Fotballsesongen 2004




Skavøypoll - Eid  7-0 (4-0)  

 

3. divisjon 
Skavøypoll Stadion, 11. juni kl. 18.30 


1-0 Ole Kristian Nygård (7. min)
2-0 Jon Martin Gil (13. min)       
3-0 Johnny Hellesø   (29. min)

4-0 Jon Martin Gil (42. min)

5-0 Erik Sandal (76. min)

6-0 Erik Sandal (78. min)
7-0 Ole Kristian Nygård (82. min)


Gule kort: Øystein Nes og Bjørn Totland, begge Eid 

Dagens dommar Øyvind Grindheim med dei to kapteinane Henning Haugen og Erik Sandal.

Dagens beste spelar Ole Kristian Nygård har her nettopp gitt Skavøypoll leiinga 1-0 på eit klokkereint langskudd. 

Eit frispark frå Jon Martin Gil frå omlag 35 meter går rett i mål. Sindre blir forstyrra av Erik Sandal og Skavøypoll aukar leiinga til 2-0

Hauaren Johnny Hellesø spelte ein god kamp og laga det viktige tredje målet. Stig Åke Torheim feilberekna eit overlegg, og Johhny kom åleine mot Sindre Rise i Eidmålet. Frå skrått hold sette han ballen elegant over keeper og i lengste hjørnet. 
Bjørn Totland var utan tvil Eid sin beste spelar i kveld. Å starte med Bjørn som enslig spiss var i dag ingen suksess. Kanskje skulle Bjørn spelt sentralt på midten? For Eid mangla heilt klart ein kreativ spelar på midten, som kunne fordele ballar til Eid sine raske flankar. 

Børge Yndestad i midtforsvaret til Skavøypoll hadde full kontroll gjennom heile kampen. 

Rune Solvang som har vore ute tre månader med beinbrot spelte siste kvarteret i kveld. Det viser at Solvang har vore ute ei stund, men det skal nok ikkje mange kampar til før han er på høgde igjen med prestasjonane som han viste i treningskampane i vår. 

Jøran Rise vann keeperduellen mot lisjebror Sindre i kveld. Jøran sto sikkert heile kampen, medan Sindre ikkje hadde heilt dagen på Skavøypoll Stadion. Men kjenner vi Sindre reiser han kjerringa i heimekampen mot Sogndal 2 måndag 21. juni.