Fotballsesongen 2004




Stryn - Eid  8-1 (4-0)  

 

3. divisjon 
Stryn Stadion, 16. mai kl. 17.00 


1-0 Asbjørn Tenden (9. min)
2-0 Trond Leirgulen (18. min)       
3-0 Jon Terje Tjellaug (25. min)

4-0 Thomas Vik (33. min)

5-0 Thomas Vik (48. min)

6-0 Steinar Tenden (62. min)
7-0 Rune Førde (77. min)

7-1 Kristoffer Årskog (78. min)

8-1 Frank Hool (79. min)


Rødt kort: Eivind Heggen, Eid (32. min)

Dommar: Robert Endestad
Assistentdommarar: Stian Aaland og Einar Eimhjellen


Bjørn Totland var god på Eid si midtbane i fyrste omgang. Men Eid makta ikkje å utnytte sjansane sine, og Stryn vann til slutt ein enkel siger. 

Øystein Nes finta seg forbi Arnt Magne Fredheim, men skotet frå litt spiss vinkel gjekk ikkje i mål.

Steinar Tenden og Stryn var heile kampen eit hakk føre Eid. Her er det ein hardt kjempande Eidakaptein Henning Haugen som er på etterskot.

Ørjan Solheim stod ein grei kamp i Eidmålet. På streken var han veldig god, men i feltet har han ein god del å hente. 

Steinar Tenden har akkurat sendt ballen i retning mål. Henning Haugen, Kay Rune Solheim og Ørjan Solheim kan berre konstantere at ballen rullar i mål, og Stryn har auka leiinga til 6-0.

Rune Førde (delvis skjult bak Lars Endre Myklebust) set sikkert inn 7-0 etter innlegg frå Jon Terje Tjellaug.

Frank Hool får æra av å fastsette sluttresultatet til 8-1. Rune Førde passar på å forstyrre Ørjan Solheim slik at Hool får fritt utsyn til målet.