trille i mål da en Skavøypoll-forsvarer prøver å nå igjen ballen før den går over streken. Det samme tenker Sigbjørn Hjortland, og begge sklir ballen sammen over målstreken. 4 - 0 Terje Nybø skyter et frispark fra knappe 25 meter direkte i mål. 5 - 0 Svein Arve Sandvik blir spilt fri på venstrekanten, setter fart nedover mot dødlinja, endrer kursen mot mål, og setter ballen hardt langs bakken i mål fra nærmest dø vinkel. Flott gjort av unggutten!

I løpet av vårsesongen har Svelgen skaffet seg et godt utgangspunkt til
opprykk. Eid 2 er nærmeste utfordrer 6 poeng og 17 mål bak. Første kamp i høst blir nettopp mot Eid 2. Med ny Svelgen-seier kan det se ut til å bli vanskelig å ta igjen serielederen, men skulle Eid 2 stikke av med alle poengene er kampen om seriegullet helt åpen. En Svelgen-seier mot Eid 2 vil også bety tangering av klubbrekordene fra 1976 og 1977 med 8 seiere på rad.

A-laget til Svelgen ønsker alle en god sommerferie! Så ses vi til høsten.

Kampfakta
Svelgen - Skavøypoll 2  5 - 0   (3 - 0)
1 - 0 Torbjørn Didriksen
2 - 0 Frode Hessvik
3 - 0 Sigbjørn Hjortland/Selvmål
4 - 0 Terje Nybø
5 - 0 Svein Arve Steinset

Tilskuere; Ca 30

18.06 Eid II- Flatraket/Selje II 8-1 (3-0)
Eid sitt andrelag vann komfortablet over Flatraket/Selje II. Etter å ha leia 3-0 til pause, vart sluttresultatet 8-1. Eid sine mål vart sett inn av: Arne Morten Nydal 2, Steffen Sture Olsen 2, Jan Azar Karadas 2, Petter Blom og Frode Taklo. 

Dei siste kampane i sjuande runde er terminfesta fredag 20. juni. 
Stadlandet-Heia
Svelgen-Skavøypoll II

17.06 TMFK III - Haugen 8-1 (4-0)
Vårsesongen vart avslutta med tap 1-8 mot TMFK III. Kampen starta friskt frå Haugen si side. Bjørn Erik Bruvoll fekk ein fin stikkar frå Øystein Haugland, men åleine med keeper makta ikkje Bjørn Erik å putte ballen i nota. I staden kontra TMFK, og upressa frå 16 meter skrudde Ronnie Refvik Riise ballen i lengste hjørne for Haugenkeeper Vegard Løken. Vegard  (bildet) spelte sin fyrste kamp på seniornivå, og gjorde ein flott debut. Det var i alle fall ikkje Vegard sin feil at det enda med tap i kveld. Før pause putta TMFK heile tre gongar til sjølv om Haugen hadde like mykje banespel som TMFK. I andre omgang fortsatte TMFK skåringsshowet på Refvika, og gav seg ikkje før dei hadde putta heile åtte mål. Haugen sitt trøystemål kom på eit fint innlegg, der Eirik Andreasen dempa ballen fint på bakerste og dunka ballen i nettmaskene. Kampens beste spelar var Ronnie Refvik Riise som sette inn heile fem av TMFK sine mål

Les kampfakta      


15.06 Eid - Sykkylven 7-1 (6-1)
Eid sitt damelag i 2. divisjon var ei klasse bedre en laget frå Sykkylven på Stadion i dag. Spesielt i fyrste omgang varta eidadamene opp med festspel. Miriam Bruvoll og Evy Balsnes vart naturleg nok kampen sine to store profilar, med henholdsvis fire og tre mål kvar. Etter at Eid leia heile 6-1 til pause, roa det heile seg ned, og det vart berre eit mål til eidadamene i 2. omgang.  

Neste kamp for Eid er borte mot topplaget Ørsta/Volda. Ørsta/Volda med Irene Humborstad frå Kjølsdalen på laget har ikkje tapt til no denne sesongen. Så dette kan bli ei lei nøtt for eidadamene, men vi får satse på det beste og tre nye poeng.  

15.06 Askvoll/Holmedal-Eid 1-3 (0-3)
Eid leverte årsbeste i fyrste omgang mot Askvoll/Holmedal i dag. Dette resulterte i 3-0 leiing til pause, og Magnus Sævik kunne fortelje pr. telefon at Eid hadde full kontroll på kampen. Eid tok leiinga med Øystein Nes allereie etter seks minutt. Omlag fem minutt seinare auka Jim Rune Skrede til 2-0 på straffe. Ti minutt før pause fastsette Edgar Flo (bildet) pauseresultatet til 3-0.  Askvoll/Holmedal si rdusering kom omlag åtte minutt før full tid. 
I ein annan kamp i 4. divisjon har Bremanger og Eikefjord spelt uavgjort 2-2. Dette resulterer i at Eid har fått eit lite forsprang til både Eikeford og Askvoll/Holmedal. Eid ligg no på andre plass, berre eit poeng bak Dale som leiar tabellen. 

Neste kamp for Eid er heime mot Bremanger søndag 22. juni. Til denne kampen er Kay Ove Hafsås klar for Eid. Kay Ove har dei siste sesongane spelt for Stryn.  


14.06 Fotball på Eid Stadion
I morgon søndag blir det mykje fotball på Eid Stadion. Fyrst skal det arrangerast turnering for miniputtar. 
Deretter spelar damelaget til Eid mot Sykkylven kl. 17.00 

NB! Haugen flyttar treningane frå 19.30 til 20.00, frå og med søndag 15. juni.  

14.06 Flatraktet/Selje 2-Svelgen  2-4 (1-3) 
Serieleder Svelgen var store favoritter mot tabelljumbo Flatraket/Selje 2. Svelgen viste også til tider godt og underholdende spill, men F/S 2 var beit godt fra seg og spilte seg til flere store sjanser. 1-0 kom etter 12 min da Terje Nybø fikk pirket ballen over mål etter et langt innkast. 2-0 kom på et hurtig èn-touch spill som samme mann kunne sette å mål alene med keeper. I hele kampen produserte hjemmelaget skudd som gikk på mål og like utenfor. Det var fortjent da FS2-spissen kom seg fri på høyresida og satte ballen kontrollert i lengste hjørnet fra spissen av 16-meteren. Halvtimen var da passert. Det tok bare 6-7 min før Svelgen kunne trygge ledelsen med 3 - 1 etter at Andrè Gjerde dro seg fri på kanten og severte ballen til Nybø som kunne sette ballen i åpent mål. I andre omgang ble Tom Erik Løvseth spilt fri på venstrekanten og løftet ballen utagbart opp i nett-taket. Svelgen trodde da siste spikeren i kista var satt, men FS 2 kom tilbake og reduserte midten av omgang etter feil de bakre rekker hos Svelgen. Mot slutten produserte begge lag flere store sjanser, uten av det noen av lagene klarte å omsette disse. Svelgen styrket med dette grepet om seieren i avdelinga. Tirsdag reiser laget til Florø for å måle krefter med "storebror" i 3.divisjon i Firda-cupens andre runde. 3 dager senere tar Svelgen imot Skavøypoll 2 på Svelgen Stadion. Tidligere erfaringer har vist at 2 kamper på 3 dager ikke har vært vellykket. Dette kan gi Haugen og Eid 2 muligheten til å redusere gapet i teten. 

1-0 Terje Nybø
2-0 Terje Nybø
2-1 FS 2
3-1 Terje Nybø
4-1 Tom Erik Løvseth
4-2 FS 2

Tilskuere; Ca 15
Dommer; Roger Skavøypoll, Skavøypoll IL, Meget god

13.06 Haugen-Eid II 1-2 (0-1)
Haugen tapte i kveld 2-1 mot Eid II på Klenkarberget. Eid var det førande laget i fyrste omgang medan Haugen var klart best etter kvilen. Etter 31. minutt fekk Eid straffe etter at Vegard Bruvoll var for tøff mot ein Eidspelar. Bjørn Berdal sette straffa sikkert bak Geir Ove Åsebø i Haugenmålet. Andre omgang starta med eit solid Haugenpress. Bjørnar var fyrstemann frampå men skuddet blei redda på streken av ein heldig eidforsvarar. 10. minutt ut i andre omgang konstruerer Trond Kroken eit straffespark. Ved å late som han blir holdt av Frode Taklo bles Jan Magne Eide straffe. Straffa set Trond via stolpen og ut. Haugen har i denne perioden mange farlege cornerar, men det nærmaste Haugen kjem skåring er Hans Petter Gilleshammer si heading i tverrliggaren. Men som det ofte skjer når eit lag pressar er at det andre laget kontrar. Jon Håkon Midthjell står bak 2-0 målet til Eid. Minuttet etter har Haugen nok ein corner, som denne gong går via bakenden til Trond Kroken og bak ein sjanselaus Eidkaptein Aksel Myklebust. Resten av kampen blir prega av at Haugen pressar, og dette fører til nokre farlege kontringar for Eid. Men kampen ebbar ut med 2-1 siger til Eid, noko som kankje var litt urettferdig ???
Ørjan Solheim var den fyrste som tippa rett sluttresultat i kampen. Han får ved eit passande høve overlevert ein Haugenparaply. 

Andre resultat fredag:
Flatraket/Selje II-Svelgen 2-4
Skavøypoll II-Stadlandet 4-3
Saga-TMFK 1-0
Dale-Vik 4-2
Syril-ÅTIL/Lærdal 7-1
Loen-Oppstryn 4-0
Stryn II-Vadheim/Høyang II 6-2 

12.06 Haugen-Åheim/Stadlandet 4-1 (2-1)
Haugen feira i dag nye drakter med 4-1 siger over Åheim/Stadlandet. Haugen kom best i gang i kampen, og Jan Martin Smørdal sette inn 1-0 etter 15 minutt. 25. minutt ut i kampen utlikna Erlend Larsen for Åheim/Stadlandet etter litt sløvt forsvarsspel av Haugen. Etter omlag halvtimen kom Jim Humborstad fri på kanten. Innlegget/skuddet gjekk i retning keeper som fomla ballen i mål. 2-1 blei også pauseresultatet. Etter 46. minutt av kampen gjekk Haugen opp til 3-1. Keeper maktar ikkje å holde eit skudd frå langt hold, og Mikael Myklebust er glimrande frampå og sett ballen i mål. Omlag fem minutt før slutt spelar Jan Martin Smørdal fri Kim Fagerstrand, som nettar via keeper. Haugen spelte ein god kamp i dag, og underteikna ynskjer laget lukke til i Norway cup. 

12.06 Nye drakter frå Coop
Guttelaget skal i år vere med på Norway Cup. I samband med dette har Coop sponsa laget med nye drakter og diverse tilbehør. 

Haugen I.L. Fotballgruppa vil rette ei stor takk til Coop, og skal gjere sitt til at Coop blir profilert på ein god måte. 

Kampoppsett Norway Cup:
27.07. Sunndal-Haugen kl. 15.30.
28.07. Bækkelaget 2-Haugen 10.25.
29.07. Haugen-Brattvåg 10.25.  


12.06 Lillegutt: Haugen-Heia 11-4
Haugen sitt lilleguttlag varta opp med festspel på Klenkarberget i kveld. Med god innsats og mykje fint spel  fekk tilskodarane ei kjekk stund med fin fotball. I fyrste omgang var laga ganske jamne og det var på det tidspunkt umogeleg å sei kven som skulle stikke av med sigeren. Men i andre omgang var Haugen det klart beste laget, og då dommar Kenneth Åland bles av kampen var stillinga 11-4 til heimelaget. 

Torsdag 19. juni spelar laget bortekamp mot Sandane. Dette er siste kampen før laget tek sommarferie.    


11.06 Firdacup 2003
2. runde av Firdacupen er sett opp med føgjande kampar:
Tysdag 17. juni
Jotun-Sogndal III
Florø-Svelgen
Kaupanger- Loen
Høyang-Hyllestad
Måndag 23. juni
Førde-Anga
Tysdag 24.06 juni
Fjøra-Veten/Hardbagg
Saga-Eikefjord
Onsdag 25. juni
Stadlandet-TMFK

Underteikna trur desse laga går til kvartfinalen:
Jotun, Fjøra, Kaupanger, Høyang, Førde, TMFK, Saga og Florø. 

10.06 Fotballresultat
Heia - TMFK III 3-3

Guttelaget tapte i går 2-0 mot Eid på bortebane. 
Torsdag kl. 19.00 spelar guttelaget sin siste kamp for vårsesongen. Møt derfor fram på Klenkarberget og sjå kampen mot Åheim/Stadlandet.

Før kampen til guttelaget er det lilleguttlaget som skal i aksjon. Heia er gjestar på Klenkarberget.

Husk! Haugen-Eid II fredag 13. juni kl. 19.00.


08.06 Tipp sluttresultatet i kampen mot Eid
Bli med i konkurransen om å tippe rett sluttresultat i kampen mot Eid. 

Kampen blir spelt på Klenkarberget fredag 13. juni. 

Tipset og navnet ditt skriv du inn i gjesteboka, og den fyrste som sendte inn rett svar får ein eksklusiv Haugenparaply. Viss ikkje nokon har sendt inn rett svar går konkurransen vidare til neste kamp. 

Tipset ditt må du skrive inn i gjesteboka seinast 12. juni.  Du kan sjå kva dei andre har tippa i Gjesteboka. 

08.06 Resultat 1. runde Firdacupen
Tysdag 03.06. 
Stadlandet-Eid 5-0 (4-0)
Veten/Hardbagg-Stryn 3-2 (3-1)
Hyen-Florø 2-3 (2-1)
Anga-Dale 5-4 (5-4)

Onsdag 04.06.
Loen-Heia 2-2 (1-1) Loen vidare etter str.
Svelgen-Bremanger 2-2 (1-1) Svelgen  vidare etter str.
Jølster-Saga 1-4
Florø 2-Eikefjord 2-2 (2-0) Eikefjord vidare etter str.
Hyllestad-Askvoll/Holmedal 3-1 (2-0)
Vadheim/Høyanger 2-Kaupanger 3-5 (0-3)

Torsdag 05.06.

Syril-Fjøra 1-4 (1-2)
Gaular-Høyang 1-7
Norane/Fjøra 2-Sogndal III 1-2 (1-2)

Fredag 06.06.

Bjørn-Jotun 3-9 (3-3)

Dermed er følgjande lag klar for 2. runde: Stadlandet, Veten/Hardbagg, Florø, Anga, Loen, Svelgen, Saga, Eikefjord, Hyllestad, Kaupanger, Fjøra, Høyang, Sogndal 3 og Jotun.

Førde og TMFK hadde walkover i fyrste runde.

Kjem tilbake med oppsettet for 2. runde når det er klart. 

06.06 Eid-Jølster 4-0 (2-0)
Det var kattens leik med musa då Eid tok i mot Jølster på Stadion i kveld. Jølster yppa seg litt i starten av fyrste omgang, men kom aldri nærmare en ei heading i stolpen. Eid tok leiinga 1-0 etter ei kanonskåring av Jørn Ove Rindal. Frå 35 meter dunka han ballen i nettet bak ein sjanselaus keeper. 2-0-målet var eit innlegg som Bjørn Halvard Grinde (bildet) heada ufortyrra i mål frå kloss hold. I andre omgang var Grinde frampå igjen og la på til 3-0. Frode Taklo som har vore ute med skade i lenger tid, kom inn for Jim Rune Skrede etter kvilen. Det tok ikkje lang tid før Taklo var varm i eidatrøya, og omlag ti minutt før slutt var Frode åleine med keeper og lobba elegant inn 4-0 til Eid.


Florø-Stryn 4-2 (2-1)
Florø har blitt ein lykkeplass for Kåre Balsnes. På to kampar på tre dagar har Hauaren laga heile fire mål. Men i dag held det ikkje til siger, for Florø på heimebane vart for sterke for serieleiaren. Med tre mål av Bengt Solheim Olsen og eit av Frode Ulltang kunne laget gå av bana med tre poeng. Stryn sitt første mål vart sett inn av Tor Erik Nygård. 
 

05.06 Løkling toppar tabellkonkurransen
Øyvind Løkling har klatra heilt til topps i Tabellkonkurransen. Med heile fire lag på rett plass på tabellen, har Øyvind berre åtte feilpoeng. 
Dermed har han ei luke til tidlegare leiar Sander Smørdal og Kay Rune Solheim, som begge har 12 feilpoeng. 
I den andre enden av lista ligg Gunnar Balsnes og Tor Henning Mardal. Gunnar har 16 feilpoeng, medan Tor Henning har 18 feilpoeng og ikkje eit einaste lag på rett plass. 

Les heile lista 

05.06 Firdacupen
Resultat frå Firda-cupen:
Heia-Loen 2-2 (1-1) Loen vidare etter straffesparkkonk.
Runar Leivdal putta på ei handicapstraffe, og Mohammed Barla sette inn 2-1 leiing til Heia, rett etter pause, på ei vanvittig bra heading.

Svelgen-Bremanger 2-2 (1-1) Svelgen vidare etter straffesparkkonk.
Terje Nybø sette inn den eine hanicapstraffa for Svelgen, medan det blei bom på den andre. Bremanger kom fort tilbake og utlikna til 1-1, som også blei pauseresultatet. Tidleg i andre omgang førte Sigbjørn Hjortland Svelgen opp i leiing igjen, men bremanger kom tilbake, og utlikna ufortent til 2-2 etter omlag 75 minutt av kampen. I den påfølgjande straffesparkkonkurransen viste Svelgen seg som det beste av dei to laga , og sette inn alle dei fem straffene.   

Hyen Florø 2-3 (2-1)

Kåre Putta tre i Florø.
I ein kamp i femtedivisjon mellom Tempo og Stryn 2, vart Kåre Balsnes tremålsskårar. Stryn leia 3-0 til pause etter at Kåre hadde vore frampå to gongar. I andre omgang fastsette han sluttresultatet til 4-0. Stryn sitt fjerde mål var det Frank Hool som sto for. Dette skriv Stryn Fotball på sine heimesider. 

04.06 Eid på trynet ut av Firdacupen
Eid gjekk på ein skikkeleg smell mot Stadlandet i går kveld. 
Kaj Inge Fløde og Arne Refsnes sette inn handicapstraffene, slik at Stadlandet leia 2-0 når kampen starta. Ole Refsnes og Arne Refsnes laga to nye mål til Stadlandet i fyrste omgang, og leia heile 4-0 til pause. I andre omgang var Stig Tunheim Aarsheim frampå og fastsette sluttresultatet til 5-0. Dermed er både Eid og Stryn ute av Firdacupen allereie etter fyrste runde. 

Har dessverre ikkje fått tak i dei andre resultata frå fyrste runde i Firdacupen, men skal legge dei ut så snart eg blir kjent med dei.  Send gjerne ein e-post viss nokon har informasjon som høver. 
  

04.06 Guttelaget 
Guttelaget sin bortekamp mot Eid er utsett til tysdag 10.06. Kampen var beramma til torsdag 05.06. men på grunn av eksamen blei den utsett. Torsdag 12.06. spelar laget sin siste kamp for vårsesongen. Motstandar er Åheim/Stadlandet på Klenkarberget kl. 19.00.  

03.06 FIRDA-CUP 2003
Stryn er ute av Firda-cupen etter 3-2 tap på Ålandleite i kveld. Veten/Hardbagg leia 3-0 etter å ha sett inn alle dei tre handicapstraffene sine. Stryn pressa i samtlige 90 minutt, men makta redusere berre to gongar.  
  
Tysdag 03.06. 
Stadlandet-Eid
Veten/Hardbagg-Stryn 3-2
Hyen-Florø
Anga-Dale
Syril-Fjøra
Onsdag 04.06.
Loen-Heia
Svelgen-Bremanger
Jølster-Saga
Florø 2-Eikefjord
Hyllestad-Askvoll/Holmedal
Vadheim/Høyanger 2-Kaupanger
Torsdag 05.06.
Gaular-Høyang
Norane/Fjøra 2-Sogndal
Fredag 06.06.
Bjørn-Jotun

Førde og TMFK har walkover i fyrste runde.


02.06 Rebni leiar måljegeren
Arne Rebni frå Svelgen leiar fortsatt Måljegeren etter at 5 serierundar er avslutta.  Jan Azar Karadas, Arne Refsnes og dei to TMFK-spelarane Øystein Hagen og Daniel Sætren ligg hakk i hæl med seks nettkjenningar. Svelgenkaptein Terje Nybø kjem like bak med fem skåringar. NB! Kampen Heia-Flatraket/Selje 2 er utsett til rett etter jonsok. Så spelarane på desse laga har ein kamp til gode for å kjempe seg inn blant dei beste i måljegeren

Haugen sin toppskårar til no i sesongen er Hans Thomas Solheim med tre avslutningar i nettmaskene. Arnt Ivar Naustdal, Stig Høynes og Trond Kroken har to nettkjenningar kvar. Gustav Orheim, Bjørn Erik Bruvoll, Stian Åland og Kenneth Berstad har alle greid å overliste keeperen til motparten ein gong kvar. I tillegg skåra Haugen på eit sjølvmål mot Heia. 

Les heile lista

01.06 Tipp sluttresultatet i kampen mot Eid
Bli med i konkurransen om å tippe rett sluttresultat i kampen mot Eid. 

Kampen blir spelt på Klenkarberget fredag 13. juni. 

Tipset og navnet ditt skriv du inn i gjesteboka, og den fyrste som sendte inn rett svar får ein eksklusiv Haugenparaply. Viss ikkje nokon har sendt inn rett svar går konkurransen vidare til neste kamp. 

Tipset ditt må du skrive inn i gjesteboka seinast 12. juni.  Du kan sjå kva dei andre har tippa i Gjesteboka. 

01.06 Flatraket/Selje2 -Haugen 0-3 (0-0)
Haugen vann 3-0 borte mot Flatraket/Selje 2 søndag ettermiddag. Kampen starta famlande for Haugen, og det hadde ikkje vore ufortent om heimelaget hadde leia med eit par mål til pause. I andre omgang var det litt meir futt i Haugen, og Hans Thomas Solheim vart dagens helt med to skåringar. Siste målet til Haugen var det kaptein Gustav Orheim som sette inn, etter ein corner frå Øystein Haugeland. Flatraket var farlig frampå fleire gongar i kampen, men greide på ein merkleg måte ikkje å få ballen i mål. Best på Haugen var Geir Ove Åsebø, Tim Onar Naustdal og Vegard Bruvoll. Men dagens helt var Hans Thomas Solheim. 

Les kampfakta

Neste kamp er heime mot Eid sine nestbeste fredag 13. juni. 

01.06 Flatraket/Selje2 -Haugen kl. 15.00.
Bortekampen mot F/S2 blir spela på grasbana på Flatraket i dag kl. 15.00. Haugen stiller vel som favorittar, men ein skal ikkje ta sigeren på forskot.  

Resultat laurdag:
Stryn-TMFK 5-0 (0-0)
Skavøypoll-Sandane 7-1 (3-1)
Fjøra-Florø 1-1 (1-0)

Syril-Eid 1-2
Dale-ÅTIL/Lærdal 3-0

Eid ligg etter sigeren borte mot Syril, på ein tredje plass. Berre eit poeng bak Eikefjord og Dale som leiar 4. divisjon. 


31.05 Svelgen-Stadlandet 3-2 (1-2)
Har fått følgjande referat frå kampen mellom Svelgen og Stadlandet i går kveld. 
Det var et tamt Svelgen-lag som entret bana mot Stadlandet. Stadlandet virket ivrige etter å rette opp tapet mot TM 3, og kriget godt i første omgang. Likevel var det Svelgen som tok ledelsen etter 12 min. Thor Vidar Blix ekspederte ballen sikkert i mål etter et langt innkast inn i
16-meteren fra Stian Bøhmer. Stadlandet var det beste laget i 1.omgang.
Anført av en god Arne Refsnes på topp, klarte laget fra vest å sette to
elegante scoringer i mål. To nesten identiske scoringer etter 19 og 29 min, gav bortelaget ledelsen. Fra rundt 25 meter ble ballen lobbet sikker over Svelgen-keeperen. Dette skjedde to ganger i løpet av 10 minutt. Målscorerne er usikkert.
I 2.omgang fikk Svelgen viste seg litt mer fram. Hjemmelaget begynte å
vinne duellene, og skapte flere målsjanser. Andrè Gjerde var på returen
etter et skudd i stanga og satte ballen i mål fra 7 meter. Dette var hans
første første A-lags scoring noensinne. Terje Nybø satte inn 3 - 2 alene
med keeper, og Svelgen fortsatte å skape sjanser og var det klart beste
laget i 2.omgang. Stadlandet hadde sporadiske forsøk på utligning, men
lyktes heller ikke i denne kampen å score i 2.omgang, noe de har slitt med denne sesongen. Svelgen pådro seg to skader i kampen. Torgeir Vårdal og måljegeren Arne Rebni måtte begge kaste inn handkleet. Begge håpes å være tilbake til den viktige kampen mot 4.divisjonslaget Bremanger i 1. runde i Firda-Cupen på onsdag. Da spilles det om hengemoniet i kommuna.

Fakta
Svelgen - Stadlandet  3 - 2 ( 1 - 2 )

1 - 0 Thor Vidar Blix
1 - 1 Stig Tunheim Aarseim
1 - 2 Stig Tunheim Aarseim
2 - 2 Andrè Gjerde
3 - 2 Terje Nybø

31.05  Miniputturnering 
Sist søndag arrangerte Haugen miniputturnering på Klenkarberget. Har lagt ut nokre bilder på miniputtsidene

30.05  Eid II-Heia 6-3 
Eid sine nest beste tukta Heia 6-3 i ein kamp i Haugen si avdeling fredag kveld. 
Underteikna kunne sjå at Eid tok leiinga allereie før minuttet var spelt på Eid Stadion. Etter ti minutt var Heia sin keeper uheldig og boksa eit hjørnespark i eige mål. Men Heia kom raskt til bake og utlikna til 2-2, etter skåringar av Tom Roger Hjelle og Mohammed Barla. På slutten var Eid det beste laget og vann til slutt 6-3. I ein annan kamp vann topplaget Svelgen heime mot Stadlandet 3-2. Dermed leiar Svelgen avdelinga 6 poeng føre Eid, TMFK og Haugen. Haugen har ein kamp tilgode, og kan med seier mot Flatraket/Selje innta andreplassen i avdelinga tre poeng bak Svelgen. 

Resultat andre kampar fredag:
Loen-Vadheim/Høyang II 2-1
Selje-Tempo 4-3
Stryn II-Førde II 5-1
Jølster-Eikefjord 0-3
Vikane/Olden-Hyen 3-4

Torsdag spelte damelaget til Eid 2-2 borte mot Herd/Hessa/Fortuna 2. Eid tok leiinga 1-0 etter skåring av Maria Hagen rett etter kvilen. Så kom HHF 2 tilbake, og gjekk opp i 2-1 leiing. 12 minutt før slutt utlikna Hrefna Gudmundsdottir til 2-2, og redda med det eit poeng til eidadamene.  

28.05  TMFK III -Skavøypoll II 11-2
Det blei storsiger til TMFK mot Skavøypoll tysdag kveld. Etter denne sigeren går Tornado Måløy forbi Haugen på tabellen med bedre målskilnad, men med ein kamp meir spelt. Skavøypoll II ligg på sjette plass med fire poeng. 
Fredag 30. mai er det storkamp på Eid Stadion. Eid sine nest beste tek i mot Heia. Same kveld tek leiarlaget Svelgen imot Stadlandet på grasbana i Svelgen. Den siste kampen i denne serierunden er Haugen borte mot Flatraket/Selje 2.  Underteikna trur at Eid vinn lokaloppgjeret mot Heia, Svelgen slår Stadlandet og at Haugen får ein trepoengar i årets fyrste bortekamp. Kom gjerne med dine synsingar i gjesteboka. 

27.05  Den nye sida snart klar !
Den nye nettsida til Haugen er no under opparbeiding. Ikkje alt er på plass, og en del er endå ikkje funksjonabelt, men dette kjem litt etter kvart. 

Underteikna vil takke Zet.no for all hjelp med den nye sida. 

Eventuelle tilbakemeldingar eller tips kan du gjerne sende på e-post.


27.05  Flatraket/Selje 2-Haugen
Etter fire heimekampar på rad skal Haugen reise ut av bygda for å kapre ein ny trepoengar. Søndag er det kamp mot Flatraket/Selje 2 på bortebane. Flatraket/Selje 2 har starta sesongen med tre strake tap, og 7-18 i målskilnad. 

16.05  Haugen-Heia 4-3 (1-2)
Haugen vann 4-3 mot Heia i ein underhaldande kamp på Klenkarberget. Haugen kom best i gang i kampen, og tok leiinga på ei heading av Trond Kroken etter 12 minutt. Heia kom tilbake og putta to gongar med Barla og Andreas Hovden. Dermed gjekk laga til pause med 2-1 leiing til Heia. 20 minutt ut i 2. omgang var Jan Arve Holmøyvik uheldig, og sette eit innlegg i eige mål. Kvarteret seinare var det Tim Onar Naustadl sin tur. Eit langt framspel nådde han så vidt det var og ballen gjekk forbi Geir Ove Åsebø og rett i mål. Då såg det ut til at Heia skulle stikke av med alle tre poenga. Men Haugen gav seg ikkje. Sju minutt før slutt legg Øystein Haugland eit frispark i feltet. Arnt Ivar Naustdal kjem høgast og set ballen elegant i mål. Haugen har utlikna til 3-3, og det er nerve i kampen. Minuttet før slutt fell avgjerda i kampen. Bjørn Erik Bruvoll kjem seg fri på kanten. Innlegget går via keeper og i tverrliggaren. Ballen sprett på bakerste der Stig Høynes dempar ballen på låret, og set ballen elegant i nettet. Haugen rir av stormen på slutten, og ein ny trepoengar er i boks.   

Arne "d`Gåll" Refsnes hadde tippa rett resultat i kampen, og han får eit Haugenkrus ved eit passande høve. Gratulerer !


15.05  Haugen-Heia kl. 18.00
Husk "storkampen" Haugen-Heia på Klenkarberget 16. mai kl. 18.00. Har fått inn mange tips om sluttresultatet i kampen. Dei fleste har tippa siger til Haugen, men også nokre har tippa Heiasiger. Kven som får rett ser du viss du møter opp på Klenkarberget i morgon. 

14.05  Sander Smørdal leiar tabellkonkurransen
Sander Smørdal har prikka inn heile fem rette lag på rett plass etter at det er spelt to rundar av 6. divisjon. Nokre lag har tre kampar, men eg har tatt resultatet pr. 9. mai slik at det er likt antall kampar. Det er dessverre berre 9 personar som har sendt inn tips til tabellkonkurransen. Dette kan ha noko med at nokre ikkje har fått til å sende inn på grunn av ein feil link.  

Øyvind Løkling har reist kjerringa frå i fjor og ligg på ein fin andre plass. 

Sjå heile lista her

Hans Thomas Solheim vart trekt ut som vinnar av ein premie blant dei fyrste som sende inn sitt forslag. Han får ein eksklusiv Haugenparaply.


14.05  Stian Åland opp til dommargraden
Stian Åland gjekk opp til graden i seriekampen mellom Eid II og Stadlandet i går kveld. Referent Arne Morten Nydal syns at Stian klarte seg utmerket. 

14.05  Tipp resultatet i kampen mot Heia
Bli med i konkurransen om å tippe rett sluttresultat i kampen mot Heia. 

Kampen blir spelt på Klenkarberget fredag 16. mai kl. 18.00. 

Ditt tips skriv du inn i gjesteboka, og den fyrste som sendte inn rett svar får eit eksklusivt Haugenkrus. Viss ikkje nokon har sendt inn rett svar går konkurransen vidare til neste kamp. 

Tipset ditt må du skrive inn i gjesteboka seinast 15. mai.  Du kan sjå kva dei andre har tippa i Gjesteboka 


14.05  Hornindal har trekt guttelaget sitt
Hornindal har trekt guttelaget sitt. Det resulterer i at guttelaget sin neste kamp blir heime mot Vikane torsdag 22. mai. 

14.05  Stadlandet slo Eid II 1-0
Stadlandet trekte det lengste strået på Eid Stadion tysdag kveld. Etter at laga hadde gått til pause på stillinga 0-0, avgjorde Arne Refsnes (bildet) kampen 4 minutt før full tid. Keeper Aksel Myklebust fomla med ballen og Arne Refsnes var på rett plass til rett tid. Høgreback på Eid II, Arne Morten Nydal var skuffa etter kampen, men mente likevel han hadde spelt ein god kamp. Eid har tre poeng på tre kampar, medan Stadlandet blanda seg inn i tetstriden med 6 poeng. 6 poeng er det samme som Haugen og Svelgen har, men Stadlandet har spelt ein kamp meir. 

Flatraket/Selje II tapte 5-2 i heimekampen mot Skavøypoll II. Dermed ligg Flatraket/Selje II sist på tabellen med null poeng etter tre serierundar. 

Kampen mellom Svelgen og TMFK III er utsett til måndag 19. mai kl. 19.00.

Den siste kampen i runde 3 er Haugen-Heia. Denne går på klenkarberget 16. mai kl. 18.00. 

Kampane i serierunde 4:
tysdag 20. mai Skavøypoll II-Eid II, fredag 23. mai Haugen-Svelgen, Heia-Flatraket/Selje II, Stadlandet-TMFK III.


12.05  Arne Rebni leiar Måljegeren
Arne Rebni, Svelgen leiar måljegeren etter to serierundar. Rebni har putta 5 mål, og leiar føre Arne Refsnes, Stadlandet og Daniel Sætren, TMFK som begge har laga 4 mål. Haugenspelarane ligg beskjedent plassert langt nede på lista. Kanskje kan dette snu seg etter heimekampen mot Heia. Mohammed Barla er Heia sin mestskårande med to nettkjenningar. 

Les heile lista

09.05  Fotballresultat fredag kveld
6. divisjon
Svelgen-Heia 8-2
Stadlandet-Flatraket/Selje II 7-2
5. divisjon
Loen-Førde II 5-2 
Tempo-Sogndal III 2-4
4. divisjon
Jølster-Askvoll/Holmedal 0-4
Vik-Eikefjord 0-4 
3. divisjon
Florø-TMFK 3-4 (Kristoffer Aarskog 2 og Bjørn Totland 1)
Saga-Jotun 2-6

09.05  Ikkje trening i dag !
Regnet dei siste dagane har sett ein stoppar for dagens trening på Klenkarberget. Vi prøvar på igjen søndag kl. 19.30. 

Jentelaget til Haugen har fått sider på Internett. Marianne Bjørhovde har laga til sidene, og du kan sjå dei her.

08.05  Haugen vart for store for Svelgen
Guttelaget til Haugen vart både to og tre hakk for store for Svelgen på Klenkarberget i kveld. Då underteikna ankom grasmatta til terminfesta starttidspunkt, hadde aktørane boltra seg i ti minutt, og Haugen leia 5-0. Det var klasseforskjell på laga, og det var egentleg spel mot eit mål heile kampen. Haugen bytta i slutten av begge omgangane ut dei beste spelarane, og presset mot Svelgenburet vart ikkje så massivt. Haugen gjekk til pause med leiing 10-0. Andre omgang vart nesten ein kopi av fyrste. Haugen pressa hardt på og holdt presset nesten heilt ut omgangen. Rett før slutt fekk Svelgen trøystemålet som dei hadde fortent etter kjempeinnsats gjennom heile kampen. Då dommar Stian Åland bles av kampen var resultatet 19-1. 

Neste kamp for Haugen sitt guttelag er borte mot Hornindal torsdag 15. mai. 


08.05  Tipp resultatet i kampen mot Heia
Bli med i konkurransen om å tippe rett sluttresultat i kampen mot Heia. Kampen blir spelt på Klenkarberget fredag 16. mai kl. 18.00. Ditt tips skriv du inn i gjesteboka, og den fyrste som sendte inn rett svar får eit eksklusivt Haugenkrus. Viss ikkje nokon har sendt inn rett svar går konkurransen vidare til neste kamp. Tipset ditt må du skrive inn i gjesteboka seinast 15. mai.  Gjestebok 

Kjem tilbake seinare i dag med resultatet frå guttekampen mot Svelgen. Kampen blir spelt på Klenkarberget i kveld, og er terminfesta til kl. 19.00. 


06.05  Haugen-Skavøypoll II  1-0 (0-0)
Det vart 1-0 siger mot Skavøypoll II på Klenkarberget i kveld. Etter spel og sjansar var det vel ingen som kunne sei noko på at Haugen drog det lengste strået til slutt. Haugen hadde den klart største sjansen i fyrste omgang då Arnt Ivar Naustdal sklei ballen i stolpen frå 3 meter. Andre omgang starta med ein kjempesjanse til Skavøypoll, men avslutninga gjekk i tverrliggaren. 11 minutt før slutt kjem vinnarmålet. Haugen skyt eit frispark rett i muren. Returen chippar Øystein gjennom til Arnt Ivar. Kanskje var Stian Åland frampå med skallen slik at ballen skiftar litt retning. Arnt Ivar ventar elegant ut kepper Jøran Riise i buret til Skavøypoll, og set ballen ned i høgre hjørnet. 5 minutt seinare er "måljegeren" Kenneth Berstad frampå, men skuddet går på innsida av stolpen, og trillar på baksida av keeper. Men ingen er frampå på returen.  Kampen ebbar ut med 1-0 til Haugen og tre velfortente poeng. 
Neste kamp er heime mot Heia 16. mai kl. 18.00. Då bør det bli litt fleire tilskodarar på Klenkarberget.  

I ein annan kamp i Haugen si avdeling vann Eid II 5-3 borte mot TMFK III. 

Neste kampane i denne avdelinga er fredag 9. mai. Heia møter Svelgen borte og Stadlandet møter Flatraket/Selje II på grusbana på Leikanger. 


05.05  Dagens kampar
Småguttelaget til Stårheim knuste Breimsbygda på Klenkarberget i kveld. Når dommaren bles av kampen sto det heile 13-0 i protokollen. Neste kamp for småguttelaget til Stårheim er borte mot Hornindal 19. mai. 

Tore Hellesø måtte sjå det raude kortet i dagens tredjedivisjonskamp mellom Sogndal 2 og Stryn. Stryn trekte likevel det lengste strået og vann 2-1. 

Det ser ut som Haugen stiller nesten uforandra i morgon, i forhold til det laget som starta mot Stadlandet. Arnt Ivar Naustdal kjem inn på midtbana, for Cato Magne Humborstad, som slit med skade. Cato Magne kjem til å stille som saftblandar, så forfriskningane til spelarane skal vere i dei beste hender.  

Det var Evy Balsnes (4), Maria Hagen (3) og Kristine Vartdal som laga måla til Eid i bortekampen mot Brattvåg i går. Laurdag 10. mai spelar Eid heime mot HaNo på Eid Stadion. 

04.05  Brattvåg-Eid 0-8
Damelaget til Eid overbeviste i sin fyrste seriekamp for året. Med 8-0 siger mot Brattvåg kan det bli moro å følgje Eidadamene denne sesongen. 

03.05  Haugen-Skavøypoll 6. mai kl.19.00.
Haugen spelar heime mot Skavøypoll på Klenkarberget tysdag 6. mai kl. 19.00. Kampen skulle egentleg avviklast ut i Polljen, men på grunn av at kunstgrasbana der ute ikkje er ferdig til bruk, er kampane ombytta. I fyrste serieomgang spelte Skavøypoll uavgjort 2-2 borte mot Heia på ei dårleg grusbane bak Valhall. 

Måndag kveld spelar småguttelaget til Stårheim kamp på Klenkarberget kl. 19.00.  Forrige runde tapte Stårheim mot Eid, men denne gongen blir det garantert siger mot Breimsbygda. 

Damelaget til Eid, som i år spelar i andre divisjon spelar søndag sin fyrste seriekamp for sesongen.  Laget skal møte Brattvåg på bortebane, og underteikna kjenner for lite til Brattvåg til at eg freistar meg på eit råtips i denne kampen. Resultat frå andre kampar i denne divisjonen som er spelt: Hødd-Ørsta/Volda 0-4, Træff-Herd/Hessa/Fortuna II 1-0. Eid spelar sin fyrste seriekamp heime på Eid Stadion mot HaNo 10. mai. 


02.05  TMFK II-Eid 0-1 (0-0)
Eid tok sin fyrste siger for sesongen i dag på Refvik Stadion. Etter ein mållaus fyrste omgang, gjekk Eid opp til 1-0 etter omlag 80 minutt. Matchvinnar vart forsvarspelar Magnus Sævik. 
Onsdag slo Dale Jølster på bortebane, og leiar 4. divisjon med sine 6 poeng på to kampar. Dei andre kampane i 4. divisjon går søndag. 
Underteikna trur desse kampane endar slik:
Askvoll/Holmedal-Syril   H
Bremanger-Vik   H
Eikefjord-ÅTIL/Lærdal   H

02.05  Daniel Sætren leiar Måljegeren
Skal i år prøve og ajourføre alle målskorarane i Haugen si avdeling i 6. divisjon. Papirutgåva til Fjordenes Tidende er kilda til denne statistikken. Fjordenes Tidenede er glimrande når det gjeld dekning av den lokale fotballen her i Nordfjord, så denne avisa kan eg anbefale på det sterkaste for fotballinteresserte Nordfjordingar. Oversikt over måljegeren vil stå øverst på sida med kampfakta. Har fått ein del drit for at eg ikkje har oppdatert kampfakta endå, men det kjem snart. Ver tolmodige! 

I den fyrste serierunden blei det på fire kampar laga 29 mål, noko som blir over sju mål i snitt pr. kamp. Om dette er fordi vi har nokre av dei beste spissane i landet i denne avdelinga, eller kanskje nokre av dei dårligast forsvarsspelarane, vil ikkje underteikna spekulere noko i. Men ein ting er i alle fall sikkert. Daniel Sætren leiar måljegeren, med sine fire mål i fyrste kampen. På tre mål har vi Arne Rebni og Frank Hatleset, begge frå Svelgen. Frank Hatleset har sikkert putta sitt siste mål for Svelgen denne sesongen. Han er utlånt til "storebror" Florø i alle fall ut denne sesongen.

Les heile lista


01.05  2-0 tap for guttelaget
Guttelaget til Haugen tapte i kveld 2-0 mot Selje på Klenkarberget. Laga gjekk til pause på stillinga 0-0, etter ein ganske jamnspela fyrste omgang. Haugen hadde den største sjansen, men åleine med keeper blei skuddet for svakt, og ein forsvarar kunne redde ballen før den trilla i det åpne målet. Tidleg i andre omgang skorte Selje på to kontringar, og fekk ein komfortabel 2-0 leiing. Haugen var heile tida med i kampen, men Selje var vel alt i alt det beste laget. 5 minutt før slutt gjorde trenar Eirik Andreasen et sjakktrekk som kunne gitt Haugen poeng. Kaptein og midtstoppar Thomas Dalsbø blei flytta opp på topp i lag med Jan Martin Smørdal. Dette gav Haugen ein ny dimensjon i angrepsspelet, og Haugen hadde tre store sjansar uten at nokon av dei resulterte i mål. 
Kanskje skulle trenar Andreasen gjort dette geniale trekket litt før?   

Neste kamp for guttelaget er heime på Klenkarberget mot Svelgen 8. mai.  

Bildet: Stig Gilleshammer åleine mot keeper i fyrste omgang.


29.04 Uavgjort for Heia, Tap for Eid
Heia spelte i kveld 2-2 mot Skavøypoll II på grusen bak Valhall. Skavøypoll II tok leiing etter 5 minutt, og auka til 0-2 etter 40 minutt. Rett før pause reduserte Barla til 1-2 og gav Heia nytt håp i kampen. 5 minutt ut i andre omgang var Tom Roger Hjelle frampå og utlikna til 2-2. Resten av kampen hadde Heia eit lite overtak på kampen, og hadde mellom anna to skudd i stengene. I sluttminutta tok temperamentet litt over og dommar Kjell Alme vifta med kortstokken jamt og trutt. Underteikna syns at Banas beste var Runar Nøstdal på Skavøypoll II.  
Neste terminfesta kamp for Heia er borte mot Svelgen fredag 9. mai. 

Eid II tapte heimekampen mot Svelgen på Stårheim Stadion. Når laga gjekk i garderoben etter kampen kunne Svelgen juble over 6-3 siger, mot Eid sine nest beste.  
Neste kamp for Eid II er borte mot TMFK III tysdag 6. mai. 


27.04 Dale-Eid 4-2 (2-2)
Eid fekk ikkje den starten på årets 4. divisjon som dei håpte på. Kampen enda med 2-4 tap mot Dale, som er eit av favorittlaga til å vinne årets 4. divisjon. Kampen starta på verst tenkeleg måte for Eid. Med 0-2 etter 11 minutt, og Øystein Nes ut med skade, kunne ein frykte eit nytt stortap på Dingemoen. Men Eid heva seg og frå det 20. til det 70. minuttet styrte Eid kampen. Ole Gunnar Midtbø sette inn begge måla til Eid før kvilen, etter 22 og 37 minutt. På slutten av kampen tok Dale over, og gjekk opp til 3-2 etter 72 minutt, og 4-2 på overtid. Haugentrenar Knut Atle Krossøy var skuffa etter kampen, og følte at Eid burde i alle fall fått med seg eit poeng, om ikkje alle tre. Det som var ekstra leit for Eid, var at dei fekk skada Øystein Nes og Frode Taklo. Kor tid desse er tilbake kunne ikkje Krossøy sei. Det var snakk om en ankelskade på Øystein, og kanskje leddband på Frode.
Tidlegare Haugenspelarar Ørjan og Kay Rune Solheim spelte frå start, medan Steffen Sture Olsen (bildet) kom inn etter 10 minutt for Øystein Nes. 
Best på Eid var tomålsskorar Ole Gunnar Midtbø.


27.04 Kåre debuterte for Stryn
Internettsidene til Stryn Fotball kunne i går melde følgjande etter 2-0 sigeren mot Høyang. "Dette var Kåre sin første kamp frå start i strynedrakta, etter at han fekk to minutt som innbyttar i cupen mot Ørsta. Og debutanten skuffa ingen. Den unge karen synte svært fine tendensar, og vil bli ein spanande spelar framover." 

25 minutt før slutt blei Kåre bytta med Kay Ove Hafsås. 

Stryn skal i aksjon allereie onsdag 30. april. Då er det Tornado Måløy som er motstandar på Stryn Stadion. Dette er ein kamp i andre kvalikrunde i If-cupen. 

Førde møter Fjøra heime på Førde Stadion. Underteikna tippar at Stryn dreg det lengste strået på Stryn Stadion, medan Førde får revansj for 0-2 tapet mot Fjøra i Sognehallen laurdag. 


26.04 Fotballresultat og treningstider
3. divisjon:
Stryn-Høyang 2-0 (0-0) S: Sjølvmål (66) Tjellaug (67) 
TMFK-Jotun 1-1 (0-0) T:Bugjerde (90) J:Brandsdal (87)
Fjøra-Førde 2-0 (1-0) F: Flugheim (14) Underdal (90)
Kauanger-Sandane 2-2 (2-2) K: Breilid (9), Langeland (20) S: Ommedal str. (15), Eikenes (35)

4. divisjon: 
Syril-Jølster 4-1

Treningstider
Dei nye treningstidene blir som følgjande:
Tysdag, fredag og søndag 19.30-21.00.  

25.04 Haugen snudde kampen
Haugen gjekk frå å ligge under 1-3 tidleg i andre omgang, til å vinne 4-3 mot Stadlandet i kveld. Stadlandet var det klart beste laget i fyrste omgang, medan Haugen førte kampen etter kvilen. 

Stadlandet gjekk opp til 0-1 etter at Arne Refsnes tverrvender på 16 meteren, og skyt ballen i tverriggaren. På returen er ein angripar på rett plass og kan lett skalle inn dagens fyrste mål. På overtid kom 0-2 etter ein corner der ein gulkledt får stå heilt umarkert på tre meters hold. Haugen går rett frå avspark opp og Bjørn Erik Bruvoll reduserar til 1-2 etter eit fint og raskt Haugenangrep. Andre omgang får ein verst tenkeleg start for Haugen. Stadlandet vartar opp med festspel, og stilling er plutseleg 1-3. Kvarteret ut i andre omgang kjem Stian Åland seg fri på kanten. Skuddet frå skrått hold maktar ikke keeper å holde, og ballen går rett i nettmaskene. Haugen tek meir og meir over kampen. Kvarteret før slutt får Kenneth Berstad stå åleine på 10 meters hold. Kenneth set ballen kontrollert ned i venstre hjørnet og Haugen har utlikna til 3-3. Ti minutt før slutt fell avgjerda i kampen. Hans Thomas Solheim tek ballen frå ein forsvarar, og set ballen hardt i lengste hjørnet, og det er stor stemning på Klenkarberget. Stadlandet pressar litt på slutten men Haugen klarar å ri stormen av, og årets fyrste trepoengar kan førast i protokollen. 



  Debutant Kenneth Berstad laga utlikningsmålet til 3-3


25.04 Haugen - Stadlandet kl. 19.00
Husk serieåpninga på Klenkarberget kl. 19.00. Motstandar er Stadlandet. Stadlandet kom på andre plass i fjor, bak Skavøypoll II. Ettersom det virkar som serien i år vil bli ein del hardare, trur underteikna at Stadlandet vil kome på 5. plass når vi tel opp poenga etter sesongslutt.  
Underteikna har dette revolvartipset om sluttabellen i årets 6. divisjon, så får vi sjå korleis dette ser ut i forhold til det dei andre i tabellkonken har tippa. 
1. Svelgen
2. Skavøypoll II
3. Heia
4. Eid 2
5. Stadlandet
6. TMFK III
7. Haugen
8. Flatraket/Selje II

Ditt forslag kan du sende på e-post. Seinast i dag kl. 19.00  

Reglane ser du her


24.04 Guttelaget: Bremanger-Haugen 3-4 (0-2)

Haugen sesongåpna på bortebane med 4-3 siger mot Bremanger. Stillinga til pause var 2-0 til Haugen. Trenar Eirik Andreasen kunne melde på ei utrulig dårlig telefonlinje, at Haugen vann fortent på ein dårleg dag. Måla til Haugen vart laga av Jan Martin Smørdal, Alexander Pavlich, Matias Lien og Mikael Myklebust. 

Neste kamp for guttelaget er torsdag 1. mai kl. 19.00. Då er Selje motstandar på Klenkarberget.


23.04 Flatraket/Selje II - Tornado Måløy III  3-6 

Då er fyrste resultatet i årets 6. divisjon klart. Tornado Møløy III tok ein grei siger mot Heimelaget frå Flatraket/Selje II. 

Haugen tek i mot Stadlandet på Klenkarberget fredag kl. 19.00. Heia får besøk av Skavøypoll II, medan Eid II debuterar heime mot Svelgen tysdag 29. april. 

Nå er det begynt å haste med å sende inn svar på tabellkonkurransen. Absolutt siste frist med å sende inn forslag er fredag 25. april kl. 18.00.   

Ditt forslag kan du sende på e-post.  

Reglane ser du her


21.04 GRASET ER GRØNT!!!! 
Banesjef Øystein Haugland kunne i dag melde om at Klenkarberget er klar til bruk. Treninga tysdag blir derfor flytta til Klenkarberget. 
OBS! Tysdagstreninga blir flytta fram til klokka 19.30. 

Dette resulterer også i at serieåpninga mot Stadlandet fredag 25. april blir heime på Klenkarberget. 

Kamptidspunktet ser ut til å bli klokka 19.00. 

På grunn av ombygging til kunstgras i Polljen, blir bortekampen mot Skavøypoll 2 flytta til Klenkarberget. 

Kampen blir avvikla tysdag 6. mai kl. 19.00. 


16.04 Trening tysdag 22. april 
Treninga langfredag blir avlyst, og neste trening blir derfor tysdag 22. april kl. 20.00. 

Serieåpninga blir borte mot Stadlandet fredag 25. april. 

Det er til no altfor få som har levert forslag til tabellkonkurransen. Derfor håpar underteikna at fleire kjem til å sende inn sine forslag. 

Det blir trekt ut ein premie blant dei ti fyrste som sender inn sitt forslag, så ver rask. 

Laga som er med i år er: Heia, Eid 2, Haugen, Svelgen, Skavøypoll2, TMFK 3, Flatraket/Selje 2 og Stadlandet. 

Ditt forslag kan du sende på e-post innan 24. april.  


Reglane ser du her


15.04 Eid - Sandane 0-3 (0-3) 
Det vart tap 0-3 for Eid mot Sandane på Stårheimsgrusen i kveld. Etter ei bra åpning av Eid, tok Sandane meir og meir over spelet i fyrste omgang. Eit par personlege feil og ein markeringssvikt i Eid-forsvaret gjorde at Sandane gjekk til pause med 3-0 leiing. I andre omgang var Eid mykje bedre med i kampen, og det var berre uflaks (udyktighet) framfor Sandaneburet, som gjorde at Eid ikkje makta å putte. 

Underteikna syns at at best på Eid var forsvarsspelar Jan Otto Bustadmo, tett fulgt av midtbaneeleganten Jim Rune Skrede. 

Spesielt på dødball i mot var Eid sårbare. Gjer ikkje trener Krossøy noko med dette, kan det bli mange baklengs mot Eid denne sesongen. 

Sandane får det også tøft denne sesongen. Har ikkje Sandane bedre lag en det dei mønstra i støvråket på Stårheim i kveld, møtast Eid og Sandane i 4. divisjon neste år. 

Arne Morten Nydal kom inn då det var eit kvarter igjen av kampen. Kanskje gjorde trenar Krossøy en tabbe når han ikkje let Nydal starte kampen.

 



 


Dommartrioen i denne kampen var frå Haugen. Hoveddommar Rune Haugland hadde med seg assistentdommarane Kim Fagerstrand (til venstre) og Stian Åland (til høgre). 

15.04 Treningskamp Eid - Sandane 
Eid spelar i dag treningskamp mot Sandane på Stårheim Stadion kl. 18.00. Etter å ha slått Saga 4-2, har Eid tapt sine to siste kampar med 0-13 og 0-8 mot Volda og Selje. 
Sandane har fylgjande resultat i sine treningskampar. 
Saga-Sandane 4-2, Saga-Sandane 4-9, Sandane-Askvoll 4-4,Førde-Sandane 2-0, Ringebu-Sandane 5-6, Austevoll-Sandane 9-3, Førde-Sandane 4-1, Sandane- Florø 2-2 (5-3 e.s.), Høyang-Sandane 5-0, Syril- Sandane 3-3. 
Underteikna har tru på at Eid hevar seg, og trur på ein knepen siger for Eid. 

12.04 Haugen-TMFK III 0-2 (0-1)
Året fyrste treningskamp enda med 2-0 tap mot TMFK 3. Kampen var ganske jamnspela, men TMFK viste seg å vere en del kvassare framfor motstandarmålet. Haugen hadde med 6 guttespelarar som alle fekk prøve seg. Desse gjorde ein kjempeinnsats, og gjorde vel sitt til at tapet ikkje blei større.  

Fekk tilbud om å spele ny kamp mot TMFK på onsdag, men vi takka nei på grunn av forskjellige årsaker. 

Stian Åland var dommar og gjorde ein flott jobb.

Eid spelte treningskamp mot Selje i dag og reiste heim som slakt med 0-8 i bagasjen. 
 

Bildet: Guttespelar Thomas Dalsbø spelte 2. omgang.


09.04 Haugen-Tornado
Den tidligare annonserte treningskampen mot juniorlaget til Tornado er flytta frå fredag til laurdag. Ein tek sikte på å gjennomføre kampen kl. 15.00 på Stårheim Stadion. 

02.04 Haugen-Eid 2-1
Haugen sitt guttelag vann i dag 2-1 over Eid i ein treningskamp på Stårheim Stadion. Trenar Eirik Andreasen var spesielt godt nøgd med andre omgang. Då hadde laget full kontroll. Begge måla til Eid vart sett inn av Jan Martin Smørdal. 

Kjem tilbake med meir informasjon om guttelaget seinare. 

01.04 Tabellkonkurransen 2003
Det er til no berre nokre få som har levert forslag til tabellkonkurransen. Derfor håpar underteikna at fleire kjem til å sende inn sine forslag. 

Det blir trekt ut ein premie blant dei ti fyrste som sender inn sitt forslag, så ver rask. 

Laga som er med i år er: Heia, Eid 2, Haugen, Svelgen, Skavøypoll2, TMFK 3, Flatraket/Selje 2 og Stadlandet. 

Ditt forslag kan du sende på e-post innan 24. april.  


Reglane ser du her


29.03 Treningskamp, Volda-Eid 13-1 (7-1)
Eid vart to nummer for små i treningskampen mot Volda, på kunstgraset i Volda. Etter at det sto 7-1 til pause, måtte keeper Aksel Myklebust plukke endå 6 ballar ut av nettet i andre omgang, uten at Eid greidde å redusere. Målet til Eid kom rett før pause, og målskorar var Ole Gunnar Midtbø. 

Eidtrenar Knut Atle Krossøy kunne melde om at dette var ein dårleg kamp. Trass i at Eid mangla ein del spelarar, meinte Krossøy at det skulle vere mulig å prestere bedre en dette. I fyrste omgang var Eid relativt bra med offensivt, uten at det resulterte i meir enn eit mål. Volda var meir heldige med utteljinga då dei putta på 7 av 9 skudd i fyrste omgang. I andre omgang var det berre eit spørsmål om kor stor seieren skulle bli. 

Neste laurdag skal Eid 2 spele mot Stryn 2. Søndag skal Eid sine beste møte eit samansett lag frå Stryn og Stryn 2. Då får vi håpe at Eid kan vise seg frå ei bedre side.  

I ein annan treningskamp slo TMFK-Ørsta 9-1, etter at stillinga var 4-1 ved pause.    


27.03 Takka nei til kamp mot Hornindal
Haugen fekk i dag forespørsel om å spele treningskamp mot Hornindal fredag kveld. Etter nøye vurdering av situsjonen, vart det bestemt at vi dessverre måtte seie nei. Slik treningssituasjonen har vore i det siste, med lite folk på trening, er det best at vi samlar alle mann på trening før vi spelar treningskamp. På denne måten kan vi kome sterkare tilbake når seriestart nærmar seg, og kan då gjere det beste ut av situasjonen. 

Vi håpar at vi kan stille til ein treningskamp mot Hornindal i påskeveka.

Bildet: Fyrste av i alt to treningskampar mot Hornindal i fjor. Resultatet blei 2-2 etter godt keeperspel av Lars Olav Holmøyvik.


26.03 Tornadokampen avlyst
Treningskampen mot Tornado sitt juniorlag er avlyst. Dette på grunn av at juniorlaget til Tornado skal spele kvalifisering til junior NM-cupen. Då for vi berre håpe at den andre planlagde kampen mot Tornado 11. april går etter planen.

Stadlandet og Haugen har blitt enige om at Stadlandet skal ha heimekamp fyrst. Dette på grunn av at Klenkarberget truleg ikkje blir klar til seriestart 25. april. Heimekampen mot Stadlandet går av stabelen fredag 8. august. 

Kjem tilbake med fullstendig terminliste når alle kampane er spikra. 

 

Bildet: Ronny Jørgensen i kampen Tornado 2- Haugen 22. juni 2001. Kampen enda med 9-4 tap, etter 4 mål av Jørgensen.  Måla til Haugen var det Ronny Hafsås, Bjarne Haugland og Trond Kroken (2) som signerte. 


22.03 Tabellkonkurransen 2003
Vi prøvar oss også i år med å få til ein tabellkonkurranse. Her er det om å gjere å tippe rett sluttabell for 6. divisjon. 

Laga som er med i år er: Heia, Eid 2, Haugen, Svelgen, Skavøypoll2, TMFK 3, Flatraket/Selje 2 og Stadlandet. 

Ditt forslag kan du sende på e-post innan 24. april.  

Det blir trekt ut ein premie blant dei ti fyrste som sender inn sitt forslag, så ver rask. 

Reglane ser du her


22.03 Haugen - Heia 16. mai
Det blir lokaloppgjer på Klenkarberget 16. mai. Heia har sagt seg villige til å flytte kampen frå tysdag 13. mai til fredag 16. mai. Så gjenstår det å sjå kven som kan gå med hovudet høgt heva i toget på nasjonaldagen. Ein skal vel heller ikkje sjå vekk i frå at det kan bli eit lite spelarmøte etter kampen.    

Haugen serieåpnar heime mot Stadlandet fredag 25. april. Deretter blir det bortekamp mot Skavøypoll tysdag 6. mai, før det er duka for "storoppgjeret" mot Heia på Klenkarberget 16. mai.  


19.03 Kampen mot Hornindal avlyst!
Treningskampen mot Hornindal, som skulle gå laurdag 22. mars, er avlyst. Kva som er grunnen til at Hornindal ikkje vil møte Haugen er ikkje klart. Kanskje er det angst for å tape for eit lag som ligg i en divisjon under? Det er omsnakka at det blir freista å få til ein ny treningskamp mot Hornindal tysdag i påskeveka. Kjem tilbake med meir info så snart noko er bestemt. 

17.03 Bryggja har trekt laget sitt
I følgje Heia sine nettsider har Bryggja trekt laget sitt. Dette medfører at Heia skal spele i same pulje som Haugen og Eid 2. Dette fører til et par ekstra lokaloppgjer denne sesongen. Kjem tilbake med terminliste straks eg får den i hende.  

07.03 Treningstider
På grunn av at Stårheim Stadion er opptatt fredag kl. 18.00-19.30, blir treningane på fredag flytta til 19.30-21.00. Det vart også beslutta i kveld at treningane søndag går ut, og vi satsar på treningar tysdag og fredag. Tysdagstreningane går som vanleg kl. 20.00-21.30. NYE TRENINGSTIDER:
TYSDAG KL. 20.00-21.30
FREDAG KL. 19.30-21.00

02.03 Treningane blir flytta ut
Frå og med tysdag 4. mars blir treningane flytta til Stårheim Stadion. Treningstidspunkta blir dei samme, slik at vi kan flytte treningane til hallen på Stårheim viss forholda på grusbana blir for dårlige. 

21.02 Oppsettet 2003
Haugen skal i år spele mot følgjande lag: Stadlandet, Flatraket/Selje 2, TMFK 3, Skavøypoll 2, Bryggja, Eid 2 og Svelgen. Kjem med terminlista så snart den er klar. 

Det er avtalt tre treningskampar i sesongforbredelsane. Det blir kamp mot Hornindal i Stryn laurdag 22. mars. Så blir det dobbelkamp mot Tornado sitt juniorlag fredag 28. mars og fredag 11. april. 

Resultat frå fredagstreninga
Gustav, Vegard og Stig stakk av med sigeren på dagens trening. Etter å ha fomla seg vidare i gruppespelet blei det siger mot Sander, Frank og Bjørn Erik i finalen. Ellers må det nemnast at dagens mest positive, Dag Jensen, steppa inn på vinnarlaget i finalekampane. 

Resultat:
1. Gustav, Vegard (Dag) og Stig
2. Sander, Frank og Bjørn Erik
3. Asle, Lars Olav og Hans Petter
4. Øystein, Stian og Cato 
5. Dag, Preben og Hans Thomas
6. Torleiv, Kenneth og Tim

19.02 Treningsturnering
Gustav, Vegard og Kenneth stakk av med sigeren på treninga tysdag kveld. Etter tolv harde kampar var det to lag som sto med 16 poeng kvar. Gustav, Vegard og Kenneth hadde 7 plussmål, noko som var eitt meir enn laget med Tim, Dag og Asle. Gustav og Vegard topp måljegerstatistikken med 7 mål kvar. 
Dagens kranglefant var østleningen Dag Jensen.

1 Gustav, Vegard og Kenneth 12 7 2 3 15-8 16 
2 Dag, Tim Onar og Asle 12 7 2 3 13-7 16 
3 Stig, Øystein og Preben 12 6 2 4 15-12 14 
4 Kåre, Hans T og Torleiv 12 5 2 0 14-12 12
5 Hans P, Bjørn Erik og Cato 12 0 2 10 7-21

18.02 Treningskamp avlyst
Guttelaget sin treningskamp mot Eid vart avlyst søndag. Etter det underteikna har høyrt, nekta Eid å spele fordi bana på Stårheim var for hard. 

18.02 Treningskamp mot Hornindal
Haugen takka nei til treningskamp, mot Hornindal komande laurdag. Men kanskje kan det bli ein kamp mot Hornindal seinare i sesongoppkøyringa. 

13.02 Treningskamp Tornado Måløy - Eid
Eid spelte i går kveld treningskamp mot Tornado på Skaredammen. Referent Arne Morten Nydal kunne melde om ein jamnspelt kamp som til slutt enda med 3-2 siger til Tornado. Stillinga til pause var 1-1 etter at Henning Haugen hadde utlikna Tornado si leiing. I andre omgang tok Tornado leiinga 2-1, men Edgar Flo putta til 2-2, noko som såg ut som skulle bli sluttresultatet. 5 minutt før slutt laga Tornado vinnarmålet på straffe. Best på Eid var Jim Rune Skrede. 


13.02 Trening i Nordfjordhallen 1. mars.
Det blir trening i Nordfjordhallen 1. mars frå 15.30-17.30. 
Kjem tilbake med meir informasjon om dette seinare.

05.02 Sander klar for senior-NM

Etter glimrande svømming i Trøndersvøm kvalifiserte Sander seg til senior-NM i svømming. NM blir arrangert i Bergen andre helga i Mars, og Sander reiser til NM som læregutt. I helgas Trøndersvøm satte Sander tre nye kretsrekordar. På 25 meter fri "kravla" han seg inn på 25,39. 50 meter fri gjorde han unna på 54,75, medan han på favorittdistansen 200 meter fri, fekk tida 1,59.88.  

 


30.01 Ronny Hafsås tok gull i Ungdoms-OL

Ronny Hafsås gjekk i dag siste etappe på Norge sitt Mix-lag som tok gull i Ungdoms-OL i Slovenia. Russland sitt andre lag kom 13 sekund føre Norge i mål, sidan det berre er fyrste laget til dei forskjellige nasjonane som tel, står Norge øverst på pallen seinare i kveld. Dei andre som gjekk på Norge sitt lag var: Betty Ann Nilsen, Even Sletten og Kristin Sonstegård. Måndag kom Ronny på sjette plass på 10 km fristil, medan det blei ei meir beskjeden plassering på 7,5 km klassisk tysdag. 

Heimesida for Ungdoms-OL    

25.01 Kåre Balsnes utleigd til Stryn

Haugen og Stryn har blitt enige om ei ettårig utlånsavtale på Kåre Balsnes. Kåre går på skule i Stryn, og det var naturleg at årets spelar og talent 2002 får prøve seg litt høgare oppe i divisjonssystemet. Ellers har Steffen Sture Olsen, Ronny Berg, Ørjan Solheim og Reidar Hellesø skrive under for fjerdedivisjonsklubben Eid. Oppmøte på treningane har vore svært bra i heile januar, så det virkar som mange set pris på at Haugen skal spele i 6. divisjon denne sesongen. Geir Dale og Øystein Haugland er duoen som skal føre Haugen attende til 5. divisjon allereie neste sesong.   
Siste Nytt 2004
Siste Nytt 2003
Siste Nytt 2002
Siste Nytt 2001/00

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 






Haugen I.L. Fotballgruppa  -  Web-redaktør: Stig Høynes