Fotballsesongen 2004




Sesongavslutning på Klenkarberget  


A-laget avslutta sesongen med avslutningsfest på Klenkarberget fredag 15. oktober. Etter ei god matykt blei det utdeling av diverse utmerkelsar og oppsummering av sesongen. 

Jim Tore Humborstad og Ove Balsnes vart kåra som "Årets Talent 2004". Jim Tore har vore ein konstant trussel på høgreflanken og har spelt alle kampane denne sesongen. Ove har vore ei klippe i forsvaret og har vore vekke berre ein kamp. 

Rune Venøy fekk beviset på at han var toppskårar denne sesongen. Med seks mål i serien og to mål i FA-cupen enda Rune på åtte mål. 

Halvard Haugland gratulerer Håvard Bruvoll som årets spelar. I bakgrunnen ser ein Øystein Haugland som sikkert er litt skuffa for at ikkje han blei årets spelar i år heller. 
Håvard Bruvoll kunne forsikre alle om at det ikkje finst nokon annan klubb for han enn Haugen. Så vi ser fram til mange raid på Klenkarberget av Håvard i sesongane som kjem. 

Dei to medlemane i Fjørafjæra Supporterklubb var sjølvsagt tilstades og sette sitt preg på arrangementet. Tim Onar Naustdal og Bjørn Erik Bruvoll takka for ein fantastisk sesong og trekte spesielt fram 41-målet til Håvard Bruvoll i siste kampen som årets augneblink. Bruvoll framførte også eit nykomponert kampbrøl som skal runge på Klenkarberget neste sesong. Øystein Haugland premierte Supporterklubben med krus og frikort på Klenkarberget neste sesong.

Årets keeper Øyvind Løkling debatterte litt utpå kvelden fargane på draktene til Haugen. Ein del av dei som var til stades minnast tida då Haugen spelte i oransje og blått. Kanskje stiller Haugen i oransje og blått neste sesong??

Bjørn Erik Bruvoll peikar stolt på far sin Ståle Bruvoll som spelte på dette legendariske Haugenlaget.  
Festen vart avslutta med dans i Nilsbakkjen med musikk av Olav Stedje. Legg merke til fotarbeidet til Øystein og Jim Andre.