Fotballsesongen 2005




Heia - Flatraket  5-1 (3-0)  

 

Seriekamp 6. divisjon avd. 4 
Eid Idrettspark, krøllgras, 24. juni kl. 19.00 


1-0 Trond Kroken (8. min)
2-0 Tom Roger Hjelle (10. min)       
3-0 Stein Inge Strøm (43. min)

4-0 Ole Kristian Os (49. min)
4-1 Kjell Inge Rundereim (55. min)
5-1 Bjørn Joar Svarstad (59. min)

 

Gule kort: Stein Inge Strøm, Heia og Michal Nygård, Stephan Lexau, Martin Rasmussen og Rune Nygård, alle Flatraket

 

Dommar: Stian Holm, Svelgen

 


Startellvaren til Heia i dei nye draktene frå Coop Mega. 

Neimen er det ikkje Rune Venøy som har tatt over kapteinsbindet på Heia.   

Trond Kroken avsluttar kontrollert i mål og Heia tek leiinga 1-0. 

Kroken feirar skåringa med ein lekker dans. Denne dansen har vi ikkje sett sidan Trond var på Expeditionen 16. mai. 

Stephan Lexau blir for sein og Tom Roger Hjelle set fart rett mot mål.  

Hjelle avsluttar kontrollert til side for keeper Håvik.  

Ole Kristian Os spelte ein god kamp for Heia i kveld og spesielt 4-0 målet var ei perle frå 25 meter. 

Stein Inge Strøm får pirka inn 3-0 rett før pause. 


Ingvar Torheim hadde fleire gode raid i andre omgang.

Kjell Inge Rundereim laga Flatraket sitt trøystemål ti minutt ut i andre omgang.

Trond Kroken spelar glimrande gjennom Bjørn Joar Svarstad i forkant av 5-1 målet.

Bjørn Joar Svarstad fastset sluttresultatet til 5-1 halvtimen før slutt.

John Henrik Bjørlo kjem forbi keeper Jan Ove Håvik, men blir litt for sein i avslutninga og ein forsvarar får avklara til corner. 

OPS! Her burde eg skåra.