Fotballsesongen 2004




Sogndal-Brann  2-2 (1-0)  

 

Treningskamp
Eikefjord Stadion, 18. juli kl. 16.10 


1-0 Tommy Øren (41. min)
1-1 Robbie Winters (53. min)   
1-2 Raymond Kvisvik (56. min)
2-2 Alexander Ødegård (81. min)


Saftkokaradn var på plass og røykla heile stadion før kampen tok til.

Martin Knutsen var frisk fyrste halvdelen av fyrste omgang. Her er det Ousman Nyan som blir for sein til å stoppe innlegget frå venstrekanten.

Ragnvald Soma spelte ein god kamp i midtforsvaret til Brann.

Rune Bolseth i fint driv forbi Egil Ulfstein.

Tidlegare Vikingspelar Tom Sanne spelte sin fyrste kamp for Brann, og viste at han kan bli ei fin forsterkning i Brannangrepet. 

Tommy Øren har ennå ikkje toppformen inne, men laga 1-0 målet til Sogndal rett før pause.

Mange av dei nesten 2000 tilskuerane hadde møtt fram for å sjå Raymond Kvisvik i aksjon. Her prøvar Kvisvik å lure Børre Steenslid. Steenslid vart av avisa Firda kåra til banas beste. 

Alexander Ødegård redda uavgjort for Sogndal ti minutt før slutt. Eit fint innlegg frå Anders Stadheim heada Ødegård utagbart bak Håkon Opdahl i Brannmålet. Her prøvar Ødegård å stoppe Tommy Knarvik. 

Kim Rune Hellesund har starta dei fleste kampane på benken denne sesongen. Også i denne kampen måtte Hellesund finne seg i å ikkje vere blant dei elleve utvalgte. Ti minutt før pause kom Hellesund på bana for ein skada Håvard Flo

Mathias Eikenes er klar etter skade, og viste at han på sikt kan bli ein vannvittig bra spelar. Her er det Brannkaptein Erlend Hanstveit som er blitt rundlurt av den tidlegare Sandanespelaren.