Fotballsesongen 2004




Eid - Stryn  5-2 (2-0)  

3. divisjon 
Eid Stadion, 10. august kl. 18.30 


1-0 Jim Rune Skrede (24. min)
2-0 Henning Haugen (36. min)       
3-0 Kristoffer Aarskog (46. min)
4-0 Kristoffer Aarskog (68. min)
4-1 Kåre Sigve Balsnes (82. min)
5-1 Kim Vik (83. min)
5-2 Asbjørn Tenden, straffe (90.+4 min)


Jim Rune kom inn som innbyttar fro ein skadd Stein Inge Åbrekk. Like etter klinte han ballen rett i krysset og Eid tok leiinga 1-0. 

Øystein Nes i fint driv forbi Christian Ekanger som spelte ein ok kamp som høgreback på Stryn.   

Eid sin unge kaptein Henning Haugen fekk med seg laget sitt på ein av årets store overraskingar i 3. divisjon. 

Eivind Heggen som fekk sjå det raude kortet sist laga møtest hadde i kveld full kontroll på Jon Terje Tjellaug. Einaste minuset med innsatsen til Heggen i kveld var ein del slurvete avklaringar. 

Jan Otto Bustadmo spelte på topp i lag med Krisoffer Aarskog. Etter ein litt fomlete åpning av Bustadmo, blei han eit godt oppspelspunkt etter kvart.

Tidlegare Haugenspelar Kåre Balsnes fekk spele ein omgang i kveld og fekk tidvis synt fram kva han er god for. Reduseringa til 4-1 såg det ut som han sette inn med handa. Kåre, dette er ikkje fair-play slik du lærte det på Haugen. Balsnes vart også felt då Stryn fekk straffe 4 minutt på overtid.

Jon Håkon Midthjell kom inn for ein skada Jim Rune Skrede midt i andre omgang. Midthjell var tøff på midten og spelte glimrande gjennom Kristoffer på 5-2 målet.