Fotballsesongen 2008




Color Line Cup 2008, onsdag 16. januar 

 

Sogndal vann i ettermiddag 5-4 mot Molde i laget sin fyrste kamp i Color Line Cup i Ålesund. Molde tok leiinga i kampen etter berre fire minutt, då eit frispark frå over 40 meter gjekk via keeper Karl Edvin Lysne og opp i nettaket. Knappe ti minutt før pause auka Molde leiinga til 2-0. Eirik Kampenes skaut fyrst i stolpen før han sjølv sette returen sikkert i mål. Minuttet etter reduserte Oddbjørn Skartun til 2-1, då han skar inn frå kanten og sette ballen nede i nermaste hjørnet. Etter ein jamn omgang gjekk laga til pause på stillinga 2-1 til Molde.

2. omgang var Sogndal sin frå start til slutt. Med unntak av nokre store sjansar til Molde var Sogndal klart best og produserte drøssevis med sjansar. Men som ofte skjer når eit lag pressar så scorar motstandaren. På ei kontring sprang Eirik Kampenes frå Sogndal sitt forsvar og sette ballen sikkert forbi Karl Edvin Lysne. Etter 72 minutt reduserte Sogndal til 3-2. Etter litt fram og tilbake inne i feltet på ein corner dukka Thomas Starheim opp og heada ballen i mål. Innbyttar Bernt Norevik hadde fleire store sjansar til å score etter pause, og minuttet etter Starheim si scoring lukkast det endelig for Førdespelaren. Norevik kom seg inn i feltet og avslutninga frå høgrekanten gjekk i stolpen og inn. Drøye ti minutt før slutt feilrekna Even Hovland i ein duell med Eirik Kampenes. Kampenes fekk fri bane mot mål og spissen laga sitt tredje mål for dagen. Heilt på slutten flytta Sogndal fram Even Hovland og satsa alt på lange framspel. Dette skulle vise seg å vere ein genistrek av Torbjørn Glomnes og Ole Hjelmhaug. I det 90. minutt heada Hovland inn 4-4, og minuttet på overtid dunka Oddbjørn Skartun inn vinnarmålet etter flott forarbeid av Bernt Norevik. 

Molde-Sogndal 4-5 (2-1)
1-0 Eirik Nerland (4. min)
2-0 Eirik Kampenes (38. min)
2-1 Oddbjørn Skartun (39. min)
3-1 Eirik Kampenes (69. min)
3-2 Thomas Starheim (72. min)
3-3 Bernt Norevik (73. min)
4-3 Eirik Kampenes (79. min)
4-4 Even Hovland (90. min)
4-5 Oddbjørn Skartun (90. min+1)

Gruppespel:
Onsdag 16. januar
Brann-Lyn Oslo 0-2 (0-1)
Rosenborg-Vålerenga 3-0 
Molde-Sogndal 4-5 (2-1)
Aalesund-Midtjylland 1-5 (0-2)